LAKSESIDA

ExUNGKAR1

FISKEBOK


2024

29.03

Var ein tur ut i Gjerdsvika i påska, og då måtte eg slenge meg med Inge ut ein tur. Det hadde vore mykje å sett på loddet, men lite å få siste tida. Inge trudde det var Hyse han såg, så vi bestemte oss for å fiske med agn i håp om å lure hysa på det.

Vi starta ute ved Klovholmane der Inge hadde sett mykje oppe på 30m dagen før, men her var det tomt i dag. Fann noko nede på 60m, men det tok ikkje. Seig nordover imot Hidsbåden der vi prøvde på noko nede på vel 60m. Her fikk vi eit par greie hyser. Vi dreiv innover imot Gjerdsvika og fiska oss heile veien. Nordavinden friska etter kvart på og det vart surt, men hysa fortsatte å bite så vi holdt ut. Til slutt kom vi utav det og vi var ganske kalde i den friske nordavinden, så vi køyrde oss inn i meda hass Holassen, men der var det tomt.

Inge hadde tidlegare i veka sett ein lopp utunder Gjøskjæret som han trudde kanskje var sild, så vi seig ut der for å sjå om den var der enno og om der kunne stå noko fisk under den, men loppen var vekk og det var ikkje noko som beit. Så vi sula opp og gikk inn igjen med 7-8 småhyser som vart middag dagen etter.

06.04

SjøauremerkingHelga etter påske dukke plutsleg Henning Urke og gjengen hans opp i Eidselva for å merke sjøaure. Derfor vart det innover for å hjelpe til med å prøve å få tak i 25-30 sjøaurar til dei. Normalt burde det gå greit å få tak i såpass med intensivt fiske over ei helg. Normalt står det ein del i osen å beitar eller avlusar seg, på Nor er det ofte ein god del som begynner å forberede utgangen ifrå vatnet.

Inge og Endre hadde starta fisket på fredag med å få eit par litt større framme på Nor, mens eg måtte være på turnstemne i Ulsteinvik. I tillegg til aurane fikk dei nokre laksar, blant anna ein som hadde vore godt over 10kg i sine glansdagar.

Køyrde innover etter lunsj og fant karane i Kastehølen. I dag hadde dei ikkje fått ein einaste sjøaure, men dei hadde fått nokre stølaks. Eg fikk låne stanga på vei opp igjen til bilene og på andre kastet så hang det på ein laks som raskt vart kroka av og slept fri igjen.

Vi flytta så ned på Malakoff der eg raskt kroka ein laks langt framme. Fiska oss ned til steingapahuken før vi snudde opp igjen. På vei opp igjen kroka eg ein til laks midt på strekket.

Vi var så ned i osen, fram på Nor og ved Skipenesbrua, men det var kun laks å få. Inge fikk ein til stor laks på Nor, men aure vart det ikkje.

07.04

Dagen etter var eg seint ute og karane hadde fiska både her og der, men det var ingen aure å finne. Etter å ha fulgt dei rundt eit par timar å fiska både her og der så måtte eg pakke sammen og køyre heim, mens dei fortsatte litt til. Endre greidde til slutt å få ein mindre aure i osen, men det vart med 4 aurar total, der eine var usikker fordi den var ganske slank. Det har sett ille ut med sjøauren siste åra, men no er det heilt krise.

Mai Det var godt med snø i fjellet før jul, men ifrå midten av desember så kom mildværet og holdt nivået nede. Elva var dermed stor heile vinteren der ho låg og vaka mellom 10 og 40 kubikk, langt unna normal vintervassføring på 3-5 kubikk. I månadskiftet april mai slo været om og vi fikk varmare vær som holdt seg heilt til første døgna i juni. Dette tok resten av snøen og vårflommen enda på skarve 35 kubikk.
Vassføring vinteren 2024
I fjor hadde vi kameraene oppe heile vinteren så då fikk vi fulgt med oppgangen, mens i år var dei nede og vi hadde dårlegare kontroll. Vi fulgte med på bruene og venta og håpte, men det kom ikkje fisk. Året før hadde det også vore mykje sjøaure tidleg, men i år såg vi heller ikkje den. Men til slutt såg Inge ein laks i Åbrekk 17.mai helga og mandag andre pinsedag såg vi 2 i Hammarhølen. I veka etter vart det meldt om nokre fisk i Vereidehølen, og på vei ned på trekning 25.mai såg vi 5 laks i Åbrekk og 3 på Skipenesbrua. Etter trekninga vart det også observert 2-3 andre fiskar, mens vidare utover veka var det roleg. 30.mai var kameraene oppe å gikk igjen og på natta såg vi 2 stk 10kg laksar som gikk og ein liten stim med mindre fisk som vart ståande igjen.
01.06 00-14
Moen
Eidselva

Klar for sesongen 2024 på Moen, EidselvaSia været var labert og ingen andre av gjengen hadde kort på åpninga, så var det opningsmiddag med berre Inge og meg, så då gikk vi for det enkle med hamburger. Etter det gjorde eg det meste klart og kraup til køys for å prøve å sove litt før fiskestart. Hadde ikkje store trua på at eg skulle sove lenge, men vakna av alarmen kl.23. Dermed vart det litt stress for å rekke ned til kl.00, men det gikk akkurat og eg kom ut av skogen når Vebjørn var klar til å gå ut å starte. Mens eg installerte meg i bua så gikk Vebjørn over, men han kjende ikkje noko.

Så var det min tur til å starte sesongen. Midt i hølen var det noko som plukka, men slapp bukta og letta utan å kjenne noko meir. Kjendast ut som ei Honndalskrede, noko Vebjørn fant ut på neste overfar då han fikk den, samt at han var bortpå ei til.

Grå opningsmorgen på Moen i 2024På neste overfar så fikk eg den andre han hadde vore borti, men heldigvis så datt ho av før eg fikk halt inn. Vi holdt på til det var lyst, annankvar runde over Moahølen. Når Vebjørn hadde fått første overfaret i godt lys så pakka han saman og gikk for å kvile litt, mens eg leita opp makken for å sjå om laksen var meir bitevillig på den.

Fiska ganske grundig over og litt bakom midten så kom dei kjende laksehugga. Eg lot være å slå til for at sirkelkroken skulle få feste seg godt i munnviken. Til slutt letta eg stanga. Det nappa mens eg letta, men det var ingen motstand i det heile. Kva i alle dagar var dette? Til slutt slapp det og det var ikkje noko i enden. Sveiva inn og sjekka makken, og denne var akkurat like heil og fin som før. Dette kunne ikkje stemme om fisken hadde tygd på den i 10 sekund?? Og etterkvart voks det fram ei mogleg forklaring. Truleg har blyet hengt på andre sida av laksen slik at den har laga nappinga, mens makken aldri var innom laksekjeften. Så når eg letta stanga så drog eg berre blyet over ryggen på fisken, derav nappinga utan motstand.

Fiska over Moahølen 2-3 gangar til utover morgonen, men med unntak av ei Honndalskrede på land så var det ikkje noko å kjenne.

Når klokka var kvart over 5 så gikk eg fram for å fiske øverste hølen. Der stod det 2 mann på andre sida å fiska, men eine gav seg og han andre var komen så langt ned at eg gikk bort og fiska fremre del. Etter nokre få kast så var andremann ferdig også og karane begynte å pakke sammen og gikk.

Eg flytta meg ned til bakre del og fiska renna ut av hølen. Med ein gang var det fisk bortpå og plukka, men dei vart ikkje faste. Prøvde igjen eit par kast og det fortsatte å nappe, men tok ikkje godt nok til at sirkelkroken fant munnviken. Kasta til slutt langt bort og lot makken drive ned imot steinen. Her plukka det meir intens enn nokon gong og eg prøvde lette stanga. Det var god motstand og eg tenkte at der satt den. Fisken kom oppi overflata og rulla så eg konkluderte med at det var ein aure, men så berre slapp den. Det var tydeleg at kroken ikkje hadde funne munnviken. Sveiva inn og såg at kroken var retta ut ein god del, så det var nok det som gjorde at den vart litt fast, men ikkje heilt fast. Eg orka ikkje å knyte opp igjen, men pakka sammen og køyrde fram igjen for å sove nokre timar.

Starta andre økt kl.11:30 med å fiske fremste hølen sia der ikkje var folk å fiska på andre sida. Var fortsatt nokre aurar som plukka bak i renna ned imot skiltet, men sia det ikkje likna på laks så gjekk eg derifrå.

Såg Inge hadde gitt seg på Bjørlo og for glidande framover vegen for å prøve den store lykka på Nor. Det hadde vore heilt fritt på Bjørlo, einaste han hadde sett var 2 fiskar som var oppe bakpå Kastehølen kl.23 mens han sat å venta på startsignalet.

Endre fiskar Flata Kvien, EidselvaEg prøvde så i Moahølen igjen, men det var heilt dødt med unntak av eit par Honndalskreder som plukka. Venta litt og gikk over ein gang til, men med same resultatet. Gikk så nedover og fiska på neset med prydbuska som no visst var død. Fiska meg så vidare nedover når Endre kom for å fiske Flata ifrå Kvien. Eg kjende ikkje noko, og det gjorde heller ikkje Endre som raskt gjorde seg ferdig. Eg fiska meg nedover til Flata. I det eg var komen ned til godplassen så var eg berre sikker på at her var det fisk. Plutseleg drog det kraftig i snøret, stanga gikk heilt ned i horisontal og sena rasa av snella, her var det fisk ja. Eg var sikker på at den hadde tatt makken skikkeleg så eg letta stanga for å kroke fisken. Det rasa fortsatt av snella og det var skikkeleg motstand i det fisken rulla seg i overflata. Kjente sirkelkroken gli ut mellom tennene på den store sjøauren og vekk var den, heldigvis. Med vanleg krok hadde denne vore fast og gjerne langt bak sia den tok så kraftig, men no fikk den berre ein kjipp og har forhåpentlegvis lært å ikkje bite på meir vegn i år.

Ringde Endre som kunne fortelle at han hadde hatt eit skikkeleg drag i fluga i Hammarhølen på første overfaret, men etter det hadde det vore heilt dødt. Eg gikk fram igjen og fiska Moahølen ein siste gang uten at det hjalp noko.

Opningsdøgnet vart ein stor skuffelse med berre 5 innmeldte laksar. 1 på Stokkenes, 1 på Alsaker, 2 på Bjørlo og 1 på Hjelle. Sjekka åra sia 2010 og dette var det dårlegaste, sjølv om der var år med både 6 og 7 fiskar. Men det som var enno meir uroande var at det var same over heile fjøla med ein elendig start i heile Sørnorge.

02.06 02-14
Stokkenes
Eidselva
Eg hadde litt håp om at det skulle la seg gjere å få fiska Myrahølen kl.2 og Åbrekk i lysninga i tilfelle det hadde gått laks på natta. Vart ståande nede ved Skipenesbrua å prate med Inge til klokka var nesten halv 3, då ingen av oss hadde godtrua. Men vi tenkte vi måtte no prøve oss, så Inge for ned på nederste, mens eg for i Myrahølen.
Her var det litt dødt rett nedanfor buda, men vidare nedover var det fint drag for fluga, men det var ikkje noko som ville bite. Tok så makken og tenkte gå over Myrahølen kjapt før eg gjekk framover. Men eg hadde berre så vidt begynt når eg la merke til ein kar oppe i Åbrekkhølen. Først trudde eg det var ein som i fylla prøvde å vade over elva, for han var over halvveis over. Men etter kvart som lyset kom så såg eg at han kjempa hardt med å kaste fluga over til andre sida. Eg fiska derfor over Myrahølen 3 ganger før eg pakka sammen og gjekk heim, for no hadde ein ny kar fulgt i fotspora til han første.
Nydeleg 10kg holaks, EidselvaEg såg Inge hadde køyrt fram igjen etter å ha fiska over. Tenkte han skulle fram på Nor å fiske med Endre eller å hente han ned på Staten, men der framme stod berre Endre sin sykkel, så eg køyrde fram igjen. Like etterpå kom det bilde ifrå Inge med bilde av ein 10kg ho-laks som han hadde satt ut igjen.
Ringde han og då sa han at det var tidlegare han hadde fått den. No stod han og Endre nede ved brua og gjorde seg klare igjen.

Inge gjekk bort på brua for å sjå etter fisk og såg ein fisk foran renna. Endre Hjelle 12,15kg Staten 240602Endre gjekk ut og fiska over, men fisken tok ikkje og trekte unna. Inge var sliten og køyrde fram igjen og la seg, mens Endre køyrde fram på Nor igjen. Der satte han fast 2-3 ganger borti hølen, så han gav opp. Men han greidde ikkje å kvitte seg med tanken på den fisken som Inge hadde sett så han køyrde ned igjen for å prøve. Det var med ein gang han kom ned så stoppa snøret og Endre letta stanga og fisken sat. Han køyrde den roleg og forsiktig i starten og fisken var roleg. Etter kvart la han meir press på den, og då raste den ned imot brua, men den snudde foran brukaret og kom sigande fram igjen. Resten av fighten var ganske grei og Endre kunne lande den flotte hannlaksen på 12,15kg. Han lurte på å sette den ut igjen, men den hadde skade på eine gjellokket så han var usikker på om det kunne være ein oppdrettar.
  Andre helga var eg heime på fotballcup på laurdag inne i Haddal og selskap med Dina i Ålesund på søndag så vart det ikkje fisking på meg. Inge hadde kort på fredagen, men måtte til Bergen på jobb så det var berre Endre som prøvde litt, men uten suksess. Fisket var fortsatt labert og det var fortsatt mest gammel fisk uten lus som kom på land.
15.06 14-02
Staten
Eidselva
Osen Ørstaelva 14 juni 2024Fredag 14 var det børs i Ørsta før opninga der. Vi satt der i 3 timar å preika uten å sjå ein einaste større fisk som hoppa i osen. Har heller ikkje vore observert mange fiskar før i år, så trua var laber også her. Men opninga overraska positivt, det var ingen bonanza, men 8 laksar var meir enn frykta. I tillegg vart 5 sjøaurar tatt og satt ut igjen. Ellers var det labert rundt om med berre eit par fiskar i dei fleste elvar, best var det i Bondalen med 14 laksar, men så var det også her det var klart mest folk også. Men då var det også tomt og det var utruleg dødt i dagesvis.

På Eid hadde heller ikkje oppgangen tatt seg opp, men Inge prøvde Staten på kvelden den 14. og på natta den 15. Det kom noko fisk på kvelden og det hoppa fleire fiskar, mest aure, men truleg også nokre laksar, men dei beit ikkje.

Sia det var så dårleg så vi orka ikkje stå opp for å rekke trekninga. Men eg og Inge kjøpte kort etterpå for vi ville prøve i nedre i håp om at vi skulle treffe blink og det ville kome ny fisk på elva som var meir bitevillig enn i går.

Eg starta med å fiske foran brua, mens Inge prøvde nede ved Grisesteinen. Når Inge kom opp igjen så fiska eg Hesten med makken, men det var heilt dødt. Inge for nedover for å fiske Malakoff, mens eg fiska 3 kast med makken foran brua.

Malakoff i skymingFlytta så ned til Steinbordet og fiska heile strekket ned forbi naustet og ned til første trappa i fantastiske forhold, hverken såg eller kjende liv. Inge kom fram igjen og kunne fortelle at han hadde sett fisk nedanfor, både foran og nedanfor Osbrua, men dei hadde nok stoppa på veien om dei hadde gått.

Fiska over ved Skipenesbrua igjen, men det var dødt. Vi svinga oss nedom Osbrua for å sjå etter fisk, men fjøra var høg og no var det heilt dødt, så Inge gav seg. Eg lurte på kva eg skulle gjere, og enda opp med å fiske over renna og nedover imot Fjøshølen med makken fram imot at klokka var 02 uten at noko nappa.

Irvin laks på Kvien 2024Tirsdag 17. fiska Irvin og Frank på Kvien. Det enda med at Irvin fikk ein flott laks på fluga i innløpet på Svadet. Fisken gjekk rundt ein stein, heldigvis var det folk på andre sida som kunne kaste sluk over å hjelpe til med å løyse lina. Fisken stod roleg mens dette skjedde, men straks den fikk press igjen så gjekk den nedom berget, fortsatt med sluken fast i lina. Etter litt basking fikk dei løyst sluken og kunne fortsette å konsentrer seg om køyringa av laksen. Fisken kom ganske greitt over på Kviensida igjen og Irvin kunne leie den fram igjen til der den tok. Her gjekk resten av køyringa greitt og laksen vart sluttkøyrd foran berget. Landinga gjekk heilt flott inn på grusen i innløpet. Laksen vog 6,9kg og var 88cm lang.

Seinare på kvelden fiska han Moahølen der han fikk ein sjøaure rundt minstemålet, denne var fullstendig dekka av smålus og full av lusesår over heile kroppen, minimal sjanse for at den kjem til å overleve med desse skadane.
21.06 14-02
Kvien
Eidselva
Laks i ReitehølenInge for tidleg innover til Eid og stakk rett i elva. Når han kom ned i Reitehølen så landa dei ein laks på 8kg, før han sjølv kroka ein fin mellomlaks på ca.4kg midt i hølen. Køyringa gjekk veldig greitt og Inge kunne lande den kjapt. Fisken var ei hoe, så sjølv om den var liten så slapp Inge den ut igjen etter å ha knipsa eit kjapt bilde.

Eg vart ståande på campingen og prate med Erik og Jens Åge som var komne for å prøve lykken igjen. Så vart derfor ein time etter skjema, men trur ikkje at eg gjekk glipp av noko. Endre hadde starta tidleg og var på nedre del når eg kom. Derfor gjekk eg fram til skiltet og fiska grundig med makk heile veien nedom Moahølen. Prøvde også fluga i Moahølen, men det var dødt. Bolstad og Mariann fiska på Moen, dei gjekk fram i fremste når eg kom ned til Moahølen. Her datt Bolstad ned imellom steinane og skada seg så pass i foten at han enda på legevakta. God bedring!

Hammarhølen 2024Gjekk så nedover for å høyre om Endre hadde sett eller kjent noko, men det var ikkje noko nytt å frette. Sat og prata ei god stund før vi gjekk nedover for å prøve Hammaren. Det var dødt, og det kom folk på andre sida, så vi gjekk fram igjen. Eg prøvde litt seinare makken på flata, var borti noko, men truleg ein aure. Fiska meg rundt heile neset, men det var dødt. Vi vart sittande lenge å preike, blant anna med Inge som kunne melde at han hadde mista ein laks på ca.3kg inne på vika nederst på Utfallebakkane etter at den hadde hoppa. Når klokka var 00.30 så trudde vi dei hadde gått på andre sida, så vi gjekk ned igjentil Hammaren, men såg dei fortsatt var der, og jaggu fikk dei på fisk også. Etter ein lang og roleg fight kunne dei lande ein sjøaure på 1,8 kg på fluga. Vi fiska over resten av kvelden på skift, men det var ikkje noko meir å kjenne.
22.06 14-02
Bjørlo
Eidselva
Avsluttar sesongen i Reitehølen 2024Eg fikk kule nummer 1 på trekninga og kunne dermed sikre meg avslutninga på Bjørlo. Hadde bestemt meg for å ta det heilt roleg og berre nyte dette siste kortet i Reitehølen, som hadde vore beste hølen i elva så langt. Men først ville eg prøve Linja ved Måløyhytta, men det var nesten umuleg å kome til etter at dei dyrka opp igjen marka. Det var ikkje noko å kjenne på fluga.

Eg køyrde meg så fram til dynamittlageret og gikk ned. Det var ein kar der når eg kom ned, men han ville berre fiske over ein gang så måtte han stikke for å rekke ei ferge. Ikkje lenge etter dukka Inge opp etter å ha fiska Pinå på vei ned. Eg prøvde både makken og fluga, og Inge såg så gar ein 4kg laks som hoppa, men det var ikkje noko å kjenne. Inge gjekk etter kvart nedover og fiska heilt ned til Stampelva, men det var ikkje liv. Eg hadde bytta redskap jevnt og trutt, men ikkje noko hjalp. Etter at Inge kom så fiska eg over ein gang med fluga før eg gav opp og for fram igjen. Inge fiska over eit par gangar til, men gav seg også tidleg.
23.06 Stenging av EidselvaIfrå midnatt 23.juni stengte Miljødirektoratet 33 storlakselvar og sjølaksefisket ifrå Nordland til Svenskegrensa, mens Eidselva slapp unna lista imot å ta grep på eiga hand. Derfor vart elva stengd nokre timar seinare enn resten, av Hornindalsvassdraget forvaltingslag, ifrå kl.23 23.juni.

Bakgrunnen for begge var at fangstene så langt er vesentlig lavere samanligna med fjoråret, som var eit dårleg år, og derav at det er høg risiko for å ikkje nå gytebestandsmålet.

Den 9.juli re-opna direktoratet 16 av dei stengte elvane, i hovudsak i Nordtrøndelag, og også sjølaksefisket i Nordtrøndelag vart opna.

For Eidselva vart det beslutta å ta ei ny vurdering i veke 30 for ei eventuell opning i august. Det var veldig lite fisk som gjekk opp utover sommare, men oppgangen vart litt betre i midten av juli, men så minka elva raskt og det stoppa opp igjen. Dermed vart det bestemt at sia oppgangen var dårleg og elva var veldig lita, så vart elva stengd ut sesongen.
25.06 Ivrige LillyDå var det fiskedag i Ørsta igjen og Lilly var klar. Ho starta med å fiske framme i svingen. Her var det fleire fiskar borti og til slutt så beit ein sjøaure. Dermed måtte pappa fram med håven og håve sjøauren med lus på. Den var berre vel 20cm, men svært likevel. Var borti eit par fiskar til, men desse vart ikkje faste.

Når folk begynte å gi seg så flytta vi ned på rullestolplattforma. Her var det mange fiskar borti, men ikkje tale om å få dei faste. Lilly ville ikkje gi seg, så vi var dei klart siste som gjekk heim. Vi avslutta med å fiske nedanfor brekket der det stod 3 laksar, men dei hadde vore fiska mykje på og ville ikkje ta med oss heller.
31.07 Lilly på HeggjekråFisket hadde heller ikkje i Ørtsa vore bra, men det hadde ikkje vore elendig. Sia fiske i fjorden var stengt så synes dei det var for gale å ha elva opa når ikkje fisket var betre enn det var. Men det var godt med fisk å sjå på fjorden og når elva var stengt så begynte den å gå på elva. No gjekk det veldig godt med fisk, så i år kan vi håpe på ei god gyting.

Bondalselva var like dårleg i starten og stengte 7.juli, har ikkje høyrt om at det har dukka opp fisk der seinare.

Sjølv om Ørstaelva hadde stengt 3.juli så fikk vi arrangere familiedag også i år. Elva var fin etter regn dagen før, så det var håp om fangst uten at det er det viktigaste.

Lilly starta fisket godt bakpå svingen, men her var det dødt. Prøvde så framme der ho fikk fisk på fiskedagen, men heller ikkje her var det noko å kjenne. Så vi flytta fram på Heggjekrå der det alt var mykje folk, men vi fikk oss ein plass litt bakpå.

Lilly med fangstDet var ikkje lenge før første nappet kom, og heller ikkje lenge før første kreda sat på og pappa måtte fram med håven. Den var ikkje så stor, men likevel kjempesvært. Vi fiska der ei god stund til og det var fleire fiskar som nappa, men ingen vart faste.

Etter kvart nærma det seg kasting så eg fikk lokka med meg Lilly nedover, men eg måtte love å stoppe og prøve i svingen. Her prøvde vi innløpet og her stod det mykje fisk og det nappa heile tida. Vi fikk fast ei krede og ein yngel, noko som var kjempesvært.

Så flytta vi ned på laksetunet for kasting og her vart det fort klart at det stod fisk innpå kastet. Etter at barna hadde dradd inn nota så vart det ca.20 laks og sjøaurar. Laksane var ifrå 1-5 kg, mens aurane var ifrå 0,3-3 kg. Nokre laksar vart tatt for kultivering, mens resten vart satt tilbake.

Like stor suksess kvar gong dette, så må nok etter kvart starte litt meir seriøst fiske.
   
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
 

 

OPPSUMMERING 2024

Alle år er spesielle har eg vel snart skrive kvart år, men dette vart igjen eit år utanom vanleg. Etter fjorårets sviktande første oppgangen tidleg i mai var over, så håpte vi 2024 skulle verte betre, men tidlegoppgangen vart enno dårlegare og som forrige året så stoppa oppgangen midt i mai og var nesten vekk til midt i juli. Heldigvis så vart det i år teke grep og fisket vart stoppa.

Det var også veldig bra for sjøauren som i snart 20 år har slite tungt og som vi endeleg har fått freda. Derfor var det eit slag at det i år var opna igjen med ville kvoter på heile 7 sjøaurar pr. mann. Heldigvis reiste dei aller fleste fiskarane seg imot dette og det vart ein veldig høg C/R prosent. Det kan sjå ut som at sjøaurebestanden er i bedring, men det er enno langt igjen til gamle høgder.

Når det gjeld eget fiske så vart det ingen fangster i perioden Eidselva var open, og etter det så forsvant liksom gløden og det vart ikkje meir fisking denne sesongen.

 


Sist oppdatert:

10.08.2024




Laksesida

Eidselva
Ørstaelva

Bondalselva
Gutta

Rekorder
   

Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.