EIDSELVA
.


EIDSELVA

SONER

FISKEKORT

VÆRET

VASSFØRING

FLO & FJÆRE

FISKEN

HISTORIE

FØR 1800

1800-TALET

1900-TALET

1910-TALET

1920-TALET

1930-TALET

1940-TALET

1950-TALET

1960-TALET

1970-TALET

1980-TALET

1990-TALET

2000-TALET

2010-TALET

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019
 

2017

Dette året var året då vi fikk ein invasjon av russiske pukkellakser over heile landet, og også i Eidselva. I sesongen vart det ikkje tatt så mange på stang, 5-6 pukkellaks vart rapporterte, men det vart sett ein del fisk og etter sesongen vart det tatt ut ein del fiskar med andre midler. Det vart også observert gyting av pukkellaks i Vereidehølen tidleg i august, men gytegropa vart gravd opp i ettertid og forhåpentligvis så var det den einaste gytinga. Men Eidselva var ei av kun nokre få elvar som vart rydda for pukkellaks, så vert spennande om arten no etablerer seg i heile området eller om vi slepp med skrekken.

Eidselva Pukkellaks 2017

Årsnedbøren for 2017 enda på 2230mm, som er 10% over normalen. Mai og september utmerka seg som tørre månader, april, juli, november og desember var våte månader.

Vassføringa fulgte normalen ganske bra gjennom heile fiskesesongen, mest avvik var det i starten, som følge av den tørre mai månaden. Totalfangsten for laks enda på 2840kg, noko som er eit godt år. For sjøauren så var det nok eit kriseår med total fangst på kun 55 aurar.


SNØ OG VASSFØRING

Det var normale snømengder igjen i fjellet når fisket starta, som vi ser på bildet under tatt 2.juni. Dette skyldes den lange våren som hadde tæra på snøen.

Eidselva 2017 Snø 02.juni

Eidselva vassføring 2017Det hadde vore ein normal vår, men den kom ganske tidleg og var lang, så det var normale snømengder igjen inn i sesongen. Elva åpna på rundt 30 kubikk. Dei som bygde brua vart ganske raskt etter åpninga gjort klar over at dei hadde demt opp vatnet og dei gjorde utbetringar på vassgjennomstrømminga slik at vatnet i løpet av eit par veker normaliserte seg, og vi kunne begynne å stole på målingene. Og dette hadde sjølvsagt også den positive sida at det oppdemte vatnet holdt elva lenger. Litt regn rundt 18-20 juni gjorde at elva gikk opp igjen i rundt 35 kubikk før ho begynte å falle jevnt og trutt. Men sett under eit så var vassføringa ganske stabil på vel 30 kubikk nesten heile juni månad.

Eidselva 2017 VassføringDeretter sank ho raskt nedover til neste 15 kubikk før det kom regn i midten av juli. Herifrå og ut til slutten på sesongen så holdt ho seg utruleg stabilt på ca.18 kubikk i veke etter veke. Dermed så vart det ikkje sesongen med stor elv, men vi unnslapp også tørke og lav vasstand som vi ofte ser utover  i sesongen. Sia elva var så pass lita heile sesongen så var det ifrå midten og fram det meste skjedde på fiskefronten. Det vart observert pukkellaks heilt fram på Nor, men det virka som om dei var framover på leit etter hofisk, og når dei ikkje fant dei så slapp dei seg ned igjen, for dykking påviste kun fisk rund hoene som stod i nedre del av elva når gytinga nærma seg. Truleg vart alle hoene tatt ut, men når ein ser ifrå Alaska korleis dei fær oppgjennom små sikler så kan ein aldri være sikker.


FISKEREGLAR

Fisketida for laks og sjøaure i elva var som siste åra ifrå 1.juni til 31.august.

2 laks pr. fisker pr. ½ døgn og 4 laks pr. døgn. Med laks meinast frå og med minstemål. 2 halvdøgnskort på same sone etter kvarandre vert å rekne som eit døgnkort.

Totalkvote på 10 laks over 3 kg pr. fisker i sesongen.

Minstemål for sjøaure / laks er 40 cm.

Kvote sjøaure: maksimum ein sjøaure pr. fiskar pr. halvdøgn.

Det skal takast skjellprøve av all fangst.

Hugs også å rapporter all fangst.

Gjenutsett fisk skal registrerast og rapporterast med omtrentleg vekt og lengde.

Kortpriser : kr.250,- pr halvdøgn, kr.500,- pr døgn


ENDRINGER VED ELLER I ELVA

Fiskeåret starta med at bygginga av den nye gangbrua på Nor demte opp vatnet ganske mykje, slik at målingane til NVE på vassføring i elva vart feil, dei visste ein god del meir enn det som faktisk rant ut av vatnet. 13.desember 2017 åpna den nye gangveien og brua på Nor.

Eidselva Nye brua på Nor


På slutten av fiskesesongen så vart 12 nye livbøyer ifrå Tryg hengde opp langs elva.

Eidselva 2017 Livbøyer Tryg


ÅRETS STØRSTE FISK

Årets største laks vart tatt i begynnelsen av juli på fluge av Vebjørn Skrede. Det var ein flott hannlaks på 116cm og 14,2kg. Her i hagen til fotograf Endre Hjelle.

Eidselva 2017 Årets største


FISKET OG FANGSTSTATESTIKK

Fangsten enda på flotte 2840kg, og det var spesielt storlaks det var godt om dette året med 154 storlaks. Mellomlaks var det også bra med, 267stk enda det på, mens 118 tert ikkje er for mykje å skryte av. For auren sin del så var det eit kriseår med berre 55 sjøaurar for heile sesongen.

Eidselva Fangst 2017


OVERVÅKING OG FORSKING

Den 16. desember 2016 ble det meldt om rømming av inntil 6.400 oppdrettslaks fra lokaliteten Løypingsneset i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. K. Strømmen Lakseoppdrett AS fikk 22. desember 2016 pålegg fra Fiskeridirektoratet om overvåking av Eidselva i Nordfjord. Rådgivende Biologer AS fikk oppdraget og overvåkingen ble utført ved drivtelling i Eidselva 8. februar 2017.

I Eidselva ble det registrert fem oppdrettslaks ved drivtelling. Av disse så én ut til å være utgytt, mens de fire resterende neppe hadde gytt i elven. Det vurderes som sannsynlig at i alle fall enkelte av disse stammet fra rømmingen ved Løypingsneset, men dette kan ikke avgjøres med sikkerhet. Det gjøres oppmerksom på at antall oppdrettslaks i elv normalt underestimeres noe ved drivtelling.

Gjenfangst med harpun ble forsøkt i Eidselva, men på grunn av noe høyere vannføring enn ønskelig resulterte dette kun i bomskudd. Utvidet innsats, enten ved ytterligere harpunering eller ved organisering av lokale stangfiskere, ble ikke vurdert som hensiktsmessig. Dette ble begrunnet med vanskelige forhold (ved harpunering), fare for bifangst av villaks (ved stangfiske) og at gytesesongen for lengst var over.

Her er link til rapporten:

Rådgivande Biologer no.2400


ØKOSTOR-programmet (Økosystemovervåkning i store sjøer) startet i 2015, programmet  overvåker mange av de største norske innsjøene. Til sammen er 26 sjøer med i programmet, og i 2017 så var turen komt til første kartlegging av Hornindalsvatnet. Sjøane skal overvåkes hvert 4. år.

Formålet med overvåkingen er å fastsette økologisk tilstand og utvikling i et utvalg av de største norske sjøene. I følge vannforskriften og EUs vanndirektiv er Norge forpliktet til å overvåke store og betydelige innsjøer og elver. De fire dypeste innsjøene i Europa ligger i Norge, med Hornindalsvatn på antatt 514 m som den dypeste.

Et tilgrensende FoU-prosjekt skal med nye metoder kartlegge bunnforhold og bestemme dyp på en sikrere måte. Norge har også nasjonale og internasjonale forpliktelser fordi noen av innsjøene våre er spesielle og ikke finnes i resten av Europa. For disse sjøene må det gjøres undersøkelser for å finne referanseverdier for de ulike måleparameterne (dvs. hvilken verdi en vil forvente å finne dersom sjøen ikke er påvirket av menneskelig aktivitet). Ut fra dette kan en bestemme hva som skal til for å si at tilstanden er god. Derfor er også noe av hensikten med programmet å skaffe nok data til å fastsette referanseverdier og utvikle klassifiseringssystemet for de store innsjøene.

Et annet viktig mål for programmet er å gi informasjon om effekter av klimaendringer i store innsjøer.

I ØKOSTOR overvåkes både vannkjemi og flere grupper av dyr og planter. Hvert år overvåkes 8-10 store innsjøer. Foreløpig er metodikken for overvåking av fisk i store innsjøer såpass dårlig utviklet, at det gjennomføres et eget FoU-prosjekt (Fisk i store innsjøer - FIST) på overvåking av fisk i de samme sjøene. Et sammendrag av resultatene fra FIST inngår i ØKOSTOR-rapportene, og dataene brukes i klassifiseringen av innsjøene. Det tas også ut prøver fra fisk til miljøgiftanalyser som rapporteres sammen med andre miljøgiftundersøkelser.

ØKOSTOR


Også i haust vart det utført overvåkingsaktiviteter etter oppdrettsfisk i samarbeid med OURO.

  • Det vart utført 248 timar stangfiske av Eid sportsfiskelag, samt utsortering av oppdrettsfisk i fisketrappa i Kviafossen. Det vart totalt tatt ut 37 oppdrettslaks, samt to villaks som feilaktig vart avlivet som oppdrettslaks.

  • Drivtelling vart utført av UNI Research den 12. oktober 2017. Tellinga vart gjennomført fra utløpet av Hornindalsvatnet og ned til sjøen.  Vannføringen under tellingen var 13,4 m3/s, og observasjonsforholdene var gode. I alt var 20 oppdrettslaks observert.

  • Uttak av oppdrettslaks med harpun vart gjort same dag etter tellinga. På grunn av elvas størrelse og vasshastighet er det krevende å utføre uttak med harpun, og kun 3 av 20 observerte oppdrettslaks vart tatt ut med harpun. Fleire av oppdrettslaksene svømte nedover og forsvant ut i sjøen ved osen når dei vart jakta på.

Det vart alt i alt tatt ut 42 fiskar, 39 i fisket og 3 med harpun. Av desse så var 40 oppdrettslaks og 2 villfisk.


Eidselva vart i haust med i peile og merkeprosjektet som starta i Stryneelva i fjor. Det er plassert ut ein serie lyttebøyer i elva og ut gjennom heile Nordfjorden som registrerer når fisken passerer bøyene. Det vart fanga inn yngel med elektrisk fiske, deretter bedøvde dei fisken og sette inn ein sender. Heile prosjektet er i regi av NMBU og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjeve løyve. Oppdrettsnæringa er med å finansierer prosjektet.

Målet er å kartlegge lakseyngelen sitt vandringsmønster og vandringstid. Når dette er kartlagt kan oppdrettsnæringa koordinere si lusebehandling for at det skal vere minst mogeleg smittepress når yngelen vandrar ut fjorden. For auren er målet å sjå korleis denne nyttar fjorden både i tid og utstrekning for kanskje å kunne finne årsaka til den katastrofale nedgangen i aurefisket dei siste åra.

Elveeigarlaget tykkjer det er eit spennande prosjekt og ser fram til resultata etterkvart som dei kjem. Vi håpar dette kan gi oss verdifull informasjon til det beste for elva, laksen, auren og fiskararane.

Her er lenkje til 2017-rapporten frå prosjektet i Stryn:

MINA Stryn 2017


Klikk på bildet for å få opp skjellprøverapporten for året ifrå Rådgivande Biologer AS. Her oppsummerer dei årets laks- og sjøaurefangstar, før dei set det i historisk perspektiv, og viser kurver for utviklinga både laks og sjøaure. Deretter ser dei på utviklinga for innslaget av rømt oppdrettslaks som ein prosent av skjellprøvene, og her ser ein også antalet skjelprøver pr.år. Til slutt ser dei litt på korleis veksten har vore i elva og sjøen, då meir på jevna enn spesifikt inn imot akkurat i år.

 

 

 

Sist oppdatert:

20.02.2019


     



 
Eidselva

Soner

Fiskekort
Været

Vassføring

Flo og Fjære
Fisken

Historie

ExUNGKAR1
Laksesida

Ørstaelva

Bondalselva
     

Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.