EIDSELVA . |
---|
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
2015 Det skulle vise seg å verte ein nedbørsrikt år med 2505mm nedbør, der vi store deler av fiskeseongen låg over 75% persentil. Men dette skyldes i hovedsak snø og snøsmelting, for våren og spesielt sommaren var ikkje så veldig våt, sjølv om vinteren og hausten var det. Som venta vart det eit dårlig storlaksår, mens det ellers var bra for laksen. Totalfangsten for laks stoppa på 1818kg, omtrent eit normalår. Men auren slit med fangst på berre 143 sjøaurar. SNØ OG VASSFØRING Det hadde vore snørikt og kjølig fram til åpninga, så 5.juni såg det slik ut i fjellet med tanke på snø.
FISKEREGLAR Fisketida for laks og sjøaure i elva var som siste åra ifrå 1.juni til 31.august. ENDRINGER VED ELLER I ELVA ÅRETS STØRSTE FISK Dette året vart dei to største fiskane tatt i løpet av berre eit par timar på morgenen åpningsdagen. Irvin Yri fikk den største med ein flott laks på 16,3kg tatt på Staten, og like etter landa Finn Berg ein på Skipenes på 15,5kg.
FISKET OG FANGSTSTATESTIKK Når det gjeld fangstane dette året så vart det tatt ganske lite fisk i juni, noko som nok skyldast det kalde vatnet og det at elva var så stor som ho var. Etter kvart tok det seg opp og det vart eit godt år for terten, middels for mellomlaksen og eit dårleg år for storlaks, til tross for at forholda virkelig var der i år for å få dei store.
OVERVÅKING OG FORSKING I fiskesesongen var innslaget av oppdrettslaks ganske lavt med 6 sikre oppdrettere av 315 sjekka lakser, i tillegg var der 3 usikre. Det skulle då utgjere 1,9% sikre oppdrettere og 2,9% om vi tar med dei usikre. Haustfisket var som vanlig nedslåande fangstmesiig, med veldig høgt innslag av oppdrettslaks. Det vart også i år gjennomført eit fantastisk arbeid med å fiske ut oppdrettere i perioden 25.9 tom 30.11. Av 125 fisker tatt var det 26 sikre oppdrettslakser, altså ein langt høgare prosent enn i sesongen, rundt 21%. Drivtelljinga utført 9.10 viste at det heldigvis var godt med villfisk i elva, heile 550. Det var heller ikkje så veldig høgt innslag av oppdrettere med 11 stk eller 2%. Det vart også fiska i perioden 2.12 tom 18.12 for å sjekke om det kom meir seint som i fjor, men då vart det tatt berre 3 oppdrettere.
|
| ||||||||||||||||||||||||||||||
Sist oppdatert: 16.02.2019 |
![]() |
|||||
Eidselva Soner Fiskekort |
Været Vassføring Flo og Fjære |
Fisken Historie ExUNGKAR1 |
Laksesida Ørstaelva Bondalselva |
||
|
|||||
Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt. |