ØRSTAELVA . |
---|
|
VASSFØRING ÅMDALSELVA SISTE 60 DAGER
Over ser vi vassføringa i Vatnevatnet, og dermed vassføring inn i Åmdalselva, i tillegg kjem sideelvar og tilsig i sjølve elva, som sjølvsagt vil variere med kor langt nede du er. Data ifrå NVE
VASSFØRING Ørstaelva er først og fremst ei flomelv, men der er 2 ting som gjer at den held lenger på vatnet enn andre flomelvar i området. Det er det at mykje av nedbørsfeltet ligg høgt, slik at det ligg ein del snø der som avgir vatn, samt at Åmdalselva ikkje er ei flomelv. Når det gjeld Åmdalselva så er der to ting som sløvar flomtoppane og gjer den meir stabil. Det er at Kvanndalsvatnet er regulert, og at Vatnevatnet er ganske stort i forhold til vassføringa
MIDDELVASSFØRING I ØRSTAELVA For elva som heilheit så er nedslagsfeltet på 160,11 km². Totalt tilsig til elva er på 365,34 mill.m³ pr.år i følge data på NVE Atlas. Noko som tilsvarer ei middelvassføring ut av Ørstaelva på 11.585 m³/s, dvs at det også inkluderer Rossåa.
FLOM Det NVE opplyser på sin side for vassføring i Åmdalselva er at følgande vassføringer er å rekne som flommål ut av Vatnevatnet : Middelflom = 17.2 m³/s Femårsflom = 22,0 m³/s Tiårsflom = 25,0 m³/s Femtiårsflom = 30,5 m³/s Men som sagt over så er ikkje Åmdalselva ei flomelv, noko derimot Follestadalselva er.
Her ser vi korleis Follestaddalselva kan være, steinen foran Høgebrua er nok rundt 3m høg, og som vi ser på bildet til venstre, tatt av Møre-Nytt, så er den heilt under. Til høgre ser vi elva på meir normal vassføring. Det er ikkje måling av vassføring i Follestaddalselva eller i Ørstaelva, men det er gjort beregninger i forbindelse med at NVE har utarbeidd flomsonekart for vassdraget. Her er talla dei har rekna seg fram til for øverst i Ørstaelva, dvs like nedanfor samløpet: Middelflom = 130 m³/s Tiårsflom = 195 m³/s Tjueårsflom = 225 m³/s Femtiårsflom = 267 m³/s Eithundreårsflom = 300 m³/s Tohundreårsflom = 334 m³/s Femhundreårsflaum = 379 m³/s Om ein ser på utviklinga nedover elva så stig den ca.3% på veien ned til Rossåa, mens Rossåa har ei vassføring som tilsvarer ca.27% av Ørstaelva og verdiane over, slik at under Osbrua så passerer det 30% meir vatn enn det som er lista over. Det vil seie at i eit perspektiv på 500-år så vil elva ein gong være oppe på 476 m³/s, noko som er heilt vanvittig mykje vatn.
BILDER AV ELVA I FLOM Klikk på bilda for større versjon |
| |||
Sist oppdatert: 16.02.2019 |
Ørstaelva Soner Fiskekort |
Været Vassføring Flo og Fjære |
Fisken Historie ExUNGKAR1 |
Laksesida Eidselva Bondalselva |
||
|
|||||
Har du meir info som eg kan legge ut, er det info du føler mangler, finn du faktiske feil eller unøyaktigheter på sidene, så send meg ein e-mail. Eg har med vilje ikkje lagt ut info om grunneigarar, men er du grunneigar å vil ha inn info om at du sel kort så ta kontakt. |