EIDSELVA
.


EIDSELVA

SONER

FISKEKORT

VÆRET

VASSFØRING

FLO & FJÆRE

FISKEN

HISTORIE

FØR 1800

1800-TALET

1900-TALET

1910-TALET

1920-TALET

1930-TALET

1940-TALET
 
1950-TALET

1960-TALET

1970-TALET

1980-TALET

1990-TALET

2000-TALET

2010-TALET
 

 

1940-TALET

Den mest kjendte storlaksen i Eidselva er utan tvil denne som Martin Hjelle fikk 22.mai 1944 i Hammarhølen på Hjelle. Fisken tok på makk i kaldt vær og slettekave. Han brukte ofte bambus, og nærast drog laksen på land (med 0.90-snøre). Men denne gangen brukte han ei stang han hadde laga sjølv. Ho var åttekanta og samanlimt av splitta tonkinrør, 12 fot lang. Snella var ei multiplikatorsnelle av merket Sumko. Han visste at laksen stod i Hammarhølen, og difor hadde han kjøpt ei ekstra sterk line hos Jo-Knut like før. Fortaumen var pianostreng. Han sa sjølv at han aldri hadde fiska med sterkare vegn enn han hadde denne dagen. Kroken var stor, 2 tommar lang, og med ein tommes avstand mellom spissen og skaftet. Og kleppen hadde han laga av "tyskarstreng", streng som tyskarane hadde lagt frå seg her. Det er ein underleg trang klepp. Men han fungerte tydelegvis godt, og  klepparen Knut A. Hjelle fekk heile 10 kr for kleppinga. For "vanlege" laksar fekk han berre halvparten. Fisken vart seld for 210 kroner, som sikkert var bra med pengar under krigen.

Laksen vog 27,6 kilo, og er den største kjende ho-laksen i verden, i alle fall av Nordatlantisk laks. Fiskeforskar kom frå Oslo og tok prøvar, ”vitale mål” og vekt av laksen. Ho-laksen var i sitt 7-ande år, og var komen på elva for 3. gang for å gyta. Lengde var 129 cm og den var 80 cm rundt ”midjen”.

Under ser vi Martin Hjelle saman med familien bak storfangsten.

Eidselva Martin Hjelle 22.mai1944

 

 

 

Sist oppdatert:

16.02.2019


     



 
Eidselva

Soner

Fiskekort
Været

Vassføring

Flo og Fjære
Fisken

Historie

ExUNGKAR1
Laksesida

Ørstaelva

Bondalselva
     

Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.