| |
2019
06.04 |
Var ein tur på Muritunet og i den forbindelse måtte eg ha med
flugestanga for å prøve auren.
Eg såg ein aure allereie på
onsdagskvelden som hoppa i osen, men leita ikkje fram stanga før på
fredagen. Då stod der to fiskarar med ein gong ein kjem til Valldal,
berre 100m ifrå Muritunet. Snakka med dei og fikk lyst å prøve nokre
kast før kveldsmaten. Var fine forhold med godt drag i sjøen og sol og
ikkje for kaldt. Ikkje lenge etter hoppa det ein fisk utanfor han eine
av dei, som stod litt nærmare Muritunet, men den var ganske langt ute
ifrå land, utanfor kastehold. Men den var sikkert 3kg. Fiska rundt om
meg, men kjende ikkje noko. Etter 20 min så tok eg ei pause, og ikkje
lenge etter hoppa det ein liten utanfor der eg stod, men langt
utanfor kastehold. Vi stod å prata mens karane pakka sammen for å
flytte, og når dei var komne i bilen så hoppa ein ganske langt utpå,
utanfor der den siste hoppa, denne var også stor. |
Før sesong |
Inge vart valgt til Leiar for Eid Sportsfiskelag så det vart ein travel
vår med lite tid til fiske sia eg vart kasserar. Derfor så vart det
begrensa til å kikke på bruene og høyre om andre som fiska. For eksempel
fikk Mattis ein kjempeaure i Olden på 8,2kg, samt mange på 1-3kg.
3.mai
var det 15cm snø i Ulsteinvik, men likevel vart første fisken på Eid sett 5.mai og då i Hammarshølen, dette var ein
kjempefisk, men allereie eit par timar etter så var den reist vidare.
7.mai var snøen tilbake, no berre 5cm, men likevel ikkje veldig
velkommen i lavlandet. Men det bevarer i alle fall snøen i høgda.
9.mai var der ein 7kg's på Skipenesbrua, 16.mai var der 5 laksar på
Skipenesbrua og no gikk det fisk dagleg, for eksempel så gikk det i alle
fall 5 fiskar forbi kamera på kvelden 22.mai. Men så kom det kaldare vær
med snøbyger og vi fikk snø nesten heilt ned enno ein gong, noko som gjorde at
oppgangen stoppa noko opp. Men siste dagane før åpninga så livna det til
og det gikk mykje fisk og stor fisk også. |
01.06 |
00-14
Kvien Eidselva |
Allereie
kl.23.30 var eg komen i bua i Moahølen og 5 minutt etterpå så var klar.
Eg gikk derfor ei runde for å sjå kvar det var folk, og som venta så var
det folk i Hammaren på Hjellesida, og Asgeir Skrede som eg fiska sammen
med sat i bua ved Svadet. Vel tilbake i Bua og litt nærmare starten såg
eg Jan Christensen kom på andre sida sammen med fruen og 2 andre. Eg
gikk fram og gjorde meg klar i Khrutsjov og starta der med makken. Starta
med god tru, men var dødt i Khrutsjov, så fortsatte nedover. Men når eg
fiska i
Torsteinshola oppdaga eg at Jan var i fisk, så eg stoppa opp og sendte
melding til Inge. Svaret derifrå var dette bildet av ein flott laks på
7,2kg tatt på tredje flugekastet i innløpet på Kastehølen.
Eg fiska over
fremste delen og gikk ned i Hammaren, der var Asgeir og Leif Skrede, men
dei ville framover når eg kom. Fiska over Hammaren med fluge og makk,
men det var heilt dødt. Sia det no var på det mørkaste og klokka nærma
seg 02 så tok eg ei pause. I halv 6-tida var eg tilbake i elva. Såg på
facebook at Jan hadde fått ein laks på 10kg i lysninga, og snakka med
Endre som hadde fått seg ein laks i Kastehølen på 7,1kg, men ellers var
det lite nytt dei visste om. Fiska over midtre del og Hammaren før eg
gikk fram og fiska over fremre del. Asgeir kom igjen etter ei stund. Han
hadde stoppa på Nor når han tok pause i 3-tida og fått ein laks på 6,3kg
der. Holdt på framover morgenen til klokka var snart 14, men det var
heilt dødt med unntak ifrå eit skikkelig napp på flata, men den vart
merkelig nok ikkje fast. |
01.06 |
18-19 Nor Eidselva |
Etter mat
og litt shopping så tok eg ein tur på Nor før vi skulle samlast hos Inge
og grille og sjå Champions League-finale. Fiska over framme, men det var
dødt. Gikk så ned å starte fiske bak muren. I det eg fikk lagt ut full
lengda og fluga svinga inn i hola utanfor berget så stoppa fluga. Tenkte
det sikkert var botn, så eg lot det stramme seg opp og tenkte det ville
løysne, men det gjorde det ikkje, så då letta eg stanga. Straks gikk det
opp for meg at det nok var fisk. Eg la press på fisken og den kom lydig
etter. Tenkte eg ikkje ville ha den inn på grunna, så eg lot den få litt
mindre press, uten at det gjorde at den seig bort igjen.
Fisken seig
framover imot enden av muren og eg måtte slakke heilt opp for at den
ikkje skulle komme innom. Venta berre på at den skulle oppdage at den
var fast og rase ut, men nei. Slakka enno meir for å hindre at den gikk
for nær muren, men den ville ikkje ut. Plutselig slakna den av og eg
letta den heilt opp i overflata. Kva i alle dager er dette? Fisken livna
ikkje til og den seig inn imot den oversvømte muren, traff ein stein og
velta over på sida og ryggen og trilla inn på innsida. No var eg heilt i
villrede når eg måtte kjøre fisken inne på grunna. Etter nokre sekund så
rulla den seg i overflata og eg fikk eit godt glimt av sida på den, og
då var det klart, ein oppdrettar. Herifrå var det viktigaste å kjøre den
sikkert for å få den på land. Den livna litt til og rulla seg fleire
gongar, men det var null dramatikk. Etter eit mislykka håvingsforsøk så
fikk eg den på andre forsøket. Vel i håven så såg eg elendigheten, ein
blank fisk, men lang og tynn. Måling i etterkant sa
86 cm og 4,30kg.
Mens eg kjørte på fisken så hadde telefonen ringt,
sjekka denne når fisken var hengt opp.
Det var Endre, så eg ringde
tilbake og unnskyldte meg med at eg kjørte laks, så kunne ikkje svare.
Forklarte kva eg hadde fått og så stakk eg å henta han. Vi fiska vidare
til klokka var halv 8 då eg stakk for å ete og lade opp til
Liverpool-seieren. Endre vart igjen og fiska til kampen var godt i gang
før han dukka opp hos Inge. Og kampen gikk bra med 2-0 til Liverpool
over Tottenham. |
02.06 |
02-14 Fossen Eidselva |
Trekninga
for andre døgnet gikk skeis og eg vart nest sistemann til å velge, og
når då Lilly måtte på ramma, så vart eg sist. Men satsa framme og fikk
prøve Fossen. Var komen i elva i halv 6-tida. Starta med å gå over med
fluga, men det var dødt. Bytta til makk og gikk over. Framme i hola i
utløpet drog det skikkelig i snøret og eg slo til. Fast fisk og trua var
der i nokre sekund, inntil den sprala i overflata. Ein liten, men
kjemeflott aure på 43cm
og 800g. Den hadde små lus på seg, så den hadde gått fort. Etter dette
var det berre honndalskrede å kjenne. Fiska over 3 ganger med begge
deler før eg tok ei pause. Var tilbake og fiska over 2 ganger til
etter eit par timar, men det var like dødt, så når klokka var rundt 13
så gav eg meg. |
08.06 |
02-14 Kvien Eidselva |
Vakna før
klokka, så var rimeleg tidleg i elva, dog var ho vel snart halv fem. Var
folk i Moahølen så eg gikk i Hammaren. I det eg starta så kom ein kar
gåande oppe ifrå Svadet, så her hadde tydeligvis vore fiska før når han
etter 2 minutts pause pakka og stakk. Fiska over med fluge og makk, men
det var dødt. Prøvde då Bjørka, Flata og nedover på Svadet, men det var
heilt dødt. Etter å ha fiska Flata igjen så hadde klokka kome til vel 07
og eg tenkte at eg måtte fiske over framme før eg gav meg og stakk på
trekning. Vel framme i Moahølen snakka eg med han som satt der og han
hadde like lite nytt som eg hadde. Gikk over Khrutsjov og Moahølen med
makk og deretter Moahølen med fluge, men det var heilt dødt. Så eg pakka
sammen og stakk fram igjen til Ly og Lilly som vart med på trekning.
Etter trekninga greidde eg ikkje å samle mot til å stikke i elva igjen. |
08.06 |
14-02 Bjørlo Eidselva |
Men eg
hadde fått kort på Bjørlo sammen med Inge, så trua var på topp. Eg var
klar allereie før klokka var 17 og tenkte ta eit overfar på Nor først,
men kjerringa ringde når eg parkerte, så då bar det til Eid å kjøpe
chips til Lilly. Vel levert så skippa eg Nor og gikk rett i Kastehølen.
Der var Inge akkurat på plass uten at han hadde starta. Han tok innløpet
mens eg gjorde meg klar og tok Utfalle. Vel tilbake i bua så tok eg
Kastehølen med makk før Inge tok Svarthølen. Så ville han prøve Utfalle,
mens eg fiska Granhølen. Men det var heilt dødt alle plassar. Vi gikk
derfor nedover for å prøve midtre del. Gikk på litt for å køyre Inge
litt og det gikk bra, han vart peist. Vel nede i Reitehølen fiska han
over med fluga før eg prøvde makken. Så fiska han Rørhølen mens eg fiska
Ny-Ledet med fluga og deretter med makk. Så bar det ned til Linja der
Inge prøvde fluga før eg drog over makken. I Hjellehølen fiska eg med
begge deler, mens han fiska Forbygginga med fluge og eg med makk.
Her
snudde vi og Inge prøvde fluga i Hjellehølen. I Linja vart det 3 kast
med makken før Inge fiska Ny-Ledet mens eg knytte opp igjen. I
Reitehølen prøvde eg fluga før vi sikta oss opp igjen til Kastehølen.
Igjen gikk eg på for å køyre Inge litt og han vart godt peist igjen, så
til slutt så slakka han bak. Så eg var på vei ut i innløpet når han kom.
Fiska over, men så slo været om og det begynte å regne lett når eg
prøvde makken. Eg satte meg i bua mens Inge gikk å fiska innløpet etter
at ein fisk var oppe, men då åpna alle sluser seg og vi måtte berre ta
det heilt rolig. Vi sat ei stund og såg det an, og vi var også ut å
prøvde mellom bygene, men vi såg på radaren at dette ville fortsette ut
kortet, så vi pakka sammen og tok kvelden. |
12.06 |
18-20
Nor Eidselva |
Skulle på
EU-kontroll med bilen, så stakk innover onsdagskvelden. Var ned å prøvde
ein times tid på Nor i halv 7 tida på kvelden, men det var dødt. For så
på vogna og fiksa tabellen på fangstrapporten for Henning mens det var
landskamp for kvinner på tv'en. |
13.06 |
02-14 Bjørlo Eidselva |
Vakna tidleg på natta og var på
vei i elva allereie 04.15.
Eg
hadde fyllt opp kaffikruset, så når eg såg Endre på Nor så tenkte eg at
eg like godt kunne drikke kaffien der som i skogen på Bjørlo. Han var
akkurat komen han også, og var på
vei fram å starte fisket når eg såg han. Så når eg kom ned så hadde han
gjort 3 kast mens han drog av snella, og der tok den. Eg gikk framover
for å hjelpe til, men då stakk fisken
ut og langt nedpå, så mens eg filma med mobilen så sprang Endre nedover etter fisken.
Dermed så vart det kjøring på dammen i staden for i innløpet, men enno
sikrare det. Fisken var sprek og gav ein god fight, som alt vart fanga
på film. Så etter ein kamp på nokre minutt så kunne eg håve ein
flott hannlaks på 12kg. Dermed vart det bildetaking både i dammen og
oppe på
motorsykkelen ved parkeringa før eg fikk fare vidare ned for å fiske.
Eg starta
med god tru i innløpet på Kastehølen med fluga, men sjølv om eg fiska
heile hølen så var det dødt. Samme var det på makken. Prøvde deretter
Svarthølen og Utfalle uten at det hjalp. Gikk så nedover og fiska
Reitehølen med begge deler, Rørhølen med fluge mens det i Ny-Ledet var
folk.
Gikk så i Smalehølen og alt på andre kastet plukka noko på makken,
var litt usikker så eg venta litt før eg slo til og då kom det berre ein
ribba krok igjen. Prøvde fleire gongar, men det var ikkje meir å kjenne.
Samme var det i Linja, Hjellehølen og Forbygginga, dødt. Snudde her og
fiska meg samme ruta opp via Hjellehølen, Linja, Smalehølen og så fikk
eg prøve Ny-Ledet uten at der var noko heller. No var det begynt å nærme
seg EU-kontroll så eg gikk opp til bommen igjen og gav meg. |
23.06 |
21-23
Nor Eidselva |
Det
var røykfyllt i lufta ifrå alle jonsokbåla når eg kjørte innover igjen.
No var eg innafor for å fixe på ei bærekule etter EU-kontrollen, og
igjen ville eg prøve lykken på Bjørlo på morgenen, men måtte ein snartur
nedom Nor for å sjå om der kunne være liv, sjølv om det hadde vore
minimalt med lusete og nygått fisk å få foran Alsaker så langt. Fiska
raskt over, men det var heilt dødt, så tok kvelden for å være klar på
morgenen. |
24.06 |
02-14 Bjørlo Eidselva |
Eg såg an forholda på kvelden
når eg la meg
og såg at det kom til å verte ei kald natt, noko som stemte, Erik, min
lange danske venn hadde målt 4,5 grader på Hjelle i lysninga. Så derfor
sov eg frampå og var ikkje i elva før klokka var ca.06. Tenkte nedre del
var best sia det nesten ikkje hadde vore tatt lusete fisk foran
Måløyhytta og starta dermed der. Fiska Hellja og Tresteinshølen uten
resultat før eg flytta ned på Øyrane, men også her var det dødt. La
igjen sakene og tok med kun makken ned og fiska ved Daniel, men også her
var det dødt. Gikk så fram igjen og fiska Nedre-Linja før eg gikk over
høgda og starta i Ny-Ledet. I øvre Ny-Ledet hadde eg oppe ein fisk etter
fluga, men den bomma på fluge og kom ikkje igjen. Fiska så over med
makk. I utløpet stoppa snøret plutselig opp, fast tenkte eg og la press
på for å løyse. Og fast sat det, så eg drog til litt og då svarte det i
andre enden med to tunge drag. Forundra holdt eg presset og tenkte at
det var rart, men kanskje det likevel var fisk. Plutselig begynte snøret
og sige bakover og over hølen. Å dæven, om dette var fisk så var det bra
greier. Eg la skikkelig press og når snøret kom innunder steinane på min
side så kom to tunge drag til. Eg holdt presset og begynte å gå nedover
imot betre grunn enn fyllinga eg no stod i. Plutselig letna det og
første tanken var at der for fisken, men så kom ei grein opp av vatnet.
Pokker tenkte eg, når eg endelig trudde at det kunne være fisk. Men
plutselig gikk greina under igjen og det kom to nye tunge drag mens sena
skjena ut ifrå steinane igjen. Hææ, var det ein fisk som hadde gått seg
fast i ei grein?? Dette var rart. Igjen letna det og greina kom utav
vatnet og no skivja den lenge nok til at eg var sikkert, og då løysna
også kroken. Det var heile veien litt unaturleg og rart, så eg var aldri
sikker på det eine eller andre, men at ein meir uerfaren hadde vore 100%
sikker på at det var laks vil eg berre tru. I resten av Ny-Ledet kjende
eg ikkje noko. Igjen gjorde eg ei tabbe, etter å ha hatt oppe ein
fisk så gikk eg nedover. Eg hadde lagt planen på vei fram og følgde
denne i staden for å lese det som skjer og legge planen deretter. Dermed
så forstår du at eg fiska meg nedover og møtte tom elv i Smalehølen og
Øvre-Linja. Når eg kom i Hjellehølen så møtte eg Arne Olav og fruen som
kunne berette om laks tatt på natta, lusete og flott. Eg fikk fiska over
hølen mens dei gikk i Øvre-Linja, men verken der eller Bakkereinå og
Forbygginga gav det minste kjenning med fisk. Gikk så fram igjen i
Hjellehølen då eg tenkte den hadde kvilt ein halvtime, og det hadde den
for der satt Erik Linneberg, min gode venn ifrå Danmark. Vi vart
snakkande i ein time før eg fikk lov å fiske over. Så snakka vi i enno
ein halv time før eg måtte stikke for å få bilen på verksted. Men det
var fantastisk hyggelig og igjen få møte denne kunnskapsrike og kloke
dansken som alltid er like smørblid og hyggelig, som forresten alle
dansker er. Men om eg i etterkant skal lære noko av denne fisketuren
så må det være, igjen, å følge med på det som skjer i elva og ikkje
alltid følge mine planer, som sjølvsagt er lure og gjennomtenkte, men
ofte altfor hugde i stein. Det hadde vore lurt å fiske seg nedover for å
gå fisken i møte, men når ein møter den så må ein snu!! |
25.06 |
18-20 Ose Ørstaelva |
Det er
egentlig ikkje så mykje å berette om denne dagen sånn fiskemessig, det
var fiskedag for Ørsta JFF og eg hadde fått med Sivert, Mathias og
Margareth. Men elva var lita og det var mykje folk. Vi gikk fram på
Heggekrå for å få være litt i fred, men der var alt folk og meir kom
til, så vi fiska mest midt i hølen. I det vi starta så såg eg ein
fisk som kom opp langs land på Osesida, noko som er rart då der er
støvelsdjupt, men straks den kom fram til der vatnet vart blankt så
skjena den ut igjen i elva. Det var ein fisk på rundt kiloet. Vi såg
denne eller andre fleire gongar som bikka på seg og som seig rundt borti
der, men dei tok ikkje. Det gjorde heller ikkje dei 5-6 andre fiskane
som stod nedi djupet fram i hola. Vi fiska oss etter kvart nedover imot
Svingen, men det var også dødt her. Så vi lunnja på linje med alle andre
som var der denne dagen. |
02.07 |
18-23 Ose Ørstaelva |
Vi snakka
om det på den vanlige fiskedagen at vi har enno ikkje hatt klaff med
forholda på fiskedagane våre, men endelig virka det lovande før
fiskedagen for damer. På formiddagen var forholda nydelige, men så kom
regnet og før kurset starta så var det flom i elva.
Håpte og trudde
eg skulle få med Margareth når det var slike forhold, men ho var ikkje i
form, så ho vart heime. Eg vart med to som ville prøve på Hegg, men
der var elva så stor at vi ikkje kom over brua i Svingen, men vi gikk
bak i skogen og greidde å finne oss ein vei fram. Og for ei forandring
ifrå sist veke, det som sist var dødvatn var no skikkelig straum og mens
vi sist såg kvar ein stein i heile hølen så såg vi no ikkje stein på
10cm djup. Første halvtimen steig elva 10 nye cm, så eg var etter
kvart skjeptisk på om vi burde være her lenger, og då kom det ei
regnbyge ifrå varmare strøk. Det rann av himmelen og hagla så grådig at
det var snø ned under 1000m. No var eg enno meir skjeptisk til at det
var lurt å være her, så etter nokre kast til etter at det hadde letta så
gikk vi nedover igjen. Det gikk greit enno, men det var så vidt støvlane
ikkje vart fulle der vi framover gikk tørt.
Vel nede fikk vi oss
kaffi og fikk igjen varmen, men lysta hadde gitt seg blant dei fleste,
så eg instruerte Elisabeth litt med fluga før vi pakka sammen.
Mens
vi pakka sammen og kom oss i bilane så kom enno ei skikkelig regn og
haglbyge så det var inge problem å bestemme seg for å reise heim i
staden for å fiske kvelden.
Etter å ha vore innom Rema så kjørte eg
heim. Men ved Ørsta Camping så såg eg sola skein utanfor, så eg stoppa
og sjekka radaren. Den sat at det skulle være opplett i alle fall i to
timar. Pokker tenkte eg, Lilly var alt i seng og eg var her i Ørsta så
det var berre å snu å prøve utover.
Tilbake på Ose rigga eg og gikk
framover for å finne ei bakevje å fiske i når eg såg Sindre på andre
sida. Hadde ikkje før sett han før han slo til og det var fast fisk.
Fikk dermed heile kjøringa på video til han berga ein flott laks på
3,5kg. Vi fiska på kvar vår side til klokka var over 23, men ingen fikk
noko, sjølv om Sindre vart terga av ein stor aure som med jevne
mellomrom forsynte seg grovt av makken hans. Elva gikk noko ned utover
kvelden, men kom aldri ned igjen der vi starta kl.18 på flom, så ikkje
rart at det vart med den eine fisken. |
06.07 |
15-18 Frøland Bondalselva |
Både
Sivert og Mathias har vore veldig tålmodige som nybegynnere med fluga.
Sjølvsagt hjalp det på med at begge fikk fisk første året, Mathias ei
liten pjakk og Sivert to aurar, men uansett så har tålmodigheta vorte
satt på prøve siste to åra. Dermed så var Mathias lei etter første
turen i år, mens Sivert ennå ville fiske, men uten samme drivet. Derfor
foreslo mor at dei kunne prøve makk då. Mathias tende ikkje på tanken,
men Sivert var klar, så då vart det telefonert til onkel om det var mulig
å ordne litt makkefiske. Onkel var sjølvsagt litt skjeptisk til å sette
dei inn på den tanken, men tenkte at kanskje var det ein sjanse til å
vise at graset ikkje er grønare der makken bor. Så tenkt så gjort. Eg
rota i gamle kroker og skap og fant nok utstyr til begge karane.
Makkekassa vart pakka i bilen, Lilly vart med og turen vart tatt inn for
å vise at graset ikkje er grønare bak utedassene og så vidare...
Etter å ha avklart at det var kun Sivert som ville i elva så rigga vi
kvar vår stang og for av sted for desinfisering og kjøp av kort. Det enda med
kort på Frøland, eller Kvistad som det går under på folkemunnet. Kortet
hadde starta kl.12, men sia vi ville fiske no så gikk vi for 3t der.
Vi kjørte fram, parkerte og mor kom etter for å sjekke at eg
tok godt vare på sonen. Han hadde fulgt med som ein smed ifrå eg tok
første knuten og saug til seg all infoen, og like så no når vi stod ved
elva. Eg viste han basics og merka fort at eg var smått rusten sjølv på
tre-håndsfiske, men vi kom oss begge i gang. Han var litt statisk første
minutta der han famla seg fram, mens eg kom raskt til notene og prøvde
både foran og nedanfor han. Etter 10 minutt så var eg smålei og følte at
eg hadde begynt godt på å bevise teorien om at graset ikkje var grønare
osv. Så eg satte meg bak i graset og snakka med Margareth mens Sivert
flytta seg nedover hølen. Eg hadde ikkje før satt meg ned før eg ser
stanga gå i bue og tuppen gikk karakteristisk opp og ned.
Eg
spratt opp og ropte at han hadde den, men Sivert var ikkje sikker, men
ganske snart var han enig i at dette var fisk. Derifrå så trengte eg
ikkje seie eit ord, gutten kjørte fisken som om han aldri skulle gjort
anna. Det kom til ein av dei store guruane i elva som kom med meininger
om korleis fisken skulle landes, men Sivert han hørte på onkel og
håvinga gikk så eksemplarisk som ein berre kunne håpe på. Dermed stod
jubelen i taket og onkel hadde gløymt alle tanker rundt at graset ikkje
var grønare osv.. Sivert måtte dermed ta pause ut kortet, mens onkel
stod igjen med opptil fleire postkasser i skjegget og fiska ut kortet
utan å kjenne så mykje som eit einaste sikkert napp. Laksen vart vegt
til 3900g og var gjenstand for stor oppstandelse på campingen, så då
spørs det om det var enden på ei begynnande flugekarriere eller berre
ein komma før karriera tar av?? |
06.07 |
21-24 Sone
2 Bondalselva |
Måtte
legge Lilly, så kortet hadde starta og vel så det før vi kom oss i elva.
Klokka var vel godt over 22, men med flo på natta så hadde eg lite tru
før heilt på slutten av kortet. Sivert starta i hølen, mens eg tok
stryket nedover, men det var dødt med oss begge. Eg gikk så fram og
fiska ifrå grensa og nedover. Sivert kom opp og fiska hølen ein gong til
rett foran meg. I det han begynte å nærme seg enden på hølen så var det
oppe ein fisk på brekket, men vi kjende ikkje noko av den nokon av oss. |
07.07 |
06-10 Riise Bondalselva |
Eg vakna
tidleg, så eg hadde god tid på morgonen, for i elva 05.45, men der var
alt folk, så måtte parkere på nederste stoppen. Dermed fikk eg ikkje
beste hølen på sona, men måtte finne ein eit hakk lenger nede. Vi var
begge klare og starta på slaget, eg tok 3 kast før eg sjekka karen
foran, og der stod han med bøygd trode. Gikk fram og tilbydde mi hjelp,
og den ville han gjerne ha. Han kjørte fisken veldig snilt og ville
gjerne ha den nedover til der eg hadde fiska. Det tok litt tid, men til
slutt var den komen ned. Her var ikkje nokon god plass å håve med ein
sterk straum innunder land, men det var her han ønske det. Etter nokre
mislykka forsøk så la fisken blanksida til og han satte fart på fisken
og det gikk bra å håve den. Etter å ha slått i hjel laksen på ca.4,5kg,
bløgga og tatt bilde for han, så var hølen min. Gikk fram og gjorde
eit par kast før Sivert kom. Etter enno eit par kast så satte eg fast og
sleit, og dermed så var det Sivert sin tur. Men det beit ikkje med
verken han eller meg utover morgenen, så når klokka var 09 så var eg lei
og Sivert var heller ikkje vanskelig å be, og dermed så vart det
frokost.
På vei heim på ettermiddagen så var det stor
oppstandelse ved brua på Kvistad, så eg stoppa når eg såg Nils Årseth.
Det viste seg at det var Helge Gjerde som hadde fått på ein fisk framom
brua, som hadde gått unna og no stod å stanga nedanfor brua. Etter nokre
minutt så begynte den å sige nedover og det var klart at det var ein fin
fisk, som ikkje var fast i kjeften. Sakte, men sikkert seig den nedover
høl for høl. Det var nokre skikkelige utfordringer med tre uti elva og
masse store steinar, men Helge hang på og greidde å holde fisken og sena
unna dei verste utfordringane. Når han kom ned i første svingen så sette
fisken unna og var plutselig 100m nede. Klepparen hang ikkje med, så når
fisken svinga innunder land og låg i fjøra så var der ingen til å
kleppa.
Dermed
gikk fisken ut igjen når Helge nærma seg, og på nytt rasa den 100m
nedover og heilt bort på andre sida. Her stoppa den litt opp så Helge
kom seg innpå og sakte fikk han jobba fisken over elva, samtidig som den
fortsatte sakte nedover. Til slutt kom den innunder land, noko nedanfor
hytta og Nils vart påkalla til å kleppe i tresko. Han fikk einaste
kleppen som var der og kom seg ned. Fisken vart guida inn og Nils sette
kleppen i den, men dette var ein pjakkeklepp, så den retta seg berre ut
og fisken sklei av kleppen. No rasa fisken nedover og over på andre sida
der den la blanksida til og vatnet var heilt raudt bak den, og død var
den. Dermed vart fisken losa over elva mens den låg tungt i straumen og
vart dratt nedover. Nesten nede ved parkeringa på Aklestad hadde Helge
fått den over på rett side og kunne dra den opp i fjøra og Nils kunne
berge fisken, ein flott laks på 8kg. |
28.07 |
Inge
inviterte på jakt etter sommerseien etter at det hadde vore godt fiske
ute i djupet nord for Sandsøya siste vekene. Idar hadde vore ute kvar
dag og fått godt med fisk.
Det var full sommar med tropenetter og
30 grader på dagtid, så når vi tok laust litt før klokka var 06 så var
det i T-skjorte, caps og solbriller, skikkelig innsausa i solkrem. Inge
hadde frose ned plenty med is til å ha i stampane for å kjøle fisken. Vi
kjørte ut på flatt hav i nydelig havblikk og hadde ein flott sommardag
på sjøen, nesten uten ei rukke på sjøen for heile turen.
Vi leita
rundt nord om Sandsøy, og var også nord til Hidsboden før vi til slutt
prøvde i bakken nord for Gjøskjæra, der vi fant mest fisk. Fisk fikk vi
alle plassar, men det var ikkje noko storfiske, men vi fikk no eit par
stampar, mest sei på 2-5kg, men også litt anna. Vi kunne ikkje holde på
for lenge sia fisken måtte takast vare på, så rundt middag så var vi
heime igjen i Gjerdsvika. |
01.08 |
14-02
Bjørlo Eidselva |
Var igjen på Eid for å fikse bilen. Den hadde berre vorte
vanskligare og vanskligare å starte, så på ferie i Oslo og på
Lillehammer så var det nesten så eg trudde den ikkje ville starte. For
innover onsdag 31. for å levere bilen slik at den var kald når dei skulle
starte sjekken torsdag morgen. Inge stilte med bacalao før styremøtet i
Sportsfiskelaget, og med 30 grader i lufta, 19 grader i vatnet så var
det ikkje tema å prøve lukka. Men Vebjørn hadde akkurat kome igjen ifrå
Nordsjøen, så han var i elva og oppdaterte Endre og meg som satt og kosa
oss med nokre kalde etter at Inge hadde reist heim til tannlegen. Og han
kunne melde om kontakt med mange fiskar og han fikk også 2 tert på
Bjørlo.
Derfor
så vart det til at eg stakk å kjøpte meg eit kortens bilen var på
verksted så vaska eg og Ly vogna utvendig, noko som definitivt trengdes.
På verkstedet fant dei ut at det var ein sensor som viste -11°C når det
var 25°C, så den fikk feil blanding og feil tenning, så dei måtte
bestille ein del slik at det vart fredag før bilen var ferdig. Derfor så
vart det til at eg stakk å kjøpte meg eit kort så eg kunne gjere opp
igjen Vebjørn.
Ly og Lilly ville shoppe 2-3t, så eg tenkte at då tek eg meg ein kjapp
tur i elva på dagtid. Kjørte så fram igjen og rigga til utstyret,
enhånds med reint flyt og ein dobbel 10'er. Oppdaga at Endre satt hos
Erik og prata, så eg stakk oppom og då vart det ein god time med veldig
hyggelig prat, men til slutt så måtte eg rive meg laus. Men no hadde eg
berre tid til eit raskt overfar på nedre, dessverre så var der folk på
Alsaker også, slik at det var opptatt på Sanden/Hola så eg fiska
Stålstigen og ned til fossen. Var mykje som nappa, men det var kun
yngel, kanskje med eit unntak for eit litt kraftigare drag i innløpet på
Fåhølen, men det kom ikkje igjen. Etter å ha henta jentene så vart
det burger på vogna. Trudde eg skulle få lure meg av tidleg etter å ha
behandla Lilly ei stund, men når eg ville til å stikke så var det ikkje
tale om. Men etter å ha lese eit par bøker, sunge nokre sanger og prata
ei stund så var det greit at eg stakk.
Klokka var no ikkje 8 som tenkt, men over 21.30. Stressa litt nedover og
strauk rett på Pinå, som ofte er bra på slik vassføring på denne tida.
Starta ganske langt framme og fiska meg nedover. Etter kun 10 minutt så
tok ein pjakk fluga. Til tross for 19,3 grader i vatnet så gav fisken
ein god fight på enhånds'en, men måtte til slutt gi seg og vart rolig
landa. Lengda var 53cm og vekta var 1,3kg. Tenkte at det verste som no kunne skje var at eg
kasta ut igjen og fikk ein til med det samme, slik at eg berre fiska eit
kvarter før kvota var full. Men som så ofte med laksefiske så er det
ingenting som går som ein trur. Fiska over Pinå før eg gikk i
Reitehølen. Her var det oppe fisk 3 ganger i innløpet, men kjende ikkje
noko av dei. Eg vassa over å fiska hølen på andre sida foran Rørhølen
før Endre ringde, han var på vei for å sjå kor det gikk. Fiska så
Rørhølen og Øvre Ny-Ledet når Endre kom, men det var dødt, så vi gikk
fram i Reitehølen igjen. No var det dødt her, så vi pakka sammen og gikk
rett i Kastehølen. Fiska innløpet, fikk inside info om ein rygg å vade
på for å fiske bakpå innløpet, prøvde utløpet, Utfalle, Granhølen og
innløpet igjen etter at ein fisk endelig hadde vist seg, men det var
dødt. Så 01.15 så pakka vi sammen og gikk opp igjen. |
02.08 |
01.30-03
Nor Eidselva |
Sia eg
først var laus så var det berre å nytte høvet, så då vart det å stoppe
på Nor for å prøve nattfisket. Starta framme i innløpet på dammen, men
kjende ikkje noko. I det eg var på vei ut på muren så hoppa det ein bra
fisk rett utanfor, men den ville ikkje ta. Så fiska meg nedover mens det
jevnt og trutt var oppe fisk, av og til på sida av meg og av og til
langt nedpå. Var dødt, men i det eg var komen godt nedpå så tok noko i
det eg starta å trekke inn. Oppdaga ganske fort at det ikkje var noko
veldig stort, men derimot ei bra honndalskrede. Ho sat veldig godt i
saksa, men fikk den til slutt laus. Fiska så vidare ned til enden før eg
gikk på land og fiska nedre del ifrå berget. Her var det oppe fisk, men
det var dødt inntil eg hadde fullt strekk, då tok noko nedpå. Forstod
fort at dette var aure då den plaska og rulla veldig etter at den tok.
Sveiva inn, men kjende at den ikkje var veldig stor, så drog i snøret og
fikk tak i den. Den hadde svalgt fluga djupt og ho sat ned i tunga. Men
ved å trykke den bakover så løsna den veldig greitt. Såg på fisken at
det var ein feit og flott gul brunaure, men at den var noko liten, så
når den sprala og ville komme fri så fikk den gå. Oppdaga så at den
hadde laga vase på fortommen og at den var dradd til slik at det ville
være vanskelig å berre løyse opp. Vod på land og prøvde, men det var ei
skikkelig vase og fortommen var heilt krølla. Hørte at det var noko som
vaspa i overflata og gikk for å sjå mens Endre ikkje ville gi seg på
fortommen. Då fant eg den flotte gule auren liggande med buken i været.
Om det var varmen i vatnet eller om den hadde fått skade på blodårer
under kjøringa er uklart, men død var den i alle fall. No var klokka
kvart på 3, så eg såg meg ikkje syn med å knyte ny fortom, og samtidig
så måtte fisken i frysen, det var tross alt godt over 20 grader enno det
var midt på natt. Dermed så pakka vi sammen og tok kvelden. Auren vog
flotte 840g fordelt på 43cm. |
24.08 |
13-16
Nor Eidselva |
Etter
trekninga så ville vi prøve oss på Nor. Eg var først ute når klokka var
13 og fiska over framme, men det var dødt, så eg hadde flytta ned på
nedre når Inge kom. Mens han gjorde seg klar så fiska eg ferdig nedpå
berget. Og etter
å ha preika litt så gikk han fram for å fiske innløpet. Der gjorde han berre nokre små kast
så tok ein fisk, ein tert gjorde nokre små utras og vekk var den.1,2
Inge prøvde igjen og ikkje lenge etter så plukka det forsiktig mellom
straumane. Inge letta stanga og igjen hang det på fisk, og denne var
større. Fisken var skikkelig sprek, men Inge gav den god motstand og
etter 5 minutt så kunne eg håve ein flott laks for han på 7,0kg. |
24.08 |
14-02 Bjørlo
Eidselva |
Vi for så
ned på Bjørlo og rekna med at det skulle kunne verte fangst der også,
men vi fant i alle fall ikkje nokon som ville bite. Vi fiska oss
nedover ifrå Pinå, men der var folk på andre sida, så vi flytta i
Reitehølen. Der var det fisk som var oppe, men det var baki, så truleg
gikk dei ikkje. Vi fiska oss vidare ned til Forbygginga, men det var
dødt heile veien nedover.
Vi gikk så fram på fremste for å prøve
der i skyminga. Såg ei fisk som hoppa i Kastehølen, men den ville ikkje
bite, om den gikk, det var så mørkt at det godt kunne vore standfisk.
Lærte meg at det gikk an å vade lenger ut i hølen for å fiske
innløpet, uten at det hjalp nevneverdig. Når det hadde vorte godt mørkt
så pakka vi sammen og kjørte fram på Nor igjen, men det var dødt sa
Endre så det vart lite fisking og mest preik. |
27.08 |
19-20
Nor Eidselva |
Etter
nokre dager med litt regn så kom sommaren igjen, så onsdagen så ville eg
nytte siste dagen med opplett og varme til å ta ned teltet. På vei
innover målte eg 30 grader i Austefjorden, og været var berre nydelig.
Bjørn var også innanfor å tok ned teltet. Alt var tørt og fint så det
gikk veldig radig å få det pakka ned.
Så når klokka var 19.30 så var eg
komen ned på Nor for å prøve om der kunne være noko som ville bite. Men det var
veldig dødt, så etter eit overfar så var eg godt fornøgd og pakka sammen. |
31.08 |
02-14
Staten Eidselva |
Inge hadde
fått kjøreforbud med legen, så han ville sitte på innover, noko som
passa bra sia vi var i Gjerdsvika og feira ho mor. Eg og Inge tok laust
når klokka vel hadde runda 20, mens Ly og Lilly vart igjen hos mamor. Eg
hadde tenkt å ta turen nedom Nor, men det regna og var så fyse at vi
stakk bortom Endre ein tur i staden.
Var tenkt
meg ned til lysninga, men det vart godt lyst før vi var komne ned. Eg
starta med fluga foran brua mens Inge gikk fram i hesten, men det var
ikkje noko å kjenne. Det var veldig dødt så Inge ville prøve seg
nedover. Så eg prøvde makken også foran brua, men sleit fort eit par
ganger, så eg gikk nedover og fiska Bruhølen både foran og nedanfor
brua. Var noko bortpå å plukka innpå, men det var berre ein liten aure
på ca.30cm. Fiska meg vidare nedover renna og Lødehølen der eg hadde god
tru, men det var dødt. Når eg vod inn til lands igjen så kom Inge og
kunne melde at i Malakoff var floa alt komt, så vi gikk fram igjen. Inge
prøvde foran brua, mens eg tok makken og gikk fram i Hesten. Her var det
dødt eller så var det småkreder bortpå. Når eg var komen bakpå hølen så
kom Inge oppover. Då var noko bortpå å plukka, men når eg slo til så var
der ikkje noko. Prøvde eit par kast til før det igjen plukka og no
greide eg å lure den fast. Fisken var liten og med hjelp av Inge så vart
fisken håva raskt og greitt. Fisken var 49cm og ca.800g. Kasta raskt ut
igjen, og kjapt var det fisk bortpå igjen og etter eit par forsøk så
hang det fisk igjen. Denne virka litt større og fisken kjempa litt
friskare enn den første, men Inge hjalp også her til å håve. Denne
terten var brukbar med ei lengde på 53cm og 1,25kg. Prøvde nokre kast
til, men det var dødt no. Gikk ned til brua igjen for ein kaffi mens
Inge fiska foran brua igjen. Han kjende ikkje noko, så han ville prøve
nedanfor brua også, men han kom raskt fram igjen då floa alt hadde kome
dit. Mens han gikk fram å fiska Hesten igjen så fiska eg foran brua
igjen, begge deler uten resultat.
Eg var først ferdig og fortsatte
nedanfor brua med makken. Var rolig her, men alt på første kastet var
noko bortpå og eg slo til. Fisken kjendes bra ut og kjempa hardt, men
tagna kjapt så eg forstod at dette nok var ein aure. Etter ein frisk,
men ikkje veldig lang kamp så kunne eg lande ein kjempeflott aure på
55cm og ca.1,5kg, som sjølvsagt vart satt forsiktig tilbake. Fiska
nokre kast til før det var noko bortpå igjen, denne gongen var det noko
heilt anna i enden og det var nesten berre å sveive inn og dra på land.
Terten var slank og såg sjuskete ut så kom til at det truleg var ein
oppdrettar, så fant det lurast å ta den. Diskuterte med Inge om det var
oppdrett eller ikkje, men det var vanskelig å konkludere. Uansett så gav
vi oss sia floa no var komen fram om brua og det hadde ikkje vore noko
oppe å vist seg med nokon størrelse på. |
31.08 |
14-24
Stokkenes Eidselva |
Hadde
tenkt å ta kort tidlegare i sesongen på Stokkenes, men sia det var så lite vatn så
hadde det vore lite fisking, men når alt var fullt framme siste døgnet
så vart det. For nedover etter middag, og var komen i elva ca. kl.17.
Starta med å fiske Mastehølen sia det stod folk på andre sida både i
Svarthølen og nede på Auregrunna, men der var det berre småkrede å
kjenne. Gikk så nedover til Svingen, men der var det allereie folk, så
etter å ha veksla nokre få ord så gikk eg nedover. Prøvde kjapt ved
Moses, men også her var det berre småkreder å kjenne. Gikk så over høgda
og ned til Hildehola, her var det veldig gjengrodd, men det gikk akkurat
å fiske, men uten å få det skikkelig til når ein ikkje såg kva ein
gjorde. Flytta så ned i Åbrekkhølen og gikk over denne med makken. Elva
hadde flott mørk cognacfarge, men det virka ikkje til å hjelpe på
bittet. Var småkreder å kjenne også her, og lite anna, sjølv om det var
flotte forhold å fiske på heilt ned imot 3dje steinen. Når eg først
var gått så langt ned så tenkte eg at eg måtte prøve i Myrahølen også.
Var litt gjengrodd dei gamle stiane på baren før eg kom meg opp på
golfbana, men kjempa meg igjennom. Vel nede i Myrahølen så gikk eg ned
på nedre og starta. Fiska meg nedover ved å vade langs land, men det var
mykje leire og veldig glatt, så var litt vanskelig. Men sia det siste
stykket ned til grova som kjem ut no var innlemma i sona så vart det
lettare nedanfor bua. Det var dødt heile veien, men når eg kom nesten
heilt bakpå så plukka det innunder land. Eg slo til og det var fast
fisk. Fisken kjempa godt, men eg forstod raskt at dette var ein mindre
fisk og etter eit lite minutt så kunne eg taile ein flott ho-aure på vel
40cm. Ho hadde svalt makken djupt så den sat vanskelig til i tunga og ho
blødde litt. Fikk fram tanga og fisken samarbeida godt, så overraskande
nok så kom kroken ut ganske enkelt. Holdt den i straumen for å prøve å
få liv i den igjen og den starta kjapt å hive etter pusten. Det kom litt
blod ut gjellane dei første 3 gangane den pusta, men så forsvant det. Eg
holdt fisken vidare, men den stod berre rolig. Når eg slapp den så holdt
den seg opprøyst, noko som var eit godt tegn. Og etter eit godt minutt
med friskt vatn og ro så vakna den til og stakk tilbake i elva. Det var
godt å sjå ein aure som var tilbake i skikkelig godt hold, slik vi var
vant til før, så trur at auren nok var 800g i alle fall, sjølv om den
var kort. Rigga ny makk og kasta uti igjen og igjen var det fisk
bortpå, men denne vart ikkje fast. Men på neste kast så fikk den god tid
til å tygge på makken og då vart det fast fisk. Straks eg slo til så kom
den opp i overflata og slo med sporen. Eg såg sida på den og tenkte
straks at dette var storaure og at dette kunne verte tøft bakpå brekket.
Og fisken den fighta godt bakpå der, men eg lot den få så lite slakke
som mulig og snart roa den seg. Faktisk roa den seg så mykje at eg
begynte å mistenke den for å være ein laks, men når den kom fram på
høgde med meg så rulla den uti djupet og eg såg ei flott prikkete side.
Den kjempa litt imot, men lot seg ganske raskt dra opp på graset. Her
satt kroken flott i saksa, og sjølv om den satt godt så var det enkelt
og greitt å få den laus. Målte den fantastisk flotte hoa til ca.60cm og
anslo vekta til ca.2,5kg, før den måtte festes på film. Så holdt eg den
i straumen i nokre sekund før den skaut fram og ut i elva igjen.
Fortsatte ei stund til her etter ei pause i bua, men no var det ikkje
mulig å få fast noko meir, tross at det var fisk bortpå å plukka eit par
gangar. Prøvde også i fremre del av hølen, men her var det berre
småkreder å kjenne, så eg gikk fram i Åbrekk igjen. Etter nokre
minutt på golfbenken så starta eg i innløpet, men kjente ikkje noko anna
enn småkrede, som sist. Når eg hadde runda neset så var eg mødd og peist
etter nokre harde timar, så eg satte meg ned på baren med føttene i
vatnet og kasta bort der den vesle elva kjem ut og allereie på andre
kastet når snøret stoppa inne i bakken så var noko bortpå å plukka. Eg
var ikkje i tvil for her hadde eg alt fått ei småkrede i dag, og dette
nappa på samme viset. Så vart derfor overraska når det stritta ekstra
imot når eg sveiva inn. Men fisken stritta ikkje mykje meir imot enn ei
småkrede, sjølv om det var ein tert. Den var ca.47cm, men trulig berre
680g, den var utrulig lang og tynn, så om den var vill eller om det var
ein oppdrettar veit eg ikkje. Fortsatte å fiske vidare nedover og ved
Spiontreet skjedde det samme, no heilt bortunder andre sida. Snøret
hekta i noko og stoppa opp, eg rykte i for å løyse og der hang det på
ein fisk. Denne var det noko meir futt i og det vart faktisk ei lita
kjøring, men det var feige lag, så etter eit godt halvminutt så kunne eg
dra fisken inn på grusen. Dette var også ein liten tert, men denne var i
alle fall i tilnærma normalt hold, så den fikk nådestøtet. Denne var
51cm og vekta viste 1,04kg når eg kom fram igjen på campingen. Fiska
vidare nedover eit stykke, men kjende ikkje noko meir. Det var no
begynt å verte skymt, så eg tenkte ta fluga og gå over, men eg var så
sliten at det vart til at eg satte meg ned der eg sat når terten beit.
Eg hadde fortsatt stanga i handa, så vart til at eg satt å kasta. Kjende
at eg var mødd etter nesten eit døgn i elva, så eg tenkte at eg fikk
avslutte med nokre kast på Nor. Reiste meg opp og tenkte at eg burde ta
nokre kjappe kast nedover, så fiska meg nedover med 10 skritt mellom
kasta. Nede ved ruska nedanfor Spiontreet så plukka det noko innpå, så
kasta ein siste gong. Fiska ut kastet og skulle til å sveive inn for
kvelden når noko ikkje var heilt normalt i enden. Snøret stoppa opp og
noko skjedde, men det nappa ikkje. Hmm...tenkte eg og slo til, men det
var heilt slakt.
Sveiva inn og kjente at her var noko rart, for det var
ikkje motstand og snøret kom ikkje mot meg, men skar framover og ut ifrå
meg. Letta derfor stanga og sveiva på for å få kontakt, og det fikk eg.
Fisken virka å være litt meir futt i enn den første, men slakkare enn
den forrige, så kjøringa baud ikkje på dei store utfordringene. Når den
kom på land så såg eg den var også lang og tynn, men sia eg no var
ferdig så vart den med heim. Lengda viste 47cm og vekta viste 780g, så
om det var villfisk eller oppdrett får vi sjå når skjellprøvene kjem
igjen. Sia kvota no var full så orka eg ikkje å gå over med fluga.
Men eg stoppa på Nor når eg kom fram der, men på vei ned gjennom skogen
så kom det ein skikkelig varm fønvind. Og når eg kom ned så var det
nesten ikkje mulig å få ut fluga på grunn av vind. Og den friska på
raskt, så når Inge og Endre kom dit etter ein halv time så stod vi ikkje
rette og vi turde ikkje å stå inne blant trea i frykt for at dei skulle
blåse over ende. Så vi pakka oss berre inn i bilane og tok kvelden. Eg
var tross alt godt fornøgd med 9 fiskar siste døgnet, og gledelig at det
var 3 flotte feite aurar blant dei, som alle vil nyte gytetida i elva. |
08.09 |
Inge
inviterte på makrellfiske etter at Ly ville ha litt i frysaren. Det
hadde ikkje vore så veldig mykje makrell å få siste tida, men sjølvsagt
var der sorten.
Vi tok laust på morgenen og starta med å prøve
etter seien igjen nord for Sandsøya. Men det var lite å få av den, så vi
slo oss på makrellen. Vi rota rundt og leita og greidde å finne nokre
her og der. Mest var det sør for Hidsboden, der vi også fikk litt anna
fisk. Vart ingen storfangst denne gangen heller, men vart i alle fall
nok til vinteren for Ly. |
OPPSUMMERING 2019
Forsesongen har siste åra vore forbeholdt
sjøfiske etter torsk og liknande, men etter mange år uten så vart det
igjen fiske etter blankfisk. Rett nok berre ein liten time, men likevel
artig, og fisk såg eg også.
Ellers var det travelt med styreverv i Eid
Sportsfiskelag, så fokus før sesongen var der og ikkje på oppgang og
egen forberedelse. Men på åpninga var eg på plass uten at det var nokon
lykke for meg. Fikk rett nok laks, men det var ein oppdretter.
Elvane datt fort sammen sia det var lite snø,
så vart lite fisking i juni og juli var det tropesommer og nesten null
fiske. Men eit stort lyspunkt var turen med Sivert der han fikk sin
første laks, rett nok på makk, men like artig for det, spesielt når det
var på makkepremiæren.
Men i august snudde været litt og det vart
nokre turer. Først fikk eg ein pjakk på einhånds i 19°C elv, noko som er
lenge sia sist, så vart det ein brunaure som dessverre døde pga det
varme vatnet. Trudde det skulle verte ein bra august når pjakken kom
tidleg, men det var heilsvart for meg til siste døgnet, då det løysna
heilt med 6 pjakkar og 3 feite aurar. Så sjølv om nokre måtte settast ut
igjen så vart det godt med matfisk likevel. Så fiske i nedre på slutten
skal gjentakast også seinare år.
Så totalt ein bra sesong på antall fisk, men
skulle vore litt meir fordelt, både i tid og i storleik. ellers synd at
vi for andre året på rad fikk tørke og tropesommer, men ser ikkje for
meg at det skal verte normalen.
|
|