LAKSESIDA

ExUNGKAR1

FISKEBOK


2025

Vinter

Den 31. januar hadde Miljødirektoratet jobba seg gjennom alle innkomne forslag til kvotar for storlakselvane og sendte ut sitt forslag på høyring med frist 14. mars. Forslaget for Eidselva var i henhold til innsendt forslag ifrå Hornindalsvassdraget Forvaltingslag.

Det kom ikkje inn innspel på forslaget for Eidselva og dermed så vart det også dei endeleg kvotane i Miljødirektoratet sine bestemmelsar som vart utsendt 4. april.

På årsmøtet for Hornindalsvassdraget Forvaltingslag så vart desse kvotane godkjente tross forslag ifrå Eidselva elveigarlag om å auke kvotane, noko som ville ført til at Direktoratet hadde stengt elva. Det vart også ein del diskusjon rundt reiskapsavgrensingar som fylje av at det vil verte eit ganske utstrakt catch & releasefiske, spesielt i første halvdel av sesongen, og heile sesongen i øvre del. Her vart det innført forbod imot bruk av spinnar i elva, samt at ved markfiske så skal sirkelkrok nyttast.

Når det gjeld vær og snømengde i fjellet så kan det oppsummerast som elendig. Det har vore lite nedbør og når det har vore noko så har det ofte vore så mildt at det har smelta heilt til topps. Så under 1000 meter er det veldig lite snø, mens over 1000 meter så er det meir normalt, men det aller meste av det vatnet renn dessverre over til Bjørke for vår del.

Vassføring 20jan til 11apr 2025

Hjellekrysset med flaum i LeivdølaSom vi ser på grafen over, så hadde vi ein skikkeleg flaum 5-8.mars, ei atmosfærisk elv som traff oss og førte til at Eidselva kom opp i 73 kubikk ut av Hornindalsvatnet, noko som ikkje er veldig mykje. Men i tillegg så var sideelvane skikkeleg store, så i nedre del så gikk ho over markane både ved Leivdøla (som vi ser på bildet til høgre, lånt ifrå Fjordabladet), på Bjørlo, på Roti, Stokkenes og Skipenes.

Det vart truleg ikkje gjort større skade som fylje av flaumen, men det har vore enormt mykje masse i bevegelse, spesielt i nedre del av elva, så det er nok ein del endringar på sonene som ein vil oppdage når ein får fiska.

Påska

Kamera kom i gang omtrent i det dei fleste tok påskeferie. Eg hadde god tru påFlatehogst Pinå at vi skulle få sjå første laksen sia det var fullmåne 13.april, så det vart fulgt nøye med, men alt vi såg var ein støing som gjekk ut for full fart.

Den 11.april vart første turen på vogna, vi hadde planer også helga før, for vatnet var alt kome på på campingen, men Lilly vart sjuk. No var det berre eg og Inge som var der. Inge snikra nytt rekkverk og vi vaska begge vogn mens det var nedbør og når fineværet kom så satte vi begge opp telta. Eg var ut igjen for å hente Lilly på tirsdag. På Skjærtordag var vi på elvevandring og såg på hogstfeltet på øvre Bjørlo. Som vi ser på bildet så vart det veldig opent på strekket, men truleg vil det ikkje påverke elva i nevneverdig grad då det var lite oppkøyrt i terrenget.

Inge var i Honndalen for å prøve fluga på morgenen langfredag, han fekk ei mindre krede. I middagstida på langfredag pakka vi samen og for vi i Gjerdsvika nokre dagar.

Andre påskedag var vi til Sæbø å tømte vogna etter at mor solgte den rett før påske. Litt vemodig, men den har vore lite brukt siste åra og dei såg ikkje for seg at dei ville bruke den meir.

Våren

Endre på laksestopping 17 maiSnøsituasjonen betra seg ikkje i påska med regn og temperaturar opp i 18-19 grader så må vi no over 11-1200 meter før det er normale mengdar. Elva steig opp til rundt 25 kubikk, men 18. april snudde ho ned igjen. 28. april var ho nede i 16 kubikk igjen, men no vart det nokre våte dagar og elva vaks opp til 32 kubikk den 3.mai.

Denne 3.mai var Inge i Honndalen igjen for å prøve fluga i Storelva, noko som enda med 3 aurar på 0,5kg, 0,6kg og ein på flotte 1,1kg. Alle aurane vart satt ut igjen.

Så gjekk elva ned igjen fram til 26.mai då ho var godt nede på 13-talet. Framover imot 1.juni var det ein del regn, minst 60mm, men elva gjekk ikkje opp meir enn ein god kubikk og klokka inn på 15,0 kubikk når elva akulle ha opna.

Vi hadde håpt å kunne sjå første laksen i mars, men måtte vente til 24.april før Endre såg dei første 3 på Skipenesbrua. Dette var ein laks på 5-6kg og 2 mindre laksar. Så var det roleg til 9.mai då vi såg 2 mellomlaks, men eine var i alle fall ein støing, kanskje begge. No var kamera veldig grodd, men 10.mai såg vi truleg ein tert, 13.mai såg Endre ein mellomlaks på brua. 18-19 var der 1 og 2 tert på kamera. Om morgenen den 19.mai så gjekk det ein stim med smolt forbi kameraet.

Mykje leire etter vårens flaum.20.mai var der truleg ein storlaks på kamera og på ettermiddagen seig ein stim med smolt forbi kamera på vei til havet. 22.mai var der truleg 1 tert og 1 mellomlaks på kamera kl.8:00. 26.mai var det ein laks på kamera, ein mellomlaks. 29.mai var der 1 mellomlaks på kamera. Fram imot opninga stod det 2 mellomlaks ved brua.

Når det gjeld sjøaure så var der allereie ein del mindre fiskar ved Skipenesbrua før påske, ifrå omtrent 10.mai kom det nokre fleire og det berre auka på. Ein og annen gjekk, men ikkje mengder. Gjekk nokre 27.mai når elva vart farga nokre timar.

Sommar Aurestim på SkipenesbruaIfrå onsdag kveld 28.mai til vi reiste heim søndag 1.juni så hadde det kome 23mm med regn. Sia det var vått i marka så gjekk småelvane opp og elva vart skikkeleg brun. Kvart over 00 den andre juni var det 2 laksar framom kamera, kanskje dei 2 som stod der i helga, men kanskje også nye lokka inn av den brune elva.

Den 3dje juni peaka elva på 17 kubikk før ho flata ut og begynte å falle igjen. Klokka 01.22 natt til 5.juni var der 3 laksar på kamera. Torsdag 5.juni var det observert 3 laksar i Åbrekk og Myrahølen. I helga var det mykje aure å sjå, stod jevnt rundt 150 aurar ved Skipenesbrua, 20cm til 4 kg, det har sige til jevnt med aurar, alle fulle med lus.

Makrell på besøk ved Skipenesbrua11.juni kom ein uventa gjest på besøk på kamera, ein makrell. Vi har fleire gongar sett makrell ved Osbrua, men aldri så langt framme som ved Skipenesbrua. Om den berre hadde fulgt nokre fiskar opp eller kva den gjorde der er usikkert, men den måtte nok snu ned igjen, eller så vil den dø i ferskvatnet.

11.juni var det også nytt møte for å diskutere eventuell opning av fiske i elva, men det har ikkje vore store endringer i oppgang eller vassføring sia forrige møte, så opninga vart utsatt vidare.

Dagen etter, den 12.juni var det to laks på kamera.

Årets første pukkellaks i EidselvaHelga etterpå hadde mengda med sjøaure auka enno meir, så no var her truleg 200-250 sjøaurar i hølen nedanfor Skipenesbrua, og på Osbrua var det 70-80 mindre sjøaurar. Men dei er veldig fulle av lus, så mykje av dei er her nok for avlusing. Laurdag kveld var elva nede i 12 kubikk, men søndag begynte det å regne i middagstida.

På vei heim søndag tok eg turen via Ørstaelva for å få siste nytt ifrå opninga der. Fasit enda på 6 laksar i Ørsta, 7 laksar i Bondalen, 3 laksar i Strandaelva, 4 laksar i Stryn og ingen i Gloppen . 17.juni vart første pukkellaksen observert på kamera.

Når vi kom inn igjen den 20.juni så hadde det regna 45mm i løpet av veka og elva var oppe i knappe 17 kubikk. No hadde det endeleg kome nokre laksar, og det stod 6-7 laksar ved Skipenesbrua. Fortsatt 200-250 sjøaurar.

Fiskedag for Barn og ungdom Ørsta JFF24.juni var det fiskedag for barn og ungdom på Ose i Ørstaelva. Det var ganske godt oppmøte, men dessverre fekk ikkje Lilly være med sia ho var reist på sommarferie til Oslo med mora. Dessverre vart det ikkje fangst av betydning på nokon av dei frammøtte.

Møtet i forvaltninga for Hornindalsvassdraget den 25.juni konkluderte med at innsiget ikkje har tatt seg betrakteleg opp, så elva holdes derfor fortsatt stengt inntil vidare.

Den 27.juni når vi var tilbake på vogna så hadde det kome 27mm i løpet av veka og elva hadde stige opp til 18 kubikk, som er like oppunder 25 persentil og dermed nesten innenfor det normale for årstida. Laurdag friska vinden på utpå formiddagen og det vart skikkeleg friskt. Laurdagen var det 2 storlaks på kamera og enno stod det rundt 100 aurar bakpå hølen ved Skipenesbrua. På kvelden kom det ein ny stim opp og det vart observert 8 laks, der nok 2 av dei var dei som var der før på dag. På natta og søndag kom det masse regn og kl.13 måtte glasset tømmast med 40mm.

Utløpet av GausaFredag 4.juli starta eg og Lilly på årets tur til Lillehammar. Fokus var bading og Hunderfossen, men papp fikk lurt inn litt kikking på elvane også.

Som følgje av dårlege fangstar og laber oppgang i sesongen så langt vart det på midtsesongevalueringa beslutta at ifrå 6.juli så stenger Ørstaelva for fiske for i år.

Same konklusjon gjorde Bondalselva i si midtsesongsevaluering og dermed vart elva stengd for fiske ifrå 7.juli, etter ei periode med lett fiske.

9.juli stengde Gloppenelva etter elendige fangstar og veldig dårleg oppgang (berre 8-9 laksar) gjennom laksetrappa.

10.juli var det nytt møte om mogleg opning av Eidselva, men som tidlegare så fann ikkje Hornindalsvassdraget forvaltingslag og Eid elveigarlag grunnlag for å opne elva. Og med utsikter til ein lengre varmeperiode med påfølgande lav vassføring og høge temperaturar så vart det beslutta at Eidselva ikkje vil verte opna for fiske i sesongen 2025.

Lillehammar Hotel 2025Etter 10 flotte dagar med sol, varme, etter kvart mykje varme så satte vi 13.juli kursen tilbake imot Sunnmøre. Temperturen på vei heim var aldri under 25°C, som det var over Strynefjellet, og varmast var det i Stryn med 32.5°C. Heile veien hadde vi toreværet i hælane og på Lom nådde det så nær at det slo ned oppi åsen og starta ein skogbrann mens vi var innom bakeriet til Morten.

Det hadde minka mykje på snøen i høgfjellet berre dei dagane vi var nedanfor, men likevel hadde elvane på vegen minka, så det var tydeleg at det var ekstremt lite snø i høgfjellet også i år.

15. juli stengte Strynselva for fiske etter laks, men i staden vart det opna for eit begrensa fiske etter sjøaure i staden.
18.07 Lilly fiskar i HornindalsvatnetEtter eit par dagar heime i det alldeles nydelege sommarværet med 25°C + i Ulsteinvik så for vi ein tur på vogna. Her var det som vanleg enno eit par grader varmare og om mogleg enno stillare.

Etter å ha vore bort til vassverket å bada før på kvelden så ville Lilly gjerne på fisketur for å prøve julegavestanga på skikkeleg og ikkje berre på tørt land. Så vi gjekk ned på brygga og kasta sluk ein god halvtime. Karin hadde før på dag meldt om 22°C i vatnet, men etter litt vind innover vatnet så var det berre 15,7°C på målaren omtrent der stangtuppen til Lilly peikar.

Desseverre så var det ikkje noko som beit, men vi såg nokre fiskar som vaka litt utanfor kastehold, og det har vore tatt litt fisk ifrå land her i år, så med litt andre forhold så burde det bite.

20.juli var vi bort på badeplassen i Vedvika der Lilly bada, men eg og Endre fekk oppdatert oss på lokalt fiskesladder og gamle røvarhistoriar. No hadde temperaturen stige til 21,5°C på målaren i vatnet og vi målte lokalt over 24°C i vatnet på badestranda. Etter badinga køyrde vi inn til Stryn å kjøpte oss middag og softis, før vi avslutta med ein kjempeflott tur ut igjen via Panoramavegen i ein nydeleg sommarkveld.

Lilly på Norges takDagen etter tok vi oss ein langtur Jostedalsbreen rundt, der vi køyrde til Stryn, aust over fjellet til Lom og bakeriet, før vi tok opp Bøverdalen og tilbake vestover via Sognefjellet og ned til Fortun og Skjolden, og ut fjorden til Sogndal. Der kjøpte vi oss middag før vi fortsatte via Fjærland, Skei og Byrkjelo før vi tok ferja over til Lote, stoppa ved Skipenesbrua for å måle temperaturen til 22,1°C og heim på vogna. Det vart mange timar, men ein kjempeflott tur i det villaste Norge har å by på av natur på dei fleste måtar. Og for eit nydeleg vær!! Det vert ein tur til hit, men då vil vi oppom Juvass og inn dalane for å sjå oss meir om i området, for her var det flott. Vi såg mykje flotte elvar på vegen, egentleg alle andre plassar, enn akkurat over høgste høgfjellet. Men av nye fine plassar så var det elva i Bøverdalen og i Fortun som brente seg mest fast, her var det fint.

Eg hadde jobbmøter 23.juli, så vi reiste heim den 22.juli og hadde nokre nydeleg dagar heime i varmen og full sommar, sjølv om verste varmen var på retur.

Temperaturen i elva var på sitt høgaste 21.juli med 22,31°C, det nest høgaste registrert sia målingane starta i november 2010. Etter dette låg temperaturen på 21-22°C til 25.juli då auka vinden på og temperaturen falt ganske raskt ned til 10,3°C før den gjekk opp igjen til 15-16°C der den stabiliserte seg og vart liggande ut til midten av september.
29.07 Lilly på fiske i ØrstaelvaÅrets andre happening for dei unge i Ørstaelva var komen med Familiedag med fiske på Ose.

Lilly stilte i ny vadebukse og med den nye stanga og fekk fort fleire småkreder på makk og dupp, men dessverre så var der ikkje noko større som beit verken med henne eller andre.

Det hadde vore dykka før på dag, og det var observert både fleire pukkellaksar og ein stor oppdrettslaks i Svingen, så sjansane var der.

Etterpå var det som vanleg notkasting på laksetunet. Det var fisk på kastet like før klokka var 19 når vi flytta ned der, men når kastet gjekk så var dei vekke nedover saman med floa og dermed vatnet. Så det vart berre nokre mindre aurar, men barna synes likevel dette er kjempesvært.
  Inge vasker kameraDagen etter, den 30.juli, ville Lilly ut i Gjerdsvika å besøke besteforeldra, så då pakka eg og tok siste feriedagane på vogna. Inge hadde også starta på ferien, og kom innover seinare på kvelden.

Vi var nedover på torsdagen og Inge prøvde å vaske kamera med shorts, men det var alt for djupt, så det vart eit nytt forsøk den første august, no med vadebukse, og då gjekk det mykje betre som vi ser på bildet.

Ellers var det rolege dagar der eg blant anna laga ei oversikt over dei varmaste og kaldaste temperaturane målt i Eidselva og pakka og rydda litt etter ferien.

Og søndagen reiste eg tidleg ut for å rekke middag i Gjerdsvika når eg skulle hente Lilly.

Endre riggar nytt kameraInge vart igjen på Eid, og mandagen var han og Endre ned under Skipenesbrua å rigga til nytt kamera på Skipenessida, og dagen etter fekk dei satt det ut, kobla det opp og fekk det på nett. Vi hadde håpt at det skulle være mogleg å køyre begge kameraene, men bandbreidda var for lita, så eine kameraet måtte kuttast, mens det andre måtte dei sette ned kvaliteten noko på for å få eit stabilt bilde.

Men på så lita elv som no så var det viktig å få opp dette kameraet då det vert for blankt der det andre står til at fisken i stor grad vil innom dette å vise seg fram.

Vidare hadde dei seg ei runde i store delar av elva for å sjå etter fisk, men det var veldig lite å sjå. Der var sjølvsagt ikkje fritt, men det var langt unna tosifra antall fisk dei greidde å spotte, og berre eit fåtall var nygådde, noko som ikkje var uventa med tanke på temperatur og vassføring. Avgjeringa tatt av Hornindalsvassdraget Forvaltningslag og Eid elveigarlag om å stenge resten av sesongen verkar å være ei klok avgjersle.
07.08 19-22 Svardalselva
Osenvassdrag

Utover veka la karane fiskeplanar i påvente av regn som endeleg var på vei. Inge og Endre ringde rundt og planla ein tur til Osenvassdraget som vi hadde snakka om  sia Endre var ut å såg på kameraløysing i ei laksetrapp der for eit par år sia.

Gardsenden i SvardalselvaKarane hadde booka ifrå torsdag kl.18, så dei starta turen sørover tidleg på torsdag, mens eg måtte være på jobb. Men sia brannalarmen heime begynte å pipe i 04.30-tida så var eg tidleg i arbeid og kunne køyre heimanifrå med full dag allereie kl.13.30.

Eg måtte innom vogna for å hente fiskeutstyr, så var det Lote-Anda og vidare til Førde og ut til Eikefjord og Svardal. Eg parkerte utfor huset dei hadde leigd like før klokka var 18. Her var middagen ferdig og det var 2 spente karer som satt og gjorde siste forberedelsane. Det hadde stort sett vore opplett heile vegen, men no regna det lett, var litt vind og 15-16 grader. Det hadde regna skikkeleg tirsdag ettermidag og elva hadde stige opp ifrå vel 4 kubikk til 44 kubikk. No hadde ho gått ned noko, og var ca. 34 kubikk.

Endre med turens første tertEtter mat og rigging av eit par flugestenger så bar det i elva for å prøve lukka. Eg starta først best i Gardsenden, mens Endre gjekk fram til Holmane på utløpet av Storehølen og Inge gjekk nedover og starta litt nedanfor Gardsenden. Sia eg starta der vi kom ned så var eg først i elva, og etter berre 8-10 kast så var det ein fisk som tok fluga. Eg var overraskande roleg for å være årets første fisketur, og avventa tilslaget til det stramma opp før eg letta stanga. FAST FISK! Med godt spenn sveiva eg fisken framover nokre meter, men fisken var sjølvsagt ikkje heilt happy og kom oppi og rulla seg i overflata, og då kom fluga fykande, mens fisken var fri igjen. SØREN!!

Eg la fluga ut igjen og kika fram elva og der hoppa det ein fisk på brekket av Storhølen... og lina til Endre var fast i den. Eg tok eit kast til og sveiva inn før eg gjekk fram for å hjelpe Endre. Men fisken var ikkje så veldig stor, så han fikk håva den rett før eg kom fram dit. Demed så vart det måling av lengde til 67,5cm og så rakk eg ta eitpar bilder før Endre kunne slippe fisken fri igjen. Endre hadde gjort berre to kast når fisken tok fluga hans.

Endre sin andre for turenPå nytt la Endre ut fluga ut og etter berre nokre få kast så beit det jaggu på igjen. Det vart fort klart at denne var noko større. Men fisken gjekk vekk ifrå brekket og fram i hølen og surra rundt der mens eg filma Endre i kampen. Endre hadde den inn for håving ganske tidleg, men den stakk ut igjen før vi fekk tak i den. Fisken var større enn den forrige og den holdt på minst like lenge til. Men til slutt begynte den å spakne og etter ca.5 minutt så kunne eg håve laksen for Endre. Etter måling av lengd til 82cm og bildetaking så vart hannlaksen satt fri igjen.

Så fekk eg prøve meg på brekket, men den var ikkje like bitevillig med meg. Men etter ei stund så sleit eg med å få strekk på taumen og sjekka fluga, der visste det seg at synkefortommen hadde hengt seg oppe, så etter å ha rydda opp så la eg fluga ut igjen. Endre sa at no tek den og berre sekunder etter så stramma snøret seg opp og eg kunne lette stanga. Som sist kom fisken etter når eg stramma opp, og igjen så slapp den når den rulla seg i overflata. SØREN²!!!

Etter nokre kast til så gav vi oss og gjekk nedover for å høyre om Inge hadde funne fisk og fått noko på turen nedover. Inge var komen ned på nederste og fiska Karikulten når vi kom ned til Likjeelva. Her var det for djupt for mine lekk vadere, så eg fiska Likjeelva mens Inge og Endre fiska seg ned til Tåna. Eg kjende ikkje noko før eg kom heilt nedpå når det lugga lett i fluga, men letta og kjende ikkje noko, så mulig eg var i botnen, men Inge hadde sett fisk som hoppa i elva her når han hadde fiska seg nedover, så dei var her nok. Inge hadde vore borti ein fisk ved Holten og fått 2 stykk kilosaurar ved Berge, og han hadde også sett fleire fisk hoppe ved utløpet av hovedelva.

Vi gjekk framover når regnet tjukna til og eg stoppa i Gardsenden igjen for å søke hevn, mens karane gjekk fram til Holmane igjen. Regnet vart berre værre når Inge gjekk over med enhånds først, og var borti 3-4 fiskar før han bytta til tohånds. For meg så vart det ikkje fisk, sikkert fordi alle sluser opna seg og det plaska ned noko heilt utruleg. Ikkje lenge etterpå beit det med Inge på to-håndsen, og etter ei grei køyring kunne han lande ein tert på 59cm. Han var borti ein fisk til før eg kom fram, men denne vart ikkje fast. Fjella var no kvite av store og små elvar. Eg fekk gått over brekket ved Holmane, men det beit ikkje noko med hverken meg eller Endre som prøvde seg til slutt. No var vi ganske våte og kalde så vi pakka sammen og tok kvelden. Ein flott kveld der alle var i eller fekk fisk som vart avslutta med eit par kalde i huset med direktesending ifrå det nye kameraet på TV'en. Og regnet hadde virka inn også der og det var bra med tert og mindre laks på skjermen.

08.08 08-13 Svardalselva
Osenvassdrag
Endre fiskar utløpetEndre hadde vakna uforklarleg tidleg så det vart felles frokost, og han og Inge for avgårde kl.08 når eg sat på ramma. Elva hadde til tross for pøsregnet i går holdt seg stort sett stabil og var no i minking.

Dei gjekk fram og fiska utløpet av vatnet, mens eg knytte opp enhånds med oversikt ifrå andre sida. Når stanga var klar så parkerte eg ved brua og gjekk fram til dei. Endre hadde eit lite drag bakpå ellers var det dødt, mens eg ikkje hadde snøret uti her.

Så køyrde vi ned på nedre der eg starta med enhånds på brekket ved Holmane, men fluga stripa i det litt for kraftig draget. Likevel kom det opp eit par fiskar, men dei gjekk ikkje skikkeleg etter det og bomma.

Inge med sin andre i SvardalselvaMens eg bytta til anna og tyngre fluge så prøvde Inge, og ganske snart beit det. Etter køyring og filming av meg så kunne Endre håve ein fin tert på 65cm.

Vi bytta på å fiske ei stund, før vi bytta til tohånds. Eg hadde etter ein fisk når Endre hadde gått nedover. Den plukka først ein gong og når den så kom ein gong til så satsa eg på å slippe bukta og lette stanga, men der var ikkje noko i andre enden.

Vi gjekk så nedover, men sia eg hadde lite å fiske på der nedover med lekk vadebukse så fiska eg over Gardsenden eit par ganger før karane kom fram igjen.

Endre måtte fram til Utløpet av Storehølen å hente enhåndsstanga si, så mens eg og Inge gjekk i bilen så fiska Endre kjapt over brekket, men det var dødt og ikkje noko å kjenne.

Så då vart det ei god pause med middag og tørking av våte klær, sjølv om det ikkje var våtaste dagen.
08.08 19-22.30 Svardalselva
Osenvassdrag
Inge fiskar KvernhushølenEndre og Inge tok seg ein tur framover igjen ifrå 16 til 17.30 der dei fiska over strekket ifrå utløpet av Vassetevatnet og der dei kom til med fluga nedover til Kvernhushølen og Fossen.

Inge var borti ein fisk framom brua og enno ein som drog i fluga i Fossen, men ingen av dei vart faste. Endre kjende ikkje noko.

Det vart tatt ein laks på makk på andre sida av Fossen. Men så kom det ein ny regnbolk, så då trekte dei opp igjen i huset for å søke ly til det verste av regnet gav seg.

Min første laks i SvardalselvaTilbake i elva bar det når det såg ut som at verste regnet var over, og no var det ned igjen på nedre del. Etter storsuksessen så starta vi ved Holmane ved utløpet av Storehølen, og sia eg ikkje hadde fått fisk, så fikk eg starte.

For å kome litt ned så hadde eg lagt på ein 8ft fast sink fortom, som var perfekt å kaste på 8-stanga. Eg starta sjølvsagt så langt framme som eg kom, men det var dødt før det heilt bakpå brekket tok ein fisk. Det vart fort klart at dette ikkje var nokon stor fisk, så køyring var fort gjort og uten nokon form for dramatikk fram til Inge kunne håve terten på 51,5cm.

Inge sin tredje i SvardalselvaNo var det Inge sin tur å dra over i eit forrykande regnvær. Han hadde bytta til ein intermediate spiss då synk vart for tungt å kaste på #7-stanga. Det tok ikkje mange kasta før ein fisk tok fluga hans. Denne verka litt større enn min, noko vi fekk bekrefta når den hoppa fleire gangar. Fisken var ganske seig, men måtte til slutt gi seg og Endre kunne håve ein flott tert på 65cm.

No var turen komen til han som ikkje hadde tatt med enhånds i elva. Endre gjekk grundig over, men det var ikkje noko som ville bite. Eg hadde rigga makken og ville prøve nokre få kast bakpå her. Starta med ganske korte kast for å fiske i bakken, men det vart for tvert på straumen så sena vart berre dradd under alle steinane i bakken.

Endre tok med utstyret og ville prøve heilt nede i utløpet, for han hadde hatt ein tanke om at der skulle det skje i kveld, mens eg og Inge vart igjen. Det vart lettare å få vegna til å gå når eg kasta makken lenger bort og kom klar bakken, og vegna dansa fint nedover brekket, men det var ikkje noko som plukka eller beit så etter 15-20 kast så gav eg opp.

Inge ville no prøve tohånds, men det var ikkje noko å kjenne. Eg holdt meg derimot til enhånds, men på neste overfar var det dødt. Så var det igjen Inge med enhånds, mens regnet no var tilbake og kom i bølger over fjella. Og etter ei stund så var noko bortpå å plukka, så gjekk det nokre sekund og då gjekk stanga i full bøy. Fisken gjekk djupt og vi håpte på ein fin fisk, men etter kvart så kom den oppi og vi såg at den nok var i samme klasse som min første, på vel 50cm. Køyringa gjekk heilt fint og eg hadde vore klar med håven lenge, og fisken var straks klar for håven, men då kom plutseleg fluga og fisken var fri.

Min andre og turens største i SvardalselvaKlokka var no 21.10 og regnet tok seg opp enno eit knepp i det var min tur å prøve igjen. Det tok ikkje mange kasta før noko var bortpå og eg lot slakkebukta gå før eg letta stanga. Fast fisk og denne svarte i andre enden tvert, så dette var nok ikkje enno ein småtert. Fisken kom etter litt oppi og viste ei flott blank side og eit lite håp om storlaks vart tent. Fisken holdt seg bortpå brekket, eg fekk taua den fram, men når vatnet vart rolegare så snudde den og rasa nedover. Fleire gangar var eg redd den ville utfor brekket, men den snudde kvar gong og eg fekk taua den fram igjen. Etter kvart vart det sjeldnare at den raste nedover, men den kjempa heller oppover imot fossen. Men straum imot og snøret som drog den bakover gjorde at den ikkje kom seg langt, men derimot slakna ganske raskt. Litt kjemping var det i pøsregnet, men til slutt seig den over kanten på håven. Vi hadde sett at storlaks var det nok ikkje, men med fisken i håven på grunna så var det klart at her var vi rundt turens største. Inge leita fram målebandet og fekk målt laksen til 83cm, før eg knipsa nokre bilder og Inge slapp fisken tilbake.

Inge ville prøve å få laks også, men på neste overfar var det roleg. Nok ein gong min tur og no hoppa det ein flott laks på brekket, noko var så vidt bortpå å lugga, men det vart ikkje fast. Vi gjekk ei runde til kvar mens vi venta på at Endre skulle kome opp igjen, men han kom ikkje så Inge avslutta med ei runde med tohåndsen før vi pakka sammen og gjekk i bilen.

Det var tydeleg at når det mørkna så vart det mykje mindre aktivitet. Etter å ha pakka i bilen og ført opp dagens fangst på laksebørsen i vedaskjulet så ringde vi Endre for å sjekke kvar han var. Han var komen opp til kummen og svinga derfor rett opp til bilen. Det hadde vore ein del hopping på vatnet, mykje båttrafikk og lite fisk som beit.
09.08 07-15 Svardalselva
Osenvassdrag
Inge fiskar ved HolmaneInge var som vanleg tidleg oppe og var klar til å fare i elva når eg stod opp kl.07. Etter ein kaffi mens det vart frokost på meg så for han avgårde, mens eg var på potta og fekk vaska liket. Inge starta ved Gardsenden og fiska seg nedom treet før han flytta fram til Holmane. Her var det mykje fisk oppe så Inge var skikkeleg ivrig og bytta stang og fluger for kvart overfar for å prøve å lure dei. Men det var ikkje noko som plukka. Til slutt hadde han gitt opp, men han tok tohåndsen ein siste gang, og då beit det endeleg skikkeleg. Fisken var hard og Inge måtte stå på for å holde den ifrå å gå ned, men fekk etterkvart overtaket og kunne til slutt lande ein flott holaks på 77cm. Så då kunne han gi seg og kome opp til oss som hadde hatt utsikt til fiskeriet, med god samvittighet i halv 11-tida.

Endre med stortur i StorehølenNeste mann ut som ville avgårde var Endre. Eg var kvalm og ufjelg så eg holdt fortet og gjekk å sove middag, mens Inge for på butikken for å handle. Endre gjekk når klokka var ca.12.30 og ville spasere ned til Holmane. Det gjekk ikkje lenge før pøsregnet kom og då kom som vanleg fisken også. Først fikk han ein holaks på 59cm som raskt vart satt ut igjen.

Det var ikkje vær for å sitte i ro å nyte seieren, så Endre starta direkte på igjen. Og det gjekk ikkje mange kasta før det beit igjen, denne gongen var det ein hannaks på 74cm som beit. Denne var det naturleg nok meir kamp i, men til slutt kunne Endre håve laksen, måle lengda og sette den tilbake.

Som vi ser av bildet så berre fortsatte pøsregnet og elvane i dei bare fjella rundt vaks seg store og kvite. Så derfor var det ikkje vær å sitte å kose seg i, så køyrde Endre på med fisking. Det gjekk ikkje mykje lenger tid før det beit igjen, denne gangen ein hannlaks på 65cm. Denne var sprek og vanskeleg å hanskast med, men til slutt fekk Endre den inn på innsida av seg, mellom seg og land der det var eit lite sideløp. Eg sa til Inge mens vi sat i huset å såg på; At no må han ikkje rote den ned sideløpet. Men Endre hadde kontroll og leita opp hoven. Denne vart lurt bort under fiske, men i det han hadde laksen halvveis oppe i hoven så letta han litt tidleg. Laksen balanserte på kanten av hoven til Endre hadde løfta den 1m opp ifrå vatnet, då bikka den ned ifrå kanten og ut i elva igjen. Men den var fortsatt fast så etter litt køyring så greidde han å få den greitt opp i håven. Etter måling av lengde så vart fisken satt ut igjen.

Etterpå gjekk han nedover å fiska, han var borti ein fisk nede ved Holten, men tilslaget kom for tidleg og fisken vart ikkje fast. Inge laga til Hjortegryte som vi åt før vi skulle ta kveldsykta i elva.
  16.30-21 Svardalselva
Osenvassdrag
Flott kveld ved Storehølen i SvardalenMed det gode fiskeriet karane hadde hatt før på dag, så håpte vi det fortsatt også på kvelden, så når det var utsikter til at verste regnet var over så kledde vi oss opp og tok laust.

Endre hadde studert kartet og sett at han kunne stå på stupesteinen på andre sida av elva å fiske. Så mens eg og Inge for ned til Holmane, så trakka Endre seg først opp i utløpet av Vassetevatnet å fiska over der, så ned til Stupesteinen der det var vanskeleg å få fiska veldig effektivt, men det gjekk.

Så gjekk han fram igjen til brua og over til Kvernhushølen og Fossen før han kom ned så vi såg han. Han stoppa då å fiska på neset på motsatt side av elva ifrå kraftverket der vi hadde sett til dels stor fisk hoppe, og Inge hadde fiska over ifrå vår side.Inge i skyminga Men Endre kjende ikkje noko der eller før på si vandring. Men etter at han kom rundt og ned til oss så vart det tatt 2 fiskar på sluk i bakevja til hørge på bildet, like foran der Endre hadde vore å prøvd.

Vi holdt oss ved Holmane sia den større elva gjorde det enno værre å vade vidare nedover elva. Vi såg nokre fiskar hoppe på brekket ved utløpet av Storehølen, så nokre fisk seig det nok, men dei ville ikkje bite uansett kva vi bydde fram av fluger. Elva hadde gått mykje opp, men været roa seg og det vart første turen i elva der vi var tørre når vi kom opp igjen i huset.
  07-15 Svardalselva
Osenvassdrag
Eg prøvar lykka på utløpet av Storehølen i SvardalenSiste morgenen hadde elva stige enno meir og var det største ho hadde vore sia vi kom. Og spesielt var elva ifrå kraftverket gått mykje opp.

Inge køyrde først ned, mens eg avventa nokre minutt i bilen for eg såg ei kraftig regnbyge var på vei. Inge og Endre fekk skikkeleg bløyta, mens eg stort sett gjekk klar, sjølv om det kom eit kort skybrudd når eg holdt på å rigge meg til ved bilen.

Trua var bra etter meir regn på natta og morgenen, men det starta roleg. Og som dagen før så såg vi nokre fiskar, eg var så vidt bortpå ein, men den var aldri nær å verte fast. Så vi holdt det gåande til klokka var ca.10.30 før vi bukka djupt og takka for oss så vi rakk å rydde hus før klokka var 12.

Vassføring Blåmannsvatn mens vi var i SvardalenTuren heim gjekk langs vassdraget opp til Storebru, Einhjellen og over til Hope og Hyen, Sandane og ferja Anda til Lote. Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur som vi måtte få tatt reprise på fleire gangar.

Men det spørs vel om det går an å være like heldig fleire gongar. Etter 20 dagar med rundt 4 kubikks vassføring så vaks elva opp eit godt døgn før vi kom, slik at ho rakk å gjere seg rein før fisken begynte å sige omtrent når vi kom. Vi kunne umogleg ha truffe noko betre tidspunkt. Og når været gjorde at elva var i konstant endring så kom fisken i puljer og gav oss optimale forhold.

Mykje av fisken hadde fått ein viss brunfarge og hadde nok stått i vatnet eller elva sia forrige flaum i månadskiftet juni-juli då elva var opp i nesten 60 kubikk. Mens ny fisk kom opp ifrå sjøen.

I tillegg så var her utruleg vakkert med dei bratte og golde fjella rundt dei grødrike og grønne dalbotnane, med ei innbydande og lettfiska cognacfarga elv med bitevilleg laks. Elva er verkeleg ei uoppdaga perle på størrelse med Eidselva.
12.08 Oteren, Midtre Kirkeide, StrynInge hadde no fått opp fiskelysta og på tirsdagskvelden 12.august var han til Stryn og fiska Midtre Kirkeide. Men her var elva 78 kubikk, noko som er litt stor for fluga, så det var vanskeleg å få til å fiska skikkeleg.

Det var stort sett berre Kirkhølen som gjekk greitt å fiske. Men her var det kome opp mykje tre langs breidda og det gjekk mykje kyr som var veldig interesserte i å hilse på, så forstod det slik at denne sona var ikkje så mykje å trakte etter lenger på så stor elv om ein fiskar med fluge.

Inge gav seg derfor forholdsvis tidleg utan å kjenne fisk, for å lade om til neste kort.

Onsdag morgen den 13. august fiska Inge Nedre Kirkeide, her fekk han ein aure på 55cm i fremste halvdel av rettestrekket og han mista ein laks heilt framme på rettestrekket

Inge 80cm sjøaure Nedre KirkeideTorsdag morgen 14. august fiska Inge igjen Nedre Kirkeide. Her beit det på ein stor aure langt nede på rettestrekket på enhåndsstanga. Inge køyrde fisken i området, men greidde aldri å lokke den fram dit håven han låg igjen, så det enda med at han måtte leie den ned rundt svingen og treklynga og slippe den fram på graset ved parkeringa. Aure var ei flott hoe på 80cm. Inge rakk å knipse eit kjapt bilde før han satte fisken tilbake i elva.

Ikkje lenge etter dette kom sola og det vart fort uutholdeleg varmt. Inge gjekk over å fiska ein gong til, men han verken såg fisk i elva eller kjende noko meir.

Når han først var i siget så tok Inge også fredag morgen 15. august. Denne gangen var det på Sone 6 på Bø og Aarheim som fekk besøk. Det var eit grisevær av dimensjonar med regn og storm opp elva. Inge lista seg fram til hengebrua og fikk starta å fiske mellom to vindroser, og ganske kjapt beit det på ein hannlaks på 72cm og ca.3,6kg som etter ein kort kamp vart håva, målt og satt ut igjen.

Etter dette kjempa Inge seg vidare nedover og litt lenger bakpå hølen beit ein flott hoaure. Køyringa gjekk greitt i vindkulene og ganske kjapt kunne Inge håve auren på 70cm og ca.3,3kg. Inge flytta no ned til Årsetøya og ville fiske seg ned langs den, men det var djupt å vanskeleg å nå bort når det var så trang å lure seg nedover, så han bukka under for været og pakka sammen og avslutta.
  Valdagen 8. september var det ikkje berre telling av stemmer, men Norce kom å hadde telling i elva også. Dei enda på svake 47 storlaks, 10 betre enn i fjor, men berre rundt 1/3 av det som står igjen etter ein normal sesong, med fiske gjennom heile sesongen. For mellomlaks så enda det på 198 stk, som er 34 færre enn i fjor og rundt halvparten av det som brukar å stå igjen i elva etter ein full fiskesesong. Det vart talt 532 tert, noko som er nesten det dobbelte av det som brukar å stå igjen etter ein normal fiskesesong.

Om ein ser på innsiget siste 7 åra der vi har gode data så var innsiget av tert i 2025 normalt, mens for mellomlaks så enda vi på 25-40% av normalen og for storlaks så enda vi på 20-25% av normalt innsig.

Det dei også nevnte var at det meste av fisken var forholdsvis blank og nygådd, så truleg kom innsiget etter at elva gjekk opp første dagane i august og utover når nettene vart mørkare og lenger. Dei såg berre 3 oppdrettarar og klarte å skyte 2 av dei, mens ein som stod på Sanden slapp unna etter at dei hadde fulgt han ned til Fossekanten og opp igjen.
Haust

Urban UlsteinvikaureUtover i september fulgte vi med på kamera, men det var berre eit par litt usikre og ingen sikre oppdrettsobservasjonar. Siste helga i september, 27-28 for Inge innover for å starte overvakingsfisket, men løyvet var ikkje på plass. Sjølv var eg på Oktoberfest på Propeller og vart smitta med Covid. Dette var seige greier og først på fredag var eg i arbeid igjen, men det tok ein månad før det slapp endeleg og eg kunne være med å fiske siste helga. Men eg var sprek nok til å sjå etter auren i Sauneselva når eg var nedom AMFI for shopping. Og auren var på plass også i år, dei største var ca.1kg. Denne på bildet vart observert 16. oktober.

 31.oktober var Halloween så eg for ikkje innover før laurdag morgen. Fant karane på Skipenes i ferd med å fiske Myrahølen. Endre og Inge 2025Ej fekk kledd meg om og fiska over hølen ved hytta og ned imot Hesten utan å kjenne liv. Prøvde litt bakpå Hesten også, men det var veldig vindfullt og null napp. Vi såg på radaren at det skulle verte vått ganske snart, så vi køyrde oss fram på Nor for å fiske over der i håp om å få aure for å få sjekka om dei var sjøaure eller vassaure.

Årets einaste i EidselvaEndre starta langt framme, Inge på midten, mens eg starta like framom depotet. Etter berre ca.10 kast så stoppa snøret. Tenkte at det sikker var i botnen så eg letta stanga stramma opp, men snøret var fast. Drog litt meir i og plutseleg var det liv i andre enden. Fisken var ganske roleg, men plutseleg snudde den og gjekk unna. Eg holdt igjen det eg turte, men fisken gjekk berre vidare ned og ned. Stanga stod i spenn heilt ned i korken og fisken berre fortsatte. Dette måtte være ein solid fisk.

100 meter nedpå fekk eg endeleg stoppa den. Endre sjekkar fangstenHer vart det litt drakamp der eg fekk nokre meter før fisken tok dei tilbake. Sakte, men sikkert så fekk eg inn flest meter og eg begynte å taue fisken fram igjen. Halvveis begynte fisken å verte slakk og etter  nokre meter til så kom den opp i overflata for første gang. Hadde ei stund hatt ein mistanke om at her var det noko som ikkje stemte og når fisken vart liggande å skivje oppå i den rolege straumen forstod eg at den måtte være feilkroka. Inge vassa nedover med håven, mens eg pumpa og sveiva så fort eg klarte. Vi såg no at fisken var kroka i sporden. Etter måling og skjelprøve så hadde fisken kvikna til og stakk ut straks den fekk sjansen. Auren var 73cm og var utgytt, noko som var uvanleg tidleg. Den vart årets siste fisk, for vi pakka sammen når regnet kom og reiste fram på vogna for å pakke sammen for i år.

Det var heldigvis minimalt med oppdrettsfisk under overvåkingsfisket i år, som vi hadde trudde etter null observert på kamera. Inge og Endre fekk berre ein oppdrettar nede på Malakoff.

Dessverre vart det ikkje ei ekstra telling i Eidselva.

 

 

OPPSUMMERING 2025

Alle år er spesielle har eg vel snart skrive kvart år, men dette vart igjen eit år utanom det vanlege. Usikkerheita etter 2024-sesongen var stor og det kom klare føringer ifrå Miljødirektoratet om at kvotene skulle være lave og uttaket av større fisk skulle vente til det var sikkert at bestanden ville tåle å ta ut desse.

For Eidselva så var det ein roleg start på året med lite anna enn nokre småaurar oppe for avlusing i mai, og dermed så vart oppstart av fisket utsatt. Vidare var det mykje det samme, godt med aure på brua, der noko gjekk opp og noko gjekk ut igjen etter avlusing. Det gjekk nokre få laksar kvar gong det kom litt regn og elva gjekk opp, men så tørka det opp. I starten på juli var elva 15 kubikk og langtidsvarselet var sol og sommarvarme, så då vart det beslutta å la være å opne for året. Elva kom opp i 23 grader og var lita fram til hausten kom 6-7. august og elva gjekk opp i 25 kubikk. Då kom også laksen, ikkje veldige mengder, men i alle fall ein del.

Vi hadde ein kjempetur vest til kysten der vi fekk godt med fisk, noko som frista til gjentakelse. Dette vart min einaste tur i år, mens Inge hadde nokre gode kort på Stryn når vi andre var komne i arbeid igjen.

Tellinga i Eidselva var tidleg i år, og som venta var det lite større fisk, mens tert var der i normle mengder, noko som kan være positivt for komande sesongar. Men samtidig så er det krise om det ikkje vert bra med mellomlaks i 2026.

Prøvefisket i oktober gjekk skeis for min del med Covid, rakk berre ein formiddag, men var i alle fall ein fisk. Men ellers var det veldig lite fisk å få og det virka veldig dødt i elva under prøvefisket. Det vart ikkje tatt meir enn 2-3 blanke fiskar og ingen gjekk trappa, så det var tydeleg at det kom veldig lite ny fisk på hausten.

Vi håper på ein meir normal sesong i 2026, men kvotene vert fortsatt lave med berre tert, og om det då vert opna i det heile vert spennande å sjå.

 


Sist oppdatert:

04.01.2026




Laksesida

Eidselva
Ørstaelva

Bondalselva
Gutta

Rekorder
   

Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.