|
|
2015
|
Det
vart heller ikkje sjøaurefiske denne vinteren og våren, stressa på jobb
med rettsak og ny stilling, heime pussa vi opp heile kjellaretasjen, og
midt oppe i alt kom denne prinsessa til verden. Lilly vart fødd
19.februar. Så det vart ikkje mykje tid til å tenke på fisking eller
noko anna for den del. Det var lite snø her i ytre strøk, men i
fjellet har det snøva jevnt og trutt. Allereie i jula var det ca.1,9m på
Hjellesætra, då noko laus snø, og det samme og vel så det var det i
påska, og no var snøen tung og solid med masse vatn til sesongen.
Lusesituasjonen gjennom vinteren har vore forferdelig med
rekordtellinger etter tur, ein får berre håpe at sjøauren har berga seg
inn i ferskvatn med jevne mellomrom for avlusing. Og sjølvsagt hjelp det
ikkje når Marine Harvest mister 35000 laks i Bremanger i April, for
ikkje å gløyme dei 200.000 som rømte under Nina i området rundt Bergen
etter nyttår, dei driv nok oppover kysten med kyststraumen. |
04.04 |
Endre
kom utover på torksefiske i påska igjen, og påskeafta var det godt
sjøvær. Vi avtalte avreise kl.7, men trur klokka var nærmare 8 før vi
var lause. Starta ved Brækjen, men det var lite å finne og ikkje noko å
få. Til slutt fikk eg ein liten sei på 2-3kg. Vi fiska oss nordover og
sørover før Endre fikk eit par små lange sør for Skorpa. Fiska oss så
innover i veitå og inn på Skorpeflata. Her inne var det meir å sjå, men
den beit ikkje. Fiska oss så sørover imot Hidsneset og på vei dit fikk
Inge ein fin torsk. Vidare sørover var det ikkje noko å kjenne. Vi
avslutta på Gjerdsvika, men heller ikkje her var det noko å kjenne. På
kvelden var dei ut igjen og då beit det mykje betre og dei fikk 8
torska. Morgenen etter vart det 3 inne på Gjerdsvika etter at det hadde
friska på utanfor. |
|
03.05 Etter å ha
sett ein fisk stå og vake litt nedanfor Osbrua så fikk dei i dag sjå
den. Det var ein flott aure på ca.5kg. Det vart også sett nokre mindre
aurar ved Skipenesbrua. 09.05 såg dei første fisken i Kastehølen,
trulig ein aure.
10.05 såg dei 3 aurar på Osbrua, og det som truleg var ein laks i
Malakoff.
Det vart sett litt fisk med jevne mellomrom, men ingen mengder, mest
aure.
Vi var inn å gjorde klart 15 mai, og var siste helga innafor å satte
opp teltet. Var så vidt nedom bruene, men var dårlige forhold for å sjå
noko.
01.06
falt i år på ei mandag. Eg hadde ikkje fått tak i kort, men som medlem i
Sportsfiskarlaget hadde Inge fått kort på Bjørlo. I tillegg skulle han
få fiske på Os i lag med Endre. Dei starta på Os og ganske raskt var ein
fisk opp å tok fluga til Inge. Når den hadde tatt slakkebukta så letta
han stanga, men der var ikkje noko. Seinare var Endre borti 3 fiskar,
minst 2 av nappa var han sikker på at det vart fast fisk av, men dei
lurte han. I halv 6 tida, like etter at Endre hadde gitt seg beit det på
med Irvin i øvre Malakoff når han fiska Staten. 16,3kg vart fasiten.
Seinare på morgenen fikk Finn Berg ein fisk på 15,7kg på nedre del av
Skipenes.
No
hadde Inge for lengst starta på Bjørlo og hadde allereie vore i kontakt
med ein fisk i Svarthølen, men den stjal berre makken hans ein gong.
Etter dette kjende ikkje Inge noko meir. Vassføringa var fine 38
kubikk, temperaturen var på elva 6,4 grader, men lufta var 2-3 på natta
og 6-7 på dagen. Døgna starta brukbart med klartvær, men ganske raskt
gikk det over til skya og vidare til regn og regnbyger. I tillegg til
dei to over nevnte fiskane så vart det tatt ein på 10kg på Moen, 8,8kg
på Langeland og 5 og 4,7 på Staten. I tillegg vart det tatt nokre aurar,
Irvin fikk 2(1C&R) på Staten, det vart tatt ein på 5kg på Skipenes, ein
på 4,8kg på Langeland og ein på 3,9kg på Alsaker. På Alsaker var det
Ørstingane som fiska åpninga og det var Nils Andre Aarseth som fikk
auren midt bak i Vaskeplassen på makk. Endre og Inge var ned igjen på Os
seinare å prøvde, men no var det ikkje noko å kjenne. Endre fiska
Bjørlo på åpningskvelden og fikk ein aure på 2,5kg som han satte ut
igjen. |
05.06 |
Eidselva Hjelle
16-00 |
Endre bruker
vanlegvis å feire bursdagen sin på Hjelle, og då oftast med fisk. Også i
år booka han inn der og slik kom det ut at det var ledig kort å få. Så
eg, Asbjørn og Atle hengde oss på, men Atle var på reise så Inge tok
over kortet, sjølv om han hadde kort på Staten også på kvelden. Sia
fisket hadde vore best på nedre del så fiska Inge kortet på Staten, men
utan å sjå eller kjenne noko. Eg hadde tatt fri med lunsj for å være på
plass tidleg, men Endre var allereie i Hammaren når eg kom meg nedover.
Eg
tenkte fiske Svarthølen og Kastehølen, men Svarthølen var opptatt så eg
gikk rett i Kastehølen og fiska denne med makk. Fiska nøye og grundig,
men kjende ikkje noko. Gikk så fram og fiska Svarthølen med makk før eg
prøvde fluga ifrå brekket på Svarthølen og ned til muren i innløpet på
Kastehølen. Kjørte så ned å snakka med Asbjørn på Joneset før eg kjørte
meg nedover med Stampeelva som mål. Gløymde meg vekk så kjørte forbi og
tenkte at då stikk eg nedom bruene og Inge. Men her møtte eg berre to
betutta karer, Inge og Vebjørn som allereie hadde gitt opp. Kjørte så
fram og fiska Stampelva før eg avslutta med å fiske Joutstikkaren med
makk i 23-tida. Kikka då på radaren at regn var på vei, så då tok eg
kveld. Asbjørn hadde gitt seg, mens Inge holdt ut til kl.00.30 då det
skikkelige regnet kom, mens Endre holdt ut til kl.4 |
06.06 |
Eidselva Hjelle
00-16 |
Petter starta
klokka 04 med å fiske på Stokkenes, så når eg var ned på do kl.08 så kom
han fram igjen etter første øka.
Det hadde vore kaldt, vått og null fisk.
Derfor sat vi å drakk kaffi til dess Inge for på trekning, og då rigga
ej ut for å prøve igjen. Igjen var det folk i Hammaren, denne gangen
Asbjørn, så då vart det Svarthølen og Kastehølen igjen. Prøvde makken i
Svarthølen og deretter Kastehølen. Like bak midt var det endelig noko
bortpå å plukka. Eg slo til og fikk raskt svar i andre enden. Eg stramma
opp og forventa sjå ei blank side i ei fin blankevje som vart, men det
vart berre slakt i andre enden. Usikker på om det var noko stort eller
om snøret låg rundt ein stein eller noko slikt. Fiska meg heilt bak på
brekket før det var pause i bua. Mens eg sat der så kom Inge og prøvde
fluga i bakre del, så når han for vidare framover så prøvde eg innløpet
med fluga. Kjørte så ned å fiska Jo-utstikkaren før eg kjørte ned for å
prøve Staten rundt floa. Heller ikkje Asbjørn, Inge eller Endre kjende
noko. Petter var ned igjen å prøvde Stokkenes, men verken der eller
blant dei andre på Hjelle var det noko å kjenne. |
06.06 |
Eidselva Staten 14-02 |
Starta fiske heilt
framme ved trea i Hesten med fluga og fiska meg igjennom heile hølen,
men det var dødt. Flytta så ned foran brua og fiska over der, men også
her var det dødt. Var forferdelig sliten og prøvde alt for å manne meg
opp til å fiske over med makk, men eg tapt kampen og kjørte fram igjen.
Etter eit kongemåltid med grilla kveite så bar det ned igjen kl.20. Då
var det nettopp landa to 3kgs fiskar, ein laks og ein aure. I tillegg
kunne dei fortelle at det var sett fleire fiskar på brua mens eg var der
før i dag. Mulig ein burde stikke på brua av og til. Starta heilt framme
med makken og fiska meg ned til brua, prøvde så i renna nedanfor brua og
øvre Malakoff uten å kjenne liv. Fiska meg vidare nedover Malakoff og
fant til slutt noko som nappa bortunder land nedanfor brukaret. Det
nappa fleire ganger, men greidde ikkje å få det fast. Til slutt svarte
det og det var tungt. Eg spente opp stanga, men etter eit par sekund så
synes eg det var for dødt. Stramma litt til og ingenting skjedde, så då
forstod eg at noko var gale. Slakka opp og då løysna snøret ifrå
steinen. Fiska også nede ved holmen, men no kom floa, så eg gav meg.
Inge fiska Bjørlo og starta ved Måløyhytta. Når han kom ned til
steinen på Sanden så beit det. Inge letta flugestanga og fisken hang.
Sakte kom fisken sigande framover og Inge fikk den nesten fram i hola.
Her stod den mens Inge kjørte den etter alle kunstens regler, men etter
10 minutts kamp så løysna kroken og fisken var vekk. Etter dette var det
heilt dødt.
Asbjørn og Atle fiska kvelden vidare på Hjelle uten at dei var i
kontakt med noko no heller.
På natta og morgenen fiska Petter Bjørlo, men med unntak for eit lite
napp i Ny-Ledet så var det heilt dødt. Endre kom og fiska i lag med han
siste 2-3 timane, men det vart heller ikkje noko på han.
Heller ikkje på morgenykta søndag kjende Atle og Asbjørn fisk på
Hjelle.
Søndagskvelden fiska Inge Langeland, men det regna og var kaldt, så
han gav seg etter berre nokre få timar. Der stod ein fisk på brekket. |
12.06 |
Eidselva Hjelle
16-00 |
Hadde møter heile
dagen så var sein innover og var ikkje komen i elva før klokka var 20.
Det dropla og regna og var skikkelig kaldt, så etter å ha fiska
Granhølen og Jo-utstikkaren med makken så gikk eg innom karane på
campingen og drakk kaffi. Etter kvart kom Inge også og det frista lite å
legge ut igjen. Men til slutt så våga vi oss ut igjen, Inge for i
Reitehølen, mens eg prøve Kastehølen, begge deler var like lite
resultatgivande. Eg gav meg, mens Inge fiska litt til uten å kjenne
noko. |
13.06 |
Eidselva Hjelle
00-16 |
Neste
morgen låg vi frampå før vi samlast hos Inge for kaffi. Etter kvart kom
Mattis også innom, han hadde fiska Alsaker uten resultat. Etter frokost
så reiste eg i elva kl.12 og var der i god tid før Inge. Starta i
Granhølen før eg gikk i Kastehølen, når eg var komen nesten igjennom så
kom Inge og han såg ein diger fisk uti hølen, kanskje 30kg, men den
ville ikkje bite hverken med meg eller han. Eg gikk ned å fiska
Jo-utstkkaren etter å ha vore fram igjen å hjelpt Ly litt, men det var
dødt så eg gav meg litt før tida var der. På kvelden fiska Inge
Alsaker, der vart tatt ein laks på 4,5kg i Vaskeplassen på fluge, men
ellers var det dødt. Inge såg ein storaure som stod bak Storesteinen,
men han greidde ikkje å fiske på den.
Kvelden 14 fiska Inge Staten uten å kjenne eller sjå liv av noko
slag.
15.juni
åpna dei andre elvane i området. Utsiktene hadde vore elendige, ingen
hadde sett fisk, hverken i elva eller osene. Været var heller ikkje på
ein fiskar si side med 6 grader og nysnø i fjella. Men så feil kan ein
laksefiskar ta, for allereie natta gav fleire fiskar, som her Lyder Øye
med 2 flotte i Ørsta. På morgenen beit det også lenger framme og i dei
andre elvane og før dagen var omme var det landa 18 laksar i Ørsta, 15 i
Bondalen og storlaks på Kile. Det var mykje stor fisk og i Ørsta var det
4 laksar over 7kg, den største på 8,5kg. Ikkje dårlig på ei åpning alle
hadde dømt nord og ned. |
19.06 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Skulle ha bilen på
EU-kontroll, så tok den på Eid og kombinerte det med litt fiske. Starta
på Fossekanten kl.03.30, men det var dødt. Gikk ned om Fossen og fiska
over der. Plutselig var noko bortpå å plukka. Blyet stoppa i ein stein,
men løysna og der var noko igjen og nappa skikkelig. Venta 2 ekstra
sekund så fisken skulle tygge det godt i seg. Slo til og kjende det
nappa i det sena stramma seg opp, FAST FISK. Eg la meg på stanga for å
ikkje la fisken få eit lite sekund ein gong, og fisken kom etter,
kanskje litt for enkelt og 2 sekunder etter tilslaget kom den opp i
overflata og viste seg, det var berre ein liten aure. Skuffelsen var
sjølvsagt stor, for der var eg sikker på at det var ein skikkelig fisk.
Kreda vart sveiva inn og var dessverre full av lus, sikkert 20-30 lus i
alle stadium ifrå dei aller minste til fullvoksne. Tilstanden var ellers
laber då fisken var skrinn og blass i skinnet, men vi får håpe at
ferskvatnet hjelp og den kan kome tilbake om nokre år som storaure.
Satte igjen fiskeveska i bua i Fåhølen og målte samtidig temperaturen i
elva, og fikk ei positiv melding då målaren viste 8,2 kubikk. Så sammen
med 45 kubikk så skulle alt være perfekt. Gikk så fram på Sanden og
fiska over der med makken, men det var heilt dødt. Prøvde derfor fluga
ifrå innløpet til hola og heile veien gjennom hola og nedover. I det eg
var begynt å nærme meg bua og fiska over steinen så drog det plutselig
skikkelig i fluga når den var komen inn i kanten. Eg hadde stanga lavt
og ikkje slakkebukt så den drog rett ifrå snella, noko som kanskje
gjorde at den ikkje vart fast. Prøvde fleire gongar til over der, men eg
hadde nok vore såpass borti den at den skydde fluga.
Veksla deretter mellom fluge og makk framover til klokka var 7 då eg
gikk nedover til bua for å ete frokost. Prøvde så Fossekanten igjen før
eg kjørte ned å leverte bilen litt før kl.08. Etter å ha sjekka bruene
så fiska eg igjen Fossekanten før eg kjørte fram igjen for å sove litt. |
19.06 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Eg hadde vore
aleine heile morgenen til tross for fleire solgte kort, men når eg til
slutt kom meg ned igjen i 19-tida så stod det ein bil der. Gikk ned og
fiska Fossekanten før eg gikk fram og fiska Sanden igjen. No med fluge
først, og jaggu var der noko å drog heilt lett i fluga, og det kom ein
grøvel bak fluga, men det vart ikkje noko meir. Prøvde så makken, men
det var det ingen interesse for. Nesten nede ved bua ringde Ly om eg
kunne kome fram igjen litt. Satte igjen utstyret på Sanden og tok det
som ein trimtur til bilen, der bilen som hadde stått der før var vekk.
Bilen var komen tilbake når eg kom ned igjen, og eg veksla nokre ord med
ein av dei tre fiskarane. Dei hadde kort fleire plassar og hadde slitt
på ein fisk før på dag. Gikk så fram i bua der dei to andre stod og
fiska Fåhølen. Eg stoppa og ringde Inge sia han akkurat gav seg på andre
sia. Han hadde ikkje kjent noko på veien nedover. Gikk så fram igjen på
Sanden der eg veksla mellom fluge og makk, men det var ikkje noko meir å
sjå eller kjenne. Etter kvart kraup sola heilt opp i toppane og til
slutt gikk ho ned. Temperaturen fall no raskt, så eg gikk nedover for å
prøve andre plassar. Var veldig stiv mellom skuldrane og sliten, så eg
gikk rett i bilen med stengrene og gikk ned å avslutta med å fiske
Fossekanten før eg gav meg kl.23.30. Temperaturen var no 8,5°C, noko som
var 0,3°C under vasstemperaturen.
Inge fiska som sagt Bjørlo, og fiska heile sona. Til slutt, i
00-tida, fann han ein aure på 3-4kg i Kastehølen, men i det den skulle
landast så greidde den å slå seg av.
Morgenen etter var Sindre og Bjørn på Alsaker uten å kjenne liv.
Laudag ettermiddag og kveld fiska Inge Staten i nesten 12 strake
timer uten å lykkast, sjølv om det gikk ein del fisk. Det nærmaste han
kom var at ein laks gikk etter fluga ved grisesteinen, men bomma og gikk
ein meter til værs.
Søndag morgen var Bjørn og Sindre igjen i sving på Alsaker, men det
var like dødt som dagen før. Søndag kveld fiska Inge Staten igjen, men
no var det heilt dødt. |
25.06 |
Ørstaelva Mo
18-24 |
Hadde ein plan om å
prøve Ørsta på tirsdag, men veninna til Ly måtte på jobb, så det vart
avlyst. Onsdag middag ringde Sindre Mo og kunne fortelle om
Klondyke-tilstander i elva med over 20 laks på tirsdag. Det var
30-årsdagen til Ly, så planen var selskap, ikkje laksefiske. Som for
vidare å blåse i glørne så ringde Sindre igjen litt etter middag og sa
dei hadde kasta og fått 26 laksar.
Planla derfor ein tur på torsdagen
og etter å ha levert Ly og Lilly hos Hang så bar det ned for å få kort,
samt innom laksetunet for å få siste nytt, samt å sjå litt ned i kara på
fiskane. Dei kunne fortelle om 3 stimar nedanfor brua, så dette såg
lovande ut, sjølv om elva hadde gått ned ein god del ifrå dagane før som
hadde gitt så godt fiskeri. Så barst det fram på Mo for å rigge
enhåndsen. Flugevalget falt på ei dobbel nr.8 Red Butt med litt ekstra
lang vinge.
Starta rett nedanfor parkeringa og fiska svingen, men der var ikkje noko
som ville bite i djuphola. Fortsatte vidare nedover imot flata, men det
var veldig grunt så 3 steiner låg akkurat i overflata. Den bakre av
desse, ganske nær Ose var berre akkurat dekt med vatn og når snøret kom
dit så stramma det seg litt opp. Eg hadde ikkje følgt med heilt så eg
berre merka at det stramma opp og eg letta stanga. Ingenting skjedde
anna enn at snøret fortsatte nedstrøms.
La
ut eit nytt kast på samme plass, fluga bortunder Ose-landet og taumen
eit par meter foran steinen. Denne gangen var eg forberedt på at snøret
trulig ville henge litt på steinen, så når det stramma opp så holdt eg
stanga nede. Men presset på snøret berre auka og samtidig som eg letta
stanga så rulla ein fisk seg i overflata mellom steinen og Oselandet.
FAST FISK. Fisken hadde snudd nedover igjen og stilte seg opp i hola bak
steinen. Den seig litt fram og tilbake og eg var redd den skulle gå fram
på bortsida av steinen, så eg la godt press på den og fikk den sakte
klar av området rundt steinen. No slapp den seg meir bakover imot hola
foran brekket, der den gjorde eit par utras ned imot brekket, men eg
greidde å holde den oppe på kanten. Etter kvart kom fisken opp langs
mitt land og det vart meir ein drakamp der med mindre utras og sakte
tapping av krefter. Til slutt kom blanksida og Eirik kunne håve ein
typisk Ørstaforma laks på pene 3,62kg.
Etter mykje prating så fortsatte eg nedover og fiska brekket og øvre del
av langhølen før eg tok med fisken fram i bilen og gikk på Heggjekrå å
prøvde innløpet. Deretter kjørte eg fram på Øvre Mo og fiska over der,
men det var ikkje noko å kjenne der heller. Dermed så pakka eg sammen og
kjørte opp å fikk pizza med Hang før vi kjørte heim. |
27.06 |
Eidselva Langeland 02-14 |
Inge fiska som
vanlig Bjørlo på fredagskvelden og drog også kjapt over Nor før han tok
kvelden, men det var heilt dødt begge plassane. Eg snakka kjapt med han
før eg stakk nedover for å prøve lykken. Starta med å fiske Ledet,
noko som gikk greit, men det var dødt. Gikk så over og fiska brekket og
vidare utover så veksla eg mellom innløpet og brekket, fluge og makk
uten den store suksessen. Eg hadde sett ein fisk som stod bakpå brekket,
innunder land, men i det sola begynte å nærme seg hølen så begynte den å
flytte seg rundt. Tenkte då at det kunne være eit håp, så eg lot ting
kvile litt ekstra før eg begynte å gå veldig grundig over, starta med
korte kast. Allereie på 2-3 kastet var noko bortpå å plukka, først ein
gong, så ein gong til og denne gongen hardare, men akkurat nok til at eg
ikkje slo til. Venta like lenge som mellom plukka før eg slo til på
måfå, men der var det ikkje noko. Eg hadde nok vore så pass i den andre
gangen at den holdt igjen.
Eg fortsatte å fiske like nøye vidare utover og nedover og etter 5
minutt var noko bortpå igjen å plukka, men no meir forsiktig og ikkje
nok til eit tilslag. Etter dette kom sola i hølen og det vart stille og
dødt, så gav meg og kjørte ned for å sjekke bruene.
Der stod det fortsatt bra med fisk på Skipenes, mens på Os var det
fjøre så der stod det berre ein foran og ein bak brua. Ståle hadde fiska
Staten heile natta og sett ein del fisk, men ikkje fått noko. Han
fortsatte framover til klokka var 14, men det forblei null fangst på
han. |
27.06 |
Eidselva Staten 14-02 |
Sia det var siste
helga mi så tenkte eg at eg måtte no prøve det som mulig var, og når
Inge forkynte at det var folketomt på Staten, både kveld og morgen, så
hengde eg meg på og kjøpte kort eg også. Vi grilla laks og hadde
avskjedsmiddag for oss med fullt telt hos Inge, Bjørn og Lene, danskane
Erik og Karsten, Endre, eg og Ly. Ståle fiska Alsaker så han hadde ikkje
tida. Når alle var mette så fikk eg og Inge det travelt også, for vi
måtte være der før floa var på topp. Vi starta med fluga og fiska hard
foran brua og heilt fram, men ikkje noko beit. Det var jevnt fisk oppe
og viste seg foran brua, så det gikk truleg jevnt med fisk.
Etter kvart prøvde Inge seg nedover med fluga, men elva var for stor,
slik at det egentlig berre var øvre Malakoff som var fiskbar der nede. I
kveldinga kom Frank Yri for å fiske Skipenes, og ikkje lenge etter så
kunne Irvin berge ein fin laks for Frank ved Steinbordet. Etter dette
vart det nesten Clondyke i dette området og dei landa 3 laks og ein
aure, pluss at dei mista laks og satte ut igjen minst ein pjakk og ein
mindre aure. Mens framme med oss hoppa og hoppa det fisk uten å vise den
minste interesse for det vi hadde å tilby.
Ståle kom ned til oss allereie i 8-9-tida og vart der kortet ut, for
på Alsaker var det ikkje vits i å fiske meinte han. Rundt klokka 02 fikk
vi jaga han fram igjen og då kan eg ikkje forstå anna enn at han hadde
gått glipp av mykje action der framme, tvila på at det var berre i
flomålet ting skjedde. |
28.06 |
Eidselva Staten 02-14 |
Etter kvart trakk
gjengen ved Steinbordet framover og rundt klokka 2 var dei komne fram om
brua. Her hadde Frank eit drag i fluga, men det vart med det. Etter
kvart kom han over til oss og børsa, men vi hadde lite anna nytt enn at
det gikk fisk heile tida. Like etter kom ein Lærdøl opp ifrå
Steinbordet, han kunne fortelle at han hadde sett ein kobbe som kom opp
med laks i kjeften, og seinare hadde han sett den ver øya på vei
oppover. Så han lurte på om vi hadde sett noko, men det hadde vi ikkje,
men for den del så sym den enkelt forbi oss under vatn. Vi drog kjapt
over ein gong til før vi tok kvelden, men trua var elendig etter
selobservasjonen.
Når
vi gikk av vakt så stod Bjørn og Lene opp og tok over på Alsaker. Her
fant dei Ståle sovande i bilen, noko han skulle gjere resten av kortet.
Allereie tidlig, før sola var komt ned i elva beit det på
Fossekanten for Lene. Ho merka først ikkje at fisken beit og den vart
ståande rolig, men når ho stramma opp så vakna fisken og begynte å gå.
Lene hadde bremsa litt lavt stilt så fisken raste over hølen og var
nesten på vei ned elva på bortsida av holmen, men Bjørn fikk gitt nokre
gode råd og med bremsa justert så fikk Lene kontroll på fisken igjen og
kjørt den tilbake til der ho hadde betre kontroll. Etter ei stund
bestemte den seg for å sette unna og for ned fossen. Bjørn hjalp Lene
rundt treet før han sprang ned for å finne kvar fisken hadde stoppa mens
Lene kom etter med stanga. Fisken hadde stoppa i hølen rett under fossen
og dei kunne berge den flotte laksen på 6,82kg der.
Vi hadde avtalt at vi skulle prøvd floa igjen kl.09.30, mens Inge
greidde å kome seg opp så sov eg over. Inge starta med fluga, men det
var ikkje noko å kjenne til tross for mykje fisk å sjå. Så han tok
makken og gikk ned om brua, og på første kastet så beit det bak i bakken
på den solide makkeklysa med gummijigg. Kjøringa gikk heilt greitt,
sjølv om fisken var seig så hadde Inge grovevegna og for den var ikkje
laksen på 5,86kg nokon match.
Inge
gikk så tilbake til fluga, så når eg etter kvart kom ned når klokka
hadde runda 12 så hadde han gjort berre eit kast med makken, mens på
fluga hadde han ikkje kjent noko. Derfor var valget for meg enkelt, det
vart makken først. Eg starta framme der kastebrygga slutta og
fiska meg metodisk nedover. Var borti noko bakpå, men det hjalp ikkje å
slakke for å få det fast. Til slutt satte eg fast og sleit. Knytte opp
igjen og gikk å prøvde igjen i det ein fisk var oppe. Eg gjorde 3-4 kast
før noko plukka skikkelig. Denne gongen gav eg ikkje slakke, men lot den
tygge eit par gongar ekstra før eg slo til. FAST FISK. Fisken var nær
kanten så eg la godt press på. Etter kvart døde det hen i enden og eg
begynte å lure på om fisken hadde gått seg fast eller satt blyet fast.
Men etter kvart begynte det sige ut sene ifrå snella i det fisken bevega
seg igjen, men enno var det merkelig dødt i enden. Etter kvart hadde det
rast ut såpass mykje at eg fant det lurast å komme meg ned på det gamle
bruhodet for å få sidepress så fisken ikkje gikk på feil side av
brupilaren. Men på vei nedover så la eg merke til at sena gikk rett imot
eit fast punkt i elva, sjølv om både eg og laksen var på vandring.
Pokker, den hadde gått rundt noko. I det eg steig opp på bruhodet så
hoppa fisken, men ikkje der eg trudde, men derimot heilt framme ved
kastebrygga på Skipenes. Hoppet hadde tydeligvis gjort noko, trulig
kombinert med endra press ifrå land, slik at fastpunktet i elva no var
på
vandring...framover.
Etter kvart kom fisken bakover igjen og i det same kom den butte enden
av ei grein ut av vatnet. Fisken fortsatte bakover og til slutt glapp
snøret over greina og eg hadde direkte kontakt igjen. Fisken som trulig
hadde kjørt seg sjølv hardt på ferda framover slapp seg enno vidare
nedover, ned i hola der den fikk litt meir hjelp av straumen. Fisken
fikk no igjen ein del av styrken sin og eit par gongar var den heilt
bort imot kanten av brupilaren, men eg fikk stoppa den ifrå å gå rundt.
Etter kvart som den tagna så vart utrasa kortare, men den kjempa tappert
kvar gong den kom opp på grunnkanten og Inge greidde ikkje kome nær med
håven. Til slutt var fisken og Inge komne under brua der den fikk litt
mindre hjelp av straumen inne på grunna, og då måtte den til slutt gi
tapt og Inge kunne håve ein kjempeflott holaks på 6,24kg. Ej stakk etter
kampen målaren i elva, og denne viste flotte 11,9 grader, noko som
forklarer kvifor fiskane var så seige.
Vel
framme igjen kom det melding om at det vart kasting i Ørstaelva
kl.19.00. Så vi pakka sammen og tima det slik at vi skulle være der like
over kl.19. Allereie i det eg gikk ut av døra på bilen så kom det
springande folk og alle ropte "Kjempekast". Vi gikk ned for å bisne, og
der var bæring av fisk opp i kara allereie godt i gong. Sveitte karer
gikk i skytteltrafikk, mens andre lempa mindre fisk tilbake utom nota.
Totalt enda det
med 34 laks
til i kara, med dei som vart satt ut igjen så var der heilt sikkert over
50 laksar, pluss ein stor og nokre mindre aurar.
Inge hadde kort også på søndagskvelden, og då prøvde han sjølvsagt på
favorittsona Bjørlo igjen. Han fiska intensivt nokre få timar, men han
hverken såg eller kjende noko.
29.06 vart Bjørn og Lene igjen og fiska morgenen på Alsaker. Bjørn
var først ute og fikk ein flott aure på 4,22kg foran hola på Sanden på
morgenen i 07-tida. Ikkje den mest vanlege plassen for auren å ta, men
så oppfører vel større aurar seg litt meir som ein laks.
Bjørn mista i tillegg til det ein laks på Fossekanten etter eit par
minutts kamp. Han anslo størrelsen på laksen til ca. 5-6kg etter at den
hadde gjort sjølaust.
I
11-tida beit det igjen på Fossekanten, og denne gongen var det med Lene
det beit. Denne fisken var noko mindre så denne var lettare å
kontrollere og dei kunne lande den fine pjakken på 2,65kg.
Dermed enda denne utvida helga med 5 fiskar i Eidselva, 3 laksar på
5-7kg, ein flott pjakk og ein skikkelig storaure. Ikkje dårlig etter at
fisket har vore elendig sesongen så langt.
|
|
Vi reiste til
Vietnam 02.07 så det ville verte lite laksefiske på meg framover, men
resten av gjengen ville nok være ivrige i tjenesten. 03.07 fiska Inge
Bjørlo på kvelden. Det var fine forhold og det kom jevnt sigande fisk
inn i Kastehølen, og då aure. Inge fikk tidlig på kvelden to fine aurar
på 2,5kg og 2kg. Begge vart satt ut igjen då han håpte på at det skulle
kome større fisk utover kvelden, men i staden kom skodda og la seg i
dalen og då slutte det heilt å bite.
04.07 fiska Tore, Bjørn og Lene morgenen på Alsaker. Skodda låg
fortsatt tjukk når dei starta, og det er vanligvis ikkje godt for
bettet. Men Bruce stod full av fisk, noko som derimot er bra for bettet.
Bjørn prøvde på dei, men dei var veldig lausbetne så Bjørn mista 3 fiskar der
før skodda hadde letta. Men når skodda endelig letta, så greidde han å
få ein av fiskane skikkelig fast, og han landa ein fin laks på 4,2kg i
Bruce.
Det var likevel Lene
som gjorde det skarpast med å lande ein kjempeflott laks på 5,68kg på
Fossekanten midt på dag, rundt klokka 12. Tore kjende ikkje noko på
morgenen.
04.07 fiska Tore kvelden Alsaker,
mens dei to andre kvilte på kvelden. Det var veldig rolig, men han mista ein
flott laks som tok i framkant av Hola.
Dette var ein laks på 5-6kg som slapp i det Tore skulle til å dra den
fram på grusen. Bortsett ifrå dette var det dødt å sjå til, men det kom
meir fisk nedanifrå på kvelden og Tore huka på ein i Vaskeplassen i
22-tida. Dette var ein flott laks på 4,2kg, lusete og frisk rett ifrå
havet. Tore fiska ikkje fleire kort.
Inge fiska også kvelden, men han var på Bjørlo. Der var det derimot
heilt dødt, sjølv om ein skulle tru at når fisken var på eine sida av elva
så skulle den være på den andre sida også?
05.07
fiska Bjørn og Lene igjen morgenen på Alsaker og igjen var det Lene som
gjorde det store med ein flott laks på 5,8kg på Sanden, denne tok som vi
ser av bildet tidlig på morgenen. I tillegg til dette fikk ho også ein
pjakk på 1,04kg også på Sanden. Bjørn har vorte ein racer i Bruce og
fikk også denne morgenen ein fisk der, ein pjakk på fine 2,65kg.
Endre hadde fram til no gått lakselaus og i rein desperasjon så vart
det eit kort på Staten der han berga årets første, rett nok berre ein
tert, men i alle fall rette slaget. 05.07 fiska Inge søndagskvelden på Bjørlo,
men som så mange gangar før så var det heilt
dødt. 10.07 fiska Inge kvelden på Bjørlo, han starta på ferien no, så
han var litt sein innover så det vart ikkje så mykje fisking. Kjende
eller såg ikkje noko, men Endre mista ein 10kg på Øyrane. 11.07 fiska Inge kveld på
Staten. Såg masse fisk, men han kjende ikkje liv av noko slag. 12.07 fiska Inge morgen på Staten,
og det var samme leksa. Dei såg masse
fisk, men den ville ikkje bite. I alle fall ikkje før Inge hadde gitt
seg då Vebjørn fikk ein tert. 12.07 fiska Inge kveld på Langeland, men
det var heilt dødt. 13.07 fiska Inge morgen
på Alsaker, her fikk han ein pjakk på 1,44kg i Bruce på makk 14.07 fiska Inge og Sindre på Alsaker.
Inge fikk ein pjakk på 1,34kg og mysste ein pjakk til. Sindre mysste 2
pjakkar. 15.07 fiska Inge morgen på Staten, han fikk ein laks på
4.52kg på flata foran brua på fluga. 15.07 fiska Inge kveld på Bjørlo,
det hoppa fisk, men det var ikkje noko å kjenne. 16.07 måtte Inge på
jobb på Havyard Leirvik, på vei opp igjen kjørte han på ein hjort og
vraka bilen. 16.07 fiska Ståle på Staten, her fikk han ein
oppdrettslaks på 7,8kg flata foran brua og ein pjakk på 2,4kg nedan på
brua. 17.07 fiska Inge kvelden på Bjørlo, det var masse fisk å sjå,
men den ville ikkje bite. 18.07 fiska Inge kvelden på Bjørlo.
Han fikk ein pjakk 1,4kg på Holmen og mista ein pjakk på
Øyrane. 19.07 fiska Inge kvelden på Bjørlo. Han mista ein pjakk i Hjellehølen
som tok på inndrag. Så då var det kanskje ikkje så rart.
20.07 fiska Inge morgenen på Staten. Han hadde fiska kvelden så det vart
berre 3t med fisking på natta, men fisken var i bitet og Inge fikk ein pjakk på 2,4kg
og var borti 4 fiskar til som ikkje tok skikkelig. Samtidig fiska Tore og Ståle på Alsaker,
men ingen av dei kjende noko. Erik, den lange danske, fikk ein pjakk og mista
ein storaure. 20.07 fiska Ståle på Staten på kvelden,
her fikk han ein pjakk på 2,4kg på Øvre Malakoff.
22.07
kl.00 starta Inge å fiske på Moldevaldet i Lærdalselva. Det var
Ørstingane som hadde ordna med kort, men dei sleit med å fylle dei
sjølve, så dei ringde meg, men sia eg skulle til Vietnam så måtte eg la
kortet gå vidare til Inge. Fiskeriet hadde vore bra siste tida, så trua
var bra, men timane gikk uten at nokon kjende noko. I skyming fiska Inge
Kongehølen, og endelig beit det. Det vart ein kamp verdig Kongehølen,
men etter ein halv time kunne til slutt Inge håve fisken når klokka var
23.30 og det hadde vorte mørkt. Denne viste seg ikkje å være ein laks,
men ein monsteraure på heile 95cm. 23.07 fiska Inge
Moldevaldet i Lærdal heile dagen, men det var ikkje liv å kjenne denne
dagen. 24.07 fiska Inge enno Moldevaldet og fikk på morgenen på ein
10kg laks i Tilhengaren. Fisken stod bak ei grunne, som eit lite nes.
Når fisken tok, så seig den bakover og sekte seg ned på djupet før den
kom framover. Og då hadde den greidd å huke lina i ein stein på grunna.
Fisken gikk framover og gjorde 3 hopp mens lina fortsatt var fast. Inge
sprang ned og fikk løyst lina og kjørde på laksen i
15 min. No var den ganske spak og straks klar for håven når den gjorde
eit siste utras nedover. Inge ville ikkje slippe den bak på brekket så
han la litt meir kraft på laksen, fisken svinga innimot land og gjorde
eit plutselig byks. Inge kjende ikkje at fisken ville hoppe og vart for
sein med å legge stanga for å hindre den, så den hoppa, gjorde kolbøtte
og klarte å slå seg av fluga. Dermed vart det ikkje laks på Inge i
Lærdal, men han berga både turen og året med den fantastiske auren. Han
gav seg kl.18. Klokka 21 stengde elva slik at den
skulle kvile i 3t før neste gruppe fiskarar kjem. 25.07 var Inge
tilbake på Eid og fiska
kvelden på Staten. Her fikk han ein litt farga aure på ca.2kg i renna
nedanfor brua som han satte
ut igjen. 26.07 fiska Inge kvelden på Bjørlo, her fikk han ein farga
ho-laks på 80cm på brekket i Kastehølen, som han også satte ut igjen. I tillegg mista han ein
aure 1,5-2kg på utfalle. 27.07 fiska Bjørn og Lene morgenen på Alsaker, men det var heilt
dødt. Det var berre 5 grader på natta, så dismå på elva var ikkje vekk før kl.09 på morgenen.
Det vart stort sett fiska på Fossekanten og nedover, for
på Sanden gikk
3 danska på rotasjon i 10t. 27.07 fiska
Inge kvelden på Bjørlo, men der var det heilt livlaust
28.07
fiska Bjørn og Lene morgenen på Alsaker. I dag var forholda meir
ideelle, men ikkje optimale, men i alle fall slapp dei til der dei
ville. Det var Bjørn som starta showet med denne nydelige laksen på
6,4kg som han tok på Fossekanten litt føre kl.07. Laksen hadde vore i
kontakt med eit eller anna på tur inn til elva og hadde eit 10cm langt
djupt sår på eine sida. Såret var nok minst 14 dager
gammalt, så det var
begynt å gro godt. På motsatt side, som vi ser på bildet, så hadde den 2
lange striper. Ikkje godt å seie kva som hadde laga det, det er mange
som likar laks langs kysten så kunne vore så mangt, men det var vel gjerne
noko som hadde bitt den.
Ikkje lenge etter fikk Lene ein pjakk på ca.1kg heilt bak på Sanden,
rett utanfor elva, som ho
satte ut igjen. Etter dette så mista ho ein flott aure på ca.2kg
nedanfor fossen, før ho mista enno ein fisk, denne gangen ein laks på
Fossekanten. No hadde klokka vorte ca.09.30 og sette punktum for eit par
timar med godt bet for Lene. Når klokka vart 10.30 så
var det Bjørn sin tur igjen, og igjen var det på Fossekanten det beit på
makken hans.
Denne gongen ein litt mindre laks, på 4,6kg som tok i solskinnet.
28.07 fiska Inge igjen kvelden på Bjørlo, men det var like dødt denne
dagen. Inge fiska også Nor etterpå, men det var like dødt her.
29.07
fiska Bjørn og Lene igjen morgenen på Alsaker, med kraftig nordavind i
værlaget. Det gikk mykje fisk i alle storleikar, men med slikt værlag så
var dei store lite villige. Men dei mindre var lystne og beit villig.
Bjørn var den som gjorde det dårligast denne dagen, med berre ein pjakk
på 1,6kg som han fikk på Fossekanten. Lene derimot fikk pjakk på 1,4kg
på Sanden, før ho fikk ein oppdrettslaks på 3kg og ein pjakk på 0,74kg
på Fossekanten. Bjørn he vore plaga med dårlig rygg og avslutta dagen
med å krype opp ifrå Bruce så dermed så vert det fiskepause no til han
er betre igjen.
29.07
var Mathias og Sivert for første gong i lakseelva og prøvde seg sammen
med bestefar. Men det vart ikkje fisk på dei dessverre. 29.07 fiska Inge kvelden på Bjørlo.
På Utfallebakkane var det noko som tok fluga hans. Inge trudde det var
ein aure og gjorde skikkelig hardt tilslag. Men i enden skjedde det
ikkje noko før noko digert slo 3 gangen med haudet så 13'-stanga gikk
heilt i botn. Så seig laksen 10-15m nedover før fluga kom. Inge kunne
ikkje sei kor stor den hadde vore, men han trudde ikkje han hadde hatt
på noko liknande før i alle fall. 30.07 fortsatte Inge å fiske natta på Nor, og
fikk der ein flott laks på 4,2kg utpå muren, tok på innsveiving.
31.08 fiska Inge kvelden på Kvien. Det var oppe masse fisk i Hammaren,
heilt sikkert 30-40 fiskar på ei lita stund Inge fiska der, men alle var
svarte og ikkje bitevillige. Det vart etter kvat bikkjekaldt så han gav seg
klokka 00.30 når
det var 5 grader. Så då droppa han Nor mens Endre fiska heile natta der
uten resultat.
01.08 fiska Inge kveld på Moen, men synes at elva fortsatt var noko stor
der med 25 kubikk. Kjente ikkje liv av noko slag, det same resultatet
var det for Endre på andre sia, på Kvien. Avslutta på Nor i gode forhold, mørkt og godt,
men Endre fraus slik at dei gav seg ganske raskt.
02.08 fiska Inge Bjørlo på kvelden, snakka med Inge når han stod på
Øyrane, der var det dødt, men når han kom ned i svingen foran Fåhølen så
beit det. Og Inge kunne lande ein fin pjakk på 2,74kg. Seinare flytta han
fram på fremste og her fikk han to pjakkar på 1,5kg i Svarthølen.
03.08 fiska Inge mandagskvelden på Bjørlo, men denne dagen var det heilt
dødt.
04.08 starta Inge fiske kl.16 på Hjelle
05.08 fiska Inge heile onsdagen på Hjelle
06.08 fiska Inge heile tordagen på Hjelle. På kvelden mista han ein
brunaure på 2-2,5kg under landing. Fisken tok på ei #6 fluge heilt nede
på Joneset, nesten nede på Jo-utstikkaren
07.08 avslutta Inge fisket på Hjelle kl.16 uten noko resultat denne
dagen.
08.08 klokka 00 var Inge tilbake på Moldevaldet i Lærdal, no saman med
Atle og Asbjørn. Det var klart og fint vær, så fisket var labert, men
Inge fikk ein laks på 4,3kg. På kvelden var det litt aure i bevegelse,
men klarværet gjorde at det vart fort kaldt. Frostrøyk stod ut av
kjeften, så det var heilt dødt ifrå 23.30, og han gav seg allereie kl.
00.30.
09.08 fiska dei fortsatt Moldevaldet i Lærdal, og denne dagen var fisket
betre. Inge fikk ein pjakk på 2kg, og ein aure på 1,5kg, mens Asbjørn
fikk ein pjakk på 2,7kg som vart grilla til middag. Etter middag fikk
Atle ein pjakk på ca.2kg. Etter at det mørkna så mista Inge ein fin aure
som hang på i ca.1 min. Han anslo vekta til 4-6kg. Han hadde også etter
ein aure til, men den vart ikkje fast når han slo til.
10.08 mandagen fiska dei fortsatt Moldevaldet i Lærdal. Inge mista laks
på morgenen, og litt seinare hadde han opp ein diger laks på minst 15kg,
men den tok ikkje. Inge la ut igjen, og i det fluga var komen litt forbi
så smalt det på fisk. Inge tenkte aure og slo til, og det stemte. Men i
sola var det same som på natta, auren rulla rundt og gikk litt før den
slapp fluga. Og dermed var
ferien til Inge over.
14.08 fiska Inge kvelden på Bjørlo, heilt dødt.
15.08 fiska Inge natta på Nor og fikk ein aure på
55cm og 1,64kg på brekket foran brua.
15.08 fiska Bjørn og Lene morgenen på Alsaker. Lene gikk fram for å
fiske Sanden, mens Bjørn stod igjen på Fossekanten. Bak hola på Sanden
beit det med Lene og det var ikkje ein småfisk. Ho kjørte fisken ei god
stund før ho ringde til Bjørn, men det visste seg at Bjørn hadde også
fått på fisk og kunne ikkje komme å hjelpe. Fisken var ganske rolig og
gikk rundt i hola og litt hit og litt dit. Rolig var derimot ikkje Bjørn
sin fisk, den satte unna og nekta å stoppe. Bjørn kjempa seg etterveia
for å holde kontrollen på laksen som var 5-6kg,
men like foran Storesteinen så slo den seg av. Lene derimot hadde
fortsatt fisken på, og no var ikkje den heller rolig lenger. Den seig
ned og ned og bikka tilslutt over brekket bakpå Sanden. Lene var opplært
til ikkje å fylle etter fisken om den ville nedover, men når fisken
etter kvart var komen rundt svingen og sena var komen inn i skogen så
begynte ho å følge etter. I det same kom Bjørn opp og dei fikk løyst
sena ifrå skogen, men då var fisken borte vekk. Fisken hadde hoppa, og
Lene var heilt sikker på at den var minst 10kg.
15.08 fiska Inge kvelden på Moen og fikk ein tert
på 60cm og 1,8kg nede på flata.
16.08 fiska Bjørn og Lene morgenen på Alsaker. Det var rolig, men Bjørn
fikk ein tert på 1,2kg nedanfor fossen.
16.08 fiska Inge kvelden på Bjørlo og fikk ein
liten laks på 3,06kg og 65cm i Linja foran Måløyhytta.
17.08 fiska Lene og Bjørn Alsaker igjen og fikk kvar sin tert på 56cm og 1,54kg og
55cm og 1,52kg. Lene tok sin på Sanden, mens Bjørn tok sin på
Fossekanten.
21.08 skulle eg endelig få kome i elva igjen. Egentlig hadde eg planlagt
å ta fri fredagen og stikke innover på torsdag, men forma var ikkje topp
og så hadde eg ein del arbeid å ta i, så det vart utsatt. På vei heim
følte eg meg nokonlunde, men heime så seig det på. Både Ly og Lilly
kjende også på litt sykje, så vi bestemte oss for å vente og kjøre
innover tidleg laurdag. Inge fisk Bjørlo, men det var heilt dødt.
22.08 fiska Bjørn og Lene morgenen på Alsaker.
Lene fikk ein pjakk på54cm og 1,32kg på Fossekanten. Bjørn var også
borti ein pjakk på Fossekanten, men den hoppa seg ta etter kun kort tid.
Eg stod opp tidleg og var klar, men kjende at eg kanskje ikkje var frisk
nok til å fare i elva. Så når Ly og Lilly stod opp, og meldingane ifrå
Bjørn var at det ikkje var mykje å prøve etter så vart vi heime.
22.08.fiska Inge kvelden på Bjørlo, og fortsatt var det dødt. Disma kom
tidleg, så Inge reiste tidleg på Nor og gav seg tidleg der også..
23.08 fiska Lene og Bjørn morgenen på Alsaker. Dei fikk kvar sin tert på
Fossekanten, Lene ein på 1,3kg og Bjørn ein på 1,2kg. Seinare på
søndagsformiddagen tok dei ned teltet og reiste tidleg heim i selskap.
Mandag var eg inn på verksted med bilen, men var ikkje i form for
fisking. Brukte i staden heile dagen på å ta ned teltet.
28.08 var eg fortsatt sjuk og var innom legen før vi for til Eid. Ein
lett virusinfeksjon kalla ho det. Eg var nedom Chatlet for å sjå etter
kort, men eg var urven og fant ikkje noko med kort nok gangvei som
frista så tenkte at eg skulle spare alt til resten av helga. Inge fiska
kvelden på Bjørlo, men det var heilt dødt.
29.08 vakna eg kl.03 og var ikkje i slag, såg friidrett og åt Pinex til
klokka vart 6 og eg prøvde køya igjen. Stod opp utpå formiddagen, men
forma var elendig. Inge var på demofiske med avisene, mens eg prøvde å
verte i form til korta vart lagt ut kl.14. Ståle og Tore fiska morgenen
på Alsaker, men det var heilt dødt.
Men når klokka til slutt vart 14 så var det ikkje tema ein gong å fare å
sjekke etter ledige kort. Eg gikk til køys i staden. Vi måtte ned å
handle, og kjøpte middag på Kinarestauranten og eg trudde ikkje at eg
skulle overleve. Så vi begynte så smått å pakke for tidlig heimreise. På
kvelden kom Mattis bortom for å drikke øl, men eg var nok ein elendig
drikkekompis. Inge fiska kvelden på Bjørlo og fikk ein tert på 60cm og
1,74kg i Bakkereinå. Etter at det mørkna fiska han også over Nor, men
regnet kom så han gav seg tidleg. Tore og Ståle fiska også kvelden på
Alsaker, men dei kjende ikkje liv. Det einaste dei såg var ein liten
aure som spratt i Bruce utpå ettermiddagen.
30.08 var forma like elendig, så vi pakka sammen tidlig å reiste heim
for å kvile ut, mens Inge for på Nor for å prøve ei stang han kanskje
skulle kjøpe med Atle. Etter dette for han på
Bjørlo der han avslutta sesongen 2015. Heilt livløst. |
Etter sesong |
Det vart ein haust
med lite nedbør vidare også, så elva var lita ut heile september og
oktober, men i månedskiftet oktober-November kom det litt regn, så når
eg var innom 7.november på hyttevisning, så var det fiskande, sjølv om
det berre var ca.15 kubikk. Haustfisket var som vanlig nedslåande, med
veldig høgt innslag av oppdrettslaks og veldig mange mista oppdrettere,
men drivtellinger viste at det heldigvis var godt med villfisk i elva,
spesielt mellom og smålaks, så vi håper på ein god sesong til neste år.
Etter kvart kom regnet, og like før jul toppa vatnet med 84,85 kubikk. |
|