|
|
2018
03.02 |
Ej
og Inge var ute å satte hyseline sør og vest for Skorpa. Vi prøvde
pilken for å finne om det var kome torsk, men det var lite å få sjølv om
vi prøvde både ved Brækjen og sørover imot der vi satte lina. Etter
nokre timer med berre nokre få fiskar så drog vi lina og den hadde godt
med hyse og litt anna blanda, deriblant 4 småkveiter, masse knorr og 2
store piggvar og litt brosme, totalt ca. 50kg kappa og spretta fisk. |
Mai |
Vinteren
var lang og seig i år, sjølv om det ikkje var nokon snørekord så gav det håp om at snøen skulle vare
lenge. Midt i april vart det bra varme og snøen i lavlandet smelta
ganske kjapt og elva steig raskt opp til 40 kubikk, før det vart
kjøligare til starten på mai.
Då vart det sommarvarme og elva spratt
raskt opp i over 60 kubikk, men det vart eit par kjølige netter som
gjorde at smeltinga stoppa opp og elva starta falle. Til 17.mai slo det
om til kald nordavind og det vart eit par kjølige dager, men det vart
raskt varmare igjen og sommaren kom. Dette gjorde at elva flata litt ut,
men varmen hadde alt gjort stor skade på snøen og den fortsatte ned til
tross for 30 grader heilt ut mai.
Første fiskane vart observerte
15.mai,
men før det hadde elva vore 60 kubikk så kunne gått mykje fisk
uten at nokon såg dei. Dei neste dagane vart det observert fisk kvar dag
som passerte Osbrua uten at dei såg noko lenger framme, men etter nokre
dagar såg Endre at det stod minst 20 laksar i hølen foran Osbrua, og
etter kvart begynte det å dukke opp fisk framover elva også.
Laurdag
26.mai så var det trekning, så fredagskvelden fikk vi satt opp teltet og
etter trekninga så vart det ei runde å sjå etter fisk og då såg vi 10
laksar i Malakoff, Skipenesbrua og i Åbrekkhølen, så det lovde bra.
På trekninga helga før så vart det full klaff og kule nr.1 på meg.
Derfor så fikk eg plukke i tomme bøker, og sia elva var såpass lita og
minkande med utsikter til å være 25 kubikk på åpninga, så måtte det
verte framme i elva. Og då var valget enkelt på Bjørlo.
Vakna
kl.04.30 den 31.mai og kunne ikkje tru mine egne øyrer, det styrtregna,
men det var nok ikkje været som hadde snudd. Det var berre ein lynkort
floding som passerte veldig lokalt i Ulsteinvik og ikkje den syndefloden
vi håpte på. |
01.06 |
00-14 Bjørlo Eidselva |
Skulle fiske sammen med
brødrene Skrede og Svenn Morten, samt 2 nede på Solbakken. Snakka med
Vebjørn og han sa dei satsa framme og at Svenn Morten hadde sagt at han
ville starte i Reitehølen, så då tenkte eg at eg satsa på midten då eg
rekna med at dei to andre ville være nede på Solbakken første timane i
alle fall. Været hadde vore fantastisk siste vekene, men sol og 30
grader er vanligvis ikkje ideelle lakseforhold, så når det skya over på
kvelden så fikk eg stortrua. På vei ned i elva visste bilen 20 grader
kl.23.30 og i elva var det 13 grader.
Gikk ned og tok base i bua i
Ny-Ledet når klokka var 23.45, tenkte at eg
ville
starte i
Hjellehølen om der var tomt og det var det. Starta på slaget
med fluga, men greidde å henge opp fluga, så fiska innløpet før eg
oppdaga det. Fiska så resten, men kjende ikkje noko.
Gikk så ned i
Forbygginga og såg straks ein kar som stod bøygd over noko oppe i vegen
opp ifrå elva. Eg begynte å legge ut fluga når karen retta seg opp og
kom bærande ned for å vaske ein mellomlaks. Eg fiska over hølen og var
borti noko ganske langt bakpå, men det vart ikkje fast.
Gikk deretter
fram igjen for å sjå om det kom fisk fram i Hjellehølen når den no hadde
vorte uroa i Forbygginga. Fiska bakover og midt i hølen stoppa snøret
opp. Yes tenkte eg å letta stanga som gikk i bue i 2 sekund før ein aure
kom opp og skvala bakpå hølen. Ikkje det eg hadde håpa, men det var i
alle fall fisk, om enn berre ein honndalsaure på vei til sjøs.
Gikk
så fram igjen for å prøve Ny-Ledet, men der var det ein kar på andre
sida som fikk gjere seg ferdig før eg gikk over. Så var det kaffi og
mat på det mørkaste.
Var i kontakt med Vebjørn og broren som no var
komne rundt alt i øvre og som ville nedover, enten Øyrane eller
Hjellehølen var målet. I det ein kunne begynne å ane at det vart lysare
så gikk eg over Ny-Ledet igjen. Hadde akkurat begynt når Svenn Morten
kom nedover, han hadde også fått ein honndalsaure og sikta seg no inn på
Hjellehølen. Eg fiska meg vidare bakover hølen før eg pakka sammen og
gikk framover. På vei oppover, kl.03.09, fikk eg melding ifrå Vebjørn
med bilde av laks, og det var Svenn Morten som hadde fått den i
Hjellehølen og vekta visste 8,64kg.
Eg fiska Reitehølen før eg gikk
fram i fremste då det ofte er ei god tid der i 5-6-tida på morgenen.
Først fiska eg innløpet på Kastehølen med fluga, på vei inn hørte eg
telefonen pipe. 04.10 kom melding ifrå Vebjørn, no hadde broren mista
ein fisk i Hjellehølen. Eg fiska Utfallebakkane uten at det var liv før
eg prøvde makken i Kastehølen, og 04.57 kom ny melding om at han hadde
mista enno ein fisk. Fiska så Svarthølen og Innløpet igjen når det
begynte regne lett. Fiska ein gong til Kastehølen med makk, så Utfalle
med fluga igjen. Tenkte at enten så måtte eg ta ei pause og prøve igjen
på slutten, eller så måtte eg flytte nedover igjen. Gikk ned og fiska
Granhølen og 05.48 kom det melding om at Vebjørn hadde mista ein i
Forbygginga.
Eg gikk opp i bilen og beslutta at det beste var å legge
seg å håpe på at gamlefolket kom innover tidleg og at eg ikkje hadde
internett slik at møtet eg skulle være med på kl.12 gikk ut for min del.
Sov
til klokka var 09.30 og litt før kl.12 kom gamlefolket. Omtrent samtidig
kom det melding ifrå Inge som hadde fiska Kvien på natta, at han hadde
stukke i elva igjen og fått fisk i Moahølen, ein flott hannlaks på
8,16kg. Eg håpte at internettet var crap, men for første gang var nettet
stabilt på vogna og resten av kortet gikk i møtet. Dermed vart det med
dei første 6 timane av sesongen. |
02.06 |
Om første trekninga gikk bra så vart den andre eit antiklimaks og eg var
sistemann som fikk velge, men fikk omtrent det eg ville likevel. Etter
trekninga og sia eg ikkje hadde kort dette døgnet så tenkte eg at eg
ville ta ein tur på fjellet. Ly og
gamlefolket
ville på Amfi, så eg kjørte dei ned dit. Der møtte eg Endre og sa eg
ville på Hjellesætra og då ville han være med. Så då kjørte vi fram til
han så han fikk pakka og bytta før vi kjørte opp på Rindane og gikk
gamleveien opp. Vel oppe fikk eg tour rundt i område med omvising på
hytta hans og mykje gode historier før eg måtte ned igjen for å hente
dei som stod og venta utanfor eit stengt Amfi. Deretter vart det rolig
kveld med ein halv landskamp imot Island før eg køya.
Inge fiska
Bjørlo denne kvelden, men kjende ikkje noko |
03.06 |
02-14 Kvien Eidselva |
Både første og andre natta var
det rolig dei mørkaste timane og så livna det til utpå morgenen, så
derfor så sov eg til det begynte å lysne før eg stakk i elva. Men
stressa ikkje og nede på do møtte eg Bjørn så klokka var nesten 05 før
eg var komen ned. Der stod bilen til Platou med ein bossekk oppå
bakluka, kikka nøye på den, men kom til at om der var fisk i den så var
den liten. Turte ikkje ta på den då eg var redd at det ville utløyse
alarmen.
Gikk ned og fram i Moahølen. Der stod det folk på andre
sida, så eg rigga over ifrå heil intermediate klump til FHI med
synkespiss. Mens eg holdt på så gav han første seg, men vart erstatta av
han andre. Var klar og stod å lurte på kva eg skulle gjere når eg såg
dei hadde fått fisk, ikkje stor, men i alle fall fisk. Tok dermed makken
og gikk fram i Khrutsjov, men det var dødt.
No var dei ferdige, så etter
ein kjapp kaffi så prøvde eg fluga, først i Torsteinshola før eg flytta
bakover til Moahølen, men det var dødt. Så eg flytta nedover og fiska
nede i svingen ved gamlebua på Kvien. Her var flott, men det var ikkje
noko å kjenne. Gikk fram igjen og no var Platou komen opp og fiska
Moahølen. Eg tok ein kaffi mens han fiska over og kom opp å prata. Eg
lurte på om han hadde fått noko og det bekrefta han at han hadde gjort,
han hadde hatt ein durabelig kamp i Hammarhølen med ein laks på rundt
12kg. Fisken hadde nesten gått ut, men han greidde å holde den i hølen
og fikk berga den.
Etter å ha drukke opp så gikk vi begge nedover, eg
gikk ned å fiska flata, mens Platou fiska Svadet når eg var ferdig og
kom ned i bua der. Eg satte berre ifrå meg utstyret og gikk fram å fiska
med makk ifrå bjørka og ned over flata, men det var dødt. Eg tok ein
kaffi til før eg gikk ned i Hammarhølen, tenkte kanskje at Platou var
der, men eg såg ikkje meir av han så han hadde nok gitt seg. I Hammaren
var det dødt, og samme var det når eg fiska flata igjen med fluga.
Fortsatte ned og fiska rundt svingen og Svadet både på øversida og
nedsida, men der var elva litt stor.
Gikk så fram og fiska Moahølen
ein gong til før eg gikk i Hammaren og fiska først med fluge, så makk og
fluge igjen, men verken såg eller kjende liv av noko slag, så når det
kom tilbud om frokost og fersk kaffi ifrå vogna, så vart det frokost når
klokka var 10:30. |
|
Andre helga var forholda mykje dårligare enn første helga, Eidselva
stupte og var komen godt under 20 kubikk. Været var av verste sort, med
kald nordlig vind og klart vær, så eg vart heime. Men Inge var innafor
og fiska Bjørlo på fredagskvelden og laurdagskvelden uten at han kjende
fisk der. |
16.06 |
14-18 Sone 2 Bondalselva |
Sommaren
hadde tatt pause og det hadde regna godt siste
dagane, sjølv om det hadde vore litt lettare siste timane. Så når vi kom inn til Sæbø rundt middag så var elva ganske bra og med fin
farge. Det regna litt innimellom når vi gjorde oss klare, men etter at
vi gikk så var det tørt. Gutta starta i hølen, mens eg fiska stryket ned
ifrå hølen til grensa. Ingen kjende eller såg noko. Så eg gikk fram og
fiska ifrå grensa og ned gjennom hølen, men fortsatt dødt. No kom Odden
med brus og kjeks, så det vart ei pause, noko som gjorde seg no når sola
var tilbake med ein smak av sommar igjen. Elva minska veldig raskt og vart fort
heilt krystallklar. Etter pausa fiska eg stryket ein gong til før klokka var der,
men det var like dødt no, så vi pakka sammen å gikk å fekk oss middag.
På Eid hadde det regna heile 70mm, men det gjorde kun at elva gikk opp
vel 3 kubikk ifrå 13,2 til 16,6 kubikk sia det var så tørt. Vinden hadde
også gjort at temperaturen hadde falt ifrå 14-15 grader til berre 7,8
grader laurdag morgen.
Inge fiska fredagskvelden på Bjørlo sammen med
Endre, sjølv om Endre hadde booka kort til begge på Hjelle, men rota så
det fant dei ikkje ut før laurdag morgen, så dei fiska der til kl.16. |
17.06 |
06-10 Sone 2 Bondalselva |
Eg vakna like over kl.05
av at sola skein inn glaset. Surra rundt og hadde god tid, men var
på plass når fisket starta kl.06. Der var eg heilt aleine så eg fikk fiske heile hølen og hadde
starta på stryket når dei andre hadde stått opp og kom. Eg kjende kun
nokre småkreder som plukka bakpå hølen, noko som ikkje var ei
overrasking sia elva hadde kollapsa og var nesten
nede på nivået ifrå før regnet kom.
Vi var
alle enige om at det var lite håp om at det kom ny fisk utover
formiddagen sia floa var på natta, så vi gav
oss rundt kl.08 og gikk for å få oss frokost. Sia det vart sol og
varmt etter kvart så vart eg varm og sløv etter ei kort natt, så for å
unngå å sovne så tok eg på meg treningskleda og gikk ein kjapp tur opp
Gunnarråsa før det var lunsj. Vel oppe vart eg angripen av 1000 fluger,
så vart ein kjapp stopp og ei rask nedstiging.
Inge fiska også
neste kortet på
Hjelle, men vart sjuk, så det vart berre ein kort tur laurdagskvelden og
ein enno kortare ein på søndag morgen, uten at det vart fisk på han.
Endre fikk 2 laksar på Nor i løpet av helga. |
|
Fjerde
helga var kjerringa gala og holdt senga, så måtte være heime å ta meg av Lilly, så det
vart ikkje noko fiske på meg denne helga. Så vart ikkje bursdagsfeiring
i elva i år på Ly, men ej og Lilly feira i alle fall litt med kake og
wienerbrød til kaffien.
Men Bjørn var på fiske for første gong i
år, han hadde
Alsaker på fredagen og fikk fredag morgen 2 laksar på 4,2kg og 4,8kg på
Fossekanten, samt at han mista ein til som gikk på feil side av øya på
fossekanten. Det gikk mykje fisk på morgenen, men stilna av etter klokka
5.
Inge fiska Moen på fredagskvelden, men det var kraftig vind
opp dalen som gjorde forholda vanskelig, samt at varmevatnet på
Hornindalsvatnet bles innover vatnet, så elva falt til 7 grader, så det
var dødt.
På laurdag fiska Inge på Bjørlo ifrå klokka var 14 til
klokka var 00.30. Han hadde eit tak helt med det samme, ein kilos aure i
Rørhølen, men den for. Etter det var det heilt dødt på alle måter. Så
når klokka var 00.30 så for han fram på Nor der Endre alt hadde fått 2
laksar og litt seinare fikk også Vebjørn ein laks der. Med Inge så hogg
det på ein storing som raste langt nedover og hoppa, den var diger
meinte dei, sikker rundt 20kg. Sakte fikk Inge den fram igjen og fikk
etter kvart kjempa den innunder land der den rulla seg i overflata. No
syntes den litt mindre, men var i alle fall over meteren. Etter litt
meir kjemping fikk han fisken inntil land, men då glapp fluga og vekk
var den. Dei var usikre på størrelsen, men den vart definert som ein 10+
fisk, men om den er 105 eller 120 lang er ikkje enkelt å bedømme når den
ligg å buktar seg i overflata.
Tirsdagen var det
introfiske i Ørsta, men gutta ville ikkje innover i fineværet, så vi
vart heime då ej ikkje var i slag og Lilly hadde skitå. |
|
Femte helga var fortsatt ikkje mor komt seg i gjenge igjen, samt at eg
hadde fått halsbetendelse og feber, så då vart vi heime. Heller ikkje
denne helga var det gode forhold med sol ifrå skyfri himmel, kraftig
nordavind og kjølige netter. Elva var koma ned under 16 kubikk igjen og
med berre sol i 10 dagers varselet så ser det ikkje lystigt ut framover. |
05.07 |
22-23.30 Nor
Eidselva |
Skulle på service fredagen så
vi for innover torsdag etter jobb. Teltet hadde fått ein del medfart av
vind og regn, så var ein del jobb med å få det på stell igjen, men alt
var heilt, så håper det no står støtt.
Etter
at Lilly hadde tatt kvelden så stakk eg nedom Nor for å prøve laksen.
Men elva var nede på 11 kubikk, så sammen med at det var skodde i fjella
og ein kald vind inn dalen gjorde at trua var lita.
Starta framme
på berget og etter nokre kast så var noko bortpå, eg letta stanga, men
lina låg i så mange bukter at eg ikkje fikk kontakt. Eg såg noko var
oppi og slo mens eg drog for å få kontakt, men kjende aldri noko meir.
Usikker på kva det var, men truleg ei krede.
Fiska vidare nedover
og i det eg la fluga godt over borterste straumen så var det noko som
tok i straumkanten. Yess tenkte eg, letta stanga og kjente motstand. Eg
begynte å stramme opp, men synest det kjentes litt rart ut, så når ein
liten aure la seg oppå vassflata og sprala så vart alt klarare.
Fortsatte å fiske meg nedover og ut på murane, men det var ikkje meir å
kjenne så tok 5 minutt.
Skifta til ei Black Francis og gikk over
innløpet ein gong til, ned til murene, men det var ikkje noko meir å
kjenne, så eg pakka sammen og tok kvelden. Var kjapt nedom Skipenesbrua
for å sjå etter fisk, men såg ikkje noko. |
Juli |
Juli vart ein krisemåned for
ein laksefiskar, nesten ikkje ein dråpe regn og knøttsmå elver gjorde at
det vart alt anna enn laksefiske denne sommaren. Men Inge og Petter
tok som i fjor turen til Risfjorden i Finnmark. I motsetning til i fjor
når snøen akkurat hadde gått og elva gikk flomstor så var det i år 30
grader på deler av turen, Men i motsetning til her sør så var ikkje elva
knøttlita. Og i år var sjørøya også på plass, sammen med laksen, så det
vart godt fiskeri. Det var røya dei gikk etter og fikk ca.45 stk pluss
at Inge fikk 5 lakser, men alt untatt matfisk vart satt ut igjen. Inge
hadde på ein laks på 10-12kg på #6 stanga, men den datt heldigvis av
etter 25 minutter sa han. |
23.07 |
00.30-01.30
Nor Eidselva |
Skulle på service med bilen
igjen, så då måtte eg nesten prøve meg. Jentene var i Gjerdsvika, så eg
kunne styre meg som eg ville. Sia elva no var nede på den sørgelige
vannstanden
6,1 kubikk så vart det ikkje kveldsfiske, men fikk ikkje sove så tørna
ut og prøvde litt på Nor før eg for på Alsaker. Var noko som plaska rett
utanpå muren når eg kom ned imot elva, eg synes det var rart, så lurer
på om det var oteren som Endre såg dagen før og som Vebjørn såg kvelden
etter. Men eg fiska over innløpet og ute på muren med enhånds uten å
kjenne liv. Satte meg så ned for å slappe av når Dirk kom ned sammen med
dattera og fiska muren, men han fikk like lite. Etter at han gikk fram
igjen så sat eg ei stund å venta på klokka, og hadde nesten bestemt meg
for å stikke nedom bruene når det hoppa ein fisk på 1-3kg bakpå, ned
imot trea. Eg tok stanga og gikk fram i innløpet igjen, og det gikk
ikkje så mange kasta før eg hadde på fisk. Starta med å berre dra inn
snøret, men kom til at den kanskje var litt større enn 20cm, så sveiva
inn og kjørte den på snella. Det var så pass mørkt at eg ikkje såg
skikkelig kor stor den var, men kom til ca.500g. Derfor så ville eg
berre dra den opp innløpet og opp der eg stod slik at eg kunne kroke den
av, men heldigvis så datt den av på vei opp. Sveipa over ein gong til,
men då var klokka der, så pakka sammen og stakk. |
23.07 |
02-05.30
Alsaker Eidselva |
Sia eg kom innover
søndagskvelden så var det vanskelig å skaffe kort andre plasser, så var
tilbake på gamle trakter. Starta framfor hola, der det faktisk var
kvitskum bak eitkvart fram i renna eit stykke. Fiska meg rundt heile
neset uten å kjenne noko. Det var oppe ein liten aure bakpå sjølve
Sanden, ellers var det dødt. Gikk så ned for å prøve makken på
Fossekanten, men det var vanskelig på så lita elv i halvmørket, så fiska
Fåhølen uten napp. Gikk så fram på Sanden igjen og prøvde fluga i
innløpet igjen. Tok så makken nedpå Sanden med minimalt med bly, og
jaggu var der noko å drog i. Eg slo til og det var fast fisk. Men det
vart berre to tunge drag i snøret og så kom kroken. Prøvde litt til der
før eg fiska innløpet også med makk. I det eg fiska sjølve hola så var
det oppe ein grov fisk framme i renna å rulla seg, eg prøvde nokre kast
etter den, men kjende ikkje noko. Prøvde så nokre få kast ved Stålstigen
med makk, men kjende ikkje noko. No hadde klokka blitt snart halv 6 så
eg hoppa i bilen og kjørte fram igjen for å sove før eg skulle på
service kl.08 med bilen.
Bilen
vart ikkje ferdig på mandag, fordi der var ein del dei måtte få ifrå
Oslo så vart over til tirsdag. Men det vart ikkje meir fisking med dei
elendige forholda det var. I staden vart det ein fjelltur til
Rindehornet sammen med Endre. I det vi starta så møtte vi søstra hans og
mannen så vi hadde godt følge. Vi rota oss vekk på vei ned igjen så vart
både bratt og ulent, men vi fant fleire moltemyrer og vi kom oss trygt
ned. Ein flott tur var det i alle fall.
Var
inn i Kviafossen å kikka på kvelden, og der stod det godt med fisk i
alle størrelser, til å med midt oppe i fossen stod det fisk. Og vi såg
med sjølvsyn at sjølv små aurar på 25cm sprinta opp fossen. Vi såg også
3 digre laksar som seig rundt nede på djupet framme i dammen. Eg og
Endre var også over på sørsida og fjerna litt drivved som låg midt i
hovedløpet opp fossen. Etter dette vart det vannmelon på meg og øl på
Endre i vogna. Såg Vebjørn stod på Nor når eg kjørte Endre heim, men
frista ikkje å prøve. Han fikk heller ikkje noko. |
17.08 |
22-01
Nor Eidselva |
Endelig hadde det komt såpass
med regn at elva hadde bikka 15 kubikk forrige helg, men hadde falt til
13kubikk før det kom meir regn på onsdag, torsdag var det mykje regn,
mens det var litt lettare utover fredagen. Mamma og Pappa ville passe
Lilly og Ly på Sæbø, mens eg fikk fiske heile helga på Eid, stor takk
til dei. Kjørte dei inn etter jobb der vi feira bursdagen til Margareth
før eg kjørte innover. Endre hadde kjøpt kort til meg til morgenen så på
vei bortom Endre for å hente det så stoppa eg for å fiske kjapt over
Nor. Eg fiska først innløpet før eg vassa ut på muren der eg fikk
fiska vidare nedover, men kjente ikkje noko og såg heller ikkje liv.
Gikk så fram igjen og drog over innløpet ein gong til, men det var
heller ikkje noko å kjenne no. Det hadde no vorte ganske mørkt så eg
tenkte at eg stikk og finn kortet og kjem meg til køys så eg kan starte
tidleg på morgenen. Gikk derfor rett i bilen, men når eg kom dit så stod
Inge sin bil der, så då måtte eg ned igjen. Han og Endre hadde vore på
Bjørlo, Inge hadde fått ein oppdrettar på Helljå på 2,86kg, men det
hadde vore veldig dødt. Endre hadde fiska godt kveldane før på Nor,
så dei hadde god tru der. Vi preika ein god halvtime mens vi venta på å
sjå fisk hoppe, men det var like dødt. Til slutt måtte Inge prøve og
gikk utpå muren. Endre anbefalte berget, så eg vassa meg ned der for å
prøve. Begge fiska vi grundig over, men vi kjente kun flaggermus som
flaug på snøret. Vel tilbake så var det ny rådslaging før Inge gikk
fram å fiske innløpet, mens Endre fiska nede på berget. Det var fortsatt
like dødt, så når dei var tilbake og ikkje noko hadde skjedd dei neste
minutta så takka eg for meg og for å henta kort og tok kvelden. |
18.08 |
07.30-14
Bjørlo Eidselva |
Men tilbake i vogna vart det
lite søvn før klokka var snart 2 så når klokka ringde i 5-tida så var eg
ganske så trøtt. Stod opp og åt frokost, men det regna strie strømmer så
eg kraup under dyna igjen. Vakna 07.15 og var litt meir utkvilt. Sia eg
alt hadde ete så var det rett i vadebuksa, ut i bilen og rett ned på
Bjørlo. Det hadde vore meldt jevnt mykje regn heile dagen, så det var
ikkje overraskande regn, men det var bygevær så ikkje for vått.
Hadde
planlagt start på Sanden og hola, men der stod det to karer på Alsaker
så eg gikk berre direkte framover. Lurte på Øyrane, men gikk for Helljå
sia elva virka lita for Øyrane. Der starta eg med fluga og fiska grundig
over heile hølen, men det vart ikkje fisk som det vart dagen før på
Inge. Tok deretter makken og starta i innløpet der Inge hadde fått sin,
men dødt. Kasta så bak steinen Inge hadde fått sin på sida av, og der
var det fisk bortpå. Eg slo til og der satt den. Hadde berre 0,33 på så
var litt bekymra om det skulle være ein større fisk, så fikk litt
lakseskjelv når den gikk borti straumen uten å vise seg. Men straks kom
den inn på innsida av straumen og eg såg at det berre var ein pjakk.
Kjøringa gikk heilt fint og eg kunne håve den ute på grunna. Pjakken på
1,66kg var ein litt farga hannfisk uten lus som sat som ein stein, hadde
aldri mista den. Fiska over resten av hølen, men det var ikkje noko meir
å kjenne. Prøvde i hølen nedanpå, men der fikk eg berre ein liten
aure. No begynte det å nærme seg at eg måtte stikke for å rekke
trekninga, men stoppa på Øyrane og prøvde kjapt makken før eg gikk
nedover. På Sanden stod Sindre Mo og fiska, slo av ein kjapp prat over
elva, men det hadde vore rolig. På trekninga vart det eit kveldskort
på Bjørlo, så det var greitt. Tilbake i elva så tenkte eg at eg skulle
prøve Sanden sia der var opptatt på morgenen, og tida sprang ifrå meg på
vei ned igjen, Prøvde makken og fiska grundig over, men det var dødt.
Det kom folk på andre sida, så etter å ha fiska over så flytta eg fram
til Måløyhytta. Der starta eg med å prøve både fluge og makk i
Måløyhølen, men det var dødt. Prøvde så makken ved linja og fikk ein
liten aure, men ellers dødt. Gikk så over høgda og fram i Ny-Ledet. I
det eg starta i fremste Ny-Ledet så var det oppe ein fisk mellom hølane.
Fiska over heile fremste og nedre hølen uten at eg kjende noko av den.
Prøvde så makken og var borti ein fisk i innløpet på fremste Ny-Ledet,
men den kom ikkje igjen. Gikk så fram å prøvde både fluge og makk i
Reitehølen, men det var ikkje liv av noko slag. Gikk så nedover igjen og
prøvde makken i fremste linja, men det var dødt, og til slutt så sleit
eg vekk blyet. Gikk nedover, men der var folk på motsatt side i
Hjellehølen og når eg kom i Forbygginga så var der også folk, så dermed
så pakka eg sammen og reiste ned på Chatlet for å være klar om det vart
ei ny trekning kl.14 på morgenkorta. Det vart det ikkje for det var
berre Inge og Endre som var der i tillegg til meg, og vi skulle ha kort
på forskjellige tider. Så eg fikk morgenkort på Kvien, som Inge hengde
seg på også, mens Inge og Endre ville prøve Staten når elva var så farga
og fin. |
18.08 |
14-02
Bjørlo Eidselva |
Inge hadde vore på Nor før han
skulle ned på Chatlet for å få seg eit kveldskort. Der var ikkje noko å
kjenne, men han hadde sittet på muren og sett utover når ein laks hoppa
10m rett foran han. Og for ein fisk, ein sølvblank laks på mellom 20 og
25kg, det var nesten så Inge bikka på elva. Han prøvde alt, men den
ville ikkje ta.
Inge hadde også snakka med Sindre og han hadde
sett mykje fisk som hoppa på Sanden, både brune laksar og store blanke
aurar på 2-4kg, men dei nekta plent å bite på, han hadde ikkje kjent
noko.
Etter trekninga så kjørte eg fram igjen for å ete lunsj, og
etter det så avtalte eg med Inge at vi tok ei fiskeøkt før vi samlast
til middag. Så når klokka var 16 så stakk eg nedover. Ringde til Sindre
på vei nedover, men fikk ikkje svar. Kjørte ned for å prøvde Sanden
igjen etter at Sindre hadde sett så mykje fisk, men hadde akkurat begynt
når alle sluser åpna seg. Så når Sindre ringde så var det ikkje tema å
begynne å grave fram telefonen. Fiska over, men det var dødt. Prøvde så fluga i innløpet, men
det var ikkje liv. Snakka så med Sindre når det letta og fikk meir
detaljer, men no var det heilt dødt. Fiska over Sanden ein gong til, men
med samme resultat.
Klokka
var no 6 så eg tenkte at Inge og Endre snart ville ha middag, så eg
satte meg i bilen og kjørte ned for å sjå etter dei, men kom ikkje mange
meter før dei kom oppover. Snudde og hengde meg på nokre meter bak. Kom
opp på Nor og då hadde dei stoppa der og ville drage over før dei laga
middag. Det var alt folk der som fiska med makk, men etter ei stund tok
dei pause og Inge gikk ut på muren. Eg gikk ned på berget for å prøve
der. Endre berre prata. Verken eg eller Inge kjende liv. Så gikk Inge
fram i innløpet, mens eg drakk meir kaffi. Plutselig ropte Endre, og der
stod Inge med spent stang. Fisken hadde tatt mellom straumane heilt
framme. Inge kjørte den hardt og fisken kjempa hardt, men den fikk aldri
sjanse til å komme seg så langt i vei, og etter 3-4 minutt så kunne
Endre håve den, ein flott laks på 5,4kg. Planen var å sette den ut
igjen, men det var ein hanne og tegningane på sida var litt rare, samt
at den hadde prikker i sporden, så den vart med heim for å være sikker.
Vi var då godt fornøgde og mens Inge kjørte fram og laga middag så
kjørte Endre bilen heim og eg henta han. Vel tilbake på campingen så var
Inge nesten klar med maten når eg hadde fått av vadebuksa.
Etter
taco'en så ville eg prøve øvre delen. Fiska Kastehølen med makk, men det
var dødt. Bytta så til fluge og fiska Svarthølen, men var ikkje noko å
kjenne. Flytta så ned i Kastehølen og fiska innløpet, men det var samme
melodi her, dødt og stille. Fiska så Utfallebakkane, men det var dødt
også her. Etter eit 5 minuut så prøvde eg Kastehølen igjen. Når eg var
så vidt starta så hoppa det ein 10kgs fisk bortunder land framfor bua,
så hadde god tru og fiska veldig grundig, men kjende ikkje noko til den
eller andre som måtte være der sammen med den. Fiska også utløpet, men
det var dødt. No var det mørkt og klokka var kvart på 23, så tok med
utstyret og sikta fram imot Nor. Der var Endre og Inge alt på plass.
Endre stod på berget, mens Inge fiska innløpet. Etter kvart gav dei seg
og kom å preika, for det hadde vore heilt dødt. Dei fortalte at på
Staten hadde ikkje kjent noko, men der hadde hoppa eit par
monsterfiskar, den eine nedanpå brua hoppa når Endre stod der og han
trudde det var ei ku som datt ut i vatnet. Han trudde ikkje den var
under 20kg i alle fall. Og den andre dei såg hoppe var heller ikkje
mykje mindre. Men på Nor kom vi til at forholda ikkje var optimale, så
vi pakka sammen og satsa på morgenen på Kvien i staden. |
19.08 |
02-14
Kvien Eidselva |
Ej stressa ikkje med
vekkarklokke sia det vart lite soving natta før, men vakna vanlig tid,
vel 6 og etter frokost så var eg komen ned når klokka var 7. Gikk fram i
Moahølen og prøvde fluga, og nesten før eg starta så hoppa første fisken
føran steinen bak på hølen på Moen-sida. Like etterpå hoppa det ein
større midt bakpå hølen, før ein på 8-10kg hoppa midt i hølen bortunder
Moen-landet. Fiska grundig over, men den ville ikkje ta. Bytta til makk,
men det var ikkje noko meir effektivt det. Gikk fram og fiska Hyllå og
strekket ned til og med Krutschov, men det var dødt. Fiska igjen
Moahølen med fluga, men like dødt. Så eg tok med utstyret og fiska
Flata med fluge og seinare makk, men ikkje liv. Tenkte gå i Hammarhølen,
men når eg kom opp på marka så stod Inge framme ved veien, så gikk fram
og slo av ein børs før vi gikk i Hammaren. Vel nede starta eg med fluga
og det tok ikkje mange kasta før ein pjakk kasta seg etter fluga, men
den bomma. La fluga bort igjen og igjen kom pjakken. Denne gangen traff
den fluga, men eg var alt for kjapp med tilslaget så den glapp og kom
sjølvsagt ikkje igjen fleire ganger. Men berre nokre få kast seinare så
hoppa der ein liten laks litt lenger bak, men denne fikk eg ikkje til å
gå etter fluga. Fiska ut hølen, men det var dødt. Inge kom bak med fluga
og synkeline, men det hjalp ikkje. Fiska så over med makk, men fortsatt
dødt. Inge gikk fram i bua på Svadet og fiska seg rundt heile neset, men
det var dødt. Så gikk han fram igjen og fiska over berget og ned
straumen over berget, og der hogg det på ein fisk, men den hang berre i
10 sekund før den slapp. Så prøvde eg meg med fluga i Svadet, både foran
berget og nedanpå, og også over berget til slutt som Inge, men kjende
ikkje liv. Etter ein kort kaffi så gikk Inge framover, mens eg fiska
Svadet med makk, var noko som plukka der Inge hadde på fisken, men vart
ikkje fast.
Eg gikk så ned igjen i Hammarhølen og fiska over med
fluge, men det var dødt. Hadde akkurat starta med makken når ein fiks
hoppa midt i djuphola, og ikkje lenge etterpå så var ein fisk oppi med
ryggen på det smalaste, men kjende ikkje noko. Hadde akkurat satt meg
ned for å slappe av når Inge kom, og eg forstod på lang lei at noko
hadde skjedd. Og det hadde det absolutt. Vel framme i Moahølen hadde han
fått på ein fisk, men den mista han. Så kasta han borti igjen og 2
ganger tok ein fisk fluga uten å verte fast, så han sjekka fluga og den
hadde hengt seg opp. Fikk ordna opp i det og kasta ut igjen og der satt
ein pjakk på 62cm og 2,42kg, som han tok. Fiska seg så nedover og rett bak brekket så smalt
det på ein sølvblank aure på 2kg som han satte ut igjen. Berre nokre få
meter lenger nede så smalt det jaggu på ein 2kg sølvblank aure til, også
denne vart satt ut igjen. Fiska så nedover vidare og nede i svingen
hadde han etter fisk fleire ganger, men fikk dei ikkje faste. Gikk så
ned på flata og på andre kastet så tok ein laks på ca.5kg som han satte
ut igjen. Det må kallast ein kalastime.
Etter dette gikk eg fram
i Moahølen, mens Inge fiska Hammaren. Men no var det dødt, eg fiska
heile strekket ned til forbi svingen uten hugg. Når eg kom fram igjen så
var Inge i gang framme i grensa og kom fiskande nedover, mens eg fiska
Moahølen igjen, men han fikk ikkje noko han heller. Etter eit 5 minutt
der Sindre ringde, så hoppa det i Moahølen mens Inge snakka med han så
eg sprang ned å fiska over, men det var dødt. Inge hengde seg på å fiska
siste 10 minutta i Moahølen, men det var dødt.
Inge for vidare
ned på Bjørlo for kveldskortet også, mens eg for heim sia mamma og pappa
hadde tatt med Ly og Lilly heim og dei venta med middag. Det var ikkje
det store på Bjørlo, men Inge fikk ein laks i Rørhølen på 82cm og 4,86kg. |
25.08 |
20.30-22.30 Nor
Eidselva |
Eg ville gjerne innover denne
siste helga, men Lilly var sjuk både torsdag og fredag, så når ho ikkje
var betre når eg kom heim, samt at eg også hadde fått igjen
halsbetennelsen så vart vi heime fredagen. Men laurdag sa Ly at ho ville
innover, så til tross for at tilstanden hos dei sjuke var ganske lik
gårsdagen så for vi innover allereie i 14-tida og var på Eid allereie
klokka 16. Men det var mykje som skulle på plass, så eg var ikkje laus
før klokka var over 20.30. Når eg kom ned på Nor så var der folk i
innløpet, så eg starta nedpå, og ikkje lenge etter så var der oppe ein
fisk nedpå og rulla seg. Eg fiska lenge og grundig, men såg ikkje liv av
noko slag framme hos meg.
Etter kvart gav dei seg i innløpet og
eg kunne gå fram der å prøve meg. Fiska over og etter nokre minutt så
var der oppe fisk å hoppa bortunder trea som heng ut i vatnet. Fiska
vidare, men kjende ikkje liv av noko slag. Gikk så ned å fiska over ifrå
murane, men med samme resultat som før. Syntest at det no var så pass
mørkt at lys hadde vore greit, men det låg igjen i bilen, så tusla meg
opp der for å hente det, og der møtte eg Inge som kom akkurat.
Vi
gikk ned å bisna ei heil stund før han gikk fram i innløpet før det vart
heilt mørkt. Eg tok ein kaffi og slappa av før eg gikk ned å fiska
berget ein gong til. Inge hadde no vada seg ut på murane. Like etter at
eg hadde starta så hoppa der ein flott laks like foran der eg hadde
fluga. Eg korta inn snøret og sveipa fluga over området med forskjellig
hastighet, men kjende ikkje liv. Det gjorde heller ikkje Inge ifrå
Muren. Drog etter kvart på og fiska ut området uten resultat. No kom
også Endre som hadde vore hefta på Måløyhytta. Vi fortalte kva vi hadde
sett og gjort og sa at vi tok kvelden sia vi hadde kort på morgenen.
Endre måtte opp i bilen etter ein gensar, men ville ta eit overfar før
han gav seg. |
26.08 |
07-13
Bjørlo Eidselva |
Såg
på kvelden i går at det truleg ville verte kaldt og dermed skodde på
elva på morgenen, så stressa ikkje med å komme oss opp, men vi møttes
klare kl.05.45. Men skodda låg som forventa tjukk i dalen, så vi satsa
på at den var lett nok på Nor. Eg starta i innløpet, mens Inge fiska
nede, begge uten resultat. Så kom Inge fram og fiska innløpet mens eg
gikk og drakk kaffi.
Litt før 07 kjørte vi nedover, men det var
skodde over alt. Stoppa på nedre der det var nokon lunde, men såg det
stod folk på Alsaker og etter kvart så kom skodda sigande på igjen, så
vi kjørte ned på brua der det var ein tert å sjå, men var vanskelig så
tidleg på morgenen. Etter det så visste vi sola ville dukke opp straks,
så vi kjørte oss fram på dynamittlageret og gikk ned i Reitehølen for å
vente. Der nede fiska vi over med både fluge og makk, men det var dødt,
sjølv om sola etter kvart dukka opp. Vi såg nokre fiskar som var oppe,
men var nok ikkje gangfisk.
Vi gikk nedover og Inge stoppa i
Rørhølen, mens eg fortsatt ned i Ny-Ledet, men ingen av oss kjente fisk.
Eg fiska også over med makken, men det var like dødt med den. Gikk så
nedover og Inge fiska hølen foran Linja med fluga, mens eg prøvde makken
i Linja. Første kastet gikk bra, men det andre vart litt langt og eg
landa oppå steinen. Fikk nappa det laust og då datt det ned i bakevja.
Det gikk litt og plutselig nappa det ta tusen. Eg slo til og der var det
fast fisk, trudde eg, men etter 2 sekund så var det heilt dødt og eg
innsåg at blyet måtte sitte fast. Eg stramma opp og drog i for å løyse,
men det sat blegg. Eg kikka etter liv uti der, men såg ikkje noko, men
tenkte at eg får dra i og heller slite blyet, men det enda med at
hovedlina slita til slutt, men trur ikkje fisken var der enno.
Mens eg knytte opp igjen heile tackellet så fiska Inge over med fluga
uten å kjenne liv. Eg starta på igjen i hølen foran Linja, men der var
det ikkje liv. Tenkte eg fikk prøve eit par kast til i Linja, berre for å
være sikker, men hadde dårlig tru på at den ville komme igjen. Men
allereie på andre kastet så tok den på samme måten og eg slo til. Denne
gongen var den i alle fall fast og kontakten vedvarte. Den rota litt
borti der, men snudde ganske raskt på hælen og raste nedover og bort
imot andre sida. Kjørte sjølvsagt fisken hardt, så fikk stoppa den, men
den kom ikkje mange meter fram igjen før den igjen snudde og raste
nedover imot brekket. Vi var begge enige om at dette kunne være større
fisk, men samtidig så var det ikkje så store blink eg såg borti elva.
Inge tilbydde seg å være guide nedover om den stakk ut, noko den ganske
snart gjorde. Men eg ville helst ikkje være for langt unna fisken så eg
satte enno hardare i mot og fikk stoppa den. Så begynte vi å gå oss
nedover og eg følte at eg fikk sveiva meir inn enn den tok, men vi vart
overraska når vi kom ned imot brekket og fisken stod rett bak.
Denne
snudde sjølvsagt når vi kom, men den hadde tagna ein del no så den stakk
ikkje så langt, men svinga inn nedanfor oss. Plutselig vart det stumt i
enden av snøret, samme som gangen før, noko som ikkje stemte med at
fisken kom opp å gjorde kolbøtte i lufta, og eg forstod at den hadde
gått rundt ein stein og satt fast blyet. Eg sveiva meg innpå fisken og
oppdaga kva for ein stein det måtte være, men eg nappa og slakka uten at
det skjedde noko. No var gode råd dyre så eg vod meg utover med stanga
strekt ut mens eg nappa for å få laust. Heldigvis så var der ikkje djupt
så kom meg ut slik at eg fikk god vinkel og etter litt vigling så løysna
det. Og fisken den var der enno, men no var den tam og det vart berre ei
lita runde inn med eit lite utras før den kom lydig inn med haudet over
vatn og enda flott i håven. Eg hadde sett at fisken var overraskande
liten i forhold til korleis den kjørte på og oppførselen var heller
ikkje normal, så eg mistenkte krøking ganske tidleg og det vart bekrefta
når den glei over kanten på håven og eg såg kroken satt i eine spjøra.
Laksen var ei flott blank hoe på 66cm og 2,58kg.
Etter dette gikk
Inge ned i Hjellehølen der han såg i hælane på ein annen fiskar, så han
hadde ikkje ståltrua. Så han fiska kjapt over før eg prøvde makken, men
det var dødt begge deler. Eg fiska meg ned Bakkereinå og ned til
Forbygginga der er forventa å finne Inge, men han hadde snudd opp igjen
då karen ifrå Hjellehølen fortsatt stod der. Men karen var vekk når eg
kom dit, så eg fiska over før eg gikk oppover. Der fant eg inge i
Hjellehølen, han hadde nettopp fiska heile strekket ifrå Linja og ned.
Så etter eit raskt overfar i hølen også så gikk vi framover. Inge fiska
Ny-Ledet, mens eg fiska Rørhølen med både makk og fluge. Mens eg fiska
så fikk ein på Hjelle sida morgenens 3dje fisk, ein liten laks i Fremste
Ny-Ledet på wobbler, han hadde fått ein fisk i Reitehølen og så bar han
på ein pjakk som han då må ha fått på runda dit ned. Vi fiska også over
Reitehølen på vei fram igjen, men det var like dødt.
|
26.08 |
20-22
Kvien Eidselva |
Eg hadde planlagt å ta med Ly
og Lilly ned i elva, men dei ville ikkje, så måtte vente til Lilly hadde
lagt seg. Sia det var klart og sol så var det langt unna idelt å komme
så seint sia temperaturen då droppa veldig raskt. Så stressa med å komme
ned og få begynt. Fiska over Moahølen med fluge og makk før eg gikk fram
på Hylla og fiska meg ned igjen med makk, men eg merka ikkje noko av all
fisken Mattis hadde vore borti på morgenen. Vel nede i Moahølen igjen så
såg eg at skodda hadde begynt å komme langs elva. Fiska meg kjapt
nedover og var borti noko bak Moahølen, men var tydeligvis i sida på ein
fisk for når kroken kom inn så hang det på eit lite skjell, så det må ha
vore ein aure. Fiska heile veien ned til og med Flata før eg gikk fram
igjen å prøvde fluga og makken i Moahølen uten liv.
Gikk så rett
i Hammarhølen og der var det klart, så fikk fiska over med fluga med bra
forhold, sjølv om det seig på med dis litt etter kvart. Prøvde også
makken kjapt, var borti fisk 2-3 ganger nede i djupet, men truleg var
den berre borti sena for det nappa ikkje skikkelig. No var det mørkt og
disma hadde vorte tjukk også her, så pakka sammen og for fram igjen.
Lurte på å stoppe på dammen, men kom til at det truleg var like mykje
disme der, og det var det såg eg når eg kom fram til brua. |
27.08 |
06.30-11 Bjørlo
Eidselva |
Eg hadde ikkje den store trua
på morgenen sia det var så klart og kaldt på kvelden, så eg satte ikkje
alarmen, men sia det var mandag så skulle den ringe 06.00. Eg vakna eit
par minutt før og tørna ut. Gikk ut i teltet og såg at det hadde skya
over og at det var ein god trekk på vatnet, så dette var andre boller.
Stupte nedpå frokost mens Bjørn passerte på vei ned på Alsaker. Hoppa så
i bilen og lurte fælt på kvar eg skulle starte. Sia eg trudde på at
Bjørn alt hadde fiska Sanden og at midten var best seinare i går så
tenkte eg at framme kunne det være ein sjanse. Gikk derfor ned og starta
i Kastehølen med makk, men der var det dødt. Gikk så fram i Svarthølen
med fluga og begynte å fiske bakre del, men då hoppa det ein fisk nesten
framme ved storesteinen på Hjellesida, så eg stressa meg fram i innløpet
og fiska heile hølen uten å kjenne noko. Gikk så ned i Kastehølen og
fiska innløpet, men det var dødt også der. Gikk så fram og fiska
Svarthølen med makk, men fisken var nok sikkert komen langt fram i neste
høl, for eg kjende ikkje liv. Vel nede igjen og etter 2 minutts pause
med sjekk av temperatur, som var 14,3 grader, så prøvde eg
Utfallebakkane med fluga, men det var dødt, noko som kanksje hadde
sammenheng med at det tidvis hang igjen litt disme i Granhølen. Fiska
over innløpet i Kastehølen ein gong til før eg pakka sammen og begynte å
gå nedover.
I Granhølen så prøvde eg makken, men satte berre fast og
sleit blyet, men knytte opp og prøvde igjen. Midt i hølen under
straumen, på godplassen var det noko som småplukka. Tenkte først krede,
så småaure, men slo til.
Kjente at der var fisk i andre enden, men virka
som ei krede. Men etter kvart vaks motstanden og til slutt var det klart
at det var noko det var verdt å kjempe med. Fisken gikk rundt nede i
djupet og eg var skeptisk i tilfelle det var stort, men fisken kom greit
over på mi side og eg fikk leida den enkelt framover og vekk ifrå
brekket, så då vart eg roligare. No kom den inn på stilla og det var
klart at det ikkje var nokon stor fisk, men ein tert. Etter ein kort og
grei kamp så kunne eg dra den greit opp på graset. Kroken satt godt nede
i munnen så den hadde aldri komt seg laus. Fisken var ein flott
hannfisk, rund og høg på 57cm og 1,84 kg. Den var ikkje heilt nygådd,
med mørk rygg, men buken var lys og fin så den var heller ikkje gammel i
elva. Tenkte at for å slippe å dra rundt på fisken så gikk eg via bilen
på vei ned i Reitehølen. Lurte på om det var vits i å dra på fluga sia
det hadde vore veldig labert på den siste dagane, men det vart til at
den vart med.
I Reitehølen fiska eg raskt over med fluga og
makken, men sia det var dødt så gikk eg raskt vidare. Rørhølen fant eg
ikkje verdt å prøve, då hadde eg meir lyst å prøve Ny-Ledet, men der
stod det ein å fiska med makk, så eg berre fortsatte nedover. Starta i
hølen foran Linja og synes at no begynte sola å virke litt betre, sjølv
om den var gjemt bak eit godt skydekke så hadde den jaga vekk den rå
lufta vi hadde før på morgenen. Det var ikkje noko å kjenne verken i
denne hølen eller i Linja i dag, så etter å ha fiska over Linja også med
fluga så gikk eg ned i Hjellehølen.
I Hjellehølen var sjølvsagt
fluga førstevalget, men verken bortunder kvitskummet, foran muren eller
inne i landbakken var det liv. Fiska meg bakover og kom bak i bakken,
sjølve gromplassen for min del. La fluga fleire ganger baki der, men det
var dødt. Drog av litt meir og tok eit lite skritt til. La fluga godt
bak i bakevja på andre sida og snøret sveipa over straumen, strekte seg
ut og svinga fluga nedover i svingen imot utløpet. Snøret var stramt
omtrent rett unna når fisken tok. Eg holdt stanga lavt og lot fisken dra
av snøre, såg den rulla seg i overflata og tenkte der sit du. Letta
sakte stanga og var aldri i tvil om at den sat for den skar fram med
stramt snøre etter seg. Eg fikk justert bremsa rett og kjørte fisken
hardt. Fisken gikk mykje rundt nede i djupet, ein gong hit og ein gong
dit. Av og til bakpå imot øya og i neste øyeblikk djupt nede i djupet
utfor muren. Eg var usikker på størrelse, men var ganske sikker på at
dette ikkje var ein pjakk. Etter eit par minutt begynte fisken å takne
og kom meir innunder landet mitt, skimta den nedi der, men greidde ikkje
heilt å bedømme størrelse. Den gjorde eit par utras til bort istraumen
og kjørte seg litt fram om hølen. No var den begynt å legge blanksida
til i korte øyeblikk og eg kunne begynne å emne på landing, noko som
ikkje er noko stort problem i Hjellehølen, i alle fall ikkje på denne
vassføringa. Fikk fisken fram om meg og la stanga inn for å dra den inn,
men den kvikna til igjen og kom seg ut ein siste gang, men når den då
kom sigande inn igjen så var den medgjerleg og eg leida den fint fram
mot straumen, svinga stanga inn og fisken la seg på sida og sklei fint
inn på grusen og vidare opp på graset.
Fluga satt trygt med begge krokane opp i overkjeven og eg måtte fram
med tanga for å få den laus. Fisken var ein lang blank hannfisk på
84,5cm og 5,34 kg med fleire smålus heilt fram på haudet, så den var
heilt nygått. Etter å ha hengt opp fisken så tok eg fluga igjen og
starta på nytt i innløpet, i det eg var komen slik at eg la fluga bak
muren og svinga den over midten på hølen så var det oppe ein fisk og
rulla seg utanfor enden på muren.
Eg korta inn snøret litt og sveipa
fleire gongar over, men den tok ikkje. Mens eg fiska meg bakover så såg
eg fleire fiskar inne i landbakken, så tenkte at kanskje dei ville ta
makken. Drog over i det det begynte å regne, men det var dødt. Så tok
fluga og gikk ned å fiska over Forbygginga, men der var ikkje noko å
kjenne. Gikk så fram og drog fluga over Hjellehølen igjen, no i regn,
men var ikkje noko meir. Tenkte at det nærma seg nok tid for å gi seg
for å rekke verkstedet og servicen på bilen, så ville fiske meg opp
igjen. Gikk opp i Linja og prøvde først med makken, men det var 5 kast
og så sette eg fast og sleit blyet. Tenkte knyte opp igjen, men sjekka
klokka og den sa 10.55, så skulle eg rekke alt eg måtte gjere så var det
berre å traske seg mote bakken. Lurte på å fiske Ny-Ledet, men der var
det folk på andre sida, så då vart det å gå vidare. Sia eg bar tungt så
kom eg til at det nok var enklast å gå veien opp, så skar av og gikk
rett i bilen. Vel heime vart det filming av Ly og Lilly samt ein kjapp
prat med Bjørn som hadde gitt seg tidleg sia det var veldig dødt på
Alsaker, der hadde vore hatt på ein brun laks på morgenen, det var alt. |
|
Var inn til Eid igjen den
7.september for å ta ned teltet, og det var bra for etter det så var det
november før det var opplett igjen. |
|