EIDSELVA . |
---|
|
2012 Det var spådd eit storlaksår etter dei gode fangstane av mellomlaks i 2011, og det skulle vise seg å slå til og det til gagns. Meir enn ei dobling av høgste antall storlaks i ein sesong nokon gang er fantastisk. Dette gav mange fornøgde storfiskere, her representert ved Erik Linneberg som har fiska i Norge og Eidselva i ei årrekke. Gratulerer til Erik og til alle andre som fikk laks dette året.
Ein totalfangst med laks på 3334kg (Offisiell statestikk) er også ny rekord for Eidselva. Aldri før har det vore rapportert at det har vore tatt så mykje laks i kilo som i år. Om fangstane var utenom det vanlige så var ikkje vassføringa så mykje utenom det vanlige, den fulgte stort sett normalen gjennom heile sesongen. Det samme kan seiast om nedbøren, 2090mm er omtrent akkurat det som er normalen. SNØ OG VASSFØRING På grunn av den kjølige våren der varmen først kom 20 mai så var det brukbart med snø igjen i fjella som vi ser her på bildet ifrå 31.mai. Noko som sikra god vassføring gjennom heile juni då vi fikk berre 41mm regn.
Etter ei rolig periode på vinteren så spratt elva allereie tidleg i mars opp i 40 kubikk. Utover i mars steig elva jevnt og trutt oppover til 50 kubikk midt i månaden og vidare opp i nesten 60 kubikk i slutten på mars, før været slo om igjen. April starta med ei kald og snørik påske og elva stupte med eit par kubikk i døgnet, og rundt 20 april så var elva heilt nede på 15 kubikk igjen, der ho stabiliserte seg ut månaden. I månadsskiftet april/mai steig elva opp igjen til 20 kubikk og vidare oppover til rett under 30 kubikk rundt 15. mai. Og når varmen kom 20.mai så steig elva raskt opp til 55 og seinare 60 kubikk den 27.mai. Elva falt raskt tilbake når været slo om til kjøligere vær, det var faktisk snøbyger på åpning, men elva åpna på flotte 48 kubikk likevel. Ei veke ut i sesongen flata elva ut på vel 35 kubikk og låg deromkring i ei veke.Midt i juni seig elva nedover imot 32 kubikk der ho stabiliserte seg mellom 30 og 32 kubikk fram imot månedsskiftet. Det vil seis at elva mykje godt fulgte normalvassføringa heile månaden. Juni slutta med regn så elva gikk opp 10 kubikk og juli starta med elva i 36 kubikk. Første 7 dagane i juli seig elva rolig ned imot 33 kubikk før takta nedover auka og elva falt akkurat under 20 kubikk til 21.juli. Resten av månaden var det jevnt med regndager og elva varierte opp og ned mellom 23 og 26 kubikk. Regnet gjennom månaden gjorde at vi heile månaden låg over normalvassføring for elva. August starta med elva på rundt 22 kubikk og ho gikk raskt ned under 20 kubikk. Til tross for ei lita regnbyge 3.august som heva elva opp på 22 kubikk så fortsatta elva å sige sakte nedover før den stabiliserte seg rundt 15 kubikk midt i august. Deretter holdt elva seg stabilt mellom 13 og 15 kubikk sesongen vart avslutta med ca.13 kubikk. Men med ein gong sesongen var over så slo været om og hausten kom og allereie 17.september var elva komt opp på 68 kubikk, men no vart det kjølig vær med snø i fjella og elva stupte ned til 25 kubikk før månaden var omme. Snøen kom i slutten på oktober, men midt i november vart det mildvær og regn igjen og dermed fikk vi enno ein topp på rundt 45 kubikk. FISKEREGLAR
ENDRINGER VED ELLER I ELVA Før fisket starta var det påkrevet med ein del ryddig av nedfallsskog etter orkanen Dagmar i jula. Orkanen hadde lagt ned ein god del skog, spesielt på Bjørlo. Både i Svarthølen og Granhølen hadde fleire tre ramla i elva og måtte ryddast, som vi ser under. På strekket ifrå Granhølen og ned imot utløpet av Leivdøla så hadde så mykje skog ramla ut i elva, at det ikkje er mulig å rydde uten maskinhjelp. Men her var det ikkje tilkomst, så dette vart berre liggande. Ellers så var det fleire enkelttre som måtte fjernast både langs og i sjølve elva.
ÅRETS STØRSTE FISK Dette året var det Andre Vik ifrå Osterøy som fikk største laksen, tatt på Staten i juni. Andre Vik fisket med sluk og på tredje kastet nedanfor Skipenes-brua var det fast fisk. Laksen vog heile 17kg
FISKET OG FANGSTSTATESTIKK For terten så var 2012 eit mediums år med 167stk, mens for mellomlaks var det eit godt år med 248stk. For storlaksen var det eit rekordår med 175stk landa, noko som tilsvarar bort i 2 storlaks kvar einaste dag i heile sesongen. For auren så var det eit dårlig år med 109stk landa, kvaliteten på fisken var også veldig dårlig, skrinn og full av lus og luseskader.
OVERVÅKING OG FORSKING Haustfisket etter oppdrettslaks Klikk på bildet for å få opp skjellprøverapporten for året ifrå Rådgivande Biologer AS. Her oppsummerer dei årets laks- og sjøaurefangstar, før dei set det i historisk perspektiv, og viser kurver for utviklinga både laks og sjøaure. Deretter ser dei på utviklinga for innslaget av rømt oppdrettslaks som ein prosent av skjellprøvene, og her ser ein også antalet skjelprøver pr.år. Til slutt ser dei litt på korleis veksten har vore i elva og sjøen, då meir på jevna enn spesifikt inn imot akkurat i år. |
| ||||||||||||||||||||||||||||||
Sist oppdatert: 16.02.2019 |
Eidselva Soner Fiskekort |
Været Vassføring Flo og Fjære |
Fisken Historie ExUNGKAR1 |
Laksesida Ørstaelva Bondalselva |
||
|
|||||
Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt. |