EIDSELVA . |
---|
|
KVIAFOSSEN Denne forbudsona er oppretta i forbindelse med Kviafossen, denne fossen vart tidleg på 1900-talet demt opp i forbindelse med kraftutbygging. Demninga er ca 5 meter høg og inntaksdammen, for det er ikkje eit magasin, er ca 250 meter lang. Store delar av dammen er ganske grunn, så den held ikkje mykje vatn. I dag er ikkje kraftverket i drift slik at alt vatnet renn over demninga. Rundt fossen er det bygd laksetrapp som fungerer veldig bra. Men no er det ikkje slik at fossen er umulig å passere. På stor elv er det truleg berre storlaks som går fossen, men seinare på sesongen når vannmengda går ned, så går det meste av fisk opp fossen. Hølen nedfor fossen er liten og smal, og derfor har den veldig hardt drag, med ei lita bakevje på sørsida der laksetrappa kjem ned. Viss du går ned på berga for å kike i hølen etter fisk, så må du gå på nordsida då sørsida er innegjerda, men pass godt på, her er alltid vått og sleipt, og du vil ikkje gå på nasa ned i denne hølen. Bakpå treff straumen ein stor stein og deler seg, herifrå og nedover til grensa er det berre små kulpar bak mindre steinar og grushaugar.
BILDER OG BESKRIVING AV SONA Bilda viser sona ovanifrå og nedover. Klikk på bilda for større bilde og forklarande tekst om hølen/området. |
DATA for KVIAFOSSEN
| ||||||||||||||||||||||||||||||
Sist oppdatert: 03.01.2021 |
Eidselva Soner Fiskekort |
Været Vassføring Flo og Fjære |
Fisken Historie ExUNGKAR1 |
Laksesida Ørstaelva Bondalselva |
||
|
|||||
Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt. |