| |
2023
Mai |
I år har eg ikkje hatt snøre i vatn i det heile
før åpninga på laksesesongen, det har vore knapt med sjøvær og etter at
januar var ferdig så har det vore så mykje sil i sjøen at fisken ikkje
har bite.
Vinteren var stort sett fin for oss på land, med
mykje opphold og kjølig vær. Det låg mykje på nordleg retning med
snøbyger, eller meir på nordaustleg retning med meir opphold. Det var
mykje snø i ytre strøk, men mindre i indre og ikkje minst i
høgareliggande strøk var det lite snø.
I år har kameraene i Eidselva vore i gang heile
vinteren, og det som ifrå utsida virker som ei elv i vinterdvale der
lite eller ingenting skjer har vist seg å være totalt feil. Det har
nesten ikkje vore ein dag uten fisk på kamera, det være seg fisk på vei
ut og sjøaurar som er oppe for avlusing. I juletider gikk det ut mykje
fisk, så vart det roligare på kamera, men vi var inn å såg til vognene i
slutten av januar og stakk då bortom Skipenesbrua. Der stod det ca.20
fiskar bakpå hølen, noko støfisk og ein del nygådd sjøaure. Så sjølv om
dei ikkje var innom kamera så var dei der.
Vi
venta og venta på å få sjå første nye laksen, det gikk rykte om ein
observasjon rundt 20.mars, men første mistenkte dukka opp i bakgrunnen av
bildet på Staten-kameraet sammen med eit par støfiskar natt til
20.april, og dagen etter var Endre nedom brua for å sjekke den ut. Då
for fiskane bakover hølen til det vart så grunt under buken at dei fikk
panikk og raste fram igjen i hølen. Laksen kom fram til brua, kika seg
liksom rundt og skaut fart igjen under brua. Så på kamera var den ca.2
sekunder, så hadde vi ikkje visst akkurat kva klokka var så hadde vi
truleg aldri funne den på filmen. Laksen var ein stor hannlaks med stor bollenase,
ein av småkongane i elva på rundt 15kg. Og då gikk det ikkje mange
dagane før neste kom, og like etter kom første stimen og før vi hadde
runda 10.mai så var det nesten dagstøtt laks på kamera. Etter kvart vart
det synleg for alle at det hopa seg opp med fisk nedanfor den nye brua.
Det vart i fjor innført slukforbud på grunn av tilfeller av rykking, men
likevel vart vi overraska når reglane for 2023 kom der Bruhølen var
stengt for alt fiske. Utover mot slutten av mai skulle det vise seg at
her var elveeigarane framsynte, for etter kvart vart det meir som ei
oppdrettsmerd med store mengder fisk. Det var masse sjøaure som vart
tvinga tilbake fulle av lus, men også mange mange laksar. Siste veka før
åpninga stod det sikkert 100 fisk totalt, der ca.30 var laksar.
Av andre endringer før sesongen så vart
heldigvis sjøauren freda, og med tanke på korleis dei såg ut når dei
vart tvinga tilbake i mai så var det godt. Dei var heldigvis i godt
hold, sikkert på grunn av mykje sil i sjøen, men dei var fullstendig
overgrodde med lus. Vi får håpe dei får kvitta seg med lusa og grodd
såra før temperaturen går opp og dei vert meir utsatte for soppangrep.
Trekninga av kort vart ingen stor suksess for
min del med
kule nr.28, men skal ikkje klage når eg likevel fikk førstevalget,
Staten ifrå starten. Då var Inge meir uheldig og måtte ta til takke med
ettermiddagskort, men han fikk Staten som han ønskte, berre 14t for
seint.
Været i mai hadde vore katastrofe for dei som
hungra etter våren, med berre
nokre få dagar over 15 grader, mens dei fleste var nede på eit siffer og
ofte under 5°C. Sludd og regn, hagl på 17.mai og berre nokre få vårdagar
helga etter 17.mai. Altså veldig bra for ein
laksefiskar som vil spare på snøen i høgda. Og i år kom det godt med,
for når det hadde vore lite nedbør så snømengdene var langt under normalen,
trøsta var at når det hadde kome noko så var det så kaldt at det var
omtrent like mykje på 500m som på 1200m. Men den våte og kjølige mai
månaden gjorde at mykje av den vart bevart fram imot åpninga. Det gjorde
også at elva steig fint og rolig opp ifrå 13 kubikk rundt 5.mai til
nesten 40 kubikk 28.mai. Men det var kaldt i vatnet, 24.mai gikk ho
under 5 grader og fram til 31.mai låg ho stort sett på 4,2-4,3 grader
før ho då steig til 5 grader.
|
01.06 |
00-14
Staten Eidselva |
Elva var flotte 37,7m³/s, men berre 5 grader
varm, været var vestleg med regnbyger og litt skodde i fjella som letta
når bygene dreiv vidare. Mellom bygene var det fint.
Eg møtte Irvin nedpå Staten ein halv time før
fiskestart for ein kaffi og ein prat før alvoret starta. Han ville prøve
nedre, så eg fikk øvre del for meg sjølv, for dei 2 andre var ikkje der
ifrå starten. Inge for fram for å fiske over på Nor i mangel på kort
nede i elva.
Eg
starta foran brua saman med Platou på andre sida, men det var dødt for
oss begge der. Mens han gikk nedover så gikk eg opp i øverste for å
prøve der. Også her var det dødt, til eg kom langt bakpå, her var noko
bortpå fluga og slo til den, men den tok ikkje. Truleg var det ein
mindre aure eller ein yngel, men det kunne vore større fisk.
Etter å ha fiska over her så gikk eg i bua igjen
og drakk kaffi med Irvin og Inge. Det var kjølig så vi hadde best tru på
morgenen, så når klokka var 2 så var eg komen under dyna.
Var
tilbake ved elva ca.kl.7 og starta med å fiske over foran brua. Starta
med korte kast og auka lengda etter kvart til eg var komen bort til
brygga på Skipenes før eg begynte å fiske meg nedover. Drog ut litt til
og la fluga nedom brygga og fiska meg nedover. Nede på kanten stoppa
plutseleg fluga og snøret stramma seg opp. Eg slapp lausbukta og letta
stanga, men då var der ikkje noko. La fluga bort igjen fleire gangar,
men den kom ikkje igjen.
Tenkte prøve framme igjen, men det stod folk på andre sida, så eg køyrde
ned og fiska Malakoff og Solheimslandet med makk, men det var heilt
dødt.
Køyrde
opp til brua igjen, og mens eg stod her så beit det på andre sida av
elva. Gjorde meg ferdig med det eg holdt på med og labba meg over brua
for å bistå med landinga når også Inge kom køyrande. Fisken hadde tatt
på inntrekk og vart køyrd rolig og forsiktig og etter nokre minutters
kamp så kunne eg håve ein flott laks på 6,2kg. Spørs om det kan ha vore
denne som drog i fluga mi 1,5t tidlegare på same plass.
Fortsatte å fiske både oppe og nede på sona, men på vår side ville
fiskane ikkje bite. Med unntak av ein aure på ca.35cm som tok i renna
nedanfor Skipenesbrua. Eg holdt ut til klokka var halv 2 uten at det var
liv å sjå eller kjenne.
Det vart tatt 2 laksar på 5kg ved hytta i Malakoff klokka 09.30 og 11,
der den siste var nr.14 i rekka på åpningsdøgnet, og etter dette vart
det veldig rolig i elva og berre 3 fiskar til vart tatt i heile elva
åpningsdøgnet. Så totalen på åpninga vart 17
laksar, 1 på Nor, 3 på Bjørlo, 2 på Alsaker, 1 på Rotineset, 3 på Langeland, 2
på Roti, 1 på Stokkenes og 1 på Åbrekk og 3 på Skipenes. Største laksen
fikk Svein Aam på Alsaker på 11,7kg. I tillegg vart det tatt ein
sjøaure.
Inge fiska 5 minutt på Depotet på Nor kl.00,
han fikk 2 Honndalskreder som vart satt tilbake. Men spørs om ikkje han
burde satsa meir i Dammen sia der vart tatt fisk på kvelden. Endre fiska
Bjørlo nokre timar, men kjende ikkje liv. På ettermiddagen fiska Inge
altså Staten, men det var heilt dødt.
|
02.06 |
00-14
Staten Eidselva |
Andre trekninga var ikkje så mykje betre, men i
mangel på nokon betre plan så hadde eg gått for ein dobbel på Staten.
Hadde lagt meg kl.20 etter den litt korte førstenatta i køya, så eg
vakna igjen kl.03, men det var iskaldt ute, så eg drøya å stikke nedover
til klokka var halv 6 når sola hadde begynt å varme. Likevel var det
berre 1,9 grader under vogna og på markane var det rima.
Starta
igjen foran brua med fluga, men også i dag var det dødt. Ville ned å
prøve nedre før floa kom og fiska over der. Skifta så på å fiske oppe og
nede gjennom heile kortet, men det var heilt totalt dødt. Hadde håpt det
skulle hjelpe å patruljere Malakoff jevnleg sia der vart tatt 2 laksar
dagen før, men nordavinden gjorde at den kneip igjen munnen. Det stod
mykje fisk i alle hølar på morgenen, men det hjalp ikkje at dei måtte
flytte på seg. Kun 3 fiskar vart tatt dette halvdøgnet i heile elva, og
ingen av dei var her nede. Inge fiska Stokkenes, men han var ikkje så
ivrig og kjende ikkje liv.
|
03.06 |
14-02
Langeland Eidselva |
Mens Endre og Inge fiska Bjørlo så prøvde eg
Langeland. Her hadde Henning vore i elva etter trekninga og fått ein
flott laks på heile 13,1kg på sluk.
Når
eg kom ned i 16-tida så var det skikkeleg frisk vind, men mellom
vindråsene så såg eg at det stod masse fisk i djupet bakpå hølen, nokre
skura også lus, så eg hadde veldig god tru. Men eg bytta på å fiske
innløpet og bakpå brekket om ein annen, med både fluge og makk uten at
det vart fisk. Var kanskje borti noko bak i bakken, men kom ikkje igjen.
Snakka med Inge og avtalte middag kl.19. Var tilbake i elva kl.20.30 og
fortsatte samme runddansen som før middag, men det var like dødt. Såg
ein fisk som var oppe bakpå, det var einaste livet for heile kvelden.
|
|
Andre helga var det slektsstemne i Gjerdsvika og
fotballcup i Gursken, så var ikkje innafor. Inge greidde ikkje å rive
seg vekk ifrå elva og fiska 2 Bjørlokort og ein morgen på Staten, men
til tross for at elva var 28 kubikk og temperaturen hadde krøpe opp til
8-9 grader så var ikkje fisken i bittet i det flotte været.
Torsdagsmorgenen åpna småelvane rundt om, dei
fleste plassane var det litt lite vatn, men dei med høgt nedslagsfelt
hadde ein del smeltevatn. I Ørsta vart det landa berre 4 laksar, i
Bondalen var det betre med 26 laksar og i Stranda 16 laksar
|
17.06 |
14-02
Bjørlo Eidselva |
Fredagen passa eg Lilly til klokka var vel 17 så
var innkomen rundt kl.19. Åpna telt og vogna for å lufte ut varmen, og
mens det kolna så tok eg runda nedom bruene. Der stod det godt med fisk
på Skipenesbrua enno. Floa var i halv ellevetida så hadde litt tru på at
det ville kome og gå fisk på elva. Varmen hadde gjort at elva hadde
flata ut på 28 kubikk.
Inge fiska Bjørlo på kvelden, men klokka var
over 21 før han for ned fordi det var så varmt at det gikk knappast å
bevege seg. Men etter å ha fiska over Kastehølen ein gang så friska det
på med vind og skodda kom veltande over Tua. Etter litt vart vinden så
frisk at det ikkje gikk å fiske normalt, kaldt vart det også så Inge tok
tidleg kveld.
På trekninga neste morgen var det valgets
kvaler, oppe i elva for å fiske på gammal fisk eller nede og håpe på ny
fisk. Det vart eit kort på Bjørlo, mens Inge for på Moen. Seinare ville
Inge ned å kjøpe seg eit morgenkort på Skipenes i tilfelle det gikk
fisk. Eg for på polet og når eg kom tilbake så hadde han kjøpt eit til
meg også.
Det vart etter kvart uutholdeleg varm og det
vart ein veldig rolig dag, men utover ettermiddagen bygde det seg opp
litt torden. Vi haurde det buldre, men det kom ikkje over fjellet. Etter
at landskampen var ferdig kl.20 så bygde det seg opp igjen og begynte å
drople, så eg kledde meg opp og for i elva. Vebjørn skulle også fiske
Bjørlo og kom i det eg akkurat hadde starta i innløpet med fluga. Etter
kvar si runde tok eg ei runde med makken, det var noko bortpå å plukka,
men vanskeleg å seie kva, men noko kjendes ut som laks og anna som aure.
Det vart no litt meir dropling, men tordenet tørka ut og det same virka
det som at regnet skulle gjere.
Vebjørn gikk ut igjen med fluga, mens eg tok
makken og gikk i Svarthølen. Eg starta i innløpet og fiska meg bakover,
men det var dødt. Gikk rundt bakevja og fiska bakpå hølen. Starta kort
og auka lengda. Rett framom steinen midt i hølen var noko bortpå å
plukka, ganske forsiktig så eg venta lenge før eg slo til og fisken sat.
Ut ifrå at den var så forsiktig så trudde eg det måtte være ein aure så
eg venta berre på at den skulle kome opp i overflata og rulle seg, men
den kom aldri. Men den kjempa heller ikkje så hardt imot, så tenkte
kanskje at det kunne være ein tert. Fisken kom over på rett sida av
straumen og inn i bakevja, og då vart den hardare å handsast med. Den
blenkte eit par gongar så eg såg at det var ein laks. Den var hard å få
ut av bakevja og fleire gangar raste den ut igjen, men etter 3-4 minutt
så tagna den og eg kunne dra den frampå grusen.
Laksen
var ein fin hoe på 5,5kg og 85cm med 3-4 lus som falt av under vask.
Vi fortsatte, men det vart så innmari med mygg
at det var nesten uutholdeleg. Eg gikk ei runde på Utfalle som no var
perfekt, men det var dødt. Vebjørn fikk nok av myggen rett før det
mørkna og for heim, mens eg vod ut for å sjå om det var betre uti. Litt
betre var det, men ikkje all verden. Men når mørket kom så gav heldigvis
myggen seg og eg fortsatte utover. Litt over kl.1 hoppa det ein fisk
langt bakpå innløpet så eg vod meg ut å fiska over igjen. Straks eg kom
bak kanten var noko bortpå å firla litt, eg gav slakke, men når eg letta
stanga så var der ikkje noko. Fiska over resten, men uten resultat. Sat
ei stund å lurte på kva eg skulle prøve, men klokka var så pass mykje at
eg tenkte det var like greitt å stable seg opp igjen. Om det vart nok
tid så kunne eg fryse laksen, men oppe i bilen var det berre vel 10
minutt til kortet på Stokkenes starta, så for direkte ned.
|
18.06 |
02-14
Stokkenes Eidselva |
I det eg kom ned til Åbrekk så gikk ein kar ned
på Skipenes for å fiske Åbrekkhølen. Då forsvant egentleg all tru. Vel
nede så var vedkommande komen ned til Førstesteinen og stod og hala og
drog på nokre greiner bak seg oppi ei bjørk. Eg begynte å fiske over i
det Inge kom, han hadde vore i Myrahølen å fiska over, men det hadde
vore dødt. Det var det både når eg gikk over og når Inge kom ei ny runde
bak meg.
Etter ein kaffi gikk eg over med makken, var
noko som plukka langt bakpå, men trur det var ein aure, den kom i alle
fall ikkje igjen. Inge gikk ei runde til og eg prøvde så vidt makken i
fremre del, men sleit så då pakka vi sammen og gikk. Inge fiska over
igjen i Myra sia bilen stod der, noko drog lett i fluga, men han trudde
mest på småfisk.
Når vi stod opp igjen så var det 28 grader så
det var uaktuelt å stikke ned å fiske over igjen før kortet var over.
|
24.06 |
Fjerde helga skulle eg ha Lilly igjen, men mora
var bursdag, så ho vart der til laurdag. Stakk til Bondalen med tanke om
å prøve, men det var lite vatn så vart ikkje til at eg prøvde. Vi for så
til Eid sia eg skulle ha bilen på service på mandag. Inge fiska 3 kort,
Kvien, 2xBjørlo, men kjende ikkje hugg. Samme med Asbjørn og Atle som
fiska Alsaker. Været var nydeleg så eg prøvde ikkje.
Etter EU-kontroll på mandag så pakka vi i bilen
og for heim og pakka for ei veke til Lillehammer. Jobba så resten av
veka mens eg hadde Lilly, og etter å ha levert henne til mora laurdag
morgen så bar det til Eid med Mercedesen, mens Dina køyrde Skodaen.
Dette sia Merc'en skulle på service mens vi fær til Driva. Det var
tropevarme, så holdt meg heilt i ro og berre samla krefter med Tour du
France.
|
09.07 |
22-23
Nor Eidelva |
Etter
å ha pæsa i varmen heile dagen så tenkte eg at å kjøle seg ned i
vaderene kunne være greitt. Fiska over framme og så prøvde eg på murane,
sjølv om eg berre vod langt nok ut til å klare å fiske derifrå. Flytta
så ned og fiska over nedre, men det var heilt dødt. Etter å ha site å
kika etter liv ei stund så hoppa ein liten blank fisk i innløpet,
trurleg ein liten aure, men tenkte at det kanskje var noko større sammen
med den, så eg gikk å prøvde framme ein gang til, men det var fortsatt
heilt dødt. Såg nokre større fiskar nedpå, men dei låg berre å vaspa
oppi så dei var ikkje på gang framover.
|
10.07 |
14-02
Bjørlo Eidselva |
Det hadde vore meldt regn ifrå ca.kl.15 i eit
par dagar, så eg var litt usikker på kor mykje vits det var å fiske
denne dagen om det vart så lite som det var meldt. Men like etter eg
vakna, kl.07.20 så kom første dråpen på taket, og trua steig. Utover
formiddagen tjukna det til på radaren sør om oss og det trakk nordover,
og dermed så kom eg til at eg måtte prøve.
Hadde
blinka meg ut eit kort på Bjørlo, men det var eit framandkort så eg
måtte vente til kl.14 før eg fikk kjøpt det. No kom det meir regn mens
eg åt og gjorde meg klar, så når eg tok laust så hadde det letta opp og
det hang lakseskodda i alle fjella rundt, noko som boosta fisketru enno
eit hakk. Parkerte nede ved Måløyhytta og fiska meg nedover. Alt ved
Dynga hadde eg svettebråt og dermed så prøvde eg der, men det var ikkje
noko. Men var alt så svett at eg måtte kaste jakka. Helljå gav heller
ikkje fisk ifrå seg i dag. Nede på Øyrane traff eg ein annen fiskar og
vart pratande ei god stund før eg fiska over med både makk og fluge, men
det var heilt dødt.
Når eg kom ned til Daniel så gikk eg over med
fluga først, men dødt. Bytta så til makk og hadde akkurat begynt framme
når det kom to karer på Alsaker, fiska meg nedover imot hola, mens dei
to karane stod å fiska bakpå hola og nede på Sanden. Var nokre smånapp
foran hola, men var sikkert småkreder. No begynte det å regne igjen mens
eg gikk opp igjen.
Etter
ein pust i bakken ved Måløyhytta pakka eg lett og tok med berre fluga
framover. Fiska først Ny-Ledet, så gikk eg i Linja før eg kom ned i
Hjellehølen. Denne fiska eg over 2 gangar med ei god pause mellom, men
hverken såg eller kjente noko. Prøvde så i Forbygginga, det var ein
skvett langt bakpå og bortpå i det ein mindre aure bomma på fluga, men
ellers var det heilt dødt også her. No var eg klisj våt og svolten, så
labba meg ned igjen i regnet og køyrde fram igjen. Det fortsatte å regne
og skodda låg tjukk heilt ned, så eg holdt meg i vogna og satsa heller
på morgenkortet på Staten.
|
11.07 |
02-14
Staten Eidselva |
Når eg la meg etter fotballkampen der U19 gikk
til semifinale i EM så var det kome 4-5mm regn. Klokka 01 vakna eg av at
alle himmelens sluser åpna seg. Det samme skjedde kl.03 og kl.04. Eg
stod opp når klokka var 05, men det dropla enno så stressa ikkje til
tross for flo kl.06. Det begynte å lette like før kl.06 når det hadde
kome 22mm nedbør, så då gjorde eg meg klar og var komen i elva kl.06.30.
Elva hadde no lett cognacfarge og floa gikk
fortsatt fram om brua, men starta likevel foran brua med fluga, så ei
runde med makken, men dødt med begge deler.
Gikk så fram og fiska fremste hølen, men her var
det berre aure som plukka. Prøvde Hesten på vei ned igjen, men også her
var det berre kreder som plukka.
Hadde
egentleg gitt opp, men slengde eit kast til bort bak bakevje og i det eg
kom i botn så nappa det hissig. Eg letta stanga raskt men forsiktig sia
eg tenkte det var ein aure til. Søren fisken vart fast, men den kjendes
ikkje så stor ut, så var sikker på at det var ein aure. Eg begynte å
krype meg ned plastringa for å kunne håve den, men fisken var slapp og
den låg og vaspa oppi. I det eg drog den inn i håven såg eg at dette
ikkje var ein aure, men derimot ein micro-tert. Fisken hadde stått i
elva ei stund og hadde lett lilla skjær, og var dermed lusefri. Laksen
var berre 47cm og vog berre 680g.
Fiska så over foran brua igjen med fluga etter å
ha sett ein fisk der ifrå brua, gikk så nedom brua og fiska renna, det
var ein fisk oppi bak fluga når eg drog inn ekstra fort, men den kom
ikkje igjen. Fortsatte nedover til Ladehølen, men her var det dødt. På
vei fram igjen var eg bortom brua, men no var elva så brun at eg ikkje
såg noko.
Gjentok samme prosedyre med makken, foran brua,
så renna og her tok ein mindre aure på ca.35cm som vart satt enkelt
tilbake då den berre hang fint i leppa.
Drog over ein gang til med fluga, men som før
var det dødt. No begynte det å kome så mykje Cruiseturister som labba
rundt over alt at eg berre pakka sammen og gav meg.
|
12.07 |
14-02
Bjørlo Eidselva |
Denne natta hadde det regna 14 nye millimeter,
så vi håpte på gode forhold og mykje ny fisk, men så feil kan ein ta.
Eg for i elva like etter kl.18 når eit skikkeleg
regnskur var over. Starta på Pinå og etter nokre få kast så drog det i
flugesnøret, eg slapp lausbukta og løfta stanga, men då var der ikkje
noko. Mens eg stod her å fiska i flott motsol så kom plutseleg Endre
vadande over elva heilt bakpå pinå. Etter å ha fiska over hølen med
fluga så prøvde eg nokre kast der eg var borti fisken med makken, men
sleit etter ei stund så då gikk eg ned i Reitehølen for å sette opp
leir.
Endre hadde tatt med feil stang så han gikk heim
å henta den rette pluss eit par andre ting. Så gikk han fram på Pinå
mens eg gikk nedover. Endre var også i fisk på Pinå, men mykje lenger
nede, og seinare fikk vi vite at enno ein fiskar var i fisk på same
plass, men ingen fikk dei fast.
Eg fiska Leirhølen med makk, så øvre og nedre
Ny-Ledet med fluga og deretter med makk, men det var dødt så eg gikk opp
igjen. Møtte Endre på veien, som ville fiske seg ned til Hjellehølen.
Eg fiska Reitehølen eit par gangar, men Endre
kom ikkje opp igjen, så eg pakka sammen og gikk opp i øvre for å rekke å
prøve makken før det vart mørkt. Fiska
Granhølen på veien, men det var dødt. Fiska så nokre få kast med makken
i Kastehølen før det vart for mørkt. Fiska så Svarthølen uten å kjenne
noko, så fiska eg innløpet på Kastehølen og no hoppa det ein stor fisk,
men eg kjende ikkje noko av den. Så kom ei regnbyge før eg fiska
Utfallebakkane med fluga, men det var dødt. Det drog ut før Endre kom
oppover så eg fiska innløpet ein gong til. Klokka var no snart 01.30 når
Endre kom. Han fiska over Svarthølen, mens eg tok innløpet igjen. Etter
dette prøvde Endre Utfallebakkane, men no hadde det vore heilt dødt sia
det regnet passerte. Vi gav oss kl.02 når kortet var over.
Dagen etter vaska vi kameralinsene og tok på
land båten før Malakoff, før eg for fram igjen og pakka sammen. Men det
regna trollkjerringar så fikk ikkje pakka i bilen før kl.23, så var
ikkje heime før kl.01.
|
15.07 |
18-23
Sande Driva |
Fredag plukka eg opp Lilly og køyrde ho ut i Gjerdsvika for ei veke
ferie med farmor, mens pappa skulle på den årlege fisketuren til Driva.
Utsiktene var flotte med mykje regn på Oppdal i vente. Køyrde nord igjen
for å pakke inn i bilen og ringde Inge når eg såg han ikkje var heime.
Nei, han hadde pakka i går og køyrd direkte til Molde etter jobb. Så
avtalte å møtast på Sportsbutikken kl.10.10. Tok 8-ferja og såg Sindre
og Nils kome ifrå Solevågen når eg passerte der. Dermed for vi i samla
flokk med unntak ifrå Per Magne Bjørdal som kom på ferja bak oss over
Moldefjorden.
Vi installerte oss i leilighet på Trædal i år sia
det var fullt på Furu Camping og Laksevald der vi har brukt være før.
Virka heilt greitt her, og veldig praktisk med eget toalett og dusj. Så
bar det bort i sentrum for middag og handling av diverse nødvendigheter
før det var tilbake å desinfisere og rigge utstyret. Vi fikk også med
oss slutten på dagens TdF-etappe før vi for i elva.
Elva hadde
vore oppå 150 kubikk før på dag på Elverhøi, men var på vei ned, rundt
115 kubikk sa målingane, men det var veldig fin farge enno, truleg på
grunn av raset som gikk i forrige veke.
Valget falt på Sande Elv,
mens dei tre Ørstingane gikk for Kleivhølen. Vi rigga ferdig og spesielt
Inge hadde ein del rigging igjen, så eg gikk fram og starta i Tvisthølen
med makk. Det var litt småplukking i midtre del så usikker på kor stort
det var, men godt bakpå hølen drog det betydeleg betre. Først halveis
ned, så heilt ned før den slapp, så kom den igjen og drog stanga heilt
ned igjen og då var eg ganske sikker på at den sat. Men når eg letta
stanga så var der ikkje noko. Like bak brekket sleit eg alt så gikk opp
til bilen for å rigge på nytt.
Ein av dei lokale gikk ut foran meg
når eg var midt i Tvisthølen, og når han kom ned imot trappa på
Kleivhølen så tok ein fisk på 2kg. Han trudde det var ein pjakk og drog
den opp på steinane, samt at han skyvde den opp i graset med føttene,
men ved nærmare sjekk så vart han usikker og satte den ut igjen og
rapporterte den som sjøaure.
Litt etter beit det på makken til Nils heilt nede på hølen. Vi fikk
vinka over til Per Magne som gikk nedover. Men det var langt og Nils
køyrde fisken godt, så Per Magne rakk akkurat ned når Nils berga laksen
opp i grusen. Der var bratt så greitt å få hjelp med å kome seg opp på
baren i alle fall. Fisken var ein flott
laks på 87cm og 6,0kg. Fisken var ikkje heilt nygådd og uten lus, men har
truleg stått nedanfor på Sone 1 og venta på forhold til å gå. Det var
tydeleg at det var fisk på gang så vi fikk alle god tru.
Inge
hadde somla med rigginga, lagt på nytt snøre på nyestanga han kjøpte i
Molde, og drukke kaffi lenge, men når Nils fikk fisk så tok han
flugestanga og vada seg uti for å prøve. Og allereie på femte kastet beit det hardt
og brutalt. Inge hadde bremsa alt for slakt stilt så fisken raste ut og
nedover, og for med 50m line før Inge fikk tatt tilbake kontroll igjen. Heretter var det
grei skuring å køyre
fisken, sjølv om den var seig å få inn til lands og den gjorde fleire
korte utras. Eg møtte opp med håv og kamera for å bistå om nødvendig, men her var
det flott å dra fisken frampå steinane, så Inge gjorde det og ordna alt
på eiga hand. Laksen var
ein flott hannfisk på 80cm og 4,32kg. Også denne var lusefri, men var
blankare enn den Nils fikk nokre minutt før så den hadde nok ikkje stått
veldig lenge nedanfor.
Når
eg starta i Tvisthølen så hoppa der ein stor fisk veldig langt framme,
så når Sindre gikk framover der mens eg fiska Tvisthølen så jaga eg han
framover kvar gong han ville stoppe, heilt til han var godt foran der
fisken hadde hoppa. Sindre var borti mange småkreder, men på andre
overfar, like etter at Inge hadde landa sin fisk så beit noko større.
Like etter kom eit brøl over elva i det han ropte på hjelp. Nils som sat
i bua "sprang" fram og det var mykje styr såg vi ifrå andre sida. det
som hadde skjedd var at Sindre hadde lagt på ny sene og hadde vore litt
raus med mengda slik at når han slo til så ramla sena nedover spolen og
drog seg inn på akslingen. Så når Nils kom så måtte han køyre fisken med
hendene, mens Sindre tok av spolen og fikk av dei 30 viklingane rundt
akslingen før han kunne sveive innpå slakka og overta køyringa av fisken
igjen. Fisken var seig, men til slutt fikk dei dei opp i fjøra og fikk
landa den. Laksen var ikkje nygådd, men hadde derimot stått ei stund og
fått litt farge. Lengda var 90cm og vekta var 6,3kg. Dermed hadde vi
fiska i berre 1,5t og fått 3 laksar og vore borti noko til.
Vinden hadde vore trassig heile kvelden, men det vart ikkje betre utover
så når fiskane hadde passert så bestemte vi oss for å sjå om vi fant ein
roligare plass.
|
15.07 |
22-23
Mettiøra Driva |
Vi tenkte at det kanskje var roligare på nedre Mettiøra og Strømmen sia
elva der vert 90° i forhold til Sande, og det stemte, her var det lite
vind. Vi gikk heilt fram i innløpet og prøvde, her var det skikkelig
flott å fiske med fluga, men vi kjende ikkje noko. Eg starta med makk
ved linja som kryssar over der elva rettar seg ut og det var fisk bortpå
og drog i makken inne i landbakken, men den ville ikkje ta skikkeleg. Eg
flytta så nedover og fiska Strømmen med makk, men kjende berre småkreder
om noko i det heile. Inge fiska over utløpet med fluga, men med same
resultat.
Sindre hadde fiska vidare der framme som han fikk
fisken og mista på kvelden ein laks på same plass. |
16.07 |
08-12
Sande Driva |
Været
var som i går, varmt og solfylt med 25 grader. Elva er fortsatt på
nedadgåande og var nede på 105 kubikk når vi starta. Steig utover
formiddagen og var oppe i 122 kubikk når vi gav oss.
Igjen vart det Sande på oss, no var vi aleine, men det var vindfullt
også i dag, så vi sleit med fluga, og heller ikkje var det noko å kjenne
på makken utover same smånappinga i Tvisthølen som dagen før.
Ørstagjengen prøvde seg i Kleivhølen i dag også, men her var det stille så dei
flytta i 10-tida ned i Sjøllandstraumen. Her fiska dei bakpå hølen og
det var småkreder som nappa over alt, men til slutt fant Sindre noko
større som nappa. Og igjen greidde han å holde tilslaget tilbake og fikk
kroka fisken. Etter ein kort og grei match så kunne han lande ein laks
på 72cm og 3,5kg. |
16.07 |
12-13
Sj.strøm Driva |
Eg prøvde nokre få kast med fluga i øvre, men det var alt for mykje vind
uten vadebukse så ein kom seg godt uti. Så eg gikk
nedover til Ørstingane mens eg fiska over, men var ikkje noko anna å kjenne
enn småkreder. |
16.07 |
19-20
Sj.strøm Driva |
Elva
var komen opp på 140 kubikk, men elva var klarare enn i går.
Var altfor mykje vind så eg gikk for makken på nedre del,
men eg kjende ikkje nok anna enn yngel. På vei fram igjen måtte eg søke
ly for pøsregnet. Nesten framme igjen møtte eg Inge som ville prøve
fluga på nedre. I øvre var det kome ein gjeng som hadde selskap i bua,
så eg vart sittande der å kope. Var ut å prøvde ein gong mellom
regnbygene, men det var dødt. Var skiskkeleg grisete i bygene og det
gikk rokarar ned elva, så når Inge kom fram igjen så for vi vidare. |
16.07 |
20-22
Postmester Driva |
Som vanleg i denne dalen så varierer vinden ekstremt mykje, og nede på
Sone 1 så var det mykje roligare.
Eg starta først i Postmesteren og fiska meg nedover. Når eg kom litt
nedpå så såg ein fisk hoppe i innerkant av hola nedanfor kraftlinjene.
Når eg nærma meg den plasen så drog det forsiktig i fluga, eg venta og
fisken drog enno litt meir før den slapp, så kom den igjen og drog lett
i fluga, men når eg då letta stanga så var den vekk. Ellers var det dødt
både med oss på fluga og Ørstingane som gikk med makk. |
17.07 |
13-16
Sande Elv Driva |
Vi vart sittande godt utover kvelden etter at vi kom heim, så vi sov til klokka var nesten 12.
Elva var no nede på 112 kubikk, været var litt gråare, men like
vindfullt. Køyrde igjen på Sande og i dag var vinden betre, men elva
hadde klarna veldig opp. Inge starta framme i Tvisthølen, mens eg starta
på Sande, men vi kjende ikkje liv. Ørstingane var i Litjhølen, men der
var det for mykje vind, så dei kom ned til oss, men kjende ikkje noke
dei heller. Før vi for så bestilte vi pizza som vi
plukka opp på vei heim. |
17.07 |
19-23
Litjhølen Driva |
Elva
fortsatte å falle og var no nede like over 100 kubikk og fortsatt var
det grått og vindfullt.
Vi trudde det var tomt for folk då her ikkje var bil, men var ein far og
son på sykkel, men dei fiska mest i fremste del. Eg fiska over bakpå med
makken, men berre smått over alt. Etter litt kom Sindre og Nils å
prøvde. Dei viste oss at ein også kan fiske midtre del no, har prøvd det
før, men då har det vore umulig for der har vore fullt av røtter osv.
Men no var det heilt flott botn utan henge. Men ingen av oss kjende
noko. Såg nokre fiskar som var oppe, men kjende ikkje noko. Fiska også
innløpet og ned til bua med fluga, men var dødt.
Når vi gav oss
så møtte vi ein svenske i bil i
skogen, dagen etter såg vi på fangstbørsen at han fikk laks 15 minutt seinare. |
18.07 |
07-13
Sande Driva |
Elva
hadde stige litt til 110 kubikk, været var igjen grått og no var det
jevnleg kraftige regnbyger som fauk forbi. Lufttemperaturen hadde droppa
ned til 12-15 grader, så ikkje like triveleg som dagane før. Det var
fortsatt ein del vind, spesielt rundt regnbygene.
Eg og Inge
prøvde alt på vår side, men vi kjende ikkje noko. Utpå morgenen kom
Ørstingane på andre sida, men det var dødt med dei også. Etter å ha
fiska eit par timar ville Sindre gi seg for å ta igjen litt søvn som
hadde snorka seg vekk natta før, så dei pakka sammen. Men samtidig kom
Per Magne for å prøve sluken, så då var Nils igjen mens Sindre for på
hytta.
Nils gikk rett i elva igje og fiska seg nedover, og var ikkje komen
langt når det beit. Køyringa gikk veldig greitt og etter ein god fight
kunne Nils lande ein flott laks på 84kg og 6,0kg. Fisken var heller
ikkje nygådd og lusfri, men nyare enn den forrige han fikk. Vi prøvde
det meste, men det var mykje vind så vi pakka sammen og flytta. |
18.07 |
13-14
Sone 3 Driva |
Det var flo i 12-tida så vi tenkte at det kunne være ein sjanse på sone
2 og 3 om det gikk fisk på floa. Der var ein kar når vi parkerte, men
før vi hadde fått stengene av bilen så kom han gåande over haugen. Etter
litt telefonering med både Inge og meg så starta Inge ved grensa 2-3 med
fluga, mens eg tok med makken og gikk heilt fram til grensa framme på
sone 3. Fiska meg nedover, men det var mykje smått å kjenne, og dei beit
seg faste på sirkelkroken, spesielt på innsveiving. Det kom ein kar
framover og ville prøve sluken, men når eg stod der så gikk han ned til
ny fiskeplasskiltet og starta der. Like etter plukka småkredene igjen
ivrig med meg, men plutseleg var nappinga kraftigare og meir intens.
Eg
letta stanga og jaggu hang det fisk på. Fisken gikk djupt og roleg nede
i djupet og sjølv når den letta seg så var den ikkje oppi så eg var
ganske sikker på at det var ein laks. Når Inge hadde fått sveiva inn og
begynte å nærme seg så fikk eg første glimtet av fisken. Fargane likna
mest på aure så vart usikker, men den fortsatte å gå som ein laks så var
ikkje sikker. Men i det Inge kom fram fikk eg sjå sida og då var det
ingen tvil dette var ein flott sjøaure. Fisken var seig og kjempa godt,
men til slutt fikk Inge håva den. Vi holdt fisken i vatnet og fikk målt
den til 69cm før det var eit kjapt bilde og så var det gjenutsetting. Eg
holdt fisken og gjellane pulserte fint, men fisken var heilt slakk.
Holdt den lenge og begynte å lure på om den skulle dø så eg bevega den
og rista litt i den og plutseleg vakna den og med ein sprut forsvant den
ut i elva igjen. Fisken hadde godt hold og vart anslått til 3,4kg iht.
Elveguiden sin medium tabell. |
18.07 |
18-21
Litjhølen Driva |
Elva hadde vore veldig stabil heile dagen og låg fortsatt på vel 110
kubikk.
Inge hadde leita fram makkestanga, når vi køyrde fram i Litjhølen på
vei-sida, og på andre kastet satte han blegg fast. Han prøvde å løyse,
men måtte slite blyet. Når det slitna og han begynte å sveive inn så
hang det på fisk, ikkje den største, men likevel ein fisk. Vi trudde det
måtte være ein liten aure, men når eg håva den så såg vi at det var ein
pjakk på 54cm og 1,2kg. Eg fiska meg nedover for å sjå korleis
Rønningen var, men det var grunt. Det vart djupare bakpå, men her er det
heilt gjengrodd. Gikk gjennom skogen og ned på grusøyra for å sjekke
samløpet nedanfor Litjhølen om det kunne være ein god plass, men her var
det veldig straum og heilt slett botn, så her stopper ikkje fisken opp. |
18.07 |
21-23
Sande Driva |
Inge treiv makkestanga og for fram i Tvisthølen mens eg gikk over Sande
med fluga. Ikkje såg vi noko og ikkje kjende vi noko. Eg bytta til
makken og fiska Tvisthølen til eg sleit alt bakpå hølen. Inge fiska seg
nedover heile Sande, men sleit alt bakpå. Etter å ha knytt opp så ville
han fiske vidare ned til Sandebolkane, men her var det folk, så han kom
fram igjen. Etter kvart pakka vi sammen og tok kvelden. |
19.07 |
07-09
Sj.neset Driva |
Elva hadde falt enno meir,
var no komen under 100 kubikk og hadde klarna veldig. Været var roligare
med overskya og lite vind.
Allereie etter nokre
få kast så drog det i snøret mitt, men fisken var forsiktig og sjølv om
den drog godt så vart den ikkje
fast. Prøvde fleire kast til i same området, men den kom ikkje igjen. Eg
fiska meg vidare nedover og når Inge var komen litt lenger ned enn der
det beit med meg så beit det på makken til Inge, og denne
vart fast. Etter ein kort og grei kamp kunne vi håve ein fin aure på
55cm og 1,6kg som kjapt vart satt ut igjen. Den var merka med eit grønt merke med nummer 2771.
Etter dette var det dødt i snøret, men det hoppa både laks og aure, og
det var tydeleg at det kom opp fisk på begge sider mens
vi var der. Men Inge meinte vi nok var for seine og at dette berre var
slutten på ferda, så han ville flytte litt framover. |
19.07 |
09-15
Sande Elv Driva |
Eg starta med fluga på Sande, mens Inge starta med makken i Tvisthølen,
men det var veldig dødt, sjølv om Inge fiska seg heilt ned til
Sandebolkane. Klokka 11.45 beit det med ein kar i innløpet på
Kleivhølen, fisken vart køyrd og han hadde den nesten inne til berging
av ein annen kar. Plutseleg vart han i vatnet kalla opp og gitt stanga
mens fiskaren tok tak i snøret og begynte å dra fisken inn. Det gikk som
det måtte gå, fisken falt av og var borte vekk. Likevel vart fisken innmeldt
som ein aure på 5kg. Inge fiska etterpå heile strekket med makk og var borti fisk
kl.12.45 midt i Kleivhølen på Sande-sida, men dei vart ikkje faste. Like
etter ca kl.13 vart ein laks tatt foran Kleivhølen. Ein flugefiskar på
vår side gikk fram i Tvisthølen for å prøve om der var fleire fiskar som
gikk, og det var der og etter berre nokre få minutt beit det, dessverre
mista han fisken. |
19.07 |
Eg vart berre dårligare i magen, fikk litt feber og tenkte det var best
å være heime i leiligheita på Trædal, mens Inge for i elva i 18-tida.
Han fiska Kleivhølen og var over for å fiske Sandebolken, men her var
opptatt. Han prata der ei stund og så snakka han ei stund med Endre mens
han holdt oppsikt i Postmesteren. Var 3 fiskar som hoppa, men han orka
ikkje prøve, så han var heime kl.22. |
20.07 |
07-09
Sande Elv Driva |
No
var elva komen ned på berre 84 kubikk, og draget var begynt å minke.
Inge gikk fram og fiska Prestelva, hølen var fin, men litt trassig å gå
oppe i forebygginga å kaste fluga.
Eg fiska Sande med fluga og
håpte at jomfruhøl skulle gi fisk, men det var dødt
begge plassar. Etterpå fiska eg Tvisthølen med makken, mens Inge for ned
å fiska
Sandebolkane, men det var også i desse hølane dødt, så vi pakka sammen og flytta på
oss for å sjå om vi kunne finne fisk ein annan plass. |
20.07 |
09-14
Kiklingbrekk Driva |
Då var været litt lettare, starta i full oppdressing, men etter første
runda rauk jakka, på andre runda rauk feltskjorta og siste runda gikk eg
i berre T-skjorta.
Vi kom samtidig med at ein tyskar starta å fiske
langt framme. Eg gikk godt nedom han og starta, mens Inge skvisa seg inn
imellom oss. Etter nokre minutt beit det med tyskaren. Inge gikk fram og
hjalp han å berge ein flott pjakk på 2kg. Vi fiska oss vidare, men det
var ikkje noko å kjenne for oss.
Eg gikk ut igjen på toppen og
fiska meg nedover. Alt var rolig til tyskaren foran kom ned på grensa
ved Mettiøra, då beit det igjen med han. Han glei akkurat når fisken
tok, så han fikk inn eit skikkeleg tilslag. Det var ganske langt ned, så
eg fortsatte å fiske mens han køyrde fisken og drog den frampå grusen.
Når han skulle ta fisken så glei han igjen og datt bakover. Mens han kom
seg på beina igjen så sprala fisken seg uti elva igjen. Men den sat godt
og han kunne plukke opp stanga og dra den innpå land ein gong til, og no
gikk alt bra under landinga av enno ein flott pjakk på 2kg. Vi fiska oss
nedover, når vi la merke til at det vart landa ein laks oppe i
Kiklingbrekkhølen, men vi kjende ikkje noko.
Etter igjen å ha
bytta fluge så var det ei ny runde. No hadde det kome ein kar til som
fiska med fluga, mens tyskaren hadde pakka sammen. Eg kom eit godt
stykke bak han nedover og igjen var det rolig, men når han nye var komen
ned på Mettiøra så synes eg han stod så rart og såg berre nedover. Fiska
meg nedover, men såg han ikkje kaste, og han stod fortsatt utpå baren og
såg nedover. Stanga var bein, men etter kvart gikk han litt oppover og
no fikk han fisken meir utfor seg så no såg eg at stanga var bøygd.
Forstod då at mistanken var korrekt, han hadde på fisk. Tenkte at då
hadde han køyrt lenge på den så det var liten vits å sveive inn berre
for å ikkje rekke ned før den var på land. Men fisken var seig og det
gikk nokre minutt før han kunne dra ein flott laks på 6,5kg fram på
grusen. Fiska over heilt bak til utløpet, men det var ikkje noko å
kjenne.
No hadde det kome ei dame også inn i køa, og sola varma
så svetten rann og svolten var begynne å gnage, så vi tok å pakka sammen
og gav oss for formiddagen. |
20.07 |
18-22
Torva Driva |
Det
var ny bunnotering på vassføringa med 80 kubikk og vi lurte på kvar vi
skulle prøve og sia det var siste kvelden vi hadde sone 1 så vart det
Torva. Det stod heller ikkje bilar som såg ut som fiskarar, men før vi
var klar var det komne 2, men vi var usikre på om dei skulle fiske. Når
vi kom ned så var det knappe 2 timar til fjøra. Inge starta uanfor bua,
mens eg måtte rigge litt, og før eg var klar så hadde dei to vi såg kome
kmne ned for å banke med sluken. Eg gikk fram til der hola startar, men
det eg ikkje tenkte på var at der var eit ny fiskeplasskilt i forkant av
øya. Så når han som alt fiska ved skiltet gikk nedover og han neste kom
så gikk han ut rett foran meg, og dermed så hadde vi 2 slukfiskarar
mellom oss. Det hoppa fisk først bakpå, så midt i hølen før det var oppe
ein i innløpet, men dei var heilt over på andre sida. Eg fiska meg ned
til bua, mens Inge fiska seg litt nedpå flata. Slukfiskarane fortsatt
omtrent like langt ned som Inge hadde gjort. Etter ein kaffi kom regnet
og dei to slukfiskarane gav seg.
Det
vart mykje vind og meir regn så eg sjekka Yr og der var det utsikter til
regn i ein time etter radaren. Så når vinden gav seg litt så kneppa eg
regnjakka igjen og gikk ut, og ikkje lenge etter gav regnet seg og det
vart kveldens beste forhold. Eg fiska meg omtrent like langt ned som
Inge hadde fiska seg sist, men det var heilt dødt. Inge fortsatte vidare
nedover og når han kom nedom der slukfiskarane hadde vore så begynte han
å sjå fisk og det var fleire som drog forsiktig i snøret, men han
greidde ikkje å få dei faste. Noko som sikkert var like greitt for han
trudde det var aurar. No var floa koma opp til der ho var når vi starta
og ho steig fort og alt drag forsvant så vi pakka sammen. |
21.07 |
09-13
Kleivhølen Driva |
Eg sov godt frampå så vi var seine i elva, men
då hadde elva fått sjanse til å stige og var komen opp på 92 kubikk
igjen. Kleivhølen var ledig så
vi satsa der. Været var litt lettare, men det regna jevnt og trutt framme i dalen,
og nokre småbyger var det også her. Men til tross for fisking i heile
lengda og stigande elv så var det heilt totalt dødt. Det dårlige fisket
gjer at vi kanskje ikkje står på all verden, men det vert kompensert med
mykje prating og kaffi. |
21.07 |
18-23
Kleivhølen Driva |
Inge for ein tur kl.16 mens eg såg på TdF. Han fiska Sandebolken,
Sjøllandsstraumen og sone 3 uten å sjå eller kjenne noko.
Det
hadde vore litt meir regn framme i dalen igjen og elva bikka over 100
kubikk i det vi starta og over 105 kubikk før vi gav oss. Etter å ha
henta meg kl.18 så for vi i Kleivhølen. Det var jevnt med regnbyger, men
ikkje så mykje vind, men det auka litt på utover kvelden. Her fiska vi
heile kvelden, til klokka var vel 22. Det var heilt dødt, sjølv om det
var opptil 7 flugefiskarar i sving på begge sider. Inge såg ein pjakk
hoppe heilt bortunder Sande, ellers var det ingen hopping.
Før vi gav
oss var vi bortom Sandebolken der Inge fiska over med fluga, men det var
ein forferdeleg sur og kald vind opp elva, så vi kunne ikkje verte
ferdige fort nok. På vei over på andre sida køyrde vi fram via
Kiklingbrekkbrua og på vei ned igjen så kommenterte eg at det stod folk
på Strømmen sia ein ikkje ser der folk så ofte. Når vi var vel
innomhuses så sjekka vi laksebørsen og såg at han som stod der hadde
fått ein laks på 16,3kg omtrent akkurat idet vi passerte. Og om ikkje
det var nok så vart det tatt ein på 14,3kg i Litjhølen dagen etter, mens
vi fortsatt hadde kort, men var på vei heim.
Eg hadde rekna med
at Inge ville prøve siste morgenen også så eg var overraska når han
fortsatt sov når eg stod opp kl.08. Surra rundt på do, dusja og var midt
i frokosten når Inge kom inn og ikkje såg heilt ut som han visste kvar
han var. Så satte han seg i sofaen og duppa av igjen. Lurte på om han
ikkje var heilt i form og det kunne han bekrefte. Ikkje ville han ha
kaffi ein gong. Så eg rydda og pakka, og etter kvart kom også Inge i
gang med mykje pæsing. Eg vaska og rydda og så bar det bort å sjekke ut
og desinfisere før vi starta på veien heim. Inge skulle rett til Eid for
å få kort før helga, men når eg var ut i Gjerdsvika å henta Lilly så
stod bilen heime. Sjekka søndag korleis det gikk med forma og fikk
tilbake at det gikk betre og at han for innover mandag morgen. Mandag
ringde han og sa at han satte makken i kjellaren for han trudde han kom
til å verte innlagt på Volda Mekaniske, og det vart han og der vart han
nesten ei veke før dei fann antibiotika som virka. Men han skulle holde
seg rolig heime ei veke i alle fall. |
27.07 |
16-20
Svinøy sør |
Så
skulle eg for første gang være med på Størja. Atle hadde plukka opp at
det var sett ein stim ved Fedje og dei hadde også vore i kontakt med ei,
men mista den. Det var også i desse tider det var observert fisk her i
fjor. Så ville han også prøverigge slik at ting er klart til sjansen
vert større.
Vi hadde avtalt denne dagen, sia meldingane var bra,
men været var ikkje så bra som spådd, så eg hadde ikkje trua på at det
vart, men plutseleg kom det melding og det var berre å hive seg rundt.
Eg var ein god halvtime bak original plan sia eg måtte gjere meg klar,
Lilly sat å åt og eg måtte i Gjerdsvika med Lilly. Men det gikk bra for
dei var ikkje klare når eg kom. Vi fikk rigga ferdig og var lause
ca.kl.16.
Det var litt vind på vei utover, men innanskjærs var
det ingen problem. Når vi var nord av Klovholmane så satte vi ut vegna,
3 slep, eit på kvar side og eit større i senter. Vi sikta oss litt sør
av Svinøya og seig utover med fin dorgefart. Etter kvart som vi kom klar
av land så tok sjøen seg opp og til slutt så la vi kursen noko meir
sørover for å få sjøen meir bakfrå. Vi gikk oss sør til vi var på høgde
med Kvamsøya før vi svinga rundt og starta imot igjen. Vi humpa oss
nordover i ein god time før vi var komne mellom Fausken og Skorpa. Her
gikk vi oss frampå ei pjakk som skvatt unna baugen før vi svinga oss
innover igjen og begynte å ta inn vegna. Det hadde vore ein humpete tur
uten tegn til Størja, men likevel spennande. |
29.07 |
14-02
Bjørlo Eidselva |
Leverte
Lilly til Ly på laurdag morgen, men sia eg ikkje rakk trekkinga så fikk
eg Vebjørn til å være stand-in og fikk kort på Bjørlo. Elva var vel 20
kubikk og været var varmt og nydeleg så eg orka ikkje fare ned tidleg.
Sindre Mo for ned i 15-tida og fiska midtre og nedre, men kjende ikkje
nok. Eg datt inn i damenes TdF så klokka var 19.30 før eg var laus. Eg
hadde fylt med på radaren og såg at det nærma seg eit torevær ifrå
søraust, men håpte at det som vanleg ville stoppe ved Nordfjorden. Eg
gikk ned på Pina og såg at himmelen var heilt svart framme på vatnet, og
i det eg drog snøret av einhandsstanga så kjende eg første dråpane.
Fiska meg fort nedover, men elva var stor og regnet auka fort, så eg gav
meg kjapt og gikk skogen ned til Reitehølen for å søke ly. Her var
karane ifrå Solbakken og vi sat å preika mens regnet hølja ned og det
tora og lynte i 1,5t. Etter Yr skulle det regne ein halv time til så
karane gikk, og då tok eg også på meg regnjakka. Allereie før eg var
komen i elva lysna det og regnet roa seg.
Sia
eg no var aleine så gikk eg ned for å fiske Reitehølen. Første kastet
traff eg ein oppstraum og kom aldri i botnen. Neste kast var betre og
makken dansa fint nedover botnen. I det eg kom bak på brekket så nappa
det og eg slo til. Fisken hang og kom oppi og skvetta og la seg på
straumen. Aure tenkte eg først, men så roa den seg og gikk djupt. Den
var tung å holde og enno værre å få framover, sakte men sikkert kom den
sigande fram i hølen. Her gikk køyringa veldig greitt og etter eit par
minutts fight kunne eg håve terten på 56cm og 1,6kg.
Fiska vidare
i Reitehølen med makken, men kjende ikkje noko meir. Gikk så opp igjen
på Pinå og fiska over den med fluga, men der var det dødt sjølv om eg
fiska meg bak steinen. Prøvde så makken vidare bakover nokre få kast,
men det var stille. Var tenkt meg fram i fremste, men eg var veldig
sliten og slakk så eg var ikkje sikker på om eg orka. Var også usikker
på om skodda kom no når regnet hadde gitt seg, så eg tenkte på både å gå
ned igjen i Reitehølen og fram til Jo-utstikkaren, og det vart det
siste. Fiska over, men det var ikkje noko å kjenne, og før eg hadde
fiska over så låg skodda tjukk frampå marka. Då forsvant siste trevle av
lyst til å fiske meir, så leita fram haudelykta og begynte opp skogen.
Vel oppe i bilen leita eg opp eit par skiver og ein iskaffi og då
vakna eg til igjen. Lurte på om skodda også låg tjukk nede på Sanden, så
køyre ned å sjå. Oppe i skogen var skodde grauttjukk, så hadde dårleg
tru, men når eg kom ned så var der null skodde og ein liten trekk. Så
tok med enhåndsen og gikk bort og gikk over både innløpet på hola og
Sanden, men strekket var akkurat fiska ifrå Alsakersida, så var ikkje
noko å kjenne. Hdeime sjekka eg måleglaset og det viste 12,5mm. |
30.07 |
14-02
Kvien Eidselva |
Det var meldt regn og torden også i dag og på radaren bygde det seg opp
aust om fjella og kom lurande over Strynefjellet. Så tenkte at eg skulle
ta eit overfar før regnet kom i tilfelle det vart skodde som dagen før.
Eg starta i Hammarshølen ca.kl.15. Fiska først over med fluga, så med
makken, men det var heilt dødt. Såg no at det var skikkeleg mørkt framme
i dalen så tenkte at det var best å ta ei pause. Pakka sammen og sjekka
radaren og den sa at det kanskje skulle være opplett ein halv time til.
Ok då tenkte eg at eg går fram i Moahølen, for der kunne eg følge med
framover dalen og passe på når regnet kom.
Starta i Moahølen med
fluga, men det var ikkje noko som kjenne, så eg bytta til makken. Regnet
kom nærmare og det begynte å drople litt lett. Etter eit par kast så var
noko bortpå å plukka midt i hølen bortunder land, men eg fikk det ikkje
fast. Kasta eit par kast til før det igjen var noko bortpå å plukka, men
igjen lurte fisken meg.
No
sa eg 2 kast til, men på andre var det fisk bortpå og regnet roa seg
litt, så eg kasta igjen. No la snøret seg rundt ein stein på grunna og
når makken svinga inn så var noko bortpå å plukka. Eg slo til, men ting
var rart sia snøret låg rundt ein stein, så eg var usikker på størrelse.
Eg sveiva fisken framover og til slutt løysna det. Fisken gikk vidare
framover og var sprek. Eg trudde eg skule få den over grunna, men den
snudde ned igjen. Regnet auka på når eg køyrde fisken. No kom den over
grunna og det gikk fort å få den inn og opp i håven. Terten var ein
kjempeflott, heilt sølvblank fisk uten ei lyte av noko slag. Lengda var
53cm og vekta var 1,3kg. Bar den opp til bua for å prøve å søke ly sia
det no hølja ned, men den hadde svalt kroken, så klipte av og fikk hengt
opp fiske, pakka sammen og treiv alt og sprang. Fikk ei lita pause oppe
i veien der eg kunne søke ly under eit tre, men var ganske våt før eg
kom meg inn i bilen kl.17.05.
Etter
eit par timar med regn så begynte det å lette, så eg kledde meg om og
for i elva. Tenkte at forholda var ganske like som før regnet, så gikk i
Moahølen og tok makken. Men no var det heilt dødt. Gikk framover og
fiska Hylla, men også her var det dødt. Såg det var Vebjørn som fiska
Fossen så eg gikk fram dit og preika ei heil stund. Fiska meg nedover
ifrå grensa og var borti fisk bak steinen like nedanfor grensa, men den
vart ikkje fast og ikkje kom den igjen heller. Vidare nedover var det
dødt sjølv om eg fiska meg ned om Moahølen.
Klokka nærma seg tida
når det mørkna, og det var regn på vei, men tenkte eg ville prøve Flata
sia eg ikkje hadde vore der. Prøvde først fluga, men det var dødt. Tok
så makken og då beit det ganske kjapt ved god-steinen. Fisken rulla i
overflata og slapp seg nedover, fikk holdt den igjen og lirka den litt
framover, men den raste ut eit par gangar og svinga seg nedover. Det
kjentes ut som ein større aure, men var veldig usikker på størrelsen. Eg
greidde ikkje å holde den over brekket og den bikka over kanten. Holdt
det eg turde og hadde ingen ønsker om å følge den nedover. Etter kvart
kom den sigande framover imot steinane bakpå brekket. Plutseleg vart det
heilt dødt, så nappa det litt og eg forstod at blyet hadde festa seg
mellom steinane. Eg stramma opp og fikk løyst blyet, men då var fisken
alt vekk. Prøvde ei stund til, men det var ikkje meir å kjenne. Fortsatt
hold verste regnet seg unna, og eg tenkte at eg skulle uansett heim så
fikk tåle nokre dråpar.
Gikk
derfor ned på Svadet og fiska Endre-hølen, men der var det dødt. Prøvde
så oppe på Svadet. Etter eit par kast så drog det seg inn i kanten og eg
sveiva inn. Plutseleg begynte det å nappe i enden og noko sprala baki
straumen. Trudde det var ein liten sjøaure, men så såg eg at den var
heilt gul og forstod at dette kanskje var ein brunaure. Det var ingen
stor kamp og vel i håven så ville eg kroke den av og sleppe den, men
samme som terten før i dag så hadde den svalt kroken heilt ned i magen.
Så då måtte eg ta livet av auren som var ein brunaure med flotte raude
prikkar på 0,82kg og 45cm. Fiska kjapt over nedanfor Svadet, men no
regna det skikkeleg så pakka fort sammen og gav meg. |
31.07 |
22-00
Nor Eidselva |
Dirk
var komen og ville prøve Nor, tenkte det same og køyrde ein tur ned i
22-tida. Hadde ikkje den store trua når eg kom ned og såg
nordavindshausane i toppane, men når eg først var komen i kleda så måtte
eg prøve. Snakka med Dirk som satt utpå murane, han hadde vore borti ein
fisk ved brua, men ellers var det dødt. Fiska først over bakpå, men det
var heilt stille. Så kom ein makkefiskar som fiska raskt over bakpå mens
eg var fram å prøvde framme, men her var elva litt stor og det var litt
for mørkt, så det var vanskeleg. Når eg kom ned igjen gav makkefiskaren
seg og eg venta ein liten halvtime før eg prvde bakpå igjen, men
fortsatt var det heilt dødt, både i enden av lina og på hoppefronten.
Derfor så pakka eg sammen og tok kvelden. |
04.08 |
14-02
Bjørlo Eidselva |
Hadde tatt det rolig nokre dagar for forholda hadde vore dårleg, og
samtidig så fant eg ikkje kort eg ville ha. Men såg det var ledig på
Bjørlo fredag, så møtte opp på Chatlet kl.10 og fikk meg kort. Været var
som siste dagane, men det var kanskje enno meir regn og nordavind. Regna
ikkje noko nede ved elva, men bygene gikk i fjella på begge sider og til
slutt låg skodda nesten heilt ned.
For nedover når klokka var
17.30, hadde tenkt å fiske øvre, men tok ei ny vurdering og konkluderte
med at det var makkeforhold, og då er der lite å fiske på i øvre med så
lite vatn. Så gikk ned i Reitehølen og satte opp base der. Måtte knyte
opp nytt bly og då kom det ei polsk familie på tur. Mens eg fiska hølen
så stod dei på toppen og såg delvis på meg. Men det var ikkje noko som
nappa. Etter 15-20 minutt så fiska eg bakpå hølen når det kjendes ut som
noko plukka forsiktig inne i bakken rett utanfor den store furua. Det
kom igjen eit par gongar, men det tok ikkje så mykje at eg slo til.
Fiska nokre gongar til uten å kjenne noko og til slutt så greidde eg å
sette fast akkurat på kanten. Eg gikk nedover for å løyse, men det sat
skikkeleg og eg måtte nesten heilt utpå kanten for å løyse. Her såg
hølen annerledes ut og det var fortsatt langt bort til steinane på andre
sida, og det såg veldig fristande ut så eg kasta makken borti hølen for
å fiske godt langt borte og langt bak, men allereie midt nede i djupet
begynte det å nappe.
Eg
slo til og var usikker på om det var noko i andre enden eller om det var
fast. Men ganske kjapt svarte det i enden og eg forstod at her var det
fisk på. Eg ville ikkje ha den bakover imot brekket så eg begynte å taue
den framover. Først var den ikkje så villig, men etter kvart kom den
motvillig framover. Framme i hølen hadde den eit par forsiktige små
utras, men den la seg kjapt på sida så eg vurderte den til ikkje for
stor. Men måtte revurdere når den kom inn imot håven, og eg måtte løyse
ut posen på håven. Det gikk bra og når fisken kom inn igjen så fikk eg
håva fisken. Såg det var ein ho-laks så eg lurte på om eg skulle sette
den ut igjen, men den var ikkje så veldig farga. Løfta fisken på land og
skulle løyse ut kroken, men den satt blegg fast i overkjeven. Eg bøyde
og benda for å prøve å løyse fisken, men ikkje tale om, og til slutt så
knakk kroken og då var det avgjort, eg måtte ta den. Laksen var 87cm
lang og vog fine 5,62kg. litt lang, men mulig den høyrde til i
Honndalen, Leivdøla eller ei av dei andre sideelvane.
Fiska kjapt
over Reitehølen ein gang til, men kjende ikkje noko meir. Gikk så
nedover og fiska Rørhølen, Øvre og Nedre Ny-Ledet, Smalehølen, Linja,
Hjellehølen og Stampeelva, men det var heilt aldeles dødt. På vei fram
igjen så prøvde eg i Øvre Ny-Ledet før eg fiska Reitehølen enno ein
gang. No var klokka nesten 22, det var kaldt og skikkeleg surt med
skodde nesten heilt i haudet så eg pakka fisken i sekken og stavra meg
opp igjen i bilen. Det skulle vise seg at det var einaste fisken som
vart landa denne dagen. |
05.08 |
14-02
Bjørlo Eidselva |
Var ikkje heilt i slag så var i tvil om eg skulle ta turen i elva, men
etter litt Ballj til middag så gjorde eg meg klar og for i elva når
klokka var litt over 19. Sia eg fiska midtre i går så vart det øvre i
dag. Forholda var mykje betre i dag, skodda hadde gradvis heva seg i
fjella og låg no igjen berre over 900m. Temperaturen var ca. 17 på dagen
og 13 på kvelden. Det var lettskya og skyene trakk ifrå sørøst
Starta med makken i Granhølen når eg kom ned brattebakken, men det var
ikkje noko å kjenne. Gikk så fram i skjulet før eg fiska innløpet på
Kastehølen med fluga, vod meg rundt og fiska resten av hølen også, men
det var dødt.
Gikk så fram i Svarthølen og fiska den grundig med
makken, men kjende ikkje noko. Gikk rett i Kastehølen og fiska meg rundt
heile den, var ein gong det var noko som kjendes større ut rett utfor
der straumen treff land, men det var så forsiktig at eg ikkje slo til.
Fiska også over utløpet, men kjende ikkje noko der. Såg det stod ein kar
nede på Utfallebakkane og kast blekk. Gikk og satte meg ei stund. No kom
karen fram i Kastehølen og fiska midtre del med meir blekk. Når han var
ferdig tok eg fluga og fiska over innløpet.
På andre sida hadde
karen begynt med fluga og fiska seg bakover imot utløpet. Eg tenkte at
no hadde nok Utfallebakkane fått kvile lenge nok så eg tok med fluga og
gikk ned der. Starta ved rota og fiska meg nedover, men det var rolig.
I
det eg hadde kome litt nedom steinen nedanfor bukta så drog det i fluga
akkurat i det eg letta stanga litt for å starte å dra inn. Fisken kroka
seg dermed sjølv og det var rett i køyringa. Fisken rulla i overflata så
eg var ganske sikker på kva det var med det samme. Fisken fulgte lydig
med når eg taua den framover til bukta. Den gjorde 2-3 mindre utras før
eg kunne dra den over kanten og inn i håven. Fikk sett at den var
lusete, tatt eit kjapt mål som viste 51cm, kroka den ut og knipsa eit
kjapt bilde av auren før eg senka håven og svisj så raste auren ut i
elva igjen. Elveguiden anslo auren til å vege 1,26kg.
Fiska over
ein gang til, men kjende ikkje noko meir så eg gikk fram igjen og satte
meg. Karen på andre sida fiska seg heilt ned på brekket før han gav seg.
Like etter han gav seg var ein fisk oppe og skvala i overflata bakpå
brekket, men virka liten. Klokka hadde no kreka seg til halv elleve så
eg gikk fram i innløpet å fiska over, men kjende ikkje noko. Prøvde ein
gang til på Utfallebakkane, men det var dødt. Satt ei stund og nytte den
nydelege kvelden før eg fiska kjapt over utløpet, men hekta i kanten så
det vart litt surr og om der var noko så vart nok det meste skremt. No
var det nesten heilt mørkt, kneet verka og eg var fornøgd, så eg pakka
sammen og sleit meg opp bratta igjen. Kika på laksebørsen når eg kom opp
igjen at det var tatt 13 fiskar i dag, 9 på fluge og at kl.22.30 var det
tatt ein laks på 3,5kg i Svarthølen. |
|
Eg pakka sammen og reiste heim for å forberede tur til Polen i veka,
mens Inge kom innover for å nytte regnet som kjem i forbindelse med
ekstremværet "Hans" på austlandet. Det enda vel med ca.85mm nedbør hos
oss, så ikkje alverden når det var fordelt på 3 dager.
Inge
starta med å fiske Staten morgenen 8/8, men foten var fortsatt sjaber så
han fiska berre ein times tid. Han fiska også kvelden på Staten sammen
med Vebjørn. Onsdag kveld 9/8 fiska han Staten sammen med Endre og fikk
ein oppdrettslaks på 0,9kg og 48cm. På torsdag morgen fiska Inge Fossen
og fredag fiska han aleine på Staten. Og endeleg klaffa det med vær og
bitt og Inge fikk 2 laksar foran brua, ein på 5,4kg og 82cm og ein på
6kg og 85cm. I tillegg var han nedom Nor av og til å prøvde nokre gangar
og eine kvelden beit det på ei stor fisk utanfor muren. Fisken raste
nedover og Inge som stod neste ute på muren ville vade seg inn å følge
den nedover, men fisken snudde og kom fram igjen, så då måtte Inge vade
ut igjen. Fisken gikk forbi og fram i innløpet før den forsatte opp
stryket. Inge holdt igjen det han turde og fikk snudd fisken som no
begynte å hoppe. Så snudde den nedover og gikk jevnt og trutt dampande
nedover. Inge vod i land og gikk ned på nedre. Men fisken hadde gått
raskare enn Inge trudde og var no komen heilt ned under trea ca.150m
nedpå dammen. Inge stramma opp og begynte å skulle pumpe fisken opp
igjen, men noko var veldig rart for fisken skjena berre over straumen og
inn på grunna. Her var det noko som løysna som om laksen hadde snurra
seg rundt sena. No kjendes ting meir normalt ut og Inge begynte å taue
den framover når fluga løysna. Laksen var ei skikkeleg svart hoe på godt
over 10kg, så like greitt den ikkje vart med inn.
Eg kom opp
igjen fredag morgen og kjede noko smågrums i halsen før eg henta Lilly
og tok ho med til tannlegen. På ettermiddagen ville ho på camping, så
sjølv om det hadde vorte litt meir hosting så for vi. Laurdag morgen var
eg enno meir grumsete og hadde hått litt feber. Inge kom oppom etter
trekninga og prata i 10 minutt før han for heim for å besøke Sindre.
Utover dagen vart eg berre værre, så på ettermiddagen så pakka eg sammen
og vi for heim. Testa meg første på søndag med ein inntørka coronatatest
som gav utslag med vatn før eg fikk nye testar på mandag som også slo
ut. Er nok truleg den nye varianten, ERIS. Lilly fikk det mandag morgen.
Inge for inn igjen og fiska Moen mandag kveld 14/8, men han hadde begynt
å få det han også, så holdt ikkje på lenge. Tirsdag 15/8 hadde han kort
på Bjørlo, men etter å ha prøvd litt på nedre så gav han seg og reiste
heim, sjølv om han hadde kort på Moen 16/8.
Den neste helga,
18-20/8 var fortsatt hosten og snørringa såpass at eg vart heime. Været
var veldig flott med over 30 grader, så sikkert like greitt sjølv om
regnet kom laurdag kveld.
Siste helga hadde eg Lilly og Atle
hadde planlagt Størjetur, så då vart eg heime. Men siste 8 dagane tok
fisket seg godt opp og Endre sprakk endeleg nullen, og det til gangs.
Full kvote nesten dagleg og toppa det med årets største siste kvelden på
ca.14,9kg. Fisken tok på fluge i Reitehølen og gav ein durabeleg fight.
Endre hadde gløymt telefonen og Vebjørn hadde tomt batteri, så dermed så
vart den smellfeite nygådde laksedama satt tilbake uten å verte fanga på
film. |
26.08 |
08-16
Grynnskallen Alsegga Sildestøbotn Stadthavet Vanylvsgapet
Klovholmane |
Igjen skulle vi prøve oss på størja. Det var
gode utsikter for været og størje var observert og fanga for Bremanger
dagen før, så trua var på plass når vi starta klokka 08 ifrå Jensholmen.
Atle sa det hadde vore observert hoppande størjer 50m ifrå flytebrygga,
ute i Røyrasundet. Vi gikk ut Skorpesundet og vestover til vi var cirka
ved Grynnskallen når vi satte ut vegna. Vi fortsatte vestover eit par
timar før det kom beskjed om at det var tatt ei utanfor Honningsvågen.
Vi dreia sørover og seig nedover imot Stadt. Det var bra med liv i sjøen
første timen, men vart roligare etter kvart som vi nærma oss Stadt. Det
gikk sakte mote straumen, men til slutt kunne vi svinge oss innover imot
Honningsvågen og Vanylvsgapet. Nord for Honningsvågen spratt det nokre
makrellar som kanskje var jaga i, men vi såg eller var ikkje i kontakt
med størje. Det var ein del liv i utløpet av Vanylvsgapet, men vi såg
ikkje noko som tyda på at der var det vi var ute etter. Vi seig nordover
til vi hadde passert Skjeggebøya og var komne nord til Klovholmane der
vi sula opp og tok kvelden. Hadde håpte vi både skulle få sett og vore i
kontakt med fisk, men igjen så var det største vi såg eit par laksar som
hoppa. |
16.09 |
11-20
Eidselva |
Det var observert ein del oppdrettsfisk på kameraet siste veka, så Endre
hadde sendt inn søknad og fikk svar på fredag. Eg hadde avtalt å sitte
på med Inge innover for endeleg å få henta ut igjen bilen. Han var klar
tidleg laurdag morgen, men måtte vente til eg hadde levert Lilly på
turnstemne kl.09.30. Vel inne hoppa vi i kleda og for i elva med ein
gang. Inge og Endre med stenger, mens eg måtte være Gillie med håv.
Endre starta i Bruhølen og var borti fleire fisk før han fikk fast ein,
men også denne datt av før landing. Vidare bar det nedover til Malakoff
der Endre fikk fast ein nede ved steinbu. Eg sprang til med håven for å
hjelpe til å lande oppdrettaren. Vi hadde den inn fleire gangar, men den
var seig å få siste biten og til slutt datt den av i det vi nesten hadde
den i håven, skikkeleg surt!
Vi
flytta så opp på Skipenes og fiska Myrahølen og nedover heilt til Hesten
der Inge greidde å få ein oppdrettar på 3,1kg som Gillie Gjerde kunne
håve, slå ihjel og henge opp. Endre var borti ein fisk foran brua, men
fikk den ikkje fast. Så fiska vi Åbrekk, Hildehola, Osen der Endre
fikk ein liten tert, Malakoff igjen, Vereidehølen, Hammaren, Bruhølen og
Hesten der det endelg var napp igjen, og Endre landa ein laks og ein
tert, begge ville som vart satt ut igjen etter å ha avgitt skjellprøve.
Så for vi fram å fiska Fossen før vi røkta trappa. Her hadde ein laks
hoppa over kanten, ellers var der ikkje noko. Eit noko skuffande
resultat når det virka som at det hadde gått ein del oppdrettere og vi
hadde kontakt med det som truleg var fleire av dei. Dagen etter fiska
Inge og Endre over hele nedre del og fikk ein oppdrettar på 4,1kg i
renna foran Skipenesbrua, ellers var det heilt dødt. |
26.10 |
Tor
Aasen fylt 60 år i år og Sindre og gjengen hadde funne på ei original
gave til han, Størjefiske med Atle.
Dei var ute fleire gangar,
men til tross for at dei såg fisk fleire gangar, så sleit med å få dei
til å ta.
Men til slutt, 26. oktober, etter at sesongen normalt
er over, så lukkast dei endeleg. Det var Tommy Jansen og Tor Aasen
som mannskap og Atle Storvik som skipper.
Fisken tok eit par
timar vest av Svinøya. Det vart ein heftig kamp med ein skikkeleg
storfisk, men alt gjekk bra og dei kunne lande ein flott fisk på heile
312 kg. Fisken vart partert og det var mange i Hovdebygda og Ørsta som
fikk seg ein smak av størje. Også eg fikk eit par lonsar. Det harsknar
fort og det var ein veldig feit fisk, men den var nydeleg god. |
OPPSUMMERING 2023
Det vart ein lærerik vinter med kameraene oppe,
der vi fikk følge med på både når fisken gjekk opp og når den kjem ned.
Vi fant blant anna ut at det er vanskeleg å få med seg når første
fiskene går på elva. Det gjekk rykter om tidlege fiskar, men vi fant dei
aldri på film. Men 20. april såg vi noko langt i bakgrunnen som kanskje
kunne være ein nygådd. Endre vart sendt på brua og då skaut fisken fram
i full fart. Då viste vi akkurat når den gikk, så då klarte vi å finne
den, men den var i bildet berre eit sekund. Etter dette kom det godt med
fisk, mykje laks og ein god del sjøaure, som dessverre var fulle av lus
og derfor rømte ifrå sjøen. Mange av dei som kom var nok allereie
dødsdømt.
Eg starta på Staten og hadde god tru, men
allereie då hadde det slutta og gå fisk. Dermed var det vanskeleg og eg
måtte vente til midt i juni før første laksen var sikra i Svarthølen.
Vart prøvd både før og etter årets tur til Lillehammer, men det vart
berre ein liten tert på Staten før vi for til Driva. Der hadde vi nokre
flotte dagar, ikkje dei mest fiskerike for min del, men eg fekk ein
flott aure, mens Sindre og Nils fekk 2 laksar kvar, og Inge fekk ein
laks, ein pjakk og ein aure.
Tilbake så vart det først ei runde på
Størjefiske før det vart ei veke med jobb på hyttekontor. Det gav ein
tert i Reitehølen, ein tert i Moahølen og ein laks i Reitehølen. Så var
det jobb med tur til Polen der eg fekk Corona og då rauk resten av
sesongen, men fekk ein tur til på Størja før august var omme.
Det vart ein trist sesong for fisken i
Eidselva, der det vart fiska halve sesongen på laksen som gjekk i mai.
Det førte nok til at det ikkje vart mange av desse på gytegrunnene dette
året. All auren gjekk på elva ifrå april til 1.juli på grunn av all lusa
i fjorden, og ikkje når den skal komme. Det vert ein spennande sesong
for å sjå om utviklinga fortsetter. Når det gjeld Pukkellaksen så kom
den ein del, menelva var for stor til å få skikkeleg oversikt. Men
truleg var det ingen stor invasjon.
|
|
|