EIDSELVA . |
---|
|
SONER Sonene er lista ovanifrå etter nedre grense på sona, (B) betyr begge sider, (S) betyr sørsida, (N) betyr nordsida. I menyen til venstre er link til ei egen side for kvar sone. Der er sonene beskrive nærmare, med bilder og tekst, pluss diverse nyttig info. Håper dette hjelper dere med å finne den sona som passer akkurat deg. 1) Nor (B) Sona var kjent for sitt gode fiske etter mindre aure, men når det gikk opp for alle at dette egentlig var sjøauresmolt det vart fiska på, så vart det stoppa. Sona er stilleflytande med berre ligg straum i området mellom vatnet og dammen for det nedlagde kraftverket. Området er viktigaste gyteområdet i elva, men dette er ikkje den typiske sona om du skal fiske etter anadrome fiskar. Kort selges på Chatlet Sport og Nesjartun Camping. 2) Fiske forbode (B) Dette er forbodsona i forbindelse med fossen, den omfatter området ifrå nedre halvdel av kraftverksdammen og til og med hølen under fossen. Det er laksetrapp mellom desse to dammane også. 3) Baltzar (N) Dette er ei 50m lang sone, som i hovedtrekk består av eit stryk. Ingen klare fiskeplasser, men finnes nokre mindre holer bak nokre steinar, men elva må ned mykje før du ser dei. Vert normalt solgt berre 3-4 kort for heile sesongen til spesielt interesserte. Kort selges på Chatlet Sport. 4) Fossen (S) Denne sona starter framme med bratte berg og fossande stryk, før dette munnar ut i øvste hølen i elva. Denne hølen og utløpsrenna ifrå denne er den fiskbare delen av sona, dermed er den berre rundt 100m, der halve er fiskbar. Sona er populær blant dei som ikkje har tid å fiske ei av dei større sonene, då du parkerer like ved, går ned og fisker dei 50m som er fiskbare. Då kan du komme og gå raskt. Kort selges på Chatlet Sport. 5) Moen (N) På Moen går det ofte dyr, både sauer og kyr, dette held tre og kratt unna og frisere sona. Men samtidig så er der større trær som står der dei ikkje er i vegen, men likevel skjermer elva bra. Sona er populær fordi den er ganske lett tilgjegeleg og lettfiska. Men på stor elv er den krevjande då det vert veldig høg fart på vatnet. Kort selges på Chatlet Sport. 6) Kvien (S) Det har sia 2005 vore lagt ned mykje arbeid i rydding og forbedringer langs elva, og det har etter kvart vorte mykje betre å fiske her. Det er bygd 2 buder og ein del gangveier er laga, samt at det er laga ein god sti fram til fremste del. Sona er ofte ledig, men meir populær når elva går ned ein del. Kort selges på Chatlet Sport. 7) Hjelle (N) Sona er lang og dekker dei fleste av dei store djupe hølane framme i elva. Sona går stort sett på dyrka mark og er stort sett godt rydda. Kort selges privat. 8) Nornes (S) Her er det ganske bratt ned til elva på store deler av sona, og ikkje veldig godt rydda. Kort selges privat og leies ut med hytte på sona. 9) Bjørlo (B) Lengste sona i elva, fremste del av sona går i skog, midtre del i utmarksbeite og nedre del på dyrka mark. Sona er ganske populær, men innebær ein god del gåing. Kort selges på Chatlet Sport. 10) Hildenes (N) Mykje stryk som gjer det vanskelig på stor elv, men som åpner seg når elva går ned. Går på dyrka mark, men trea står igjen på baren og gjer tilkomst vanskelig på store deler av strekket, sjølv på lita elv. Kort selges privat. 11) Alsaker (N) Fremste sona med store grusører, men er ikkje godt rydda, så på stor elv så er det vanskelig tilkomst ein del plasser. Sona deles i to av elvas andre foss, Fåhølsfossen. Kort selges privat. 12) Solbakken (S) Sona går ifrå Fåhølsfossen og ned til Vereidehølen. Sona leigast ut privat, leigast ut på ukebasis sammen med hus. 13) Langeland (N) Sona er veldig fokusert rundt Vereidehølen, akkurat over første harde stryket fisken må gå i elva. Det er ofte beitande dyr på sona som held det ryddig. Mykje elv som enten ikkje er tilgjengelig eller er vanskelig å nå på grunn av mykje tre på baren. Kort selges på Chatlet Sport. 14) Øvre Roti (S) Sona er veldig fokusert rundt Mastehølen, men har nokre fleire fine plasser. Deler av sona kunne vore betre rydda. Kort selges privat. 15) Stokkenes (N) Her kan du kombinere golf og laksefiske då sona ligg på golfbana. Tilkomst i mange høler er vanskelig på stor elv, betre når den går ned og ein kan vade litt meir. Men her kunne vore rydda betre. Kort selges på Chatlet Sport. 16) Roti (S) Sona har bratt lende i øvre del, mens på nedre del så fisker ein ifrå ein ganske høg bare. Kort selges privat. 17) Rotihaug (S) Kort sone på kun 40m, ein høl. Kort disponeres privat. 18) Skipenes (S) Slått sammen med tidlegare Åbrekk. Nedre halvdel påverka av floa. Sona er spesielt bra på stor kald elv. Sona går stort sett på dyrka mark, det er planta ein del tre som etter kvart kjem godt opp. Kort selges privat. 19) Karlsen (N) Består av 3 deler der berre dei fremste 15m fiskes, fisket på nedre del av sona vert ikkje utleigd. Kort disponeres privat. 20) Staten (N) Heile sona påverka av floa, best på stor elv, krever ein del vading på ein del strekk. Kort selges på Chatlet Sport. 21) Øvre Os (S) Påverka av floa nesten halve døgnet. Kort disponeres privat. 22) Nedre Os (S) Påverka av floa nesten heile døgnet. Kort disponeres privat. 23) Slakteriet (N) Påverka av floa nesten heile døgnet. Aldri sett fiske på strekket. |
| ||||||||||||||||||||||||||||||
Sist oppdatert: 03.01.2021 |
Eidselva Soner Fiskekort |
Været Vassføring Flo og Fjære |
Fisken Historie ExUNGKAR1 |
Laksesida Ørstaelva Bondalselva |
||
|
|||||
Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt. |