STARTSIDE
FISKEDAGBOK
 

2012

07.01

Inge og Petter var på badestranda i Ørsta, dei såg ein del fisk. Dei plukka og drog duppen under, men vart aldri faste. Dei såg også ein oppdretter som hoppa.

08.01

I etterkant av orkanen Dagmar så rømte det sjølvsagt ein del laks, og to av desse anlegga låg i Nordfjorden. Det var intensivt fiske i jula og rundt nyttår. Eg var innover for å hjelpe Endre sjekke om den gikk på elva. Vi såg heldigvis ikkje fisk på bruene, vi fiska også i osen uten å få noko så det ser lovande ut. Vi såg fisk hoppe nedanfor Osbrua, men dette var mindre aure. Det var mykje vaking og liv utanfor osen, men usikker på kva type fisk dette var, godt mulig ein god del av det var aure, men dei fikk ein del oppdrettsfisk på garn på begge sider, så mulig at ein del av det var oppdrettere. Vart trulig fiska opp 300-400 fisk, berre ein brøkdel av det som rømte, får håpe resten svelt ihjel utover våren før dei vert gytemodne og begynner søke ferskvatn.

21.01

Inge og Petter var på badestranda i Ørsta igjen, dei såg mykje stor fisk som hoppa, men den ville ikkje ta. Petter fikk ein liten aure ellers så fikk dei ikkje dei store til å ta.

04.02

Ny tur for Inge og Petter til badestranda i Ørsta. Dei hadde fått konkurranse av to flugefiskarar, så dei prøvde litt rundt på stranda. Inge fiska ved røret og fikk småaure, mens Petter fiska nærmare stanga og fikk ein aure på 6-700g. Denne var slank og vart satt tilbake. Dei såg mykje fisk, både stor og små, men den var ikkje bitevillig.

10.02

Eg hivde meg rundt etter jobb og prøvde ein time på badestranda. Det var fortsatt litt lys og god vind så eg kasta 10 kast med sluk, men kjende ikkje noko. Men det spratt småaure rundt meg alle plasser, så eg hadde god tru når ej bytta til makrell. Det veksla mellom stilt og god trekk, men i starten gikk det greit å sjå duppen. Men etter kvart vart det verre når det mørkna, mest fordi ej ikkje hadde nok bly så den låg flatt. Men oppdaga at det var noko bortpå og drog først ein lyremort, så ein til. Fortsatt spratt det småaure over alt, med ein og annen større innimellom. No hadde lyset mitt begynt å slakne og det var jevnt med vind, så sleit med å sjå duppen, men kjente noko var bortpå. Slo til og rekna med meir smålyr, men hørte det plaska ivrig uti der, og dermed hadde eg fått årets første aure, ein liten stakkar på vel 20cm. Sia forholda var vanskelige og det var nesten umulig å følge med på om det beit så gav eg meg.

11.02

Inge og Petter kom innover og eg møtte dei på Meieriet. Det var nokre fisker som hoppa utanfor Meieriet, men generelt var det rolig. Inge og Petter gikk ned til stanga, mens eg gikk på neste voren. Vi såg mykje fisk hoppe ved røret og bortover imot Bogen, mens hos oss var det dødt. Så hoppa ein fin fisk utanfor meg, langt ute og på vei imot røret, men likevel liv. Litt seinare hoppa nokre mindre aurar midt mellom meg og røret, før ein stor fisk rulla like utanfor kastehold for meg. No kom det masse fisk sigande og det hoppa fisk i eit sett, men dei gikk raskt og hadde snart passert både meg, Inge og Petter.

Etter dette vart det stilt igjen og etter ei stund kom mørket sigande. I skyminga gikk plutselig duppen min under, og det var fast fisk. Etter ei enkel og grei kjøring så kunne eg lande ein flott aure på kiloet.

Litt seinare gikk duppen under igjen, men denne gangen var det berre ein liten torsk, og straks etter fikk eg enno ein, denne litt mindre. No forsvant duppen tvert den landa og eg fikk to mort. Flytta derfor bortover imot dei andre for å være litt sosial også. No fikk Inge og Petter også kvar sin torsk før eg fant ut at eg hadde fått nok sia klokka var blitt 18.30.

Karane fortsatte vidare og sa det livna litt meir til igjen, men bortsatt ifrå nokre torska og 2 mista aurar så vart det ikkje noko, sjølv om dei holdt på til klokka var 22.00

10.03

Inge på badestranda, men sterk motvind så han fiska berre med sluk. Hadde vore storm så masse tare og vanskelige forhold. Fiska 2t men såg ikkje liv.

14.04

Etter ein rekordmild mars og ei kald og snøfull påske så var Inge og Petter i Ørsta å prøvde. Dei såg mykje fisk, men det var for stille til å få den til å ta. Men bra med fisk i alle storleikar, så det ser bra ut.
  Allereie 21.april såg Endre fisk i Kastehølen som var oppe å vaka, og kom derfor tilbake dagen etter i betre lys, og då såg han 8 fiskar.

30.april vart det sett nygådd fisk i Åbrekk, og samme dag vart det sett heile 12 fiskar i Kastehølen, men det var ei blanding av aure og laks, og trulig også ei blanding mellom ny og overvintra fisk.

1.Mai såg Inge ein 10-13kg laks i Kastarhølen, eller hola på Sanden. Denne såg nygådd ut, men Inge fikk aldri sett den heilt skikkelig.

2.Mai var det ein 7kg laks ved Skipenesbrua.

5.Mai var det 5stk 1-kilosaurar foran Skipenesbrua. Men kanskje var det været som holdt dei store vekk, for tidlig på dag begynte det snøve, og på kvelden så vi fikk kvite marker. Men heldigvis vart det ikkje meir enn nokre cm.

6.mai stod det ein 7kg laks nedanfor Skipenesbrua.

8.mai var Endre på Osbrua og her såg han 3 aurar på rundt 5kg.

9.mai passerte det 2 fiskar på rundt 5kg på Skipenesbrua uten å så mykje som slakke på. Då er det ikkje lett å kontrollere kor mykje fisk som passerer.

16.mai var Inge og Endre i Granhølen i 6t å rydda vekk eine treet der.

18.mai kom eg og Petter også innover.Vi fjerna det andre treet i Granhølen, rydda stien opp dalen, totalt 7 store graner. Rydda strekket ifrå Granhølen til storeruska 100m lenger nede, men såg oss ikkje syn med å begynne på den, det er maskinarbeid. Så åpna vi stien bak rota på Utfallebakkane, og klipte all småskog derifrå og opp til framkant Kastehølen. Så rydda vi 2 graner som hadde falt over stien fram til Svarthølen, samt ei stor gran som Endre hadde surra nede i vasskanten før forrige vassfløde. Så rydda vi dei 4 granene og nokre mindre løvtre som låg ut i bakevja. Så det var 4 godt fisne karer som lunta heim etter 10 harde timer, ingen orka lage middag, det var rett til køys.

No kom varmen og elva steig opp til over 60 kubikk, men det vart likevel sett fisk på bruene. 19.mai stod det 30 storlakser mellom 10-15kg på Osbrua.

22.mai var der 40 aurar med snittvekt på 3kg på Osbrua. Den 26.mai stod det ein liten laks nedanfor Osbrua. Etter kvart gikk den, etterfulgt av 5 storaurar.

Etter helga, siste dagene før åpninga, slo nordavinden til og vi hadde plutselig snø i fjella igjen. Dermed datt elva raskt.

01.06 Nor Eidselva Vi hadde ikkje kort på åpninga, men plutselig vart det ei åpning då Kjell-Tore og Carin ikkje kom nedover. Dei hadde kort på Bjørlo, og alle satsa på at vi skulle få overta. Men Svenn Morten satte seg på bakbeina og nekta, så dermed så vart det Nor på oss, mens korta på Bjørlo stod ubrukte.

På åpninga hadde elva falt til vel 48 kubikk, og var i fritt fall. Snøbygene låg i kø innover fjellsidene når ej kjørte ned på Nor for å sjå om der var ein hissig tidlig-laks som hadde lurt seg opp før elva gikk opp. Fiska 00.00-01.15, først med makk, så med fluge. Fikk 3-4 honndalskrede, og hadde 2 drag i fluga, men kan ikkje sei at ej var i kontakt med laks. Kjørte ein tur nedover for å sjå om nokon fikk fisk, men det var dødt og lite folk og sjå, truleg fordi temperaturen var skarve +1°C i lufta, mens elva var fine 6,5°C.

På ettermiddagen fiska ej og Inge ifrå 16.30-19.00, ej brukte makk og litt sluk, mens Inge brukte makk og fluge. Fikk Honndalskreder i dag også, men kjende ikkje noko anna. Etter kvart kom Mattis og onkelen for å prate, så sia det var kalde snøbyger så slutta vi og reiste fram igjen. Etter kvart kom Sindre Mo også.

02.06 02-14 Staten Eidselva Inge, Petter, Sindre, Mattis og onkelen holdt det gåande til dei for i elva kl.02, mens ej drøya det i køya til klokka var 4 så ej kom i elva vel kl.5. Då hadde Inge allereie fått og satt tilbake ein ca.2kg pjakk, samt minst 50 småaurar ifølge han sjølv. Ej fiska meg nedover ifrå brygga foran brua og ned til fremste Malakoff der Inge kom for å prøve fluga. I det han gikk fram så vart vi var at Finn Berg hadde på fisk foran ved holmen, så vi vart ståande å sjå på han til han landa fisken ved hytta i Malakoff.

Etter det gikk eg fram og fiska heilt framme, Hesten og flata igjen, men like dødt. Satt å lurte på kvar Inge var, men kom til at dei lokale som hadde vore i Malakoff heile tida sikkert hadde stukke på trekning, så han var sikkert der. Ej hoppa i bilen, kjørte ned og der stod berre Inge sin bil. Men når ej kom ned så var der ein lokal kar også, han hadde sett for mange fiskar for å klare å gi seg. Ej hadde vore ned på høgda og sett 11 fisker bakpå, men ej fikk dei ikkje til å bite, kanskje fordi dei stod for langt bak til at ej rakk dei. No slo det om og vart regn mens Inge fiska, så han kasta utfor bua, og bang der satt den. Den bukta seg raskt nede i vatnet og viste at han var ein aure. Kjøringa gikk veldig greitt, og like etter håva eg fisken på 3900gram.

Trulig gikk 8 av fiskane for no stod det berre 3 igjen. Fiska ei stund til, men no var det heilt dødt. Kjørte fram til brua for å sjå om fiskane kom fram, men var tomt, så fiska over flata og tok kvelden.

Petter var på Stokkenes, men det var veldig dødt der også. Men utpå morgenen fikk han til slutt ein aure som bikka kiloet. Den var 47cm lang, han vog den ikkje, men trulig var den ca.1,2kg. Fisken gav han til Horst.

02.06 14-02 Bjørlo Eidselva Starta med å fiske Muren og Sanden sia der var folk på Øyrane, men såg eller kjende ikkje noko der. Flytta så fram på Øyrane når karen var ferdig der, men det var like dødt der. Endre kom ned å fiska, mens ej for fram igjen å laga taco, som ingen plutselig ville ha. Såg Norge-Kroatia spele 1-1 før ej stakk ned igjen.

Inge var framme på fremste når ej kom dit, mens Endre var nedanfor, men ingen av dei hadde kjent noko. Ej fiska spesielt i Kastehølen, men prøvde også Svarthølen. Inge gikk heim når klokka vart 24 fordi han fraus, mens ej holdt ut ein time til. Var sikkert minus, det kjendes i alle fall slik ut. Når ej kom opp i skogen låg skodda tjukk nede blant trea, så det kunne tyde på at det hadde vore veldig kaldt før det så kom varmare luft, for når ej kjørte fram igjen så var det 4 grader på Bjørlo og heile 8 på campingen. Endre fiska ut, men kjende ikkje noko.

03.06 02-14 Staten Eidselva Så var vi tilbake på Staten, Inge var oppe tidlig igjen, mens ej låg frampå til kl.6 før ej var komen i elva. Fiska meg nedover til renna, men det var ikkje noko å sjå eller kjenne. Gikk derfor framover og tok bilen nedover til Malakoff. Når ej kom der så satt Inge godt fornøgd og drakk kaffi med ein stor aure hengande i bua. Han hadde fiska seg nedover og der hadde det bitt på ein fin aure på heile 5160gram. Ej fiska over, men det var dødt, så satte meg igjen. No friska vinden på og plutselig var ein fisk oppe å hoppa på andre sida. Vi gikk frampå å prøvde fiske på den, men vi fikk den ikkje til å ta. Etter kvart falt floa litt ned igjen, så vi vod oss nedover for å sjå om der var fleire, men til tross for mykje napping, så kan vi ikkje sei at noko av det var storfisk. Når vi hadde komt halvveis ned så var vi så forfrosne at eg gikk på land, mens Inge vod seg nedover for å komme seg på land, men det var noko djupt, men det gikk bra uten å fylle vadebuksa. Det var no så seint at vi pakka sammen og kjørte oss heim igjen uten å prøve noko meir framme.

Petter hadde andre kortet sitt på Stokkenes, men også no var det heilt dødt.

09.06 02-14 Bjørlo Eidselva Inge var på Langeland fredagskvelden, men der var ein veldig ivrig kar som gikk i eit mellom innløp og brekk i Vereidehølen, så ikkje fikk den kvile og ikkje slapp Inge til så mykje der heller, så han kjende ikkje liv.

Eg var oppe og komen i elva kl.03.00. Starta framme der Inge allereie var på plass, men uten at han hadde fått noko, det var beinkaldt sia det var ein frisk vind ned dalen. Endre hadde fått ein aure på 3kg på kvelden før. Vi fiska utover morgenen og ved første besøket i Svarthølen fikk eg ein aure 800g, fisken var så skada at eg måtte ta den. Det var veldig dødt, så etter ei stund gikk Inge nedover for å fiske Pina. Ej kom litt seinare og fiska Reitehølen, Leirhølen og Ny-Ledet, men vart veldig trøtt og slakk så sette meg ned i bua og sov litt, men var kaldt så eg prøvde Ny-Ledet ein gong til før eg gav meg. Inge fiska seg ned til Forbygginga før han kjørte nedover og fiska nedre, men det var heilt dødt.

Petter var på Stokkenes, men der var det også heilt dødt.

10.06 02-14 Bjørlo Eidselva Neste morgen var eg oppe til kl.02, men var sliten og forholda var langt ifrå bra, så ej la meg nedpå igjen. Var oppe igjen i halv fem tida og snakka med Inge som sa det var dødt og vindfullt i dag også. Ej følte meg elendig og sov derfor vidare. Vakna halv 8 og lurte på å stå opp i det det tikka inn melding ifrå Inge om fangst i Ny-Ledet. Han hadde fiska heilt framme og var ferdig med kastet, slapp bukta og tok 2 steg nedover. Når han då letta stanga for eit nytt kast så hang fisken på. Fisken gikk først rundt rolig, men vakna etter kvart og kom seg bort i hovedstraumen. Der la den seg på straumen og rasa bak til brekket, men Inge fikk stoppa den og fikk den fram igjen. Og etter litt kamp så kunne han lande laksen på 6,26kg.

Ej hivde med sjølvsagt rundt og kjørte nedover. I det eg parkerte ved Måløyhytta måtte eg springe bort i skogen å elge, men når eg først hadde komt i elva så måtte eg prøve litt. Ej fiska Måløyhølen før ej ringde Inge og fikk historia om laksen. Han var då i gang i Hjellehølen, så ej tenkte at ej prøver nedover. Fiska Dynga då Petter ringde ifrå Stokkenes der alt var svart. Når ej la på så såg ej at Inge hadde ringt, så ej slo på igjen. Han hadde fiska innløpet i Hjellehølen etter at ej ringde når ein laks bomma på fluga og hoppa 2m imot Hjelle. Når den landa bråsnudde den, raste etter fluga, tok den og hoppa 2m inn imot land. Laksen var hard og hadde nokre utras både ned og framover, men ingen fare for at den skulle stikke ut. Så kjøringa gikk greitt og Inge kunne lande ein flott laks på 9,42kg. Inge var sjølvsagt oppøst og sa eg måtte komme med ein gong.

Eg tenkte det var like lurt, så ej la igjen alt anna enn fluga og trava framover til Ny-Ledet. Her møtte eg Inge og fiska over, men det var dødt. Så flytta vi nedover til Hjellehølen. Når eg var komen midt bak i hølen så tok ein laks fluga. Fisken gikk djupt og stanga, men var ellers rolig og kom ganske raskt inn på stilla innunder land. Men den ville ikkje over på sida og heller ikkje la seg dra for langt inn på grunna. Til slutt kom den inn så Inge nesten fikk håva den, men då vakna den og fisken seig fram om meg. Her kom den inn i eit lite straumdrag og den satte opp farta imot straumen. Ej vart ståande rett bak den og holde igjen, men fisken hadde fått nye krefter og gikk opp heilt inne mellom steinane. Til slutt fant den veien ut i elva igjen og då raste den 15m framover før eg fikk stoppa den. Så kom den sakte sigande bakover igjen, og eg kunne dra den inn på stilla igjen. No var den slakkare og like etter kunne Inge håve den flotte laksen på 8,32kg. Etter dette fiska eg Forbygginga før vi gav oss så vi fikk pakka sammen og komt oss heim for å feire Dina sin 13års dag.

16.06 02-14 Bjørlo Eidselva 15.06 fiska Sindre morgenen på Alsaker og fikk ein laks på 3,62kg ved 4-kantsteinen nedanfor fossen.

15.06 fiska Inge kvelden på Langeland igjen, men var heilt dødt.

Var oppe tidlig og var nede 04.15. Starta framme, men det var rolig. Inge stod opp etter kvart og sende melding 05.30. Ej stod då framme på Utfallebakkane, og rett etter å ha svart så beit ein aure midt nede på strekket, på bortre halvdel. Fisken gikk rolig i 3 sekund før den snudde og raste unna elva og dermed var det ikkje tvil i kva sort det var. Ej hadde stram bremse og dermed skjena fisken sakte over elva inn imot mi side. Fikk den inn i hola nede i vikja, men den ville ikkje innpå og ej hadde fortsatt mange meter igjen før eg var nedkomen. Fisken var seig og ville vidare nedover, ej fikk stoppa den eit par gangar heilt bakpå, men tilslutt kom den seg nedom rekka med steinar. Eg var no begynt og nærme meg, men fisken ville ut i hovedstraumen og nedover, men eg fikk holdt den igjen og styrt den inn igjen mens eg tok av makkeboksa. Fisken kom no heilt innunder land og eg sveiva meg heilt inn på fisken. Denne stod no bak innerste steinen og eg såg for meg at eg kunne lure den opp igjen i vikja. Ej la troda inn imot skogen og fikk lurt fisken enno lenger mot land. Her var det djupare straum og eg kunne enkelt rygge fisken opp i hola. Herifrå gikk turen raskt inn på vikja og opp på land for ein litt slank aure på 4,14kg.

Kl.06.30 ringde Inge og sa det var dødt nedanfor, så han skulle fiske Pina så kom han framover. Ej stod på Utfalle med fluga då han noko seinare kom trakkande framover. Vi fortsatte utover morgenen, var i ein fisk i Svarthølen, men ellers stille. Rundt 08.30 så starta eg nedover Utfalle igjen med makk. Det var dødt heilt til eg var komen ned på vikja. Her kasta eg heilt over og lot makken gå ned hovedstraumen imot Granølen når noko var bortpå og plukka. Eg slo til og fikk samme prosedyre som sist. Fisken raser nedover og heilt bakpå brekket ved steinene. Ej fikk lurt den fram litt før den igjen raste ned igjen på brekket, men eg fikk stoppa den igjen. No følgde den med framover og eg tenkte at kanskje kunne eg gjenta den forrige og lure denne også opp i vikja, men når den begynte nærme seg fremste del, så ville den ikkje lenger. Det vart litt tautrekking her og ej måtte gi meg for å unngå konflikt med ein stein. No la fisken sida til og dreiv inn i land, så eg skrinla ideen om å få den fram og luska meg nedover. No var fisken nesten ferdig, så eg tok av håven og begynte å dra fisken på land. Dette gikk greitt og eg kom etter med håven for å sikre, men alt gikk greitt. Auren var kortare og flottare enn den andre, men berre 20 gram tyngre, 4,16kg, også denne var lusete så dei hadde gått raskt.

Etter dette fortsatte vi utover formiddagen, men det var dødt resten av tida vi var der bortsett ifrå nokre aurar som stod å hoppa og vaka på brekket. Inge hadde også på ein av dei nokre få sekund, men den falt av.

16.06 14-02 Bjørlo Eidselva Ej var seint nede, men var i gang kl. 20.15. Det var stilt i starten med unntak ifrå fiskene som fortsatt stod på brekket og hoppa. Men klokka 21.30 fikk Inge på ein aure heilt bak på brekket. Fisken snudde og ville nedover, men Inge holdt igjen det beste han var mann om. Men fisken seig bakover og for over kanten, men Inge fikk stoppa den i det den kom inn i roligare vatn og fikk rygga den fram igjen i hølen. Her gikk kjøringa greitt og han kunne dra ein slank aure på 2,42kg fram på sanden. Etter dette var det igjen rolig. Endre stakk innom i 23-tida med gode råd uten at det hjalp. Når klokka var 00.15 så stod Inge igjen på brekket av Kastehølen når ein fisk hoppa i det den kom inn. Han kasta makken og straks tok fisken. Denne tok lenger framme så den greidde ikkje komme seg bak brekket, så kjøringa gikk enklare enn med den første, og berre 2 minutt seinare så kunne han lande ein skikkelig skrinn aure på 3,24kg. Etter dette fikk vi trua, men det vart rolig igjen. Ej fiska brekket ifrå 01.30, men gav meg 01.40 for at brekket skulle få kvile til siste minutta, men så kom Inge fram igjen og gikk ut for å prøve. Han gav seg ikkje før det var 3 minutt igjen. Når han kom bort til bordet igjen så hoppa det ein ny fisk på brekket. Ej treiv stanga og vassa meg ut å kasta. I det ej begynte å nærme meg bakre del så var det fisk bortpå, ej slo til, og jaggu satt den. Den rulla i overflata og ville som vanlig nedover, men ej fikk stoppa den når den kom inn i roligare vatn. Så rygga eg den oppover, kjørte den ei stund på grunna før den lot seg dra greitt frampå sanden. Auren var slank, men ikkje skrinn og vog 2,88kg. Sjølvsagt var det tid for å pakke sammen og gi seg når den var vaska.
17.06 02-14 Staten Eidselva Inge for rett nedover, mens ej ikkje hadde heilt trua, noko som var dumt, for Inge traff bort i mykje fisk som gikk på elva. Han mista ein og var bort i 2 til, men fikk dei ikkje på land. Etter kvart vart det rolig og han for fram igjen og la seg.

Vi for ned 08.00, men det var veldig dødt. Ej starta med fluga nedanfor, men var dødt. Kjørte meg ned i Malakoff og kikka ifrå høgda. Var ikkje fisk bakpå brekket så ej gikk nedover for å sjå om dei stod i hølen nedanfor, men då såg eg 5 laksar som kom sigande framover. Eg følgde dei opp på brekket og såg dei seig vidare, så ej kjørte meg fram til Øvre Malakoff og prøvde fluga, men dødt. Kjørte så fram til brua der eg satte meg i bua og venta på at ein slukfiskar skulle verte ferdig på andre sida. Men fiskane var nok komt fram her, for det var oppe ein fisk i renna like etter, og dermed gav slukfiskaren seg ikkje. Fiska over etterpå, men då var nok fiskane komne langt forbi. Etter dette var det oppe ein fisk i renna, men den ville ikkje ta, så var alt dødt.

22.06 14-02 Alsaker Eidselva Så var det klart for Alsaker igjen. Vi har hatt lite flaks med denne helga siste åra, og med nordlig vind og strålande flott vær så var ikkje utsiktene dei beste. Dei som hadde fiska heile veka før oss hadde ikkje fått ein einaste fisk heller, men vi gikk på med dødsforakt. Eg og Sindre var i gang i 16-tida, mens resten kom i løpet av eit par timar. Inge starta med fluga og fiska seg nedover, og etter ein god time var han komen ned i Bruce og der beit det. Fisken var ikkje så stor, men veldig stri, men etter nokre minutt med kjemping så kunne han lande ein tert på 2,72kg.

Vi hadde god tru etter dette, men det var dødt. På mørkaste gikk eg fram på Sanden og fiska innløpet med fluge, men det var dødt. Ej bytta til makk og fiska meg nedover med minimalt med bly. Var borti noko heilt inne i land, kjentes ut som smått, men sia det ikkje forsvant mark så kunne det være større, så ej prøvde nokre kast til. Plutslig var nokre større borti ute i djupet. Eg gav slakke, men det kom aldri igjen. Fiska nokre kast til og plutselig var der noko igjen. Ej gav den slakke og den plukka igjen så eg slo til. Eg såg blanksida ute i hølen og fisken var fast. Den herja litt ei lita stund før den roa seg og berre stritta tungt imot. Eg begynte å rygge den oppover imot hola og fisken kom motvillig, men greitt etter. Etter som den kom opp på grunna så ville den utover og den seig sakte ut og fram. Plutselig snudde den og satte fart vekk ifrå meg og gikk til værs ved steinen. Den snurra rundt i lufta, traff sena og slo laus kroken og det var det. Fisken var ikkje veldig stor, men sikkert 4-5kg.

Asbjørn fiska Bjørlo og heilt nede på Utfallebakkane, nesten inne på vika tok ein laks i det han begynte å dra inn for å løfte eit nytt kast. Fisken var beinhard og gav ein heftig kamp, men til slutt måtte den gi opp og Asbjørn kunne lande ein fin laks på 5,5kg.

23.06 02-14 Alsaker Eidselva Etter litt mat og avslapping så gikk eg fram igjen på Sanden, men no var alt dødt. Karane derimot gikk på fossekanten og her fant dei fisk. Både Petter og Inge hadde på fisk, men begge to sleit 0,45mm sene, mens Bjørn var heldigare og kunne lande ein kjempeflott tert på 3,1kg. etter dette vart det dødt og ingen fant meir fisk.
23.06 14-02 Alsaker Eidselva Vi tok det rolig midt på dag og sov litt før vi prøvde oss på kvelden igjen, men det var veldig rolig. Så igjen tok Inge fluga nedover og igjen var han i fisk, først ved steinen bakpå Vaskeplassen, så i Bruce, men han fikk dei ikkje faste. Eg prøvde framme igjen rundt midnatt, men det var dødt, så eg satte meg i bilen og sov.

Petter fiska kvelden på Bjørlo og hadde på ein aure bakpå Granhølen, men den ville nedover og Petter holdt igjen til den sleit seg av. Var borti noko til i samme området, men ellers rolig.

24.06 02-14 Alsaker Eidselva

Eg var i gang igjen i 4-tida og satt åt når Bjørn stod på Fossekanten. Plutselig slo han til og hadde på fisk. Fisken gikk greitt ei kort stund før den raste vekk ifrå berget og plutselig slitna sena. Han fortsatte å fiske mens ej gikk framover for å vente på at fiskane skulle komme dit. Bjørn hadde på 3 fisker til, alle inne på bakevja. Den eine hadde han på i 15min, sjølv om den ikkje var meir enn rundt 5kg. Den stod først 5min foran berget med godt press bakfrå før den seig bakover og gikk utfor fossen. Bjørn følgde den nedover og kjørte den lenge nedanfor, men plutselig kom kroken. Dei 2 andre datt ganske kjapt av.

Inge fiska seg nedover med marken, men det var rolig heilt til han kom ned på brekket på Bruce. Her beit det ein fisk heilt bakpå, den rota rundt ei stund før den ville nedover. Fisken var heilt rabiat og var meir over enn under vatn og midt nede i stryket knakk også stanga. Inge fikk ein skikkelig stri kamp med å berge fisken. men han fikk til slutt på land fisken, ein illsint trillrund hann på 5,2kg.

Eg fiska meg seinare nedover heilt ned i Bruce, men fiskane dei hadde sett var vekk og ikkje møtte eg dei heller. Eg var i småkreder i alle høler, så trur dei gikk skogen. Sia Ly hadde bursdag så gav eg meg tidlig og var komen heim allereie klokka 10.

Petter var bort i ein fisk bakpå Bruce, men fikk den ikkje fast. Litt seinare prøvde Inge også, men det vart ikkje meir, sjølv om han såg 3 fiskar som stod der.

    24.06 fiska Petter kvelden på Moen, han fikk ein pjakk på makk på 2,54kg med lus på neset med prydbuska på. Det er rekordtidlig å få så liten fisk her framme, men dette virkar å ha endra seg siste åra, mulig det har å gjere med at trappa vart fixa i 1999, noko som tillot mindre fisk å gå opp fossen mykje tidligare enn før, samtidig som antall større laks også vert færre under fossen sia den kjem seg opp fossen før.

28.06 fiska Tore og Ståle kvelden på Alsaker. Dei skulle egentlig være sammen med oss jonsokhelga, men begge vart opptatt og kunne ikkje då, så derfor tok dei fri for å prøve no. Det var mykje fisk å sjå, men som helga før så var laksane ikkje spesielt interesserte i det dei vart bydde, men utpå kvelden beit det endelig med Tore på Sanden. Fisken var heilt rabiat og gav ein hard kamp, sjølv om den berre var ein pjakk på 2,4kg. Dei fortsatte utover kvelden, men dei greidde ikkje å finne fleire som ville bite. Som bildet viser så hadde den tydelige og flotte tegninger på sida. Ein fin fisk som hadde tålt enno nokre hekto under buken, men likevel i bra hold.

29.06 fiska Tore og Ståle heile dagen på Alsaker. Ståle fant til slutt ein laks i kilen nederst på Sanden som ville ha marken hans. Fisken rasa nedover og var heilt ned i svingen nedanfor, men han fikk den fram igjen og fikk berga den heilt nede på Sanden. Laksen var ganske lang og slank. Den hadde nok stått ei god stund i elva sia den var ganske farga. Men ein bra fisk på fine 7,9kg.

29.06 På kvelden fiska Petter og Inge Kvien. Ei jente som fiska sammen med bestefar på Moen fikk ein laks på 8,2kg i Moahølen like etter at Inge hadde gått over hølen. Og fikk sjølvsagt eit stort stykke i Fjordabladet. Dei såg 3 fiska som blenkte på Svadet og der var oppe fisk i Hammaren, men ingen av dei ville bite, og heller ikkje andre plassar kjende karane liv.

30.06 02-14 Moen Eidselva Petter for berre over elva når klokka var 02, mens eg venta ein god time til. Det var meldt mykje regn, men hadde ikkje vore så gale før ej kom ned i lysninga, men då løyste det og det var kun opplett i 3 minutt i 9-tida, ellers styrta det ned. Petter hadde vore i fisk i fremste når han starta, men dei vart ikkje faste. Ej kjende ikkje liv når eg kom der og fiska over. Etter kvart gikk Petter opp i bilen og sov, mens eg fortsatte. Sat i buda når det endelig vart opplett, og treiv då flugestanga og gikk fram i Moahølen. Allereie før eg hadde fått ut heile klumpen så drog noko i fluga. Ej kjipte meg og slo til og dermed vart fisken aldri fast. Fiska bakover og hadde litt småpirling bakpå, men vart ikkje fast. No kom regnet igjen og ej måtte opp i buda igjen for å ta på jakke igjen. Etter dette var det heilt dødt igjen.

Inge fiska morgenen på Bjørlo i pissregnet, midt i uværet fikk han ein pjakk på 2,24kg på Utfalle og mista laks heilt bak på blanka på Utfalle. Begge tok veldig forsiktig, men Inge gav slakke likevel og då sat dei. Han såg mykje fisk, men dei kom aldri fram til oss...som vi såg.

Tore og Ståle morgen på Alsaker, men det regna slik at dei ikkje orka prøve.

01.07 02-14 Bjørlo Eidselva Eg og Inge starta når klokka var der. Vi starta framme og hadde god tru på at det no var lenge nok sia regnet for at fisken skulle bite, men til tross for bra med fisk som gikk så var det lite biting. Utpå morgenen hadde eg nettopp fiska over Kastehølen og brekket med makk og tok fluga og gikk fram i innløpet samtidig som Inge tok makken når ein fisk var oppe på brekket. Ej hadde berre vassa halvveis ut når det beit. Ej vassa tilbake mens Inge kjørte fisken. Men den var seig så han holdt på lenge før han kunne lande ein kjempeflott laks på 4,5kg. Fisken vart satt tilbake då det var ei hoe. Vi fortsatte utover, men det var ikkje meir å kjenne. Petter fiska ikkje.

Det hadde vorte rot med korta denne helga, så Inge og Petter enda opp med å fiske Bjørlo på søndagskvelden. Dei starta framme, men det var dødt så dei gikk nedover til mellompartiet. Inge pusha Petter foran seg og forsikra seg om at han alltid starta med fluga. Og det viste seg å løne seg, for når dei kom ned i Hjellehølen så beit det med Petter. Kjøringa gikk veldig greitt av laksen på 5,9kg. Etter dette fiska Inge over med fluga, men kjende ikkje noko, men når han tok makken så beit det bakpå hølen. Måtte presse hardt for å få fisken fram, men det gikk bra og etter litt kamp så kunne han lande ein flott laks på 7,7kg. Etter dette var det dødt, så dei gikk fram igjen. Her såg Petter ein laks hoppe på Utfallebakkane, men han fikk den ikkje til å ta. Men Inge prøvde den med fluga og då tok den. Fisken var utrulig seig og det vart ein lang fight, men til slutt kunne Inge lande ein nydelig flott holaks på 6kg. Inge hadde dermed kvota og pakka sammen, mens Petter fortsatte ut kortet uten at det var noko meir å kjenne.

  06.07 fiska Inge kveldskortet på Kvien. Han såg mykje fisk, men den var ikkje veldig interessert i det Inge presenterte den for. Han var så vidt det var bort i ein fisk nede på flata, men den vart ikkje fast.

Endre fiska på Moen i solskinnet og fikk ein fin laks på 6kg ved prydbuska. Fisken oppførte seg fint og vart landa like nedanfor neset. Seinare var han bort i ein til på sammen plassen, men denne vart ikkje fast.

Utover kvelden når sola lavna, så vart det mykje vind, og ifrå kl.21 så var det veldig vanskelige forhold.

07.07 02-14 Kvien Eidselva 06.07 var Inge på Kvien, såg mykje fisk og var i ein fisk på flata. Endre fiska Moen og fikk ein på 6kg og var bort i ein til ved prydbuska. Vart mykje vind ifrå kl.21 så det vart vanskelige forhold.

Ej starta i lysninga med å fiske ifrå Moahølen og nedover, men det var heilt dødt, og fortsatt var det mykje vind, men det gikk ganske bra å fiske. Fiska ned til gamlebuda før ej gikk ned i bua. Fiska så nedanfor buda før ej gikk ned i Hammaren. Fiska over her fleire ganger med både makk og fluge, men det var kun småaure å få. Gikk så fram og fiska svadet før ej gikk fram og fiska flata. Var ikkje noko å kjenne før ej kom bakpå. Då glei eg akkurat i det det drog i fluga, så ej slo til ufrivillig og kjende god motstand. Endelig tenkte eg, men like etter spratt ein stor Honndøl. Gikk så ned i buda og prøvde ringe Inge, men fikk ikkje svar. La så haudet ned på bordet og sov litt, men etter nokre minutt kom Inge, han hadde gitt seg på Bjørlo. Inge fikk ein laks på Pinå på makk på 4,5kg. Fisken tok langt bak steinen, bortunder trea. Sammen gikk vi fram å fiska ved gamlebua, men det var fortsatt dødt her så vi gav oss.

07.07 16-24 Hjelle Eidselva Ej var sliten og hadde ikkje booka meir kort. Etter kaffi la eg meg nedpå, men etter kort tid kom ein kar og sa at han hadde dobbelbooka og hadde 2 kort på Hjelle som han ikkje skulle bruke. Ej snakka med Inge som alt hadde kort på Kvien, og han ville gjerne bytte til Hjelle. Ej hadde planlagt grilling, så eg var litt sein nedover, mens Inge berre bræste nokre pølser og for i elva. I det ej kom ned så kom Inge ifrå Utfalle med ein pjakk på 1,6kg. Vi gikk fram i Kastehølen, ej prøvde makken der mens Inge fortsatte fram i Svarthølen med fluga. Asbjørn fiska Bjørlo på andre sida. Etter kun kort tid så stod Inge der med bøygd stang. Etter kvart kom han leidande nedover på den og ej ropte fram om han trengde hjelp, men fikk til svar at den var liten. Inge fighta fisken lenge så ej satte etterkvart ifrå meg stanga og gikk fram. Etter eit par minutt til så kunne eg håve ein flott laks på rundt 6,5kg. Fisken var ikkje blank, men den hadde ei lus. Fisken vart satt ut igjen Ej fiska innløpet med fluge i det ein oter dukka opp midt i hølen. Hadde dermed lite tru så fiska raskt over før ej prøvde brekket. Kjende ikkje fisk sjølv om der var fisk oppe. Såg Endre på Utfallebakkane så ej ringde han på vei fram igjen, men han hadde heller ikkje fått fisk.
08.07 00-16 Hjelle Eidselva Ej var sliten og sov til Ly vekte meg i 7-tida. Eg fikk på meg og kom meg ned. Inge hadde heller ikkje holdt på så lenge, men kunne melde om at det var dødt. Ej fiska meg ifrå Svarthølen og nedover, var borti noko innunder land i Granhølen, men tok ikkje igjen. Fiska meg nedover og var borti fisk ved andre steinen nede på strekket før Jo-utstikkaren, men den kom ikkje igjen. Fortsatte nedover til Asbjørn kom. Prata ei stund med han før ej prøvde Jo-Utstikkaren, og var også her i ein fisk, men berre ein gong. Kom til at ej ville gi meg, så eg gikk så fram i Granhølen der flugestanga stod igjen. Fiska på det eg kjende inne i land, og fikk fast ein stor makketjuv. I det ej skulle kaste ut igjen så hoppa det ein stor laks bakpå hølen. Ej sprang opp og henta flugestanga, fiska over, men kjende ikkje liv. Prøvde også makken før ej flytta fram på brekket på Kastehølen. Fiska over og satte meg ned idet ein fisk var oppi. Fiska over igjen, men fikk den ikkje til å ta. Tenkte å gå fram i Svarthølen, men var så lei at eg gikk rett opp i bilen.

14.07 fiska Bjørn morgenen på Alsaker, mens eg og Inge sov og gjorde oss klar for Stryn. Som vanlig vart det mykje troming på Fossekanten, og her fikk han ein aure på Fossekanten på 1,7kg. Men som vanlig miste Bjørn fleire fiskar, både ein større aure på rundt 3kg og ein laks på rundt 5kg rauk.

14.07 12-24 N.Kirkeide Stryn Så var tida komen for å prøve Stryn igjen. Som vanlig var trua på topp når vi for innover. Etter litt stangkjøp så var vi klare for å prøve oss, men nye regler med stenging ifrå 13-16 gjorde at vi berre fiska i lavesko før vi kjørte ned og fikk oss middag. Etter middag fiska eg over ved parkeringa, mens Inge gikk heilt fram med fluga. Elva gikk med 105 kubikk så ho var heftig, men ho var minkande så det vart berre betre. Ej gikk etterkvart fram og starta heilt framme med makken, og det gikk faktisk greitt å fiske. Kjende ikkje liv før eg kom ned i nedre Cut Bushes, her var noko bortpå og eg slo til. Fisken oppførte seg først som ein aure, men roa seg fort ned, så eg var usikker på kva det var. Fisken var rolig, men utrulig seig, og sia elva var så stor så fant eg det lurast å følge fisken rolig nedover. Fisken gjorde eit par utras, og eg hadde den inn så eg såg det var ein laks, og lurte då på om det var ho eller han, men til slutt kom fisken heilt innunder graskanten og la seg på sida så eg såg det var ein hann. Eg måtte taue fisken siste 10m nedover for å få den rundt treet og dermed kunne dra den rolig frampå sanden. Laksen var ein fin hann på 6,9kg.

Klokka var ikkje meir enn 18, så vi håpte på meir lykke utover, gjerne med auren som har vore årviss på første turen vår. Men det var ganske rolig, ikkje såg vi fisk og ikkje kjende vi noko. Utpå kvelden fiska Inge nedanfor parkeringa, mens eg fiska ved parkeringa i det han ser ein fisk komme opp renna og gli ut i hølen. Kastet etter er noko bortpå med meg og eg slår til. Fisken har skutt framover og går til værs i eit vilt hopp. Eg sveivar fortvila og får kontakt med fisken igjen. Fisken raser rundt nede i hølen før den igjen går til værs framme i bakevja og då kjem kroken. I det vi begynner å tru at det ikkje skal verte fisk på Inge, så hopper det ein fisk på bortsida av bakevja. Inge går ut og fisker innløpet og bakpå innløpet beit det. Fisken gikk til værs og hadde eit par lange utras, men var ellers rolig og snill og dermed kunne Inge lande ein fin laks på 4,2kg, også denne ein hann. Og dermed kunne vi pakke sammen og gi oss.

15.07 12-24 Ø.Kirkeide Stryn I går begynte ein svoll å utvikle seg på venstre overarm, og den hadde vorte ganske heftig, men vi skulle for ein gongs skuld fiske etter laks igjen i Stryn så det fikk berre gå. Elva var ganske stor her framme, så det var ein del plasser det var for mykje, men andre plasser vart det bra med så mykje vatn. Vi fiska ivrig med både fluge og makk, men ingen av oss verken såg eller kjende liv av noko slag. Etter at ein flokk kyr hadde prøvd å ete sjokoladen og peanøttene våre så fortsatte vi ei stund til, men når klokka var 23 så fant vi ut at vi pakker sammen og flyttar, så rekk vi litt pølser også.

Bjørn på Alsaker sammen med Asbjørn, men det var dødt. Men til slutt like før kl.12 beit det, men etter kort tids kjøring sleit Bjørn hovedsena, Firelina. Dermed vart han fiskelaus.

16.07 00-12 N.Kirkeide Stryn Vi kom ned ein god halvtime før vi skulle starte, og fikk igang ein grill. Mens vi grilla, ca.23.45 hoppa ein fin aure på 2-3kg, så ej vada meg ut på tida og fiska innløpet med fluga, men bortsett ifrå eit lite drag i fluga så var det dødt. Inge fiska utover natta, mens ej sov. Starta igjen i 5-tida, og klokka 6 hoppa ein fin laks, men den ville ikkje. Noko seinare hadde ein på andre sida på ein laks i fremste. Den hoppa og viste at den var ca.15kg, før den rasa nedover. Han fikk stoppa den nede på Cut Bushes, men i det han fikk kontakt igjen så gikk den i været igjen og vekk var den. Vi fortsatte utover morgenen og formiddagen, men vi kjende ikkje fisk.

Samtidig med oss var Bjørn på Alsaker og då sjølvsagt på Fossekanten, og endelig klaffa det for han. Først fikk han ein flott laks på 5kg på Fossekanten, så like etter beit det på noko større. Fisken raste fram i Fåhølen, og heilt franm i innløpet der den vart ståande å stange. Etter kvart fikk Bjørn den ned igjen, og no spikra den seg bortunder grunna og stod der i eit kvarter heilt rolig. Bjørn begynte å lure på om den hadde satt fast blyet eller sena, men til slutt vart den gåen og Bjørn fikk den laus. No var den roligare og etter litt kjøring kunne han lande laksen inne på bakevja. Fisken var heile 11,7kg, og Bjørn trudde han hadde fått kvota. Men etterkvart som han såg på fisken så vart den etter kvart bedømt til å være ein oppdretter. Dermed så tel ikkje den på kvota, så etter ei stund så gikk Bjørn ned igjen og fikk ein pjakk på 2,5kg før han gav seg. Når vi kom ut igjen så studerte vi fisken, og den hadde nokre tegn på oppdrett, mens andre mangla, så vi var usikre på kva det var. Svaret kom når skjellprøvene vart sjekka, villfisk, 4.gongs gytar.

    16.07 på kvelden var Inge på Kvien sammen med Endre, men det var veldig dødt, men nogg seg ein laks på 5kg på makk i hølen foran flata. Fisken vart satt ut igjen.

17.07 på morgenen var Inge og Bjørn på Alsaker, Bjørn fikk ein laks på 3,4kg på Fossekanten, miste 2 fisker til der, den eine tømde snella hans, truleg fordi den var rykt.

18.07 på morgenen vakna Inge tidleg og stoppa derfor på Nor. Fiska først ifrå muren før han flytta ned på neset. Der hogg det til og etter ein kort fight kunne Inge lande ei flott hoe på 9,6kg og 94cm. Fluga stod i hjellane så han kunne ikkje sette den ut igjen. Så fortsatte han morgenen på Bjørlo, men det var heilt dødt.

19.07 på morgenen fiska Inge Alsaker, han fikk ein aure på 3,4kg kl.06, men forholda var elendige så han prøvde ikkje så lenge. Var ned igjen og såg fisk på fossen i 1-tida, men fikk ikkje noko.

20.07 på morgenen fiska Inge Moen. Han hadde først på ein laks på rundt 6kg, med blyet, etter ein wobler som stod i ryggen på fisken. Så kroka han noko i renna ut ifrå fremste, som rasa ned rundt steinen og vidare nedover. Men det gikk som det måtte gå, begge falt av.

20.07 Atle har i år vogna på Horgøien i Gaula, men is og flom har snudd sona så fisket har vore labert, men til slutt fikk Atle ein laks på fluga på 4,2kg.

21.07 fiska Inge morgen på Bjørlo, men det var heilt dødt. Forholda var elendige med 2 grader, skodde på elva til langt utpå morgenen.

21.07 Sindre fiska morgen på Alsaker, var dødt, men han fikk ein laks på 4,3kg på Sanden.

22.07 18-00 SJFF Driva Første kvelden fiska vi Sjøllandstraumen fram til det vart flugesone kl.20, men det var dødt. Vi flytta fram i Lisjehølen der vi møtte to ørstinga som hadde vore der ei god veke. Dei hadde fått eit par storlaksar og mista nokre, men sett lite aure. Vi prøvde litt, men tok tidlig kveld.
23.07 00-24 SJFF Driva Inge var oppe i 6-tida og starta med å fiske fremste Sjøllandstraumen med fluga før han starta på brekket med makk. Han trengte berre fiske i 30 minutt før han hadde fått ein aure på 2,2kg, og ein på 3,98kg. Vel tilbake på Trædal så var eg oppe og Inge slo følge etter at vi hadde ete frokost. Vi kom der kvart over 10 og starta straks med makken. Ej fiska meg bakover, og etter ikkje så lenge så drog det i. Ej gav slakke og fisken kom igjen og då slo eg til. Fisken hang og vart rygga framover og kjørt uten store problem før den var inne på kort line. Den rende då vekk ifrå oss mange ganger, men greidde ikkje å dra av snella så den vart dansande på sporden. Men til slutt gav den seg og Inge kunne håve den. Sola kom etter kvart så det vart vanskelig, men heilt nede på tredje overfar så var den der igjen. Som før så gikk det greitt å få den fast, kjøringa gikk veldig greitt og dermed var kortet fylt for oss begge. Aurane mine var ganske like, 3,04kg og 2,86kg.

Lurte fælt på kvar vi kunne fiske på så stor elv, så vi prøvde Strømmen. Ej prøvde makk nede, men der var elva mykje for stor. Inge gikk fram med fluga, og ej gikk etter og her var elva fin. Det stod 2 store aurar inne på bakevja, men Inge såg dei så sent at dei var skremte før han fikk fiska på dei. Vi kjende ikkje noko her, så vi flytta ned i Sjøllandstraumen og fiska over med fluge framme, men det var dødt så vi gav oss tidlig.

24.07 00-24 SJFF Driva Vi åt frokost kl.06 og stakk så i Sjøllandstraumen, det var rolig der, men til slutt beit ein laks med meg. Fisken raste framover og gikk i været og viste at den var 7-8kg. Ej stussa litt for den hoppa veldig langt unna der eg trudde makken var, men forstod at det var den eg kjende i andre enden. Eg sveiva det eg kunne for å få skikkelig kontakt, og det fikk ej, men då raste den unna og gikk til værs igjen. Fikk den litt imot meg etter dette, men så snudde den raste ut 30-40m skrått nedover før kroken berre kom. Vi var bort i fleire fisker etter dette, men fikk dei ikkje faste.

På kvelden skulle endelig Ly være med i elva igjen, og etter å ha vore borti eit par fisker så stoppa snøret langt borte ganske nær brekket. Ej letta stanga uten å slå skikkelig til då eg trudde det var fast, men då svarte det i andre enden og eg slo til. Fisken gikk veldig rolig og følgde etter som ingenting når eg rygga meg oppover. Trudde derfor det var ein pjakk. Men etter kvart vart det klart at det var tyngre fisk, men den gikk som ein ubåt nede i djupet. Ej fikk den nesten inn så eg såg den, så rasa den ut igjen, eg pumpa den inn og den gikk ut igjen. Etter 10 minutt hadde vi fortsatt ikkje sett den, men no kom den stadig nærmare. Så raste den ut litt og kom oppi med halve kroppen, og dette var definitivt ingen pjakk, den var diger. Ej fikk den inn igjen før den raste ut, snudde rundt og slapp kroken. Og det var det. Vi fiska seinare Lisjehølen, sammen med Tore Olsen, men kjende ikkje liv. Eg og Ly gav oss i 21.30-tida når Inge flytta ned i Sjøllandstraumen igjen for å prøve fluga om natta.

25.07 00-24 SJFF Driva Inge kjende ikke liv på natta, men vi hadde betre tru når vi starta med makken kl.04. Vi fiska langt framme ifrå og når vi kom midt ned på strekket så beit det ein laks med Inge. Fisken gikk ganske rolig, men var seig å få inn, men det var lite dramatikk og etter ein 10 minutts fight så kunne han lande laksen som vog fine 8,8kg. Fisken var blank, med ei lus. Vi var borti fleire fisker utover, men dei vart ikkje faste.

Fiska Sjøllandstraumen ifrå 18 til 20, men elva hadde gått ned og klarna mykje, samtidig som det var mykje vind, som gjorde det vanskelig. Var borti eit par fiskar, men fikk dei ikkje faste. Samme var det med Inge som starta i 16.30-tida. Vi var ein tur fram i Lisjehølen, men der bles det stikker og strå så vi gav oss 21.30.

25.07 Bjørn fiska morgen på Bjørlo, men hverken såg eller kjende liv. Tore, Ståle og Sindre fiska Alsaker. Ståle fikk ein laks på 4,38kg og Sindre fikk ein pjakk på 2,4kg, Tore mista ein pjakk.

25.07 fiska Tore, Ståle og Sindre kveld på Alsaker, men det var dødt. Men Tore fikk ein pjakk på Sanden. Denne var veldig skrinn og ingen matfisk, så derfor kasta Tore den inn i skogen uten både å vege den eller ta skjellprøve. Sjølvsagt fikk han ei skrape for dette, desse fiskane er viktige å få sjekka, helst levert inn for full sjekk.

    26.07 Inge fiska morgenen på Sjøllandstraumen, han var tidlig ute og fikk gå først, og som dagene før så var det det som skulle til. Han fikk ein aure på 1,5kg på brekket og ein aure på 1,8kg langt borte på brekket.

26.07 fiska Bjørn morgenen på Alsaker. Han for ned kl.05, gikk på Fossekanten og fikk først ein flott laks, og ikkje lenge etter fikk han enno ein og dermed måtte han gi seg. Han var komen opp igjen kl.0630 med ein laks på 7,4kg og ein på 7,8kg.

26.07 på kvelden fiska Inge Sjøllandstraumen med makk, fiska så Kleivhølen med fluge, såg fisk som hoppa på andre sida. Så derfor flytta han fram i Lisjehølen, og her kom det mange fiskar, men dei ville ikkje bite. Flytta så fram i Kiklingbrekk der han prøvde fluga, men det var dødt her også. I skyminga fiska han Sjøllandstraumen, både framme og på brekket, men kjende ikkje noko, det vart tatt ein pjakk etter det mørkna.

27.07 Inge fiska ikkje morgenen. Bjørn fiska Alsaker igjen, men i dag var det dødt.

27.07 fiska Inge ettermiddag og kveld var det heilt livlaust, han verken såg eller kjende liv.

28.07 fiska Inge morgenen på Sjøllandstraumen. Det var heilt dødt ifrå kl.04 til kl.07, då hoppa  det eit par laksar og det vart tatt ein liten aure på brekket. Kl.08 fikk Inge til slutt ein aure på brekket på ca.1,8kg.

28.07 fiska Inge kvelden og såg mykje fisk, men den ville ikkje. Han greidde ikkje få faste nokon sjølv om dei fleire ganger nesten drog stanga ut av hendene hans.

29.07 fiska Inge morgenen på Sjøllandstraumen, trengde berre 10 kast for å fylle kvota med ein sjøaure på 2,4kg og til slutt ein på 1,5kg. Dermed kunne han pakke sammen tidlig å reise heim. Vel heime trakka han lokket på 3 frysere og satte seg i bilen innover til Eid. Fiskane mine leverte han i Sandvika for hos Refsnesene var det ikkje plass. Vel inne på Eid var han ned på Fossekanten, såg ein fisk blenke og instruerte Sindre om kvar, noko som enda med ein kjempeaure på heile 7,02kg på han. Trulig årets største så langt på Eid.

31.07 Inge morgen på Bjørlo, mista ein brun laks på rundt 3kg på Utfalle på natta. Fiska seg nedover, men dødt, så han gikk fram igjen. Gikk nokre fiskar i 8-tida i Kastehølen, men dei ville ikkje bite.

31.07 fiska Inge og Endre ei stund på Nor på natta. Endre fikk ein laks på ca.6,5kg som hadde svelt, så han måtte ta den. Ellers var dei bort i eit par fiskar, men dei tok ikkje skikkelig.

01.08 fiska Inge kvelden på Bjørlo. Han starta nedanfor og her hadde han på ein i Kastarhølen, men den falt av før han fikk sett den. Så gikk han ned i Fåhølen der han hadde på ein brun laks på rundt 4kg, men den hoppa seg av.

02.08 00-01  Nor Eidselva

Ej hadde ein kjapp tur ned å fiska over dammen med fluga. Fiska først innløpet, så fiska eg utanfor muren, men berre ifrå muren som var ute av vatnet, den andre var for sleip i mørket. Etter dette flytta eg ned på neset og fiska meg nedover. Var borti 2 fiskar, men dei ville ikkje ta skikkelig.

02.08 fiska Inge og Tore morgenen på Bjørlo.Sindre var samtidig på Alsaker, han såg mange fiskar som hoppa på Sanden, men dei ville ikkje bite.

03.08 Sindre vart igjen og fiska morgenen på Alsaker igjen. Han fiska sammen med danskene, og Erik mista ein laks på rundt 3kg på fluge. Erik meinte det var samme laksen Sindre fikk på makk noko seinare. Fisken vog nøyaktig 3,00kg. Såg mykje fisk som hoppa på Sanden, både ny blank fisk og gamle brune og svarte fiskar.

03.08 14-02 Alsaker Eidselva Gikk rett på Fossekanten, mens Atle gikk fram på Sanden. Ej fiska over ein del ganger, før ej prøvde foran steinane foran grunna. Straumen førte vegna over grunnaste og der hengde den seg opp. Ej letta og begynte å sveive inn i det eg kjende at det var fisk i andre enden. Ej sveiva på for å få kontakt, men kontakta vart berre svakare. Til slutt kom kroken ut av vatnet og ej hadde muligens mista ein fisk, men eg kjende aldri at den tok eller slapp. 5 sekunder seinare hoppa ein 2kg fisk heilt bakpå brekket. I det den landa så tok den sats igjen og hoppa nedover og lander halveis nedanfor kanten. Fiska ei stund til, men kjende ikkje noko meir. Flytta så fram og fiska innløpet til hola med fluga og Sanden med makk, men med unntak av ein liten pjakk eller aure som hoppa i innløpet så var det heilt daudt, så ej for fram igjen og åt middag. Der vart det sjølvsagt mykje fliring av at eg muligens hadde mista ein fisk.

Når klokka var 21 så var eg komen ned igjen, og som sist gikk eg rett på Fossekanten. Fiska lenge i renna, men kjende ikkje noko. Fiska så bak grunna langt borte då noko er borti. Ej slo til og såg ein fisk blenke lenger framme. Kjende igjen at der var fisk, men så berre fadet det vekk. Då såg eg sammenhengen; Sindre hadde nevnt at ein fiskar hadde slitt 40m sene på ein fisk når han var der, og her var den. Eg fortsatte å fiske i området og fikk til slutt på sena igjen. Denne gangen fikk eg den opp av vatnet, men så var eg til endes, så 40m var i allefall usannsynlig, men eg fortsatte ei stund til for å være sikker. Eg kjende ikkje meir, så eg gikk frampå og kikka nedi bakevja. Der såg eg ein spord nede i djupet i det ein fisk stakk fram. Eg fiska renna ei stund når ein fisk blenkte foran grunna. Fiska hardt der, og hadde kontakt med sena ein gong til, men trur ikkje der var meir enn max 10m. Det hølja ned med regn, så eg satsa på makken og fiska meg nedover, men det var heilt dødt. Snudde ved Storesteinen og gikk fram på fremste. Der møtte eg Dirk som var på vei til å fiske innløpet til hola, så eg gikk ned og fiska Sanden. Eg hadde ikkje fiska så mange kast før Dirk stod med bøygd stang. Eg slutta av og gikk fram og såg han kjøre og lande ein litt slunken pjakk på ca.1,7kg. Eg fortsatte så å fiske meg bakover, men det var dødt no også, så eg pakka sammen og tok kvelden. Atle hadde heller ikkje kjent noko.

Inge fiska samtidig på Bjørlo, og også der var det dødt, men han fant ein pjakk på 1,2kg i Forbygginga. På kvelden fiska han Pinå og Reitehølen og her var det mykje fisk oppe og hoppa, men dei ville ikkje bite. Siste timen ville han fram på fremste, men han gikk seg vill og enda oppe med bilen, så då gav han seg.

04.08 02-14 Bjørlo Eidselva Ej såg handball imot danskane i OL og når ej la meg så var Ly pratesjuk, så klokka vart over 1 før eg fikk lov til å sove, så dermed så låg eg til kl.7 før eg stod opp. Etter frokost++ så kom eg ned i Kastehølen kl.08. Der satt Atle og Asbjørn og såg på ein fin laks på 7kg. Fisken hadde tatt for Asbjørn i Svarthølen, mellom hovedstraumen og bakevja. Fighten hadde vore rolig og fisken hadde vorte landa i bakevja. Fisken hadde stått ei stund i elva, så den hadde fått litt farge, men sia det var ein hannfisk så vart den med heim.

Vi fortsatte å fiske i området ei stund før dei pakka sammen og gikk opp i bilen for å lufte hunder. Ej fiska Svarthølen med makk før ej gikk nedover. I Granhølen tok ein aure bakpå, like utanfor kvita rett bak enden på bakre muren, men den vart ikkje fast og ikkje kom den igjen heller. Var også borti noko midt i elva ved andre steinen på strekket nedanfor, men usikker på kva det var. Fiska så Pinå og Reitehølen, men bortsett ifrå noko lite nede i Reitehølen så var det dødt. Atle og Asbjørn hadde gått ned i midtre del og fiska over alt der, men uten å kjenne eller sjå noko.

    05.08 fiska Bjørn morgenen på Alsaker. Det var veldig dødt, så han for tidlig fram igjen. Men då fikk han kjeft med Inge som sende han ned igjen, og jaggu fikk han ein pjakk på 1,9kg på Fossekanten i halv 2 tida.

05.08 fiska Inge kvelden på Bjørlo, fikk pjakk på 1,3kg på brekket av Reitehølen.

06.08 fiska Bjørn morgenen på Alsaker, fikk pjakk på 1,5kg på Fossekanten.

06.08 fiska Inge og Endre kvelden på Hjelle, men det var heilt dødt.

07.08 fiska Inge og Endre morgen og dag på Hjelle, men det var alldeles dødt. Var masse fisk i Hammaren, men den tok ikkje.

07.08 fiska Inge kveld på Bjørlo, men var dødt.

08.08 fiska Tore morgen på Alsaker. Han fikk ein pjakk på 71cm og 2,4kg, noko tynn altså. Og så mista han ein laks på Fossekanten.

08.08 fiska Inge kveld på Bjørlo, heilt dødt. Det mest spennande som skjedde var at han møtte ein mink i Ny-Ledet.

09.08 fiska Inge kvelden på Kvien. Han var ned på ettermiddagen og då møtte han oteren i Moahølen. Så var det middag, og når han kom ned igjen så møtte han oteren nede på flata. I skyminga fiska han Hammarhølen og jaggu møtte oteren opp her også. Så Inge verker såg eller kjende liv av noko slag.

10.08 fiska Inge Nor på kvelden og natta. Han skulle prøve å gjere oppat Endre frå i går då han fikk ein aure på 6kg. Hadde etter ein aure på eit par kilo, men den tok ikkje skikkelig. Like etter kom månen over fjellet og då var det gjort.

11.08 14-02 Bjørlo Eidselva Hadde eit kveldskort, så rende meg inn på formiddagen. Været var nydelig, men ej starta kl.15 med fluga. Fiska Hella, Linja, Reitehølen, Rørhølen(Leirhølen), Ny-Ledet, Hjellehølen og Forbyggninga, men var alldeles dødt. Hadde dårlig tru så ej pakka sammen kl.19 og reiste heim for å sjå OL-handballjentene vinne gull. Inge og Endre fiska også.
    12.08 planla Inge å fiske Bjørlo på morgenen, men tru var så dårlig at han ikkje orka å reise i elva ein gong.

16.08 fiska Sindre morgenen på Alsaker. Han verken såg eller kjende liv.

17.08 fiska Sindre igjen morgenen på Alsaker, men som natta før så var det heilt dødt, berre masse yngel over alt.

17.08 fiska Inge kvelden på Bjørlo. Det var ein del fisk å sjå, Inge hadde på ein laks på Pinå, og var i 2 fisker til der. Han var også i fisk i Hjellehølen uten at han fikk på land noko. Endre var i fisk på Sanden, så fikk han ein brun fisk i Linja. Han mista også ein storaure på brekket av Kastehølen.

18.08 fiska Inge og Endre kvelden på Bjørlo igjen. Endre fikk ein brun laks i fremste Ny-Ledet og ein tert i nedre Ny-Ledet. Ellers var det dødt. Det tjukna til med regn på kvelden så Inge gav seg tidlig.

19.08 fiska Inge kvelden på Alsaker, fikk tert på 1,6kg på Øyrane. Såg nokre til som hoppa der framme i starten, men det var nok siste rest av fisken som gikk kvelden før ifrå sjøen, for det var heilt dødt nedover resten av kortet.

24.08 16-00 Hjelle Eidselva Inge hadde fått tak i 2 kort og straks var Petter frampå å tinga eine, men når det nærma seg så vart det jobb på han, så då tok ej sjølvsagt over. Ej starta i 19-tida med å fiske Svarthølen grundig med fluge og makk, men det var heilt dødt. Flytta så fram og fiska Svadet og nedover i Hammaren og litt nedover. Såg ein mørk fisk som var oppe på Svadet, men ellers var det heilt dødt. Snakka med ein som campa der, han hadde også sett fisk på Svadet, pluss 2 pjakkar framme i Hammaren. Endre og Asbjørn fiska Kvien og Endre var trulig i kontakt med ein av pjakkane i Moahølen, ellers dødt. Ej kjørte så ned på Jo-neset der Inge akkurat hadde komt nedanifrå. Han kunne melde om at der var alt dødt, så han var på vei opp igjen. Ej sa ej ville fiske rundt neset i skyminga, men han hadde ikkje trua. Ej fiska Utfallebakkane, Granhølen og steinane nedover, men til tross for brukbare forhold så var det heilt dødt, så ej gav meg.
25.08 00-16 Hjelle Eidselva Inge var oppe og i elva i 07-tida, starta då i Hammaren, men dødt. Når ej kom ned etter 08.30 så var han komen på Bjørkeneset, så ej kjørte ned å parkerte på Jo-neset. Gikk så ned og fiska Pinå. Starta framme og midt nedpå tok ein fisk ca 5m foran steinen. Ej gav slakke, letta stanga, men der var det ikkje noko. Fiska over mange ganger med samme og anna fluge, men det var dødt. Fiska nedover og prøvde ein gang til over, no med makk, men var ikkje noko. Gikk så ned å fiska Reitehølen. På fluga var det dødt, mens mykje småyngel plukka på makken. Var noko bakpå brekket, men trur det var smått.

På vei fram igjen møtte eg Inge. Han hadde også møtt fisken eg var i på Pina. Så han hadde fått ein farga laks på ca.4kg på Utfallebakkane og mista ein fisk i Granhølen.

Ej fiska Utfalle og Granhølen før ej for ned til Eid for å sjekke noodla for Ly, men Asiabutikken var stengd. Ej kjørte fram og fiska Bjørkehølen, Svarthølen og Kastehølen før klokka var der. Mattis og onkelen kom eit kvarter før det var slutt og onkelen fikk ein pjakk på ca.3kg og mista ein sameleis.

    25.08 Bjørn fiska kvelden på Alsaker, fikk raskt ein tert på 2kg på Fossekanten. Etter dette var det dødt.

25.08 Inge fiska kveld på Hjelle. Dødt.

26.08 prøvde Bjørn Alsaker igjen, men som kvelden før var det heilt dødt.

26.08 fiska Inge morgen, formiddag og middag på Hjelle. Det var veldig dødt, men han fikk ein laks på 4,3kg i Granhølen. Han gav seg tidlig for å pakke sammen teltet før regnet kom igjen.

30.08 fiska Ståle og Sindre Alsaker heile dagen, men dei gav opp tidlig for det var kun svart fisk og sjå og ikkje noko å kjenne.

31.08 fiska Inge på Nor fram imot skyminga. Utanfor murenden beit ein fisk. Denne seig nedover og Inge fulgte etter ned på neset. Her vassa han seg så langt ut han kom seg når fisken seig fram igjen langs muren. Han fikk snudd fisken ned igjen og fikk den inn på bakevja. Her kjempa den litt før den seig inn på grunna. Fisken var ei kjempeflott blank hoe, brei over ryggen og skikkelig sid i buken og 116-117cm lang. Vekta er usikker sia fisken vart satt ut igjen, men ein plass mellom 14 og 17kg var den sikkert.

16.09 Var inn og var med på prøvefisket. Var kjøligt og med jevne små regnbyger. Bittet var elendig, så vi enda med 2 knøttsmå pjakker. Inge fikk ein på fluge i Malakoff og ein på spinner i renna nedanfor Skipenesbrua. Ej var bort i ein fisk ved Steinbordet på Skipenes.
 

 

OPPSUMMERING 2012

Året starta med utfisking av oppdrettslaks i fjorden etter at Dagmar hadde herja i jula. Det vart fiska opp nokre hundre fiskar, men der var nok 10-tusener som rømte. Offisielle tal enda på omtrent det som vart oppfiska, utrulig.

Forsesongen av aurefisket bestod for min del av 2 turer, med 2 aurar som resultat. Inge og Petter var ein god del turar, men dei fikk lite skikkelig fisk, det var mykje smått.

Laksen begynte som vanlig å gå tidlig, og allereie i slutten av april stod det mange laksar i Kastehølen. Allereie ifrå tidlig i mai begynte vi å sjå aure, av alle storleikar på bruene. Dette var noko heilt nytt, normalt er det berre laks å sjå så tidlig. Etter kvart gikk det store stimar med aure på elva, noko som er heilt eksepsjonelt. Vi såg også bra med laks og hadde tru på ei bra åpning.

Vi hadde ikkje kort på åpninga, men slapp til på Staten neste morgen. Her gikk det store stimar med ihjelsvoltne småaurar, og Inge fikk minst 50 på natta. Første helga vart det med eit par store, men slanke aurar, før vi på eit par timar helga etterpå fikk 3 flotte laksar på fluga på eit par timar. Helga etter beit auren igjen, men det var sørgelig å sjå på fisken. Blass, skrinn, full av lus og luseskader. Dette er forferdelig trist. Alsakerhelga ved jonsok var fisken rabiat, vi var i kontakt med mange laksar, men berga berre eit fåtall. I månadskiftet hadde det vorte rot med korta, og Inge og Petter hadde plutselig kort på søndag kveld. Det enda med Petter sin første flugelaks og to laksar på Inge.

Så hadde vi ein god dag i Stryn, før Bjørn ein stordag på Fossekanten med ny pers på 11,7kg. Så var det Driva med nokre flotte aurar, og ein mista kjempelaks. I månadskiftet fikk Sindre Moe ein flott aure på 7kg på Fossekanten, før Asbjørn avslutta med ein flott laks på Bjørlo. Så vart det slakkare med berre ein del mindre fiskar langs med, før Inge satte fluga i ein storing i dammen. Dette var ei flott hoe, så den fikk friheita igjen.

Sesongen enda som eit toppår, med rekordfangster av storlaks. Det triste var utvilsomt sjøauren som vart tvinga tilbake rekordtidlig og som var i elendig forfatning. Kombinerer vi lusetalla med antall oppdrettsfisk i sjøen, så var 2012 eit skrekkens år for både utvandrande smolt og for sjøauren i sjøen.

 

 

Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

02.02.2014