ExUNGKAR1

 


LAKSESIDA

ExUNGKAR1

FISKEBOK

GJENGEN

 

GUTTA

 Gjengen ifrå Gjerdsvika

Allereie i tidleg barndom starta vi fiskekarriera i lag, først Tore, Bjørn og Torstein. Etter kvart flytta Petter inn i nabolaget og vart med i gjengen, og etter kvart vaks også Inge til og glei inn som den ivrigaste av alle. Først starta det med fiske ifrå moloene og kaiene etter småsei, lyr og torsk, og fiske i Jenselva og elva på Bakkane etter småaure og sjøaure. Kvar sommar var det laksefiske sammen med fedrene våre, Tore, Bjørn og Inge Arthur sammen med Sindre i elva i Geiranger, mens det var Ørsta, Bondalselva, Stranda og Rauma for Torstein sammen med Steinar.

TORE

Var den ivrigaste av Refsnesane i sine yngre år, var også den ivrigaste laksefiskaren sammen med Torstein sist på 80-talet. Har slakna litt etter kvart, men har seg fortsatt nokre dagar på laksen pr. år. Notorisk makkefiskar, ein tater til å få fisk, men har enno ikkje hatt klaff med dei store. Tore har eit eget tekke med oppdrettsfisk, og er mannen bak den etter kvart så kjende taksteinen, ein regnbue som var høgare enn den var lang og dermed forma omtrent som ein skiferstein med spord. Tore har no funne sin utkåra og har begynt å produsere framtidige laksefiskarar.

INGE ARTHUR

Den yngste i gjengen, også ein Refsnes, fiska mykje sammen med sin yngre bror Ståle i sine yngre dager, men har etter kvart vakse inn i gjengen og blitt den ivrigaste av oss alle. Etter 1.juni er han fullstendig avholden, heilt fram til 31.aug, før prøvefisket startar og varer til framunder jul. Er konservativ og liker ikkje å prøve noko nytt, men held seg til det kjente. Var vide kjent for sine tilslag, og fiska alltid med grovt makkeutstyr for å få det til å holde. Sleit f.eks ut ei Ambassadør snelle på ein sesong med laksefiske, det skulle vel seie det meste. Er opptatt av å få mest mulig timer i elva, noko som fører til mange fiskelause timar, men også mykje fisk. Fiska før med alle redskap, men har konvertert til fulltids flugefiskar. Vert ofte referert til som støttekontakta til Petter, dette fordi han passar på at Petter kjem seg med rette ferjene og at han har med det han treng. Men kan samtidig la seg rive med i Petter sine urimelige ressonement, slik at også han gløymer det meste.

BJØRN

Eldstemann i Refsnesklanen, makelig anlagt, som ikkje legg ut på fisketur før termometeret bikkar 20°C, helst om natta. Bjørn er ivrig når han først er på tur, men begrenser fiske til 2-3 turer pr. sesong. Notorisk makkefiskar med tekke for storfisk, sjølv om han ikkje alltid får det med seg, noko som han sjølvsagt vert minna på jevnt og trutt. Bjørn er ikkje spesielt opptatt av å ha det siste i utstyr, men tok for nokre år sidan steget å kjøpte flugestang. Denne tok han med på fjellet første gongen, men sleit fole med rigginga, for han kunne ikkje forstå korleis dei greidda å få det tjukke snøret igjennom det lisje øyet på dei minste flugene. Må vel innrømme at alle stussa når han kom ned igjen og fortalt dette, og det gikk lenge før vi forstod at han faktisk ikkje hadde brukt fortom på flugesnøret! Bjørn har funne seg ei fiskeinteressert dame å dele livet med, og har kjøpt vogn på Eid.

TORSTEIN

Den som har vokse opp med mest laksefiske. Sjølvutnevnt til å vere den som drar gutta framover til å utvikle seg som fiskarar, både gjennom å prøve nye plassar og teknikkar, og å utvikle forståelse for fisken og dens miljø. Ikkje like ivrig som Inge Arthur, men liker å holde eit litt lavere tempo. Ingeniør av yrke noko som gjenspeiler seg i føring av fiskedagbok og heimeside. Har alltid eit eller fleire prosjekt på gang rundt den altoppslukande fiskeinteressa. Har også funne sin utkåra og produsert ei framtidig laksefiskerinne.

PETTER

Eldstemann i gjengen, flytta inn i nabolaget med resten av gjengen på slutten av 80-talet, og kom raskt inn i gjengen. Petter var ivrig fjellfiskar, men fiska også litt laks innimellom, spesielt i Austefjorden. Var den som drog i gang turane til Nordfjordeid, og var i mange år den einaste som hadde fått storlaks av gutta. Petter er fullstendig styrt av instinkt, om han kjem på at no hadde det passa med ein fisketur så er det uinteressant om han har ete siste døgnet eller om han ikkje har sove på eit par døgn, avsted må han. Har eit veldig avslappa forhold til klokka og rekk aldri den ferja vi bestemmer oss for, heldigvis har han Inge som ser til seg, og passer på å få han med seg. Petter går under "Professoren" på folkemunne, dette fordi han alltid har ei forklaring på alt, og disse er oftest tufta på livlig fantasi. Men av og til imponerer han med god kunnskap, det er berre synd at det er vanskelig å forstå når han fantaserer og når han faktisk veit det. Petter er ukuelig optimist og kan sammen med Inge gire seg slik opp at alt anna vert uvesentlig.

NYE TILVEKSTAR

Vi har som tida har gått gjort valg som på forskjellig måtar har påvirka både møtefrekvens og mulighetene for å fiske sammen, men når vi møtes, samla eller i grupper så er vi tilbake til dei lykkelige ungdomsåra der alle var ivrige fiskarar. Etter kvart som tida har gått har vi også knytta nye kontakter og skapt nye vennskap rundt fisket.

Endre HjelleDen vi heilt klart har mest å gjere med er Endre Hjelle, ein notorisk ungkar ifrå Nordfjordeid. Han er like ivrig som Inge i elva, analytisk og kunnskapsrik som Torstein, rolig som Bjørn, rotete som Petter og utadvendt som Tore, altså ein unik kombinasjon av Gutta og dermed eit naturleg tilskudd i gjengen. Var tidligare notorisk makkefiskar med storaure som fagfelt, men konverterte til fulltids flugefiskar. Får over 20 laksar i Eidselva kvart år og toppar dermed statestikken for elva klart, men går stilt i dørene om det. Er det ein kan kalle fulltids laksefantast, fisker 1.juni til jul og er nesten dagleg i elva for å sjekke. Utruleg kunnskapsrik, men stadig søkande etter nye ting. Pusher spesielt Inge på flugefiske, men utfordrer også oss andre på låste oppfatninger.

Vidare kan ein nevne gjengen i Ørsta, med Sindre Moe og Tor Aasen i fronten. Begge utruleg kunnskapsrike og ivrige, både i Ørsta og Bondalen, men også med knytningar nedover vestlandet til Eid, Hyen, Lærdal og Suldal.

Våre lokale kontakter som Svein Tore, den lokale smålaksfiskaren som har tatt steget opp i eliten blant Granbo og hans team. Asbjørn, oldtimeren som har pusha oss på flugefiske sia midt på 90-talet. Atle, den utadvendte som alltid ønsker nye utfordringer. Ståle den siste av Refsnesane som er den mest fiskne av dei alle. Konverte tidleg til flugefisket, for så å konvertere tilbake til nesten rein makkefiskar. Ole Jakob som var fast inventar i gjengen før kjærleiken tok han og vekk var han. Våre foreldre som etter kvart har trappa ned og gitt seg. Og etter kvart dei nye kontaktene i Eidselv-miljøet med Vebjørn i spissen.

I tillegg er der nye generasjoner på vei opp, Sivert og Mathias Løvøy i første rekka, men etter kvart kjem avkomma vår inn og dei må pushast til nye høgder.

 
Sist oppdatert:

17.02.2019


   



Laksesida

Eidselva
Ørstaelva

Bondalselva
Gutta

Rekorder
   

Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.