STARTSIDE
OPP
 

ØVRE OS

Sona er den nest nederste på sørsida av elva, og er halve døgnet påvirka av floa. Sona er privat, men vert leigd ut. Sona er ganske flat, men har eit par djupe hølar som nesten alltid held fisk. Sona er delt på midten av ein holme, men det er utlagt stein over grunna slik at det er mulig å krysse over på ganske stor elv. Motfiske er eit veldig lite problem på denne sona, då dei fleste på Staten fiskar berre ned til Malakoff, der denne sona starter. Sona går ned til husa rett foran nedre bru.

Malakoff er vanskelig å fiske, men djuphølen nedafor er ein flott høl ifrå denne sia. Ved å kaste bort i djupålen på motsatt side og la det drive opp bakken imot deg har du gode sjanser for fisk. Bakkant på hølen er lur når ny fisk kjem sigande opp, dette fordi den ofte sig innpå bukta bakpå før den sig framover. Når du kjem ut på holmen så er der ein flott flugehøl, ganske grunn og med jevnt drag som gjer fisket enkelt og effektivt. Nedanfor holmen kan det nok fiskes, då i djuphola rundt storesteinen, men har aldri sett folk fiske her.





Venstre: Vi ser her den flotte hølen foran holmen, hølen djupnar ifrå steinen i venstre billedkant, og er på sitt djupaste ved neset til høgre i bildet. Hølen fiskes med alle typer redskap, men makk og sluk dominerer. Bildet er tatt ifrå Staten på nordsida.

Høgre: Her ser vi nedre del av sona ifrå Osbrua, med holmen i senter på bildet, den grunne elva til høgre og hovedløpet til venstre på bildet. Bak holmen finnes ein flott flugehøl.




Har du meir info som eg kan legge ut, eller er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail. Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar og vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.

 

Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

15.05.2011