![]() |
||||||||||
|
KARLSEN Sona er egentleg minst 2 delt, og består av ein liten del framme og eit lite fiskbart område nedanfor. Fremst er der ei smal stripe ned til elva som dei hadde for å gi dyra vatn, berre ca 15 meter lang. Jordet vart ekspropiert av kommunen i forbindelse med utvidinga av kirkegarden i 2000, derfor vart denne sona slått i sammen med Stokkenes i 2001. Men grunneigaren var ikkje enig i at fiskeretten fulgte med i ekspropisjonen, dette har medført ein del krangling. Sona har sia vore styrt av den tidlegare grunneigaren. I tillegg til dette så er der eit strekk nedover ifrå denne delen til øvre grense Staten der det er uavklarte eigarforhold. Har hørt at grunneigar på denne delen ikkje ønsker fiske der, mens det også vert sagt at holmane her tilhører Skipenes på andre sida. Uansett så er ikkje strekket fiskbart på grunn av at holmane er overgrodde med skog og buskas. Når det gjeld fiske på den fremste delen av sona så er det bra, sona ligg på brekket på Myrahølen som er den nederste hølen som aldri er påvirka av floa. Både laks og sjøaure stoppar bak på brekket, men vert elva for lita så vert her noko grunt, noko som gjer fisket vanskelegare. Sona er best å fiske med makk og sluk, men er du dreven på spey på feil side så kanskje det går med litt vading.
|
|||||||||
|
||||||||||
Til Toppen |
|