EIDSELVA
.


EIDSELVA

SONER

NOR

KVIAFOSSEN

BALTZAREN

FOSSEN

MOEN

KVIEN

HJELLE

NORNES

BJØRLO

HILDENES

ALSAKER

SOLBAKKEN

LANGELAND

ØVRE ROTI

STOKKENES

NEDRE ROTI

ROTIHAUG

SKIPENES

KARLSEN

STATEN

ØVRE OS

NEDRE OS

SLAKTERIET

FISKEKORT

VÆRET

VASSFØRING

FLO & FJÆRE

FISKEN

HISTORIE
 

NOR

Nedre grense på Nor er midt på kraftverksdammen i Kviafossen. Fremre grense er overgangen til Hornindalsvatnet.  Nor kan fiskast på begge sider av elva og har ei fiskbar lengde på ca 980m. Heile sona er ganske rolig og elva har ein del grusøyrer som kan vades på mellomstor elv, på mindre elv kjem dei ut av vatnet, mens på stor elv er vading vanskelig på det meste av sona.

 Eidselva Nor

Sona er ganske brei og grunn, men sia sona er langt framme så står det ein del fisk her, då spesielt i Kraftverksdammen, og då spesielt langt nedpå. Men også på fremste delen står det ofte fisk. I perioder kan ein også sjå ein del fisk som står utanfor neset foran brua. Felles for alle plassane er at dei er vanskelige å fiske på, lettast er det nok på fremste når elva går ned nok til at ein kan fiske her.

Sona fiskar best når det fortsatt er bra vannstand, helst over 15 kubikk, men Nor er fiskbar sjølv på lita elv, men det vert sjølvsagt færre plassar å fiske. Er elva stor og kald vil det ta lang tid før fisken kjem heilt opp hit.

I hovedsak så går sona langs veien med god tilkomst. Fremste delen er skogkledd, men er delvis rydda slik at det er fiskbart. Vidare nedover er det åpent og greit å komme til. Det har historisk ikkje vore den mest nytta sona for laksefiske, men litt sjøaure har det vore fiska etter her. Men den har tidlegare vore mykje brukt for fiske etter mindre aure, heilt til det vart oppdaga at det var sjøauresmolt det vart fiska på, då auka minstemålet og dette fisket forsvant.

Generelt bør ein unngå vading i Eidselva sia den er veldig klar, men av og til må ein uti for å klare å fiske. På Nor er det nødvendig med litt vading for å komme til.

Parkering er veldig greit då det er laga ein parkeringsplass på fremste delen. Eller ein kan parkere ved brua på midten eller nede ved den gamle saga.


BILDER OG BESKRIVING AV HØLAR

Har nummerert hølane på skissa i høgre kolonne for å vise omtrent beliggenhet, nummera på bilda under henviser til desse nummera. Klikk på bilda for større bilde og forklarande tekst om hølen/området.

 

 

HØLAR på NOR

Eidselva Kart Sone Nor

   1.  Holmen
   2.  Depotet
   3.  Brekket
   4.  Bruhølen
   5.  Meieriet

DATA for NOR

Avstand sjø-nedre grense 9,4km
Avstand sjø-øvre grense 10,6km
Fiskbar lengde 980m
Moh-nedre grense 50,5m
Moh-øvre grense 52m
Totalt fall 1,5m
Antal buder Ingen
Påverka av flo og fjære Nei
Kortsalg Chatlet
  Nesjartun
Døgnkort (Start etter eget ønske) 24t
Kortpris kr.100,-
Fiske Tosidig

Sist oppdatert:

29.12.2020


     



 
Eidselva

Soner

Fiskekort
Været

Vassføring

Flo og Fjære
Fisken

Historie

ExUNGKAR1
Laksesida

Ørstaelva

Bondalselva
     

Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.