|
|
2013
|
02.03
var eg og Inge innafor for å starte ryddinga mens elva var lita og fin.
Planen var å legge litt trykk på grunneigarar og Sportsfiskarlaget til å
nytte den flotte vinteren til å stelle langs elva etter mange år med
massivt forfall. Vi hadde bestemt oss
for å endelig få fjerna nedfallet i Hegresvingen og å få åpna opp igjen
denne tidligare gode plassen. Det var lett snøkave, men ellers greie
forhold til tross for litt vind i toppen av granene. Vi hadde fått låne
traktor med Jørgen Langeland så vi rydda ifrå rotvelten og opp slik at
vi kunne dra rett opp der. Det fungerte kjempeflott og vi
fikk rydda
heile rotvelten før lunsj.
Etter lunsj starta vi framover imot vika og
fikk rydda heile strekket
her og fikk fjerna 3 røtter som låg ute i elva før mørket kom.
Dagen
etter fortsatte Inge og Endre med å fjerne trea nedover til Hegrebu. Dei
fjerna også ei stor rot ute i elva samt ein del stokkar og greinar.
Dette stuntet vårt fikk bra med oppmerksomhet på årsmøtet til
sportsfiskarlaget og fleire grunneigarar tok opp hansken og satte i gang
å rydde.
Mens vi fortsatte med torskefiske i fineværet så vart det ein
del oppvask som enda med at det vart starta rydding Moses-Hildehola på
Stokkenes, men lite anna praktisk når det gjalt rydding av
Sportsfiskelaget.
26.03
hadde vi elvevandring der vi gikk ifrå Fossen til Hellja og rydda det
som låg ute i elva mens ho no var veldig lita og vi hadde tilkomst over
alt. Vi møtte ein gjeng på befaring på Kvien, for å lage til vei fram
til Moahølen og bygge ei bud der. Det hadde vore bra rydding på Hjelle,
men mykje av skatet låg nede i elva. Vi tok ikkje på oss å rydde etter
dei, det får dei klare sjølve. Vi fjerna bjørka foran Hjellehølen
som Endre hadde kappa opp dagen før. Ved Måløyhytta var det lunsj og så
var det rydding ved Hellja og 3-steinhølen. Her ser vi Endre ute i
Hellja i ferd med å kappe opp eit tre. Før vi kom hadde Bolstad sett
fleire fiskar komme opp elva, truleg aure på vei opp i vatnet, til tross
for 3,5 kubikk og heilt sikkert iskald elv. |
|
13.04
var eg og Ly inn å grilla for Endre og Inge. Eg hadde vore sjuk sia
1.påskedag, og var ikkje i slag, men måtte inn å sjekke. Dei hadde
rydda heile veien ifrå Øyrane til nedom jernstigen ned på Holmen. Så
nokre pølser og ein kotelett var vel fortjent. 28.04 såg Inge og
Endre 10 laksar i Kastehølen. Fisken stod høgt i vatnet og var også oppi
og viste seg. Fiskane var lyse og tydelig nygådde, men det er mulig at
der også var støfisk sammen med dei.
01.05 såg Henning ein laks i Vereidehølen.
02.05
var eg ute å jobba på terrassen bak huset når vinkelsliparen plutselig
hoppa ut av handa og landa oppå skoen min. Kjende at den var nedi
skinnet, men kjentes ikkje så galt ut. Fikk sløkt unna vinkelsliparen og
tatt av skoen for å sjekke. Var noko blod, så tok av strømpa også og såg
at kuttet var ca 5cm langt, men ikkje så djupt. Akkurat då kom Thuy
heim, så eg lurte på om ho kunne hente Sindre som fikk meg til doktoren
etter av Ly hadde surra og plastra. Heldigvis var dama der klar, og fikk
lappa meg sammen igjen. Kuttet gikk heilt inn til beinet, men hadde
ikkje kutta noko essensielt. Dermed vart det sting til framunder
åpninga, men sesongen var berga.
03.05 hadde det samla seg rundt 20 laksar i Kastehølen, sammen med
ein del aure innimellom. Det var også i dag oppe fisk og visste seg.
05.05 såg eg ein fisk foran brua på Skipenes. Det var dårlige forhold
så såg berre ein skugge som glei over sanden, men at det var laks var
klart. Nedanfor brua stod eit par mindre aurar, 0.5kg-1kg.
07.05 kom det ny fisk i Kastehølen, for Endre såg fleire skure seg
ute i hølen. Den eine utmerka seg heilt klart, dette fordi den var
kjempestor.
09.05 var Inge ut i Osvika på Eid og prøvde etter auren, men han
verken såg eller kjende liv. Noko for såvidt er eit godt tegn med tanke
på lus i fjorden.
10.05 målte Inge temperaturen i elva til å være 4,5°C, noko som nok
er heilt normalt med tanke på mykje smeltevatn og det at isen nettopp
har gått på Hornindalsvatnet. Han og Inge rydda også vekk 3 tre som
hadde falt i elva i løpet av veka.
11.05 hadde Inge seg enno ein stortur utover i fjorden etter auren.
Han fiska alle dei kjende plassane ifrå utanfor Stårheim og heilt inn
til Rema i Eid sentrum, men han såg eller kjende ikkje noko. Igjen
positivt at fisken ikkje må opp å kakke av seg lus.
12.05 hadde elva ein topp med 46 kubikk, skal tru om dette vert
toppen av vårflommen? 17.05 vart det sett ein laks som var oppi med
ryggen nedanfor brua i Ørsta. 18.05 var eg og Ly tidlig oppe sia ho
skulle reise på sommarferie til Vietnam. Eg reiste heim og snikra utover
dagen i kjempeværet. Vart ganske så solbrent, før eg pakka veska og
reiste på vogna. Der var det eit par aurar på 1,5-2kg
og nokre mindre aurar ved brua i Ørsta.
19.05
rekordvarmen, med sol og 28 grader, førte til at elva snudde opp igjen. Og
i dag var det klart nok vatn til å sjå, og fisk var der på begge bruene.
På Skipenes var det ein mindre fisk, truleg ein aure på 3-4kg. Mens på
Osbrua stod det ein fisk foran brua, ein laks på 7-8kg, men den stakk
fram straks Bjørn såg den. Framme i hølen såg vi den igjen eit par
gongar, om det var den samme. Etterpå var det fram å sette opp teltet og
begynne å sjå på utstyret. 20.05 var det ikkje fisk å sjå midt på
dag, så vi fortsatte klargjering av utstyr før Inge var ned igjen på
floa. Først såg han 2 fiskar på 7 og 15kg, så såg han 2 fiskar som var
oppi og rulla seg før ein tredje fisk kom fram, ein laks på 10kg. Etter
dette hoppa det ein laks foran brua, så der var minst 4 laksar. Han
snakka med ein kar på brua som fortalte om uvanlig store laksar i Volda
og på Bjørke, mykje laks i Ørstafjorden og veldig godt dorgefiske
utanfor Stadt. 21.05 snudde elva ned igjen etter at varmen gav seg og
temperaturen datt 20 grader. Toppen var på 57 kubikk ut av vatnet.
24.05 var eg tilbake på Eid for å gjere klart fiskeutstyret, men det
vart mest feiring av Inge, som hadde bursdag og feira med grillparty,
men fikk i alle fall leita det fram. 25.05 var eg oppe tidlig og gikk
over det som stod igjen av utstyr å sjekke ut. Så var det ned å sjekke
bruer og å shoppe dei tinga eg mangle, som nye intermidiate skyteklump.
Eg fortsatte utover dagen å gjere klart og pakke vekk før eg reiste heim
for å gjere ferdig terrassa før visninga på huset på tirsdag. 26.05
midt på dag var Inge og Endre på laksesafari etter at godeværet hadde
kome igjen, og kunne melde om at dei såg to laksar i Vereidehølen,
7-10kg. Dei hadde også sett to laks foran Osbrua på rundt 7-8kg. På
kvelden kunne Endre melde om at det stod 7 laksar å trykte framunder
Osbrua klare til å gå, desse var frå 5kg til framunder 20kg. 28.05
hadde eg visning i fortsatt nydelig vær, men til tross for varmen så var
det for lite snø igjen for å holde elva. Det gode været gjorde nok at
ingen kom for å sjå på huset vårt, men det ordner seg nok.
31.05 kjørte vi oss innover etter arbeid i nydelig vær, men det var
begynt å komme nokre tunge skyer som det av og til dropla ifrå. Turen
gikk sjølvsagt rett på Skipenesbrua, men der var det ikkje noko å sjå.
Så gikk turen innom Chatlet for å kjøpe kort på Nor, samt sjå kva
muligheter som var der for fiske søndagskvelden. Vi visste at det var 3
ledige kort etter at trekninga var over på Bjørlo åpningskvelden, og
fortsatt var der 2 ledige, men utan at vi hadde sjanse til å få kjøpe
dei. Men der var eit ledig på søndagskvelden på Bjørlo, som eg håpte eg
skulle kunne få dagen etter. |
01.06 |
Eidselva Nor
00-04 |
Heller ikkje i år fikk vi
starte nede i elva på åpningsdøgnet, og måtte ta til takke med Nor. Det
såg lenge ut til å kunne verte bra sjanse også der, med lite snø i
fjella og mykje fisk tidlig på elva som til og med var langt framme. Men
det var før varmen slo til og elva steig jevnt og trutt oppover og ikkje
stoppa før 10 dager før åpninga. Den datt ganske fort, men så kom varmen
igjen og ho flata ut imot normalvannføringa 1.juni, 39 kubikk, så det
var liten sjanse for nygått fisk der framme. Temperaturen hadde sakte
stige og var kvelden før åpninga nesten 9 grader. Vi starta på dammen, Bjørn
fikk eit par honndølar, eg hadde på ein. Bjørn gav seg når det vart for
mørkt for makk, mens Inge fiska foran brua før vi flytta opp på depotet.
Her fiska vi først over med fluga begge to, før eg prøvde makken litt.
Inge fikk eit par Honndølar, og det samme gjorde eg når eg begynte med
makk. Klokka 3 ringde vi Endre på Bjørlo, han hadde satt ut igjen ein
slank aure på ca.2kg ellers var det dødt. Inge sjekka temperaturen og
den hadde no falt til skarve 6,3 grader. Endre hadde hørt om eit par
fiskar på Skipenes, og vi visste om at Chriss hadde fått ein på Roti på
7,1kg på andre kastet. Vi gav oss, mens Endre fiska vidare i regnet som
starta like etter at vi hadde lagt oss. På Hjelle hadde dei tatt ein
på spinnar i Reitehølen like etter midnatt når dei starta. I 1-tida fikk
Kjell-Tore ein aure i Myrahølen på Stokkenes. Utover morgenen tok dei
ein til på Skipenes, ein til på Roti på 8kg og ein på Os på 6,5kg, ein
på Alsaker og ein fisk på 4kg på Nor. Klokka 14 var vi ned å henta
korta og stakk bortom Osbrua, men det var dødt. Kjørte så oppom
Skipenesbrua. På vei dit såg vi ein kar i Hesten, og ved nærmare sjekk
så hadde han bøygd stang. Eg svinga opp og såg bilen til Einar Sivertsen
og lurte på om det kunne være han. Og riktig, når vi kom nærmare såg vi
at det var Einar og fisk hadde han på. Eg parkerte, stakk bak og fant
håven.
Borte
ved Einar fant eg ingen passande plass å stå for å lande, så eg hoppa
utav skona, drog opp buksa og hoppa ned på ein stein, for fisken var
like ved land. Den gikk heilt inn mellom steinane og sena traff meg og
håven og når fisken snudde ut igjen så hang blyet fast i håven. Eg treiv
etter sena og prøvde løyse blyet, men det satt fast. Eg treiv blyet og
sleit det laust akkurat i tide før fisken raste ut i hølen igjen. Men
fisken var ikkje klar for håving og vatnet var kaldt, så klatra meg opp
igjen. Fiske kjempa hardt og avslutta med eit utras 20m framover, men då
var det også slutt og Einar kunne leie den ned igjen mens eg gjorde meg
klar igjen. Redd for blyet og kroken ønskte eg håve bakifrå, men etter
3-4 forsøk der fisken berre glei unna så vart det håving forfra. Men
fisken var gåen og Einar dreven, så den kom med blankesida opp, i god
fart og det var ingen problem å berge den. Fisken vart straks vegen og
var 6,56kg. Like etter haurde vi at dei hadde fått ein på 10,6kg på
Skipenes like før. Vi derimot for fram igjen, kokte bacalao og foråt oss
so nautigt at det knappast var mulig å sove etterpå, men fikk nokre
timar fram til 04.00 i pøsregnet. 29mm kom det dette første døgnet. |
02.06 |
Eidselva Stokkenes 02-14 |
Inge var sjølvsagt tidleg oppe og komen i elva før det var lyst. Han
fiska sona ifrå Hegresvingen og nedover og var komen på Øya når han såg
meg fare nedover. Eg stoppa på Staten og snakka med Tor Aasen og Sindre
Mo, samt Kjell Tore, men dei hadde ikkje noko nytt. Prøvde først
Myrahølen, men var dødt, også etter at Inge kom der. Vi kjørte fram og
eg prøvde Mastehølen på vei ned i bua. Inge gikk etter kvart nedover med
fluga, mens eg prøvde Svingen. Synes eg hørte ein fisk hoppe på Ledet,
så eg gikk fram å prøvde Mastehølen igjen, men var like dødt. Inge hadde
hatt eit lite drag i fluga bak på Åbrekkhølen, så eg tok makken og gikk
nedover. I det eg prøvde den nyrydda hølen foran Hildehola så kom ein
kar å begynte med sluken framme i Åbrekk, men han sleit, så eg
fikk fiska heile hølen uforstyrra, uten at det hjalp. Vi fortsatte
framover formiddagen uten å kjenne eller å sjå noko. Kanskje ikkje så
rart med 5,7grader i elva. Men nokre fisker vart tatt; ein på Skipenes
5,5kg foran Hesten, 6kg på Staten, 11kg på Solbakken og ein laks på
Alsaker. |
02.06 |
Eidselva Staten
14-02 |
Eg hadde ikkje kort på kvelden,
men hadde håpt på eit ledig medlemskort. Det einaste kortet som frista
var Bjørlo, men det hadde Kjell-Tore vore å kjøpt, så då rekna eg med at
det vart ein tur på Nor. Men på morgenen når eg var innom Sindre Mo, på
Staten, så sa han at han var blitt sjuk og sikkert måtte reise heim. Og
eit par timar seinare ringde han og sa han hadde pakka sammen og eg
kunne få kortet hans. Endre avklarte det med Svenn Morten under enno ein
durabel Bacalao middag at det var greitt å bytte, så då var det berre å
hoppe i vadebuksa igjen. Ej va nedkomen i 17-tida og starta i
Malakoff, men dødt. Prøvde så Hesten og heilt framme, men like dødt.
Samme historia var det i renna og nedanfor brua, så det vart mykje
snakking og mindre fiske. Inge var på Kvien sammen med Endre, men det
var like dødt der, så Inge gav seg etter eit overfar kl.19-19.30, mens
Endre gav seg samtidig med meg kl.21. Været letta opp utover kvelden,
men det hadde kome 19mm i løpet av dagen.
Det var veldig dødt på kvelden, på Skipenes hadde Platou på ein laks
i 14-tida når Endre var ned før Bacalaoen. |
|
03.06 kom
nordavinden med sol og godt vær, men også kalde netter. Mandag morgen
var elva 4 grader og ingen melde om fangster. 04.06 var det berre
2,5grader på morgenen, og ingen rapporter om fangst, men det var minst 2
rapporter om fisk som hadde plukka på fluga framme i elva, og dei hadde
sett fisk på begge bruene. I tillegg vart det tatt fisk på Os. Atle og Asbjørn avslutta etter 3 døgn i
Driva, først med flom, så vidare med betre forhold, men dei hadde ikkje
kjent noko.
06.06 meldte Chriss først om ein fisk på Os på 11kg og ein på
Langeland. Atle og Asbjørn starta i går fiske i Bruhølen på Vormstad i
Orkla, og i lunsjtider kom det melding om at Asbjørn hadde fått ein
flott laks på heile 8,4kg på ei Red Butt. Seinare melde Endre om at det
no var kome på land 5stk 11kilos laksar. Det var den på Solbakken, to på
Skipenes, ein på Os og ein på Bjørlo. Og endelig vart det tatt ein stor
aure, årets første i elva, som vanleg på Bjørlo. |
07.06 |
Eidselva Bjørlo
14-14 |
Ej hadde håpt på å få eit
medlemskort som hadde vore ledigt heile veka, men når det nærma seg så
vart det tatt. Dermed hadde eg ikkje tru på fiske før Endre ringde, eg
kunne få eit Vågsøy-kort på Bjørlo.
Dermed var det berre å henge i å
komme seg innover og i elva. Elva hadde stupt sia åpninga på grunn av
fint vær med kjølige netter, og bikka før på dag 30 kubikk. Fiska framme
aleine, og etter kvart sammen med Endre, men vi verken såg eller kjende
liv. Det dropla jevnt og trutt, men utover kvelden tjukna det skikkelig
til. Inge var også på Bjørlo, men han fiska nede. Der prata han med Tor
Aasen som hadde sett 2 laksar i hola på Sanden, og sjølv såg Inge to
nede på Sanden samt ein som hoppa foran hola. Men han kjende ikkje noko
og gav seg tidlig for å få tørka kleda før morgenen. Klokka ti var Magne
Hjelle og ein til komen fram i Kastehølen, så eg og Endre pakka sammen
kl.23.30.
Eg var våt og ville tørke og sove før Staten på morgenen så eg for heim.
Endre kjørte ned på nederste for å prøve på fiskane Inge hadde sett. Det
enda med at han måtte kjøre fisk på Sanden i 1t45min før han kunne lande
ein flott laks på 10,5kg i hølen nedanfor åda bak på Sanden. |
08.06 |
Eidselva Staten
02-14 |
Bjørn
hadde stått opp tidleg og var komen i elva i 4-tida, og i 5-tida beit
det i renna nedanfor brua. Han stod inne på land, men kjøringa gikk
veldig greitt for fisken gikk framover og sprengte seg slik at når den
kom ned igjen så fikk Bjørn den inn på bakevja og derifrå kom den seg
aldri. Fisken var ei flott hoe på 8,3kg. Eg kom nedover i 6-tida og
fiska utover heile formiddagen, men det var heilt dødt over alt. Like
etter at eg kom målte eg 8,7 grader i vatnet, noko som skulle være
perfekt, men det einaste eg kjende var noko som nappa litt bakpå nedre
Malakoff, men trulig var det ein mindre aure. På vei ned dit håva eg ein
laks for Jan Cristensen på 5,5kg som tok ved Steinbordet like foran meg.
Inge var fram på Bjørlo, men fiskane han hadde sett dagen før lot seg
ikkje spore opp igjen nokon plass og alt var heilt dødt. |
08.06 |
Eidselva Stokkenes 14-02 |
Vi hadde laber tru og var
trøtte etter lite soving, så Inge og Bjørn tok ein snartur ned og fiska
over sona i 16-tida. Eg kom ned når dei gav seg, fiska Hegresvingen og
Mastehølen før eg gav meg med dårlig mage og lite tru. Inge hadde sjekka
vatnet og synes det var veldig kaldt, men verken han eller eg hadde
målar for hand så vi kunne sjekke. |
09.06 |
Eidselva Moen
02-14 |
Var ikkje alt for tidlig oppe med fornya tru, men den forsvant fort når
elva vart målt til 5,5 iskalde grader. Det var noko som plukka i renna
ved skiltet, og i Moahølen, men truleg var det berre honndalsaurar.
Ellers var det heilt dødt over alt. Gav meg i middagstida og fikk
akkurat med meg at dei fikk og slo ihjel ein undermålsfisk på andre
sida. Bjørn og Inge var på Staten, men det var like dødt der nede. |
09.06 |
Eidselva Bjørlo
14-02 |
Eg hadde overtatt eit kort ifrå
Petter som ikkje hadde tid å komme innover, men kom meg ikkje ned før
klokka var over 17. Fiska Ny-Ledet, Hjellehølen og Forbygginga, men det
var heilt dødt over alt. Tenkte så å prøve på nederste, men prata meg
vekk på Måløyhytta så vart berre å køyre heim etter kvart. |
|
14.06 var Inge på
Staten, men alt var heilt dødt. Ikkje noko å sjå eller kjenne. |
15.06 |
Bjørlo |
Det var sein middag med kylling
og burgerer i Bjørns kantine, så når eg var oppe tidleg og starta så
vart det berre smurt med mat. Eg starta ved Måløyhytta i lysninga og
fiska meg nedover, Hellja, Øyrane, Muren, Sanden, men det var heilt
dødt. Tok med matpakken ned til Bjørn og åt den. Sjekka bruene før eg
kjørte fram igjen for å kvile litt. Bjørn vart igjen, og det vart tatt
ein laks etter 2t med konstant banking i renna foran brua, men det var
ikkje Bjørn. Eg vakna igjen i 11.30-tida og stakk nedom Refsnesane,
men her var det rolig stemning i sola. Petter hadde enno ikkje vore i
elva og fiska, men vi fikk gira han litt opp så han kom seg avgårde litt
før kl.13. Han tok midtre del på Bjørlo uten å kjenne noko der heller. Bjørn
var ned igjen på
Staten å kikka, der huka ein Bergenser på ein stor laks foran brua. Dei
oppdaga fort at den var fast midt oppe på ryggen, og det gjorde det
vanskelig. Først gikk fisken nedover på feil side av brukaret for han,
så han måtte over brua før han kunne følge den nedover. Når han nådde
den igjen ved holmen så gikk den like godt fram igjen til brua med karen
på slep. Der snudde den igjen og gikk heilt ned til holmen før den datt
av.
Inge kveld på Bjørlo, men som for oss andre så var det livlaust. |
16.06 |
Bjørlo |
Eg starta framme og fiska over
der, men som før verken såg eller kjende eg liv. Gikk nedover til
Reitehølen der etter kvart Bjørn dukka opp. Han hadde fiska alt fram til
dit med samme resultat. Petter hadde også vakna og ringde, men vi hadde
ikkje noko godt råd om kvar på sona han skulle prøve. Bjørn ville fiske
seg ned til bilen, mens eg gikk rett opp i bilen. Det gikk lenge før
Bjørn dukka opp igjen på vogna så vi begynte å lure på om han hadde fått
fisk, men han hadde berre fiska seg heilt ned til Fåhølen. Petter var
ned og fiska over midtre del, men som før dødt. |
|
16.06 var Inge på
Alsaker på kvelden, men det var heilt aldeles dødt, bortsett ifrå masse
småaure. 17.06 var det Petter som tok
over og fiska morgenen, men det var samme historia ifrå han.
18.06 om morgenen var Inge og Petter på Staten, men fortsatt var det
ikkje noko å kjenne, dei såg 3 fiskar som hoppa på flata. Det stod 15
fiskar foran brua.
18.06 var Atle ute og dorga ved Mulen, to fiskar vart det, ein fin
laks på 5,2kg og ein pjakk, begge i godt hold.
19.06 om morgenen var Inge og Petter på Alsaker igjen. Dei fiska nøye
over alt, men det var småaure på lakseplassane og dødt på aureplassane.
Ikkje verken såg eller kjende dei noko.
19.06 på kvelden begynte eit kort på Hjelle som Inge hadde bestilt,
men han hadde bomma på dagen og kjørte for å hente det når det var
nesten slutt.
20.06 hadde Inge kveldskort på Bjørlo, men det var ikkje noko verken
å sjå eller kjenne.
21.06 fiska Petter kvelden på Bjørlo, men som før var det heilt dødt. |
22.06 |
Eidselva Bjørlo
02-14 |
Ej la meg ganske tidlig så trudde eg skulle vakne tidlig, men vakna til
vanlig tid kl.06.00. For nedover like før klokka 7 og starta framme.
Fiska over, men det var ikkje noko å kjenne eller sjå, så det vart
tidlig opp igjen. Inge fiska ifrå Rørhølen og heilt ned med samme
resultat. |
22.06 |
Eidselva Bjørlo
14-02 |
Eg var ned og fiska over
svingen foran Fåhølen, Fåhølen og Fossekanten før middag, men det var
dødt. Etterpå fiska eg Rørhølen, Ny-Ledet, Linja, Hjellehølen,
Bakkereinå og
Stampelva før Endre kom ned ifrå øvre og fiska seg ned til Skaugum. Eg
var borti fisk i Ny-Ledet, samt aure bak på Hjellehølen og Stampelva,
men dei ville ikkje være med. Det vart tatt ein laks morgenen etter der
eg var borti fisk i Ny-Ledet. Inge og Petter var på Kvien, og som
mange gangar før så var det kun nokre honndalskrede som beit, både i
Moahølen og Hammaren. |
23.06 |
Eidselva Staten
02-14 |
Eg kjørte rett ifrå Bjørlo og
ned på Staten. Åt nista mens eg såg på Frank Yri fiske over flata utan
resultat. Kjørte ned å sjekka osen, men såg ikkje noko liv. Kom fram og
rigga meg til idet ein kar kom meg i forkjøpet og fiska flata ifrå
Skipenes. Etterpå prøvde eg fluga, mens Endre kom ned etter at kortet
var over på Bjørlo og stod å prata med Vingen, men ingen ting. Så kom
Frank fram igjen, og med han beit det, ein liten laks på rundt 3kg. Eg
fiska utover til klokka var snart 6 og det var full fjøre, då hadde det
regna sia det lysna og eg var passe våt. Etter at eg gav meg hadde der
vorte tatt to fiskar til, begge i samme størrelsesorden som den første. |
|
23.06 på kvelden
feira Inge jonsok med å fiske Langeland. Henning var der også. Men til
tross for at dei var opp i alle tre og kikka så såg dei ikkje liv av
noko slag. Det regna utover kvelden, så Inge gav seg i 1-tida. 24.06
pakka skyene seg sammen over Eid på kvelden og ifrå kl.21 til kl.04 kom det 41mm
regn.
25.06 fiska Inge morgenen på Alsaker. Han var komen i elva ca. kl.05
og fortsatt var det vått med jevnt med regnbyger utover formiddagen.
Han
starta framme med makken, men kjende ikkje liv. Så letta det litt opp,
og han prøvde fluga ifrå fossen og ned i Bruce, men med samme resultat.
På vei fram igjen stoppa han på Fossekanten, men det var heilt dødt,
sjølv om makken forsvant eit par gangar. Han gikk ned å kikka i bakevja,
men det var for grumsete vatn. Men plutselig såg han at heile bakevja
levde, så han vart ståande å sjå og såg etter kvart mange fiskar som
stod der. Så han gikk fram og fiska meir, og litt seinare hang det på
ein fisk, uten at han hadde kjent den ta. Fisken vart kjørt ei stund før
den datt av, det var ingen stor fisk. Så fortsatte han og ikkje lenge
etter hang neste, uten særlig hogg. Men denne satt veldig godt, og etter
ein kort kamp kunne Inge lande ein litt lang laks på 6,6kg og 91cm. Opp igjen og
prøve igjen, og etter ikkje lenge hang det enno ein fisk. Også denne var
veldig godt fast, sjølv om den var veldig forsiktig. Når Inge såg det var ei hoe på
ca.6kg, så satte han den ut igjen. Etter dette gikk han fram og fiska
over med både fluge og makk, men det var livlaust, noko det også var på
Fossekanten. 25.06 Inge fortsatte utover ettermiddagen. Han var borti
ein fisk foran hola på Sanden, men tredje gongen den tok uten at den
vart fast bestemte Inge seg for å endre strategi. Han gav ekstra mykje
slakke og senka stanga, for å få den til å ta skikkelig, før han letta
stanga, og då sat den. Fisken gikk framover og stod
framme i straumen ei
stund før den seig ned i hola igjen. Etter ei stund seig den nedover og
Inge måtte virkelig holde igjen for å unngå at den gikk nedover. Etter
kvart fikk Inge den innpå roligare vatn, og då kom sporden opp av
vatnet. Det viste seg at fisken var kroka nesten bak i sporden. Laksen
var heilt død når Inge endelig fikk den på land, ei flott hoe på 6,5kg.
Han, og Endre som var på Bjørlo, såg fisk komme fram på Sanden heile
kvelden, men etter klokka 22 var det heilt dødt, så Inge pakka sammen
like etter midnatt og gikk nedover. Han hadde stengrene opp i bilen, men
måtte prøve Fossekanten når han henta grovestanga som stod der.
Første
kastet var det fisk og han slo til. Fisken kom oppi med ryggen og Inge
anslo den til 6-7kg. Fisken stod litt nede i djupet før den begynte å
sige framover imot Fåhølen. Inge kjente at den kanskje var litt større,
kanskje 9-10kg. Etter ei stund i Fåhølen seig fisken vidare fram om
hølen der den stod ei stund. Etter kvart seig den ned i Fåhølen igjen.
Her gjorde den 3 skikkelige utras som tok litt luven av den, og
etterkvart kom den sigande nedover til Fossekanten igjen. Inge
ville svinge den inn på bakevja, men den seig bak imot kanten og Inge
måtte slippe den over. Han slakka bremsa og stod å venta til fisken var
komen med til hølen ved bua før han sakte lunka ned etter. Her nede stod
fisken i straumkanten og Inge prøvde svinge den innpå 2 ganger, men han
prøvde litt langt framme så fisken kom inn i straumen under brua og fikk
styring ut igjen. Så Inge gikk eit par meter nedover og på andre
forsøket då fikk han svinga fisken inn på grusen. Her fikk han slått den
ihjel og skulle til å bære den opp i bilen, men når han løfta den så
fikk han ikkje sporden opp ifrå bakken, så han måtte sjekke igjen og såg
at fisken definitivt var meir enn 10kg. Han sendte melding til Endre og
kjørte fram for å vege og å ta bilde. Vekta stoppa ikkje før på 18,3kg,
og lengda var 120cm. |
25.06 |
Ørstaelva Mo
18-24 |
Det
hadde vore regn også i Ørsta, så elva gikk stor og fargen var kjempefin,
så dette såg lovande ut. Eg kom bort i 20-tida, men rapportane ifrå dei
andre var at det var labert. Det hadde vorte tatt ein laks og ein aure
på Ose kl.18, men ellers var det dødt, sjølv om ganske mange hadde tatt
turen. Tor Aasen hadde sett ein liten pjakk framme på Mo og eg såg ein
ennå mindre hoppe bortunder land framme i svingen når eg starta.
Torbjørn Follestad fiska nede på brekket foran langehølen, der dei to
fiskane vart tatt kl.18. Noko var bortpå, men vart ikkje fast første
gangen. Andre gangen fikk han masse slakke og då sat han, ein pjakk på
1kg. Var vel ikkje storveis happy med den, men det var årets første, og
om det vart den einaste så var det årets julelaks. Eg fiska til klokka
var vel 23 og floa var koma godt og vel fram til pumpehuset, men det var
heilt dødt, verken noko som beit eller hoppa. |
|
26.06 hadde Inge morgenkort på Alsaker, men fiska ikkje.
Derimot vart det mykje prating og filming, her er det Fjordabladet som
har vore innom og knipsa
Inge med ein halvfrosen laks.
27.06
starta Inge og Asbjørn på Hjelle, som normalt så var det heilt dødt
igjen. 28.06 karane fortsatte på Hjelle, men det var heilt dødt også
denne dagen. |
28.06 |
Eidselva Bjørlo
14-02 |
Starta på ferien, men vart heft
av Norhus som kom innom, og ein som ville sjå på huset så eg måtte rydde
slik at ein kjapp vask søndag var nok for at han skulle komme. Så kom
meg ikkje innover før klokka var over 17. Snakka med Endre som kunne
fortelle om fisk som hoppa, men mange mann i midtre del, så eg gikk fram
på fremste. Fiska utløpet med makk før eg fiska Utfalle, Granhølen og
Pinå med fluga, men det var dødt. Det var litt regn når eg var på Pinå,
men sat og venta litt så letta det og eg gikk over ein gang til på Pinå.
Gikk så fram igjen der eg prata med Rune som fiska på Hjelle, og Bjørn,
som ikkje fiska.
Sat
så ei stund og sjekka nettet og snakka med Magne Hjelle som kom, før eg
gikk for å prøve fluga i innløpet. Samtidig gikk Rune fram og etter 2
kast sat det fisk med han. Etter ein grei kamp landa han ein flott aure
på 4,5kg. I det eg fiska innløpet kom Endre også og vi fiska i området
fram til klokka var 02. Inge, Sindre, Tore, Ståle,
Asbjørn og Atle var på Alsaker. Sindre var den einaste som fikk fisk,
ein flott laks på heile 9,3kg. Dei greidde å ta bilde av kjøringa, men
ingen greidde å ta eit einaste bilde av fisken. |
29.06 |
Eidselva Moen
02-14 |
Eg og Bjørn fiska morgenen, og
Bjørn kom seg opp litt før meg.
Når eg kom ned så stod han litt nedanfor bua og knytte opp igjen. Bjørn
kunne fortelle at han starta i Moahølen før han gikk nedover til
prydbuska. Her beit det på ein fin laks på 8-10kg som etter ein kort fight
slapp makken. Han fiska seg vidare nedover, men det var dødt før han då
sleit. Ej fiska over Moahølen med fluga, og alt med makk, men eg kjende
ikkje noko. Bjørn pakka sammen tidleg og reiste fram igjen. Inge var på Bjørlo,
mens Sindre, Tore, Ståle, Asbjørn og Atle var på
Alsaker der ingen kjente noko. |
29.06 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Så
skulle eg endelig prøve Alsaker igjen, no sammen med Sindre, Tore, Ståle
og Asbjørn. Ej fiska over framme og var i fisk på Sanden, men måtte
fiske veldig lett, berre 3g bly. Først tok den 3 ganger før ej slo til,
så på neste kastet kom den 2 ganger uten at ej slo til fordi den var så
forsiktig. Og siste gangen drog den berre forsiktig i makken ein gong,
men så var det gjort, då kom den ikkje meir.
Sindre derimot fant enno ein laks på Fossekanten. Ej sat og snakka med
Petter i telefonen når vi såg han slo til. Alle sprang ned, mens eg
spasserte rundt, fortsatt med Petter på tråden. Sindre kjørte fortsatt
på fisken når eg kom ned, men ikkje lenge etter kunne Bjørn håve den på
berget. Laksen var betydelig mindre enn dagen før, men det var ein fin
liten laks på 3,1kg, lusete og fin. Ej fiska meg nedom fossen, men det
var dødt, så like etter midnatt så tok eg kvelden. Inge var på Bjørlo,
men også der var det dødt. Endre fikk årets første laks på Nor. |
30.06 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Stod opp tidlig og var komen i elva til kl.05, men det var fortsatt dødt
for min del. Ståle hadde vore opp litt før og fiska over Fossekanten,
men han hadde ikkje kjent noko. Tore kom nedover når eg og Bjørn kjørte
oss ned på brua for å sjekke oppgang. Bjørn hadde då fiska heile midtre
Bjørlo uten å kjenne noko. Var fram igjen å fiska over, men gav meg
ganske tidlig sia eg måtte pakke for Drivaturen, og komme meg heim å
vaske før visninga. Inge og Sindre var på Moen, men det var ikkje noko å
få. |
01.07 |
Driva SJFF
18-24 |
Etter middag kjørte vi bortom Skjøllandsneset for å sjå på forholda, men
det var mykje vind og etter kvart kom regnet, så vi bestemte oss for å
avvente til forholda vart betre på morgenen og sove ut i staden. |
02.07 |
Driva SJFF
00-24 |
Vi stod opp kl.05 og var komne
på Skjøllandstraumen kl.06. Her fiska vi utover morgenen, men det var
dødt, så vi flytta fram i Litjhølen, men det var like stille her, så
litt etter middag tok vi ei pause. På kvelden starta vi i Kiklingbrekk,
Inge prøvde fluga i sjølve hølen, mens eg kom bak med makken. Ej sleit eit par gongar
så Inge vart ferdig og kom like bak meg med makken. Han stod fortsatt på
kvassaste neset når han plutselig slo
til i det makken kom inn under ripplet ifrå neset, og fisken satt. Fisken vart kjørt
hardt, men greitt og vart håva på neset, ein
kjempeflott aure på 2,28kg, sjølv om Inge her prøver å få den til å sjå
større ut. Vi fiska oss nedover til brekket, og var borti nokre
fisker til, stort sett under ripplet, men også borte i djupet. Veit
ikkje kva størrelse det var på fiskane, men nokre var nok større fiskar.
Flytta så til Litjhølen der ej
starta med makken, mens Inge gikk fram og prøvde fluga framme i hølen. Inge hadde eit
drag i fluga i innløpet, men elva var ganske endra her, så trulig går
ikkje fisken opp langs land her lenger. Eg starta utanfor buda og fiska meg nedover. Bak bakevja plukka
det og eg slo til. Endelig ein fisk!! Rygga den oppover til stranda
foran bua. Fisken spratt eit par ganger og kjempa flott, men var ingen
stor utfordring å lande. Fisken var ein flott aure på 1,62kg. Inge fikk
så starte utanfor bua og fiska seg raskt nedover imot der fisken min
tok, men no var der berre småkrede. Fiska seg vidare nedover, etterkvart
med meg bak. Midt bakpå stoppa snøret for Inge, blyet hadde nok lurt seg
under ein stein.
Han
rykte og styrte for å løyse igjen, og til slutt kom det, og då hang det
på ein fisk. Inge rygga fisken oppover og fikk den akkurat opp til
bakevja før den slapp. Truleg var det ein laks på 4-5kg. Vi fiska
utover kvelden, men det var rolig. Vi såg fisk eit par gangar bakpå, men
vi greidde aldri å finne dei igjen i den gedigne Litjhølen. Etter kvart
fiska vi oss veldig langt nedpå sia elva ikkje var for stor, slik at vi
kunne vade litt. Litt etter midnatt hadde eg slite og sat på baren
og knytte opp, så Inge tok meg igjen. Han kasta ut og slakka seg langt
nedpå når det plutselig tok så det rauk. Inge rygga seg oppover, men
fisken var seig og eg kunne gå ved sida av den, men plutselig skaut den
fram og var komen fram i bakevja. Her kjempa den heroisk med fleire bra
utras og eit par hopp, men uten straum å hjelpe seg så var den dømt til
å tape. Inge kunne til slutt dra laksen fram på sanden, ein flott
hannlaks på 5,62kg. Vi fiska over fleire gongar fram til det lysna, men
det var heilt dødt, vi verken såg eller kjende noko meir. |
03.07 |
Driva SJFF
00-24 |
Vi hadde oss ein liten tur
rundt middag der vi fiska Litjhølen, samt hadde litt sight-seeing
framover til Strømmen og Mettiøra, men det var kun småkrede å sjå og
kjenne. På ettermiddagen tenkte vi måtte prøve oss ned på Sone 1 og
starta fiske litt foran Torva og fiska oss nedover. Etter kvart kom det
mykje folk så vi flytta fram til handikappbrygga på Hestneset, men det
var like dødt der. Vi gikk så fram i bilen via handicapveien og kjørte
litt rundt for å finne ein bra plass.Vi enda med å fiske Kiklingbrekk
til endes med fluge, før ej fiska
framme med makken, men det var ikkje noko å kjenne. |
04.07 |
Driva SJFF
00-24 |
Så vi kjørte ned igjen på Sone
1 og ville prøve fluga i Postmesteren. Eg fiska først, men det var dødt.
Heilt bakpå var det noko som kakka såvidt i fluga, men ikkje nok til å
slippe bukta på. Inge kom bak og kjende ikkje noko. Men plutselig hoppa
det ein fisk, så eg gikk fram igjen, men kjende ikkje liv, men 2 gangar
til var det oppe fisk. Prøvde då makken, og bakpå der der hadde vore
noko i fluga så nappa det lett. Eg gav slakke og venta, men det vart
berre småkredenapping, men eg slo til, for det var noko som var litt
rart. Fast fisk! Fisken la seg på straumen, men eg greidde hindre at den
satte unna og etter kvart kom den sakte framover i hølen. På høgde med
meg var den ståande å stritte utover, men eg følte at eg hadde god
kontroll. Eg fikk fisken noko nærmare når no Inge kom til, men såg berre
at der var fisk, ikkje kor stor eller kva type. Plutselig bukta fisken
lett på seg og slapp kroken, og dermed var fisken på 3-4kg vekk. Etter
kvart fiska Inge seg nedover mens eg vart igjen, men ingen av oss kjende
eller såg noko meir.
På kvelden prøvde vi
Litjhølen ifrå veisida. Inge hadde ein slag i sena, men det var berre
ein gong. Myggen var innmari plagsom, så vi pakka sammen og flytta
plass. |
05.07 |
Driva SJFF
00-24 |
Like etter midnatt prøvde vi Sande, vi var sikre på at det ville være kø
her, men nei. 2 mann fiska Tvisthølen det var alt. Vi fiska strekket
ned, men det var for mykje vind, så vi måtte bruke for mykje bly og då
vart det vanskelig. Når vi sat og lurte på om vi skulle prøve igjen
eller ikkje så kom ein stor oter hoppande opp elva som ein hyper
storlaks, så då var den saken grei, vi flytta.
Turen
gikk då til Skjøllandsneset igjen. Her mista Inge raskt ein mindre fisk
utanfor bua på Skjøllandstraumen. Noko seinare var det oppe fisk litt
foran enden på muren, så eg gikk fram og starta fiske nedover. Omtrent
der fisken hoppa var det noko som plukka, og eg slo til. Fast fisk!
Fisken kjendes bra ut, så eg begynte å gå oppover i fyllinga for å komme
meg opp på veien, men då kjendes fisken plutselig liten ut, før den
slapp taket. Usikker på størrelse, men sikkert rundt 1kg, samme som Inge
anslo sin til. Når det lysna av dag så pakka vi sammen og gav oss.
På
kvelden bles det veldig igjen, så vi leita etter ein plass med litt
livd. Det fann vi på sørsida på grensa mellom sone 2 og 3, men elva var
skikkelig klar og vi hadde lita tru. Plutselig såg Inge ein stor fisk
stå like foran oss. Vi bestemte oss for å prøve, men då kom ein mann å
starta fiske litt foran oss. Så eg venta, mens Inge henta stanga og gikk
framom mannen etter ei stund. Når mannen kom ned der eg stod hadde han
skremt fisken og den gikk også forbi Inge utan å bite. Vi såg ein fisk
til hoppe og tenkte at vi kunne prøve oss på Skjøllandstraumen når dei
kom dit. Der var det alt ein som fiska, med fluga, men han hadde berre
sett ein fisk, ikkje kjent noko. Vi fiska over i vinden, og eg var borti
eit par fiskar, men dei var forsiktige og vanskelige å få tilslag på.
Når vi til slutt gav opp stilna det, men då hadde vi mista all tru.
Dagen etter pakka vi sammen og satte kursen heim, fisket hadde vore
elendig og søndagen ville gå vekk i fiskekonkurranse, så vi kom til at
det var like greitt å gi oss. |
|
Inge
kjørte rett til Eid, mens eg for heimom Hovdebygda for å bygge levegger.
Bjørn var også komen til Eid og Inge overraska han når han hadde
damebesøk på vogna. 06.07 var Inge og
Endre på Nor på kvelden å prøvde og fiska utover natta 07.07. Forholda var bra med god varme, men det
var noko vindfullt. 7-8 gangar slo strengane sammen nedanfor demninga,
og straumen var vekk i fleire timar. På det mørkaste
beit det med Inge heilt framme på murane. Fisken vart kjørt derifrå og
inne ifrå land, og etter ein fin fight kunne Endre håve ein fin laks for Inge
på 6,3kg.
Bjørn hadde jaga nye-kjerringa heim og prøvde morgenen på Alsaker.
Allereie tidlig fikk han ein stor laks på Fossekanten. Vekta viste
flotte 8,9kg, men den kom i frysen før nokon såg den, så det var først
når prøvene kom tilbake at det viste seg å være oppdrett.
08.07 var
Bjørn på Alsaker og fiska morgenen. Det var dødt i starten, men i halv 6
tida beit det på Fossekanten på den vanlige plassen.
Fisken
stod nedi djupet og stanga, og Bjørn tenkte laks sjølvsagt. Etter kvart
slakna fisken litt og Bjørn trudde det var ein mindre fisk. Etter kvart fikk
Bjørn fisken inn på bakevja, og då kom det faktisk ein fisk opp på sida
av den han hadde på, noko mindre, men ikkje mykje. Bjørn gikk rundt
gjerdet og gjorde seg klar til håving. Fisken tagna raskt og etter kvart
var den klar for håven. Men no oppdaga Bjørn to ting, dette var ikkje
ein laks, og den var ikkje så liten som han trudde. Men han stussa ikkje
og fisken lot seg håve. Dermed kunne han betrakte ein kjempestor
hann-sjøaure på heile 8,1kg. Dermed var nok den som gikk ilag med den
sikkert også rundt 6kg.
|
09.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Det var meldt regn, så eg starta i lysninga og fiska framover morgenen.
Var bort i noko bak på Sanden, men det var så forsiktig at det var ikkje
mulig å få det fast. Eg dreiv det hardt, men det var veldig dødt. Etter
kvart vart det mykje vind og nokre korte regnbyger, men pøsregnet drog
ut. Når klokka var 08 var vinden skikkelig frisk, og eg såg at det
tjukna til ute i fjorden, så eg tenkte at det var like greitt å ta ei
pause. Eg var akkurat komen fram igjen på vogna når det løyste. Då rann
det ta himmelen ifrå 08.30 til 12.00, totalt kom det 30mm på gode 3
timer. Etter å ha sove over regnet så tok eg på meg igjen og fiska over
sona. Elva hadde no vakse godt opp og var veldig brun når eg kom ned på
Fossekanten. Sia her var dødt så gikk eg framover. I det eg kom fram på
Sanden så var elva nesten heilt klar. Fiska meg nedover og då viste det
seg at det var åda nede på Sanden som gav elva fargen, dette etter
skoginga framme på Bjørlomona. Fiska ut, men det var ikkje noko å
kjenne. |
10.07 |
Eidselva Nor
02-04 |
Eg og Inge var på Nor. Vi
starta ganske seint, eg fiska
framme foran depotet med enhandsstang, mens Inge fiska flata foran brua.
Eg fikk eit par tre honndalskrede, mens Inge fikk det samme, men ei av
dei var ganske stor, sikkert snart kiloet. Alle vart sjølvsagt satt ut
igjen.Prøvde så nede på dammen, men det var dødt. Inge såg ein
fisk som var oppi. |
|
11.07 var det fint vær, men på kvelden kom skodde krypande over fjella
sammen med ein iskald nordavind. Vi var ned på brua og kikka, men det
virka dødt og rolig. Sia eg var trøtt og sliten så tok eg
kveld, mens Inge og Endre ikkje greidde å la være og måtte prøve Nor. Skodda kraup etter kvart langt ned
i fjella, men det hjalp tydeligvis på bittet, for kl.04.30 beit det med Inge
nede ved berget. Fisken var rolig og kjøringa gikk veldig greitt. Og
etter berre nokre få minutt kunne Inge krøke av ein
flott holaks på ca.8kg. Etter fotografering vart holaksen forsiktig satt
tilbake for å føre slekta vidare. |
11.07 |
Eidselva Bjørlo
14-02 |
Tenkte kanskje å prøve ny elv,
så eg kjørte til Stryn, men der var elva lita. Eg snakka med
Frode Vatne som hadde fiska Bjørlo på morgenen, og han hadde fått 2
laksar og mista 4, så då var det vanskelig å ikkje prøve der. Parkerte
ved Måløyhytta og gikk over høgda og vidare opp i Reitehølen. Herifrå
fiska eg meg nedover heile veien til Skaugum uten å verken sjå eller
kjenne noko. Sia det var så dødt så var eg i tvil om kva eg skulle
gjere, men kom til at eg ville avslutta nede. Så eg fiska muren og
Sanden, men det var like dødt her nede. |
12.07 |
Eidselva Nor
02-05 |
Eg stoppa på vei fram igjen og der venta sjølvsagt Inge. Eg hadde bytta
til tohands, men eg fiksa med intermidiate og synkespiss, så det var
vanskelig. Det var enno meir dødt i dag, vi verken såg eller kjende
noko. |
13.07 |
Eidselva Nor
02-04 |
Eg, Inge og Endre prøvde oss på nattfiske igjen. Eg starta med å bytta
til ein lettare spiss, noko som funka litt betre, men med så lite vatn
så var nok flyt det rette. Vi holdt på til det var godt lyst, og då
hoppa det ein 10 kilos laks utanfor muren, men den ville ikkje ta. |
13.07 |
Eidselva Bjørlo
14-02 |
Ej prøvde meg for første gang
med å kjøre meg heilt ned til Leirhølen sia det var kl.20.30 på laurdag
kveld.
Fiska først i Reitehølen før ej gikk fram å fiske Pinå. Så fiska
ej Rørhølen før ej tok eit 5 minutt ved bilen. Inge kom nedanifrå og såg
lyset i bilen så han kom rett opp der. Han kunne fortelle at Jan
Cristensen og ein måløyværing hadde vore borti fleire fiskar i området
Hjellehølen - Forbygginga. Etter å ha preika litt så gikk ej ned å fiska
Ny-Ledet. Det begynte å drople litt når eg starta, og i det eg la fluga
bak neset i stilla så drog det i snøret når fluga var komt midt ut i
straumen. Eg letta stanga, men den vart ikkje fast. No åpna alle sluser
seg så eg satte meg ned og venta, og gikk over ein gang til, men det var
dødt. Tenkte gå fram å fiske Reita, men ved bilen møtte eg Inge som kom
derifrå. Vi stod og preika og bestemte oss for å slutte av. sia klokka
var 01.30. |
14.07 |
Eidselva Nor
02-04 |
Inge for å la seg, mens eg
tenkte eg ville fiske over Nor. Eg starta heilt framme og der tok aurene
hissig. Såg også ein aure på rundt 2kg
hoppe utanfor depotet, men like etterpå kom ei skikkelig regnbyge og
etter det vart det beinkaldt. På kvelden var det 15-18 grader, men no
datt den til berre 8 grader. Vart dødt og var borti berre eit par
forsiktige kreder. Møtte Endre på dammen og fiska over ein gang, men det
var kaldt og dødt, så eg kjørte Endre heim ganske tidlig. |
|
19.07 fiska Inge
Langeland på morgenen. Det gikk mykje aure på kvelden når Endre var der,
det vart også tatt ein aure på 2,5kg kl.01.50. Men når Inge starta så
var det stilt. Inge var trøtt og gav seg ganske
tidlig. 19.07 fiska Inge Kvien på kvelden. Han såg fisk som hoppa i Hammaren og ved
gamlebuda, men han kjende ikkje noko. Han såg oter både i Hammaren og på Flata. |
20.07 |
Eidseva Kvien
02-14 |
Kom ned kl.5 og starta i
Moahølen med lett yr i lufta. Det var ein kar på andre sida som hadde
fått ein laks på 4,6kg.
Etter å ha fiska Moahølen så gikk eg fram i
Khrutsjov, men begge plassene var det dødt. Karen på andre sida hadde
fiska seg ned og kom no fram igjen. Han fiska nokre få kast i Moahølen
før han pakka sammen. Ej gikk ned for å prøve fluga og mens ej drog av
snøre så spratt det fisk bakpå brekket. Ej fortsatte fiske og i det eg
drog ut meir line så spratt det igjen bakpå. Fiska meg nedover og var så
vidt borti noko, men den vart ikkje fast. Etter å ha fiska over prøvde
eg makken også, men det var heilt dødt. Måtte fram igjen å tømme ryggen
og når ej kom ned igjen, etter ein halv time, så hadde det letta og sola
var nesten igjennom. Fiska Moahølen og nedanfor før eg måtte opp på
veien, så eg gikk rett i Hammaren. Men der var det totalt dødt. Prøvde
så ved bjørka, Flata, nederste på Moen og Svadet, men bortsett ifrå eit
nufs på Flata så var det dødt. No hadde skodda etter kvart letta ganske
mykje, så gikk fram og fiska over Moahølen med makk før Atle kom ein
tur. Fiska så over med fluga før eg gav meg. Treet som datt når tela
gikk ut av baren litt ut i juni ligg der enno, som bildet viser. |
|
20.07 fiska Inge
Bjørlo kvelden. Han for ned tidlig for å fiske nede, men der var
Måløyværingene så Inge berre snakka med dei. Mens dei stod å preika mens
Måløyværingen fiska så beit det. Han slo til rett opp i troda til Inge
slik at han ikkje fikk fast fisken. Han gikk framover og hadde opp ein stor
mørk laks på Hellja. Ein måløyengelskmann hadde fått ein laks og mista
ein i Hjellehølen. Det var veldig mykje vind, så Inge tok ei pause.
Etter kvart kom nordavindskodda over fjellet og forholda vart labre. Så
etter pausa var det rolig. Ej sat oppe og såg an forholda og håpte på ei
skoddefull og mørk natt for Nor, men ved midnatt letta det opp og vart
klart, så ej gikk til køys. 21.07 Inge fiska sjølvsagt natta på Nor.
Og skodda hadde no kome igjen, så det vart ei ganske mørk natt. Han
starta heilt framme, og når han kom ned imot brekket foran brua så beit
ein pjakk på 2,3kg. Eller var det berre småaure som beit. |
21.07 |
Eidselva Nor
12-12.30 |
Var ein snartur ned på Nor og
fiska over, men det var heilt dødt. Fiska berre ein gang over nede på
dammen. Såg heller ikkje noko fisk som var oppe å viste seg. Var eit par
mann til framme og ved brua. |
|
21.07 var Sindre på
Alsaker på kvelden, fikk pjakk på 2,98kg på Fossekanten som vanlig. 22.07
kom Bjørn og var sammen med Sindre på Alsaker på
morgenen. Som vanlig fikk Bjørn fisk, og også denne gangen ein aure.
Denne var noko skrinnare enn den forrige med 80cm og 4,5kg.
22.07 var Tore på Nor å fiska på kvelden, men han fikk ikkje noko.
23.07 var Bjørn på Staten på morgenen, heilt dødt. Tore var på
Alsaker, fikk pjakk på 1kg på Fossekanten som han satte ut igjen.
25.07 var Atle på Bjørlo på morgenen. I Reitehølen mens han drog lina
av snella så stakk plutselig snøret bort i hølen. Atle forstod ikkje
noko, men fikk letta stanga når det gikk opp for han at det var fisk.
Fisken var stri, men gav seg ganske raskt og Atle kunne lande pjakken på
fine 2,2kg. Bildet er av fisken. |
27.07 |
Eidseva Bjørlo 02-14 |
Endre hadde fiska kvelden og
meldte om ein god del fisk både i midtre og fremste del, så bestemte meg
for å prøve framme. Fiska heile området ifrå kl.02 til kl.09, men det
var veldig stille. Det gikk 2 ferder med mindre aure der eg fikk eit par
ifrå den siste. Første overfaret med makken på brekket gav eit skikkelig
hogg på heilt bakpå, rett foran steinen. Hadde kroken full av makk, makk
oppover sena og kulene over det.
Etter nappet var kulene komne ned i
krokbøyen, mens makken var vekk. Etter det var det dødt. Atle var på
Moen og fikk ein pjakk på eit av første kasta like etter kl.02. Men den
var lang og tynn og sikkert kun 1kg, så Atle satte den ut igjen då han
var usikker på korleis det var med minstemålet. Edvin Bolstad, som fiska
Fossen, hadde på ein laks i 2t før han berga den i Moahølen, så det vart
lite fisking på Atle. Laksen var 15,5kg og vart tatt på altfor lett
utstyr og på wobbler. |
27.07 |
Eidseva Bjørlo 14-02 |
Ej, Inge, Asbjørn og Endre
prøvde lukka, men det var veldig dødt. Ein Måløyværing hadde mista ein
pjakk tidlig på makk, men ingen av oss var bort i noko før Endre hadde borti ein pjakk i Hjellehølen
like før det skymast. Inge for fram og fiska fremste, mens eg og Endre
fiska Reitehølen til klokka var 01.45 då vi gav opp fordi det var heilt
dødt. Det var no skodde på markane og måne, så kom til at å køye sikkert
var lurare, for så å prøve igjen på formiddagen. |
|
28.07 fiska Inge
natt på Nor, heilt dødt,
kun ei småkrede som plukka. Ikkje mørkt nok med den klare flotte månen
oppe. |
28.07 |
Eidseva Bjørlo 02-14 |
Ej sov lenge, men for ned og fiska 12-14 på nedre delen. Fikk
ein småaure bak på Sanden på fluga, ellers var det småkreder ved Stålstigen
på makken. Det
var dødt vidare nedover med fluga, også i Fåhølen og på Fossekanten der
eg prøvde makken. |
|
28.07 fiska Inge
kvelden på Alsaker. For ikkje ned før kl.20. Det var småkrede overalt
framme, mens nedanfor fossen var det heilt dødt, men han greidde ikkje
finne fisk som ville bite. 29.07 fiska Inge over Nor på vei fram
igjen. Det vaka konstant over alt, men dei var nesten umulig å kome i
kontakt med, så det vart ingen fangst.
02.08 fiska Ståle og Sindre kvelden på
Alsaker. Ståle hadde på ein laks på 7-8kg på Fossekanten, men ellers
kjende dei ikkje noko skikkelig. Var 2 karer som hadde mista 2 i
vaskeplassen og 3 på Sanden, men dei fiska veldig tynt. Samtidig fiska Inge på Kvien, men han jobba seint, så han var
ikkje komen i elva før kl.23.30. Han fikk ein aure på ca.1kg i Moahølen
som han satte ut igjen,
pluss ein del mindre aurar.
03.08 fiska Inge Nor på natta. Han mista ein aure på ca.2kg framme,
mens det på dammen var heilt dødt. Ståle og Sindre fortsatte med
morgenen på Alsaker, men det vart ikkje noko på dei.
03.08 fiska Inge kvelden på Bjørlo. Dei såg mykje fisk, men den ville
ikkje ta. Samtidig var Ståle og Sindre på Alsaker vidare uten at det
vart fisk på dei, men Ståle mista ein aure på rundt 3kg midt på dag på
Fossekanten. 04.08 fiska Inge natta på Nor, men det bles så mykje at
det nesten ikkje var fiskbart. Dei såg ein fisk rulle seg utanfor muren,
men den ville ikkje ta. Sindre og Ståle fiska
Alsaker på morgenen 08.08 fiska Tore kveld på Bjørlo, men han kjende
ikkje noko. 09.08 fiska Tore morgenen på Alsaker, han fikk ein laks på
5,7kg på Fossekanten. 09.08 fiska Inge kvelden på Bjørlo, han hadde
oppe ein laks like foran Stålstigen, men den tok ikkje i fluga. Fiska
seg ned i Fåhølen der ein fisk tok fluga så det sang etter. Laksen seig
ned i djupet og stod der å stanga. Inge fikk ein meter og laksen tok den
tilbake. Slik holdt dei på i snart 20 min før Inge gikk litt nedover for
å få litt meir sidepress. Men då vart laksen forbanna og raste ut
bortover imot Alsaker. Der gikk den rundt ein av steinane der og stubba
40-sena. Inge såg aldri fisken, men den bar preg av å være ein bra fisk.
10.08 fiska Inge morgenen på Bjørlo, men sov til klokka var 09 før han
for i elva fordi det var tjukk skodde ute. Det var rolig når han kom seg
i elva. 11.08 fiska han morgen på
Bjørlo og starta kl.02 på Sanden.
Nesten med det samme henge noko seg på
fluga og Inge begynte å dra inn for hand då han meinte det var ein
blenkje. Plutselig hoppa ein fisk rett utanfor han og like etter såg han
taumen sin komme etter veien. Han slapp straks snøret og fikk kontakt
med fisken som raste framover til Inge hadde heile skytelina ute. Inge
pressa deretter litt hardare og fisken bråsnudde og raste nedover i
samme farta, no heilt bortunder land. Inge sveiva som ein gal for å
holde kontakta og greidde å svinge fisken inn i hola nede på Sanden
igjen. Her stod fisken å stanga lenge før Inge gikk nedom for å få enno
betre trykk på fisken. Dette likte den igjen dårlig og snudde og satte
nedover. Inge prøvde stoppe den, men greidde det ikkje før fisken var
komen ned til hølen foran Stålstigen. Her stilte fisken seg bak steinen
framme i innløpet og stod der rolig til dess Inge hadde komt seg ned.
Her fikk han ringt Endre som kom med ein gong. Fisken seig etter kvart
lenger nedover, men ved Stålstigen fikk dei berga den. Fisken ein sint
hannlaks på 8,78kg var kroka like bak gjellelokket på eine sida, så det
var nok det som gjorde at den var så galen. I halv 5 tida gav Inge seg
for då var det dødt. Han prøvde igjen siste 2 timane, men det regna
trollkjerringa, så det var vanskelig. |
16.08 |
Eidselva Stokkenes 14-02 |
Bjørn ordna kort til meg, men
det var lite utvalg, så det vart på gamle tomter. Eg hadde god tru, men
det var veldig dødt. Starta med makken i Mastehølen, før eg prøvde Ledet
og Svingen med fluga. Sleit fluga i eit tre, så eg måtte knyte opp igjen
før eg gikk nedover og fiska Øya og nedover det nyrydda strekket. Gikk
så ned og fiska raskt over Åbrekk med makk mens det fortsatt ikkje var
altfor mørkt. Ferdig med det så kom det melding ifrå Inge som fiska på Bjørlo,
han hadde fått og satt ut igjen ei hoe på ca.7kg. I det eg hadde starta
med fluga så hoppa eller vaspa ein fisk framme i Hildehola, men veit
ikkje kor stor den var. Fiska meg nedover heilt ned til forbi andre
steinen, men det var dødt. Gav meg ein gong mellom 1 og 1.30. |
|
17.08
hadde eg morgenfri, mens Bjørn var oppe og fiska
Langeland på morgenen. Han for ned i 6:30 tida, fiska sona til endes,
men det var heilt dødt. Så gikk han fram igjen, satte på 5 raude kuler
og fiska over innløpet på Vereidehølen igjen. Og då beit det på makken.
Kjøringa av fisken gikk heilt greitt og etter ein ikkje for lang kamp
kunne Bjørn lande ein lett farga laks på 3,44kg med lus. Han fortsatte å
fiske seg rundt neset og ved brygga på andre sida så beit det igjen.
Denne var mindre, så kjøringa gikk veldig greitt, og etter ein kort
fight så kunne han lande ein fin pjakk på 1,82kg. Også denne var farga,
litt meir enn den andre, og den var også lusefri. Dermed var kvota full,
etter 1,5t og Bjørn måtte pakke sammen. Tore fiska Moen, men også der
hadde det vore dødt på morgene. Bjørn stakk nedom og fortalte om korleis
han hadde lurt dei, og Tore prøvde samme medisin. Og ikkje lenge etter
beit det jaggu med Tore også. Han kjørte fisken som var ganske vilter,
trulig ein 2 kilos
aure. Plutselig var den vekk og Tore sveiva inn i den tru at han hadde
slite, men i enden fant han ein knekt 2.0 krok. Han fortsatte å fiske
utover formiddagen, men det var ikkje meir å kjenne. |
17.08 |
Eidselva Bjørlo
14-02 |
Hadde sjølvsagt god tru igjen
når det hadde vore så bra på morgenen, men kom meg ikkje i elva før
klokka var godt over 18. Sia Inge og Endre fiska framme og midt på så
satsa eg nede. Starta i Linjehølen og Måløyhytta, men det var dødt.
Snakka med to karer på Måløyhytta som hadde hatt ein kjempemorgen og
fått 5 fiskar samt mista fleire. Fiska meg nedover, og når eg kom ned på
Sanden så var det alt skymt. Der kom også Inge og Endre og fiska nedover
til fossen før dei kom opp igjen til meg, og så gikk vi framover i lag.
Inge gikk på Øyrane, Endre på Hellja mens eg tok kveld sia vi hadde lita
tru og eg hadde kort på morgenen også. |
18.08 |
Eidselva Bjørlo
02-14 |
Var oppe tidlig og komen ned på
fremste allereie like etter lysninga. Fiska over alt ifrå Svarthølen til
og med Granhølen, med både makk og fluga, men verken såg eller kjende
noko i det heile tatt. Var ingen å sjå på mi side, og såg berre så vidt
i eit par mann på andre sida. Tenkte at det kanskje hadde gått ny fisk
på natta så eg kjørte ned på nederste og ville møte den der. Gikk fram
for å fiske Sanden men det var dødt. Fiska så Stålstigen og nedover
heilt til fossen, men verken såg eller kjende anna enn småkrede. Gikk så
fram igjen på Sanden, og no hoppa det ein laks ved steinen i det eg kom
fram på marka, spørs om den stod bakpå. Gikk heilt fram til hola og
fiska over med fluga, men det var dødt. Bytta så til makken, men kjende
ikkje noko der laksen hoppa. Bakpå var det derimot noko bortpå. Prøvde
igjen og no tok den betre. Eg gav slakke og slo til og fisken sat.
Begynte å taue den framover, men då kom den opp å rulla, definitivt aure
på vel 1kg. Den rulla rundt nokre få gongar og hang på i 10 sekunder før
den slapp kroken. No kom regnet skikkelig og ikkje lenge etter kom Inge
og Endre også for å starte neste kort. Eg sat og preika og fiska, men
alt vart dødt når regnet kom. |
|
18.08 fiska Inge
kvelden på Bjørlo, dei såg ein del fisk i elva, men i enden av snøret
var det dødt. Var vått og mykje vind. 19.08 fiska Inge morgen på
Fossen, såg eit par fiskar, men utrulig dødt.
19.08 fiska Inge kvelden på Bjørlo. Det hadde tørka opp med fisk,
ikkje noko å sjå lenger
20.08 fiska Inge kvelden på Bjørlo. Fikk ein oppdrettar i Hjellehølen
på 5,2kg ellers heilt livlaust. 21.08 fiska Inge og Asbjørn kveld på Hjelle,
men som siste dagane så virka elva heilt død. 22.08 fiska Inge og
Asbjørn heile
døgnet på Hjelle, men trua var elendig og fisket var enno verre. 23.08 fiska Inge morgen og til kl.16 på Hjelle,
men orka ikkje stå opp før utpå formiddagen, så då forstår vi at det var
dårlig fiske. |
23.08 |
Strynelva Øvre BS 16-24 |
Inge hadde fixa kort på Øvre
sona til Bergens Sportsfiskarar for meg, Sindre Moe og seg sjølv. Vi
hadde reist innover tidlig, så vi kom inn til Stryn før klokka var 17.
Inge starta i Cut Bushes med fluga, mens eg gikk heilt fram på bryggene
foran og Sindre starta på den nederste brygga. Det var heilt dødt, og
varmt, så vi måtte sette oss i bua og kvile før vi fortsatte. Inge var
no ferdig og kom fram igjen og meldte at det var alt for varmt å fiske
med fluga. Vi fiska oss nedover mens Inge også henta makken. Det var
dødt også på makken. Inge fiska seg først nedover nedanfor ledet, mens
Sindre gikk rett ned og satte seg i framkant på bakevja overfor
parkeringa på Nedre Kirkeide.
Eg kom til slutt, men gikk forbi Sindre og
fiska bak bakevja. Inge fiska seg raskt nedover. Sindre sat og fiska og
plutselig slo han til og jaggu hadde han på fisk. Fisken var seig i den
harde straumen, men til slutt kunne eg håve fisken for han, ein fin
hannpjakk på 2,5kg. Etter rask knipsing av bilder så vart fisken satt ut
igjen. Vi fiska oss nedover, men det var veldig dødt. Inge var komen ned
til bilen og Sindre var komen nesten ned når eg var komen til bua på
motsatt side. Sia det var veldig varmt og dødt så fiska eg litt
uinspirert og var litt sein med å åpne spolen når makken var komen godt
nedanfor meg. Plutselig drog det kraftig i snøret. Eg la stanga ned og
var ned for å åpne spolen, men fisken drog allereie snøre av snella, så
eg berre letta stanga igjen. Fisken gikk tungt nede i djupet og eg taua
den sakte framover. Eg ropte på Sindre som sula opp og kom oppover.
Fisken seig tungt framover og var no komen nesten fram på høgde med meg.
Sindre kom no pesande imot meg når fisken plutselig berre slapp. Det var
nok ein flott laks på minst 7-8kg, gjerne ein del større. Etter dette
fiska vi oss ned til bilen der vi hadde kaffipause før vi gikk fram og
fiska over fremste, men det var no heilt dødt. |
24.08 |
Strynelva Øvre BS
00-13 |
I lysninga var vi tilbake. Inge
starta ved ledet, mens ej gikk heilt fram og Sindre starta midt på nedre
brygga på fremste. Ej starta med korte kast og allereie på 3dje kast
plukka noko. På neste kastet var det der igjen. Ej gav slakke og kjente
fisken var der igjen, så eg slo til. Fast fisk! Eg holdt fisken der og
den svarte med å begynne å rulle, definitivt ein aure på vel 1kg. Fisken
roa seg og kom sigande framover. Den seig samtidig litt utover ifrå
land, noko som gjorde at eg litt for seint oppdaga at fisken kunne
smette under brua om den kom inn igjen. Og sjølvsagt svinga fisken inn
på grunna og begynte å rulle igjen. Det såg ut til at den kunne fare ned
hovedløpet, men sia den rulla innover så kom den inn i straumen under
brua. Når eg såg kva vei det kunne gå, så sveiva eg som ein gal og gikk
raskt nedover, men sjølv med litt mindre press så fortsatte fisken å
rulle stadig raskare imot brua. I det den forsvant under så var det
berre å springe og prøve å holde stram line. Men straks den fikk litt
slakkere press så slutta den å rulle og skaut fram og ut i elva igjen.
Stanga gikk opp igjen, men då kom kroken. AARRRGGGHHH! Vi fiska oss
nedover, og i bakkant av Kirkenausthølen kom Inge fram igjen og vi tok
eit 5 minutt.
Inge
og Sindre gikk opp i bilen igjen, mens ej fortsatte nedover. Bak brekket
hoppa ein fin fisk, eg fiska grundig over alle plassar, men kjende ikkje
noko større. Fiska meg raskt nedover uten å kjenne noko. Når eg kom ned
til bilen stod Sindre og fiska foran brua, for han hadde vore borti ein
fisk nede i djupet. Han var borti den fleire ganger, men fikk den ikkje
fast. Inge gikk fram og fiska fremste delen, mens ej og Sindre chilla i
bilen. Begge deler gav like godt resultat. |
|
24.08 fiska Inge
kvelden på Nor, men det va for lyst og måne. |
29.08 |
Oldenelva Nedre
12-24 |
Endelig
vart det ein tur til Olden for å prøve seg på auren der inne. Vi hadde
døgnkort, første 12t oppe, så 12t nede, men sia vi måtte på jobb så vart
det reist innover først i 14-tida. Endre var enno seinare, så vi var
først klar kl.17 i elva. Mens vi rigga ved Eirahølen så hoppa ein fisk i
hølen nedanfor. Endre starta i Eirahølen, mens eg starta i den nedanpå,
men ingen av oss kjende noko. Så etter ein kaffi så ville vi prøve
framover. No kom Jon og lisjetausa og slo følge framover. På veien møtte
vi ein grunneigar som vill prøve heilt nede. Vi gikk fram til grensa og
fiska ein flott høl ifrå nordsida før vi gikk ned i svingen der eg
fiska, mens Endre fiska den nedanfor. Så gikk vi ned til neste bru der
Endre fiska den hølen, mens eg fiska hølen foran storesvingen som Endre
fiska. Ej fiska under kraftlinja, men det var like dødt over alt. Nede
ved bilane møtte vi grunneigaren igjen, no med ein fin aure på vel 2kg.
Så vi gikk nedover for å prøve oss i mørket. Det var så vidt litt lys i
det vi starta, men det forsvant raskt. Ej fiska smått, mens Endre kom
bak med grovare vegn. eit stykke nedpå hørte vi ein fisk hoppe i mørket
lenger nede. Vi fiska oss heile veien ned til brua, men det var
ingenting som plukka i det heile, før heilt nede ved brua. Der var noko
bortpå å dunka så vidt, men om det var aure, makrell, sei eller lyr, ja
sei det. |
|
30.08 fiska Ståle
kvelden på Alsaker, men det var heilt dødt. |
31.08 |
Strynelva N.Kirkeide 00-12 |
Vi
var tidlig ute for å få med oss lysninga sia været var strålande. Vi
frykta skodde, men fin og varm natt, samt ein liten trekk gjorde at
forholda var flotte når vi kom inn. Ej starta nede, mens Inge starta
heilt framme. Ingen av oss kjende noko, men eg synes eg såg ein fisk
framme ved gjerde. Eg gikk fram og møtte Inge framme på Cut Bushes. Eg
gikk heilt fram, mens Inge fortsatte. Etter nokre få kast kom Inge fram
til meg. Han hadde rett etter eg gikk fått ein og vore borti ein fisk
til, og ville gjerne at eg og skulle få fisk. Eg gikk først nedover, og
like etterpå sa Inge at han såg 2 fiskar som glei framover uten at vi
kjende noko av dei. Like etter var Inge borti ein fisk heilt bortunder
land, men den ville ikkje ta skikkelig. Vi fiska oss nedover, og eg såg
igjen fisken bortpå steinen, men den ville ikkje. Like etter var ein
laks på 10+ oppi og slo borte på andre sida, men den var freda, og
dermed mindre interessant. Vi fortsatte utover formiddagen, men det var
heilt dødt. Etter kvart dukka Ståle opp, han hadde fiska morgenen på Alsaker,
men det var så dødt at han hadde gitt opp tidlig. |
31.08 |
Strynelva Ø.Kirkeide 12-24 |
Så var det avslutning på
sesongen 2013. Vi hadde ein time før fredinga, så vi tok oss ein kjapp
tur fram sia vi var i utstyret allereie. Ej starta framme i grensa, mens
Inge gikk ned til benken å starta. Ej fiska meg raskt nedover med fluga,
men det var dødt. Nede i hølen ved benken dreiv snøret godt inn på
stilla før eg drog inn. Plutselig datt snøret av fingeren og eg måtte ta
igjen snøret, men det kom ikkje. Ej tenkte at fluga hadde sukke til
botns og drog litt hardere for å løyse. Det kom sakte sigande og
plutselig livna det til og ein aure begynte å rulle i overflata. Ej
letta troda, men fisken berre fortsatte å rulle og etter 10 sekund så
rulla den seg av. Like etter kom Inge oppover uten nytt av noko slag. Eg
fiska hølen ut og då var timen over og middagen venta i Stryn. Etter
middag fiska vi over sona fleire gongar, men alt var heilt totalt dødt.
Så når klokka var begynt å nærme seg 20 så pakka vi sammen. |
|
31.08 Inge greidde
sjølvsagt ikkje å avslutta der, men måtte prøve ein siste gong på Nor.
Han hadde oppe ein fisk, men den sat ikkje. Og dermed måtte også Inge gi
seg. |
29.09 |
Var
innom Eid for å gjere vinterklart på vogna før vi reiste til Hellas i
bryllaup. Inge har vore her å prøvefiska kvar helg, men det har vore
lita elv og lite å få. Det har vore ein del nygådd smålaks i nedre del,
samt nokre oppdrettarar, men fisken har ikkje vorte mykje meir
bitevillig utover i september enn den var før. Når vogna var klar så
ringde eg Inge for å få være med på prøvefisket. Han var akkurat ferdig
på Alsaker, der han hadde fått ein 4kg's oppdrettar i bakevja på
Fossekanten og ein fettfinneklipt pjakk i Bruce. Vi avtalte å møtast på
Moen for å prøve der. Ej lånte stanga til Endre som Inge hadde på taket,
mens han stilte med sine egne. Eg starta i fremste hølen med å fiske
innløpet. Inge sa kvar dei brukte å få fisken på så lita elv, og i det
eg kom ned der så røska det i enden. Eg letta stanga og fisken sat. Den
kjendes ikkje stor ut, så eg trudde det var ein småaure, men etter kvart
vart det klart at dette var ein noko større fisk. Kjøringa gikk veldig
greit og etter ein kamp på 4-5min så kunne eg dra fisken opp i håven til
Inge som kunne konstatere at det var ein flott hanlaks på 77cm og rundt
4,5kg. Den hadde litt rare tegninger, men vi kom til at det nok var ein
fleirgangsgytar som har begynt å få litt gytedrakt, så den fikk friheita
tilbake. Ej fiska resten av hølen før Inge gikk over med Kleppesluken,
men det var ikkje meir som beit. Så vi flytta nedover og fiska
Khrutsjov, men der var ikkje noko. Så flytta vi ned i Moahølen.
Eg
var komen bak i bakerste delen når telefonen ringde. Ej treiv ned i
lomma i det noko tok fluga skikkelig. Eg gav telefonen til Inge, som
live kunne overføre kjøringa til Endre som ringde. Fisken hoppa tidlig
bakpå hølen, så vi viste at det var ein fisk på ca.10kg. Den gjorde eit
langt utras nedover, men stoppa på brekket og kom sigande sakte
framover. Ej rygga meg bakover og holdt på å ende på rygg, men det gikk
bra. Fisken vart ståande utanfor land, hoppa eit par gongar til og raste
ut litt, men kjøringa gikk stort sett bra og etter 8-10min kunne vi
lande ei flott hoe på 1m, som like etter fikk friheta tilbake. Inge
fiska hølen heilt ut uten at det var noko meir å kjenne verken på fluga
eller sluken. |
01.12 |
Prøvefisket
hadde vorte utvida til å gjelde ut november etter at det vart tatt dei
vanlige ca.30% oppdrett i det ordinære prøvefisket, med klar overvekt
med oppdrett siste dagane, også med innslag av nyrømt laks. Det vart
egentlig avslutta laurdag kveld, men sia det var storm så tok vi friheta
til å bytte om dagane. På vei innover var det ikkje mindre enn 2
rotveltar over veien, men det gikk akkurat å passere begge plassane, så
eg kom fram. Det blåste fortsatt friskt, med sludd i bygene, så
trivelig kan det vel ikkje kallast,
men
det vart noko betre utover dagen når det spakna litt og det vart lenger
mellom bygene. Vi starta nede ved Olav Os, men det var alt for sterk
vind for fluga. Men Endre hadde med sluken og fikk ein liten blank tert
heilt bakpå hølen. Fisken var slank, men såg ellers grei ut. Eg prøvde
sluken hans etterpå, og hadde på ein fisk, men den datt av etter nokre
få meter.
Så flytta vi fram til Vereidehølen for å slippe unna vinden. Her var
eg raskt borti en fisk litt bakpå, men den pirka berre borti. Etterkvart
såg vi fleire fiskar, blant anna ein stor som stod rett utanfor land.
Inge tok sluken å kasta bort i hølen for å sveipe over fisken, men
plutselig beit det borte i hølen. Inge slo til og ein liten aure på eit
halvt kilo spratt i været og slapp sluken. Eit par kast seinare traff
Inge rett over nasa på fisken vi såg, og dette likte den ikkje og kom
etter. Inge var noko heit på grauten og greidde ikkje vente når han såg
gapet åpne seg. Med eit tilslag av godt gammalt Inge-merke så hang
sluken solid høgt oppe i eit tre, for fisken han rakk aldri å lukke
kjeften før sluken var vekk. Etter dette forsvant fisken og vi fortsatte
med fluga. Plutselig beit det med Inge heilt bakpå brekket. Fisken var
tung, men kom sigande framover. Straks vi såg den såg vi at det var
fisken vi hadde sett før. Kampen vart kort og grei og ikkje lenge etter
vart fisken målt og sjekka til å være ein flott vill hannlaks på ca.8kg.
Etter dette fiska vi oss ned i Hegresvingen, men det var dødt.
Vi flytta så ned igjen til Olav Os. Endre gikk fram til steinbordet
og fikk ein finneklipt tert på 0,6kg, mens eg fikk den fisken som eg
hadde på tidligare på dagen, og igjen var det sluken den ville ha.
Fisken
var ein utgytt fisk på knappe 2kg, som nok hadde bikka 3kg i sine
glansdager. Den hadde vore i kamp og hadde eit sår ved ryggfinnen, samt
litt sopp etter ein garnskade. Den var ellers i ferd med å slippe det
grove slimlaget den har under gytinga. Eg fiska meg nedover holmen også,
men kjende ikkje noko der. Vi fortsatte så ved brua på Skipenes, her
fikk eg ein liten blank tert på 44,5cm, men trulig ikkje så mykje over
0,6kg. Til slutt avslutta vi året med å fiske Øya og Hildehola utan
resultat. Men generelt ein positiv dag der 4 av 5 fiskar var ville. |
|