EIDSELVA
.


EIDSELVA

SONER

FISKEKORT

VÆRET

VASSFØRING

FLO & FJÆRE

FISKEN

HISTORIE

FØR 1800

1800-TALET

1900-TALET

1910-TALET

1920-TALET

1930-TALET

1940-TALET

1950-TALET

1960-TALET

1970-TALET

1980-TALET

1990-TALET

2000-TALET

2010-TALET

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019
 

2014

Dette året kom det totalt 1947mm nedbør, noko som er  litt under normalen. Men det var forsommaren som virkelig var tørr og som gjorde at elva holdt seg lita heile sesongen. Utover i juli og til midten av august så var elva knapt fiskbar i over ein månad, med vassføring heilt ned på 6 kubikk.

Fangsten av laks dette året var mildt sagt katastrofal med 595kg som total, det lavaste rapporterte tallet nokon gong. For sjøauren så var vi også nede på eit lavmål med akkurat over 100 fiskar totalt. Men dette til tross så vart det landa den største laksen sia 2002 når Jofred Eimhjellen fikk den forløpig siste over 20kg. Og det er ganske utruleg at denne eine fisken utgjer godt over 3% av den totale fangsten dette året.


SNØ OG VASSFØRING

Det var lite snø igjen på åpninga som kunne sikre fin elv i juni, men her 27.juni så er det nesten heilt fritt, og enno mindre igjen som kan holde elva oppe.

Eidselva 2014 Snø 27.juni

Eidselva 2014 Vassføring 1.delEtter ein knusktørr januar så fikk vi normale nedbørsmengder i februar, mars og april før det vart ein skikkelig tørr sommar. I mai kom det 51mm, i juni 84mm og i juli 54mm. August kom det litt meir, men berre 115mm. 21.mai steig elva over 30 kubikk og dagen etter toppa den på 35 kubikk. Dette gjorde at sjølv om elva åpna på greie 31 kubikk, så var den rundt 10.juni nede på 24 kubikk. Då kom eit regnskyll som faktisk fikk elva opp på 33 kubikk, men 8 dager seinare var elva nede på 24 kubikk igjen, og bortsett ifrå at den flata ut der eit par dager så gikk det jevnt nedover. I månadskiftet juni-juli så var elva nede på 15 kubikk, midt i sesongen 15.juli var elva nede på 12 kubikk og ved månadskiftet juli-august så var elva nede på 7 kubikk. Her låg elva til midt i august då ho fallt enno ein kubikk til berre 6 kubikk. 19. august kom litt regn og elva gikk opp til 13 kubikk og sesongen vart avslutta på 11 kubikk.


FISKEREGLAR

Fisketida i elva var som siste åra ifrå 1.juni til 31.august


ENDRINGER VED ELLER I ELVA

På vinteren vart det tatt ut mykje masse ifrå Forbygginga eller utløpet av Stampelva, noko som endra hølen ganske betraktelig. Massa vart tatt ut ved å utvide breidda på hølen på Hjellesida.

Eidselva 2014 Utgraving ved Stampelva

Sogn og Fjordane  Energi søkte i 2012 om konsesjon for oppattbygging og drift av Kviafossen Kraftverk. Dei fekk avslag frå NVE i 2014


ÅRETS STØRSTE FISK

Dette var året då Odd Arne Jarnes ifrå Sykkylven fikk årets største laks, og også den største laksen sia Jofred Eimhjellen tok sin laks på 22kg i 2002. Sia vi alle likar ei god laksehistorie, så kjem den her. Gjengen ifrå Sykkylven hadde kort på Hjelle til klokka var 16 og Odd Arne var framme ved Svadet og Fossen å fiska. Han fiska med makk og fikk sjå ein laks som var oppi med uggane. Han fortsatte med makken, men den ville ikkje ta, så han satte på ein spinnar. Etter nokre kast kikka han på klokka og lurte på om han skulle bytte høl, men klokka var 15.47, så han vart ståande. Berre nokre få kast etterpå hogg det i. Fisken ville både opp og ned, men fiskaren satte hardt imot hardt og holdt igjen. Fisken ville fram og opp fossen, og det var heilt umulig å nekte den. Men i det den var komen akkurat på brekket så holdt Odd Arne igjen og fisken vart ståande i den hardaste straumen med fullt press og det tok luven av fisken. Så etter det tok det ikkje lenge før han kunne dra fisken fram på grusen. Vel tilbake ved vogna på Hjelle så kunne dei konstatere at vekta var flott 19,5kg på hannlaksen.

Eidselva 2014 Hjelle


FISKET OG FANGSTSTATESTIKK

Med totalfangst på 595kg så er det klart at det var svikt for alle årsklasser og storleikar. Terten kom inn på 68stk som ikkje er historisk lavmål, men like ved. Det same gjeld for mellomlaks med 34stk, mens for storlaks med 35stk så er det noko over dei aller dårligaste åra. Men det spesielle dette året var at alle storleikane hadde elendige år samtidig.

Eidselva 2014 Fangst


OVERVÅKING OG FORSKING

I fiskesesongen var innslaget av oppdrettslaks ganske lavt med 4 oppdrettere av 101 sjekka lakser, i tillegg var der 2 usikre. Det skulle då utgjere 4% sikre oppdrettere og 6% om vi tar med dei usikre.

Etter sesongen kom det enorme mengder oppdrettslaks på elva og på haustfisket var som vanlig nedslåande fangstmessig, med veldig høgt innslag av oppdrettslaks og veldig mange mista oppdrettere. Det vart også i år gjennomført eit fantastisk arbeid med å fiske ut oppdrettere, heile 209 timer fiske er registrert i perioden 22.09 tom 31.10. Av 89 fisker tatt var det 4 utsatte, 23 sikre oppdrettslakser, 3 regnbuer og 1 usikker, altså ein langt høgare prosent, rundt 35%. enn i sesongen. men drivtellinger viste at det heldigvis var godt med villfisk i elva, spesielt mellom og smålaks.

Eidselva 2014 Haustfiske Surt og Kaldt

På grunn av mykje oppdrettslaks i elva så fortsatte vidare utfisking heilt fram til 15.januar. I denne perioden vart det tatt 89 oppdrettere og 5 regnbuer. På gytefisktelljinga utført 18.11 vart det observert 83 oppdrettere, 1 regnbue og 310 villaks, noko som gir ein oppdrettsprosent på 21,3%.


Klikk på bildet for å få opp skjellprøverapporten for året ifrå Rådgivande Biologer AS. Her oppsummerer dei årets laks- og sjøaurefangstar, før dei set det i historisk perspektiv, og viser kurver for utviklinga både laks og sjøaure. Deretter ser dei på utviklinga for innslaget av rømt oppdrettslaks som ein prosent av skjellprøvene, og her ser ein også antalet skjelprøver pr.år. Til slutt ser dei litt på korleis veksten har vore i elva og sjøen, då meir på jevna enn spesifikt inn imot akkurat i år.

 

 

 

Sist oppdatert:

16.02.2019


     



 
Eidselva

Soner

Fiskekort
Været

Vassføring

Flo og Fjære
Fisken

Historie

ExUNGKAR1
Laksesida

Ørstaelva

Bondalselva
     

Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.