EIDSELVA . |
---|
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
2019 Dette året var igjen Pukkellaks-år, så spenninga var stor før sesongen om vi fikk enno meir enn sist? Men det skulle vise seg at det ikkje vart den veksten som mange frykta, det kom nokre, men færre enn i 2017. SNØ OG VASSFØRING Vinteren tok tidleg slutt dette året, sjølv om det kom eit tilbakeslag med snø langt ned i fjellet den 31.mai, som vi ser under.
Men straks denne nysnøen smelta så var det minimalt med gammel snø igjen, som vi ser på bildet under tatt 07.juni.
April var ekstrem tørr med berre 11mm nedbør, men rundt 20. april slo det om med varme og snøen i fjellet fikk føtter å gå på og elva gikk ifrå 14 kubikk 19.april til 33 kubikk 1.mai.
Då var det meste av snøen smelta og elva begynte å
falle igjen ned til 18 kubikk midt i mai.
Juni vart ein grå månad med jevnt med nedbør. Det starta med litt varmare vær, slik at nysnøen smelta og elva steig til ca.26 kubikk der ho låg ei veke. Midt ut i juni var ho komen ned på 20 kubikk der ho stabiliserte seg før ho siste dagane i juni falt ned til berre 16 kubikk.
August vart våtare slik at elva flata ut på 8 kubikk i 3 veker, for så å stige fint utover imot avslutninga 31.august som vart på samme som vi starta sesongen med, nemlig 22 kubikk. Totalt kom det 184mm nedbør. September vart ganske våt med 228mm nedbør, noko som gjorde at elva gikk opp i 62 kubikk. Oktober var noko tørrare med 161mm nedbør, mens november vart ekstremt tørr med berre 38mm nedbør. Dette måtte vi betale for i desember då vi fikk 320mm, mykje av det i romjula. FISKEREGLAR Fisketida for laks og sjøaure i elva var som siste åra ifrå 1.juni til 31.august. 2 laks pr. fisker pr. ½ døgnskort og 4 laks pr. døgnkort. Med laks meinast frå og med minstemål. 2 halvdøgnskort på same sone etter kvarandre vert å rekne som eit døgnkort. Totalkvote på 10 vill-laks over 3 kg pr. fisker i sesongen. Minstemål for sjøaure / laks er 40 cm. Kvote sjøaure: maksimum ein sjøaure pr. fiskar pr. halvdøgnskort, 2 pr. heildøgnskort. Det skal takast skjellprøve av all fisk. Hugs også å rapporter all fangst. Gjenutsett fisk skal registrerast og rapporterast med omtrentleg vekt og lengde. Kortpriser : kr.300,- pr halvdøgn, kr.600,- pr døgn. Medlemmer kr.100,- pr.halvdøgn Det var også i år eit par endringar for fisket i Eidselva. På Bjørlo var no 2 heile stenger inne i samarbedet med Solbakken. I tillegg så trekte Måløyværingane seg ut av Sportsfiskelaget igjen, men det vart ein avtale der dei fikk 2 kort i helga, mens Sportsfiskelaget disponerte resten. Den andre endringa var at Sportsfiskelaget igjen skreiv avtale med alle grunneigarane på Nor slik at dei med kort på Nor kunne fiske på begge sider.
ENDRINGER VED ELLER I ELVA Hausten med alle flaumane hadde gått hardt utover brua nede på Bjørlo, og velta heile brua. Straks ny leigeavtale for fiske på Bjørlo var på plass, vart brua reparert av Eid Sportsfiskelag.
Tidleg i desember starta rivinga av dei gamle rørgatene mellom dammen og kraftverket i Kviafossen. Dette vart gjort fordi røra hadde masse lekkasjer som raskt vart dårligare slik at dei kunne utgjere ein fare for folk som ferdast i området. Foto: Fjordabladet
ÅRETS STØRSTE FISK FISKET OG FANGSTSTATESTIKK OVERVÅKING OG FORSKING Også i haust vart det utført overvåkingsaktiviteter etter oppdrettsfisk i samarbeid med OURO. Forholda var vanskelige sia elva var flomstor heile hausten.
|
| ||||||||||||||||||||||||||||||
Sist oppdatert: 17.01.2021 |
![]() |
|||||
Eidselva Soner Fiskekort |
Været Vassføring Flo og Fjære |
Fisken Historie ExUNGKAR1 |
Laksesida Ørstaelva Bondalselva |
||
|
|||||
Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt. |