LAKSESIDA
.


LAKSESIDA

EIDSELVA

ØRSTAELVA

ExUNGKAR1
 

 

Laksesida prøver å gi deg informasjon om laksefiske, først og fremst på Nordvestlandet. Hittil er det først og fremst Eidselva som har vore fokuset, men i det siste har også Ørstaelva fått sine egne sider. Og planen er å vidare utvide med fleire elvar. Håper du finn nyttig info på desse sidene.

EIDSELVA

 

Eidselva på Nordfjordeid er kjent for sitt klare vatn og sine store laksar. Elva er den einaste lakselva i Indre Nordfjord som ikkje får vatn ifrå breer av nokon størrelse, og skil seg såleis ut. Eidselva renn ifrå Hornindalsvatnet til Eidsfjorden, ei grein av Nordfjorden. Total lengde er ca 10km, og fallhøgda er ca.52m. Elva startar med rolige partier i nedre del, mens vidare oppover aukar vasshastigheia og vert toppa med Kviafossen like nedanfor vatnet. Det selges i dag kort på nesten heile strekket, med berre nokre få mindre unnatak.

ØRSTAELVA

Ørstaelva renn som navnet tilseier ut i Ørsta. Ørstaelva er kjent for enorme mengde med pjakk på 70-talet, men har siste 15 åra vorte meir og meir ei lakselv med mykje mellomlaks. Ørstaelva er først og fremst ei flomelv, men med utspring ifrå hjertet av Sunnmørsalpane så har den normalt bra vassføring tidleg på sommaren ifrå snøen i fjella. Ørstaelva er ganske rolig, men ikkje stilleflytande. Litt brattare er det ovom der ho deler seg i løpa Åmdalselva og Follestaddalselva, men også desse flater ut igjen. Det selges kort i heile Ørstaelva, og i nedre del av både Åmdalselva og Follestaddalselva.

 

 

Sist oppdatert:

16.02.2019


     



 
Eidselva

Soner

Fiskekort
Været

Vassføring

Flo og Fjære
Fisken

Historie

ExUNGKAR1
Laksesida

Ørstaelva

Bondalselva
     

Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.