STARTSIDE
FISKEDAGBOK
 

2010

27.03

På grunn av den kalde harde vinteren hadde Inge hatt berre 2 turer før ej kom heim til påske. Begge uten resultat, men han hadde sett fisk, så der var i det minste liv, alt hadde ikkje frose ihjel i løpet av den kaldeste vinteren på fleire tiår.

Årets første tur for meg, var ej og Inge i Ørsta på ettermiddagen. Mens ej knytte opp var det nydelig vær med sol, men før ej hadde kome meg ned og fått egna på duppen så hadde ein frisk bris kome og gjort kasting med dupp umulig. Bytta derfor til sluk, og etter ikkje så veldig mange kast så beit det. Fisken var liten så nokon stor fight vart det ikkje, men det var i alle fall ein aure på rundt 30cm.

Ikkje lenge etter beit det enno ein gong, og no var den større, men berre 5cm, så fighten var heller ikkje her noko å skryte av.

Etter dette var det rolig ei lita stund før det beit på med Inge, denne fisken fightet litt friskere sia den var litt større, rundt 1kg, men den var litt slunken så den fikk friheten tilbake.

Det stolna litt av etter kvart med vinden, Inge flytta til stanga, mens ej vart stående fast. Etter ei stund kom det ein båt sigende, ej forstod med det samme ikkje kven det var, men så såg ej Atle og Bente Storvik ombord. Dei blitza oss in action, men vi greidde ikkje huke på ein fisk til ære for fotografene. Ikkje lenge etter var floa komen opp igjen, og vi måtte trekke på land igjen og gi oss med min første auretur for året.

30.03

Så var vinteren på vikende front igjen, etter eit par kvite dager, og ej og Inge var i Ørsta igjen. Vi starta ved stanga, men det var veldig dødt. Fjøra var veldig stor, så etter ei stund flytta vi bortover imot røret. Her var det samme historie, men ej synes ej såg fisk bortover imot bukta, rett utfor Rema 1000 parkeringa. Så vi gikk hit og vada oss ut. Inge kasta på eit vak og fikk fisk omtrent med det samme. Fisken var liten, 25cm, så den vart satt raskt tilbake.

Etter å ha kasta ut igjen så gikk det ikkje lenge før han hadde på ein til. Men det var samme størrelsen.

Så var det min tur å prøve styrken imot ein aure, men heller ikkje denne var av imponerende størrelse, samme som Inge sine for å være nøyaktig.

Så var det Inge sin tur igjen, no litt lenger unna meg, og denne var eit lite knepp større, men som bildet viser ikkje imponerende, undermåls.

No flytta ej over på andre sida av han og straks beit det med meg også. Men det var dagens minste på rundt 20cm, så den fikk også ein ny sjanse i livet.

Inge fikk også ein til på samme size før vi vart innhenta av floa og måtte flytte. Vi prøvde litt på stanga med lys, men det var dødt.

Været var som dere ser nydelig, og der var ein helmax dag med havblikk, ikkje for kaldt vær og ikkje minst mykje fisk å sjå og den var også bitevillig. Dessverre var den ikkje så veldig stor, men det lover bra for kommende år at det finnes bra med denne størrelsen også.

31.03 Normalt refererer ej kun turer etter blankfisk som er rød i kjøttet og lever store deler av livet sitt i saltvatn. Men for å vise at ej ein sjelden gang prøver anna også, så tok ej med denne turen.

Denne gangen var vi ute med Atle for å fiske Påsketorsk. Vi prøvde Brækjen først, men her var sjøen vel stor. Så vi seig oss sørover, og det resulterte i ei lita lange som ej fikk sør for Skorpa Og absolut ikkje for å skryte, for det var ikkje mykje å røle av, så vart dette einaste fangsten denne fine dagen utpå vika. Veldig synd, for det var ein flott dag å være på havet i.

01.04 Det var litt mykje flo når vi kom inn i Ørsta, men Inge stoppa og fikk seg middag, så det var forhold ved stanga når vi starta. Etter kvart som fjøra kom, så flytta vi bortover imot REMA1000 igjen. Det var mykje fisk å sjå bykse i dag også, og størrelsen var samme som sist. Ej såg fisk rote oppi utfor meg, og synes den såg stor ut. Etter ei stund beit det og ein heftig fight starta. Fisken hoppa og var skikkelig flott, 2-3kg. Den kom med innover, men hoppa igjen, og ein tredje gang, og ein fjerde gang, men då tålte ikkje festet meir, og kroken kom. Det var sjølvsagt veldig ergerlig sida dette var ein skikkelig flott fisk.

Ej egna på igjen og kasta ut, som før såg vi mindre fisk hoppe og vake, og etter berre 5 minutt så beit det igjen. Dette var også ein bra fisk, ca. 1,3kg, den kjempa bra, men som bildet over viser så var den litt slunken, og fikk friheten tilbake etter ein rask fotosession med telefonen.

No var alt rolig ei stund og etter kvart vart Inge rastlaus og flytta over til meg. Etter nokre minutt med venting var Inge bortpå og sveiva. Då forsvant duppen og det var fast fisk. Den oppførte seg som den første ej mista, og når den hoppa så såg den identisk ut, men denne hoppa berre eit par ganger, men var seig og hadde mange lange utras. Men til slutt måtte den gi tapt og bli dradd frampå grusen. Vekta visste flotte 2,44kg, og kondisjonen var slik at den vart med heim til gryta hans Inge. Vi får nok aldri vite om det faktisk var samme fisk som ej mista, men det er ikkje utenkelig.

Etter dette prøvde vi lyset ei lita stund, mens vi fiska oss bortover imot stanga igjen, men var heilt dødt på den måten at ikkje noko beit, men småfisken bykste vidare langs stranda.

 

02.04 var det fortsatt 30cm snø og tjukk is på Hornindalsvatnet. Vi var innom Endre og feira litt påske, såg masse laksevideoer og laksebilder. Planen var å fiske litt, bo på vogna, men uten vatn og toalett så gikk ikkje det, men vi bodde veldig bra hos Endre. Etter 2 dager var det heim igjen, familiemiddag og så begynne å pakke for å reise ned igjen til Vietnam. Trøsta er at det er ikkje lenge til vi skal opp igjen, og då er det laksesesong.

02.05 Inge såg første laksen i Bruce på Alsaker.

20.05 var det 6 lakser på Skipenesbrua.

21.05 var det kome opp i 8 lakser.

22.05 var det berre 3 lakser på Skipenesbrua.

23.05 det stod 14 laksa på brua i dag. Laksene siste dagene har lagt på 6-25kg, så ting ser lovende ut før sesongåpninga.

24.05 det stod 3 nye lakser på brua i dag, 2 på 10kg og ein på ca.25kg.

01.06 Eidselva Alsaker 00-14 28.05 var vi tilbake i gamlelandet, og 30.05 for vi til Eid for å gjere klart. Og fortsatt såg vi fisk på brua, så dette såg lovende ut. Inge var heime på jobb og kom innover på kvelden sammen med Sindre. Når klokka var snart 22 så var vi på plass i elva, Ej, Inge, Sindre, Sindre Mo, Tor Aasen og Svein Aam. Været var bra, men litt småkaldt. Elva var lita, ca 23kubikk og 7,5grader kald. Inge starta på Øyrane, ej på Sanden, mens resten slåss om Fossekanten, og Svein vant. På ellevte kastet med Svein beit ein pjakk på ca 1,5kg, men denne vart satt ut igjen i håp om at det var større fisk i vente.

På mørkaste møttes alle for grilla mør og statusoppdatering, men låta var den samme hos alle, ingen hadde vore i kontakt med skikkelig fisk. Utover morgenen var det nokre mindre honndalsaurar som beit, men ingen skikkelig fisk. Det var kome melding om ein på 11,8kg på Staten, men ellers var det lite fiskenytt som tikka inn. Og utpå morgenen gav vi opp og for for å sove litt. Kl.13 var vi tilbake og fiska raskt over Fossekanten og Fåhølen, men det var fortsatt dødt. Dei som hadde fiska heile formiddagen hadde også lite nytt.

På ettermiddagen takka ej og Sindre av, mens Per Olav Osborg og Alfred Flåm tok over. Sindre Mo miste ein aure på 2-3kg ved Storsteinen, mens Inge miste ein liten pjakk bakpå Bruce. Inge såg ein laks hoppe i Bruce og seint på kvelden kom den opp fossen, men ingen fikk lurt den til å bite. Totalt kom det på land 8 fisker åpningsdøgnet, pluss pjakken til Svein, alt i nedre del av elva.  

02.06 Eidselva Bjørlo  14-02 Eg starta framme på fremste delen tidlig med god tru. Eg fiska strekket ifrå Svarthølen til Reitehølen, men det var heilt dødt over alt, ikkje ei krede som plukka ein gong.

Stakk fram igjen i 7-tida og åt middag, og etterpå vart Ly med meg ned i elva. Vi starta med å fiske i Linjehølen ved Måløyhytta og fiska oss framover Forbygginga, og så direkte til Leirhølen då det ellers var fullt. Der snudde vi og skulle fiske oss ned igjen, men fortsatt var der folk i Nye-Ledet, så vi sikta oss inn på Hjellehølen. Vi møtte Endre når vi var komne nesten i Hjellehølen og med hans instrukser fiska vi denne grundig med fluge, makk og sluk, men vi hverken såg eller kjende noko.

Etter å ha fiska over her måtte Ly uti og prøve vadebuksa, og tett var den. Etter dette vart det mørkt og regnfullt, så vi pakka sammen og reiste fram igjen.

03.06 Eidselva Staten  02-14 Så skulle ej prøve nedre del, samtidig som ej skulle ha bilen til dekkskifte. Ej starta i 4-tida og då hadde allereie Chriss og ein av dei lokale allereie fiska over sona uten å kjenne noko. Eg fiska aleine ifrå ca.kl.6, men til tross for at ej fiska sona til endes eit par ganger, så hverken såg eller kjende liv. På ein av passeringene fram igjen ifrå Malakoff gikk ej innom Irwin og plukka opp bilen, før ej pakka sammen og reiste fram igjen i 11-tida.
04.06 Eidselva Stokkenes 14-02 Mamma og pappa kom innom på vei til Sæbø, og dei vart med meg og Ly i elva. Vi starta i Myrahølen, her var noko som plukka ein gong, men så var det dødt. Når vi flytta fram reiste dei vidare. Første overfaret i Mastehølen vart ødelagt av Ly, men etter å ha møtt Tor Aasen i Svingen og knytt opp igjen, var ej bort i noko i Mastehølen, men trur ikkje det var noko veldig stort. Etter dette var det heilt stille, men i skyminga såg Tor kanskje ein fisk i Åbrekkhølen, men han fikk den ikkje til å ta. Inge var også ned å prøvde, men kjende ikkje liv. Litt etter vart det veldig kjølig, så vi gav oss, og det gjorde også Inge og Tor.

Dei fiska også neste morgen, Inge såg ein laks i Hildehola, han prøvde med makk først, men først når han prøvde sluken tok den, men den vart ikkje fast. Ellers var det heilt dødt. Vi for til Ålesund, Sindre Refsnes og Tor for heim, mens Inge fiska Staten og Moen utover helga, men det var heilt dødt i begge ender av elva.

07.06 Ørsta  Mo       18-24 Etter gode fangster første veka, med topp på 13,5kg for Tor Aasen, var ej og Atle Storvik innover og fiska Mo. Vi fikk vite at ein kar til skulle fiske, og kven andre møtte vi enn Chriss Beitveit. Ej og Atle gikk fram på fremste Mo, men her var lite plasser for fluga etter isløysinga i vår. Så etter kvart gikk vi ned igjen og fiska strekket ifrå røret til andre hølen. Etter ei stund bytta ej ifrå fluge til makk, og når ej kasta uti første kastet var ein fisk oppe og hoppa i svingen foran buda. Den var borti eit par gonger, men vart ikkje fast, uansett var det ikkje nokon stor fisk. Etter kvart dukka Per Olav og faren opp, og etter at Chriss for kom Sindre Mo også nedom ein tur, men ingen av dei heller kjende noko.
12.06 Eidselva Bjørlo   02-14 Kjøpte ny vogn, og den kom på onsdag kveld. Så Torsdag var det spikring av platt i forteltet. Vi var akkurat ferdig med det vi skulle ha på plass når det begynte regne i 8-tida. Mamma og pappa reiste heim for å forberede Dina sin 11 års dag, mens vi vart igjen. Fredag for vi ut i selskap mens Inge og Bjørn slutta tidlig og kom innover tidlig.

Inge fiska Bjørlo og Bjørn var på Alsaker kvelden den 11.06. Bjørn gav seg tidlig fordi han var kliss våt etter alt regnet, mens Inge stod imot ei stund til. I skyminga begynte det hoppe mykje fisk i Kastehølen, og mens Inge stod å fingra med å få seg ein ny røyk så beit det. Fisken var stri, så skuffelsen var stor når ein skikkelig slåp kom på land. Laksen var 92,5cm og vog berre 4,4kg.

Sia regnet hølja ned så orka ikkje vi å stå opp tidlig, men var komen i elva kl.07, ej og Inge på Bjørlo, Bjørn fortsatte på Alsaker. Ej starta i Svarthølen og fiska heile veien til bak Granhølen, men fiskane Inge såg kvelden før var som sunket i jorden. Når ej kom fram igjen ringde Inge og kunne fortelle at han hadde fått ein storaure på 4,86kg på sluk i Forbygginga, men det var ein fisk som hadde stått lenge i elva. Når vi seinare gjorde den opp så hadde den minst 13 yngel i magen.

Når vi var ferdige å prate var det kome eit bilde ifrå Bjørn av ein fisk, så ej måtte ringe han også. Og han hadde storveis nytt ifrå Sanden, like bak hola hadde ein laks på 11,5kg tatt makken hans, og etter 20min kunne han henge den i buda. Etter kvart kom Inge framover, men heller ikkje han fann fisk her. Etter eit par timer sammen ville ej prøve nedover, så ej gikk ned i Reitehølen, Leirhølen, Ny-Ledet og til slutt Hjellehølen. Ej var borti noko i Ny-Ledet, men fikk det ikkje fast, ellers var det dødt.

13.06 Eidselva Alsaker 02-14 På vei ned på Alsaker kl.7 neste morgen snakka ej med Inge som fiska Bjørlo, han hadde då akkurat mista ein stor laks i Hjellehølen, mens han stod å fiska på ein annen. Denne forsvant når han hadde på laksen, så han ville prøve øvre ein tur. Og når vi kom ned å parkerte så hang det 3 lakser i trea. Bjørn sa den minste på 4kg hang der på fredag, men dei to andre, 6 og 8kg var nye ifrå i går morgen. Når vi snakka med karene så hadde dei fått dei på kvelden. Ej starta på Fossekanten, mens Bjørn gikk framover, men der stod begge karene, så han kom ned igjen kjapt. Ej fiska meg nedover og fikk ein sjøaure i hola bak Svadet, men den var berre 25cm, men hadde 4 lus. Fiska vidare heilt ned til bakre Bruce, men hverken såg eller kjende liv. Når ej kom opp til bilene igjen så var eine av karene komne ned igjen med enno ein laks, no ein nydelig fisk på vel 10kg. Ej prøvde Fossekanten igjen før ej gikk fram i buda for å høre nytt ifrå Bjørn. Vi satt her å prata når siste Sogndølen også kom med fisk, ein laks på knappe 6kg. Etter å ha fått historien og at fisken hadde tatt på andre kastet med spinnar så gikk ej framover for å prøve. Men hverken ej eller Bjørn såg eller kjende noko på noko meir. Inge fortsatte heilt ut, og han fant fisken tilbake på plass i Hjellehølen, men den ville ikkje ta.
18.06 Eidselva Alsaker 14-02 Vi var tidleg oppe og kjørte innover til Eid, men klokka var over 15 før ej var komen i elva. Ej starta med Fossekanten og Sanden, men kun ein svart makketjuv var resultatet. Når ej kom ned og fiska Fåhølen kom ein kar og fiska Fossekanten med sluk. Han var innom for å fiske berre eit par timer, så ikkje lenge etter reiste han. Og i samme tidene kom Inge. Ej fiska meg nedover til Storesteinen der Inge passerte meg. Var bort i eit par mindre aurar, men veldig dødt. Fiska over framme igjen, men det var dødt, så ej stakk fram igjen ganske tidlig og snakka med Petter og Bjørn som sat i gamlevogna. Petter fiska eit par timer sammen med Inge, men dei kjende ikkje fisk.
19.06 Eidselva Bjørlo   02-14 Inge, Petter og Bjørn fiska Alsaker, men berre Bjørn hadde kome seg i elva når ej var oppe og reiste i elva i 6.30-tida. Ej starta framme og etter ikkje lenge var det oppe ein fisk og rulla midt i Kastehølen. Ej kasta på den med makken, men like etter hoppa den i innløpet. Etter dette var det heilt dødt. I halv 10-tida fiska ej Kastehølen med makk, men det var kaldt og dødt. Tenkte ej skulle fiske Utfallebakkene før ej gikk nedover, men midt nedpå sleit eg alt og måtte fram i buda for å finne alt ej trengte. Mens ej knytte vart det så steike kaldt at ej tenkte at dette ikkje er noko å trøyte, betre å stikke opp igjen. Men når ej var ferdig fikk ej stor tru på å prøve ein spinner. Etter 3 kast i innløpet skulle ej kaste bakpå innløpet, men sluken enda midt i hølen. Ej stod å kika ein annen vei og håpte at sluken snart skulle slutte spinne, og berre sekunder seinare gjorde den det. Ej venta på svar ifrå enden om det var fisk eller botn, og straks kom svaret, FISK. Ej slo til og ei stor blank side bukta seg i det klare vatnet. Fisken rota litt rundt der den tok før den raste framover og bort på stilla bortanfor straumen. Ej holdt igjen det ej turde, og fisken svinga inn i straumen. Etter dette gikk den opp og ned i kanten på straumen før ej begynte å få den innover imot meg. Eg hadde stått på steinen, men hadde no gått ned på framsida og framover. Fisken kom etter kvart nærmare, og rota lenge i kanten på grunna. Ej begynte å rygge innover imot land og fikk dradd fisken inn på grunna. Denne svarte med å sige fram i straumen innunder land, men etter 5m så la den seg på sida og kom flytende nedover. Men når ej ville dra den enno grunnere så raste den bort i djupet igjen. Denne gangen kom den raskt tilbake, og igjen prøvde den seg opp straumen innunder land, men når den no kom flytende så vart utraset berre nokre få meter. Ej rygga heilt inn på land og pumpa fisken innover, den begynte fram straumen igjen, men måtte gi seg med forsøket. No var fisken ferdig og kom sigende flott inn på land der ej kunne løfte den og bære den til sikkerhet. Dermed var det berre å gi seg og forberede seg på ein lang og tung tur opp i bilen. Når ej holdt på å pakke kom 3 bergensere som skulle fiske der, og dei var heilt himmelfalne. Ej slengde laksen på ryggen og trakka meg opp igjen.

Vel oppe på campingen vart fisken målt til 98cm og vekta stoppa på 9,44kg. Dei andre såg fleire fisker på Alsaker, både i Bruce, Fossekanten, Sanden, Fåhølen og svingen foran Fåhølen, men dei ville ikkje ta.

20.06 Eidselva Moen   02-14 Inge fiska Moen på kvelden, han kjende fleire fisker og Kjell-Tore fikk ein aure på 1,5kg, med lus.

Ej kom i elva i 07-tida, og fiska først Moahølen med fluga før ej flytta fram og fiska fremste, men kjende ikkje noko. Klokka 07.30 snakka ej med Petter som hadde fiska sia kl.03 på Stokkenes, men der var det heilt dødt. Fiska så med makk heile veien ifrå Moahølen til Flata, fortsatt uten eit einaste napp. Fiska så fremste med makk og her var eg bort i fisk både innunder land og borte i renna, men fikk dei ikkje faste. Fiska meg ned til og med Moahølen med makk, men det var dødt. prøvde sluken igjen, men det var ikkje noko å kjenne. Klokka 1030 snakka ej med Inge på Bjørlo, som hadde lite nytt. Men i det ej la på så kom det melding ifrå Bjørn, han hadde fått ein laks på 6,0kg på Fossekanten. Ej holdt på litt til, men sola vart veldig skarp og heit, så ej pakka sammen.

Petter fiska Bjørlo på kvelden, men det var heilt dødt.

21.06 Eidselva Bjørlo   02-14 Ej og Petter starta kl.04 etter rapporter om godt fiske morgenen før, men det var ikkje noko som fortsatte. Vi fiska framme til klokka var rundt 09 då vi fiska oss nedover. Det var heilt dødt heile veien, men i Forbygginga kom ein laks opp og tok spinneren til Petter. Fisken rulla i overflata og Petter slo til, men sluken kom flygende. Etter dette fiska vi oss framover igjen, før vi gav oss i Nye-Ledet og gikk veien opp igjen.
22.06 Eidselva Bjørlo   14-02 Ej og Petter skulle endelig få fiska kvelden. Vi starta fremme i 17-tida. Det vart meldt om at Hans Eimhjellen hadde mista 2 laks på Moen, den første var diger, så vi hadde god tru. Vi starta framme, men det var veldig dødt. Så i 20-tida gikk vi oss nedover, vi fiska oss heile veien ned til Forbygginga. Her var Petter lei og stakk til skogs for å prate med fruen, mens ej fiska den med alle redskaper. Så snudde vi opp igjen og fiska oss opp igjen. Petter fiska seg ifrå Granhølen og fram, mens ej gikk fram i buda. Når han kom fram kunne han fortelle at han hadde hatt på ein fisk på Utfallebakkane, trulig ein flott laks, men den berre stramma opp, hoppa og var vekk. Vi fiska utover til kl.01, men det var heilt dødt over alt.

Petter fiska også morgenen på Alsaker. Her mista han ein 10kg laks heilt bakpå Bruce, så han gav opp og slutta av.

27.06 28.06 Eidselva Nor      19-19 Etter ei helg på Sunnfjord Hotel i Førde så var fiskelysta på plass. Helga hadde Refsnesene brukt godt. Inge fikk ein aure på 3,6kg og 75cm på laurdag morgen, like etter kl.02 på utløpet av Kastehølen. Mens Ståle fikk ein laks på 6,8kg laurdag morgen kl.06 på Fossekanten. På søndag fikk først Inge ein på 5,66kg på fluge foran hola på Sanden, før Ståle fikk enno ein på Fossekanten i 12-tida, også denne på 5,66kg. Sindre fikk ikkje noko. Tore som fiska søndag morgenen sammen med dei fikk heller ikkje noko.

Ej fiska ifrå 19-20.30 søndag kvelden nedanfor brua og i Dammen. Fikk ein liten Hønndøl nedanfor brua ellers heilt dødt. Ej snakka med Tore, men han hadde heller ikkje kjent liv.

På morgenen fiska ej 08-11, først i dammen, så nedanfor brua og foran brua. Ej fikk raskt ein liten Hønndøl, men ellers var det veldig dødt over alt. Tore hadde vore sein han også, men hadde sett fisk på Fossekanten, men han fikk ikkje noko.

29.06 Eidselva Bjørlo   02-14 Etter eit par timer i køya var eg oppe og klar for fiske like etter 02.30. Når ej kom ned var eg aleine og fiska først innløp og utfallebakkene med fluga før ej fiska strekket Kastehølen til godt nedom Granhølen med makken. Når ej kom opp igjen var det komne 4 svensker der 3 fiska. Så ej fiska Svarthølen og bestemte meg for å fiske meg nedover. Starta på Pina med fluge, men her var dødt. Fiska så bakpå Pina med makk og her var eg bort i først ein aure, og så ein laks, men fikk dei ikkje faste. I Reitehølen stod ein av svenskene, så ej gikk nedover og fiska Leirhølen, Nye-Ledet, Linja, Hjellehølen og Forbygginga, men det var dødt. Starta framover igjen med å fiske Hjellehølen med sluk, så gikk ej fram i Nye-Ledet, men her stod svensken igjen, så ej fiska hølen nedanfor, den med muren på Hjellesida. Gikk så fram og snakka med svensken, og når han gikk så drog ej over Nye-Ledet, og her slo noko skikkelig hardt i, men vart aldri fast. Fiska ei heil stund til, men kjende ikkje noko meir. No var eg lei og pakka sammen og gikk veien opp. Tore fiska fortsatt Alsaker, men fikk ikkje noko. På kvelden fiska han igjen og no gikk det jevnt med fisk, men han fikk dei ikkje til å bite.
02.07 Eidselva Moen   02-14 Ej satt på terrassen til Atle og Bente til kl.23, så når klokka ringde 0100 så var eg litt småtrøtt. Men i elva må ein veit du, og fisken var på hugget ifrå starten, berre ikkje med meg sjølvsagt. Inge derimot som starta i fremste blei det fisk. Midt i hardaste straumen kom ein aure etter og tok fluga hans så det sang etter. Fisken gjorde sitt beste, men imot eit 15' dyr så vert ein aure på 1,92kg litt liten, men fisken var flott den, og lusete.

Etter dette var det heilt dødt til klokka hadde bikka 06 og Inge var på tur nedover sona. Ved bjørka tok plutselig noko med full fart nedover. Fisken kjørte ut så spruten stod og lina laga strek i vatnet, men det var ikkje mange sekunda så kom kroken. No hadde vi vore i fullt sving i 5t og ej merka søvnmangelen, så ej pakka sakene, mens Inge fikk masse fisk på besøk ein halv time seinare. Han kjente fisk i fremste over alt, men fikk dei ikkje faste, så det vart med den eine også på han.

På kvelden kom Bjørn og vi grilla aure og masse snadder. Bjørn fiska Stokkenes på natta, mens Inge var på Bjørlo. Begge plassene var det heilt alldeles dødt.

Vi reiste ut igjen laurdag ettermiddag, mens Asbjørn då prøvde Nedre Roti, Inge Bjørlo og Atle Fossen. På natta fiska Bjørn og Inge Bjørlo, men for alle sammen var det samme svar, heilt dødt.

    På laurdagen hadde Inge lova seg vekk for å grilla for hundegjengen til Atle og Bente, men sjølvsagt var det rett til Eid når dei pliktene var gjorde.

Inge starta rett på, med å fiske søndagsmorgenen på Moen 11.07,  og her fikk han tidlig ein pjakk på 2,08kg og så i 07.30-tida fikk han ein aure på 2,6kg. Han miste i tillegg to store aurar og ein på ca 2kg, alt på makk, så det var ein bra tur, men uttellinga kunne vel vore noko betre. Bildet viser auren til venstre og pjakken til høgre.

16.07 starta Inge på ferie, og då var rett på Bjørlo for eit kveldskort. Men det var heilt dødt. Såg mykje fisk som viste seg, men han fikk den ikkje til å ta samme kva Inge baud dei.. Han var ned på Os-brua å kikka, og her stod det ca. 150 aurar, så det ser veldig lovande ut.

17.07 fiska Inge morgenen på Moen, her fikk han ein flott aure på 2,7kg og ein fin aure på 1,96kg, begge på makk. Han mista også ein pjakk på fluge. Bjørn fiska på Alsaker, og her fikk han ein pjakk på 2,4kg, og satte tilbake ein pjakk på 1,3kg.

18.07 fiska Inge og Bjørn morgenen på Moen. Her fikk Inge ein flott aure på 4840g, i tillegg fikk han 3 småaurar på 1000g, 700g og 700g. Bjørn fikk ein småaure på 700g.

18.07 var Sindre Mo og Kim på Alsaker på kvelden. Dei fikk to lakser på 3,4kg og 5,4kg og satte ut igjen 7 pjakker. Dei fikk også 4 aurar på ca.1kg kvar.

19.07 var Inge på Moen igjen, men no var det heilt dødt igjen.

19.07 var Bjørn og Atle på Alsaker, det var ikkje bitt i fisken, og betre vart det ikkje når Atle vada på utsida av fisken, men begge fikk kvar sin pjakk servert på sølvfat av Inge. Bjørn 1,6kg og Atle 1,54kg.

20.07 fiska Inge morgenen på Alsaker, han starta kl.02 og klokka 06 måtte han gi seg. Då hadde han fått to aurar på 1140g og 900g , og ein pjakk på 1,72kg, i tillegg servert for Atle og Bjørn, samt satt tilbake 3 pjakker på 1,5kg, 1,6kg og 1,7kg. Så ikkje verst på ei kort morgenøkt. Og han kunne fått minst 10 til om han hadde fortsatt videre, men fisken var så på hugget at han turde ikkje. Det stod stålet både på Sanden og på Fossekanten.

20.07 fiska han kvelden på Bjørlo, men no var det plutselig heilt dødt igjen. 21.07 kom det mellom kl.04 og kl.14 akkurat 50mm regn, og det stoppa ikkje med det.

21.07 fiska pappa Alsaker ifrå kl.19 til 22, men elva hadde vorte kaffisvart av alt regnet, så det var ikkje fiskande. Samme melde Inge om når han fiska Bjørlo, sjølv på fremste var ho så svart at det ikkje var fiskande. Så ingen av dei fikk noko. 22.07 kl.05 var vatnet komt opp på nesten 26 kubikk, dette er det høgste ho har vore i årets sesong.

22.07 var Inge og Endre på Langeland og fiska kvelden. Inge fikk ein pjakk på 2,85 på fluge, mens Endre fikk ein aure på 4,5kg...sjølvsagt. Asbjørn fiska Hjelle og endelig vart det klaff, han fikk ein laks på 8,5kg i Granhølen. Elva var no komt opp over 30 kubikk, etter 125mm regn.

23.07 skulle Inge på Bjørlo kl.02, men då var det 5 kalde på vogna, noko som betyr minus nede i dalen, mest trulig. Så han venta til klokka var 6. Men likevel fylte han kvota fort, med ein aure på 1,6kg, ein aure på 5,6kg i Granhølen og ein laks på 4,96 på fluge i Nye-Ledet. På kvelden fikk Endre ein laks på 8 i Linja foran Hjellehølen, og det vart tatt ein på 14,5 i Nye-Ledet ifrå Hjelle.

24.07 fiska Inge morgenen på Bjørlo igjen. Her fikk han ein laks på 6,1kg og ein aure på ca.1740g, begge tatt i Kastehølen.

25.07 fiska Inge Nor etter ei fuktig natt på Malakoff og fikk ein laks på 5,04kg på sluk kl.14. Så for han på Bjørlo og fiska kvelden der. Det enda med ein oppdrettar på fluge i Hjellehølen på 4,46kg. Så satte han ut igjen ein pjakk på ca.2,8kg som han fikk på fluge i Forbygginga, og så fikk han ein aure på 3000g i Kastehølen.

26.07 fiska Inge og Tore Alsaker på kvelden, Tore fikk ein aure på 800g og Inge mista ein aure på ca.5kg.

27.07 fiska Tore Alsaker på natta, han fikk ein laks på 3,6kg i halv 4-tida og miste ein fin aure eit par timer seinare. Utpå morgenen fikk han ein aure på 1,2kg.

27.07 starta Inge og Endre på Hjelle kl.16, og som vanlig var det bra greier for Endre. Han fikk 3 store aura på 5800g, 4400g og 4400g på kvelden, mens Inge skar klar.

28.07 på natta var det derimot Inge som fikk fisk, og då ein flott laks på 6,34kg på Utfallebakkene. Årets største for Inge, men fortsatt ikkje storlaks på han.

Etter ei kort kvild var karene i elva igjen og no fikk Inge ein oppdretter på fluge på Pina på 4,5kg og Endre fikk også ein oppdretter på 4,2kg.

Frode Vatne fiska på Bjørlo og fikk ein aure på 5kg kl.13.45.

28.07 var Pappa og Johan på Stokkenes på kvelden, raskt fikk Johan ein oppdrettar på 2,4kg og ikkje lenge etter ein laks på 4kg. Dei fiska vidare utover kvelden, men det vart ikkje meir på dei. Som bilde viser var laksen litt farga, mens den andre var ein soleklar oppdretter.

28.07 fortsatte Inge med eit døgn til på Hjelle. På kvelden var det stille, men han fikk seg ein aure på fluge på 1820g i Kastehølen. Største plaga var egentlig alle som ringde og ville ha fiskenytt.

29.07 på natta vart det betre med godt aure bitt, og til slutt hadde han 4 aurer til, 2 stk på fluge på Utfalle på flotte 4500g og 3220g, og ein på 1700g på makk i Kastehølen og ein på makk ved Joutstikkeren på 1400g. Bjørn fiska Alsaker samme morgenen og der nede var det laksen som beit. Han fikk ein flott laks på 4,82kg og ein pjakk på 1,26kg. I tillegg satte han ut igjen 2 pjakker på ca. 1,2kg kvar. Alle fiskane tok på Fossekanten.

30.07 fiska Inge natta på Fossen, eller det vil sei han fiska ikkje natta på Fossen, fodi han forsov seg. Men morgenen fikk han med seg, men det var heilt kolsvart, og Inge trudde på at det var nordaværet som gjorde det. Og det veit ej alt om etter første 5 vekene i sesongen når ej var heime. Bjørn prøvde seg på Bjørlo sammen med Endre, men heller ingen av dei såg eller kjende liv i det heile.

30.07 var pappa og Johan innafor igjen, denne gangen fiska dei kvelden på Alsaker. Det var regn og skodde så langt ifrå ideelle forhold. Men masse fisk var der som hoppa, og fisken gikk omtrent mellom føttene på dei. Men bite ville den ikkje, men Johan greidde nygge seg ei krede på akkurat 1000g. Dette var kjempeartig synes onkel, men han likte seg betre på Stokkenes enn på Alsaker.

31.07 fiska Inge morgenen på Bjørlo igjen, han fikk ein pjakk på ca.2kg, på fluge i Kastehølen, men den vart satt tilbake. Ellers var det heilt dødt. Var på bruene og sjekka og der står fortsatt masse fisk som skal på elva.

31.07 reiste Atle og Asbjørn til Gaula for å fiske på Aune vald. Dei installerte seg på Tveiten med lavvo'en og fiska i området der. Atle fikk kl.22.30 på laks på wobbler, og etter litt kunne han lande ein litt lang og slank laks på 7kg. Asbjørn holdt på heile natta, mens han med full kvote sov, men ikkje noko ville bite med han.

01.08 fiska Inge kvelden på Bjørlo, det hadde regna masse igjen, 30mm, så elva hadde stoppa og snudd opp igjen. Det var mykje fisk som hoppa, men stort sett kun laks. Men det var auren som skapte aktion. I Granhølen tok ein stor aure på 6-7kg makken hans. Fisken var heilt rabbiat og var så vidt nedi mellom hoppa som gikk i alle retninger. Snøret og festet holdt i 4 hopp, men ikkje i 5, då løysna kroken og fisken kunne sige tilbake til standplassen fri ifrå rovfiskeren ifrå Møre. Men Inge vart ikkje fiskelaus, for han fikk ein pjakk på 2,7 i Hjellehølen ppå fluga, og ein aure på 1400g i Granhølen på makk.

02.08 fortsatte Inge med 12t til på Bjørlo, det var roligare no, men han fikk ein pjakk på 1,73kg. Atle og Asbjørn gav seg etter to døgn i Gaula, var mykje fisk å sjå, men det vart med den eine som beit. Turen hadde dei kombinert med å hente heim eine bikkja til Atle ifrå Sverige.

02.08 fiska Sindre kvelden på Alsaker, men det var dødt og det vart ikkje fisk på han.

03.08 fiska Sindre morgenen på Alsaker, no var det meir liv, og på morgenen fikk han ein pjakk på 2,52kg på Sanden. Inge fiska Bjørlo, men det var rolig. Likevel greidde han nygge seg ein laks på 3,58kg i stryka nedanfor Nye-Ledet.

04.08 fiska Inge Bjørlo igjen, men denne gangen hverken såg eller kjende han livstegn.

05.08 fiska Pappa og Johan kvelden på Stokkenes. Dei fiska 14-23, men kjende ikkje anna enn småkreder. Men dei såg nokre mindre fisker som hoppa. Inge fiska Alsaker, det stod 7 storaura på Fossekanten heile kvelden, men dei ville hverken dei eller nokon andre.

06.08 fiska Inge morgenen på Bjørlo, det var regn kl.02 så han venta litt med å fare i elva, men kunne venta lenge, for det var heilt dødt.

06.08 Asbjørn fiska kvelden på Bjørlo, men han kjende ikkje liv

07.08 morgen var Inge på Moen igjen. Det var vanskelige forhold på natta med 16 grader i vatnet og 9 i lufta, men han greidde kroke ein laks på natta, men den reiste for han. Seinare på morgenen fikk han ein aure på 1000g. Bjørn fiska på Alsaker, men også her var fisken lausbiten, og før kortet var omme hadde han mista 4 fisker største var ca.3kg. Fiska sammen med 2 andre, og dei mista 2 kvar dei også.

08.08 fiska Pappa morgenen på Moen. Han fikk 3 småaura. Det var mista ein laks på andre sida. Bjørn fiska samtidig på Alsaker, her fikk han 2 oppdrettere på 3,7kg og 4,68kg. Men ellers var det ikkje all verden å sjå.

08.08 starta Inge på eit døgn på Hjelle, på kvelden mista han ein fisk og sleit på ein fisk, begge ved Joutstikkaren på makk. Han såg den eine og anslo den til 7-8kg, men greidde ikkje å avgjere om det var laks eller aure. Bjørn fiska kvelden på Asaker, men der var det dødt.

09.08 fortsatte Bjørn med natta på Alsaker, men det var like dødt. På heile døgnet såg han ein liten fisk. Inge fortsatte på Hjelle, det var dødt, men til slutt fikk han ein regnbueaure på 1,3kg i Forbygginga.

09.08 fortsatte Inge på eit nytt døgn på Hjelle, men det var stillere denne kvelden.

10.08 fiska Sindre morgenen på Moen, men det var heilt dødt. Inge avslutta sine 2 døgn på Hjelle uten meir fangst.

11.08 fiska Sindre morgenen på Alsaker, men det var stille og ikkje noko å få.

12.08 fiska Inge morgenen på Moen, her fikk han ein pjakk på 2,9kg på fluge i Moahølen kl.02.10. Etter dette vart det ikkje meir.

14.08 fiska Inge Moen, men det var veldig dødt. Hans Eimhjellen hadde fiska der eit par daga før, så Inge trudde det fortsatt virka inn. Atle fiska Bjørlo, men det var heller ikkje noko å kjenne der.

14.08 starta Inge, Atle og Asbjørn på eit døgn på Hjelle. Men det var dødt og ingen av dei fikk fisk første kvelden.

15.08 fortsatte karene på Hjelle, men det var fortsatt veldig dødt, og dei måtte gi seg fiskelause alle tre karene.

20.08 var Inge kvelden på Bjørlo. Han hadde god tru etter rapporter om at det går mykje fisk. Sia elva no var komen ned på 8 kubikk så fiska han kun med fluge. Han fikk ein pjakk på Pinå på 2,76kg. Såg 5 fisk som hoppa.

21.08 fiska Inge morgenen på Moen, planen var å starte kl.02 med fluga, men det begynte å regne så han sov litt i staden. Hans Eimhjellen hadde fiska der fredagskvelden, så Inge kjende ikkje liv for heile kortet.

22.08 fiska Inge morgenen på Moen, her fikk han på ein laks i Khrutschov. Fisken var veldig seig og Inge kjempa ein heil time før han fikk den på land foran Khrutschov, og då hadde han allereie kryssa elva 4 ganger, vore nesten fram i fremste og ned i Moahølen. Sia fisken var ei hoe og ho var veldig svart etter lang tid i elva så satte han tilbake laksen på 95-100cm. Holaksen var i usedvanlig godt hold og skikkelig sid buk, så Inge anslo vekta til ca 10kg. Han fikk også ein aure i samme hølen på 1700g. Dermed passerte vi alle tidligere rekorder på samla fangst også. Elva er no 19 grader, men det går likevel ca.50 fiska for dag.

26.08 starta Inge på Hjelle, her fikk han ein laks på 4,8kg på fluge klokka 21.30 i Forbygginga. Ellers såg han ein fisk i Reitehølen.

27.08 fiska Inge fortsatt på Hjelle, og klokka 0600 fikk han ein pjakk på 1,12kg på makk i Forbygginga.

27.08 fiska Inge og Sindre Mo kvelden på Sone 5 på Stryn.  Inge satte ut igjen 4 aura på ca.1kg, og ein laks på 98-99cm som han fikk i nederste hølen. Fisken var i veldig godt hold, den feitaste laksen Sindre noko gong hadde sett og dei anslo vekta til 10,5kg. Laksen hadde stått ei stund på elva, for den var grå i skinnet. Han tok ein aure på 0,98kg. Sindre fikk ein aure på 1,5kg og ein på 2kg. Han satte ut igjen 2 på 1,5kg kvar. Dei såg 4 laksa til, der 2 var større enn den Inge fikk.

28.08 fiska Inge og Sindre Mo kvelden på Midtre Kirkeide, men denne dagen var det heilt dødt.

29.08 hadde Inge kort på Bjørlo, men han sov over heile kortet.

 

 

OPPSUMMERING 2010

Det hadde vore sett bra med fisk på bruene før sesongen, men været var ikkje heilt ideelt med nordlig vind og ikkje nokon storvarme. Sesongen starta tregt, men tok seg litt opp i midten av månaden. Då fikk eg også sesongens største fisk på oss karene, i alle fall som ikkje vart slept ut igjen. Jonsokhelga løsna det enno meir, men då var ej i Førde og feira dag. Det vart ikkje noko storfiskeri før etter at ej reiste, då livna det til, og ifrå elva plutselig steig til 30 kubikk i midten av månaden så var det klondike i nesten ein månad. Inge satte årsrekorder på alt det kunne settes rekorder på, og masse fisk måtte settes ut igjen.

 

 

Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

31.10.2011