|
|
2011
05.02 |
Inge og Petter
hadde årets første auretur til Ørsta. Dei fiska nordsida. Dei såg ikkje
fisk, men fikk 2 aurar på ca 400g og 800g. Begge vart satt ut igjen då
dei var litt slunkne. Heldigvis hadde dei lite lus begge fiskane. Været
var bra, men dei fikk ein floding i det dei gav seg i 19-tida. |
18.02 |
Inge og Petter var
i Ørsta igjen. Sia dei jobba så var det nattfiske på badestranda, men
forholda var fine med -3 grader og bra vær. Petter fikk ein liten aure
på 200g som han satte tilbake, eller såg dei ikkje liv. |
19.02 |
No hadde sola dukka
fram, men det var mykje kaldere så det hjalp ikkje så mykje. Også i dag
var det badestranda, og ikkje var det så mykje meir liv, men dei såg i
alle fall 3 fiskar og Petter fikk ein på 750g. Den hadde ikkje lus. Det
var mykje mort på stranda. |
20.03 |
Inge i Ørsta ein tur, kun småfisk var inne, fikk 2
aurar på 6-700g som fikk friheten tilbake, samtidig mista han 3 fiskar
på samme størrelse. Han såg ingen tegn til at børstemarkklekking var i
gong i stort omfang i alle fall. |
16.04 |
Inge og Petter for oppover fredag, men kom ikkje
opp før det var mørkt, så det vart ikkje noko fisking før på morgenen.
Då prøvde dei i Fuglevågen. Men det var for mykje vind for å fiske med
fluge. Og makrell og sluk var den ikkje interresert i.
Ettermiddagen gikk dei inn på nederste vatnet i
Fuglevågen, men her var det heller ikkje noko å få.
På kvelden var dei i Fuglevågen igjen, no hadde det
spakna litt, og då fikk Inge to fisker på 1,06 og 1,08kg på fluge. Dei
var litt slunkne, men smakte godt kunne karene rapportere. |
17.04 |
Søndagsmorgenen var dei igjen i Fuglevågen, og
igjen var det for mykje vind og som i går heilt dødt. Så kjørte dei ut
og gjorde nokre kast på Dyrnes, før det fiska Hopen på floa i
10-11-tida. Men på Hopen hadde det vore dødt sia februar, så her var
ikkje noko å kjenne.
På kvelden var dei tilbake i Fuglevågen. Det var
fortsatt ein god trekk, men ikkje meir enn at det gikk bra å fiske med
fluge. Petter var den heldige denne kvelden å fikk ein flott aure på
1,8kg på fluge. |
18.04 |
Mandagsmorgenen var
dei både i Fuglevågen og på Hopen, no var det heilt dødt begge plasser.
Midt på dag gikk dei innover heiene langs Fuglevågselva, og fiska ifrå
vatn til vatn heilt inn på Sandvatnet. Inge fikk ein aure på 1,4kg i
øvre Fuglevågsvatnet på fluge, den var litt slunken og hadde stått ei
stund i vatnet, men god på smak. |
19.04 |
Planen var ein rask
morgentur i Fuglevågen før dei for heim, men dei såg ein del fisk så
trua var god. Men som dei andre morgenane så ville dei ikkje ta, uansett
kva karane bydde fram. Grunnen til at det var vanskelig var nok at det
var veldig stilt. |
21.04 |
Skjærtorsdag var det ruskevær, så Inge var heime og
tørka opp vogna etter at vinteren hadde fare stygt åt med eine
luftehatten på do. Men Atle og Bente tross skitværet og tok seg ein
fisketur. På badestranda i Stryn fikk dei ein aure på ca. 800g, mens 2
fiska fulgde etter sluken. Så fiska dei Loen og Olden, der enno ein aure
fulgde etter inn, men aldri tok. |
22.04 |
Langfredag var det
strålande vær, og Inge la ut på oppdaging. Han fiska Stryn, Olden, Loen,
Osvika på Eid, verftet og Stårheim. Det var strålande solskinn og ikkje
ei krusing på vatnet for heile dagen. Han verken såg eller kjende liv i
det heile tatt, nokon plass. |
|
Etter påske reiste
Inge og Atle ned til Leirvik i Sogn for å jobbe på nye Artus. Her kjørte
dei 12 på og 9 dager fri. På første turen rett etter påske prøvde dei
auren eit par tre ganger, Inge hadde ein etter, på max eit halvt kilo,
men eller såg dei ikkje liv. |
10.05 |
Inge he friveke og
starta med å fiske natta etter sjøauren i Nordfjorden. Han såg ein del
2-3kg fisk som hoppa, men fikk berre ein 30cm aure på Stårheim. |
|
Regnet og mildværet
dreiv elva oppover imot påske, før det flotte været kom i påska og
gjorde at vårflommen kom tidlig i år. Elva toppa seg seint andre
påskedag på 65,6 kubikk. Allereie langfredag såg Inge og Bjørn 2
fisker på Skipenesbrua, dei mistenkte at det var aure, men elva var for
stor til å sjå klart. Fiskane var 4-7kg. Endre kunne også melde om mange
flotte aurar i Hammarhølen i påsketider. I månedskiftet såg dei også
mange fisker som hoppa på vatnet.
Neste observasjon var på Osbrua 5.mai då der stod ein fisk på 5-7kg.
11 mai stod det ein laks på 7-8kg på Skipenesbrua. 13 mai vart det
observert 2 fiskar på Skipenesbrua, ein på 2kg og ein på 4-5kg. Truleg
var det aure sia dei var så små. Fiskane gikk vidare etter berre nokre
minutt. 14 mai var der 3 lakser ved Skipenesbrua, 10-11kg + 2 på ca
7kg, og ein 7kg på Osbrua. Seinare på dag såg Inge ein laks på 7kg i
Åbrekkhølen. 15 mai såg Henning ein stor laks i Vereidehølen. Det stod
også ein laks på 8-9kg på Skipenesbrua, mens Atle såg ein fisk som hoppa
på vatnet. 16 mai såg Inge ein laks på 11kg i Åbrekkhølen og ein laks
på ca.5kg i Hammarhølen.
20.
mai var eg tilbake i Norge og 22.mai var eg komen på Skipenesbrua. Var
ikkje noko å sjå først, men plutselig var ein fisk oppi og slo med
sporden å avslørte seg, så då fant eg den. Såg ikkje så stor ut i
begynnelsen, men den stod slik til at det var vanskelig å sjå den. Men
etter kvart flytta den seg bakover så eg såg den betre og då vart vekta
anslått til 7-8kg. Etter dette flytta den seg over på leirbota på
Skipenes-sida, og då vart den veldig lett å sjå. Så då tok eg kameraet
og knipsa eit par bilder igjennom solbrillene mine. Mange misslukka
bilder, men også nokon bra.
26.mai var det fisk på begge bruene.
28.mai stod det 2 fisker på Skipenesbrua, ein på 6-7kg og ein diger på
20kg+.
29.mai såg vi 2 fisker i Vereidehølen på Langeland.
30.mai såg Inge 5 store fisker på Skipenesbrua, alle over 15kg. På
Osbrua stod ein på 10kg, seinare på kvelden var der 7 lakser på 5-10kg.
31.mai var det 2 nye lakser nedanfor Skipenesbrua, 8-10kg, foran brua
stod 2 av dei minste igjen, dei største var borte. På kvelden var der 2
laksar på 13kg+ nedanfor brua. |
01.06 |
Eidselva Alsaker 00-02 |
Det
hadde sett veldig lovande ut med masse observasjoner av fisk til tross
for stor vannføring, noko som vanligvis hindrer mange observasjoner. Men
på den andre sida hadde været siste tida vore kaldt og vått, noko som
ikkje er bra for bittet. Klokka 21 pakka vi på oss mange lag og fylte
sekkane med mat og fiskeutstyr å kjørte nedover. Elva gikk med ca.44
kubikk og temperaturen var moderate 6,1°C i vatnet og i lufta var det
omtrent det samme.
Klokka
24 fordelte vi oss utover for å starte sesongen.Sindre på Fossekanten,
Bjørn i Fåhølen, Asbjørn nedenfor fossen, Inge på Sanden og eg i
Vaskeplassen. Inge var den første som var i kontakt med fisk, ved
steinen på Sanden tok ein mellomlaks fluga hans. Fisken oppførte seg ok,
og etter ikkje lenge kunne Inge dra årets første laks fram på grusen.
Laksen var ein fin laks på 5,3kg. Den hadde stått ei stund og var
lusfri.
Sindre sleit raskt, så Bjørn tok over på Fossekanten, og ikkje lenge
etter tok ein fisk marken til Bjørn. Fisken rasa ut, rulla rundt og vekk
var den. Etter dette vart det mørkt og vel kjølig, så vi konsentrerte
oss om grilling og mat til det lysna igjen.
I lysninga gikk Inge framover igjen, mens eg gikk nedover litt
seinare. Fossekanten var død, så eg gikk nedom fossen. Inge kom nedover
og passerte bak meg når eg var komen ned imot buda. I det han var vel
komen ut av syne så plukka noko borti med meg. Eg avventa når det vart
dødt igjen, men slo til når det var liv i snøret igjen. Fisken var
rolig, og eg tippa den til 5-6kg, men når eg stramma opp for å få den
over på mi side så seig den berre framover. Her gikk den fram på sida av
ein stein så ej slakka på for å få den til å sige unna, men då seig den
tilbake, berre nokre meter nærmare meg. Eg prøvde igjen å få den over,
men igjen skjedde det samme, og no gikk den fram på sida av den store
steinen midt i elva. Igjen slakka eg på for å hindre sena å huke på
steinen, men då seig fisken bakover igjen. No var den komen inn i
bakevja bak steinen, så eg stramma opp igjen og no kom den sigande over
bakevja, og eg begynte å lure på om det var ein 2-3kg aure. Inne i
straumen på mi side kjørte eg den hardt for å hindre at den ville
nedover og lykkast med å få den fram i bakevja. Her gikk den uten nokon
store utras til den begynte å verte klar for landing. Den velta seg
borti og eg såg det var nok betre gjetta på første forsøket. Tenkte på å
bruke håven, men fant ingen grei plass å bruke den. Så bikka fisken over
på sida og ej såg den var større enn antatt.
Eg
drog den opp mellom eit par steinar og greip den rundt sporden og lempa
den inn på land. Laksen var 99cm og vekta viste 9,6kg.
Inge kom fram igjen like etter og han kunne fortelle at han hadde
fått sin andre for dagen nede i Bruce. Fisken stod bortunder land på
andre sida og Inge hadde ein stri tørn med å få den over på sin side,
men det gikk bra og han kunne kleppe den like etter. Vekta viste 7,2kg.
Eg gikk fram og fiska heile veien ifrå Øyrane til bak Bruce, men det
var dødt, så eg gikk fram igjen på Fossekanten å fiska over der før eg
pakka sammen å tok ei pause. Men før eg gikk kunne Inge rapportere at
Sindre hadde fått ein regnbueaure på Sanden, foran hola. Denne var
1,44kg.
På ettermiddagen var vi tilbake i elva, det hadde begynt å regne, så
langt ifrå ideele forhold. Etter
ei runde framme uten resultat var det middag på grillen og ei lang
pause. Etter kvart begynte Bjørn på igjen i Fåhølen, og når han kom
bakpå hølen så beit det. Fisken var oppe og rulla og kom sigande
framover, men plutselig kom kroken og Bjørn hadde mista sin andre fisk
for dagen. Etter dette fiska eg meg nedover, men kjende ikkje noko før
ej kom ned i Vaskeplassen. Her var noko borti å plukka innunder land, eg
gav slakke og god tid før ej slo til. Fast fisk. Den var veldig sprek,
men eg forstod raskt at den ikkje var veldig stor. Trudde ei stund det
kunne være ein aure, men når den var klar for landing så såg eg at det
var ein laks. Eg synes den var for liten for datoen og gikk over den, og
korrekt der var mange tegn på at det var ein oppdretter på 2,3kg. Derfor fortsatte eg å fiske meg nedover gjennom Bruce og bakpå
Bruce før eg gav meg for å sove litt før neste kort. Dei andre pakka
også sammen og gav seg samtidig. Prøvene viste i ettertid at den var
vill.
|
02.06 |
Eidselva Staten 02-14 |
Neste morgen starta Inge kl.2 (han var utkvilt), mens eg starta i
4-tida. Ej starta på flata foran brua før ej gikk fram på fremste å
prøvde der, men det var dødt begge plassane. Eg fortsatte nedover til
Hesten, og her var noko borti å plukka to ganger, men eg greidde ikkje å
få det fast. Siste gangen var eg godt borti så då trudde eg sjansen var
gjort, men etter nokre kast plukka det igjen. Ej gav masse slakke og gav
den god tid, og bang så slo eg til. Fisken sat og kjentes bra ut...ei
lita stund før den kom opp i overflata og eg drog den skvettande mot
meg. Eg håpte det var ein fin aure, men når den kom inn så såg eg at det
var ein regnbue. Eg letta haudet opp av vatnet, gikk ned i vannkanten og
håva den. Og korrekt, regnbue, slank og stygg fisk på 1,1kg. Når eg kom
ned igjen til brua så kom Finn Berg på andre sida for å fiske ifrå
brygga. Ej gikk ned på brua og då ropte han at han hadde fisk, men like
etter ropte han at den for. Ej stod å såg på han litt før eg gikk å såg
på nedsida av brua, men då ropte han igjen. Denne gongen sat den og eg
gikk over for å bistå om nødvendig. Det enda med at eg fikk telefonen
for å filme kjøringa, og etter ein rolig kamp drog han rolig ein laks på
6,6kg fram på graset.
No
kom Inge fram igjen, men han hadde ikkje noko nytt å melde. Vi fiska,
preika og drakk kaffi til klokka var 8 då Inge fiska renna nedanfor
brua, mens ej stod på brua. I det ej gikk av brua slo det på ein fisk
med Inge, uten at eg såg det, så eg fiska nedanfor brua mens Inge kjempa
med fisken 50m lenger nede. Fisken gikk framover og Inge fikk pressa den
opp på grunna, og etter ei stund gikk den nedover og var nesten ned til
øya før Inge fikk snudd den. Han kjempa ei stund med å få den fram
igjen, og etter ei stund greidde han det. Fisken rota litt utføre før
Inge fikk kleppa den og lempa den inn på land. Laksen hadde mykje
garnskader og samtidig var ein del finner runda, så vi er ikkje sikre på
om det er ein oppdretter eller ikkje, men det vil skjellprøva vise.
Laksen vog uansett 7,46kg. Prøva viste vill.
Seinare på formiddagen tok Finn Berg ein fisk til nede ved øya, denne
var omtrent som den første. Eg kjende ikkje noko meir. Bjørn fiska
ikkje denne dagen. |
03.06 |
Eidselva Staten 02-14 |
Eg drøya avreise til utpå morgenen og var ikkje komen i fiskinga før
klokka var over 06.
Eg
fiska over området foran brua før eg kjørte ned i Malakoff. Der møtte eg
Erik og vi sat eit par timer å preika. Så fiska eg over før eg kjørte
fram igjen. Her hadde Vingen fått seg ein fisk på 6-7kg og ein kar
til(som forresten fiska ulovlig) hadde vore borti ein. Eg fiska ivrig på
brygga, men det var rolig. Så kom Inge og han såg ein som blenkte rett
bortfor brygga. Ej fiska lenge på denne, men kjende ikkje noke. Siste
minutta fiska eg bakpå igjen, og no var noko bortpå, men eg greidde ikke
få det fast. Inge fiska Bjørlo og det var dødt der framme også, men
når han stod framme på neset og fiska borti med diger slakkebukt, så var
noko bortpå. Inge slo til og det var fast fisk. Endre sprang etter
kameraet og fikk akkurat starta det då kroken kom. Utpå formiddagen fiska han Forbygginga og heilt bortunder land tok det
ein fisk. Inge måtte bruke rå styrke og dra fisken oppå vatnet for å få
den over på si side, Og til slutt greidde han det, og han kunne kleppe
årets 4.laks.
Bjørn fiska Stokkenes, her fikk han ein mindre og skrinn sjøaure som
vart satt tilbake, og ein
regnbue på 0,8kg. På kvelden fiska Inge Stokkenes, men han kjende
eller såg ikkje fisk. |
04.06 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Så skulle eg prøve meg framme i
elva. Eg hadde ikkje stortru, men her var fisk, så ein sjanse skulle her
være. Ej starta seint sia det regna på natta, men var på plass i elva
før 6. Fiska mest i Skulehushølen, men prøvde både innløpet til
Svarthølen, Svarthølen, Utfalle og Granhølen. Ej hadde på ein liten
Honndalsaure, ellers var det heilt dødt. Ej pakka sammen i 1 tida for å
rekke å kjøpe kort for morgendagen. Bjørn og Petter var på Stokkenes,
og her var det heilt dødt. Inge fiska ikkje denne dagen. |
05.06 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Eg hadde enno dårligare tru i
dag, men hadde planlagt å prøve nedre delen i dag. Inge hadde starta
tidlig, så eg ringde han på vei nedover. Han hadde fiska seg nedover og
var no på vei fram på fremste, så då ombestemte eg meg også. Eg starta i
Skulehushølen med å fiska utfor bua og utløpet med fluge, men den ville
ikkje ha det eg bydde fram. Så prøvde eg makken i Svarthølen mens Inge
fiska innløpet i Skulehushølen med fluga. I det ej kom fram i Svarthølen
så trakka eg hælen av vadeskoa, dei tålte tydeligvis ikkje dei nye
skoreimene. Men ej fikk i alle fall napp, om ikkje anna enn av ein
Honndalsaure. Nede i Skulehushølen fiska eg med lettestanga og drog ein
Honndøl til, men dei store viste seg ikkje. Klokka bikka 10 og Inge
ville nedover igjen, men sia skoen min var øydelagd så pakka ej sammen å
gav meg. Bjørn fiska Moen, men her var elva for stor og det var
vanskelig å fiske. Han kjende ikkje liv.
Petter fiska Stokkenes, men også her var det dødt. |
11.06 |
Staten |
Fredag kveld fiska Bjørn
Langeland, men det var heilt dødt. Eg og Bjørn skulle prøve oss på dei
store pinselaksene når dei kom sigande. Eg starta klokka 3 med å fiske
over flata og fremste med fluga, men det var dødt. Gikk så over på makk,
var borti noko i Hesten, men virka smått. Etter kvart dukka Bjørn opp,
og då kom fisken også. Det var først oppe ein pjakk å hoppa, så ein
laks, så ein fin aure. Bjørn var borti ein fisk, men den stramma berre
opp og slapp. Også karen vi fiska sammen med var borti ein fisk. Ej var
også ned i Malakoff å prøvde før eg slutta av, men der var ikkje noko å
kjenne. Eg gav meg for å sove ein time før vi reiste i selskap til Dina.
Petter fiska Stokkenes, men her var det heilt dødt.
På ettermiddagen fiska Petter Stokkenes, men også no var det dødt. |
12.06 |
Stokkenes |
Kom meg til slutt ned i 6 tida.
Her starta ej i Myrahølen, men her var det dødt. Flytta fram i
Hildehola, fiska så foran Åbrekk, men dødt. Fiska så Åbrekk, men her var
draget så hardt at eg berre gav opp og gikk ned i Myra igjen. Her kom
Petter, og han fikk to Honndalsaura, men større fisk kjende vi ikkje.
Flytta fram og fiska Mastehølen til Øya, men kjende ikkje liv. Prøvde
ein gong til i Myrahølen, men det var ikkje liv. Bjørn fiska
Langeland, og her stod det fisk. Spesielt ein fisk stod ideelt til foran
steinen på brekket, men Bjørn fiska på den med alt han hadde, men den
ville ikkje ta samme kva Bjørn bydde den. I 8-tida satte Bjørn fast ved
fisken og sleit. Når han gikk for å knyte opp igjen såg han at fisken
var vekk. No hadde ikkje han fleire raudemakkar så han prøvde uten. På
vei fram såg han ein fisk innunder land, sikkert samme fisken, og på
andre kastet beit den. Fisken raste nedover og Bjørn holdt det han turde
og fikk stoppa fisken heilt bakpå. Sakte fikk han den framover, men
plutselig kom berre kroken. Fisken vart anslått til 15kg.
På kvelden fiska Inge Langeland, og han såg 6 fisker som stod her.
Han fiska på dei med nesten alt han hadde, men den ville ikkje ta. Til
slutt satte han på den største raude jiggen han hadde, og då begynte det
plukke borti, men dei ville ikkje ta skikkelig. Etter middag og utover
natta var det heilt dødt. |
13.06 |
Langeland |
Eg
kom ned når klokka var vel 5 og då møtte eg allereie medfiskeren min, då
hadde ikkje han tid til å fiske meir. Men han hadde vore i kontakt med
to fisker, først ein mindre aure på fluge og like før hadde også han
hatt på den fisken Bjørn hadde på, no på sluk. Men den hadde lurt også
han. Eg prøvde det meste, var så vidt i eit kvart bakpå hølen, men fikk
det ikkje fast. Til slutt kom fisken tilbake foran steinen igjen, men
den ville ikkje ta. Drog over ein sluk før ej for fram for frokost og då
flytta den seg uten at eg fant den igjen. Når ej kom ned igjen fant eg
den på bortsida av svarta bakpå, men den ville ikkje bite. Etter kvart
vart det sommar og halv to pakka eg sammen. Petter fiska Stokkenes
uten å hverken sjå eller kjenne liv.
Bjørn fiska Staten, og her var det mykje liv, det vart tatt ein laks
på 6,1kg her, men Bjørn kjende ikkje noko.
Inge fiska Bjørlo, og på natta tok ein laks makken hans uti
Skulehushølen, men etter ei stund slapp den. Men like greitt meinte Inge
sia den sikkert ikkje var meir enn 4kg. Så fiska han seg heile veien
nedanfor, men her var elva for stor dei fleste plassane. |
18.06 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Inge tjuvstarta med å fiske
Hjelle ifrå kl.16 på ettermiddagen, og fisken var godt i bittet. Først
beit ein sjøaure på Utfallebakkane, fisken var stri og Inge sleit med å
få den på land, men til slutt fikk han dradd ein flott aure på 4,74kg
fram på graset. Seinare fiska han Pina med fluge når ein laks gikk til
angrep på fluga. Først bomma den og gikk 2 meter til værs og holdt på å
lande inne på land, men på neste kast traff den og etter ei grei kjøring
kunne Inge lande ein fin laks på rundt 4,5kg og 77cm. Fisken var ei
flott hoe, og sia den satt laust og berginga hadde vore skånsom så
bestemte han seg for å sette den ut igjen. Ej og Petter starta kl.02
med å fiske fremste delen, men no var ting rolig. Vi fiska strekket ifrå
fremste grensa til og med Granhølen. Det var veldig dødt, men nokre få
fiskar var oppi å viste seg, men dei ville ikkje bite. I halv 8 tida
ringde Petter Inge, somvar nede på Jo-Utstikkaren, men han også melde om
svart hav. Etter at dei hadde lagt på så la Inge ut fluga og ein diger
aure på minst 6-7kg prøvde seg, men den vart ikkje fast, men han ringde
opp igjen for å melde ifrå.
Dermed
så fikk vi trua og håp om at det kom fisk sigande, men etter eit par
timer uten liv så miste vi trua. Sia ej berre hadde sove 1,5t så var eg
sliten og når Petter ville nedover og fiske midtre delen så kjørte eg
ned på nederste å fiska raskt over før eg gav meg.
Samtidig som eg fiska her nede så kom det melding ifrå Inge om at han
hadde fått ein aure til, på Jo-Utstikkaren, men det var ikkje den store
som hadde tatt makken, men ein fin aure likevel på flotte 3,94kg. Etter
dette fiska Inge og Petter eit par timer til, men det vart ikkje meir. |
18.06 |
Eidselva Langeland 14-02 |
Ly ville være med på fiske
også, så ej fikk eit kort på Langeland. Her fiska vi først grundig over
framme i innløpet og i hølen før vi slapp til å fikk prøve utløpet. Her
var ein fisk bortpå å plukka på eit av første kasta, men det vart med
den eine kontakta. Vi prøvde oss ned på steinen i svingen, men her var
det også dødt. Vi ville prøve utløpet ein siste gang med haspel, og
etter nokre kast hoppa det framme i hølen. Så vi gikk fram der å fiska
over før vi avslutta med å fiske utløpet ein gong til. No var vi trøtte
og leide, så vi pakka sammen og for fram igjen. Her venta Inge og Petter
med hjortemår, så vi sov godt når vi til slutt kom oss til køys. |
19.06 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Inge, Petter og ej skulle no
være på samme side, men sia ej kun sov 3t totalt natta før og ikkje var
i seng før klokka nærma seg midnatt, og værutsiktene lova betre forhold
seint i kortet, så lot eg Inge og Petter styre seg, mens ej sov til
06.45.
Ej
ringde Inge mens ej åt frokost, og han kunne melde om at dei hadde fiska
framme, men det hadde vore lite å kjenne til tross for ein del hopping.
No var han i midtre, mens Petter sov i bilen. Sia han såg ein mann til
der og at dei ikkje hadde vore framme sia kl.06, så bestemte eg meg for
å stikke fram igjen. Men først kjørte eg på bruene for å sjekke
oppgangen. På vei fram igjen i 08.30 tida så ringde Inge, då hadde han
fått ein pjakk på 2,86kg i Forbygginga. Fisken hadde slukt så han fikk
ikkje satt den tilbake, så han var letta over at vekta var under 3kg.
Når eg kom fram så fortsatte hoppinga, men det gjorde også fraværet
av napping. Drog snøret over ryggen på eit par framme i hølen, men det
var alt. Petter kom ned litt før kl.11 og kjende straks fisk i
Granhølen. Seinare var han i to fiskar her nede, men dei ville ikkje
sitte. Vi drog det heilt ut til kl.14, men fortsatt dødt. Når vi kom
fram igjen hadde Ly noodler klar til meg, men Inge hadde grilla pjakken,
så det vart dobbel middag. Så stressa vi å rydde sammen for det tjukna
til med regn og torden, men det begynte å regne før vi fikk alt ut i
bilen. |
|
|
20.juni.
Inge fiska Bjørlo på natt til mandag, og skulle ha fleire medfiskere,
men såg kun eine ei lita stund i løpet av 12t på fremste. Det var skodde
og disigt, så Inge hadde dårlig tru, men der var mykje fisk oppe å viste
seg. På første overfaret fiska han utløpet med minimalt med bly når det
plutselig røska til i andre enden. Inge slo til, men ingen ting i andre
enden. Han sjekka kroken og alle dei 3-4 makkene som var på både kroken
og sena var totalt vekk, ikkje ei fille igjen. Etter ei stund gikk han
fram på neset imot innløpet og fiska midten på hølen. Her var noko
bortpå å plukka, og Inge slo til. Etter ei grei kjøring landa han ein
fin aure på 2,86kg. Litt seinare fiska han seg nedover til Granhøen, og
her beit det igjen. Denne vog flotte 1,84kg. Utover formiddagen kom det
ny fisk med ujevne mellomrom sigande og var oppe å viste seg. Dette var
både laks og aure, ifrå 2 til 10kg. Inge var her framme heile kortet,
men til tross for stadig ny fisk så kjende han ikkje meir fisk.
20.juni. Inge fortsatte på Bjørlo, for å snu døgnet som han sa, men trur
nok det var det at han såg mørkt på 26t uten fiske. Men det var heilt
dødt no, sikkert på grunn av klarvær, nordlig vind og elva ned 3 grader
til berre 7grader.
21.juni starta Inge fisket på Hjelle. Været var nydelig, med sol og
18 grader, vinden hadde løya i forhold til i går, så elva var tilbake
over 10 grader. Han starta berre med fluga fram til klokka var vel 21,
men det var heilt dødt. Etter det gikk han med makken, men det var like
dødt.
22.juni på natta fortsatte Inge på Hjelle, men det var like dødt som
kvelden før.
22.juni på kvelden starta Inge på kort 2 på Hjelle, men det var ikkje
noko meir fart i ting denne kvelden heller i nordavinden.
23.juni på natta fortsatte Inge på Hjelle. Siste natta og morgenen
sov Inge lenge, for det virka heilt dødt over alt. |
24.06 |
Eidselva Alsaker 14-00 |
24.juni starta ej sammen med 5
blad Refsnes. Det virka lovande for Sindre Mo fiska før oss og kunne
melde om 20 hopp på Sanden og mange napp nedom fossen, så sjølv om dei
berre hadde fått ein aure på 1kg så var der mykje liv. På første
overfaret fikk eg 2 småaurar som begge var fulle av lus, mellom 30 og 50
pr.fisk. Seinare lånte far stanga og fikk enno ein. Ikkje bra at fisken
kjem rett tilbake til elva etter å ha gått ut. Inge fikk 3-4 småaurar,
men desse hadde stått i elva ei stund og var lusefri, men dei hadde hatt
ein del lus. I 21-tida såg Sindre ein fisk på ca.4kg som hoppa i
Vaskeplassen. Vi starta å fiske oss nedover imot fisken, og på Svadet
var noko borti med meg, men den vart ikkje fast.
Når
ej var komen ned til Vaskeplassen så stod der folk, så ej gikk fram
igjen. Og her hadde Bjørn akkurat hengt opp ein laks som han hadde fått
på Fossekanten. Fisken hadde tatt bakpå og vart kjørt beinhardt av
Bjørn, og etter ein grei fight så kunne Ståle bære den opp på berget
etter at Bjørn hadde dradd den heilt opp til gjerdet. Laksen vog 3,8kg.
Inge fiska seg nedover, og ved Storesteinen hogg det i. Inge slo til
og det var fast fisk. Fisken gikk ned i djupet og Inge greidde flytte
den 2 meter dei første 5 minutta, så kom berre kroken, det var nok ein
bra stor fisk. Han fortsatte nedover og var i kontakt med ein fisk i
Vaskeplassen, før han i Bruce igjen slo fast ein fisk. Fisken kom berre
oppi, rulla rundt og var vekk. Vi hadde oss ei runde til der det var
heilt dødt, så det vart grilling av mår før ej og Ly for fram igjen.
Kjell Tore fikk to aurar på 5,2kg og 8,1kg på Fossen, mens det på Staten
var tatt ein også på 8,1kg. |
25.06 |
Eidselva Alsaker 00-24 |
Inge og Ståle holdt på natta
igjennom, men når vi andre kom ned igjen så hadde det vore heilt dødt.
Ej kom i elva 07.30 og fortsatte til rundt kl.11, men det var heilt
dødt. Utover dagen var der folk i elva meir eller mindre heile tida,
mens ej holdt meg unna. Etter middag for ej i elva rundt kl.20.30 og
fiska til klokka var 01, men det var veldig stille og rolig. |
26.06 |
Eidselva Alsaker 00-14 |
Ej sov veldig godt og vakna
kl.08.30 og sjekka telefonen for å sjekke tida. Der var det ei melding
ifrå Tore med bilde av ein fisk. Ej åt og gjorde meg klar til å fare
ned, snakka med folk og dei sa Ståle hadde nettopp kome opp igjen.
Synes
det var rart om dei fiska, men forklaringa fikk ej når ej kom ned. Tore
hadde fiska på Sanden når ein fisk var bortpå, han slo til og det var
fast fisk. Fisken var stri og den stakk nedover, men Tore fulgte etter
og fikk landa fisken rett overfor brua ned på øya på Bjørlo. Og då
forstod han kvifor den var så stri, den var nemlig fast midt bak på
sida. Laksen var feit og fin, men ikkje større enn 3,9kg. Natta ellers
hadde lite skjedd, men Inge hadde hatt på ein fisk nedfor fossen. Snøret
hang rundt fremste steinen når den tok, og falt av etter å ha rulla
rundt ein gang. På morgenen hadde Endre fått sin første laks på 6,7kg i
Granhølen. No skein sola og forholda var vanskelige, men ej fiska meg
nedover. Ej var i kontakt med fisk både nedfor fossen, ved Storsteinen
og i Bruce, men ej veit ikkje kor store dei var, virka små. Sindre kom
ein stund bak meg og kunne melde om mange småaurar ved Storesteinen, så
det var sikkert dei ej var i kontakt med. Ej fiska over framme i det det
skya over i 12-tida. Ej fikk ei honndalskrede på fluge på Øyrane, ellers
var det dødt. Ej gikk bort på kanten av hola på Sanden og kikka nedi, og
det mangla ikkje på fisk. Her stod fleire fiskar, men uansett kva ej
baud dei så nasa dei ikkje etter det. No var klokka over 13 og vi pakka
sammen. |
01.07 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Ej hadde bilen på service på
torsdag, så vi stakk inn til Eid etter det. Her hadde regnet før i veka
gjort at elva hadde stige til 47 kubikk igjen. Ej prøvde å kome meg ned
til kl.2, men var vel eit kvarter eller så for sein. Starta med å sjekke
temperaturen, og denne viste berre 6,3 grader, så då datt trua, men det
hadde vore stilt på vatnet, så ej håpte på at det ville stige. Ej starta
med fluga og fiska utløpet, men det var dødt. Tenkte så at ej ville
prøve makken før det lysna, og allereie på første kastet var noko borti
å plukka. Var borti det eit par ganger til, men den ville ikkje ta
skikkelig. Fiska meg så bortover brekket og siste kastet før ej ville
sette på meir bly så beit det 10m foran steinen bakpå brekket. Ej slo
til og det var fast fisk.
Fisken gikk ifrå meg og eg tenkte på Rune som
hadde fått sena rundt steinen etter at den gikk utfor på åpninga. Derfor
kneip eg rundt spolen og holdt. No kom fisken oppi og rulla mens de
dreiv nedover. Men no såg eg i allefall kvar den var, og ej kunne slippe
litt opp når ej såg den gikk klar steinen. Dette følte fisken og den roa
seg. Ej holdt fortsatt godt press for å hindre at den gikk unna, og
dermed seig fisken inn på grunna. Ej begynte å rygge fisken opp i hølen,
og dette gikk veldig greitt. Til slutt var eg komen fram så eg berre
kunne svinge fisken inn i slippen, her stoppa eg og pumpa fisken siste
stykket. Den fikk litt slakkare brems så den gjorde eit par små utras,
men etter eit minutts tid så kunne eg svinge meg rundt og slippe den opp
på grusen. Fisken var ein nydelig feilfri aure på flotte 4,9kg, og hadde
nokre få små lus. Etter dette fiska eg i området her til klokka var
snart 11, men det var heilt dødt. Såg ein fisk som hoppa i 9-tida, men
den ville ikkje ta. |
02.07 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Vi kokte middag til alle kom,
og etter å ha ete for Inge og Petter på Hjelle. Her fikk Petter ganske
raskt ein aure ved Jo-utstikkaren, den stod heilt bortunder Bjørlo, så
Petter hadde ein stri tørn med å få auren på 3,14kg fram og på land.
Seinare fikk også Endre ein aure der, denne på ca.3,5kg. Ej kom ned i
Skulehushølen kl.02.30 og fiska her med makk og Utfallebakkane med fluge
før Bjørn dukka opp. Han kunne melde om at danske-Erik hadde fått 2
lakser på fluge på Alsaker ifrå 02.00-03.30, så vi bestemte oss for å
stikke nedover etter å ha snakka med Endre og fått ein litt anna
virkelighetsbeskrivelse enn den Inge hadde gitt. Inge fikk ein aure på
2,7kg ved Jo-utstikkaren i 3-tida.
Når vi kom ned så såg ej ein stor fisk som låg på målebenken ved
Måløyhytta, dette var ein hann-laks på 112cm og 13,5kg. Ej fiska
Måløyhølen og Øyrane med fluge mens Bjørn raskt fiska seg heilt ned til
Fossekanten. Ingen av oss kjende noko før vi møttes i bua på Øyrane.
Bjørn hadde fiska her på vei nedover, så ej sa ej ville prøve kjapt med
makken før vi gikk framover. På første kastet nappa det og ej slakka.
Fisken plukka vidare og ej slo til. Kjende ej var i fisk, men det vart
slakt. Sveiva inn og der var ingen krok. Fiska meg nedover og var borti
ein fisk til, men denne var meir forsiktig. Bjørn fiska kjapt over, men
kjende ikkje noko og gikk framover. Ej ville vente litt å så fiske over
ein gang til. Også denne gangen var noko bortpå, men fikk det ikkje
fast, så ej satte på meir bly for å fiske meir borte i straumen. På
første kastet tok ein aure bakpå, ikkje stor, men fant ut ej ville ta
den med til Ly. Fisken var 41cm og 560g. Like etter ringde Bjørn, han
hadde slite på ein laks Dynga. Fisken var 4,5-5kg og sleit når han
skulle kleppe den.
Vi gikk over høgda og fram i Ny-Ledet, her prøvde ej fluga og så
makken. På fluga var det dødt, men på makken var det noko som plukka
fleire ganger. Men det var ikkje tale om å få det fast, så ej sa at
Bjørn måtte prøve han som hadde litt lettare vegn. Først kasta han 2
kast for langt, så ej sa kortare, men då vart det for kort. På 4 kastet
traff han og ej sa pass på. Bakpå nappa det i med han og han slo til.
Fast fisk. Fisken rasa fram under straumen så sena laga ein kvit strek i
vatnet. Bjørn fikk inn nokre meter, men det henta fisken raskt tilbake
når den raste nedover igjen. Så svinga den inn imot oss og rulla rundt
nede i vatnet slik at ej såg den ikkje var for stor.
Bjørn fikk nokre
meter til, og fisken var no komen fram til oss. Så snudde den og gikk
bakover mot brekket. Bjørn kjørt hard brems, men fisken fikk mange
meter. Bjørn vart nervøs og spurte meg om han skulle låse spolen, men ej
sa nei. Fisken fortsatte å rase ut og sena stila imot brekket, og no var
det meir sene ute enn lengda bak på brekket. Men fisken stoppa og sena
kom ut av vatnet, det viste seg at den hadde danna stor bukt og at
fisken stod borte under hovedstraumen. Bjørn pumpa fisken inn, og no
hadde den tagna ein del. Inne i bakevja kjørte Bjørn fisken hardt og den
kom opp å hoppa. Ej skulle håve, men såg ikkje fisken så Bjørn vart litt
stressa. Men fisken var ikkje heilt klar å rende seg opp i steinane, no
såg eg kvar den var og var klar, men fisken fikk snudd ut igjen og stod
på sporden før den hoppa imot djupare vatn, men der var eg med håven og
hindra meir renning. Laksen var i flott hold, men ikkje større enn
3,84kg. Ej prøvde litt til, men no var det dødt.
Prøvde så ved Linja og i Hjellehølen med fluga, men dødt. Prøvde også
makk og sluk i Hjellehølen, men ingenting. I Forbygginga var elva stor
så ej kasta bort i stilla i osen for Stampe-elva, og makken gikk flott
nedover langs land. Midt bak i hølen nappa det skikkelig og ej slo til.
Fast fisk. Den seig sakte framover i 3 sekund før den bråsnudde og raste
nedover. Ej holdt rundt sena, men det vart fort varmt så ej trykte
tommelen på spolen og holdt. Men stanga gikk heilt ned og sena raste ut
igjen. Ej bremsa med tommelen, men det vart fort bremmheitt og ej måtte
la den få kolne før ej kunne presse igjen. Men igjen raste den
nedover og igjen måtte ej slutte å bremse for å kjøle fingeren. No drog
ej på meir bremse, men fisken drog fortsatt ut. Ej tenkte springe etter,
men det var for mykje skog. Så tenkte ej på å gi frislipp, men då vart
det slakt i enden. Sveiva inn og alt hadde holdt, så det var haldet i
kjeften som svikta. Prøvde ei stund til, men var ikkje meir å kjenne.
Prøvde nokre få kast i nedre linja og i Måløyhølen, men var så heit og
lei at fiskinga var lite effektiv. |
02.07 |
Eidselva Hjelle 16-00 |
Etter å ha sett første etappe
av årets Tour de France og ete laksen til Bjørn grilla, så skulle eg
endelig fiske Hjelle på stor elv, sammen med Inge, Asbjørn og Rune
Rindal. Petter for på Alsaker. Vi kom ned i 20-tida og vart møtt av Asbjørn som hadde holdt på
sia kl.16 uten resultat. Inge fiska først på Jo-utstikkaren før ej
prøvde der, mest for å lære, men ingen kjende noko. Inge gikk ned på
Pina, mens ej gikk fram i Skulehushølen. Her starta ej midt på og fiska
meg sakte nedover. Men vart snakkande med alle, så det tok bra med tid.
Var borti noko lite med det samme inne på grunna, og etter kvart var det
noko som plukka bak på ryggen før utløpet, men fikk det ikkje fast.
Etter kvart var eg komen bak til buda og fiska utløpet, og første
skikkelige kastet var noko bortpå å nappa skikkelig. Ej gav slakke og
fisken nappa når ej stramma opp igjen og gav tilslag. Fast fisk. Fisken
var rolig, men tung og eg konkluderte med at det sikkert var laks. Ej
snudde meg fram for å sjå om Rune hadde oppdaga meg der han stod i
midten av hølen, men det hadde han ikkje. Ej sjekka fisken igjen før ej
kikka på Rune igjen, og sia han ikkje såg så ropte ej på han, men då
slapp fisken. Ej fiska ut utløpet, men kjende ikkje meir. Gikk så ned
å fiska Utfallebakkene, men elva var litt stor så det var vanskelig.
Gikk så ned i Granhølen, denne såg veldig forskjellig ut ifrå denne
sida, ifrå Bjørlo virker den djup og vanskelig å komme ned i, men her
var den grunn og lettfiska. Fiska med få kast og bakpå var noko bortpå å
nappa skikkelig og ej gav slakke. Tok igjen sena og fisken var der enno
så ej slo til. Fast fisk. Fisken rulla rundt og viste seg fram som ein
aure på 6-7kg. Ej ville ikkje meinholde når det var greitt å springe, så
eg fylgde den nedover, men då roa den seg raskt. Ej ropte på Inge som
straks leita fram kameraet og kom springande over marka. Ej sveiva
fisken framover og den kom flott. Når den var rett utfor meg så stilte
den seg opp på utsida av eit par steinar og stod der. Ej stod berre å
holdt då fisken begynte å rulle igjen. Etter 2 runder kom kroken og det
hørte nok dei fleste i elva. Vi fiska vidare utover kvelden, men det
var dødt, men på Alsaker beit det, og her kunne Petter rapportere om ein
flott laks tatt ved Storesteinen. Han måtte ned i Vaskeplassen for å
berge laksen på 6,3kg. Det skya over og vinden auka på, og litt før
midnatt så begynte det å drople. Ej pakka sammen, mens Inge ville ta
Jo-utstikkaren ein gong til. Asbjørn ville sove ein time i bilen og
fiske natta. Endre kom ned før Inge var ferdig og då vart klokka 3 før
han kom seg til køys. |
03.07 |
Eidselva Hjelle 00-16 |
Ej hadde klokka på 05:45, men
då regna det skikkelig så ej la meg til igjen. Når ej vakna kl.06.30 så
var det opplett og ej stod opp. Ingen andre var oppe trudde ej, men ej
gikk bortom vogna til gutta for å sjå, og her hang det to lakser. Bjørn
satt i teltet og kunne fortelle at det var han som hadde vore oppe kl.02
og fått den
minste, ein laks på 3,48kg i Dynga på Bjørlo. Den andre var Petter sin.
Atle hadde også vore oppe, men han hadde ikkje kjent noko. Etter kvart
kom Inge smygande ut av køya og etter ein frokost for vi i elva. Inge
starta i Forbygginga, her stod minst 3 lakser, men dei ville ikkje ta.
Ej starta ved Jo-utstikkaren, men her var det dødt. I det ej gikk
framover kom Asbjørn, men han hadde ikkje noko nytt ifrå nattas fiskeri.
Ej gikk fram i Skulehushølen og starta midt på. I det første kastet
traff bakken der straumen treff land så kom to tunge napp. Ej gav slakke
og slo til. Fast fisk.
Fisken stod nede i djupet og stanga og ej kom til
at det var ein fin laks. Ej lurte på om ej skulle ta den ned på vika ved
bua, eller ta den fram i bakevja. Kom til at det var tryggast å gå for
bakevja sia det var lengst ifrå brekket. No kom fisken sigande opp på
kanten og inn i bakevja og dermed var det lett å få den framover. No var
eg begynt å tvile på størrelsen, kjendes lett ut når den kom opp på
kanten. Så rulla den seg rundt og ej såg sporden, finnene og mange
prikker på ryggen, pokker oppdretter tenkte ej. Lurte på å berre drage
den opp i fjøra, men tenkte det var best å gjere det skikkelig for å få
den ut av elva. Så rulla den rundt igjen, og no fikk ej sett sida,
sjøaure ikkje tvil. Då vart ej litt meir forsiktig, men fisken var rolig
og ej kunne dra den fram å fjøra. Auren var ein gammel hannaure med
skikkelig krok og grove finner, men ellers fin. Vekta var flotte 4,98kg.
Fiska vidare utover morgenen, men det var dødt. Seinare var eg bort i
ein fisk 2 ganger ved Jo-utstikkaren, men den ville ikkje ta skikkelig.
Asbjørn var i Hammaren,
mens
Inge var på nedre og eg ville prøve Reitehølen og strekket nedover.
Fiska inne på bakevja i Reitehølen, men ingenting å kjenne. Gikk så
nedover, men Leirhølen var for stor etter min smak, så etter litt
avslapping i buda så prøvde ej Ny-Ledet, men elva var litt stor og
vanskelig å fiske, så ej gikk fram igjen. Eg kjørte fram igjen og fiska
Jo-utstikkaren for å sjå om fisken var meir i bittet no. Var borti
fisken, som gikk rett til værs og viste at den var ein 3kgs aure. Prøvde
ei stund til, men den ville ikkje meir. No kom Inge og ville prøve på
den, mens ej gikk framover for å fiske Skulehushølen. Eg kjende at eg
hadde fått nok og etter nokre få kast i Skulehushølen så var eg så gåen
i ryggen at eg gav meg. I det ej gikk ned igjen såg eg Inge gå framover
imot Granhølen. Plutselig stoppa han, gjorde klar troda og kasta ut.
Like etter slo han til, og stanga stod i bue. Ej satte opp farta for å
hjelpe han å berge, men i det ej kom ned så kom Inge opp ifrå elva med
fisken i armane, ein flott aure på 3,02kg. Han fortalte at han hadde
spotta fisken når han gikk framover, og som ej såg så tok den tvert når
Inge kasta ut makken. Ej gav meg no kl.13, mens Inge fortsatte ut
kortet. Men han kjende ikkje noko meir. |
09.07 |
Eidselva Fossen 02-14 |
05.07 Tirsdag kveld Atle på Alsaker,
men han fikk ikkje fisk.
08.07
Fredag kveld var Inge på Kvien, og på første overfar tok ein 3kg aure
fluga hans i svingen der den gamle bua stod, overfor prydbuska på neset
på Moen.
Men han tenkte ikkje aure så han gav slakke så den vart ikkje
skikkelig fast, så etter nokre rullingar så kom fluga. Seinare på
kvelden regna det slik at det var vanskelige forhold, så han gav seg
tidlig.
Ej hadde vore dårlig i ryggen, så ej ba Inge finne ei grei sone til
meg, og då var Fossen passe. Ej hadde klokka på 01, men då regna det
kraftig, så venta litt, og var komen i elva 03.30. Gikk over med fluge,
makk, fluge, makk og sluk, men anna enn småkrede vart det ikkje. Såg
heller ikkje sorten av noko større enn 500g. Inge for ned på Bjørlo
06.30, og i det ej for fram igjen i 8-tida så ringde han og sa at han
hadde fått ein aure. Eg kom ned igjen kl.10.30, men det var ikkje noko
meir liv no. Inge kom fram til meg 12.30, og så gav vi oss kl.13. Han
kunne melde om ein aure til, så det vart ein på 2,06kg og ein på 3,02kg. |
10.07 |
Eidselva Staten 02-14 |
09.07 Inge fiska laurdagskvelden på
Bjørlo. Her var mykje fisk å sjå og den beit ivrig, heile 8 fisker hadde
han på, men berre 2 kom på land. Han miste ein i Svarthølen, 2 i
innløpet på Skulehushølen og 3 på Utfallebakkane. Dei to han fikk var
ein i Skulehushølen, denne var skikkelig vilter og rasa rundt i hølen,
men til slutt kunne Inge berge auren på 4,84kg. Så fiska han strekket
nedanfor Granhølen, og her slo det på fisk i samme området som han fikk
den på Hjelle forrige veke. Denne var litt mindre, 3,1kg, så den var
litt greiare. Så vi hadde god tru når vi møttes på Staten, men hverken
fluga eller makken virka å interessere fiskane uti der. Kl.06 var vi
begge trøtte og leie, men vi sa at vi må holde ut til floa er på topp.
Rundt 06.30 gikk ej ned i renna nedanfor brua igjen, fiska nesten heile
uten å kjenne eit hugg då det plutselig rasa av snella. Ej fikk ikkje
til noko tilslag, men letta stanga og begynte kjøringa. Fisken gikk ifrå
meg og ned imot brekket, ej holdt igjen nesten det eg turde og fisken
svinga framover og raste opp med land. Så snudde den og gikk nedover, og
ej pressa igjen for å få den på rett side av grunna. Men det vart ikkje
noko problem for fisken snudde igjen og seig framover. No gikk den
oppover på mi side av grunna så eg tok nokre skritt fram for å hindre at
sena hekta på kanten av renna. Fisken gikk no fram og fram, og ej tenkte
at ej berre heng på så kjem eg lenger unna holmen og til betre
landingshøve. I det fisken kom fram til brua, og eg var komen fram på
brekket av hølen, så begynte den å sige bakover. Eg hadde vore ganske
sikker på at det var ein fin laks, men no kjentes den mindre ut.
Ej
holdt lite stramming i håp om at fisken skulle holde seg i hølen, men
den seig lenger og lenger bak og til slutt svinga den rundt og gikk
nedover. Ej holdt igjen og henta all den sene ej kunne få i håp om at
fisken ikkje skulle gå i renna igjen. Det lykkast og fisken gikk over
grunna og svinga inn neanfor meg. Her hang den i sena og skivja sideveis
i merkelige bevegelser. Inge som hadde sprunge ned var skeptisk til å
vasse seg ut å håve så lenge fisken låg å skjena. Men ej sleit med å få
sene inn slik at ej kunne komme meg ned dit, men greidde holde fisken
uten at den gikk videre. Så eg sa til Inge at han trygt kunne vade ut på
nedsida, og håve derifrå, og det gikk heilt flott. Dermed vart det
konstatert at det var ein aure på 4,12kg, fast i festet for spjøra vekk
ifrå meg, det var grunnen til at den var noko merkelig.
Etter dette gikk vi fram til brua der ej vaska fisken, mens Inge
henta stanga her og gikk ned for å sjå etter fleire. Ej gikk fram å
hengde opp fisken og hadde akkurat satt meg ned når ein på andre sida
ropte at no hadde Inge fisk.
Ej tok med håven og sprang ned, og her stod
Inge og kjørte på ein fin pjakk. Den var seig å få inn, men etter mange
utras så kom den og ej kunne håve pjakken på 3,08kg. Etter at vi kom
fram i buda, så gikk flugefiskaren på andre sida nedover. Vi gikk på
brua for å følge med han, og etter kvart som han fiska seg nedover så
kom stim etter stim med uroa fisk fram til brua. No hadde vi folk i alle
høler der det ikkje var flo, samt at resten var uroa, så vi pakka sammen
og tok natta. Her ser vi samla fangst på kveld og natt. |
11.07 |
Strynelva N.Kirkeide 00-12 |
Så skulle ej prøve Stryn
tidlig, og ej hadde invitert med Endre på hans jomfrutur i elva. Vi var
på plass tidlig for å gjere Endre litt kjent med sona, og han likte det
han såg. Vi starta med fluga, men det var dødt på heile strekket nedover
med unntak av eit par usikre kakk i fluga. Endre hadde to-hands så eg sa
han måtte fiske seg rundt på utsida av trea ved parkeringa, og korrekt
akkurat i framkant på bakevja så tok ein aure i halv 2 tida. Fisken kom
opp og rulla rundt nokre gongar før kroken kom, synd den ikkje ville på
land for Endre. Etter å ha fiska over området nokre ganger til så tok
vi ein lang kaffi og åt litt mat før Endre gikk heilt fram igjen med
fluga mens ej begynte å rigge makken. Endre var nesten komen ned igjen
når ej starta litt foran parkeringa. Ej fiska meg rundt svingen, og i
det ej kom bak om bakevja så kom Endre ned til bilen. Han hadde ikkje
kjent noko meir.
Ej
fylde ikkje med, så når makken stoppa så var eg sein med å sleppe så når
ej tok igjen sena så kjende ej at kroken glapp rett før ej slo til. Ej
kasta bort igjen, og igjen stoppa det opp. No var ej vaken og gav
slakke, tok igjen og gav tilslag når ej kjende at den var der enno. Fast
fisk. Fisken seig rolig inn imot meg, men når den kom inn i bakken så
vakna det ej trudde var ein middels aure. Fisken raste over elva og litt
framover før den var oppi å viste seg i overflata. Ej hadde kjent at
dette var noko større, og vi såg begge at det var fin fisk når den kom
oppi overflata. Endre sprang å fant kameraet mitt, etter 3-4 minutts
kjøring så fikk han i gang kameraet. Fisken den tøffa rolig rundt nede i
hølen i 6 minutter til, uten å vise seg eller komme for nærme, men til
slutt glei den over grunna og kom innunder land. Den protesterte litt
når ej ville dra den fram på graset, men landinga gikk lett. Endre
krølla med opptaket i landinga, men kom raskt igang igjen. Laksen var
ein flott hann på 10,2kg, ein nydelig fisk.
No hadde vi god tru på makken framover morgenen, men til tross for at
vi begge fiska hardt, og at vi fikk besøk og gode råd ifrå Inge siste 2
timane, så var det ikkje noko meir å kjenne. |
15.07 |
Eidselva Bjørlo 14-02 |
Ej var på verksted med bilen,
og for inn igjen til Eid etter det. Endre hadde fiska bra siste dagane
så ej fikk meg kort sammen med han. Vebjørn Skrede kom samtidig med meg.
Det var ganske dødt, men ej hadde på noko i 5sek ved steinen på Pinå,
men det virka ikkje være så stort. Vebjørn gav seg tidlig, mens ej og
Endre holdt på ut. Ingen av oss kjende noko meir. |
17.07 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
16.07
om morgenen fiska Tore og Sindre på
Alsaker. Dei starta i lysninga, men det var dødt første par timene. Så
fiska Tore Fossekanten, og her beit det. Fisken var tung og gikk nedi
djupet å stura. Etter kvart tøffa den seg ein tur fram i Fåhølen, men
Tore stod igjen på berget og kjørte den, og snart kom den sigande ned
igjen. Tore fikk den etter kvart inn på bakevja og fikk berga den der.
Fisken var ein skikkelig stygg oppdretter, ein hann med stygge finner og
alle tegn på oppdrett pluss ein diger krok. Fisken vog heile 13,74kg, og
er den nest største i elva i år, men det tel ikkje mykje når det var ein
oppdretter. Ej kom ned i 11-tida for å sjå på hendelse, og etter masse
prat og filming så ville dei gi seg. Ej, Bjørn og Inge (som hadde kome
inn etter sin Halden-jobb-tur) gikk på Fossekanten og her såg vi fisk,
så vi sende Tore fram å fiske. Sola steikte og det var steikande heitt,
men plutselig beit det. Fisken kjørte rundt foran nasa i nokre minutt
før den til slutt kom inn på bakevja og Tore kunne klatre ned og lande
fisken greitt her. Fisken var ein flott laks på 5,44kg.
16.07
fiska Inge kvelden på Bjørlo, aure
2,32kg
Når ej var på vei ned, så møtte ej Inge på vei fram på Kvien for å
være klar klokka 02. Endre vart
igjen når Inge bytta plass, for å fiske kortet heilt ut, og stod i
Skulehushølen og fiska brekket. Han hadde ikkje fått noko, så trua var
ikkje heilt på topp. Ej starta med fluga, men kjende ikkje noko. Etter
kvart pakka Endre sammen og for mens ej tok fluga og gikk ut til
innløpet på Skulehushølen. Når ej kom bak til muren la ej fluga foran
ytterste steinen, og når den svinga over så var det noko som holdt igjen
fluga. Ej løfta stanga og fikk kontakt med fisken. Denne snudde raskt og
raste bak på straumen i eit flott utras. Når den kom bortunder bakken så
snudde den og kom ut av straumen. Ej sveiva den framover igjen og fisken
satte full fart imot meg. Sveiva gikk det eg var god om, men eg hadde
ikkje sjanse til å holde snøret stramt. Alt vart slakt og plutselig kom
fisken opp ein heilt annen plass enn det støreretninga tilsa. Men den
flippa rundt så eg visste den fortsatt var fast, men det ville ikkje
vare om eg ikkje fikk kontakt igjen. Sveiva gikk det eg var mann om, og
like etter at fisken landa så hadde eg kontakt igjen. Men fisken var
ikkje veldig interestert i å bli kjørt rolig her inne i stilla, så den
snudde snart og rasa tvers over heile bakevja bort imot buda på Hjelle.
Men når den begynte å nærme seg straumen bortunder land så spakna den og
snudde rundt. Ej sveiva og pumpa den imot meg, men den svinga nedover og
eg måtte være forsiktig samtidig som eg vada meg nedover for at den
ikkje skulle gå inn i steinkanten utanfor der brygga stod. Fisken seig
ut igjen når ej var meir forsiktig og ej kunne manuvrere den fram i
bakevja igjen.
Ej vod meg på land og kunne etter eit minutt til dra ein
flott laks på 5,44kg fram på grusen. Ej sendte bilde til Inge og ringde
Endre å sa han gikk for tidlig. Men Inge kunne melde om at han også
hadde fått fisk, ein laks i Hammarshølen. Seinare ringde han og sa Endre
meinte fisken var ein sjøaure. Eg synes det høyrdes rart ut at dei ikkje
var sikre, så eg sa han måtte ikkje fryse den før eg også var komen fram
igjen. Inge fiska til klokka var 08, mens ej holdt ut ein god time til.
Når ej kom fram igjen og hengde laksen min ved siden av auren så var eg
enig med Inge om at det var laks, men når Inge sa kva Endre hadde
poengtert så var vi enige i at det var noko rart med denne fisken. Forma
var aureaktig, sporden var mjuk og brei, men skjell og tegninger var
laks, så kva som er korrekt får vi vente med å sjå. Vi einast i alle
fall om at det mest truleg var ein flott sjøaure på 6,02kg. Fasiten sa
at det var ein hybrid. Sindre var
på Moen, men der var det heilt dødt, han synes elva fortsatt var noko
stor. Bjørn derimot var på Alsaker og fikk ein pjakk på 1,22kg. |
18.07 |
Strynelva M.Kirkeide 00-12 |
17.07 på kvelden fiska pappa
Alsaker, var borti nokre småkreder, men ikkje noko større. Ej og Inge
for innover og starta kl.00, ej framme i Oteren og Inge i Kirkehølen. Vi
fiska oss heilt ned til enden av Kirkehølen, men ingenkjende noko. Etter
kvart kom regnet og ej satte meg i bilen å slappa av litt mens Inge
starta framme igjen. Han hadde på ein aure på 2-3kg ei lita stund, men
den datt av etter eit minutts kjøring. Inge såg eit par hoppe i Oteren
like etterpå, men etter dette var det alldeles dødt, i alle fall fram
til klokka var 10.00 då eg såg ein fisk som var oppi nede på grensa, men
den ville ikkje ta, om den kom vidare framover. Bjørn fiska morgenen
på Bjørlo, men her var det heilt dødt. |
20.07 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
19.07 var Bjørn på Alsaker på
morgenen. Det stod mykje fisk på Fossekanten når han starta, og fisken
beit. Han mista ein pjakk på ca 2kg og ein aure på ca 3kg, men
fikk ein pjakk på 1,2kg. I halv 9 tida beit det igjen, og denne gangen
var det større fisk. Laksen gikk ned fossen og Bjørn gav den slakke. Men
sena hekta i noko på snella så fisken stoppa nedanfor fossen. Bjørn fikk
løyst og gav meir slakke, men no gikk fisken på feil side av ein stein
langt borte på brekket av hølen under fossen. Bjørn gikk fram og prøvde
løyse, men det gikk ikkje. Han greidde ikkje få fisken verken oppover
eller nedover, så han enda med å legge stanga ned for å prøve å slite,
for han trudde fisken var vekk. Plutselig løysna det og fisken hang
enno. Han fulgte den nedover og kunne lande laksen på 5,9kg ved bua
under fossen. Dermed var kvota full og han kunne gå til køys 19.07
hadde ej 2 tima på Nor på kvelden, kom akkurat eit torevær så det vart
veldig vått. Fikk 6-7 småkreder, men hverken såg eller kjende større
fisk. Fiska foran depotet, var greitt sjølv på så lita elv som 20
kubikk.
Etter å ha parkert ved Måløyhytta fiska eg med nedover, heilt til
Fossekanten, men det var veldig dødt. Eg gikk framover og over høgda til
Ny-Ledet, var i fisk
liknande som då ej og Bjørn var der, men no var fisken enno meir
forsiktig, og ej greidde ikkje få den fast. Fiska meg nedover, men det
var heilt dødt. Bjørn fiska Moen, og han fikk ein aure på 2,3kg. |
31.07 |
Eidselva Moen 02-14 |
20-21.07 fiska Ståle på Alsaker
og fikk 3 fiskar på Fossekanten, ein liten pjakk på berre 0,8kg, og ein
større pjakk på 2,85kg, men størst var ein laks på 3,5kg.
22.07 fiska Petter og Inge Hjelle, på kvelden fikk Petter ein aure på
1,6kg i Hammarhølen, men ellers var det utrulig dødt.
23.07 fiska Petter og Inge vidare på Hjelle, men det var fortsatt
veldig dødt. Petter fiska Granhølen og langt bakpå tok ein fisk. Fisken
kom greitt framover før den seig over på andre sida, her gikk den rundt
ein stein. Petter fiska med 0,35, så det gikk ikkje så lenge før han
sleit vekk ein laks på minst 10kg.
24.07 fiska Petter og Inge vidare på Hjelle, men det tok ikkje av.
Petter gav seg i 9-tida, mens Inge fortsatte. I 10-tida snudde forholda
og det livna til og Inge såg og var bort i fisk før han fikk ein laks på
4,2kg i Ny-Ledet.
25.07 fiska onkel Johan og Ludvik Alsaker, Johan lunnja, mens Ludvik
fikk 2 laksar og ein aure på Sanden. Sjøauren var 1,3kg, mens laksene
var 4,5kg og flotte 6,5kg tatt heilt på tampen når dei skulle til å gi
seg.
27.07 var onkel Johan inn igjen å fiska Alsaker, men heller ikkje
denne gangen greidde han lure nokon.
29.07 var Sylve ifrå Vatne her for å fiske på vatnet, og denne dagen
vart spesiell. På formiddagen fikk han ein utrulig flott vassaure på
7,4kg, 86cm lang og i nydelig hold. På ettermiddagen var han ut igjen og
denne gangen fikk han ein sjøaure på 3kg og miste ein som var like stor
som den første han fikk. Denne rekte alle krokane under håvinga.
30.07 var Bjørn på Alsaker, laks 5,7kg.
30.07 var ej ein time på Nor å prøvde sluken, Kroaten var der, så ej
måtte ned ved fabrikken. Var i ein fisk så vidt, men den vart ikkje
fast.
30.07 var Sylve igjen på vatnet, og utrulig nok så vart det fisk
igjen. Ein flott sjøaure på 4,9kg vart resultatet. Dermed rigga både ej,
Ly og Bjørn ein båt og Atle og Bente ein annen, men dorginga på kvelden
gav ikkje noko resultat for nokon.
Ej starta
ikkje før det var godt lyst, men eg hadde ikkje gått glipp av noko sa Atle
som fiska på Fossen. Fiska meg nedover heilt ned til flata, men kjende
ikkje liv. Gikk så fram igjen å starta på nytt, men det var heilt dødt
både i fremste, Krutschov og Moahølen. Sia det var så dødt så tenkte ej
at ei pause kanksje ville hjelpe. Eg reiste eg fram igjen å slappa av ei
stund og stakk ned igjen litt etter 12. Hadde fiska berre nokre få
minutt når skoddehavet klarna opp og sola kom å baka ned i elva.
Værforandringa snudde ikkje på noko, og det var like dødt enno. |
01.08 |
Strynelva N.Kirkeide 00-12 |
Ej og Bjørn
skulle prøve lykken i Strynelva. Elva hadde no gått noko ned, så vi
skimta steinane borti elva. Bjørn starta framme, mens eg starta ved
parkeringa. Etter første overfar møttes vi til kaffi og kunne melde om
svart hav. Så bytta vi plass, og med ein gong var eg i fisk. Den fikk
slakke og tilslag, noko som resulterte i fast fisk. Kjøringa gikk veldig
greitt av auren på 1,04kg. Resten av formiddagen var det heilt aldeles
dødt. Vi såg heller ikkje liv av noko slag. |
02.08 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Ej
ville prøve framme igjen, og etter å ha fått innføring med Endre sist,
om fiske med fluge i Svarthølen så skulle eg no få prøve meg her framme
på egen hånd. Eg vod meg ut og begynte å legge ut fluga då plutselig ein
fisk var oppe omtrent der fluga mi var. Samtidig sat fluga mi fast i
botnen, og det gjekk nokre øyeblikk før ej såg at det var ein
sammenheng. Fisken var vill og gjorde fleire hopp. Ej synes den såg
veldig mørk ut, men når den spakna og kom innpå bakevja så såg eg at det
var ein hann som ikkje var for mørk. Fisken tagna etter kvart og eg
kunne dra den fram på graset. No såg eg at den faktisk var ganske lys,
så det vart til at den vart slått ihjel. Når den vel var komen opp i
treet så såg eg at den faktisk var lusete. Fiska vidare her framme,og
hadde god tru på at det kunne verte meir fisk, men det var heilt dødt
vidare utover formiddagen.
Bjørn
var på Alsaker og såg for seg at det kunne ende med full årskvote
ettersom det hadde vore godt fiskeri der i det siste. I så fall måtte
han få 2 lakser som var det som gjenstod av kvota.
Og han gjorde ein storfangst, men uten at det gikk utover kvota. Han
enda opp med ein kjempeflott aure på 4,3kg og spedde på med ein
oppdrettar på 3,65kg. I tillegg glapp ein pjakk for han oppe på berget,
dette fordi han berre prøvde å drage den opp. |
02.08 |
Strynelva Sone 5 18-18 |
Ingen ville være med innover,
så eg tok med Ly på fisketur. Det var tungt skydekke med regn framme i
dalen, men opplett hos oss. Det var 20 grader og etter kvart var det
torden midt framme i dalen. Vi fiska over sona, men når vi kom ned på
nederste så svartna det til ute i fjorden og det kom sigande innover. Eg
fiska fremste til Mørebrotet i det det mørkna, men det var heilt dødt
der også. No mørkna det skikkelig til, og vi såg regnet komme innover
fjella, så eg ba Ly gjere seg klar og tok eit par kast til slutt før vi
pakka sammen og sprang opp i bilen. Ly berga seg akkurat inn, mens ej
måtte pakke inn i bilen og vart litt våt. Neste morgen vurderte eg
ikkje å reise innover ein gang sia det var så totalt dødt. Hadde det
vore liv så skulle vi sett dei komme fram med floa like før vi reiste
heim. |
12.08 |
Eidselva Kvien 14-02 |
05.08 morgen var Bjørn igjen på Alsaker,
og no var det roligare, men det enda med ein pjakk på flotte 2,6kg på
Fossekanten. 06.08
var Bjørn på morgentokt på Alsaker igjen, men no vart det ikkje meir på
han. Elva var begynt å verte noko lita.
07.08 Bjørn fiska morgenen på Moen, men det var heilt dødt. Tore
fiska på Alsaker eit heilt døgn med morgen og kveld, det enda med ein
pjakk på 2,1kg framme på Sanden.
09.08 Sindre fiska Alsaker morgen og kveld, men utrulig nok så datt
han ned imellom. Når han var på Sanden fiska dei på Fossekanten og
omvendt. Det gikk masse fisk heile tida, men det var ikkje noko voldsomt
bitt.
10.08 Sindre greidde ikkje å slutte, men fortsatte på Alsaker på morgen.
Og det fortsatte som dagen før, mykje fisk som gikk, men han fikk ikkje
noko. Men utover dagen, når han hadde gitt seg, så livna det til. Det
var eit fantastisk fiske på kvelden, Endre fikk 5 fisker på fluge, og
alle andre fikk fisk over heile elva.
11.08 prøvde Johan seg på Stokkenes på kvelden, men det var heilt
dødt.
Ej prøvde å få sleppe til på Bjørlo sia det var så godt fiskeri der midt
i veka, det var ledig på morgenen når ej ringde, men kl.14 når ej kunne
booke det så var det vekk. Derfor så vart det Kvien.
Starta
framme i Krutschov som no var kjempeflott, men verken der eller nokon
plass nedover kjende eg liv, sjølv om ej hadde god tru både i Moahølen,
ved gamlebua, ved bjørka og nede på flata. Når ej kom ned til Moengrensa
så kom det ein kar til å gikk ned i Hammarhølen. Håpte ej skulle få være
aleine, men men. Nederste på Moen var også fin no, men kjende ikkje liv.
Når ej starta på Svadet fiska ej innløpet og prøvde få fluga til å
svinge nedover, men det var vanskelig. La derfor fluga litt nedpå
blankstraumen, og i det fluga landa så stramma det opp. Det kom så kjapt
at eg kipte meg, men ej fikk løfta stanga. Fisken gikk til værs som ein
aure fleire ganger, så ej var sikker på at det var ei krede. Men
plutselig vart det tungt som om det var ein laks i enden. Ej forstod
ikkje noko for det fortsatte, av og på, men til slutt fikk ej fisken inn
på grunna og såg at den var fast midt bak på sida, på mi side. Korleis
det er mulig kan du jaggu lure på. No var fisken utkjørt, så ej fikk
dradd den fram på sanden.
Etter nokre minutters pause prøvde ej først hølen på grensa og så Svadet
igjen, men kjende ikkje meir. No kom karen oppover og vi bytta plass. Ej
fiska Hammaren kjapt før ej stakk fram igjen å åt middag. Stakk ned
igjen og fiska Hammaren i skyminga og litt utover, men det var heilt
stilt, så ej gav meg når skodda la seg på markene. |
13.08 |
Eidselva Bjørlo 14-02 |
Parkerte ved bommen og gikk ned
å starta på Pina, men her var ein traktor i sving på andre sida, så
fisken var nok skrymd. Prøvde så Reitehølen og Leirhølen der eg hadde
eit lite dumk, men ikkje noko meir. Fiska så Ny-Ledet og gjølet nedover,
men det var heilt dødt. Var mykje folk i området, men ingen fikk fisk.
Ej snudde etter å ha fiska Hjellehølen då ej hadde problem med å sjå
bakevja. Stoppa i Ny-Ledet og satt å følgde med om der kom opp fisk i
skyminga, men det friska på med ein varm fønvind, så etter å ha fått
bekrefta med Endre at det var like dødt på Kvien så gikk ej fram i bilen
igjen og tok kveld.
Petter
og Inge hadde vore på finnmarka igjen og hadde planlagt å avslutte med å
laksefiske seg ned igjen, men det var lite vatn over heile landet, så
dei kjørte seg direkte til Driva. Her starta dei fiske på kvelden 13.08
på Gjøra sona. Elva var fin og dei såg fleire fisker. I skyminga fikk
dei kvar sin fisk, Inge ein pjakk på 2,2kg nesten framme ved fossen og
Petter ein laks på 3,8kg på Nisjafløne. Petter var borti og hadde på
fleire fisker på Nisjafløne, men dei var finetne og ville ikkje henge på
inn.
14.08 på morgen var det dødt, dei fant ikkje igjen fisken som gikk
kvelden før. Den hadde sikkert passert sona allereie.
14.08 på kvelden bytta Inge og Petter sone til Gravem. Sona var
ganske endra etter flommen før i år, og kanksje var den litt stor, men
burde hadde vore mulig å få fisk der om den hadde vore på hugget. 15.08
fortsatte Inge og Petter å
fiske på Gravem. Dei var bort i nokre aurar og såg ein stor fisk hoppe foran
Bjørbekkbru, men dei ville ikkje ta skikkelig. 15.08 på kvelden gikk Inge og Petter
på eit nytt kort på Gravem, men fortsatt var det dødt. 16.08 tok
Pappa og Johan laust kl.06 inn å fiska Alsaker på morgenen. Pappa var
klar fort og starta på Fossekanten. Etter nokre kast så tok ein pjakk
makken og han kunne lande årets første for sin del. Pjakken vog 1,3kg.
Vidare utover var det dødt. Inge og Petter fiska fortsatt Gravem uten at
fisken ville bite. 16.08 kvelden gikk Inge og Petter på enno eit døgn
på Gravem i den tru at det måtte snu til slutt, men ei heller denne
kvelden vart det resultat.
17.08 morgen fortsatte Inge og Petter på Gravem i samme tralt som før.
Dei ser litt meir liv og håper at det vil løsne. 17.08 kveld går Inge
og Petter derfor på eit siste døgn på Gravem. Dei har nokre drag, men
ikkje noko som vert fast.
18.08 har dei siste morgenen på Gravem uten at det gir resultat. |
19.08 |
Strynelva Sone 5 18-24 |
Inge og Petter kom ned igjen
torsdag kveld, og Inge kjørte direkte til Eid, mens Petter var fornøgd
med fiskinga og tok ferie. Dermed trengte Inge ny fiskekompis, og eg tok
turen til Stryn. Starta på Mørebrotet, og var så vidt i ein fisk, men
fikk berre ein sjanse. Ikkje umulig at ej drog den over ryggen. Vi fiska
oss nedover, og ej var i eit par fiskar bak ved nausta, men usikker på
kor stort det var. Inge fiska seg vidare nedover og i nederste hølen så
tok ein aure. Kampen gikk greitt og etter litt kunne han håve ein fin
aure på 1550g. Etter dette var det dødt og det mørkna fort. |
20.08 |
Strynelva Sone 5 00-18 |
På morgenen var det om mulig
enno meir kolsvart, men ej tok 2 småaurar på 620g og 700g, mens Inge slo
av sena på ein større fisk heilt nede på sona. Ellers verken såg eller
kjende vi noko meir. Bjørn avslutta sesongen på Alsaker, og også her var
det heilt dødt. 20.08 Ej stoppa på Nor
på vei ut igjen, mellom 14.40 og 15.10, å kasta sluk. Hadde på ein liten
honndøl, men kjende ikkje noko meir. Hoppa ny fisk heilt bakpå demninga,
denne såg blank ut, men veit ikkje om den rakk fram før ej måtte
springe. Hoppa også fisk i innløpet på dammen, den eg såg var ei litt
brun hoe på ca.6kg, men den tok ikkje.
20.08 på kvelden fiska Inge Bjørlo. Han såg aurar hoppe på Sanden,
men kjente ikkje fisk. På Øyrane stod det fisk sa dei på andre sida, men
dei tok ikkje. I Tresteinshølen derimot beit det, og det vart ein pjakk
på 2,12kg. Han var bort i ein fisk i Linja ved Måløyhytta, og hadde på
ein i Skaugum, men denne datt av. Kortet var skjemt av mange
slukfiskere.
22.08 Inge
fiska morgenen på Moen. Han skulle opp klokka 04, men då regna det så
han sløva i køya og dermed så sovna han igjen. Men sjølv om han forsov
seg litt, så meinte han at han ikkje gikk glipp av noko ved å komme der
klokka 07. Når ej snakka med han på vei på jobb så hadde han fiska
fremste uten å kjenne noko. Men seinare i Khrutsjov stod han å fulgte
med på nokre kyr som styra fælt rundt han, så han oppdaga ikkje at ein
fisk tok fluga hans. Han oppdaga berre at snøret han for fram elva, og
det er ganske uvanlig. Fisken fikk dermed for god tid og hadde slukt
fluga heilt ned i magen. Kjøringa gikk greitt, og Inge kunne greitt
berge laksen som vog 3,6kg. Sia fisken var liten så ville han sette den
tilbake i elva, men men tuba så langt nede i magen at han ikkje såg den
igjen så måtte den avlives. Etter dette fiska han sona til endes med
både makk og fluge, men var det heilt dødt, han verken såg eller kjende
fisk.
På
vei fram igjen ifrå Moen så stoppa han på Nor og prøvde fluga i dammen.
Han starta i nærmaste straumen, men her var det dødt. Når han så kasta
over til neste straum så smalt det på ein fisk med ein gong. Mens han
kjørte på fisken var det mykje fisk oppe. Fisken vart etter kvart landa
og viste seg være ei flott brun hoe på 90cm og ca 7kg. Det står masse
fisk i dammen no, Inge såg minst 10 forskjellige fisker som var oppe.
22.08 hadde Inge kort på Bjørlo. Han starta nedanfor og traff fisken
på Sanden. Han hadde på ein fisk i 10min nedanfor hola, men den falt av
til slutt. Foran hola kom det opp ein 10kg blank laks og snusa på fluga
hans, men den vart ikkje fast. Han fiska seg framover, men fant ikkje
fisk før han var komen på Pina. Her fikk han ein pjakk på 2,9kg og satte
ut igjen ein laks på 73cm og ca 3,4kg.
23.08 starta Inge fiske Nedre Kirkeide ca. klokka 06, han hadde god
tru, men det var veldig dødt. Han måtte ta ein aure på 500g som hadde
slukt makken, og var bort i ein til også det framme bortunder brygga.
Det stod ikkje fisk på nokon av steinene nedover strekket, men det var
oppe ein ved parkeringa på formiddagen. Men den tok ikkje. 23.08 fiska
Inge Nor på vei ned på Kvien, her hadde han eit skikkelig hugg, men den
vart ikkje fast. På Kvien på ettermiddagen var det dødt fram til kl.19
då han tok pause, på kvelden var det fortsatt alldeles dødt og Inge
måtte gå fiskelaus ifrå elva.
24.08
prøvde Inge ettermiddagen og kvelden på Alsaker. Han starta framme og
fikk raskt napp. Fisken var skikkelig seig og vanskelig å få på land,
men til slutt lykkast Inge å få fisken inn. Tuba hadde låst sammen
kjevene, men satt ikkje djupt, så den kom greitt laust. Men den var
veldig tappa for krefter, så Inge måtte holde på lenge for å få liv i
fisken igjen. Og når den til slutt stod sjølv så trengte den 15 minutt
til å komme seg nok til å sige ut i djupet igjen. På fossekanten stod
det 7 fisker når han kom ned dit, men dei ville ikkje ha verken makk
eller fluge.
25.08 fiska Inge morgen på Bjørlo, men no var her heilt dødt.
26.08 fiska Inge kvelden på Alsaker, såg fisk nedanfor svadet, mange fisker på
Fossekanten, men han fikk ikkje noko.
26.08
fiska Inge morgenen på Bjørlo, det var dødt heile morgenen. I halv 10
tida fiska han Linja ved Måløyhytta når ein laks beit. Fisken var snill
og rolig å etter ikkje så lange kampen så kunne Inge dra fisken fram på
grusen. Inge gikk ned for å ta fisken, og like før han kneip ned i
fisken så kvikna den til og snudde ut igjen. Fisken pila ut mellom
føttene til Inge, fortsatt fast i flyga hans. Fisken kjørte ut for fullt
og bøyde stanga til Inge tilbake til stangtuppen også forsvant mellom
føttene hans. Det gikk som det måtte gå, ein skarp smell i det stanga
knakk. Inge fikk dradd fisken på land igjen, og sia det var ein hannfisk
så måtte den bøte med livet som straff. Dermed måtte Inge berre pakke
sammen og reise fram igjen å finne fram ei ny stang.
26.08 var Sindre å fiska på Alsaker både morgenen og ettermiddag/kveld,
det gikk ein del fisk, men Sindre missa dei så vidt både på Sanden og på
Fossekanten. |
27.08 |
Bjørlo 02-14 |
Igjen starta ej på Pinå på Bjørlo,
men det var ikkje noko å kjenne. I Reitehølen var der folk, så ej fiska
meg nedover til Forbygginga, men det var dødt. Gikk så fram igjen å
fiska Reitehølen igjen, og her tok ein laks fluga mi midt bakpå
innløpet. Fisken rota rundt bakpå før den seig seg fram i innløpet og
hoppa. Fisken var ein laks på 4-5kg. Fisken gikk å rota borte i straumen
før den raste over og bort i bakevja. Sveiva den inn igjen,
og den var oppe å viste seg igjen. fisken rasa så bakpå og svinga
nedover. Ej holdt den igjen og den svinga fint inn på den lisje bakevja
utfor neset. Der stilte den seg opp og ej begynte å sjå etter korleis ej
skulle lande den. Då bukta den på seg, gapte opp og spytta ut fluga mi.
Etter dette var det ikkje meir å kjenne
Inge fiska Alsaker og var heldigare når det gjaldt å få på land fisken.
Han fikk ein pjakk på 2kg og ein oppdretter på 2,44kg i tillegg til ein
mindre aure. |
27.08 |
Eidselva Bjørlo 14-02 |
På ettermiddagen stakk Inge ned
tidlig, og fikk ein pjakk på Pina på1,8kg. Ej og Endre var seinare, og
fiska berre ifrå 19.45 til 22.00. Vi rakk å fiske Pinå, Reitehølen og
Pinå før det var mørkt og vi stavra oss fram gjennom skogen i det det
begynte å drople. |
28.08 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Det
regna trollkjerringa heile natta, så eg såg meg ikkje syn med å reise i
elva. Var oppe fleire ganger på morgenen, men det var definitivt ikkje
flugeforhold. Men i 10-tida kom Mattis fram for å låne vekt, han hadde
fylt to kort med 2 pjakker og to lakser på 6kg. Og ikkje så veldig lenge
etter ringde Inge å sa at no måtte ej komme for no beit fisken. Han
hadde akkurat satt ut igjen ei kjempeflott hoe på 8,5kg, og tidligare
hadde han fått ein pjakk på 2,4kg. No letta regnet litt så ej hoppa i
vadebuksa og kjørte nedover. Ej starta heilt framme i grensa, men etter
nokre få kast så kom ein slukfiskar på andre sida, så ej tok berre nokre
få kast i Svarthølen. Møtte karane i Kastehølen og fikk beskjed om at ej
måtte prøve Utfallebakkane, for der hadde dei ikkje prøvd.
Ej
gikk ned og fiska heile veien nedover, men det var ikkje noko å kjenne.
Heilt nede hadde ej gitt opp, men tenkte ej skulle kaste heilt bortunder
bjørka, og la derfor fluga heilt ut uten å ta lausbukt. Lot fluga svinge
over brekket og plutselig tok ein fisk fluga. Den fulgte greitt etter
når ej sveiva inn, men vart litt hardare når den kom fram. Men den
spakna raskt og ej kunne raskt dra ein pjakk på 1,06kg på land. Etter
dette gikk ej fram og fiska Kastehølen med makk, men til tross for at
det hoppa ein pjakk til så kjende ej ikkje meir. Inge kjende heller
ikkje noko meir. |
28.08 |
Eidselva Nor
14-17 |
Sia eg hadde 4 lakser igjen på kvota så stoppa vi å prøvde på Nor, først
starta ej framme i Vigumfossen, men flytta ned på muren når det ikkje
var noko å kjenne heilt framme. Ej fiska meg heilt bakpå og med fullt
strekk så tok ein pjakk fluga. Kjøringa gikk heilt greitt og litt etter
kunne vi håve pjakken på 2,04kg. Inge prøvde også heilt framme, men
heller ikkje han fikk noko her. På neste forsøk på muren så tok ein laks
rett utanfor muren. Kjøringa gikk greitt og etter 5 minutts kamp så
kunne vi håve laksen på 6,08kg. Litt etter kom Kjell Tore og Carin, så
mens vi prata så fiska Carin og etter nokre kast så tok ein laks. Denne
var seig og vill, og gav Carin skikkelig kneskjelv. Men etter ca.10
minutt så kunne ej håve laksen for henne, ein flott hannlaks på ca.7kg.
Etter dette drog eg fluga over ein gong til, men det var ikkje noko meir
å kjenne. 29.08 hadde Pappa og Johan ein ny morgenentur på Alsaker,
men det var dødt og dei fikk ikkje noko. |
24.09 |
Var med på
prøvefiske, fiska nedre del ifrå Hildehola og til Malakoff med sluk, men
det var dødt. Ej for fram igjen å vaska vogn og åt middag, mens Inge og
Endre fortsatte. Møtte dei igjen i trappa der dei nettopp hadde satt ut
ein laks etter prøvetaking. I tillegg hadde dei fått ein laks på Utfalle
på fluge. Vi bestemte oss for å prøve i Hammaren ifrå Kvien sida. Ej
fiska først og litt foran hola så tok ei flott hoe. Fisken vart kjørt
hardt og landa kjapt, etter å ha blitt målt til 90cm og tatt prøve av så
vart den satt tilbake. Dagen etter var det vinterpakking sia det står
egeninnsats i huset på tapeten neste vekene. |
31.12 |
Når det vart klart
at eg skulle gjere Hovdebygding av meg, så var Inge frampå å bestemte at
årets julefisking skulle skje i Ørsta med påfølgende fest i nyehuset.
Innflyttinga vart utsatt så det var berre så vidt vi kom i hus til jul,
så heile romjula gikk med i å pakke ut kasser, og derfor vart fisketuren
utsatt til Nyttårsaften. Vi samlast rundt middag og kjørte i samla
tropp ut til Sætre der vi trudde det skulle være roligare vind, men den
var like frisk der som ellers. Men vi pakka ut stengrene, ej, Inge og
Atle. Vi fiska nokre kast før vi lot Endre få prøve, men ingen av oss
kjende liv, så håvaren Bjørn vart arbeidslaus. Etter ein time kjørte vi
inn på meieriet for å sjå om fisken seig innpå på full flo. Vi såg nokre
fisker hoppe, men dei fleste minst ute i marebakken. Inge og Endre
gjorde nokre kast, men kjende ikkje liv. Etter kvart mørkna det og vi
gav oss for å starte festen i staden. |
|