

|
2026
|
|
Vinter |
Etter
ein våt og usedvanleg varm desember så slo været heilt om og vi fekk ein
skikkeleg flott og iskald første del av januar, avløst av nokre dager
med plussgrader før februar kom med stort sett temperaturar på
minussida. Dette gjorde at elva kom heilt ned på lave 2,7 kubikkmeter og
vi fekk mykje is i elva. Same var det i Ørstaelva ser vi på dette flotte
bildet av Høgebrua tatt av Torill Nydal.
Men i månadskiftet til mars slo det om og vart
varmare og elva starta stige når dagtemperaturen låg jamnt på opp imot
12°C. Elva var på det største i slutten på mars med rundt 29 kubikk. I
april var det enno eit knepp varmare med 12-15°C på dagtid, men no var
all snø i lavare strøk vekk så elva falt jevnt og trutt, sjølv om april
gjekk ut med over 20 grader eit par dagar. Eg var så vidt innom vogna i
påska, men været var dårleg og lite folk var der, så etter eit par dagar
så for eg i Gjerdsvika.
|
|
Våren |
Mai
er som alltid lunefull og starta med omslag til snøvær, noko som gjorde
at eg måtte prøve å sikre forteltet med pressening, utan at det vart
nokon stor suksess i frisk nordavind. Men berga i alle fall teltet, og
fjella fekk sårt tiltrengt påfyll av nysnø.
Etter 17.mai såg det ikkje lovande ut med berre
10,5 kubikk elv og utsikter til kjølig og fint vær framover, men berre
dagar seinare snudde været og vi fekk noko regn og litt varme som
virkeleg satte i gang snøsmeltinga. Først i den lavareliggande snøen og
etter kvart den lenger oppe i lia. Og 4 dagar før opninga var elva 26,5
kubikk og forholda var kjempeflotte.
|
|
Opning |
Det
vart gjennomført infomøter om gjenutsetjing eller Catch & Release på
utaskjærsk, i tillegg til årsmøtet i Eid Elveeigarlag, og
det vart beslutta at det i år ville verte opning til tross for at det
vert mykje C&R, spesielt tidleg i sesongen. Kvotene var det ikkje
mogeleg å få justert, det satte Miljødirektoratet foten ned for.
Vi
hadde sett eit par fiskar på flata foran Skipenesbrua rundt 1.mai, men
usikker på om det var ny laks, støingar eller sjøaure. Etter kvart
som elva datt ned imot 10 kubikk så var det heilt fritt for ny fisk,
truleg mest fordi elva var veldig lita, heilt ned imot 10 kubikk på det
lavaste.
Vi hadde god og fornya
tru når elva vart brun og steig raskt ifrå 20. mai, men først når ho var
nesten på det største såg vi laks igjen, og dette var ein fin ein som
stod på nedsida av Skipenesbrua.
Dagen før opning var den vekk, men dei fann han
igjen på Øvre Roti og fekk den flotte hannlaksen på 17kg der på
formiddagen 1. juni.
Då hadde dei allereie tatt ein laks der på rundt
10kg, så veldig flott opning der, men i resten av elva var det berre
nokre sjøaurar som kom på land. Dei fleste mellom 0,5-1,5kg, og 4-5 over
1,5 med den største på 5kg i Ny-Ledet. Så opninga gjenspegla det vi
hadde observert på bruene og langs elva, skremmande lite laks av den
tidlege stamma også i år.
|
| 06.06 |
00-24
Staten Eidselva |
Med dei dårlege utsiktane basert på laber
oppgang så frista det ikkje å ta fri ifrå jobb, organisere barnevakt og
køyre innover på opninga. Dermed vart det opning for min del helga
etter. Men 2 laks opningsdøgnet og ein laks den 3dje juni borga ikkje
for godt fiske, men på Staten har ein alltid sjanse på ny fisk inn ifrå
havet.
Starta ved midnatt med å fiske foran brua og
jobba meg ned under brua og fiska den nyopna Bruhølen med fluga utan
anna enn plukking av mindre aurar. Så kom Inge og Endre som hadde vore 3
siste timane av kortet på fremste Bjørlo for å sjå om eg fekk noko. Dei
hadde ikkje kjent eller sett liv der framme. Dei lokka meg til å prøve
makken nedanfor brua uten at det gav nokon stor auke i fangsten, men det
vart i alle fall ein liten aure på ca. 30cm full med lus.
Karane
reiste etter kvart heim, mens eg køyrde ned for å sjekke ut nedre del,
men her var floa komt opp, så etter eit kvarter med speiding etter fisk
så køyrde eg opp til brua igjen.
Her fiska eg same ruta med fluga, foran brua og
så ned i Bruhølen. Floa hadde no kome fram her, men det var nok drag til
at eit par mindre aurar tok, men dei sprella seg ganske raskt av. Sia
det fortsatt var 1,5t til det var flo og dermed 3 timar til elva var
like lita igjen, så kom eg til at det var betre å ta kveld og heller
prøve på igjen i morgå.
Var
tilbake i elva klokka 10.30 og starta framme i grensa sia Inge ein
halvtime før sendte melding om at han hadde sett 2 mellomlaks gå på elva
foran Skipenesbrua. Om dei var forbi eller berre ikkje ville ta kan eg
berre spekulere i, men mi fluge var dei i alle fall ikkje interessert i.
Nytta samtidig høve når Inge var der til å fiske
Hesten med makk, sia ein der treng hjelp om noko skulle bite. Det var
dødt i det meste av hølen, men når eg kom bakpå så kom noko etter makken
når eg sveiva inn, men bomma på makken og laga ein stor grøvel berre ein
meter ifrå land like nedanfor meg. Om det var laks, aure, fugl, oter,
mink eller sel vites ikkje, men hjertet hoppa i alle fall over eit slag
eller to.
Sia
det vart fiska på andre sida foran brua så skippa eg der og pakka saman
for å hjelpe Endre og Inge med å få ut kamera.
Kamera var kome i elva til klokka var 16 når
Endre måtte heim for å feire bursdagen sin saman med Jon, og kort tid
etter så var kamera kobla opp og sendt ut på verdsveven av Mats. Eg stod
på brua å snakka med Irvin når eg vart var ein mellomlaks i renna foran
brua, men dessverre var ikkje stanga eller anna utrustning med.
På kvelden i 20.30-tida skulle vi nedom å rydde
sia vi forlot plassen litt hastig før på dag, men karane var ikkje
komne, så eg ville prøve foran brua, men før eg kom ned der fisken stod
tidlegare så var karane komne og bråka fælt med båt osv under brua, så
det var ikkje noko å kjenne på fluga.
|
06.06 07.06 |
16-16 Hjelle Eidselva |
Det
var no nokre år sia sist vi hadde fiska på Hjelle i sesongen, så vi
hadde håpt på betre utsikter enn vi no hadde, men forholda var
fantastiske med delvis skya, varmt og behageleg. Elva var 24 kubikk og
holdt ca.11 grader. Men i det vi parkerte ved Kastehølen så klarna det
opp og ein kjølig trekk kom sigande, det var også tydeleg at trekken
gjorde elva kaldare og før vi gav oss kl.23 så var elva nede i 8,4
grader. Dette temperaturfallet i både luft og elv gjorde nok sitt til at
det var null interesse for flugene våre, om der i det heile var laks.
Etter
ei lang og roleg natt var Inge tilbake i Reitehølen kl.09.30, mens eg
venta til 11:30 før eg kom meg i elva med kraftig gangsperre dei i dei
fleste muskelane i kroppen. Eg møtte Inge ved Stampeelva, og vi gjekk
ned der å prøvde oss. Men til tross for at draumeforholda var tilbake,
med delvis skya, sol, varme og stigande vasstemperatur, så var ikkje
laksen heime her heller. Når vi kom opp igjen til bilen då kom Endre.
Han for ned og ville prøve etter oss, pluss at han fiska over dei andre
hølane også. Heller ikkje han kjende eller såg fisk.
Ingen
av oss hadde enno vore i Hammarshølen og sia der ofte er fisk tidleg så
gjekk turen dit for vår del. Inge starta med å fiske over hølen, mens eg
etterpå gjekk fram å drog over på Svadet, men ingen av oss kjende ei
lita krede ein gong. Men etter å ha kvilt litt så gjekk eg på ny frisk,
no i Hammarshølen, men det var like klart og stille i ei elv som var
litt lita på denne sida. No var forholda om mulig enno eit hakk betre
når det skya over med tunge mørke skyer. Så hadde der vore fisk så berre
måtte den ha tatt fluga.
No hadde vi egentleg meir eller mindre
konkludert med at laksen enno ikkje var komen fram hit, men for å få det
100% verifisert så tok eg med makken ned å fiska Kastehølen. Hadde eit
kraftigare drag utfor der straumen treff land, men spørs om ikkje det
var den 35 cm honndalskreda som beit like etterpå. No var klokka snart 15
så då var vi leie og avslutta for denne gongen. |
20.06 21.06 |
18-18 Sone2 sør Hjalma |
Fisket i Eidselva var elendig, ingen fisk å sjå på bruene, til tross for
varme, sørvær og 18mm regn. Hadde lurt på å stikke i Ørstaelva, men så
køyrde vi ein tur utom Hjalma for å sjå på forholda der, og der var elva
stor og godt farga. Vi såg ikkje fisk, men var enige og at det måtte ha
gått fisk på slike flotte forhold. Endre som har fiska masse her når han
jobba på verftet hadde best tru på sone 1 når elva klarna litt. Sia det
var så flotte forhold så bestemte vi oss for å prøve oss.
Stakk
innom Chatlet for å få oss kort, men der var sone 1 fullbooka, så det
vart sone 2 på oss. Då hadde vi mest tru neste dag, men ein liten tur
for å gjere oss kjende måtte vi ta på kvelden, så eg henta Endre 20.30.
Vi
parkerte ved fellesfjøset og gjekk nedover for å finne grensa på sona og
om der var nokon plass å fiske, og det var der. Ein flott lang høl med
kvitskum i fremre del og fin straum bakover det som virka som ein fin og
djup høl. Eg prøvde makken, mens Endre fiska bakpå med fluga, men vi
kjende ikkje noko.
Vi gjekk så framover så langt at vi såg fram
imot brua, men det var kun heilt framunder brua som var nokon skikkeleg
høl, så vi snudde ned igjen å fiska Stokkehølen. Her var Endre borti
noko langt bakpå, men han var usikker på kor stort det var.
Eg
fiska over etterpå med makken, men kjende ikkje noko. Endre forsvant
nedover, mens eg gjekk opp igjen på marka og fant ein ny sti ned i den
nederste flate hølen. Vel nede ringde Atle som hadde vore i Ørsta på
bomtur. Eg fiska over både denne nederst flate hølen og Hundehølen,
begge fine hølar, men ikkje noko å kjenne. Var fram igjen å fiska over
Stokkehølen ein gong til, men det var ikkje noko å kjenne, så vi pakka
sammen og for heim for kvelden.
Neste
dag drøya vi til kl.12 før vi for utover. Ej gjekk ned i den nedre
hølen, mens Endre gjekk framover til Stokkehølen. Eg fiska framme i
hølen med makk og bakpå med fluga, men kjende ikkje noko. Endre derimot
hadde oppe ein fisk 2 ganger bakpå Stokkehølen, litt lenger framme enn i
går. Eine gongen såg han sida på laksen og det var ein blank og flott
fisk på fleire kilo.
Når eg kom fram dit så fiska Endre over ein gong
til med fluga, mens eg rigga makken. Eg fiska grundig over, men ingen av oss
kjende ikkje noko. Spørs om den hadde vorte litt støkt av Endre når han
fiska over. Endre gjekk nedover å fiska Hondehølen og den flate hølen,
mens eg gjekk over Stokkehølen eit par omgangar til.
No tenkte vi
at vi måtte prøve øvre del også, så vi køyrde oss opp til brua og kjempa
oss ned i hølen nedanfor brua. Vi gjekk ned gjennom hagen til huset der,
men burde berre gått bratta rett ned. Vel nede fiska Endre over med
fluga og eg med makken, men det var ikkje noko å kjenne.
Endre
hadde inspisert dei øvre hølane og ville prøve seg heilt framme ved
grensa. Vi parkert ved den gamle butikken og på andre sida fann Endre
ein ganske grei sti ned. Det var godt mogleg å fiske der med fluga, men
det var nok ein makkahøl meddelte han etter å ha kome opp igjen utan å
ha sett eller kjent noko. Det er nok ikkje for vanlege folk å fiske på
slike plassar, men Endre elskar slikt.
Vi køyrde oss ned i osen
for å sjå om fiskarane der nede hadde fått noko, men vi såg ikkje noko
av dei.
Når
vi kom fram igjen så var det ein liten time igjen av kortet, så vi
køyrde ned å parkerte for ein siste tur i hølane på midtre del. Endre
starta med å fiske over Stokkehølen med fluga før eg prøvde makken, men
igjen var det dødt. Endre ville prøve dei Hondehølen og den flate, mens
eg holdt fortet og fiska over Stokkehølen ein gong til. Eg hadde
egentleg gitt meg når Endre kom fram igjen, men han hadde sett at der
var ein liten høl nedanfor den flate hølen og denne ville han prøve før
klokka var der.
Så
mens han forsvant nedover så starta eg på ei ny runde i Stokkehølen med
å fiske innløpet og jobbe meg bakover hølen. Etter mange overfar så var
trua lita og også denne gangen var det heilt dødt oppunder kvitskummet
der trua var størst. Jobba meg nedover forbi det gamle klekkjeriet imot
utløpet på hølen. Eg hadde før på dag sett at det låg ei grein nedi
elva, så eg følgde ekstra godt med makken når eg passerte denne, for
ikkje å huke i den. Og plutseleg kjem ein stor laks sigande opp
nedanifrå, fløyter seg opp i vatnet før den roleg sig ned igjen i djupet
like foran greina.
Eg
kasta frami og fiska nede i djupet rett nedunder berget. Plutseleg
kjende eg at eg var borti noko, men kom til at det ikkje var eit napp,
men heller at eg traff den med blyet. Sveiva opp igjen og som tenkt så
var makken urørt. Men no viste eg kvar den var, så kasta på same plass.
Og igjen var det liv i enden av snøret, men dette kjentes meir ut som
eit napp, så eg slo til. FAST FISK. Fisken stod nede i djupet og eg
tenkte at det luraste nok var å være forsiktig så den stod i ro mens eg
fekk ringt Endre og tatt av vest og makkapøs i tilfelle eg måtte til å
følge etter nedover.
Men fisken likte dårleg å være fast, så den
raste nedover, svinga over imot andre sida og gjorde eit byks som viste
at den var større enn den hadde sett ut som nede i vatnet. Vel framme
roa den seg eit øyeblikk, men så var det nytt utras og hopp. Eg tenkte
at her var gode råd dyre, så køyrde den litt rolegare mens eg fekk lokka
den framover imot kvitskummet og vekk ifrå bakre del av hølen. No kom
Endre og eg kunne legge litt meir press på. Fisken var oppi igjen eit
par gongar, men no synes eg den såg mindre ut.
Etter
kvart tagna fisken og vi beslutta at vi skulle trekke bakover der det
var mogleg å lande fisken. Her vart eg ståande igjen oppe på berget mens
Endre gjekk ned for å hove. Men no fekk truleg fisken meg i himmelsjå,
så den vart litt irritert, men etter litt rulling så kunne Endre hove
laksen, ei flott lusete hoe på 85cm, smellfeit og vakker. Etter å ha
kroka ut kroken som sat fint i saksa så målte vi lengda og eg kunne
starte med å sette ut igjen fisken. Eg måtte holde den eit par minutter,
men den pusta veldig godt og seig roleg bort i djupet igjen når eg lot
den gå.
Klokka var no kvart på 18, så vi pakka saman, var samde
om at det hadde vore ein gild tur og reiste heim. Vi stoppa på bruene
når vi kom inn til Eid og her hadde det dukka opp nokre få fiskar på
begge bruene, så håper det snart snur også i Eidselva. |
| 27.06 |
14-24 Staten Eidselva |
Stoppa
på vei innover å børsa på Laksetunet i Ørsta, men det var lite nytt der
sjølv om elva var heilt perfekt, stor og brun. Men rapportane gjekk på
mykje gylle i elva som dei trudde hadde gjort at fisken holdt an litt.
Men det var fisk på kastet, så vart 2 kast med ein total fangst på 6
holaks og ein hannlaks, pluss ein havabbor på vel kiloet. Like etter
siste kastet måtte eg hive meg avgårde for å rekk inn til campingen før
Norges 16-delsfinale imot Elfenbenskysten. Endre satt i teltet og venta
når eg kom 10 minutt før start. Men rakk det og seier vart det med 2-1
etter mål av Nusa og Haaland.
Dagen etter var eg ned på bruene
for å sjå etter ny fisk når elva no hadde gått litt opp og fått litt
meir farge. Var ikkje mange, men der var sorten, blant anna 2 fine i
renna foran Skipenesbrua. Når eg var på Osbrua ringde Inge, han var på
vei innover etter å ha kome ifrå jobb på Nesna i går. Vi vart enige om å
prøve Staten utover kvelden og også søndagen si fisket oppom Roti
fortsatt var heilt likt null.
Etter å ha vore å fått kort til oss
stoppa eg på Skipenesbrua og fiska over renna sia eg hadde enhåndsen
liggande i bilen, men det var ikkje noko å kjenne, så eg køyrde fram
igjen for å gjere klart resten av utstyret. Her vart det grilling av
svenskekjøtt som Inge hadde med før vi for i elva. Endre og Vebjørn
hadde også kjøpt kort på Staten, mens Irvin var på Skipenes sammen med
Frank.
Når
eg kom ned til Skipenesbrua så var det 5 mann på Skipenes-sida ifrå brua
og oppover, som enten fiska, eller såg på. Så eg køyrde meg ned å fiska
Steinbordet til nedom naustet. Det var fine forhold, men det var begynt
å verte lite straum sia floa var på gang. Eg verken såg eller kjende
noko på fluga, og same var det med Inge som fiska nedover hos Olav og
Endre og Vebjørn som fiska oppi i øverste.
Vi køyrde oss fram
igjen og fekk fiska over både foran og nedanfor brua utan at det var
noko å kjenne, og etter kvart kom også floa sigande fram. Plutseleg var
ein fisk oppe i hola foran brua. Inge gjekk fram og fiska over, men det
var ikkje noko å kjenne. Sia Inge var her så for eg fram å fiska Hesten
med makk, men det var heilt dødt i heile hølen.
Etter dette vart
vi stort sett sitande i buda å parte. |
| 28.06 |
00-24 Staten Eidselva |
Endre og Vebjørn køyrde fram på Nor når vi runda midnatt og dei var
ferdige med kortet. Eg gjekk nedom brua med makken, mens Inge fiska over
foran. Fiska meg bortover med stadig lenger kast og plutseleg var noko
bortpå å plukka. Venta og venta for at sirkelkroken skulle feste seg og
til slutt løfta eg stanga og fisken hang på. Dette kjentes ut som eit
tert både når den tok og når den gjekk rundt borti hølen, men etter eit
halvt minutt så berre slapp den.
Fekk på ny makk og kasta bort i
same området og igjen var der fisk å plukka, men denne gongen var det
tydeleg at det var aure, så eg sveiva inn for å unngå at den hengde seg
på, noko som gjekk bra. Fiska ei stund til uten resultat før eg gjekk
opp igjen i bua. Etter ei stund med preiking ville Inge sjekke om
straumen hadde tatt seg opp nede i renna og nedover imot Ladehølen. Og
det hadde den, så han fiska dette strekket. Det var oppe ein fisk bake i
Ladehølen, men han kjende ikkje noko.
Vel framme igjen kom Endre
og Vebjørn ned igjen fiskelause, mens Irvin stoppa på vei heim ifrå
Skipenes. Det var oppe ein laks igjen nede i hola som Inge fiska på og
på det mørkaste var ein større aure oppe og rulla seg som eg fiska på,
men det var ikkje noko å kjenne. Irvin sa at fredagen når elva var farga
så var det ein del action med fisk som tok, men det hadde vore stille
også på Skipenes på laurdagen.
Klokka 02 for alle heim, og same
gjorde eg og Inge.
Klokka
11 var vi tilbake i elva i godt laksevær med sol, skyer og enkelte
mindre regnbyger. Inge starta med å fiske over foran brua, mens eg
prøvde makken nedanfor brua, men bittet var ikkje noko betre i dag, og
vi kjende ikkje noko som var interessert i det vi hadde i enden av
snøret. Floa var fortsatt høg, så vi holdt ikkje på så veldig lenge, men
eg gjekk også over foran brua mens Inge gjekk over nadanfor brua.
Vel framme på vogna vart det kaffi med Inge, så mat og avslapping i
vogna, men i 16-tida tjukna det til og vart ei skikkeleg regnbyge.
Tenkte at dette kanskje kunne være ein sjanse, så når eg såg på radaren
at regnet straks ville slutte så hoppa eg i vadebuksa og køyrde nedover.
I
det eg kom ned på Bjørlo så slutta regnet og det var opplett når eg vada
ut foran brua. Men regnet hadde nok gjort større inntrykk på meg enn på
laksen, for det var ikkje noko å kjenne. Samme var det nedanfor brua med
makken. Inge kom etter kvart sigande og ville prøve ved Grisesteinen,
mens eg gjekk på Osbrua for å speide etter laks. Inge kjende ikkje noko
der, men eg såg 2 storlaks som stod heilt rolege nedanfor med nokre
mindre fiskar vidare bakover.
Vi
for fram til midtre der Inge fiska med fluga ifrå Steinbordet, mens eg
fiska ved Naustet med makken, men dødt var det også her. Snakka med
gamle Pedersen som kunne fortelle at det dagen før var tatt ein laks på
11kg på fjorden, men det var generelt dårleg der også.
Så gjekk
for avslapping i bua etter kvart, og etter kvart kom Irvin å sat der eit
par timar å prata. Det var veldig roleg i elva, så vi gjekk berre over
eit par gangar, spesielt etter regnbygene. Når klokka var 20 så pakka eg
sammen og reiste heim for å jobbe ei siste veke, mens Inge holdt ut
nokre timar til utover kvelden uten at det var noko å sjå eller kjenne.
26.06 var Mathias og ein kompis til Sæbø og fiska på Flugesone 2 og
kompisen enda opp med å få ein fin laks på 4.5kg som hadde vore biten av
ein oter. Dette var laks nummer 100 i Bondalen, så ganske bra fiske der. |
| 01.07 |
18-20 Ose Ørstaelva |
Då
var det klart for Ørsta JFF sin Fiskedag for barn på Ose i Ørsta.
Opprinneleg var planen å ha den på tirsdag som vanleg, men det vart
flytting til onsdag på grunn av fotball-VM-kampen imot Elfenbenskysten,
som vi vant greitt 2-1 etter mål av Nusa og Haaland. Dessverre var Lilly
på ferie med mamma i år også, så ho fekk ikkje være med, men det var
sikkert 50 andre ivrige unge fiskarar i godt vær og brukbar elv.
Dessverre så vart det ingen fangst på nokon av dei håpefulle, sjølv om
det stod godt med fisk, og det hoppa fisk jevnleg. |
| 04.07 |
12-19:30 Mo Ørstaelva |
Det var meldt godt med regn og Lilly var komen heim, så no ville ho
prøve laksen i Ørsta. Sjekka nedbøren når vi stod opp, men det var kome
mindre enn meldt i alle fall her ute. Vel inne fekk eg meg kort på Mo og
køyrte bort for å gjere oss klare. Mens vi gjorde oss klare så kom
Robert Koppen som også skulle fiske. Etter inspeksjon av vassføringa så
konkluderte vi med at her hadde det regna godt, for elva var
kjempeflott.
Vi
gjekk nedover imot buda for å sette ifrå oss greiene og mens Lilly
starta med duppen så prøvde eg fluga uten at nokon av oss kjende noko.
Lilly var ivrig og mens eg tok pauser og drakk kaffi så holdt ho på.
Ho flytta stort sett mellom svingen og nedover Grimm, men det ville
ikkje bite.
Etter kvart kom det eit par karer på andre sida også.
Når floa begynte å kome fram så kom også fisk og det hoppa fleire fiskar
først i Grim, så vidare nedover. Litt seinare hoppa det også fisk i
svingen.
Etter
å ha prøvd opp og ned så gjekk vi ein tur fram på Heggjekrå. Robert sa
han hadde sett fisk der, men vi såg eller kjende heller ikkje noko der,
utover at Lilly fekk ei brunkrede på 18-20 cm. Når vi kom ned igjen så
tjukna det etter kvart til med regn, og mens pappa søkte ly i buda, så
stod Lilly på og fiska like ivrig.
Etter regnet var det tid for
kaffi og litt å bite i, men Lilly hadde ikkje tid til meir enn å svelge
maten før det var rett i fiskinga igjen. Etter kvart vart det meir
hopping framme i svingen og vi brukte meir tid der, med enkelte turar
ned på Grim, men til tross for at der var fisk så beit den ikkje.
Etter kvart kom Robert ned igjen etter ein tur fram på Fremste Mo,
og kunne rapportere om at laksen ikkje var meir bitevillig der. Det
begynte å minke med makk, men Lilly ville holde på og eg måtte ty til
dei aller tynnaste for å ha noko å henge på, og ho køyrde på. Siste
halvtimen gjekk eg over med Grim med fluga og jaggu nappa det bakpå
brekket, men det var berre ein sjøaure på 30cm. Fortsette nedover den
lange hølen, men kjende ikkje noko meir.
No
var klokka 18 og mitt kort var over, men Lilly ville fortsette, så sia
der fortsatt var nokre tynne makkar igjen så holdt vi på. Etter kvart
kom Sindre og Marit også å fiska. No hoppa det ein skikkeleg flott laks
på 5-6kg framme i svingen. Den blenkte fleire gongar nedi der, og begge
jentene fiska på den, men den ville ikkje bite. Etter kvart roa ting seg
med og Lilly var endeleg begynt å verte fornøygd med turen, så når det
var slutt på siste makken stor nok til å kroke på, så takka vi for
oss og snudde nasa heimover. Lilly hadde no holdt på i 7,5t i strekk og
ho var fortsatt oppglødd og klar. Vi håper på at fisken bit betre neste
gong vi tek turen å prøver. |
| 06.07 |
Eidselva |
Vi hadde besøk av statsforvaltar og hadde ein heil dag med vising og
diskusjonar om Eidselva og vidare fram gjennom heile vassdraget.
Vi
var i osen og diskuterte laksenøter, på Skipenes for å sjå på utviklinga
etter nyebrua kom, så i fossen og såg på rørfundamenta og ikkje minst
laksetrappa. Så var det fram på campingen der vi tok kaffi på plattingen
med Inge og fekk diskutert litt rundt vatnet før turen vart avslutta med
grilla Honndalskrede i gapahuken Per's plass der skilt vart avduka
av statsforvaltar Mikael Jørgensen. Til slutt var vi oppom det nye
Biogass-anlegget som er under bygging på Raudemel og som ligg like ved
elva. |
| 28.07 |
17-20 Ose Ørstaelva |
Igjen var det familiedag med Ørsta JFF, med laksefiske på Ose og notkast
i osen på Laksetunet. Lilly var klar og forholda var perfekte med regn
og flott elv. Vi for innover kl.15 og for via sjukehuset der pappa låg
etter å ha hatt lungebetendelse. Etter ein liten time der med han så for
vi så vi var der like før klokka var 17. Lilly var fort påkledd og klar
og så bar det framover for å fiske. Sindre hadde best tru framme på
Heggjekrå, så vi satsa der.
Lilly
fiska over heile Hegg, men det var ikkje noko å kjenne, så etter 45
minutt så gjekk vi nedover igjen. På veien nedover møtte vi Sindre og
Marit på vei framover og dei kunne melde om at 3 fiskar var landa
allereie. Og i det vi kom ut av skogen så ropte Stian på meg og spurte
om eg hadde med håv. Og det hadde eg sjølvsagt og dermed fekk eg lov å
håve den fjerde fisken for dagen, ein fin pjakk på knappe 2 kilo.
Lilly starta med duppen her framme i Svingen, men det var kun nokre
småkreder som plukka i makken. Etter kvart så spurte eg om ho ville
prøve uten dupp, og det ville ho. Så vart det ei kort opplæring om å få
blyet til å danse nedover botnen før ho fekk prøve, og det gjekk
kjempeflott, men det var ikkje noko som beit.
Vi
nærma oss tida at vi skulle flytte ned på Laksetunet, men først rakk vi
prøve litt i Grim. Her stod Sindre og han hadde nettopp vore i ein fisk,
men den vart ikkje fast. Her var det litt vansklegare i fiske for Lilly
sia her er mykje meir henge, men med litt hjelp fekk vi løyst og ho fekk
fiska over før vi var dei siste som forlot Ose...i år igjen.
På
Laksetunet vart det 2 notkast. På første så stakk fisken fram til brua
på andre sida, mens på andre kastet så hoppa den 5 meter nedanfor nota
når vi satte. Men det var ein pjakk på siste kastet og masse småaurar i
det første. Vi var komne til vik igjen kl.22 der eg berre leverte Lilly
til Ly og så køyrde eg innover på vogna. |
| 29.07 |
|
Endre hadde lyst til å prøve Svardalen igjen og det var derfor eg hadde
reist innover, men eg høyrde ikkje noko ifrå han på tirsdagen og stille
var det også heile formiddagen. Men eg brukte tida til å rydde i
fiskeutstyret og uansett være klar same kva det vart til. Eg tømte
vassmålaren på morgenen for å ha litt sikt på kva som kom når det no
endeleg var meldt noko meir regn. Det hadde vore bra utanfor hos oss og
i Ørsta, men her på Eid var det lite som hadde kome så langt. Så mens
Ørsta i går var stor å fin så hadde det her stige ifrå skarve 7,5 kubikk
til nesten like skarve 11,5 kubikk. Men vi hadde vore i Svardalen før og
visste at på denne retninga så var det Ørsta gange mykje.
Kl.12.35 så ringde han og beklaga fælt at han ikkje hadde huska å
informere om at alt var booka og i boks. Han var klar om 30 minutt, men
eg sa at det var ikkje eg. Eg lova å plukke han opp kl.14 etter pakking
og ein kjapp dusj. Så sagt, så gjort. Han var omtrent klar og vi kunne
satse på første ferje over fjorden. Turen gjekk via Førde så vi fekk
fylle opp med nødvendige duppeditter på sportsbutikken der. Endre var
desperat etter ein skikkeleg norsk middag og vi måtte leite ganske
lenge, men fant til slutt ein skikkeleg bra kafe på Coop Extra. Når vi
kom dit så huska eg at her hadde eg ete før. Jaja, ein kan ikkje huske
alt. Så etter litt handling på Coop Extra så vart kursen satt imot
Svardalen.
Klokka
hadde no vorte 19.00 når vi fekk ordna kort og henta vadebuksa Endre
gløymde sist han var her. Så barst det opp i huset for å gjere oss klare
til ei kveldsøkt. Elva hadde vore lita fram til 25.07 då det kom regn og
elva vaks opp til 54 kubikk dagen før vi kom, men det lettare været
siste døgnet hadde fått elva ned igjen til 39 kubikk. Vi kom oss nokon
lunde i stand i huset og fekk på oss klær før vi begynte å rigge
utstyret så klokka var ca. 20.30 når vi starta fisket. Då hadde vi alt
sett at dei hadde vore i fisk bakpå hølen, der ein til og med fulgte ein
fisk ned på utsida av Holmane.
Vi gjekk som sist år over marka
til Gardsenden, men der fekk vi beskjed om at vi berre fekk gå når vi
kjøpte kort der. Eg starta med å fiske Stria og Gardsenden, som i fjor,
mens Endre gjekk fram for å frette nytt med dei 3 som stod i Storhølen.
Eine kom nedover allereie før vi hadde starta, så vi vart ståande å
prate ei stund, og han kunne melde om at dei hadde både fått og mista
fisk. Eg fiska over, men i motsetning til fjoråret så var det ikkje noko
som beit på.
Eg
labba meg framover når eg såg at også dei 2 andre karane kom nedover, og
vel framme så var Endre akkurat i gang med å fiske over utløpet, men det
var ikkje noko som viste interesse for fluga hans. Etterpå gjekk eg over
med tohandsstanga uten at det var noko meir respons på det eg serverte.
Deretter
var det Endre som igjen prøvde og no tok ein fisk ganske kjapt. Endre
slo til så stanga gjekk i full bue og fisken vart fast. Først trudde
Endre det var ein mindre aure, men etterkvart som den kom oppi så vart
det ein liten tert. Køyringa gjekk fort og etter berre eit minutt så
kunne eg håve ein tert på 56cm og 1,7 kilo.
Vi holdt på ein god
halvtime til, der vi bytta på å fiske over, men det var ikkje noko meir
å kjenne. Nokre fiskar var oppe, men mykje rolegare enn det var i fjor.
Vi var komne i hus like etter kl.22.30 der vi vart sittande å prate over
ei kald til klokka var 02.30. |
| 30.07 |
|
Eg
vakna tildleg, men fekk sove igjen så drøya det til kl.9 før eg stod
opp. Endre sov enno lenger, så det vart ikkje fiskestart før klokka var 11:30.
Vi starta med å fiske over brekket på Storhølen 2-3 ganger,
blant anna med enhands. Her var ikkje folk på morgenen når eg stod opp,
men dei dukka opp etter ei stund. Men vi såg dei ikkje være i kontakt
med fisk, og same var det når vi kom der å starta, det var ikkje noko å
kjenne.
Når
det var dødt så vi gjekk nedover sia dei hadde fått eit par fiskar nede
på Grandane på morgene. Eg fiska Stria først, med Endre noko bak meg.
Etter å ha fiska over området foran Berget så satte eg meg ned å venta
på Endre. Han ville nedover for å prøve å vasse over til Brandane
nederst i elva, sia vi hadde både fått mange gode tips og det at dei
hadde tatt fisk der på morgenen.
Det
var ganske djupt å vade over for ein med lekk vadebukse i skrittet, men
det gjekk utan at eg vart for våt. Vi fiska over strekket her eit par
gangar kvar, vi såg eit par fisk som var opp å hoppa, men alt vi fekk
var ein liten aure på Endre. Etter 2 overfar gjekk eg opp å vada tilbake
for å prøve Likjeelva då denne såg like fristande ut som hovudelva. Det
var djupt å vade tilbake då eg kom litt langt ned, men det gjekk. Etter
å ha fått ut fluga og fiska 2 kast så ringde Inge for å informere om at
han hadde fått senebetennelse og ikkje greidde løfte kaffikoppen, så han
kom ikkje utover i helga. Før vi var ferdige å prate hadde Endre også
komt over, så det vart ikkje noko fisking av Likjeelva denne gangen.
Vi
gjekk opp igjen til Storhølen der ein av dei andre hadde fiska ei stund
utan resultat. Mens han køyrde rundt og vassa seg ut og fiska Attabæra
foran kraftverkselva så fiska vi over Storhølen. I 16-tida kom elvevakta
innom å sjekka om vi hadde alt i orden, og vi hadde ein veldig hyggeleg
prat fram til han måtte gå for å gjere seg klar til sjølv å starte
fisket kl.18. Då kom han og 2 kompisar og etter kvart kona til ein av
dei. Eine var flugefiskar, mens dei andre var makkefiskarar. Dei fiska
over brekket og eine fekk ein småaure, men ellers var dei ikkje borti
fisk. Vi gav oss kl.18.30 og køyrde til Eikefjord for å kjøpe middag på
Spar. Det vart Lasagne på meg og kyllinglår på Endre.
Tilbake på
huset så var eg fornøygd med dagen, men det kribla fortsatt med Endre,
sjølv om det bøtta ned med regn. Så han
for trakkande ned igjen 21.30, og kom opp igjen etter at vi andre hadde
lagt oss, kl. 23.30. |
| 31.07 |
|
Eg var oppe igjen kl.07.30 og sia eg ikkje visste kor lenge Endre hadde
holdt på i natt så ville ikkje eg vekke han, noko eg kunne gjort for han
var vist tilbake kl.00.30. Så eg berre gjorde eg meg klar og for i elva
før det kom nokon andre å tok morgenøkta på brekket.
Eg køyrde
ned kl. 08.30 og starta med å fiske rett utanfor land ved å stå bakpå
opp imot kraftverkselva, men dette gav ikkje resultat. Så eg flytta ut i
elva for å prøve utpå brekket. Eg tenkte at eg først ville fiske lett
med enhånds og så kunne eg bytte til tyngre skyts etter kvart. Vada meg
ut i hølen og starta med korte kast og jobba meg utover. Eg hadde ikkje
kome veldig langt bort når snøret plutseleg stramma seg opp og eg kunne
løfte stanga i eit tilslag. FAST FISK. Endeleg var det noko som ville
bite, og eg såg for meg eit scenario liknande det vi hadde i fjor, og
som hadde skjedd med Endre at fisken lett kom framom meg og vart ståande
å gå framover i hølen. Men til tross for kraftig press så gjekk den
berre tilbake til plassen sin bortpå brekket. Eg fekk taua den inn 3-4
meter før den så tok det tilbake. Så satte den avgårde vekk ifrå meg og
snøret raste av snella. Fekk stoppa den og sakte taua den litt tilbake,
så letta den seg og kom oppi og vaspa og viste at det ikkje var tert
dette. Etter vidare drakamp der eg fekk nokre meter, som straks vart
tatt tilbake, så satte den avgårde bortover igjen. Taua den tilbake og
igjen fløtte den seg og kom oppi med ryggen som ein sel, oioi dette
kunne fort være ein 10 kilos laks. Stanga stod i full bue og eg holdt
igjen det eg turte mens eg rygga meg bakover for å prøve å leie fisken
opp i hølen no når den igjen var inne på ganske kort line. Fisken fulgte
etter og jaggu fekk eg den inn foran meg. No øyna eg håp om å klare å
lande den, og når den etter kvart begynte å bikke litt over på sida så
tok eg håven av ryggen og gjorde den klar. Men fisken var ikkje enig i
at den skulle gi seg, så etter eit minutt foran meg så la den seg på
straumen på utsida av meg og seig bort igjen imot der den kom ifrå. Eg
var ikkje innstilt på å sleppe den avgårde, så eg holdt igjen det eg var
mann om og fekk snudd den. Det siste eg hadde lyst på var å sleppe den
ut på brekket no når den var begynt å legge seg på straumen. Det vart
ein drakamp med 2-3 meter inn og ut før eg fekk lurt den litt framover
og følte at eg hadde ein viss kontroll igjen. Fisken bikka no over på
sida kvar gong den tok ein meter eller 2 med snøret og eg begynte å
planlegge landinga. Fisken var skikkeleg tung og i den kraftige straumen
så var den vanskeleg å styre. Fleire gangar sveiva eg den inn så
synkefortommen og delar av fortommen var inne på stanga og snella, og i
tillegg var det vanskaleg å guide snøret inn på heile breidda av snella
på grunn av det kraftige sidepresset, så eg måtte ned å spole snøret,
men likevel hadde det vore så mykje press at snøret hadde hoppa ut og no
låg over baren i underkant av snella og hindra at snøret gjekk like lett
ut. Derfor måtte eg fleire gangar dra snøret av snella når presset vart
for stort. Men til slutt var tida inne for å prøve å håve fisken, første
2-3 forsøka var det ikkje mogleg å få den nær nok, men til slutt fekk eg
dratt den inn og tredd håven under fisken. Fisken var i største laget
for håven og den hang å bikka på kanten, men ved å senke den ned igjen
og ta eit skritt fram så fekk eg heile fisken over kanten og kunne puste
letta ut. No begynte eg å lure på korleis få målt og sjekka fisken,
heile holmen var overflødd så lurte på om eg måtte ta den opp på graset,
men så oppdaga eg at der var
ein
ganske flat stein inne i land der eg kunne legge den oppå. Fekk fiska
fram kamera og tatt eit elendig bilde i regnet og stresset før eg fekk
målt den til ca.90cm. Så var det å få løyst March Brown-fluga før eg
måtte løyse snøret den hadde rulla seg inn i. Dette låg både bak
gjellelokket og knytt rundt begge kjevebeina. Til slutt var den fri og
eg kunne ta den ut av håven. Fisken var ei utruleg feit hoe, det var
nesten slik at det var vanskeleg å holde den rundt sporden. Holdt den i
straumen utanfor der eg tok den opp på steinen, litt nede i den sideelva
som går bak Holmane. Fisken pusta fint og virka kvikk og klar der eg
stod og hold grisen i straumen. Plutseleg bikka den seg over på sida og
den glei utav handa mi. Fekk stoppa den med foten og retta den fram imot
straumen igjen, men like etter skjedde det igjen og no måtte eg sleppe
taket rundt sporden også. Fisken dreiv på sida nedover elva og eg måtte
springe etter for å hente den. Snudde den igjen opp imot straumen, men
her var den berre enno kraftigare og den vrei seg igjen laus ifrå handa
under buken og igjen berga eg den ved å stoppe den med foten. Tenkte at
dette ikkje gjekk, og at eg måtte gjere noko anna. Så eg tok den oppi
fangenet og bar den opp forbi der eg først stod, opp i litt rolegare
vatn. Her var den lettare å handtere og etter berre ein lite minutt så
var den klar til å fortsette for egen maskin. Når eg slapp den seig den
sakt ned imot botnen og fram imot djupet i hølen, så den klarte seg nok
veldig bra. Laksen var altså ei flott hoe, ca.90 cm lang, truleg rundt
8,5 kilo, ganske blank, men ikkje heilt nygådd og hadde derfor ingen
lus.
Med
skjelvande hender fekk eg rydda opp, fekk håven vaska og hengt på ryggen
igjen, bytta fluga som hadde fått juling av enten fisken eller møtet med
håven når den satt fast i munnvika på fisken, og knytt opp ny fortom før
eg var klar igjen for å prøve igjen, mens eg såg Endre hadde fått på
klær og var på vei nedover veien. Eg fiska over, men det var ikkje noko
meir å kjenne. Det kom no to andre på motsatt side å fiska, ein nede i
Stria, han forsvant raskt, mens han som stod framme på graset på motsatt
side av brekket fiska over, mest i bakevja fram imot Stupesteinen, men
han kasta også sluken bort på brekket nokre gangar.
Eg
lot stort sett Endre få fiske sia eg var fornøgd med dagen, men gjekk
over ein gong med tohandsen. Når eg skulle gi meg så kasta eg tvers over
brekket og sveiva raskt inn. I det eg hadde fått fluga opp i handa så
hoppa det ein fisk utanfor meg utan at eg tenkte så mykje over det, men
lot Endre få fiske på den, men den tok ikkje. Vi holdt på til klokka var
ca. 12 før vi for opp igjen i huset for å ta ei pause og pakke sammen
sysakene vår.
Etter
å ha rydda, vaska og pakka ut i bilen, så var det å kle på seg alt
vadeutstyret igjen og når klokka var 14.30 så var vi tilbake i elva.
Endre lurte på kva min strategi var og svaret var at han skulle
starte godt bakpå marka å fiske seg utover imot brekket, i håp om at han
også skulle få ein skikkeleg fisk,
men
det var ikkje noko som nappa mens han holdt på oppe på marka. Etterpå
var det ut i elva å fiske resten av brekket, men det var like dødt. Så
var det min tur å prøve, fisket var dødt, men igjen skjedde det samme
som sist, no hoppa 2 fiskar rett utanfor meg når eg sveiva inn. Det var
veldig rart tenkte eg, dette var tredje gangen dette skjedde. Sa til
Endre at han måtte prøve å dra inn med fart, og jaggu var det ein fisk
etter med han, men det vart ned det eine forsøket der han ikkje vart
fast.
Endre
ville prøve seg nedover rundt berga, mens eg fiska Stria. Elva var eit
lite hakk større enn på bildet, men ho holdt seg ganske stabilt på 35
kubikkmeter i Blåmannsvatn, men ho gjekk opp og ned 10 cm fleire gangar
i løpet av dei 2 dagane i elva, er tross alt ganske mange sideelvar
langs Vassetevatnet i tillegg til kraftverkselva. Endre fekk ei
brunkrede og var borti ein fisk, men den ville ikkje henge på. Siste par
timane fram imot kl.18 så fiska vi Storehølen igjen, men det var ikkje
noko meir å kjenne.
Etterpå
køyrde vi opp langs vassdraget for å gjere oss kjende. Oppe i enden av
Vassetevatnet, Osa, så var det kjempeflotte forhold og der var skikkeleg
fint å fiske. Endre var sjølvsagt klar for å ta eit kort, men skulle vi
rekke å gjere oss kjent vidare oppover så måtte vi fortsette.
Neste
stopp var oppe rundt Storebru, der det var mange fine loner ifrå
campingen og innover, med flotte innløp, og for så vidt utløp også, men
ikkje alltid like lett å kome til. Nede på campingen kom vi i snakk med
ein fransk aurefiskar som ikkje var heilt klar over at dette er området
der dei største laksane i vassdraget gyt. Også foran og nedanfor brua
var det fint, men ikkje veldig godt tilgjengeleg for laksefiske.
elva var litt stor så ikkje så lett å sjå standplassar, men om ein
fiskar over så finn ein nok fort dei.
Campingen såg ganske
ruskete ut, og sia Inge ikkje kom så satte vi kursen vidare innover
vassdraget. Vi filma og sjekka ut alle små elvestubbane mellom vatna
innover og enda opp inne ved kraftverket. Alle plassane var det fint å
fiske, i alle fall når det no var godt med vatn. |
| 01.08 |
|
Tømte målaren på morgenen og då var det kome 30mm. Elva var komen opp på
13 kubikk no og var stigande, småelvane var store så nedanfor var elva
fin og cognacfarga, så ville prøve å sjå om det var fisk på gang. Fekk
meg kort på Staten, mens Endre og Vebjørn ville prøve på Bjørlo. Så var
det fram igjen å desinfisere utstyret og gjere klart.
For
i elva kl.19 med enhandstroda og tenkte at det nok var best sjanse foran
brua. Vada meg ut og starta med nokre korte kast før eg auka lengda og
begynte å fiske ned imot renna. Hadde ikkje gjordt meir enn ca. 15 kast
når ein fisk drog fluga ned og eg kunne løfte stanga å kroke den.
Køyringa gjekk greit, men det var ein seig og sprek fisk, så var moror
før eg fekk den over kanten og ned i håven.
Tenkte den ikkje var
så stor, og at eg ville sette den tilbake, men målte den til 60cm i
håven og såg den blødde litt, så dermed så vart den med heim.
Kontrollmåling på land visste at den var 62cm og vog 2,06kg. Ikkje den
feitaste hannlaksen, men ikkje skrinn heller.
Karane som var på
Bjørlo fekk også fisk, dei fekk kvar sin laks på 3 og 4 kg i Reitehølen
som dei satte ut igjen, så hadde dei oppe ein på Pina, før dei miste
kvar sin i Reitehølen igjen. Og så mista Endre ein i Svarthølen seinare
på kvelden. |
| 02.08 |
00-24 Staten Eidselva |
Hadde også tatt eit kort på søndagen på Staten, men stressa ikkje med
nattfiske sia det var flo det meste av natta. Tok det heilt med ro på
morgenen, sov lenge og åt godt før eg starta med ein økt kl.10.
Starta
foran brua igjen og lurte på om det skulle verte meir enn 15 kast i dag,
og det vart det. Det viste seg at fisken var veldig aktiv, men berre den
heilt minste. Eg fekk yngel i alle hølar på fluga. Allereie oppe på
flata foran brua hang første, bak i renna hang neste, og nede i renna
beit dei på. Lurte derfor på om kanskje makken var betre, men det var
ikkje mykje liv på den heller, men bakpå bruhølen var det ein fisk som
tok. Det verka som ein aure sia den kom oppi å rulla. Rygga meg bakover
og opp på land under brua for å lande den i den djuphola som er der, men
i det eg begynte å sveive så la den blanksida til, gjorde nokre
kolbøtter under vatn og vekk var den. Auren var truleg rundt 2kg. Litt
uvant at den datt av med sirkelkrok, men den greidde no på eit vis det.
Forsatte fram til klokka var 13 når floa var komen fram igjen, men det
var ikkje noko meir å kjenne.
Etter middagen kl.17.40 var det ned igjen ein tur, no fiska eg både
fremste, ved brua og nede ifrå Steinbordet til Naustet, men det var
heilt dødt. Tok ei lita pause kl.20 for å følge med om Ventura vant i
golf, og for å fylle på med litt mat. Det vart veldig spennande etter
kvart, men greidde å rive meg laus til slutt og for ned igjen kl.22.30.
No vart det konsentrert om området rundt Skipenesbrua, både foran og
nedanfor, men det var heilt dødt, sjølv om eg fiska kortet ut.
Hadde med jobb pc'en, så vart hyttekontor eit par dagar før eg reiste
heim onsdag den 05. august. Tømte nedbørsmålaren igjen om
morgenen, og då hadde det kome 10mm regn sia siste tømming. |
| 07.08 |
17-23 |
No hadde det vore nokre våtare dagar, så eg lurte på med Lilly om ho
ville være med innover til Eid å fiske, og det var ho sjølvsagt klar
for. Når vi kom inn fredags ettermiddag så viste målaren at det hadde kome 33,5 mm
sia onsdag.
Endre
hadde kjøpt kort til oss og Inge ville lage middag, men det var fortsatt
2-3 timar til middag, så vi kledde på oss og reiste i elva.
Eg
starta med å gå over foran brua med fluge, men det var heilt dødt. Så
tok vi med makken og gjekk nedom brua der Lilly skulle få prøve seg. Men
det var veldig stille, berre eit par mindre plukk. Men det hoppa fisk
både like nedanfor brua og like foran brua, men dei var ikkje enkle å
fiske på der. Til slutt reiste Inge fram igjen for å gjere klar
middagen, og like før vi måtte fare for å rekke middagen så beit det med
Lilly. Ho køyrde fisken som ein proff og pappa kunne enkelt håve fisken,
ein fin aure, truelg på vei ut på ca.35cm. Lilly ville gjerne posere og
gjorde det som ein proff før fisken var forsiktig satt tilbake.
Etter middag var det ned igjen for å prøve å få ein enda større, men
fisken var like lite bitevillig no. Pappa hadde på ein litt større aure
nokre sekund, men den greide vrikke seg av sirkelkroken. Så vod pappa
seg ned å fiska renna, her beit det på ei aure til, denne hang på inn,
men vart kroka av under vatn utan håv eller å berøre fisken. Hold berre
i kroken eg fekk vippa fisken av. Denne auren var rundt 40cm. Vi gav oss
kl.23 når Lilly måtte på do.
Søndag formiddag når vi for heim tømde
vi målaren. Den viste 35mm når vi starta å bære ut i bilen, men var
komen opp i 37mm når det letta så pass at vi kom oss sjølve i bilen. Vi
køyrde ut i Gjerdsvika for å helse på mor og far. |
| |
Det
skulle vise seg at denne fisketuren med Lilly vart siste fisketuren i
laksesesongen 2026. For ettermiddagen mandag 08.
august fekk far eit kraftig hjerteinfarkt og vart frakta til Volda i
ambulanse. Der inne konkluderte dei med at dette var så kraftig at han
truleg ikkje ville klare seg over natta, og han var for svekka frå før
til å kunne verte frakta til Trondheim for operasjon. Dermed vart det
medisinering i Volda. Når eg kom inn på kvelden var han våken og klar, og
vart flytta opp på medisinsk avdeling. Vi var hos han heile natta, og
han klarte seg bra.
Vidare utover veka begynte infarktet å påverke
resten av organa og han vart svakare for kvar dag. Men alle i familien
fekk kome på besøk og hilse på og sei ha det bra med han. Mandag 17.
august, Margareth sin bursdag, kl.13.40 stoppa hjertet hans, og far gjekk ut
av tida. Takk for tida vi fekk ha saman, både på laksefiske og ellers.
Dermed vart det begravelsesforberedelsar og organisering
på oss fram til begravelsen tirsdag 25. august, og derav vart det heller
ikkje noko fiske helga 21-23. august. Inge var heller ikkje innanfor å
prøvde laksen denne helga på grunn av nordavinden og dårlege forhold.
Så
på fredag 28. august så gjekk ein annan stor laksefiskar ut av tida, vår
kjære kong Harald V.
Han er kjend for sine årlege fisketurar
rundt om i norges lakseelvar, og han vitja lokale elvar som Stryn og
fiska på Lysvoll, og Eira og fiska på Engelskhuset. Men mest fiska han i
Bjøra, Lærdal og i Alta.
Fred over minnet til kong Harald, og
leve den nye kongen Haakon 8. Vert spennande å sjå om han også vert
laksefiskar som sin far.
Og helga deretter var det Hessa cup på
laurdag og selskap for Margareth og mamma i Ålesund på søndag. Denne
helga var Inge å fiska på Hjelle fredag til laurdag, samt Staten og Nor
på laurdag kveld. Det var veldig dødt heile helga, bortsett ifrå seint
laurdag kveld då han fekk 2 aurar på 2-4kg og mista eller var borti
fleire andre. |
| |
|
|
| |
|
|
| |
|
|
| |
|
|
| |
|
|
| |
|
|
OPPSUMMERING 2026
Alle år er spesielle har eg vel snart skrive
kvart år, men dette vart igjen eit år utanom det vanlege. Det vart ikkje
så mykje fisking på meg, mens elva var lita så var lysta lita også,
samtidig så er eg ikkje veldig glad i C&R når sjansen for fisk du kan ta
er minimal. Når sjansen for pjakk er der og du er uheldig å får større
laks, så er det heilt greit å sette fisken ut igjen, men det er det å
fiske kun for å sette tilbake eg ikkje er ein stor forkjempar for, i
alle fall ikkje når det ikkje er så mange av desse større fiskane.
Men eg var stort sett veldig heldig på turane.
Ein flott første tur i Hjalma med ein flott laks på 85cm, og ny pers på
enhånds i Svardalselva på 90cm, og vanvittig feit var høgdepunkta. Men
artig å få pjakk på Staten på fluga, samt å fiske både i Ørsta og i
Eidselva med Lilly var også fantastisk. Ho fekk ikkje laks, men det
nærmar seg.
Eidselva vart opna igjen, tross lite vatn og
minimal oppgang før sesongen starta. Men på opninga vart årets største
laks fanga på Øvre Roti, denne var 17kg og var observert dagane før ved
Skipenesbrua. Denne laksen vart nok ståande igjen i hølen her, noko som
gjorde at all fisk framover stoppa opp og dermed fekk dei ein veldig god
sesong på denne sona, i alle fram til elva vaks opp, då laksen truleg
flytta vidare oppover elva.
Eit anna spesielt fenomen var at det ikkje vart
tatt meir enn ein laks foran Øvre Roti før ved jonsok, og den vart tatt
på Bjørlo 22.juni. Første laksen tatt i øvre del, vart tatt 3.juli på
Moen, og berre 10 laks vart tatt i øvre dei to første månadane med
fiske.
Totalt enda fangstane på 890kg laks fordelt på
249 laksar, eit snitt på 3,6kg, som er historisk lågt snitt. For sjøaure
enda vi på 285kg fordelt på 230 sjøaurar, med berre 16 stk over 3kg.
|
|