|
|
2017
05.03 |
Årets
første tur på torsken var ein skikkelig flott dag. Det hadde vore dårlig
med fisk siste vekene, så vi hadde havet nesten for oss sjølve. Vi
starta utover i ei kald og frisk utrøne så det vart litt skvetting over
Skorpeflata, men betre når vi kom utom. Vi starta ved Brækjen før vi
trakk utover og enda nord for Svinøya. Vi fant ikkje noko mengde fisk,
men plukka opp ein og annen, mest torsk, men også nokre små brosmer.
Etter kvart seig vi innover igjen, til vi enda vest av Svartskjæret. Her
var det litt fisk å sjå og vi fikk etter kvart ein del fisk. Vi holdt på
til klokka var rundt 17 før vi begynte inn igjen med ein fangst på rundt
20 torskar. |
17.04 |
Påska hadde gitt
godt fiskevær dei fleste dagane, men i hardaste påska var det litt vind
så når vi la ut andre påskedag så hadde felta fått fred eit par dager.
Derfor håpte vi på godt fiske med store fangster, spesielt sia det hadde
vore bra med torsk nord om djupet i påskeveka.
Vi
starta med å sette ut 3 sniker sør og vest av Brækjen før vi lodda rundt
i heile området uten å finne så veldig mykje å fiske på. Og det lisje vi såg ville
ikkje bite. Etter eit par timer med ein litt kald trekk og ikkje sol så trekte
snøbygene sørover og det både stilna av og sola kom fram, og det gikk ifrå
nesten utrivelig til rett så trivelig. Vi tok no å drog snikane, på den
første var det kun ei stor lange, på den andre var det ei lita kveite,
mens siste var heilt tom. Så ikkje det store, men vi fikk i alle fall
det Ly ville ha, ei småkveite.
Vi flytta no sørover imot område
vest av Svartskjæret. Her møtte vi Gigen som hadde fått eit par torskar.
Mens vi låg å snakka med han såg vi Petter og Even komme utover, og like
etter at dei var komt ut fikk Petter ein liten torsk. Så fikk eg 2
torskar på rappen, før vi igjen måtte på leit. Vi fikk etter det 4
torsker til før det begynte å trekke av nordausten igjen og vi bestemte
oss for å sige innover. Lodda oss heile veien, men fann ikkje fisk
innanfor, så vi var heime rundt kl.13. Petter og Even fikk ikkje meir
enn den eine. |
Mai |
Allereie helga
etter påske, 22.april, vart det observert mykje fisk i Kastehølen, heile 19 fiskar
faktisk, men Inge og Endre var usikker på om det var nygådde eller fisk
på vei ut. 28.April vart det meldt om 5 mindre fisker på Osbrua og
ein stor på Skipenesbrua. 21.mai såg Inge og Endre 3 fiskar i
Vereidehølen og på Malakoff og 23.mai var det 2 fisker på Skipenesbrua.
Etter dette vart det daglig sett fisk på vei opp, dei fleste store 10+
og opp til over 25kg.
Målinga på vassføringa viste flott
vassføring for å ta dei heilt store, men dessverre så var den feil då
arbeidet med den nye gangbrua på Nor hadde demt opp vatnet slik at den
nok viste alt for høg vassføring. |
01.06 |
Inge åpna på
Stokkenes ved midnatt, men det var 3 grader på vei ned, så han gav
ganske tidleg opp og gikk til sengs. Snakka med han i 7-tida når han
akkurat hadde stått opp og då skulle han ned å prøve fram til kl.12 då
han skulle på jobb uten at det gav nokon fangst.
Sindre Moe fikk
den første fisken for året då det beit på tredje kastet på Fossekanten,
ein flott laks på 9kg.
Det vart
ikkje landa nokon store laksar då alle var under 10kg. Totalen første
døgnet vart 22 laksar, 7 mellomlaks og 15 storlaksar, i tillegg til 6
små aurar. |
|
Fredag 02.06 fiska
Inge Bjørlo på morgenen, men det var dødt over alt.
På kvelden kom vi innover i 18.30-tida og mens Ly var på
kinarestaurant så var eg og Lilly på bruene der det var dødt. Vel framme
på campingen kom gjengen å ville bistå med teltet, både Bjørn, Inge og
Endre. Dessverre begynte det drople akkurat, så det vart vått på golvet,
men likevel så vart det rigga langbord og vi kosa oss med Bacalao og eit
par kalde. Dessverre så fyllte vi kjøleskapet med oppvaskvatn slik at vi
fikk jordingsfeil, så eg sprang rundt i regnet heile kvelden for å finne
utav det. Laurdag morgen våkna eg kl.05 og låg å grunda på
jordfeilen, så det var berre å stå opp å begynne å feilsøke, og etter å
ha klipt varmekolba og skrudd sund benken så fant eg ut at det var
kjøleskapet. Så då vart det ned å være med på mi første trekning om kort og å finne deler for å fikse
varmekolba i alle fall. Trekninga tapte eg med kule 50, men fikk uansett
det kortet eg ville, nemlig Bjørlo søndag morgen.
Vel tilbake på vogna var det å lappe samme mest mulig for så å få gjort
ferdig teltet. Midt oppi det så kom Margareth og gjengen, samt Mamma og
Pappa, så fikk god hjelp til å gjere det ferdig samtidig som eg skulle
rigge stenger for Mathias, Sivert, Margareth og meg sjølv. |
02.06 |
Eidselva Nor
14-16 |
Så
for vi ned på Nor for å prøve auren og kanksje ein laks om vi hadde
flaks. Men det var nok heller uflaks det vart då eg hadde gløymt
plastpose til telefonen og når då lomma den låg i bikka over kanten på
vadebuksa og vart hengande ned i vatnet så var eg telefonlaus resten av
turen.
Det vart ikkje laks, men Sivert fikk i alle fall ein liten aure, noko som var
kjempesvært. Når klokka var fram i 4 så svalt eg og eg kjørte fram, mens
dei andre for å kjøpte burger og vende nasen imot Sæbø igjen sammen med
gamlefolket. Etter å ha ete litt Bacalao så vart det ei middagskvild på
oss andre. |
03.06 |
Eidselva Solheim 22-04.30 |
Eg og Endre hadde fått lov å
fiske hos Olav Os på kvelden ifrå kl.20, men eg vakna sjølvsagt ikkje
før kl.20, så vart hektisk med å ete meir Bacalao samt å ordne ein del
familiære ting før vi alle for i elva når klokka var ca.21.30. Endre
var alt i gang og stod utvada når vi kom der, men han hadde ikkje kjent
noko sjølv om det hadde vore mykje fisk på brua nedanfor på kvelden. Når
han var komen over hølen så vart det ein kjapp prat før eg gikk å fiska
over hølen, men med samme resultat. No ville Ly og Lilly heim så eg
tok med kaffikanna til Endre og kokte to steler når eg var framme. Endre
sendte melding om at no måtte eg komme for det var fisk på gang, han
hadde sett fleire fiskar hoppe i hølen nedanfor når det kom ein båt opp
sidekanalen med nokre ungdommer på fest.
I det eg kom ned så satte eg
ifrå meg kaffien, pissa og begynte å gå fram til Endre i det eg hørte og
såg ein fisk tverrvende der Endre hadde fluga. Eg ropte der tok den og
like etter kjende Endre den dra i snøret. Fisken sat og Endre kunne
starte kjøringa. Eg hadde håven på ryggen, men Endre ville gjerne at eg
brukte hans håv sia fisken virka ganske stor, så etter ca 5 minutts
kjøring så gikk eg etter håven. På vei ned så ropte plutselig Endre; Der
for den.
Etter litt depping og kaffi så gikk eg fram og fiska over,
og i samme området var det noko som så vidt kakka bort i fluga, men
sjølv om eg gav slakke så var der ikkje noko når eg håpte snøret skulle
stramme seg. Utover natta gikk vi rundt på skift i påvente av at dei
fiskane Endre såg skulle komme, men i det det begynte å lysne så ville
Endre prøve bakpå brekket og fremste del av neste høl uten at det gav
resultat. Etter å ha tatt ein kaffi til så gikk eg over hølen igjen.
No begynte sola å nærme seg horisonten og himmelen i aust gløda raudt.
Forholda verka veldig gode og eg hadde god tru, men etter å ha fiska
over området vi hadde hatt kjenning før og var komne bak steinen sa eg
til Endra at trua forsvant sjølv om forholda virka veldig bra. Det er
fortsatt igjen mange lure plasser sa han. Vi fortsatte å preike og
plutselig kjente eg noko holde igjen i enden. Eg tenkte det var fast for
det var helt dødt i enden, men plutselig nøkka det litt i og eg løfta
stanga. Lina hadde no lagt seg i ei god bukt, så det gikk litt tid før
eg fikk skikkelig kontakt, så eg var litt i tvil eit øyeblikk, men så
livna det til. Fisken vart ståande å rote i området før den kom sigande
ganske lett imot meg. Eg tenkte den var ikkje så veldig stor, men så
snudde den og raste nedover og då var det i alle fall ikkje småaure. Når
den stoppa og eg begynte å dra den framover igjen, så kom den veldig
lett etter igjen, før den igjen snudde og raste ut nokre meter. Etter
3-4 utras så stoppa den opp der den hadde tatt og plutselig berre kom
fluga. Skikkelig nedtur det, men med tanke på kor forsiktig den tok så
var det ingen stor overraskelse. Etter dette så gikk vi over hølen
ein gong til før vi gav oss for natta, klokka var no 04:30. |
04.06 |
Eidselva Bjørlo 11-14 |
Etter berre nokre få timar i
senga så var eg tilbake på elvebredden. Framme hadde det vore rolig, så
satsa på nedre delen då det stod fleire biler ved Måløyhytta. Starta på
Sanden og fiska der med makken før eg hoppa over innløpet og hola då
Bruvik'en stod der på andre sida og gikk opp på Øyrane. Her gikk eg over
med fluga uten å kjenne noko, men når eg tok makken så var det fisk
bortpå langt bakpå. Først ein gong litt forsiktig, så ein gong der eg
var sikker på at den skulle sitte, før den sikkert hadde vorte skremt og
berre såvidt var bortpå ein tredje gong. Gikk så fram å fiska Hellja
før eg kom ned å prøvde makken igjen. Og igjen gikk fisken på med
dødsforakt, men greidde ikkje å verte fast. Var så vidt bortpå den ein
gong til, men då var den veldig forsiktig. Fiska så innløpet og hola med
både fluge og makk, Sanden med makk, hølen nedanfor med makk og svingen
og strekket ned imot Fåhølen med fluga før klokka var 14, men kjende
ikkje liv nokon plass. Etter det så vart det grilla svineribbe mens
vi pakka sammen Og etter eit herremåltid så kjørte vi heim for å møte
Hang 2.pinsedag, mens Inge starta sesongens første kort på Hjelle. |
05.06 |
På formiddagen tok Inge turen
ned i Forbygginga eller Stampelva som hølen heiter
på Hjellesida. I starten var det rolig, men når han lot fluga drive godt
inn på stilla innunder land så var noko borti og drog forsiktig. Inge
gav den god tid før han letta stanga og oppdaga at årets første var på.
Fisken var ganske rolig i starten, men var tung og ikkje enkel å styre.
Eit par gangar var den heilt bakpå brekket og Inge måtte holde igjen det
han klarte for at fisken ikkje skulle gå utføre. Etter kvart tagna den
litt, men den ville ikkje inn til land. Som ei oterfjøl stod den ute i
straumen medan tida gikk. Men til slutt gjorde den eit siste utras, la
blanksida til og kom siglande igjennom innerste straumen og Inge berre
drog den rett på land. Vebjørn kom og dei fikk tatt litt bilder før det
barst fram til Endre for meir fotografering. Vekta visste på den flotte
hannlaksen 12,2kg. Sjølv om det var eit par timar igjen på kortet så var
Inge vel fornøgd med dagen. |
09.06 |
Inge fiska kvelden på Fossen,
men det var heilt dødt, han verken såg eller kjende noko for heile
kvelden. |
10.06 |
Eidselva Staten 18-01 |
Inge hadde kjøpt kort til meg
etter trekkinga og fikk to flotte kort. Ly vart parkert på Sæbø med
gamlefolket før eg for innover til Eid aleine. Det var snakk om at
Sivert skulle være med, men han var litt forkjøla så han stod over.
Vel inne hjalp vi Asbjørn med å flytte vogna bort på Ole Jakob sin gamle
plass før eg rigga stanga, stupte innpå eit par pølser og stakk i elva.
Vel nede møtte eg Chriss som kunne fortelle at Båtbygg-gjengen som han
var der som guide for hadde fått nokre fiskar, men der på Staten hadde
det vore dødt den dagen. Eg fiska ifrå Steinbordet til brua i ein
teitar med kun ei lita krede ved jektehola som resultat. Stakk opp på
brua når eg kom ned der, men der var det dødt. Ringde så Endre som sa
han stod oppe i Malakoff å såg på meg og at eg måtte komme fort for det
hadde hoppa fisk der. Vel framme så var der folk i Malakoff, men vi
gikk fram slik at eg begynte i Steinbordet igjen, men hverken der eller
i øvre Malakoff var det fisk å kjenne. Eg satte meg så i bua sammen
med Endre og Inge for å drikke kaffi når vi ser ein mann komme nedover
på andre sida med fisk på, og etter litt så landa dei ein stor laks i
Steinbordet. Dette var potensielt årets største så vi hoppa i bilane og
kjørte opp til brua på Skipenes for å sjå fisken når dei kom opp dit.
Fisken var flott og vekta gikk over Inge sin og stoppa på 13,85kg. Eg
installerte meg no i bua ved brua og fiska over foran brua og i Hesten.
Etter kvart kom han andre fram og mens han gikk framover så gikk eg
nedover for å fiske renna. Her var det dødt, men når eg kom ned i
Lødehølen så var det oppe ein fisk bakpå den. Eg fiska grundig over med
fluga, men det var ikkje noko å kjenne. Fiska meg også vidare ned til og
med øvre Malakoff, men her var floa godt koma, og det var dødt. Han
andre gikk ned igjen å fiska Malakoff igjen, men bortsett ifrå 2 som
hoppa så kjende han ikkje noko. Gikk fram igjen å drakk meir kaffi
før eg gikk over der ein gang til med makken. Plutslig plukka det og eg
slo til, men det var berre ein liten aure. No var klokka snart 01 så då
pakka eg sammen når floa var komen godt foran brua. |
11,06 |
Eidselva Bjørlo 08-14 |
Etter nokre timar i køya så var
det ned å prøve igjen, no på øvre Bjørlo. Fiska ivrig både Kastehølen,
innløp, utløp og heile med makken, Utfallebakkane og Svarthølen, men det
var heilt dødt.
Tok så makken og fiska Utfalle og vidare ned til
Granhølen. Der fiska eg innsida av straumen når det plutslig kjendes
nokre rykk i snøret, som om eg drog snøret over ryggen på ein fisk. Eg
slo likevel til og når makken kom opp så var kroken ganske så ribba.
Prøvde nokre kast til, men den ville ikkje fleire gongar. Lurte på å
prøve lenger nede, men kom til at hadde det vore dødt så lenge, så måtte
det snart skje noko, men den gang ei, det var dødt heilt ut. |
11.06 |
På ettermiddagen fiska Inge
på
Kvien. Og framme i Fossen beit det på. Inge prøvde fortvila å holde
igjen, men fisken ville nedover og Inge greidde ikkje å holde den i
hølen. Etter ei strabasiøs ferd nedover stoppa fisken i Hammarshølen og
Inge kunne lande ein flott og blank ho-laks på heile 103cm. Den var i
flott hold, så den var nok heilt sikkert sine 10kg. Fisken vart etter
eit kjapt bilde satt ut igjen for å fullføre misjonen sin med å bringe
slekta vidare. Ellers var det ikkje noko å kjenne for Inge. |
16.06 |
Eidselva Nor
06-07.15 |
Eg skulle på service med bilen
så tenkte fiske på natta, ringde Alsaker for kort og ho trudde eg skulle
få der, men ho var ikkje sikker, så ho skulle sjekke når ho kom heim. Så
eg satsa på det, men det skar seg, så det vart ei rolig natt i staden.
Hadde plane om å prøve Nor og satte klokka på til 03.30, men då hlja det
ned, så eg sov ein time til før eg stod opp. Vel oppe så vakna Lilly
også og vi sat ein time å leika før ho vart trøtt igjen og ville sove
meir slik at eg kunne stikke. Klokka var no 06 og det var dødt på
dammen. Starta framme på berget og var borti noko som kjentes ut som ei
krede, men her veit ein aldri. Slo til og fikk nesten stramma opp og så
var det vekk, men det kjentes ikkje stort ut. Fiska så vidare ned på
muren og vidare ned nesten til nederste berget, men det var dødt. Gikk
så fram igjen på berget og no beit det, men borte i bakevja, ikkje i
straumen som sist. Men det vart fort klart at dette var berre ein liten
småaure. Fiska indre muren, men no begynte arbeidet på nye-brua, så då
vart det så mykje støy at eg for fram igjen. Vi for ut igjen etter at eg
var ferdig på service og møtte Inge på ferjekaia i Volda |
17.06 |
Bondalselva
Flugesone2 18-21 |
Hadde god tru når eg parkerte
Ly og Lilly i Gjerdsvika og regnet starta. Var innkomen og var klar når
klokka var der, men måtte begynne i nedre del då der var folk framme.
Tok meg eit greit mål på elva før eg gikk framover og fikk fiska over
der, men dødt var det for alle. Regnet tjukna etter kvart til og når eg
kom ned igjen på nedre så synes eg elva hadde gått opp og ein sjekk på
merket viste at det stemte, 5cm opp. Klokka var no 21, så eg tok ei
kaffi, cognac, burger-pause. |
17.06 |
Bondalselva
Flugesone2 21-24 |
Etter maten tok eg med ei øl og
gikk i elva igjen. No var eg aleine på sona, så eg fiska mest storehølen i fremste del, men
det hjalp lite for det var heilt dødt. Regnet hølja ned og eg synes elva
steig fort så la om til synkespiss og raude fluger uten at det hjalp på
bittet. Når klokka var 23.45 gikk eg nedover for å fiske over nedre til
slutt, der var det dødt, men såg på merket mitt at elva hadde gått opp 10cm til. |
18.06 |
Bondalselva
Flugesone2 06-10 |
Det slutta å regne ved midnatt,
så når eg var tilbake i elva så hadde elva kome ned igjen på samme nivå
som når eg slutta av på kvelden. Forholda var fine, men det dukka opp 4
andre, så det var trangt. Vart bak ein på andre sida gjennom storehølen,
men ingen av oss kjende noko, det gjorde heller ikkje nokon av dei
andre. Litt før kl.08 gikk eg ned på nederste sona å kikka sia eg hadde
sett dei hadde fått ein fisk.
I det eg kom ned så stod der ein med fisk
på, så ringde Inge og han fikk overført kjøringa live. Dette var ein laks på
5,2kg, samme som den før på morgenen. Tenkte at fisken kanksje var i
bittet, så gikk fram igjen og fiska storehølen. I det eg kom midt bak i
den så såg eg ein mindre fisk hoppe bak straumen innunder land i svingen
nedanfor. Eg fiska grundig over heile veien ned dit, men kjende ikkje
liv. Om det var ein aure eller ein liten pjakk veit eg ikkje, stor var
den i alle fall ikkje. Etter dette var det dødt. |
18.06 |
Ørstaelva Mo
13-15 |
Stoppa i Ørsta på vei ut igjen
å fiska litt etter rapporter om mykje og stor fisk på gang. Starta med
makken på Heggjekrå, men der var det ikkje noko å kjenne sjølv om der
stod mykje fisk. Fiska så Svingen og nedover til bua, men sleit, så gikk etter
flugestanga, men når eg kom ned til bua igjen så var vinden blitt så
frisk at det ikkje lenger var mulig å få ut fluga, så eg pakka sammen og
reiste heim. |
23.06 |
Bondalselva Riise
18-21 |
Gutta
og Margareth hadde booka på flugesone 2, men det hadde også to andre, så
eg tenkte det var nok folk og trekte fram på Riise. Der var det berre
ein tysker som fiska og han stod rolig heilt framme i kilen på Risehølen
og nifiska, så eg hadde resten av sona for meg sjølv. Elva var ganske
stor, så var flott å fiske heile strekket nedover ifrå risehølen og
heilt ned i grensa med fluga, men elva skulle ikkje vore mykje mindre
før masse stein hadde skapt problem. Fiska heile strekket først ein gong
før eg stakk nedom å snakka med dei på sona nedanfor, men det var like
lite å berette om der. Gikk så fram igjen og fiska heile sona ein
gong til uten at det gav noko meir resultat, så då pakka eg sammen og
gav meg. |
23.06 |
Inge
og Endre fiska Bjørlo denne kvelden, men Inge hadde
også kort på Hjelle sia han hadde dobbelbooka. Dei hadde fiska over øvre
fleire ganger uten å kjenne noko, så for å prøve noko nytt så ville Inge
fiske heile Kastehølen med fluge, og han kom ikkje langt bak på
innløpsstraumen før det beit omtrent utanfor voren der straumen treff
land. Kampen gikk greit for seg og fluga satt langt nede i svelget, så
derfor vart den flotte hannlaksen på 97cm og 8kg med heim.
På
natta flytta Inge over elva og fiska vidare på Hjelle. Nede på utløpet
drog det på ein laks, denne ville ned og ut, men Inge holdt igjen og
fikk den etter kvart opp i hølen der den vart landa. |
24.06 |
Tore
var på sin første tur for året og det enda sjølvsagt med godt fiskeri.
Først fikk han ein laks på 84cm og 6,7kg i hola på Sanden.
Så
fiska han nede på Sanden når det tok ved steinen, denne var 94cm og vog
7,2kg. I tillegg mista han ein laks til.
Ståle
kom og starta laurdag middag og hadde også klaff og fikk denne flotte
laksen på 10,5kg på Fossekanten |
24.06 |
Bondalselva
Flugesone1 18-24 |
Vi hadde feira bursdagen til Ly
på Sæbø og gutta ville prøve i osen så når feiringa var over så rigga vi
ut og tok kvelden der borte. Det var mykje fisk å sjå, men lite som var
villig til å bite. Det stod fisk både frammanfor og nedanfor brua,
men
ingen av dei var interesserte i det vi tilbydde. Margareth fikk rett nok
sin første fisk, ein smolt, og Mathias hadde på ein fisk langt nede på
moloen, men ellers var det dødt. Vi ville alle gi oss, men Sivert
ville holde på heilt ut, og 23.50 beit det. Og han kunne etter ein kort
fight lande ein smellfeit aure på 1,1kg etter vekta i bua. Den gulpa opp
fleire yngler og småsild, så når vi kom tilbake på campingen så var
vekta nede i 800g. Men Sivert var kjempefornøgd uansett med årets
første. |
25.06 |
Bondalselva
Flugesone2 06-09 |
|
Etter nokre få timar på køya så
var det tilbake på Flugesone 2 for å prøve om nokon av dei vi hadde
sett dagen før hadde tatt turen opp.
Var
aleine på sona, så fikk fiske storehølen i ro og mak ifrå klokka 06. Var
ikkje noko framme i hølen, men bakpå var det noko som drog lett i fluga
midt i straumen, men den vart ikkje fast. Fiska vidare over heile
strekket fleire ganger, men det var heilt dødt. Enda opp med å sette
fast nede på nederste når klokka var tett på 10. Vod ut for å løyse, men
det satt bom fast under ein stor stein, så end opp med å slite, så
dermed så barst det over til vogna for frokost. |
27.06 |
Ørstaelva Ose
18-20.30 |
Denne tirsdagen var det
fiskedag for barn og ungdom på Ose og Mo ifrå 18-20. Eg hadde invitert
gutta og dei tok med Leander og kom. Ly somla så vi var litt seine, men
såg ikkje noko av gutta eller bilen når eg kom. Kledde på meg og prata
meg framover. Såg ein fisk hoppe heilt bak på den lange hølen, men eg
hadde ikkje stanga med så fortsatte framover. Framme på flata stod Per
og Blankholm og dei hadde prata med Margareth og sa dei hadde sendt dei
fram på Hegg. Så eg trava meg framover og heilt framme i grensa stod
alle tre karane. Leander var den som hadde størst behov for
kastehjelp så han fikk nokre instrukser og kom seg godt i gang etter
kvart.
Margareth sa dei hadde sett ein fisk hoppe nedunder trea,
så etter å ha fiska over innløpet så fiska først Mathias seg nedover,
men han sleit med at han rykte i gang framkastet som vi ikkje greidde å
plukke av han skikkelig.
Så
fiska Sivert seg nedover og då hoppa det ein pjakk rett foran han.
Etterpå såg vi den blenkje fleire ganger borti steinane, men Mathias
fiska over ein gong til uten at den ville ta. Etter kvart fiska vi
oss nedover imot Svingen, men det vart slik motsol at dei greidde ikkje
sjå noko, så vi gav oss når vi kom ned i Svingen. Vi tenkte prøve der
eg hadde sett den andre fisken hoppe, men der stod ein annen kar så vi
tok kvelden. |
|
30.06 fiska Inge fredagskvelden
Bjørlo, han jobba seint så var ikkje komen i elva før klokka var 21.
Endre hadde starta tidlig og målte elva i starten til heile 14,9°C.
Han og Vebjørn hadde vore i øvre heile ettermiddagen og det hadde gått
ein del fisk, men etter at Inge kom så var det rolig. Inge sjekka då
temperaturen som då var komen ned på 13,5°C. Endre og Vebjørn
fiska seg nedover og Endre hadde på ein bakpå Reitehølen, mens Inge var
oppe heile kvelden. Inge hadde oppe ein aure på Utfallebakkane rett før
dei gav seg kl.02. Etter det for dei på Nor, men der var det heilt dødt. |
01.07 |
Eidselva Bjørlo 08-12 |
Hadde fått Vebjørn til å kjøpe
meg eit morgenkort og fikk på Bjørlo. Men hadde måla hus og styra heime
så vi var ikkje lause før kl.22, så var det inn til Sæbø for å parkere
Lilly og Ly, så var ikkje komen til Nesjartun før framunder kl.01. Så
før eg var komen i stand, fått snakka med Erik og lagt meg så var klokka
02 og kortstart, men eg måtte ha meg nokre timar på øye. Var oppe
kl.07 og etter frokost og andre nødvendigheter så var eg komen i elva
kl.08. Sia eg skulle ned på trekkinga kl.09.30 så rakk eg berre å fiske
over nedre, i prinsippet berre Hola og Sanden. Starta med makken bakpå
hola ifrå bakkant og synes at eg såg ein fisk som rota rundt nedi der,
men kjende ikkje noko. Fiska meg så nedover og ved steinen så såg eg
plutselig ein fisk sige opp på bortsida, inn og fram i renna. Fiska
ivrig, men den ville ikkje. Litt seinare kom 2 fiskar opp bak steinen,
seig inn bak steinen og forsvant. Og nokre minutt etter kom 3 fiskar
sigande framover, men desse snudde før dei kom fram til steinen. Desse
kom igjen fleire ganger, og det er også mulig at alt var samme fiskane,
men uansett så beit dei ikkje.
Etter
trekninga så tenkte eg at sia dei var så aktive så har dei sikkert sige
framover, så bestemte meg for å fiske dei i møte ifrå Måløyhytta. Så
fiska Måløyhølen, Dyngja og Tresteinshølen uten å kjenne noko. Fiska meg
så nedover til Hellja. I det eg skulle stige ned ifrå hellja og ned på
grusen så sklei eg litt og fikk rotasjon. Men fikk ikkje nytt feste med
skoen, så enda veldig sakte på raua på Hellja. Tenkte dette går bra, men
rotasjonen hadde gjort at eg ikkje satte meg på den tørre delen, men
akkurat u vasskanten der eg hadde sklidd. Og det er ikkje større
friksjon mellom vadebukse og leire enn sko og leire så sakte begynte eg
å skli nedover hellja samtidig som rotasjonen fortsatt, og til slutt så
tok hellja slutt og eg droppa baklengs ut i hola utanfor. Fyllt samtidig
vadebuksa, så fikk det travelt med å snu meg for å komme meg på føttene
igjen, men trengte eit par forsøk før eg fikk føttene under meg og kom
meg opp, søkk gjennomvåt. Men måtte sjølvsagt fiske over hølen før eg
gav meg, men det var dødt. |
01.07 |
Eidselva Bjørlo 15-23 |
Etter å ha skifta og ete litt
middag så barst det nedover i elva igjen, igjen på Bjørlo. Starta i
Reitehølen med både fluge og makk, men der var det dødt. Gikk så nedover
og fiska Leirhølen med makk før det var Ny-Ledet med både makk og fluge.
I Hjellehølen stod det folk, så vart Forbygginga med begge deler der eg
såg ein fisk som var oppi, men den tok ikkje. Gikk så fram på fremste
via bilen ved dynamittlageret.
Der var allereie Inge i gang uten
at han hadde sett eller kjent noko. Eg målte temperaturen i vatnet til
10,1°C før eg gikk i gang med fluga i innløpet. Det var dødt i starten,
men litt nedpå så var det noko som slo etter fluga på inndraging inne i
bakevja. Men eg slo meg til ro med at det sikkert var ei honndalskrede
slik det brukte være. Vi fortsatte å fiske i området og plutselig var
det oppe ein fisk ganske langt bake på innløpet. Eg prøvde der igjen,
men no var det heilt dødt både med meg og Inge som prøvde etterpå.
Tenkte så at eg skulle prøve makken i innløpet og i det eg var komen
midt bakpå så sank det under straumen og eg sveiva rolig inn langs
botnen, men det var dødt så eg satte opp sveivehastigheta litt så blyet
letta seg ifrå botnen. Plutselig var det bom stopp og eg kjende det
rykka i enden, fisk! Tenkte igjen at det var den honndalskreda, det er
tross alt det som oftast bit, men det vart fort klart at dette var
større saker.
Eg
ville være forsiktig for eg var redd den hadde tatt det rett bakifrå og
at den derfor satt dårlig, men fisken var ikkje enig i det og raste
avsted og hoppa sjølv med ganske slakk brems. Var fortsatt nærvøs og
betre vart det ikkje når den hoppa igjen, no på kort snøre, men etter
kvart kom den opp slik at eg fikk sett den satt i saksa så då vart eg
roligare, men kjørte den likevel ikkje så hardt for å unngå fleire hopp.
Etter ein ganske lang kamp der den hadde vore ganske langt fram i
straumen langs land så kunne eg rolig dra den inn på grusen der Inge
stod klar for å få den trygt inn i skogen. Dermed var årets første i
boks, ein flott ho-laks på 82cm og 5,4kg. No vart det feiring med
kaffi og skillingsboller før det etter ein halvtime barst ut igjen.
Starta igjen i innløpet og fiska meg bak der straumen treff land når
noko er bortpå å plukker igjen. Eg gir den veldig god tid og oppdager
den har tatt snøret slik at eg må sveive inn ein del før eg slår til,
men fisken har holdt det og vert fast.
Denne
er nesten like seig og hopper like ivrig. Men den er noko mindre så eg
får den ganske kjapt inn på grunnere vatn, men der legg den sin elsk på
steinen for brygga og legg seg fleire ganger heilt inni denne slik at eg
nesten må gi den slakke for å få den unna. Etter kvart får eg manuvrert
den fram og inn på grunna der eg kan dra den inn på grusen til Inge
igjen. Det var nr.2, kjapt og brutalt, 61cm og 2,2kg flott tert. Eg
har døgnkort så kan fortsette, så vert det ikkje pause, men Inge måler
tempen og finn den til å være 9,1°C, mens eg vader ut for å fortsette
der eg slapp. Inge går fram i Svarthølen i tilfelle fisken fortsetter,
men har akkurat kome fram når noko igjen er bortpå å plukker med meg. Eg
slår til og jaggu er det fisk igjen. Denne er mykje slakkere, men viser
seg å være ein kobberfarga flott sjøaure på ca.1,2kg som får friheta
igjen. No bit det på kvart einaste kast, men det er vanskligare å få
dei faste. Vi ser ny fisk komme inn i hølen nedanifrå, er borti dei, men
dei vert ikkje faste. Vi måler igjen temperaturen og denne viser no
8,4°C. Vidare utover kvelden vert det heilt dødt og når temperaturen
bikkar under 8°C så tar vi kvelden. |
02.07 |
Eidselva Bjørlo 08-11 |
Sjølv
om trua var laber etter temperaturfallet i går kveld så måtte eg ta ei
runde når eg endelig hadde sjansen. Det første eg gjorde var å sjekke
temperaturen og fikk sjokk når den visste berre 6,9°C. Derfor var fluga
lagt vekk og det vart konsentrert på makken. Etter ei stund kom Inge
også nedom, men ahan hadde enno mindre tru, men han sjekka temperaturen
og såg at den begynte stige. Vi fiska heile området, han med fluga og eg
med makk, men det var heilt dødt. Eg tenkte ikkje være for sein heim, så
eg gav meg kl.11 i det temperaturen var komen opp ei grad til 7,9°C.
Inge ville prøve Utfalle ein siste gang, uten at det gav noko resultat. |
06.07 |
Inge var på Bjørlo då han var
på Eid på jobb. Var ein god del liv i fremste biten så han holdt seg
der, men kjende ikkje noko. |
09.07 |
Bondalselva Flugesone2
06-10 |
Var åleine då gutta ikkje makta
stå opp så tidlig. Starta i storehølen og fiska meg nedover. Såg etter
ca.10 minutt at dei hadde landa fisk i osen, så då hadde eg trua. Snudde
meg bort i elva igjen og der var det oppe ein pjakk, men den tok ikkje.
Fiska meg vidare ned til Svingen der noko plutselig slo etter fluga når
eg drog inn. Men dessverre vart den ikkje fast, og ikkje kom den igjen
heller.
Tenkte at det kanskje var fisk på gong så gikk fram og
starta igjen, men no var det dødt heile veien ned igjen. Vel nede i
Svingen tenkte eg at eg skulle fiske meg ned stryket også. I det eg
hengde fluga bak første kvita i stryket så slo noko etter fluga igjen,
men det gikk så fort at eg ikkje gjorde tilslag. Like etter tok den
betre og eg letta troda, men den vart ikkje fast. La fluga bak igjen og
tenkte at om den prøvde igjen så skulle den få all verdens med tid. Og
ikkje lenge etter så var den der igjen og drog i. Eg venta og stanga
gikk heilt ned i full bue, og så slapp den. Holdt fluga lenge i området,
men den kom ikkje igjen fleire ganger.
Fiska meg etter kvart
vidare nedover og ved neste kvite 10 meter nedanfor så ville eg prøve
samme strategi. Hold fluga lenge baki kvitskummet og til slutt enda
snøret på innsida av steinen. Eg vippa snøret over steinen igjen og då
såg eg fluga stripe over bakevja. Plutselig kom ein pjakk opp ein
centimeter ifrå fluga mi, gikk til værs, slo kolbøtte og landa nesten på
fluga på vei ned igjen. Holdt fluga i området og stripa den fleire
gongar i både bakevja og ellers, men den kom aldri igjen.
Fiska
vidare ned stryket uten å kjenne eller sjå noko, så gikk heilt fram og
fiska dei i møte, men var ikkje noko meir å kjenne på ei større fluge.
Satte så på ei lita svart og starta i storehølen igjen. Odden kom no
sammen med Balder, og etter ein prat gikk dei vidare på tur. Plutselig
spratt det ein pjakk der fluga var, men den ville ikkje ta etter. Fiska
vidare nedover Svingen og stryket, men kjende ikkje noko meir før tida
var ute. |
|
På
morgenen 08.07
kjørte Inge og Petter nordover på Finnmarka for å fiske sjørøye. Dei
hadde planer om å først fiske Risfjordelva og så fikk dei sjå vidare om
det vart vidda, laksefiske eller noko anna. Normalt stenger elva 15.07
fordi då bruker smårøya å komme, så derfor bar det strake veien inn dit.
Men der var vårflommen i full gang og toppen hadde vore berre eit par
dager før dei kom der. På slik elv går ikkje røya og det vart
laksefiske på dei i staden, så i løpet av tida der så fikk Inge 12 laks og pjakk,
mens Petter fikk 6 laks, men så fikk han då den største, ein smellfeit
fisk på 102cm. Truleg var den nærmare 11kg.
Sia røya ikkje kom så
forlengde dei turen og var der totalt 11 dager. Siste dagene begynte
røya å komme og dei fikk totalt 14 røyer før dei gav seg.
Fjorårets
tur til Korsbrekka var ikkje vellukka fangstmessig, sjølv om det var ein
veldig flott og lærerik tur. Så når Even åpna for at han kanskje ringde
meg på kvelden 10.07 for å fiske der 11.07 så var eg klar. Far hans
hadde vore veldig dårlig i ryggen så han var usikker på om han kunne
fiske sammen med Even.
Men dessverre for meg og godt for faren,
så ordna ryggen seg nok til at det ikkje vart nokon tur på meg, så
dermed så måtte Even kjempe med denne sølvtorpedoen uten mi hjelp framme i Stadheimfossen.
Det hadde vore
spennande å fått prøvd elva igjen med skikkelig vassføring, vert litt
anna enn den vesle sikla vi fiska i i fjor. |
24.07 |
Eidselva Kvien
14-02 |
Var
inn å sjekka korleis det hadde gått med vogn og telt etter pøsregnet,
men det var kun nede ved vegen at det hadde vore flom. Det var elva som
kjem ned bak oss som hadde gått over oppe i lia og komt ned skogen inne
ved ungdomshuset, så der var det store haugar med grus, mens vi gikk
klar.
Når eg først var der så måtte eg sjølvsagt prøve trodå, og
då vart det ein tur på Kvien, men sjølv om eg fiska over heile sona så
var det dødt. Når det skymest så prøvde eg Hammarhølen. Der hoppa nokre
fiskar i skyminga og det var ein gong det var noko som holdt
fluga bakpå brekket, men det vart ikkje fast og ikkje kjende eg noko av
dei som hoppa. I ettertid så har eg faktisk mistanke om at det kunne
være pukkellaks basert på størrelse, men i så fall så slapp dei seg
nedover igjen for seinare undersøkelser visste ikkje funn her oppe. Men
det er godt mulig om der ikkje var hofisk der oppe. |
27.07 |
Etter at Petter og Inge kom ned
igjen så pakka dei flugestengrene og stakk til Eid. Første kvelden var
det grillings og øl som var fokus, men dagen etter så prøvde dei på Nor.
Dei såg ein del mindre fiskar hoppe, men dei var ikkje interessert i
flugene deira. |
28.07 |
Petter hadde morgenkortet på
Bjørlo, men det regna når han skulle stå opp så han snudde seg rundt og
for ikkje i elva før kl.10. Han såg fisk hoppe på Pinå når han kom ned,
men dei tok ikkje. Petter fiska seg nedover i staden for å følge etter
fisken framover og der var det dødt. |
28.07 |
Petter fiska også kvelden på
Bjørlo, men no var det heilt dødt. Inge fiska kvelden på Kvien, han
starta kl.14 og fiska over kjapt, men det var dødt, bortsett ifrå ei
brunkrede på rundt kiloet ved muren foran flata. Han gav seg 15.30. På
kvelden var han ned igjen og då var der litt liv mellom kl.23 og 00.30,
men den beit ikkje verken då, før eller etter. |
29.07 |
Petter fiska også denne
morgenen på Bjørlo, men denne morgenen var det dødt. Inge fiska
kvelden på Bjørlo, men det var ikkje noko å få. |
30.07 |
Petter fiska Kvien denne
morgenen. Hadde på ein laks i Hammaren, men den for. Tore fiska
Alsaker på morgenen, mista ein pjakk, men ellers var det rolig. Inge
fiska på Nor på dagtid og fikk ein laks på 82cm og 5,2kg. |
30.07 |
Tore fiska Alsaker på kvelden,
fisken kom opp fossen kl.16, men den var ikkje bitevillig Inge starta
kl.16 på Hjelle, men det var heilt totalt dødt |
31.07 |
Inge fiska heile døgnet på
Hjelle, men bortsett ifrå at han såg eit par svarte fisker hoppe så var
det heilt dødt. |
01.08 |
Inge avslutta kl.16 på Hjelle,
men det var like dødt denne dagen. |
02.08 |
Eidselva Nor
17.30-20.30 |
På vei heim ifrå vestlandsferie
så stoppa vi på Eid. Kom dit kl.14 så passa bra å stikke rett på Chatlet
for å sjekke kort, men der var alt fullt med unntak ifrå nederst nede,
men der var 2 mann både på Staten og Stokkenes, så var ikkje aktuelt å
sloss der. Så dermed satsa vi på grillings og øl med Inge etter ein
liten tur på Nor.
Stakk ned til Inge kl.16 for at vi skulle komme
oss i sving, men han somla lenge, og så kom Endre og så gikk det enno
ein halvtime, men til slutt kom vi oss ned. Ej starta på nedre delen,
mens Inge gikk fram i innløpet, Endre berre prata og drakk øl. Det var
oppe fleire fiskar, både framme og bakover heile veien, men dei ville
ikkje ta. Mest tert, men også eit par større fiskar.
Eg og Endre
satt og stupla mens Inge fiska muren uten at det var liv. Vi tenkte at
kanskje det som skulle til var ei Francis, men med synkefortom så var
ikkje det så aktuelt. Men Endre leita fram ein intermediate spiss og så
lånte vi ei Black Francis med Inge og så bar det fram i innløpet.
Eg starta med nokre korte kast bort i blanka og fiska nærmaste
straumen før eg etter kvart strekte kasta lenger bort i andre straumen.
La snøret ned i nærmaste straumen for å få fluga til å henge i straumen
når bakevja tok taumen og plutselig stramma snøret seg opp.
Eg løfta
stanga og der sat det fisk. Endre som var på vei fram forklarte at eg
burde gå halveis ned til muren og kjøre fisken derifrå. Fisken raste ut
og kom framover på bortsida av bortre straum, men det at eg hadde flytta
meg gjorde at den ikkje gikk heilt fram og trykte oppi jernstengrene i
innløpet. Fisken rota ei god stund i bortre straumen, men når den først
kom ut av den så kom den også rett gjennom nærmaste straumen og inn i
døvatnet. Inge var no komen med håv, mens Endre filma. Fisken var større
enn dei fleste av dei vi hadde sett så den var ikkje klar for håving
enno, men etter eit par minutt med skikkelig press så kom den inn slik
at Inge fikk håva den. Fisken var ei smellfeit hoe på 87cm og 6,16kg.
Eg gikk fram igjen og fiska over innløpet vidare, mens Endre fiska
bakpå og Inge fiska muren. Men det var dødt med alle. No var eg fornøgd
så eg sula opp og gav tilbake dei lånte rekvisitaene, mens Inge fiska
innløp og muren ein siste gang og Endre fiska ifrå brua og ned til
innløpet. Så for vi fram igjen å fyrte i grillen. Neste dag for vi
vidare heim |
03.08 |
På vei heim stoppa vi i Ørsta
for å være med på kasting etter pukkellaks, det vart kasta i Svingen og
satt garn over Grim uten at det var mulig å lure nokon av pukkellaksane
som stod der. Dei
fortsatte på Melle etter at vi for heim og der greidde dei å få has på 5
pukkellakser og neste dag 3 pukkellaks. Neste dagane vart det jakta med
harpun og då tok dei ut 21 pukkellaks. I sesongen vart det tatt 16 stk
og sist vart det tatt ein i osen når ein kasta 09.08. |
03.08 |
Fiska Inge kvelden på Kvien uten at det er notert at noko spesielt
skjedde. |
04.08 |
Fiska Inge kvelden på Bjørlo uten at det var noko å kjenne. |
11.08 |
Eg var heime sjølv om teltet
hadde blese ned. Inge hadde stramma det opp og eg låg med forkjølelse så
då var det ikkje tema å stikke innover. Inge fiska kvelden på Bjørlo.
Endre var alt komen i elva og kunne melde om fisk i Reitehølen så han
starta der. Når ikkje det beit der så trekte dei oppover, men det skulle
vise seg at det stod mykje fisk vidare nedover, så dei trudde på at dei
hadde gått feil vei. Men fisken kom etter kvart framover til karane, men
då var det for seint, for forholda var skikkelig dårlige på kvelden når
det vart kjøligare og skodda kom på elva. Dei holdt på til kl.02, men
kjende ikkje noko. Dei prøvde ikkje Nor på natta. |
12.08 |
Snakka med Inge i middagstida
og då skulle han nedom Nor før han skulle fiske kvelden på Bjørlo. Det
har også i Eidselva vore observert mykje pukkellaks og etter å ha pusha
litt så vart det ein aksjon. Inge var med ei god stund utover kvelden så
vart lite fisking før disma la seg på elva kl.22 og ødela forholda. |
13.08 |
Inge fiska kvelden på Bjørlo,
men vart mest tid på pukkeljakt. Lite fisk å sjå. Disma kom kl.21 så då
var det berre å gi seg. |
17.08 |
Eidselva Bjørlo
14-02 |
Skulle på service med bilen på
fredag, så reiste innover på torsdag og hadde sikra kort på Bjørlo.
Etter å ha rigga oss til i vogna så kledde eg meg opp og reiste i elva.
Det var så pass seint at eg gikk rett for fremste delen.
Fiska
over Kastehølen først, men det var dødt. Gikk så nedover Utfallebakkane
med fluga, men kjende ikkje noko. Men i det eg var i færd med å avslutte
så såg eg ein fisk hoppe i utløpet av Kastehølen, så eg bestemte meg for
å kutte rett over neset og fiske den i møte ifrå Svarthølen, men midt
inne i skogen så hang stanga fast i noko buskas og plutselig kom eit
skarpt knekk. Tenkte ikkje så mykje over det, men stussa litt på at lina
hadde vorte slakk når eg ikkje hadde hørt snella gi ut line. Stoppa
derfor opp for å sjekke, og fant då at lyden hadde vore dei ytterste
10cm av stanga som knakk. Gikk derfor slukøra ned igjen i Kastehølen for
å sjekke skadene. Fant ut at om eg klipte rett foran andre ringen så var
det mulig at stanga fortsatt kunne virke ut kvelden. Vada derfor ut i
innløpet og fiska over. Kunne nesten ikkje merka at fremste delen var
vekk, så fortsatte utover natta uten at det var noko å kjenne, men såg
eit par fisk til hoppe. |
19.08 |
Eidselva Staten
02-14 |
Eg hadde invitert gutta innover
for å prøve Eidselva, dei skulle komme innover når dei stod opp, så eg
nytta sjansen til å fiske over ifrå det lysna til trekninga.
Såg ein
fisk komme opp til brua, for så å stille seg opp i renna foran, men den
ville ikkje ta. Når eg var på vei på trekninga så kom dei, så fikk dei
på plass og bedt dei gjere seg klare mens eg var vekk. Vel tilbake så
vart det ikkje meir fiske på meg, men eg fikk i alle fall vist gutta og
Margareth rundt så dei fikk prøve seg ein siste gang i elva for
sesongen. Dessverre såg vi berre dei foran brua og ingen kjende noko,
men det var uansett ein fin morgen.
Bjørn fiska Kvien på
morgenen, men han gav seg ganske tidlig fordi han måtte ut igjen. Men
han fikk med seg ein fin hannfisk på 74cm og 3,4kg som han tok nede på
flata. |
19.08 |
Eidselva Bjørlo
14-02 |
Var ned igjen på Bjørlo på
kvelden. Starta nede ved muren hans Daniel, men der var folk på andre
sida, eg slapp til, men var nok skremt det som evt. var der, så eg fiska
innløpet og gikk fram å fiska Øyrane uten å kjenne noko. Når eg kom ned
igjen så hadde dei fått ein tert på Alsaker, bakpå Sanden ved steinen,
men eg kjende ikkje noko. Der stod to på andre sida, som såg ut til å ha
rigga seg til i bua, så eg kjørte fram på fremste. Eg fiska over, men
det var heilt dødt. |
26.08 |
Eidselva Nor |
Reiste innover på
laurdagskvelden for å ta ned teltet på søndag. Det var ein nydelig
kveld, så det måtte verte ein kjapp tur i elva.
Var ned å fiska over Nor
på kvelden, men det var dødt, såg ein brukbar fisk som hoppa rett
utanfor murane, men den ville ikkje bite. |
27.08 |
Eidselva Bjørlo
02-14 |
Starta nede på muren hans
Daniel, men det var berre 4,5 grader når eg steig ut av bilen, så trua
var laber, og det var fisket også. Flytta så fram og fiska Pinå,
Reitehølen, Leirhølen, Ny-Ledet og Hjellehølen, men det var like dødt
der. Gikk så fram og fiska over Reitehølen igjen, men det var dødt, så
eg gav meg for i år. |
09.09 |
Vi
overnatta i Gjerdsvika sia eg og Inge skulle på sjøen med kveiteline. Vi
tok laust i lysninga og var utkomne før sola var oppe. Vi satte i
området utanfor Svartskjeret. Prøvde så pilken både der i område,
nordover til Brækjen og ut og vestover til nord om Svinøya. Vi fant lite
og fikk enno mindre, så vi seig oss innover igjen for å drage linene. Vi
hadde håp om kveite, men det var lite å få, kun ei skate og eit par
lange. Vi fikk nokre fiskar på pilken, men det vart ingen storfangst
denne gongen, men ein halv stamp gjorde i alle fall at eg fikk heile
familien i arbeid når vi kom inn igjen. Spesielt var det litt styr med
småbrosmene, men så er no dei best også då. I alle fall ein slager hos
Ly som likte dei veldig godt. I tillegg drog vi krabbeteinene og det
vart to koker med krabbe også på oss. Så no er frysaren ganske full til
vintertorsken kjem. |
|