EIDSELVA . |
---|
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
2011 Om 2010 var tørt så var 2011 tilsvarande vått. Ikkje sia 1990 har det regna så mykje på Nordfjordeid, med 2833mm så var det ca 40% over normalen. Det var vel kanskje 2 ting som var spesielt med nedbøren i år, og det var det massive regnet vi fikk i mars, april, mai som gjorde at elva var diger i 3 månader på våren. Og så var det dei enorme mengdene som kom når det først kom regn. Dette gjorde at elva var stor første 2 månadene i fiskesesongen, men så vart ho lita siste månaden. Fangsten vart veldig bra med totalt 2841kg med laks (offisielle rapporter), noko som er det beste rapportert i nyere tid. SNØ OG VASSFØRING Sjølv om det hadde vore mykje nedbør på våren, så hadde ikkje alt lagt seg som snø i fjellet, slik at snømengdene var ganske normale ved fiskestart. Her ser vi korleis det var 31.mai.
Utover i september så var elva utrulig stabil mellom 15 og 20 kubikk før ho siste veka heva seg 10 kubikk og låg der til 3.oktober då ho smalt rett opp i over 72 kubikk og etter nokre dagar igjen opp til rundt 75 kubikk. Men etter ei veke med flom så seig elva jevnt tilbake utover hausten og gikk inn i vinterdvalen og 15 kubikk midt i november så steik ho igjen opp til 56 kubikk i månadskiftet til desember, så ned igjen til 20 kubikk like før jul og opp igjen til 52 kubikk den 27.desember. FISKEREGLAR ENDRINGER VED ELLER I ELVA Allereie midt i januar var det kraftig isgang i Horndøla og heile nedeste del av elva vart fyllt opp av is i 2-3m høgde. På bildet ser vi ein gapahuk som nesten er vekk under ismassene. Bildet er lånt ifrå Fjordingen.
Like ved skulen på Grodås vart den nye gangbrua over Horndøla åpna. Brua er den mest spektakulære brua over elva med ein stålkonstruksjon som lener seg utover elva og held oppe brua slik at ein unngår påler eller søyler ned i elva. Foto: Stryvo
ÅRETS STØRSTE FISK Dette året starta på best mulige måte for Gunnar Olsmo som etter berre nokre få kast kroka det som skulle verte årets største laks med sine 15,5kg. Kampen pågikk i 20 minutter og med fisken vel på land så vart det feiring og lite fiske vidare utover, noko som var vel fortjent.
Foto: Harald Kolseth / NRK FISKET OG FANGSTSTATESTIKK Det er ganske avvikande tall for kor mykje tert som faktisk vart landa dette året, bruker vi talla ifrå Eidselva.no så var det eit middels år, mens dei offisielle statestikkane sa dette var eit toppår. På mellomlaks så er dei meir enige om at det var eit skikkelig toppår med 333stk, mens for storlaksen så var det eit middels år med 82stk. For auren så enda vi på mykje det samme nivået som i fjor med 229stk. Som vi då skreiv så er dette labert om ein ser nokre år tilbake
OVERVÅKING OG FORSKING
|
| ||||||||||||||||||||||||||||||
Sist oppdatert: 16.02.2019 |
![]() |
|||||
Eidselva Soner Fiskekort |
Været Vassføring Flo og Fjære |
Fisken Historie ExUNGKAR1 |
Laksesida Ørstaelva Bondalselva |
||
|
|||||
Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt. |