STARTSIDE
FISKEDAGBOK
 

2008

09.02

Etter fleire helger med vonde rygger og dårlig vær, og endå fleire dårlige unnskyldinger, så var endelig turen komen for årets føste fisketur. Petter hadde fått besøk, og ej og Inge sov lenge, men 12.15 forlot vi Årvika etter å ha møttes i Gursken. Vi kjørte sørover i flott solskinn, men det vart meir skyer etter kvart, og når vi kom over Maurstadeidet så hang første regnbyga ute i Bremangerfjella. Heldigvis skulle vi innover, og med unntak av nokre få dråper så vart det opplett. Men det skya raskt over, og allereie når vi var komne inn til Stårheim og for første gang leitte fram stengene så var det heilt overskya. Her var det heilt dødt, så etter eit kvarters tids så pakka vi sammen og kjørte vidare innover.

Vi stoppa fleire plasser innover, og sist i Osvika på sørsida av elva, men vi såg ikkje liv nokon plass. Vi kjøpte oss derfor litt mat og kjørte fram på vogna å åt middag. Etterpå kledde vi oss om for fiske og kjørte ned i Osvika der vi fiska ein god halvtime. Her var litt fugl, men vi verken såg eller kjende fisk i det heile. Vi bestemte oss derfor for å kjøre fram på vogna igjen og pakke sammen, få med oss makken som hadde stått under vogna, og kjøre over for å prøve i Ørsta i skyminga.

Ferja på Folkestad hadde opphold akkurat, så vi kjørte om Austefjorden der det einaste spennande var at kommandoriggen for Kvivsvegen var komen på plass ved kirka. I Ørsta var fjøra komen ned slik at vi kunne fiske badestranda med feltstøvler. Det var nesten mørkt, så for å nytte mest mulig lyset så fiska vi kun med sluk. Vi såg 8 fiskar hoppe, men til tross for at 6 av dei var innanfor kastehold, så ville ingen av dei gå etter slukene våre

15.02

Det var flott vær på fredagen, og brukbare meldinger for første del av laurdagen. Vi bestemte oss derfor for å hive oss rundt å komme oss innover rett etter jobb. Vi somla litt og satsa på 17.20 ferja, vi rakk ferja, men før vi fikk pakka i ein bil så hadde ho gått, så derfor vart det 17.55. Vi stoppa på Sætre og nytta siste lyset til å sjå etter liv, men her var veldig dødt. Så vi kjørte innover, og allereie oppe på veien forstod vi kvifor det var så dødt, tjukk issørpe dreiv utover langs land ifrå Ørstaelva. Vi stoppa også litt lenger inne, men det var sjølvsagt samme her.

Derfor bestemte vi oss for å skifte side på fjorden til dit elva ikkje sendte kaldt vatn og is ut langs fjøra. Vi hadde tidligere år sett fisk hoppe ved bakeriet, og bestemte oss for å prøve her. Det var godt lys ifrå Ørsta terminalen, og havblikk det meste av tida, men vi verken såg eller kjent liv. Etter kvart kom ein mjølbil, wienerbrødlukta vart nesten plagsom, og det var 3-4 minusgrader, så etter ca.3timer så gav vi oss. Vi kjørte over til Sæbø, men her var ikkje straum, så vi for heim i staden, og det var bra for neste morgen var vinden skikkelig frisk, og ikkje lenge etter kom regnet.

23.02 ENDELIG var hullet i fjellet åpnet og vi kunne kjøre innover for å prøve auren. Det var fjøre i 18.30 tida, og ho skulle være lav, men på grunn av det lave lufttrykket og den friske vinden så låg den minst 50cm høgare enn tabellene. Dette første til at vi berre fikk ca 2t å fiske, og då ved stanga for Inge og Petter som hadde vadebukse, og på neste vår for meg som berre hadde tatt med støvler. Vi starta i skyminga, og regnbyger gjorde at det mørkna fort, men med lys på duppen gikk det bra å fiske. Inge fikk ein torsk på ca 3kg, og ein mort, mens ej og Petter ikkje kjende liv. Men herlig var det å komme og fare akkurat når vi ville, ENDELIG.
20.03 Inge, delvis sammen med Petter var innafor i Ørsta 25.02, 02.03, 07.03, 08.03, 09.03, 11.03. Inge fikk 3 halvkilos fiskar den 25.02, men generelt har det vore veldig dødt.

Så kom påska, ej kom direkte ifrå Dubai, og miste bagasjen, så det vart seint på laurdag før ej kom meg innover, mens Bjørn var tidlig ute på laurdag. Været var nydelig, og vi enda på Ekspedisjonen sammen med Endre etter eit vått vorspiel. Søndagen vakna vi til 2-3cm med snø, men den tina raskt. Men seinare på dag, når Inge dukke opp, begynte det å snø for alvor. Mandag morgen var snødybda 30-35cm med fjørlett og flott snø. Men det letta ikkje, og utpå dagen måtte vi berre ta rennfart med bilen og satse på at vi kom igjennom. Det gikk, og vi fikk handla måkeutstyr. Og det fikk vi bruk for. Dagen etter var 15 nye cm på plass, og vi måka oss heilt ned på veien.

Men snøværet fortsatte og onsdag var 15 nye cm på plass, og vi måtte måke oss ned på veien igjen. Petter dukka opp utpå kvelden, og var møtt av ein sjefs-taco og øl. Torsdag morgen var det berre 10cm med nysnø når Bjørn forlot oss. Det lava ned, men så kom Andre Knotten innom, og han fortalte om tørre veier og opplett i Stryn. Så kom Sindre Mo innom på vei til Loen, og han fikk beskjed om å rapportere forhold der inne. Og når vi var på biltur så ringde han med beskjed om gode forhold i Loen. Vi endra kjøreruta og tok strake veien inn. Her kjørte vi rundt for å sjå om vi såg fisk, men det  var dødt både i Loen og i Olden. Til slutt kasta Inge og Petter nokre få kast ved stanga i Loen, men det var dødt. Så vi kjørte ut igjen og tok nok eit vorspiel med Endre. Etter å ha måka vekk nye 10cm ifrå platten.

21.03 Heldigvis hadde snøen falt mykje sammen etter kvart, så det hadde holdt seg på rundt 30-35cm, men formiddagen i dag starta med at Petter kjørte seg fast oppe ved hyttene. Etter måking av veier og stier, og under bilen til Petter, så kledde vi oss om for ein tur etter auren.

Vi starta med ein kjapp stopp på badestranda i Stryn, men her var det så kaldt og friskt at vi rømte videre. Vi møtte Sindre i Loen og stoppa på bukta ved tunnelen imot Olden som var einaste plasen der det var litt rolig vind. Vi fiska litt, mens vi tente bål, men så snudde vinden og vart skikkelig frisk så før vi fikk grilla pølsene så hadde vi nesten blåst vekk. Men Inge stod imot, og hadde duppen i vatnet, og det enda med at det beit ei krede på ca 35cm.

Til slutt måtte vi berre rømme, og prøve å finne oss ein ny plass. I Olden var det for mykje vind, så vi prøvde utover imot Stryn. Ved holmen utanpå Rake var det bra, så her stoppa vi å prøvde. Petter gikk heilt ned på neset, og etter ei stund fikk han to aurar på 40cm og 25cm. Så var det hos meg det beit, og ej fikk ein aure på ca 30cm. Så miste Sindre ein fisk, før ej fikk ein til på ca.25cm. Så fikk Sindre sin første på 25cm før det vart dødt. Litt før sola gikk ned prøvde Inge sluken, og fikk sin andre aure for dagen, denne var 25cm. Han hadde etter ein fisk til. Når sola gikk ned vart det bikkjekaldt, og vi pakka sammen for å lage spekekjøt og ball. Dei fleste fiskane var nyutgått ifrå elva.

22.03 Etter å ha fyllt opp igjen kjøleskapet, og levert øl til Endre på Rindane, så rota vi ei stund før vi tok laust innover fjordane litt etter 16.30. Når vi kom over fjellet, såg vi at det var heilt stille på fjorden ifrå tunnelen ved Stryn og innover. Vi kjørte derfor direkte inn dit sia det var så kaldt og vind i Stryn. Vi prøvde først ved holmen der vi hadde fått fiskane i går, Petter var til og med ut på holmen, men bortsett ifrå nokre få bittesmå vak så var det dødt.

Vi fortsatte derfor innover, men det låg mykje is på fjorden, så vi måtte over til stanga i Loen før det var vits i å stoppe å kikke. Men her var det dødt, og vidare innover til Olden var det is heile veien. På kaia i Olden var det isfritt, og etter ei lita stund såg vi ein fisk som stripa rett foran oss. Dermed hivde vi oss rundt og kasta ut duppen. Vi såg fleire fiskar som var oppe, men ingen innefor hold. Etter nokre flyt prøvde Petter sluken, men det vart etter kvart skymt og kaldt, så vi pakka sammen like etter at dei fire andre som fiska litt lenger inne gav seg. På vei heim var det -8°C over fjellet, og når vi kom ut igjen så laga vi hjortegryte.

23.03 Søndagen var det snøkave igjen ifrå middag, men gutta hadde klokketru og drog meg med. Det var lettare når vi kom over fjellet, men på Stryn var det ein god trekk, så vi kjørte vidare innover. Allereie rett etter tunnelen låg isen langs land, og til lenger inn vi kom dess meir is, og ifrå Rake og heilt til Olden var havet kvitt og stivt.

Vi snudde derfor ut igjen, men vi vart ståande ved tunnelen før Stryn fordi ein bil hadde kjørt i veggen. Når vi slapp igjennom så stoppa vi på badestranda, og Inge og Petter var ned å kikka. Dei såg fisk som var oppe, men var ikkje sikre på om dei ville prøve. Derfor kjørte vi vidare mot Stryn å sjekka på kaiene, men her var det is så vi kjørte tilbake og fiska på badestranda ein god time. Inge fikk ein aure på 30cm, og miste ein til. Dei såg nokre fiskar til på bukta imot Stryn, men dei var ikkje bitevillige. Ej som fiska på stupbrygga hverken såg eller kjende liv.

26.03

Sia det vart lite fisking første påskedag, så ville vi prøve på vei heim, andre påskedag 24.03. Ørsta var målet, men når vi kom dit så var det ein frisk trekk inn fjorden og snøbyga låg tett ute i fjorden. Derfor pakka ej sammen og reiste heim, mens Petter og Inge vart igjen. Men når ej kom ut til Eiksundtunnellen og såg inn imot Ørsta igjen så låg fjorden heilt blank og bada i sol, og baksida av snøbyga låg langt inne og kunne ikkje være meir enn 2-300m lang.

Fisket gikk tregt med dei, men i det sola gikk ned så fikk Petter 2 aurar på 650g og 700g på sluk. Dei fiska ei stund til, men i skyminga var det så kaldt at Petter gav seg. Men Inge ville prøve nokre kast til med sluken, og då hogg det på ein skikkelig fisk. Fisken hadde tatt skikkelig og sat godt fast, så kjøring og berging gikk fint. Etter filming bar det opp til Jann for å varme seg og vege fisken, og vekta viste flotte 4450g.

Onsdagen var været fortsatt nydelig, og vi valgte fiske foran flugebitting. Det var mindre fisk å sjå enn på mandag, men akkurat når sola gikk bak fjellet og i skyminga så var det litt fisk å sjå.

Ingen kjende anna liv enn masse mort og pale som tok på nesten kvart kast, men i skyminga beit det på med Petter utanfor stanga. Etter ein frisk kamp gav til slutt fisken seg og vart håva av Inge, som hadde gitt seg med stor vase på snella. Fisken var i bra hold, og vart tatt med heim, der den vart sjekka til å vege flotte 1700g.

04.04 Mens ej, Bjørn og OJ var på messe i Lillestrøm, så var Inge i Ørsta både laurdag og søndag. Laurdag 29.03 miste han ein flott og smellfeit fisk på ca 2kg på Sætre då han og Hans Petter var ein snartur inn.

Søndagen, 30.03. var han innafor allereie på morgenen, været var gråare med regn, men det vart lettare etter kvart. Han fiska fjøra på Meieriet og fikk ein fin aure på ca.800g. Som bildet viser så var det vaksen lus på fisken, så den hadde vore lenge ute ifrå elva, om den var opp i haust.

Fredagen var været igjen kaldt og veldig vått, etter nokre varme dager. Det letta opp utpå ettermiddagen, så ej og Inge fann ut at det hadde vore fint med ein rask kveldstur. Ørstaelva var stor, så vatnet i fjorden var heilt brunt. Det var ein del vind i starten, men den avtok etter kvart. Ej innvia nye Speedmasteren, og det tok ikkje så mange minutta før første fisken tok så det dundra etter. Ej kjørte fisken som gikk djupt, og begynte etter kvart å lure på om det var ein torsk, men når den kom nærmare visste den seg i overflata. Fisken var ikkje så hard no, så håvinga gikk veldig greitt. Fisken var litt slunken, så ej ville sette den tilbake, men fisken hadde slukt sluken bak og gjennom gjellane, slik at kroken satt i gjellane bakifrå. Ej holdt på så lenge at for å ikkje plage fisken meir, så kakka ej den. Og sjølv om den var død så måtte ej ta sluken ut gjellane og ta av kroken for å få ut sluken. Etter dette var det veldig dødt, og vi gav oss når floa begynte å komme. Fisken min var 1755g.

05.04 Ej, Inge, Bjørn og Asbjørn var i Ålesund på messe, og mens dei andre for heim, kjørte ej og Inge via Ørsta, der Petter venta på oss. Det var regn, sludd og snø heile veien innover, men når vi runda Lianeset så var det litt lysare. Petter var alt i gang, men når byga kom etter oss så rømte han opp til oss mens vi kledde oss om. Etter at byga hadde letta var det fisking, Inge starta med ein mindre aure på ca.300g, men det vart veldig raskt dødt igjen, og i løpet av dei to timane vi fiska så såg vi ein liten aure hoppe. Og til slutt gav vi opp.
06.04 Søndagen var været mykje betre, så ej tok laust alt i 13-tida og alt i det ej kom ut av tunnelen og ned på Sørheim så hoppa første auren. Men her var masse nise, så det var dødt når ej stod å kikka. Ej kjørte så inn på Rema og her såg ej fisk heile veien ifrå stanga til Bogen, og spesielt var det ein diger aure på Bogen som såg fristande ut. Men floa var for høg, så ej kjørte ut på Sætre og bytta. Ej såg ein fisk hoppe innenfor havna når ej stod ute på ytterst, men her ute hverken såg eller kjende ej liv på sluken.

Etter kvart satte ej kursen for badestranda, og her møtte ej Inge og Petter, og like etterpå kom Bjørn av alle. Det var oppe ein fin fisk ved stanga, og ej som var klar treiv flugetrode og sprang ned, men fisken nekta plent å bite. Petter hadde tatt sluken, og fikk raskt ein fin aure på 7-800g som han satte tilbake. Inge kom ned til meg og prøvde fluga etter at ej hadde gitt opp, men resultatet var det samme som med meg. Ej slo om til dupp og makrell, mens Petter og Inge dunka mykje med sluk. Bjørn fikk vi ikkje lokka utpå. Det var mykje fisk oppe ved stanga ei lita stund tidlig, men utover var det meir bortover imot Bogen det var mest liv. Inge var bort her fleire gangar, men fikk ikkje meir enn vi som holdt fortet rundt stanga. Etter at floa kom så fikk Inge og Petter nokre mortar og ein torsk, men det vart ikkje aure sjølv om det hoppa rundt dei alle plassar.

13.04 Inge og Petter var inn å prøvde tirsdag 08.04, det hoppa litt mellom 18-19, men det var heilt dødt både på fluga og sluken. Seinare dauda også hopping vekk.

Fredag kveld mens ej var på avdelingsfest, så var Inge og Petter i Ørsta å fiska på kveldsfjøra. Dei såg kun ein fisk hoppe, og kjende ikkje aure. Petter fikk ein mort og var bort i eit par til.

Søndag var ej klar for litt friskluft, så ej kjørte innover i 12-tida. Det var heilt stille på badestranda, så ej vart ståande på Rema å kikke. Såg fisk bort imot osen, og eit par rett ned for meg, og når det kom ei lita gråe så flytta ej bort på Meieriet. No gråa det på meir, så ej kledde på meg og gikk ned på stanga. Såg fisk som var oppe både bortover mot blåsa og rett utfor meg, men ingen som var innanfor kastehold. Fiska med sluk ein halvtimes tid, men kjende ikkje liv. Etter kvart måtte ej rømme for ikkje å fylle støvlane, og vel oppe i bilen så spratt det ein fisk rett utfor stanga. Planen var å stoppe på Sørheim å kikke etter aure, men her var vinden så hard at ej kjørte heim.

Inge og Petter var innafor seinare på dagen, dei fiska først ved nausta på Bogen. Her fikk Inge ei krede på ca.500g på eit av dei første slukkasta, men det var heilt stille, så dei fikk ikkje fleire før dei begynte å bevege seg. Og litt lenger ute fikk dei kvar si krede til. Så flytta dei over til Sætre, og her var det veldig mykje fisk å sjå, men det var stort sett kun fisk under kiloet, og hovedtyngda låg på 3-500g. Inge fikk 4 fiska og Petter fikk ein, men alle var var innenfor 3-500g. Dei var tilbake til Bogen, dei såg ein del fisk, men fikk ikkje noko meir. Når dei gav seg og snakka med meg, så tok det seg mykje opp med byksing, men dei snudde ikkje.

16.04 Onsdagen var vi på tur innover igjen, fjøra var nettopp snudd når vi starta, og været var nydelig med sol og ein god vind inn fjorden. Ej starta ved stanga, mens dei andre starta ved sida av meg og fiska seg bortover mot Bogen. Inge fikk ein liten 500g aure midt bortpå stranda, men det var alt vi kjende. Ej såg nokre fiskar hoppe mellom meg som stod igjen og dei som var lenger borte på stranda, og etter at dei kom tilbake så hoppe det mange fiskar, men dei ville ikkje bite. Såg ca.20 fiskar hoppe totalt.

Inge og Petter fortsatte på Sætre, mens ej for heim og jobba litt i staden. Det var mindre fisk  sjå denne dagen, og dei kjente ikkje liv.

  Fredag 18.04 var Inge og Petter i Ørsta enno ein gong. Dei starta med god tru på badestranda etter å ha sett mykje måse stupe å hærje langs fjøra, men her var det dødt. Derfor flytta dei ut til Sætre, og her fikk dei 3 fiskar, ein på 7-800g og to små på ca 300g.

Laurdagen 19.04 var dei igjen innafor, no var det mykje meir liv i fisken her, og Inge fikk raskt ein fisk på ca 500g. Etter dette var dei bort i fleire fiskar, og mange fiskar var oppe rett ved sida av dei, blant anna ein storing 5m ifrå Inge, men dei nekta å ta skikkelig så det vart med denne eine.

Søndag 20.04 var dei enno ein gong innover. Dei fiska på badestranda og Inge fikk ein på ca.800g like ved røret. Tilbake ved stanga såg dei ein stor fisk hoppe langt ute, og litt etter tok det med Inge. Dette var ein stor fisk på 4-5kg, men etter ca 20 sekund så hoppa den seg av. Det var no mykje fisk i området, men etter nokre minutt så seig den utover og vekk var den.

Tirsdag 22.04 var Petter innafor, men då var det heilt dødt.

Onsdag 23.04 var Inge og Petter igjen i Ørsta, men som dagen før var det dødt på badestranda. Dei flytta då ut til Sætre og her var enorme mengder fisk som vaka, og etter det mørkna begynte den å hoppe. Dei fikk kvar si 300g krede. Etter kvart dukka det opp ei stor våde med lyr som beit heilt vilt.

Søndag 27.04 var vi på vei heim etter å ha fått opp forteltet på Eid. Inge var inn til Ørsta og tok ut penger, og kika då sjølvsagt etter auren, men det var dødt. Derfor kjørte han utover igjen. På Sørheim stoppa han på nye moloen, og bestemte seg for å prøve nokre kast. Han starta på utsida, men her var det dødt, så han flytta innom. Her var det fisk etter på første kastet, og på neste kastet tok fisken. Fisken var seig, og Inge hadde ikkje med håv, men når han la haudet opp på stranda tredje gangen så fikk han has på fisken. Fisken var ein skikkelig rovfisk med 18 småsild i buken og vekta visste 2750g.

Torsdag 01.05 og fredag 02.05 var Atle på vatnet å dorga, og laurdag 03.05 hadde han også med Inge. Ingen av gangene vart det napp.

Laurdag 10.05 var Atle og Bente ut på vatnet, men dei kjende ikkje noko. Ej og Inge var ned i Clearing å fjerna treet som Inge sleit vekk laks i i fjor.

Søndag 11.05 var Atle på vatnet igjen, og endelig vart det fisk på han. Fisken tok på djupedorga på ca.12m. Den var ikkje sprek nok til å rive laus snøret, så han hadde slept på den ei stund når han oppdaga det. Trulig beit den i stranda innanfor campingen, men veit det ikkje sikkert. Fisken var litt slunken i sidene, men rund om buken, og ikkje minst utrulig knall raud og fin. Vekta på fisken var fine 670 gram og nydelig god på grillen.

Dagen etter var han og Asbjørn bortpå ein snartur. Dei hadde på ein fisk på samme plassen, men denne ville ikkje være med heilt inn. Ellers var det heilt dødt på runda deira på vatnet.

Laurdag 17.05 var ej, Inge og Petter på Stokkenes å rydda i 6 timar. Vi rydda 30m vidare framover i Myrahølen. Så rydda vi fremre åpning i Myrahølen, før vi flytta fram i Hildehola der vi rydda stien for 3 tre som hadde ramla ned, samt litt langs baren. Så rydda vi sti ut på Øya, og litt i Frisørhola. Så rydda ej stien fram i Svingen før vi gikk fram og tok litt i Mastehølen. Deretter gikk vi fram i Hegresvingen for å sjå til buda, og den var fin, men det var ikkje stien fram. Denne var utvaska, så vi måtte rydde ny oppe i bakken. Men vi fant ut at stien frå buda og fram var i veldig god stand. På neset foran Hegresvingen, fram imot grensa, var alle trea drept med motorsag, men forlatt ståande. Vi gikk derfor på å rydda vekk dei av dei, og andre tre som stod ute på baren og hindra fisket i området.

Søndag 18.05 var vi ned på Alsaker for å sjå til forholda før sesongstart. Petter sette fyr i all kvisten som låg på fossekanten for å slippe å rydde det på elva. Deretter for vi ned å rydda ifrå treet til Inge i Clearing og litt framover, samt 50 meter nedover slik at det no skulle være mulig å fiske fremre Clearing med skikk både med makk og faktisk også med fluge om ein speykaster.

20.05 Ej og Tor Aasen var på Ørstafjorden å dorga etter rapporter om godt fiskeri i helga. Ej hadde snakka med Andreas Røyseth som kunne berette om dagsfangster på opptil 11 fisker for fiskere ifrå Eiksund. Men sjølvsagt så fikk vi ingen av dei, og heller ikkje napp av nokon andre. Vi starta i 18-tida og dorga ut langs sørsida, når vi var komne litt utom tunnelåpninga så svinga vi over fjorden og følgde nordsida inn igjen til grensa, som vi følgde over fjorden, der vi gav oss. Så var det vafler og kaffi med Tor, supplert med egne fiskevideoer.
01.06 Eidselva Alsaker 00-14 Vi hadde fulgt nøye med på bruene sia påske, men elva var stor så det var vanskelig, men 18.mai om kvelden kom første meldinga; 2 laks på Skipenesbrua. Vi måtte sjølvsagt ned før vi reiste heim for å sjå dei. Men dette var ikkje dei første, for det viste seg at andre hadde sett fisk 2 veker tidligare. Mandag 19.mai kom ei enno betre melding, 6 lakser på brua. Og torsdag 22.mai hadde dette blitt til 7 fiskar. Fredag 23.mai var der 8 laksar på Skipenesbrua og 2 på Osbrua. Laurdag 24.mai var der 8 på Skipenesbrua, og 2 pjakk/smålaks, kanskje fleire på Osbrua. Søndag 25.mai var der 2 i Hjellehølen, 7kg og 15kg, så var der 7-8 fiskar foran Skipenesbrua og 2 nedanfor. Så var Inge på nederste brua og såg 4-6 fiskar, alle over 10kg og den største var nærmare 20kg. Og når vi seinare var ned så var der 4stk mindre fiskar. Så alt tyder på at det går mykje fisk, og det som er positivt er at fisken ser velfødd ut, samt at mange av dei er av den generasjonen alle seier var død.

Laurdagen var været aldeles nydelig, men det skya til, og i kveldinga begynte det å smådrople, og i det vi kjørte nedover kl.22 så hølja det ned. Elva vart målt til 10,2 grader, med stadige kraftige, men kort regnbyger og t-skjortetemperaturer så var det drømmeforhold. Etter at vi hadde kosa oss med ei 5kgs rekekasse, loff, majones og eit par kalde så vart hølane fordelt mellom oss. Ej starta på Øyrane, Asbjørn på Sanden, Petter og Inge i Clearing. Bjørn starta med makken på Fossekanten. Allereie på fjerde kastet hadde Bjørn på fisk. Fisken var rolig og rota berre rundt nedfor nasa på berget, og vart greitt håva av Andre Knotten som hadde kome inn ein snartur for å sjå korleis det gikk første timen. Laksen var ei flott hoe på 6,5kg, identisk med Bjørn sin pers for laks (jada vi husker at det ikkje er hans største blankfisk, det er auren på åpninga for 2 år sidan på 7,11kg).

Ej var den einaste som kjende liv på fluga utover natta, ej var bort i noko heilt bake på Sanden, men ej var ikkje nær ved å få det fast. I lysninga ville dei fleste prøve makken, og då begynte ting å skje. Ej hadde planer om å starte på Øyrane igjen, men her var det folk så då gikk ej på Sanden. Her stod Petter å knytte opp etter nærkontakt med moder jord. Etter å ha veksla nokre ord, så var han klar og fortsatte å fiske, mens ej gikk fram for å fiske innløpet. Ej hørte plutselig Petter banne bak meg og kom til at han nok hadde vore nær å kroke ein fisk. Når ej kom fram og kasta første kastet så gløtta ej ned på Petter igjen, og der stod han med spent stang. Ej sveiva inn og sprang ned, og då visste det seg at han faktisk hadde fått fast fisken på første forsøk, sjølv om det ikkje hørtes slik ut i det heile. Fisken var ikkje veldig stor, og etter litt geleiding så kunne Petter dra ein sølvblank og flott laks på 3kg opp på grusen. Vekta vart kjapt tippa til over 5kg, men ej ba han hegne seg, og dermed enda han på knappe 4kg, altså berre 30% feil.

Ikkje lenge etter ringde Inge og lurte på korleis det gikk der framme, for han var alt ferdig med kvota. Laksen på 9,3kg vart håva av Bjørn i det fisken prøvde å rømme ned remma inne på bakevja på Fossekanten. Og mens vi snakka så hogg det på hos Atle, men etter eit par minutt så slapp dessverre den fisken uten at nokon hadde sett størrelse.

Etter ei kaffipause med mykje røling så ville ej prøve meg nedover. Ej starta i Fåhølen og fiska rundt heile denne uten å få det til spesielt bra. Så gikk ej på Fossekanten og gjorde eit kast og der sat den. Fisken ville berre fram og fram, så til slutt så fann ej ut at ej ville prøve å følge den framover. Fisken rasa ikkje ut noko, så den var på kort line og under god kontroll heile veien fram. Den protesterte litt der straumen traff land, så ej lurte på å prøve å dra den innpå der, men kom til at der var mykje vatn, og at ej enno ikkje hadde sett den og visste noko om størrelsen, så ej fortsatte. Når ej fikk den inn på bakevja så protesterte den litt, men ikkje meir enn at ej etter eit lite halveminutt kunne slippe den fint fram på graset. Vekta visste flotte 7,2kg, heldigvis storlaks. Etter dette vart det mykje mindre fisking på oss, og berre på typiske aureplassar. Der var mindre aurar, men ikkje noko større. Asbjørn var bort i noko på fluga nedanfor Storesteinen, men det vart ikkje fast. Men 26kg på åpninga overgår alle tidligare år med masse, og med ca.25 lakser i heile elva, med 1 fisks begrensing så er det smått fantastisk. DETTE VERT EIT GODEÅR.

02.06 Eidselva Alsaker 02-14 Neste morgen forsatte vi på Alsaker. Været var tilbake til nydelig, så vi vart litt seine for å få med lysninga. Vi starta med makken, men det var veldig dødt alle plassar. Så ville Inge prøve fluga framanfor. Han starta 20-30m foran storehola og på første kastet som gikk heilt over, så byrja det plutselig å tikke av snella. Inge stussa litt over dette, men oppdaga raskt at det var på grunn av fisk i andre enden. Laksen var sprek og gav ein skikkelig kamp og var både langt bakpå Sanden og nesten bort til brua eit par ganger. Men etter kvart fikk Inge overtaket og kunne dra ein nydelig laks på 6,85kg fram på Sanden.

Inge fortsatte etter auren ei stund til før han for fram på Moen til Petter, mens ej og Bjørn fortsatte vidare utover. Men det var veldig dødt, så for å få sove litt så gav vi oss tidlig. På Moen hos Petter var elva blitt alvorlig stor, men han var borti fisk og fikk til slutt på land ein sjøaure på 750g heilt bakpå nede på flata.

02.06 Eidselva Alsaker 14-02 Bjørn reiste i elva igjen litt etter kl.16, mens ej åt middag og venta til i 18-tida før ej kjørte ned. Like etter at Bjørn kom ned fikk Svien Åm ein laks på ca.5kg på Fossekanten som Bjørn håva til han. Bjørn var også borti og såg eit par fiskar på Sanden før ej kom der, men han fikk dei ikkje faste. Ej starta på Fossekanten, men stod mest i telefonen. Når ej kom fram i buda i Fåhølen kunne Bjørn fortelle at han akkurat hadde mista ein laks i Føhølen. Bjørn fortsatte til ca.kl.21, mens ej holdt på til 23.45 uten at nokon av oss kjende noko.
06.06 Eidselva Stokkenes 14-02 03.06 var forholda igjen kjempeflotte når Petter var på Alsaker. Utpå morgenen fikk han ein laks på 3,8kg på Svadet som han taua heilt fram til Fossen før han tok den på land uten noko større problem. Han fiska ei stund til etter aure, men fikk ikkje noko, men han såg svær fisk på Fossekanten. Seinare på dag vart det mista ein laks på 15-20kg på Sanden på fluge. Den reiste etter 2 timers kamp, etter at den hadde vore fram på grusen eit par gangar. Det vart tatt ein laks på 15kg på Skipenes.

Ej fiska Stokkenes, og starta i 17-tida i Myrahølen, det var mykje som beit, men den var alt for små og full av lus. Fiska så over nedre del før ej flytta fram og starta i Hegresvingen. Her var elva stor, men her vert bra etter kvart. Så fiska ej meg nedover til Svingen der ej gikk tom for makk. Prøvde strekket Svingen til Moses med fluge, men kjende ikkje liv. Det vart mista ein laks på ca.10kg, han kleppa den av for seg sjølv, synd. Det einaste ej måtte kleppe ut av elva var mobilen min.

Inge og Petter var på Bjørlo. Elva var ganske stor, og mens Petter prøvde heile området, så konsentrerte Inge seg om Kastehølen. I kveldinga livna det til, og fleire fiskar viste seg i hølen. Og til slutt lønte det seg, for her fikk han ein sjøaure 2,72kg. Endre som hadde bursdag denne kvelden dukka opp i det Inge landa auren. Seinare på kvelden gikk Inge fram i Svarthølen og på første kastet beit det på. Fisken var sprek og Inge måtte jobbe for å hindre den i å gå nedover, men til slutt fikk han den frampå land. Vekta på laksen var flotte 9,2kg fordelt på 94cm. Utover kvelden falt temperaturen ifrå 13 til 8,8 grader, og dermed stoppa all aktivitet opp.

07.06 Eidselva Bjørlo 02-14 Ej gav meg ein time før slutt på Stokkenes for å rekke å ta ei skive før ej kom meg ned på Bjørlo til dei andre til kl.02. Det var veldig stille utover morgenen, ej såg ein pjakk hoppe nedanfor skuret på Hjelle, og 30 sekund seinare spratt den heilt bak på innløpstraumen. Ellers var det lite å kjenne og ingenting å få. Vi holdt på til klokka var over 12, men det vart ikkje noko anna enn eit par auresmolt på vei til havet.

Atle var på Langeland, men han forsov seg så bergenseren han fiska sammen med var ferdig med kvota før han kom ned. Atle kjende ikkje noko. Bjørn var på Stokkenes, men det var like dødt der.

På kvelden var Asbjørn på Alsaker sammen med Ørstagjengen som fikk 3 laksar på 3kg, 3,5kg og 4,9kg, men Asbjørn kjende ikkje liv. Atle var på Bjørlo, igjen sammen med Endre. Atle kjende ikkje liv, mens Endre fikk ein sjøaure på 6-7kg.

08.06 Eidselva Staten 02-14 Inge var begynt å verte redd for kvota si og stilte på Staten med berre flugestang, men denne morgenen var det liten fare for å få laks. Men det starta bra med at han mista ein aure på ca.2kg, men det vart også det siste vi kjende av større fisk. Vi såg ein fisk på brua i lysninga, men etter det var klokka 12 før vi såg neste, og då foran brua. Det kunne være samme fisk. Vi såg ein aure hoppe foran brua i det ej gikk ut for å fiske her ein siste gang. Den hoppa ein gong til mens ej holdt på, men bite ville den ikkje, kanskje ikkje så rart sia elva gikk ifrå 13,8 kvelden før til 8,1 grader på natta. Inge måtte ha med makken ned etter at vi var fram å åt frokost kl.08. Når vi for fram var det strålande solskinn, når vi kjørte ned igjen kl.10 var det tunge regnskyer. Når vi kom fram igjen kl.13.30 så kom regnet og før vi for heim var det kome 5mm i målaren.

Petter fiska på Stokkenes, men også her var det dødt, men han greidde å nygge seg ein aure på 1330g ved Moses. Bjørn fiska Alsaker sammen med det som var igjen av ørstagjengen. Han fiska i alle holer og rundt alle steinar, men det var heilt dødt.

12.06 13.06 Hyen Ommedal 20-08 Tor inviterte meg innover til Ommedalselva på onsdag, så ej pakka i bilen og tok laust direkte etter jobb på torsdag. Vi tok 17.50 ifrå Lote etter å ha sett på kjøring av laks nedanfor brua på Skipenes. I ettertid fikk ej vite at dei hadde tatt laks på 11kg, 12kg og 13,5kg på Skipenes og Staten denne dagen. Vi kjøpte oss kort ifrå 20.30, men klokka var nesten 21.30 før vi var komne i elva. Vi starta i Nye-terskelene, men med unntak for småkredenapp så var det stille. Vi fortsatte nedover, men Stien var opptatt, så vi kjørte fram og Tor fiska La-hølen, og deretter fiska vi terskelene nedanfor skulen, der Tor fikk den store i fjor. Så kjørte vi ned å fiska osen før vi gav oss for kvelden kl.00.30.

På morgenen starta vi i Bruhølen og Helljehølen før vi flytta ned i Nye-Terskelene igjen, men vi bytta høler i forhold til i går. Vi var begge bort i småkreder, men plutselig vart det litt kraftigare nøkk med Tor. På neste kastet var det smånapping igjen, men han gav slakke og slo til. Det var visst ikkje småkrede, men ein laks som hadde pirka. Tor kjørte laksen mens ej tok inn og gikk fram til han. I det ej kom fram, var laksen komen inn på grunna og ville ut igjen. Den rasa ut og vekk var den. Vi fiska litt til, men det var dødt.

Vi flytta derfor til Stien, dette viste seg å være ein flott flugehøl, så ej tok fluga å starta øverst. Tor stod å venta til ej var komen eit stykke nedover før han starta bak med makken. Ej fiska meg heilt bak, og i det ej fiska brekket så ropte Tor. Ej sveiva inn og gikk fram for å hjelpe å berge, men akkurat i det ej kom fram så kom kroken. Ej tok makken og gikk framover, men hadde komt meg 20m når Tor ropte enno ein gong. No rakk ej ned, og fisken verka site godt, og etter ein ikkje for lang kamp så kunne ej håve ein litt lang laks på 85cm og 4,70kg.

Med døgnkvote på 1 fisk så var Tor ferdig, mens ej kunne fortsette. Ej fiska over Stien med makk, men kjende ikkje liv. Derfor flytta vi nedover og prøvde raskt i nokre mindre høler, men det var dødt. Så kjørte vi ned til den nederste brua og fiska hølen foran denne. Før kortet var slutt ville vi prøve to tersklar like foran. Den nederst var ein dobbelhøl med flott skum i fremste og ei djup hole i bakre. Ej starta framme under kviteskummet og etter 3-4 kast så nappa det skikkelig mellom straumane. Ej slo til og fisken hang. Ej stod 4-5 meter over elva og hadde full oversikt under heile kjøringa. Men fisken var stor, så ej måtte være forsiktig for ikkje å miste den over kanten og ned i neste høl. Den var 2-3 ganger ned i nederste hola og fram igjen, men etter kvart tagna den og kom inn på bakevja. Men etter ei æresrunde inn på stilla så bar det ut igjen. No var den meir desperat og ville nedover, men Ambassadør og grov vegn gjorde jobben enkel når fisken skulle snues. No kom fisken inn i straumkanten og kjempa litt her, men måtte snart gi etter og kom inn i bakevja. No var det meir snakk om å få den inn til Tor og håven, å etter å ha slippa fisken mellom to steiner så kunne Tor håve fisken. Vel oppe på kanten fikk ej fisken og kunne konstatere at laksen var av ypperlig kvalitet med ei vekt på 9,12kg og lengde på 94cm. No var det 7 minutt igjen av kortet. Inge ringde straks han fikk bilde, og når ej stod å snakka med han så såg ej enno ein laks av samme kaliber stå i hølen. Vi for deretter fram og sov ein time før turen for min del gikk til Eid.

13.06 Eidselva Stokkenes 14-02 Ej vart heft og venta derfor med mat når gutta kom innover, men kl.17 var vi i elva. Ej starta i Myra, men bortsett ifrå småaure var det dødt. For derfor fram å fiska meg nedover. Mastehølen var død og vidare nedover var det lite rom å fiske i pga. mange slukdunkarar. Ej prøvde derfor berre nokre få kast i Svingen før ej gikk for Øya. Her var dødt så ej fortsatte til Hildehola og Åbrekk. Etter Åbrekk satte ej meg ned og like etter kom Inge nedanifrå. Ej spurte om han hadde vore i spiontreet, men det hadde han ikkje så han tok ein tur. Derifrå kunne han melde om ein fisk på ca.5-6kilo på steinen, kanskje ein aure. Vi prøvde begge grundig, men den ville ikkje, så vi gikk framover igjen. Petter var vekk når vi kom i Svingen, og sia ej var trøtt så pakka ej sammen og gikk framover. Inge la om for å gå nedover. Ej fiska Mastehølen på vei fram, og såg fisk blenke fleire gongar nede i djupet uten at den var interessert i mitt agn. Ej kjørte via brua og fram for å sjå etter Petter, og på veien fram til Åbrekk så ringde han. Han hadde vore i Åbrekk etter oss og på andre kastet hadde fisken tatt. Den var sprek i starten, men Petter si grove vegn hjalp han å få overtaket, og etter ein kort kamp kunne Petter lande ein flott sjøaure på flotte 6150g fordelt på 80cm. Etter dette var det dødt med dei.
14.06 Eidselva Stokkenes 02-14 Ej hadde klokka på 03.30, men vakna 03.15 av at Inge kom opp igjen. Skodda låg tjukk over elva, så etter eit raskt overfar i Malakoff så satsa han heller på frokost sammen med meg. Vi tok oss god tid og var ikkje nede i elva før klokka var rundt 05, men enno låg det litt skodde. Ej fiska Myrahølen først igjen, men no var det småaure over alt, også på andre sida, så ej flytta raskt fram. I Mastehølen stod det fortsatt ein fisk og blenkte på samme plass, men heller ikkje no ville den ha makken min. Vi holdt på utover heile formiddagen, men det var heilt dødt. Inge såg også lite på Staten, så trua var laber. Inge gav seg først, mens vi gav oss litt seinare.

På kvelden fiska Asbjørn Løvøy, Ole Jakob Takset, Roger Gustavson og Andre Knotten på Stokkenes, men dei verken såg eller kjende liv dei heller.

15.06 Eidselva Alsaker 02-14 Ej hadde overtatt 3 kort ifrå Ørstingane, og skulle fiske sammen med Andre og Roger, mens Inge og Petter fiska Stokkenes. Vi såg at været skulle verte som dagen før, og stod derfor ikkje opp før 02. Og når vi stod opp så såg vi skodda ligge tjukk ifrå Vedvika og nedover dalen. Derfor tok vi det heilt rolig, og var ikkje komne i elva før ca. 04. Ej var først oppe av karane på Alsaker, og prøvde først nokre kast på Fossekanten uten at ej kjende noko. Ej la ifrå meg greiene i Fåhølen, og målte temperaturen til 5 i lufta og 10,5 i elva, før ej gikk framover på Sanden. Her låg skodda så tjukk at ej berre så vidt såg over elva. I det ej starta med fluga i innløpet til hola på Sanden så reiv det litt i skodda. Ej har ikkje spey på kjeiva heilt inne enno og plagast med å få fullt strekk på fortommen denne morgenen. I det ej kjem ned til kanten på hola får ej til eit skikkelig kast og er veldig godt fornøgd. Mens ej står og tenker på dette og sikkert også andre ting så strammer snøret seg plutselig opp. Ej letter stanga og kjenner straks at her er det liv i andre enden. Fisken sig berre tilbake og ned, og stiller seg opp. Ej sveiver meg ned imot hola for å unngå at snøret skal hekte seg inn i kanten. Fisken går berre nede i djupet og stanger. Den prøvde seg 4-5m framover renna og 5-6m nedover strekket, men ellers går den å roter nede i djupet. Kjem den djupt lar den seg villig lette igjen, så ej føler at ej har full kontroll. Etter ca fem minutt lar den seg lette opp på kanten, og ej drar den innover grunna. Fisken snur imot meg og tar ei runde inne på grunna og stikk ut igjen. Men etter berre eit halvt minutt så lar den seg igjen dra innover grunna og no nesten på sida. Ej begynner derfor å få opp trua om at denne skal verte min. Fisken retta seg opp igjen og prøvde å komme seg utover igjen, men kom seg berre ut på kanten før den bikka over igjen. Ej rygga inn imot land og dro fisken etter meg. Den la blanksida til, men prøvde eit par ganger å rette seg opp uten at det lykkast heilt. Ej fortsatte innover og etter kvart vart det for grunt til at fisken klarte å stå rett. Dermed la ej berre kraft og fart på fisken og drog den innover graset. Fisken krølla seg litt og hjalp til, og dermed var fisken trygt på land. Vekta viste seinare 8,76kg, og det på fluge! Sjølvsagt ny pers på fluga og første storlaksen på fluge.

Sidan ej følte at ej hadde full kontroll heile veien kom aldri den store skjelven, og derfor ville ej prøve makken etter auren nedover Sanden. På første kastet var noko bortpå og plukka utan å ta skikkelig, men det var på lakseplassen så ej vart skeptisk. Fiska derfor nokre kast til lenger bak, men kjende ikkje noko der og tenkte at ej ikkje ville ødelegge for dei andre. Dermed pakka ej sammen og gikk nedover. Når ej kom ned imot bilen så var Roger på plass og nesten klar. Ej tilbaud meg å guide han, og før vi var klar var Andre på plass og også ein annan kar som skulle fisker der til kvelden. Vi gikk framover mens ej fortalte om plassene, og i fremste hølen vart Andre igjen. Vi andre gikk ned på Sanden og ej fortalt i detalj kvar fisken hadde tatt. Han skifta til ei fluge liknande min Sillan, men ikkje 2,5" som ej, men ei dobbel 2 eller 4 krokfluge.

Roger starta der ej hadde starta, og fiska seg nedover. Etter ca 10 kast var han komen ned dit fisken beit med meg. Plutselig stod stanga i bue og det var tydelig at det var liv i andre enden. Ej hadde stått å sett på og gikk derfor framover imot han, men då begynte han å rykke i stanga og sa det var berre fast. Jaja, så ej snudde ned igjen, men såg straks at der var liv i stanga og no var også Roger enig i at det var fisk. Fisken oppførte seg omtrent identisk med min, men Roger kjørte den enno tommere før han drog den inn på grusen. Han var litt matt med at han berre fikk 10 kast før han gav seg, men vi var enige i at å fortsette kunne ende trist om den store beit og vi måtte sette den tilbake. Vekta på laksen viste 3,96kg.

Andre kom nedover midt i laksekampen, og no ville ej prøve å få han også til å få laks. Vi ville sjølvsagt at han skulle ta fluga sia det tydeligvis var det fisken gikk etter, men han ville prøve makken. Ej forklarte han kva han skulle gjere, men når han satte litt fast på første kastet så skulle han gjere det på sin måte. Og dermed så fiska han der det ikkje står fisk og skremde fisken der den stod. Derfor så forstod ej at han ikkje ville ha råd, så vi pakka sammen og for opp igjen på vogna for å få oss frokost.

Inge og Petter var altså på Stokkenes, og Inge starta framme i Hegresvingen. Her vada han seg nedover på utsida og vidare ned muren. Plutselig hørte han noko innanfor seg og snudde seg, og der var ein stor laks på 10-12kg som gikk i ring og ikkje visste kvar den skulle gjemme seg. Etter nokre raske runder stakk den ut i elva like ved Inge. Han bytta like etter om til makk, når han kom ned på muren lot han det drive heilt inn på bakevja, og der var noko bortpå og drog. Han gav slakke, og slo til, fast fisk. Fisken gikk mest å rota inne på bakevja, og Inge såg tydelig at det var ein fin laks på ca 10kg, men plutselig kom berre kroken.

Dei fortsatte utover heile morgenen, men det var dødt. Petter ville prøve Åbrekk ein siste gong, mens Inge gikk i bilen og kjørte ned og fiska Myrahølen ein siste gong. Her beit det på ein fisk midt i hølen. Den raste bakover imot brekket, og Inge måtte til å holde skikkelig igjen for at den ikkje skulle komme seg over kanten. Her bakpå kjørte han fisken med hogg og belegg i 20 minutt, men når han endelig fikk den fram til seg så var den død. Fisken, ein skikkelig skrinn aure på 3,5kg og 79cm, var knappast matfisk, korleis den hadde greidd å kjøre Inge så hardt i 20 minutt er vanskelig å sjå. Petter kjende ikkje noko meir.

20.06 Eidselva Alsaker 14-02 Sindre var tidlig ute og starta kl.14. Han fiska Fossekanten og Sanden, men oppdaga at støvlane lak og måtte derfor ned til Eid å kjøpe nye. Når han kom fram igjen på sona prøvde han Fossekanten, og her beit ein stor laks. Fisken gikk rundt nede i djupet, men etter ca.5 minutt kom kroken. Sindre såg den aldri, men anslo den til i alle fall 6kg.

Når vi andre, Atle, Bente, Bjørn, Inge og ej kom oss i elva så kom regnet, og det dropla jevnt. Temperaturen i elva var fine 11,8 grader. Det var opplett ein time på kvelden i 23-tida. Elva vaks jevnt opp, men det var ikkje noko å kjenne. Vi tok kveld og la oss på det mørkaste.

21.06 Eidselva Alsaker 02-14 Vi stod opp 03.30, men med tett regn så hadde vi det ikkje travelt, og derfor vart Atle først. Han starta framme og ved steinen på Sanden så nappa det. Atle slo til og fisken sat. Den vart ståande ei stund, og Atle trudde ei stund at det kanskje berre var fast. Derfor auka han presset litt, og då snudde fisken. Atle la begge tommelene på Ambassaduren og prøvde stoppe fisken, men den gikk over brekket før den stoppa. Her prøvde Atle igjen å gi litt press, men då snudde den igjen og rasa nedover igjen. Etter å ha tatt 20 meter til, med svidde fingertupper som resultat, så gikk fisken til værs, og dermed kom kroken. Det er vanskelig å seie kva det var, men det kunne minne om ein stor aure, men samtidig kunne det være ein laks, men då helst ikkje fast i kjeften.

Når vi kom ned så pøsregna det, temperaturen i elva var no 10,5 grader. Vi fiska intenst heile morgenen og formiddagen, men det var aldeles dødt. Einaste gangen ej var i kontakt med fisk var i renna langs land nesten heilt nede i enden av Sanden, nedanfor kilen. Her var det noko som drog i, men ej var ikkje klar til å gi slakke og dermed kunne ej kjenne korleis kroken rivna ut av kjeften på fisken.

Elva var jevnt veksande og når vi slutta var den skikkelig farga. Når vi etter å ha bytta kjørte nedover å handla så hadde elva komt mykje og var farga som kaffi.

21.06 Eidselva Alsaker 14-02 Etter å ha inntatt ein nydelig middag med grilla breiflabb, thaisaus og poteter så var det ein mett gjeng som gikk i elva. Atle hadde invitert med ein kompis, og dei to starta på Sanden. Her fikk Atle på ein laks foran hola, han letta stanga og ropte til kompisen som akkurat fikk sett at han mista laksen. For oss andre var det som før pausa, regn, regn og regn og dødt. Elva var no komen ned i 8,8 grader, det virker som om det vert mindre og mindre liv etter kvart som tempen går ned.
22.06 Eidselva Alsaker 02-14 Etter eit par timar kvile så var vi tilbake i elva litt før 06.00. Elva var no komen ned i 6,6 grader og trua falt mange hakk. Ej ville være først ute på Sanden denne gongen sia det hadde betalt seg for Atle to ganger på rad, men her var det aldeles dødt igjen.

Inge satsa nede i staden, og prøvde Fossekanten. Etter å ha fiska der lenge så ville han prøve nokre alternative plassar, men sleiva med kastet og makken landa langt framme foran grunna. Han kjente det var noko smånupping, men kom til at det var småfisk, så for å verte kvitt fisken så slo han til. Bom stopp. Inge forstod ingen ting, kunne det være ein større fisk? Han sveiva inn for å dra fisken bak til berget, men den kom ikkje. Derimot begynte den å sige framover. Inge hadde som vanlig bremsa på Ambassaduren stramma max, men i det fisken holdt på å dra han av berget så måtte han slakke litt. Fisken gikk framover, og Inge lurte på om han skulle stå igjen eller følge etter. Fisken virka veldig rolig, og sia ej hadde hatt suksess med det så følgde han etter. Når han hadde gått rundt Fåhølen og var komen forbi voren så oppdaga han at sena staga tilbake der han kom ifrå. Han kom til at sena låg rundt ein stein, så han snudde tilbake for å løyse. I det han begynte å gå tilbake trakka han feil på voren og gikk over ende på innsida av voren, kun troda var oppe over vatnet, sa Sindre som hadde komt til. Inge fikk stabla seg på beina igjen og gikk nedover igjen. Midt nede på voren løysna sena og Inge snudde opp igjen. Når han kom opp i hølen igjen så løysna sena enno ein gong og han fikk kontakt igjen. Problemet var at fisken no var på Fossekanten igjen.

Inge vart sjølvsagt i villrede, men når han stramma opp så kom fisken rolig etter fram igjen. Nede i djupet stoppa fisken, og Inge vart ståande å presse. Av og til fikk Inge eit par meter, men dette vart fort tatt tilbake av fisken. Sindre leita fram sin nye håv, men fikk beskjed av Inge om å kaste den langt bak i skogen, denne fisken hadde aldri gått inn i den, dette var fisk på minst 15, kanskje 20kg. Tredje eller fjerde gangen Inge fikk eit par meter, og i det fisken tok tilbake desse så berre kom kroken, og det stod igjen to karer med den store lakseskjelven. Dette var nok årets sjanse til å få den heilt store, for Inge og oss andre.

Vi holdt på til klokka var der kl.14, men det var heilt dødt. Inge fant 5 fiskar i hola på Sanden like før slutt, men dei ville ikkje smake verken makk, fluge eller sluk. Den vanligvis så sikre Alsakerhelga hadde svikta heilt, først og fremst på grunn av temperaturfallet i elva, trur ej.

27.06 Eidselva Bjørlo 14-02 25.06 var Inge i Ørsta og fiska kvelden på Ose, han var bort i 2 fiskar på flata foran langhølen, men dei vart ikkje faste. Per Olav Osborg fiska på andre sida, og like etter at Inge hadde vore bort i sine fiskar så fikk han ein pjakk på samme plass. Han flytta nedover og foran innløpet av elva ved Prix fikk han på ein fisk til. Denne gav meir kamp, men laksen på 4,5kg måtte til slutt gi tapt. Inge fiska også her nede, men med unntak for masse mindre kreder så vart det ingen fangst.

Ej var i Italia ifrå onsdag og landa kl.17 på Hovden fredagen. Derfrå bar det rett innover til Eid, for desse korta hadde vi sett fram til. Forholda var flotte med 16 grader i lufta, 11 grader i vatnet, lette regnbyger, men eit nordlig drag i lufta. Elva var flott størrelse, men rapportane ifrå siste døgnet var ikkje oppløftande. Endre Hjelle hadde fiska Hjelle uten å ha hatt på ein einaste fisk, noko han ikkje kunne huska når det skjedde sist på denne tida av året. Inge starta kl.18, mens ej var på plass eit par timar seinare.

Ej starta med å være bort i ein aure på Utfallebakkane på eit av første kasta, men følgde ikkje med og fikk ikkje summa meg tidsnok til å gi tilslag. Etter dette var det heilt dødt med oss begge, og etter kvart kom både Endre og Magne Hjelle, men det hjalp ikkje. Like før kl.2 fikk Rune Rindal ein honndalsaure på 1,5kg i Kastehølen ifrå Hjelle. Petter hadde kort på Stokkenes sammen med Sindre Mo, dei såg fisk gå, men den var ikkje meir bitevillig der enn lenger framme.

28.06 Eidselva Bjørlo 02-14 Ej og Inge fortsatte utover morgenen, men det kom ikkje fisk, og den som stod i hølene var ikkje i samarbeidsmodus i det heile. Så når klokka var blitt ca.07 så gav vi opp å vente på fisk her framme. I staden flytta vi ned til Måløyhytta der ej gikk nedover og fiska Dynga, Hellja og Øyrane, men Inge gikk framover og fiska Hjellehølen, Forbygginga og Linja foran hytta. Ej enda bak Asbjørn, som gikk rett foran, og ingen av oss kjende noko. Heller ikkje Inge var i kontakt med fisk, så vi gav oss fort. Sindre Mo reiste til Hyen mens Petter fortsatte på Stokkenes. Han såg ein del fisk som gikk, men dei ville ikkje ta no heller.
29.06 Eidselva Staten 02-14 Laurdag kveld hadde vi ei kjemperegnbyge på vogna, 12mm på ein halv time, men når vi stod opp 01.20 så var det heilt klart og berre 9 grader.

Petter ville ned å guide Mattis Myrvold som skulle fiske Stokkenes, men han var ikkje komen enno så han kom ned til oss. Ej og han gikk på brua der vi såg ein fin aure hoppe i renna, mens Inge sprang framover fordi han hadde sett 2 fiskar være oppe i Hesten når han kom. Inge starta heilt framme, mens ej starta foran brua med fluga. Trua var på topp, men når vi hadde fiska oss heilt ned i Malakoff så sa fasiten ein kilos aure som var bort i fluga til Inge i det den gikk til værs bak på Hesten.

Mens ej gikk heilt fram med makken, så prøvde Inge fluga foran brua. Ej fiska meg ned og planla å fiske meg vidare ned Hesten, men Inge kom fram og fiska denne først. Ej var bort i noko like foran der Inge satt, men det vart med ein gong, og like etter så slo Inge til og det var fast fisk. Fisken var fast bak i munnviken så den hadde god styring i den harde straumen, men etter 6-7 minutt så begynte den å slakne og ej gjorde meg klar til håving i ei lita bakevje. Inge streva litt med å leie fisken inn til meg, men til slutt kom den med blanksida og ej kunne håve ein litt lang 3,5kg laks. Etter dette fortsatte vi å veksle på fluge og makk til klokka var over 13, men med unntak for nokre fiskar som låg og rota foran brua så var det heilt aldeles dødt. Litt rart då elva var 10,5 grader, og lufta etter kvart vart mykje varmare. Spørs om ikkje den gikk å venta på regnet som kom kl.14.00 som ej hadde spådd. På Osbrua stod 10 store aurar, som vart til 19 på kvelden.

04.07 Eidselva Alsaker 14-02 Søndag 29.06 fiska Petter kvelden på Stokkenes, her fikk han seg ein pjakk på 2,49kg og så satte han ut igjen ein til på samme størrelse. Begge fiskane tok i Åbrekkhølen.

Mandag 30.06 fiska Petter morgenen på Bjørlo, men her kjende han ikkje noko som sikkert var større fisk.

Tirsdag 01.07 fiska Petter morgenen på Alsaker. Han starta framme, og her var det fisk. Han var bort i ein fisk på Sanden, men ellers ville den ikkje bite. Han såg fleire fisker hoppe. Seinare på morgenen var han bort i ein fisk i Vaskeplassen, ellers var det veldig dødt.

Fredag 04.07 morgen fiska Petter Stokkenes. Han fikk ein aure på 750g.

Ej og Inge hadde bytta dette kortet med det vi hadde bestilt på Stokkenes. Det var veldig varmt, 30 grader, så vi stilte i shorts og støvler. Inge starta framme, mens ej starta på Fossekanten. Hos Inge var det to karer som hadde bosatt seg i hola på Sanden, mens hos meg var det dødt. Ej fiska meg nedover, og på Svadet beit det. Ej trudde det var ein mindre aure, men når den ikkje kom opp så begynte ej å tru det var større fisk. Fisken ville nedover og ej måtte vekk ifrå der ej stod, så ej begynte å gå nedover. Men det var så mykje greiner at ej måtte legge ned stanga, og dermed la sena seg rundt steinen. Ej prøvde derfor berre å holde snøret stramt, mens ej kjempa meg igjennom greinene. I det ej kom ned om greinene så begynte ej å vade ut for å løyse, men då kom kroken. Hadde det vore rydda skikkelig, eller hadde ej hatt på med vadebukse så hadde ej hatt mykje betre sjanse til å berge fisken.

Vi var bort i nokre fiskar til, og fikk føling av at det var ein del fisk i området, men den var veldig forsiktig og vanskelig. Vi gav oss 01.30 for å være klar 02.00 på Stokkenes så ikkje fisken skulle lure seg forbi oss.

05.07 Eidselva Stokkenes 02-14 På Stokkenes gikk ej ned på Åbrekk, mens Inge starta i Svingen. I Åbrekk stod Alfred Flåm, men han kjende ikkje noko. Ej starta i Hildehola og innløpet av Åbrekk, men det var dødt. Vi satte oss ned og preika stort sett, berre avbrutt av nokre korte overfaringar.

Inge enda derimot opp i det, og hadde etter 2 fiskar på fluga i Svingen, og 1 fisk i Hegresvingen. Fiskane kom opp og tok tak i halen på fluga og følgde etter før dei slapp igjen. Han såg også 13-14 fisker som var oppi å visste seg, alle mellom 5kg og 7kg. Men alt var mellom kl.3 og kl.4, så litt over kl.5 kom han ned til oss. No kom sola så ej gav meg, mens Inge fiska ei stund til uten å sjå eller kjenne noko.

06.07 Eidselva Moen 02-14 Vi var ute i god tid, men vart litt forsinka då Petter akkurat kom igjen ifrå bikerfest, og taxisjåføren sleit litt med å få vekt han. Men kvart på 2 var vi på plass. Vinden var veldig frisk og gjorde det vanskelig, men ikkje verre enn at det gikk. Det var heilt dødt, ikkje såg vi liv, ikkje kjende vi liv og sjølvsagt fikk vi ikkje noko. Etter kvart kom sola og trua falt enno meir, men Inge prøvde fluga foran gjerdet og hekta på ein aure på ca.1kg, men denne greidde slå seg av. Denne og dei få andre småaurane vi fikk var svarte og hadde stått lenge i elva.
14.07 Eidselva Alsaker 02-14 Søndag 06.07 fiska Petter kvelden på Bjørlo. Det vart litt rot då han hadde fått kort på Staten, mens han sa Bjørlo. Dermed vart det for mange mann der og han fikk kontroll, men dei fikk ordna opp i det og han fikk fortsette å fiske då ein annen ikkje skulle bruke kortet sitt. Det vart ei krede på 800g på Petter.

Samme karene skulle ikkje bruke korta sine på Moen på mandag morgen 07.07, og dermed fikk Petter fiske der også. Det var veldig dødt.

Mandag 07.07 fiska han igjen kvelden på Bjørlo. Her var det aldeles dødt for Petter sin del, men Rune Rindal fikk seg ein laks på vel 3kg.

Natt til tirsdag 08.07 fiska han Nor på vei opp igjen. Her var masse fisk, og han påstod at det måtte ha komt opp over 1000 fisk, men når han fikk tenkt seg om så var det meste honndalskrede, samt nokre sjøkrede som hadde stått ei god stund i elva. Han fikk ei sjøkrede på 900g, og nokre små som han satte tilbake. Han fortsatte å fiske ei stund til, og i Vasken fikk han ein laks på 5,2kg. Denne var galen og ville berre nedover, og Petter måtte 200m ned for å berge den.

Onsdag 09.07 fiska Petter morgenen på Alsaker, her fikk han ein laks på 7,17kg og 89cm i bakevja på Fossekanten. Fisken hadde stått nokre dager i elva. Dette gjorde at vi akkurat bikka over 100kg totalt så langt i sesongen.

Laurdag 12.07 fiska Inge Moen, han såg 4 laksar hoppe i fremste hølen, eine akkurat der fluga var. Han var også borti ein på makken der. Seinare kom ei skikkelig regnbyge, og mens Inge sat i bua hoppa ein aure på 4-5kg i Moahølen. Litt seinare fiska han Krutsjov, og på første kastet var han i fisk. På neste kastet tok den. Fisken vart gåande i hølen ei stund mens Inge stadig måtte bort å løyse sena rundt steiner. Plutselig snudde fisken og gikk rett ned til buda på Kvien. Inge følgde etter, men fisken ville lenger ned, og passa på å gå rundt alle steinene. Men til slutt greidde Inge å få den inn, å få den på land ved gjerdet. Laksen som hadde stått ei stund i elv var 9,09kg og 95cm. Dermed var kvota full for Inge, som pakka sammen og reiste til Driva sammen med Petter på søndag.

Ej starta kl.02 framme, men det var heilt dødt både på fluge og makk. Fiska meg derfor nedover for å møte fisken. På Fossekanten var det dødt, men bortfor midterst steinen nedanfor beit det, men den vart ikkje fast. Så beit det på sida av den nederste steinen, og på Svadet, men ej fikk dei ikkje faste. Fiska meg ned i Vaskeplassen uten noko meir kjenning. Hørte ein fisk ved Storesteinen på vei fram igjen. Stoppa på Fossekanten, og her såg ej ein fisk komme opp, men den gikk direkte og hoppa i innløpet til Fåhølen eit halvt minutt etter. Ej prøvde litt til før ej søkte ly for ei regnbyge i buda. Etter det gikk ej fram og passa Sanden i 2t uten å sjå noko av fiskane. Men ej hadde på ein aure på første overfaringa med makken, trudde den var liten først, men trur kanskje den var takandes. Fiska så Kilen, og hadde også på ein fisk her, men berre så lenge at ej fikk stramma opp. Fiska meg ned til Svadet, men no var det dødt. Pakka deretter sammen og reiste til Driva.

14.07 Driva Strømmen 18-13 Petter og Inge kom akkurat ned til elva når ej kom innover, var derfor rask å gjere meg klar for å følge etter dei, og litt etter 18.45 var ej komen i elva. Inge hadde starta med fluga, mens Petter stod foran med makken. Ej tok makken og følgde etter Petter, og like etter gav begge seg og gikk for kaffi. Litt bakpå brekket så var noko bortpå å nappa bra med meg, ej gav slakke og slo til, fast fisk som gikk rett til værs. Konklusjonen var småaure, men i straumen gav den bra drag, så ej rygga meg litt oppover. Fisken kom fint og landinga gikk heilt greitt på ein fin grusbanke. Auren var 1,29kg. Utover kvelden var det rolig, men så var det oppe ein fisk heilt på andre sida. Ej hadde ei stund vurdert å bytte over dit, og no var ein fin sjanse. Petter og Inge ville ikkje at ej skulle få fleire fiskar, så derfor gikk dei opp på dobbel blyvekt og bomba heile området med bly. Så når ej kom bort å prøvde fluga og så makk, så var heile området dødt. KVA SKAL EIN MED UVENNER NÅR EIN HAR SLIKE KOMPISER. Vi fiska til kl.23, men det var dødt.
15.07 Driva Sjøllanstr. 18-13 Vi hadde ikkje fiska her før, så ej kjørte feil eit par gangar før ej traff rett. Det var 2 karer til sammen med oss, samt ein som fiska berre på nedre del. Vi såg 2-3 fiskar hoppe utfor buda, så vi starta framme med fluga, men vinden var også i dag veldig frisk og regnbygene kom tett som hagl. Inga såg ein fisk hoppe mellom oss, men ingen kjende fisk. Vi gikk etter kvart over til berre makk, sjølv om været roa seg litt. Ej starta heilt framme igjen med makk og fiska heile veien, berre avbrutt av ei total oppknyting etter å ha slitt vekk utfor buda. Ej møtte Inge på vei fram igjen, og han kunne berette om tom elv. Når ej kom ned på siste strekket ned imot demninga, var det fisk bortpå å plukka. Ej gav slakke og slo til. Fast fisk! Ej begynte å kjøre på den, men den kjentes liten ut. Plutselig kom kroken, og ej gav slakke og fiska kastet vidare. Igjen nappa det og ny slakke vart gitt, bang og fast fisk. Fisken kjendes fortsatt liten ut, men etter kvart så kjende ej det tyngre draget av større fisk. Fisken var seig og holdt seg borti straumen, og fikk ej den nokre meter inn, så kjørte den ned og bortover. Til slutt spakna den og svinga innover imot mitt land, så ej sveiva meg innpå mens ej gikk nedover til ej fant ein fin plass å lande den. Fisken var spak no, så ej rakk akkurat å få håven av ryggen før fisken var klar for håving. Fisken var ein flott aure på fine 2,47kg.

Så gikk ej fram igjen, og etter ca 10 kast så var det fisk bortpå igjen, og igjen hang fisken. Ej kjente denne var mindre og vurderte å ta den på land der ej stod, men kom til at det var best for alle å ta den der ej tok den andre. Fisken ein aure på 800g vart satt tilbake.

Fram igjen, og nye 10 kast og då var det fisk bortpå igjen, denne fikk også slakke og sat ved tilslaget. Mens dei andre fiskane var urolig, så var denne heilt spak nede i djupet, og gikk berre rolig rundt. Så derfor sa ej laks. Fisken var seig og hard, og hadde mange utras, men etter kvart kom den over på mi side. Ein av dei vi fiska sammen med tilbydde seg å håve, og etter ein lang, men rolig kjøring så kunne han håve fisken uten problem. Laksen vog fine 5,14kg, den var blank, men uten lus. Sjølvsagt dukka det opp ein journalist, som ville ha sitt før ej gikk fram i buda igjen og drakk kaffi.

Petter og Inge vart sjølvsagt lange i maska, og strauk nedover som to strek for å gjere meg opp igjen. Ej tok livet med ro, men tenkte etter kvart at ej måtte ned å sjå om dei fikk fisk dei også. Men dei hadde ikkje kjent livstegn. Dei fiska veldig seint og grundig, og når ej tenkte å gli inn bak Petter så hadde ein fiskar på andre sida tetta luka og dermed var det ikkje plass for meg. Men når han som fiska nede gav seg og heile brekket låg åpent så gikk ej nedover imot buda der ein ny fiskeplass starta. Ej kasta borti, men laksen hadde dradd sena litt fast på spolen så kastet vart litt kort, men på neste vart det litt betre. No pakka han som holdt til her nede sammen, og kom bort å snakka, og omtrent samtidig var det fisk bortpå. Ej snakka med han og gav slakke samtidig, han hadde ikkje kjent napp og ej stod no med ein ny fisk på. Han rista på hovudet og gikk, mens ej stod igjen med noko tungt i enden. Petter og Inge stod og kika, men trudde ikkje det kunne være fisk igjen, så dei kom ikkje nedover. Fisken stod djupt og var noko mellom dei to forrige i oppførsel, men til slutt kom den oppi og rulla som ein aure. Dette fikk sjølvsagt fart på karane som kom for å bistå. Fisken var hard og seig, men den gjorde ikkje store utfalla og kom tidlig inn for håving. Men når Inge kom nær med håven så rasa den ut igjen og ei like lang periode gikk før den kom inn igjen. No var den ferdig og låg berre å rota nedfor land. Til slutt la den sida til og ej kunne dra den inn for håving. Fisken var ein nydelig kludd, ny pers, på flotte 4,25kg fordelt på 74,5cm, og dermed var mitt kort fullt.

Etter ein sigar og ein fersk kaffi så pakka ej sammen og reiste fram å køya, mens dei andre fortsatte utover natta. Dei såg mykje fisk både i mørket og utover morgenen. Etter at det vart lyst i 3.30-4-tida fikk dei seg kvar sin fisk, Petter ein pjakk på 1,19kg og Inge ein aure på 1,16kg. Begge fiskane på makk. Utover morgenen og formiddagen var det dødt, og kl.10 gav dei seg.

Atle fiska natta på Fossen i Eidselva, og i lysninga fikk han ein laks på 10,08kg på fluge. Fisken hadde gått fort for den var full med lus, så den var forholdsvis spak og hadde ikkje gitt for mykje trøbbel for Atle. Han fiska ny økt på formiddagen, men kjende ikkje noko meir.

Asbjørn stakk innom oss på vei opp i Gaula, og kunne fortelle at dei på Villmannsøyen der Jo fiska no, hadde dei fått ein laks på 20,2 kg i natt. Asbjørn fiska valdet nedanfor, og hadde på ein laks, men miste den. Han miste også ein til dagen etter, men så vart bikkja sjuk så han reiste heim.

16.07 Driva Kiklingbr. 18-13 Petter ville fram hit å prøve. Vi starta med fluga på strekket nedover, men det var så mykje vind og regn at det vart mest plage. Ej prøvde derfor makken framme i hølen. Bakpå var noko bortpå, ej gav slakke og slo til, fast fisk! Fisken gikk rett til værs og vart anslått til ca 800g, men sia ej bomma så på den første på Strømmen så rekna ej med at den var ca som den, altså vel kiloet. Ej kjørte fisken mens ej gikk nedover for å lande den i ei lita vik. Og når ej kom ned så var fisken klar for landing. Inge bisto slippinga, og det vart fort klart at anslaget var litt feil. Fisken ein nydelig Kludd på 2,47kg. Vi holdt på utover natta, men det var dødt. Vi fiska sammen med Elfinn Kobbevik og Ove Molvik, og Elfinn var bort i 3 fisker inne i bakevja heilt framme. Det vart dødt, det einaste vi såg var ein stim som gikk nedfor land i fremste. Vi gav oss i  halv 6-tida.

Morgenen etter var Petter tidlig oppe og greidde vekke meg med å trakte kaffi inn eine øra mi og ut den andre, i alle fall kjendes det slik. Derfor kledde ej på meg og kjørte fram siste halvtimen. Dette gjorde dermed dei to andre også. Vi fiska hølen framme på rekke og rad. Ej kasta berre bort til straumen og kjende berre eit lite nufs, dei to andre kasta heilt bortunder land. Plutselig var Inge i fisk og slo til, så slo Petter til like etter og med han hang fisken. Petter kjørte fisken hardt, men borte i elva gikk det greitt. Etter kvart kom fisken innunder land og vi ville at Petter skulle ta den ned der ej landa min, men Petter ville ikkje. Det var der han stod knallhard straum innunder land, og når Inge gikk ned for å håve så bikka berre fisken litt på seg og seig ut igjen. Dette skjedde gang på gang, men Petter nekta å flytte seg. Eit par ganger gjorde fisken harde utras og hoppa fleire hopp. Etter kvart forstod Petter at dette vart vanskelig og kom motvillig nedover. Her slapp straumen land, og Petter drog fisken inn hit og ville lande den her, men her var bratt og når Inge kom ned så rasa fisken ut igjen og hoppa. Vi fikk endelig Petter til å forstå at han måtte enno lenger ned i roligare vatn, men når vi nærma oss så kom fisken innpå grunna. Her slo den med hovudet og vekk var den. Fisken på ca.5kg glei dermed sakte ut i elva igjen.

17.07 Driva Kleivhøl 18-13 Etter miseren til Petter kjørte vi ned å såg på Kleivhølen, og då spotta vi ein laks bakpå. Så når vi starta å fiske så gikk Inge nedover med fluga. Vi andre satt igjen heilt forundra over alt folket som dukka opp, heile 9 mann på kvar side, og mange kom innom og gikk igjen. Det vart tatt ein kludd på 4,9kg på makk med det samme, rett nedanfor Inge. Inge fortsatte å fiska seg ned, og ved der vi såg fisken så tok ein fisk fluga. Inge letta stanga og fisken sat. Han begynte å vade seg i land, men når han kom inn så slapp fisken. Han fortsatte, å hadde opp ein fisk til nede på brekket, men denne tok ikkje.

Det vart raskt mindre folk, så det vart betre å fiske, men med makk var det ikkje enkelt. Svein Haugen kom innom å prøvde, og mens han gikk med fluga så nytta ej siste dagslyset i Tvisthølen med makken. Kjende fisk og brått tok ein skikkelig. Fisken rista og rulla seg nede i djupet, og ej konkluderte med at det var ein kludd, ein skikkelig ein også. Fisken stod borti og etter kvart seig den bakover og inn i hølen innunder land. Her stilte den seg opp i straumen og stod berre å gikk. Ej fikk nokre meter, og den tok dei straks tilbake. No var ej litt meir i tvil om det var kludd, men huska oppførselen på Sjellandstrømmen der den gikk nesten som ein laks. Ej fikk den inn på innerkanten av straumen, men det likte den ikkje og raste ut 10 meter. Her rulla den på seg i djupet og plutselig kom kroken.

På natta og morgenen var det dødt, men vi såg eit par fiskar. Inge fiska i lysninga i Tvisthølen og fikk ein mindre aure på 1,18kg.  I halv 6-tida tok dei ein fisk på andre sida, så då tok ej makken og gikk å prøvde brekket på Tvisthølen sia Inge stod framme i hølen. Etter ei stund kjende ej noko skikkelig saug i seg makken. Ej gav litt slakke og slo til, fast fisk! Fisken seig unna meg og snudde snart og rasa ut 30-40m over imot andre sida. Her rulla den i overflata og viste at den var skikkelig stor. Fisken seig ned igjen og la seg på straumen. Snøret tikka sakte av snella mens fisken seig bak og inn i hardstraumen. Ej såg etter kvart mørkt på å få kontroll på den, men hadde ingen planer om å gi opp. Ej begynte å følge etter, men då kom kroken igjen. Om dette var ein kludd som det kunne virke som på at den var oppe å rulla, så hadde det vore ei dobling av persen, for denne var stor. Vi holdt på ei lita stund til, men vi kjende ikkje noko meir.

18.07 Driva Sjøllandst 18-13 Vi skulle ned igjen å prøve om vi kunne gjere opp igjen siste tur her. Men elva var ned 30cm og forholda var ikkje så ideele. Petter sleit på ein mindre fisk nedanfor fremste bua, og samme plass miste ej ein på samme størrelse, ca 1kg. Samtidig som ej var framme og miste denne så såg Petter og Inge nokre fiskar hoppe, men dei fikk ikkje noko. Etter dette såg vi nesten ikkje liv før vi gav oss i halv 6-tida.

Ørstingane, Tor, Sindre, Svein, Tobben og Frode fiska 18.07 i Ommedalselva etter regnet siste tida. Dei fleste fikk fisk, og Tobben var mest fornøgd med ein brun hannlaks på 14kg. Totalt fikk dei over 60kg med fisk.

20.07 Orkla Svinsøya 20-20 Atle og Asbjørn hadde anbefalt denne sona, så vi starta med godt mot. Vi starta i Rohølen, omtrent midt på sona. Dette var ein flott flugehøl. Ej såg ein fisk hoppe på brekket, men den ville ikkje bite. I skyminga fiska Inge over, men til tross for mange småfisk som hoppa så kjende han ikkje liv. Petter gikk framover å kikka, og fant nokre flotte høler, men det mørkna så han fikk ikkje prøve alle. Vi holdt på til klokka var ca.03
21.07 Orkla Svinsøya 20-20 Bjørn fiska morgen 21.07 på Alsaker, her mista han ein laks på ca.5kg på Fossekanten. Og så gikk ein på samme størrelsen i været når han slo til på noko som plukka på Sanden.

Vi starta på igjen kl.18, Inge og Petter gikk framover, mens ej gikk nedover. Inge og Petter såg nokre fiskar i fremste hølen, men kjende ikkje noko av dei. Ej fant også nokre fine småhølar nedover, men også her var det dødt. Ej fiska meg ned til fossen, og gikk litt til for i kikke, men det stod folk nedpå, og ikkje visste ej kor langt sona gikk, så ej snudde opp igjen og fiska Svinsøyhølen. Etter dette for ej fram i Rorommet der kaffien stod igjen. Her var svenskenaboene våre, eit par dansker og eit par nordmenn, blant andre oppsynsmann Svein. Dei holdt på å grille, og det vart eit par hyggelige timer i gapahuken før dei pakka sammen i skyminga. Ej fiska då over Rohølen, men det var dødt. Etter dette vart ej sittande og prate med ein av gamlekarene på sona, og ei stund seinare kom karane nedover igjen. Inge ville fiske over hølen, mens ej gav meg. Dei andre kom like etter. 

22.07 Orkla Svinsøya Etter å ha bytta hytte, så var køyene betre å sove i, så vi sov lenge. Så vart det frokost med egg, bacon og bønner. Ej slappa godt av før ej gikk i dusjen og reiste på konsert med IRON MAIDEN på Lerkendal stadion sammen med 23000 andre metalfans.

Inge og Petter greidde sjølvsagt ikkje rive seg lause ifrå elva for å være med på konsert, og tok laust fram i halv fem-tida når ej reiste. Dei fiska i dag nede der ej var dagen før, men no visste vi kvar grensa var, så no fiska dei også Steinkastarhølen som ej berre hadde sett ned i. Her såg dei stor fisk hoppe, og var også bort i fisk. Korta deira gikk ut og derfor reiste dei ned igjen å åt før dei for fram igjen kl.22. No hadde dei funne bilvei heilt ned i Steinkastarhølen, så dei fiska der utover. Her hoppa det fisk heile kvelden, i alle størrelser ifrå 0,5kg til +15kg, og dei var bort i fleire fiskar. Klokka 23.50 beit det endelig skikkelig med Petter, fisken var skikkelig sprek å hoppa og rende rundt, men etter 10 minutts kamp med laksen på ca.10kg så kom fluga i retur. Etter dette var det berre ein fisk som hoppa, og dei kjende ikkje noko meir.

23.07 Orkla Svinsøya 18-18 Natt til onsdag 23.07 fiska Bjørn Alsaker igjen, og no fikk han ein sjøaure på 2,0kg på Fossekanten. Han såg også ein del fisk, men elva begynner å verte veldig lita.

Karane fiska til 07 på morgenen, så dei sov lenge, og først kl.18 var vi tilbake i elva. No fiska vi kun Steinkastarhølen. Inge såg ein pjakk på første overfar, og ej var bort i ein fisk på mitt første overfar i den hølen, men generelt var det veldig dødt. Karane gav seg kl.22 når korta deira gikk ut, mens ej fortsatte til 00.30 før ej gav meg.

Morgenen etter pakka vi sammen og kjørte via Sunndalsøra og heim. Inge var også via Rindal etter å ha gått glipp av ei avkjørsle.

    24.07 fiska Sindre Refsnes morgenen på Alsaker, han fikk ca.10 småaurar, og satte ut igjen 7 av dei.

25.07 fiska Sindre og Bjørn morgenen på Moen. Sindre fikk ein liten småaure, mens Bjørn ikkje kjende liv.

26.07 fiska Sindre og Ståle morgenen på Alsaker. Dei såg fisk, og det gikk fisk, men dei kjende ikkje liv.

26.07 var ej, Inge og Petter på vatnet, men kjende ikkje noko. Ej vart solbrend før vi for på Malakoff.

27.07 var ej og Inge på vatnet, vi hadde kvar sitt napp, Inge sitt var større fisk.

28.07 Driva SJFF 18-00 Tilbake i Driva, ej, Inge og Ole Jacob, kjøpte vi vekeskort og kunne dermed fiske på alle sonene til Sunndal JFF. Vi starta med å fiske Kiklingbrekk, Inge hadde eit par nufs på makken, ellers rolig. Vi fiska kun hølen, pluss at ej fiska innløpet foran brua i shorts. Dette medførte kontakt med brennesler og klunger uten at det var verdt det. Skal det fiskes her er det greiest å gå ifrå parkeringa og rett fram.
29.07 Driva SJFF 00-13 På mørkaste fiska vi Postmesterhølen og nedover på Sone 1. På fluga om natta vart det kun eit par småaurar som vart satt tilbake. Og betre var det ikkje på makk etter at det lysna. Det gikk vanvittige mengder med småaure heile natta og morgenen.

Etter at det hadde blitt godt lyst flytta vi til Sjøllandstrømmen der Inge var raskt ute med å gå nedover med makken, noko som gjorde at han fikk ein aure på 0,68kg etter å ha trudd den var over kiloet. Vi fiska oss nedover og Inge hadde napp på kvart kast og slo til på alt, og fikk dermed fisk på nesten kvart kast. Ej kjende det var småfisk og slo ikkje til, men fikk likevel 10-15 småaurar på strekket ned til demninga. Til slutt var ej så irritert på Inge fordi at han for så stygt åt, at ej pakka saman og gikk for å få han ut av elva før fleire, enn dei sikkert 100 aurane han hadde slått til på, vart skadde.

29.07 Driva SJFF 18-00 Endre Hjelle hadde kjøpt ny bil, og denne skulle testes med ein fiskeferie. Vi møtte han på brua i sentrum og geleida han fram til hytta der han kunne gjere seg klar. Vi reiste på Sone 2 og fiska sørsida. Ej var bort i noko heilt med det samme, men ej veit ikkje kva det var. Det hoppa ein del mindre aure, og vi fikk nokre, men til slutt vart myggen så travel at vi rømte. Det var heller ingen ideel plass for fiske med fluge.
30.07 Driva SJFF 00-13 Endre hadde fått seg kort på Kiklingbrekk, og skulle være klar til fiske kl.00. Derfor reiste vi der fram for å grille pølser, men Endre var ikkje klar så derfor stakk vi innom hytta og grilla pølser på platten. Endre for fram før vi var heilt ferdig, og hadde 2 napp, eit i hølen og eit nede ved skiltet.

Vi andre reiste i Kleivhølen, men her var det mykje folk, så ej og Ole Jacob satte oss i buda og sov, mens Inge fiska over uten å kjenne liv.

Etter dette reiste vi i Lisjehølen for å fiske over brekket. Det var oppe eit par fine fiskar bakpå, men i takt med at lyset kom, så oppdaga vi at elva vart veldig grå, og at det virka verte verre. Til slutt var det så galt at vi gav oss, og når vi kjørte over brua på Kiklingbrekk så hadde elva vorte heilt melkekvit.

Tore fiska Alsaker natt til 30.07, og allereie etter få minutt fikk han ei lang og slank pjakk på 1,5-2kg som han satte tilbake. Sjølvsagt vart det ikkje fleire fiskar utover morgenen, men han miste og satte tilbake nokre mindre aurer.

30.07 Driva SJFF 18-00 Så hadde vi fått med Endre til Sjøllandstrømmen, men det flotte og veldig varme været gjorde at vi starta seint å fiske. Men når sola lavna så begynte det å gå fisk. Vi var 7 mann totalt som rullerte på å fiske med fluga, og vi hadde mange hugg utover kvelden.
31.07 Driva SJFF 00-13 På det mørkaste beit det plutselig med meg. Fisken rasa unna og ej trudde den var fin, men så gav den seg fort og ej landa den vesle auren på 0,85kg enkelt. På natta virka det som om det var mest aure som gikk, til dels stor og fin, mens det i lysnings kom meir laks. Utpå morgenen beit det med Inge. Fisken holdt seg rolig og Inge trudde den var liten, men etter kvart visste det seg at den var noko større. Inge kjørte laksen etter alle kunstens regler, og etter ein grei fight så kunne ej håve fisken som vog 3,92kg. Vi fortsatte dermed ei stund til, men det vart stillere etter som sola steig på himmelen.

Tore fiska Alsaker natt til 31.07 igjen, han såg meir aktivitet enn i går, men dei få småaurene han hadde på falt av før han fikk dei på land.

31.07 Driva SJFF 18-00 Det flotte været og det at Endre ikkje skulle fiske gjorde at vi starta seint. Det var siste kvelden med makk i elva, men vi reiste kun med fluge. Vi var innom Kiklingbrekk, Sjølland og Kleivhølen for å sjekke Sande, men vi fant ingen plass og starte, men når vi kjørte fram på Kiklingbrekk igjen så var her tomt for folk, og derfor enda vi opp her. Det var visst mange svensker som var her, men dei sov i bilen. Vi fiska heile strekket ned til holmen uten at vi kjende noko anna enn eit par småkreder. Det vart tatt ein o-laks på 10,5kg i hølen på sluk tidlig på kortet.
01.08 Driva SJFF 00-13 Vi fortsatte med kaffi i buda, og til slutt prøvde Inge fluga. Når han var ferdig var det begynt å lysne, så han tok siktedjupet for å sjå om elva klarna. Minst to meter sikt kom han til. Når han kom opp i buda kunne han fortelle om eit napp, og derfor tok ej stanga og gikk ned. Det hadde no gått max 2 minutt sia Inge gikk ifrå elva, og ej reagerte straks på at elva virka så farga. Ej sjekka siktedjupet og kom til 50cm, jaja tenkte ej kanskje lyset hadde lurt meg på kvelden. Sjekka igjen eit par minutt etter og no var det 20cm sikt, så ej ropte på Inge. Han fortalte då om det han hadde sett med 2 meter sikt, og mens vi stod der vart det berre verre. Ej slutta raskt av, men Ole Jacob ville prøve litt til, så ej og Inge pakka sammen og gikk på brua. Elva var no skikkelig brun, og sikta var max 2cm. Dette hadde Ole Jacob også oppdaga og han hadde gitt seg. Når vi stod opp reiste Endre videre i retning Trøndelag.
01.08 Driva SJFF 18-00 Ole Jacob ville heim på Tall Ship races, som han ikkje kom seg til å reise på, så ej og Inge tok laust tidlig sia det endelig var overskya. Det var kun ein mann i Sjøllandstrømmen, så vi satsa der igjen. Det kom eit par mann til, men eit par av desse fiska brekket i staden. Vi såg kun nokre få fisker hoppe, men dei ville ikkje ta etter på fluga med oss, eller med nokon av dei tre andre der for den del.
02.08 Driva SJFF 00-13 Etter midnatt reiste dei andre heim, så vi fortsatte i Sjøllandstrømmen. Vi såg mykje fin fisk hoppe, men den ville ikkje bite. Vi fiska nesten heile natta aleine, men Ole Furu kom nedom ein snartur mens vi holdt på å grille pølser på det mørkaste. På morgenen gikk nokre skikkelig store fiskar, men dei ville ikkje bite med oss. Etter at det hadde vorte skikkelig lyst, så stoppa oppgangen opp og vi reiste fram igjen på hytta.
02.08 Driva SJFF 18-00 No var vi aleine og var derfor tidligare klare. Vi stoppa i Kleivhølen 17.55, og her var berre ein mann, så vi starta her. Ej tok på meg feltskjorte, og då begynte det sjølvsagt å regne med ein gong vi hadde starta. Etter ei stund åpna alle sluser seg, og ej måtte søke ly mens ej venta på Inge og bilnøklane. Rett før han var komen heilt ned, så vart det tatt ein aure 6,2kg på andre sida, på sluk. Første mann som var her hadde gitt seg, og ein ny mann var komen, og når ej gikk ned å begynte igjen, så gikk han fram på fremste. Her hadde han på ein fisk eit øyeblikk. Inge hadde fått vite dette og gikk fram der, men kjende ikkje noko.

Etter dette leitte vi etter eit grunt brekk, og med 5 biler i Sjøllandstraumen så kjørte vi fram i Lisjehølen. Her fiska Inge innløpet og ej utløpet. Inge hadde på ein aure på 1-1,5kg ei stund, men den tok på inntrekk og sat derfor ikkje skikkelig. Etter dette bytta vi, men ingen av oss kjende noko. Sia vi skulle opp tidlig å rydde hytte for å kjøre heim, så slutta vi av 23.30.

05.08 Stryn N.Kirke. 00-12 04.08 fiska Bjørn natt på Alsaker. Han fiska fossekanten i 7-tida då ein laks beit. Fisken gikk i hølen å rota før den gikk framover, men den kom ned igjen og etter ein tur på akvariet så satte den over elva. Bjørn holdt igjen og greidde å få fisken klar av storesteinen når den for utfor fossen. Fisken stoppa ikkje nedanfor fossen, og Bjørn måtte følge den nedover. Foran Storesteinen gikk fisken rundt nokre greiner, og Bjørn måtte vade ut. Han fikk opp 3 greiner, men det viste seg av sena også låg mellom 2 steinar. Her greidde ikkje Bjørn å løyse, og etter kvart kjende han at fisken var vekk. Fisken vart anslått til mellom 5-7kg. Han såg nokre fleire fiskar som kom opp fossen, men dei ville ikkje bite.

05.08 fiska pappa natta på Moen. Han såg ein pjakk hoppe, ellers var det kun småkreder å kjenne.

Ej og Bjørn for til Stryn for å sjå etter kort utover, og då hadde dei ledig på Nedre Kirkeide. Vi starta litt etter kl.4, Bjørn med makk og ej med fluge. Ingen av oss kjende noko. Ej snakka med Karsten Slettestøl som fiska på andre sida, han hadde fått ein aure på 4kg dagen før, mens Anker Hagen hadde fått ein laks på 3-4kg. Så tok ej makken og starta i svingen foran parkeringa. Etter 5 minutt så var noko bortpå, så ej gav slakke og slo til. Fast fisk, men den virka veldig liten. Sveiva inn, men plutselig vart det tungt, før det vart lett igjen. Men etter kvart visste det seg å være ein fisk på rundt 1kg, og når den bikka på seg så såg ej at det var ein pjakk. Ej gikk med fisken ned til parkeringa for å slippe den fint frampå, men den var seig og kjempa eit par minutt til før den kom på land. Karsten stod fortsatt på andre sida når ej kunne henge opp den lusete pjakken på 1,06kg. Han gikk nedover, mens ej gikk fram igjen og fortsatte å fiske nedover. Nede i hølen ved parkeringa var det småfisk bortpå å plukka, men i landbakken kom eit tungt napp. Ej gav slakke og venta lenge til ej kjende liv i enden igjen og slo til. Fisken rulla rundt nede i djupet og ej såg at dette var ein fin fisk. Den gikk nedover og inn imot land før den kom fram langs land. Her låg mykje rask, men fikk den unna det og fikk den fram på neset. Her låg den å rota eit lite minutt før den vart dradd innpå land under litt protester. Fisken hadde stått litt i elva og fått litt farge, men var rund og fin, og vog 2,76kg

Ej fiska meg nedover til naustet, og var bort i eit par fiskar, men ej fikk dei ikkje faste. På vei framover såg ej ein fisk på ca.2kg som stod innunder land like foran svingen, men sia Bjørn kom litt lenger framme så fiska ej ikkje på den. Han hadde vore bort i ein fisk midt mellom fremste svingen og bjørka, men han hadde ikkje fått den fast. Han hadde også sett ein mindre fisk ved fremste svingen som seig ut ifrå land. Ej gikk heilt fram og starta, og etter først å ha avfiska ved mitt land, så fiska ej bortunder brygga. Her var noko bortpå, og etter slakke og tilslag så hang det på fisk igjen. Men denne gangen var det ein aure på 6-700g som fikk friheten tilbake.

Ej fortsatte nedover, og snakka med Anker på fremste neset når han var på vei fram i fremste. Når ej var komen til Bjørka kom han nedover, og herifrå og til garden fiska vi mot kvarandre. Han måtte opp igjen på veien for å komme seg rundt, og dermed fiska ej meg vidare nedover. I det ej var komen på høgde med gjerde, så var noko bortpå å drog forsiktig. Ej kjende dette ikkje var småkrede og gav slakke. Når ej slo til så stemte det, og like etter kom ein stor fisk opp å rulla i overflata, og Anker ropte høgt på andre sida. Bjørn stod nede i svingen og kom framover mens ej kjørte på fisken. Denne var oppe fleire ganger å rulla, og ej såg den var stor. Oppførselen var typisk aure, men Anker meinte at så stor fisk måtte være ein laks. Bjørn var komen fram, og mens ej sveiva meg ned til fisken så anslo han vekta til ca.4kg, men den breisida ej hadde sette var større. Fisken kjempa bra, og rulla eit par gongar til, og til slutt såg vi sida og kunne rope over til Anker at det var aure. Ej ville ha den ned på neset, men fisken spakna heilt og Bjørn vart sendt ned i vasskanten, der fisken greitt lot seg håve på andre forsøk. Vekta var 6,19kg (snitt 2 vekter) fordelt på 81cm, ein skikkelig praktfisk, som ikkje var heilt nygått, men fortsatt ein blank og fin personlig rekord.

No var ej godt nøgd, men gikk no fram å fiska meg vidare ifrå der fisken beit, mens Bjørn gikk fram igjen. Karsten og Anker hadde gitt seg og kom over til oss ein tur like etter, men dei hadde ikkje kjent noko. Når dei gikk så fiska ej over hølen ved parkeringa og så gikk ej heilt fram. No hadde regnbygene gått over til sol og det var dødt i fremste. Bjørn hadde igjen sett fisken på neset, men ej såg den ikkje. Når ej var komen 10m nedom neset så var noko bortpå å plukka veldig forsiktig. Ej gav den tid, og når ej slo til så sat den. Fisken var vilter og hoppa fleire gongar, og ej anslo vekta til vel eit kilo. Bjørn kom fram og tilbydde seg å håve, men elva gikk her fint fram på graset, så ej bad han berre være klar med håven når ej drog fisken frampå graset. Fisken hoppa ein gong til før den greitt lot seg slippe fram på graset. Det visste seg at den var eit hakk større enn ej trudde, og vekta viste fine 2,11kg. Denne var heilt blink, men ikkje heilt nygådd. Etter dette fiska ej meg raskt ned til ej tok igjen Bjørn framme i svingen, og sia det no var under 10 minutt igjen, så gikk ej ned for å fiske hølen ved parkeringa ein siste gang. 11.55 kom nye fiskere, og dei siste kasta mine var resultatlause. Ej var kjempegodt fornøgd, mens Bjørn ikkje hadde hatt eit einaste napp. Elva var ca 75 kubikk, men ganske klar.

07.08 Eidselva Stokkenes 02-14 06.08 fiska pappa morgen på Alsaker. Her fikk han ein pjakk på Fossekanten på kun 560g. Vekta vart sjekka imot brevvekta mi. Dette er klart minste pjakken ej nokon gong har hørt om i Eidselva. Kan dette være fisk som gikk ut i vår som berre har gått i fjordene å spist av all sildeyngelen der? Skal verte artig å sjå på skjelprøvene om det er villfisk. Pappa reiste heim etter dette.

06.08 fiska Sindre Mo kveld på Alsaker, gav seg kl.20 uten å ha kjent noko, men han såg mange fiskar.

Ej og Bjørn var på brua og kika etter fisk, og då stoppa vi i Åbrekk. Her stod det 10 fisker på Førstesteinen, og Bjørn fikk trua på å prøve på kvelden. Men her var det to mann allereie, og dermed vart det nattfiske. Ej hadde ikkje lyst, men slengde meg med. Ej starta kl.02 med fluga i Svingen og fiska ned til Øya, men kjende ikkje liv. Teksta Bjørn som hadde gått rett i Åbrekk, men ej ville prøve Ledet og Svingen ein gang til. Etter det gikk ej ned, og mens ej fiska Hildehola så hoppa ein fin pjakk, men den tok ikkje. Bjørn kunne heller ikkje rapportere om fisk eller napp. Ej fiska 3.dje steinen før ej gikk fram igjen å prøvde innløpet i Svingen med makk. Så gikk ej fram for å sjå på Bjørn. Han hadde sett fisk gå ifrå Anfinnhølen og ned i Mastehølen, men han hadde ikkje kjent noko. Ej fiska Mastehølen og Bjørn stod å kikka og var klar til å håve, sa han. Ej var bort i 2 fiskar bak i hølen, som begge ribba kroken min for makk, men ej fikk dei ikkje faste. Etter kvart vart Bjørn lei, men når ein brun laks hoppe på bortsida så vakna han, og han gikk ned på Ledet, mens ej fortsatte. Omtrent når han var ferdig så var noko bortpå å plukka med meg. Ej gav slakke, venta lenge og slo til. Fisken vrikka rundt nede i vatnet, og ej såg den var ikkje veldig stor. Fisken hoppa og viste at den var ein liten pjakk. Ej gikk ned på steinane og gjorde meg klar, og etter eit par minutt til så kunne ej håve pjakken som vog 0,96kg og var 52cm. Vi fortsatte, ej i Mastehølen mens Bjørn fiska Åbrekk igjen. Etter dette pakka vi sammen, men fiska Mastehølen på vei fram igjen. Det stod fisk å blenkte, og det gikk laks rundt nede i hølen. Ej såg også 4 fisker som seig rundt bakpå hølen der 2 fiskar stod fast. Til slutt gav vi opp og prøvde Hegresvingen, men her kjende vi kun småkrede. Ej vod over å klatra i spiontreet, men evja var ikkje klar nok til å sjå noko. På det djupaste var det opp til knea når ej vod over, ikkje rart det samler seg fisk her på dagtid. Bjørn var ned igjen å prøvde Mastehølen, men kjende ikkje noko. Han gikk ut på muren på Auregrunna, og der stod det minst 10 fisker bak i bakken.

16.08 Stryn M.Kirke. 00-12 11.08 fiska Bjørn kveld på Alsaker. Elva var no nede på 9 kubikk så det var ikkje mange plassene igjen å fiske på, men på Fossekanten var det fiskbart og her fikk han seg ein laks på 4-5kg. Denne var heilt svart og hadde stått lenge i elva, så han satte den tilbake. Ellers var det dødt.

12.08 fiska Sindre Refsnes natta på Alsaker. Der var fisk på akvariet, men Sindre kjende ikkje anna enn småfisk.

13.08 fiska Sindre natta på Moen. I fremste var det masse sener som gjorde det vanskelig å fiske, men til slutt fikk han på ein fisk på 4-5kg, men han fikk den ikkje på land. Han fikk også ein mindre aure på 700g i fremste hølen.

14.08 kl.16 starta Asbjørn på Hjelle, på kvelden hadde han på ein aure heilt bak på innløpet i Kastehølen, men den vart ikkje med på land.

15.08 fortsatte Asbjørn på Hjelle, på kvelden hadde han på ein laks på 3-4kg. Denne beit også heilt bak på innløpet i Kastehølen, og tok når Asbjørn drog fluga kjapt over straumen. Fisken hang på heilt til Asbjørn skulle lande den.

Det var meldt klart vær og dermed kjølig, og med varme elver, så vert det lett skodde. Men på kvelden var det overskya når vi la oss, så vi håpte på overskya og betre flugeforhold. Vi stod opp og kom oss inn til klokka var litt over midnatt. Inge starta i Kirkehølen, mens ej starta i Oteren. Hos Inge var det klart heile tida, mens hos meg kom og gikk skodda litt, men det var ikkje for gale. Men det var dødt. Vi bytta plass, men no var det meir skodde, spesielt framme, og resultatet var det samme, null. Vi åt frokost, før ej fiska innløpet til Kirkehølen, og Inge fiska Kirkehølen. Men natta hadde vore totalt død, ikkje hadde vi sett fisk og i alle fall ikkje kjent noko.

I lysninga starta vi med makken, Inge i Oteren og ej i Laksegarden. ej fiska meg nedover til Kirkehølen uten å kjenne liv, men når ej kom ned til enden på fiskebrygga var noko borti på andre sida, men ellers virka det som mindre fisk. Inge var også bort i noko som virka mindre, men i det han starta nedanfor treet så hogg noko innunder land. Fisken gikk rett til værs, og viste seg som ein fin aure på 3-4kg. Fisken raste nedover og gikk til værs igjen. Inge holdt igjen det han kunne for at ikkje fisken skulle rase over brekket, men dette gjorde at fisken igjen gikk til værs, no berre 2 meter før brekket. Men i det den lander så kom kroken.

Ej fiska meg nedover Kirkehølen, og nesten nede ved neset så var noko bortpå å plukka, men det var forsiktig. Ej slo til eit par gangar, men det vart ikkje fast. Ej prøvde igjen og gav god slakke og lot den tygge lenge før ej slo til. Fast fisk. Og som med Inge så gikk den rett til værs, og den hadde ikkje meir enn landa før den gikk opp igjen. Ej pressa den så lite som mulig for å roe den, og det virka. Men fisken seig då bort i, og ej måtte presse den tilbake, og det gikk bra. Ej begynte no å planlegge landing og kjørte fisken mens ej tok av håven. Ej gikk ned til elva, og fisken kom sigande innpå bakevja. Men den var seig og kom seg ut i kanten igjen og seig framover. Ej tenkte det var greit for då sprengde den seg sjølv, men så oppdaga ej eit par steinar fram i, og pressa litt for å stoppe fisken. Dette gikk bra, og fisken seig ned i hølen igjen. Her gikk den til himmels, og i det den landa så kom kroken. Inge var bort i ein kilosfisk like etter framme i Kirkehølen, men den rulla seg raskt av.

No kom sola, og dalen la seg peise full av skodde. Vi fortsatte nedover, og fiska oss heilt ned i grensa, men her nede var det dødt. Vi prøvde oss fleire gongar både i Oteren og i Kirkehølen, men einaste plassen vi fant fisk var i Laksegard, og her var det småaure mellom 200-700g som beit.

I 11-tida gikk Inge fram i Oteren, og her såg han 2 aura på 3-4kg hoppe, men han kjende ikkje noko av dei. Ej fiska også over her før klokka var der, men også med meg var det dødt. Elva var ca 47 kubikk, og var enno klarare enn forrige tur når ej og Bjørn var i elva.

17.08 Stryn N.Kirke. 00-12 I lysninga, ca.kl.05 var vi på plass, det var mykje skodde, men ikkje like gale som dagen før. Ej gikk heilt fram å starta, mens Inge starta ved parkeringa. Ej var komen nesten ned på strekket når han kom framover og starta ved bjørka. Han hadde sett fleire store fiskar stå langs land, og det var desse han sikta seg inn på. Men lenger framme stoppa plutselig blyet midt uti, og Inge slo til. Fast fisk. Fisken rulla seg i overflata og rasa nedover i korte utras. Ej gikk ned for å hjelpe å berge, men fisken ville berre nedover og vi kom til at det var like greitt å berre følge den ned på neset å dra den fram på sanden, men like foran neset la den seg på sida og ej måtte ned i elva for å håve den. Fisken ein fin aure på 2740g hadde stått lenge i elva og var godt farga. Ej gikk fram igjen å fortsatte der ej hadde lagt ned troda, mens Inge stelte fisken. Når ej var komen nesten ned der Inge hadde fått fisken så kom han fram igjen og stilte seg opp igjen der han hadde fått fisken, og dermed så fiska ej berre 3 meter ifrå føttene på han heile veien ned, og det kunne ikkje verte fisk då på så lita og klar elv. Nede i svingen kom to mann på andre sida, begge fiska med 2 stenger, ei skikkelig grov laksevegn med makk og ei med ein diger sluk, noko som sjølvsagt ødela mykje meir enn det lokka fisk. Vi holdt på utover formiddagen, men til tross for at vi såg fiskar som stod ute i elva så greidde vi ikkje å lure dei.
23.08 Stryn N.Kirke. 00-12 No hadde elva gått ned enno meir, faktisk heilt ned på 33 kubikk. Ho var enno eit hakk klarere, så vi ville prøve makken på natta for å prøve å lure støaurane, men ej fiska heile strekket ifrå Bjørka og ned uten å kjenne liv. Inge fiska nede ved parkeringa og i svingen foran etter å ha sett fisk hoppe, men heller ikkje han kjende noko. Han gikk heilt fram mens ej fortsatte nedover. Ej var fram i svingen eit par gongar etter at eit par digre fiskar var oppe, men ej fikk ikkje noko. Etter ein kaffi fiska ej meg nedover, mens Inge starta heilt framme igjen. Ej fiska meg heilt ned uten resultat, mens Inge såg mange fiskar i fremste hølen, blant anna på bortsida av gangbrua. Mens han fiska i hølen så såg han ein stor fisk komme opp langs land. Han lot makken svinge innpå foran fisken, og når blyet hengde seg opp i ein stein lot han det henge til fisken nærma seg. Når fisken var ein halv meter unna, satte den opp farta og glefste over makken til Inge. Han stod med hjertebank og venta før han slo til. Fisken vart fast og raste rett over elva, heilt bort til gangbrua. Her la den seg på sida og var død. Inge sveiva den over elva og drog den på land. Fisken var imponerande 89cm lang, med eit gigantisk haud, men den var mager over buken og breidda over ryggen var nesten lik null, max 2cm. Ellers var fisken pjuskete og vekta stoppa på skarve 3630g. Synd for denne fisken var nok rundt 10kg når den var i si velmakt, men no var den trulig gammel og hadde slitt med å skaffe seg mat. Han fiska seg nedover og såg 5 fiskar stå langs land, men med ein gong han prøvde på dei så stakk dei. Og sia sola no var nede i elva så pakka vi sammen og gav oss.
23.08 Stryn Sone 6 18-00 Vi starta framme med makken, Inge hadde på ein aure på 1-1,5kg nesten med det same, men etter det var lite å kjenne anna enn småaurar. Vi fiska oss heile veien ned til holmen, her fortsatte Inge ned langs holmen, mens ej fiska hølen ved Berge & co, men ingen kjende noko som var vert å nevne.
24.08 Stryn Sone 6 00-18 Neste morgen var vi på plass i lysninga, vi starta framme, men fjøra var enno mindre i dag, så når vi hadde fiska fremste så var floa komen fram til Mørebrotet. Ej fiska til Holmen, mens Inge også prøvde nedover langs holmen, men vi kjende ikkje anna enn småaura.
29.08 Stryn Sone 6 18-00 Inge tok fri i 13-tida og reiste innover for å hente korta, mens ej var sittande i møter til klokka var over 17. Inge starta kl.18 med makken, men det var heilt dødt. Men når han sveiva inn så kom ein fisk etter og tok, den vart fast, men hang ikkje lenge. Etter dette var det dødt til ej kom innover i 20-tida, då hadde han på ein aure etter spjøra, men den datt av når han skulle håve den. Fisken var ca.1,5kg trudde han. Han var også borti eit par til, men fikk dei ikkje faste. Floa var komen fram no, så ej tok fluga å gikk fram til hengebrua. Her fikk ej raskt ein småaure, før ej var bort i eit par fiskar til, men etter kvart kom floa hit fram også, og vi måtte innsjå at det vart bomtur, og vi kjørte heim litt etter kl.21.
30.08 Stryn Sone 6 00-18 Neste morgen var vi på plass i lysninga. Ej starta framme med fluga, mens Inge gjorde det samme ved holmen, men ingen av oss kjende noko som var verdt å nevne. Når ej var komen i renna ifrå Mørebrotet så hadde Inge henta makken og gikk framover, mens ej fiska meg igjen hola i svingen før ej gikk opp i bilen og bytta til makk og fiska vidare nedover med det. Ej var bort i eit par fiskar ved holmen, og ein slo ej fast blyet i botnen på og sleit på, men ej veit ikkje kva størrelsen var. Inge kom etter kvart fiskande nedover, og ej såg han bar på fisk. Dette trudde han var samme som dagen før, for den hadde tatt på samme måten, under innsveiving. Vekta var fine 2,26kg, men etter lengda burde den vore enno litt til. Ej fiska meg ned til brekket ved holme-enden, og var bort i ein fisk på neset, under innsveiving, men denne fikk ej berre lippa av. Inge fiska også ved holmen, og sleit på ein i treet som låg der. I tillegg var han borti, og såg fleire fiskar som var oppi. No kom floa raskt, og ej ville prøve fluga framme ved brua, men det vart fort rolig og vanskelig, så ej kjende ikkje noko.

Vi var inn å såg etter Per Ingeberg som fiska i Loen, men vi fant han ikkje. Vi var også framover dalen på Stryn og såg på sona vi skulle fiske på kvelden, og vi var heilt fram til Grande for å sjå etter tegn på stigande elvar. Tilbake på Eid var vi ned å leverte resten av skjellprøver og kort. I gata møtte vi Mattis, og han var raskt på tråden med Inge. Det viste seg at han hadde fiska Stokkenes, og her hadde han fått ein blank laks på 5,5kg og ei brun hoe på ca.12,5kg som han satte tilbake. På brua såg vi 4 fiska, derav 2 laksar.

30.08 Stryn Ned-BS 17-00 Vi kom innover ca 17.15, og då var her allereie 2 mann i sving framunder brua og på flugestrekket på nordsida. Ej starta midt nede mellom brua og svingen og fiska heile sørsida som var fiskbar, mens Inge starta nede i svingen og fiska litt nedover der før han starta like nedanfor brua og fiska samme ruta som meg. Etter ein kaffi ville vi fiske vidare nedover, men ein stor fisk var oppe der Inge hadde starta, så han gikk fram dit, mens ej fiska nedover. Ej fikk ein krede på ca.500g, mens Inge ikkje kjende liv. Dei som fiska framme kom no nedover for å prøve med båt nedover, og då nytta vi sjansen til å få prøve heilt framme. Inge fiska ved brua, mens ej prøvde nedanfor brekket. Det vart fort mørkt, og sia det hadde vore så dødt, så pakka vi sammen. Ej vart groggy i halsen utover kvelden.
31.08 Stryn Ned-BS 00-13 Ej var fortsatt groggy, og hadde feber når vi tørna ut, så ej la meg under dyna igjen og sov til Inge kom igjen. Han fiska nordsida med fluga, og fikk over 20 småaurar, men dei få store som han såg kjende han ikkje noko av. Han såg igjen den store foran svingen også, men den var like uinteressert i dag. Det har ikkje vore tatt fisk på BS sine 2 soner på 14 dager.
05.09 Stryn Sone 4 18-00 Vi kom innover i 19-tida, ej gikk ned til nederste hølen og prøvde der, mens Inge gikk heilt fram. Ej fiska meg igjennom hølen, men det var dødt med unntak for mindre aurar. Den største var nok 7-8hg, men den datt av i det ej skulle til å ta den med hendene for å sette den tilbake. Ej gikk fram og fiska meg nedover, var bort i nokre fine fiskar, men dei var veldig forsiktige og ikkje mulige å få faste. Inge hadde ikkje kjendt noko i det heile. Det var lett regn i lufta heile kvelden, men i det det mørkna så klarna det opp og vart kjølig og dårlige forhold. Fortsatte med fluga i hølen ei stund, men der var dødt og skoddete. Vi holdt på til 23.30.
06.09 Stryn Sone 4 00-18 På morgenen visste vi at skodda ville ligge tjukk, så vi sov derfor lenge og reiste ikkje innover før vi hadde handla og klokka hadde runda middag. Ej gikk heilt fram og fiska meg nedover, mens Inge starta nede i hølen. Ej kjende kun eit par mindre krede, mens Inge såg fleire store fiskar, men heller ikkje han kjende noko i det nydelige været. Vi tok 2 mindre aurar, ein kvar. Min var 600g, mens Inge sin var 405g.
06.09 Stryn Sone 5 18-00 Når klokka var der så flytta vi over elva og litt ned. Inga starta framme ved hengebrua, mens ej starta på Mørebrotet. Ej sleit vekk eit par gongar, og prata lenge med Atle, så ej fiska fortsatt på Mørebrotet når Inge kom nedover. Rett bortfor neset på Mørebrotet fikk han ein aure på 440g. Han fortsatt nedover, mens ej tok ein kaffi. Atle og Bente skulle passere, men det drog ut før dei kom, men akkurat i det ej hadde kasta første kastet i hølen ved holmen så kom dei. Prata med dei, og fiska ein time til, ej kjende ikkje noko, men Inge hadde vore bort i ein fisk på Mørebrotet. Men no kom floa, så vi pakka sammen og reiste ut igjen og drakk gin.
07.09 Stryn Sone 5 00-18 Inge hadde klokka på vekking 07.30, så når klokka var ca.0900 så var vi komne i elva. Inge starta på Mørebrotet, mens ej gikk med fluga ved holmen. Ingen kjende noko så ej gikk fram på fremste, mens Inge fiska seg nedover med makken. Framme var det veldig dødt, og når ej hadde fiska meg nesten ned på plenen på Mørebrotet så sleit ej. Når ej gikk ned å satte meg, så såg ej at Inge stod nede på nederste brekket.  Når ej var ferdig å knyte opp gikk ej fram for å fiske Mørebrotet. Ej holdt akkurat på å tre på makk når Inge kom. Han kunne melde om at det var like dødt nedanfor som det hadde vore her framme. Ej kasta ut mens vi stod å prata, og spurte Inge kvar han var bort i fisken i går. Omtrent der som du er no, sa han. Flott sa ej då er det berre å følge godt med. Og eit lite øyeblikk etterpå så var noko bortpå å plukka. Ej gav slakke, tok igjen snøret og kjente at det fortsatt var liv i andre enden, så ej slo til. Fast fisk. Ej trudde først den var ganske liten, for den kom greitt etter, men Inge såg den blenke uti, og anslo vekta til 3-4kg. Fisken gikk unna, og ej måtte holde igjen litt ekstra, men ej greidde å hindre den i å gå bort i renna. Etter kvart kom den sigande framover og ej følte at ej begynte å få overtaket, men i det fisken var kom litt fram om meg så berre kom kroken. Utrulig surt når det hadde vore så dødt, men lite å gjere med. Vi fortsatte utover, men sola kom, og etter kvart floa også så litt etter middag gav vi oss.
10.09 Driva Vollan 18-00 Vi hadde planlagt å reise tidlig, men Inge var sein og ej var enno lenger i møte i Ålesund, så vi forlot ikkje Hareid før kl.16. Med forsinkelse her så rakk ikkje vi Molde-Vestnes, og med handling på veien så var det mørkt før vi kom fram på Vollan Camping. Men vi fikk oss kort her og fiska eit par timar i mørket ved campingen, sjølv om vi ikkje visste korleis her såg ut. Men vi hverken kjende eller høyrde noko.
11.09 Driva Vollan 00-13 På morgenen sov vi til kl.07, og tok oss god tid før vi begynte. Inge starta heilt framme, mens ej starta ved brua. Ej fiska meg nedover, men her var veldig grunt og lite vatn. Når ej var komen ned i svingen så kom Inge over marka, og viste fram ei knekt stang. Han hadde gått på trynet og landa på stanga. Ej fortsatte nedover, mens Inge gikk ned å rigga to-hands i staden. Ej fiska heile veien ned til campingen, og såg at det var fint å fiske der vi hadde prøvd i mørket. Her var det kaffi før ej gikk nedover, men det vart eit par timar med telefon og lite fisking. Litt før kl.13 møtte ej Inge som kom fram igjen. Han hadde vore bort i ein fisk i stryket nedanfor brekket ved campingen, mens vidare nedover var det berre grunnmark. Dermed gav vi oss og gikk fram igjen.
11.09 Driva Gravem 18-00 Vi kjørte rundt å kikka på 6 av 7 bruer i området, kun nye Romfo bru slapp unna. Men einaste fisken vi såg var ein stor fisk i innløpet til hølen foran Ottem bru.

Sia elva var så lita så fant vi det betre å fiske nedanfor Gjøra, og då vart det Gravem. Vi starta i Rønningen, der ej hadde fått fin laks før, men då ifrå andre sida. Her var det flott å fiske, men vi kjende ikkje noko. Inge prøvde også hølen nedanfor, men også her var det dødt. Så flytta vi nedover til Bjørbekk bru, der ej fiska nedanfor og Inge foran, men det var dødt med begge to. Når vi var ferdige her så kom også Tor Aasen, og vi for fram i hytta igjen.

12.09 Driva Gravem 00-13 På morgenen var vi i gang litt etter lysninga ved brua igjen. No bytta vi høl mens Tor rigga seg til. I det Inge kom ned til renna så hoppa det ein fisk bak på brekket, og like etter såg vi begge enno ein hoppe. Vi signalisert til kvarandre, og mens ej sende det vidare til Tor ovanpå meg, så såg han enno ein som hoppa. Ej var komen nesten ned til brua når Inge plutselig letta stanga. Fast fisk. Ej tok eit par kast til, men var då ved brua, så ej sula opp og gikk nedover. Inge streva med å få med fisken oppover, men når ej kom ned så kom den sigande. 4-5kg, sa Inge, den hadde vore oppi. Fisken kom no meir villig oppover, og Inge fikk beskjed om å rygge seg opp imot brua. Fisken var no godt synlig borte i det krystalklare vatnet, og ej sa 7-8kg. Plutselig snudde fisken, og raste nesten heilt over elva, og nesten ned i renna igjen, men Inge fikk stoppa den og snudd den fram igjen. Fisken fikk god hjelp av straumen, men etter eit par mindre utras så kom den innunder land. Ej gikk nedover for å prøve å håve, men den hadde for god hjelp av straumen, og kunne styre seg unna håven. Inge rygga vidare og etter kvart avtok straumen og vi fikk sjå sida på den, definitivt oppdrett, men stor og veldig dryg over ryggen. Håven ville den ikkje ha, men her var det greitt å dra frampå, så Inge slippa den og ej skuffa den opp i håven. Oppdrettaren var enno drygare når den kom på land, og vekta vart sjekka til 11,93kg etter bløgging og eit par timar. Vi fiska ei stund til både foran og nedanfor brua, men etter at sola kom så var det dødt.
12.09 Driva Gravem 18-00 På kvelden parkerte vi på skytebana og gikk fram å starta på brekket av hølen ved hengebrua på Hjelle. Det var skikkelig hard vind, så forholda var veldig vanskelige. Inge gikk først, og ej bak, mens Tor fiska ved Bjørbekkbrua. Vi fiska oss nedover, men det vart mest plage og lite effektivt fiske. Inge plagast og fiska seg raskt nedover for å sjå om det var betre forhold lenger nede, mens ej fiska grundigare. I det ej kom ned til grensa Hjelle-Bjørbekk så stoppa fluga midt borte i straumen. Det stramma seg opp og ej letta stanga. Ingenting. Var det fast? Ej la ut eit nytt kast og det samme skjedde igjen. Fluga stoppa, det stramma seg opp og ej letta stanga. Fikk stanga opp i fullt spenn denne gangen før det løsna. Det måtte være ein stein sia det var akkurat det samme begge gangene. Inge kom akkurat oppover, så når ej la ut neste kast så ropte ej til Inge og spurte om han hadde vore i steinen. Stein?? sa han, der er djupt der sa han. Snøret landa, men noko stemte ikkje, var fluga vekk? Ej drog inn og det stemte, fluga var borte. Då forstod vi kva som hadde skjedd, det var fisk og ej hadde slitt i det ej letta stanga. Hadde sikkert vore i stein i den harde vinden. Ej fortsatte nedover, men vart så tung i hendene at ej gav meg ganske raskt. Vart veldig sløv, og når vi pakka sammen å for ned på brua for å sjå til Tor så var det så vidt eg klarte å holde meg våken. Vi kjørte fram igjen og etter ei øl så la ej meg.
13.09 Driva Gravem 00-13 Vakna klokka 01 og var skikkelig kvalm. Prøvde å sove litt til, men etter to skikkelige kvalmebyger så stod ej opp. Kom meg nesten opp på dass før ej måtte springe i buskene. La meg nedpå igjen, men var ikkje i form når karene tok laust og for i elva. Etter dei hadde reist så måtte ej opp igjen på dass.

Dei hadde starta ved Bjørbekk bru, og litt foran brua fikk Inge ein laks på 4,12kg, etter det var det dødt. Tor måtte heim i dag for å feire svigerfaren, så han kom fram igjen i 11-tida og pakka sammen.

Når han var ferdig å pakke så ville han stoppe på veien heim igjen å prøve sluken ved rasoverbygget i fremste enden, for her hadde han god tru. På første kastet med spinneren så satte han fast, han stramma opp og rykte i for å løyse det, men det vart fast. Han skulle akkurat til å legge snøret rundt handa når det livna til i andre enden, fisk! Og dermed så kunne han kjøre og lande laksen på 4,7kg, og sjølvsagt ta bilde å sende til meg. Etter dette gav han seg, å kjørte bort på Gjøra camping å desinfiserte utstyret.

13.09 Driva Gravem 18-00 På kvelden var ej fortsatt ikkje i form, så Inge stakk i elva aleine. Det var dødt til det var godt skymt, då fiska han hølen nedanfor Rønningen. I det han var komen godt bakpå hølen så beit det. Det vart ein lang og seig kamp, men etter 20 minutt så kunne Inge lande ein flott, litt brun laks på 8,5kg, trulig ein villfisk.
14.09 Driva Gravem 00-13 Morgenen etter var ej piggere, og vi var oppe tidlig for å prøve å passere fjoråret. Vi starta ved skytebana, men bortsett ifrå at ej såg ein fisk hoppe, så var det dødt. Vi flytta ned til Bjørbekk bru, men også her var det dødt. Vi såg nokre fiskar stå nedfor brua, ej dirigerte mens Inge fiska, men dei virka ikkje interessert, og når Inge fiska like bak dei så stakk dei. Ein av dei kom fram igjen, trulig ein aure, og fortsatte vidare oppover. Ej sprang fram å fiska over igjen, men ej kjende ikkje noko. Etter dette fiska Inge over der han fikk laksen i går, mens ej vassa meg ned å fiska kilen nedanfor, men det var dødt. Med ein totalfangst på 219kg så vart det ikkje ny rekord, om ikkje vi fikk være med på prøvefiske.
03.10 Eidselva Prøvefiske Etter den tørre hausten rann elva knappast, men Endre hadde fiska godt sidan prøvefisket hadde starta. Dessverre var det ein ganske stor prosent oppdrettslaks, men trulig gjorde den lave vannføringa fisket etter oppdretter veldig effektivt. No var elva på 6 kubikk og kunne berre fiskast i dei største og djupaste hølane. Ej skulle på krabbefest på laurdag, men reiste inn på fredag før å være med Endre når han fiska.

Vi fikk med oss Rune og starta ved Maresteinen framme i fossen, her såg vi ein eller to fiskar. Ein av dei var etter sluken både når ej og Endre drog sluken nær den, men den ville ikkje ta. Så vi flytta ned i Hildehola, der ein fisk var etter med meg, men den vart ikkje fast. Så prøvde vi Grillhølen, og fiska oss nedover til hølen ved hytta til Paul, før vi gikk fram igjen å prøvde i Myra, men det var heilt dødt. Så prøvde vi i Åbrekk, vi stilte oss rett overfor prydbuska og kaste både oppover og nedover, men det var dødt. Så i skyminga hoppa det ein fisk utfor buska, og etter ei stund, i det det var nesten mørkt så beit det med meg framme i kilen. Fisken tagna raskt og Endre håva den. Fisken var ein farga hannlaks på 76cm og ca 3,5kg. Vi prøvde litt til, men det var nok for mørkt.

04.10 Eidselva Prøvefiske Klokka 08 starta vi med å sjekke bakevja på Fossekanten, før vi gikk fram i Fåhølen å prøvde nokre kast, men det var dødt. Så gikk vi fram å fiska innløpet og hola på Sanden. Ej var bort i fisk eit par ganger, men den tok ikkje skikkelig. Det var oppe fisk eit par ganger, og til slutt beit det med Endre, men det visste seg å være ein liten aure på knappe 40cm. Vi fiska Sanden og kilen nede på enden av sanden, men det var dødt. Så var vi på Skipenesbrua og fiska på ein fisk foran brukaret, og ein nedanfor brua, men ingen av dei var interesserte. Så vi gikk fram å fiska fremste hølen på Staten og i Hesten, men det var dødt og bikkjekaldt. Vi kjørte så fram å fiska Anfinnhølen og fremste del av Mastehølen ifrå muren i Anfinnshølen. Endre hadde på to fisker, men begge to falt av før vi fikk dei fram til oss. Så flytta vi til Mastehølen der vi såg minst 3 digre fisker, der minst ein av dei var langt over 20kg. Etter å ha fiska over uten å ha kjent noko meir, så knekte Endre troda. Så for vi i Hammaren å kika på masse fiskar som stod bakpå brekket, før ej reiste heim på krabbefest.
17.10 Eidselva Prøvefiske Ej reiste innover direkte ifrå jobb, og møtte Endre på brua. Elva hadde no endelig gått opp litt, og var oppunder 30 kubikk. Vi starta fisket i Hildehola, og etter 10 minutt så beit det. Etter ein liten kamp kunne Endre håve ein flott hannlaks på 72cm og ca 3kg. Laksen var brun og mjelka rann av den, og Endre meinte den hadde stått lenge i elva, men det var før ej oppdaga lus bak gattet. Fisken var ellers i godt hold. Fiska oss ned i Åbrekkhølen, men vi kjende ikkje noko her.

Så flytta vi ned og fiska ved Skipenesbrua og i Hesten, men begge plassane var det dødt. Vi målte tempen i elva, og den var faktisk heile 10 grader, og med 30 kubikk så låg alt til rette for at trengt laks skal gå virkelig raskt oppover elva. No var det mørkt, og etter å ha handla og snakka ein halv time med Ole Jakob på Rema, som hadde vore å henta ei dør, så kjørte ej fram igjen, og her var Inge akkurat komen og fikk vite at no var rekorden for totalfangst i boks.

18.10 Eidselva Prøvefiske Vi plukka opp Endre klokka 08 og starta med å fiska Alsaker, ifrå Bruce til hola på Sanden, men det var dødt. Så fiska Inge nedover Sanden når det plutselig beit. Han kjørte fisken til den kom innunder land, men då slapp den. Han fortsatte ei stund til, og jaggu beit det igjen. Denne hang betre og etter ein kort kamp kunne ej håve ein flott laks på 71,5cm og ca 3kg. Fisken var i godt hold, berre lyst farga og tydelig nygått. Etter dette for ej til Breim for å sjå på bil, men akkurat i det ej gikk så hoppa det fisk bortunder muren foran steinen.

Inge og Endre fiska seg framover, og på Øyrane kom dei igjen i kontakt med fiskane ifrå Sanden. Her fikk dei ein brun pjakk på 55cm og ca 1,5kg, og så ein skikkelig gytefarga kroklaks på 98cm, men sikkert berre 8kg. Fisken var komen så langt at dei ikkje greidde å få av eit einaste skjell til skjellprøve. Dei fortsatte oppover til Hellja, men no var det dødt. Så fiska dei i Hildehola der det var dødt, så fiska dei ved Skipenesbrua, og her beit det langt bakpå med Inge. Fisken var rolig og Inge kjørte den fint, men plutselig berre slitna sena. Synd for det var ein fin fisk. Så kjørte dei ned på Os, men også der mista Inge ein fisk. Ej var no komen ut igjen, så vi for å åt på puben før vi fortsatte på Fossen. Dei såg to fiskar hoppe, men det var heilt dødt etter kvart. Etter at vi andre hadde gitt opp, slo oppdrettskongen til. Inge kroka ein godt farga o-laks på 69cm og 2,9kg.

Etter dette var det fortsatt litt dagslys igjen, så vi bestemte oss for å prøve på Nor, i Dammen. Her starta ej, og etter berre nokre få kast så beit ein liten pjakk. Denne vart raskt landa, målt og satt tilbake imot eit par skjell. Pjakken var ei hunn i godt hold, 59cm og ca 2kg. Ho hadde nok stått lenge i elva, for ho var ganske mørk og gyteklar. Sia fisken var så liten så fikk ej prøve litt til, og etter nokre få kast til så beit det igjen. Ej slo til og fisken satt. Ej kjørte fisken greitt, og etter berre 5 minutt så kunne dei håve ei kjempeflott hoe på 101cm og ca 10kg. Fisken var lys og sikkert ganske nygått.

Etter dette fikk Inge prøve ei god stund, men til tross for at han prøvde både framme og bakpå så kjende han ikkje liv. Til slutt gav han opp og lot Endre få prøve i skyminga. Han snakka om at den flotte hoa som ej hadde fått måtte ha ein skikkelig mann, men verken vi eller han hadde tru på at den ville bite. Så var det oppe ein fin fisk nedpå hølen, men Endre greidde ikkje å kaste heilt ned, så etter nokre kast så gikk han fram å fiska der ej hadde fått mi hoa. Plutselig hogg det i, Endre slo til, men stanga berre stoppa, kunne det vere fast? Han stamma til og no svarte det i andre enden med å ta eit par små meter. Så stoppa fisken litt før den drog ut nokre meter, svinga nedover dammen og stilte seg opp. Endre la seg på stanga det han var mann om, men fisken stod bom fast. Ej hadde ikkje hatt det minste problem med å dra min fisk i den svake straumen, men denne stod pal. Endre drog på, og fikk den eit par meter fram, men den holdt seg i hovedstraumen. Etter 10 minutts kamp hadde fisken sige fram der den tok, uten å gjere anna enn berre å være tung, og plutselig berre kom sluken. Alle var enige om at den var diger, minst 20kg, kanskje 30kg, kanskje meir, men alle var samde om at det heilt sikker var ein villfisk, og at det var like greitt den berre takka for seg og heller fikk bruke kreftene på å føre slekta vidare. Dermed pakka vi sammen og kjørte fram på vogna å tok oss nokre øl.

19.10 Eidselva Prøvefiske Etter litt pilsing med overnattingsgjest starta vi i Kastehølen, på formiddagen. Ej starta og etter ikkje lenge, så beit ein laks med meg. Fisken oppførte seg eksemplarisk, og etter berre eit par minutt så kunne ej lande ei flott nygått hoe på 81cm og 4,5kg. No fikk Inge prøve og det gikk på samme viset, men hans laks var 77cm og ca. 4kg. Vi fiska også Svarthølen og strekket ned til og med Granhølen, men etter desse to første så var det dødt.

Deretter prøvde vi på brua der vi såg ein stor fisk rett nedfor det gamle brufundamentet, innunder land, men den var heilt uinteressert. Så fiske vi Anfinnhølen og Mastehølen ifrå Roti, før vi fiska Hildehola og fremste Åbrekk, men uten å kjenne liv, sjølv om det hoppa fisk både ved Øya og i Åbrekk mens vi fiske i Hildehola. Så fiska Inge ved Skipenesbrua igjen, først på ein pjakk ved det gamle brufundamentet, så nedanfor der det stod 2 pjakkar, og det kom ein laks, men alle var heilt uinteressert. Deretter fiska vi ved Vidaregåande nedanfor Malakoff, før vi flytta fram på Bjørlo der Inge starta ved Linja. Her tok ein pjakk i det sluken var komen 10cm over vatnet. Pjakken var 55cm, ca 1,5kg og godt farga. Så fiska vi Måløyhølen, Øyrane og Sanden uten at vi verken såg eller kjende liv.

24.10 Eidselva Prøvefiske Elva hadde gått opp ein del og låg på ca 50 kubikk ut av vatnet. Vi fant Endre i Kastehølen på Hjelle, der han stod av regnbygene med vatn til knea. Han hadde vore i ein fisk, men hadde ikkje fått den fast. Ej fikk prøve ei stund, men kjende ikkje noko, mens Inge kroka ein ho-laks på 74cm og ca 3,5kg like før det vart mørkt. Når det mørkna kom regnet, og når vi eit par timar seinare for i Leivdøla for å lyse så hølja det ned i eit sett. Inge synes han såg ein fisk nesten nede i Leivdølsosen, men var ikkje heilt sikker. ellers var elva for stor til å klare å finne fisk.
25.10 Eidselva Prøvefiske På formiddagen var ej og Inge til Breim å henta ny bil til meg, og då starta høljeregnet, som skulle fortsette heile dagen. Etter middag møtte vi Endre i Reitehølen og fiska denne ifrå innpå bakevja. Vi prøvde med alt mulig, men det var dødt. I skyminga sette Inge på ein spinnar, men han kjende ikkje noko på den. Vi gav oss nesten, men ej tok nokre kast til slutt og framme i bakevja tok noko. Ej slo til, men det var dødt. Ej sveiva eit tørn inn og då vart det liv i andre enden. Fisken gikk fram imot innløpet, og ej stramma bremsa for å få den tilbake imot meg, men fisken svinger rundt og  mens ej trudde den kom imot meg så satte den unna elva. Ej holdt stramt og sveiva, men forstod snart at fisken var komen langt bakpå. Sena la seg rundt ein stor stein bakpå, og fisken sleit seg av. Det var ein stor fisk, men trulig ein villfisk sia den gjorde det heilt rette for å komme seg fri i den flomstore elva. Vi gikk fram på øya og fiska litt til det vart mørkt, men vi kjende ikkje liv.

13.11 gjennomførte dei fisketelling i Eidselva, dette gav 285 lakser, av dette var 79 tert, 133 mellomlaks og 73 storlakser. Det vart talt 349 aurar, 117stk mellom 1kg og 2kg, 153stk mellom 2kg og 4kg, 69stk mellom 4kg og 6kg, og 10 aurar over 6kg.

13.12 Ej og Inge måtte ha oss ein luftetur i julestria, og turen gikk då til badestranda i Ørsta. Dagane er korte og fjøra var etter at det var mørkt så vi rakk berre ein time i lyset, og ein liten time i mørket. Vi såg nokre få fiskar hoppe, men vi kjende ikkje liv i enden av snøret.
28.12 Så fikk vi endelig med HSJFF fiskegjengen på tur til Ørsta. Atle, Asbjørn, Andre, Bjørn Helge, Sigurd, Maggis og ej. Vi fiska på Sætre, og ute der veien går heilt nede ved sjøen. Vi såg nokre fiskar på Sætre, men dei ville ikkje bite. Vi stoppa på meieriet, og her såg vi ein pjakk hoppe, men vi fiska ikkje. I staden kjørte vi heim til Atle og laga middag og drakk brennevin. Takk for eit artig år, og ønsker alle eit riktigt godt nytt fiskeår.
 

 

OPPSUMMERING 2008

Sesongen starta ikkje før i februar etter at både ej og Inge hadde slitt med vonde rygger, men uten at det gav nevneverdig resultat. Siste turen i februar var mest for å feire åpninga av tunnelen, og det vart siste turen før påske for min del, mens Inge og Petter var jevne utover i Mars. Påska vart tilbrakt på Eid og starta med nydelig vær, men så kom snøen og det lava ned stort sett heile påska. Men vi trossa været nokre gonger, men det var veldig dødt. På vei heim igjen gjorde Inge ein kjempefangst med ein aure på 4450g. No vart det sjølvsagt ei intensiv periode, spesielt for Inge som var på tur 4 ganger i uka i snitt. Både ej og Petter fikk fine fisker, men den største fikk Inge i slutten på april på 2750g, ein merkelig skapning som vi knappast klarte å artsbestemme. Mai vart brukt til å rydde litt i Myrahølen, Hegresvingen og nedre del av Alsaker, noko som vart veldig bra.

Nye begrensinger gjorde at vi såg mørkt på starten, spesielt etter mykje fisk på bruene og drømmeforhold på åpninga. Til tross for begrensinger på 1 fisk pr. mann, så vart det den beste starten i elva nokon gang. Bjørn ordna årets første fisk med ein flott laks på 6,5kg på fjerde kastet, og Petter følgde opp med 4kg, Inge med 9,3kg og ej med 7,2kg. Dagen etter fikk Inge årets første flugelaks, ein nydelig fisk på 6,85kg. Utover fikk vi jevnt med fisk, toppa med ein flott laks på 9,1kg i Ommedalen og ein flott flugelaks på 8,8kg på Alsaker, begge tatt av meg, og ein aure på 6150g tatt av Petter på Stokkenes.

Mot slutten av juni tørka fisket opp, og det var berre Inge som fikk ein mindre laks i Hesten, men i begynnelsen av juli tok det seg opp, og Petter fikk nokre fisker. 12. juli fiska Inge Moen, og landa sin siste laks på kvota, ein flott lett farga fisk på 9,1kg. Og så stakk han direkte til Driva sammen med Petter, mens ej fiska eit kort på mandag morgen før ej følgde etter.

Her starta ej med ein flott aure på 1,3kg første kvelden, ein laks på 5,1kg og to aurar på 2,5kg og 4,2kg andre kvelden, og ein nydelig aure på 2,5kg tredje kvelden. Og midt oppe i dette fikk Atle ein flott flugelaks på 10,1kg på Fossen. Så kom vi inn i ei periode med masse misting av fisk, først Petter i Kiklingbrekk, så Inge nede på Kleivhølen, før ej miste 2 framme i Tvisthølen. Så for vi i Orkla, men her var det dødt, men mens ej var på Iron Maiden så miste Petter ein flott flugelaks på rundt 10kg.

Etter nokre dager på Eid uten fisking var det tilbake til Driva, men elva var mindre no, og fisken mykje vanskligere, men til slutt får Inge ein liten laks på knappe 4kg, før ras og torden farger elva grå og ufiskbar.

Så kom august og Inge begynte på jobb, mens ej og Bjørn hadde kort på Stryn og gjorde det kjempeflott der med 3 aurar og ein pjakk. Den største auren heile 6,2kg, ny pers igjen. Så var det nokre dager med bittesmå pjakker i Eidselva, før helgene framover vart tatt i Stryn med eit skrekkeksemplar av ein aure på 89cm og 3,6kg til Inge som høgdepunktet.

Siste helga var vi i Driva der Inge som vanlig fiska veldig bra, og vi var berre ei skada sene med meg ifrå å sette "all times high" for sammenlagt resultatet, sjølv om vi var 30kg unna før vi reiste. Denne rekorden slo vi sjølvsagt når vi fikk være med på prøvefisket, og med forsiktige anslag heile veien på vekt, så enda vi på 266,56kg som total.

Årets opptur må kunne seiast å være starten på sesongen, og dei gode turane i Driva og til Stryn. Årets nedtur vart igjen tida ifrå jonsok og ut juli, normalt beste tida, men uten innsig av mellomlaks, pjakk, og aure så vart det dårlig.

Årets laksefiskar må nok delast mellom meg, Inge og Atle, alle med flotte flugelakser. Årets hengelippe var nok Inge som med sine to store aurar som ikkje var etende. Årets skuffelse var innsiget av mellom og smålaks, samt den totale mangelen på aure i Eidselva.

Når det gjeld korleis det gikk med målsettingane for sesongen, så vart sjølvsagt desse farga av det dårlige innsiget. I motsetning til dei siste to åra, så kom Inge over meg i totalfangst i kilo, og antall 19-15 i total. Og enno meir skuffande var at det vart tap både på kilo/kort og fisk/kort.

Når det gjaldt dei meir konkrete tinga så sette ej ny aure-rekord ikkje mindre enn to ganger, og plutselig så er ikkje rekorden til Bjørn langt der framme. Ej hadde rett når det gjaldt at det vart eit godt storlaksår, for vi har aldri sett tilnærmingsvis så mange store storlaksar som i år, men dei ville berre ikkje bite, så det vart ikkje pers der. Men både ej, Inge og Atle satte rekord for flugelaks. Når det gjaldt totalen så vart det ikkje ny rekord, men det var utrulig nok ikkje langt unna. Mykje av dette fordi ej ikkje rakk mitt mål på 70kg.

Når det gjeld mål for kommande år så må ej tilbake over Inge på total, antall totalt og sjølvsagt på fisk pr.kort og kilo pr.kort. Aure-rekorden er sjølvsagt målet også neste år, det vert nok ein del store laksar i elva også neste år, og vi må ha som mål å få ein ny rekordlaks på kroken. Har dårlig tru for komande år så ej he ikkje tru på ny rekord totalt igjen, men 200kg må være eit mål. Heller ikkje i år vil ej kome til å bikke 100kg, men ej må ha eit mål, og 70kg burde ej greie.

 

Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

06.07.2010