ExUNGKAR1

 


LAKSESIDA

ExUNGKAR1

FISKEBOK

 

 

2020

08.02

Årets første fisketur vart ein ganske kort ein. Det var utsikter til bra vær tidleg i veka, men så friska meldingane på når helga nærma seg. Men det var fortsatt ei lita glippe på morgenen, så vi bestemte oss for å prøve lykka. Vi tok laust i lysninga rundt 07:30 i nydelig måneskinn og nesten blanke stilla. Det var litt hopping på vei utover, men det var absolutt greie forhold inne på vikja. Vi starta å lodde i Breivikstøda og det var bra med fisk å sjå. Eg slapp ned eit par gangar for å sjekke kva det var og fikk eit par småsei kvar gong. Men det var aldri bitt i forhold til det vi såg på loddet.

Sakte seig vi nordover imot Hidsbåden uten at fisket vart særlig forskjellig. I det vi var komne utfor Hidsneset så slo det om og det vart ein skikkelig frisk sørlig kuling. Så vi begynte å sige mot vinden og håpte den ville spakne, om ikkje anna når vi kom i ly av Gjøna, men etter mykje skvetting så var det rokarar nedfor Gotelandet, og ikkje såg det så spakt ut bortpå Bogen heller, så vi berre seig inn igjen.

Dermed var eg komen inn igjen til frokost saman med Lilly og resten av gjengen. Etter frokost så gikk eg opp for å inspisere den nye gapahuket "Strutsely". Det var ein flott tur opp Botnen, men når eg kom opp på kanten var det skikkelig frisk, så var glad når eg kunne søke ly i gapahuken. Her var det litt lunsj før eg gikk nordover Vatthornet og ned i Sædalen. Var fram og sjekka vannstanden, og det var nesten heilt fullt, mangla berre ein god halvmeter.

18.04

Ej og Inge ville prøve fisket igjen etter ein god månad i full lockdown etter Coronautbruddet. Det var godt vær og vi starta med å sette ut ei line sør vest av Skorpa, vi såg godt med fisk på loddet når vi satte, så trua var god. Så gikk vi nord til Breken for å leite etter torsk. Der var det allereie mykje båt, men såg ikkje ut som om nokon fikk noko. Etter å ha rota rundt lenge uten å finne noko så lurte Inge på om eg ville ha litt sei? Ja gjerne var svaret og så gikk vi oss litt nordpå til ein sikkert plass for sei. Her beit det tvert og vi drog oss 20-30 sei og eg fikk ei flott lange også. Men etter eit godt kvarter så stoppa det opp. Så vi seig sørover imot Breken igjen og no var det kome til mange fleire båtar. Tor Hide drog seg 2 torskar, men resten såg ut til å ikkje få noko. Men så traff vi ein flekk og vi fikk 2 torskar, etter dette fikk Sigurd og Idar eit par mindre fiskar, men det var dødt, sjølv om vi seig rundt i stadig større sirkelar.

Til slutt seig vi oss sørover imot lina og prøvde eit par plassar, men det var dødt. På lina var det ikkje den drømmefangsten vi hadde håpt på, men vi fikk ein del hyse, nokre langer og nokre pigghå. Etter å ha dratt lina så leita vi litt rundt då vi såg Mats Andre og Arne fikk nokre fiskar, men vi fikk ikkje noko meir.

Mai

For å oppsummere oppkjøringa til sesongen så er "Annus Horribilis" nok ganske dekkande. Det starta alt i juleveka då været slo om og det begynte å høljeregne og var ganske mildt, dette gjorde at elva steig raskt. Vinter i mai i UlsteinvikRegnet fortsatte utover i januar, februar og godt ut i mars før det var litt kjøligare. Fram til no hadde det regna opp til 8-900m, men no krøp snøgrensa nedover og uti april kom den ned på 3-400m på jevna. Men det var ikkje gjort med det, for snøen falt og falt og om det var mykje i april så vart det enno værre i mai, og det var med nød og neppe vi unnslapp snø på 17.mai, for dei 6 foregåande morgenane så var det 3-10cm nysnø sjølv i Ulsteinvik. På Eid var det kvitt også 17.mai på formiddagen, men likevel vart det observert laks på bruene. Men våren kom ikkje for om vi unnslapp snø på 17.mai, for temperaturen krøp berre til øvre del av en-sifra grader. Men det gode med dette kjølige været var at det ikkje smelta snø i det heile og vi var begynne å lure på om det vart åpning på rekordlita elv, men temperaturen steig imot slutten av mai, og med mykje snø i lavare strøk så vart det fort elv, og med sommartemperaturar til åpninga så vart det mykje vatn. Og alt regnet før på vinteren gjorde at snømengdene i høgda var enorme, så alle har tru på godt med vatn det meste av sesongen.

Første laksen vart observert på kamera 05.mai, ikkje lenge etter at det kom i drift. Endre såg ein på Skipenesbrua 6.mai, men all nedbøren gjorde det vanskelig å følge med. Det vart dermed ikkje sett så mange fisk før elva gikk opp og gjorde det veldig vanskelig å sjå noko, så vi var usikre på kor mykje som hadde gått på elva. Mor og far kom innover på ettermiddagen for å passe Lilly medan eg skulle starte årets sesong.
01.06 00-14
Staten Eidselva
Åpninga skjedde i nydelig vær, med mange og tjue grader på dagtid og over 15 grader også på natta. Elva var raskt stigande med digre sideelvar, så med 48,5 kubikk ut av vatnet så var nok vassføringa nærmare 60 her nede. Eg visste at det ville være ganske fullt på dei fleste flugeplassane på slik elv, noko som stemte når eg kom ned, så fulgte derfor Inge sitt råd om å prøve Grisesteinen. Kjørte fram i Malakoff og vod over og ut å fiska ved den store steinen på utsida av holmen. Fiska så vidare nedover medan eg vod meg nedover imot Grisesteinen, men kjende ikkje noko. Fiska heilt ned til brua med fluga, men det var dødt. Vod i land før elva vaks meir, og det var på håret det gikk å krysse over rett foran brua. Kjørte så fram på fremste og prøvde ifrå øvre grense og nedover, men det var berre 10m ein kunne vade før det vart djupt, men dekte no bra likevel. Gikk så ned til Hesten og såg dei tok på land fisk på Skipenes. Fiska igjennom Hesten, men ba for kvart kast om at ikkje noko ville bite, for her var elva 4 nummer for stor til å kunne berge noko. Gikk så ned til bua der Jan Christensen hadde fiska sia starten. Han hadde fått ein laks på 6,7kg, men fortalte at dei hadde tatt 3 på andre sida.

Gikk fram igjen til bilen og kjørte ned i Malakoff. Her sov Øistein så eg og Asgeir delte dei to lange hølane mellom oss, men vi kjende ikkje noko. Dei hadde sett og fått nokre mindre aurar, men ellers hadde det vore dødt. Fiska først over med fluge før eg bytta til makk og fiska heile strekket uten eit einaste nykk.
Kjørte så fram igjen på campingen og tømte tarmen før eg kjørte ned igjen og fiska foran brua, men det var dødt. Gikk så ned om og her nappa det raskt, men etter 2 sekund med håp så viste det seg å være ein liten aure full av lus.
Så gikk eg fram å fiska foran brua igjen når Inge kom. Han og Endre hadde gitt seg på Bjørlo for der var elva alt for stor. Vi preika ei stund og sjekka brua, men det var litt tidleg. Vi kjørte ned å kikka på Osbrua, men der var det dødt.
Inge for fram igjen, mens eg fiska over foran brua før eg fiska heilt framme.  Eg hadde nokre napp, men fikk berre aure, og det var truleg det som nappa også. Det var også oppe fisk ved brua når eg stod her. I Hesten var eg borti noko, men trur det var aure det og. No kom Jan opp igjen ifrå Malakoff og då var det oppe fisk å hoppa foran brua.
Eg fiska over både foran og nedanfor brua, prøvde til og med i renna og nede ved steinbordet, men det var kun småaure som beit så når klokka var 07.30 så pakka eg sammen og kjørte fram igjen.

Foto: FjordabladetDer vart det frokost med gamlefolket før det barst til køys. Lilly hadde våkna like etterpå og latt pappa sove vidare, men kl.11 så synes ho og mamor at no måtte pappa fiske meir. Så klokka 11.30 så satte eg meg i bilen igjen. Kjørte no rett i Malakoff og starta med fluga. Vart stoppa for eit interjuv med Fjordabladet midtveis, men det var det mest givande som skjedde på det overfaret. Kjørte så fram å fiska over ved brua, på begge sider, men det var ikkje noko anna å kjenne enn små lusete aurar.

Totalt første døgnet så vart det tatt minst 17 laksar. 6 på Skipenes, 1 på Staten, 3 på Roti, 2 på Langeland, 2 på Alsaker og 3 på Hjelle. Men det kan være fleire. Dag 2 har gitt fangster både på Skipenes, Bjørlo og Moen, så då er heile elva representert. Så det har vore ei god åpning over normalen.
  Andre helga vart eg heime, for eg hadde ikkje heilt trua når elva hadde stige vidare til 57 kubikk, og været hadde slått om litt, til litt mindre varmt, og etter kvart nesten kaldt. Det litt kjøligare været gjorde at elva hadde flata ut den stigande trenden, og begynde etter kvart å falle. Men Inge var innanfor og han hadde kveldskort på Bjørlo både fredag og laurdag.

Fredag tok det ein laks framme i innløpet. Han visste ikkje kvar, for han måtte stå nesten på land å kaste over all tullestraumen uti der. Men i alle fall hekta den seg på, mest sjølv, og vart landa greitt. Laksen var ein flott laks på 8,2kg.

På laurdagen var Endre i sitt eget bursdagsselskap hos Jon, så då fiska Inge det meste av kvelden åleine. Det var masse fisk å sjå, som hoppa, men det var ikkje noko å kjenne.

Inge ringde meg kl.19.15 og lurte på kva han skulle gjere, for det stod masse laks bakpå hølen, men ikkje tale om at den ville ta. Han hadde prøvd alt han hadde i flugeboksa, vått og tørt, stort og smått, tungt og lett. Så eg sa han måtte prøve fart, for temperaturen i elva var 10-11 grader.

Inge fiska litt til og no med meir og varierande fart. Han la fluga rett på buda på Hjelle, tok stanga under arma og drog med begge hendene. Då smalt det på! Og fisken han fortsatte rett på Inge, så han måtte berre fortsette å drage, men etter kvart fikk han laksen over på snella. Laksen var skikkelig stri og han var ut av hølen, men Inge fikk den fram igjen og fikk etter ein heftig fight kjørt laksen tom og berga den. Vekta stoppa på 9,0kg til tross for at den var over 1m lang.

Men til tross for at oppskrifta var funnet så hjalp det ikkje, når kvelden seig på så vart det kjøligere og skodda kom, så då døde det vekk.

Det kalde været gjorde at elva datt ned til vel 50 kubikk før varmen kom tilbake og snudde trenden i elva. Helga etter for Inge innover på torsdag og fiska Bjørlo på ca.52 kubikk, men no var det dødt der. Etter kortet hadde han fiska over på Nor, og her beit det ein på dammen. Fisken var rolig og snill, men bestemt og ikkje enkel å få inn, så det tok 20 minutt å få den til å gi seg. Inge drog haudet opp i graset og då løysna fluga. Utfor kanten var det 70cm djupt, så fisken berre snudde og vekk var den. Inge anslo vekta til 10+kg.
12.06 23-02
Nor
Eidselva
Fredag kveld fiska Inge Moen. Han starta kl.14 med å fiske over, men det var dødt. Eg kom innover etter selskapet til Dina. Lilly skulle ha første overnatting uten mamma og pappa hos Mamor og farfar, mens Ly var heime. Var komen på vogna litt før kl 23, og var komen ned på Nor kl.23.30. Fiska over Depotet, først med fluge, så litt med makk. På fluga var det eit par drag og det vart eit par honndalskreder, mens på makken beit det i eit, så den måtte eg gi meg med.

Kjørte ned på Dammen rundt kl.01, og her stod Inge. Han hadde akkurat gitt seg på Moen, mest fordi det var for stor elv etter at ho hadde stige 3 kubikk sia kl.14. Han hadde gått over, men det var dødt. Etter å ha preika ei stund så gikk eg over, men det var like dødt for meg. Etter litt meir preik så kjørte eg nedover for å være klar på Staten til klokka var 02.
13.06 02-14
Staten
Eidselva
Elva var no oppe igjen i 53 kubikk, men dei mindre sideelvane gjorde at ho her på Staten var omtrent akkurat som på åpninga. Eg var tydeligvis aleine, så kunne velge ifrå øverste hylle. Starta i Malakoff med å fiske over heile strekket med fluga. Midt nedpå hølen kom Inge, men med unntak av eit lite drag i fluga ved fremste trappa, så var det veldig dødt. Gikk så fram og henta makken og tok samme runda, men det var dødt heilt til vi kom ned til steinhuken. Her nappa det kraftig, slik at eg mista sena og det raste ut. Eg tok igjen og no drog det skikkelig i så eg letta stanga. Denne spente seg opp for så å rette seg ut igjen når fisken slapp. Det var nok ein storaure som lurte meg. Etter det kjente eg ikkje noko meir.

Kjørte så fram og fiska på begge sider av brua og nede i renna, men det var heilt dødt. For ikkje å gå glipp av Chatlet seinare på dag så tok eg kvelden når klokka var vel 5.

Vakna og etter ein kjapp frokost så kjørte eg nedom Inge som sat på altanen. Han sa at det var ledig kort på Bjørlo, så ej kjørte ned og fikk kortet. Han kom etter og fikk Fossen. Vi kjørte bortom Osbrua for å sjå, og både ovom og nedom brua var det fisk å sjå som stod veldig urolig, så vi kjørte rett opp på Malakoff for å fiske over der.

Eg fiska berre i shorts og lave sko, så starta på veien ved trappa og fiska nedover. Midt nedpå vart vi ståande å prate medan eg fiska vidare, og ikkje lenge etter så drog det til, men dessverre var det berre ein liten sjøaure. Fiska ned, men det var ikkje meir å kjenne. Henta så makken og fiska kjapt over, men med unntak ifrå mange småaurar som hoppa heile bakpå brekket så var det dødt.
13.06 14-02
Bjørlo
Eidselva
Elva var stigande og var på kvelden 55 kubikk. Tenkte å stikke ned tidleg, men slo rundt vogna og pjaska litt med forskjellig forefallande, så vart 19:30 før eg kom meg i bilen. Etter ryddinga av skog i vinter så lurte eg på kvar det var enklast å komme seg ned i Kastehølen, som vistnok var stort sett einaste plassen det var fiskbart med fluge på så stor elv. Var sagt at det var dalen som var det rette, men tenkte at eg skulle gå fram til bratta å kikke i alle fall. Vel framme så var der no fantastisk utsikt og eg såg at stien var grei å gå.

Vel nede så vart eg overraska over kor mykje vatn der var, og som Inge hadde sagt så var det berre rett utfor land det var mulig å komme seg. Fiska først over med fluga, og det gikk på eit vis å fiske både innløp og utløp greit. Bytta så til makk, men det var dødt med unntak av nokre Honndalskreder som beit. Det hoppa aure bakpå, men der var det berre forsiktig napping uten at eg fikk fast noko.

Prøvde så fluga igjen, og fiska meg no rundt svingen og ned Utfallebakkane og fremste del av Granhølen. Elva var stor, men var likevel ganske greit å fiske nedover her. Når eg kom fram igjen så målte eg temperaturen og holdt på å ramle på elva, 15,1grader, trudde ikkje det var mulig når elva gikk med 55 kubikk.

Prøvde så makken mens det fortsatt spratt fisk bakpå utløpet, var mykje fisk mellom 1-3kg og tydelig aurehopp. Når eg kom bakpå utløpet så plukka og endelig fikk eg det fast, og etter ein kort og fin fight så kunne eg måle og sette ut igjen ein flott og feit sjøaure på 48cm og ca.1,1kg.

No vart det meir bitt i auren, og i løpet av ein time så hadde eg satt ut ein til på 49cm og ca.1,1kg som tok omtrent akkurat på same plass. Fiska over enno ein gong og no tok ein noko lenger bakpå, denne var mykje hardare enn dei to først og prøvde å stikke nedover, men den var ikkje større enn at det fikk eg hindra den ifrå å gjere. Etter kvart kom den opp på grunna og tok enno eit par mindre utras før den gav seg og eg kunne ta den og løyse kroken. Fisken var tam og ikkje villig til å begeve seg sjølv om eg prøvde å få liv i den i 10 minutt og dermed så måtte eg berre ta den. Sjøauren var 47cm og 1,02kg.

Bytta no til fluga og fiska med den når det begynte å skymast. Kasta på tvers og prøvde med raskt inntrekk med ei hand. Plutselig var det oppe ein fisk litt nedanfor der eg trudde fluga mi var. Det såg ut som fisken gikk nedover, og eit tidel etter så bråsnudde den og kom oppi overflata igjen eit par meter lenger nede. Eg fortsatte å drage inn og såg no at fluga mi nok var lenger nede enn eg trudde, og plutselig nappa det og fisken hadde tatt igjen fluga mi og tatt den. Fisken snudde og stilte seg opp, etter å ha oppdaga at han var fast så ville den bort i elva, men den fikk køyr og den vart ståande i kanten. Etter ei stund så seig den opp på kanten før den ombestemte seg og raste over elva og heilt bortunder trea. Så la den seg på straumen og seig nedover. Eg holdt igjen det eg turde for å få den på rette sida av den store steinen om den slapp seg utfor brekket, og presset var nok til at den svinga over elva og inn i kanten på min side. Fikk så pumpa den fram igjen og opp på grunna igjen. Den kom no villig fram imot meg og eg fikk den nesten heilt opp i slippen før den snudde ut igjen og stilte seg opp foran steinane brygga var på. Eg fikk den inn imot meg igjen, men no ville den ikkje, så seig den ut nedanfor steinane den først stod foran. Her var det god straum og den fikk godt tak når den ville ut igjen, men eg køyrde den hardt og sjølv om den ein gang seig bakover imot kanten igjen, men eg ville ikkje slippe den ut i utløpet igjen. Men etter 2 utras så seig den inn imot meg, og etter ein liten fight utanfor slippen så kunne eg dra den fram på land. Fisken var ein kjempeflott laks på 5,50kg og berre 79cm lang.

Etter ei pause gikk eg ei runde til og like foran der den tok tidlegare så hogg det i fluga igjen på inntrekk, men denne gangen vart den ikkje fast. Etter dette var det ikkje noko meir å kjenne.
19.06 21-24
Flugesone2
Bondalselva
Eg og Sivert var ein snartur bort i elva for å prøve, vi kom oss ikkje bort i tide, men rundt 21,30 så var vi på plass. Med tropevarme og stor snøsmelting så var elva var litt stor, men sia Sivert kun hadde 1-hånds så stilte eg med det samme.

Vi fiska begge framme i største hølen først, Sivert i innløpet og eg bakpå, elva var stor her, men ikkje umulig å fiske, sjølv om det nok hadde vore betre med 2-hånds.

Eg flytta ned på nedre del og fiska over der. Det var oppe fisk på andre sida, men var litt vanskelig å fiske godt på. Bjørn Urkegjerde stod på andre sida, men kjende ikkje noko han heller. Gikk så fram og fiska over fremste hølen i si heilheit, men kjende ikkje noko. Sivert synes elva var stor og vi var alle trøtte, så vi gav oss og gikk via osen for å sjekke dagens fangster, og det var tatt ca.20 fiskar også i dag. Har vore ei fantastisk åpning.

Inge fiska Bjørlo og fikk ein laks på fluga på ca.4,5kg som han satte ut igjen.
20.06 04-12
Korsbrekke
Hellesylt
Flomstor Korsbrekkå med EvenEven inviterte til fiske i Korsbrekkå då faren var dårleg i ryggen, så eg takka sjølvsagt ja til ein tur i denne flotte elva. Sia eg var i Bondalen så lurte eg på korleis eg skulle gjere det med å komme meg i gang klokka 04. Siste ferja gikk godt før midnatt, og første på morgenen gikk først når klokka var nesten 07. Dermed sjekka eg å køyre rundt, og det viste seg at det tidsmessig var samme, så dermed så vart det å stå opp halv 3 og kjøre via Austefjorden og Grodås.

Tropesommaren hadde virkelig slått til og elva var oppe i 57 kubikk når vi starta. Dermed var elva så stor at det var få plassar å fiske, men vi trudde at Fløtehølen måtte være grei, så vi starta der. Men når vi kom fram hit så gikk elva opp på graset og heile hølen var eit frådande rokk. Det var mulig å fiske bakpå, spesielt på andre sida, men det var vanskelig å fiske godt, så etter å ha prøvd litt så flytta vi nedover til Bruhølen. Her var det greitt å fiske, sjølv om området var litt lite, men det var ikkje noko å sjå eller kjenne.

Vi lurte fælt på kvar vi skulle prøve, Even trudde at fossen var for stor, men i mangel av betre alternativ bestemte vi oss for å stikke fram å kikke. Og det såg fælt ut, men å fiske bakpå gikk faktisk veldig bra, men der var ikkje noko å kjenne. Så eg hoppa mellom bølgene og greidde å komme meg fram på fiskebrygga uten å verte for våt. Å fiske her gikk egentlig veldig greit, men det var å kaste fram i straumkanten og så enda snøret inn i bakevja og gikk fint rundt og rundt der. Først gikk den rundt litt bakpå, så innimellom så seig det framover og gikk i ring nærmare berget. Etter nokre kast så stoppa snøret og eg trudde det var fast, men når eg letta så nappa det, så då var det berre å fortsette å løfte og kroke fisken. Den gjekk ingen vei, men surra rundt nede i bakevja. Den gjorde eit hopp og eg tenkte det var berre ein liten pjakk. Etter kvart tenkte eg at eg måtte prøve å kome meg på land for landing. Fisken holdt seg fint borti elva og det gjekk å kome seg på land uten å verte for våt. Køyrde fisken litt ifrå land, men då la den seg på straumen og sigla under landgangen opp på fiskebrygga. Eg prøvde å snu den ut igjen, men den seig bak og ned og ville ikkje ut igjen. Dermed var det berre ein ting å gjere, nemleg å hoppe ut på fiskebrygga igjen å fortsette køyringa derifrå. Etter litt meir køyring der ute så tagna fisken og eg kunne hoppe på land igjen. Fisken la seg igjen på straumen, men no var den så tom at den berre sigla oppå og eg greidde å holde den unna fiskebrygga. Etter eit par siste krampetrekninger så kunne eg dra den inn slik at Even kunne kleppe den. Laksen var ingen typisk Korsbrekkelaks, som er kort og kraftig, denne var derimot lang og slank med dei vitale måla 2,72kg fordelt på 74cm.

Vi fiska ei god stund til i fossen, men kjende ikkje noko meir, så vi køyrde ned og fiska Bruhølen ein gong til. No hadde vi osen, så vi tenkte vi ville prøve der når det no var flo. Eg såg eit par mindre fiskar som var oppi, men vi fikk dei ikkje til å ta verken på fluga med meg eller med Even som prøvde sluken. Når vi var ferdige så var klokka snart 13, det var minst 30 grader i solsteiken, så det var heilt klart at pause var det rette. Sia Lilly var igjen på Sæbø så pakka eg sammen og køyrde via Nordangsdalen og Urke tilbake til Sæbø.

Inge Arthur Refsnes 4,5kg BjørloDenne helga skulle Inge og Endre fiske på Hjelle, men det hadde vorte litt krøll i bestillingene, så Endre var der fredag til laurdag, mens Inge var der laurdag til søndag.

Inge var på Bjørlo fredagen, eller det vil sei begge var der, for Endre hadde bomma litt så han hadde dobbeltbooka seg, slik at han delvis fiska Bjørlo. Inge greidde å huke på ein flott nygått laks på ca 4,5kg som han satte ut igjen etter ein grei fight.

14kg i HammarhølenEndre fiska seg gjennom heile natta, men det var lite å kjenne. Men utpå morgenen vart han belønna med at ein fisk endelig tok fluga i Hammaren. Han forstod fort at han var i trøbbel, med ein stor laks på i 63 kubikk med frådande og ganske varmt vatn. Fisken var sprek og var fleire gongar heilt bakpå og Endre måtte gi alt stanga hadde for å klare å halde den i hølen. Men utruleg nok så gikk det bra og etter ein heftig fight han kunne lande ein heilt fantastisk flott sølvblank og nygått hannfisk på heile 14,0kg.
21.06 06-10
Riise
Bondalselva
Skodde i BondalselvaSøndagsmorgenen vart det ein tur fram på Riise. Elva var alt for stor og skodda låg tjukk når eg starta, så heile fisketuren vart litt halvhjerta sjølv om eg fiska ut nesten heile kortet. I fremste av Riisehølane var elva for stor, så det var den nedanfor som var grei. Vidare nedover var det lite å fiske på, men eg prøvde meg bak ein god del steinar uten at det virka lovande. Sjølv om eg ikkje var lenger ned enn til veien og litt til, så fikk eg i alle fall knytt opp igjen nokre gangar. Gikk så heilt fram og fiska vekselen ved busskuret, her var det veldig fint, men ikkje noko som beit. Her var også masse henge, så hadde nok vore betre med fluge, men orka ikkje å hente den. Etter å ha slitt vekk for n-te gang så pakka eg sammen og satsa på frokost i staden.
26.06 20-21
Nor
Eidselva
Lilly stussa ikkje eit sekund når eg spurte om ho ville være med å fiske, så då hivde vi oss rundt å kjørte så vi skulle rekke litt før det vart sengetid. Eg tok med flugestanga, men det vart berre nokre få kast før eg måtte bistå litt, og etter enno nokre kast så måtte eg trå til igjen, og dermed så vart det til at eg la vekk stanga og fiska sammen med Lilly.
27.06 15-17
Nor
Eidselva
Lilly lurte på om det ikkje var slik at vi snart skulle ned å fiske, noko eg sjølvsagt ikkje kunne være uenig i. Snakka med Inge om at vi for på Nor og han kom innom på vei fram igjen. Dermed så fiska han sammen med Lilly, mens eg fikk fiska godt over heile Dammen.

Etter å ha fiska framme så gikk eg ned å fiska bak murane. Plutselig forsvant Lilly sin dupp og Inge ropte at Lilly måtte sveive, ho spratt opp og sveiva og hadde god kontakt med ein fisk, men så gjekk den under ei rot eller ein stein og dermed så var det ikkje håp om å berge. Truleg var det ein makketjuv eller ei Honndalskrede, men uansett så var det meir enn pappa hadde kjent. Inge måtte slite så eg var bak i skogen å fann ein kvist til dupp og fikk knytt opp igjen og dermed så var Lilly i gang igjen. Eg kunne då fiske meg vidare ned imot berget, men det var heilt dødt, både med meg og Lilly.
30.06 18-21
Ose
Ørstaelva
Fiskedag Ørsta JFF 2020Ørsta JFF gjennomførte også i år fiskedag for barn, forholda var bra og eg såg ein stor laks hoppe framme i Svingen før klokka var 18, og ellers så var det oppe fisk eit par gangar til utover, men det vart ikkje landa anna enn småaurar.

Etter at alle hadde gått heim så gikk eg over Svingen med fluge og makk, og samme på flata ved buda på Mo, men det var ikkje noko å kjenne nokon plass.
06.07 20-22
Nor
Eidselva
Skulle på service med bilen i morgå, så for innover like etter klokka 18. Ly ville legge Lilly og dei var godt forlikte, og godt var det for ein stressa pappa. Vel inne så var det litt tømming av bil og rigging og så var eg klar for å prøve litt på Nor. Det var kjølig og surt, så trua var ikkje på topp, men elva hadde gått ned nok til at fisken no burde ha vorte ivrigare etter å gå fossen. Tok også med makken for å kunne prøve den om ikkje fluga virka.
Gikk over med fluge, først framme i innløpet, så nedover og nesten ned på berget, men det var ikkje det minste plukk av noko.
Bytta så til makk og fiska, spesielt langt bakpå, men også resten nede på Dammen. Det var noko som prika så vidt borti heilt bakpå, men kjentes mest ut som småkrede. Ellers var det heilt komplett dødt. Så når regnet var i emning så pakka eg sammen og kjørte ned til Endre på Bjørlo for å hente kortet mitt. Her hadde det også vore dødt, men hadde hoppe nokre støinger, og det gjorde det også framover kvelden uten at dei viste den minste interesse for det dei fikk tilbydd på nokon av sidene. Elva var no nede på 8,4 grader så kunne nok være det også som bremsa bittet litt. Klokka 24 gikk eg, og bestemte meg for å sove litt frampå på morgenen til sola var oppe og forholda hadde betra seg.
07.07 02-14
Kvien
Eidselva
Eg hadde klokka på 04 og tørna ut. Når klokka var halv 5 så for Bjørn ned på Alsaker, mens eg knytte på meg skorne. Eg starta i Moahølen med fluga, men kjende ikkje noko, hverken i Torsteinhola, eller borti hølen. Bytta så til makk og her plukka det noko meir. Fikk eit par småaurar, både Honndølar og sjøfisk med smålus. Til slutt så var det noko litt større som drog på, og eg hadde håp ei lita stund, men når eg forstod at det låg rundt ein stein så kom eg til at det ikkje var storfisk. Men fisken kom fram og gikk rundt steinen så det løysna og eg kunne greit lande ein litt skrinn og mørk sjøaure på 50cm, som sikkert hadde stått ein månad i elva.

Hammarshølen 2020Gikk så direkte ned i Hammarshølen og prøvde fluga der. Det var eit ørlite kakk i fluga midt bak i djupaste delen av hølen, men usikker på om det var fisk eller noko anna. Ellers var det totalt dødt.

Prøvde deretter makken, men det var samme som i Moahølen, uten at eg fikk noko over målet. I det eg var komen bakpå så kom det ein kar på andre sida som gikk ned og vandra langs stranda, så då tok eg pikkpakket og gikk opp i bua ved Svadet.

Kvien 2020Etter ein kaffi så fiska eg Flata med berre nokre smånapp. Så Svadet over og nedanfor berget, men nedanfor var elva litt stor enno, over var den bra med makk. Så var eg fram og fiska hølen ved gamlebua, eller prydbuska på Moen-sida. Deretter gikk eg fram og snakka med Fredriksen, men han hadde samme inntrykk av fisket. Så eg gikk fram i grensa og fiska meg nøye nedover heile veien til prydbuska igjen. Var borti noko foran Hylljå, men fikk det ikkje fast, ellers så var det berre småfisk å kjenne og få.

Når det då var folk i Hammaren igjen så vart det meir kaffi før eg fiska vidare ved Bjørka, Flata, Nederst på Moen og over Svadet og nedanfor Svadet, men ikkje liv å kjenne. Gikk så i Hammaren og fiska over med begge deler igjen, men det var dødt, så når klokka no var vel 11, og eg skulle være komen på service kl.12.30 så pakka eg sammen for å rekke å skifte, pakke for Alsaker, ete og komme meg ned på Alsaker å sette ifrå meg alt før eg kjørte bilen ned.

Bjørn hadde ikkje sett eller kjent noko for heile morgenen, men det hadde vorte tatt ein laks på sona.
07.07 14-02
Alsaker
Eidselva
Eg hadde håpt på å få prøve framme i elva, men det var fullt over alt, men på Alsaker var det ledig. Eg kjørte nedom med utstyret før eg for ned og leverte bilen. Fikk låne meg ein bil, så eg var komen fram og var klar når tida var der.

Eg gikk fram for å starta på Sanden, der var det 2 karer som holdt på å pakke sammen, og ein som stod å kasta sluk i hola. Så når dei 3 for så tenkte eg at hola nok var litt tidleg å fiske, så eg tok makken og håpte at dei ikkje hadde fiska Sanden på ei stund. Og i det eg kom bak til steinen så var det noko bortpå å plukka, men eg fikk ikkje tilslag. Neste kast var det der igjen, men no enno meir forsiktig, så det vart ikkje tilslag no heller. Etter dette var det dødt. Fiska over innløpet med fluge, og Sanden ein gong til, før eg gikk ned og fiska Stålstigen. Så gikk eg over og prøvde Øyrane, før eg prøvde Sanden enno ein gong, men då var det på tide å vende nasa nedover for å hente bilen. Møtte ein kar på vei nedover som hadde sett ein fisk på vei fram, så eg prøvde eit par plassar på vei ned til Fåhølen, men verken såg eller kjendte noko.

Etter å ha henta bilen så kjørte eg fram igjen og forsatte. No gikk eg på Fossekanten, men der var det dødt. Så fortsatte eg nedover, men nedanfor fossen var det folk, så eg gikk ned å fiska nedover imot Storesteinen. Ved Storesteinen synes eg at eg såg ein fisk inne i kanten og eg fikk også noko til å ta makken, men når eg slo til så var det ikkje noko i enden. Etter dette forsvant fisken. I Vaskeplassen var det noko som tok skikkelig, og dette fikk eg fast, men det var berre ein liten sjøaure som vart satt ut igjen. Tok også med Bruce og her var det også noko som tok, men berre eit dunk, så eg fikk ikkje tilslag, og den kom ikkje igjen fleire ganger.

På vei fram igjen prøvde eg nedanfor fossen då her ikkje var folk no, men det var ikkje noko å kjenne. Så stoppa eg og prøvde Fossekanten igjen, men det var heller ikkje noko å sjå eller kjenne. Fikk eit innfall om å gå opp på parkeringa på vei framover igjen, mest for å sjå om alle bilane var her enno. Når eg kom opp så var det fotoseanse på gang med ein laks på 4,5kg, så det var altså mulig å få fisk på makk. Fisken hadde tatt nedanfor Stålstigen.

Eg gikk fram og tenkte prøve Øyrane igjen med fluge, men då gikk akkurat ein kar fram der, så då gikk eg ned på Sanden igjen. Her stod ein å fiska i hola, mens ein annen holdt på å fixe på utstyret. Eg slo av ein prat før eg kasta nokre få kast på Sanden når han eg snakka med gikk nedover. Det var dødt enno, så eg fiska meg fort nedover. Ved stålstigen stod han eg hadde prata med så eg prøvde fluga nedunder trea nedanfor, men det var dødt. Gikk nedover igjen og møtte han som hadde fått laksen, slo av ein prat før eg gikk å pakka sammen for å reise heim. Stoppa på parkeringa og gjekk ned på Fossekanten for å hente stanga og sjølvsagt prøve nokre siste kast, men det var fortsatt dødt så då reiste eg heim. Seinare la dei ut bildet ifrå fotoseansen med laksen og skreiv at samme mann også hadde fått ein pjakk og ein liten aure seinare på kvelden.

Neste morgen var Bjørn igjen på Alsaker, no mista han ein laks på Fossekanten.
08.07 15-18
Mo
Ørstaelva
Sindre ringde på formiddagen og sa at no måtte eg kome i Ørsta, no var endelig fisken komen og alle fikk. Jaja, det vart kombinert med ein tur til Volda og shopping, så var ikkje komen i elva før kl.15. Starta med å kle på meg i lett regn før eg gikk fram på Hegg med makken. Gjorde 3 kast og då hoppa det ein flott laks på 4-5kg, utruleg feit og flott, men den ville ikkje ta. Tenkte at om den gikk så var øvre sikkert lurt. Stoppa på veien og snakka med Per Olav og Daniel før eg hoppa i bilen i eit vilt høljeregn.
Heldigvis var det kortvarig, så når eg gikk fram i Privaten så letta det opp. Her var det noko som nappa kraftig i ein gong, før det to kast etter nappa på bortsida av straumen, første fikk eg ikkje tilslag på, men andre fikk eg i alle fall litt tilslag på, uten at nokon av dei vart faste. Kjørte så ned og fiska resten av øvre Mo, først med makk til eg sleit, så med fluge, før eg fiska over igjen med makk. No var klokka der nesten, så eg gikk fram i Privaten igjen, men det einaste som beit no var ein stor makketjuv og ei stor grein uti hardaste litt bakpå.

Så ingen fangst på meg, men Sindre fikk på Melsgjerde på vel 5kg, Daniel sleit på ein stor ein og det vart landa fisk heilt opp til 10kg på morgenen.
12.07 06-12
Brekke
Ørstaelva
VØR-hølen i flomKjørte inn på morgenen og var nedom Laksetunet for å finne meg eit kort. Hadde tenkt at Mo måtte våre bra på så stor elv, men det var eit kort av alle solgt denne dagen, og det var på Mo. Så dermed vart det Brekke på meg, så eg kjørte fram på VØR-brua og starta der i lag med ein annen kar som kom der. Vi starta begge med fluge, eg foran brua og han bakpå hølen. Det var veldig fine forhold med fluga så hadde god tru, men kjende ikkje liv. På andre sida var ein kar som prøvde både med sluk og makk, men alle gav seg etter første overfar. Eg tok derfor makken og gikk over, men det var dødt også for meg. Tenkte å prøve ved bøkane, men der stod bilen til han andre karen, så då tenkte eg å prøve på nedre, men når eg passerte der så såg eg at han hadde gått ned dit.

Melsholmane i flomLurte på kva eg skulle finne på og kom då på Melsholmane der vi i ØJFF har fritt fiske. Eg kjørte ned og der var det ikkje folk, hølen var heilt perfekt, men det var mykje vatn for vading, men det gikk akkurat. Gikk med fluga nedover ifrå toppen, men det var dødt. Nedanfor åpninga på Melle, midt i elva var det plutselig noko som nappa i fluga. Eg venta ganske lenge før eg letta stanga. Fast fisk og stanga gikk opp i fullt spenn. Men så vrei fisken på seg, viste blanksida og vekk var den. SØREN! Hadde godt håp når eg fiska meg nedover, men det var ikkje meir å kjenne. Prøvde så makken i heile hølen, men det var heilt dødt, ikkje ein gong ei krede.

Nedre Brekke, NosaholmenFor så fram igjen, no var han andre komen fram igjen til brua, så eg kjørte ned til bøkane. Fiska så vidt borti der eit par plassar, men det var alt for mykje vatn, så eg gikk nedover. Det var heilt gjengrodd heile veien, så eg enda heilt nede foran Blåhølen før eg prøvde. Her var det 3-4 plassar eg kunne komme ned å fiske, men heldigvis beit det ikkje, for hadde det bite så veit eg ikkje korleis eg skulle ha berga det. Men heilt nede var det åpent og greit å fiske både med makk og fluge. Var borti ein fisk litt bakpå, men den tok berre ein gong og når eg slo til så var der ikkje noko. Etter kvart kom også han andre, men det var dødt også med han. Såg det vart mista ein fisk på andre sida, foran holmen.

Han andre stakk for litt mat, mens eg køyrde fram på VØR-brua igjen. Her stod Per Olav Osborg så vart ståande å prate ei heil stund, han hadde sett at han på andre sida hadde komt igjen og fått ein flott laks på 6,5kg heilt bakpå og inne i bakevja bak berget. Han andre på sona kom fram igjen før eg gikk ned å prøvde fluga igjen. Elva hadde no gått ned 15cm, men det gikk fortsatt greit å fiske heile hølen. Han andre drog over wobblaren bakpå før han ville ned å prøve Kjettaren rett nedanfor hengebrua. Eg prøvde også makken og til og med drog eg ein sluk over hølen før eg pakka sammen eit kvarter før kortet var over.
14.07 06-07
Riise
Bondalselva
Stod opp i tide, men vart litt sein når eg måtte på do, så når eg kom bort så stod det folk på begge sider i Riisehølane. Så eg gjekk fram og fiska vekselen med fluga, men kjende ikkje noko. Pjakk BondalselvaGikk så ned og fiska den nederste av Riise-hølane sia den fremste var opptatt enno, men kjende ikkje noko. Gikk så nedover for å sjå om det hadde dukka opp nokon nye plassar som eg ikkje hadde sett sist når elva var så stor, men det var like lite fiskbart enno. Mamma hadde fortalt at der var ein ny høl nesten nede i grensa der det hadde vore tatt fleire fiskar, så eg tenkte at eg måtte sjå om eg fant den. Gjekk nedover og såg ein høl, men også eit par mulige steinar foran, så gikk ned litt tidleg for det viste seg vanskelig før eg kom ned i den nye hølen. Her starta eg innunder land og fiska meg bortover, men det var ganske dødt vatn uti der, så det var vanskelig å få makken til å gå. Men plutselig når eg letta makken for å la den svinge gjennom døvatnet så nappa det. Eg slo til og letta ein liten fisk nesten ut av vatnet. Trudde det var ein aure, men den raste rundt og gjorde eit lite hopp og viste meg blanksida og då såg eg at det var ein pjakk. Eg kjørde den kjapt, men med ein gong eg la litt press så kom den opp i overflata. Så eg leita fram håven og gikk ned til elva og håva fisken. Og som eg trudde så var det ein liten pjakk, kanskje den minste i elva, for den var berre 720g sjølv om den var 50cm lang.
15.07 13-14
Nor
Eidselva
Eg skulle nedom verkstedet for å legge på to nye dekk, men 2 timar før oppmøte så ringde dei og sa at dei hadde fått feil dekk, så dei måtte bestille nye til i morgå.

Så då vart ein kjapp tur nedom Nor i solsteiken, men det var heilt dødt. Etter å ha fiska over så måtte eg køyre tilbake for å hente Lilly på Sæbø hos Mamor og køyre henne ut til mora. Der skifta eg berre tur, kjapp dusj, litt mat og så rett inn igjen til Eid for å være klar til dekkskifte i morgå.
16.07 02-14
Bjørlo
Eidselva
Endre hadde kjøpt kort til meg, så eg stoppa hos han for å hente kortet. Sat der å preika til det var nesten mørkt, men då både regna og bles det kraftig, så eg slo ifrå meg nokon tur på Nor og bestemte at det nok var lurare å sove ein time.

Etter ein time på øyet så stod eg opp kl.01 og var komen ned til Kastehølen like etter kl.02. Elva var heilt annerledes no enn sist, og det var nesten mørkt, så vart fluge første timen. Gikk fram i innløpet og etter berre nokre få kast så drog det i fluga, men det vart ikkje fast. Fiska meg rundt hølen og bakpå utløpet tok det ein fisk. Kjørte den i 20 sekund før den slapp fluga. Usikker på om det var ein liten tert eller ein aure, men trur mest på ein aure, sjølv om den ikkje var opp i overflata til tross for godt press. Prøvde også ned Utfallebakkane, men der var det ikkje noko å kjenne.

Prøvde makken og midt i hølen plukka det ein fisk, og eit raskt tilslag fikk ein fisk til å gå til værs. Den var ikkje stor og rullinga var umiskjennelig for aure. Etter ein kort kamp kunne eg kroke av og sette ut igjen ein flott aure på 49cm og ei vekt på rundt 1,2kg. Fiska vidare og bytta mellom fluge og makk, både i Kastehølen og i Svarthølen fram til klokka var vel 06. Då tenkte eg gå nedover, så eg pakka sammen og gikk ned på Utfalle. Her prøvde eg fluga igjen, men det var dødt. Så eg flytta vidare nedover til vika foran Granhølen. Her prøvde eg makken bakpå enden av Utfalle, men det var dødt så eg lot makken gli ned på utsida av terskelen og inn bak. Straks eg kom inn i bakevja så var det noko som plukka, men det var forsiktig og den berre drog forsiktig i makken. Eg drog forsiktig i snøret for å sjekke om den hadde tatt, men den berre slapp, men kom raskt tilbake ein halv meter lenger framme. Tert i GranhølenSlik holdt vi på til eg var komen heilt framunder terskelen, så eg sveiva inn og kasta ut igjen. Og igjen var det samme, men no virka den hissigare for kvar halvmeter eg sveiva inn og til slutt turde eg å slå til. Fast fisk. Trudde først det var ein liten aure, men den snurra ikkje så eg lurte på om det kunne være ein tert. Eg hadde ikkje lyst til å gå nedover for å berge for då kunne eg skremme meir bakover hølen, så eg prøvde å få den inn i løpet innunder land for å lure den opp i vika. Men det var ikkje så mykje vatn i dette løpet no, og det var ei grunne mellom den og hola der fisken gjekk, men til slutt fikk eg lurt den over og inn i løpet og då kunne eg rygge den over kanten. Her var vatnet flatt og krystallklart så det var lett å sjå at det var ein tert. Fisken var allereie godt køyrt så det varte ikkje lenge før eg kunne dra den inn på graset. Terten var 59cm lang og vog 1,56kg.

Etter å ha hengt opp fisken så kasta eg ut igjen på samme måte, og igjen skjedde akkurat det samme, det nappa og den vart hissigare og hissigare til lenger fram under terskelen makken kom og til slutt drog den godt i stanga og eg letta, men den vart ikkje fast. Prøvde igjen, men no var den meir forsiktig og på neste kastet var det berre så vidt den var bortpå. Prøvde å kaste lenger og svinge innpå lenger bak, og også her var det fisk bortpå å drog, men heller ikkje denne fikk eg fast. Lurte meg ned og fiska heile hølen og vidare ned rundt svingen, men der var det dødt.

Gjekk fram igjen til utstyret og lurte på kva eg skulle gjere, gå nedover som planlagt eller gå framover i tilfelle det var gangfisk eg hadde fått og vore borti? Eg valgte det siste og gjekk fram og fiska Utfallebakkane igjen, så prøvde eg Kastehølen når det kom to andre karer. Prata ei god stund med dei før eg gjekk ned på Utfallebakkane og fiska, så vidare ned i Granhølen, men kjende ikkje noko. Lurte på kvar eg skulle gå og enda med å gå i bilen for å køyre ned på nederste. Her fiska eg Sanden, Muren og Øyrane, men det vart så innmari vått etter kvart at eg pakka sammen og køyrde fram igjen. Klokka var no snart 11, så eg rakk eit par timar på øye før eg skulle ned å skifte dekk kl.15.
30.07 06-07
Brekke
Ørstaelva
Den følelsen, når du har stått opp kl.04.20, køyrt ein god halvtime, venta 10 min på asfaltarbeid, ordna kort, komt på plass og begynner å dra ut av bilen og då...kvar er vadeskoa! Dei står fortsatt heime i kjellaren. Sjekker ellers i bilen, men ikkje har eg med feltbukse, støvler eller fjellsko fordi bilen vart rydda til ferien. Ja, kva gjer ein då? Rigger flugestanga, tar vadejakka på og går i elva med superundertøy og lave sko.

VØR-HølenRegnet kvelden før hadde ikkje gjort så veldig mykje med vassføringa, men litt meir var der. Starta rett på nedsida av VØR-brua og fiska heile hølen, men det var ikkje noko å kjenne. Når eg starta så var det overskya, men allereie no var det begynt å klarne opp og elva klarna også fort, så eg tenkte at det nok var betre å prøve sluken enn å begynne å rote med å knyte opp makkevegn. Henta stanga og rigga ein stor spinnar. Starta med å kaste fram i innløpet og jobba meg bakover, og midt i hølen der tok det ein fisk. Den kom kjapt opp i overfalta og rulla så eg fekk sjå at det var ein liten brun pjakk, og vekk var den. Fiska resten av hølen, men det var dødt. Gikk opp på brua og prata ei stund med Arne Otto før vi begge gikk ned og drog over sluken igjen, eg fiska innløpet litt lenger framme ifrå enn sist, men det var dødt, og til slutt sleit eg så då pakka eg sammen sia resten av sona ikkje var egna for dagens bekledning.
08.08 15-17
Stokkenes
Eidselva
Eg og Lilly for innover på fredag og enda opp med styremøte på laurdag morgen. Når vi var ferdige så spurte eg Lilly om ho ville fiske litt seinare. Og det ville ho, så då stakk vi innom Chatlet og fikk oss eit kort på Stokkenes.
Lilly med 2 pjakkarVi for fram igjen på vogna med litt matvarer, og etter ei stund så lurte Lilly på om ikkje det var slik at vi skulle fiske. Så vi kledde på oss og kjørte ned til Myrahølen der eg hadde gode erfaringer ifrå i fjor, og der også Lilly kunne prøve makken. Vi fiska begge over brekket, men det var ikkje noko å kjenne, men eg såg ein fin fisk hoppe i Åbrekk.
Så vi gikk ein tur fram dit for å sjå om der var fisk å få. Eg starta framme ved prydbuska og fiska meg nedover, men det var dødt. Men i det eg kom ned foran Førstesteinen så var noko bortpå å plukka. Eg slo til og det var fast fisk. Kjøringa gikk heilt flott og dermed kunne eg lande ein flott tert på 1960g og 63cm.
Etter dette så fortsatte eg nedover uten å kjenne noko meir. No ville Lilly også fiske litt så vi starta på ei ny runde. Framme ved prydbuska for plutselig duppen pilande bortover, men når ho slo til så hadde fiske sluppe makken. No vart ho ivrig og fiska i lag med meg heile veien ned som sist, men no beit det ikkje noko meir.
Lilly gikk tilbake til telefonen og eg gikk fram i Hildehola. Fiska over, men det var veldig overgrodd og vanskelig, så eg gikk nedover igjen.
På høgde med prydbuska så kasta eg borti igjen og  no var det noko som plukka. Det fikk slakke, men når eg slo til så var der ikkje noko. Lot makken berre svinge vidare innpå, og etter litt kom det igjen. Også no gav eg slakke og denne gongen fikk eg det fast, men dessverre var det berre ein aure like under minstemålet.

Lilly med 2 pjakkarKasta ut igjen og akkurat det same skjedde, i det det svinga inn i kanten så var noko bortpå å plukka. Det fikk slakke og tilslag, men no hang den. Fisken virka ikkje noko særlig større, men innunder land så såg eg at det var ein tert. Sia den var veldig liten så lurte eg på å slippe den ut igjen, men sia Lilly var begynt å bli lei så vart terten på 48cm og 540g med heim. Lilly bar den minste fiske stolt heile veien ned igjen til bilen og viste den stolt fram til ein golfspiller som vi møtte på veien.
22.08 09-11
Stokkenes
Eidselva
Tenkte fare innover etter jobb, men eg og Lilly sosa så lenge at det vart ikkje kjørt før ho hadde sovna, så då vart det ikkje fisking på kvelden, og heller ikkje tur på Nor sia det regna.
Men eg møtte på trekning og kjøpte då kort på formiddagen på Stokkenes. No hadde det begynt å regne skikkelig, så det var vått, men elva var fortsatt klar. Fiska i hovedsak Åbrekk, men det var ikkje noko å kjenne, det var nok litt lite og klart vatn. Hadde håp om at regnet skulle gjere at fisken gikk, så eg trøyta det i det lengste, men vel kl.11 så måtte eg gi meg og reise i styremøte. Spørs om ikkje det hadde kome fisk om eg hadde fått fiska kortet ut.
22.08 15-01
Bjørlo
Eidselva
Endre sin laksStyremøtet varte lenger enn eg trudde, så vi vart for seine til trekninga kl.14, men det var ikkje så nøye, vi fikk kort der vi ville søndagsmorgenen. På vei ned så såg eg at elva hadde vakse veldig og elva var alt veldig brun, så dermed så passa det bra å være langt framme. Eg henta Endre som skulle fiske i lag med meg og vi starta framme i Skulehushølen. Vi fiska stort sett Skulehushølen og Utfalle sia det var jevn trafikk i Svarthølen på andre sida, men eg var også ein tur ned i Granhølen. Like før klokka var 18 gikk eg ned på Utfalle, mens Endre endelig slapp til i Svarthølen. Det tok ikkje mange kasta for han før det beit. Fisken hadde ein liten skade på sporden og ryggfinnen, så Endre valgte å slå den ihjel. Men når vi studerte den i ettertid så trur vi det var ein villfisk. Laksen vog 4,5kg. Vi fiska ei stund til, men det var dødt, så vi tok ein tur nedover. Vi gikk via bilen for å slippe å dra på fisken, før vi gikk i Reitehølen. Her var det dødt, så vi satte igjen pikk-pakket og tok ein kjapp tur nedover, men det var dødt heile veien ned til Forbygginga og for så vidt opp igjen. Vi snakka med Måløyværingene og dei meldte om ny fisk på Øyrane når vi snakka, så vi satsa nok på feil ende av sona. Men vi håpte på at det ville flytte seg fisk når det kveldast, så vi gikk fram igjen til Skulehushølen. Vi fikk fiska kjapt over før det mørkna, men det var dødt. Vi håpte at mørket skulle verte bra, men då tjukna det til med regn igjen og vi vart stort sett sittande å prate. Til slutt så tenkte vi å gi oss, men då letta det litt så eg sa at eg ville prøve innløpet før vi gikk. Og endelig var det noko som beit med meg også, men den drog berre i fluga og vart ikkje fast. No tjukna regnet til igjen og vi pakka sammen og tok kveld.
23.08 07-13
Staten
Eidselva
Det var vått når eg gikk til sengs, og det skulle ikkje lette før langt utpå søndagen, så sov til eg vakna, men var oppe før klokka var 7. Etter frokost var eg ned på do og då hørte eg Inge ta laust. Når eg kom ned så stod han ved Steinbordet, så då parkerte og starta eg i Hesten. Når eg rigga utstyret kom Bolstad på lufterunde med hunden, så vart 20 minutter med preik før eg starta. Eg hadde fiska meg midt ned i hølen når Inge kom fram og kunne melde om at han hadde mista ein liten tert foran Øvre Malakoff.

Like etter hoppa ein tert og så nappa det, men det var berre ein aure på 35cm. Og det var starten på eit godt fiske der eg til slutt gav meg, for det beit fisk i samme størrelse over alt i hølen, Inge kjører fiskmen ikkje noko større. Inge kjørte ned til brua, mens eg henta bilen og kom etter. Då var allereie Inge komen uti, men det var ikkje noko å kjenne.

Eg prøvde nedanfor brua, men der var berre småaure og yngel å kjenne. Etter ein kaffi gikk Inge ned i renna, mens eg gikk heilt fram å prøvde fluga. Der var det dødt så eg gikk ned å fiska ovanfor brua også, men det var dødt. Etter kvart kom Inge fram igjen, han hadde fiska seg ned i Malakoff, men det hadde vore dødt.

Inge sin tertEtter ein kaffi så ville Inge prøve foran brua igjen sjølv om det akkurat var ei solid regnbyge. I det han kom ned til renna så var noko bortpå å plukka og Inge slapp lausbukta og venta. Sakte drog fisken ut slakkebukta og Inge kunne lette stanga. Fast fisk. Eg tok opp mobilen for å filme og fisken kjempa godt imot mens Inge rygga seg oppover og inn imot land. Han kjørte fisken eit minutt på utsida av seg før han sa at det no nærma seg landing. Eg avslutta filminga og tok fram hoven. Hoppa ned og etter eit halvt minutt så begynte fisken å legge blanksida til. Vi trudde det kunne være ein liten laks. Fisken roa seg og eg kunne håve fisken å bære den på land. Fisken var blank og nygått, lengda var 72 cm, men litt slank. Den vog 3,2kg.

Min tertEtter at eg hadde fått vaska håven og fisken til Inge var festa på film så tok eg med meg flugestanga og vod ut for å prøve. Fiska meg nedover og hadde god tru når eg kom ned til renna, men det var dødt. Fortsatte og i det eg var komen bak renna og inn i bakken så var det noko bortpå. Eg gav slakke og venta mens fisken drog ut snøret og i det snøret vart stramt så letta eg stanga, fast fisk. Kjøringa gikk veldig greit og det gikk ikkje lenge før fisken var klar for landing og Inge kunne håve laksen på 1,7kg.

Vi hadde god tru på at det skulle verte meir fisk på oss, men med unntak ifrå ein stor farga laks som hoppa foran brua så var det veldig rolig til floa kom og vi gav oss.

12.09 Endre hadde fått i oppdrag å fiske ein del aurar til eit merkeprosjekt, men han og Inge sleit med å få mange aurar på fluga, dei hadde fått eit par fine på 2-3kg, men sleit med å få fleire, så dei spurte blant andre meg om eg kunne komme å prøve makken. Det passa bra sia eg måtte pakke ned teltet også.

Lilly skulle i barneselskap på formiddagen laurdag, så klokka var ca.17 før eg var komen til Eid. Satte på varme, rigga kjapt utstyret og hoppa i vadebuksa.
Vi fiska fleire plassar i elva og fikk nokre blenkjer.

Vi var blant anna nedom Fossen, og etter nokre få kast så drog det til. Eg slo til og kjende det var skikkelig fisk. Sia det var inne på grunna så håpte eg på aure, men når den raste ut i elva og gjorde eit hopp så såg vi at det var ein storlaks på 8-10kg. Heldigvis så kom kroken i det den landa så eg slapp å slite den ut.

I skyminga fiska vi Skulehushølen ifrå Hjelle, og i det eg skulle gå opp igjen så glei eg og datt. Tok meg føre med den handa eg hadde stanga i og kjende at eg stakk meg i tommelen på noko. Forstod fort at det måtte være kroken, men tenkte det var berre litt slik at eg kjapt kunne kroke den ut igjen, men den glei ikkje rett ut. Det var mørkt og ikkje hadde eg briller, så eg sleit litt med å få løyst kroken ifrå stanga, men til slutt fikk eg kroka den laus og klipt sena. Prøvde då å kroke ut igjen, men virka å sitte godt fast. Gikk opp i bilen å fann briller og lys og såg at mothakane var innom huda, så det var berre ein ting å gjere, sprite såret og kjøre fram på vogna for å få ut kroken.

Vel framme så var det fram med tang og sjå korleis ein skulle få den ut. Einaste løysinga var å kroke den igjennom. Jobba litt for å finne ut korleis best gjere det, men kroken var tynn og spiss, så ved å stramme skinnet litt og kroke me tanga så kom spissen kjapt gjennom huda. Med litt trykking og lirking så fikk eg mothaken igjennom akkurat i det Endre kom inn døra. Eg klipte kroken og krøkte enden ut. Endre foreslo ein whiskey for å lette på smerten, som dei gamle cowboyene brukte, men sia eg kjørte bil så måtte han drikke whiskeyen, og den virka, han kjende ikkje noko.

Etter dette og ein kaffi så kjørte vi ned å fiska over Nor med fluga før vi sjekka laksetrappa. Der var det ein tert og ein fettfinneklipt fisk, terten fikk svømme vidare mens den fettfinneklipte vart slått ihjel sia den ikkje var i rett elv.
13.09 Vi stressa ikkje med å kome oss i elva, så etter frokost så pakka eg sammen ein del ting og satte dei inn i vogna for tørking. Såg ikkje lyst ut for å få pakka ned teltet, men skulle i alle fall få tømt det. Ca.kl.9 var vi komne på Nor og eg fikk kjapt ei blenkje, men det var veldig dødt. Stakk å henta Endre og starta nede på Os og her fikk eg fleire blenkjer bakpå. Mens eg fiska bakpå så hoppa det ein fisk bortpå brekket som likna på ein oppdretter. Endre drog på med nokre lenger kast, men den ville ikkje ta. Inge kom fiskande nedover med fluga, og han var borti noko, men fikk det ikkje fast.

Litt seinare gikk eg fram for å gå over med makken, og der Inge hadde vore borti noko så plukka det. Eg gav slakke og venta, slo til og der var det fast fisk. Endre kom springande og lurte på om det var aure eller laks, litt usikker sa eg, kjennes ut som noko midt i mellom, så kanskje oppdrettar. Og etter ein kort kamp så kunne Endre håve ein fæl oppdretter på ca.1,5kg.

Vi flytta så ned i osen, der Endre gikk på sørsida, eg på nordsida og Inge gikk fram å fiska Grisesteinen. Endre var den første som fikk fisk, mens eg var på pletten like etter, og enda med å få fleire fine blenkjer.

Vi fiska vidare på Skipenes og fikk ein del fleire blenkjer, men det var langt mellom dei. Når vi kom ned imot brua så var klokka vorte 17 og då gav eg meg for å kome meg heim før Lilly skulle legge seg. Inge og Endre avslutta kvelden med å sjekke trappa og lyse etter aure på Fossen. Der såg dei to storaurar, men dei stod ikkje langt nok inne til at dei greidde å håve dei.
19.09 Denne helga ville Lilly på besøk hos Mamor, så vi kjørte oss utover slik at vi var komne der litt før Mamor kom tilbake ifrå filmen om Morten som ho og Margareth var å såg fredagskvelden. Det hadde regna godt heile ettermiddagen, så eg stressa ikkje med å kome meg innover. Så eg var ikkje komen inn før klokka var kvart på midnatt, så rigga stenger, tømte bilen og fikk satt meir inn i vogna for tørking før eg fant køya.

Var tidleg oppe og pakka vekk ein del til og fikk på varme ute i teltet før eg gjorde meg klar for fiske. I det eg holdt på å knyte skoa så hørte eg Inge gjorde seg klar, og i det eg satte meg i bilen så for han. Eg hengde meg på og vi møttes på Nor. Eg begynte framme og etter 2 kast så ringde Endre til Inge og han for. Like etter nappa det og eg hadde på ein aure, men den glapp. Allereie to kast seinare beit det igjen og no berga eg den i land. Fiska vidare nedover, også etter at karane kom igjen, men det var veldig dødt.

Vi for ned å fiska på Os, men det var litt høg flo, så vi prøvde oss framover til holmen og steinbordet, men det var dødt. Flytta så fram til Skipenesbrua og der beit det endelig noko litt større med meg, men etter ein kort kamp så kunne Endre håve og sette ut igjen ein blank fin tert. Og to kast etter så beit enno ein av samme sort. Etter dette ville Endre opp på hytta for å fikse ein del ting før han fikk materialer til veranda, så vi kjørte opp å hadde fiskane i klekkeriet og mens Inge kjørte Endre heim så for eg på vogna og pakka litt sammen.

Etter nokre kjappe pølser til middag så var det ut på oppdrag igjen. Vi prøvde Fossen, der eg fikk 2 aurar, ein på fluge og ein på makk, men begge var veldig små. Vi prøvde så i Myrahølen der eg fikk ein tert, så prøvde vi Hildehola der eg først mista ein regnbueaure rett før landing, og så fikk eg ein flott aure på 7-8hg.

Så for vi i osen der vi fikk nokre aurar og eit par tert. Så ville vi opp i elva og fiska Svarthølen der det var dødt, i Bjørkehølen hadde eg på ein fisk bakpå hølen eit øyeblikk, men den falt av. Så fiska vi Kastehølen og her fikk Inge ein laks på 3-4kg i utløpet, vi var borti fleire fiskar, Inge i Svarthølenmen fikk dei ikkje faste. Så då tok vi ei pause og for på klekkeriet å leverte fisk.

Seinare fiska vi Nor etter at det hadde mørkna, og igjen fikk Inge ein fin aure her, mindre enn dei to foregåande, men fram imot kiloet i alle fall. Skodda la seg fort på elva, og kom i dottar drivande nedover, men det var bra innimellom. Eg fiska over brekket foran brua, men der var det dødt med fluga. Og no tjukna skodda til, så vi kom til at det var liten vits i å fortsette noko meir

Vi avslutta kvelden med å sjekke trappa, vi såg 2 fiskar, men fikk berre tak i ein av dei, ein tert på 2kg. Den andre var søkk vekk samme kor mykje vi tråla og leita.
20.09 Søndagsmorgenen vart starta med å fiske Nor, men no var det dødt, både framme, midt på og nede ved brua. Eg hadde på ein liten på brekket, men den falt av. Så for ned til Skipenesbrua, der drog eg raskt 3 flotte aurar på vel halvkiloet, men så var det dødt. Deretter prøvde vi Malakoff ifrå Staten, var dødt nedover, men Inge fikk ein langt bakpå, nesten nede i parken. Dessverre så lakk plastveska slik at vi måtte gå fort opp i bilen igjen og ikkje kunne fortsette der. Vi kjørte fram å fiska Hammarshølen, var borti ein storaure som vi såg, men den lurte meg. Inge var borti ein storlaks på fluga, men den vart heller ikkje fast. Så for vi fram med fiskane og så fram og ruska ned teltet. Det var ikkje tørt, heller ikkje belegget, så tok med begge deler heim.

Og dermed så var sesongen over for min del, mens Inge og Endre fiska kvelden og helga etter. Totalt enda vi opp med over 50 aurar, men berre 7-8 var godt over minstemålet på 40cm. Merkinga vart gjort i veka og det vert veldig spennande å få meir kunnskap om vandringa til sjåauren i elva. Det vart også merka aurar i Stryneelva same dag.

 

 

OPPSUMMERING 2020

Forsesongen vart veldig spesiell i og med Coronaepedimien, det vart eit par turar på sjøen med Inge, men vi traff ikkje veldig bra. Vinteren var snørik i høgda og våren var veldig kald. Det var faktisk vinter med snø heile veka fram til 17.mai. Etter kvart kom våren og varte ei god veke før det plutselig vart sommar siste veka i mai. Dermed steig elva raskt og vi fikk ei åpning på knappe 50 kubikk oppe og sikkert over 60 kubikk nede.

Laksesesongen starta eg ved midnatt på Staten, det vart tatt ein god del fisk på Skipenes, mens på vår side vart det ein. Elva vaks vidare og holdt seg stor utover når sommartemperaturen fortsatte. Andre helga var Inge innanfor og fikk 2 storlaks og mista ein stor på Nor når han skulle lande den. Tredje helga var eg innanfor og fikk 3 aurar på 1 kilo og ein laks på 5.5kg på fluge i Kastehølen med raske inntrekk. Det var heftig med heile 55 kubikk elva og 15,1 grader i vatnet.

Fjerde helga var det Bondalselva på fredag, men elva var for stor. På natta køyrde eg til Hellesylt og fiska Korsbrekka, noko som enda med ein pjakk på 2,7kg i fossen når elva gikk med 55 kubikk. Inge fikk 2 laksar til denne helga og Endre fikk ein laks på 14kg i Hammarshølen på fluga. Femte helga var eg og Lilly på Eid, vi prøvde så vidt på Nor, Lilly hadde på ei krede, ellers var det dødt.

Starta ferien med eit par turar i Ørsta, snudde på ein fisk, men det var alt, sjølv om elva var veldig stor og fin. Var så ein tur til Bondalen der eg fikk ein liten pjakk på makk. Vi skulle på ein kort tur til Valldal, så eg var innom verkstedet på Eid og prøvde meg då på Bjørlo og fikk ein flott pjakk. Ferien vart avslutta med eit tur i Ørsta på lita elv og uten vadesko, hadde etter ein pjakk, men den kom ikkje på land.

Første helga etter at eg var tilbake på jobb så var eg og Lilly på Eid og då fikk vi 2 pjakkar på Stokkenes. Siste tur på laksen vart nest siste helga. Denne siste turen gav ein nydelig flugepjakk på Staten, som vart servert helga etter i mor sin 70års dag.

Hausten var det 2 helgar med fiske etter aure til eit merkeprosjekt, det var som venta ein skuffelse med stort sett berre blenkjer og veldig få større aurar. Men vi fikk nok til å merke og det skal verte veldig interessant å følge med i livet til desse aurane.

 

Sist oppdatert:

29.12.2020


 



Laksesida

Eidselva
Ørstaelva

Bondalselva
Gutta

Rekorder
   

Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.