EIDSELVA . |
---|
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
2016 Dette var truleg første året at den største fisken tatt i elva vart satt tilbake med C&R, der var vel rykter om 2 fisker på 12-14kg som vart satt tilbake. Det vart i tillegg tatt minst 3 laksar på vel 10kg, kva for ein som var størst er usikkert, men uansett så vart det ikkje året for dei store. Totalt kom det 2047mm nedbør, som er heilt på normalen. Juni var veldig tørr med 42mm, ellers var det stort sett normalt. Etter fjorten dagen med ok elv i starten så vart elva lita heilt fram til første veka i august var over, derifrå og ut sesongen var det godt med vatn. Total laksefangst enda på 2118 kg som er litt over normalen. For sjøauren så vart det eit kriseår med berre 93 aurar tatt. SNØ OG VASSFØRING Elva var lita heile våren, og sjølv om det vart noko varme så kom elva aldri over 32 kubikk før sesongen starta, så derfor så var det ein del snø igjen i fjellet på åpning. Bildet er tatt 28.mai.
FISKEREGLAR Fisketida for laks og sjøaure i elva var som siste åra ifrå 1.juni til 31.august. ENDRINGER VED ELLER I ELVA Det vart før sesongen starta satt opp ei ny bu i Øvre Malakof, som erstatning for den gamle som etter kvart hadde sett sine beste år. Bua står på samme stad som den gamle.
ÅRETS STØRSTE FISK FISKET OG FANGSTSTATESTIKK 2016 vart eit brukbart storlaksår med 71 storlaks, eit godt mellomlaksår med 252 mellomlaksar og eit medio år for terten med 147stk. Det er noko litt rart med dataene, truleg er dei korrigerte for seint innkomne fangstar, men samtidig så stemmer ikkje dei talla på Eidselva.no heilt likevel.
OVERVÅKING OG FORSKING Det vart i sesongen tatt minst 23 oppdrettere. I fisket etter oppdrettere på hausten vart det tatt ut 31 oppdrettere før OURO var der på telljing. Då vart det observert 25 oppdrettere. Etter telljinga vart det tatt ut enno 21 oppdrettere ved fiske, slik at det totalt vart tatt ut minst 75 laks. Med det som vart observert så var det minst 79 oppdrettere total i elva, men truleg var talet ein god del høgare, då drivtelljing har ein god del usikkerhet i seg, og det er tvilsomt at alle dei 21 laksane tatt etter telljinga var fisk som vart observerte på telljinga. Dette spesielt sia fisket seint på hausten kun føregår i nedre del der det er lite eller ingen villfisk, og at ein der finn oppdretterene nygådde og sultne. Under ser vi ein oppdretter tatt på årets siste dag nede på Øvre Os.
|
| ||||||||||||||||||||||||||||||
Sist oppdatert: 16.02.2019 |
![]() |
|||||
Eidselva Soner Fiskekort |
Været Vassføring Flo og Fjære |
Fisken Historie ExUNGKAR1 |
Laksesida Ørstaelva Bondalselva |
||
|
|||||
Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt. |