EIDSELVA . |
---|
|
EIDSELVA Eidselva starter i den djupaste innsjøen Nord-Europa, Hornindalsvatnet, 514 meter djup. Elva har størsteparten av nedslagsfeltet sitt i fremre del av vatnet og på begge sider av Hornindalen. Dette saman med storleiken på Hornindalsvatnet gjer at vatnet i Eidselva vert krystallklart, også på tidleg vårelv. Det einaste som kan setje farge på elva er om dei mindre bekkane, som går rett i elva, veks opp som følgje av regn. Elva hadde tidlegare eit gråskjær når den gikk stor, på grunn av utvasking av leire, men elva er i dag førebygd i så og seie alle svinger, slik at aukande vannstand er det einaste som gir den farge. Elva har ei lengde på ca. 10 km ifrå Hornindalsvatnet og til Eidsfjorden, ei grein av Nordfjorden. I vannføring er Eidselva blant dei mellomstore lakseelvane våre, og er kjend som ei storlakselv frå gammal tid av. Hornindalsvatnet ligg på 52 meter over havet og elva har stort sett jamt fall, utan heilt rolige partier. Elva er veldig variert med alt ifrå store hølar til korte djupe hølar i stryk, flate lange hølar som gir flotte flugestrekk til fossestryk. Elva går stort sett langs jordbruksmark, men der er også strekker som gir eit visst villmarkspreg. Men det meste av elva er godt skjerma for trafikk og anna støy, mest støy er det på nederste strekket. Elva har ifrå gamalt av vore kjend for å bære stor laks, det vart tidlegare nesten årleg tatt laks oppunder 20kg, men som i dei fleste andre lakselvene våre så har storlaksen minka i storleik og i tal, slik at for heile 90-talet vart berre nokre få fiskar over 15kg tatt, men i 2002 vart det atter tatt fisk på over 20kg. Seinare har det jevnleg vore tatt fisk mellom 15 og 20kg Elva hadde også ei flott sjøaure-stamme, med mykje fisk på mellom 3 og 6 kg, samt ein og annen enda litt større. Men det var tross alt den mindre sjøauren som dominerte. Sjøauren i Eidselva var veldig rund og fin, og nesten alltid av prima kvalitet. Men nedgangen som starta rundt årtusenskiftet har fortsatt og 15år seinare er stamma nesten vekk og fangstane nede på 50 aurar i året. Denne var 3,5kg tatt på Moen i 2002, mens stamma fortsatt var haustbar. Elva er delt i 23 soner og tilgangen til fiske på dei forskjellige sonene er veldig forskjellig. Kortsalet på mange soner vert handtert av Eid Sportsfiskarlag, dei kjøper opp soner og sel kort på Chatlet Sport på Amfi. Kort på Nor kan også kjøpast på Nesjartun Camping. Elles må du gå på grunneigarane for å få kjøpt kort på dei andre sonene, enkelte har av og til skilt oppe, men generelt er dei ganske vanskelege å finne. |
| ||||||||||||||||||||||||||||||
Sist oppdatert: 10.01.2021 |
Eidselva Soner Fiskekort |
Været Vassføring Flo og Fjære |
Fisken Historie ExUNGKAR1 |
Laksesida Ørstaelva Bondalselva |
||
|
|||||
Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt. |