EIDSELVA . |
---|
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
2018 Dette året vart historisk på mange måtar, først var det ekstremt tørt på seinvinteren og våren, så vart det den varmaste laksesesongen i manns minne, før hausten kom med ekstreme nedbørsmengder og flaum i snart 2 månader. Perioden februar til og med mai var langt under normalen, mens juni hadde ei nedbørsmengde som var normal, før juli igjen var ekstrem tørr, faktisk den tørraste månaden på i alle fall 12år, det er ikkje registrert så lite som 23mm etter 2006. Så var nedbøren igjen normal i august, før det bøtta ned i september og oktober. November vart ekstremt tørr med berre 34mm. Årstotalen enda på 1790mm, noko som er godt under normalen på vel 2000mm. Men det spesielle i år var nok at nedbøren i stor grad var ekstrem, og då begge veier, både i øvre del av skalaen og i nedre. Total laksefangst enda på 2088kg som er litt over normalen, noko som må seiast og være bra med tanke på at elva ikkje var fiskbar i nesten ein månad. SNØ OG VASSFØRING Sjølv om vinteren var lang, så var det lite snø igjen når sesongen starta, som vi ser på bildet tatt 31.mai. Grunnen til det var at det var lite snø i vinter og rekordvarme i mai som smelta den snøen som var.
Men varmen fortsatte og elva var i månadskiftet nede på 15 kubikk og augustelv igjen. Vidare utover i juli så fortsatte den fantastiske sommaren og elva kom etterkvart heilt ned på 6 kubikk 23.juli. No var det så tørt at det var fullt bålforbud i heile SørNorge, og ein kunne krysse myrane i fjellet over alt med berre joggesko uten nokon fare for å verte våt. Temperaturen på elva hadde ikkje vore så veldig høg så langt, max 16-17 grader, mykje takka være ein god del vind, men no stilna det og då steig temperaturen raskt. Elvar over heile landet vart stengt og det kom også innskrenkingar i Eidselva med slukforbud og kun lett makkefiske (Opp til 5g bly).
FISKEREGLAR Fisketida for laks og sjøaure i elva var som siste åra ifrå 1.juni til 31.august. 2 laks pr. fisker pr. ½ døgnskort og 4 laks pr. døgnkort. Med laks meinast frå og med minstemål. 2 halvdøgnskort på same sone etter kvarandre vert å rekne som eit døgnkort. Totalkvote på 10 vill-laks over 3 kg pr. fisker i sesongen. Minstemål for sjøaure / laks er 40 cm. Kvote sjøaure: maksimum ein sjøaure pr. fiskar pr. halvdøgnskort, 2 pr. heildøgnskort. Det skal takast skjellprøve av all fisk. Hugs også å rapporter all fangst. Gjenutsett fisk skal registrerast og rapporterast med omtrentleg vekt og lengde. Kortpriser : kr.250,- pr halvdøgn, kr.500,- pr døgn Det var i år eit par endringar for fisket i Eidselva. Den største gikk på Solbakken og Bjørlo. Her kjøpte ein av grunneigarane på Bjørlo opp halve Solbakken. Og samtidig trekte dei ut 1,5 stang ifrå dei 6 stengene som er på Bjørlo og slo dei saman med då halve Solbakken, dette slik at dei som fiska Øvre Solbakken kunne også fiske 1,5 stang på Bjørlo. Som ein konsekvens av dette tok Sportsfiskelaget over dei 2 stengene som Måløyværingene hadde, slik at Sportsfiskelaget no disponerte 4,5 stenger, imot at dei av Måløyværingane som ynskte det fikk verte medlemmer i Sportsfiskelaget. Den andre endringa var mindre og gikk på at det ikkje vart skrive avtale med ein av grunneigarane på Nor slik at dei med kort på Nor ikkje fikk fiske på denne grunneigaren. På grunn av lav vannføring så vart det innført lett fiske frå og med 25.juli. Lett fiske innebær at alt slukfiske er forbudt, samt at maks vekt på søkke ved makkefiske er 5g. 11.august vart begrensingane på makkefisket oppheva, det vil seie at begrensigane i vekt å søkke vert fjerna. Alle redskapsbegrensingene vart oppheva 23.august ENDRINGER VED ELLER I ELVA Tirsdag kveld, den 24.juli, vart det etter eit regnskyll raportert om utslepp ifrå industriområdet Øyane på Staten. Det var gråfarga vatn langs land nedover langs den nye fyllinga i Malakof og oljefilm på vatnet. Det vart funne ein død sjøaure, men fuglen var allereie der, så det kunne vore fleire som hadde dødd og som alt var plukka opp av måsane.
I år starta arbeidet med å fornye Skipenesbrua, fortsatt er det planlegging som pågår, fortsatt usikkert når arbeidet vil skje, men dei har lova å ta hensyn til laksen under arbeidet.
21.juni vart det nye Nordfjordeid Vassverk med vatn ifrå Hornindalsvatnet offisielt åpna. Inntaket ligg på 40m djup i vestenden av Hornindalsvatnet. Maksimal pumpekapasitet er 35l/s. ÅRETS STØRSTE LAKS Største laksen vart nesten som vanlig tatt åpningsdøgnet, og i år var det Stian Andre Bjørlo som fikk den største, ein flott hannlaks på 13,6kg. Laksen vart tatt på Langeland og som bildet viser så vart den tatt på ein Kleppesluk.
FISKET OG FANGSTSTATESTIKK Det er ofte slik at det skal mykje vatn til for at dei skikkelig store vert tatt, og mykje vatn kan vi i alle fall ikkje seie at vi fikk dette året. Og det stemte også at dei store ikkje vart tatt, men likevel var det eit godt storlaksår, sjølv om det gikk vekk nesten ein månad midt i sesongen med fiske når elva var så lita at ingen fiska. Ellers vart det ein brukbart mellomlaksår og eit ganske labert år for terten.
OVERVÅKING OG FORSKING
Det er også ønskelig å videreføre prosjektet med å merke meir og også forkusere meir på auren for å prøve å sjå kva som kan gjerast for å prøve å få denne bestanden på fotane igjen. Det vil i løpet av vinteren verte jobba med å skaffe midler og så får vi håpe at det fell på plass og at vi kan få utvida kunnskap om elva og fisken. Det vert lagt ut link til rapporten ifrå første året når denne kjem, truleg utpå sein-vinteren, slik at myndighetene får justert den synkroniserte våravlusinga for å unngå smitte på den utvandrande smolten. Fjordabladet "Lakseungar og Lakselus." Også i haust vart det utført overvåkingsaktiviteter etter oppdrettsfisk i samarbeid med OURO. Forholda var vanskelige sia elva var flomstor heile hausten.
|
| ||||||||||||||||||||||||||||||
Sist oppdatert: 16.01.2021 |
![]() |
|||||
Eidselva Soner Fiskekort |
Været Vassføring Flo og Fjære |
Fisken Historie ExUNGKAR1 |
Laksesida Ørstaelva Bondalselva |
||
|
|||||
Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt. |