EIDSELVA . |
---|
|
MOEN Nedre grense på Moen er midt i svingen foran Svadet på Hjelle. Fremre grense er like nedanfor Kviafossen, i nedkant av den vesle øya like nedanfor kraftverket. Moen fiskast på nordsida av elva og har ei fiskbar lengde på ca 630m. Heile sona er ganske rask, men den flater litt ut på nedre del, før den bikkar utføre ned imot grensa.
Så langt framme i elva så stopper det alltid opp ein del fisk, sjølv om det ikkje er nokon typiske "Holding pools", store og djupe hølar på sona. Men Kviafossen gjer nok sitt til at sona held ein del fisk. Og her er mange hølar og holer, så der er mange plasser som fisken kan skjule seg i. Sona fiskar best når elva kjem noko ned. På stor elv så vert det få plassar å fiske, mens på mellomstor elv så begynner det å komme fram hølar. På lita elv kjem også alle dei små holene fram og vert fiskbare. Moen er fiskbar sjølv på veldig lita elv, men det vert sjølvsagt mindre areal å fiske på. Er elva stor og kald vil det ta lang tid før fisken kjem heilt opp hit. Sona ligg på dyrka mark der det er åpent og greit å komme til. Det er greit å fiske med alle typar reiskap dei fleste plassar. Generelt bør ein unngå vading i Eidselva sia den er veldig klar, men av og til må ein uti for å klare å fiske. På Moen så er det nødvendig med litt vading for å komme til på stor og mellomstor elv, seinare kjem grusbankane ut av vatnet. Parkering er veldig greit ved kraftstasjonen, det er enden på veien med god plass for parkering. BILDER OG BESKRIVING AV HØLAR Har nummerert hølane på skissa i høgre kolonne for å vise omtrent beliggenhet, nummera på bilda under henviser til desse nummera. Klikk på bilda for større bilde og forklarande tekst om hølen/området. |
HØLAR på MOEN
DATA for MOEN
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sist oppdatert: 29.12.2020 |
Eidselva Soner Fiskekort |
Været Vassføring Flo og Fjære |
Fisken Historie ExUNGKAR1 |
Laksesida Ørstaelva Bondalselva |
||
|
|||||
Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt. |