EIDSELVA
.


EIDSELVA

SONER

FISKEKORT

VÆRET

VASSFØRING

FLO & FJÆRE

FISKEN

HISTORIE

FØR 1800

1800-TALET

1900-TALET

1910-TALET

1920-TALET

1930-TALET

1940-TALET

1950-TALET

1960-TALET

1970-TALET

1980-TALET

1990-TALET

2000-TALET

2010-TALET

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019
 
 

2013

Dette skulle vise seg å verte ein skikkelig våt sommar, og då spesielt juni med 160mm, som er 4 ganger meir enn i fjor. Men sia snøen smelta før sesongen så var ikkje elva så veldig stor, faktisk ganske lita i det meste av juni. Men den våte sommaren bidrog til å nesten snu kurva for vassføring oppned i forhold til normalen, som er stor i starten og mindre og mindre utover. I år var elva lita i juni, mens ho snudde til stor samanlikna med normalen i august. Årsnedbøren var utrulig nok berre 2mm ifrå fjoråret, 2088mm, og dermed eit normalår som i fjor. Totalfangsten for laks enda på 1775kg, som også er eit normalår.


SNØ OG VASSFØRING

Dette er snøsituasjonen den dagen været slo om og varmen kom, 5.mai, her ser det ut som full vinter, og utsiktene såg perfekte ut. Men før mai var omme så var det meste dessverre smelta vekk.

Eidselva 2013 Snø 05.mai

I år var Hornindalsvatnet islagt, noko som ikkje skjer kvart år. Bildet er tatt 24.februar ifrå Nesjartun Camping

Eidselva 2013 Islagt Hornindalsvatn 24.februar

Eidselva 2013 Vassføring 1.halvdelSeinvinteren og tidleg vår var veldig tørr og kald, så elva låg stabilt på 3-4 kubikk i heile februar, mars og første halvdel av april. Men 13-14 april så slo det om og elva spratt raskt opp i 27 kubikk for så sakte gå ned til 20 kubikk rundt 5.mai. Så kom eit nytt hopp opp, no til rundt 46 kubikk 11.mai og vidare opp til 57 kubikk 20.mai. Dette vart toppen på vårflommen og tok nok det meste av snøen. Årets åpning skjedde på 39 kubikk og med unntak ifrå ei lita utflating første 3 dagane av sesongen så falt elva fort, og var 20 juni allereie nede på berre 18 kubikk. Her flata ho noko ut før ho steig til 27 kubikk den 25.juni. No flata den litt ut, slik at månadskiftet skjedde på ca.24 kubikk. Elva falt første veka i juli til ca.16 kubikk der ho låg fram til midten av juli.

Eidselva 2013 Vassføring 2.halvdelNo steig ho igjen til 24 kubikk den 18.juli før ho raskt droppa ned til 15-16 kubikk i månadskiftet tl august. August hadde ein jevnt stigande trend der elva sakte jobba seg oppover til oppunder 24 kubikk rundt 22.august. Herifrå var det fallande elv til sesongslutt som skjedde på ca.15.kubikk. Totalt kom det 468mm nedbør i løpet av dei tre månadane fisket pågikk. Noko som er det meste som er målt dei 7 siste åra i alle fall. Men sia snøen var vekk så var det likevel ikkje nok til å holde elva på normalen i juni, men juli var den rundt normalen og i august var elva stort sett over normalen. Vidare utover hausten var september tørr mens oktober var normal og november og desember av søkkvåte med rundt 400mm begge månadene


FISKEREGLAR

Fisketida i elva var som siste åra ifrå 1.juni til 31.august


Eidselva 2013 Auka MinstemålDet hadde lenge vore trykt på for å auke minstemålet for aure i elva, for å bevare sjøaurestamma, spesielt sia vi såg eit veldig aktivt fiske etter dei store utvandrande sjøauresmoltane ifrå Hornindalsvatnet som stort sett ligg mellom 30 og 40cm, noko som er heilt spesielt for sjøauren i Eidselva.

 Dette fikk vi endelig gjennomslag for i 2013 og minstemålet var heva ifrå 35cm til 40cm. I den forbindelse vart det laga plakater for å sette opp langs elva for å opplyse folk om endringa og for å begrense dette fisket.

 Fisket hadde foregått over heile elva, men det virka som om sjøauren auka farta nedover elva, så det var i hovedsak ifrå Skulehushølen og framover at dette fisket var utbredt, og då spesielt på Nor. Omfanget varierte nok ifrå år til år, men vi snakker nok eit uttak på 500-1000 smoltar.

Nokre rapporter om brudd på regelverket vart rapportert, men generelt så vart endringa godt motteken og fulgt.

Vi ser ingen endring i snittvekta for sjøaure på grunn av at desse no vart satt tilbake, noko som truleg skyldes at dei ikkje vart rapporterte, men sett på som brunaure eller som for Nor sin del vassaure som trekte ned ifrå vatnet. Det var for så vidt rett at dei kom ifrå vatnet, men dei var berre på vei vidare til havs som auresmolt.


ENDRINGER VED ELLER I ELVA

På vinteren når elva var lita så vart Hegresvingen rydda for skog langs breidda, tre som hadde falt ut over elva og fleire røtter og anna rusk ute i elva, så no skulle det være fiskande heile strekket.

Eidselva 2013 Hegresvingen rydda


Det vart også gjort eit skikkelig stykke arbeid med å rydde strekket mellom Bjørkeneset og Svarthølen. På bildet ser vi opp imot det gamle skulehuset på Hjelle.

Eidselva 2013 Bjørkeneste rydda


Etter sesongnen vart gangveien bygd ifrå Langeland til Hjelle og i den sammenheng så vart det oppretta eit massedeponi langs elva på Pinå uten at det i stor grad verka inn på elva.

Eidselva 2013 Massedeponi Pinå


ÅRETS STØRSTE FISK

Dette året var det Inge Arthur Refsnes ifrå Gjerdsvika som fikk årets største. Han fiska på Alsaker og hadde pakka sammen det meste av utstyret for det hadde begynt å mørkne, men han måtte prøve Fossekanten når han henta den grøvste stanga som stod der. På første kastet var det fisk, han slo til og det var fast fisk. Fisken kom oppi med ryggen og Inge anslo den til 6-7kg i mørket. Fisken stod litt nede i djupet før den begynte å sige framover imot Fåhølen. Inge kjente at den kanskje var litt større, kanskje 9-10kg. Etter ei stund i Fåhølen seig fisken vidare fram om Fåhølen der den stod ei stund. Etter kvart seig den ned i Fåhølen igjen. Her gjorde den 3 skikkelige utras som tok litt luven av den, og etter kvart kom den sigande nedover til Fossekanten igjen. Inge ville svinge den inn på bakevja, men den seig bak imot kanten og Inge måtte slippe den over. Han slakka bremsa og stod å venta til fisken var komen med til hølen ved bua før han sakte lunta ned etter fisken. Her nede stod fisken i straumkanten og Inge prøvde svinge den innpå 2 ganger, men han prøvde litt langt framme så fisken kom inn i straumen under den vesle brua og fikk styring ut igjen. Så Inge gikk eit par meter nedover og på andre forsøket her så fikk han svinga fisken inn på grusen. Her fikk han slått den ihjel og skulle til å bære den opp i bilen. Men når han løfta den så fikk han ikkje sporden opp ifrå bakken, så han måtte sjekke igjen og såg at fisken definitivt var meir enn 10kg. Han sendte melding til Endre Hjelle og kjørte fram for å vege og ta bilde. Vekta stoppa ikkje før på 18,3kg, og lengda på hofisken var 120cm.

Eidselva 2013 Største Laks


FISKET OG FANGSTSTATESTIKK

Det var eit katastrofeår for terten med berre 67stk på land, mens dei offisielle statestikkane er noko meir positive. Mellomlaksen kom inn som eit normalår med 123stk, mens for storlaksen så var det eit brukbart år med 92stk, eller ca.1 pr.dag i snitt.

Eidselva 2013 Fangst


OVERVÅKING OG FORSKING

I fiskesesongen var innslaget av oppdrettslaks ganske lavt med 8 oppdrettere av 220 sjekka lakser. Det skulle då utgjere 3,6% oppdrettere.

Det vart under haustfisket tatt til saman 98 prøvar. Av desse var 71 villaks og 25 sikre oppdrettslaks, medan ein var ein sikker sjøaure og to konvoluttar mangla innhald. Altså var det ein langt høgare prosent enn i sesongen, rundt 24,5%.  Åtte av villaksane var feilaktig vurdert å vera oppdrettslaks, medan tre av oppdrettslaksane var vurdert som villaks. Sjøauren var vurdert som villaks.

Eidselva 2013 Haustfiske 1.Desember


Klikk på bildet for å få opp skjellprøverapporten for året ifrå Rådgivande Biologer AS. Her oppsummerer dei årets laks- og sjøaurefangstar, før dei set det i historisk perspektiv, og viser kurver for utviklinga både laks og sjøaure. Deretter ser dei på utviklinga for innslaget av rømt oppdrettslaks som ein prosent av skjellprøvene, og her ser ein også antalet skjelprøver pr.år. Til slutt ser dei litt på korleis veksten har vore i elva og sjøen, då meir på jevna enn spesifikt inn imot akkurat i år.

 

 

 

Sist oppdatert:

16.02.2019


     



 
Eidselva

Soner

Fiskekort
Været

Vassføring

Flo og Fjære
Fisken

Historie

ExUNGKAR1
Laksesida

Ørstaelva

Bondalselva
     

Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.