UNGKAR1

 


LAKSESIDA

ExUNGKAR1

FISKEBOK

 

 

2022

Mai

Endeleg var det ein normal vinter, ein del snø, som vart liggande og fikk bree seg bra. Kom også snø utover til slutten på April, så det teikna bra.
Allereie 2.mai var kameraene oppe å gikk og med lys ifrå 6.mai, men det var lite anna enn småaure på avlusing å sjå før 16.mai når vi såg første laksen, men det var heilt sikkert ikkje årets første, for elva hadde vore grumsete fleire ganger så det kunne passert masse fisk då. Dagane utover var det bra aktivitet før det slakna av litt igjen. Temperaturen i vatnet låg på 8-9 grader og siste dagane før åpninga begynte det å komme ein god del fisk. Men så droppa temperaturen ned til 4.4 grader og det meste av fisken stoppa opp. Dermed vart det mykje fisk på kameraene i Bruhølen. Siste to dagane før åpninga kom sola og det var lite vind og då spratt temeraturen raskt opp på 8-9 grader igjen.
01.06 00-14
Stokkenes  Eidselva
Eg hadde ikkje hatt snøre i vatn sia juli 2021, så spenningsnivået var høgt. Lilly var med på trekkinga, vi fikk ikkje beste nummeret, men fikk kortet eg ønskte likevel. Var på plass i Myrahølen kl.23 og fikk knytt opp gjort klart til klokka var der. Det hoppa til og med fisk, om enn berre ein aure på 35cm. Forholda var fine med 44 kubikk og vel 8 grader i vatnet og eit par grader meir i lufta. Lurte fælt på om eg skulle nytte siste lyset til å prøve makken, men enda med å satse på fluga.

Myrahølen, Eidselva 1juni2022Når klokka var på slaget 00.00 så la eg ut dei første korte kasta. Der var litt trangt og vanskelig å komme til, men fant meg raskt til rette. Etter berre 3-4 kast så hengde det seg på ein liten aure, kanskje den som hoppa, i alle fall var det samme størrelse. Etter å ha krøkt den av så fortsatte eg å fiske meg nedover. 00.10 stoppa snøret bak i bakken, tenkte det sikkert var ein liten aure til, eller kanskje var eg i botn. Eg letta stanga og det svarte i andre enden. Men det kjentes ikkje stort ut, kanskje litt større enn den forrige auren, men den kom lydig etter så var usikker. Så kom den oppi å rulla seg og eg såg at den var sikkert litt større, men trudde like fullt det var ein aure. Fleire gongar gjorde den det samme mens den rolig følgde etter mens eg sveiva den framover. No var eg sikker på at det var ein aure. Årets første 2022Men så la den om strategien og gikk ned på djupet. Hmm, tenkte eg, kunne det være ein laks likevel? Eg fortsatte og køyre den rett utanfor meg og etter kvart kom den nærmare og begynte å verte klar for landing. Fortsatt var eg usikker, men når den la blanksida til rett foran meg så såg eg at det var ein laks som eg drog opp på graset. Fisken var ein fin holaks på 3,52kg og 70cm.

Fortsatte med fluga vidare nedover og no vart det veldig fint å fiske der, men det var ikkje meir å kjenne. Det kom ein kar ned og prøvde sluken, så eg gikk fram i Åbrekk. Her var det ein makkefiskar, men eg starta i innløpet så han var ferdig bakpå før eg kom rundt svingen. I det eg var komen ned til benken så kom det ein på andre sida og begynte 5 meter foran meg, så sjansen for fisk var liten og eg kjende ikkje noko.

Gikk ned igjen å fiska over Myrahølen igjen med fluga før eg gikk opp i bilen, åt og sov ein halv time. Vakna når det så vidt var begynt å lysne og tenkte at no burde det kunne være forhold for makk. Vel nede ved elva igjen så falt valget på den grove stanga med Ambassabør for å kunne holde igjen den store. Kasta uti og allereie på andre kastet så tok ein liten aure igjen. Eit par kast til og der var det noko å drog i igjen, lot den få nappe ein gang til før eg slo til. Og no var det meir motstand. Fisken holdt seg under vatn og rulla ikkje så her måtte det være laks. Taua den framover imot meg, men etter eit lite halveminutt så berre slapp den.

Kasta ut igjen og fleire kast var det fisk bortpå å plukka forsiktig. Ein gong var den ekstra hissig, eg gav den slakke og slo til, men det vart eit slag i lause lufta. Prøvde igjen og etter nokre kast så var den der igjen. No tenkte eg at den skulle få skikkelig smak på makken før eg slo til, så eg venta med tilslaget, men no hadde den tatt skikkelig og drog i så eg berre måtte heve stanga og der hang den. Det var samme oppførsel på denne, rolig nede i djupet og eg tenkte at det kunne verte ei rolig køyring igjen. Åpninga2022Men så ombestemte den seg og gikk rett til værs. Fikk roa den ned igjen, men etter eit roleg halveminutt så gikk den i lufta igjen. Så gikk den ned i djupet som den første eg fikk og eg fikk den fram foran meg. No gikk den igjen bananas og hoppa 4-5 ganger til før den var klar for landing, men til slutt roa den seg og eg kunne dra den opp på graset. Den var hakket større og vog 3,94kg fordelt på 72cm.

Dermed var kvota fyllt og eg måtte pakke sammen. Køyrde nedom Inge og Endre som fiska Staten. Der hadde Inge fått ein laks på 4,66kg på Malakoff, mens Endre hadde berre håva opp ein død laks som kom drivande. Etter å ha preika ei stund så for dei opp i øvre, mens eg køyrde heim for å pakke og fryse fangsten. Endre mista seinare ein laks heilt framme, men ellers var det rolig på Staten.

Totalen første døgnet enda på 32 fiskar, 31 laksar og ein aure, 2 på Moen, 2 på Bjørlo, 4 på Alsaker, 1 på Rotineset, 4 på Langeland, 5 på Øvre Roti, 5 på Stokkenes, 6 på Skipenes, 1 på Staten og 2 på Øvre Os. Dette er nok ei av dei beste åpningane nokon gong. Fisken var ikkje av dei største i år, veldig mykje mellom 3 og 5, men ein del rundt 9 med den største på 10,2kg på Rotineset.
04.06 02-14
Staten
Eidselva
Då var Pinsa her, normalt ei god tid, men igjen hadde vasstemperaturen droppa ned på 4-talet så håpet var labert. Inge fiska fredagskvelden på Staten, mens Endre fiska Bjørlo og Sindre Mo hadde Stokkenes. Sindre fikk ein tert på 2,3kg i Mastehølen, mens dei to andre ikkje kjende fisk.

Eg var trøtt etter eit par seine kveldar før i veka med kvartfinale i Roland Garros for Casper Ruud og skriving av søknad for kultivering i Ørstaelva, så ut i tredje sett i semifinalen så var eg så trøtt at eg tok med padden i køya for å sjå resten. Vakna plutselig klokka 00.30 uten å huske at eg hadde fått med meg at Ruud vant og er klar for finale. Fikk ikkje sove igjen så eg gikk ned på do, men såg der var lys hos Inge så stakk bort der først for å frette. Etter kvart stod også Sindre opp og vi satt å preika til klokka var halv 3. Då var det på tide å gjere seg klar og komme seg på Staten.

Vel nede så starta eg ned om brua. Kvelden før stod der ca. 15 fiskar på kamera, men dei for i skyminga og no stod det berre nokre få igjen, og ingen av dei ville bite. Gikk fram å fiska over foran brua når 2 av dei andre som skulle fiske kom og begynte å gjere seg klare. Eg avslutta og tenkte fare fram på fremste, men dei 2 andre gikk framover så eg køyrde ned i Malakoff. Fiska øvre uten å kjenne noko. Gikk så nedover å fiska Solheimslandet. Når eg kom ned til gapahuken så tok ein fisk skikkeleg bortpå flata. Eg slo til og var vel aldri i tvil om at den ville henge. Fisken var seig og det gikk lenge før eg fikk den så nær at eg fikk eit glimt av den. Så raste den ut og gjorde eit byks. Synes den ikkje såg så stor ut så tenkte at den snart måtte være sprengt. Men fikk den ikkje inn samme korleis eg køyrde og lokka. Etter kvart kom den nærmare, men så raste den ut igjen og la seg på straumen. Junilaks SolheimslandetDen var no nede ved første steinen og eg tenkte at det sikkert var like greitt å berre leie den ned i Malakoff der det var roligare vatn på grunn av floa. Fisken ville gjerne unna og eg slapp å dra den nedover. Vel nede så fikk eg den greitt inn til land, men den ville vidare nedover og no hadde det begynt å dra på med straum vidare nedover på innsida av holmen ved jektehola. Fikk snudd fisken før den for utfor brekket og med litt makt så fikk eg tvinga den inn på grunna og dradd den opp på graset. Fisken var ein flott sylindrinsk fisk på 77cm og 4,66kg, same vekt som den Inge fikk samme plass på åpninga, som var 5cm lenger. Sjølvsagt hadde eg ikkje løkker i lommene så eg enda med å måtte bære den etter tokna.

Fiska over bakre del av Solheimslandet for å sjå om ein annen hadde tatt dens plass, men det var heilt dødt. Fiska vidare nedover langs holmen heilt ned til enden av den, men det var dødt. Gikk fram igjen og kasta 3 kast bort på hotspot'en for å sjekke, men nei.

Køyrde så fram på fremste og fiska over med fluge og makk, det var noko som plukka forsiktig ein gang, men det kom ikkje igjen. For så ned igjen til buda og fiska foran brua. Gikk så ned på brua å kika, men det var stort sett det som var på kameraene som var der. Irvin kom medan eg stod der og bestemte oss for å prøve nedanfor igjen. Han fiska Øvre Malakoff, mens eg fiska rundt der eg hadde fått fisken, men det var heilt dødt.

No måtte eg stikke for å rekke trekninga for resten av helga. Etter på så var vi på bruene og myste før eg tok nokre kast i Bruhølen for å prøve om dei ville bite dei som stod der. Det ville dei ikkje, så eg for fram igjen å fraus fisken og sov litt. Vi skulle ned på trekkninga igjen kl.2 for å få kort til 2.pinsedag morgen, så vi køyrde litt tidleg slik at eg fikk dradd over Bruhølen igjen, men det vart med ein liten aure som beit.
05.06 02-14
Stokkenes
Eidselva
La meg tidleg og vakna allereie kl.00.30 og fikk ikkje sove. Satt å skreiv og myste på kameraet på bruene. Regnet dryppa rolig på taket, men tok seg med ujevne mellomrom opp til kraftigare regn. Sjekka jevnleg radarbildet på Yr, men regnet skulle fortsette. Men når klokka var ½ 3 så såg det ut som at kl.4 så skulle det gi seg, så eg gikk på toalettet og begynte å gjere meg klar. Somla og tok meg god tid så kl.03.15 så var eg klar, men då hadde Yr flytta tidspunktet for når det skulle lette like langt fram. Men pakka og køyrde meg nedover. Var komen i Myrahølen litt før kl.4, og regnet inviterte til reint makkefiske.

Var ganske lett så eg starta med nokre kast, var ein liten aure som nappa og greidde å henge seg på, men etter berre nokre få kast så åpna himmelen sine sluser og det var berre å søke ly. No sa Yr at kl.05 skulle det lette. Men det var lettare innimellom så eg var ut 3-4 ganger å kasta ifrå 2 til 10 kast før eg måtte søke ly igjen. Igjen flytta Yr tidspunktet til kl.06. Vart lenger og lenger mellom kasta, men når klokka nærma seg 06 så lysna det vest i fjorden og ganske på slaget så letta det opp. Fikk då fiska grundig over, var borti noko, men fikk det ikkje fast.

Så kom to av medfiskarane ned, så då tenkte eg at det kunne vore greitt å prøve Åbrekk. Gikk fram og fiska over heile hølen. Var bort i noko i renna bortunder land i innløpet, men usikker på om det var fisk etter noko anna. Ellers var det heilt dødt i heile hølen. Så kom regnet igjen i det eg gikk fram og fiska Hildehola og hølen foran, men det var dødt. Snakka med Inge som gav opp nede på Staten og for fram igjen. Fiska så kjapt over Åbrekk igjen før eg gikk ned i Myrahølen igjen.

Fiska innløpet og var borti fisk fleire ganger, men fikk den ikkje fast. Gikk ned i bua og fiska over der ein gang, men så tjukna det til med regn og eg pakka sammen og tenkte prøve igjen seinare, men det vart ikkje til at eg for ned etter at eg vakna igjen.
06.06 02-14
Staten
Eidselva
Eg og Inge skulle fiske Staten i lag og vi ville være der 2 timar før floa, så då var vi der kl.02. På vei nedover så var det berre 3,0° og det vart ikkje varmare fram til sola kom. Vi starta med å fiska over Malakoff, Inge først og eg bak. Vi fiska oss ned til steinbuda, men det var dødt med begge to. Morgengry på SkipenesetInge prøvde litt vidare nedover også, men det var dødt. Så vi for fram og fiska over foran og nedanfor brua, men det var dødt. Vi lurte på kva vi skulle gjere og det enda med at eg prøvde Hesten med Ambassadøren når Inge var der og kunne bistå om noko skulle bite. Men det gjorde det ikkje. Vi prøvde Bruhølen igjen, men det var like dødt. Så vi tenkte at vi måtte prøve nedanfor igjen i det sola endelig hadde begynt å nærme seg. Inge starta med fluga nedover veien mens eg prøvde makken i øvre Malakoff. Der var det dødt så eg fiska meg raskt nedover slik at eg akkurat såg i Inge når han fiska seg nedover. I det han kom ned imot Steinbuda så drog ein fisk i skikkeleg, men den vart ikkje fast, og ikkje ville den kome igjen heller. Så han kom fram til meg og gikk saman med meg ned imot der fisken var etter, men det var heilt dødt. Eg prøvde makken vidare nedover også, men det var dødt. Så vi for fram og gikk over ved brua igjen, men det var like dødt. Det var heller ingen bevegelse å sjå, så eg pakka sammen like over klokka 7 og for fram igjen for å sove litt.

Vakna når klokka var 10.30 og tenkte at det kanskje var meir liv no? Så eg tok på drakta og køyrde nedover, såg Inge sat i teltet og plutselig var han bak meg. Han kunne fortelle at det kom ny fisk fram i Bruhølen ei stund etter at eg gav meg. Men eg fiska over uten å kjenne fisk no heller. Så for vi ned på Malakoff der eg først prøvde Øvre og så fiska vi oss nedover heile veien med makken, men det var heilt dødt. Nede ved Steinbuda så trudde Inge at han såg ein fisk som stod veldig langt borte. Eg kasta bort dit og det hogg tvert. Det vart fort klart at det var ein aure, og ikkje var den veldig stor heller. Men den var seig og kjempa godt, men måtte gi tapt etter ei kort stund. Vel i håven så såg eg at den hadde eit skikeleg djupt og stygt sår på sida, men det såg ut som om såret hadde begynt å lege, så den klarer seg kanskje. Auren fikk friheten tilbake og eg fiska over resten av hølen. Vi såg ein fisk som var oppi og litt seinare blenkje der Inge var borti fisk, men den ville ikkje bite, sjølv om vi såg kvar den stod. Fiska over framme ein gong til før klokka var der og eg pakka sammen.
  Helga etter var eg heime på tivoli, Dina sin bursdag og fotballturnering i Hovdebygda. Inge var innanfor og hadde kontinuerlig kort, han fikk ein tert på 2,44kg på fredagskvelden, men ellers var det heilt dødt. Det var regn og vind så forholda var ikkje optimale med stigande elv og temperaturvariasjoner.

Laurdags morgen døde onkel Johan etter å ha sloss med kreften i fleire år. Det vert eit sakn å ikkje kunne kome til Sæbø å diskutere laksefiske med han. Han var alltid interresert i korleis det var med fisket og hadde alltid ferske fiskeoppdateringer når eg kom. Kvil i fred.

Onsdagen åpna dei andre elvane i området. Bondalen var best med rundt 40 laksar, mens Ørsta hadde den største med 11,7kg. Totalt vart det tatt mellom 15 og 20 laks der. Laks vart det tatt både i Fyrdselva med 8 fiskar, ca.20 laks i Stranda og 13 i Fetvassdraget.
18.06 02-14
Kvien
Eidselva
Var sein innover på fredag sia eg var i begravelsen til onkel Johan, så eg venta til morgenen før eg fikk kort. Inge hadde derimot tatt turen på fredagen og fiska kvelden på Bjørlo. Her fikk han ei fin hoe på 7kg som han satte ut igjen og ein hannlaks på 4,2kg som han tok.

Tenkte dei store burde være komne på Kvien, men der var litt vel mykje vatn. Starta kl.04.30 i Moahølen med fluge og deretter makk, men det var dødt. Gikk framover å prøvde Khrutsjov før eg gikk vidare og fiska ifrå skiltet og nedover. Fikk ein honndøl ved skiltet ellers var det dødt. Etter eit overfar til i Moahølen og ein ny honndøl så gikk eg i Hammarhølen.

Hammarshølen 2022Her gikk eg over med fluga og fikk ein hønndøl på den også. Tok så makken, men det vart samme resultat, ein honndøl. No kom det ein kar på andre sida, men han gikk fram i Svadet. I det eg var ferdig så kom Inge for å sjekke fisket og vi preika ei stund før eg prøvde fluga igjen, men det var dødt. Eg sjekka radaren og såg at regnet ville kome om 10 minutt så eg pakka sammen og gikk opp igjen for å bytte før trekninga.

Etter trekninga så var det handling og bruspotting før eg var fram igjen og fikk maten i kjøleskapet før eg tok på vadebuksa og for i elva igjen.

No var det kome folk både på sona og på Moen var Rune P. og min danske venn Erik L. Eg prøvde fluga i Moahølen og makken prøvde eg både der, og framover til Hylla, men det var dødt. Snakka med Sindre Moe før eg for ned for å være med på andre trekning.
18.06 14-02
Staten
Eidselva
Fikk meg kort på Staten i lag med Sindre, han var på vei, mens Inge sa eg måtte stikke å prøve tvert, og det var definitivt min plan. Tert Staten 2022Køyrde fram til Skipenesbrua, rigga flugestanga og vod uti mens Inge og Endre for på Osbrua. Såg fleire fiskarar som gikk opp ifrå elva framme i Hesten på Skipenes og tenkte nokon hadde sikkert hatt på fisk. Eg la ut snøret og fiska meg nedover. Litt foran brua var noko bortpå, men eg vart så forvirra at eg ikkje forstod heilt kva som skjedde, men fikk surra meg og letta stanga og der hang det fisk. Rygga meg bakover mens eg drog fisken vekk ifrå brua. Når eg stod der å køyrde fisken så var det plutselig masse gauling på andre sida og der kom Vebjørn køyrande med åpne glas, og før han var komen over brua så kom også Inge og Endre. Fisken var ikkje så stor så kampen gikk greitt og Vebjørn kunne håve ein flott tert på 1,9kg.

Fiska over igjen, men no var det dødt, så eg gikk ned om brua for å prøve. Her stod det masse fisk og eg var borti mange fiskar, men det kjentes ut som aure. Plutselig hengde det seg på ein fisk langt bakpå hølen, denne rulla ivrig og avslørte seg som ein aure på framunder 2kg, men heldigvis så ramla den av. Fiska like etter heilt bortunder land når ein ny fisk hengde seg på og det same gjentok seg, masse rulling og så slapp den heldigvis. Denne var sikkert litt mindre, men godt over kiloet. Etter kvart dukka Sindre opp og det vart mykje børsing før vi prøvde heilt framme, Sindre med makk og eg med fluga. Så prøvde Sindre Hesten før eg gikk ned og drog over foran brua igjen. Prøvde også nedanfor brua igjen, men like dødt. No var vi kalde og eg hadde full vadebukse med vatn, så vi for fram igjen på vogna for å varme oss litt i det det tjukna til med pøsregn.

Når vi for ned igjen så satsa eg på støvlar, sjølv om vadebuksa var tørr alt. Vi køyrde rett i Malakoff og starta der. Sindre med makken i øvre, mens eg prøvde fluga i nedre. Når eg var komen nesten ned til steinbua så åpna alle sluser seg og eg trekte innunder tak, sjølv om det akkurat hoppa ein fisk på brekket. Når det letta så fiska eg siste 5 meterene, men det var dødt, så eg gikk opp å henta makken. Sindre hadde ikkje kjent noko, men mulig han hadde sett ein fisk som blenkte. Vi fiska oss nedover og Sindre var borti ein fisk litt nedanfor steinbua, ved første steinen, men den vart ikkje fast. Så dukka Inge og Endre opp, dei hadde gitt seg på Bjørlo for der var skodda komen allereie kl.20. Eg fikk ein liten aure langt bakpå ned imot brekket der den hadde hoppa, Endre fikk håve denne, men den var under målet.

Flott fangst på StatenSå flytta vi fram til brua igjen. Eg var borti ein fisk oppe på flata med makken, men den vart ikkje fast. Fiska meg nedover og rett foran brukaret tok det ein fisk igjen. Denne la seg på straumen og ville nedover, men eg satte hardt imot hardt og fikk snudd den fram igjen. Den var ganske spak og gjorde ikkje for mykje utav seg før Endre kunne håve ein tert på 1,9kg igjen.

Prøvde over flata igjen, i det Sindre takka av og køyrde heim, men no var det dødt. Så vi gikk ned under brua for å søke ly imot regnet. Etter nokre kast så var det berre småaure å kjenne, men så var der noko i straumkanten som kjentes meir laksete ut, men eg fikk den ikkje fast. Nokre kast til så tok det skikkeleg borti djupet, no var det ikkje tvil når eg slo til, laks og den sat. Køyringa gikk heilt rolig og fint føre seg og etter nokre minutt så kunne Endre håve ein fin laks på 4,54kg. Eg hadde fortsatt ein igjen på døgnkvota så eg prøvde nokre kast til, men det var dødt. No var eg sliten etter snart 18t i elva så eg pakka fornøgd sammen og bestemte at eg ikkje satte på vekkarklokka til neste morgen.
19.06 02-14
Bjørlo
Eidselva
Vakna 8.30, tok meg frokost og stakk nedom Inge og dassen før eg kledde på meg og reiste i elva. Inge var oppom vogna for frokost etter ei morgenøkt på Staten. Der hadde han først mista ein stor fisk på flata me det samme, så hadde han mista ein i landinga som hadde tatt foran brukaret, denne trudde han var ca.4kg før han hadde på ein nokre sekund ved første steinrøysa bakpå Malakoff.

Kastehølen 2022Eg var komen i Kastehølen kl.10:30 og starta med å vade ut i innløpet, noko som akkurat gikk på 45 kubikk. Men det var ikkje noko som tok etter fluga, verken der eller bakpå. Prøvde så makken, men det var ganske dødt til eg kom bakpå, der tok ein aure i Bjørlorenna. Denne ville nedover og det var så vidt eg fikk snudd den og fikk den fram igjen. Auren var rundt målet, ca.1kg og fikk sjølvsagt gå.

Etter dette var det kun makken eg prøvde, fikk honndølar i heile hølen, så mange laks var der ikkje. Snakka litt med Asgeir som kom og begynte kl.14 før eg for fram igjen for å stelle rundt vogna og få gjort om litt på straumledninga så eg fikk til strekkavlastning.
24.06 14-02
Kvien
Eidselva
Hammarshølen 24juni2022Endeleg var sommaren komen, det var 27-28 grader, så eg venta til klokka var 20 før eg for i elva. Det var folk i Moahølen, så eg gikk nedover. Fiska først over Flata med fluga før eg prøvde foran Svadet med makken, men begge deler var resultatlaust. Gikk så i Hammarshølen og fiska den med fluga, makken og makken, men det var dødt. Når det kom folk på andre sida så eg gikk fram og fiska Flata igjen, denne gangen med makk og igjen på og nedanfor svadet, men det var litt mykje vatn og veldig dødt over alt, så eg gav meg klokka 00 å for fram igjen for litt mat.
25.06 02-14
Staten
Eidselva
Tenkte å prøve litt rundt kl.02, men var så sliten at eg la meg og sov til kl.04. Stod opp og var komen i elva kl.05. Starta foran brua med fluga og hadde trua for det var oppe fisk. Var ein fisk som dunka borti fluga, men den vart ikkje fast. Prøvde makken etterpå og nede ved renna så tok ein aure. Fikk den greitt fram og køyringa gikk flott, og etter ein kort kamp kunne eg kroke av ein litt tynn og pjask aure på rundt 40cm. Kasta ut igjen og ganske kjapt beit det igjen. Dette virka også som ein aure, men ein del mindre enn den første. Køyringa gikk fint og eg synes den rulla litt lite, og når eg fikk den opp i handa så såg eg at det var ein bitteliten tert på rundt 45cm og 600g. Den var fint krøka og vart satt tilbake. Prøvde nokre kast til sia det var folk nedanfor brua, men kjende ikkje meir.

Stengt slukfiske ved SkipenesbruaFlytta så nedom brua. Hadde forstått at auren var i bittet, så eg var forsiktig og fiska berre i djupaste mellom det gamle brukaret og steinen bakpå. Men kjapt så tok det ein fisk midt nede i der og det vart kjapt klart at det var ein aure. Køyrde den og den spratt 6-7 ganger, men den satt greitt i munnviken, så heldigvis var det greitt å kroken den av. Måtte holde den ei stund for at den skulle komme seg, men det gikk greitt. Sjøauren var ca.55cm og dermed rundt 1,7kg.

Kasta ut igjen og etter nokre få kast til så hengde det seg på ein bak med steinen, også dette heilt tydeleg ein aure. Køyrde den og såg den satt laust, men eg måtte ta den heilt inn før eg fikk kroka den av. Denne var mindre enn den forrige, men målte aldri kor stor den var.

For ned å fiska først øvre Malakoff med fluga. Når eg kom ned bak steinen så hadde eg eit skikkeleg tak, men den vart ikkje fast. Fiska vidare, men det var dødt, så eg flytta ned i Nedre Malakoff. Inge hadde sagt at det var liten vits å fiske strekket, men heller gå rett på hot spotten ved laksegarden, men eg starta der det bruker å skje. Og etter berre 2-3 kast så tok ein fisk. Eg fiska uten slakkebukt sia floa hadde kome fram, så eg berre venta til fisken hadde stramma skikkeleg opp før eg letta stanga. Fisken sat! Den gjorde to nykk og då kom fluga, denne var eg heilt sikker på skulle sitte, men den lurte meg. Fiska vidare nedover, men det var dødt. Tenkte prøve makken i Øvre Malakoff, men der var dei andre fskarane komne, så eg for fram igjen.

Eg starta med fluga foran brua, men no var det dødt, samme var det på makken, så eg flytta ned om brua. Her var det fortsatt auren som dominerte og eg fikk ein til som var ca.målet som var satt ut igjen.
Eg ville ikkje ha på fleire aurar så eg skulle berre ta eit siste kast, men traff lysa på brua og laga ei skikkeleg vase, så då var det heilt sjølvslutta. No kom Inge, så vi børsa og kikka på brua før eg for fram å skifta før trekninga.

Etter trekninga så prøvde eg makken, foran brua var det fortsatt dødt, mens nedanfor brua så fikk eg to aurar rundt målet, så då gav eg opp å få laks og køyrde fram igjen.
25.06 14-02
Bjørlo
Eidselva
Det varme været var her enno, men no var det utrykt for regn og torevær så vi avventa til kl.19 før vi for i elva. Vel nede prøvde eg i Granhølen, berre bak terskelen i framkant, men elva er fortsatt litt for stor. Flodingen er overVel framme i Kastehølen så sat vi ein god halvtime å slappa av mens dei to på andre sida gjorde seg ferdige. Inge starta i innløpet, og etterpå gikk eg med makken. Bortsett ifrå honndalsaure over alt så var det dødt. Vi rullerte på å fiske innløpet og Inge var også ned å prøvde Utfallebakkane, men det var heilt dødt.

Kl.20.30 så tjukna det igjen til og no kom det regn, først berre nokre dråpar, så sprutregn ei stund før det vart mindre igjen ei god stund. Vi hadde håpa det skulle vekke laksen, men hølen var like død. Når regnet gav seg så begynte det å dampe av dei varme markane og utover kvelden var det jevnt sig med disme nedover dalen, langt ifrå ideelt for fisket. Flugelaks i Kastehølen 25062022Og det fortsatte å være heilt dødt, kun nokre små aurar som plukka litt insekt av og til.

Over midnatt så hadde dalen kjølt seg ned så dampinga hadde avtatt, så forholda begynte å verte betre. Litt før kl.01 prøvde Inge innløpet og etterpå tok eg Utfallebakkane. Midt nede på strekket, nede i enden av blanka så synes eg det var oppe ein fisk, men det var mykje vatn så det kunne godt ha vore ei bølge også. Men i alle fall så steig trua litt. Men eg kjende ikkje noko når eg fiska meg over området. Vel framme i bua igjen så sa Inge at eg måtte prøve innløpet, og det sa eg at det kunne eg gjere slik at det vart fisk på oss før kortet var omme. Eg vod meg over og starta med korte kast og drog ut for kvart kast. I det eg hadde fått ut nok til å kome bak kanten så drog det plutselig i fluga. Eg tenkte småaure, men slapp slakkebukta for å være sikker og før eg fikk løfta stanga så drog laksen line av snella. YES. Fisken virka ikkje veldig stor, men den drog godt av snella som var stilt ganske slakt. Køyrde fisken mens eg sakte og forsiktig fikk vada meg inn igjen. Bjørn med tert 260622Her stod Inge klar med håven, men fisken var seig og det vart ei fin køyring rett utfor land. Men til slutt bikka laksen over på sida og Inge kunne håve den. Laksen var 78cm og 4,38kg.

No kom ein liten trekk og all disme var plutseleg heilt vekk, så Inge gikk bort for å fiske over innløpet, eg hadde tross alt berre fiska første tredjedelen. Men det var dødt. Eg avslutta med å dra over brekket, men her var heller ikkje noko å kjenne. Dermed så gav vi oss. Inge for vidare ned på Staten for å fiske med Bjørn, mens eg stoppa på dammen på vei fram igjen. Prøvde framme i innløpet, men der var det friskt. Fikk ein liten honndøl på første kastet og var glad det ikkje vart meir. Prøvde så bakpå, var bort eit par fiskar innpå, men trur det var samme sort som den eine eg fikk, ein honndøl. På Staten fikk Bjørn ein laks på 1,7kg, mens Inge ikkje fikk noko.
  Hunderfossen 1700 kubikkSøndagen pakka eg sammen tidleg og for heim for å pakke for ferietur med Lilly til Lillehammer. På veien nedover var det varmt og fint og regnet starta alt i Austefjorden. Til lenger aust vi kom til meir regn vart det, og ifrå Otta og sørover så måtte vi køyre med vindusviskarane på fullt. Sammen med god varme så gjorde det at elvane gikk skikkeleg store. Stryn gikk med 120 kubikk og Lågen gikk med 1000 kubikk. Neste dag var det meir regn før sommarvarmen slo skikkeleg til med 27-28 grader. Då kom Stryn opp på 50 årsflom med 178 kubikk, mens Lågen gikk 10 ganger større med vel 1700 kubikk (Ikkje heilt ein normalflom). Driva var forresten opp på vel 800 kubikk. Men når vi køyrde opp igjen på laurdagen så var elvane tilbake på samme som når vi for nedover.

Vi stoppa på Eid  og overnatta til søndag, her var Inge som hadde starta på ferien denne helga. Han fiska Kvien laurdagskvelden 2.7, men det var dødt, mens eg skrudde køyseng på hytte 10. Vi for heim ganske tidleg på søndagen for å forberede ei arbeidsveke.

Inge fiska Langeland søndagskvelden 3.7, men vart litt mykje støy og leven så han kjende ikkje liv. Tore var på Alsaker og fikk seg ein tert på 1,2kg.

Inge var på Bjørlo på morgenen 4.7, men det vart heller ikkje fisk der. Mens Tore fortsatte på Alsaker med ein laks på 5kg.

Tirsdag kveld 5.7 var Inge på Fossen. Eg snakka med han når klokka var vel 21 når han hadde søkt ly for regnet og fått seg litt mat. Hadde vore heilt dødt med unntak for nokre aurar som hadde dunka borti fluga. Når vi avslutta så satte han seg i bilen og køyrde ned igjen. Vel nede så la han ut halve klumpen og der beit det. Fisken var vanskeleg å ha med å gjere, for straks Inge la hardt press på fisken så snudde den og ville unna, men om han køyrde den fint så gikk det greitt. Og grunnen den forstod han når han fikk sjå fisken, for då satt fluga i munnviken, men på feil side, så når han drog til så drog han fisken rundt. Men med å være forsiktig så fikk han landa den. Fisken var ei flott hoe på 96cm og rundt 9kg. Laksen vart satt ut igjen.

Onsdag morgen 6.7 var Inge på Kvien igjen, han hadde eit skikkeleg tilbud i Hammarshølen, men fisken slapp.

Torsdag morgen 7.7 fiska Inge og Endre Staten, dei for rett ned å starta kl.02, men det var yr og pistrande kald nordavind, så det var heilt dødt.

Torsdag kveld 7.7 var han på Nor å prøvde, der kroka han eit lokomotiv av ein fisk som berre tøffa roleg rundt uti Dammen i 10-15 minutt før fluga berre kom. det var nok ein bra fisk. Fredag morgen pakka han sammen og for heim.
05.07 18-21
Ose/Mo
Ørstaelva
Då var det fiskedag med Ørsta JFF i Ørstaelva. Lilly vart med då mora måtte ta ei ekstravakt og det var svært å få prøve å fiske igjen. Det var fine forhold med regn, veksande elv og mykje fisk. Lilly fiska med dupp fram til svingen, men det var ikkje noko som beit. Eg fikk låne stanga til Sindre ei stund og var borti eit par fiskar i Svingen, men dei var veldig forsiktige, var nok litt mykje støy. Etter at fiskedagen var over kl.20 så for vi fram på Øvre Mo og drog over fluga, men Nils og Kjell Frode hadde akkurat gått over med fluge og spinnar, så det var dødt.
08.07 19-20
Melsgjerde
Ørstaelva
Etter ei veke med jobbing så var Lilly hos mamma og eg kunne stikke på fisketur. Stoppa i Ørsta på vei til Sæbø for å prøve. Det var nokre regnbyger og elva var fin. Når eg stod å kledde meg om så lurte på om eg skulle ta med makken, men slo det ifrå meg og tok kun enhåndsen. Vel nede så la eg fluga ut i Nyhølen og då åpna alle sluser seg og regnet spruta. Var oppe ein fisk å hoppa, men eg kjende ikkje noko der.

Gikk nedover og fiska i den lange hølen midt nedpå strekket, men ikkje noko å kjenne der heller i sprutregnet, som om mulig var enno heftigare enn før.
Pjakk Melsgjerde 08072022
Nede i hølen ved bua så auka det på enno eit knepp på nedbøren. Eg fiska meg bakover og var komen opp på den store steinen foran bua når snøret plutseleg stramma seg opp. Fast fisk. Var litt redd at det kunne verte tur nedover, men forstod raskt at fisken ikkje var veldig stor og at den kom greit framover. Fikk den heilt fram utanfor meg og fikk køyrt den der med berre nokre mindre utras. Fikk håva den greitt foran storesteinen. Dermed var kvota fyllt og eg kunne fortsette over fjellet.
08.07 21-24
Fluge 2
Bondalselva
Etter desinfisering i pøsregn så var det opp og kjøpe kort, fikk både kveld og morgen så då måtte det verte fisk. Var på plass litt etter kl.21 og då var der 3 mann i øvre, ein på mi side og 2 på andre sida, så eg gikk ned på nedre. Starta å fiske i pøsregnet, men hadde berre så vidt fått ut fluga når Urkegjerde kom på andre sida og begynte å kaste. Det hoppa fisk heile tida, og framme såg eg først at dei landa ein på andre sida og at det vart mista ein på mi side. Men eg kjende ikkje noko til tross for 2 overfar og mykje fisk som hoppa.

Gikk så fram og fiska der i pøsregnet, her vart etter kvart alle 5 samla, men ingen kjende noko sjølv om det heile tida kom ny fisk opp og for hoppande framover. Når klokka nærma seg 23.30 så hadde det vorte ganske skymt og eg gav opp. Men eg stoppa på nedre og gikk over ein siste gang. Hadde sett at elva hadde steget, men først no såg eg at vi snakka 15-20 cm. Det var heller ikkje noko å kjenne på siste overfaret så då gikk eg bort i vogna for å tørke opp.
09.07 06-10
Fluge 2
Bondalselva
Flaum på Flugesone2 09072022Sat oppe til klokka var 01 før eg la meg nedpå, men vakna når klokka var 06.04 for det. Regnet tromma fortsatt på taket, så tenkte at elva hadde nok ikkje gått ned i alle fall. Etter frokost så køyrde eg bort for å sjekke forholda, og det hadde vore smart å ikkje stresse seg rett i elva. For elva hadde stige mykje, på nedre var alle steiner under, men på øvre så var noko fortsatt oppe så stilla langs land fortsatt var der, men elva var diger og skikkeleg brun. det stod ein mann det med tohånds, men forholda var ikkje bra. Så eg satte meg i bilen og køyrde tilbake og sov nokre timar til.
Sommarflaum på Hustadbrua 09072022
Når eg klokka 11.30 køyrde heim så hadde elva stige enno litt meir og var enno meir skitten. På Kvistad var ho gedigen, og det samme var Ørstaelva når eg kom dit, så det var ingen fiskarar å sjå langs elva denne dagen. Regnet fortsatte heile dagen. Eg var i 90års-lag med tante Else. Ved midnatt rant det fortsatt av himmelen.
10.07 14-18
Fluge 2
Bondalselva
Sia eg for tidleg heim i går så låg laksen igjen i frysaren på campingen, så når været no hadde letta så festa eg flugestanga på bilen og køyrde innover på formiddagen. Fikk meg kort på butikken og var opp i vogna å kledde meg om før eg for i elva. Køyrde bort og der var det allereie kø i fremste hølen, så eg gikk ned i nederste. Her var elva stor nok, men det gikk akkurat å vade seg utover voren for å fiske hølen. Men til tross for at eg fiska nøye så kjende eg ikkje noko. Såg dei hadde på ein fisk heilt bakpå hølen i øvre, og trur dei berga den på land for eg såg dei ikkje fiske meir.

Når eg hadde fiska over så gikk eg fram, ein av dei som hadde vore der gikk over på andre sida. Eg fiska meg nedover, men det gikk seint for det var ein som plagast grundig foran meg. Han som gikk over på andre sida begynte å fiske nedre og fikk raskt ein fisk. Eg kom meg endeleg ned i enden og i det eg gav meg så gikk enno ein av karane bort på andre sida. Bak meg kom Lillerovde, men han kjende heller ikkje noko.

Han som plagast snakka også om å bytte side, men holdt fortsatt på å rigge snøre når eg gikk på neste runde. No var andremann på sørsida i gang og jaggu fikk ikkje han også fisk etter ei stund. Karen som plagast hadde no forsvunne, men eg såg han ikkje på andre sida. Eg gikk enno ei runde før eg tenkte at kanskje eg også skulle prøve der borte.

Bondalspjakk 2022Eg køyrde ned til brua og gikk fram. Fiska over hølen ein gong, men vart stort sett ståande å sjå på Lillerovde som hadde på ein fin laks, men dessverre så kom den seg av før han fikk berga den. Etter å ha fiska heile hølen så gikk eg fram og ropte over elva, laksen hadde vore 5-6kg trudde han. Eg fiska over utløpet, men til tross for at det hoppa fisk så kjende eg ikkje noko. Gikk derfor ned igjen og tenkte fiske over ein gong til før kortet var over. Hadde fiska nesten heile hølen og var komen godt bakpå brekket når det endeleg drog i fluga. Fisken vart fast! Men kjende raskt at den ikkje var veldig stor, og ikkje var det så mykje motstand i den heller så eg fikk ganske raskt håva ein fin laks på 55cm og 1,66kg. Når eg vel hadde fått den opp så kom ein gutfante springande med håv for å hjelpe, men han måtte returnere med uforretta sak. Dermed pakka eg sammen og køyrde heim for å pakke for ei veke i Driva.
11.07 19-23
Sjølland
Driva
Eg måtte levere Lilly til farmor i middagstidene så eg var litt sein nordover, så Inge venta på meg i Molde etter at han hadde vore på handel både på Moa og i Molde. Men klokka litt over 17 så var vi endeleg tilbake i Driva, første gang sia 2016. Vi innlosjerte oss, som vanleg på Furu Camping og Laksevald hos Kollbjørn og Anne Marit.

Elva hadde jevnt over vore veldig flott med vassføring rundt 250 kubikk, med topp når vi var i Lillehammer på over 800 kubikk. Fisket hadde vore labert, men veka etter flommen hadde fisket vore fantastisk godt.

Skjøllandsstraumen 2022Klokka 19 var vi komne i elva og med 157 kubikk så var Sjøllandsstraumen det naturlege valget for oss. Vi fiska først over med fluga eit par gangar framme, men det var dødt. Så eg tok makken og gikk nedover for å prøve ned imot brekket. Her var eg borti ein aure ganske snart, og ikkje lenge etter enno ein, den første var berre borti eit par gangar og drog, mens den andre tok betre og vart så pass fast at eg fikk spenn i stanga, men då drog eg sirkelkroken ut av kjeften slik den skal fungere. Etter dette var det dødt bortsett ifrå at Inge hadde eit lite drag i fluga bakpå brekket. Vi var småslitne, så vi gav oss ikkje for seint.
12.07 07-13
Litjehølen
Driva

Sjølland
Driva
Elva var fortsatt 157 kubikk når vi starta på igjen. Vi ville prøve Litjehølen så vi tok eit raskt overfar der med makken på meg og fluga med Inge, men det var heilt dødt. Og godt var det for når vi kom i bilen igjen og sjekka kva soner vi hadde så hadde vi ikkje Litjhølen.

Så barst det i Sjøllandsstraumen og mønsteret var mykje som dagen før, først over med fluga i innløpet nokre gangar før vi flytta ned på brekket med makken. Men denne dagen var det enno stillare, nokre få fisk som hoppa, men ikkje mange.
12.07 18-24
Kiklingbrekk
Driva





Sande
Driva





Sjølland
Driva
Temperaturen hadde gått opp og vi hadde over 20 grader når vi la ut. Klokka 18 var elva 155 kubikk og vi ville prøve noko anna. Sandebølken i nordvest værVinden hadde tatt seg realt opp, så vi prøvde oss på Kiklingbrekk med fluga. I det eg var komen heilt bakpå så kom oppsynet og tok ein hyggeleg sjekk med gode fisketips på kjøpet.

Etter dette prøvde vi Sande. Eg gikk i Tvisthølen med makk, mens Inge prøvde fluga på Sande. Men det var alt for mykje vind for fluga og makk sleit eg med når eg kom ned om Tvisthølen.

Så vi pakka sammen og køyrde oss ned igjen på Sjøllandsstraumen der vi fiska over, mest med makk. Til og med Inge rigga makken og prøvde den litt. Vi synes at elva begynte å stige, men målingane viste ikkje det.
13.07 07-13
Sjølland
Driva
Drivalaks 2022Varmen hadde gjort underverker og elva steig i løpet av natta opp til 188 kubikk. Dermed barst det rett i Sjøllansstraumen igjen. Der møtte vi hyttenaboene våre som kunne fortelle at på morgenen hadde det vore landa ein laks på 14,2kg på fluge i innløpet, sammen med ein pjakk. Dei hadde også fiska veldig godt, med tre aurar på 3kg, 4kg og 6,2kg, alle på makk.

Elva var no nydeleg fin med fluga, så vi gikk kun med den første timane. Etter å ha avslutta enno ei resultatlaus runde med fluga i halv nitida, så tok eg makken og gikk nedover. Hadde akkurat begynt å gå når det beit med Inge langt bakpå. Fisken var ganske roleg og køyringa gikk heilt greitt. Men den var seig så det tok tid å køyre den tom, men etter nokre minutt så kunne eg håve ein fin laks for Inge på 4,8kg.

Vi gikk fleire runder, både framme og nede på brekket, med makk og fluge, men vi kjende ikkje noko meir.
13.07 18-23
Sjølland
Driva
Klokka 18 var elva fortsatt rundt 180 kubikk, så det vart igjen å prøve Sjøllandsstraumen, men det var stille, så det vart mykje prating og lite fisking. Kaldt og sur vind. Endre var på vei nordover, så når han ringde kl.23 så for vi fram igjen på hytta.
14.07 07-12
Sjølland
Driva


Litjhølen
Driva
Klokka 07 når vi for i elva så sov fortsatt Endre i "Campingbilen". No var elva nede på 167 kubikk, til tross for at det hadde regna kraftig heile natta. Vi starta i Sjøllandsstraumen, men det var heilt dødt og fullt med folk som skulle ta den fisken som allereie var trygt komen i frysaren, som vanleg, så etter eit overfar så gav vi oss.

Flott kludd i DrivaI halv 10 tida for vi fram i Litjhølen for å prøve makken igjen. Eg gikk først og Inge kom etter. Etter ein liten time så drog det kraftig i makken min. Eg gav den god tid og endeleg sat det fisk med meg også. Det var umiddelbart klart kva det var for fisken rulla og rulla mens den la seg på straumen og nærma seg raskt brekket bakpå ved renna ned til Rønningen. Etter nokre spennande sekund der eg frykta at eg måtte nedover renna, og eg derfor hadde prøvd å komme meg nedover imot fisken, så roa den seg og eg kunne begynne å rygge fisken opp igjen. Først gikk der rolig og sakte, men fisken var no heldigvis roleg, så når eg fikk den vekk ifrå verste draget bakpå brekket så den vart raskt taua framover til ein plass der Inge kunne kome seg ned til vatnet å håve. Auren vart målt og sluppe ut igjen etter alle kunstens regler, og sirkelkroken sat veldig fint og fungerte utmerket. Det var ein kjempeflott og feit aure på 65cm og minst 2,8kg.

Regnvåt SunndalVi fortsatte ei stund til og Inge var borti 2 fiskar, men den første tok ikkje skikkeleg, mens den andre hang lenge nok til å spenne opp stanga før den slapp.

Når klokka var 12 tenkte vi det var best å stikke opp igjen å vekke Endre. Etter litt mat og diskusjoner om fisket og masse anna, så var det middag på Hjørnet cafe og ei runde rundt i bygda på Sightseeing for å sjå på sonene og alle elvane i fjellet etter regnet heile dagen. Vinnufossen, den høgste fossen på det Eurasiske kontinent var imponerande med masse mindre slør rundt seg. Endre ville ikkje fiske og ville derfor ikkje være igjen på Sunndalsøra, så han for vidare når vi gjorde oss klare for å reise på fiske igjen når klokka nærma seg 18.
14.07 18-23
Kleivhølen
Driva






Litjhølen
Driva
Snø i fjella 20220714Klokka 18 var elva 163 kubikk, vinden var frisk og vi var usikre på kvar vi skulle prøve. Valget falt på Kleivhølen der vi var bra i skjul. Inge gikk fram i Tvisthølen, mens eg starta direkte i Kleivhølen. Inge hadde eit skikkeleg drag i fluga, men fisken vart ikkje fast. Nedover Kleivhølen var det vanskelg å gå, men der var veldig fint å fiske når ein berre fant fotfeste. Men vi kjende ikkje noko meir.

Vi leita vidare etter ein lun plass og bestemte oss for å prøve Litjhølen ifrå veisida. Her var det greit vindmessig, men det var ikkje enkelt å fiske her med makk, og heller ikkje med fluge. Men det var nyttig å sjå korleis hølen såg ut. Det letta etter kvart opp og skodda drog seg vekk noko som avslørte snø over 1500m i fjella.
15.07 06-11
Sjølland
Driva




Blind-Jo
Driva


Sande
Driva
Klokka 06 var vi på plass i elva som i dag var 153 kubikk. I det vi var på vei ifrå bilen så slo hyttenabo Tore Boger til med makken og fikk fast ein laks. Etter ein spennande fight så kunne eg håve ein fin pjakk på 2kg.

Det gikk bra med fisk og det hoppa jevnt, men det var skrekkeleg kaldt i vatnet og fisken ville ikkje ta fluge. Og ikkje fikk vi dei til å ta på makk heller vi.

Vi prøvde også Blind-Jo, men her var nok elva alt for stor og vi forstod oss ikkje heilt på hølen. Var greitt å fiske, men vi kom ikkje bort i hølen slik som før. Her hadde nok flommen endra elva ein god del.

Så flytta vi over til Sande, her sat vi å drakk kaffi og såg at Tore Boger fikk ein pjakk i Sandebolkane. Så begynte ein kar på andre sida å rope om at nokon trengde hjelp lenger framme. Vi gikk framover og såg Tom Boger stå med stanga i spenn i Tvisthølen. Tore kom springande framover og sammen stod vi å såg far i huset kjøre ein mellomlaks, men dessverre så slapp den etter nokre minutt.

Vi drakk opp resten av kaffien før Inge prøvde fluga på Sande, mens eg fiska med makk bakpå, men det var vindfullt og vi gav oss ganske tidleg for vi måtte fram og bytte hytte.
15.07 16-21
Tvisthølen
Driva
















Sjøllandsnes
Driva












Sone 3
Driva
Etter hyttenaboane sitt gode fiske, så tenkte vi at vi måtte kome oss i fiske kjapt i elva etter middagen. Flott kludd ifrå Driva 1,8kgSå allereie klokka 16 var vi komne i elva som no var nede på 138 kubikk. Eg starta i Prestelva, men her var det ganske vanskeleg å fiske med makk, men eg fikk i alle fall sett at Blind-Jo var seg sjølv lik når ein berre kom langt nok bort imot dette landet. Inge starta i Tvisthølen. Vi fiska oss nedover. Når eg kom ned i Tvisthølen så tok ein aure heilt framme. Kampen var roleg og etter ein kjapp fight så kunne eg lande ein fin aure på 52cm og ca. 1,8kg.

Sjøllandsneset 2022Eg fiska meg vidare nedover, mens Inge gikk ned og fiska Sandebolkane. Ingen av oss kjendte noko meir.

No var vi veldig i tvil om kvar vi skulle prøve, og vi enda opp på Sjøllandsneset. Her hoppa det nokre fiskar og til slutt fikk eg kontakt med ein pjakk som hoppa midt i elva. Men den berre følgde etter makken og vart ikkje skikkeleg fast når eg letta stanga. Men 2 kast etter så var den der igjen og no tok den betre. Eg letta stanga og den hang. Den køyrde på inn imot land og gjorde eit lite hopp og vekk var den. Etter dette var det dødt.

Så vi gikk oss ein tur nedover sone 3 og fiska litt ned imot sone 2, men så kom vi over eit kongehenge og sleit begge to, så då pakka vi sammen og tok kvelden tidleg og for fram igjen og bestilte pizza og kosa oss i hytta med eit par øl i kylda.
16.07 08-12
Strømmen
Driva






Postmestern
Driva
Klokka 08 var elva nede på 130 kubikk, vinden var like sterk og iskald så gode råd om plasser i skjul var dyre. Vi enda opp i Strømmen og her var forholda fine. Inge starta med fluga, mens eg knytte opp etter gårsdagens kongehenge. Inge fikk ikkje fiska så langt nedover før det var vanskeleg å både kaste og kome fram. Til slutt var eg klar og det tok ikkje mange kasta før det hogg i ein fin aure. Den rulla litt, men roa seg fort og eg kunne taue den fram. Inge kom og gjorde seg klar med håven. Men fisken var ikkje heilt ferdig og begynte å rulle igjen når den såg oss. Eg hadde den nesten inn i håven når den seig ut igjen og rulla seg igjen, og då kom kroken. Fisken var nok omtrent som den eg fikk på Litjehølen, 3kg.

Postmesteren 2022Inge synes at vi måtte ha oss ei økt i sone 1 før vi gav oss. Dermed så vart det fiske i Postmesteren. Eg gikk først, men gav meg på grunn av alt for sterk vind, mens forholda roa seg for Inge som fortsatte ned til djuphola nedanfor kraftlinjene. Etter ei pause prøvde vi ein gong til og no var det så roleg at vi begge gikk heilt ned, men uten å kjenne noko meir enn første gangen. Inge gikk ei kort runde til når det kom ein gjeng med japanesere på motorsykkel som ville fiske. Men det var dødt og no var det så kaldt at vi pakka sammen.
16.07 18-24
Kiklingbrekk
Driva

Sjøllandsnes
Driva
Klokka 18 var elva nede på 123 kubikk, og sia det hadde gått lite fisk siste par døgna så satsa vi på Kiklingbrekk i tilfelle den fisken som hadde gått før i veka ikkje hadde passert der enno. Vi prøvde makken, men det vart mykje sliting og null kontakt med fisk.

Etterpå køyrde vi ned igjen på Sjøllandsneset, her var Inge borti eit kvart framme, truleg ein laks, men han fikk det ikkje fast, så fikk han ein liten aure før eg litt etter fikk ein liten aure på 42cm og ca. 0,7kg. Utover kvelden så hoppa det jevnt med fisk, ein og to i halvtimen, akkurat nok til å holde oss i drivet til det var godt skymt. Men til tross for at det vart mange sjansar for dei å bite så lukka dei kjeften og gikk vidare uten å la seg friste av våre godsaker. Når det skymast godt så gav vi oss.
17.07 09-11
Litjhølen
Driva
Vi låg godt frampå og for ikkje før klokka var framunder 09, då var elva nede på 120 kubikk. Siste laksen vår på Furu campingDei som overtok hytta når vi flytta hadde fiska godt i Litjehølen, men når vi for så var dei fortsatt i hytta så vi stakk bort dit. Her fikk kjapt Inge eit merkeleg hogg bakpå på makken, men han letta stanga og fisken hang. Det var ingen rulling, så han konkluderte raskt med at det var ein laks. Fisken var rolig og gjorde lite sprell før eg kunne håve den flotte laksen på 6,8kg. Eg fiska meg nedover, men det var heilt dødt. Inge kom no bak og var borti 2 fiskar til, men desse vart ikkje faste.

Dermed var årets tur over og vi måtte opp på hytta og pakke sammen før klokka var 12. Vi snakka lenge med Kollbjørn som truleg legg ned etter årets sesong. Neste år er også elva åpen, sjølv om den vert behandla med klor i haust, men så vert ho freda i 5 år, og då er vi heilt sikkert tilbake.

Den 21.07 var Bjørn på Staten og fikk ein tert på 1,42kg.
23.07 13-14
Nor
Eidselva
Lilly ville gjerne fiske litt, så vi tok med stanga og tok ein kjapp tur på Nor. Eg gikk over med fluga, men det var dødt både framme og bakpå. Gikk ikkje ut på murane, men trur ikkje det gjorde utslaget. Var sol og skya og etter kvart veldig kald frisk vind opp elva, så vi gav oss etter ein time.
24.07 21-24
Fluge 2
Bondalselva
Vi kom til Sæbø på søndag og tenkte det var greitt å prøve på direkten, slik at ein eventuell fisk gikk på denne vekekvota, men det var ingen fare. Fiska først nede før eg flytta heilt fram, her var det ei fin renne no når elva var lita. Her framme var det 3 andre, men 2 av dei hadde alt gitt seg når eg kom fram. Første overfaret i storehølen enda med eit skikkeleg drag i fluga, mens det bakpå var eit lite pirk, men ingen av dei tok nok til å verte faste. Vi to som var igjen gikk eit par runder før han siste også gikk. Eg tok eit par runder til når det begynte å skymast godt, men det var heilt dødt.
25.07 12-18
Frøland
Bondalselva
Temperaturen hadde begynt å stige ein del og det hadde gått regnbyger heile natta og morgenen så elva var litt større. Eg og mor var bort å handla i 12-tida og då fikk eg meg eit kort. Var komen fram på Frøland kl.13. Eg hadde rigga trodå med veldig lett bly sia eg ikkje visste kor stor elva var. Gikk bort nedanfor brua og kasta ut, men det verka veldig lett. Prøvde eit kast til, men kom til same konklusjon. Satte på eit tyngre bly og kasta ut, det kjentes betre ut og eg kom i botn. Først eit dunk i ein stein, så vart det napping i staden. Eg slo til og fisken hang. Kjente fort at den var liten og eit sekund seinare kom den opp å hoppa. Eg drog den imot meg og fisken kom villig, faktisk så svømte den rett imot og eg sleit med å holde stramt snøre. Fisken rende seg faktisk langt opp på land, men sprella seg uti igjen sia der var ganske bratt. Eg køyrde fisken ei stund i hølen mens eg kom meg ned til elva, men den la seg på straumen og kom seg ned i neste høl. Her rasa den rundt mens eg følgde etter. Her var det greit å lande så eg hekta av håven og dermed så sprala fisken seg av.

Rekna med at det skulle gå greit å finne fleire som ville bite, men det skulle vise seg vanskeleg. Fiska over heile sona, men det var dødt. Prøvde ved brua kvar gong eg passerte, men det var dødt. Klokka 3 kom ei skikkeleg regnbyge så eg tenkte at det var greit å stikke ned å ete ballj no. Eg for fram igjen og fiska siste 45 minutta, men det var fortsatt heilt dødt.
27.07 18-24
Mo
Bondalselva
Det regna heile tirsdagen og elva var stor og brun, men eg orka ikkje trosse været og fiske i regnet. Onsdag kom Atle Storvik innover, han hadde starta med å verte guida av Sindre Moe på Mo i Ørsta til ein pjakk på 1,5kg før han kom over fjellet. Her starta han med å fiske Fluge 2 ifrå 14-18, men det vart ikkje fisk på han der, men han såg eit par hopp.

Sindre hadde skrytt til Atle om at Mo var ei fin sone, så han ville gjerne prøve her. Eg tilbydde meg å være med. Vi starta i 19-tida ved parkeringa og fiska oss eit godt stykke nedover, men det vart mykje sliting og lite fisk. Atle fiska først og kom oppgitt oppover igjen og sa at no var det berre bukkemark nedover, så vi gikk fram og fiska litt foran parkeringa, men det vart mest sliting her også, så vi gikk ned å fiska dei to store hølane som var der. I den nedre prøvde Atle ein liten spinnar og jaggu hengde det seg på ein liten pjakk, men den hang på til eg hadde fått håven av, då datt den av...som sist på Frøland.

Torsdagen hadde elva falt heilt sammen så då fiska ikkje eg, men eg var i Ørsta på ØJFF styremøte. Då sa Sindre Mo at han skulle fram til Sæbø og fiske, så eg vart med for å sjå kvar fisken stod. Sindre fiska berre ein høl der vi hadde fiska og ellers kun ifrå der Atle stoppa og nedover. Men elva var veldig lita og han fikk ikkje fisk han heller.
30.07 14-02
Fossen
Eidselva
For ein tur ned i 17-tida når det tjukna til med skyer etter ein fin dag så langt. Gikk over med fluga, var ei honndalskrede som skremte meg litt med å ta på godplassen, men ellers var det veldig dødt. Fossen 2022Gikk så over med makk. Fikk fleire honndalskreder, men større fisk var det mindre av. Var eit kraftig dunk midt borti hølen bakpå, men ikkje sikker på om det var fisk. Prøvde fluga ein gang til før eg tok ei middagspause, men fortsatt dødt.

Etter middagen var det samme runda, fluga og så makken, men uten resultat. Enno ei runde med fluga og så makken igjen før det begynte å skymast, men det hjalp ikkje. Trur eg drog makken over ryggen på ein fisk på bortsida av storekvita, men ellers dødt. Etter at det begynte å skymast så gikk eg over på berre fluga og gikk 3-4 runder fram til midnatt
31.07 02-14
Stokkenes
Eidselva
Hadde klokka på 04, men sov til kl.06 og var komen i elva klokka halv åtte. Starta med å fiske Åbrekk i lett regn og litt vind, men var ikkje borti noko som eg sikkert kan definere som fisk. Gikk så ned i Myrahølen og fiska over brekket, men måtte leite sjølv for å finne småkreder. Vod meg også ut å fiska innløpet, men det var ikkje så lett å fiske det.

Svingen på Stokkenes 2022Gikk så over neset og fram til Mastehølen, men der var det folk på andre sida, så eg tok nokre kast i Arnfinnhølen før eg gikk ned å fiska Ledet. Prøvde deretter Svingen, Frisørhola og småhølane ned imot Moses, før eg gikk ned å fiska Øya, som som vanleg ikkje var enkel å fiske. Gikk så Pjakkebakkebrua og Pjakkebakken og fiska bakre del av Øya og nokre kast i Hildehola, men såg mørkt på å få fisk då berging vil være bortimot umulig, så gikk derfor vidare ned til Åbrekk igjen. Var svolten og tørst så tok fram eplet mitt og kaffien, og i det eg satte tennene i eplet så var ein fisk oppe framme ved prydbuska. Eg treiv enhåndsstanga og sprang fram og fiska over, men verken såg eller kjende noko meir. Så eg gikk å satte meg og åt opp eplet. Etter at det var fortært så reiste eg meg opp, tok makken og skulle til å gå fram når eg plutseleg såg ein fisk som stod inne på det rolige vatnet fram imot prydbuska. Eg lista meg kjapt fram og fiska meg ned imot fisken, men ikkje beit den og ikkje såg eg noko av den. Fiska meg berre vidare nedover og rett utanfor bordet så synes eg at eg såg ein fisk bikke på seg så den blinka litt. Fiska nøye over, men kjende ikkje noko av den, og heller var det ikkje fisk å kjenne vidare nedover.

No hadde eg nesten gitt meg og sat egentlig berre på benken å sjekka status på telefonen før eg skulle pakke sammen når ein stor tert eller ein liten laks hoppa på same plass som det var oppe fisk sist. Igjen treiv eg flugestanga og sprang fram, fiska innløpet når det var oppe ein fisk å rulla heilt framme i kilen på andre sida. Fiska meg litt nedom der den hoppa med fluga før eg gikk å bytta til makk, slik at eg fikk kasta heilt over til kilen. Fiska framme i kilen og heile veien bakover og heilt nedom steinen ved spiontreet, men det var dødt. No hadde klokka vorte 13.45 så då pakka eg sammen og gav opp.
31.07 23-02
Nor
Eidselva
Var ganske sliten etter den lange økta på Stokkenes, men det var ein veldig fin kveld så eg måtte ned å prøve. Nattfiske på Nor i EidselvaStarta i innløpet, men det var ikkje noko å kjenne så eg sveiva inn for å flytte. Men mens eg hold på så hoppa det ein fisk litt bak enden på muren, så dermed så måtte eg dra av snøre igjen og fiske for å sjå om den kom fram til meg. Det er det mulig den gjorde, men den beit i alle fall ikkje, så eg flytta ned bak muren. I det eg starta her så hoppa det ein stor fisk heilt bakpå, så her var det berre å komme seg i sving. Fiska meg nedover og hadde eit par smånapp som ganske sikkert var honndalskreder, og eg fikk også eit par av dei. I det eg var komen heilt ned i enden, på berget, så kasta eg full lengde og slakka etter eit par meter for å dekke så langt ned som eg klarte. Eg synes det var noko som skjedde, men det var ikkje noko napp, meir som om noko rusk traff flugelina eller at eg var i botn med fin sandbotn, altså veldig forsiktig, men tenkte ikkje så mykje over det. I det eg antok at kastet var utfiska så drog eg i lina for å starte nytt kast, men der var det motstand, hadde eg huka i botnen likevel? Eg letta straks stanga og der var det full stopp...og så kom det kjende svaret ifrå andre enden, fast fisk. Eg fikk tatt opp slakkebukta med snella, men fisken kom imot så eg sveiva det eg var mann om før fisken snudde og det rasa av snella igjen i det fisken hoppa innover imot land og viste at dette ikkje var nokon småfisk. I det den landa så bråsnudde den og raste over straumen og gjorde eit skikkeleg byks på andre sida. Eg sveiva igjen som ein tulling når fisken igjen raste oppover og tilbake på mi side av straumen og var oppi å rulla på denne sida igjen. Eg sveiva den inn og fisken kom ganske greit framover så eg tenkte at det er vel best å begynne å stavre seg inn imot land. Tok 3 skritt bakover og då berre kom fluga og storlaksen var vekk. Fiska over nokre kast til, men no var det dødt.

Etter ei pause på benken så tenkte eg at eg fikk ta ei runde til før eg gav meg. Fiska ganske kjapt over, men det var meir dødt no, sjølv om eg fikk eit par honndalskreder også denne runda. Eg plagast med kastinga i mørket så det vart litt rot, men kom seg når eg kom ned på berget igjen og fikk meir plass. Plutseleg var noko bortpå å pirka, eg venta og igjen var det der. Eg slapp lausbukta og letta stanga og tvert kom ein aure sprettande opp og rulla og hoppa i eit sett. Også denne kom imot meg så eg var veldig usikker på kor stor den var, men til slutt så stoppa den og eg fikk sveiva inn all lausbukta. No var fisken ganske spak og etter eit lite minutt så kunne eg håve ei flott brunaurehoe på ca.1,5kg. Prøvde nokre kast til med fullt strekk ned imot der laksen tok, men kjende ikkje noko meir så eg tok kvelden etter ein fin natt-tur i elva.
01.08 14-02
Kvien
Eidselva
Endre i Hammarshølen 2022Endre kom innom vogna og høyrde at eg skulle på Kvien, så då slengte han seg med. Klokka var borti 8 før vi var komne ned i elva. Det hadde ikkje stått bil ved Hammarshølen når vi passerte på vei i elva, så vi satsa på at der var tomt, men når vi kom ned så var der ein kar som fiska med fluga, og ein annan kar som fiska Svadet. Men han fiska berre over med fluga den gangen og så gav dei seg. Så vi fikk hølen for oss sjølve resten av kvelden. Eg gikk først over med fluga etter at ein fin mellomlaks hadde hoppa, og det var også oppe ein tert når eg kom lenger bak, men det beit ikkje. Så gikk Endre over før eg gikk over med makken, men det var dødt.

Så vi gikk fram i buda på Svadet. Allereie hadde lufta vorte veldig skarp og dogget hadde begynt å legge seg. Vi preika og gikk over utstyret før Endre fiska Svadet med fluga, mens eg fiska Flata med fluge og makk. No var det begynt å skymast så vi tok med flugestengrene og gikk ned i Hammarshølen igjen. Endre starta, mens eg gikk dei to neste rundene, men det var heilt dødt. Dermed pakka vi sammen og tenkte prøve på Nor. Vel oppe i bilen var temperaturen komen ned på 7,5 grader, så ikkje ideelle forhold, men det var i alle fall ikkje skodde på vatn eller marker.
02.08 01-03
Nor
Eidselva
Sia forholda var så fine i går og der var fisk då så måtte vi prøve litt. Endre starta med å fiske bakpå, men det var berre Honndalskrede å kjenne. Så gikk eg over heile bakre del, mens Endre vagla seg ut på murane og fiska der. Litt bak berget var det noko som nappa forsiktig med meg, eg venta og snøret stramma seg fint opp før eg letta stanga. Fisken spendte nesten opp stanga før den slapp. Den kjentes ikkje så veldig stor ut, men kanskje ein tert. Vidare nedover var det mykje napping av Honndalskreder, men ikkje noko større. Vel nede på berget var eg stivfrosen, så etter ein kort prat på benken så pakka vi sammen og tok kvelden.
02.08 22-00
Staten
Eidselva
Det var meldt bra med regn og det regna også godt midt på dag, så eg køyrde ned å kjøpte meg eit kveldskort på Staten og morgen på Stokkenes før eg tok med Endre til Ørsta på familiedag med ØJFF. Det synes vi begge var kjempegøy og det vart mykje lakseprat med mange, så det var seint før vi kom oss tilbake til kortet mitt. Det hadde regna lite etter at vi forlot Eid, så elva var ikkje veldig farga, men det var skymt så sjansane var absolutt til stede.

Eg starta foran brua med fluga, men det var berre småkreder å kjenne, sjølv om eg fiska meg heilt ned under brua.. Gikk så ned om med makk og fikk ganske kjapt ein grenseaure, etter dette vart det 2-3 mindre aurar før eg gikk framom igjen med fluga. Men det var like dødt denne runda, så eg tenkte å prøve fluga nedpå etter det store aurane som står langt nedpå hølen. Gikk under brua og begynte å dra snaøret av snella når det var eit kraftig plask som om noko stort var oppe og velta seg i overflata. Eg gikk fram og drog over fluga igjen, og no fiska eg meg enno lenger ned enn før, men det var dødt. Gikk så nedom for å fullføre tidlegare plan, fiska over heile hølen, men vart berre eit par småaurar, ingen av dei store ville ta. No var Endre veldig godt skjenkt og eg tenkte det var betre å spare litt til morgenen, så vi pakka sammen. Vel oppe på vogna så slo eg på videoen ifrå brua og kva anna ser eg enn ein oter. Då forstod eg kvifor eg synes lyden foran brua var litt annerledes enn ein laks, det var truleg oteren som kom drivande nedover og som hadde vorte skremt av meg.
03.08 9-14
Stokkenes
Eidselva
Eg tenkte stå opp ganske tidleg, men klokka vart 8 før eg ramla fram og begynte gjere meg klar. Eg var ikkje komen i elva før 09.30, men sia bettet siste tida har vore midt på dag så tenkte eg det var ok. Alle fiskane som stod ved brua i går kveld hadde gått i 05-06-tida, så eg håpa dei fortsatt stod i Åbrekk. Fiska over først med makk, så med fluge. Det tok ein liten fisk langt nedpå når eg holdt på å dra inn for nytt kast, men den falt av raskt. Så var det ei runde med makk og slik fortsatte eg til klokka var 12.45 uten å kjenne eller sjå noko meir liv. Då hadde eg akkurat gått over med fluga når ein fisk var oppi ved spionsteinen. Gikk bort og fiska meg ned og vel forbi, og då hoppa ein fisk framme i kilen, like framom åpninga i trea på Åbrekksida. Den høyrdes ikkje så veldig stor ut, men eg tenkte at eg måtte fiske over. Tok makken og fiska over, men det var dødt der og alle andre plasser eg prøvde. Pinnepjakk på StokkenesNo vart det dødt igjen. Eg konsentrerte meg litt om hot-spotene, men det hjalp ikkje, så eg gikk over med fluga igjen. No var klokka 13,45 og eg tenkte at eg får ta eit kjapt sveip med makken. Fiska raskt og kom ganske langt ned. Kikka på klokka og den viste 13.58, jaja rekk 2 kast til. Kasta ut bak førstesteinen og lot det svinge inn imot den nye lisje steinen bakpå og innpå. Der er ein del mosedotter før du kjem dit og der gikk snøret litt tregt, eg letta snøret og fikk det til å gå, no var eg nesten inne ved den nye steinen og der nappa det. Småkrede tenkte eg, men slo til ganske lett. Fisken sat og kom oppi overflata. Småaure som forventa tenkte eg og sveiva fisken kjapt fram. Fisken rulla litt, men litt lite for å være ein aure synes eg, men etter størrelsen så måtte det være det. Eg drog den fram og skulle til å bøye meg ned for å huke den av når den la sida til og svinga ut igjen, ein tert, ein skikkeleg minitert. Jaja tenkte eg, vi får dra den med framover og få den på land. Her vart det stadfesta at det var ein laks, med dei vitale mål av 560g og 44cm. Ikkje fangsten eg hadde drøymt om i den flotte cognacfarga elva, men den vart steikt og surra med rømme til middag og var veldig god. Ein perfekt porsjonsfisk.

Tore fiska Alsaker og fikk 2 tertar på 2,32kg og 1,54kg.

05.08 var Inge på Bjørlo og fikk ein tert på 1,54kg.

06.08 var Inge på Staten for å få seg ein tert eller to, men det enda med at han fikk ein laks på 4,65kg foran brua og 3 kast etterpå så fikk han ein fettfinneklipt laks på same plass på 6,5kg.

08.08 var Bjørn på Alsaker og fikk ein tert på 1,7kg.

09.08 var Bjørn på Staten og fikk ein tert på 1,56kg.

10.08 var Bjørn på Staten og fikk ein tert på 1,4kg.
12.08 14-02
Staten
Eidselva
Eg lodda stemninga om nokon ville være med å fiske i Storeelva i Honndalen, men Inge og Irvin hadde kort, mens Endre stakk å kjøpte seg kort, så då bestemte eg meg for å gjere det samme, og fikk Inge til å kjøpe kort til meg sammen med Endre. Eg henta korta hos Inge, men det visste seg at Chatlet hadde rota litt, så eg måtte nedom der for å ordne opp. Eg hadde ete på veien ifrå Ålesund, så eg kledde meg om og stakk innom Chatlet på veien i elva. Plukka opp Endre på veien og var komen i elva like før klokka var 19.

Eg starta med å fiske foran brua med fluga, men det var dødt. Gikk så nedom og fiska grundig med makken, men det vart med ein liten aure godt under målet. Det hoppa ein fisk i renna, så eg fiska meg nedover dit. Det tok ein fisk skikkeleg like bak der den var oppe, og eg var heilt sikker når eg slo til, men den vart merkeleg nok ikkje fast. Hoppa ein mindre aure lenger bak, og eg var borti noko fleire gangar, men ikkje noko som tok nok til at eg slo til.

Gikk fram igjen og prøvde fluga igjen, men igjen var det dødt. Prøvde også makken og fluga igjen mens Endre fiska framme og Hesten, men dødt for begge. Augusttert på Staten, Eidselva 2022Mens Endre ville prøve foran brua så gikk eg ned om igjen med makken. Fiska grundig i hølen, men det var veldig dødt. Fiska så heilt bortunder land på andre sida og begynte å fiske nedover renna. Og ikkje langt nede så plukka noko inne i bakken. Synes det var veldig forsiktig så eg venta litt med tilslaget, men når det kom så sat fisken. Sia den tok som ein aure så tenkte eg at det var ein aure, men den kom aldri skikkeleg oppi å rulla, så då antok eg at det var ein tert. No ringde telefonen, men det vart sjølvsagt ikkje svart. Terten var køyrd kjapt og håva. Såg det var ein farga hannfisk, så eg ville sette den ut igjen, men når eg skulle kroke den av så såg eg at den blødde masse, så dermed så vart den med heim. Laksen var 54cm og 1,42kg.

Eg hadde ringt opp igjen Sindre Mo når Endre kom ned etter å ha fiska ferdig foran brua. Han hadde ikkje fått med seg køyringa så han vart overraska. Eg fiska etterpå vidare ned det meste av renna, men no var her dødt. Endre stod på brua og snakka med ein kar, så eg gikk fram og fikk fisken i bilen. No kom Endre og vi køyrde oss ned på nedre. Endre gikk nedover, mens eg gikk fram til Steinbordet og fiska meg nedover etter å ha fiska 4 kast med makk ved hytta. Det var eit lite kakk foran hølen ved hytta, men var ikkje noko når eg letta stanga. Endre hadde heller ikkje kjent noko nedanfor. Eg prøvde nokre få kast med makken bakpå  brekket ved steinbua, men floa hadde kome så godt fram at det var lite straum og ikkje noko som beit.

Det var godt mørkt når vi kom fram til brua, og eg var trøtt, men vi køyrde fram og eg fiska over heilt framme med fluga, men det vart mest rot. Så køyrde vi ned til brua og eg lurte på om Endre ville prøve, men han var også sliten, så vi gav oss og køyrde fram igjen. Inge var også komen opp igjen og han hadde fått ein laks i innløpet på Kastehølen på ca.4kg. Dette var ei farga hoe, så ho fikk svømme vidare. No var det kome meir fisk på kamera, så då var trua der til neste morgen.
13.08 02-14
Staten
Eidselva
Var oppe kl.04 og for nedover like før kl.05. Stoppa og fyllte diesel så klokka var nok akkurat over 05 før eg vod ut framfor brua. Inge kom når eg hadde tatt 4-5 kast og sat i bua når eg kom bakpå og ein fisk plukka forsiktig. Eg slapp slakkebukta og letta stanga kanskje litt fort. Fisken holdt fluga lenge nok til at eg kjente at den var der, men ikkje noko meir.

Etter dette var det dødt til vi for nedover. Inge sleit med skuldra så han måtte snakerolle og fiska derfor ifrå Steinbordet og nedover, mens eg fiska Malakoff ifrå veien. I det Inge kom ned imot hølen ved hytta så beit det på. SmåaureHan stod og sov og slo til så det sang. Fisken gikk til værs og spratt rundt i sjokk. Inge køyrde fisken hardt og dermed så vart det meir hopping, og til slutt så slo den seg av kroken. Det såg ut som ein tert på ca.2,5kg, og mens han køyrde den så hoppa det 2-3 fiskar til.

Vi fiska ut hølane, men vidare var det dødt med begge. Prøvde makken nede på brekket ved steinbua, men det var heilt dødt til eg kom bak i utløpet, då tok det endeleg ein fisk, men det var ein aure på 37-38cm som Inge håva og satte tilbake. Det begynte å nærme seg trekning så vi for fram å fiska rundt brua, Inge foran og eg nedanfor, men det var dødt.

Etter trekninga så fiska eg foran brua, nedanfor brua, Hesten med makk og eit par nye runder foran brua med fluge og makk, mens Inge var nedanfor igjen, men det var heilt dødt. Etter ein tur nedom Osbrua for å sjå etter fisk så køyrde eg fram i vogna igjen, mens Inge vart igjen. Klokka var no akkurat 12. Inge fiska ut kortet, men det var ikkje noko å kjenne.
13.08 14-02
Bjørlo
Eidselva
Eg sov etter at eg kom fram igjen, så eg var klar ganske tidleg, men stressa ikkje og var komen ned i Kastehølen klokka 19. Her var det folk, men han pakka sammen og gikk straks eg kom. Eg starta med fluga i innløpet og fiska meg rundt heile hølen. I det eg fiska bort imot neset midt i hølen så hoppa det ein farga tert i utløpet, fiska meg ned imot, men kjendte ikkje noko. Utløpet Kastehølen 2022No kom det 2 mann på andre sida, så eg satte meg ned å slappa av. Bytta til makken, men det var lite å kjenne på den også før eg kom bak i utløpet. Her var noko borti å plukka fleire kast på rad og til slutt fikk eg det fast, men det var berre ein aure på ca.35cm.

Satte meg ned og rett etter var det oppe ein tert på samme plass som sist. Tenkte det sikkert var ein fisk som stod der, så eg sat ei stund til. Men så hoppa det ein fisk i innløpet, så då treiv eg stanga og sprang fram i Svarthølen. La fluga ut 2-3 ganger og då hoppa fisken vidare framover, så tydeleg at den gikk fort.

Fiska fredig, gikk ned igjen og skifta fluge før eg prøvde innløpet igjen, men det var dødt. Bytta til ei lita Sunray og fiska utløpet, men var ikkje noko å kjenne. No var det litt skymt så eg bytta til ei ganske stor Mårfluge i det ein fin laks hoppa midt på hølen. Gikk kjapt i innløpet og fiska grundig, men var dødt. Etter ei kort pause gikk eg å prøvde Utfallebakkane, men det var dødt. No mørkna det fort, så etter ei pause så gikk eg i innløpet og fiska. Var veldig grundig og fiska veldig sakte og lenge, men det var ikkje noko å kjenne. No kom det skoddedottar drivande, så trua falt drastisk, men eg sat ei god stund å lytta etter fisk, men det hadde vore heilt dødt lenge no. Så eg pakka sammen og for opp igjen, var på vogna kl.00.

Inge var på Fossen og mista ein tert i 20-tida, og det var samme der, etter kl.21 så var det dødt. Han var så vidt nedom Staten og drog over foran brua kl.02, men det var dødt. Han for ned igjen på Staten kl.08 og og fikk ein tert på 0,96kg på første overfar foran brua.
19.08 14-02
Staten
Eidselva
Var komen på Chatlet kl.18.30, i full mundur, og deretter bar det rett i elva. Her stod Inge og Bjørn på brua, så snakka litt med dei før eg prøvde foran brua. Småtert i skymingInge for på Bjørlo, mens Bjørn hadde fiskefri for å ta ned teltet. Eg prøvde så nedanfor brua med makk, der var det dødt framme i djupet med unntak ifrå ein småaure. Men bakpå var det fisk som tok fleire ganger, men dei falt av. Og glad var eg for det kunne virke som aure. Tok så enhånds og fiska renna og heile veien ned til og med Ladehølen, men det var dødt. Prøvde igjen ovanfor og nedanfor brua, men det var fortsatt dødt der. Gikk fram for å fiske over fremste med makken. Kjapt var det noko å plukka, igjen som ein aure, men sia det var rett unna så var eg ikkje sikker og gav slakke. Fisken tok og eg slo til. Fisken kjendes ut som ein aure, men den kom ikkje oppi så eg lurte litt, og når den kom inn så såg eg at det var ein liten tert. Dermed vart den tatt med heim. Laksen var 48cm og 0,8kg. Fiska vidare nedover, men det mørkna fort og var ikkje meir å kjenne.
20.08 14-02
Staten
Eidselva
Småtert 2022Sov over alarmen, så klokka var ca.7 når eg for nedover. Inge stod alt på Nor å fiska etter å ha prøvd på Staten først, men han hadde ikkje kjent noko nokon av plassane. Eg kjende heller ikkje noko foran brua på fluga, så eg bytta til nedsida av brua med makken, det var dødt i djupet, men bakpå så var det noko som beit som dagen før. Men no vart det skikkeleg fast. Venta på at den skulle kome oppi å rulle, men det gjorde den ikkje. Men tenkte den var så liten at det var kun aure det kunne være. Men i det den var komen heilt inn så synes eg det likna på ein tert, men den var for liten...eller. Vel inne så var det ikkje tvil, dette var ein liten tert, så då vart den med heim. Laksen var berre 43cm og vog kun 0,5kg.

Eg fiska først over ved brua igjen før eg fiska meg nedover renna. Allereie langt framme i renna var det noko som tok skikkeleg, eg slo til, men merkeleg nok så var det ikkje noko som hang på. Prøvde fleire ganger til, men den ville ikkje igjen. Vidare nedover var det litt plukking, men ikkje noko som vart fast før ei lita skjebbe tok oppe på grunna.

Vel framme ved bilen igjen så såg eg at eg skulle rekke ein kjapp tur fram på fremste før trekninga. Der fiska eg over med makken og igjen var det ein fisk som tok skikkeleg, men som ikkje vart fast.

Etter trekninga så fiska eg over strekninga ifrå holmen og ned om hytta i Øvre Malakoff med fluga, men det var dødt. Prøvde også makken borti der, men det hjalp ikkje. Vi såg ein fisk hoppe ifrå baksida av Jektesteinen, men den tok ikkje.

Vi flytta fram til brua igjen, Inge foran og eg prøvde nedanfor for å sjå om fisken vi såg kunne være her. Fiska også ned i renna for å sjå om eg fikk kontakt med fisken eg var borti tidlegare på morgenen, men nei. Inge ville no gi seg, mens eg sa at eg fortsatt hadde  noko usnakka med ein fisk i fremste etter besøket på morgenen. Litt bak der eg fikk terten i går så plukka det igjen, men det var veldig forsiktig. Småaure 2022Eg venta og venta på at den skulle ta litt betre, men til slutt måtte eg slå til, og fisken den hang. Det vart fort klart at dette måtte være ein ny tert sia den ikkje kom oppi, men når den kom nær nok så synes eg den hadde mykje prikkar, og korrekt det var ein aure. Kroken sat i tunga og fisken blødde ein del. Eg fikk kroka den av og prøvde å få liv i den igjen, men fisken var død. Dermed så måtte eg ta ein aure eg også i år, denne var 45cm og vog 0,74kg. Fiska meg vidare nedover til eg var komen langt nedom trea, men det var ikkje meir å kjenne. Gikk over ein siste gang foran brua med fluga, men det var dødt.
20.08 14-02
Moen
Eidselva
På kvelden vart det Moen, klokka var over 19 før eg var komen i elva. Starta i Moahølen med ei lita fluge, men elva var i alle fall stor nok så gav meg når eg kom bakpå. Prøvde så med makken, var borti noko heilt bakpå brekket, men fikk det ikkje fast. Fiska meg nedover heile veien, men elva var heile veien litt vel stor, så hadde eg ikkje visst kvar eg skulle fiske så hadde det vore vanskeleg. Men det hjalp ikkje, for eg kjende ikkje noko. Såg Mattis på andre sida som pakka sammen og reiste med full kvote. Når eg kom opp igjen til Moahølen så fiska eg fort over med makken for å sjå om eg fant igjen det som hadde plukka sist, men nei. Snakka med Inge som var på Bjørlo og også der var det dødt. No hadde det alt vorte bortimot heilt mørkt, så eg rekna med at Bolstad hadde gitt seg på Fossen, så eg gikk fram der for å prøve fluga i mørket. Bolstad dreiv og pakka sammen og for i det eg kom. Eg gikk ut litt framme og la ut 2-3 kast når ein ganske stor fisk hoppa to ganger nesten inne på land rett foran bua der Bolstad stod berre 2 minutt før. Eg fiska over og flytta meg litt nedover for å fiske meir bakpå, men det var dødt.
20.08 23-00
Nor
Eidselva
Så eg tenkte at det kanskje var betre å stikke på Nor å prøve om fisken kom opp der. Litt lettare å fiske der i mørke. Eg møtte Endre ved brua, han var på vei fram på holmen. Det var ein liten fisk som hoppa mens eg gikk over, men verken den eller nokon andre fisker ville nappe. Eg sjekka radaren og såg at det straks ville hølje ned, så eg gav meg. Ved brua så møtte eg Inge som hadde prøvd foran brua, og etter kvart kom Endre ned igjen også, men det var dødt med dei og. Dei ville prøve på Depotet, mens eg for fram på vogna igjen. Regnet kom like etter, men karane hadde fiska og vore borti mange fiskar, men dei vart ikkje faste.
  Siste helga var eg heime sia Lilly var på fotballturnering og på søndag feira mamma bursdag. Inge var innanfor og fiska Staten fredag kveld og laurdag morgen før han avslutta på Fossen med ein bomtur i elendige forhold med klarvær, nordlig vind og minkande elv. Når han var ferdig ein gang midt på natt i stupmørket, så slo han på haudelyktaa og der stod det 5 laksar på ca.10kg berre meter ifrå han. Så fisken var der sjølv om han ikkje kjende noko for heile kvelden.

HonndølaI veka etterpå så hadde eg servicemann for å sjekke vogna og han kondemnerte den på grunn av væte i fronten og i golvet under senga.

Helga deretter var eg inn å plukka ned forteltet for i år, men hadde gløymt skrumaskina, så fikk ikkje skrudd laust nok til å rive, men fikk i alle fall tømt det. Laurdagen var eg og Irvin på oppdagelsesferd til Honndøla, vi såg ikkje fisk, men vi såg mykje fin elv.
17.09 Inge fiskar etter oppdrettVar med Endre og Inge når dei fiska etter oppdrettsfisk. Fikk håve ein tert til Inge og liten laks til Endre i Åbrekk, begge ville og vart dermed satt tilbake etter måling og prøvetaking. Ellers fiska dei strekket ifrå Steinbordet til steinbua på Malakoff, Hesten, ved Skipenesbrua og på Nor mens eg var der, men det var ikkje noko meir å kjenne. Eg vart ganske så dårleg i kneet, så eg holdt ikkje på så lenge, men eg var med dei fram i trappa for å sjekke om der var fisk, men det var der ikkje.

Også søndagen var eg ned sammen med dei ei lita stund, men kneet var enno verre i dag, så avslutta tidleg. Bittet var like elendig denne dagen så det vart ikkje fleire fiskar.
15.10 Lilly ville på campingen i haustferien og endeleg vart det brukbart vær. Fredagen var vi ned til Skipenesbrua og såg på Inge og Endre som fiska der. Inge hadde fått ein liten tert før vi kom og Endre fikk ein liten tert mens vi var der, men ellers hadde det vore veldig stille og lite å kjenne.

Laurdagen var det min bursdag og vi stoppa å snakka med Inge når vi var på vei ned på Alti, men det hadde vore veldig stille også på morgenen. Lilly på oppdrettsfiskeVi for på shopping før vi stakk bortom Inge for å høyre om formiddagen hadde vore betre, men med unntak i frå ein liten gjeldtert så hadde det vore dødt. Han hadde til og med vore i Hammaren, uten at det hjalp. Inge ville prøve foran brua på Skipenessida, men hverken der eller nedanfor brua var det noko å kjenne. Inge ville gi seg, men sa at vi måtte fiske over Fossen før vi gav oss. Her lånte eg flugestanga og fikk kasta nokre kast og plutseleg beit det jaggu på. Fisken kjempa godt, men den vart køyrt hardt og vart håva etter eit godt minutt. Laksen vart målt og sjekka før den vart satt tilbake for det var ingen tvil om at dette var ein villfisk. Laksen var ein ganske nygått hannlaks der luseskadene ikkje var full grodde enno. Lengda var 74cm. Ein fin bursdagslaks!
Haust Kameraene var oppe og gikk heile hausten og vinteren. Det kom nokre oppdrettere i månedsskiftet November/Desember, men dei var blanke og ikkje gytemodne, så derfor så vart dei ikkje tatt ut i fare for å skade villfisk som stod rundt kameraene. Framunder jul vart det plutseleg mykje fisk å sjå når laksen begynte å sleppe seg ut igjen.

 

 

OPPSUMMERING 2022

Forsesongen vart uten fiske i det heile då det var dårleg vær og lite fisk, pluss at bensinprisene gikk i taket så det var reint tap å drive sjøen. Men trøsta var at det vart mykje snø i fjella på grunn av det. Så når elva begynte å stige opp i Mai så kom også fisken, sjølv om vi ikkje såg så mykje på kameraene i starten så gikk det nok fisk sia elva var stor og grå. Men når ho gikk ned og vi fikk betre sikt så såg vi også fisken på kameraene. I år vart det full klaff med kameraene og det stod stimar foran dei i heile juni og juli.

Med lave temperaturer og godt med vatn så satsa eg nede i elva på åpninga. Fikk ikkje Staten, men var like fornøgd med Stokkenes og den nyrydda Myrahølen. Og full kvote og ein mista fisk før det var skikkeleg lyst må vel være bra.

På grunn av dårleg kne og rygg så vart det mykje nedre del det gikk i, og noko betre år for å fiske der er vanskeleg å tenke seg. Fikk to laksar og mange tertar utover til ferien. Men prøvde også framme og snytte Inge for ein laks i Kastehølen på ei lita lys fluge.

Ellers hadde vi ein kjempeflott tur til Driva igjen, forholda var dårlege, men det vart eit par storaurar på meg og eit par laksar på Inge. Eg fikk også fisk på Melsgjerde og i Bondalen på fluga.

Utover i August stoppa oppgangen opp og det vart tregt fiskeri, men fortsatt beit ein og annen tert på Staten. Sesongen vart avslutta med eit par runder sammen med gjengen som fiska etter oppdrettsfisk.

 

 
Sist oppdatert:

22.01.2023


   



Laksesida

Eidselva
Ørstaelva

Bondalselva
Gutta

Rekorder
   

Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.