|
|
2016
23.03 |
Som vanlig vart det
torsketur i påska. Vi starta ifrå Gjerdsvika kl.07.00, Inge, Endre og
eg. Været var bra med sol og enkelte sluddbyger, litt bris, men ikkje
verre enn at vi kom oss utaskjers. Vi starta vest av Svartskjæret og
fikk eit par fine torskar. Etter kvart seig vi utover imot Fausken der
vi fikk eit par til, men her det mykje båt så fisken var vanskelig. Så
seig vi nord og austover til godt nord om Brækjen, men det var lite å
sjå. Så vi seig oss sørover vest av Skorpa og fant litt fisk nord
for der vi starta og drog nokre flotte torska der. Så seig vi sør og
vestover og fant etter kvart ein del fisk. Den var ikkje veldig
bitevillig, men ein og annen tok.
Etter litt leiting fant vi ein plass den tok oppe i sjøen, og den var stor. Inge drog 5 på rappen, alle
mellom 10-30kg. Eg fikk ein bra på stanga,
mens Endre fikk 2 der den
største var oppunder 20kg. Så bytta eg og Endre vegn, eg fikk raskt ein
torsk på 20kg på seidehjulet, mens Endre like etter også fikk ein på rundt 20kg på
stanga. Det var ein skikkelig kamp, men heldigvis for Endre ikkje på
altfor djupt vatn.
Det fortsatte å verte ein og annen fisk, men det
stilna av og vi begynte å verte svoltne og slitne. Klokka var no snart
18, så vi gav oss, for vi hadde fortsatt masse arbeid foran oss. Det vart til slutt
vel 20 torskar, eit par sei og brosmer, samt eit
par mindre langer. Vel heime fikk eg heldigvis god hjelp av Ly til å
filetere, pakke og fryse. |
Mai |
Elva hadde vore
lita utover heile våren sia det ikkje var den store varmen, men utover i mai
steig temperaturen litt og då kom elva litt også. Ho bikka 30 kubikk den
11.mai og toppa seg på 32 kubikk dagen etter. Dette lokka inn fisk og
7.mai var det ein del mindre aurar på Osbrua, truleg for avlusing.
15.mai såg Inge dei to første laksane i Åbrekkhølen på 7 og 10kg, og
resten av langhelga seig det jevnt med fisk, ikkje mange i gangen, men
jevnt
2-3 fisker i gangen, stort sett fisk rundt 10kg.
Helga
etter hadde oppgangen tatt seg opp enno meir og vi såg no oppunder og
over 10
fisker pr. dag heile helga, mykje i Åbrekkhølen, men også andre plasser.
Så det virka som det kunne være starten på eit godt lakseår.
Sjølv om elva hadde gått ned ein del ifrå helga før, så stoppa fortsatt ein del av
fisken nedanfor brua, der det også var mulig å ta bilder av dei. Som vi
ser til høgre der 2 fiskar står på rekke. Inge
kjørte laurdagen ei reprise av kastekurset ifrå året før for medlemmane i Sportsfiskelaget.
I veka og helga etter var tallet kome opp i rundt 20 fiskar for dag.
Eg var på sjukehuset på fredag og klipte hekk laurdag formiddag, så laurdagen når vi starta heimanifrå kl.13 så var det heilt
skyfritt, men
det var meldt torden så når det skya til på vei innover så var det som venta. Vel inne hadde Bjørn fått på plass vogna og mens vi snakka med
dei så tjukna det til og det begynte å rumle sør for fjellet. Like etter
kom det over fjellet og då vart det 1,5t med konstant torden og eit
skikkelig pøsregn. Etter dette regna det 2-3t til, men det var visst
berre rett over oss, ikkje verken på Grodås eller ute i fjorden hadde
det vore mykje regn. Småelvane spratt opp og fikk hovedelva opp ein del.
Dette løyste eit tre på Holmen på Stokkenes som stoppa ved andresteinen
på strekket ned imot Myrahølen. Treet vart fjerna på mandag. |
01.06 |
Inge
fiska åpninga på Bjørlo. Elva var veksande og var rundt 32,5 kubikk når
fisket starta. Været var lettskya, natta var den varmaste så langt i år,
uten at den var veldig varm. Vatnet var vel 10 grader, så gode forhold
med unntak ifrå Nordausten som allereie hadde blåst ei periode. Første rapportane om fisk kom ifrå Hjelle, og ellers var
det fremste del som var best. I 6-7-tida fikk Vebjørn ein laks på fluga
i Hjellehølen og like etter fikk Sindre Mo ein laks i Linja på Hildenes.
Denne tok ein sluk, vog fine 7,5kg og såg ut som på bildet. I tillegg kom det på land ein tert
på 2,8kg på Langeland. Bildet viser Sindre sin laks. Utover morgenen og dagen kom det jevnt på land
fisk, men det var stort sett berre foran Langeland det vart tatt fisk.
Når dagen var omme så hadde det kome på land 14 lakser. Endre var ein av
desse 14, med ein laks på 7,2kg og 91cm tatt på utløpet av Kastehølen
ikkje så lenge etter at han starta på kortet.
03.06 var
Sindre Mo på Alsaker på morgenen og fikk ein laks på 8,4kg kl.07 på morgenen.
Laksen tok makken på Fossekanten. |
03.06 |
Eidselva Nor 22-23 |
Hadde ikkje fått meg kort nokon
plass, men snakka med Endre på torsdag når han var på Chatlet, og då var der ledig
laurdagsmorgenen
på Moen, begge korta, så då vart det bestilt eit kort der. Men rekna med det vart så seint innover at eg
ikkje bestilte noko på fredagskvelden, men satsa
på Nor på kvelden. Vart ikkje så veldig seine, men tok tid å rigge oss
til, og så var det så vindfullt at det frista ikkje så veldig. Såg
heller ikkje Inge, men rekna med at han nok var komen i elva.
Måtte nedom Nor ein tur i
kveldinga når det spakna litt, sånn i 22-tida. Fiska over nedanfor murane, men det var iskald vind ifrå nord
med masse gråe på dammen, så det var langt ifrå ideelle forhold, sjølv
om været var heilt nydelig ellers. Men det var sett fisk i dammen før i
veka, så eg måtte fiske over uten at eg kjendte noko som helst. Gav meg
etter ein liten time. |
04.06 |
Eidselva Moen 02-14 |
Vakna
03.30 og var komen i elva rundt 04.30. Var noko trøtt og ikkje hadde eg
den store trua heller for vinden var enno iskald og skoddedottar hang i
toppane og skodda kom veltande over Tua ifrå Bjørkedalen. Men Moahølen var
perfekt med fluga så det vart mest fiska der, men prøvde også litt
framme sjølv om elva var for stor der med sine 35 kubikkmeter. Prøvde også
nede på neset med fluga, men der var det vanskelig.
Når klokka var 08.30 så gav eg meg og tenkte komme igjen etter 2-3t
på øye, når det kanskje var litt varmare, men det lot seg dessverre aldri gjere. |
04.06 |
Eidselva Bjørlo 14-02 |
Var ned på Chatlet og fikk der
kort på Bjørlo på laurdagskvelden, og samtidig fikk eg vite at Inge låg
heime med spysykja. Sia det vart lite fisking på morgenen så
ville eg prøve meg litt tidlig på Bjørlo, men klokka vart 20.30 før eg
tok laust. Fiska først nede i innløpet på hola på Sanden. Var eit kvart
akkurat bak muren, ganske nær land, og det kom igjen ein andre gang
også, og då fikk det slakkebukta, men veit ikkje kva det var. Fiska
vidare ned på piren då Bruvik og ein kar til kom på andre sida, men dei
vart ståande framme og diskutere mens eg flytta ned på Sanden. Her fikk
eg akkurat ut fluga då ho hekta i baren og eg sleit, så gla det ikkje
hadde bitt noko. Det eg dessverre oppdaga då var at eg hadde tatt feil
skrin, så eg hadde ikkje ny krok å sette på. Så då kjørte eg meg fram på
fremste. Her prøvde eg makken og fikk raskt ein liten Honndalsaure på
vei ut. Og i det eg krøka den av så kom akkurat Atle Storvik. Fiska
bakpå brekket, mens Atle tok Utfalle. Allereie på første kastet var det
fisk bortpå og drog akkurat som ein storaure, men den vart ikkje fast
når eg slo til. Etter det kjendes det ut som det berre var mindre fisk
der, så mulig den vart støkt.
Så var det pause i det Endre kom med øl og peanøtter. Det var
fortsatt bikkjekald vind, så Atle ville opp igjen for han hadde for lite
klær, mens vi andre flytta ned til Rota og sola der det var stille.
Eg prøvde Utfalle med fluga, mens Endre prøvde storauren med fluga,
og slik bytta vi eit par gangar, men ingen kjende noko. Når klokka var
01.30 gikk Endre fram for å prøve brekket ein siste gang. Eg gikk fram
01.50 når han var ferdig, og då sa han at eg måtte prøve makken for det
hadde hoppa ein fisk. Eg gikk etter stanga mens han gikk fram i
innløpet. Fiska nokre kast før eg hørte eit rop ifrå innløpet. Eg snudde
meg og der stod Endre med bøygd stang. Eg vod i land og kikka på klokka
og då var den 01.59. Fisken stod å stanga før den raste nedover og hoppa
langt bakpå straumen. Så seig den inn i roligare vatn og Endre begynte å
vade seg inn imot land. Fisken kom framover i bakevja og kursa fram imot
innløpet igjen. Dette gjorde at Endre snudde og følgde den tilbake til
straumen. Her stod fisken og stanga litt før den raste ut i straumen og
brukte den til å rase nedover der den hoppa og i det den landa så kom
fluga. Dermed vart det ikkje fisk, men i alle fall eit flott spreng.
Kunne nok fått eit anna utfall om Endre hadde fortsatt i land og kjørt
fisken langt unna straumen inn i hølen, men det er slikt ein aldri veit. |
05.06 |
Eidselva Alsaker
14-02 |
Var ned å henta kortet kl.14 og
fikk då også morgenkortet når eg skulle på service med bilen. Eg kjørte
ned på fossen for å sjå om der kunne være ein fisk. Her møtte eg Alfred
Flåm som hadde vore nedom å kikka. Vi vart ståande å snakke ein god
halvtime før eg gikk ned å fiska Fossekanten, men det var heilt dødt.
Fiska sammen med Sindre Mo og Nils Andre Aarseth. Dei hadde vore i sving
ei stund når eg kom nedover i 20.30-tida, men eg såg dei ikkje når eg
kom ned. Rekna kanskje med at dei hadde delt seg, ein framme og ein
nede. Eg satsa framme på Sanden og når eg kom fram så var der tomt,
begge karane hadde vore nedanfor. Tok flugestanga og gikk fram i
innløpet. Forholda var flotte med vatn over heile neset, noko som
normalt gir eit hot-spot bak neset. Fiska meg nedover og var grundig,
spesielt på kanten av hola, men det var dødt. Begynte derfor å fiske meg
bakover hola. Sia det ikkje var fisk på hot-spoten så falt guarden litt
og eg stod å kikka inn i skogen når noko drog i fluga. Eg fikk sjokk og
greidde ikkje slippe bukta. Snudde meg rundt og såg ein laks som var
oppi og slo 3 meter bak innløpet
av hola der fluga mi var. Men den hadde berre plukka bak i fjøra. Fiska
over mange ganger, men den kom ikkje igjen. Fiska over Sanden også før
eg tok strekket med makk, men det var ikkje noko å kjenne. Sette med
nedpå å snakka med Nils som var komen fram, og då var det oppe ein fisk
på Sanden, den skaut fram ifrå steinen og fram i renna. Vi fiska over
ein gang til, men den ville ikkje ta. Fiska over Fossekanten etter at vi
såg ein fisk som var oppi å hoppa, men det var ikkje noko å kjenne.
Etter kvart ville gutta heime og eg ville berre ned å fiske over
Vaskeplassen før eg gav meg. Her var elva fin, men der var ikkje noko
som beit. No var klokka snart 01.00 så eg tok kvelden. |
06.06 |
Eidselva Alsaker
02-14 |
Vakna igjen like før klokka var 6 og gjorde meg klar. Var komen i elva
rundt kl.07. Snakka med Frode Vatne og fikk meg ein god nytrekt
bålkaffi. Han kunne fortelle at han hadde fått ein laks på 5,7kg foran
hola når han starta på morgenen i 4-tida. Eg skulle levere bilen til
service kl.08, så eg stressa fram og gikk over Sanden før eg måtte
stikke. Vel tilbake fiska eg Fossekanten før eg gikk fram å fiska over
heile Sanden, ifrå innløpet til hola og heilt ned forbi Stålstegen. Det
var dødt med unntak ifrå noko
småtjafs heilt nederst, men usikker på kva det var. Det var allereie
komen melding om at bilen var klar, så gjorde meg klar til å gå ned å
hente den. Heldigvis så kom Frode nedanifrå så vi slo av ein prat og han
svippa meg ned å henta bilen.
Var nedom brua å kikka før eg kjørte fram
igjen. Var tenkt å berre pakke sammen når eg kom fram igjen, men møtte Frode til ny kaffi og
så vart det eit overfar i Fåhølen.
Frode ville rekke 14.30-ferja så han pakka sammen, og det samme gjorde
eg. Eg hadde bilen i Fåhølen så kjørte ned til fossen for å hente siste
stanga som stod på Fossekanten. Tok med makken og sa til Frode i det han reiste at eg skulle ned
å berge turen siste 10 minutta.
Vel nede rigga eg stanga og stiltra meg
frampå kanten. Det var veldig klart, men tenkte at det alltids er ein
sjanse her. Første kastet hekta eg fast i botnen, men synes noko var
litt rart, men var ikkje noko skikkelig. Kasta fram igjen og no gikk det
fint. Plutselig var det noko bortpå, eg fikk sjokk, men slo til på
velkjent Fossekantvis og fisken hang. Kikka på klokka og den var 13.56.
Kjente raskt at det var skikkelig fisk så dette ville kunne ta litt
tid. Fisken kom oppi så eg såg den og fikk bekrefta at det var ein flott
fisk. Så stod den ei stund å stanga nedi mens eg tok av makkapøsa i
tilfelle det vart springing. Fisken seig bakover og ville legge seg på
straumen, men eg kjørte den hardt og greidde holde den godt unna fossen.
Så då skifta den strategi og gikk frami og stod å stanga der litt. Så
seig den framover og bort ifrå meg. Var ikkje interessert i at den
skulle få for mykje line så holdt igjen det eg turte, men den kom seg så
langt at den gikk ned langs hella når den la seg på straumen, men
heldigvis på rette sida. Den drog fortsatt utover så eg var ganske
sikker på at den ville gå utfor, men gav meg ikkje og fikk nokre meter
på den og fikk svinga snuten mot meg igjen. Den var no heilt bakpå
kanten, men eg hadde fart på den imot meg, så sveiva på og drog den
langs kanten og inn i bakevja. Dermed kunne eg puste letta ut for ei
stund. No kom fisken heilt oppi og eg såg at fisken var veldig brei,
dette kunne fort være ny pers. Såg også at der var ein fisk til som
følgde etter, men denne var ein del mindre. Fisken prøvde seg eit par ganger til på å
komme borti straumen og fram i renna, men den var slakkere no så
kjøringa gikk veldig greitt. Etter kvart slakna den nok til at eg
begynte å tenke på landing. Tenkte at innpå bakevja ville det være
flott, så begynte å skulle gå ned. Fisken fulgte greit etter innover og
eg begynte å strekke meg forbi buskene som heng utover bakevja, men
fisken gikk innunder buskene og eg rakk ikkje utom dei, så eg var redd
snøret skulle hekte og snudde ut igjen. Fisken vart raskt roligare no så
eg bestemte at eg måtte prøve på å lande den på berget.
Tok av håven og satte den på utsida av gjerdet og gikk rundt på
utsida. Fisken hadde no begynt å legge blanksida til så eg måtte raskt
ned på kne for å prøve å lande den. Det vart mange forsøk, men
straumen var sterk langs land og når eg svinga stanga inn for å dra
fisken i håven så la stanga seg inn i buskene og gjerdet, så eg fikk den
ikkje inn med fart slik at den fikk snudd ut igjen. Fisken la seg no
permanent med blanksida opp, så eg turde meg til å ta i sena å dra den
inn imot håven. Fikk håven bak og sporden inni før den retta seg opp og
seig bort i bakevja igjen. Tok stanga igjen og kjørte fisken igjen.
Sveiva inn og drog fisken inn igjen og det samme gjentok seg, eg fikk
sporden inn i håven, før den seig ut igjen. Såg godt at kroken sat i
lippa og at det hadde rive seg eit hull, så her måtte ting skje ganske
kjapt. Lurte så på om eg skulle prøve heilt ute på tuppen av berget, men
var skjeptisk då det såg veldig glatt ut og ingen sprekker å stå i.
Fisken
kom no inn igjen så eg var nede med håven og prøvde igjen når eg hørte
"Der ja" bak meg. Det var Alfred Flåm som kom nedom igjen. Dermed fikk
han håven og beskjed om å komme ut på utsida, noko han gjorde. Eg røyste
meg opp mens han gjorde seg klar. No fikk eg svinga stanga over buskene
og gjerdet, så på andre forsøket så sa eg at no kjem den. Med blanksida
opp og god fart sklei fisken inn i håven og vart løfta ut av vatnet.
Fisken var tung å få over gjerdet, men det gikk greit og vi kunne bære
fisken bak berget før vi turde legge den ned. Fisken var skikkelig brei
og Alfred tippa på rundt 12kg, men eg synes den var litt kort så sjølv
om breidda tilsa slik vekt så var eg usikker.
Klokka var no 14.10 så eg fikk ikkje prøvd på den andre som eg hadde
sett svømme sammen med den eg hadde på, men Alfred var raskt på vei opp
for å få seg kort på ettermiddagen. Vel oppe ved bilen vart vekta og
lengda på fisken sjekka og viste at det stemte at lengda var for kort,
berre 92cm, men med breidda til ein 12-kilos så vog den heile 9,2kg, ein
fantasktisk K-faktor på 1,18. Dermed vart det ei bra helg, berga heilt i
siste liten. Frode fikk sjølvsagt SMS straks eg hadde fått knipsa eit
bilde. Snakka med Alfred igjen i 17-tida, men det hadde ikkje vore noko
meir å kjenne. |
10.06 |
Vi var heime denne
helga, men Inge fiska Hjelle
ifrå klokka 16, men det var dødt før midnatt etter at fiskeriet hadde
vore bra torsdagskvelden og fredag morgen med fleire fiskar på land.
Endre fiska andre sida, og kjende heller ikkje noko på kvelden.
Forholda
var fine med solskinn og god varme på dagen, mens det samtidig var
veldig kaldt på natta med temperaturer ned imot frysepunktet. Elva var
oppe igjen på 11,7 grader etter at den på onsdag var nede i berre 7
grader.
Ståle starta kl.14 på 2 døgn på Alsaker. Litt utpå kvelden beit det på
makken på Fossekanten, og
Ståle kunne lande ein kjempeflott laks på 5,7kg. |
11.06 |
Inge fortsatte på
Hjelle også etter midnatt og var bort det han trur var ein aure i
innløpet til Svarthølen like etter midnatt. Fiska vidare nedover
Svarthølen og var borti noko bak storsteinen, men den tok berre halve
slakkebukta så vart det dødt, snøret dreiv vidare og så kom den igjen og
drog, men var vekk
igjen når Inge letta stanga. Inge holdt derfor på vidare til klokka var 03, til tross for
skodde og 4grader, men kjende ikkje noko meir. På morgenen snorka Inge
vekk timane i køya og kom seg ikkje i elva før langt utpå ettermiddagen
fordi det var veldig varmt. Men det kom etter kvart litt skyer og
ettermiddagsbyger med torden. Ingen traff Eid med torden, men det var
nokre få regndråpar.
Inge fiska Reitehølen i 23-tida og der beit det på ein fin laks på
fluga. Kjøringa gikk bra og Inge kunne lande laksen på 5,8kg. Laksen
hadde slukt fluga så det var så vidt Inge greidde å få ut igjen kroken.
Ståle var mykje av dagen i elva på Alsaker, men denne dagen var det
stille og ikkje noko å kjenne der. |
12.06 |
Ståle fiska natta
på Alsaker, men det var mykje skodde på natta. Det gikk ein del aure som
spratt på Sanden, og Ståle greidde få ein aure på ca.1kg som fikk
friheta tilbake. I 02-tida lette skodda litt, og då gikk han å prøvde på Fossekanten.
Der beit det
på ein fin laks på 5,3kg. Sindre Moe fiska også Alsaker denne morgenen,
men han sov når den beit og vakna når skodda hadde lagt seg igjen. Han
gav seg kl.10 utan å ha kjent noko.
Inge
fiska fortsatte på Hjelle,
men snorka og sov igjen over morgenen og morgenøkta som hadde gitt Ståle
fisk, men i dag kom han seg i alle fall i elva i
09-tida.
Då han passerte så var Hammarhølen ledig, så han bestemte seg kjapt
for å starte der. Og allereie på første
overfaret i Hammarhølen beit det på ein fisk heilt bakpå hølen, godt bortpå andre
sida, og uten nevneverdig dramatikk kunne Inge lande ein fin laks på 5,3kg.
Inge målte også temperaturen på elva, og denne var no komen opp i
heile 13,5 grader alt.
Eg snakka med Inge litt før kl.11 og då for Ståle nedover igjen for å
avslutte på Alsaker, og ikkje lenge etter fikk Inge beskjed om at Ståle
hadde fått sin tredje fisk på 2 døgn, ein laks på 5,2kg, også denne på
Fossekanten.
Inge fiska også kvelden på Bjørlo, men det var heilt dødt. |
17.06 |
Inge fiska
kveldskortet på Bjørlo,
men elva hadde minka ned mykje, så det var veldig dødt i elva. Endre fiska
Kvien og det var like dødt der framme. Etter kortet var slutt møttes dei på Nor
for å prøve der. Inge fikk til slutt utpå morgenen ein laks på 4,7kg.
Denne stod og tok langt bakpå og innpå Dammen når Inge stod på berget. Fisken
hadde fluga ståande på utsida av kinnet så dei trudde det skulle gå bra,
men fisken blødde kraftig ifrå såret. Dei prøvde å
sette den ut igjen, men den var tom for blod og kom seg ikkje til
hektene igjen. |
18.06 |
Bondalen Flugesone2 18-21 |
Bondalselva åpna 15.juni og gutta skulle få prøve flugestengrene eg gav
dei til jul.
Vi for innover til Sæbø i 12-tida for å prøve sammen med dei, vi stoppa i Ørsta og såg at det stod
ein god del fisk i hølane på Ose, men elva var lita. Vi fortsatte til
Sæbø, og der var gutta i elva for første gang, på Aklestad. Eg for fram
og kikka, og gutta fiska flott, men elva her er meir makkelv, så det var
litt vanskelig.
Så på
kvelden når vi skulle prøve i lag så prøvde vi på Flugesone 2, som også
er i gangavstand
ifrå campingen. Gutta kasta fluge som guda og det var det at der
ikkje var fisk som gjorde at det ikkje vart fisk. Det vil seie, Sivert
fikk ei lita krede og hadde på eit par yngel til.
Inge fiska kveldskortet på Bjørlo, men det var heilt dødt. |
19.06 |
Eg
snakka med Sindre og Nils på formiddagen og dei nevnte at det vart kasting i Ørsta
kl.20. Så når vi hadde ete middag så kjørte vi oss ein tur for å kikke.
Første kastet gikk like over kl.20 og var nesten mislykka med 2 fiskar
på 3-4kg. Vi venta ein time til floa hadde kome litt meir frampå. Vi
hadde ikkje sett mange fiskane oppi, men straks nota vart kasta så livna
det til inne i nota. Men dessverre så hadde nota hekta i ein stein, så
det vart litt kaos og mykje steinkasting for å holde fisken inne, mens
båten stressa bort for å løyse. Vel laus så vart nota raskt dradd inn og
allereie tidleg vart det klart at det var fisk i nota. Når nota begynte
å komme inn på grunna gikk laksen hardt i nota og drog nota godt under.
Karane sprang til og løfta det dei klarte for holde fisken inne og det
gikk bra. Så var det berre å begynne å bære fisk opp i tankane mens folk
plukka ut dei minste og løfta dei over nota og slapp dei ut igjen. Når
nota var tom så hadde dei fått godt over 40 laksar i kara og ca.60 satt
tilbake, så dvs at kastet var på over 100 laksar, ny rekord med klar
margin. Det var nesten ikkje pjakk og stort sett laks mellom 4 og 7kg
med nokre få større. Mens nota vart greidd så vod ein ny stim borte på
kastet mens masse fisk hoppe heile veien ned langs moloen. |
24.06 |
Eidselva Nor
23.30-02 |
Inge hadde fiska heile kvelden
på Bjørlo, men det var verken fisk å sjå eller kjenne. Eg stakk nedom Nor for å prøve i Dammen,
men der stod Fredriksen med wobblerene sine, så eg prøvde meg foran
brua. Rigga 13' Sage-stanga og gikk over ifrå andre steinen og nedover,
men med unntak ifrå eit par Honndalskrede så var det dødt. For så ned og
fiska dammen, men med unntak ifrå eit hopp så var det heilt dødt. |
25.06 |
Inge fiska over Nor
etter at eg hadde reist, men det var like dødt der då som når eg var der. Tore fiska morgenen
på Alsaker, men det var heilt dødt.
Vi brukte dagen på shopping før det var middag med Inge, ein nydelig
grilla høgrygg av hjort før det vart prating med danskene og
straumtrøbbel i ei vogn som var på hundeutstilling.
Tore fiska kvelden på Alsaker, men
også no var det heilt dødt.
Inge fiska Bjørlo, men det var heilt dødt. |
26.06 |
Eidselva Bjørlo
02-14 |
Bjørn og
Lene skulle på Alsaker på morgenen og tok laust nedover i 04.30-tida, i det eg begynte å gjere meg klar. Snakka
med Inge og Endre i telefonen når eg var på vei nedover ein liten
halvtime seinare, dei karane hadde akkurat avslutta
nattøkta på Nor, og var akkurat heimom Endre for å legge han. Endre
hadde fått ein laks på Nor som han satte tilbake, men ellers var det
heilt rolig.
Eg var
komen i elva like over 5, og starta sjølvsagt med å gå Utfallebakkane med fluga.
Etter det gikk eg fram å fiska innløpet på Kastehølen. Når eg var komen
nesten ned til muren så hoppa det ein fisk litt bak fluga, så eg fiska
meg sakte og forsiktig nedover, men det var ikkje noko å kjenne. Bytta
derfor til makk og fiska meg ifrå øverste Svarthølen og heilt ned til
nedfalla nedanfor Granhølen, men det var kun Honndalskreder som beit.
Når eg sat og slappa av så kom Atle Storvik ein snartur sia han hadde
forsove seg og måtte videre tidlig. Vi bytta på å fiske
over med fluga, men ingen kjende noko. Atle stakk heim, mens eg snakka
med Bjørn som sa at det var dødt på Alsaker og at dei snart gav seg. Tore fiska
også Alsaker, men sov når eg for ned og gav seg når Bjørn avslutta. Eg
fiska over eit par-tre ganger før regnet kom. Like etter kl.10 så gav eg meg og for fram
igjen.
Inge fiska Kvien på kvelden, såg to fisk som var oppi i
Hammaren, men ellers heilt dødt. Dei vart kontrollerte om korta var i
orden. |
01.07 |
Ståle fiska kvelden på Alsaker, men det var heilt dødt.
Fredag kveld fiska far og son, Sindre og Inge på Fossen på
kompiskort. Dei var borti nokre mindre aurar og kanksje var det noko
litt større bortpå nede ved skiltet ein gang, men ellers heilt dødt.
Hans Eimhjellen fikk ein laks på 7,4kg i Khrutshov på Moen på fluga.
Endre mista ein fin aure på utløpet av Reitehølen. |
02.07 |
Etter at dei gav
seg på Fossen så var Inge på Nor. Her fikk han ein laks i innløpet på
86cm, fisken var heilt nygådd og skikkelig lusete. Den hadde smålus
sjølv heilt framme på snuten. Fisken fikk friheta tilbake etter kampen
så vekta er usikker, men truleg rundt 6kg. Ståle fiska Staten laurdag
morgen, elva var lita og det var rolig.
Ståle fiska Alsaker på laurdagskvelden, men som før så var det dødt
for han. Det var fisk å sjå på Fossekanten, men ikkje noko å kjenne.
Laurdag kveld fiska Inge Kvien og hadde akkurat lagt på ei lita fluge
for å prøve auren på natta når han såg at fisk kom inn i Hammaren. Han
fiska over, men det var dødt. La så på den gamle og større fluga og då
tok den tvert på brekket. Laksen var 79cm og fikk friheta tilbake etter
fighten. Dermed vart det anslåing av vekt igjen, truleg var den ca
4,8kg. |
03.07 |
Inge fiska Nor
etter at han var ferdig på Kvien, og igjen vart det fisk. Denne gangen
tok den ved muren, den var blank, men hadde begynt å få
litt gråskjær. Laksen var kroka djupt, men fluga satt slik at Inge
enkelt trykte den bak og tok den ut. Den stod berre rundt eine
gjellebuen uten at det blødde. Likevel oppførte fisken seg rart under
kjøringa og slakna fort. Vel berga så var den heilt vekk og til tross
for 30 minutter med livreddende førstehjelp så livna den aldri til. Så
dermed så tok Inge med laksen heim. Den vart målt til 83,5cm og vekta
stoppa på 5,5kg. Det var ein hann, så ikkje noko stort sakn for stamma.
Det vart seint før Inge kom seg til køys, så morgenkortet på Bjørlo gikk
stort sett vekk i soving, men han rakk nokre minutt på slutten. Men det
gjorde lite for han hadde også kveldskortet på Bjørlo. Han fiska over
midtre og nedre og prøvde alle hølane som kjem fram på lita elv, men det
var heilt dødt. Så han gav seg i 18-tida.
Ståle fiska morgenen på Staten, og her såg han bra med fisk foran
Skipenesbrua, både som viste seg oppe på brekket og fisk som stod nede i
hola foran brua. Men han kjende ikkje noko av dei.
Ståle fiska kvelden på Alsaker, men det var dødt. |
04.07 |
Bjørn og Lene fiska
mandagsmorgenen på Alsaker. Det skulle være fullbooka, men dei var ikkje
fulltallige. Det var nokre få fisk å sjå, men ikkje noko å kjenne. Det
var mykje fisk på bruene. |
05.07 |
Bjørn
og Lene fiska også tirsdagsmorgenen på Alsaker. Denne dagen gikk det
mykje fisk og dei såg 2 og 3 fiskar passere Fossekanten heile morgenen og formiddagen. Bjørn
hadde først på ein skikkelig villbass. Den tok på bortsida av berget, og først raste
den nedover imot fossen, før den snudde og raste heilt fram i Fåhølen.
Her roa den seg heller ikkje lenge, for like etter
så raste den ned igjen på bortsida av berget igjen før den datt av.
Like etter, i 8-tida fikk Bjørn
på ein laks nede i djupet utanfor bergnasa på Fossekanten. Fisken var
veldig slakk og rolig og
vart raskt berga av Lene som var skuffa over at den ikkje kjempa meir. Vekta stoppa på 4,4kg.
Dei tok pause i 9-tida før
Bjørn gjorde ei vende til litt utpå formiddagen. Fortsatt gikk det mykje fisk,
men den ville ikkje ta. Dei såg ikkje noko av alle dei som skulle være
der sammen med dei, og dei var stort sett aleine heile kortet. |
06.07 |
Bjørn og Lene fiska
onsdagsmorgenen på Alsaker, men no var det veldig dødt. Dei såg ein laks
og ein tert det var alt. Dei var stort sett åleine. |
07.07 |
Bjørn og Lene fiska
morgenen på Alsaker og det var heilt svart, så dei stod over siste
morgenen og reiste heim. |
08.07 |
Inge fiska Bjørlo
på kvelden, men det var totalt dødt. |
09.07 |
Inge fiska over Nor
på natta. Det var ein fisk som hoppa, men dei kjende ikkje noko. Inge
fiska kveldskortet på Bjørlo, men det var heilt dødt. Han reiste ganske
tidlig ut igjen, fordi han skulle på jobb i Lakselv og måtte reise
søndag ettermiddag. |
11.07 |
Ørstaelva Mo
06-12 |
Det
skulle vore regn heile helga og fortsatt være regn i lufta, men det gikk stort sett
utafor, så elva var fortsatt lita mandag morgen. Eg skulle innom
sjukehuset så eg stod opp tidlig og prøvde eit morgenkort på Mo. Det regna litt på morgenen, men regnet som skulle komme tørka
vekk. Eg hadde to små drag i fluga på fremste, men ellers var det
heilt dødt. Det vart tatt ein liten pjakk på nedre del. Eg gav meg
klokka 10 og reiste på sjukehuset, eg hadde starta på ferie, men
bestemte meg for at vart det ikkje fiskevær, eller malevær, så reiste eg
på jobb, og dermed vart det jobb både resten av denne dagen og resten av
veka. |
16.07 |
Inge var i Lakselv
på jobb denne helga, så det vart ikkje fisking på han. Etter enno ei
tørr veke så skulle det begynne å regne natt til laurdag og det var meldt 3
dager med regn, 40mm. Og regnet kom, men i mindre grad enn meldt. Lurte heile tida på å ta turen til Ørsta, men det
vart aldri noko skikkelig regn og eg trur ikkje det vart 20mm. Tore var på
Eid og fiska Kvien laurdag ettermiddag. Det var første gangen han fiska
der og fant seg ikkje til rette i kratt og tuene. Han var heller ikkje
sikker på kor langt ned sona gikk, så han fiska ikkje Hammaren. Kjende
eller såg ikkje noko. |
17.07 |
Ørstaelva Mo
00-06 |
Fiska
med fluge til klokka var 01.30 uten å kjenne liv. Då måtte eg fram igjen
etter meir klær og sette meg i bilen og åt litt. Dubba av ein liten
time, men var klar igjen i det det begynte å lysne i 3-tida. Fiska over
strekket ifrå parkeringa, gjennom svingen og ned til brekket nedanfor
buda, men det var ikkje noko å kjenne. Prøvde så makken ifrå bua og
nedover. Var borti nokre småaurar nedover, men ville ikkje ha dei på så
slo ikkje til og fikk derfor berre eit par av dei. Nede i nederste såg
eg fin fisk hoppe sist eg var her, så fiska også denne sjølv om eg
vanligvis ikkje gjer det. Var ikkje noko å kjenne fram i, men masse aure
å kjenne bakpå. Slo heller ikkje no til, men likevel så hengde det seg
på ein. Denne ytte bra motstand så eg forstod at den ikkje var av dei
minste, men langt unna ein kjempe. Vel på land skulle eg krøke den av,
men den hadde munnsvalgt så eg såg ikkje kroken ein gang. Så dermed vart
sjøauren på 720g og 41cm med heim. Det var no fjøre så det vart ein
fin høl ved pumpestasjonen, så eg fiska den også. Her synes eg at det
blenkte i ein fisk så vidt, men kjende ikkje noko når eg fiska den. Gikk
nedover og kasta 3-4 kast på veien før eg gikk opp på baksida av
Smørholmen. Tok med flugestanga og gikk fram til bilen, for klokka var
no 5 så eg tenkte konsentrere meg meir om området rundt der resten av
kortet. Satte flugestanga ved bilen og gikk bort på kanten og lempa uti
makken. På 3-4 kastet så hoppa det plutselig ein liten pjakk like foran
snøret mitt, og i det samme kjente eg at den var fast i snøret mitt.
Fisken
var sprek og hoppa raskt 2 ganger til framover, men då var det stort
sett gjort. Den kjempa litt mens eg taua den ned til buda og drog den
fram på grusen, men kjøringa var ikkje akkurat utfordrende. Pjakken var 49cm og 1100g
og hadde også svalt makken. Gikk fram igjen og fiska over igjen, men no
var det ikkje noko å kjenne før eg kom ned i svingen. Der var det ein
fisk frampå og plukka, men eg fikk den ikkje fast. Mens eg krøkte på ny
makk så hoppa det ein fin pjakk eller liten laks like foran meg. Gikk
framover og såg ein som blenkte godt borti kanten, mulig det var samme
fisken, men like etter var det oppe ein fisk til der eg hadde etter ein
på kastet før. Gikk fram igjen og starta heilt framme og fiska grundig,
men det var ikkje noko å kjenne av fiskane siste kvarteret av kortet.
For så heim og sov litt før selskap med Mathias. Tore fiska Moen på
søndagsmorgenen. Når han kom ned så starta han i fremste, og her stod
det mykje fisk. Han hadde fleire napp og fikk til slutt fast ein aure på kanskje 4kg.
Fisken var
meir utav vatnet enn nedi, og etter ca 2 minutt så greidde den å slå seg
av. Var mest aure trudde han, men var også borti ein laks meir frami.
Fiska seg så nedover før han gikk fram igjen på fremste, men no var det dødt
over alt. Tore fiska så Alsaker
på søndagskvelden, men det var mykje folk på den lisje elva. Han hadde
først på ein fisk på Fossekanten, men denne datt av. Så tok ein annen
fisk og dette var ein diger laks som berre gikk nede i djupet og tøffa,
men den datt dessverre av etter 2-3minutt. Det stod 4-5 laksar til i
bakevja når han gikk utpå etter at fisken hadde slept. Etter dette var
det dødt. |
18.07 |
Tore fiska så Alsaker
på mandagsmorgenen, det seig jevnt med
fisk, men dei ville ikkje ta. Han såg 2 store nedi, ein på ca.8kg og ein
mykje større, kanksje var det den han hadde på? Tore gav seg kl.10. |
20.07 |
Bjørn
fiska Alsaker tirsdagsmorgenen, men var rolig på morgenen. Han prøvde
både Sanden og nedanfor fossen, men elva var lita og vanskelig. Nede på
Fossekanten så hekta
han på ein fisk på rundt 5kg som han kjørte på i ca eit minutt før den
gikk innunder berget. Der nura den sikkert sena imot berget slik at den
slitna. Kl.10.30 kom det ein fin fisk opp fossen som Bjørn krøkte på. Også
denne likte seg godt innunder berget, men det gikk betre med denne, og
Bjørn kunne lande den etter ein kort og grei fight. Denne vog 6,34 og
var 83cm lang. Seinare fikk han også ein pjakk på Fossekanten. Denne
var det nesten like mykje fight i, men når den var så liten så berre
lempa Bjørn den over gjerdet og opp på berget. Denne var 51cm og 1,38kg.
Dermed var kvota full og Bjørn måtte gi seg. Eg snakka så vidt med han
på vei til Lærdal og då skulle han på Alaker også dagen etter, men etter
det visste han ikkje kva han gjorde. |
21.07 |
Bjørn fiska
morgenen på Alsaker og som i går mista han ein laks på ca.5kg. Denne tok
bakpå og tverrsnudde og gikk rett utfor fossen. Bjørn fikk ikkje summa
seg før snøret hang fast på hjørnet på berget og vekk var fisken. I
tillegg fikk han ein pjakk på Fossekanten på fine 1,8kg. |
21.07 |
Lærdalselvi Molde
00-24 |
Inge kom direkt ifrå Lakselv,
så han var litt etter oss andre som var Svein Tore, sonen Daniel,
nybegynnar på laksefronten Stig-Håvard. Vi var på plass rundt kl.22.30,
men Inge ikkje var der før klokka var 23.30. Dei andre hadde bestemt seg for
å ikkje starte før på morgenen, men Inge kom ned når eg gikk i
Bjørnøyhølen og starta med enhåndsen. Inge kom 15 minutt etter meg og då
hadde det allereie hoppa 7 fisker og etter det hoppa det 5 til. Men det
var stort sett framme i hølen så truleg var det støfisk. Vi fiska over
både der og Tilhengaren fleire ganger, men kjende ikkje noko. Etter at
det lysna vart det ikkje noko betre, så vi gav oss kl.05.30 når dei
andre gikk på.
Stod opp igjen ved middag og gikk i elva etter litt
mat, men det vart mest kikking, blant anna i Tilhengeren ifrå bortsida.
Var veldig varmt og vindfullt denne dagen.
Fiska Bjørnøyhølen ifrå bortsida etter at vi såg fisk blenke nedi, men
kjende ikkje noko. Kom ein floding framme i dalen som så vidt kom nedom
oss, så eg søkte ly.
Etter regnet fiska eg Gamle Molde og Moldemuren ifrå andre sida før
vi kjørte oss over elva og åt middag. Etter middagen vart det litt
pilsing før vi gikk i elva kl.21. Når vi kom bort på kanten så var elva
plutselig godt leirfarga og hadde gått opp litt. Fiska då Stabburet,
Gamle Molde og ned til brua. Gikk så i Bjørnøyhølen og fiska der med
enhånds, men det var heilt dødt. |
22.07 |
Lærdalselvi Molde
00-24 |
Etter midnatt gikk resten til
køys igjen, mens eg og Inge fortsatte. Fiska Bjørnøyhølen og
Tilhengeren, men såg berre eit par fisk hoppe. Elva fortsatte å stige,
så mulig det gjorde at det var dødt. Eg gav meg kl.02, mens Inge fiska
over nedanfor brua og Bjørnøyhølen før han gav seg. Var oppe 08.30 og
komen i elva kl.10 og første fiska eg Haagen og Båthølen. Var borti noko
i Haagen 2 ganger. Først slo eg til og andre gangen gav eg slakke, men
begge gangane kjende eg ikkje noko meir. Usikker på kva det var. Tenkte
gå over å fiske nedanfor brua og når eg kom oppå brua så såg eg rett
nedpå ryggen på ein stor Aure. Fiska over og gikk tilbake. Når eg stod
og såg på fisken så seig den bakover. Inge kom og då såg vi at der stod
2. Gikk tilbake for å shoppe.
Etter shopping og middag såg vi avslutninga av dagens etappe i Tour
de France før eg gikk fram og fiska Stabburet, Gamle Molde og Muren
ned til brua. Gikk bak Inge som var på andre sida og håpte han skremte
dei over til meg, men kjende ikkje noko. Sveipa også ned om brua på dei
store aurane som stod der, men dei tok ikkje.
Tilbake på huset begynte
eg å føre dagbok, når Svein Tore Daniel og Stig gikk i elva. Etter litt
gikk også Inge i elva. Like etter hørte eg masse romstering utanfor og så
kom Svein Tore inn og sa at Daniel hadde fått fisk. Han hadde gått ned i
Bjørnøyhølen og lagt ut snøret og gjorde 10 kast før fisken tok. Han
begynte kjøre fisken og ringde Svein Tore for å få hjelp, men han var
heilt framme i Stabburet så før han kom seg ned så var fisken kjørt dau.
Fisken var ei hoe, men det lot seg ikkje gjere å få liv i den igjen. Vel
oppe i huset igjen så visste vekta 5,5kg og 82cm.
Eg satte meg ned
igjen for å gjere meg ferdig, men hadde akkurat komt i gang når Inge
ringde. Han hadde gått ned i Bjørnøyhølen og i det han hadde lagt ut
klumpen så tok den. Eg stengte ned og hoppa i vaderene og sprang ned for
å hjelpe, men før vi kom ned så hadde Inge fått fisken i håven på eiga
hand. Vi fikk knipsa nokre bilder av den nygådde og lusete fisken og
målt den til 84cm før Inge satte den fine hannfisken tilbake. Eg gikk
over Bjørnøyhølen, men no var det over. Tenkte at der kanskje hadde vore
fleire, så gikk fram for å møte eventuelle fisker. Svein Tore var i
Stabburet så eg starta i Muren rett nedanfor hengebrua. Fiska heile
strekket ned til Bjørnøyhølen, men det var ikkje noko å kjenne. Derimot
hadde Inge som hadde holdt seg i Bjørnøyhølen vore i ein fisk, men han
fiska uten slakkebugt så den vart ikkje fast. Var oppe fisk like før
midnatt, men den ville ikkje ta. |
23.07 |
Lærdalselvi Molde
00-24 |
Dei andre gikk til køys, mens
eg og Inge holdt ut i Bjørnøyhølen. I 2-tida så gikk Inge bakpå med ei
litt mindre fluge og fikk der opp ein gedigen aure. Men dessverre tok
den berre bakerste tustane, så den vart ikkje fast, men det er første
gang eg har haurt at ein grøvel gir gjenklang mellom fjella, denne var
diger! Eg gikk fram igjen
og rigga enhånds med muddler. Prøvde på aurane rett nedanfor brua, hadde
bortpå noko som drog forsiktig, men
trur ikkje det var ein av dei store. Gikk så ned og fiska over
Bjørnøyhølen, men med unntak ifrå at ein aure vaka under stangtuppen så
var det dødt. Inge gikk over igjen like før det lysna og ennå lenger
bak så fikk han opp ein aure. Denne tok fluga og vart fast. Inge la seg
på stanga og fikk auren fram. Han kjørte fisken i eit lite minutt uten
at vi fikk sjå den, men så kom fluga. Inge gjetta at den var max 2kg.
Det hoppa ein stor laks i innløpet mens det fortsatt var mørkt. Vi
fiska over innløpet med laksevegn når det lysna, men spørs om ikkje
fisken gikk mens det fortsatt var mørkt for etter det lysna så vart det
dødt. Vi gav oss i 5-tida. Været seinare på dag vart flott med sol og
skyfritt, så venta til klokka var 5 før eg gikk i elva. Då hadde sola
begynt å nærme seg fjellet så tok eg på støvlene og gikk i elva med
enhåndsen. På vei ned i Bjørnøyhølen såg eg ein stor fisk stå i
Båthølen. Stiltra meg tilbake og lurte meg ned foran hølen og fiska
forsiktig over. Hadde eit lite drag i fluga, men ikkje noko som eg
sikkert kan seie var skikkelig fisk. Utover kvelden gikk eg over
innløpet på Bjørnøyhølen fleire ganger, men det var ikkje noko å kjenne.
Var seinare fram og fikk på vadebuksa og henta dei andre stengene. Gikk
deretter ned å prøvde Tilhengaren i det mørket begynte å nærme seg, men
det var dødt. Og samme var det i innløpet på Bjørnøyhølen. |
24.07 |
Lærdalselvi Molde
00-24 |
Etter at dei andre gav seg når
det mørkna så fortsatte eg og Inge. Eg gikk over heile Bjørnøyhølen med
Sage'en og overhandskast. Det var oppe ein fisk å vaka under stangtuppen
godt bakpå, og så hoppa det ein flott aure på andre sida bakpå, men dei
tok ikkje etter med meg. I det eg var komen bakpå så såg vi at månen kom
opp og kasta fullt lys utover hølen, så då forsvant all tru. For det
hadde ikkje vore mykje liv dei 3 foregåande nettene med mykje betre
forhold.
Men Inge ville likevel prøve seg bakover hølen, og heilt bakpå
tok det jaggu ein fisk. Det var tydelig at det var ein aure og Inge
holdt det han var kar om for å hindre at den gikk ut. Sakte kom den
sigande framover og snart kom den raskt fram i hølen. Inge taua fisken
fram til stranda utanfor benken og kjørte den eit lite minutt før den
tagna slik at eg kunne håve den. Den hadde ein stor skade på sporden som
gjorde den vanskelig å måle lengda på, men vi anslo den til å være
lovlig. Fisken var ca.63cm og 3100g. Eg fiska over hølen ein gong med
enhånds, men kjende ikkje noko. Men igjen skjedde det samme, ein fisk
vaka og ein hoppa på samme plass som sist. Inge ville også prøve seg så
eg tok grovestanga og gikk i innløpet sia det hoppa fisk der. Var
usikker på om eg skulle bruke slakkebugt eller ikkje, men tenkte det var
så mørkt at det mest sannsynlig var aure som tok. I det eg hadde komt
ned til forbygginga og steig opp av elva så var det eit forsiktig drag i
fluga. Søren tenkte eg der var noko, men det vart stille eit sekund så
eg trudde den var vekk. Men plutselig drog det lett igjen for så å berre
dra på, Fast fisk. Den var så vidt oppi når den vart fast, men gikk
ellers nedi djupet. Tenkte den ikkje var så veldig fast så var forsiktig
og fisken berre tøffa rundt. Sia den ikkje kom oppi så tenkte eg at den
sikkert var litt større, så ringde Inge. Han var akkurat ferdig bakpå
brekket så han kom fram for å håve. Fisken gikk rundt nedi og eg begynte
å tru at dette kunne verte fisk, men då kom fluga.
Vi lot hølen kvile litt før vi gikk over kvar sin gang, men det var
dødt når det no lysna. Så når klokka var 04.30 så pakka vi sammen og tok
kvelden.
Etter
å ha sove og ete litt frokost så vart det berre bisning på grunn av sol
og fint vær, og mykje stor aure var fortsatt å sjå. Etter kvart vart det
siste etappe på Tour De France, ein siste middag på kroa, rydding av hus
og målgang før vi gikk i elva for ein siste innspurt. Eg satsa først på
Båthølen sia vi hadde sett fisk der, men der var det dødt. Så gikk eg
fram i Stabburet i det det kom eit kort og intenst regnskyll. Såg
einkvan som kom ifrå Bjørnøyhølen med fisk, og sia eg hadde kontroll på
Inge og Stig på motsatt side, så måtte det være ein av Sætrane, og sia
det var berre ein så måtte det være far, Svein Tore. Fisken var ein
lusete hannfisk på 5,7kg, men med litt begynnande tegninger på hovudet
og lett lillaskjær. Eg kjende ikkje noko og gikk ned til brua der Inge
kom over ifrå andre sida. Han hadde hatt eit kraftig hogg i fluga
nedanfor brua, ein aure, men den hadde på mystisk vis ikkje vorte fast.
Vi gikk så ned i Bjørnøyhølen der eg raskt gikk over hølen uten å kjenne
noko, mens Inge tok Tilhengaren. Stig kom også over og gikk over hølen
før Inge gikk å prøvde. Når Stig gav seg og gikk å pakka sammen, så
ringde eg heim og sa vi vart seine fordi vi ville fiske ut, om ikkje eg
fikk fisk. Når Inge var komen midt bakpå hølen så var eg ferdig i
telefonen og gikk fram i innløpet. Fiska meg ned på neset og tenkte gå
strekket nedover, spesielt når eg såg Inge gå opp og då sikkert ville
prøve framme igjen. Men han knytte berre på ny fluge og gikk ned og
fortsatte der han stod. Så då tenkte eg at då står eg i innløpet og
banker. Rygga meg framom neset igjen og stod der og kasta. Det var
begynt å skymast, så eg fiska uten slakk bukt for å ha sjanse på aure
også. Etter berre 3-4 kast så la eg fluga nesten inne mellom steinane på
andre sida og plutselig var det ein fisk som tok så eg holdt på å miste
stanga. Eg forstod fort at det var laks, men trudde ikkje den var veldig
stor. Gikk opp på baren og kjørte den derifrå og då såg Inge meg og kom
oppover. Fisken kom oppunder land før den rende over elva og hoppa med
piruett nesten på land. Då vart vekta anslått til rundt 5kg. Fisken var
veldig seig å få i håven, men etter eit par utras og mykje gåing like
utanfor rekkevidde så begynte den å legge blanksida til, og etter eit
par-tre forsøk så kunne eg dra den over kanten på håven. Vi såg fort at
fisken var større enn dei 5 kiloa som vi hadde anslått den til, men vi såg også at det var ei hoe. Vi såg
etter fluga, men den var ikkje synlig ifrå utsida og fisken hadde låst
munnen igjen. Inge prøvde åpne kjeften, men måtte gi opp og løfte fisken
opp på land i det regnvåte graset. Han prøvde først å raskt åpne kjeften
for å finne fluga, men laksen bukta på seg og Inge måtte gi opp. Så
satte han seg over fisken og holdt den fast mellom bena og prøvde tvinge
opp munnen, men kvar gong Inge fikk åpna den så greidde laksen vri seg
så taket glapp og munnen gikk igjen. Inge gjorde fleire forsøk og fikk
etter kvar tanga på fluga, men den sat djupt og ekstremt godt bak i
kjeften, så laksen vrei seg laus kvar gong Inge sleit i fluga. Men til
slutt gav fisken opp og Inge slapp til å røske ut kroken, men no hadde
det gått minst 5 minutt og fisken hadde blødd ein god del samtidig som
den var heilt tom, så når eg foreslo å prøve gjenutsetting så nekta Inge
å ein gong prøve.
Og
det var nok det rette for fisken låg død og når eg løfta den og slo den
ihjel så virka den allereie dødt for den rikka ikkje ein muskel. Ein
liten bismak på slutten av nokre bra dager i Lærdal at vi ikkje fikk ut
igjen fisken, men det var no ein flott laks på 7,04kg og 93cm. Etter
dette gav vi oss, grunneigaren stod klar å desinfiserte og fikk det
unnagjort mens vi målte og vog fisken. Så vi satsa på 00-ferga som
riktignok ikkje gikk før 00.30.
Vel heime var det pakking for Ly som reiste på husmorferie i Vietnam den
25.07. |
27.07 |
Stryneelva M.Kirkeide 12-24 |
Det var eit håp at auren også
hadde begynt å gå på elva i Stryn når den no var 80 kubikk, men vi lette
med lys og lupe i Oteren, Laksegard og Kirkehølen uten å finne ein
einaste ein. Heller ikkje såg vi noko av nokon laks. Vi fikk besøk av
oppsynet og han kunne fortelle at dei hadde fått 600kg laks med snitt på
7kg, så det er minst like bra som på Eid. Vi gav oss kl.22.30 etter å ha
fiska sia kl.16. |
28.07 |
Stryneelva N.Kirkeide 00-12 |
Vi kjørte som vanlig ned på
neset og fyrte opp ein grill for å grille nokre pølser. Like etter kom
kjerringa på garden og sa vi ikkje fikk lov å kjøre ned hit, men måtte
parkere ved kirka. Inge kjørte bilen opp mens eg gjorde klart. Etter å
ha ete pølsene så fiska vi over sona i den timen som elva er åpen, men
det var heilt dødt. Etter å ha sove litt i bilen var vi tilbake i elva i
04.30-tida, men det var ikkje meir fisk å kjenne når vi gikk over med
makk. Vi såg heller ikkje fisk nokon plass, så vi gav oss når klokka
nærma seg 09. |
28.07 |
Etter
å ha hatt brudd i foten og hinka rundt på krykker i ferien så var
Mathias tilbake i elva på Sæbø etter ein litt kortare ferietur enn
planlagt fordi Dina vart sjuk. Like før dei reiste feira Mathias 14år og fikk då vadebukse
i gave, så no var han oppdressa som ein skikkelig flugefiskar. Han fiska
sjølvsagt sammen med storkastar Sivert.
No hadde det vore litt meir regn så elva hadde gått opp litt og fått
litt farge i forhold til slik ho var før ferien og foten rauk.
Mathias fiska i innløpet av siste hølen på flugesone nr.2 når
det plutselig beit på fluga. Mathias kjørte fisken i ca eit minutt og
under professionell guiding ifrå bestefar så kunne Mathias lande den i nederste hølen. Fisken var ein liten fin pjakk på 45cm
og 0,8kg. God trening for ein framtidig storfiskar
Sivert kjende ikkje noko, men var ivrig etter å gjenta broren når
Mathias måtte vente til neste kort før han kunne reise i elva igjen for
å prøve. |
29.07 |
Driva Sone 2&3 20.30-23 |
Så var turen komen for å besøke
Driva igjen. Det var regn i lufta når vi kom dit og det var meldt om
meir regn framover. Elva gikk no med rundt 76 kubikk, men vi hadde håp
om at den raskt ville stige. Det var allereie ein flugefiskar og 2
makkefiskere her, men sia det regna så var ikkje dei veldig aktive. Så
Inge gikk fram og starta med fluga, og noko seinare gikk eg også fram og
gikk over. Det hoppa litt fisk og det gikk sikkert ein del, men dei
ville ikkje bite med oss. Etter kvart kom Ollo, Bechsen og fleire av dei
lokale innom og det vart mest prating. Det regna jevnt så vi gav oss
tidlig. |
30.07 |
Driva Sone 2&3 09-13
Kleivhølen 13-16 |
Vi tenkte at sia det gikk ein del fisk i går kveld på floa, så var det
ikkje umulig at det ville gjere
det
også i dag, så vi var på plass like før flo på sone 2&3. Elva var enno
eit par kubikk lavare, men begynte etter kvart å stige sakte. Vi gikk
først over heile strekket ein gong kvar med fluga, men det var stilt og
vi kjende ikkje noko. Etter ein kaffikopp så gikk Inge fram å fiska ifrå
steinane og nedover, mens eg snakka i telefonen med Ly og Lilly i
Vietnam. I det Inge kom ned på høgde med bua og klokka var 10.15, så
beit det plutselig på fluga ganske langt borte. Inge taua fisken greit
framover og kjørte den i det litt roligare vatnet der, mens eg overførte
kjøringa direkte til Vietnam. Det var ingen stor fisk kunne Inge
konstatere, så eg gikk ned for å være klar, og overførte håvinga direkte
av pjakken på 62cm og 2,2kg. Pjakken var ganske garnskada og hadde
tydelig jobba for å komme fri igjen. Dette er vel akkurat størrelsen som
klarer trykke seg igjennom kilenøtene.
Etter
dette gikk eg over, men då var det dødt igjen. Så etter ein kaffi så tok
Inge stanga klokka 11.10 og gikk ned igjen, og etter berre 3-4 kast så
sat den igjen, no noko lenger framme då Inge stod omtrent på grensa
mellom sone 2 og 3. Inge kjørte fisken på samme måte, men vi såg raskt
at denne var enno mindre. Men den kjempa godt og det tok vel eit minutt
før Inge kunne dra den inn i håven. Pjakken var 57cm 1,46kg og var litt
garnskadd.
Etter dette vart det stille med biting, men vi såg fortsatt fisk som
gikk og eg hadde oppe ein fisk ganske langt bakpå, men den tok ikkje
fluga. Vi avslutta på Sone 2&3 og fortsatte morgenøkta på Kleivhølen
kl.13, men her var det også veldig rolig. Eg var også fram og fiska over
Blind-Jo, men heller ikkje der var det noko å kjenne. |
30.07 |
Driva Kik.brekk 19-21
Kleivhølen 21-23.30 |
Kolbjørn
fortalte at det hadde vore ein svenske å fiska på Kiklingbrekk i natt og
på dagen som hadde slitt vekk 2 laksar på 0,23-sene. Så vi tenkte vi
ville prøve om der kunne være fleire, men det var der ikkje. Men fint er
det der i alle fall. Etter dette avslutta vi kveldens økt med å fiske
Kleivhølen til klokka var 23.30, men der var heller ikkje noko no å sjå
av fisken som gikk på morgenen. Elva var no raskt stigande på regn i
øvre del, mens været var bra her nede. |
31.07 |
Driva Sone 2 08-11
Skjelland 11-12.30
Kik.brekk 12.30-15 |
Igjen var vi på sone 2 på morgenen når det var flo, sia vi i går såg
fisk ifrå vi kom så ville vi starte litt før i dag for å sjå om fisken
kjem før floa. Elva steig no raskt og gikk ifrå 95 når vi starta til 105
før vi flytta på oss.
Eg
starta med å gå over, men kjende ikkje nok, så Inge tok over og etter
berre nokre få kast sat fisken like nedanfor der den siste tok dagen
før. Denne var det enno mindre futt i så kjøring og berging gikk raskt.
Og kanskje var det ikkje så rart at den var slitt svak, for den hadde
gamle garnskader som hadde vore infiserte så den var ganske tynn. I
tillegg var det ein oppdrettspjakk på 59cm og 1,46kg. Vi hadde håp om at
vi skulle klare å få fleire, men det var ikkje meir å kjenne.
Vi tenkte at det kanskje var ei mulighet i innløpet på
Skjellandstraumen, men Inge fiska over i lett regn uten å kjenne noko.
Han meinte også at det var for lite drag der enno, så vi flytta fram på
Kiklingbrekk akkurat i det dei stengte kraftverket og elva datt ifrå 108
til 100 kubikk. Inge gikk ned og fiska nedre, mens eg gikk over hølen
med fluga før eg prøvde makken der. Det tok ikkje mange kasta før det
var noko rart og eg drog på land eit snøre. Fiska litt til før eg igjen
hang i eit langt snøre. Hadde eit drag bakpå, men usikker på kor stort
det var. Inge kjende heller ikkje noko nede på øra. |
31.07 |
Driva Skjelland 18.30-21
Postmester 21-23 |
No hadde elva stagnert og begynte å gå ned, så vi tenkte at vi måtte
prøve Skjellandstraumen før det var for seint. Det var mykje som nappa,
men det var stort sett smått. Nokre lette drag av større fisk var det,
men ingen som ville henge på. Det var ein Norsk/Nederlender der som
hadde på ein aure på 2-3kg, men den for før den kom på hold for håving.
Klokka 21 gav vi opp og kjørte ned i Postmesteren for å sjå om der var
fisk på floa, og det var der for det hoppa straks vi kom dit. Eg fiska
over med fluga, men såg berre ein stor laks hoppe framunder brua på
andre løpet. Gikk så over på makk og var borti eit par fiskar bakpå, men
dei vart ikkje faste. Når eg var på vei fram igjen hoppa det fisk bak.på
brekket og eg fiska over, men det enda med slit i steinane. Knytte opp
igjen og no hoppa det fisk midt framme i hølen. Inge stod å snakka med
Svein Haugen, så dei fikk det ikkje med seg. Eg lempa borti, men det var
ikkje noko å kjenne, og igjen sleit eg i knuten. Etter dette gikk vi
over innløpet før regnet kom og vi gav oss. Elva var no nede på 92
kubikk igjen. |
01.08 |
Driva Sande 08-12
Skjølland 12-15 |
Elva hadde no kome opp på 107 kubikk og etter kvart kom kraftverket
tilbake og elva vaks, så før vi flytta på oss så var den oppe i 130
kubikk. Inge starta med fluga på Sande, mens eg gikk fram i Tvisthølen
med makken. Starta heilt framme, men det var litt vanskelig så eg flytta
raskt nedover til sanden. Her var det fint og etter berre nokre få kast
så var det noko bortpå å drog heilt forsiktig, eg tenkte aure og like
etter drog den igjen, no litt kraftigare og enno ein gong og då gav eg
slakke. Tok igjen snøret og kjenda at fisken plukka enno og var då
sikker på at den var der når eg slo til. Og det var den. Fisken rulla
rundt nede i djupet, men visste seg ikkje. Eg holdt god stramming og
fisken roa seg etter kvart. No vart den berre ståande i ro og eg lurte
på om den hadde gått rundt ein stein. Men så begynte den å sige sakte
framover. Etter 8-10 meter så stoppa den og rulla eit par runder nede i
djupet. Eg synes bremsa var litt hardt stilt, så eg slakka litt når
fisken begynte å sige framover igjen. Plutselig snudde fisken og raste
over elva og då kom kroken trudde eg, men når eg sveiva inn så var der
berre ei griserumpe. Knuten hadde røket, det var lenge sia sist.
Eg
knytte opp med eit hakk tjukkare sene og fortsatte nedover. Like
nedanfor så satte eg fast igjen og sleit kroken igjen, i knuten. Knytte
på ny og prøvde igjen og no satte eg blyet fast og no rauk det i knuten
i svivelen. Då forstod eg at dette ikkje var tilfeldig. Knytte på med
anna sene og no slutta eg å slite. Satte eg fast så rekte eg kroken og
blyet greidde eg aldri slite. Dermed var syndaren funnen, den nye sena
eg kjøpte på Chatlet på vei til Lærdal, berre synd det ikkje slo meg før
eg hadde slitt vekk ein diger sjøaure, kanskje drømmeauren.
Bråthen kom inn mellom meg og Inge og fikk raskt på ein aure. Denne
følgte han nedover og landa nede på enden av Sande, truleg for å komme
unna Inge, men han følgde etter og såg tydelig at det var ein aure, men
på laksebørsen vart den meldt inn som ein svel på 2,7kg.Like etter
sleit eg vekk alt 2 ganger når eg begynte på Sande, så det vart kaffi og
når Inge ikkje kjende noko så bestemte vi oss for å flytte til ein meir
lettfiska høl.
Nede i Skjøllandstraumen hadde det hjulpe med dei ekstra kubikkane,
men det kunne gjerne vore mange fleire. Vi fiska grundig over og var i nokre
fiskar, men ingen som tok skikkelig. Vi såg kun ein fisk som hoppa og
det var framme i svingen. |
01.08 |
Driva Torva 17-21
Lisjehølen 21-23 |
I rein desperasjon gikk vi Drivaprominaden til endes og fiska nede ved
Torva, men på andre sida. Vi var nr. 5 og 6 på rekka nedover og det var
kun førstemann som fikk fisk og han fikk minst 3 og miste ein, alle
truleg aurar, så han måtte sette ut alle unntatt ein. Sjølvsagt vart
denne også lista i børsen som svel. Vi prøvde så vidt ved utløpet ifrå
verket, men ikkje mange kasta. Så kjørte vi opp i Lisjehølen i det
elva passerte 120 kubikk på vei nedover. Inge starta foran bua, mens eg
venta litt og gikk inn bak Inge, men her var berre småkrede og så sleit
eg blyet og etter å ha knytt opp så gikk eg ned om Inge og fiska bakpå.
Her var det berre småkrede, så fiska meg raskt nedover. Inge derimot
fant ein aure på ein kilo som fikk friheten tilbake. Når eg kom langt
bakpå så var det oppe to fiskar i utløpet på sida, var borti noko, men
usikker på om det var ein av dei. Gikk fram igjen og då sa Inge at han
hadde sett fisk også i bakerste løpet og han hadde sett 4 som kom opp
sideløpet. Eg gikk fram i bua for kaffi når dei fikk på ein laks på
andre sida. Stod å såg på mens dei kjørte og landa fisken, ein fin laks.
Vi fiska over ein gong til, men det var ikkje noko å kjenne. No var
det stille, regn og mørkt, så vi anslo sjansene for laks som små og sia
vi ikkje hadde sett eller kjent skikkelig aure så gav vi oss. |
02.08 |
Driva Skjølland 10.30-16 |
Vi var deppa over at det var så dødt dagen før når elva var flott og
hadde gått opp ein del, så når den no var på vei ned igjen så sleit vi
med motivasjonen. Men etter å ha sove til klokka var halv 10 så kom vi
oss i elva på Skjøllandsneset til klokka var 10.30. Eg starta framme på
høgde med bua på andre sia. Like etter at eg starta hoppa det ein fisk
rett utanfor bua, men den tok ikkje. Fiska meg nedover og fleire fiskar
var oppe når Inge starta ovanfor meg. Etter berre nokre få kast mista
Inge botnkontakta og gav slakke for å finne igjen botnen, men i staden
nappa det. Inge kjente straks at det var laks som tok og slo til. Fisken
var skikkelig vilter og gikk nesten rett opp i lufta som ein stor aure.
Så kjørte den seigt rundt borte i hølen før den igjen satte opp farta og
gjorde eit nytt byks. Fisken var fortsatt sprek og når den hoppa igjen
kunne vi sjå at det var ein laks med god farge, samme som dei som hadde
hoppa. Eg gikk og satte ifrå meg stanga og tok fram håven. Spurte Inge
kvar han ville lande den og han sa at framme på neset der han stod var
bra. Eg gikk fram og fant at dette var ved inntaket til verket der det
var fine betongklosser å stå på så eg gikk ned og gjorde meg klar i det
ein av oppsynet kom for å sjå. Fisken var skikkelig seig og ville ikkje
inn på innsida av straumen, men kjørte heller over på andre sida av
straumen og hoppa eit par ganger til. Til slutt tagna den og den kom
nærmare og eg kunne då sjå at kroken sat bak i saksa så fisken hadde god
styring. Den hang uti straumen ei lita stund til før den til slutt måtte
gi seg og kom innom straumen.
Inge
gjorde eit par forsøk på å få den i håven, men den var fortsatt ikkje
heilt ferdig og kjempa hardt, men måtte til slutt gi seg og han kunne
dra den over kanten på håven og eg løfta den opp av vatnet.
Inge stod oppe på bakken og tok imot håven og bar den bak på graset
og kunne endelig slå fast at dette var ein fin hannlaks med litt farge.
Men då kom oppsynet og meinte det var ein aure, for sporden var rett,
men når Inge tok den ut av håven og viste han at sporden ikkje var heilt
rett så gav han seg på at den skulle ut igjen. Laksen var 93cm og Inge
var ganske sikker på at han endelig hadde fått storlaks i år, men vekta
viste berre 6,5kg når vi kom tilbake i bilen.
Eg fiska over fleire ganger utover dagen, men greidde ikkje å få noko
til å ta nok til at det vart fast. Inge greidde å få fast ein aure på
1kg som han satte ut igjen. Vi gav oss når klokka var 16 for å få oss
middag. |
02.08 |
Driva Sone 2&3 18-23.30 |
Etter middag tenkte vi at vi ville sjå om fisken gikk også på fjøra så
vi fiska sone 2&3 for å få ein feeling med det. Inge starta med makken
framme ved steinane, mens eg gikk heilt fram. Var mest småaure her, men
elva er brei så gikk sakte når eg skulle fiske full bredde. Så før eg
var komen ned på neset så var Inge komen fram og begynt heilt framme.
Når eg var på neset så visste eg at det var ei djup hole like nedanfor
der fisk ofte viser seg, så eg fiska grundig her, også heilt inne ved
steinane. Det var berre småkreder, men når eg kom heilt inn i steinane
så var det dødt. Trudde makken berre hang rett unna, men synes det
stramma seg litt så eg løfta forsiktig stanga. Det var motstand så eg
tenkte det hang på ein stein. Letta stanga litt til og då var det noko
som drog tilbake. Eg holdt og der var det igjen. Eg senka stanga og gav
slakke. Tok igjen snøret og stramma ytterst forsiktig opp igjen og
kjente at der var fortsatt noko i enden, så eg slo til. Fast fisk!
Fisken stod rolig, men den stanga tungt med haudet og eg tenkte at denne
sat. Men då kom kroken og fisken var vekk. På dei neste kasta var eg
bort i fleire fiskar der, men desse var enno meir forsiktige og eg fikk
ikkje tilslag på dei. Samme opplevde Inge når han kom etter. Vi
fortsatte med å fiske nede ved bua ei stund før eg gikk fram og prøvde
igjen. Men eg sleit alt 2 ganger før eg kom ned så eg gav opp. Inge
prøvde etterpå, men no var det dødt. Bråthen og ein kar til kom og fiska
over ein gong uten å kjenne noko. Inge prøvde også fluga nede ved bua,
men det var dødt. Vi hadde berre sett nokre aurar bortunder land på
andre sida, så vi gav oss når det mørkna. |
03.08 |
Driva Skjølland 7-10.30 |
Inge hadde god tru også i dag på Skjøllandsneset så vi
starta der, men i dag var det heilt dødt. Eg såg ein pjakk blenkje utfor
bua og eit par pjakkar som hoppa, men eller var det dødt. Inge prøvde
også nedover på sone 3, men der var det heller ikkje noko å kjenne. Eg
var ikkje god i magen, så når vi flytta plass kl.10.30 så ville eg
heimom for å besøke lisjehuset. Hadde eit par ting å ordne med ny
skyteline, nokre regninger å betale og eit par andre ting så Inge tok
turen åleine ned på sone 2 kl.11.30, men der var det heilt dødt så han
gav seg kl.13.
|
03.08 |
Driva Kik.brekk 18-19
BlindJo 19-21
Kleivhølen 21-22
Sone 2 22-00.30 |
Inge ville fortsette med makken, mens eg ville prøve fluga igjen, så då
la også Inge vekk makken og satsa på fluga. Vi tenkte at vi skulle prøve
Kiklingbrekk
igjen etter at Furu hadde hatt den eit døgn. Vi såg ein mann når vi kom
der, samt at det akkurat var komen ein bil, men før vi kom oss ut av
bilen så hadde to biler til komt og i det vi gikk så kom to biler til.
Eg gikk fram, mens Inge gikk nedover. Eg fikk være åleine, mens Inge
snudde når han såg ein bil nede på øyra og 4 mann nede i bua. Dermed
fikk vi fiske hølen aleine. Eg hadde eit lite drag i fluga foran
steinen, men ellers dødt, Inge kjente ikkje noko.
Med
så mykje folk så var vi bekymra for om det var det samme andre plasser,
så vi kjørte ned til Blindjo der vi trudde vi kunne få være aleine. Og
det var vi, men der var ein på andre sida i Prestelva og han fikk på ein
pjakk i det eg var på vei ut. Fisken vart landa foran hølen. Eg starta og
fiska over Blindjo, men med unntak ifrå ei krede på 12cm foran steinen så var
det dødt. Inge prøvde seg også, men med enno skrinnare resultat.
Det var mykje folk på Sande, men på Kleivhølen hadde vi sett berre
ein mann gå ein gang på 2 timer så vi prøvde der. Vi starta framme og
straks starta ein mann nede på del 2. Eg fiska meg først nedover uten å
kjenne noko. Når eg hadde 15 meter igjen til grensa for del 2 så stilte
Bechsen seg på kanten for å følge med og når eg hadde 3 meter igjen så
kom han ned og ville fiske, så då var det berre å gi seg. Inge kom bak
og gav seg også når han kom ned der. Vi orka ikkje å fortsette å sloss
om å få fiske her, så vi fortsatte vidare.
Vi tenkte at det kanskje ville gå litt fisk i skyminga så vi reiste
ned på sone 2 og fiska over der mange ganger. Eg hadde eit lite kakk i
fluga på første overfaret, men det var også alt. Vi så ein fisk hoppe
heilt bortunder land og like før vi gav oss hoppa det ein aure på eit
par kilo ved steinen midt i elva, utanfor kastehold, så vi pakka sammen
og tok kveld.
På
Sæbø fiska Mathias og Sivert nede på flugesona i osen. Elva var lita,
men det var mykje fisk å sjå i osen som stod og venta på vatn. Det hadde
vore tatt nokre fiskar før på dag så trua var på topp med mykje hopping
og vaking. Det var mykje folk å såg på dei, og alle var imponerte over
kor flinke dei var å kaste med fluga, så alle trudde dette måtte verte
fisk på ein av dei.
Fleire gonger hoppa det rundt linene utan at dei ville ta fluga, men
plutselig tok ein fisk fluga til Sivert. Det var ein fin aure som tok fluga
og kjøringa gikk heilt flott, så dermed kunne han lande sin første fisk,
ein flott aure på 0,82kg.
Dette var akkurat større enn den Mathias fikk tidligare, som var
0,8kg. Det var sjølvsagt stor stas med første fisken, så det vart bilder
og masse lykkeønskinger på Facebook og meldinger. |
04.08 |
Driva Rønningen 11-1330
Prestelva 13.30-15 |
Vi
hadde sett på at det såg fint ut på nordsida av Rønningen når vi gikk
over Blindjo dagen før, så vi tenkte vi måtte prøve der. Og der var
flott med fluga, fleire fine områder og mange gode steinar, men vi
kjende ikkje noko.
Deretter prøvde vi oss i Prestelva og der var eg så vidt borti ein
fisk langt framme, men den berre drog så vidt i fluga. Inge kjende
heller ikkje noko her.
Inge fiska seg vidare ned i Blindjo og skremde der ut eit par fiskar
som stod inne på stilla, men han kjende ikkje noko så vi gav oss når
klokka var 15.30. Under ser vi Prestelva til venstre og Blindjo i høgre
halvdel av bildet.
|
04.08 |
Driva Kleivhølen 18-2330 |
Vi var ganske rådville på kvar
vi skulle prøve, så det vart Kleivhølen der forholda skulle være bra no.
Eg gikk først og såg eller kjende ikkje noko. Når Inge kom etter så vart
han akkurat før tre andre som kom. Etter nokre få meter drog det i
snøret til Inge langt borte, men den vart ikkje fast. Like etter hoppa
det ein annen fisk bak han og samtidig hoppa det ein på vår side i
Tvisthølen. Vidare nedover kjende heller ikkje Inge noko. Han gikk fram
i Blindjo, mens eg sat og prata. Her fikk han ein liten aure foran
steinen, og var i ein til nedanfor steinen, men kjende ikkje noko av dei
fiskane vi hadde sett eller den som hoppa ut ifrå Tvisthølen når han
starta. Vi gikk over Kleivhølen ein gong til kvar, men vi kjende ikkje
noko og det var minimalt å sjå også, så når det mørkna så gav vi opp.
På Sæbø derimot var Mathias og Sivert igjen i elva nede på flugesone
1. Dei fiska heile kvelden uten at det beit noko og etter kvart gav den
eine og den andre av tilskuarane opp.
Men
Sivert han stod på og fiska jevnt og trutt. Heller ikkje at det mørkna
stoppa han ifrå å fortsette. Dei som var der sa at det nok var for seint
for å få laks, men aure kunne han kanskje få i mørket.
Og ja aure vart det, og ein skikkelig flott ein også. Denne var
større enn sist og var enno meir utfordrande å kjøre, men med god
veiledning så gikk alt flott og dei kunne håve den flotte auren på
1,1kg. |
05.08 |
Driva Gravem 11-19 |
Vi hadde kort på morgenen også
i nedre del, men trua var elendig, så vi pakka i bilen og kjørte fram i
dalen der dei hadde fått litt fisk siste dagane. Vi hadde god tru når vi
parkerte på skytebana og starta nederst på Hjelle og fiska oss nedover
Bjørbekk. Og ganske raskt var det ein fisk som drog forsiktig i fluga
mi, men den vart ikkje fast. Denne fremste hølen på Bjørbekk var ganske
forandra viste det seg. Vi fiska så den lange fine hølen nedanfor, her
var det allereie ein slukfiskar på andre sida, men han fikk heller ikkje
noko. Inge gikk opp å henta bilen, mens eg gikk ned på brua. Eg såg
ikkje noko der og når eg gikk av brua så gikk Inge framover å prøvde
foran brua. Så eg fiska rett nedanfor brua og i renna nedanfor, men det
var mykje motvind og vanskelig. Gikk så fram å snakka med Inge før vi
bytta og eg fiska foran brua. Her var steikje fint, men ikkje noko som
beit. Inge fiska nedafor brua og kom midt ned på strekket når Endre
ringde. Dei sat å prata til eg var ferdig og var komen ned dit. Sat så å
såg på Inge fiske seg ned renna uten at det var noko å kjenne.
No
var det kaffi og litt yoghurt før vi fortsatte å fiske i Sandin, men det
var dødt. På vei fram i Rønningen så gikk vi å åt bringebær i det eg
fikk strekk i leggen igjen, men hinka meg fram i Rønningen. Her fiska eg
fremste del, mens Inge la om til aurevegn og fiska heile bakre del. Oppe
i bilen igjen lurte vi på kva vi skulle gjere og vart enige om at sia
klokka var 19 så var nok middag det rette. Vi kjørte for å finne oss ein
plass å skifte og endå oppe i Åmoten. Dette var ein skikkelig flott
plass der elvar ifrå 7 dalar møtes i dette juvet. Herifrå kjørte vi
framover fjellet og hadde ein heil sightseeing før vi for på Nyheim
Lodge å åt biffsnadder, kjempegodt! Etter middagen fantes ikkje tru, så
vi gav berre opp. Under er eit bilde ifrå Åmoten med eit av kryssa og
fossen under oss.
|
08.08 |
Inge fiska Molde i
Lærdal igjen, no sammen med Atle og Asbjørn. Elva var veldig lita og det
var mykje vind, så det var vanskelige forhold, men Asbjørn greidde å få
ein aure på 2kg ved fremste singlebjørka i Bjørnøyhølen. |
09.08 |
Inge fiska natta og
fikk ein aure på 2,9kg bak ved bakerste singlebjørka i Bjørnøyhølen. På
dagen var det veldig vind, så det var veldig vanskelig å fiske.
Tore og Sindre hadde morgenkort både på Alsaker og Tore hadde kort på
Moen også. Han starta med å fiska Moen kl.6. Heilt med det same mista
han ein aure på 1-1,5kg i fremste hølen. Like etter mista han ein laks
5-6kg som tok framme på Moen-sida, denne hang på heilt til den var klar
for landing då den kjørte seg borti, hoppa og vekk var den. Ellers så
såg han ein stor svart laks som var oppe på bortsida av straumen.
Lurte på å stikke ned på Alsaker, men tok først turen ned i Moahølen.
Her tok ein aure makken med det samme, denne berga han, den vog 1,3kg og
var 47cm lang og var ikkje nygådd. På neste kastet så beit ein pjakk som
han også berga, denne var 1,25kg. Så på neste kastet beit ein ny pjakk
på 0,8kg 52cm. Tore fikk og var borti fleire mindre fiskar, truleg aure.
Så for han ned på Alsaker, men her var elva veldig stor synes han,
Sindre synes ho var alt for stor så han fiska ikkje. Fiska framme på
Sanden og på Fossekanten, men var vanskelig synes han. Tore fiska til
10, før han for fram igjen for å varme seg.
Kl.12 for han ned igjen på Moen og fiska til 14, han var borti fleire
fiskar, mest i fremste, men fikk ingen av dei faste.
På ettermiddagen hadde dei kort på Alsaker og starta kl.16, då hadde
elva gått ned 25cm. Med det samme vart det tatt ein på 3kg på
Fossekanten mens Tore fiska framme. Han kom ned til Fossekanten kl.17 og
med det samme tok ein laks. Denne gikk rundt nede i djupet før den gikk
fram under berget. Her spikra den seg og uansett kva Tore gjorde så
skjedde det ikkje noko der nede. Så etter fleire minutt så kom han til
at den hadde gått seg fast og han måtte berre slite. Han sleit både
blyet og kroken så han forstod ikkje heilt det. Men om den hadde gått
fast blyet og så slitt seg laus, så kunne kroken rota seg fast nede
rundt ein stein.
Han knytte opp igjen og gjorde 2 kast og då sat ein ny fisk. Denne
kjørte han greit og når den var klar så gikk han ned på bakevja for å
berge den, men i det han skulle dra den frampå så raste den bort i
straumen og då kom kroken. Fisken var ein laks på 6-7kg. No var han
irritert, så det vart kaffi.
Etter
kaffien gikk han ned igjen på Fossekanten og etter eit par kast så beit
det igjen. Denne raste rett over elva når den tok, snudde nedover og
raste imot fossen når kroken kom.
Få kast etter hang det fisk igjen. Denne seig sakte framover før den
snudde og satte utfor fossen. Tore gikk etter, men sena hadde lagt seg
rundt stein nedanfor fossen. Han makka mykje før han fikk det laust, men
til slutt kom det. Når han stramma opp, så stod fisken nede i hølen ved
bua, men likte ikkje snøret og raste vidare nedover. Tore satte etter og
oppdaga at snøret hadde satte seg fast rundt ein stein på svadet. Tore
fikk løyst sena og stramma opp, og då raste fisken vidare nedover. Til
slutt nådde Tore den igjen foran storesteinen der han fikk kjøre den.
Fisken hadde no tagna og han fikk pressa den på innsida av steinen og
følgde den ned bak Storesteinen der han landa den. Laksen var ei hoe på
6,2kg og 90cm.
No var Tore sliten så det vart kaffi før han gikk framover for å prøve.
Foran hola og i hola var det heilt dødt, men i renna nedover Sanden så
beit ein pjakk nede ved steinen. Denne vog 1,5kg. Etter dette vart det
dødt.
Klokka 21 gikk han ned igjen og fiska Fossekanten og strekket nedover,
men det var dødt. Så dei gav seg.
Ettermiddagen med Inge i Lærdal var rolig, men han hadde oppe ein diger
laks bakpå Bjørnøyhølen. Han såg fisken fløytte seg og kjente den tok
fluga i det han gav slakke, men der var ikkje noko når han letta stanga.
Seinare var det dødt og iskaldt med veldig mykje vind. |
10.08 |
Inge fiska ikkje
natta på grunn av vinden, og utover dagen bles det slik at dei ikkje
turde å gå over hengebrua. Det var tatt ein svart laks i Stabburet
og Inge hadde sett ein i ei blanke som kom etter fluga hans, men den tok
aldri fluga. På kvelden var det fortsatt vindfullt, så forholda var
vanskelige. Etter å ha vore opp i 50++ kubikk i går så var elva no nede
på rundt 30 kubikk. |
11.08 |
Inge fiska litt på
natta, men det var vindfullt og vanskelig, så han holdt ikkje på lenge.
På formiddagen var det litt betre så dei fikk fiska litt, men ikkje
lenge etter kom vinden igjen, så då pakka dei sammen og reiste heim.
Eller det vil sei, Inge for sjølvsagt til Eid der han fiska Kvien på
kvelden, men det var dødt og kaldt. Skodda kom allereie rundt kl.22 |
11.08 |
Bondalen Sone 2 18-21 |
Gutta for innover på dagtid når
no regnet hadde gitt seg. Elva var veldig stor meinte mor, men eg sa at
om ho stilte med middag så skulle eg komme etter jobb å fiske sammen med
dei. Når eg kom der like over kl.16 så var dei allereie ferdige på
Aklestad og hadde flytta ned på fremste del av sone 2. Men dei hadde
ikkje kjent noko så dei pakka sammen og vi for å åt middag. Like før
kl.18 var vi komne i elva og gutta starta nede på sone 2, mens eg gikk
fram for å starte. Det såg vel stritt ut på dei fremste 100m, så eg
starta midt på strekket bortunde land på andre sida og
fiska meg nedover der elva flater ut og svinger over til vårt land. I
det eg var komen ned på flata så kom pappa med bil for å kikke. Han
begynte å gå nedover imot gutta når eg fiska bak steinane i straumen.
Elva var no så stor at fisken kunne stå og gå overalt rundt steinane.
Plutselig kjende eg noko som var bortpå, men det stramma seg ikkje opp,
men det gikk berre nokre sekund så var den bortpå igjen og no tok den
skikkelig og eg kunne stramme opp. Eg ville gjerne få den framover, unna
steinane og så langt vekk ifrå stryket nedover som mulig og den kom
villig imot meg. Men straks den kom fram om steinen med haudet så synes
den nok det var vel grunt og snaudde ned igjen. Dette gjentok seg fleire
ganger og kvar gong var den oppi med sida og sporden og viste at det var
ein laks på 4-5kg med litt gyllen farge. Pappa kom no til syne nedanfor eit klynge med tre og
eg vinka til han for å vise at eg hadde på fisk. Han snudde mens fisken
no seig litt bakover. Den stilte seg opp 2 meter bak steinane og eg
holdt godt press for å hindre den i gå vidare bakover. Plutselig kom
berre fluga og smalt i stanga og laga vase. Dermed var fisken vekk når
pappa kom fram ifrå klynga med tre, og etter kvart kom også dei andre
fram for å høyre.
Eg forklarte gutta korleis dei skulle fiske og kvar fisken stod og så
strauk dei ned for å prøve, men begge fiska over uten å kjenne noko. Men
dei gav ikkje opp og etter litt meir forklaring så var dei i gang igjen,
men etter kvart mista dei litt trua, så då måtte onkel til igjen. Eg
gikk nesten heilt fram og starta der, så då gikk dei over enno ein gong,
mens eg fiska heile strekket ned uten å kjenne noko. Dei prøvde enno ein
gong rundt steinane før eg gikk nedover og dei fulgte etter. Mathias fiska over bak
meg, mens Sivert var begynt å verte sliten av dagen.
Eg
fiska meg heilt ned i grensa, men kjende ikkje noko. Så etter å ha
slappa av litt så sa eg at den som ikkje står på han får ikkje fisk, og
så gikk eg framover enno ein gong. Starta midt frampå fremste delen, mens Sivert
starta nedanfor meg, men han fikk vase når han kom ned imot steinen så
han gikk på land og fikk litt hjelp. Når eg kom ned til steinene så
fiska eg grundig bak dei, men det var ikkje noko å kjenne, så eg begynte
å auke avstanden bakover ifrå dei og passa på å fiske godt innunder land
der det var ein fin straum. Og plutselig tok den akkurat i kanten på
denne fine straumen. Fisken stod ei stund i ro før den kom sigande
framover mens eg rygga meg oppover og inn imot land. Den fulgte villig
etter fram om steinane og eg forstod at dette var ein mindre fisk. Den
prøvde å snu ned igjen, men måtte raskt gi tapt og kom sigande framover
igjen. Nesten framme hos meg stoppa den opp og stod der mens Mathias kom
med håv, men enda opp med å ta min av ryggen. Fisken oppdaga no oss og
satte avgårde ut i elva i eit skikkelig utras.
Eg
sveiva den inn igjen og forstod no at den hadde gjort sitt. Mathias
trekte seg som håvar og eg fikk håven og kunne berre dra fisken rett inn
i håven. Fisken var ein litt slank pjakk på 63cm og 1,88kg. Gutta fikk
no sjølvsagt trua og gikk på med friskt mot, men til tross for gjentatte
forsøk over, rundt og bak steinane så var der ikkje fleire som ville.
Etter kvart seig vi nedover og Mathias fiska over nede uten at det var
noko å kjenne. |
12.08 |
Eidselva Kvien
14-02 |
Vart nesten kl.20 før eg var
komen i elva. Sa at i går tok det eit kvarter før første beit og at eg
ikkje hadde planlagt å holde på lenger før eg skulle få fisk i dag også.
Men det rant av himmelen, så trua var ikkje all verden, men det letta
litt opp når eg kom fram i Moahølen. Tok flugestanga og gikk ned til
elva. Løyste fluga av stanga og vippa fortommen uti, drog av ein meter
og vippa snøret ut igjen i den strie straumen. Drog av enno ein meter og
vippa snøret ut enno ein gong når eg oppdaga at lomma på jakka var open
så regnet rant rett ned i lomma. La stanga under arma og lukka lomma.
Tok igjen stanga og såg snøret låg nedover straumen rett foran meg, men
heile snøret hadde ikkje svinga innpå, men låg i ein bue ned i gjennom
vatnet utover imot muren ved den harde straumen. Tenkte at no sat vel
fluga fast i muren så eg letta stanga. Ja, fluga sat fast, men synes det
kjentes litt rart ut, eg hadde forventa at det skulle være eit veldig
stumt med så kort snøre, men tenkte ikkje så mykje på det.
Svinga stanga ut for å få ein annen vinkel og letta igjen, men no svarte
det nede i djupet. Fisk? Stramma godt opp og fisken kom sigande imot meg
før den seig ut på plass igjen. Samme skjedde igjen, men no kom den oppi
med rygg og spord og eg såg det var ein diger fisk. Eg kjørte fisken,
men den stod berre nede i djupet så eg gikk nedover og på land, og igjen
kom fisken sigande imot meg, og igjen var den oppi og no begynte eg å
tenke meg redd på korleis dette skulle gå, for den var diger, i alle
fall 12-15kg. Fisken seig ned igjen og eg gikk berre å venta på at den
skulle finne ut at den var fast og sette avgarde, men fisken berre stod
der. Og plutselig kom berre fluga. Fiska over resten av Moahølen med
fluga før eg søkte ly for regnet. Snakka med Inge, men på Bjørlo hadde
det vore dødt. Når det begynte å lette så såg eg ein fisk som var oppe
inne i kanalen på mi side av Moahølen og 3 sekund seinare så var den
komen fram til straumen ifrå Khrutshov og då gikk den til værs og hoppa
på tvers av straumen, ein fin laks på rundt 5kg, fint bronsefarga. Tok
makken og fiska etter han, men kjende ikkje noko. Fortsatte nedover
Moahølen, men det var dødt. Gikk så fram å fiska Khrutshov og Hylla, men
det var ikkje noko å kjenne.
Regnet hølja ned så eg søkte ly igjen. Lurte på om eg skulle gå over
ein gong til, men det mørkna fort så eg tenkte at eg måtte prøve
Hammaren før det vart for mørkt. Når eg kom ned i skogen så såg eg at
det stod folk der, så då gikk eg fram å fiska over Flata med fluge. Men
kjende ikkje noko der. Gikk så i buda på Svadet. Fiska kjapt over Svadet
og Strupen med makk, men det var dødt og etter litt sleit eg. Satte meg
i bua og knytte opp, men kom til at det var for mørkt til så mykje meir
makkefiske, men tok med fluga og gikk imot Hammaren igjen. No var det
ledig og eg fiska over, men elva var litt stor, det var litt mørkt og
regnet hølja fortsatt ned. Når eg gav meg tok han på andre sida over, så
eg tenkte at sia eg ikkje hadde lys så var det sikkert best å berre gi
seg. Sleit med å komme ned i bua å hente makken, men det gikk og eg var
komen i bilen kl.22.45 når det var borti mørkt. Lurte på å stoppe på
Nor, men det rant av himmelen, så eg kjørte forbi.
Inge og Endre fortsatte til rundt midnatt i Kastehølen og såg eit par
aurar hoppe, men det var ikkje noko å kjenne. Dei prøvde også litt på
Depotet, men det var mykje vind, men værste regnet hadde tatt ei pause.
På morgenen fiska Ståle Moen, han såg ein stor laks, 20+ bakpå Moahølen,
men verken den eller noko anna ville bite. |
13.08 |
Eidselva Bjørlo
14-02 |
Hadde kjøpt meg impregnering for jakka, så jobba med å få den tørr,
impregnert og tørr igjen, men vart i alle fall nesten tørr før kortet
starta. Stakk ned for å fiske nederste delen rundt klokka 14, som
vanligvis er ei god tid her. Starta i Helljå med fluga, men der var
ikkje noko å kjenne. Prøvde så makken ifrå land, men satte fast i
steinen på neset. Eg måtte heilt ned der for å løyse og då var sjølvsagt
alt skremt i den hølen. Gikk vidare nedover og synes det såg fint ut i kanalen
langs holmen så prøvde makken på nedre del og på Hylljå foran Øyrane,
men det var ikkje noko å kjenne.
Gikk så over Øyrane med fluga, men det var heilt dødt. Etter ei lita
pause så tok eg makken og starta omtrent der eg slutta før, men det var
ikkje noko i renna i fremre del. I det eg nærma meg bua og makken svinga
inn i hola så var der fisk bortpå å plukka. Den var forsiktig og eg slo
til i lause lufta. Så var det eit par kast det var dødt før det igjen
plukka. No var den også forsiktig, men eg gav den berre meir slakke og
fleire sjansar og til slutt var eg ganske sikker på at den ville henge
når eg slo til, og det gjorde den. Fisken var sprek og spratt eit par
gangar så eg trudde det var ein feit aure, men den var liten så det tok
ikkje lenge å dra den frampå sanden. Såg den hadde mykje prikkar, så
trudde det var ein aure, men så såg eg den slanke halerota og kom til
det måtte være ein pjakk. Såg så at den hadde veldig kort gjellelokk så
eg undersøkte den om det var ein oppdretter, men det andre gjellelokket
var perfekt og det samme var alle finnane. Tegningane tyder heller ikkje
på oppdrett, så den vart friskmeldt.
Tok ei kjapp pause og fortsatte nedover, men det var dødt. Etter
kvart kom det ei siland-mor med 2 kyllinger oppover og desse la seg til
utfor rota og dykka og jakta. Eg fiska meg ned imot dei og i det eg
nærma meg så kjende eg faktisk fisk, men måtte være forsiktig så ikkje
endene tok makken. Var borti fisk fleire ganger og etter kvart flytta
mora over på andre sida, men kyllingane vart igjen. Men til slutt kom
mora over å henta ungane med seg over til andre sida. Då tok det ikkje
mange kasta før fisken plukka betre. No drog det ein i lange rolige tak
som ein stor aure, så eg hadde kjempetru når eg til slutt følte at no
kunne eg slå til. Og fisken vart fast, men det vart fort klart at den
nok ikkje var større. Sveiva den rett fram og i det den var rett på
utsida av meg så spratt ein liten mørk pjakk som gikk sammen med min
fisk.
Eg berre svinga fisken innpå og drog den frampå. Tenkte sette den ut
igjen når eg såg den var veldig slank, men så oppdaga eg at kroken ikkje
var synleg så den sat djupt. Åpna kjeften og såg kroken stod ned mellom
gjellebuane. Pirka borti kroken og den datt ut uten motstand så då
tenkte eg at den går ut igjen, men når eg letta den opp så såg eg at den
blødde ein god del, så då vart den slått i hjel. Dermed var dagskvota
for laks full, så eg pakka sammen og for opp igjen for å ete middag.
Pjakkane vog 0,86kg og 1,1kg.
Etter middag, kl.19 for eg nedover. Stoppa på Nor og snakka med Inge
og Endre, det visste seg at begge hadde nyfanga laks i bilen som dei
hadde fått. Inge hadde fått ein laks på 83,5cm og 5,7kg, Endre hadde
fått ein oppdrettar som var enno litt større.
Kl.19.15 gikk eg nedover på
fremste Bjørlo for å prøve å finne ein av aurane som Inge og Endre hadde
sett kvelden før. Dei sa at det var veldig sleipt i brattebakken, så eg
tenkte at det kanskje var like greitt å gå ned dalen og fram langs
Granhølen. Men det vart ein stri tur, først var det veldig gjengrodd i
stien, så eg gikk rundt der det såg lettare ut, men var ikkje berre
enkelt der heller. Men nede i bakken var det full stopp, der låg det 2
store tre på tvers av stien og det var ikkje så enkelt å komme forbi,
men det gikk. Lenger nede låg det jaggu 2 tre til og meir klatring måtte
til, og heldigvis gikk det bra med vadebuksa.
Vel nede fiska eg først over Utfallebakkane før eg gikk fram i
Kastehølen. Såg ein fisk hoppe når eg fiska meg ned innløpet på
Kastehølen, men til tross for grundig fiske så tok den ikkje. Heller
ikkje tok den i Svarthølen på makk, det var heller ikkje noko å kjenne
seinare på kvelden. Fiska til det var godt mørkt, men det var heilt
dødt.
Inge fiska Kvien og det var dødt, men plutselig tok det på Flata og Inge
fikk ein kjempefight med ei flott hoe på 80cm. Så gikk han fram i
Moahølen for å prøve plassen min, og etter å ha prøvd samme medisin som
eg, dratt av 2 meter og kasta ut så svinga fluga hans innpå hola og
BANG! Fisken tok knallhardt, drog rett over hølen, heilt bort til muren
på Moen, så rett fram i Khrutshov før den roa seg litt ned og Inge kunne
begynne å kjøre på den kjempeflotte hoa. Etter ein heftig fight kunne
Inge lande laksen på 90cm. Begge hoene fikk friheten tilbake. |
14.08 |
Eidselva Bjørlo
14-02 |
Eg
var ned på Nor mellom 11 og 13, men det var veldig dødt der i dag, ikkje
som i går når Inge fikk ein og Endre ein pluss oppdretten. Snakka med
karane på Måløyhytta, og dei kunne melde om ein diger oter i
Hjellehølen, men dei hadde fått og vore i kontakt med fisk der før
oteren kom.
For ned på nedre for å sjå om eg fant igjen alle pjakkane ifrå i går,
men fiska over Hellja og Øyrane, men der var det berre småkrede. Kom opp
igjen i bilen og ringde Inge som hadde fiska heilt nede og så reist opp
på øvre, men det var samme resultat med han, heilt dødt. Lurte på om eg
skulle gå fram på midtre, men med oter der så frista ikkje det. Så var
tenkt å gi meg, men så tenkte eg ta ein tur ned i Måløyhølen. Vel nede
fiska eg over med fluga og midt i hølen gikk ein fisk etter fluga, han
stramma opp snøret i ein smell, men vart ikkje fast. Fiska over fleire
ganger, men det var ikkje meir å kjenne. Prøvde så både makken og fluga
igjen, men det var ikkje liv. No var klokka så pass at eg tenkte gi meg.
Sjekke ruta og såg eg hadde god tid, så eg fiska over nedre del på Nor,
samtidig med at Inge fiska ute på muren, men der var ikkje noko å kjenne
for nokon av oss. |
19.08 |
Eidselva Nor
22-02 |
Ein fisk hoppa langt bakpå rundt midnatt,
men såg ikkje noko av den lenger framme. Så hoppa det ein flott aure når Inge og Endre kom og kjørte fram til brua,
men eg fikk den ikkje til å ta. Så var ein fisk oppe akkurat når dei kom ned
til meg etter å ha fiska rundt brua. Inge fiska over nedre, mens Endre
tok muren, når Endre var ferdig og var på vei tilbake ifrå murane så
gikk han seg på eit par otere. Så dermed så pakka eg sammen, mens dei
fiska over ein gong til før dei også gav seg. |
20.08 |
Eidselva Bjørlo
14-02 |
Sia elva no hadde klarna og
forholda var flotte så gikk eg kun med fluge. Tenkte at sia det var
mykje fisk både på Pinå og vidare nedover så var fremste det beste.
Prøvde først Riffling Hitch på Utfallebakkane og utløpet, men det var
heilt dødt. I det eg la på ei lita fluge og starta på Utfalle igjen så
kom Inge fram. Inge såg 2 store laksar hoppe når han var på vei ut i
innløpet på Kastehølen, men ikkje kjende han noko og heller ikkje eg som
fiska Svarthølen. Vi fortsatte utover, men sjølv om det spratt nokre aurar,
så var det heilt dødt i enden av lina. Endre kom fram i 23-tida, men
hadde lite nytt å berette om. Vi fortsatte til klokka var 02 uten at det
skjedde mykje anna enn at ein aure hoppa på brekket. |
21.08 |
Eidselva Bjørlo
14-18 |
Sia Inge sa at Måløykarane hadde vore i mykje fisk dagen før på nedre,
på makk, så leita eg fram makken og for ned like etter klokka var 14.
Starta på Sanden og det tok ikkje lenge før det nappa kraftig. Eg slo
til, men det var ikkje noko. Kasta eit par kast til og igjen var der
noko og drog kraftig. Slo til og det var fast fisk. Kjørte den stort
sett i området rundt steinen der den tok og sjølv om den var seig så var
det ikkje veldig dramatisk. Men eg måtte lande den og det er
verre
med glatt mur med hard straum heilt klin i muren. Leida fisken nedover
og vurderte fleire mulige plassar, men slo det ifrå meg. Tenkte at det
måtte verte elveosen nederst på strekket, men det var veldig gjengrodd
og ikkje enkelt å komme forbi treet. Fisken var no ganske tam så eg
greidde holde den i hølen mens eg kjempa meg forbi. Vel nede i osen fikk
eg rigga klar håven, men fisken var seig og kjempa til det siste, men
måtte til slutt gi tapt, og eg kunne håve ein flott lusete fisk med litt
haustfarger på 3,26kg. Gikk opp igjen i bilen med fisken så eg slapp å
dra på den før eg gikk å prøvde igjen, men det vart berre nokre kast før
eg fastslo at det var masse småkreder no. Inge kom å preika for så å gå
nedover, mens eg gikk framover til innløpet. Prøvde først fluga, men det
var dødt. Tok så makken og det var også dødt til eg kom bak hola der
beit det ein tert på 1,1kg.
Gikk så fram å fiska Øyrane, men der var det dødt med både makk og
fluge, men hoppa ein fisk når eg knytte opp etter å ha slitt framme i
innløpet. Så fiska kjapt over igjen, men kjende ikkje noko. Gikk så over
innløpet til hola igjen, men no var det dødt også her. Lurte på å gi meg, men tenkte eg
måtte prøve nokre få kast på Sanden igjen. Det var mykje småkrede, men
plutselig fann eg ein plass uten, og straks kom eit kraftig drag og eg
gav slakke. Tok igjen og der var fortsatt liv så eg slo til, ja... var
noko, men var nok berre ein småaure. Så vart det litt meir når eg sveiva
inn, men den kom villig etter, ny småpjakk tenkte eg og lurte på om eg
skulle lempe den. Fisken følgde etter til den var rett under meg og eg
fikk skikkelig kontakt, men fisken var urolig og styra på nedi der, men
spikra seg etter kvart godt fast. Eg stod og holdt eit minutts tid før
han seig framover renna litt. 5 meter lenger framme
stoppa den og venta til eg kom opp på sida og stod der å pressa, så
begynte den å sige bakover mens eg stod igjen. Fisken seig godt bak i
hølen før den svinga bortpå grunna ein tur uten at eg såg den på grunn
av motlyset. Fisken kom deretter sigande fram igjen imot meg og eg venta
at den no skulle ha begynt å tagne så eg fikk den oppi og fikk sjå den,
men fisken berre toga forbi meg og fortsatte fram renna slik at eg fikk
drømmepress på den bakfrå. Fisken stoppa, men eg tenkte at kanskje eg
skulle la den fortsette så eg gikk etter, men fisken stod. Så eg gikk
framom og taua fisken framover og han kom villig etter fram imot hola
der eg tenkte at det ville være tryggare å lande fisk enn der eg hadde
vore før på ettermiddagen. Men heilt bakpå kanten av hola der stoppa den
og stilte seg slik at eg såg raudemakken, men ikkje fisken. Så snudde
den og begynte å sige rolig bakover. Eg tenkte at den stopper snart, så
eg vart ståande mens fisken berre auka farta og gikk nedover klin inni
muren. Vart etterkvart skjeptisk på om den ville stoppe, men så svinga
den ut ifrå muren og slakka litt på farta, men det varte ikkje lenge.
For idet eg begynte å gå nedover for å prøve å få kontrollen igjen så begynte
fisken å sige bakover igjen. Eg begynte å knipe på spolen for å stoppe
fisken, men den seig bakover jevnt og trutt sjølv om eg kneip hardare og
hardare. Forstod at den var komen bak brekket og håpte å få stoppa den
nedanfor brekket i hølen der, men den drog fortsatt ut litt etter litt.
Til slutt var det eit par kraftige rykk i enden og så kom kroken. Dermed
måtte eg sveive vegna fram igjen og såg at eg hadde vore ganske langt
bak på den hølen. Dermed pakka eg sammen og reiste heim. |
23.08 |
Korsbrekk Heile elva 06-20 |
Even hadde i fleire år snakka om at han ville at eg skulle fiske
sammen med han i Korsbrekka og endelig passa det slik at det vart ein
tur. Eg låg over på Eid og kjørte innover like før kl.05.
Når eg kom der så var Even og ein kompis allereie i gang i osen i det
floa hadde begynt å trekke seg godt tilbake. Kompisen gikk over osen med
fluga først, men det var dødt. Så fikk eg prøve meg og straks hoppa det
ein liten pjakk utanfor meg, muligens ein eg hadde skremt når snøret
glei over den. Men elva var veldig lita, så vi såg ikkje meir fisk som
var i osen denne morgenen.
Etter kvart prøvde vi oss i den nye hølen foran brua, denne var fin
og med godt med kvitskum, men vi kjende ikkje noko.
Så
gikk vi framover til Fløtehølen der vi såg ein fin laks på 3-4kg heilt
bakpå renna ut av hølen, men den ville ikkje ta på fluga og når Even
serverte den litt makk så forsvant den. Eg prøvde også innløpet med
fluga, men kjende ikkje noko. Even prøvde makken bakpå sjølve hølen,
sjølv om det var heilt stille her. Hadde etter ein kilosaure vi såg
fleire ganger, men den tok ikkje. Bildet viser Fløtehølen tatt i frå
innløpet med eit cruiseskip imellom buskene.
No ville vi prøve Fossen. Her såg vi straks fleire fiskar i alle
storleikar, både lyse nygådde og mørke gamle fiskar, men dei ville ikkje
ha verken makk eller sluk uansett korleis dei fiska dei. Etter kvart gav
vi oss og ville prøve oss fram igjennom elva ovanpå fossen.
Vi
klatra oss ned til dei to hølane på sone 1 og i fremste såg vi minst 6
laksar, der 3 stod bakpå. Eg prøvde å lure ein makk bak til dei, men då
forsvant raskt 2 av dei, men den siste stod igjen. Denne var grei å
fiske på og eg la makken nesten opp på nasa på den uten at den løfta eit
augebryn av den grunn. Karane prøvde også sluken på den, men med same
resultat og til slutt stakk den. Fiska også over den nedre hølen, men
her verken såg eller kjende vi noko.
Vi gikk så opp igjen og trakka oss fram på sone 1 der kun Even prøvde
sluken i ein høl før vi gav oss, for her var det jungel og umulig å
komme til. Det mest spennande med turen fram i sone 2 var at vi fant
vill Bjørnebær.
Mens eg måtte ta eit par telefoner og delta i eit telefonmøte så gikk
karane ned i fossen igjen. I det eg kom ned etter ein liten time så
holdt karane på å pakke sammen så eg prøvde berre så vidt makken før eg
tok med flugestanga for å være klar til fiske i osen på floa etter ein
lunsj.
Sjølv om eg hadde ete litt mens eg venta på at telefonmøtet skulle
starte så diska Even opp med karbonade og egg før vi kjørte oss ned i
osen like før floa var på topp kl.15.30. Vi fiska over heile osen med
både fluge og sluk, men vi verken såg eller kjende noko anna enn ein
liten oterunge. Even såg ein liten pjakk akkurat nedanfor brua, heilt
bakpå den nye hølen. Eg fiska over den med rifling hitch, men den ville
ikkje ta og forsvant. Vi prøvde osen ein gong til før vi flytta oss.
Sia elva var så lita så droppa vi meir fiske nedanfor og bestemte oss
for å konsentrere oss om Stadheimsfossen. Fortsatt såg vi dei samme
store fiskane som før, men vi såg også fleire nygådde fiskar som skura
lus og små pjakker som hoppa. Vi prøvde alt mulig for å få dei til å
bite, men det var dødt. Det einaste som kanskje var ein fisk var eit
dunk eg hadde i fluga bak i utløpet, litt foran brekket, men usikker på
kva det var. Sia det var så dødt så vart det ikkje til at vi holdt ut i
det uendelige, så eg pakka sammen når klokka var 20.30 og ein liten
halvtime etter gav dei to andre seg også og vi reiste kvar til oss. Eg
kjørte på for å komme heim før det vart mørkt sia eg ikkje hadde nærlys,
og det gikk nesten, var litt skymt siste mila, men det gikk bra.
|
25.08 |
Inge fiska Hjelle
torsdag ifrå kl.16 sammen med Vebjørn. Inge fikk ein laks på 80cm midt i
Kastehølen i 19-tida og seinare på kvelden fikk han ein kjempefeit laks
på 78cm ved steinen fremst på utløpet av Kastehølen. |
26.08 |
Fredagsmorgenen
var han i ein fisk i innløpet av Svarthølen rundt kl.09 like før det
begynte å regne. Etter det var det dødt.
Ståle fiska Alsaker på fredagsmorgenen, der var mykje fisk å sjå,
spesielt pjakk, men dei beit ikkje i det heile. Ein gong han fiska
Fossekanten så hoppa det 5 pjakkar der, men kun småkrede som beit.
Fredag kveld fiska Inge Bjørlo. Var ned å fiska nedre rundt klokka 14
før han fiska fremste delen på kvelden. Der var det fleire fiskar som
hoppa på Utfallebakkane, men dei ville ikkje bite. Han planla å avslutte
i skyminga, men det hoppa ein på brekket, så det vart litt til sjølv om
det bles vilt. Like etter hadde Endre på ein fisk på utløpet, men den
slapp. Dei gav seg i 22.30-tida og søkte ly. |
27.08 |
Eidselva Kvien
02-14 |
Eg orka ikkje stå opp tidlig,
men var på vei ned kl.07.30. Ringde Inge som eg trudde skulle fiske
sammen med meg, men han hadde fått kort på Bjørlo. Vel nede tenkte eg
prøve fremste delen,
men der var det folk, så eg gikk ned i Hammaren som
var ledig. Først fiska eg over med fluga, men med den var det heilt
dødt. Gikk så fram og prøvde makken og det tok ikkje mange kasta før det
kom eit forsiktig napp, eg gav slakke, men det var dødt. Men det stoppa
opp så eg letta litt og der var det fisk igjen, så eg slo til. Fast
fisk! Fisken oppførte seg rolig som ein laks og gikk berre rolig rundt.
Det virka som den sat godt, men plutselig etter eit halvt minutt så
berre kom makken. Fiska over hølen fleire gongar, med både fluge og
makk, men det var kun på makk det var liv. Var så vidt borti fleire
fiskar og fleire fiskar hoppa, såg ikkje alle, men dei eg såg var
svarte. Det var ein som hoppa som ein ny fisk midt bakpå hølen, men eg
såg den ikkje. Hadde bestemt meg for å flytte i det det kom ein kar på
andre sida, så det passa bra.
Gikk fram på flata for å sjekke om det var blank fisk som gikk eg
hadde hatt på. Såg det stod ein kar nedanfor Moahølen med fluga og ein
også på Moen som var på vei ut å fiske på neset. Eg vod meg ut litt
frampå og fiska meg nedover når han andre karen kom nedover og kunne
fortelle at det hadde vore heilt dødt på begge sider og framme på
Fossen. Eg forklarte han at Hammaren var bra og at eg hadde vore i fisk
der, så han gikk nedover. Eg fiska meg bakpå før eg bytta til makken.
Det var ikkje noko å kjenne framme, men når eg kasta bort og fiska ned
ved steinen i kanten så nappa det plutselig hissig og eg slo til. Fisken
sat og det var ein sprek fisk. Den var seig å få gjennom hovedstraumen,
men til slutt kom den inn i bakevja bak ein stein. Her stanga den litt
før den raste ut igjen og det var ny tørning med å få den tilbake
gjennom hovedstraumen. Vel tilbake i bakevja fikk eg den inn i
landstraumen, men den kjempa godt og var bort i bakevja og straumkanten
fleire gongar. Til slutt tagna den og eg fikk den igjennom landstraumen
og inn mellom steinane. No la den blanksida til og eg drog den inn imot
land, men i det hovudet var komt opp på land så slo den kolbøtte og
raste ut igjen. No hadde den fått nye krefter og nytt håp, så den raste
over elva og når den var vel på bortsida og eg fikk sidepress igjen så
gikk den framover imot straumen og kjempa skikkelig hardt.
Holdt på eit
godt minutt til før eg fikk den over hovedstraumen og enno ei stund til
før eg igjen hadde den inne mellom steinane og kunne dra den fram på
graset. Eg såg raskt at det var ei hoe som hadde fått litt haustfarge,
men ho var smellfeit og i godt hold. Prøvde måle den og kom etter 2-3
forsøk til at den var 75cm. Tenkte sette den tilbake, men når eg senka
den i vatnet så var den heilt uinteressert og rørte ikkje ein muskel, så
truleg hadde den sprengt seg under det siste utraset. Dermed vart fisken
med heim der den vart vegt til 4,48kg.
Fiska også over Moahølen og strekket ned til svingen, men det var
dødt. Klokka hadde no begynt å nærme seg 13, så eg pakka sammen for å
vere komen ned på Chatlet til klokka var 14 når lokalkorta vart
tilgjengelige.
På vei fram igjen såg eg bilen til Endre stod på Nor, så eg stoppa
og gikk ned for å sjekke om han fikk fisk, og jaggu stod han å kjørte
fisk på muren. Så dermed fikk eg være med på å lande ein flott laks på
ca.6kg. Sia det var ein blank hannfisk og sesongen straks var over så
vart fisken med heim. Dette var andre laksen på berre nokre minutt, og fisk nr.25
for sesongen på Endre. Inge kom i det vi kom ned på øya. Han hadde med
stanga og begynte straks å fiske mens eg for fram igjen. 15 minutter
seinare når eg passerte på vei nedover så såg eg Inge slå til og spenne
stanga opp. Eg hadde ikkje tid til å stoppe å sjå på, men det var ei hoe
på 78cm som fikk friheita tilbake.
|
27.08 |
Eidselva Nor
16-17.30 |
Eg var nedom Nor i 16-tida og fiska over med både lette og
grovestanga. Hadde eit lite drag i fluga når eg stod ute på muren å
fiska, men den tok berre 50cm med
slakke og så var den vekk. Det hoppa mykje fisk, men dei ville ikkje ta. |
28.08 |
Eidselva Bjørlo
02-14 |
Låg enno lenger frampå og kom
meg ikkje i elva før klokka var 09. Starta på Sanden og hadde eit
skikkelig drag på makken, men ellers var det berre småkreder.
Gikk
så fram å fiska innløpet med fluga først, så makken, men det var kun
småkreder her også. Så eg fortsatte fram på Øyrane, her var det dødt på
fluga, og samme var det på makken, i alle fall til eg kom utpå kantane
der småkredene var. Så
her var nok eller har vore fisk i det siste, men mulig den hadde gått
vidare når sola kom ned i hølen. Klokka gikk og skulle eg rekke ut i
Gjerdsvika til bursdagsmiddag med ho mor så måtte eg gi på. Så fiska
ikkje innløpet på vei nedover, men prøvde nokre kast på Sanden, men
igjen var det berre småkrede. Til slutt satte eg fast og måtte litt
bakpå for å løyse og då hadde eg skremt det som evt. stod der så då
pakka eg sammen og sa at sesongen var over for i år. |
28.08 |
Inge fiska Hjelle
ifrå kl.16 og fikk ein oppdrettar på 6,7kg i Granhølen, ellers kjende
han ikkje noko meir. |
29.08 |
Inge fiska Hjelle
igjen på morgenen, men det var heilt aldeles dødt. |
|