EIDSELVA
.


EIDSELVA

SONER

NOR

KVIAFOSSEN

BALTZAREN

FOSSEN

MOEN

KVIEN

HJELLE

NORNES

BJØRLO

HILDENES

ALSAKER

SOLBAKKEN

LANGELAND

ØVRE ROTI

STOKKENES

NEDRE ROTI

ROTIHAUG

SKIPENES

KARLSEN

STATEN

ØVRE OS

NEDRE OS

SLAKTERIET

FISKEKORT

VÆRET

VASSFØRING

FLO & FJÆRE

FISKEN

HISTORIE
 

 

ALSAKER

 Alsaker starter i nedre enden ved utløpet av Alsakerelva, ein liten bekk på grensa til Langeland. Fremre grense er omtrent midt på holmen på grensa til Hildenes. Denne holmen høyrer til Bjørlo på andre sida av elva. Alsaker ligg på nordsida av elva og har ei fiskbar lengde på ca 1740m.

 Sona er naturleg delt i to av Fåhølsfossen midt på sona, eit kort stryk med ca 1,5m fall. Øvre del er ganske rolig og elva har ein del grusøyrer på begge sidene litt om ein annen. Nedanfor fossen er det litt meir fart i elva eit stykke før den flater meir ut.

Sona har ein del mindre hølar, men få som er veldig djupe og store hølar. Dermed er det ikkje mange typiske "Holding pools", men restane av Kastarhølen på Sanden har ei lita, men djup hole som held på noko fisk i alle fall. Ellers så kan det stå ein del fisk i området både over og under fossen i kortere perioder, men i hovedsak så fisker du på fisk som går på denne sona.

Sona fiskar best når det fortsatt er bra vannstand, helst over 20 kubikk, temperatur er mindre viktig her, men veldig stor og kald elv gjer at fisken går veldig seint og gjerne stopper opp i nedre del av elva, slik at då kan fisket være litt tregt, men kjem elva opp på 7-8 grader så er Alsaker ein bra plass å være. Alsaker er fiskbar sjølv på veldig lita elv, men det vert sjølvsagt færre plassar å fiske.

I hovedsak så går sona gjennom dyrka mark med grei tilkomst. Sanden på fremste delen er skogkledd, men med grusøyrer heile veien så er tilkomsten også her god. Det er fleire partier med litt høge og bratte barar som gjer det litt vanskelig å kome til, blant anna foran Fåhølen, samt foran Storesteinen og Bruce på stor elv. For å fiske nedre del så må du opp på hovedveien og nedre del har ikkje vore rydda kvart år, så området har historisk ikkje vore det mest nytta.

Alsaker er normalt brukbart rydda, men der er fortsatt strekk som er vanskelig fiskbare eller ikkje fiskbare i det heile på grunn av skog, litt avhengig av redskapstype. Det kan også skape problem om ein får på fisk som vil nedover elva då du enkelte plassar ikkje klarer følge etter på grunn av skog.

Generelt bør ein unngå vading i Eidselva sia den er veldig klar, men av og til må ein uti for å klare å fiske. For Alsaker så er det lite vading som er nødvendig, det er stort sett berre innløpet til Kastarhølen om ein fiskar med fluge og i Bruce at ein må uti.

Parkering er veldig greit då det er laga ein stor og god parkeringsplass midt på sona, rett ved Fåhølsfossen. Men om ein vil fiske nedre del så er det også mulig å parkere ved avkjørsla ifrå hovedvegen. Vegen ned til parkeringa er ein godt vedlikeholdt grusveg.

 


 

BILDER OG BESKRIVING AV HØLAR

Har nummerert hølane på skissa i høgre kolonne for å vise omtrent beliggenhet, nummera på bilda under henviser til desse nummera. Klikk på bilda for større bilde og forklarande tekst om hølen/området.

 

 

HØLAR på ALSAKER

Eidselva Alsaker

   1.  Øvre grense
   2.  Øyrane
   3.  Kastarhølen
   4.  Sanden
   5.  Stålstigen
   6.  Øya
   7.  Fåhølen
   8.  Fossekanten
   9.  Fossen
10.  Svadet
11.  Foran Storesteinen
12.  Storesteinen
13.  Vaskeplassen
14.  Bruce
15.  Veihølen
16.  Foran Clearing
17.  Clearing

DATA for ALSAKER

Avstand sjø-nedre grense 3,5km
Avstand sjø-øvre grense 5,2km
Fiskbar lengde 1740m
Moh-nedre grense 6m
Moh-øvre grense 13,5m
Totalt fall 7,5m
Antal buder 6stk
Påverka av flo og fjære Nei
Kortsalg Privat
Morgenkort kl.02-14
Kveldskort kl.14-02
Kortpris kr.300,-
Fiske Ensidig

Sist oppdatert:

29.12.2020


     



 
Eidselva

Soner

Fiskekort
Været

Vassføring

Flo og Fjære
Fisken

Historie

ExUNGKAR1
Laksesida

Ørstaelva

Bondalselva
     

Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.