EIDSELVA
.


EIDSELVA

SONER

FISKEKORT

VÆRET

VASSFØRING

FLO & FJÆRE

FISKEN

HISTORIE

FØR 1800

1800-TALET

1900-TALET

1910-TALET

1920-TALET

1930-TALET

1940-TALET

1950-TALET

1960-TALET

1970-TALET

1980-TALET

1990-TALET

2000-TALET

2010-TALET

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019
 

 

2010-19; FANGST, TRENDAR og STORLAKS

Dette tiåret preges av at sjøauren omtrent heilt forsvant ifrå elva. Ifrå fangster tidleg i tiåret på rundt 200 aurar og ned til vel 50 aurar ifrå 2017. Og 200 aurar er ingenting, vi skal heilt tilbake til 1984 før det er rapportert færre enn 200 aurar i eit enkeltår, og var det knapt nok rapportering, og i alle fall ikkje av aure. På 1990-talet så hadde vi fleire toppår med 1000-1500 aurar, og vidare utover så låg snittet over 500 aurar i året. Så vi ser nok rekordlåge nivå no for auren.

Eidselva Sjøaure Fangst 2010-19

Og kva kan være grunnen til dette dramatiske fallet i aurebestanden? Her ser vi eit bilde ifrå 2012 som truleg forklarer ein heil del. Aurane er skrinne og fulle av luseskader. Dei har heilt tydelig ikkje greidd å hente seg inn i sjøen på grunn av høgt lusepåslag og derfor har dei rømt tilbake til elva for å berge livet

Eidselva 2010-talet Aurar

 

INVASJON AV PUKKELLAKS

Eit anna dramatisk nytt aspekt for Eidselva er det at vi fikk ein invasjon av pukkellaks i heile Norge, og for så vidt rundt heile Nordsjøen også. Korleis denne artens utvikling vert framover vert det store spenninga i det neste tiåret. Pukkellaksen har ein rein toårig syklus, slik at sia alt er ifrå ein bestand så er det kun år som sluttar med oddetal som er pukkellaksår, -1, -3, -5, -7 og -9. Pukkellaksen under vart tatt i 2017, det første året vi såg at det ikkje lenger dreia seg om ein og annan streiffisk.

Eidselva Pukkellaks

 

LAKSEN

Den gledlige historia er laksen, her ser vi ikkje den samme utviklinga som vi gjer for sjøauren, men vi hadde 2 elendige år dette tiåret, 2013 og 2014, der 2014 berre hadde ein fangst på 137 laksar. Ellers så låg fangstane ganske så stabilt på rundt 500 laksar i året. Når det gjeld gytebestandsmålet så er det oppfyllt alle åra unntatt i 2014. Dårligaste året ellers var 2015 då vi akkurat greidde målet, dette fordi det var eit dårlig storlaksår, som er dei som virkeleg dreg lasset i gytinga.

Eidselva Laks Fangst 2010-19

 

FANGST ETTER STØRRELSESKLASSE

Klikk på bilda for større versjon

 

STORFISKAR

Dette tiåret var det Odd Arne Jarnes ifrå Sykkylven fikk største laksen, ein flott hannlaks på 19,5kg. Men også fleire andre store fiskar på over 15kg vart tatt.

 

Eidselva 2014 Hjelle

 

 

 

Sist oppdatert:

16.02.2019


     



 
Eidselva

Soner

Fiskekort
Været

Vassføring

Flo og Fjære
Fisken

Historie

ExUNGKAR1
Laksesida

Ørstaelva

Bondalselva
     

Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.