STARTSIDE
FISKEDAGBOK
 

2014

 

Like etter nyttår tok eg kontakt igjen med Nils Andre Aarseth for å starte på ombygging av huset, og då var det klart kva eg skulle gjere på resten av vinteren og våren. Det har vore lange kveldar for å komme i mål til sesongen, men litt tid til børsing har vi sjølvsagt tatt oss. Men fisking etter aure eller andre fiskerelaterte aktiviteter har det ikkje vore tid til.

Vinteren har vore uvanlig varm og tørr, stort sett med ein austleg vindretning. Dette har ført til lite snø i fjellet og rekordtidlig det aller meste. Rundt 20 mars kom våren og elvane steig opp på snøsmelting av det som var av lavandeliggande snø.

23.03 gikk Vebjørn og Endre ein tur på Bjørlo og holdt på å ramle uti når dei kom fram til Forbygginga. Her hadde nokon vore nedi med gravemaskin å skuffa ut ein kjempehaug med gytegrus , heilt sikkert med rogn og yngel. Litt etterforsking måtte til, og det viste seg at det hadde vore snakka med NVE og fått tillatelse til å grave ut grus som har kome med Stampeelva. Problemet er at der er heile botnen forbygd, så ingen stein har kome derifrå. Men no er det gjort, yngelen er død og det er vanskelig å endre noko på. Men veldig synd at folk tar seg til rette slik, sjølv om dette er ein kunstig høl ifrå før.

25.03 såg eg første humlene summe rundt i 15-16 grader og flott solskinn.

30.03 var Endre i Kastehølen og spotta årets 6 første lakser, der var også fisk oppe å viste seg.

06.04 hadde tallet auka til 9 fiskar i Kastehølen.

16.04, midt i påska hadde tallet auka enno meir, til 11 fiskar. I løpet av påska såg dei også fisk både i Åbrekk og på Skipenesbrua. Bjørka var no bort i mot utspråtta.

18.04 var vi inn å vaska vogn og gjorde klart for sesongen. Inge hadde alt fått opp vinterteltet. Vi var ned på bruene og på Malakoff og kikka på forebygginga, men vi såg ikkje fisk.

23.04 kom sommaren med 22 grader og kjempevær.

28.04 vakna vi til snø og hagl, men det var vel noko seint å berge laksevatnet.

11.05 var vi i konfirmasjon til Dina i nydelig, men kjølig vær, kraftig nordost og skodde i toppane.

15.05 åpna første elvane med nattefrost og ingen fangst i Nord-Trøndelag, mens på Austlandet vart det landa fisk både i Drammenselva og Numedalslågen.

17.05 feira vi 200års jubileumet i godt, men småkaldt vær, men utsiktene var kjempevær med sol og sommarvarme så langt varsela gikk, skulle no siste snøen smeltast?

18.05 var varmen komen til Trøndelag, og då livna det til der også og årets første i Bjøra vart landa.

19.05 kom første værmeldinga for åpninga ifrå Storm, sol og 16-20+ grader lova godt.

21.05 passerte elva 30 kubikk på vei oppover. Det er kraftige regnbyger og samme været er meldt framover. Har vore lite fisk å sjå siste tida, men det var observert ein del fisk som var oppe nedanfor Skipenesbrua ein dag. Men kan det være fisk som slår lus? Den varme vinteren har gjort at vi har hatt lusetall vi aldri har sett maken til, trulig har ingen smolt på heile vestlandet overlevt denne våren. HEILT FORFERDELIG!

22.05 passert elva 35 kubikk, no begynner det likne på noko.

23.05 hadde værvarselet for åpninga snudd, Storm og Yr var enige om at nordvest, skya og 10-16 grader var tipset. Enningdalselva åpna i dag med fantastisk fiskeri. I Bjøra er det no landa 6 laks, mot 0 dei to foregåande åra på samme tid. Og den første vart i dag landa i Stordalselva på Fosen, dette er uvanlig seint, her bruker det verte landa fisk på åpninga eller like etterpå om forholda har vore elendige.

29.05 var eg på plass på Eid, første for å få opp teltet, og så for å feire Inge sin 40-årsdag. Inge grilla nesten halve 18,3kiloslaksen, og den var heilt nydelig god. Resten av kvelden foregikk i sømelege former.

30.05 var det ned på bruene for å sjekke om laksen var på plass til åpninga, men der var vatnet grått av leire, så det var ikkje noko å sjå. Etter handling kjørte eg heim og henta Ly, som ikkje var i form på torsdag når eg for. På kvelden var vi ned på Alsaker å rydda ifrå Bruce til Fossekanten. Det var litt lite tid til å gjere det skikkelig, men det vart i alle fall mykje betre. Grunnen til at vi hadde dårlig tid var sjølvsagt at andre halva av laksen skulle grillast.

31.05 gikk med til å leite opp klær, fiskeutstyret og begynne rigging av stenger, så var det henting av fiskekort til neste helg og litt shopping på Eid. Det var heller ikkje fisk å sjå på bruene i dag, men det var vanskelig å sjå noko på Osbrua sia det var mykje vind. Var også ein tur innom Villmarksmessa på operaen, men vart ikkje imponert over fiskesida av messa, der har dei mykje å gå på enno. Etter messa så vart det ei kort middagskvild, før det på ny var stormiddag i teltet med Inge, dagens meny var ein nydelig bacalao. Etter maten vart det klargjering før det vart tidlig avreise til elva.

01.06 Eidselva Alsaker 00-14 På plass på Alsaker vart det oppknyting og tilrigging. Været var klart og skyfritt, vinden som vanlig nordlig og temperaturen var 11 grader på vei ned. Vatnet var 9,6 grader og utover natta falt temperaturen til skarve 2 grader i lufta. Eg starta på Øyrane, Asbjørn fiska Sanden, Sindre hadde kortast vei til Fåhølen, Bjørn var på Fossekanten, Inge ved Storesteinen og Vaskeplassen, mens Petter fiska Bruce med makken.

På vei fram hadde skodda allereie begynt legge seg på markane, ikkje noko godt tegn. På Øyrane viste det seg at det var oppsatt gjerde litt innpå marka, men likevel så nær elva at å prøve å snike seg forbi usett for laksen var umulig. På innsida var det 3 veirar, så å gå på innsida var ikkje aktuelt. Sia eg trulig hadde skremt alt av fisk, og at der også kom ein kar fiskande nedover på andre sida, så fiska eg berre raskt over, utan å kjenne noko. Gikk så nedover og tenkte vente til Asbjørn var ferdig, og det var han etter å ha fiska framkant av hola, for han hadde plukka feil snøre og plagast fælt med kastinga. Men også her var det folk på andre sida, og han fiska Sanden. Derfor gikk eg fram og fiska innløpet, så Sanden, men sia begge plassane var nyfiska så var trua lita. Fiska derfor raskt over og flytta vidare nedover til stålstigen då Inge kom å preika. Etter ei stund i buda gikk eg å satte meg i bilen ein time til det lysna igjen i 3-tida.

Når Inge gikk ifrå meg og framover så var Asbjørn i gang med å fiske over Sanden, så han gikk fram å fiska innløpet. Når han kom ned til hola var Asbjørn ferdig og Inge fortsatte nedover. Like nedanfor hola tok ein fisk fluga hans heilt bortunder land. Inge skvatt sjølvsagt til, og slo godt til og fisken sat. Den var veldig sprek og ville ikkje fram i hola, men ville holde seg nede på strekket nedanfor med fleire utras nedover. Fleire gongar måtte Inge virkelig holde igjen for å stoppe den, men sjølvsagt tappa også dette den for krefter. Og etter 7 eller 8 ganger ned strekket så kunne Inge lande årets første laks, ein flott ein på 98cm og 10.04kg.

Etter å ha fått full rapport gikk eg fram og fiska over ein gong til med fluga, men det var dødt no. Etter ein kjapp pølsefrokost prøvde eg Fossekanten og strekket nedanfor fossen, men det var ikkje noko å kjenne. Tok så makken og fiska over Sanden igjen, men det var ikkje noko å kjenne. Klokka var no 7 og sola steika i elva, så eg sula opp og reiste fram igjen for å kvile litt.

01.06 Eidselva Alsaker 14-02 Været vart etter kvart heilt nydelig, med strålande sol heile dagen. Etter litt bacalao så for vi ned igjen. Samme gjengen også no på kvelden utenom Inge som også hadde kort på Bjørlo.

Eg gikk fram og prøvde fluga på Sanden, men det var ikkje noko å kjenne. Tok det rolig og prata mykje, mens vi såg på ein skybanke som kom sigande innover. Når sola for tok eg ein tur nedover til foran storesteinen og fiska meg nedover til Vaskeplassen. Var lite å kjenne, men nede ved steinen heilt bak på Vaskeplassen så var det noko som dunka borti fluga. Var usikker på om eg hadde vore nedi steinen, men prøvde fleire kast uten å kjenne verken steinen eller noko anna. Prøvde også Bruce, men kjende ikkje noko der. Når eg kom opp på baren så for Inge framover veien, så eg mistenkte at noko var på gong.

På vei fram i bua så såg eg at det var mykje oppstandelse på gang, så eg mistenkte at nokon hadde fått fisk. Jaudå der stod Bjørn å gliste. Han hadde prøvd makken foran hola på Sanden, men hadde gitt opp og sveiva inn mens han snakka med madammen og sa at her var det ikkje fisk. Plutselig svarte det i andre enden og Bjørn måtte til å kjøre fisk. Kjøringa gikk heilt greitt og etter ein ikkje veldig lang kamp så kunne han dra laksen opp på grusen. Fisken var ein flott hannlaks på 7,24kg. Alle skulle no fram å prøve, men det var ingen som kjende noko meir.

  06.06 fiska Inge (For innover torsdag)
06.06 Eidselva Alsaker 14-02 Eg hadde booka meg eit fredagskort tidlig i vinter og jaggu enda det opp med berre kjentfolk her. Først fikk eg vite at Snikkar Nils og faren Andreas skulle fiske, så fikk eg melding på Facebook at tremenningen min, Kjetil Klokk med fru Trine også skulle fiske. Alle var på plass før eg kom i elva i 19-tida, men dei hadde kun vore i kontakt med småaure. Ej starta med fluga på Sanden, var noko bortpå å dunka så vidt i fluga bakpå Sanden, men langt ifrå nok til å bli fast. Vart mykje prating før eg gikk ein tur nedover og fiska ifrå foran storsteinen til Vaskeplassen uten at der var noko å kjenne. Eg hadde planer om å fiske Bruce også, men der stod Kjetil så eg gikk fram igjen. Når Kjetil kom fram så kunne han melde om at der var fisk i Bruce. Han hadde bikka på ein laks, men ikkje fått den fast. No for etter kvart alle heim, så då tok eg å leita fram makken. Prøvde Fossekanten, men der var det dødt, så eg gikk framover for å prøve Sanden. Fiska foran hola med fluga og nede på Sanden med makk. Fikk ein flott aure på knappe 1kg nede på Sanden, men såg eller kjende ikkje noko større. Etter ei pause gikk eg samme runda igjen, men no vart det berre ein aure på 0,4kg. Begge aurane var fulle av lus, den største hadde minst 30 lus, mens den minste hadde minst 20 lus. I halv 2 tida gikk eg over alt med fluga før eg gav meg.

Inge og Endre fiska på Bjørlo, men var heilt dødt der også.

07.06 Eidselva Staten     02-14 Eg kjørte ned og stod å slappa av når Inge kom. Eg gikk på brua å kikka, mens Inge for å fylte diesel. Ferdig der så snakka vi med Hennig Langeland som hadde fiska der på kvelden. Dei kunne melde om eit par aurar på 1,5kg, og litt aure som gikk, men ellers rolig. Vi starta med å fiske framme, men det var heilt dødt no. Inge fikk ein aure på ca.1kg i renna nedanfor brua. Etter kvart flytta vi nedover og fiska i den nyrenoverte Malakoff, men elva var lita og alt for klar, så det var ikkje noko å kjenne. Inge for først fram igjen på fremste og når ej kom stod han nedanfor brua å fiska på nokre fiskar han hadde sett. Nesten samtidig som eg kom så kom Vebjørn også, så vi samlast på brua å preika. Etterpå gikk eg ned å prøvde, men Inge sa at fiskene berre veik unna når eg fiska, så då mista eg motet og tok natta. Tenkte å evt. stikke ned seinare, men då var det fortsatt strålande sol, så såg ikkje nokon vits i å prøve.

På kvelden fiska Ståle Langeland, han kom ikkje innover før i 20-tida, hadde guiding ifrå Inge, men det hjalp lite for han verken såg eller kjende noko.

08.06 Eidselva Staten    02-14 Klokka 2 var eg på plass igjen og forventa finne Ståle, men han hadde sikkert slappa av litt på det mørkaste. Eg starta igjen foran brua var det heller ikkje noko å kjenne i dag. Eg fiska meg nedover med makken og fikk ein liten aure på 0,5kg i renna, denne hadde nok minst 50 lus på seg, men som dei andre eg har fått så var dei i godt hold. Fiska meg vidare ned til steinbordet der eg møtte Vebjørn som kom gåande framover. Og sammen gikk vi ned og prata med Svenn Morten som hadde fiska nede på Malakoff. Når vi stod der så kom Ståle også fiskande nedover med makken. Etter kvart prøvde Ståle Øvre Malakoff, mens eg fiska Nedre Malakoff. Det var dødt, så eg sjekka brua og pakka sammen.
09.06 Eidselva Staten    02-14 Eg og Inge var tilbake på Staten og Inge starta foran brua, mens eg prøvde Hesten med makken, men som laurdag så var det kun yngel å kjenne. Fiska renna nedanfor brua, men det var heilt dødt. Kjørte så ned i Malakoff og fiska strekket ifrå Steinbordet til brekket på Malakoff med fluga. Det var vanskelig å fiske her sia du står for høgt og muren er veldig bratt. Kjørte fram igjen på brua, men her var det fortsatt dødt, så eg pakka sammen og avslutta tidlig.
  09.06 fiska Bjørn Alsaker på ettermiddagen, men han kjende eller såg ikkje fisk. Ståle skulle fiske kvelden på Bjørlo, men fikk ikkje barnevakt og måtte reise heim.

13.06 fiska Inge kvelden på Langeland. Endre hadde fiska over først og for like etter Inge kom, fordi han hadde også kort på Kvien. Der var det folk, samtidig som det var 2 mann på Moen, og folk i Hammarhølen, så han kjørte like godt fram til meg på campingen for å levere eit kort han hadde kjøpt til meg. Etter ei stund der så ville han ned å sjå om det hadde letna med folk, men på veien ville han prøve Nor. Det enda med at han fikk 2 laksar der, begge på 7,5kg. Inge fiska over Langeland før han gav opp og flytta fram på Nor han også, men då var det gjort og ingen kjende noko meir.

14.06 Eidselva Staten    02-14 Det var folk foran brua, så eg starta heilt framme. Like etter at eg begynte så var det oppe ein fisk i Hesten. Eg fiska meg nedover for å kome den i møte, men med unntak ifrå eit par ørsmå kakk i fluga så var det dødt. Med unntak ifrå ein makketjuv innunder land. Foran brua var det heller ikkje noko å kjenne. I renna var det berre småfisk å kjenne. Kjørte så ned på Malakoff. Her stod dei ein Måløyværing å fiska framme i Malakoff, så eg gikk ned på den nye veien og fiska bakre del av hølen med makken, samt at eg fiska meg nedover også hølen på sida av holmen. Kjørte så fram igjen, men der stod no Pedersen å fiska foran brua, så sia sola alt var på gang så pakka eg sammen og kjørte opp igjen. Eg vurderte å evt. stikke ned igjen å sjekke, og når klokka var 11 så kjørte eg ned igjen med vadebuksa bak i bilen. Møtte Pedersen igjen på brua, men alt var totalt dødt, så eg vurderte ikkje å drage på meg buksa igjen.

Inge skulle samtidig fiske Bjørlo, men forsov seg og for ikkje i elva før kl.12. Han starta i Ny-Ledet med å fiske med fluga, og hengde med det samme fluga inn i straumen langs land. Etter eit par sekund merka han noko rart, men før han fikk tenkt meir på det så raste ein fisk avgårde med fluga. Fisken var knallhard og Inge måtte kjempe lenge, både for å trette ut fisken, men også for å det heile å holde fisken i hølen. Men etter nokre minutt begynte fisken å tagne og Inge fikk meir kontroll, men enno måtte han kjempe ei stund til før han landa fisken. Eg var nede på Chatlet når Inge ringde, først for å be meg sjå etter kort for Petter, men sjølvsagt også for å fortelle om fisken. Då tippa han på 6-7kg, men etter å ha fiska over ned til Forbygginga så møttes vi framme på vogna igjen for måling og veging. Laksen visste seg å være 94cm og vekta var på flotte 8,96kg. Den hadde nokre få lus, så den var ganske nygådd.

14.06 Eidselva Langeland 14-02 Mens vi holdt på å gjere klar grillen så ringde Endre og sa at vi måtte komme ned på campingen på Hjelle, dei hadde fått ein storing der nede. Så eg og Inge hoppa i bilene og kjørte nedover. Når vi kom ned vart vi møtte av digre glis av Johnny og Antonsen, før fiskaren kom ut av teltet med eit enno større glis. Så vart det filming av Odd Arne Jarnes ifrå Sykkylven før historia om laksen på 19,5kg kom. Dei hadde kort til klokka var 16 og Odd Arne var framme ved Svadet og Fossen å fiska. Han fiska med makk og fikk sjå ein laks som var oppi med uggane. Han fortsatte med makken, men den ville ikkje ta, så han satte på ein spinnar. Etter nokre kast kikka han på klokka og lurte på om han skulle bytte høl, men klokka var 15.47, så han vart ståande. Berre nokre få kast etterpå hogg det i. Fisken ville både opp og ned, men fiskaren satte hardt imot hardt og hardt og holdt igjen. Fisken ville fram og opp fossen, og det var heilt umulig å nekte den. Men i det den var komen akkurat på brekket så holdt Odd Arne igjen og fisken vart ståande i den hardaste straumen med fullt press og det tok luven av fisken. Så etter det tok det ikkje lenge før han kunne dra fisken fram på grusen.

Eg og Ly var ein tur ned å fiska ifrå kl.20 til 00.30. Eg starta framme på Ledet og nedover imot godsteinen, men der var ikkje noko som ville ha fluga mi. Nede i Vereidehølen fiska eg innløpet, rundt svingen og ned til midt i djuphola, men med samme resultat. Starta så med makken i innløpet og fiska meg rundt svingen og heilt ned på brekket. Var borti ein fisk midt nede i hola, innunder land, men den drog ut og når eg tok igjen snøret så var den vekk. Var også borti noko bort i djupaste, men eg fikk det aldri fast. Dette kjentes meir ut som ein mindre aure. Etter ei pause fiska eg igjen over med makk, no også bakpå med lettestanga. Var noko heilt bakpå, både borti og inne i renna, men eg greidde ikkje få det fast. Kjentes ikkje veldig stort ut, men vanskelig å sei då det var veldig forsiktig. Fiska over heile hølen enno ein gong, men no var det enno mindre å kjenne, så vi pakka berre sammen og begav oss til sengs.

Inge og Endre fiska Bjørlo, Nor etterpå til kl.04.15. Såg mange fisker nedpå dammen, men dei virka ikkje å komme fram så dei nådde tak i dei.

15.06 Eidselva Bjørlo    02-14 Eg starta framme kl. 05 med å fiske Kastehølen med makk før eg fiska strekket ifrå Svarthølen til Granhølen med fluga, men eg kjende ikkje noko. Ein av Måløyværingane kom opp og gikk over med makken, så eg prøvde ikkje meir med den. Asbjørn fiska Hjelle uten å kjenne noko der heller. Så gikk eg opp i bilen og kjørde ned til Måløyhytta. Etter ein powernap så gikk eg fram i Ny-Ledet. Her var det dødt, men når eg fiska med makk så vart eg fast. Når eg løyste så var der ein fisk som la blanksida til. Fiska lenge på den, men fikk den ikkje til å ta, verken på fluge eller makk. No var det ein god time igjen, så eg gikk ned i Linja å prøvde makken, så i Hjellehølen å fiska den med både fluge og makk, men uten resultat. Så gikk eg i Forbygginga å prøvde fluga, var borti noko, men trulig samme som Inge var bortpå dagen før. Siste 10 minutta ville eg prøve makken, men når eg sleit på første kastet så gav eg berre opp og gikk ned i bilen igjen.

Inge fiska Bjørlo på kvelden, men som ellers så var det rolig.

  20.06 fiska Inge Bjørlo, mens eg var på Borgarøya på avdelingsfest, og dermed ingen fisking denne helga. Det var heilt dødt for Inge denne kvelden.

21.06 fiska Inge kvelden på Bjørlo, men det var veldig rolig. Petter hadde kome innover og fiska Nor, der også Inge og Endre etter kvart kom. Petter var borti ein fisk, og han såg ein stor fisk nedpå, men han greidde ikkje få noko. Inge og Endre kjende ikkje noko.

22.06 fiska Inge kvelden på Bjørlo. Han vart pratande og fiskande lenge, men det var lite fisk å kjenne og sjå også i kveld. Petter fiska kvelden på Alsaker. Han var borti ein fisk på Fossekanten, men den vart ikkje fast. Ellers kjende han ikkje anna enn småaure.

23.06 fiska Petter morgenen på Alsaker. Han for fram å la seg i 3-tida og kom i elva igjen kl.08. Då fiska han seg nedover og i Bruce såg han ein strek heilt bortunder land på andre sida. Han kasta bort og fisken tok ganske langt bak imot steinen, men den vart ikkje fast. Han gikk så fram igjen og tok ein kopp kaffi før han gikk ned igjen på Fossekanten. Etter nokre få kast så sat den. Petter kjørte fisken med nyestanga med Ambassadør Syncroen og gav fisken godt press. Etter kvart fikk Petter den opp i overflata. Då fikk han skjelven, for han synes den såg  så stor ut, han anslo den til 12-15kg. Men han visste Inge hadde sagt at alle store fiskane han hadde mista hadde vore fordi han gjorde noko feil, så han bestemte seg for å holde haudet kaldt. Han fortsatte å kjøre den og fisken tagna forholdsvis raskt, den ville heller ikkje nedover, så Petter kom til at han ville prøve å lande den inne på bukta nedanfor berget. Han klatra ned ifrå berget og sluttkjørte fisken derifrå, noko som gikk heilt greitt, og med ei landing heilt etter boka så vart fisken berga. Laksen var ikkje heilt nygådd, men hadde litt lus. Vekta viste flotte 9,96kg fordelt på 98cm.

24.06 fiska Petter Nor igjen, men denne dagen var det heilt rolig.

26.06 var Petter hadde med Arne Koppen på Alsaker. Men det var dødt, alt dei såg og fikk var småaure.

27.06 var Inge på Bjørlo på kvelden, men det var rolig. Når eg kom innover så var det begynt å svartne godt til i indre strøk, og kl.20 så kom flodingen ut til Eid også. Og då livna det til og dei var borti fleire fiskar, både Inge og Endre. Endre hadde på ein 2kgs aure, mens dei berre drog i fluge til Inge og han greidde ikkje å få dei fast. Etter at regnet gav seg etter ei lita stund så vart det stille igjen. Dei prøvde Nor på natta, men det var ikkje noko å sjå eller kjenne.

28.06 Eidselva Bjørlo    02-14 Ly Va reiste på ferie i går, så no var det fisking på heiltid. La meg når eg kom innover og vakna kl.03, men somla og såg fjernsyn til kl. var 05.30. Det var skodde når eg vakna, og heilt til eg var komen i elva.Var komen i Granhølen like før kl.06. Var borti noko så vidt på makken her, men det vart aldri fast. Fiska nedover og var borti ein fisk til nede ved første steinen, men den var veldig forsiktig. Fiska så Svarthølen og innløpet på Kastehølen med fluga, men kjende ikkje noko. Fiska så utløpet og Utfalle med flua, men ingen ting å kjenne. Fiska så Utfalle og Granhølen før eg gav meg.

Tore og Sindre fiska på Alsaker. Det stod laks på Fossekanten på kvelden, men når gutta kom så var der kun småaure. Sindre såg 2 aurar på rundt 3kg som hoppa nedanfor fossen, og Tore såg at dei like etter kom opp fossen, men dei kjende ikkje noko av dei.

28.06 Eidselva Kvien    14-02 Såg ferdig 8-dels finalen mellom Brasil og Chile før eg for i elva, og sa det vart både extraomganger og straffe så var kl.21 før eg var på plass. Såg der var folk i Moahølen og i Hammaren så eg prøvde meg på flata med fluga. Var borti ein fisk, trulig ein liten aure. Snakka så med han andre som fiska der, han hadde holdt på sia kl.14 og ikkje sett eller kjent noko. Han pakka sammen mens eg fiska Svadet. Så gikk eg fram å prøvde makken på flata. Var borti noko større framme i hølen, men den slo berre sena ut av fingrene og vekk var den. Lurer på om det kunne vore at sena eller blyet traff ein laks, for makken var urørt. Lenger bakpå var eg i fisk bortunder steinen i kanten på Moensida og det er mulig det var den eg fikk litt lenger bakpå, ein aure på ca.0,6kg. Prøvde også hølen foran, men kjende ikkje noko der. Gikk så fram og prøvde fluga i Moahølen, var borti noko, men usikker på om det var noko større. Gikk fram å prøvde Khrutsjov med makken, var noko bakpå som tok skikkelig 3 ganger, men eg fikk det ikkje fast. Når karane på andre sida gav seg så prøvde eg makken i Moahølen også, men her var det dødt. Etter å ha hørt med Inge at han og Endre heller ikkje hadde sett fisk på Bjørlo, så prøvde eg Moahølen med fluga igjen, men det var like dødt. No hadde det kome ein iskald vind og eg var dårlig kledd, så eg pakka sammen og reiste heim.

Tore og Sindre var også i kveld på Alsaker. Sindre fikk ein pjakk på Sanden, denne kjørte han tom og drog fram på grusen, men då løysna kroken og pjakken slo ei kolbøtte ut i elva igjen og vekk var den. Sindre meinte den var 2-3kg. Ellers var det dødt.

Inge og Endre avslutta med å fiske over på Nor, men det var skodde og heilt dødt.

Tore og Sindre fiska også morgenen på Alsaker, men det var heilt dødt i dag igjen, sjølvsagt med unntak for dei allestedsnærværende småaurene.

29.06 Eidselva Moen      14-02 Starta i 18-tida med å fiske fremste med fluge og makk. Var borti noko på makken foran renna på Fossen-sida, men fisken nappa snøret ut av fingrane mine, så når eg då slo til med åpen spole så vart det null futt ute hos fisken, men masse kaos i min ende av snøret. Fiska så Moahølen med fluge, og seinare med makk også, men det var dødt. Fiska så Khrutsjov og på første kastet nappa det skikkelig på godplassen. Eg slo til, men kjente at fisken aldri vart fast. Sveiva inn og då var kroken renska, makken som hadde vore oppetter sena var vekk. Så her hadde det vore veldig nær for at det vart fisk. Fiska så litt til, men kun småaure tok noko lenger baki. Fiska så Moaølen med makken, før eg etter ei pause fiska Moahølen og svingen ved gamlebuda med fluga. Tenkte prøve Khrutsjov igjen, men klokka var allereie 22, så skulle eg kome meg heim og opp på jobb på mandag så måtte eg stikke. Inge og Endre fiska Kvien, men kjende ikkje noko.
04.07 Eidselva Alsaker 14-02 Hadde det ikkje travelt med å komme i elva, men var på plass ca.kl.20. Då hadde dei allereie sett fisk på Fossekanten, men hadde ikkje greid lure laksen. Bjørn såg like etter 3 lakser til som kom opp og for framover. Eg gikk fram og fiska meg rundt absolutt heile Sanden med enhånds, 0.27mm fortom og ei dobbel 10 Butcher. Var borti eit par mindre aurar, men ellers ingen ting til laksane som gikk. Satt og kopa ei stund, men greidde ikkje få opp trua, så eg kjørte fram på Nor når klokka var 24 og fiska over der, men det var kun småaure også der. Inge fiska Bjørlo, men der var det heilt dødt.
05.07 Eidselva Alsaker 02-14 Var sliten så sov vekk heile kortet, men Ståle som fiska heile natta kunne melde om at det gikk mykje aure på natta og han hadde fått ein aure på 1,04kg. Inge hadde fiska Nor uten å ha sett liv og kom så ned på Alsaker. Her var både han og Ståle bort i fisk på Fossekanten, men dei fikk dei ikkje faste. Så fikk Sindre på ein pjakk, denne vart kjørt tom, men når Sindre drog den fram på grusen så løysna kroken. Fisken, ein pjakk på 2-3kg var komen heilt opp på tørra, men gjorde no ei kolbøtte ut i elva igjen og stakk som ein strek. Seinare kom også Bjørn og Lena ned og då greidde Bjørn å lure på ein pjakk på Fossekanten. Lena hadde sett for seg håving og avansert landing, men Bjørn han synes den var så liten at han berre lempa den over gjerde som ei lita krede. Og det gikk bra og Bjørn sin andre fisk for sesongen var i boks. Pjakken var berre 1.08kg. Etter dette var det heilt dødt.
05.07 Eidselva Alsaker 14-02 Trua var laber, så det vart prolog i TdF og kvartfinale i fotball-VM før eg for i elva. Sat der og preika til det var godt skymt før ej gikk fram å fiska over innløpet til hola og Sanden, men det var heilt dødt. Ståle kom også fram og vi bytta på å fiske, men det var heilt stille heile natta. Så i lysninga så pakka eg sammen og kjørte opp å la meg.
06.07 Eidselva Alsaker 02-14 Stod opp i 11-tida og gikk innom Refsnesane for å høyre om det var vits i å legge ut på tur igjen, men det vart raskt slått ein slutt i slike planer, det hadde vore heilt dødt heile morgenen og ingen hadde sett noko. Bjørn var enno i elva og kunne melde om null fisk og null fangst så dermed så avslutta eg berre heile Alsakerhelga.
07.07 Eidselva Moen     02-14 Eg hadde ein plan om å være komen i elva kl.02, men det var igjen for godt å sove, så klokka var over 4 før eg tok laust. Eg visste Endre hadde fiska Bjørlo og at han trulig stod på Nor, og korrekt, som ei hegre stod han ute på muren og vagla. Eg ringde han, men fikk ikkje svar. Nesten klar nede på Moen så ringde han tilbake og kunne fortelle om at han hadde mista ein pjakk for ikkje så lenge sia. Dermed gikk eg til verket med litt tru, men fremste hølen var død. Nede i Moahølen var det dødt. Sjekka temperaturen klokka 07.00. Vatnet var 15,1 grader, alle 13 kubikkmeterene som passerer i sekundet. I lufta var det flotte 22,6 grader. Fiska Krutschov, men det var dødt og samme var det på dei neste forsøka i Moahølen. Fiska også svingen nede ved prydbuska, men det var også resultatlaust. No var sola koma, og temperaturen var opp mange grader til, så det var ikkje så aktuelt å gå der å svette meir. For å lufte meg kjørte eg sammen med Endre og Vebjørn inn til Stryn for å sjå etter kort.
08.07 Strynelva M.Kirkeide N.Kirkeide 00-12 Og kort vart det. Endre og Vebjørn hadde blinka seg ut midtre som mest ideel på natta, og når dei som fiska før oss kunne melde om både spotta fisk og mista fisk på nedre som no sikkert hadde gått vidare så ville dei starte på midtre. Og det synes sjølvsagt eg var heilt greit. Etter å ha gjort nokre få kast med makken mens dei rigga så kjørte eg dei fram på midtre og fortsatte med makken når eg kom ned igjen. Men det vart fort mørkt, så eg tok fluga og gikk framover. Nedre halvdel av strekket var greitt å fiske, mens lenger framme var det høgt gras. Starta midt på, ved bjørka(som har vore vekk nokre år no). Fiska meg nedover og midt nede på strekket så tok ein fisk noko så inn i natta. Som vanlig følgde eg ikkje all verden med, så eg kvapp og slo til og fisken sat. Fisken var hard og seig, men hadde ingen hopp eller lange utras, så var usikker på art fram til eg drog den inn i det oversvømte graset. Då såg eg det var ein nydelig flott aure på 3,06, min første storaure på fluge. Fluga satt så godt at eg ikkje greidde å få den laus framme ved elva, men måtte kutte sena og ta ut kroken seinare. Gikk kjapt over ein gang til, men det var ikkje meir å kjenne. Kl.02 var det fredning, så då kjørte eg fram på midtre der vi grilla oss nokre pølser.

Klokka 05 var eg igang igjen med makken på nedre, mens karane ville fiske seg nedover. Eg gav klare instrukser om kvar eg hadde best tru, det var Oteren og det var i Kirkehølen, heilt på andre sida i innløpet. Det var ikkje noko å kjenne på nedre på makken, så når karane kom nedover så bytta vi sone. Oteren var for stor, både med fluge og med makk, så eg tok 4 kast i laksegard før eg satsa på Kirkehølen. Starta med å fiske makken langs land i innløpet og auka lengda litt etter kvart. Til slutt kasta eg bort der eg hadde instruert karane, og bang der var det fisk. Eg slo til og fisken kom sakte skjenande over elva. Eg trudde ikkje den var så veldig stor, men når den kom innunder land så vakna den meir til og eg kunne sjå at den var noko det samme som den forrige, eller kanskje litt mindre. Fisken rulla og styra litt, men var ganske medgjerlig. Til slutt såg eg mitt snitt til å dra den inn på enno ein overfløymt bare, men når den kjente graset så vart den vanskelig, men eg drog den berre vidare og det gikk bra. Auren var like fin som den første, men litt mindre, 2,46kg. Fiska meg vidare nedover og ikkje lenge etter kom den bilde ifrå Vebjørn av ein pjakk på 1,8kg som han hadde fått på makk framme i svingen ved bua på andre sida. Eg fiska over heile Kirkhølen og synes den var kjempeflott, men det vart mest telefoner og bytte av kle for det var forferdelig heitt etter kvart. Til slutt gav eg meg på midtre og kjørte ned på Nedre igjen. Der var Endre i full gang med makken, mens Vebjørn hadde gitt seg, så eg fiska litt til sammen med Endre til klokka ver der og vi måtte gi oss. Elva var no komen opp på 110 kubikkmeter ifrå berre 40 for nokre få dager sia, men temperaturen i elva var flotte 13 grader, mens lufta dirra på rundt 30 varme.

  09.07 fiska Petter morgenen på Alsaker. Han lurte på kvar han skulle prøve når elva hadde vorte så lita. eg hadde egentlig berre eit råd til han, og det var å fiska i straumharde områder, og peika spesielt på området ved stålstegen som dannar brua ned på holmen nederst på Bjørlo. Det er ein god plass på lita elv sa eg. Petter hadde planlagt å starte kl.02, men var ikkje i elva før etter kl.05. Han fiska sona til endes og prata mykje med dei to andre som var der. Sola var på plass, men Petter holdt ut og i 10-tida gikk han fram å fiska Stålstegen som han hadde fått beskjed om, med fluga. Og troll i ord, der beit det ved steinen foran Stålstegen. Fisken var ikkje så veldig stor, så kjøring og berging gikk greitt. Fisken var ein fin pjakk på 2,18kg
10.07 Strynelva N.Kirkeide 12-00 Eg og Petter skulle prøve oss, men været var fortsatt like superfint, så vi for innover litt etter middag. Etter å ha ordna korta både til oss og til meg og Inge til helga, så møttes vi på kafeen for å ete middag. Ca. klokka 3 var vi komne i elva. Ho gikk fortsatt med ca 112 kubikk. Vi vassa rundt i vatn til langt innpå marka, men vi greidde ikkje finne fisk nokon plass. Vi prøvde både makken og fluga, men ikkje noko å kjenne. Vi håpte ting skulle løysne når det begynte å skymast, men nei det var like dødt til vi gav oss ved midnatt.
12.07 Strynelva N.Sætre 17-00 Tidlig på dag var eg litt pjask, men tenkte det var på grunn av 4-5 øl eg hadde drukke kvelden før. Gikk på dass kl.14 og var skikkelig uggen. Oppe igjen i vogna var eg tørst og gikk for å fylle opp ein mugge med vatn. Vart dårlig og trudde eg måtte spy mens eg fyllte vatn, men med 6 fulle hytter så frista ikkje det. Men tilbake ved vogna så var det ingen vei tilbake og det vart skikkelig tømming. La meg nedpå og gav Inge beskjed om at kom innover etter kvart. I 19-tida pakka eg i bilen, men følte meg ikkje mykje god. Etter shopping og leiting etter imodium, så var eg på plass.Starta med makken framme ved brua, før Inge kom fram og kunne fortelle at han hadde sett ein som blenkte nedi fremste hølen når han starta der med fluga, men ellers var det dødt. Fiska over, men kjende ikkje noko. Inge gikk nedover og fortsatte nedover der han avslutta når eg kom, mens eg kjørte ned på garden og gikk ned i Furebekken. Fiska over, men det var heilt dødt.
13.07 Strynelva N.Sætre 00-13 Petter, Bente og Atle kom fram ifrå sone 6 der dei fiska til floa hadde kome. Dei hadde ikkje sett eller kjent noko skikkelig. Dei kjørte for å sove, og det samme gjorde eg, mens Inge fiska Furebekken, Nigardsnaustet, Smalavegen, Tallina og Samson før fredinga. Vi var oppe igjen kl.05 og eg fiska over framme ved brua igjen før vi kjørte ned på gården. Inge ville fiske samme ruta som på natta, mens eg gikk ned i Tallina og Samson. Eg var så vidt borti ein fisk rett utanfor bua, og litt etter så hoppa ein fisk på 1-2kg midt ute i elva utanfor bua. Men kjende ikkje noko verken midt uti eller inne ved land. Fiska meg nedover og plutselig var det oppe ein fisk til på samme plass. Denne var berre oppi og var trulig mykje større. Fiska over fleire gongar, og Inge prøvde også når han kom ned, men det var dødt. Eg avslutta med å fiske over framme, mens Inge prøvde litt utanfor fjøsen. Vi gav oss ganske tidlig sia sola igjen baka ned i elva.
14.07 Strynelva Sone 6   18-00 Eg var enno ikkje i form, så eg drøya det til klokka var over 18 før eg gikk for å sjå etter Inge, der satt Endre og drakk øl, så vi bestemte at vi heller såg på finalen i fotball VM. Når den var slutt så var det flo, så derfor utsatte vi avreise til kl.04.
15.07 Strynelva Sone 6   00-18 Eg forsov meg og vakna klokka 06. Sendte ei melding til Inge som straks ringde tilbake. Han hadde fiska nede ved Øya når han oppdaga ein kobbe som kom framme ifrå sone 4. Vel nede snudde den og for framover igjen. Dermed pakka Inge sammen og var allereie klar til å kjøre når han ringde meg. Derfor rulla eg berre over på andre sida og sov vidare. Seinare på dag pakka eg sammen og reiste heim for å gjere klart til Drivatur.
16.07 Driva SJFF      20-00 Vi starta med å fiske Kiklingbrekk, og før vi hadde kome i gang så kom det regn. Det regna skikkelig ei lita stund uten at det hjalp på bittet. Elva var nok litt lita i sjølve hølen. Så vi flytta ned og fiska Postmesteren og strekket nedover. Det var oppe eit par litt større fisker litt nedpå, og Inge var i kontakt med ein av dei, men han greidde ikkje å få den fast. Det var mykje folk nede på Torva, så vi stoppa før vi kom ned dit.
17.07 Driva SJFF      00-07 Etter å ha gått fram igjen så fiska vi over Postmesteren eit par ganger til, men det var egentlig berre bakpå at det var fiskande på grunn av mykje tullvatn i midtre del. Vi såg masse småaurar og fikk fleire, men dei var 2 nummer for små.

I det lysninga nærma seg så kjørte vi fram på Sjøllandsneset og fiska over der, men det var berre småaure over alt, og det kom bølge på bølge med fisk som for framover elva. Så når det ikkje var utsikter for anna enn småaure så gav vi opp og tok natt.

17.07 Driva SJFF      21-00 Starta i Lisjehølen på veisida, men her var det masse småaure samme som på Sjøllandsneset på morgenen, så vi gav oss ganske kjapt, for dette var berre å rote vekk makk. Vi hadde sett ein mann som fiska over yttersvingen på Rønningen, og når vi så stoppa på Kleivhølen så fikk vi vite at det var Svein Haugen som hadde vore der. Men han hadde ikkje vore i fisk, men det hadde derimot ein svenske som også fiska Kleivhølen, han hadde fått ein litt slank laks med fleire hundre lus på, heilt forferdelig. Svenskane dei gav seg og etter kvart var det berre vi og Svein igjen. Ej prøvde makken framme ifrå grensa og ned til parkeringa, men dei to andre gikk med fluga derifrå og nedover. Men ingen av oss kjende fisk.
18.07 Driva SJFF      00-10 Litt etter midnatt gav Svein seg og eg og Inge var igjen aleine. Vi fiska over hølen på det mørkaste, og no hadde Inge eit drag i fluga like nedanfor den nedre voren, ute i straumen. Men den var ikkje interessert nok til at den vart fast. Inge trudde på at det var ein laks sia den berre drog tungt i snøret. På morgenen gikk vi nye runder, med både makk og fluge, men det var ikkje noko å kjenne. Etter kvart kom Erik Bråthen og ein kar til, men dei fann ikkje fisk dei heller. Etter kvart dukka svenskane opp igjen, og då var klokka snart 10, så vi pakka sammen, sjølv om det var godt å endelig fiske i gråvær og regn. Dessverre var dette været berre nede på Øra, så det virka lite inn på elva.
18.07 Driva SJFF      22-00 Eg fiska sone 1 ifrå brua og nedover med fluga, var rolig, men like foran der straumen ifrå Postmesteren møter denne så hoppa det ein liten laks eller ein pjakk 2 ganger. Eg hadde fluga 10m foran, så eg stoppa opp og fiska der grundig før eg sakte fiska meg ned til der fisken hoppa. Litt foran der den hoppa så hadde eg eit drag i fluga, men den vart ikkje fast. Om det var denne eller ein mindre fisk er vanskelig å vite. Inge hadde gått nedover og prøvde seg litt her og der, men gikk raskt nedover.
19.07 Driva SJFF      00-07 Eg gikk etter kvart nedover for å finne han, men han hadde gått heilt ned på brekket av Torva for å fiske det og straumen ut av den og utover fjorden, men det var kun mindre aurar å sjå. Vel framme ved fiskebua var det oppe ein fisk på 1,5kg. Eg prøvde makken, men sleit, så fisken seig framover uten at eg fikk fiska på den. Vi trakka oss då fram og kjørte fram på Kleivhølen for å prøve der. Inge såg ein aure på 4kg som hoppa i framkant av Kleivhølen nesten med det samme vi kom dit, så vi tok med makken og gikk fram å prøvde på den, Inge framme i grensa, mens eg starta nokre meter lenger nede. Ingen av oss kjende noko til denne eller andre aurar. Vi fortsatte utover natta med fluga, men det var heilt stille, berre nokre småaurar som no å då kom sigande framover og beit hissig. Været var snudd heilt om så vi gav oss tidligare i dag.

Tore fiska Alsaker, han såg først ein fisk på 3-4kg, så ein på ca.15kg og til slutt fleire pjakkar, men ingen av dei ville bite.

19.07 Driva SJFF      21-00 Starta med å fiske Lisjehølen og nedover Rønningen, men som sist så var det mykje småaure. Tenkte vi ville prøve renna nedover Rønningen, men i det eg starta så sleit eg. Etter å ha knytt opp så kasta eg ut igjen, og då var der ein fisk som blenkte rett utanfor meg. Prøvde på den, og var borti noko, men fikk det aldri fast. Inge fiska resten nedover, men det hadde rausa ut ein del tre, samt at renna snart var vekk, så vi gav oss kjapt.

I staden tenkte vi prøve noko nytt, sone 3, men vi kom oss ikkje ned for det var fram i mørkt, så det vart å gå kjapt over sona. Eg viste ikkje kvar sona slutta så eg stoppa litt tidlig og gikk for å finne grensa. Når den var funna så var Inge på vei nedover så eg gikk ikkje ut igjen. Men kunne gjort det for Inge gav seg enno tidligare. Elva var nok litt lita her no.

20.07 Drive SJFF      00-07 Vi lurte så på kvar vi skulle prøve når vi ikkje hadde Kleivhølen, og valget falt på hølen foran, Blindjohølen. Etter litt offroad rally, kjøring i bushen og rydding av vei så kom vi ned til elva. Vi vassa oss ned og fant nokre fine steinar å ha som base. Inge vassa seg heilt fram i innløpet for å starte, mens eg satte meg ned for å slappe av å nyte litt også. Inge plagast sia han hadde satt på ein synkeklump, og fleire gongar hengde fluga seg opp. Like etter at han passerte meg så vart det både vase, knute og rot med fortommen, så han pakka sammen og kom å satte seg for å løyse. Dermed fikk eg prøve meg i staden. Eg gikk rett ut for å dekke det siste stykke Inge fiska og så fortsatte eg nedover. 10m nedanfor der Inge stoppa såg eg at det såg berre nydelig ut og eg blinka ut ein plass det berre måtte være fisk. Sjølv om eg hadde fortutsatt kva som skulle skje så hadde eg venta eit hardt tak, så når snøret berre sakte stramma seg opp så tok det eit sekund og litt til før eg forstod at det var fisk på. Eg rekna med at det var berre enno ei av desse små og sveiva derfor inn gjorde meg klar til å berre dra snøret inn. Men det vart litt tyngre, så eg fortsatte å sveive. Fisken kom villig etter så tanken var at jaja kanskje den var eit lite knepp større, kanskje 1/2kg. Fisken holdt seg i straumkanten og med stadig meir sidepress berre venta eg at den skulle komme opp og skivje over vatnet, men det gjorde den ikkje. Kunne det være litt større? Eg la meir press og fisken vart nede i vatnet, så då måtte det være noko litt større. Like etter snudde fisken og rasa nedover og hoppa. I mørket såg eg at det var form som ein laks, ikkje ein aure som ein skulle forvente på det mørkaste, men den såg liten ut så eg tenkte at det var ein 1kg-pjakk. Rygga meg på land og kjørte fisken hardt, men synes det var rart den ikkje ville gi seg. Den hoppa fleire gongar og fortsatt såg den liten ut. Inge gjorde seg klar til landing når fisken ikkje ville verte dirigert lenger og den gikk på eit skikkelig utras heilt over straumen og unna elva. Men den kom over elva igjen og eg kunne sveive den fram igjen. No var den spakare, men den nekta å gi seg. Etter ein liten tur fram om meg så kom den ned og la blanksida til og eg kunne dra den inn på grusen slik at Inge berre kunne skyve den vidare frampå. Det viste seg at det var ein liten laks på 3,4kg. Blank med nokre få lus, men ikkje i noko kjempehold sjølv om det var ein fin fisk. Etter dette gikk Inge over 2 ganger og eg ein gong til uten at vi kjende noko meir.

Etterpå kjørte vi fram på Rønningen der Inge fiska heile yttersvingen, men det var dødt og ikkje noko å kjenne. No var sola komen godt ned i fjella, så vi pakka sammen og reiste heim og pakka fisk...endelig!

Tore fiska også i dag Alsaker, men i dag var det mindre aktivitet.

20.07 Driva SJFF      22-00 Vi ønskte å prøve nedover strekket på Kiklingbrekk no når vi fikk gå der aleine, og far og sønn Boger hadde meldt om bra med fisk der fram til kl.18. Vi fiska over både hølen og heile strekket med fluga, men det var heilt dødt. Så vi gav oss og flytta nedover i elva.
21.07 Driva SJFF      00-05 På Sone 2 var det folk, så vi kjørte ned å fiska over Postmesteren. Såg to fisk hoppe og Inge kroka så vidt i ein oter, eller var det dødt. Vi kjørte fram igjen å no var det tomt på sone 2. Inge gikk heilt fram å prøvde, mens eg satte meg ned for å kvile litt. Han såg veldig mange fisker som berre var såvidt oppi, mens bakpå brekket hos meg var det berre oppe ein fisk. Eg var ned å prøvde litt akkurat då, men den tok ikkje. Inge hadde oppe 2 fiskar, men dei tok ikkje etter fluga. Eg prøvde også makken, men sleit kjapt, så satte vekk den igjen. Gikk fram å prøvde fluga, men no var det dødt, så gav meg tidlig. Inge gikk ein gong til heile veien, men det var ikkje noko å sjå eller kjenne no, så vi pakka sammen og kjørte fram for å fiske Blindjo. Der gikk først Inge over, så prøvde eg før Inge igjen gikk over. No var klokka 05 så vi pakka sammen for å få sove litt før vi skulle kjøre heim.
  24.07 fiska Inge og Endre Nedre Kirkeide. Dei starta ved midnatt, men det var rolig. Så rett før stenginga så var der oppe ein fisk bakpå hølen ved parkeringa. Inge sprang fram og fiska innløpet på hølen, mens Endre gikk heilt fram til bjørka. Etter berre nokre få kast, i det fluga var nesten heilt inne ved land så smalt det på ein fisk. Fisken raste ut mens Endre stod igjen og prøvde bremse etter beste evne. Når fisken var komen heilt over på andre sida så roa den seg ned og Endre kunne sveive den inn igjen, men igjen satte den avgarde. Men etter 3-4 slike litt kortere utras så var den ferdig og Endre kunne greit lande den. Fisken var ein nydelig aure på akkurat 5kg. I lysninga var det igjen oppe ein fisk bakpå, men denne fant dei aldri igjen. Seinare på morgenen hadde Endre opp ein laks etter fluga som hadde hengt seg opp, men den tok ikkje etter, den fulgde berre bak fluga. Når klokka var 10 så var dei kokte og pakka sammen, godt fornøgde, eller i allefall var Endre det. Første fisken hans sidan 13.juni. Inge fikk sin forrige fisk den 14.juni.
25.07 Gloppen Nord      12-24 Kl.16 ringde Inge og lurte på om eg ville være med til Gloppen og prøve elva der. Og sjølvsagt var eg ikkje vanskelig å be når noko nytt skulle prøvast. Eg hivde meg rundt og pakka og kl.20 var eg komen dit. Inge og Endre hadde reist innover tidligare for å sjekke ut elva, men dei hadde ikkje begynt å fiske før eg kom. Inge var først klar og starta i fossehølen(Trysilfossen) mens eg gikk ned i neste hølen med fluga. Denne hadde veldig hardt drag, men eit fint brekk, men var litt vanskelig å få fluga til å gå fint i. Vod nedover til neste hølen i svingen nedanfor, denne var fin å fiske, men kun små brunaurar som beit. Inge kom å passerte meg og fiska dei to neste hølane, mens eg fiska den neste som gikk langs veien. Denne hadde også veldig hardt drag, men ei fin stripe stille vatn langs land. Kjende ikkje noko i starten, men midt nedi tok ein fisk på andre sida av straumen. Sia straumen var stri så kunne det eit øyeblikk kjennast ut som ein bra fisk, men så kom den opp og vart liggande å skivje oppå straumen og då var den ikkje noko større enn dei andre kredene. Vidare ned den hølen var det rolig. Mens Inge fiska samme hølen så flytta eg ned i neste. Dette var ein fin straum nedover imot eit brekk som virkelig lukta storaure. Fiska meg nedover og etter kvart kom Inge ned for å preike. Bakpå brekket kom ein fisk opp å tok når eg stod å såg ein annen vei, eg slo til, men fisken vart ikkje fast. Inge hadde sett på å sa at fisken nok var minst 1kg. Så kjørte vi ned i neste, der elva flatar ut imot dammen i Eidsfossen. Dette var ein fin høl, men det var ikkje noko å kjenne. Vi prøvde ikkje den siste hølen sia vi då måtte kjøre ein lang omvei. Når vi kom fram igjen så kunne Endre berette om at han hadde vore borti ein fisk bakpå brekket på fossehølen. Den hadde tatt fluga og dradd ut heile slakkebukta hans, men når han letta stanga så var der ikkje noko. Vi var no svoltne og slitne så vi kjørte oss fram til  Breimsvatnet å grilla oss nokre pølser på ein fin rasteplass med utsikt utover utløpet.
26.07 Gloppen Nord      00-12 Sov ifrå kl.02-05 då eg fiska ifrå fossen og nedover dei neste 2 hølane med makken, men det var vanskelig dei fleste plassane på grunn av mykje stein. Best var egentlig brekket på fossehølen og svingen som utgjer 3dje øverste hølen. Endre og Inge fiska fossehølen på natta, men dei såg eller kjende ikkje noko. No var klokka snart 08 og sola begynte å komme ned imot elva, og vi kom til at vi var lei, så vi pakka sammen og kjørte heim til campingen.
28.07 Strynelva Sone 4&6 18-00 Vi hadde håp om at nymånen med litt mørkare netter hadde gjort at litt fisk hadde sige fram, så det var med litt håp i alle fall at vi stilte opp. Inge fiska nede på Sone 4 mens Endre starta ved hengebrua og eg ved øya. Fiska først med makken og fikk ein aure på 7-8hg akkurat på brekket innunder land ved øya. var borti fleire, men dei vart ikkje faste. Prøvde litt etterpå fluga, men den ville dei ikkje ha. Gikk så ned på nederste og prøvde bakre halvdel av denne hølen. Like etter at eg starta så var det ein skikkelig fisk som plukka, eg gav slakke og den var der igjen. Eg slo til, men den vart ikkje fast. Prøvde igjen og omtrent det samme skjedde igjen. Fiska meg vidare nedover, men der var det berre småfisk. Gikk fram på Øya og snakka med Endre som hadde komt ned der, men han hadde ikkje noko å melde. No kom etterkvart floa, så vi pakka sammen og gikk opp i bilen. Sia vi hadde tilleggskort på begge sonene så for vi fram på fremste og Endre fiska over der 2 ganger. Var ein ubehagelig Østlending på andre sida som meinte vi fiska på han sone 2, men vi viste kva vi gjorde og litt seinare kom kompisen ned å hilste, så det var tydelig at dei hadde kikka på kartet. Her var det kjempefint, men veldig gjengrodd og begrensa med plass. Sia vi hadde vore over alt og floa no også var komt fram hit så pakka vi sammen og kjørte for å finne oss eit bord for å grille pølser. Vi satsa på at der var noko framover, men midt framme på Strynevatnet snudde vi uten å ha funne ein einaste rasteplass. Inge foreslo badestranda, så då vart det det.
29.07 Strynelva Sone 4&6 00-18 Med 3 pølser innabords så gikk vi til ro fram til klokka var vel 05. Endre ville prøve nede på sone 4, eg ville prøve ved hengebrua og Mørebrotet, mens Inge då vart sendt ned på Øya. Endre starta med eit lite drag på brekket foran gangbrua, og eit skikkelig drag i nederste hølen, men ingen av dei vart faste. Eg kjente kun ei lita ei heilt bak i renna ut ifrå Mørebrotet, mens Inge fikk ein aure på ca.900g som han satte ut igjen. Eg gikk ned på Øya og fiska over der med makk, men fant berre mindre fisk også i dag. Inge gav seg og for framover med makken, mens eg fiska fremste del av nederste hølen uten at det var nokon suksess. Så då pakka eg sammen og gav meg. Like etter kom Endre som hadde vore framme på fremste igjen, men det var dødt så han pakka også sammen. Inge fiska Mørebrotet, men sleit så då kom han også og gav seg. No var floa alt komt fram til Mørebrotet, så vi kjørte heim, og det var aldri tema å kjøre inn igjen å ta dei siste 2-3 timane etter floa.
  31.07 hadde det både vore litt torevær og nokre regnbyger siste dagane, så sjølv om vatnet berre hadde 7,5 kubikk å gi, så hadde Leivdøla og Stampeelva litt vatn. Dette gjorde at temperaturen hadde gått litt ned, til 19 grader framme og 18,5 grader nede, så Endre ville sjekke om det hadde gått litt fisk. Dei hadde tross alt sett mykje fin aure på brua. Endre fiska kvelden på Bjørlo, og fikk 2 tert, samtidig som han såg mange blanke fiskar hoppe.
02.08 Eidselva Nor        00-03 Mens Inge prøvde å gjere Endre opp igjen på Bjørlo, så var det igjen Endre som trakk det lengste strået og fikk ein tert til på kvelden på knappe kiloet. Dei hadde sett heile 16 fiskar hoppe, ifrå 1kg til 10kg, alle blanke. Eg hadde håpt at dei fiskane Endre såg dagen før hadde kome fram på Nor, men det såg eg i så fall lite av. Fiska over nede, først innløpet, så ifrå muren, men bortsett ifrå noko rett utanfor muren som holdt igjen når eg letta fluga, så var det ein liten fisk som hoppa på bortsida av innløpet. Sat først ei stund i innløpet og fulgte med, før eg flytta ned å sat på den vanlige plassen for å følge betre med bakpå. Men det var dødt. Fiska til slutt over innløpet ein gong til, hadde eit dunk i fluga omtrent der fisken hoppa, men ellers var det heilt dødt. Kjørte fram på fremste, men der var det for lite straum. Fiska over ein gong med inntrekk, hadde på ein honndøl, men ellers var det dødt.
  02.08 fiska Inge og Endre igjen kvelden på Bjørlo. Dei såg fortsatt bra med fisk, men denne kvelden fikk dei ikkje noko. Eg derimot tok laust nedover dalane utpå formiddagen for å hente Ly på Gardermoen. Men når eg kom til Kvam så ringde Ly og sa at flyet var kansellert ut ifrå Bangkok. Så då var det berre å snu opp igjen. På vei nedover så måtte eg sjølvsagt stoppe på Lom å kjøpe bollar hos Morten. Knipsa eit bilde av elva som gikk flomstor og nesten drivkvit bak bilen når eg parkerte. Det er tydelig at i år går det hardt utover gamle breer oppe i fjellet etter denne fantastiske sommaren.

03.08 så fiska dei også morgenen på Bjørlo, uten at det gav anna enn eit godt drag i fluga for Inge og litt smårafs med Endre. På kvelden kjørte eg på ny i retning Gardermoen, no med større lykke. Mens Inge var på Bjørlo igjen og ikkje lukkast denne kvelden heller.

04.08 prøvde Inge morgenen på Bjørlo uten resultat, mens kvelden var han og Endre på Kvien. Her greidde endelig Inge å få seg ein fisk, ein brun sjøaure på 1,5kg i Moahølen. Endre mista ein laks på Hylla.

05.08 prøvde Inge kvelden på Bjørlo. Det regna fælt i bygene, men det hjalp lite på elva. Men Endre fikk ein pjakk foran linja i jølet.

06.08 fiska Inge kvelden på Moen. Han kjende ikkje noko, men såg mange hoppe. Vebjørn fiska Fossen og mista 2 lakser som stod innunder Moenlandet. Men han måtte gi fluga maks fart for å få dei til å ta, denne farta greidde ikkje Inge å få ifrå andre sida.

07.08 fiska Inge kvelden på Fossen. Det var mykje dødare i dag, men han fikk ein oppdrettar på 3,5kg.

08.08 fiska Inge Bjørlo. Dei såg nokre store aurar hoppe i mørket og Inge hadde etter ein pjakk, men det var det.

10.08 Strynelva N.Kirkeide 00-12 Vi hadde god tru på vei innover i 21 grader og tunge skyer, så vi såg for oss ei mørk natt etter auren. I Markane vart vi møtt av ein supermåne som skein mellom skyene, men fjella skjerma elva for direkte måneskin, og med mykje skyer, så vi håpte at det skulle gjere at det ikkje spilte noko rolle. Eg starta heilt framme, mens Inge starta ved bjørka, men ingen av oss kjende noko, sjølv om vi begge fiska heile strekket ifrå fremste grense til parkeringa. Det var litt regn innimellom, men ikkje meir enn at vi fiska i t-skjorte. Etter nattfredinga prøvde vi fluga igjen, men det var like dødt. Så eg gikk over til makken og starta heilt framme. Ganske raskt var eg borti fisk heilt bortunder land på andre sida, men eg fikk den ikkje til å ta skikkelig. Eg trudde det var ein laks for den hadde tygd på makken uten å stikke med endane. Men i staden for å fiske tyngre som ville være naturlig då, så prøvde eg lettare og kjende ikkje meir. Eg fiska meg heilt ned og tok igjen Inge på veien, no med makken. Men vi kjende ikkje noko meir. Etter å ha slappa av ei stund så prøvde vi fluga igjen, men no hadde ekstremværet Lena kome, så vinden hadde tatt seg opp og etter kvart vart det vanskelig med fluga, så eg slappa av igjen før eg fiska over nede med makken, mens Inge gikk heilt fram. Eg var sliten og stod og lurte på kvar Inge hadde vorte av når eg plutselig såg han komme ifrå fremste med ein fisk i handa. Eg gikk framover for å møte han og han fortalte at fisken hadde tatt der eg sa. Han hadde prøvd det eg ikkje hadde gjort, fiska tyngre, og då tok fisken. Men det var ikkje laks, men sjøaure. Inge hadde fått ein fin aure på 2,1kg og satt ut igjen ein på ca 1kg. Fisken hadde oppført seg rart då den ikkje gjorde utras, men berre låg og skar vatnet som ei oterfjøl. Eg gikk fram og prøvde og fiska heile strekket ned til bilen, men det var ikkje noko å kjenne. Innimellom var vinden så kraftig at det var rokk ifrå elva, og dei store trea såg ut til å velte når som helst, så vi prøvde litt innimellom, men det var etter kvart vanskelig å fiske. Inge såg ein fisk hoppe heilt bakpå brekket, men verken eg eller han kjende noko foran dette, så ein liten halvtime før slutt så gav vi opp i stormen og kjørte ut på vogna igjen.
  15.08 var elva komen ned på 6-tallet på vassføring, så eg såg ikkje det store poenget i å reise innover. Men Inge var på Bjørlo på kvelden og dei såg litt fisk, men han fikk dei ikkje til å ta.

16.08 var Inge på Bjørlo igjen, og i lysninga var det endelig ein fisk som beit. Bakpå Reitehølen tok ein pjakk fluga, men den ville ikkje være med heilt opp. Etter det vart lyst så var det dødt.

16.08 var Inge igjen på Bjørlo på kvelden og som dagen før så var det liv i elva. Og denne kvelden var han i kontakt med fisk, ein pjakk, no i Smalehølen i Jølet, men igjen var det fisken som var lurast og kom seg klar.

17.08 var Inge igjen på Bjørlo, men morgenen var som i går, heilt død.

22.08 fiska Inge Bjørlo. Dei såg litt fisk som hoppa, men den ville ikkje bite. Inge var sliten og gav seg når det mørkna.

23.08 Eidselva Bjørlo    02-14 Kjørte nedover i halv sju tida, og såg at elva fortsatt var veldig varm, sia skodda steig opp ifrå fossen sjølv om det ikkje var veldig kaldt i lufta. Såg det var folk på Nor og sia Inge stod fram på vogna så trudde eg ikkje det var Endre. Men når eg kom ned til parkeringa så var det Endre sin bil som stod der. Eg parkerte og gikk ned med flugestanga. Der fann eg Endre i gang med å knipse bilder av ein fin aure på gode 3kg. Han hadde fått den framme på depotet på det mørkaste, og han hadde vore bort i fleire fine aurar, men etter kl.02 hadde vore veldig dødt. Endre hadde hatt på ein stor fisk bakpå berget torsdagskvelden, så når han for så prøvde eg eit drag bakpå, ifrå muren og ned til berget. Elva var vel faktisk dobbelt så stor som sist, 13 kubikk og ikkje 6 så forholda var brukbare. Hadde eit lite dunk langt bakpå, men kjentes ut som mindre fisk.

Fortsatte så ned på Bjørlo der eg fiska Hola, Sanden, Stålstegen, Holmen, Fåhølen og Fossekanten, men det var heilt dødt. Flytta så fram og fiska Linja ved Måløyhytta, gikk så fram og fiska Jølet, Linja, Hjellehølen, Øya, Bokkereinå og Forbygginga. Men det var like dødt over alt, så når klokka hadde vore 13.45 så gav eg meg utan å ha sett eller kjent liv av noko slag.

 

23.08 fiska Inge Bjørlo på kvelden og som kvelden før var det fisk å sjå, men dei fikk dei ikkje til å bite.

24.08 fiska Inge Fossen på morgenen. Han starta kl.02 og hadde ikkje vore i sving meir enn eit kvarter når det beit på ein fin fisk i mørket. Fisken var ikkje spesielt sprek, og gav seg etter eit utras, så mulig den hadde komt nedaifrå og var gåen. Inge landa fisken greit og kunne konstatere at det var ein flott aure. Vekta viste flotte 5,5kg. Auren var ikkje nygådd, men likevel i godt hold. Inge trudde det skulle verte ei bra natt, men det var ikkje meir å kjenne. Endre trudde det samme etter i går natt med fleire kontakter, men også på Nor var det dødt. Så det var nok ei ferd som gikk når elva vaks opp som passerte torsdag kveld/natt og fredag kveld/natt.

29.08 fiska Inge kvelden på Bjørlo, men det var dødt. Elva hadde kome ned på 11 kubikk og fell raskt.

30.08 fiska Bjørlo på morgenen, og fikk ein pjakk på 0,69kg på Holmen, i svingen foran Fåhølen, og han mista ein pjakk i Fåhølen.

30.08 fiska Inge kvelden på Bjørlo, men kjende ikkje noko på kvelden.

31.08 fiska Inge Bjørlo på morgenen. Han fikk ein pjakk på 2,1kg i Hellja og mista ein større laks i Bokkereinå.

31.08 og årets siste kort for Inge var på Bjørlo. Han fortsatte å fiske ifrå morgenen og var komen fram i Hjellehølen. Etter å ha fiska over hølen vippa han klumpen ut 90 grader på elva og fortsatte å sveive. I det fluga kom inn i straumkanten så tok ein fisk fluga. Det vart fort klart at det ikkje var ein liten fisk. Den raste oppover elva og stoppa ikkje før den var komen fram i Linja. Inge følgte fisken litt, men drog den etter kvart nedover igjen til Hjellehølen. Etter litt kjøring der så raste den nedover og stoppa ikkje før den var komen i Bokkereinå. Inge stod i Hjellehølen og fikk etter kvart sveiva laksen fram igjen. No var den spakere og etter litt kunne Inge lande ein blank og lusete hannlaks på 101cm og 7,9kg. Dermed var laksesesongen 2014 over.

04.10 var eg innover for å gjere vinterklart, og stakk då sjølvsagt ein tur i elva for å snakke med prøvefiskarane.  Endre hadde fått ein oppdrettar før eg kom ned til dei og dei hadde sett ein del fisk, men den var vanskelig. Vi prøvde så ved Skipenesbrua og Hesten, men det vart med eit godt drag i fluga foran renna på meg og ein 30cm aure nede i hola. Eg hadde på ein mindre fisk på Nor, på fluga, men den slapp raskt. Etter dette for eg fram igjen på vogna for å gjere vinterklart, men Ly var ikkje i slag, så vi pakka rakst sammen og reiste, så fikk eg heller ta ein tur til innover for å ta siste innspurt på klargjeringa.

19.10 var eg innover igjen for å ta siste innspurt på nedpakkinga av vogna. Og igjen måtte eg i elva og finne karane. I dag var dei på Malakoff og fisket var dårlig. Eg fikk derfor ei stang tvert og på 3dje kastet sat det ein fisk. Denne vart kjørt hardt med ein gjeng som tilskuere. Fisken var sprek og gjorde fleire byks før vi fikk den i håven og sjekka den. Fisken var ein villaks på rundt 4,5kg. Litt seinare mista Endre ein mindre oppdrettar ved steinbordet. Vi prøvde oss så i Hildehola, men sjølv om vi såg ein tert hoppe, så kjende vi ikkje noko her. Så vi fortsatte fram på Øyrane der eg fikk ein tert langt bakpå på fluga. Deretter var det Moen for å prøve. Eg fiska over først, men fikk ikkje noko. Så prøvde Inge sluken og då tok det ein fin laks, også denne vill. Moahølen gav ikkje resultat, så då stakk eg fram igjen og slo av varme og låste vogna for vinteren, mens Endre og Inge for ned for å prøve osen. Når eg kom ned så hadde Endre fått ein bitte liten tert ved Grisesteinen. Vi fiska oss heilt i sjøen, men kjende ikkje noko meir.

 

 

 

OPPSUMMERING 2014

Forsesongen vart uten fiske etter blankfisk, etter som det var oppussing av hus på gang. Det passa bra slik sett at vinteren var veldig tørr og fin, men det førte til veldig lite snø i fjella, våren kom allereie rundt 20.mars og det meste av snø smelta ned før juni tok til. Vi feira Inge sin 40årsdag i det elva steig opp til 35 kubikk, men derifrå gikk det berre ein veg.

Premieren var vi endelig tilbake på Alsaker, og som vanlig var det Inge som starta ballet. Som fjerdemann gikk han over Sanden og traff sjølvsagt ein fisk som kom. Det skulle vise seg å verte vår største fisk, og den einaste over 10kg, sjølv om den berre var 40g større enn den neste på lista. I starten av juni var fisket bra, og det kom litt regn, men ifrå 12.juni så kom det nesten ikkje dråpen og fiskeriet tørka opp i kapp med elva. Årets største laks gikk når siste regndråpane kom, og etter 2 dagen med vandring vart den landa heilt framme på Hjelle. Og den var større enn Inge sin største i fjor, med 19,5 kg.

Samme dag, 14.juni, fikk Inge sin andre laks for året og det skulle vise seg å verte starten på ei skikkelig laksetørke for han. Mens Petter berga sesongen med ein flott laks på 9,96kg morgenen på Jonsok. Tørka gjorde at elva midt i juli var under 10 kubikk, og med tropevarme ifrå 3.juli så steig temperaturen raskt, og heilt opp til 23 grader. Dermed stoppe alt fiskeri opp rundt 10.juli, og det var snakk om å stenge Eidselva.

Dermed vart ferien stort sett tilbringa i andre elver rundt om, og med rolige dager + litt jobb. Først var eg ein tur til Stryn med Endre og Vebjørn, og då løysna det endelig for meg. Det vart min første storaure på fluge, og ein flott aure til akkurat der eg sa til karane at dei måtte fiske. Når Inge starta på ferie så vart det tur i Driva der vi sleit med å få fisk, men der eg til slutt berga turen med årets første og einaste laks for meg. Eg jobba så ei veke, og då var Endre heldig i Stryn og fikk ein flott aure på samme strekket som meg.

Etter 7 veker med fisketørke fikk endelig Inge fisk igjen, ein liten aure på Kvien, og ein oppdrettar på Moen. Og 10.august var det Inge sin tur å få fisk på Stryn, med ein fin aure på 2,1kg. Ifrå midten av august har det vore litt regn, men kun ein dag som gjorde at elva steig, då ifrå 6 til 13 kubikk. Men fortsatt låg temperaturen på 18-19 grader, noko som gjorde fisket veldig vanskelig. Men Inge holdt ut og fikk nest siste helga ein aure på 5,5kg på fluga og ein illsint hannlaks på 7,9kg på siste kastet i årets sesong, pluss eit par pjakker.

Etter sesongen kom det enorme mengder oppdrettslaks på elva og på prøvefisket pluss vidare utfisking vart det tatt 178 oppdrettere, pluss at dei talde over 80 oppdrettere på gytefisktellinga, der berre eit fåtall av dei vart tatt under utfiskinga.

Året vart avslutta med mykje snø i fjella, så vi krysser fingrene for neste år.

 

 

Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

06.04.2015