EIDSELVA
.


EIDSELVA

SONER

NOR

KVIAFOSSEN

BALTZAREN

FOSSEN

MOEN

KVIEN

HJELLE

NORNES

BJØRLO

HILDENES

ALSAKER

SOLBAKKEN

LANGELAND

ØVRE ROTI

STOKKENES

NEDRE ROTI

ROTIHAUG

SKIPENES

KARLSEN

STATEN

ØVRE OS

NEDRE OS

SLAKTERIET

FISKEKORT

VÆRET

VASSFØRING

FLO & FJÆRE

FISKEN

HISTORIE
 

STOKKENES

Stokkenes starter i nedre enden ved brekket av Myrahølen, 10 meter foran ein liten bekk kalla Uldegrova. Fremre grense er ca.15 meter foran neset på grensa til Langeland.  Stokkenes ligg på nordsida av elva og har ei fiskbar lengde på ca 1240m. Heile sona er ganske rolig og elva har ein del grusøyrer som kan vades på mellomstor elv, på mindre elv kjem dei ut av vatnet, mens på stor elv er vading vanskelig på det meste av sona.

Eidselva Stokkenes

Sona har ein del middels til store hølar, men sia sona er ganske langt nede så er det ikkje mange typiske "Holding pools". Unntaket er Mastehølen som er første typiske "holding pool" i elva. Ellers så kan det stå ein del fisk på heile sona i kortere perioder, spesielt på stor og kald elv. På mindre elv er det mest fiske på vandrande fisk sia fisken normalt går minst fram i Mastehølen før den har første stopp, litt avhengig av temperatur og vassføring.

Sona fiskar best når det fortsatt er bra vannstand, helst over 20 kubikk, temperatur er mindre viktig her, men veldig stor og kald elv gjer at fisken går veldig seint og gjerne stopper opp på heile sona, slik at då kan fisket være godt her. Men kjem elva opp på 7-8 grader så er det meir fart i fisken og ein må begynne å ta floa med i planlegginga. Stokkenes er fiskbar sjølv på veldig lita elv, men det vert sjølvsagt færre plassar å fiske.

I hovedsak så går sona på golfbana med god tilkomst. Fremste delen er bratt og skogkledd, men er delvis rydda slik at det er fiskbart. Det er fleire partier med tre langs baren som gjer det litt vanskelig å kome til, blant anna i Arnfinnhølen, Mastehølen, Auregrunna, foran Svingen og Myrahølen. For å fiske Myrahølen så må ein gå ganske langt, eller kjøre rundt, så området har historisk ikkje vore det mest nytta. NB: Holmen tilhøyrer Roti Nedre slik at ein kan ikkje vade ut dit å fiske ifrå Holmen.

Stokkenes burde vore rydda ganske annerledes i forhold til korleis den er rydda. I dag er der plasser som ikkje fiskbare i det heile på grunn av skog, litt avhengig av redskapstype, mens andre mindre spennande plasser er godt tilgjengelige. Det kan også skape problem om ein får på fisk som vil nedover elva då du mange plassar ikkje klarer følge etter på grunn av skog.

Generelt bør ein unngå vading i Eidselva sia den er veldig klar, men av og til må ein uti for å klare å fiske. For Stokkenes så er det lite vading som er nødvendig, det er stort sett berre på Ledet og nedover strekket imot Myrahølen at ein må uti.

Parkering er veldig greit då det er laga ein stor og god parkeringsplass i forbindelse med golfbana, i øvre del av sona. Men om ein vil fiske nedre del så er det også mulig å parkere rett bak Myrahølen, ved gravstedet. Eller ein kan parkere på framsida av gravstedet og komme ned midt på sona.


BILDER OG BESKRIVING AV HØLAR

Har nummerert hølane på skissa i høgre kolonne for å vise omtrent beliggenhet, nummera på bilda under henviser til desse nummera. Klikk på bilda for større bilde og forklarande tekst om hølen/området.

 

 

HØLAR på STOKKENES

Eidselva Kart over Stokkenes

   1.  Hegresvingen
   2.  Svarthølen
   3.  Arnfinnhølen
   4.  Mastehølen
   5.  Auregrunna
   6.  Ledet
   7.  Svingen
   8.  Frisørhølen
   9.  Moses
10.  Holmen (NB: Holmen tilhøyrer Roti Nedre)
11.  Øya
12.  Hildehola (Værbu)
13.  Åbrekkhølen
14.  Strekket
15.  Myrahølen

DATA for STOKKENES

Avstand sjø-nedre grense 1,5km
Avstand sjø-øvre grense 2,7km
Fiskbar lengde 1240m
Moh-nedre grense 1,1m
Moh-øvre grense 3,2m
Totalt fall 2,1m
Antal buder 7stk
Påverka av flo og fjære Nei
Kortsalg Chatlet
Morgenkort kl.02-14
Kveldskort kl.14-02
Kortpris kr.250,-
Fiske Ensidig

Sist oppdatert:

29.12.2020


     



 
Eidselva

Soner

Fiskekort
Været

Vassføring

Flo og Fjære
Fisken

Historie

ExUNGKAR1
Laksesida

Ørstaelva

Bondalselva
     

Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.