EIDSELVA . |
---|
|
FOSSEN Nedre grense på Fossen er midt i første svingen nedanfor Kviafossen. Fremre grense er like nedanfor Kviafossen. Fossen fiskast på sørsida av elva og har ei fiskbar lengde på ca 130m. Heile sona er ganske rask, men den flater litt ut nedover.
Så langt framme i elva så stopper det alltids ein del fisk, sjølv om det ikkje er nokon typiske "Holding pools" på sona. Men Kviafossen gjer nok sitt til at Neset er ein høl som held ein del fisk. Den er også steinete, så der er nok mange holer som fisken kan skjule seg for straumen i. Sona fiskar best på enten veldig stor elv, eller når elva kjem godt ned. På stor elv så kjem fisken innpå grunnene, mens på mellomstor elv så vert det for stridt for fiske ute i hølen og for grunt på grunnene, så då er det langs kantene at ein kan lure seg til. På lita elv vil ein då kunne fiske uti hovedstraumen. Fossen er fiskbar sjølv på veldig lita elv, men det vert sjølvsagt mindre areal å fiske på. Er elva stor og kald vil det ta lang tid før fisken kjem heilt opp hit. Sona er så kort at tilkomst ikkje er tema, spesielt når der er god parkering med god tilkomst. Fremste delen er skogkledd og bratt, og dermed ikkje fiskbar. Vidare nedover er det åpent og greit å komme til. Det er greit å fiske med alle reiskap. Generelt bør ein unngå vading i Eidselva sia den er veldig klar, men av og til må ein uti for å klare å fiske. På Fossen så er det nødvendig med litt vading for å komme til på stor og mellomstor elv, seinare kjem grusbankane ut av vatnet. Parkering er veldig greit då det er laga ei sløyfe ifrå hovedvegen nedom, med god plass for parkering. BILDER OG BESKRIVING AV HØLAR Har nummerert hølane på skissa i høgre kolonne for å vise omtrent beliggenhet, nummera på bilda under henviser til desse nummera. Klikk på bilda for større bilde og forklarande tekst om hølen/området. |
HØLAR på FOSSEN
DATA for FOSSEN
| ||||||||||||||||||||||||||||||
Sist oppdatert: 29.12.2020 |
Eidselva Soner Fiskekort |
Været Vassføring Flo og Fjære |
Fisken Historie ExUNGKAR1 |
Laksesida Ørstaelva Bondalselva |
||
|
|||||
Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt. |