| |
2021
17.04 |
Siste åra har fiskesesongen starta med sjøturer med Inge, og så også
dette året. Det meste av torskesesongen var Inge i Tyrkia på jobb, så
når eg fikk være med så hadde det meste av ferdatorsken reist. Inge
hadde vore på sjøen siste dagane, men fisket hadde vore elendig så han
ville ikkje love noko bråtfiske. Men eg lurte på om det ikkje var sei å
finne ein gong, men det hadde vore kun nokre få han hadde hørt om.
Vi
tok laust like før kl.06 og sikta oss rett på ei sei-mèd nord for
Muleneset. Der fann vi ein flekk og i løpet av 10-15 min så hadde vi
drege oss ca.10 flotte sei. Vi leita litt rundt og fann nokre til før vi
seig nordover til Flønesgrunna, her var det masse å sjå, men det var
berre pale. Fann ein liten flekk nord i kanten som vi drog eit par fine
ifrå. Så seig vi sørover imot Brækjen, kika på innsida der torsken stod
tidlegare i vinter, men det var ikkje igjen noko av den. Fann nokre lyr og hyse
vest og sørvest for Brækjen, men det var labert. Så vi seig sørover og
inn i Svartskjerbakken, før vi gikk inn å prøvde litt på Skorpeflata,
men det var dødt. Lodda oss sørover til Hidsneset, før vi kjørte oss inn
på vikja der Værnes låg og sprette nokre få sei. Vi såg ikkje noko der
heller, så vi gav oss og tok tidleg fri. Var opp til Inge å fileterte
før det var inn til gamlefolket å pakke fisken, og koke ein fantastisk seibiff. |
Mai |
Vinteren starta med ei våt jul, men allereie til nyttår tørka det opp og
vart meir stabilt vær, og det nye året vart innvia med kulde, barfrost
og skøyteis. Etter 14 dagar så kom snøen og vi fikk ein god månad med
nydelig flott og kaldt vintervær. Blant anna var eg og Lilly på skitur
på Hareid i -17°C. Men etterkvart kom mildare vær og snøen smelta i
lavlandet. Til påske var det bært så høgt at Bondalseidet var stengt,
med klar margin. Men rett etter påske slo det om og det vart full vinter
igjen,
og allereie 10.april var det kome 193,5cm snø på Bondalseidet.
Det skulle vise seg at det vart den mest snørike delen av vinteren.
Ej og Lilly starta campingsesongen 1.mai, og på vei innover så var det
høge brøytekantar og masse snø over Aldalen. Når vi kom
inn så måtte vi starte med å måke
10cm snø av platten, den såkalla Gjerdebreen, samme var det hos Inge og
Refsnesbreen. Været hadde no slått over på nordøst med flott, men kaldt
vær. Snømengdene hadde vore veldig lave, men siste tida hadde betra det,
samt at det kjølige været bevarte den, så no var vi ganske nær eit
normalår på NVE si oversikt, men problemet var at snøen var fersk og
hadde ikkje fått breda seg som i eit normalår. Helga vart brukt til å
sjekke ut framgangen på nyebrua på Skipenes og ein flott tur med Endre
til Gildra og reiene der som Lilly likte veldig godt.
Bygginga av
den nye brua, samt at elva var veldig lita gjorde at det vart lite
observasjonar av fisk i elva, men når godværet kom og elva gikk opp litt
rundt 8.mai så vart dei første laksane observert. Og etterkvart utover
mai gikk det fisk jevnt og trutt. 15.mai var ho oppe i 25 kubikk og
nokre dagar seinare toppa ho på 30 kubikk og 25.mai var ho nede på 26
kubikk igjen, der ho flata ut når det vart varmare.
15.mai var vi tilbake på Eid, og då var det oljing av platt som
stod på programmet. Dreiv å talte alvorlig på knappane for om eg skulle
bytte vogn når teltet var gåent, men i mangel av gode plassar så vart
det til at eg vølte på den gamle vogna og platten. Denne helga hadde Endre fått klar flåten
for pukkelbekjempelse, så denne vart prøvekøyrd med å ta opp skrap i
Hesten. Inge stilte med heilgrilla kveite og livet var
herlig.
Helga etter var det endeleg klart for årsmøte i
Sportsfiskelaget, noko som vart det raraste årsmøtet eg nokon godt har
vore med på. Ikkje vart det framlagt årsberetning, ikkje var eit forslag
ifrå valnemnda klart og ikkje var nokon av sakene forberedt. Der med var
det kun rekneskap som vart framlagt. Det enda sjølvsagt med at dei som
sat igjen i styret trekte seg. Inge stilte laurdag med ei ny kveite, no partert og enno
mykje betre enn sist. Inge og grill vert magi.
Siste helga i mai var det trekning
og Lilly ordna eit greit utgangspunkt for meg med kule nr.9, og dermed
så vart det Bjørlo på meg på åpninga. Inge svinga sammen ein skikkeleg
Bacalao i kjent stil |
01.06 |
00-14
Bjørlo Eidselva |
Sia
åpninga i år var på ein tirsdag og eg hadde eit møte i Ulsteinvik som
krevde oppmøte så måtte eg komme innover på ettermiddagen. Inge var
igjen etter helga og hadde filitert og gjort klart min 5 kilos flugelaks
ifrå Kastehølen i fjor. Været var nydelig med 25 grader og vi sat på
platten hos Inge og åt med Endre, Sindre Mo og dei som skulle være på
Alsaker. Inge skulle starte på Kvien.
Etter maten så var det full
fart med å gjere seg klar og komme seg ned i elva. Eg hadde i helga
bestemt meg for å kun fiske med fluge, sia elva då låg på 13 grader, men
mandag formiddag var ho nede på 5 grader. Litt utpå dagen hadde ho
steget til 6 grader, så då rauk flugeplanen, dette vart makkeforhold.
Elva var no nede i 25 kubikk.
Hadde blinka meg inn på fremste
biten i starten, men når eg kom ned til dynamittlageret så stod der 3
bilar, så eg vart skeptisk, men sjekka med Asgeir Skrede som kunne
bekrefte at det var berre han som var der. Forresten så er det 3dje år
på rad at vi fisker sammen på åpninga, heilt tilfeldig. Vel nede så
kunne dei berette at ein aure var observert, men ellers var det rolig.
Eg målte temperaturen og vart beroliga når den viste 8 grader, då skulle
det være mulig å få fisk.
Sia det var folk i Svarthølen, utløpet
på Kastehølen og på Utfalle ifrå andre sida så venta eg til Asgeir hadde
fiska over innløpet før eg starta med fluga. Asgeir hadde på og mista
ein Honndalsaure, mens for meg så vart det med eit lite plukk ifrå ein
aure. Eg fiska vidare bak på utløpet og litt seinare på Utfalle, men det
var dødt med oss alle.
Asgeir
gikk nedover i 2-tida, mens eg tenkte at eg skulle holde ut til det vart
lyst, spesielt sia eg no var aleine då alle på andre sida hadde
forsvunne. Så eg prøvde eit par gangar i innløpet med fluga. Det hadde kome inn bilde ifrå Sindre Mo om at han hadde fått
seg ein fisk på 8,7kg, men ellers var det veldig stille.
Eg starta med
makken når klokka var ca.3 og det hadde så vidt begynt å lysne. Elva var
lita, så det var lite drag bakpå, så når makken kom midt bak på hølen så
måtte eg sveive sakte for å holde makken i gang. I det eg var komen
ganske langt bakpå og hadde sveiva makken heilt inn i grunnbakken så
sveiva eg raskt inn for det virka som at småkredene hadde funne makken.
Men i det eg får stramma opp så heng noko på, men det virka rolig og
lite så eg fortsatte å sveive. Men etter kvart så skjena den ut og eg
tenkte at det nok var ein liten aure. Fisken var veldig rolig og tøffa
berre rundt. Sia eg ikkje hadde fått tilslag så var eg usikker på kor
godt den sat, så eg køyrde den forsiktig, men likevel kom den lett etter
heilt innpå, så eg var fortsatt veldig i tvil om kva det var som hadde
bitt på. Men etter 5 minutts rolig køyring så fikk eg eit glimt av den
og kunne konstatere at det var ein laks, og ikkje lenge etter så kunne
eg dra den rolig inn på grusen. Laksen var ei flott hoe på 4,1kg og
74cm.
Kasta ut igjen og håpte at eg skulle finne ein laks til,
var borti eit par fiskar, men sia dei ikkje vart faste så er det
vanskelig å sei kva det var. Fiska vidare over både Svarthølen, utløpet,
Utfalle før eg tenkte gå nedover sia det no kom meldinger om at også
Asgeir hadde fått ein fisk, ganske lik min. Stoppa og fiska Granhølen,
men også her var det dødt. Tenkte at eg måtte gå via bilen slik at eg
fikk ifrå meg fisken og slapp å dra på den. Tok ei revurdering når eg
såg på klokka og såg at den alt hadde passert 07.00. Så sia eg skulle
være komen på EU-kontroll kl.12.30 og skulle pakke fisk og sove litt så
vart det til at eg trekte meg tilbake. På vei ned med bilen så køyrde eg
via Skipenesbrua der dei støypte brua denne dagen.
Inge var berre
ein times tid på Kvien før han tok kvelden, så stod han opp og fortsatte
på morgenen, men det var heilt dødt der framme. Endre var taparen på
trekninga og måtte ta til takke med Staten på ettermiddagen, men han
skippa kortet og fiska morgenen på Bjørlo i staden, men han fikk ikkje
noko.
Totalen dette første
døgnet vart knappe 20 laksar fordelt over heile elva,
1 storlaks på Moen (dagens største på vel 11kg), 1 laks på Kvien, 6-7 laks på Bjørlo og 2 storlaks på
Alsaker, 1 storlaks på Langeland, 1 mellomlaks på Roti, 2 laks på
Skipenes og minst 3 laks på Hjelle. |
12.06 |
15-23
Stokkenes Eidselva |
Helga
etter var eg ikkje innafor, men andre helga for Lilly ned til mora
laurdag formiddag, så eg ba Inge om å få meg eit kort. For sikkerhets
skuld så kjøpte han like godt 2, og det var no heilt ok.
Så eg
kasta meg rundt og stakk ned på direkten for å prøve litt før middag.
Elva hadde vore ned på 20 kubikk 10.juni, men no hadde ho steget til 22
kubikk igjen. Starta i Åbrekk og det gikk ikkje så lenge før det plukka, men det var
berre ein liten aure som fikk friheten tilbake. Ikkje lenge etter tok
ein til, denne falt heldigvis av før eg fikk den heilt inn. Og litt
lenger bakpå så tok ein litt større aure, på ca.800g, som sjølvsagt også
vart satt tilbake. Var borti enno ein fisk langt bakpå, men den fikk eg
ikkje fast, men truleg var også dette ein aure. Gikk fram og fiska
Hildehola når det kom ein annan kar nedover. Det var heilt dødt her
også. Når eg kom ned igjen i Åbrekk så såg eg ein ganske stor aure,
ca.1,5kg, som stod heilt inne på stilla like nedanfor prydbuska som no
har vorte eit tre. Når eg kom nærmare så seig den sakte bort i elva
igjen. Eg såg kva det var, så eg fiska ikkje på den. Når eg kom dit ned
så såg eg at han andre karen stod nedpå strekket med fluga, så eg pakka
sammen og gikk opp i bilen igjen. Køyrde rundt og ned i Myrahølen der eg
fiska over, var også her borti noko som plukka midt i djupaste på det
smalaste, men eg fikk det ikkje fast. Så var det middag.
Etter
middag køyrde eg ned igjen, og no parkerte eg framme og gikk fram å
fiska hegresvingen, men kjende ikkje noko. Gikk så rundt og fiska Ledet
før eg gikk fram og prøvde Mastehølen. Møtte Joar Sæten som kunne
fortelle at vi var aleine då dei andre hadde gitt seg. Han gikk nedover,
mens eg fiska Svingen og Frisørane uten å kjenne noko.
Eg sat å snakka med Lilly når han kom opp
igjen og fortalte at han hadde gått seg på eit lettkledd par som bada på
Øya. Eg ville gjerne prøve makken i Åbrekk i kveldinga, så eg gikk
nedover. Såg ikkje noko av badenymfene, og i Åbrekk var det fullstendig
dødt hav. På vei fram igjen så såg eg at været hadde vorte enno
kjøligare og at nordavinds-skodda var begynt å legge seg i tungt i fjella, så
etter nokre få ord med Joar så gikk eg å la meg. |
13.06 |
02-14
Bjørlo Eidselva |
Forholda
var så dårlige når eg la meg at eg ikkje orka sette klokka på vekking,
så eg sov godt til klokka var snart 7 og den var 08.30 når eg var komen
i elva. Eg parkerte ved bommen og gikk ned veien og fram i Reitehølen,
fiska der og prøvde vidare nedover Rørhølen, Ny-Ledet, Linja,
Hjellehølen, mens i Forbygginga var det 2 mann på andre sida, så eg gikk
over høgda fram igjen til Ny-Ledet, men her stod det folk. Så gikk
framover til Reitehølen igjen og prøvde der. Like etter at eg kom dit så
kom han som hadde stått i Ny-Ledet. Han kunne fortelle at Røyseten hadde
fått 2 laksar på morgenen, ein i Reitehølen og ein i Ny-Ledet. Det
einaste eg kjente på heile kortet var noko som drog lett i snøret
utanfor steinen innunder land i Reitehølen, men eg fikk ein aure der på andre runda,
så truleg var det den som hadde plukka.
Gikk så framover og fiska
Granhølen, innløpet på Kastehølen og Svarthølen, men det var like dødt
her framme. |
17.06 |
20-23
Brekke Ørstaelva |
Etter
styremøte i ØJFF så tok eg meg eit kort på Brekke for å sjå om eg kunne
få meg ein laks i Ørsta igjen.
Åpninga
hadde vore katastrofal med berre 4 fiskar, sjølv om elva var fin. Det
hadde dukka opp nokre fiskar på morgenen så med fortsatt veldig fin så
hadde eg eit godt håp om fisk.
Eg starta i VØR-hølen, men der hadde vore folk
heilt til eg kom, så trua var lita, noko som viste seg å stemme når eg fiska raskt over.
Så eg køyrde ned
til Bøkene for å prøve der, her var elva veldig fin, men eg kjende ikkje noko. Etter
litt prating så fortsatte eg ned på nedre, men det var like dødt her
nede. Så eg gikk fram igjen og prøvde nokre kast til ved Bøkene, men det var
tydeligvis tomt for fisk, eller i allefall var det ikkje noko som beit
med nokon. |
19.06 |
18-19
Aklestad Bondalselva |
Bondalselva hadde åpna veldig bra med 39 fiskar første døgnet og mengder
med mista fisk då elva var veldig stor, etter kvart vart det færre
fiskar å få, men det låg på ca.10 for dag fram til fredag då det var
nede på 5 fiskar for dag. Men med fullt av folk på alle soner så var det dei fleste som
gikk tomhendte ifrå elva. Eg og Sivert for bort å desinfiserte og gjorde
oss klare, men det var ikkje fisk i osen og stemninga var laber, så vi
prata vekk kvelden uten å kjøpe oss kort.
Dagen etter så var det
like lite nytt ifrå dei som var i elva på morgenen så trua var laber,
men utpå ettermiddagen så synes vi at vi måtte sjekke om der var kort.
Men først for vi bort i osen og der hang ein diger laks på 12kg, som
Færøyværingen nettopp hadde fått på flugesone 2. Han sa der hadde vore
fleire fiskar, blant andre ein like stor, men at dei hadde gått. Så vi
fikk litt meir tru, såpass at vi tenkte vi kunne prøve på kvelden, mest
for å ha gjort det. Det var lite kort å finne, men det var 2 kort på
Aklestad, ellers var det berre 1 og 1 kort her og der. Vi fikk oss litt
middag sammen med alle mens vi rigga stengene og gjorde oss klare til å
prøve.
Vi starta
heilt framme der det var litt kvitskum, men det var ikkje noko å kjenne
der. Sivert starta nederst av oss, men etter ei stund bytta vi og eg
gikk først. Like foran hytta så var noko bortpå å plukka på makken, men
fikk det ikkje fast, trur uansett ikkje det var noko stort.
Fiska eit
lite stykke til før Sivert kom så han kunne fiske først. Han fiska først
kjapt i ein høl før han flytta ned i neste. Eg som kom like bak, fiska den første hølen han hadde fiska. Makken hang inne i straumkanten,
men ville liksom ikkje vidare ut av straumen. Merkeleg tenkte eg og
letta litt for å sjå om blyet hang, men då svarte det i andre enden. Eg
slo til, Fast fisk! Kjende kjapt at dette var ein bra fisk, og etter
nokre sekund kom den også oppi og viste ryggen og då fikk eg det
bekrefta. Visste ikkje kor stor den var, men det var underordna, for her
var det andre ting å tenke på. For det første så stod eg midt i ei stein-ur, så for
det ein
stor laks og rota ute mellom steinar og grunner i elva. Fisken vart
køyrd knallhardt, men den hadde ingen problem med å rase unna når det
passa slik. Først prøvde eg å holde den i hølen den tok, men etter at
den hadde vore nedover eit par gangar så fikk eg den ikkje lenger fram
enn hølen nedanfor, så stabla meg ned dit og satte eit nytt mål, ikkje
ned om denne hølen. Fisken rasa ned og over imot andre sida fleire
ganger, men eg fikk den ganske greitt fram igjen. Men la merke til 2
greiner ute i elva, begge på brekket der elva auka farta nedover i eit
100m brattare stryk. Akkurat no var det den bortre som bekymra mest, for
fisken vill helst bort dit. Ein gang var eg sikker på at no går han i
greina, men mirakuløst nok så snudde den akkurat og gikk fram igjen. No
var den lenger borte enn nokon gong og den drog ut. Til slutt var den
komen heilt bort på grunna på andre sida og det enda med at den rende
seg på land. Sammen fikk eg og laksen slippa den uti igjen og eg fikk
den heilt fram igjen. Sivert gjorde seg klar til å håve, men han kom seg
berre såvidt ned til elva så raste den ut igjen. No trudde vi at fisken
kanskje kunne være opp imot 10kg, så vi hadde ikkje lyst å miste den.
Den tok eit par runder til bortpå før den raste nedover, rett imot den
andre greina som var mykje meir solid enn den andre.
Eg
holdt igjen det eg turte og fikk den akkurat på rette sida. Fisken bikka
ned om brekket når den snudde, men eg fikk taua den fram igjen. No var
fisken spakare , men den rota meir oppe i overflata så vi såg at den
kanskje ikkje var heilt 10kg. Eg bad Sivert om å begynne å gjere seg
klar, men det var heilt unødvendig, for han var der alt. Fisken begynte
no å vise blanksida og Sivert fikk prøve seg, men fisken var ikkje heilt
klar og Sivert måtte trekke seg tilbake. Etter ei lita runde til så kom
fisken inn igjen, Sivert fikk re-lokalisert seg og vod ut etter fisken,
men den var enno ikkje klar, så eg sa at han berre skulle stå rolig inne
ved land så skulle eg komme med fisken. Han hørte etter og roa fint ned, så
når fisken kom neste gang så gikk håvinga veldig greitt og han kunne
bære fisken opp på veien ved bilen. Laksen var blank og lusete og 7,1kg
tung.
Sivert fortsatte å fiske og eg guide det beste eg kunne,
men vi greidde ikkje å finne fleire fiskar, sjølv om vi fiska oss eit
godt stykke nedover og var opp igjen og fiska over der eg fekk fisken
fleire gangar. Mathias kom også innover på kvelden, han prøvde litt på
flugesone 2, men han kjende ikkje noko der.
|
27.06 |
04-19
Korsbrekkå |
Seint
fredagskvelden tikka det inn melding ifrå Even om eg ville fiske
Korsbrekkå på søndag, og sjølvsagt var eg ikkje vanskeleg å be når eg
hadde sjanse. Køyrde inn på vogna laurdag ettermiddag etter å ha levert
Lilly hos Ly. La meg tidleg til tross for at det var fotball-EM på
tv'en, så stod eg opp igjen kl.02 for å gjere meg klar og komme meg til
Hellesylt før klokka var 04 når elva åpna. Elva var 17 kubikk.
Det
var kjølig på natta med kun 8 grader i Honndalen, men ellers var det ein
skikkeleg flott morgen. Var innkomen like over kl.04, men eg fann ikkje
Even heilt med det same, men han var alt komen i fossen der vi skulle
starte å fiske ifrå kl.04-07. Vi bytte på å fiske der, Even med sluk og
eg med makk, men det var ganske dødt. Vi såg ein fisk som stod å bikka
på seg i djupet foran steinane på brekket, men den ville ikkje bite.
Ellers virka det ikkje som om at det gikk fisk, for vi såg ingen ny fisk
komme opp i hølen.
07-10
var vi nede på nedre. Eg starta med fluga framme ved bua, men kjende
ikkje noko, så vi slo oss til nede på benken i osen. Når eg kom ned så
hadde Even allereie oppdaga ein fisk som stod utanfor benken. Han fiska
på den med sluken og fikk den til å flytte seg fleire gongar, men den
ville ikkje ta, så han spurte om eg ville prøve makken på den. Vi fant
den ikkje igjen og prøvde litt her og der, men så såg eg ein liten blå
skygge. Eg kasta ut, men bomma på fisken. Neste kast så traff eg bra og
eg såg den snudde og kjente at den tok. Slo til og det var fast fisk.
Køyrde den ei stund utanfor benken før den seig nedover, og det var
heilt greit sia det ikkje var enkelt å lande fisk her. Den runda
terskelen fint og eg prøvde å holde den der, men den var hard og seig
nedover. No var den begynt å tagne og Even gjorde seg klar med håven.
Fisken var ferdig og eg drog den inn imot håven, men like før den kom
over kanten så snudde den og rasa 4 meter nedover, kolva over på sida,
snudde seg imot straumen og då kom kroken fykande forbi øyra mi. Fisken
seig heilt peist 2 meter lenger ut og vart der ståande i ein halv time å
ta seg igjen. Fiska på den fleire gongar og etter kvart flytta den
lenger bort i elva, men den ville ikkje ta igjen.
Litt seinare så
oppdaga eg ein fisk til som stod inne i straumkanten bak terskelen. Even
kom å fiska på den med sluken og han fikk den til å gå etter det, men
den vart ikkje fast. Etter kvart flytta den bort i elva og då vart den
heilt uinteressert i sluken, så eg prøvde makken, og igjen skjedde det
samme, fisken tok tvert. Når eg slo til så snudde fisken tvert og raste
rett unna meg. Stanga gikk i full bue og det raste av snella og så kom
kroken fykande og blyet gikk i skuldra og håven på ryggen. To gode
sjanser, men begge glapp.
10-13
hadde vi midtre del. Men vi vart sittande lenge i osen å prate med
onkelen til Even, og når vi gikk for å prøve så var det berre å stoppe i
bilen å kaste ulldorre og vadeutstyr å bytte til shorts og feltsko.
I Bruhølen var det dødt og ikkje noko å sjå, fiska oss framover til
Fløtehølen, men her var elva for lita med makk ifrå denne sia, det gikk
såvidt bakpå, men det vart langt borte og vanskeleg, så det var mest
Even som prøvde her. Mens eg fiska utløpet og renna langs muren med
fluga, men det var nok for blankt og lyst til at fisken ville stå der.
Vi fiska oss ned igjen, og når Even hadde fiska over Bruhølen så
stakk han på butikken, mens eg prøvde makken. Var borti noko borti
straumen ganske langt bakpå, men sleit på neste kastet, og nokre få kast
seinare rauk heile vegna, så når Even fløyta på vei fram i hytta så
pakka eg sammen og for fram for litt mat i den timen det er stengt.
14-17 var det tilbake til fossen, det drog nok litt ut å kome seg i
elva, men vi hadde ikkje stortrua framme i elva. Vi fiska over
annankvar, men det var ikkje noko å kjenne eller sjå. Tom for
alternativer så enkte eg at eg måtte prøve fluga. Fiska først over
straumen langs land og brekket, men det var dødt. Så eg bytta og prøvde
å kaste bort i bakevja for å få fluga djupare ned, men det enda med at
det vart berre ei stor bukt som drog fluga fort over ei blank bot. Og
der, opp ifrå det grumsete isvatnet, kom ein fisk med fluga mi i sikte.
Men den kom aldri nærmare enn 30 cm så bøyde den av og svinga ned igjen
i djupet. Prøvde ei god stund til, men eg fikk den ikkje opp igjen. Even
fiska grundig over med sluk før han for ned igjen på hytta for å legge
opp noko straum, og vi avtalte å møtast i osen ein time seinare når vi
hadde den igjen.
Eg
vart igjen og prøvde makken igjen. Fiska først framme i hølen, så borti
i bakevja før eg gikk bakerst på rampa og fiska straumen langs land.
Plutseleg var noko bortpå som var større enn småkredene eg hadde vore
borti før. Slo til og jaggu hang det noko på. Kjente fort at det var ein
fin fisk. Den oppførte seg fint og gikk fram i midten av hølen, men den
vart ikkje gåande lenge der før den seig tilbake der den tok. Her vart
den ståande ei god stund. Fikk letta den opp så eg såg den og såg at den
ikkje var veldig stor. Den ville fram under brygga, men fikk letta den
opp og snudd den ned igjen der den kom ifrå. No ville den nedover og
drog ut ned imot brekket, men fikk stoppa og snudd den. Den tagna no
etter kvart og eg leita opp håven då det var litt vanskeleg å slippe den
her bakpå. Men fikk den ikkje inn imot håven og etter kvart fikk eg den
litt framover. Her var det flatare og fint å slippe den fram på
steinane, så håven vart lagt unna og etter eit par forsøk så fikk eg den
på gli innover steinane. Det var ein fin nygått fisk med lus. Lengda var
76cm og vekta var 3700g. Fiska ei stund til før eg stakk innom Even for
å vege og måle før vi skulle i osen.
17-19 var vi i osen igjen.
Even gikk over med sluk først, men han såg eller kjende ikkje noko, men
floa var fortsatt litt høg så det var vanskeleg å sjå skikkeleg. Eg
prøvde litt med makk, men det var litt lite straum enno. Even gikk derfor over
igjen, mens eg hadde dårleg tru. Når han var ferdig så fikk Even
telefon, så då tenkte eg at eg skulle gå over med fluga. Fiska meg
nedover og no hadde floa lavna slik at det var betre drag og terskelen
hadde begynt å vise. Eg fiska meg ned om der eg miste fisken før på dag,
men der var det fortsatt lite straum, så eg gav meg. På vei fram igjen så såg
eg 3 laksar som stod midt i elva der den siste beit på morgenen. Even fiska på
dei med sluken, men to seig fram ved terskelen der det var meir straum,
mens eine forsvant. Even var borti eine der, men den hang ikkje. Etter
kvart seig eine lenger fram på bortsida. Vi fiska begge på begge
fiskane, men dei beit ikkje og til slutt så fant vi dei ikkje igjen. Så
etter ei pause og ny leiting uten resultat så gav vi oss og tok kvelden. |
04.07 |
kl.13
Nor Eidselva |
Eg og
Lilly var på campingvogna for å spikre ny platt i det kjempeflotte
været, med 29 grader når vi kom inn. Fredagen vart brukt til å legge ein
plan, og laurdag var det ned å kjøpe tilfong, men vi fikk ikkje
materiala kjørt opp før på mandag, så då vart det diverse andre
aktivitetar denne helga. Fredag var vi ned til vatnet og sjekka
temperaturen, og det var ikkje kaldt sa Lilly, mens eg ikkje turde gå
nær vatnet. På laurdag shoppa vi og vi var på brua å såg etter laks. På
ettermiddagen var vi på fjellet å besøkte Endre som held på å bygge
terrasse på hytta. Der var det sightseeing på hytta, til og med så vart
det ein tur opp på taket for å sjekke utsikta.
Søndag var det fare
for torden, så vi tenkte å prøve fiskelykka på Nor mens været var fint
og før vi pakka sammen. Vi for nedover litt før kl.13 og mens Lilly
vassa så fiska eg over innløpet. Elva var nede under 12 kubikk, så det
var nok innløpet som var ei mulighet, men eg fiska også over midten ifrå
land før vi gav oss etter berre ein god halvtime.
Når vi kom fram
igjen så pakka vi ganske kjapt sammen og kom oss i bilen mens sola enno
skein. Men når vi var komne til Grodås og såg ut til campingen igjen så
var himmelen kolsvart. Og når vi var komne til Volda så var regnet kome
til Folkestad. Vel heime så hadde regnet kome til Eiksund og det hadde
gått ifrå nokre få lyn til skikkelig torevær når byga traff havskodda.
Etter kvart vart det skikkelig heftig med masse torden, og dessverre så
vart 2 drept på Melshornet av lynnedslag. Men byga som traff her i
Ulsteinvik raste ifrå seg det værste mellom Lauvstad og Eiksund. Litt
lyn var det rundt om her også, men ikkje så veldig mange. Då var det
meir lyn i det som gikk aust
for oss.
09.07
starta eg på ferie og turen gikk rett til Eid for å spikre platt og
sette opp det nye teltet. Eg hadde tatt dose 2 av Covid-vaksina på
onsdag, men følte meg bra torsdag og fredag, men på laurdag begynte eg å
verke i kroppen, men trudde mest at det var gangsperre. Jobba på både
laurdag, søndag og mandag for vi for heim. Men då var platten ferdig og
teltet oppkome, om enn litt provisorisk.
10.07 var Inge på Fossen med enhånds,
han fiska over fleire gangar mens vi var der, men det var dødt. Etter at
vi hadde reist fram igjen på campingen så var han borti 2
fiskar etter at han kasta oppstrøms, men han fikk dei ikkje faste.
Eg jobba igjen tirsdag, onsdag og litt torsdag, men eg var trøtt,
sløv og sov lunsj og sov middag alle dagane. Kroppen verkte, så torsdag
til lunsj så var det nok og eg sa at det ikkje gikk lenger. Men uansett
så skulle vi til Valldalen på fredagen, noko som vart ein koseleg og
artig tur for meg og Lilly.
16.07 var Inge nedom Fossen igjen og denne
gongen fikk han på land årets første fisk, ein aure på knappe 3kg som
han sjølvsagt satte tibake sia den er freda. At dette skulle verte
einaste fisken han fikk i sesongen 2021 er nesten utruleg. Han skua
ferien utover i håp om at det skulle komme litt regn, men det kom ikkje
og han fiska ikkje for heile ferien sin, forsåvidt samme som Endre som
heller ikkje bløytte snøret i ferien.
Vel tilbake så var det
jobbing mandag, tirsdag, onsdag og torsdag, men då sa eg at no var det
nok og at no ville eg ha ferie. Så vi pakka og reiste til Eid for å
gjere ferdig platten før eg skulle på tur. |
28.07 |
18-21
Ø.Grytos Eira |
Etter ein
veldig tørr sommar med minimalt med fiske, så var turen komen til årets
høgdepunkt. YR hadde lenge lovt at været skulle slå om med mykje regn ifrå
tirsdag, så trua var heilt på topp om full klaff. Men etter kvart som vi kom nærmare datoen så skyvde dei det
framover i tid, og til slutt så tørka det heilt opp, med unntak ifrå
nokre torebyger.
Vi samlast på Hareid for å ta 11-ferja, men den
vart kansellert, så vi enda litt bak skjema. Eg køyrde via Molde for å
stikke innom Sportsbutikken for å hente ny haspelsnelle og snøre. Snella
fikk dei ikkje tak i så eg måtte ta ei som var eit hakk mindre, mens
snøret ikkje var kome enno. Resten køyrde via Åndalsnes, og kom fram 10
min før meg.
Vi vart tatt imot med ei spesiallaga øl ifrå
2instinct før det var middag. Etter mat var det info og fordeling av
fisketider og hølar før vi begynte å rigge utstyret. Eg skulle fiske
sammen med Asbjørn, mens Atle skulle fiske med Hallgeir.
Når
klokka nærma seg så gikk eg og Asbjørn ned for å starte. Asbjørn måtte
knyte opp, så eg begynte i innløpet. Med ein gang eg kom bak kanten så
hoppa ein blank fisk 2 ganger og landa oppå fortommen min, men det hjalp
ikkje. Fiska vidare nedover heile hølen, men det var egentlig berre
framme i innløpet at det var nok drag, men sia det hoppa fisk både midt
bakpå og heilt bakpå hølen, så gikk eg over, mens Asbjørn fiska
innløpet.
Eg målte temperaturen i elva og den var 18,5 grader,
mens det i lufta var fleire og 20 grader.
Det fortsatte å hoppe fisk og eg gikk fram å fiska straumen ned til
hølen og vidare nedover til midten, men det var dødt. Når eg kom fram
igjen så hørte eg det smalt i bakslengen til Asbjørn, ikkje berre ein
gang, men to ganger, så eg gikk ned for å høyre om han hadde kjent noko.
då hadde han akkurat sjekka fluga...som ikkje var der...og han hadde
hatt på ein fisk. Så truleg hadde der vore ein skade slik at fisken
hadde slitt fluga.
Mens Asbjørn gikk opp å knytte opp igjen så
drog eg raskt over innløpet igjen, men det var fortsatt dødt, unntatt
enno fleire smolt som eg hadde fått ganske mange av. Klokka var no 21,
så vi gikk framover for å få oss kveldsmat før neste økt. |
28.07 |
23-24
Kjeshølen Eira |
Etter
kveldsmaten så køyrde vi ei runde med Helge for å gjere oss kjende og
når det var gjort så for eg fram i Kjeshølen, mens Asbjørn tok kvelden.
Vart ikkje så lange fisketida, men fikk ein god time. Fiska først
innløpet med to-hånds før eg gikk bakpå brekket med en-hånds, men begge
plassar var det heilt dødt. Bakpå var det for stille, og når det begynte
å dra på så vart det veldig grunt. Men fisk hoppa over alt, så eg gikk
rett fram og fiska innløpet også med en-hånds, men det var dødt. No var
klokka der, så pakka sammen og sikta meg inn på osen. |
29.07 |
00-02 N.Grytos E Eira |
Knytte meg
på ein muddler, men det var ikkje noko som beit. Prøvde deretter 3-4
andre varianter, men det var kun nokre mindre dunk borti fluga å kjenne.
Floa kom raskt, så det vart fort mindre drag, så når klokka var 02 så
pakka eg sammen. Stoppa oppå brua å kikka på tre fiskar som stod å
trykte fram imot skyggen av brua og ikkje turde gå. Dei pendla heile
breidda, prøvde med fart nedanifrå, men skuggen ville ikkje åpne seg, så
dei vart ståande. Eg for bort igjen og fant meg litt mat og for å plukke
opp Asbjørn, men det var heilt dødt og stille i huset fram til eg gikk
ut når klokka var 03.05. Pakka i bilen og køyrde fram når ikkje eg såg
noko av Asbjørn. Møtte bergenserene i det eg køyrde, dei hadde fått ein
fin aure på 78cm i Kirkehølen. |
29.07 |
03-06 Kirkehølen Eira |
Hadde god
tru og fisk var i lufta heile tida. Starta med to-hands og fiska
innløpet og bak til neset, men var litt vanskelig bakpå på grunn av
bakevja som var der. Tok så en-hands og gikk samme ruta, men fortsatte
no nedover rundt svingen. Her var det veldig stille nedover, men fikk
ganske raskt først ein aure på ca.25cm, og litt lenger nede ein litt
større på ca.30cm. Lenger bakpå drog det meir på. Først såg eg ein aure
på knappe kiloet som gikk på innsida av meg, før eg fikk ein knute som
gjorde at eg vart ståande roleg eit par minutt. Då kom det sigande ein
fisk opp på sida av meg, usikker på om det var aure eller laks, men den
var nok 2-3kg. Når eg snudde på haudet så oppdaga den meg og seig sakte
bakover igjen. Eg fiska nøye nedover imot brekket, men det var ikkje
noko å kjenne.
Gikk fram igjen og fiska over innløpet eit
par ganger til. Hadde eit par heilt lette kakk i fluga, men ikkje noko
skikkeleg tak. Fiska over deler av brekket ein gong til, igjen fikk eg
ein liten aure på ca.20cm, men dei større glimra med sitt fråvær.
Avslutta med å dra over innløpet ein siste gang, men det var fortsatt
dødt, sjølv om fisken fortsatt hoppa og var veldig aktiv. Elva var
fortsatt 17,9 grader varm. |
29.07 |
10-12 N.Grytos S
Eira |
Når eg kom
ned igjen så var Asbjørn der, men han ville også legge seg, samme som
eg. Men etter eit par timar så vakna huset til liv når kokkene kom, var
mykje ståk rundt frokosten klokka 09, men sov over det meste. Når klokka
var 10 så var det ikkje håp om meir sovn, så eg stod opp og såg Asbjørn
stod ute. Hivde meg rundt for å ta han med i elva, men når eg var ferdig
på do og påkledd så var han vekk. Tenkte han hadde gått bort i elva, så
eg hivde meg rundt og køyrde bort. Trudde det var han som stod i Øvre
Grytos så eg gikk fram for å få han med nedom brua, men når eg kom
nærmare så såg eg at det ikkje var han. Sia eg ikkje såg han nokon plass
så ringde eg Atle og han kunne fortelle at Asbjørn hadde reist fram i
Kirkehølen sammen med Hallgeir og Helge.
Så eg gikk ned å fiska.
Det var fortsatt mykje fisk oppe, men for meg vart det berre eit par
dunk i fluga. Bergenserene hadde fått ein pjakk her på morgenen.
For dei to som hadde vore i Kirkhølen så hadde det vore spenning,
Hallgeir hadde hatt på ein laks i nokre minutt, men den hadde slite
snøret truleg pga ein knute eller av den hadde vore borti noko nede i
djupet. Og Asbjørn hadde ein sjøaure på rundt 2kg heilt fram på steinane
før den fallt av for han. |
29.07 |
12-13 N.Grytos E Eira |
Eg flytta
over på andre sida og fortsatte på samme viset der, med flugebytter og
overfiskinger, men fant ikkje noko som fiskane ville bite på. Det hoppa
ivrig, heile lengda av hølen, store som små, men det hjalp ikkje. Atle
og Hallgeir var på andre sida, Atle hadde på ein eit øyeblikk langt
bakpå, men den slapp ganske kjapt. Det lugga også borti fluga til
Hallgeir.
Når vi kom opp igjen så kunne Asbjørn fortelle at han
hadde mista ein sjøaure på ca.2kg. Den hadde vore nesten oppi hoven før
den raste ut igjen og slapp fluga. Hallgeir som fiska på andre sida
hadde også hatt på ein fisk, men det var laks på 5-6kg. Dessverre sleit
den sena etter nokre minutt etter nokre lange og sugande utras. |
29.07 |
18-21 Kirkehølen |
Etter
middag og eit par timar på køya så var det jomfruhøl i Kirkehølen. Eg
ville at Asbjørn skulle starte i innløpet, så eg starta litt nedanfor
bua og fiska bakpå, men ingen av oss kjende noko. Det var torden i
området og ganske kraftig regn innimellom ifrå klokka var 18-20, så det
vart litt venting i bua i dei værste bygene, men det var heldigvis ikkje
langvarig eller kjølig. Etter at Asbjørn var ferdig så tok eg en-hånds
og fiska innløpet. I det fluga var rett utanfor bua så drog det i fluga,
eg gav slakke, men når eg tok igjen snøret så var det dødt. Venta litt
med tilslaget og igjen var fisken der og no vart det ei skikkeleg gryte
bak fluga, men fast vart ikkje fisken. Fiska ut innløpet før eg
fortsatte nedover og fiska det nesten uendelige brekket, men det var
ikkje noko som beit, sjølv om det var oppe fleire fine fiskar nedpå der.
Vi fiska over innløpet fleire ganger, men det var berre nokre dunk i
fluga å kjenne. Elva vart no målt til 17 grader. Ein gong eg vod meg ut
i gytjå så gikk eg sålen av eine skoen, så måtte opp i bilen og finne
Gaffateip for å hidre at den datt heilt av. |
29.07 |
23-24 Leirhølen Eira |
Etter
kveldsmaten så ville vi prøve Leirhølen sia vi ikkje hadde vore der
enno. Det hoppa fisk framme på strekket i det vi gikk ut av bilen,
Asbjørn ville skifte fluge, så eg starta heilt framme med to-hands og
fiska strekket ned. Helge kom å guida litt når Asbjørn gikk over, men
det var ingen store overraskelser han kom med som vi ikkje alt hadde
lagt merke til.
Eg tok en-handsen og gikk over og nede på kanten
så var der noko som drog godt i fluga. Eg lot han få slakkebukta og
letta stanga, men då hadde han spytta ut fluga. Ergerleg kom det nokre
gloser, men den kom ikkje igjen fleire ganger.
Plutseleg tikka
det inn melding på telefonen ifrå Atle, han hadde fått ein flott
hannlaks på 104cm i Kirkehølen. Fisken var vill så han måtte sette den
ut igjen. Fisken tok når han stod omtrent rett utanfor bua og kasta bort
imot neset på andre sida. Dessverre så var han aleine og telefonen låg i
bua, så han fikk aldri noko bilde av den, men den var blank og skikkeleg
flott. Også bergensarane hadde fått fisk nede på nedre Grytos, ein
pjakk.
Vi rakk kvar sitt raskt overfar etter det, men det var
ikkje noko meir å kjenne. |
30.07 |
10-12 Kjeshølen Eira |
Etter å ha
fått fiskehistoria ifrå Atle, og litt chilling ute i bakhagen så vart
det ei god natts søvn. Etter frokost stakk vi kjapt fram i Kjeshølen, og
som vanlig så hoppa det fisk i det vi starta. Eg starta på midten, mens
Asbjørn starta i innløpet. Men som så mange gangar før denne turen så
glimra fisken med sitt fråvær. Det var veldig greit at klepparen var ute
og viste rundt arvtakaren, så fikk vi slått i hjel ein halvtime med
interessant fiskeprat.
Vi fortsatte å rullere på å fiske
innløpet, men det var ikkje noko å kjenne av fiskene som stadig spratt
der. Til slutt var klokka der og Atle og Hallgeir kom for å overta. Vi
orka ikkje å stresse vidare for å fiske Sirahølen ei time fram til
fredinga, så vi vart sittande å prate. Eg rodde Hallgeir over på andre
sida så han fikk fiska rettehanda, men det var like lite å få på begge
sider, så det var berre å ro over å hente han når tida var ute. |
30.07 |
20-21 Pølen Eira |
Etter
middagen så køyrde eg ut til Molde for å kjøpe nye vadesko, det tok litt
lenger tid enn antatt, men eg var tilbake ganske nøyaktig kl.18. Men vi
surra rundt og hadde ganske dårleg tru sia det no var komen eit kjølig
drag i lufta. Men eg hadde lyst til å prøve denne hølen sia det var
beskrive som ein god sjøaurehøl som kunne minne om Pinå i Eidselva. No
skal det seiast at eg synes ikkje at det var mange likheitene, med
unntak ifrå at hølen var bein, men fin var den. Litt lite vatn og dermed
lite drag i hølen, samt ein heftig motvind gjorde den vanskeleg å fiske,
men der var fisk som hoppa, så håpte at det skulle bite, spesielt når
ein fin aure var oppe heilt bakpå, men kjende ikkje noko av den. |
30.07 |
23-24 Ø.Grytos Eira |
Vel
tilbake så var det kveldsmat, og litt oppsummering av dagen i bakhagen.
Nordavinden hadde tatt med seg skodde i fjella og forholda virka ganske
dårlege, men vi manna oss opp og tok turen sia det var i gangavstand.
Asbjørn starta i innløpet, mens eg starta midt nedpå strekket, men ingen
kjende noko større enn 10cm. Det var ein fisk som hoppa eit par gangar,
men det var mykje rolegare no enn sist. |
31.07 |
00-01 N.Grytos S
Eira |
Når klokka
var 24 gav vi oss og vandra nedover. Asbjørn ombestemte seg når vi kom
på brua og ville heim, så eg sa at det enklaste var å gå vegen tilbake,
men så ville han gjerne være med ned å sjå når eg fiska, sjølv om det
var ganske stupmørkt allereie. Så han fann bordet oppe på kanten mens eg
tok to-handsen og gikk bort å fiska over.
Når eg kom midt bakpå
så plukka det i fluga, eg tenkte laks av ein eller annen merkeleg grunn,
i stupande mørke, og holdt stanga roleg og gav slakkebukt, for å la den bite, så når eg til
slutt letta stanga så rulla den rundt 4-5 gangar før den slapp fluga til
nokre saftige gloser.
Vinden var skikkeleg frisk opp elva og det
var bikkjekaldt, samt at skodda låg tjukk i fjella, så eg pakka kjapt
sammen og fikk Asbjørn til sengs. Spurte om han var klar for ein tur i
Kirkehølen på morgenen, men det var han ikkje. Bergenserane som fiska på
andre sida av osen hadde ikkje hatt napp for heile natta. |
31.07 |
06-09
Kirkehølen Eira |
Når eg
stod opp og gikk for å finne meg ei skive, så såg eg at fangstboka hadde
vore jobba med i løpet av natta. Helge hadde vore framme i Kirkehølen på
natta og fått heile 5 sjøaurar på 1kg, 1.5kg, 2kg, 2.5kg og 4,3kg, så
dermed var trua på topp.
Vel framme så såg eg at forholda hadde
endra seg mykje i løpet av natta, skodda som dagen før låg i toppane
hadde trekt nedover, lette regnbyger seig innover langs fjella og trykte
skodda enno lenger ned til den vart til lakseskodde. Den iskalde
nordavinden hadde roa seg, den var ikkje vekk, men mykje spakare. Elva
var nede på 13 grader, så no skulle sjansen være betre.
Starta i
innløpet med to-hands, i det eg kom ned imot bua så hoppa det ein
sjøaure på innsida av innløpsstraumen så nær at eg kunne slått den med
stangspissen. Det var ikkje så mange andre fiskar oppi, men nokre var
det. Fiska meg ned til eg hadde dekt straumen godt bak neset på andre
sida, men kjende ikkje noko.
Gikk
så fram igjen å fiska innløpet med en-hands. I det eg starta så var det
oppe ein fisk inne i renna heilt bortunder land på andre sida, men dit
nådde ikkje eg.
Eg fiska nedover og i det fluga kom inn der
fisken hoppa på forrige overfar så drog det heftig i fluga. Eg letta
straks stanga og fisken sat. Det vart ein fin fight uten nokon store
problemer, og etter eit par minutt så kunne eg dra ein flott Eira-aure
opp på steinane, eit kjapt bilde og måling til 59cm og så kunne eg krøke
den av og slippe den rolig tilbake til elva. Vekta vil eg tru låg på
2-2.1kg.
Starta øverst igjen og håpte at det skulle verte ei
reprise, men denne gangen var det ikkje noko som beit. Fiska meg nedover
og tenkte prøve på dei fiskane som stod å vaka bak neset i svingen. Dei
stod godt innanfor kastehold, men dei merka nok at eg kom for dei trekte
unna og beit ikkje. Hadde ikkje veldig god tru nedover brekket, men
tenkte at kanskje var det her nattas fangster var tatt så ville gå
første delen. Vod meg nedover og kasta over imot trea på andre sida, men
det var djupt og vanskelig å nå langt nok bort så eg gikk ganske raskt
nedover mens eg vada til oppunder balla. Når eg var komen så langt ned
at eg kunne kaste over rette sida så høyrde eg ein smell oppi fjellet,
eg la ut lina i det eit nytt smell kom. Eg forstod at det var stein som
hadde løysna, så eg snudde meg for å sjå kvar det var og om det kom
meir.
Men
plutseleg så var noko borti fluga og eg snudde fokus tilbake til elva.
Såg det var nokre bølger bak fluga. Drog lett i lina og kjende at der
var fisk igjen. Venta at det skulle være ein aure og at den skulle ta og
snu i ei skikkeleg gryte, men ikkje noko skjedde. Men lina stramma seg
opp og eg tok sjansen på å lette stanga. Fast fisk. Fisken var ikkje
oppi så eg stussa og forstod lite, kunne laks ta når det var så lite
drag? Køyrde fisken eit minuttstid før den var så nær at eg fikk sett
sida på den, og ja heilt klart ein pjakk. Rygga inn imot land og
sluttkøyrde pjakken, trudde det var ein fettfinneklipt, men det var ein
vill ein. Drog fisken inn på grunna, målte og tok eit bilde før eg
skyssa den utpå igjen. Målet viste 54cm, vekta var nok 1.5-1.6kg.
Tenkte at her hadde det nok vorte uroa så pass at det ikkje var vits
å prøve igjen på direkten, så eg gikk fram i innløpet igjen. Tenkte at
eg skulle hatt ein laks også, og at det var i innløpet sjansen var
størst. Starta framme og såg at eg ikkje kunne holde på så lenge om eg
skulle rekke frokosten kl.9. Fiska meg raskt nedover, men det var dødt.
Kikka på klokka igjen når eg var komen så langt at eg måtte begynne å
vade langs land, og tenkte at eg rekk nokre få kast til. La ut eit langt
kast over straumen, når fluga svinga inn i straumen så var noko bortpå å
plukka.
Eg
gav slakke og letta stanga når lina stramma seg opp. YES.
Det vart fort
klart at dette var ein større fisk enn dei to forrige. Fisken drog ut
nedover nede på djupet og snøret stod i ei stor bukt. Når eg fikk stoppa
den og stramma opp igjen snøret så kom den imot meg for full fart.
Sveiva for fullt og hadde den utanfor meg, men igjen rasa den nedover
borte i djupet, kanskje kunne dette være ein bra fisk? Den gikk ikkje
like langt nedover og kom igjen framover langs land, men så stoppa den
opp utanfor meg og vart ståande der berre å rote. Forstod ingen ting,
men fikk taua den ganske nær, så la den blanksida til og då såg eg at
dette var definitivt ikkje ønskefangsten, men dertil viktigare å få ut av
elva, ein oppdrettar. Den var no ganske køyrd og eg fikk den ganske
raskt opp i fjøra der den vart bært på land og slått i hjel.
No
var klokka 8.50, så for å rekke frokosten så var det berre å hive seg i
bilen. Klepparen var komen så han tok vare på fisken og fikk vegt og
målt, pakka og preservert den. Lengda var 75cm og vekta var 4.2kg. Ingen
andre hadde kjent noko på morgenen. |
31.07 |
10-13
Leirhølen Eira |
Etter
frokost der nattens bravader var fortalt om både ifrå Helge og meg så
var det rask pakking av rom og rett i elva igjen på alle mann.
Asbjørn
og eg hadde no Leirhølen og som sist så hoppa det fisk i det vi
parkerte. Eg sendte Asbjørn fram i straumen, mens eg gikk ned på neset
og tenkte sjå om det var mulig å i det heile fiske der. Det gikk å fiske
heilt bakpå innløpsstraumen, men på nedsida av svingen så var det som å
fiske i stille vatn. Prøvde meg også litt lenger bakpå, i håp om at det
drog på litt meir der, men det var om mulig enno dødare vatn. Men det
hoppe ein aure på rundt ein kilo, så eg tenkte at eg måtte prøve meg
nedover. Men då hørte eg Asbjørn rope HOY, så eg sula opp og gikk raskt
opp i håp om at det var fisk på. Men nei, det var berre klepparene som
hadde komt med vadestaven som Asbjørn hadde gløymt nede på Loungen.
Eg vart ståande å prate med dei mens Asbjørn fiska resten av
strekket, men han kjende ikkje noko. Eg tok då en-hands'en og gikk fram
å fiska. Det var stille framme i innløpet, men det hoppa fisk nedpå
hølen. I det eg kom ned til enden av innløpet så var noko bortpå å
plukka, eg gav slakke og lot fisken ta slakkebukta før eg letta stanga,
FAST FISK. Fisken gikk litt rundt i området og alt virka normalt, men så
snudde fisken rundt tvert og satt full fart unna straumen. Snella hylte
når fisken raste bakover hølen og hoppa lange hopp nedover, og vista at
det var ein blank fisk på 4-5 kilo, men plutseleg kom fluga. Eg sveiva
inn for å sjekke fluga og der var alt i orden, men på eine krokspissen
satt eit lite og avlangt skjell. Så truleg hadde laksen spytta ut fluga
og når eg letta stanga så kroka eg den ein eller annen plass.
Eg
la ut fluga igjen, no med litt kortare lengde som eg auka for å fiske
heile innløpet ein gong til. Mens eg holdt på så hoppa ein pjakk på
bortsida av innløpsstraumen, og i det eg eit par kast seinare la fluga
bort dit så stramma lina seg tvert. Eg kjente kjapt at dette var ein mindre
fisk, men den gav ein grei fight. Publikum stod og fulgte med når eg
hekta håven av ryggen og greit håva fisken. Klepparen kom og bistod med
målinga og fikk knipsa nokre bilder før fisken var forsiktig satt
tilbake. Målet viste 54cm og då var nok vekta 1.5-1.6kg.
Eg
sendte Asbjørn fram igjen for å prøve å få ein han også, men det var
ikkje noko som ville prøve seg på fluga hans. Når han var ferdig så var
det berre nokre minutt igjen til vi skulle være på Siramoen for
avsluttningsmaten, så eg gikk rett på innosen og fiska nokre få kast på
hot-spot'en, men det var ingen fleire som ville ha mi mini-Sunray.
Vel tilbake på Siramoen så var det berre å vrenge av seg fiskekleda
for siste gang denne turen og sette seg til bords for eit par
karbonadesmørbrød før det var tid for å pakke sammen og snu nasen
heimover.
Resten av ferien så vart det bygging av steintrapp
heime og steinlegging rundt heile platten og nytt inngangsparti av
stein på vogna, for å forenkle vedlikeholdet ein del. Fisking vart det
ikkje for elvane var fortsatt knøttsmå og regnet lot vente på seg. |
15.08 |
Eidselva
stengte søndag 15.august kl.14 etter at ho over lenger tid hadde vore veldig lita
og varm. Sommaren hadde vore tørr og varm og elva var nedadgåande ifrå
midten av juni. I månadskiftet juni juli var ho 14 kubikk, 7 juli falt
ho under 10 kubikk og i månadsskiftet var ho komen ned under 5 kubikk.
Elva nådde bunnen 9.august kl.20 med 3,27 kubikk. Det kom litt regn
innimellom, men det var stort sett nord for fjella og ute på kysten, så
elva vart liggande rundt 4,0 kubikk heilt ut august og ho vart dermed
ikkje åpna igjen.
Allereie tidleg i juli
var elva oppunder 20 grader og der låg ho fram til langt ut i august.
Dette førte til at ho grodde veldig og botnen var etter kvart heilt dekt
med eit skikkeleg tjukt lag med grønske, ifrå Nor til osen.
Allereie midt i juli vart første pukkellaksen tatt, og utover så kom det
fleire. Til slutt så var heldigvis elva så liten at all oppgang av både
vill og pukkel stoppa heilt opp, men når det regnet litt midt i august
så kom det nye pukkeler opp. Totalt vart det tatt opp over 50
pukkellaksar. |
OPPSUMMERING 2021
Forsesongen vart som vanlig uten mykje fiske,
men vart no ein tur ut for å dra nokre sei til middag i alle fall.
Vinteren var tørr før snøen kom etter påske,
men den snøen vert det som kjent lite av, sjølv om det kom eit par meter
i høgda så smelta den nesten like fort igjen. Så med ein vårflom på 30
kubikk og lakseåpning på 25 kubikk så var det håpet at det skulle verte
ein våt sommar, men så feil kan ein ta, det skulle vise seg å verte
rekordtørt til midt ut i september.
Vatn var det i elvane i ca.3 veker så når vi
runda jonsok så var det tørt. Men eg hadde gjort det svært med laks på
åpninga, storlaks i Bondalen midt i månaden og laks i Korsbrekka, der
det er litt meir brevatn, i slutten av juni . Så vart det ikkje fiska
før i slutten av juli med ein fantastisk tur i Eira som starta med
elendige forhold, men nordavind og nokre dråper regn berga turen siste
natta og eg fikk 2 pjakkar, ein fin aure og ein oppdrettar, pluss at eg
mista to sjøaurar, ein på 4-5kg og hadde fleire fine drag i fluga.
15.aug stengte Eidselva for første gong i
historien på grunn av lite vatn og varme. Mens både Bondalen og Ørsta
stengte ved midtsesongsevalueringa på grunn av vassmangel og svikt i
oppgang.
Så eg enda med nesten ein fisk pr.kort og over
ein fisk pr.tur så eg var godt fornøgd. Då var det værre med Inge som
fikk ein aure på ca.3kg og Endre med eit par laks. |
|
|