LAKSESIDA

ExUNGKAR1

FISKEBOK


1994

30.03

Skjærtorsdag starta vi på neset i austlege del av Sørheimstranda kl.12, Tore, Petter og eg, i ein laber bris, 8°C og delvis skya vær. Men det vart etter kvart kaldt, så vi flytta inn på Selbervika. Her mista Petter ein liten aure rett før håving. Han hadde også på ein større ei lita stund. Vi såg eit vak, men ellers var det roleg på sluken.

01.04

Petter med RegnbueLangfredag hadde vi flytta inn til vogna på Sæbø. Det hadde vorte litt varmare med overskya, 10-12°C og ein lett bris. Vi tok turen bort i Hustadvika, Petter Tore og eg for å prøve sluken.

Vi hadde fiska berre i 10 minutter når det beit med Petter, det vart ein heftig kamp før eg kunne håve ein smellfeit regnbueaure på 57cm og 3100g. Noko som tilsvarer ein K-faktor på 1,66 og som tyder på at den hadde rømt ganske nyleg.

Eg gjekk opp i bilen med fisken, og før eg var komen opp ropte Petter at han hadde fast fisk igjen. Denne gav ein like heftig kamp, men dessverre slitna sena i det han hadde fått den heilt inn i steinane.

Det var mykje vak å sjå, men den var ikkje så veldig bitevillig, men likevel kjempeartig. Fisken hadde kanskje sige innpå vika på floa, for det fjæra ned mens vi fiska ifrå 19:30 til det mørkna kl.21.
02.04 Morgenen etter var eg og Petter oppe tidleg for å prøve sjøauren bort i fjæra nord for ferjekaia. Vi var på plass 06.15 i regnvær, vindstille og rundt 8°C. Vi såg eit par vak, men det var ikkje noko å kjenne, så vi flytta bort i Hustadvika igjen. Her var det meir liv og vi såg fleire vak før Petter fekk på fisk. Denne følgde etter lett før den rulla seg i overflata og var vekk.

Ein halv time seinare fekk Petter igjen på fisk, denne var vilter og hoppa og bykste, når det nærma seg håving så greidde også den å slå seg av. Enno ein halv time så beit det jaggu med Petter igjen. Denne var noko mindre og landinga gjekk utan særlege problem. Sjøauren på 42,5cm og 840 gram tok ein Spesial 40. Det vart etter kvart veldig vått og aktiviteten tørka opp, så vi gav oss kl.09.

Bjørn med feit regnbueDet hadde gått over til regnbyger når klokka vart 14.45 og vi tok ein ny tur bort i Hustadvika. No var også Tore med, men det var veldig roleg. Prøvde alle typar slukar, men det var ikkje noko som plukka. Vi såg nokre vak på slutten av økta før vi gav oss kl.16:30.

Bjørn kom også innover og var førstemann ned når vi starta ei ny økt i Hustadvika klokka 18:30. No hadde vinden stilna av og fjorden låg speilblank. Temperaturen hadde også falt til 4-5°C. På 6. kastet til Bjørn beit det på kobber Stignsilda. Fisken var ganske roleg og køyringa gjekk greitt fram til eg håva regnbueauren på 48,5cm og 2150 gram, ein K-faktor på heile 1,87. Etter dette var det ikkje meir å kjenne, men vi såg nokre vak fram til vi gav oss kl.20.

08.04 

Gjengen var tilbake på Sæbø helga etter påske. No hadde det vore væromslag og det var stor sett vindstille, klart vær med kjølige netter med eit par minusgrader, mens sola varma godt på dagtid og fikk temperaturen opp i rundt 10°C.

Fredag kveld var det litt vaking, men roleg på bitefronten, så vi begynte å eksprementere med dupp, og då med småsei som agn, uten at det gav resultater.
09.04 Laurdag morgen var det mykje det samme, sjølv om vi var på andre sida av bukta, ved ferjekaia, litt vaking var det, men ikkje noko som ville bite.

Men laurdag kveld gikk endeleg duppen min under og eg kunne kroke min første fisk for året. Fisken var grov og kjempa heftig og til slutt greidde den å slå seg av.
10.04 Torstein med feit regnbueSøndag morgen var vi oppe tidleg og køyrde oss bort i Hustadvika i nydeleg flott vårvær med kjølig morgen og fin temperatur utpå dagen når sola kom.

Når klokka var 06.40 så var det igjen med meg at det beit på dupp agna med småsei. Køyringa gjekk heilt greitt og det var ingen problem med håvinga av regnbueauren. Oppdrettsfisken var 53cm og 2650 gram, ein K-faktor på 1,78.
11.04 Mandagskvelden tok vi oss, Petter, Inge og eg, ein tur inn i Aspevika i 21-tida og fiska utover Kalveneset i ein lett bris, overskya vær og ca.10°C. Det var nokre ok plassar, men ganske grunt og vanskeleg på denne sida, samt fleire store viker som vi måtte rundt. Vi fiska med sluk og opphengarfluge, men vi fekk berre torsk. Men er nok ein bra plass etter sjøauren, sjølv om vi ikkje såg noko denne kvelden til vi gav oss kl.23.
14.04 Torsdagskvelden var samme 3 karane på tur for å leite etter nye sjøaureplassar. No for vi inn i Larsneset der vi prøvde i Djuvika, rett før ein kjem inn til Breivik Kalkverk. Vi starta i 20-tida og fiska 2 timar med sluk og opphengarfluge. Vi såg nokre vak, men det vart berre lyr på kroken i regnbygene med skiftande vind og 7-8°C. Virka som ein bra plass.

Tidleg mandag morgen, 18.april, var Petter på tur til Nordfjordeid og fiska i Osvika i ein lett bris, overskya vær med skodde i toppane og 5°C. Han prøvde både sluken og dupp, men det var ikkje noko som beit. Fisken gjekk ganske langt ifrå land, og inn imot osen var det veldig langgrunt. Han fiska ifrå 05.00 til 07:30 på fjørande sjø.
22.04 Fredagen etter jobb køyrde eg innover til Sæbø der eg fiska på Hustadvika ifrå 20-22.15 i stille, disig og kjølig vær med berre 3°C. Det var flo kl.21, men det var ikkje fisk å sjå eller kjenne, men der var millionar av mort.
23.04 Osvika i Eidsfjoden i 1994Laurdagen køyrde eg meg ein tur innover til Eid for å prøve Osvika som Petter skrytte av. Eg starta fisket kl.18 i ein lett bris ut fjorden, som etter ein halvtime stilna heilt av. Ellers var det overskya og ca.8°C. Fiska ifrå moloen utanfor nausta og allereie på 5. kastet med lilleauren beit det, men dette var ein mindre aure på ca.25cm som fekk friheita tilbake. På neste kastet beit det på igjen og etter ein kort fight kunne eg lande ein sjøaure på 48cm og 1000 gram.

Når det stilna av med vinden så stilna det også av med vakinga så eg tok ei pause mellom 19-20. Mens eg satt der så kom det ein båt og satte ut eit garn.

Fiska ein times tid til etter kl.20. Det hadde tatt seg litt opp igjen med vaking, men det var for stilt til å klare å lure dei til å bite. Men der var mykje fisk og 2 karar som hadde vada seg ut til elveosen og fiska bort i straumen ifrå elva fekk 5-6 fiskar.
24.04 Køyrde tilbake til Sæbø på kvelden og prøvde i Hustadvika igjen kl.05-06.15, men det var ein kopi av fredagskvelden, stille, disig, kjølig og heilt dødt.
08.05 For ein tur på fjellet og fiska i Mørkevatnet ifrå 14.30-17.30. Det var nordleg bris, skodde og 8°C. Fiska nord- og vestsida med sluk før eg gjekk rundt og fiska austsida med oter. Kjende eller såg ikkje noko.
11.05 Været hadde slått om med klart, stille og 20° og eg var ein tur i Sædalen og fiska med oter. Starta ved holmen og fiska heile vegen inn i osen. Vatnet var lavt, så Kalvegjerdetvatnet var skilt ifrå Sædalsvatnet, og her fekk eg den første kreda. På strekket osen til klubben fekk eg 4 til. Var borti mange fiskar, men dei var forsiktige og vart ikkje faste eller datt av fort. Men fekk 5 fiskar på 23cm og 130g til 30cm og 260g på turen ifrå kl.20-23.45.
13.05 Fredagskvelden kl.19 vart Bjørn med ein ny tur i Sædalen. Været var det same med sol, stille og 15°C. Inge hadde alt fiska ei stund når vi kom og hadde fått 2 kreder. Vi gjekk oss bort på Klubben før vi starta å fiske oss innover med kvar sin oter. Bjørn fekk ei lita ei like utanfor elveosen, og eg mista ei stor ei. Eller fekk Bjørn og eg kvar si lita som vi satte ut igjen. Som sist så var det mykje fisk etter, men været gjorde at dei var forsiktige.
15.05 Været hadde snudd heilt om, sterk kuling ifrå nordaust, rokk og fokk på vatna, delvis skya og berre 4-6°C når Atle Oddvar, Tore, Bjørn og eg gjekk inn på Larsnesfjella. Vi fiska i Langevetevatnetm Lisjevetevatnet og alle Middagsvatna med oter og sluk. Vi såg to vak, eit i Lisjevetevatnet og i midtre Middagsvatnet, men vi kjende ikkje liv nokon plass, sjølv om vi fiska ifrå kl.15-23.15. Det skal være best i nordavind i desse vatna, men det var nok sikkert litt vel mykje av sorten i dag.

Været var det same 21.mai når Inge og Ståle var opp i Sædalen. Det var dødt på oter, men dei fikk 6 fiskar på 21cm og 80g til 34cm og 325g på sluk. 2 av fiskane var i Sædalsvatnet, resten i Kalvegjerdevatnet.
28.05 Vinden hadde dreia Nordvest og spakna til bris, men til gjengjeld hadde vi fått regnbyger og 6-8°C. Vi gjekk fram seint på kvelden og satte garn i vatnet som vert danna når vatnet er veldig lite "Pioneer Ocean". På morgenen fiska vi i Rausandvatnet der Inge, Bjørn og eg fekk to aurar kvar, mens Atle Oddvar ikkje fiska. På vei ned igjen utpå dagen drog vi garnet, der var det 4 kreder. Så totalt vart det med 6 kreder heim for meg, dei i garnet og dei to på oter, desse var 22cm og 90g til 35,5cm og 350g. Vi var tilbake kl.16.
04.06 00-06
Ose
Ørstaelva
Endeleg var laksesesongen i gang med overskya, regnbyger og 10°C. Eg starta ved Prix med finvegn, og fiska nedover. Når eg kom ned til brua bytta eg til dupp for å klare å fiske her. Etter ei stund beit det på ein sjøaure på ca.35cm, men den slapp når eg skulle håve den. Etter kvart kom floa og då gjekk eg framover, men det var dødt heile veien, heilt fram på Hegg, men her var det ein aure oppe bortunder trea, og når eg prøvde på den så tok den. Køyringa gjekk fint og eg kunne lande ein fin aure på 51,5cm og 1300 gram. Det var mykje aktivitet gjennom natta, men etter at eg fekk fisken så vart det stillare.
05.06 00-06
Ose
Ørstaelva
Natta etterpå vart Tore og Bjørn med innover. Været var lettare til kl.02, men etter det vart det lett regn. Vi prøvde det meste, men det var veldig dødt. Tore fekk ei lita 20cm krede på fluge, som han satte ut igjen, mens eg fekk ein sjøaure på 29,5cm og 250g på makk ved Prix.
26.06 25-26.juni var det flugekastekurs i Djupvikvatnet, og når det var over så køyrde vi inn til småbåthavna på Garnessida av Dragsundbrua og fiska etter sjøaure ifrå kl.15-17. Været var fint med lett sørleg bris, lett skydekke og 15°C. Vi såg ein god del fisk som vaka og instruktør Rune Brandal fekk ein på cirka halvkiloen. Hos meg logga det så vidt borti ei "glassål-fluge", men veit ikkje kva det var.
02.07 Prøvde nattfiske(23.30-03) med fluge rundt småbåthavna i Gjerdsvika, det var berre ein lett bris innimellom, overskya og 12°C. Det var veldig roleg, men eg såg to vak. Fekk masse mort.
08.07 15-24
Ose
Ørstaelva
Det hadde vorte sommar med sol, 20°C og stilt og fint, men eg og Petter ville prøve lykka. Petter var på Melle. Ingen av oss kjende fisk, men det var godt med fisk som gjekk opp og ned mens den hoppa. Nede ved Prix fekk eg berre masse smått.
09.07 00-06
Ose
Ørstaelva
På natta kom det litt nordavindsskodde i toppane, og heile Refsnesklanen kom også, Bjørn, Tore, Inge og Ståle. Så med 6 kort skulle ein tru nokon var i fisk, men ingen kjende fisk, sjølv om vi såg nokre som hoppa.

Mens eg for på vogna på Sæbø så vart Petter igjen og fiska morgenen på Melle. No hadde det skya over og det var fisk på sona som hoppa. Han var borti to fiskar før han fikk fast ein pjakk på 52cm og 1250g på makken. Han gav seg kl.09.30 og kom bort til Sæbø.
10.07 06-10
Sone 2
Bondalselva
Neste morgen var vi klare for Bondalselva i lette regnbyger og 12°C. Vi kjende ikkje liv av noko slag, på hverken sluk eller makk, men det vart landa ein fisk på sona vår. Ellers så var ikkje Petter heilt i slag, så det vart lite fisking på han.
10.07 18-20.25
Ose
Ørstaelva
Petter for heim sia han var sjuk, mens er stoppa i Ørsta for å prøve litt ved Prix etter sjøauren. Var ein del smått å få, men fikk ein på 36,5cm og 550 gram foran nederste huset. Det var overskya, men begynte å regne rett før eg gav meg. Såg ein del fin sjøaure i området.
17.07 14-24
Heile elva
Bondalselva
Det var fiskekonkurranse og ein kunne fiske i heile elva i lettskya vær og 15°C. Vi starta framme på Rekkedal. Her var det daudt, men Petter såg ein fisk som flytta på seg uti ein høl. Eg og Bjørn flytta ned på Aklestad. Det vart landa nokre fiskar, men ellers var det ganske daudt, så konklusjonen var at det var mykje folk og lite fisk landa. Vinnar vart Dieter Kruse med ein laks på 8,3kg, mens pappa fikk ein på ca.1kg. Vi andre kom ikkje på resultatslista.
18.07 01-06
Ose
Ørstaelva
Etter fadesen i fiskekonkurransen ville vi prøve å reise kjerringa i Ørsta. Været hadde klarna opp. Det var heilt daudt på natta, men i lysninga mista Petter ein fisk på grunn av at kroken knakk. Utpå morgenen flytta eg ned til prix og fekk 2 sjøaurar i fem/halv seks tida på makken på 34,5cm og 500g, og ein på 42cm og 700g.
19.07 00-24
Stokkenes
Eidselva
Kåre og Petter på StokkenesSå var årets tur til Eidselva komen. Været var flott med lettskya oppholdsvær, ein sørvest frisk bris, 20-22°C på dagtid og 15-18°C på natta. Vi skulle ha telt i eplehagen og møtte opp tidleg på kveld for å ha tid til å rigge utstyr, Her kom Kåre nedom og det vart kaffi og andre godsaker som folk hadde på lur i bagasjen. Men når klokka nærma seg så bar det i elva for å ta dei store. Det var daudt på natta, så eg vart trøtt og la meg nedpå i buda i Svingen. Utpå morgenen vakna eg av at to spordar daska meg i ansiktet, det var Kåre som var på vei heim med 2 fiskar han nettopp hadde fått, ein laks på 5,4kg og ein sjøaure på 4,5kg.

Eg gjekk nedover til Petter som var i gang med fangsting i Åbrekkhølen og rakk akkurat å håve først ein tert og så ein like etter. Dette var i 05.30-tida, og dei to tertane var 1450g og 2300g. Eg greidde til slutt å få på ein rundt kl.08.30, på lisjetrodå, men det vart for tynt så eg sleit sena. I 10-tida fekk Petter ein sjøaure i Myrahølen på 1100g før vi gav oss og tok ei pause.

På kvelden var det veldig dødt, men der var ein tyskar som fekk seg 2 små tertar.
20.07 00-24
Stokkenes
Eidselva
Vi hadde god tru på at neste morgen skulle verte som dagen før, men det var mykje rolegare. Petter fekk ein sjøaure på 1800g på Strekket nedanfor Åbrekkhølen i 07.30-tida før han reiste bort i Volda for å sjekke fingeren han hadde klemra på forrige tur på havet.

Når klokka vart 09.30 så fekk Bjørn ein sjøaure på 900g i Åbrekkhølen, mens eg fekk ein tert i Svingen på 57cm og 2200g på makk. Eg vart etter kvart uvel og enda med spysjuka i teltet utover ettermiddagen, mens Bjørn fiska på og dessverre sleit på ein laks i 19.30-tida.
26.07 Petter og Bjørn klar for turEg hadde snakka med mitt søskenbarn Børre som hadde vore oppe i området rundt Ålen i indre Sør-Trøndelag og han let vel om fisket der oppe. Han hadde fiska i ein diger innsjø, mens vi var meir interessert i å finne nokre mindre vatn. Vi plukka oss ut eit vatn som heitte Nersjøen, der hadde vi Busjøen litt lenger oppe og fleire små vatn i nærheita, så om vi ikkje traff eit godt vatn så var det kort vei til neste.

Det var skikkeleg sommar med ein frisk bris på dagen og stille ellers gjennom døgnet. Temperaturen låg på 25-30°C på dagen og rundt 20°C på natta. Vi køyrde oss oppover og greidde enkelt å finne veien, men det var mykje kyr i veien, og med opne glas så fekk Petter eit skikkeleg slengkyss av ei ku i det vi Nersjøen i Ålenprøvde å lure oss forbi dei. Kua ville slikke Petter i ansiktet, så han hoppa over og bort til meg som sat å køyrde. Eg og Bjørn trudde vi skulle le oss ihjel.

Vel framme pakka vi på oss sekkane og trakka ein halvtimes tid opp ein gardsvei og ein fin sti fram til innløpet i fremste enden av vatnet. Når vi kom over kanten og ut av krattskogen så såg vi at vatnet vi hadde plukka ut såg veldig fint ut, no var berre spørsmålet om her var fisk, og ikkje minst skikkeleg fisk.

Etter å ha rigga leir så vart det fisking i nærområdet rundt osen, men det vart berre nokre småfisk på makk i osen før eg og Bjørn kraup i sekken, mens Petter som var meir nattdyr ville prøve ei stund til.
27.07 Utsikt ifrå teltet imot Nersjøen i ÅlenLike etter at vi hadde lagt oss, sånn rundt kl.00.30 så hadde Petter fått ei litt større krede, på rundt 25cm på fluge i osen, som han hadde steikt og ete om natta, så når vi stod opp på morgenen så var det berre ei beingrind igjen.

Når eg drog opp glidelåsen vakna eg til ein nydeleg dag som ein ser på bildet. Etter ein matbit så vart det fisking. Petter gjekk først og kl.10.10 på 5-6 kastet så beit det på. Eg ropte og lurte på om han ville ha hjelp til å hove, men Petter meinte at fisken var ei halvkilos røye, så det var ikkje nødvendig. Dermed låg hoven igjen når vi lunta ned imot Petter. Når fisken kom inn på grunna så vart den litt irritert og begynte å rase rundt å hoppe og herje på, men håven den låg igjen oppe ved teltet, så her var gode råd dyre og Petter tima at fisken raste imot land og drog på å lempa fisken ut av vatnet. Petter med turen førsteVel klar av vatnet slitna sena mens fisken fortsatte i fin bue og landa akkurat oppå land. Petter kasta seg over fisken og såg fort at dette ikkje var ei røye og ikkje var den eit halvt kilo heller, men ei krede på 46cm og 1050 gram.

Kl.13.30 starta vi på ei runde rundt vatnet med fiskestang, og ein time seinare beit det på igjen med Petter. Denne var mykje snillare enn den første og fulgte lett etter inn til håving. Men det likte den ikkje og rasa ut igjen eit par gangar før den gav seg og eg kunne håve den. Denne var eit lite hakk større, 50cm og 1150 gram. Resten av runda rundt vatnet var det daudt og stille.

Etter middag vassa eg ut på holmen, men Bjørn og Petter tok turen til vestsida av vatnet. Holmen visste seg å være ein flott plass for både sluk og fluge, og fisken vaka ikkje så langt unna, men flugestanga låg igjen inne på land og sluk ville ikkje fisken ha. Bittet var like dårleg med dei to andre.

Etter ein kaffi så ville Petter fram å prøve Busjøen, mens eg og Bjørn ville prøve litt i elva. I elva var det berre yngel, så vi tenkte å gå fram til Petter, men akkurat då så kom han i jegermarsj ned igjen med beskjed om at der framme var det kyr, så dit for ikkje han meir.

Klokka 23 starta vi på ein tur opp for å sjekke ut om det kunne være fisk i desse småvatna på austsida av dalen. Etter ein halvtimes marsj i fint terreng nærma vi oss første vatnet. Men vi la merke til at det mørkna til i sør og i det vi kom fram til første vatnet så kom første lynet. Vi tok eit kjapt krigsråd og beslutta at dette ville treffe oss og her oppe på den flate vidda var det ikkje lurt å være i det været som var på vei. Dermed så starta vi på tilbaketuren i rask gange, som etterkvart som vi såg regnveggen kom nærmare gjekk over i lett springmarsj og til slutt full sprint. Petter og Bjørn kasta seg inn i teltet i det første dråpane traff oss, mens eg tok runda rundt teltet for å berge unna ting som låg ute, og dermed vart ganske våt.
28.07 Vel inne i teltet trudde vi at vi var trygge mens regnet berre auka på og det lynte i eit sett. Vi hadde nesten sovna når Petter, som låg i midten, satte i eit hyl. Han fauk opp og letta på liggeunderlaget og der var det ei elv som rant rett gjennom teltet. Vi fikk ommøblert litt og lagt ei presening under oss i teltet, slik at vi i alle fall låg tørt, bortsett ifrå Petter som alt hadde fått bløytå.

Storfiskeren i ÅlenEg var oppe kl.06 og gjekk for å prøve fiskelykka. Det var stille og roleg fram til klokka 07.30 då sluken plutseleg stoppa å synke like etter at den hadde landa. Intuitivt så slo eg til, men ingenting skjedde og eg konkluderte med at det måtte være ei grunne der som eg hadde satt fast i. Eg stramma opp for å få løyst sluken, men snøret ville liksom ikkje stramme seg opp, det eg var fast i kom etter. Så kom det eit par forsiktige rykk som bekrefta at det var faktisk liv i det eg hadde fått fast i. Fisken var roleg og kom raskt inn, så eg begynte å sjå etter håven. Men denne låg igjen eit godt stykke innpå land, så eg måtte til med sirkusnummer for å få tak i den. Fisken oppdaga no at den var fast og gjorde nokre mindre utras, men vart håva utan store problem. Auren var turen største på 52cm og 1280 gram. Fiska ei stund til, men det var heilt dødt etter dette. Når klokka var 13 pakka vi sammen og gjekk ned i bilen igjen.

Vi hadde sikta oss inn på laksefiske i Driva som neste post på programmet, men i det vi svinga av E6 på Oppdal så kom ein smell og clutchpedalen vart heilt slapp. Heldigvis kunne vi berre svinge venstre rett inn på eit bilverksted. Her var sistemann akkurat på vei ut døra, men vi fikk lagt fram problemet for han og han konkluderte med slitt clutchwire. Han sjekka, men han hadde ikkje ny, men han kjende ein kar på den lokale bildeleforhandlaren, som kom nedom, låste opp butikken og solgte oss ein ny wire. Volvoen var det ikkje noko problem å køyre og gire med utan clutch så vi fortsatte ned dalen til vi fant oss overnatting på eit flott stabbur på Faleøyan.

Petter møtte ein laksefiskar og flugebittar som heitte Veum som hadde vogn på campingen. Han fekk masse tips og flugeråd, og også anbefalinger om fiske. Laksefiske vart ordna på Bjørbekk, vi rigga oss til og fiska den lengste hølen på strekket, men vi kjende ikkje liv. Hølen var 3-400m så før vi var kome til endes så var vi slitne og bestemte oss for å prøve igjen på morgenen. Vi snakka med Veum når vi kom ned igjen og sa vi skulle opp tidleg å prøve igjen på morgenen.
29.07 Petter i stabburet på FaleøyanMens eg og Bjørn var oppe tidleg og klar for å stikke i elva igjen, så snorka Petter vidare og vi hadde ikkje sjanse til å vekke han, uansett kva vi gjorde. Dermed rauk morgenfiske når sola kom opp og varmen vart nesten uleveleg, mens Petter rauta i vei på loftet. Til slutt stod han opp og då kom Veum bortom med følgande kommentar "Jaja og morgenfiske vart det ikkje høyrde eg", og refererte til snorking til Petter som heile plassen hadde fått med seg. Etter frokost fikk eg køyrd Volvoen oppetter sida på ein stein så vi fekk krype oss under og bytta clutchwiren på ein liten time.

Petter med knekt kragebeinVarmen var trykkande så det vart ein roleg dag med shopping og sightseeing, men utpå ettermiddagen leita Bjørn opp fotballen og det vart litt fotball på campingen. Varmen gjorde at eg gav meg etter ei stund, og trekte meg tilbake til verandaen og ei øl, mens dei to andre holdt på. Bjørn finta Petter fleire gongar og fikk Petter irritert så han gjekk hardt inn, men Bjørn som var 3 hakk større og ein erfaren midtstoppar berre puffa Petter unna, og han gjekk på snørra med eit hyl. Eg holdt på å ramle av stolen, mens Petter belja og bar seg. Skuldra hang slapt ned og var ikkje god, så eit krigsråd på campingen beslutta at det nok vart eit besøk på legevakta. Bjørn tok sjåførrolla og det bar nedover til Sunndalsøra. Her vart det konstatert brudd i Clavicula, eller på norsk kragebeinet. Dermed måtte han innom Molde sjukehus for sjekk. Så då var det fram å pakke sammen, vaske og få gjort opp for oss før vi satte kursen imot Molde. Her leverte vi Petter på sjukehuset før vi for ut på Kviltorp camping å fikk satt opp teltet. Petter ringde når han var ferdig og sa at han var innkvartert på Alex i sentrum, så vi hoppa i ein taxi og møtte han der for ein hyggeleg kveld i dancingen.
12.08 Petter, Andre og eg var i Sædalen og rodde ei runde med oter og sluk i lettskya vær, regn i Rausand og ein god vestleg bris som var 10°C. Vi starta ved hytta hans Jan og rodde langs land forbi Blåsveden der vi hadde eit par fisk etter. Vi svinga inn i Kalvegjerdevatnet, men her var det litt smalt så vi køyrde fast oter i land. Når vi fekk løyste den så hang det på ein liten fisk. Hadde på ein til inne i Kalvegjerdevatnet, denne var stor, men den slapp. På vei tilbake så fekk vi ei lita krede til på sluk ved Blåsveden. Dermed vart det berre 2 små kreder på 20-24cm. 
14.08 Det hadde vore litt regn så eg håpte på at det hadde gått fram fisk ifrå Sædalsvatnet. No kl.17 var det delvis skya og 12°C. Fiska elva mellom nedre sivvatn og Sædalsvatnet (5m nedtappa), men her var ikkje gått fram fisk og eg fekk berre småpøt. Gav meg derfor når klokka vart 21. 
10.09 11.09 Eg og Inge ville prøve om fisken i Sædalen hadde gått på elva no, så vi gjekk fram kl.20 og fiska i elva, men det var heilt dødt, til tross for gode forhold med lette regnbyger, god vind og 12°C. Vi drog over eit garn i osen før vi tok kveld og la oss i teltet borti Kalvegjerdet. På morgenen drog vi garnet og hadde fått 13 fiskar, men det var mykje smått. Vi pakka sammen kl.12 og fiska oss ut igjen med oter. Fekk 2 fiskar før vi var komne i bilen kl.14. Dermed vart det 15 fiskar på 19,5cm og 110g til 27,5cm og 230g.
20.09 Andre og eg rodde oss ein tur på Sædalsvatnet i klart vær med sol, stille og 10°C. Vi starta ved demninga og rodde fram i osen, eg hadde to hogg på oteren og Andre eit på sluk med det same vi starta, etter det var det heilt dødt til vi kom inn i osen der Andre fekk ei krede på 19,5cm og 90g. På vei ut igjen kom ei grele og eg hadde fleire tilslag. Eg fekk ei midt uti stranda imot Klubben på 23cm og 150g.
24.09 Inge vart med fram i elva mellom Rausand og Sædalen i oppholdsvær, sterk kuling og 8-9°C. Vi starta i 16-tida med å fiske oss fram, men det var dødt i vatnet. I nedre del av elva fekk vi 6-7 fiskar før vi gjekk fram i Storedammen og satte ut garn, men her fekk vi berre ei krede. Etter å ha pakka sammen garnet fiska vi oss ned igjen, eg fekk 3 fiskar rett nadanfor Storedammen og så fekk vi nokre til i elva ifrå Sivvatnet til Sædalsvatnet. Totalt fekk vi 15 kreder på 20cm og 90g til 29cm og 240g
07.10 Klokka 03 fann eg og ein godt skjengt Petter ut at vi ville bort i Jenselva å lyse etter sjøaure. Det var ei mørk natt med overskya vær og ein del vind. Vi lyste oss gjennom den nye elva. Vi såg ein aure nesten heilt framme ved gjerdet, vi hadde den nesten opp i håven, men den klarte å lure seg unna og stikke av.
09.10 Ny tur i Jenselva med Inge og Petter. Vi starta kl.20 ved steinbrua foran Brekkegarden og lyste oss heile veien ned til sjøen i klart vær og sterk kuling. Vi såg ein fisk, under brua på veien fram på Myrå. Det var ikkje berre enkelt å hove den, men vi greidde det til slutt. Denne var 26-27cm, i flott kondisjon og vart satt ut igjen. Turen tok ca.2 timar
18.10 Neste turen i Jenselva var med Inge og skjedde i klart vær, fullmåne -2°C og 10cm snø. Vi starta ved steinbrua kl.19 og berre to hølar nedanfor såg vi første sjøauren, ein på ca.25cm. I første svingen nedanfor lisjeelva stod ein sjøaure på 40cm, men også denne slapp unna på ein eller annen måte. Den neste såg vi rett bortfor løa på Brekkegarden, denne var stor, ca.1kg, men den stakk rett i ein djup høl og forsvant. Vi lyste oss heile veien ned til sjøen og oppover igjen. Vi håva ein sjøaure foran brua under hovedvegen på 34cm og berre 225g som Inge tok med heim. Vi lyste oss heile veien opp igjen til steingarden framme på Myrane uten å sjå nokon av dei vi såg på vei ned eller andre.
19.10 Denne kvelden var det dei 2 andre større elvane vi ville sjekke. kl.21.45 starta Inge, Petter og eg ved hovudvegen i Hageselleelva. Været var som i går, klart, stille, fullmåne, -2°C og 10 cm med nysnø som gjorde at elvane hadde gått mykje ned, så dei var litt små. Vi lyste oss ned til sjøen, men vi såg ikkje noko. Så for vi vidare ut til Hide og lyste oss ifrå hovedvegen og ned til sjøen også her, men resultatet var det same, ingen fisk. Alt var over på ein time.
21.10 Eg var ute på Søre-Moljen i stille, lettskya vær å fiska lyr til kattemat. Når det mørkna så gav eg meg og køyrde opp på kaia for gjere opp fisken i gatelyset der. Mens eg holdt på så vart eg var noko som bevega seg like ved land på utsida av kaia. Eg tenkte det var ein mink som eg kunne ha det litt gøy med, så tok med ei lommelykt og gjekk bort på første fortøyingskaret. Eg lyste på bevegelsen og såg då at dette ikkje var ein mink, men derimot ein grov fisk. Men når eg lyste på den så seig den vekk og ned på djupare vatn. Eg gjekk då å henta fiskastanga, men eg hadde slite så måtte knyte opp igjen. Greidde også å lage ein vase som eg måtte løyse opp, så det gjekk nok 10 minutt før eg kunne kaste ut. Etter 4-5 kast uten å sjå eller kjenne noko så kika eg ned og der innimellom steinane var fisken. Lurte på korleis eg skulle fiske den når den gjekk så nær oppi steinane, og kom til at kanskje kunne den håvast? Så utstyrt med håv og lommelykt så starta jakta. Men når eg kom nærmare med lommelykta så seig fisken unna, den gjekk 2 meter ifrå land og seig sakte utover imot enden av moljen. Eg følgde etter ca.20 meter, men fisken holdt seg like langt unna land. Eg tenkte at her må eg skifte strategi eller så berre jager eg den vidare, så eg slo av lykta og sprang utover moljen for å vente på fisken. Men her var det ikkje gatelys og motlyset ifrå bygda gjorde at eg ikkje greidde å sjå fisken, så eg tende lommelykta. Fant raskt fisken som reagerte med å snu tilbake igjen, men kom også sigande nærmare land. Eg lista meg etter fisken tilbake til fortøyingskaret, men her måtte eg opp for å kome rundt og då merka nok fisken meg for den snudde og seig eit par meter ut ifrå land igjen. Eg stod stille og såg på den og plutseleg snudde den og kom rett imot meg. Fæl håva regnbueEg krøka meg forsiktig ned og stakk håven ned i vatnet. Fisken var no berre ein meter unna og kom sakte rett imot håven. Eg var redd den skulle gå rett på håven og verte skremd, men ein halv meter ifrå dreia den 180° rundt og la nesten sporden opp i håven. Lurte eit øyeblikk på om håven var stor nok, men førte den under fisken bakifrå og når den var midt under buken så skyvde eg håven fram i fullfart og letta den opp. Fisken glei nedi håven og eg sprang opp på vegen for å sjekke fisken, og såg fort at det var ein smellfeit regnbueaure på 59cm og 3450 gram, noko som er ein K-faktor på heile 1,68.
Regnbuehåvingskart
26.10 Ny tur i Jenselva kl.19.30 med Inge, no i lettskya vær og 10°C. Vi starta framme ved steingarden framme på Myrane, men det var dødt heilt til vi var komne 20 meter nedom hovudvegen. Her trakka Inge nesten på ein kilosfisk, men på grunn av litt panikk ifrå begge partar så greidde den å stikke seg unna. Vi såg ei lita krede mens vi leita etter den store.
28.10 Årets siste tur vart ein natt-tur med Petter der vi starta kl.02.45 i lettskya vær og 6°C heilt framme ved kraftlinja framme i botnen. Det var lite å sjå før vi var komne nesten ned til vegen fram på Myrå, der såg vi ei lita som greidde å stikke seg unna. Neste såg vi i svingen foran hovudvegen, denne var ca.35cm, men også denne kom seg unna. Så såg vi 4 små som stod under ei torv, men desse lot vi være i fred. Vidare ned til sjøen var det dødt.

 

OPPSUMMERING 1994

Dette var første året vi virkeleg starta jakta på sjøauren i sjøen, uten at det gav mange sjøaurar, men det gav sorten. Men det vi fekk var regnbueaure, det er tydeleg at det var minst ei stor rømming på våren. Fjellsesongen var ikkje topp, men fekk då noko. Laksesesongen gav også nokre fine turar, men utan store fangstar for meg, toppa med ein flott tur til Eid der eg datt litt nedimellom. Så var det ein kjempetur opp til Ålen som fekk ei litt brå avslutning når vi skulle prøve Driva. Etter dette var det haustfiske på fjellet og mykje lysing etter sjøauren, toppa med eit lykketreff utpå molje.

 


Sist oppdatert:

04.01.2026




Laksesida

Eidselva
Ørstaelva

Bondalselva
Gutta

Rekorder
   

Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail . Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt.