EIDSELVA . |
---|
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
2010 Dette skulle vise seg å verte eit skikkelig tørt år, nedbørsmessig og då sjølvsagt også når det gjaldt vassføring i elva. På Eid vart det målt 1387mm nedbør for heile året, imot ein normal på vel 2000mm. Dette gjorde 2010 til det tørraste året sia 1996. Det var stort sett alle månadane som låg lavt, med eit par rundt normalen, mens juli var over normalen og blant dei våtaste månadane i året med 141mm. Berre mars og oktober bikka 200mm, mens novenber var 3.dje våtast med 168mm. Sjølv om det var tørt så enda fangstane med laks på eit normalt nivå med 1858kg. For sjøaure så fortset den dårlige trenden nedover. SNØ OG VASSFØRING Vinteren var veldig tørr og kjølig, og snøen låg mykje godt ifrå slutten på oktober 2009 til ut i april, uten at det vart noko store mengder med snø i fjellet. Dette året var også Hornindalsvatnet frosset, og det rekordlenge. Allereie i januar var det stor isgang i Honndøla og då vart det problem når isen kom ned og møtte isen i vatnet. Bildet under er tatt i starten på April når isen fortsatt var 30cm tjukk.
Og våren gikk mykje i det samme, kaldt og tørt, så elva toppa på vårflommen 23.mai med skarve 32 kubikk. Bildet under er tatt 30.mai og viser at det var lite snø i fjellet når fisket starta.
I månadsskiftet juni-juli var ho nede på ca.16 kubikk. Men synkehastigheten hadde no avtatt så det gikk sakte nedover. Ved halvgått fiskesesong 15.juli så var elva nede på ca.13 kubikk. Og enno fortsatt elva vidare nedover til ho nådde ca.12 kubikkmeter den 18.juli. Det vil seie at elva heilt sia vårflomtoppen hadde lagt godt under det som kalles 25%-persentil, det vil seie at vi ligg under der 1/4 av åra det er rapportert for ligg, og då er vi pr. definisjon i eit tørt år. Men det skulle snu fortare enn nokon kunne ane.
FISKEREGLAR ENDRINGER VED ELLER I ELVA Bygging av Storelvbrua i Hornindal starta på hausten 2010 og var ferdig sommaren 2011. Kvivsvegen og brua vart åpna i 2012. Forbygd lengde av elva er 125m på sørsida og 185m på nordsida, det meste av forbygginga er på nedsida av brua.
ÅRETS STØRSTE FISK Årets største laks var på 15,6kg og det var Frank Yri som tok denne flotte laksen i Hammarshølen på Hjelle.
FISKET OG FANGSTSTATESTIKK 2010 var eit brukbart år for terten med 213stk, mens det var meir ein normalår for både mellomlaks og storlaks, med henholdsvis 183 mellomlaks og 74 storlaksar. For sjøauren så enda det på 191stk, noko som har vore normalen siste 3 åra, men noko som er rundt 1/3 av dei gjennomsnittsantalla vi såg for berre få år sia, og det er ikkje meir enn 4 år sia det vart tatt godt over 900 sjøaurar.
OVERVÅKING OG FORSKING Haustfisket etter oppdrettslaks
|
| ||||||||||||||||||||||||||||||
Sist oppdatert: 16.02.2019 |
![]() |
|||||
Eidselva Soner Fiskekort |
Været Vassføring Flo og Fjære |
Fisken Historie ExUNGKAR1 |
Laksesida Ørstaelva Bondalselva |
||
|
|||||
Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt. |