|
|
2009
|
Dagen
før det nye året starta satte
Atle seg på flyet og flaug halve jorda rundt til Tierra del Fuego, eller
Ildlandet som det heter på norsk. Dette er heilt på sørspissen av
Sør-Amerika, i Argentina, og skal visst være eit eldorado for
sjøaurefiske. Sjølv om det var på den sørlige halvkule og
sommar, så ser det ikkje så veldig varmt ut. Trur temperaturen låg rundt
15, men det var aldri stille, alltid ein god bris.
Men fisk var her, flott sjøaure på fleire kilo, men elva var
vanskelig å lese med lite stein, så det tok litt tid før dei store
fangstene kom, men nokre fine fisker ser vi han fikk også første tida.
Utrustninga
var lette tohandsstenger, 13 fot klasse 8-9, så desse flotte fisken må
ha gitt ein bra og flott fight, før dei vart satt tilbake.
Telefonforbindelsen til Ildlandet var ikkje imponerende, så vi som måtte sitte
heime i kulda fikk lite tilbakemelding underveis, men vi fikk fyldig referat med bildeshow
på Jeger og Fisk når han kom heim. Og alle var samde om at dette nok
hadde vore ein gild tur.
Som
vi ser her så vart sjøaurene imponerende store etter kvart, 12-14 pund
vart det sagt, 6-6,5kg er flott størrelse på ein sjøaure, og ikkje
akkurat kvardagskost her i landet. Og i alle fall ikkje på fluge. Får
berre håpe at ej kan matche han seinare i sesongen, hadde vore konge
det.
Det vart stort sett fiska morgen og kveld, då vinden var hard midt på
dag. Men på kvelden stilna den av, men det var ikkje vanlig med
nattfiske etter sjøauren der slik som det er her.
Som
ein kan sjå så på dette siste bildet så var kveldene flotte, med lite
vind og flotte solnedganger. Vi ser også elva er veldig slett, men som
vi ser på fiskerene så er det bra med straum. Dette fordi elva kun renn
i sand og ingen steiner som bryt opp straumen.
Og alle var samde om at det heilt sikkert var ein gild tur, både han som
var der og dei som måtte nøye seg med dokumentasjonen i form av bilder
og fortelling ifrå Atle. Får berre håpe vi alle får oppleve liknande ein
gong eller to i livet, eksklusivt fiske etter stor fisk må være eit
minne for livet.
24-25.01 var Inge, Petter og Andre Knotten i
Ørsta uten resultat.
31.01 Inge var innafor aleine og det var heilt dødt. Ej snakka med
han i 16.30 tida, og då såg han ein stor oppdretter hoppe. Etter det
livna det til, og han fikk ein aure på ca.1,1kg og to mindre som han satte tilbake.
Han var bort i minst 15 fiskar fram til det vart mørkt.
01.02 fikk han og Petter ikkje noko, men ein fisk følgde sluken
til Inge heilt fram på tangen.
05.02 satte eg meg på flyet til Vietnam for å jobbe der i eit par år
med å bygge opp ei teknisk avdeling parallelt med vårt nye
produksjonsanlegg i Vung Tau, 3t øst for Ho Chi Minh (Saigon). Bildet
til høgre viser bakhagen i huset mitt med pool og uteplass. 200m unna er
3-4km med topp badestrand. Planen er at eg kjem opp igjen ein tur 21.mai
og då vert heime for å få med første del av laksesesongen, for så å
stikke ned igjen, og komme opp igjen til avslutninga.
08.02 fiska Inge og Petter på badestranda i Ørsta, men det var ikkje
liv å sjå. Når dei var klar til å gi seg så såg dei at det hoppa fisk
ved moloen på havna. Nokre få kast seinare fikk Inge ein oppdretter på ca.3kg.
Og før han hadde fått fisken på land så hoppa dei ved nausta på sørsida,
så dei hadde veldig fart.
30.02 var Inge og Petter i Ørsta og fiska på badestranda, dei fikk
sei, men det var veldig dødt. Dei såg 2 som hoppa lenge etter at det
hadde vorte mørkt. 15.03 var Inge i Ørsta, det hoppa mykje fisk rundt
han, og spesielt i renna nord for stanga, men den ville ikkje bite. Det
var mykje halvkilos fisk, mens den større som har vore der før no var
vekk. Etter kvart vart det mykje trafikk og lys i forbindelse med
leiteaksjonen, så han gav seg. 21.03 var Inge inn å såg etter vogna,
og der hadde gjengene svikta på eine foten, slik at vogna stod på skeiva.
Samtidig hadde noko bitt av ledninga vår, og dermed vart det ikkje
overnatting for han. Men han var inn å prøvde auren på Stryn, og det såg
lovende ut. Han fikk fleire, og såg mykje fisk, mest små, men også
skikkelige ruskar. Den største han fikk var fram imot kiloet trudde han,
men han hadde satt alle tilbake. Han såg mykje fisk på Honndalsvatnet,
og fisk i alle dei tre nederste vatna på Kile, så fisken har tydeligvis
begynt å livne til. Petter reiste på Smøla utpå dagen laurdag, han fiska
i Fuglevågen og i nederste vatnet. I sjøen var det heilt dødt, men i
vatnet fikk dei 8 aurar på 5-800g, det var rapportert om større fisk
lenger inne i vassdraget. Dagen etter var Inge, Asbjørn og Ole Jakob på
messe i Ålesund. 28.03 var Ole Jacob i Ørsta å
prøvde auren, men det var heilt dødt. Heilt stille og dårlig slukføre.
29.03 var Inge og Sindre Moe i Ørsta, her var det dødt på fluga, så han
gikk å bytta til sluk. Når han då kom ned igjen så kom ein stim og det
hoppa fisk rundt han over alt. Han mista 3 fisker før stimen var vekk
igjen. Det kom ein stim til inn til stranda, men denne fikk han ikkje
fiska på. 31.03 var Inge og Petter inn for å sjå om dei kunne finne
igjen stimene, men det gjorde dei ikkje. 06.04 reiste Inge og Petter
til Smøla. Første kvelden fiska dei første vatnet og Fuglevågen, men det var mager
fangst, kun ein liten tynn aure i Fuglevågen. 07.04 Denne
morgenen og formiddagen var det meir liv i
Fuglevågen, og til sammen fikk dei 10 fisker, men miste 14 stk. Den største
auren tok Petter og den var 1,2kg, så tok dei 3 fiskar til, alle på
rundt 500g. Resten av dei som dei fikk var tynne og
skrinne, og vart satt tilbake. Alle fiskane vart tatt på makrell. Været
var klart og skikkelig flott. 08.04 I dag var det heilt dødt igjen i
Fuglevågen. 0,5kg pluss 0,3kg på fluge, satt tilbake. Inge miste ein på
1kg på fluge. 09.04 På formiddagen fikk Petter ein
aure på 0,9kg på sørsida av elveosen, den tok på makrell og dupp. I
tillegg fikk han ein på 0,5kg som han satte
ut igjen. Det var
også mykje liv å sjå i Fuglevågen denne morgenen. Det var ikkje liv å kjenne på kvelden, men
hundrevis å sjå. Det ploga fisk innover imot vågen og grunna i eit sett,
men den ville ikkje. Været var like
flott, men med litt vind.
22.05 kom eg tilbake til
gamlelandet ifrå Vietnam, først for ei veke med kurs, møter og trening, før det vert
lakseferie ifrå åpninga til 1.juli. Men først var det rett til Eid for å begynne å
forberede laksesesongen, og som vanlig så vart det nokre sjefsmiddager,
her grilla hjortespidd, nyfiska Honndalskrede og bakte poteter med gode
venner, ifrå venstre Atle, Asbjørn, Bjørn og Bente. Og etter maten var
det rigging og testing av utstyr, best å være sikker på at alt er i
orden til den store bit...forhåpentligvis. |
01.06 |
Eidselva Alsaker 00-14 |
Elva var på sitt høgste allereie første veka i Mai, og falt jevnt og
trutt utover månaden. Derfor såg vi etter kvart for oss ei åpning med
lita elv, men siste veka kom regnet og elva steig opp til 36 kubikk. 17
Mai var første dagen det vart observert fisk på brua, og utover til
Himmelspretten den 21. steig antallet til 11 fisker på kvelden. Men
neste dag var det fisketomt på brua og ingen såg fisk før 31. når det
trengtes som mest. Temperaturen siste dagene før åpninga var nydelig,
med opp til 26,5 grader og elva låg på 10,5-11 grader på dagtid.
Med
alle dei gode forutsetningene var trua, som vanlig, på topp når vi kl.22
samlast ved Fåhølen for ein tynn ein og grilla hjorte- og svinemår. Elva
hadde falt til 8,9 grader, så trua var liten om at nokon skulle få noko
første timene, men klokka 00 starta vi, Inge, Petter, Sindre Refsnes,
Sindre Mo, Tor Aasen og ej, med god tru. Ej starta i fremste som vanlig,
men det var dødt. Været var nydelig, så det var kjølig, men samtidig
var
det lyst nok til makk nesten heile natta, men ej fiska med fluge. Sindre
Refsnes derimot var på makken, og i det det så vidt hadde begynt å lysne
så beit det med han på Sanden. Han kjørte fisken forsiktig, og samtidig
ville den stå rolig, så han holdt på ein halv time før han kunne lande
ein flott hofisk på 5,6kg.
Omtrent samtidig gikk Tor Aasen på fossekanten for å prøve, og etter
ikkje mange kast så hang det på fisk. Denne gikk heilt fram i fremste
Fåhølen, og når ej hadde spurta rundt og ned så møtte ej Tor på vei
framover langs land. Når han kom fram der strømmen treff land så var
fisken komen bakpå hølen, men han fikk beskjed om å berre fortsette fram
imot buda. Fisken gjorde 2-3 hopp, og nokre korte utras, og når Tor var
komen nesten forbi steinrekka så låg fisken mest i overflata og vaspa.
Men så tok den seg sammen og gjorde eit litt lenger utras. Den kom seg
bort i hovedstraumen, der den fikk hjelp og nytt håp, så den tok eit
nytt utras nedover imot brekket. Tor ropte stopp og etter kvart lydde
fisken, men no hadde den så mykje hjelp av straumen at når den neste
gang la seg på, så kom kroken. Ut ifrå hoppa, i skyminga så anslo vi
vekta til rundt 8kg.
Utover morgenen vart det rolig igjen, temperaturen i elva falt til
6,4 grader, men tru kom tilbake når den begynte å stige når sola fikk
begynne å virke. Inge var bort i 3 mindre aurar på fluge i fremste
hølen, men dei sat ikkje. Litt seinare prøvde Petter fluga i Fåhølen, og
var bort i to fiskar, trulig aurar. På formiddagen vart det tatt ein
laks på 8,2kg like under fossen på Solbakken, på fluge. Men på vår side
forble det dødt heilt til vi pakka sammen.
Siste 12 timene av åpningsdøgnet var det Bjørn og Asbjørn som skulle
forsvare vår ære imot, Sindre Mo, Tor, Per Olav og Svein Åm, men våre
fikk ikkje noko. Sindre derimot fikk ein flott laks på 8,6kg, mens Svein
Åm fikk ein urstygg regnbue på 2,9kg, begge på fossekanten. |
02.06 |
Eidselva Langeland 02-14 |
Ej starta foran Vereidehølen med fluge og fiska meg rundt heile hølen
før ej bytta til makk og fiska samme ruta, og fortsatte heile sona til
endes. Nedre del var elva lovlig stor, men når ingenting beit så var det
ikkje så nøye. Når ej kom fram igjen så fiska ej ifrå Ledet og nedom
Vereidehølen med Ambassadør, uten det minste hogg. No var andremann på
plass og vi bytta på å fiske. Ej reiste på bruene kl.06.30, men når både
her og i Åbrekk var fritt for fisk så miste ej all tru. Sov derfor ein
time i bilen, men når ej vakna og det regna, så kom trua tilbake. Men
etter å ha snakka med medfiskeren og prøvd makken rundt heile
Vereidehølen så var trua vekk igjen. Så då pakka ej sammen og reiste
fram igjen. Petter fiska Stokkenes uten restultat, mens Ørstingene
fortsatte på Alsaker, og på ettermiddagen fikk Sindre Mo ein laks til på
5,2kg. Denne tok i hølen mellom Bruce og Vaskeplassen på sluk. |
03.06 |
Eidselva Moen 02-14 |
Planen var å starte når klokka var 2, men når klokka ringde så ausa det
ned, samme som det hadde gjort dagen før, så ej utsatte det. Men vakna ikkje lenge etter, så klokka var berre 02.30 når ej var komen ned.
Starta framme med fluge og så makk, før ej gikk i bua og fiska Moahølen
med fluge og så makk.
Målte så temperaturen, og fasiten sa 3,9 i lufta,
og 7,8 i elva. Prøvde så nedover, men det var heilt dødt. Fiska så
framme med makk og sluk, før ej prøvde Krutchov og Moahølen igjen. Men
hadde ikkje eit einaste napp, så ej pakka sammen og ville prøve igjen
seinare. Kjørte nedom bruene for å speide etter fisk, men som bildet
viser så låg snøen langt ned i fjella, så fisken holdt seg klokt unna.
Turen ned igjen rauk då ej sov til klokka var 13, så då vart ikkje det noko av. For
heim på kvelden sia trua var så lav. |
05.06 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Var på jobb, så klokka var 18 før vi var på plass i elva. Ej fiska kun
mellom Fåhølen og Bruce, men hadde ikkje eit einaste skikkelig hogg.
Heller ikkje Inge, Bjørn, Atle, Bente eller Ole Jacob kjende noko. Vi
gav oss når sola gikk ned og kulda seig på igjen. |
06.06 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Vi sov lenge med dårlig tru, men var i elva kl.7. Fiska til klokka 12,
heile strekket ifrå Sanden til Vaskeplassen, fikk 3 på knappe 30cm
ellers heilt dødt. På natta hadde vi bytta ut Bente med Roger Gustavson.
Ingen av dei andre var heller bort i noko på dette kortet.
På kvelden fiska Inge, Bjørn, Atle, Bente, Asbjørn og Horst. Men det var
fortsatt like kullsvart.
Og på natta
fiska Inge, Bjørn, Atle, Ole Jacob og Andre Knotten. Mattis skulle
fiske, men kom aldri innover. På morgenen såg Inge 3 fiskar i fremste,
og dei var bort i fisk nedanfor fossen, så der var nokre fiskar då, men
dei ville ikkje ta. Heile helga var prega av kaldt og klart vær. |
08.06 |
Eira Ø.Slenes
00-13 |
Etter å ha kvilt
siste døgnet mens dei andre fiska Alsaker, så pakka ej sammen og tok
turen opp til Eresfjorden og Eira. Vi har for sesongen 2009 leigt eit
vald der, Øvre Slenes, med hytte like ved elva. Eg gjorde meg klar og var i elva når
klokka var 12 og sesongen starta. Fiska over Gryta, Lilleplassen og
heile strekket derifrå og ned til grensa. Hadde motfiske, men ikkje slik
at det var plagsomt. Brukte kun fluga på natta, men
det var heilt dødt så ej la meg nedpå. Stod opp igjen klokka 06 og
gikk ei runde med makken, men det var like dødt med den. Såg heller
ikkje liv hverken i Grytå eller Lilleplassen, eller nokon annen plass
for den del. Så eg fant køya igjen i nokre timer til, og prøvde ikkje
meir før fredina klokka 13. Elva var brukbar, men raskt fallende. |
08.06 |
Eira Ø.Slenes
18-24 |
Ej fiska over strekket ifrå Lillehølen og ned Neråshølen med fluga, men
det var ikkje noko å kjenne. Elva hadde gått ned ifrå 46,5 til 45 cm på
målestaven bak på Neråshølen. |
09.06 |
Eira Ø.Slenes
00-13 |
Ej sov heile natta og fiska over samme område som dagen før med fluga
når klokka var 09, men resultatet var det samme som dagen før, absolutt
ingen ting. Lurte på å stikke i Driva før ej skulle heim i selskap til
Dina på Torsdag, men elva var berre 60 kubikk, så ej bestemte meg for å
stikke heim å jobbe meg frampå i staden. På vei heim snakka ej med Endre
som kunne berette om 75-100 fisk på bruene på Eid. |
12.06 |
Eidselva Stokkenes 14-02 |
Ej reiste innover torsdag etter selskapet til Dina, sov godt og var
komen i elva like etter kl.14. Fiska først Myrahølen, så Mastehølen til
Moses, var bort i ein fisk bak på Svingen, men den ville ikkje sitte.
Det regna ifrå ej vel var komen i elva til kl.17 når ej for fram igjen og
åt middag sammen med Inge. Utover kvelden fiska vi heile sona, men det
var dødt. Ej gav meg halv ti, mens Inge holdt på nokre timer til. |
13.06 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Ej, Inge og Petter starta kl.02 og fiska utover morgenen.
På Inge sitt første overfar i Kastehølen så beit det, og etter ein kort
og grei fight så kunne han greitt
lande ein aure på 1,94.
Inge fiska seg ifrå Utfallebakkene og nedover til Granhølen og vidare nedover stryket. Ved steinene nedanfor treet så tok
det ein fisk. Den bråsnudde og gikk 30-40m nedover, svinga over elva og
Inge kunne taue den fram igjen langs land. Han rygga opp til brekket på
Granhølen der han hadde fisken rett tvert. Då skjena den over og la seg
på straumen. Den raste nedover og stoppa ikkje før den var komen ned til
muren ved Leivdøla. Inge begynte å springe etter fisken, men etter ei
stund snudde den og fortsatte vidare nedover. Når Inge var komen ned til
djupaste delen, ved leiren så var spolen nesten tom, kun 4-5 turn igjen.
Han holdt på spolen og vassa seg nedover.
Han kunne sjå at sena låg i
trea heile veien nedover. Han kome seg vidare mens han røska sena ut av
småskogen. Når han runda svingen, så fikk han kontakt med fisken igjen,
som stod nede i renna bakpå hølen. Herifrå gikk det greitt å få fisken
fram igjen. Men å få den ut av straumen var nesten umulig, men etter å
ha teita snella litt og lagt seg på troda igjen så kom den sigende. Og
dermed kunne han dra fisken, ein nydelig aure på 6480g fram på grusen.
Han tok med fisken fram igjen, og når ej stod på utfallebakkene så såg
ej straks at det var ein svær aure han kom med. Han bar fisken fram i
bua og seig ned på benken heilt utkjørt, det hadde vore ein hard kamp.
No var vi begynt å verte redde for ein Inge
storeslem, men ikkje lenge
etter når ej fiska innløpet på Kastehølen så
var noko bortpå makken. Ej gav slakke og lot den tygge godt på det før
ej slo til. Fast fisk! Ej kom fort til at det var ein laks, men ej
trudde ikkje den var veldig stor. Men fisken var seig og etter kvart
fikk ej sett at den likevel var fin. Etter ein heilt grei fight i rolige
former så kunne ej dra ein flott laks på 8,3kg fram på grusen.
Etter dette stilna det av, og vi var gla for det når vi skulle bære
fisken opp igjen, noko som var eit slit, sjølv om vi hengde dei på ein
stokk og bar dei mellom oss. Midt oppe i skogen knakk også stokken og vi
måtte ut på jakt etter ein ny ein. Men vi kom oss opp i bilen til slutt.
Så var det fotosession ved vogna, og mens vi holdt på så kom Horst
som hadde fiska Alsaker, og laga eit enno betre bilde med ein kjempeflott laks på 10,8kg,
tatt på fluge sjølvsagt.
Petter fiska kveldskortet på Stokkenes, men det var heilt dødt der nede.
Så han gav seg tidlig. |
14.06 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Ej og Inge starta når klokka var der, men det var veldig klart og
iskaldt, kun 4,9 i lufta, men elva var 7,2 grader. Vi såg ein del fisk
som var oppe i Kastehølen, men dei ville ikkje ta med oss. Vi prøvde med
sene i staden for Fireline, men det var ikkje noko for meg i alle fall.
Fiska utover til klokka var vel 07, då var nordavinden komen og sola
steikte ifrå klar himmel, så ej hadde mista trua. Inge var fram å henta
grovestanga og fiska Hjellehølen til Sanden, han var bort i ein fisk i
Hjellehølen, ellers dødt. Ørstingane såg ein kjempediger fisk på
fossekanten. |
15.06 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Petter vart igjen sammen meg meg, og vi fiska Bjørlo i lag. Vi fiska
framme, men det var dødt. Petter fiska seg nedover imot der Inge fikk
fisken sin, og litt nedanfor beit det med Petter. Den raste unna, og
hang på ei lita stund, før kroken kom. Men det var ein fin fisk. Ej
fiska meg nedover seinare, og var heilt ned på Pinå der ej var bort i
noko, men ej fikk det ikkje fast. Møtte Petter på vei fram igjen, så vi
gikk fram og prøvde litt der før vi gav oss. Ej var ikkje heilt bra i
magen. Petter var ned ein tur til 12-14, men kjende ikkje
noko. |
16.06 |
Eidselva Moen 02-14 |
Ej fiska Moen, var der heilt aleine, sjølv om det var løyst eit kort
til. Men det hjalp ikkje, for ej kjende ikkje liv, kun nokre
mindre Honndalskrede som nappa. Rune Rindal fiska Moen på kvelden, og
fikk aure på 3,75kg på makk i øverste hølen. |
19.06 |
Eira Ø.Slenes 18-13 |
Ej og Inge ville prøve Eira igjen, men elva var noko mindre enn sist, så
trua var ikkje på topp. Vi starta på kvelden med å fiske over. Inge såg ein
fisk som rulla seg bakpå Neråshølen, men vi kjende ikkje noko. Neste
morgen såg Inge ein 1kg aure som hoppa framme i bakevja i Gryta. Han
fiska over eit par ganger på morgenen, men ej hadde så dårlig tru at ej
stod over. |
20.06 |
Driva Sj.strømm 18-13 |
Sia det var så dødt i Eira, så flytta vi til Driva. Men elva var ikkje
veldig stor, og det hadde ikkje begynt å gå aure i det heile. Vi såg
ikkje liv for heile kvelden, men på slutten av natta såg vi ein
liten
aure på 1kg som hoppa framme i straumen foran bua. Men den beit ikkje. Petter og Bjørn fiska Bjørlo på kvelden. Bjørn
starta showet med ein flott aure 3,14kg i Kastehølen.
Petter følgde opp med ein aure på 3,44kg, før han fikk ein kjempeflott aure
på 5,40kg på utfallebakkene. Endre fikk 2 aurar på 4,5kg, og Rune fikk
to aura på 4kg og 5kg på Hjelle. Endre avslutta kortet med ein laks på
4,6kg i Forbygginga. |
21.06 |
Driva Sj.strømm 18-13 |
Inge hadde tatt fri mandagen, så vi vart igjen ein dag til. Dagen etter
hadde ikkje noko endra seg, og det var like dødt. Samme auren hoppa, no
på kvelden, men den var like lite bitevillig. Vi holdt på til det vel
hadde lysna, men ingenting skjedde. |
22.06 |
Eidselva Bjørlo 14-02 |
Ej kjørte direkte til Eid, og fant meg eit kort på Bjørlo, fiska framme sammen med
Halkjellsvik, men det var veldig dødt. Vi såg fisk som velta seg framme
i Kastehølen, men dei tok ikkje. Hadde god tru ein gong, men det var
berre ein makketjuv på 30cm. |
23.06 |
Eidselva Bjørlo 14-02 |
Jonsokaften fiska ej og Endre øvre Bjørlo, ej starta framme, men det var
rolig. Utpå kvelden fiska ej meg nedover Utfallebakkene, men det var
dødt, så ej fortsatte ned i Granhølen. Midt bak i hølen rasa plutselig
sena av snella og stanga stod i bue. Fisken gikk bort til andre sida,
seig nedover, svinga over og kom opp med land. Ej trudde ikkje fisken
var veldig stor, men ringde Endre som kom springende nedover med
filmkamera. Fisken seig over straumen igjen, stussa litt og seig bakover
igjen. Den stussa litt midt bak i hølen, kom litt imot meg før den
snudde og rasa over imot bakre del på andre sida. Ej prøvde å holde
igjen, men fisken drog ut, la seg på straumen og berre auka farta
nedover. Den raste raskt ut ca 50m langs land på andre sida før ej fikk
stoppa den. Den svinga så over elva og inn under land på mi side. No kom
Endre ned, starta kameraet og lurte på kvar fisken var. Ej sa at den var
på mi sida langt nedpå. Endre gikk 10m nedover og begynte leite etter
fisken nede i vatnet. Ej hadde nok med å prøve å kontrollere fisken, og
å få den framover igjen, så ej brydde meg lite om Endre. Etter ei stund
såg han opp og lurte på kvar fisken var?? 50 meter nedpå der sa ej, å
steikje sa han og for nedover. Fisken kom veldig sakte framover, men
plutselig snudde den og rasa nedover igjen. Fisken stoppa midt i elva,
fortsatt på 50 meter line, og no vart den liggende å vaspe på grunna
midt i elva. Og igjen ropte Endre, for no såg han kvar fisken var.
Fisken kom seg over grunna og svinga heilt innunder land. Faktisk så nær
at sena hengde seg fast i kvistene på land. Til slutt løysna det og
fisken seig utover, men berre 5 meter så hengde sena seg fast igjen. Ej
ropte til Endre, mens ej raskt sveiva meg nedover imot fisken. Vi var
komne på plass samtidig, og Endre vassa ut og løyste sena. Fisken rasa
no nedover igjen, og sia ej var komen til veis ende så var ej noko
skjeptisk. Men ej fikk stoppa fisken nede i djuphola innunder land, og
begynte sakte å få den framover. Men der var ingen plass å lande, så vi
beslutta å gå ned til djuphola. Ej vod meg nedover, over sleip leire med
vatn nesten til livet, men det gikk bra, og vel nede i hola var fisken
bort i død og berginga gikk veldig greitt. Vi fikk kakka fisken, bløgga
den og fant kroken. Denne var godt fast i spjøyra på feil side, ikkje
rart den var så ustyrlig. Vi tippa på vekt ifrå under 5 for meg, til vel
5 ifrå Endre. Vel heime vart vekta målt til 4660g, mest fordi den ikkje
var sid i buken.
Vel framme igjen
fiska Endre seg nedover, mens ej prøvde framme. Etter ei stund prøvde ej
i Kastehølen, og bakpå midten var det oppe ein fisk. Ej kasta bort og
like etter nappa det. Ej slo til, fast fisk. Ej ringde Endre som var
komen i Granhølen, men fisken var mindre og kjøringa gikk raskt, og i
det Endre kom ut av skogen så drog ej fisken fram på grusen. Fisken var
ein nydelig aure på 3280g. Endre fiska seg nedover Utfallebakkene når
han gikk noko før kl.11, og var bort i ein fisk. Så han vart gående å
prøve utover, og når ej gav meg 01.40 så var han der enno, og då hadde
han akkurat mista to fiskar, ein diger og ein meir normal på 4-5kg. Vi
fortsatte til 02, men kjende ikkje noko meir. |
26.06 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Så kom sommaren, på vei innover kraup gradestokken opp på 31°C når ej
kom ned på Hjelle.
Ej starta framme, men det var heilt dødt. Sat i buda og snakka med Tore
når Inge kom fram igjen. Han hadde sett mange fisker nedover, men hadde
ikkje kjent liv. Vi bytta ende på sona, og Inge mista ein aure på
1-1,5kg nedanfor Sanden, men eller var det dødt. |
27.06 |
Eidselva Moen 02-14 |
Ej
og Tore fiska Moen. Ej starta kl. 02 med fluge i fremste, men der var
dødt, og samme var det i Moahølen. Bytta til makk, men det var like dødt
med denne. Tore kom i 4 tida, og ilag fiska vi til kl.8, då var vi leide
fordi det var
heilt dødt. Inge fiska Bjørlo, Det var dødt der også, men på ei
overfar på Utfallebakkane tok ein aure mens Inge stod framme ved
rotveltet. Fisken snudde tvert og raste unna og ut av hølen. Når den
ikkje stoppa i Granhølen heller prøvde Inge å holde igjen litt for å
komme seg etter, men då sleit storauren sena. Inge hadde ikkje veldig
hard stramming, så han trudde sena hadde fått ein skade.
Ståle og Tore fiska Alsaker på ettermiddagen, og starta tidlig til
tross for den steikjande sola og 30 varme. Ståle mista ein stor laks på
ca. 10kg på Fossekanten ganske tidlig. Ej og Inge var nede på Eid så vi
tenke
stoppe
der på vei fram igjen, men før vi hadde kome oss fram kom det bilde ifrå
Tore, då hadde han fått ein flott aure på 2060g på Fossekanten. Etter å
ha jabba ei stund med karene så tok ej med meg auren fram igjen for å
berge den i varmen, og for å prøve å sove litt, men det gikk ikkje lenge
før neste melding om fisk kom. Denne gongen var det Ståle som fikk ein pjakk 2,66kg,
men denne var tynn og slunken. Denne kom
Sindre
fram med, og etter det hadde ej ikkje meir enn lagt meg nedpå igjen før
ny melding tikka inn, denne gongen var det skikkelig fisk Ståle fikk, ein
flott laks 7,5kg. Fisken hadde stått ei stund i elva, for den hadde fått
litt brunskjær og såra etter lusa hadde grodd fint til. Litt seinare på kvelden fikk han
også ein aure på 1120g. Alle fiskane tok på Fossekanten. I tillegg til
desse var dei bort i fleire fisker til, og dei såg fisk heile tida som
kom opp fossen.
Inge som fiska Bjørlo på ettermiddagen vart sjølvsagt inspirert og
reiste kjapt i elva når karene begynte å dra fisk på Alsaker, men samme
kvar han leita og fiska, så var det heilt dødt. Ikkje ein gong på
motsatt side av karene på Alsaker kjende han liv. Så om all fisken
stoppa på Fossekanten og ikkje gikk videre er vanskelig å sei, men det
kunne virke slik sia det kun skjedde noko der. |
28.06 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Ej hadde god tru etter karene sitt storfiske kvelden før, men framme var
det heilt dødt, så i 7 tida flytta ej ned til Måløyhytta. Fiska heile
veien fram til Ny-Ledet, men det var dødt. Flytta så ned på nederste og
fiska Fåhølen og Fossekanten, men det var dødt, så ej gav meg. Inge og Bjørn
var på Moen å prøvde, men det var totalt dødt. Dei såg ein mørk fisk som
var oppe i Moahølen.
Ståle, Tore og Sindre fiska på Alsaker, og igjen var dei bort i fisk.
Ståle miste ein pjakk, og Tore hadde på ein laks på ca.10kg, men no kom dei ikkje på land. |
|
|
29.06 Petter fiska Bjørlo, han var bort i ein aure på Utfallebakkene
ellers dødt.
30.06 Petter fiska Bjørlo igjen, han fikk ein aure på nesten nede ved Leivdøla,
berginga var vanskelig på lang line, men til slutt fikk han den over på
si side og fikk berga på land ein godt brun aure
på 1980g.
01.07 Petter fiska Alsaker, han miste ei krede. Han såg ein fisk på
fossekanten. ellers dødt.
04.07 Bjørn kveld på Alsaker.
05.07 Bjørn morgen på Alsaker.
05.07 var Inge og Petter komne på Finnmarka.
07.07 fiska dei Komaga, dei gikk langt fram og var ikkje komne
i fiskinga før i 20-tida på kveld. 08.07 Allereie neste morgen var dei
på tur tilbake ifrå øvre Komaga. På kvelden fiska dei i osen,
men det
var heilt dødt. 09.07 Komaga
10.07 hadde Inge på ein pjakk, og så fikk Inge ein pjakk
på 1,1kg 11.07 Komaga
12.07 siste morgen i Komaga, Petter mista ein
pjakk. 13.07-17.07 Ifjordfjellet
19.07 karane hadde forlatt Finnmark og satsa på Driva. Elva var lita og
dei starta i Sjøllandstrømmen, Her var dei bort i masse fisk, alle var
bort i 2-3 fisk på kvart overfar. Det hølja ned og Petter si vadejakke
lak, så han vart søkkvåt. Sjølv om det beit flittig så vart ikkje noko
fast. Dei fiska til det lysna før dei gav seg, dei fiska ikkje på
morgenen. 20.07 fiska dei Sjøllandstraumen, elva var raskt stigande.
Men ingen av dei kjende liv. 21.07 fiska dei i Lisjehølen på 490
kubikk og der fikk Inge ein laks på 4,2kg på
fluge heilt framme, innunder trea. Dei prøvde også Sjøllandstrømmen, men
der var ikkje noko.
22.07 fiska dei med fluge ifrå kl.04 til 11.30,
men kjende ikkje liv. Dei var aleine i elva for alle andre brukte makk
og fylte kvota raskt. Så gikk dei også over på makk, og då fikk Petter ein
flott
kludd på 3,3kg, og ein liten aure på 0,8kg. Og Inge fikk to aurar på 1,0kg og 1,2kg. Alle fiskane vart tatt i Sjøllandstrømmen
på 1 time, så 12.30 gav dei seg med full kvote. Denne dagen måtte dei
slakke makken nedover for å få kjenne fisk.
23.07 hadde elva minka mykje,
men karene hadde sjølvsagt god tru. Dei starta i Lisjehølen der Petter
fikk ein liten aure på 670g før dei flytta ned på Sjøllandstrømmen.
Slakketeknikken virka ikkje, og denne dagen dei måtte
sveipe makken over hølen for å kjenne fisk. Dette fikk ikkje Petter
heilt taket på, men
Inge fikk ein pjakk på 2,2kg, og to aurar på 1300g og 1300g, alt på mark.
24.07 Petter og
Inge fiska Sjøllandstrømmen. Dei fiska med mark og storfisket hadde roa
seg litt. Men på morgenen beit det på ein storing med Petter bakpå
hølen. Fisken ville nedover, men Petter la stanga på skuldra og taua den
fram i hølen igjen. Etter dette roa fisken seg, og etter ei stund kunne
dei berge ein flott sjøaure på 7140g. Fisken var ikkje nygått, og uten
lus, men var i godt hold. Dette var ny rekord for både Petter og for
alle gutta. Bortsett ifrå denne fisken kjende dei ikkje liv i det heile.
Dei såg eit par store til som var oppe i samme området, men dei nasa
ikkje etter det. Med denne fisken gikk Petter inn på 4 plass på topp 10
lista for aure i Driva i år, veldig bra.
24.07 Bjørn nytta høvet og tok nokre dager aleine på vogna. Det vart med
eit kort denne morgenen på Alsaker. Og fisk vart det, men det var ein oppdrettar
på 4,92kg som beit på på Fossekanten. Elva hadde no vorte alt for lita
og varm for noko storfiske.
25.07 fiska dei
fleire plasser, blant anna i Tvisthølen ifrå nordsida, og her fikk Inge
ein flott aure på 2,1kg på mark. Fisken tok bortunder grunna på andre sida av
elva. Dei fiska også nedover heile Sande-strekket, men det var alt for
mykje vind for å fiske godt, all kontakt med agnet forsvant på veien
tilbake. Dermed pakka karene fornøgd sammen leikene sine, desinfiserte
utstyret og sikta seg
heimover med bilen full av fisk.
30.07 fiska Inge Nedre Kirkeide. Han fikk ein aure på 4300g ved
parkeringa, og ein på 1100g og ein på 1070g ved bua på andre sida. Han
håva også ein nesten dau aure på 3600g. Augene var sprengt ut og han kom
med buken i været.
31.07 var Inge og Sindre på Nedre Kirkeide i pøsende regn, det var heilt
dødt.
01.08 var dei inn igjen på NedreKirkeide, og det var fortsatt heilt
dødt.
03.08 fiska Inge på Moen, han mista ein pjakk på 1,5-2kg i fremste
hølen.
04.08 fiska Inge Moen igjen, han fikk ein aure på 720g på fluge heilt
bakpå Moahølen.
05.08 Bjørn fiska Alsaker og mista to laksar på 4-6kg, ein 1kg pjakk +
nokre småaure. Dei såg også både storaure og storlaks på fossekanten.
Inge fiska Nedre Kirkeidet og fikk to aurar på 950g og 1050g foran buda
på andre sida i fremste delen.
06.08 fiska Inge midtre Kirkeide og fikk ein aure på 700g heilt bak på
laksegard. Han var bort i ein fisk til bak på laksegard.
07.08 fiska Inge fremste Kirkeide, og her var det dødt som vanlig.
08.08 fiska Inge og Petter nedre Kirkeide, Inge fikk ein aure på 1500g
heilt i starten nedanfor parkeringa. Etterpå var dei bort i to fiskar på
første overfaret.
09.08 fiska Inge og Petter sone 5
i Strynelva. Petter fikk ein aure på 1000g ved
holmen, og Inge fikk ein aure på 900g i nederste hølen. Ellers var det
dødt på kvelden. Neste morgen var
Petter bort i ein fisk på Mørebrotet, men fikk den ikkje fast. Dei såg det stod fisk og hoppa
framme i fremste, nedanfor hengebrua, men den ville ikkje ta. Dei prøvde alt
mulig og til slutt
tok Inge sluken og fikk ein laks på 3,5kg på spinner. |
15.08 |
Eidselva Staten 14-02 |
Tilbake i Norge prøvde vi få oss kort i Stryn, men der var fullt, så vi
tenkte prøve på Eid til tross for lite vatn, kun 10 kubikk. Det begynte
å regne kl.12, men vi sjekka brua og på Skipenesbrua stod ein stor laks.
Ej håpte at regnet skulle begynne å virke utover kvelden, og at det då
skulle begynne å gå fisk. Ej starta med å prøve på laksen, men den ville
ikkje. Prøvde så Hesten også med makk, men ingen ting. Så fiska ej foran
brua med fluge, før ej fiska meg heile veien ned til Malakoff, men uten
å kjenne eller sjå noko. No var det begynt å verte mørkt, men ej fiska
over fremste med fluga, uten at det var noko å kjenne. Det hadde regna
heile dagen, så ej såg meg ikkje syn med å fiske utover natta. Inge
fiska Stokkenes, han såg nokre fiskar, men kjende ikkje liv. |
16.08 |
Eidselva Moen 02-14 |
Vi hadde klokka på vekking kl.05, men fortsatt rant det av himmelen, så
vi utsatte det ein time til. Då var det opplett, og regnet viste godt
igjen i elvene. Men for meg på Moen var endringa liten. Starta med fluga
framme, og raskt var noko bortpå å plukka, men vart ikkje fast. Ej bytta
fluge og ikkje lenge etter tok ein fisk fluga. Men det var berre ein
35cm honndalsaure. Fortsatte nedover til Moahølen, men også her var det
dødt. Fiska meg nedover, heilt til grensa med makk, men ikkje noko å
kjenne. Prøvde så framme, og nedover til Moahølen igjen, men berre
småkrede å kjenne. Inge fiska Staten, og her hadde elva gått mykje opp
og var godt farga. Men det var totalt dødt. Einaste han såg var ein
liten pjakk som hoppa like ved føttene hans i Malakoff. |
20.08 |
Eira
Ø.Slenes 18-24 |
Ej reiste oppover torsdag etter møter i Ålesund, temperaturen var 28,5
grader, og utsiktene bra. Var komen der kl.18, og ein halv time seinare
var eg komen i fiskinga. Men det var heilt dødt alle plasser. Så ej gikk
opp igjen i hytta og laga middag, og då kom Roger inn døra. Vi åt middag
og fiska raskt over Gryta med sluk og mark før vi tok kvelden. |
21.08 |
Eira Ø.Slenes 24-13 |
Vi låg litt frampå, men kl.09 var vi komne i elva. Vi fiska over heile
sona, mest med fluge, men det var dødt. Vi gikk fram i Gryta etter
stenginga for å sjekke om vi såg fisk, men det gjorde vi ikkje, men i
det vi gikk så var ein laks oppe framme på sida av hovedstraumen å slo
med sporden. Så den var der! Ej pakka sammen og fortsatte til Driva,
mens Roger vart igjen i Eira. |
21.08 |
Driva Gjøra 18-01 |
Vi var litt etter skjema, men fikk hølen vi ville ha, Molgflønet. Ej
gikk med enhands, mens Inge fiska tyngre. Men for begge var det like
dødt. Så vi flytta over elva og ned til Øyaflønet.
Inge gikk først nedover, og akkurat på brekket av hølen tok ein fisk.
Denne var ikkje stor, og etter ein veldig kort kamp kunne han lande ein
fin brunaure på 0,82kg. Ej fortsatte først vidare, og like etter slo ein
fisk etter med meg, men den vart ikkje fast. Vi fortsatte nedover og
like etter at ej gav meg fikk Inge ein liten sjøaure på 0,96kg omtrent
akkurat der ej stod 5 minutt før. På neste overfar mista Inge ein fisk
like foran brekket, trulig ein laks på 3-4kg, vi hørte og såg eit par
fisker til i skyminga. Vi holdt på til kl.01, men etter at det vart
mørkt så var det heilt dødt, både på Øyaflønet og Nisjaflønet. |
22.08 |
Driva Gjøra 07-13 |
Inge starta på Nisjaflønet, mens ej gikk fram og fiska Haukåhølen, men
ingen av oss kjende noko, så vi flytta fram på Øyaflønet igjen, men
heller ikkje her kjende vi fisk. Sjekka bruene både nede og oppe, men
det var lite å sjå. Elva falt raskt, så vi bestemte oss for å prøve
lenger nede neste kort. |
22.08 |
Driva Gravem 18-23 |
Ej starta i Sandin, mens Inge starta i Rønningen. Ej hadde eit par dunk
i fluga, men ikkje sikker på kor store dei var. Så bytta vi høler, men
det hjalp ikkje, det var like dødt. Så flytta vi ned og fiska nedanfor
Bjørbekk bru, men det var dødt her. Snakka med naboene på campingen som
hadde fiska foran brua, men dei hadde heller ikkje kjent liv. Det vart
surt og kaldt, så vi pakka sammen og satsa på morgenykta i staden. Roger mista blank laks 8kg etter 20 minutts fight, 10 min etter
sleit han på brun laks på 10kg. Begge tok samme plass, utfor trappa i
Neråshølen. |
23.08 |
Driva Gravem 06-11 |
Målaren viste 5 kalde grader når vi starta ifrå campingen, så vi hadde
ikkje kjempetru, men ein veit aldri. Ej starta foran Bjørbekk bru, mens
Inge starta nede på nederste. Hos meg var det dødt, mens Inge såg ein
fisk som var opp og slo, men den ville ikkje ta. Så vi fiska over foran
brua fleire ganger, men det forble dødt. Inge gikk etter eit par timer
ned igjen og fiska over nederste igjen, og då tok ein fisk der det var
oppe fisk. Kjøring og berging gikk greitt, og i det ej kom meg ned så
slo Inge ihjel ein flott laks på 3,6kg. No kom sola, uten at det
gjorde det heilt store. Inga såg ein 3-4kg aure som for under brua, men
den beit ikkje med meg som stod foran og fiska. Så flytta vi fram og ej
fiska Mardølhjellen, mens Inge fiska Nergjerdet. Han såg ein fisk som
var oppi heilt bakpå, men kjende ikkje liv. Det gjorde heller ikkje
nokon av dei 4 andre som fiska denne hølen. Her er Inge med samla fangst
for helga. |
26.08 |
Eidselva Bjørlo 14-02 |
Ej og Endre fiska kvar vår del, ej fiska øvre, mens Endre fiska midten.
Ej kjende ikkje liv, og såg berre ein rygg ute i Kastehølen. Endre såg
ein stor brun laks hoppe i Reitehølen, og ein mindre, men blank i
Forbygginga, men han kjende ikkje nokon av dei. Ej hadde gitt meg og
sende melding til Endre om han hadde gjort det samme, men då svarte han
at han var på vei fram, så ej måtte snu. Vi fiska over utløpet på
Kastehølen fleire ganger, og Endre prøvde også i Svarthølen, men begge
plassene var det heilt dødt. Halv 01 gav vi oss. Kjell Tore fikk laks på
9,2 på Fossen. |
27.08 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Hadde håpt at det skulle stå nokre fisker på Alsaker, etter at vi hadde
sett fisk på brua som gikk. Så det var med god tru ej starta på
fossekanten, men elva var lita og det var vanskelig der. Fiska meg
nedover, men kjende ikkje liv. Gikk så fram og fiska over fremste delen,
men der var berre småkreder. |
28.08 |
Stryn N.Kirkeide 12-24 |
Ej var ut igjen i møte på morgenen, så ej var innkomen halv 17. Fiska
over ved parkeringa, og starta heilt framme etterpå. Var komen ned til
Bjørka når Inge kom klokka 18. Vi fiska utover, men det var kun småkrede
å kjenne. Vi såg ein fisk ved dei bakerste steinene innunder land, men
den tok ikkje. Vi gav oss i 22-tida. Inge hadde også funne ut at grensa
no var flytta 200m framover, til like nedanfor holmen på midtre. |
29.08 |
Stryn N.Kirkeide 00-12 |
På morgenen purra Inge oss klokka 04, så vi var komne inn der i
lysninga. Ej fiska over ved parkeringa, mens Inge gikk fram å begynte.
Ej såg han ikkje igjen, så ej gikk over marka fram til Bjørka og starta
nedover. Litt foran gjerde på andre sida så såg ej ein spor gli over ein
stein rett utanfor meg. Ej kasta makk bort dit, og på andre kastet nappa
det.
Ej var i sjokk når ej såg fisken blenke, fast i snøret mitt.
Kjøringa gikk rolig for seg, og etter kvart kom Inge nedover for å
hjelpe til. For ikkje å uroe nedover så kjørte ej tom fisken og Inge
hova den der den tok. Fisken var ein nydelig aure på flotte 5220g. Inge
fortalte at han hadde sett ein aure på 6-8kg som stod inne på graset
rett nedanfor trea framme ved gamlegrensa. Utover morgenen var ej bort i
ein fisk utanfor bua på andre sida, men ej fikk den ikkje fast. Når det
lysna skikkelig så såg vi ein diger fisk i svingen foran parkeringa, og
ein fisk på ein annen stein borte i elva. Inge hadde den store etter på
sluk, men den tok ikkje. |
29.08 |
Eidselva Bjørlo 14-02 |
Vi fiska sammen med Endre. Inge starta ved Måløyhytta, og der var det
ein fisk, men han fikk ikkje den. Ej fiska Linja, men her var det dødt.
Inge og Endre ville fram og fiske Hjellehølen så ej fiska Forbygginga,
men kjende ikkje liv. Det gjorde heller ikkje dei. Inge gikk framover
mens ej og Endre tok oss ei øl og ein skarp ein. Så fiska ej fremste
Linja før ej gikk framover. Inge venta på tur i Nye-Ledet, men her stod
Antonsen og banka med sluk, så han tok fluga og gikk fram i Leirhølen.
Ej fortsatte fram i Reitehølen, men ingen av oss kjende noko. Nye-Ledet
var ledig når ej kom ned igjen, men kjende kun småkrede. Når ej kom ned
til Hjellehølen så bestemte vi å stikke fram i fremste. Ej og Endre
gikk, mens Inge henta bilen. Vi stoppa i Reitehølen så Endre kunne prøve
sluken. Når vi kom fram til Granhølen så hadde Inge allereie fiska over
denne, men kun ein mindre aure var resultatet. Vi fiska over framme,
både Svarthølen, Kastehølen og Utfallebakkene, men det var dødt. I halv
21 tida kom regnet og det mørkna fort. Det tjukna berre til og vart
skikkelig ufyselig. Så sia vi skulle på han igjen på morgenen så gav vi
oss. Det hadde letta opp litt seinare på kvelden, og då hadde Endre vada seg over elva og
fortsatt utover, men det var heilt dødt. |
30.08 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Neste morgen starta ej heilt framme med fluga, prøvde så fluge foran
hola og makken på Sanden, men det var kun småkrede. Gikk ned i Buda
igjen, og like etter kom
Inge. Han hadde sett nokre fisker nedanfor Storesteinen og ein innunder
land i Vaskeplassen, men han fikk ikkje fiska på dei fordi dei stod for
langt innpå. Han hadde også vore i ein fisk nede i Bruce.
Ej fiska meg
nedover, mens han prøvde framme. Men det var dødt med oss begge. No
hadde regnet starta på igjen så ej hadde mista trua. Inge gikk på
Fossekanten, men det var vel mykje vind. Trudde han ville gi seg når han
kom fram, men han strena forbi og ville prøve framme igjen. No friska
det på, så ej berre venta på at han skulle komme ned igjen. Ej prøvde i
Fåhølen i eit lite løje, men sleit og måtte knyte opp igjen. Då kom
Inge...med to pjakker på 1,7 og 2,22kg. Han hadde plagast med vinden, så
han satte på ein sluk, og på ca 10 kast hadde han fått ein mellom Sanden
og hola, og ein under trea foran brua ut på holmen. Dermed hadde han
full kvote. Så ej lånte sluken og fiska Øyrane, foran hola, hola,
Sanden, nedanfor Sanden, Under trea, Kilen, nedanfor Kilen, heile
svingen, Fåhølen, ved Storesteinen, i Vaskeplassen og i hølen nedanfor
Vaskeplassen, men ej hverken såg eller kjende liv! Og då var klokka der,
så vi gav oss. |
03.09 |
Stryn Sone 5 18-22 |
Etter ein solid porsjon med ball, så var ej klar for nokre store aurar i
stor elv, ca 100 kubikk. Starta på Mørebrotet, og var raskt i kontakt
med ein fisk. Men fikk ikkje inn eit tilslag. Etter eit par kast til så
var den der igjen, og no fikk ej inn eit tilslag, men ingenting hang på.
Noko stemte ikkje når ej sveiva inn, og det fikk ej bekrefta når vegna
kom inn, då hang det berre 10cm sene igjen av fortommen, uten at ej
hadde kjent noko under tilslaget. Prøvde så fluga på Mørebrotet og fiska
meg nedover, men elva var stor, så like nedanfor neset så måtte ej gi
meg. Bytta så til makk og fortsatte nedover. Når ej kom ned til naustet
foran huset så var det fisk bortpå utanfor naustet nedanfor. Ej slo til
og fisken hang. Etter ein grei kamp kunne ej lande ein blank og fin aure
på 1640g. Ej fortsatte nedover, men var berre bort i mindre fisker.
Prøvde også nederst hølen, men her var det dødt. Gikk fram igjen og
prøvde Mørebrotet i skyminga. Det var dødt i sjølve hola, men i utløpet
på bortsida var det fisk borti. Og etter ei stund fikk ej fast ein av
dei. Fisken på ca 1kg kom greit etter og kjøringa gikk greitt, men i det
ej skulle løfte den opp så falt den av. Etter dette såg ej ein fisk
hoppe, men kjende ikkje noko meir. |
04.09 |
Stryn Sone 5 15-18 |
Ej starta framme ved hengebrua, men her var det heilt dødt, nesten ikkje
småkreder ein gong. Flytta så ned til Mørebrotet, men også her var det dødt.
Når det var igjen ein knapp time så fiska ej meg nedover, og allereie på
første kastet på neset var ein fisk bortpå, den tok skikkelig og ej slo
til, men det kom opp berre ein ribba krok. Var litt småplukking fram på
foran neset, men ikkje noko tok skikkelig. Fortsatte etter kvart
nedover, men det var dødt. Når ej kom ned der ej fikk fisken i går, så
var ein fisk bortpå oppe på grunna midt i elva. Ej slo til, og fast
fisk. Denne kjentes tung ut, men kom greitt framover. Når den kom på
høgde med meg så rulla den masse rundt og gjorde fleire utras, men til
slutt fikk ej dratt den fram i graset. Fisken var litt farga etter ei
tid i elva, men var skikkelig feit og fin. Vekta var 2600g. No var
klokka 17.45, så ej pakka samme og flytta over til neste sone. |
04.09 |
Stryn Sone 6 18-22 |
Inge venta på meg med ein burger, så det vart middag først. Han starta
framme med fluga, mens ej starta ved parkeringa. Ej fikk raskt ein liten
aure på 6-700g som ej satte tilbake, så fiska ej meg nedover langs
holmen, men kjende kun småkrede. Inge var bort i eit par fiskar, men
fikk dei ikkje faste. Så bytta vi til makken, han starta bak Mørebrotet,
mens ej starta der ej gjorde med fluga. Han var bort i fleire fisker, og
det samme var ej. Vi fiska oss nedover, og når Inge var komen dit ej
starta så fikk han ein aure på 0,82kg.
Denne blødde så fælt at han måtte
ta den. Så kom han ned til meg og gjorde nokre kast der mens ej snakka
med Angus. Så flytta han ned i nederste, mens ej fiska ned om holmen. Ej
var bort i ein fisk like nedfor naustet der ej fikk begge fisken ifrå
andre sida, men den vart ikkje fast. Inge var bort i ein, og fikk to
7-800g som han satte tilbake, i nederste. No kom floa, så vi flytta
framover, Inge starta heilt framme med fluga, mens ej fiska meg ifrå
bilene og framover med makk. Ej kjende ikkje liv, mens Inge var i ein
fisk litt foran neset ved båten. Men den vart ikkje fast.
Inge var inn igjen på morgenen 08-11, veldig dødt når han fiska
holmen og nedre, men var bort i ein fisk i nedre. Flytta så fram når
floa kom og fiska over med makken ved hengebrua, men det var dødt.
Prøvde så fluga, og då tok ein aure på 2,02kg litt foran neset med
båten, sikkert den han var bort i på kvelden. Fisken hadde stått på elva
ei tid. |
05.09 |
Stryn Sone 6 15-18 |
På ettermiddagen starta ej framme ved hengebrua, men kjende ikkje liv
her, så ej flytta ned til midtre del og her var ej bort i ein tidlig,
men denne vart ikkje fast. Fiska meg nedover, men det var dødt. Var bort
i noko utfor nedre ende av holmen, men fikk det ikkje fast. Fiska så
bake i 3-kanten nedanfor holmen, og her var det noko som kjendes rart
ut. Ej slo til og kunne raskt konstatere at det var fisk. Ikkje den
største, men ein pinne på 0.92kg. |
05.09 |
Stryn Sone 5 18-22 |
Vi starta på nedre delen, ved Berge & Co. Var bort i fleire fiskar, og
fikk eit par mindre som vi satte tilbake. Ej fikk ein på 0,86kg. Når
vi flytta fram starta Inge på Mørebrotet, mens ej starta på neset. Ej
var bort i ein med det samme, men det vart med ein gong. Fiska nedover
og greidde nygge meg ein liten pinne på 0,86 nede ved nausta. Inge fikk
ein på 1,06 på Mørebrotet, i renna bortanfor hølen. |
06.09 |
Stryn Sone 5 06-11 |
Elva hadde no gått ned masse, og ej begynte på Mørebrotet mens Inge
starta framme. Men her var det heilt dødt, og samme var det nedover på
neset og bakover imot den hittil "sikre" plassen bak ved nausta. Var
noko som plukka forsiktig utfor det nederste naustet, men fikk det ikkje
fast. Flytta så ned i nederst og her følgde det raskt etter ein fisk
inn, men oppdaga den for seint. No var Inge også komen, og han kunne
melde om ein pinne på 0,96 foran Mørebrotet. Vi fiska nokre kast til
mens floa kom fort, og var bort i fleire fisker. Ej fikk fast ein av dei,
ein aure på akkurat 1kg. Så kom floa og vi pakka sammen for sesongen
skulle det vise seg. |
11.09 12.09 13.09 |
Eidselva |
09.07 hadde Endre fått starte prøvefisket, eg var på vei til
Geiranger på kurs og stoppa på Eid for å sove til neste dag. Planla å
fiske, men det var eit forferdelig styrtregn, så vi bestemte oss for å
fare på konsert med Øystein Sunde i
staden. I helga hadde vi opprinnelig planer om å fiske Stryn, men sia
det hadde vore så labert og elva stupte, så vart vi med Endre på prøvefiske
i staden.
Fredagen 11. møtte vi han i elva, då hadde han akkurat fiska
Hildehola og området rundt. Han hadde vore uheldig med at ein villaks
slukte sluken og reiv hjellene utav seg sjølv, så den vart ikkje satt
tilbake. I tillegg hadde han fått ein pjakk. Vi fiska framover til det
vart mørkt, med ein oppdretter til som resultat. Vi fiska både laurdagen
og litt søndagen, men resultatet vart heldigvis labert.
Mandag 14. reiste ej ned
igjen til Vietnam, vekk ifrå pøsregn og frostnetter. |
19.09 |
Mellom slaga i Eidselva med oppdretterene så var
Inge på vatnet og fiska med oter. Her fikk han ein flott aure 2,86kg. |
|