|
|
2007
17.02 |
Ej og Inge stoppa i
Ørsta på vei ut igjen ifrå Eid, der vi hadde vore å inspisert lerduebana.
Vi var å kikka på Eid også, men her regna det slik at vi håpte på
lettare vær nord om fjella. Men mykje lettare var det ikkje her. Vi
prøvde på badestranda, men det vart veldig vått. Vi såg eit par fine
fiskar som hoppa i regnet, men eit lite øyeblikk letta det nesten opp og
vinden løya, og då vart det skikkelig aktivitet. Det var mange fiskar
som hoppa og vaka, men alle var langt ute og aldri nær makrellen vår.
Når det begynte å mørkne beit det endelig med meg, men dessverre var det
berre ein pale. Ej gav meg og gikk bort til Inge, og etter ei stund beit
det også med han, dette var ein større fisk, men ganske raskt vart det
klart at det var ein ganske stor torsk som hadde bite. Etter dette pakka
vi sammen og gav oss. |
25.02 |
Igjen var ej og
Inge på tur til Ørsta for å prøve auren i flott vintervær med havblikk
og nesten klart vær. Temperaturen var flott, men etter at sola gikk ned
vart det ganske kaldt. Vi såg fisk hoppe på Sætre og bestemte å prøve
her, men som vanlig såg vi fisk alle andre plasser enn der vi var. Ej
hadde eit napp, men truleg var det ikkje aure. Vi avslutta med å gå ut
til der veien går lavast, men no var det heilt dødt. |
03.03 |
Ej og Inge reiste
til Ørsta midt på dag for å prøve fjøra utpå ettermiddagen. Vi kjørte
runda rundt fjorden å kikka før fjøra var lav nok, såg ein liten hoppe
på Sætre på vei innover, ellers var det stort sett dødt. Var kanskje
oppe ein fisk innanfor Ørstaterminalen det var alt. Når vi starta på
badestranda så var det ikkje mykje fisk å sjå her heller, men nokre
hoppa no. Såg nokre få midt på stranda, men ellers var det ifrå stanga
og bort i osen, såg blant anna minst ein diger på mange kilo. Inge gikk
heilt bort på Bogen for han såg nokre fiskar der, men dei ville ikkje
bite sjølv om han kasta rett i vaka. Ej fikk ein liten fisk på 5-600g
når Inge var på vei bort på Bogen, denne tok veldig langt ute. Etter at
sola gikk ned vart det kaldt og heilt dødt, så vi pakka sammen og kjørte
til Sæbø. |
04.03 |
Vi tok laust over
eidet igjen i 14-tida. I det vi gjorde oss klar hoppa ein fisk på minst
5kg midt på stranda, her hoppa også fleire mindre fiskar utover ettermiddagen,
men dei ville ikkje bite. Generelt var det mykje mindre fisk å sjå i dag
enn i går, til tross for varmare vær og gode forhold. Når det begynte å
skymes fiska vi begge ved stanga, men fiskene vi hadde sett var vekk og
masse mort var på plass i staden. Etter dette pakka vi leikene og kjørte
heimover igjen. Vi snakka med dei
som bor ved stranda og dei hadde sett veldig lite fisk hoppe langs
stranda i år. |
17.03 |
Etter å ha sett
Hjelmeset'n vinne 5-mila i Kollen så kjørte ej og Inge innover til
Ørsta. Inge kjørte og dermed så greidde ej å gløyme støvlene, men ej
fikk låne armybootsa til Inge. Det var ganske mykje vind når vi kom inn
på badestranda, så vi satsa på sluken. Vi såg ein fisk hoppe før vi
begynte å kle oss om, og mens vi holdt på hoppa fleire. Når vi kom ned
og begynte så var det dødt, og sluken ej hadde starta med gikk rett i
botn, så ej bytta til ein brun sølvpilen sia vatnet var godt farga. Midt
i første kastet så hoppa det 2 fiskar midt mellom meg og Inge, så ej
sveiva inn og kasta i retning av den som var nærmest meg. Det nappa og
ej slo til, yes, ting virka litt rart og plutselig vart det heilt dødt,
så var den der igjen, men skjena no over imot Inge og noko var heilt
galt, og det stemte, for plutselig hang slukene våre i lufta og Inge
stod å gliste. Mens Inge løyste opp vasa så hoppa det fisk igjen, så
ej sveiva kjapt inn og kasta ut, det samme gjorde Inge, men bøylen slo
over og sluken hans enda midtfjords. Etter 2-3 kast så hogg det igjen
med meg, og no hadde ikkje Inge sluken i vatnet. Fisken rulla i
overflata og visste at det var rette sorten, fisken var hard og kjempa
godt, men berginga gikk greitt og fisken vart håva. Fisken var ca.1kg,
bra kraftig over ryggen, men var litt slunken i buken, så den fikk
friheten tilbake. Den hadde nok vore minst 1,3kg om den hadde vore i
godt hold. Vi såg fleire fiskar hoppe, men ikkje lenge etter måtte ej
rømme på land for ikkje å flø ute. Sindre Mo hadde også kledd på seg og
prøvde sluken nedanfor Meieriet. Han og Inge fortsatte eit kvarter til,
men dei fikk ikkje noko.
Vi kjørte ut på Sætre, men her var det dødt, Inge såg to flotte
fiskar hoppe lenger inne i fjøra, men rundt oss var det dødt. Det var
snø i lufta heile tida her ute, men det letta opp og vart havblikk når
vi pakka sammen. |
18.03 |
I nydelig vær, med
solskinn, havblikk og 7-8 grader, tok ej og Inge laust innover for å
prøve auren enno ein gong. Vi stoppa på Sætre og kikka, men her var
dødt, så vi kjørte inn på Meieriet. Her såg vi nokre fiskar, men det var
lenge til det var fiskbart, så vi kjørte ut på sørsida og fiska litt i
området innanfor Ørstaterminalen. Men her var det heilt dødt. Vi
kjørte derfor inn igjen til Meieriet og mens vi stod å venta, og hørte
på Kollenhopprenn, så var det oppe ganske mange fisker, men etter kvart
skya det over og aktiviteten stilna av. Etter første hopp-omgangen
kledde vi oss om og gikk for å prøve, men no slo været om og før vi var
komne på plass så var det sluk som passa best. Ej prøvde litt med agn,
men når ej fikk ei flyndre og rekte kroken, så gikk ej opp igjen for å
kle på meg meir, og legge om til sluk. Det var ei snøbyge på vei, men
Sindre Mo og ein kar til gikk ned for å prøve, mens ej og Inge tok ein
kaffi. Etter at byga var over gikk vi ned igjen, men det var ikkje lenge
før neste byge kom, men med meir kle så gikk det bra. Etter ei stund
beit det på med Inge når han skulle løfte sluken ut av vatnet. Fisken
raste ut 15-20m og kjempa friskt, når den kom inn på grunna hoppa den
4-5 ganger og nekta å gi seg, men til slutt slakna den og Inge kunne dra
den fram på land. Då løysna kroken, men etter litt fingring så fikk Inge
tak i fisken. Fisken var smellfeit og knappe 1,5kg, men Inge satte
fisken ut igjen. Etter dette vart været berre verre å verre og når ikkje
fisken heller var samarbeidsvillig så holdt vi ut til klokka var 17, så
gav vi oss. |
24.03 |
For innover til
Ørsta på 18.30-ferja sammen med Inge for å prøve kveldsfjøra, det var
lett overskya, men det klarna opp etter kvart. Temperaturen var fin, men
falt raskt når det skymast, det kom også ein liten trekk ned dalen
utover kvelden. Vi såg nokre fiskar hoppe og nokre ploge, alt ifrå
stanga og mot bogen. Allereie ifrå vi begynte fikk vi mort, pale og
torsk, men auren glimra med sitt fråvær. Klokka 21.30 gav vi oss og
kjørte over til Sæbø, her var det ganske mykje folk på campingen, så lys
og varme var på, og det passa bra så fikk vi med siste del av
landskampen, uten at det var så mykje å sjå, 1-2 tap for Bosnia. |
25.03 |
Vi var oppe igjen
kl.06.30, ny tid, og var komne over fjellet til Ørsta før klokka var 08.00. Det
var stort sett havblikk og nydelig flott, etter kvart stod sola opp på ein skyfri
himmel og då vart det rett så behagelig. Vi såg ein fisk vake før vi
starta, så var der noko digert oppe og rota to ganger rett utanfor Rema,
eine gongen inne i kanten, neste gang lenger ute, men kva dette var veit
vi ikkje, men var det blankfisk så var den diger. Ellers var veldig
dødt, vi såg ikkje fisk til tross for flotte forhold. 10.30 gav vi oss
og kjørte ut på nordsida av fjorden, men det var like dødt her, så vi
berre pakka sammen og reiste heim. |
01.04 |
Hadde ut vogna
allereie i går, sia været har vore flott lenge så var det lite igjen av
snøen, og bra forhold. Av samme grunn vart det heller ikkje Smølatur då
fisken trekk vekk ifrå vågane ved langvarigt flott vær. Vi starta
innover imot Stryn noko over kl.18, slik at klokka var ca.19 når vi
først prøvde badestranda i Stryn. Men her var det heilt dødt, så vi
fortsatte raskt videre innover til Loen mens vi holdt øye med den blanke
fjorden. Det var dødt heilt til vi kom til sørsida av Loen, her såg vi
noko og slakka ned, men dette var berre nokre fugler, men i det vi
begynte å sige igjen hoppa ein fisk litt lenger ute. Vi stoppa å prøvde
i det området, rett utanfor ytre elvegrense. Vi såg fleire fiskar som
var opp i og vifta med finnene, men etter kvart stilna det av og det såg
ut som om fisken seig utover, så vi flytta etter til neset før tunnelen.
Her fikk eg ei hyse, men etter første overfaringa så kom ein oter
svømmende unna straumen, og då forstod vi kvifor det var så dødt her. Vi
satte oss igjen i bilen for å flytte gjennom tunnelen, men også her låg
ein oter og leika i vannkanten, så det var berre å fortsette. Såg ikkje
fisk langs fjorden så vi kjørte rundt og stoppa på brygga på vestsida.
Her såg vi eit par fiskar lenger inne, men vi ville ikkje nærmere osen,
og det var blitt mørkt, så vi fiska derfor ifrå brygga. Vi såg nokre
fiskar som rota langt bortpå, men generelt var det veldig dødt. Når vi
var begynt å diskutere om vi skulle slutte av såg vi noko like utanfor
brygga, så vi tok eit par drag til med duppen, men no var alt dødt. Vi
var no på nippet til å slutte av når det plutselig dukka opp ein plog
rett utanfor oss, plutselig snudde ein av fiskane og skremte sikkert dei
andre for det vart eit par skikkelige grøvlar etter nokre gigantfiskar,
akkurat idet duppen til Inge var på vei utover. Dessverre seig fiskane
no unna og forsvant rett over fjorden. Ej prøvde eit drag til før ein
frisk trekk kom og ej trekt inn i bilen, mens Inge gikk innover til eit
naust der han var i ly. Han var bort i fisk eit par gangar, men med så
mykje vind som det vart så var det vanskelig, så når klokka var blitt
22.45 så pakka også Inge sammen. |
02.04 |
Været hadde slått
om, og gradestokken viste 4°C. snøbygene hang i fjella og ein iskald
vind bles inn fjorden. Men det stopper ikkje barske karer, så kl.16 tok
vi laust, med motsatt rute ifrå i går som mål. Vi starta i Olden, med
sluk litt ute på vestsida. Vi hadde etter ein del mindre kreder, og eit
par tok også, men heldigvis slapp dei før ej trengte ta i dei. Vi flytta
så til grunna ved tunnelen, her bles det enno friskere. Duppene duppa
fint i bårene, men det hjalp ikkje nevneverdig. Inge fikk ei lita, mens
ej såg ei hoppe, det var alt. Vi flytta så lenger inn i håp om litt meir
livd, og det var roligare, men så var vindkasta til gjengjeld hardere.
Ej hadde eit napp, men det vart aldri skikkelig fast, så ej veit ikkje
kva det var. På slutten klarna det opp, men enno hang nokre lette byger
i fjella. |
04.04 |
Fiska Osvika på
Nordfjordeid ifrå 17-20 med sluk. Vi såg ei våde med det samme vi kom
ned, der var fleire fisker, og blant anna minst ein stor. Inge var først
nede og kasta i retning av våda, men det var rolig. I det ej også
begynte var han bort i ein fisk, men den vart ikkje fast. Etter ei stund
var det oppe fisk igjen, mellom oss. Ej kasta like forbi og sveiva,
bang, men igjen vart det resultatlaust. Så fiska vi oss utover, Inge var
heilt ut på ytterste bukta, mens ej snudde litt lenger inne. Han var
bort i noko, men veit ikkje kva. Når vi var komne inn igjen til bilen
satte vi oss ned og prata litt, før vi avslutta med nokre få kast, og no
fikk Inge endelig fisk, men auren var berre ca.20cm. |
07.04 |
Var tidlig på dag
ned å kikka på bruene, men som bildet viser så var det langt ifrå ideele
forhold for lakseoppgang, og derfor har vi heller ikkje gått noko langs
elva og kikka. Men vi måtte sjølvsagt sjå etter første, og her ser du
Inge vasse seg i snøen bort på brua for å inspisere. Kommentaren når ej
kom bort å spurte om han såg noko var, "Her e berre masse vatn, i fast
og flytande form, men ingen fisk." Ej målte temperaturen på elva, rett nok før det begynte
å snø, og då var temperaturen 4,8°C, og med fullmåne tidlig i uka så
gikk nok dei første på elva i løpet av påska.
Klokka 16 ville Atle ein tur for å lufte
ut siste rest av brennevinet ifrå kvelden før, så han tok med Asbjørn,
som hadde komt inn før på dagen, å sikta på Stryn. Ej og Inge hengde oss
på. Vi starta på badestranda i Stryn, det var litt trekk så alle satsa
på sluken. Ej hadde etter ein fisk nord for plattforma, men den snudde
når sluken kom inn i taren. Så slo Atle sluken inn i stanga si og knekte
denne, etter å ha snakka litt med han kasta ej ut igjen, og bang så sat
det på ein fisk. Den var ikkje så stor, men hoppa og rulla og kjempa
fint. Fisken var ca 30cm og var nettopp komen ut, den hadde ikkje skifta
drakt ifrå den fåprikka bleike elvedrakta til den mørkere sjødrakta.
Fisken vart satt tilbake, og ej fortsatte å fiske, men oppdaga plutselig
ein kobbe 100m ifrå land som låg å såg på oss, og då forstod vi kvifor
vi ikkje hadde sett så mykje aktivitet her verken i dag eller før.
Vi flytta så til Loen, Atle og Asbjørn stoppa ved oljedepotet å
prøvde, men kjente ikkje noko. Vi kjørte rundt bukta og prøvde ved
grunna og tunnelen, også her var det dødt. Atle og Asbjørn passerte oss
og stoppa på andre sida av tunnelen, her fikk Atle ein aure på 25cm på
andre kastet, ellers var det dødt. Ej og Inge kjørte inn til Olden, mens
Atle og Asbjørn snudde og ville prøve utanfor Stryn, men her var det
folk, så dei reiste ut igjen til Eid. Ej og Inge venta av ei snøbyge og
prøvde etter det sluken på brygga på vestsida, men det var ikkje noko å
sjå, så vi pakka sammen og starta på heimturen. |
30.04 |
Vi skulle inn til
Stryn for å booke meir kort til laksesesongen, men her var dei ikkje
kome i gang med salget enno, så vi kjørte for å fiske litt i staden.
Været var nydelig, så trua var ikkje på topp. Vi stoppa først ved
tankanlegget før Loen å prøvde litt, men det einaste vi såg her var ein
kobbe som kom svømmende
innover fjorden. Vi kjørte vidare å stoppa med jevne mellomrom for å
myse, men einaste plassen vi såg liv var like vest for Olden, men om
dette var berre mort veit ikkje vi, det var i alle fall mort som var opp
etter den første. Sia vi hadde lite tru og været var så nydelig så berre
fortsatte vi, og til slutt kom vi til Innvik og Utvik som var eldorado
for sjøaure, men umulig for ein sjøaurefiskar då det var godplassar
sammenhengende i milevis. Derfor stoppa vi ikkje, men fortsatte over
Utvikfjellet og nedover til Byrkjelo og Sandane. Her kjørte vi litt
rundt for å finne ut litt meir om korleis elva såg ut, og det var ei fin
elv å sjå til, bildet viser nedre del, ifrå brua og framover.
Så fortsatte vi ut fjorden til Anda der vi ferja over til Lote. Vi
hadde tatt med pølser og eingangsgrill, og Inge hadde ikkje fått utløp
for fiskelysta, så vi kjørte ut på nordsida av fjorden på Eid å kasta
litt sluk mens vi breste pølsene. Det var ei lita krede som følgde
sluken til Inge, men den tok ikkje. Hos meg var det berre ein pale som
prøvde seg, den tok, men gav ikkje det store kicket akkurat. |
Mai |
Første helga i mai
var været fortsatt flott, sjølv om temperaturen hadde gått noko ned, det
var konfirmasjoner heime, så ej var innafor aleine. Det vart ingen
fisketur, men ein tur til Stryn for å besøke Dag Johnny og Beate. Helga etter var det kaldere,
med snø i fjella, og på onsdagen før vakna vi faktisk til kvite marker,
men innafor hadde vore opplett så teltet hadde greitt seg bra. Denne
halga var vi ned på Alsaker og kikka etter årets første, men til tross
for at elva hadde gått ned ein del, så greidde vi ikkje å finne laks.
Inge hadde med saksa og klipte litt kvist her og der.
Så var det kort veke før vi samlast på Eid igjen 16.mai på kvelden.
Det var regntungt, men bra nok til at vi stoppa på brua både ej og Inge,
ej såg ikkje fisk, mens Inge såg 2 halvkilos krede som hoppa, ei
nedanfor brua og ei foran brua. 18.mai var vi ned å rydda i Myrahølen og
i Hildehola, været var bra når vi holdt på i Myrahølen, men når vi
starta i Hildehola så åpna alle sluser seg. Men vi holdt ut og fikk
fjerna skogen, sjølv om vi var veldig lange i armane når det nærma seg
slutten i 20-tida. Dagen etter var ej i Ålesund i familieselskap, mens
Inge og Atle var ei kveldstur på Grodås med fluga. Atle hadde på ein
fisk, men Inge ikkje kjente liv. På Eid regna det i eit sett heile denne
dagen, og søndagen var det samme, med masse regn, så utpå ettermiddagen
så gikk elva stor og brun. I Pinsa var det fullt hus hos alle, unntatt
Ole Jakob som var i Oslo. Fredagen var vi seine innover, men Inge stoppa
likevel på brua og såg ein liten fisk nedanfor Skipenesbrua. Laurdagen
vart det shopping, og når vi då kom fram igjen så begynte vi på øla.
Atle og Bente kom innover litt seinare. Vi hadde planer om pub, men Inge
fikk skallebank, været vart vått, så ej stakk opp på haugen. Like etter
kom Inger og Johnny og det vart seint. Søndag var vi ned og gikk ifrå
Åbrekk til brua, men ingen fisk å sjå. Fikk sett lite på bruene då det
var lite sol. Så for vi på Stokkenes å rydda litt i Svingen, før vi
kjørte opp igjen å laga middag. Petter kom ifrå barnedåp med Janne, mens
vi åt. Mandagen var været nydelig, det vart skrudd og smurt Ambassadur,
før vi for i elva å kikka på bruene. Så var det ball, før vi pakka
sammen og reiste heim for å ta siste 3 dagene før laksestarten. |
01.06 |
Eidselva Alsaker 00-14 |
Det har blitt sett ekstremt
lite fisk i elva i år, kun nokre få ganske langt nede. Heller ikkje i
dei sikre hølane Kastehølen og Hammarhølen har det blitt oppdaga fisk
før åpninga. Derfor er det veldig spennande å sjå om laksen har lurt oss
alle, eller om den er ekstra sein i år. Elva var i pinsa 7,5°C, ho rant
med 45-50 kubikk, slik at forholda skulle vere ideele. Siste dagane fram
imot åpninga var det flott og varmt vær noko som førte til at elva steig
til over 50 kubikk og at temperaturen steig til 9,5°C.
Klokka 23 var
vi på plass i bua ved Fåhølen for å få i gang bålet og for å skjenke
laksen ein cognac med håp om mange artige stunder. Vi starta med fluga,
men ingen hadde kontakt med fisk på natta. I lysninga starta vi med
makken, men der var ikkje noko meir å kjenne på den. Atle var ikkje i
form, så han kjørte fram igjen for å legge seg i halv 6 tida. Elva datt
litt og temperaturen falt til 8,6°C i løpet av natta, men utover
formiddagen steig ho igjen og temperaturen kom opp igjen til 9,5°C. I
10-tida gikk Inge ned på Fossekanten og etter ei god stund kasta han
makken foran grunna. Her var noko bortpå, Inge sumla litt, men fikk
straks inn eit skikkelig tilslag, og fisken hang. Ej og Asbjørn sat i
bua og fikk med oss tilslaget og ej var snart i fullt firsprang med
håven i handa. Når ej kom ned hadde Inge nettopp stoppa fisken i å gå på
feil side av steinen på fossen ved å gi full brems og låse spolen med
tommelene. No var fisken heilt bortunder land på andre sida, men kom i
alle fall framover.
Den seig fram imot Fåhølen, men stoppa på brekket og
seig tilbake og stilte seg opp utfor berget. Men etter ei kort stund
snudde den, la seg på straumen og seig utfor fossen. Inge slakka bremsen
og venta til fisken var komen ned, før vi gikk etter den. Når vi kom ned
fossen såg vi at fisken var kroka i sporden, ej sprang bort for å håve
den, men fisken seig unna og gikk til slutt under gangbrua og ned i
bakevja utanfor bua. Ej hjalp Inge forbi brua og like etter kunne ej
håve den nydelige 97cm lange laksen, som vog nøyaktig 10,0kg.
Ikkje lenge etter dukka Sunnmørsposten opp og foreviget Inge for sin
reportasje ifrå åpninga, som dei gjorde i fjor. Asbjørn pakka like etter
sammen for å mate og lufte hunden, mens vi andre fortsatte til klokka
var 14 før vi gav opp. |
02.06 |
Eidselva Stokkenes 02-14 |
Med så mykje vatn i elva så
vært det sagt at det er Stokkenes-elv, vi hadde derfor god tru når vi
troppa opp når klokka var 02.30. Vi starta i Myrahølen, og allereie på
første kastet så var det fisk bortpå, men utrulig nok så vart den ikkje
fast. Var etter kvart bort i fleire aurar, men fikk dei ikkje fast.
Petter fortsatte her, mens ej og Inge kjørte fram på fremste og starta
her. Ej tok Mastehølen mens Inge fiska Svingen, mens det var dødt. Etter
kaffi og båltending så fiska ej Svingen, mens Inge gikk ned i
Åbrekkhølen,og etter å ha fiska meg heile vegen til Moses så gikk også
ej nedover. Når ej kom ned så var dei på tur oppover, dei hadde ikkje
kjent fisk, og heller ikkje sett liv. Ej fiska meg ifrå Hildehola,
gjennom Åbrekk og nedover til andre steinen uten å kjenne noko som
helst. Criss kom ifrå Myrahølen og sammen gikk vi fram igjen til basen i
Svingen. Når vi kom hit så hang ein fin fisk etter sporden, det var
Petter som hadde vore på ferde.
Han hadde fiska Svingen med lettaste stanga, og sjølvsagt beit det då
på. Fisken hadde oppført seg fint, men før dei fikk kleppa den så hadde
den dekt det meste av hølen. Petter ville følge fisken nedover elva, men
Inge hadde kjørt Petter med hard hand og tvang han til å holde seg høgt
i hølen, noko som skulle vise seg å være det rette. Dei hadde fisken
raskt inne, men Inge var litt for brå i bevegelsene og fisken vart
skremt ut igjen. Etter ein halvtimes kamp var fisken igjen innunder
land, og denne gongen fikk Inge kleppen i den. Laksen var 93cm og vog
7,70kg.
Vi fiska intensivt heile formiddagen, men uten den store suksessen.
Det einaste var at ej var bort i ein fisk i Mastehølen, ej kjente den
var der å smakte og venta på at den skulle ta skikkelig, men den slapp
berre makken. Når ej fikk opp igjen kroken så var det berre filler igjen
av marken, så om ej hadde slått til så hadde det kanskje blitt.... Etter
kvart vart det veldig varmt, men vi holdt ut sjølv om Petter var veldig
godt fornøgd og helst ville sove i varmen. |
04.06 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Det var lite
kort å få åpningshelga, på Alsaker var gjengen ifrå Ørsta, Tor Aasen
miste 3 fisker, blant anna ein diger, og søndag formiddag fikk dei
einaste fisken på land, ein flott laks på 13,0kg. Ej var på plass
02.00 for å prøve fluga, men dette gav ikkje resultat. Når klokka var 03
så gikk ej på Fossekanten for å sjå om natta hadde satt igjen ein laks.
Fiska i 20 minutt uten å kjenne liv, men plutselig var der fisk bortpå
og nuppa. Den fikk tilslaget, og ej kunne konstatere at årets første var
kroka. Fisken stod rolig utfor neset og ej gav den plenty sidepress.
Etter 3-4 minutt seig den bakover og inn på bakevja, her virka den gåen
og hang nesten berre slapt i snøret i straumen innunder land. Ej
vurderte å klatre gjerde å håve den på berget, men tok ikkje sjansen.
Prøvde så å få den innover på bukta så ej kunne gå ned å kjøre den ifrå,
men fisken stod i straumen heilt innunder berget og sena hengde seg
berre fast i einene når ej prøvde å få den forbi.
Ej gikk igjen ned på
neset for igjen å vurdere håving her, men igjen vurderte ej det som for
farlig. Prøvde igjen inne på bukta, men igjen vart sena fast i einene,
men plutselig gjorde fisken ei vending og seig ut ifrå berget. Dermed
spratt sena forbi, og ej var kjapp å kome meg på innsida og å klatre
ned. Fisken var no spak og etter eit minutt til med kjøring så kom den
sigande med blanksida opp. Ej greidde få håven under, men når ej letta
håven så velta den seg unna. Vi slåss ei stund til, og fleire ganger var
den like ved, men den var seig og til slutt la den seg på straumen og
glei over kanten. Ej gav den slakke og fisken fikk fritt leide til å
komme seg ned fossen på egen hand. Ej stramma opp etter ei stund, men då
var den komen berre rett nedfor fossen, så ej gav den meir line for å
hindre å måtte under brua slik som Inge måtte. Neste gong ej stramma opp
var den rett foran fremste steinen under fossen og dermed var det berre
å holde stramt og gå etter fisken. Når ej kom ned til bua var fisken
klar for landing i bakevja, og etter eit lite minutt så glei den ned i
håven. Fisken var ikkje blant dei feitaste, men 89cm og 6,65kg var
ein fin fisk. Hadde god tru på at det skulle verte meir fisk sia det
var mange timer igjen, men samme kvar ej leitte så var ej ikkje i stand
til å finne fleire fiskar som var villige til å bite. |
05.06 |
Eidselva Stokkenes 02-14 |
Starta i lysninga med å fiske
Myrahølen, men etter berre nokre få kast så dukka Alfred Flåm opp og då
vart det meir prating og mindre fisking. Etter ei stund gikk ej fram og
fiska Åbrekkhølen og Hildehola, men alle plassar var det like dødt. Gikk
ned igjen når alle unntatt ein var komen fram igjen, men han satt
fortsatt å fiska, så ej tok bilen og kjørte fram på fremste. Fiska over
her, men det var stille og dødt. Etter kvart dukka også Alfred opp, og
etter litt fisking hang det brått på fisk ved Moses, men etter eit
minutts tid så slapp fisken makken hans. Sola steika no så hardt at ej
fiska kjapt over nokre plasser før ej satte kursen imot Myrahølen, men
her satt fortsatt samme karen så ej berre pakka sammen og gav meg. |
06.06 |
Eidselva Staten 02-14 |
Når ej vakna så hørte ej regndråper på taket, ikkje mange, men nok til å
gi god tru.
Starta klokka 02 med å fiske foran brua med fluge, men her var litt
djupt så det var vanskelig å fiske skikkelig. Fiska deretter Hesten med
fluga, og fikk min første fisk på den nye Sage'en, ein aure på 37-38cm
som var oppe for avlusing. Tok så makken og gikk fram på fremste. Her
var noko bortpå, men ej fikk det ikkje fast.
Kasta ut igjen
med åpen spole for å kunne gi slakke, men fisken begynte å plukke lenger
borte enn sist. Ej stussa på om dette var ein laks, og ikkje ein
aure, men uansett så vart det gitt litt slakke før tilslaget. Fast fisk!
Fisken var seig og hard, eg hadde den fram mange ganger, men den jaga
stadig unna elva og over på andre sida, men etter kvart overtok ej
kontrollen og fikk fisken inn på kortare line. Ej kom meg ned ifrå
brygga og fant ein fin plass å lande fisken, men fisken var enno ikkje
heilt slutt og eit par ganger var den nær å gå rundt beina på brygga,
men det gkk bra og til slutt kunne ej dra fisken fram på graset og taile
den langt opp på land. Fisken var 88cm og 7,13kg. Etter dette fiska ej
heilt til klokka 6 uten å kjenne liv, då var det ei dame som fikk ein
nedanfor brua på 6-6,5kg. Sola var no komen fram igjen og det var 15°C
på det kaldaste, så ej for fram igjen klokka 7 for å fryse fisken
og ein snartur på do, før ej snudde ned igjen og fortsatte fram til
kl.11. Seinare kom dei andre igjen, og jaggu fikk dama ein laks til på
4,8kg. Ej var heilt kokt og på felgen etter natta, så ej sovna på sofaen
straks ej var komen fram igjen. Og det skulle vise seg at ej brygga på
ein solid forkjølelse. |
08.06 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Ej og Sindre Refsnes starta kl.14 med å
fiske ein time før vi for fram og laga middag til Inge og Petter. Inge
kunne melde om 28,5°C når han kom, og sammen med ei steikande sol så
hadde vi det ikkje så travelt. Men klokka
19 kom vi oss avgarde, men i det ej var komen midt ned på Bjørlo så døde
Audien hen, og ej og Petter stod landtroll, men Inge var straks på plass
å slepte oss fram igjen og tok oss inn i kulden i nye-Passaten. Vi hadde
god tru, men samme kvar vi leitte så var det ikkje fisk å kjenne. Ej hadde
blitt kraftig forkjøla så etter ein fiskelaus kveld så vart ej med Atle fram
igjen klokka 23 for å drikke litt medisin, mens dei andre vart igjen. |
09.06 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
På mørkaste var Petter i Bruce
med lettestanga, og plutselig heilt innunder land, hang det på ein fisk. Fisken
var ikkje for stor, og oppførte seg fint, så Petter hadde få problem med
å berge fisken. Laksen var Petters første mellomlaks i elva, og vekta
visste 3,65kg.
Vi kom ned igjen klokka halv 5, og starta med å grille pølser og
fersk bålkaffi. Ej fiska Fossekanten og nedover til Svadet, men då vart
ej så dårlig at ej returnerte til basen. Det vart lite fisking utover
morgenen på meg, kun nokre korte turer på fossen. Etter kvart lettna
skydekket som hadde komt i løpet av natta, så vi rekna med at sola snart
steikte, så vi for fram igjen på vogna i 9-tida. Ikkje lenge etter var
Petter på Fossekanten med lettestanga igjen, og igjen beit det fisk på.
Fisken var mykje større enn den første ±10kg. Han kjørte fisken i ca 10
minutt, fisken stod både nede i djupet og den var inn på bakevja. Karane
hadde bestemt seg for å prøve å få fisken fram på framsida av berget og
lande den der, og dei hadde den nesten inn for klepping ein gong, men
den raste ut igjen og til slutt sleit den av i knuten på kroken og
dermed så var den fri. Dei holdt på litt til, men kjende ikkje meir
sjølv om skydekket tjukna litt til igjen. |
09.06 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Ej og Atle var å fiska ifrå
15.30 til 17, mens dei andre sov, men det var ingen ting å kjenne eller
sjå. Så reiste vi fram igjen og grilla laksen til Petter, og når klokka
var 21 reiste
vi i elva igjen. Etter ei stund var Inge i kontakt med fisk på Fossen,
han såg den skaut fram og la blanksida til, men beit gjorde den ikkje.
Når han kom fram igjen, så gikk ej ned for å sjå om ej kunne lure den.
Fiska lenge, og til slutt var noko bortpå, men truleg var det berre
blyet som dunka borti ein fisk, som etterpå gikk til værs. Fiska litt
til, og igjen skjedde det samme. Var bort i enno ein fisk på samme
måten, men denne gikk ikkje til værs. Vi prøvde alt, men fiskane ville
ikkje åpne kjeften. Det klarna opp utover kvelden, og sia det då kom til
å verte kaldt og det at forma fortsatt ikkje var på topp, så pakka ej og
Atle sammen klokka halv 1 og kjørte fram
igjen. |
10.06 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
På natta fiska Inge og Petter
seg heile veien ifrå Bruce til Clearing, og i framkant på Clearing så
beit det endelig med Inge. Det låg eit tre delvis ute i elva like
nedanfor og for å unngå at fisken rota seg inn i dette så måtte Inge
kjøre fisken hardt. Fisken var 6-8kg og Inge hadde bra kontroll, men
fisken la seg på og ville unna, og når Inge prøvde holde igjen så løysna
kroken. På morgenen starta vi klokka
5, det var Atle som var dårligast denne morgenen, ej var i overraskende
fin form etter ei god natts søvn. Ej fiska fremste delen og fossen, men
kjente ingenting, men makken forsvant eit par gonger på Sanden. Det vart
etter kvart hard sol, så vi pakka sammen når klokka var vel 9. |
12.06 |
Eidselva Stokkenes 02-14 |
Søndag kveld sat
ej på med Petter heim, fikk låne bil med Idar så ej kom meg på jobb og
så kom Pappa og henta meg ut i Sandvika i selskap til Dina. Pappa ville
være med innover, så ej fikk kort til han også på Stokkenes. Vi starta i
Myrahølen i halv 4-tida, og kunne straks konstatere at det stod mykje
småaure innunder land. Etter ei stund såg pappa ein fisk hoppe i hølen
nedanfor, og eit par minutt etterpå så beit det skikkelig med meg. Ej
slo til og fisken hang, og etter ein udramatisk og ikkje for lang kamp
så kunne ej håve ein flott aure på 2,18kg. Vi fortsatte å fiske og
plutselig hogg det med pappa, men han miste balansen og vakla bakover og
dundra i bakken. Ej sprang opp og tok stanga, men fisken var allereie
vekk. Ej var bort i ein fisk til litt seinare, men denne fikk ej ikkje
fast. Vi flytta fram til Åbrekk og fiska der og i Hildehola, men det
var ingen ting som ville bite. Målte temperaturen til 10°C i elva og
11,5°C i lufta, det var stort sett skya, men med enkelte mindre hull i
skydekket. Det var skodde i fjellet og sur nordvest vind. Gikk framover
og fiska over der. Vi fikk og var bort i nokre mindre aurar i Svingen og
Frisørhola, men ingen større. Ej fiska Mastehølen eit par gongar, men
det var like dødt her. Pappa ville i Myrahølen, så vi gikk høgda
nedover, og ej sende han direkte ned dit, mens ej gikk via Åbrekk for å
hente flugestanga og fiskeveska. Samtidig ville ej fiske over her. Gikk
fram i Hildehola og på første kastet var noko bortpå å plukka, ej gikk
eit par skritt nedover for å gi slakke før ej slo til. Snøret stramma
seg opp, men hadde problem med å få kontakt fordi fisken gikk framover
og ej hadde ei stor snørebukt, men etter kvart fikk ej stramma opp.
Fisken visste seg raskt å være ein laks, og for kvart utras så jobba vi
oss nedover. Fisken stoppa fleire gongar opp og stod rolig like innunder
land, men til slutt var vi komne ned i Åbekk og ej fant ein fin plass å
lande like nedanfor prydbuska. Men fisken var seig og var ikkje enkel å
få inn på baren. Den gjorde mange utras og etter kvart arbeidde den seg
nedover. Ej rygga den framover like mange ganger, men ej fikk den aldri
heilt fram til landingsplassen min igjen. Til slutt gikk utrasa ned om
Spiontreet, men no var fisken etter kvart slakk og når ej taua den fram
igjen så bikka den fleire gonger over på sida og sklei inn på grunna,
men kvar gong svinga den seg ut igjen. Men ej forstod at no var tida
komen, så ej sveiva meg inn på kort line og taua fisken fram på grusen
heilt nedunder trea. Fisken var ferdig og ej kunne gå ned å løfte den
inn på sikker grunn. Fisken var ein feit og fin hannlaks med krok på
95cm og 8,0kg.
Fiska over Hildehola og Åbrekk før ej gikk fram i bilen og kjørte ned
i Myrahølen for å prøve der sammen med pappa. Han hadde ikkje kjent noko,
og ikkje kjende vi meir heller. |
13.06 |
Eidselva Staten 02-14 |
Neste natt
fiska vi Staten, vi starta klokka 3 med sluddbyger i fjellsidene og
kvite fjelltopper, lufta var no berre 4°C og vatnet hadde falt til
6,3°C. Det var skya, men med hull som sola av og til slapp igjennom. Vi
fiska over fremste delen først, både med fluge og makk, men alt var
dødt. Vi såg heller ikkje fisk nedanfor brua. Ej ville fiske meg
nedover, mens pappa vart igjen og fiska framme. Ej fiska renna, men der
var det dødt, så flytta ej ned om holmen og fiska hola i enden av den
skrå steinrekka. Her satte ej fast eit par gongar, noko som enda med ein
liten skade på sena. Ej vurderte om skaden var så stor at ej måtte
skifte fortom, men sia ej stod til livet i vatn og at strekket nedover
aldri har gitt fisk, så ville ej vente til Malakoff før ej bytte den. Og
sjølvsagt, etter kun eit par kast så hogg det på fisk. Ej tenkte ej
måtte være forsiktig, og det gikk bra lenge, men etter eit par minutt så
gikk fisken berserk, og sjølv om ej slakka bremsa så var ej skjeptisk
til om det ville holde. Men etter kvart roa fisken seg litt og ej kunne
begynne å sjå etter landingsplass. Hadde tru på veien like foran
Malakoff, men her var for hard straum innunder land og nesten inga
bakevje, så sjølv med mange forsøk så gikk det ikkje. No var gode råd
dyre, og ej lurte ei stund på kvar ej kunne få den på land, men det enda
med at ej måtte kjøre fisken heilt tom, og ved å lage ei bakevje
nedanfor meg, så fikk ej fisken opp i plan og kunne skli den inn i
håven. Fiska over strekket og Malakoff før ej gikk fram igjen.
Litt
seinare kjørte vi ned i Malakoff og fiska derifrå og ned til neset, her
var ej bort i ein fisk langt bakpå, men den lurte meg. Pappa fikk prøve
nokre kast, men fikk den ikkje til å ta. Så sleit han og ej prøvde
igjen, og igjen var fisken bortpå. Ej gav slakke og slo til, fisken vart
fast og etter ein kort kamp kunne pappa håve fisken til meg. Trudde det
var ein aure, men når vi fikk den på land så visste det seg å være ein
liten pjakk. Pappa fiska litt til her, mens ej gikk opp på høgda og
kikka etter fisk. Han kjente ikkje noko, men ej såg ein laks som kom
sigande framover. Sprang fram og fiska over brekket når den kom, men
kjente ikkje noko meir. Vi kjørte innom Vest Auto på veien og såg til
bilen, før vi fortsatte å fiske litt framme. Men alt var dødt, så vi gav
oss raskt. Laksen vog 4,0kg, mens pjakken var 1,07kg.
|
15.06 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Ej starta med å fiske ifrå
Fossekanten og ned til Bruce når klokka var 14, så for ej fram og laga
middag til Inge kom innover. Vi for nedover i elva i 19-tida, ej gikk
framover, mens Inge starta på Fossekanten. Her oppdaga han at makken
gikk feil, så han hengde på meir bly, og på første kastet nappa det.
Fisken var ikkje så veldig stor, 3-4kg, den stilte seg opp og stod lenge
langt borte, men etter kvart fikk Inge den over elva og inn på bakevja.
Han hoppa ned og kjørte fisken ferdig herifrå, men når han skulle dra
den fram på berget så løysna kroken og fisken var fri. Vi fiska vidare
heile kvelden, men ingen av oss var bort i noko meir, vi gav oss 00.30. |
16.06 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Vi var tilbake i elva kl.06. Ej
starta på Fossekanten og fiska meg nedover, men gikk fram igjen når ej
sleit heile tacklet på Svadet fordi det var ein så kald vind. Fiska så
Fåhølen når Inge kom ned igjen, var bort i ein fisk her, men kun ein
gong. Inge hadde
starta framme på Øyrane, her hadde han fått ein aure på bortsida, denne
vog 0,96kg. Så hadde han gått ned å fiska innløpet og nede i hola på
Sanden. Ein av gangane tok straumen tacklet og drog det inn i bakevja og
la det på botnen. Inge sveiva inn og plutselig hang det fisk i andre
enden. Fisken vart ståande i hola og stange, Inge trudde dette var den
store, for han såg ikkje fisken, og den kjentes veldig tung ut. Inge tok
inn ein meter, og fisken tok den igjen. Fisken var ein liten tur fram i
innløpet, men ville ikkje begynne å gå, kun stå i djupet å stange. Den
la seg fleire ganger inn i kanten, og Inge måtte fram å løyse sena
fleire ganger, men til slutt gav den seg, og Inge kunne dra fisken fram
på grusen. Laksen var 92cm og vog 7,2kg. Vi fiska utover morgenen,
heilt ned til grensa, men vi var ikkje bort i noko meir. Det dukka opp
meir fiskare utover morgenen, men dei gav seg før vi gav oss når klokka
var 11. |
16.06 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Vi var tilbake i elva når
klokka var 18, no var Petter komen innover, å ej og han fiska Alsaker,
mens Inge fiska Staten. Vi gikk over heile sona, sammen med
Ørsta-gjengen, men ingen var i kontakt med ein einaste skikkelig fisk.
Ej såg 2 fiskar som stod i hola på Sanden, men dei ville ikkje ha
hverken makk eller fluge. Ej gav meg 00.30 og kjørte fram igjen for å
sove, mens Petter då kjørte ned for å gjere seg klar til Stokkenes på
morgenen. Inge var ned på nederste brua før han for opp igjen, og her
kokte heile osen, ovanpå og nedanfor brua med småaure. |
17.06 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Var tilbake i elva litt for 06,
snakka med Petter for å få status på Stokkenes, og det var enkelt, dødt.
Ørstagjengen hadde heller ikkje kjent noko i nattens løp. Vi fiska til
klokka var 10 då alle gav seg. På nederste brua såg vi ein stim på 25
fisker på mellom 4 og 10kg, mest aure, men dei største var laks. På
fremste brua stod også fisk. |
18.06 |
Eidselva Staten 02-14 |
Utover dagen samla det seg
tunge skyer, og ved midnatt kom litt regn, men når ej starta klokka 02
så var det i ferd med å klarne opp. Ej starta med fluga heilt framme,
når ej var komen nesten ned, så hoppa ein fisk ved sia av meg. Så fiska
ej Hesten og foran brua. I det ej var på vei på land, så hoppa det ein
fisk på flata foran brua. Det var tydelig at fisken heller ikkje i dag
var på hugget. Ej tok makken og fiska heile sona til endes uten at ej
kan sei at ej var i skikkelig fisk. Når ej kom fram igjen så stod det
3-4 fisker nedanfor brua, blant anna ein laks på 15+kg. Ej prøvde alt,
Kleppesluk, makk med og uten kuler, og til slutt ein diger raud Gulp med
3 oransje perler og makk, men dette berre skremde fiskene så dei gikk.
Fiska over framme for å sjå om ej kunne finne dei igjen, men det var
dødt, så ej gav meg. |
21.06 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Siste dagane har det gått mykje
stor fisk, men det er ikkje tatt fisk. No var det spådd værforandring
til onsdag, så ej tenkte at torsdag morgen måtte verte bra då, og
bestilte på Bjørlo. Men onsdag vart endringa utsatt og torsdag morgen
var det tindrende klart når ej kl.01 gjorde meg klar ved
dynamittlageret. Ej møtte Rune når ej kom ned, han hadde fått ein aure
på 2,5-3kg og kunne berette om mykje aktivitet av både laks og aure. Ej
starta med fluga gjennom heile Kastehølen, såg ein aure hoppe i utløpet,
men kjende ikkje noko. Fiska den så med makk, var bort i noko bak i
bakken, men fikk det ikkje fast. Fiska så Utfallebakkane med fluge, men
også her var det dødt. Gikk så fram og fiska heile Svarthølen, men
kjende ikkje liv. Fiska så over Kastehølen med makk, uten resultat og
fortsatte nedover Utfallebakkane. Ganske langt framme var det fisk og
plukka, og ej slo til. Fast fisk! Fisken oppførte seg fint og vart håva
etter ein forholdsvis kort kamp. Auren vog fine 2,22kg. Ej fiska vidare nedover
Utfallebakkane og i Granhølen, men kjende ikkje meir. prøvde igjen fluga
i Kastehølen, og no var det bortpå noko heilt bakpå utløpet, men det
vart ikkje fast. Litt etter var det tid for Svarthølen igjen,
fiska ikkje innløpet denne gongen, men starta direkte bak steinen. Her
plukka det allereie på eit av dei første kasta, og ej slo til. Fast
fisk! Med grovaste stanga og Ambassadure så hadde ikkje fisken så mykje
å stille med, og vart etter 3-4 minutt dratt fram på grusen. Laksen
hadde stått ei stund i elva og var begynt å få farge. Den vog 6,6kg
Fortsatte å fiske utover til klokka var nesten 11, men etter at
laksen var landa noko over 07 så steikte sola slik at det ikkje var noko
å kjenne eller sjå.. |
22.06 |
Eidselva Moen 02-14 |
Ej og Bjørn hadde tru på at vi
skulle bli dei første som fikk laks på Moen, sia været no endelig hadde
snudd. Vi var på plass når klokka var 02, og ej starta med fluga. Men
det var ikkje liv å kjenne. I lysninga tjukna det til med regn, men vi
rekna det gav seg, og etter ei stund så gjorde det det. Då gikk ej fram
i fremste og fiska,
men regnet
kom igjen og ej sprang ned igjen. Sia det ikkje gav seg, så fant vi ut
at vi måtte opp i bilen å hente betre jakker. Ej tok med stanga fram så
ej kunne fiske ferdig der framme. Når ej kom ned igjen ifrå bilen så
berga akkurat Criss Beitveit ein flott aure på 3-4kg på Nordnes. No åpna
alle sluser seg og regnet hølja ned i ein time, men verken under eller
etter regnet ville noko bite med oss. Dette til tross for lakseskodde og
drømmeforhold. |
22.06 |
Eidselva Stokkenes
14-02 |
Ej og Inge fiska Stokkenes
nokre timar på kvelden.
Ej starta i
Myrahølen, mens Inge gikk i Åbrekkhølen. Ej kjende ikkje noko, men etter
kvar kom ei tung sky så det mørkna skikkelig til. Ej tenkte det var
tryggast å søke ly når første dråpane kom, men sia ej var eit stykke
unna buda i Hildehola så rakk ej ikkje i hus før det hadde dratt på
litt. Men Inge hadde sett fisk, og prøvde skjule seg under trea.
Dessverre så åpna alle sluser seg, og Inge fikk skikkelig bløyta. Når
byga gav seg starta ej i Hildehola, mens Inge gikk ned i Åbrekk for å
prøve etter fiskane han såg før regnet. Mens ej fiska Hildehola kom ein
bergenser og gikk baren nedover heile veien til Åbrekk, så ej fiska kun
heilt framme i kilen sia all fisk ellers var skremt av bergenseren. I
Åbrekk stod ein aure inne på grunna, denne verka sjuk, og lot seg enkelt
håve. Fisken vog 4,12kg og fisken vart levert Næringsmiddeltilsynet
etter at skjelprøve var tatt. Fiska over resten av sona, men vi kjende
ikkje så mykje meir. |
23.06 |
Eidselva Staten 02-14 |
Vi var fram
igjen å tok skjellprøve og fraus auren før vi for på Staten. Her var alt
to mann, så ej gikk heilt fram, mens Inge gikk ned i Malakoff. Etter
berre nokre få kast beit det med han, og han fikk ein stri tørn med å
kjøre ein gal laks på 6,34kg. Men han berga fisken og kom stolt fram
igjen. Vi fiska nesten heile resten av kortet, med einaste resultat at
ej snudde på ein aure nedanfor brua, der det forresten stod masse fisk. |
24.06 |
Lærdal Midt-Lysne 18-24 |
Mens vi andre brukte jonsokafta
til i drikke øl og ete chili-crab, så tok Bjørn det med ro og fiska
nattkortet på Bjørlo. Han fiska området Svarthølen til
Reitehølen mellom klokka 04 og 09. I ca 7-tida fikk han ein laks på 5,6kg i Kastehølen. Laksen tok midt bak i, rett foran grunna og fisken hadde stått ei
stund i elva. Han kjende ikkje noko meir, og såg heller ikkje fisk som
var opp i og visste seg. Vi andre pakka sammen pikkpakket vårt og kjørte nedover
til Lærdal, det var bra vær, men med enkelte regnbyger. Men når vi kom
gjennom tunnelen så vart vi møtt av ei flomstor elv. Vi fant
kortselgaren og vart vist rundt på Midt-Lysne. Det var lite å sjå sia
elva var meir som brote hav, men vi fikk i alle fall fortalt kva som
ville dukke opp om elva gikk ned igjen.
Vi fikk tømt
bilane og installert oss i brakkeriggen som var av grei standard, og så
gjorde oss klare til å prøve om det var mulig å fiske med fluge på denne
vannstanden. Vi fant nokre få plasser å fiske, men det var veldig
begrensa, for elva var veldig rask og vading vanskelig, og det var
heller ikkje å anbefale. Ingen kjente fisk, så vi gav oss tidelig og
håpte på at vannstand var noko lavare på morgenen. |
25.06 |
Lærdal Midt-Lysne 00-14 |
Vi sov lenge og var ikkje klare
i elva før klokka var fram imot 09. Elva hadde gått ned ca.10cm, og var
raskt minkande. Dei plassane vi fant i går viste betre i dag, og det
dukka opp nye plasser etter kvart som elva datt utover morgenen. Og
etter kvart steig også trua på at det skulle bli fiskande på sona før vi
reiste heim. Ingen kjende noko. |
25.06 |
Lærdal Midt-Lysne 18-24 |
Etter eit skuffande besøk på
vill-lakssenteret, der alt dei hadde å vise fram var 4 vinterstøingar,
ein oppdrettslaks og ein mindre aure, så for vi fram igjen og gjorde oss
klar til nye bravader. Her hadde elva minka enno ein del, så no var den
nok ned totalt framunder 30cm, men fortsatt var det alt for lite, men i
alle fall var det blitt betre å komme til dei fleste plassane. Andre
fikk ei lita krede, ellers var det ingen som kjente noko. Men elva hadde
stoppa opp, og det virka nesten som ho vaks ein cm eller to. |
26.06 |
Lærdal Midt-Lysne 00-14 |
Elva hadde minka kun eit par cm
til i løpet av natta, så forholda var ganske uendra ifrå i går kveld.
Asbjørn måtte heim i begravelse i dag, så han holdt på å pakke sammen
når vi andre holdt på å gjere oss klare noko før kl.8. Ej sa at han kom
til å få melding før han kom ut av tunnelen om at nokon hadde fått fisk,
for det kom til å løysne no når vi fikk trollgubben ut av elva.
Ej starta heilt
framme og fiska der og strengen, så tenkte ej å stikke innom hytta og
seie god tur, men når ej kom opp på veien så kjørte Asbjørn nede ved
hengebrua. Ej gikk nedover og såg at det ikkje var folk i
Midt-Lysnehølen, så ej gikk ned dit. Her starta ej framme og fiska
nedover med stadig lenger snøre. Når ej hadde fått ut snøret og ca. 10
meter skyteline, så var der noko som holdt igjen Sunray Shadow'en. Ej
løfte stanga og såg ein fisk velte seg i straumkanten. Fisken oppførte
seg rolig og før Inge hadde rukket å krysse brua og komme ned til meg,
så var fisken komen på land. I det ej bøyde meg ned, med press på
fisken, for å løfte fisken inn på tørt land, så knakk toppen på den
grønne Loop-stanga. Fisken viste seg å være ein gris av ein oppdrettar,
93cm lang og 9,8kg tung.
Elva datt fort, og vi fortsatte utover til klokka var 13.45 uten at
nokon kjente noko meir. Atle og Andre trudde kanskje dei såg ein fisk
til i samme hølen, men dei var ikkje sikre. |
26.06 |
Lærdal Midt-Lysne 18-24 |
Vi grilla eine sida av
oppdrettaren til middag og etter det starta jakta på meir fisk. Vi tråla
sona opp og ned heile kvelden, til klokka var over 23, men det var ingen
som var i kontakt med fisk. Andre prøvde faktisk også enhånds etter
nokre mindre aurar han hadde sett, men alt han fikk var ein yngel. |
27.06 |
Lærdal Midt-Lysne 00-14 |
Fortsatt var været flott, men
det hjalp lite, elva hadde stått rolig gjennom natta. Vi fiska over
heile sona, men bortsett ifrå at Inge hadde eit dunk i Axel og ej eit
lite drag på bortsida i svingen, så var det dødt. Atle og Andre kjende
ikkje noko. Ej gikk strekket ned til grensa på nordsida, og gjorde meg
kjend før ej gikk over og fiska mid-Lysne og Axel, men ej kjende ikkje
noko. |
27.06 |
Lærdal Midt-Lysne 18-24 |
På kvelden fiska vi lite sia
det hadde friska på med meir vind, men vi var over heile sona, utan at
det hjalp noko som helst. Ej fiska ifrå toppen og ned til svingen, så
gav ej meg. Elva hadde stått i ro sia midt på dagen. Inge var bort i ein
mindre fisk i mid-Lysne, ellers dødt. |
28.06 |
Lærdal Midt-Lysne 00-14 |
Dei andre hadde pakka sammen så
berre ej og Inge fiska over sona på morgenen. Elva hadde gått opp eit
par cm i løpet av kvelden og natta, uten at det hjalp, for vi fiska over
stort sett heile sona, uten at vi kjende noko. Etter det var det
"desimfiksering" før vi starta på heimturen. Som bildet viser
hadde elva gått ned ein del på dei dagane vi hadde vore der, men ho
burde gått ned det dobbelte før sona var på sitt finaste og mest
fiskbare. |
29.06 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Det var tunge skyer og ganske
mørkt, så vi starta med fluga. Ej såg ein fisk hoppe på Sanden, men den
ville ikkje ta, verken på fluge eller etterpå med makk. Sindre starta i
Fåhølen og på Fossekanten, og på Fossekanten beit det.
Fisken holdt seg
i hølen og vart kjørt hardt. Midt i kampen kom Inge forbi og når fisken
gikk fast lina i ein stein foran berget så hjalp Inge til med å løyse.
Fisken var no nesten ferdig, men den la seg på straumen og kom seg ned
fossen, men med Inge på plass så vart fisken håva i første bakevja under
fossen. Fisken ein flott laks på 96cm og 8,9kg var faktisk så stor at
også Sindre kom inn på 10-på-topp lista med sin rekordlaks. Vi fiska
utover heile morgenen, men det var veldig dødt. Inge såg ein fisk komme
opp ved nederste steinen nedanfor fossen, men den ville ikkje ta,
bortsett ifrå at den pirka såvidt borti ein gong. I 10-tida såg Sindre
ein fisk hoppe, og ein fisk blenke fram på Sanden, men to karer på
Bjørlo skremde den siste ved å gå heilt ute på bredda. |
30.06 |
Eidselva Nordnes 02-14 |
Ej ville prøve langt framme,
mens Inge fiska Bjørlo, Petter og Sindre fiska Alsaker. Ej var bort i
ein fisk uti hølen, men alt ej sat igjen med var ein ribba krok. Dei
andre hadde heller ikkje den store uttellinga på dei andre sonene, Inge
var bort i ein fisk på Utfallebakkene, mens dei andre ikkje hadde sikker
kontakt. |
02.06 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Inge fortsatte å fiske kvelden
30.06
på Bjørlo, og han fikk has på fisken han var bort i før på dag. Men
fisken var nok mindre enn han håpte på. Sjøauren var 1800g. Han såg litt
fisk i skyminga, men han greidde ikkje lure dei, sjølv om dei tok
kraftig i Svarthølen. Petter tok over etter Inge og fiska Bjørlo 01.06, men
han kjende ikkje liv. Alt han såg var ein liten aure i 4-5.tida på
morgenen.
Stoppa på brua og snakka med Dirk og Markus, og dei kunne fortelle om
dødt hav, dei hadde ikkje sett noko. Starta med fluga framme, men det
var dødt både i fremste og på Sanden. Gikk over til makk og prøvde over
alt, heilt til klokka var 14, men hadde ikkje eit einaste skikkelig
napp. Det stod ein fisk på fossen heile kortet, ein laks på 5-6kg. Siste
turen stod der også ein aure på ca 1kg, den seig fram i, og ej hadde den
sikkert på, men den rulla berre rundt i overflata og vekk var den.
Snakka med Endre og det var samme låta med alle, ingen som får fisk. |
04.07 |
Eidselva Nordnes 02-14 |
Starta med fluga, og fikk eit
par mindre aurar som gikk tilbake, men kjente ikkje større fisk. Gikk så
over til makk uten at hjalp nevneverdig, var bort i ein aure på
1,2-1,3kg så den gikk i været, ellers rolig. Såg to fiskar, ein svart
som hoppa og ein som fløytte seg to ganger bak brekket. Elva var i dag
15,9 grader, været delvis skya, som gikk over i skya. Hørte ikkje om
fisk som vart tatt, alt er merkelig rolig. Heller ikkje fisk på øvre
bru. |
05.07 |
Eidselva Moen 02-14 |
Starta som vanlig med fluga til
det lysna, men kjente ikkje noko. Gikk så
over til makk uten at hjalp nevneverdig, var bort i ein aure ved
Kvien-skiltet, men vanskelig å seie noko om størrelse. Ellers var det
heilsvart som i resten av elva siste uka. Elva var i dag 16,1 grader,
været skya med nokre få dråper, som gikk over i strålande solskinn.
NO MÅ DET SNART SNU!!! |
06.07 |
Eidselva Stokkenes 02-14 |
Svein Tore kom innover for å
fiske helga på Skipenes sammen med Erik, men først ville han prøve
Stokkenes og ville ha lag. Ej starta med fluge i Svingen og hadde eit
lite drag, men det var trulig berre småkrede, som også var det største
Svein Tore var i kontakt med. På makken var det også stille, men foran
Moses var noko bortpå og ej slo til. Fisken vart fast og den raste bort
i djupaste og vekk var den. Etter dette var det heilt dødt. |
08.07 |
Eidselva Moen 02-14 |
Fredagskvelden
var Inge nokre få timer på Stokkenes å prøvde, men det var så dødt at
han pakka sammen tidlig og kom fram igjen for å hente Bjørn. Ej hadde så
dårlig tru at ej bestemte meg for å stå over nattfiske, mens Inge hadde
kort på Bjørlo, og Bjørn skulle prøve Alsaker. Snakka med Inge når ej
stod opp, og då hadde han nettopp snakka med Bjørn som hadde gitt seg.
Mens dei snakka måtte Inge slå til på noko i Kastehølen, men han trudde
det var smått og snakka ferdig med Bjørn. Men når han sveiva inn så var
det faktisk ein aure på 1640g. Han såg ein del fisk, og slo av sena på
eit napp, men fikk ikjje meir. Bjørn hadde gitt seg og ej kjørte ned å
henta han. Vi for på brua og fant 150 aurar nedanfor Os-brua, skulle det
endelig løysne?? På fremste såg vi ikkje fisk første gangen, men når vi
kom fram igjen så var det kome fram 30 aurar også her, lovande.Og no var
det meldt regn også. Når vi kom ned til elva, så
hadde dei før oss nettopp landa ein flott aure på 6,7kg. Fisken beit i
fremste hølen på enhånds flugestang og vart landa nede på flata,
imponerande fisk. Ej starta med fluga framme, og etter ei lita stund
beit det endelig på fluga i Eidselva. Fisken virka å være 2-3kg og rulla
heftig i overflata, og så var den fri igjen. Kjente ikkje meir i fremste
hølen, men når ej fiska Moahølen så beit ein fisk mens ej dro snøret av
snella. Fisken kjempa hissig, men var ikkje større enn at landinga gikk
greitt. Auren vog 800g. Bjørn starta tidlig med makken og hadde fiska
både Moahølen og fremste før ej starta, og derfor gikk han nedover, mens
ej gikk fram i fremste hølen. Når ej var komen ned i renna så kom Bjørn
opp igjen og såg veldig lur ut. Han hadde klart det igjen, nede på flata
hadde ein stor aure tatt makken hans. Fisken gjorde kun eit lite utras
og etter berre eit par minutt kunne Bjørn dra ein nydelig aure på 5,34kg, fordelt på 82cm,
fram på grusen.
Vi fortsatte å fiske utover til klokka var 09 då vi
reiste fram igjen å fraus fisken, og samtidig åt vi frokost. Så reiste
vi ned igjen og fiska til klokka var 13. Ej snudde på ein aure i renna,
ellers var det heilt dødt etter at Bjørn fikk auren sin. |
09.07 |
Eidselva Staten 02-14 |
Endelig kom regnet. Det hadde
regna litt på kvelden og fortsatte utover heile natta og morgenen. På
fluga var det stille, og på makken var det mykje det samme. Fiska framre
del mens floa var oppe, blant anna på ein 12-15kgs som stod nedanfor
brua, men denne og fleire andre lakser som gikk hadde kneppa igjen og
ville ikkje ta. Fikk den store til å flytte seg og blenke med ein sluk,
men det var alt. Etter kvart fiska ej meg nedover, men ej måtte heilt
ned til hølen ved øya før ein aure på ca.1kg tok, men etter 5 sekund
slapp den. Fiska vidare ned til brua, men det var dødt. Nedanfor brua
stod det ca.150 aurar. Gikk fram igjen, prøvde litt til, men gav snart
opp. |
10.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Pappa kom innover og ville
prøve laksen. Hadde ikkje den store trua, men vi starta 02 i håp om at
ting hadde snudd. Gikk over Sanden med fluga, men det var heilt stille.
Pappa hadde starta med makken i Fåhølen og Fossekanten, men det var
dødt. Ej gikk ned på Fossekanten like etter, men resultatet vart det
samme for meg. Litt seinare var eg innom igjen, og no både plukka noko
bakpå kanten, og ej dunka bort i ein fisk med blyet fram i hølen, så var
her i alle fall liv. Men som før i år, så fikk ej ikkje tacklet til å gå
rett, så ej måtte tenke nytt. Hadde prøvd å dorge ifrå bakkant av
Fåhølen, dette verka fint, men det vart så langt strekk at ej mista
kontakta med kvar kroken var. Prøvde derfor midt mellom, og etter litt
justering av blyvekta så gikk det fint, og straks stoppa snøret. Ej slo
til og kunne konstatere at fisken hang fast. Ej kom meg derfor raskt ned
på berget igjen i tilfelle fisken ville ned fossen, men den var ikkje så
veldig stor og kom derfor greitt inn på bakevja. Ej kom meg ned, og
kunne etter eit minutt til dra fisken fram på grusen. Pjakken var 69cm og
vog berre 2,58kg, hadde den vore i godt hold så burde dette vore ein
laks. Etter raskt å ha hengt opp fisken, så kasta ej ut igjen, og på
første kastet tok det igjen. Ej slo til, men vart for sein. Fiska litt
til før snøret stoppa igjen. Ej slo til og denne gangen sat fisken.
Laksen drog på framover og over imot den andre breidda. Ej prøvde å
komme meg opp på berget for betre å kunne styre fisken, men då svinga
fisken rundt og gikk ned på andre sida av grunna. Og etter eit sekund så
kom kroken. Prøvde litt til, men kjende ikkje meir.
Gikk litt seinare framover for å prøve makken, og allereie i fremste
hølen var noko bortpå heilt forsiktig. Ej gav den nokre cm slakke, og
den var der igjen, igjen slakka ej litt for at den skulle få tygge det i
seg, men no merka ej at blyet hengde seg opp. Holdt litt før ej stramma
forsiktig opp, kjente den fortsatt plukke og stramma for å løyse, og
samtidig som det seig vidare så slo ej til. Fisken rulla rundt i
overflata og viste seg som ein mindre aure. Fisken gikk ut i straumen og
sloss febrilsk, men til lita nytte.
Ej synes fisken såg så liten ut at
ej tenkte berre lempe den på land. Når den var klar, prøvde ej lempe,
men den var litt større enn antatt, så ej fikk den berre opp på kanten
før den datt uti igjen. Derfor vart det plan B, å dra den opp, og det
gikk bra. Auren var ein kort og rund ein på
45cm og 1,17kg.
I 11-tida fiska ej meg nedover ifrå fossen, på bortsida av 3dje
steinen var noko å plukka. Ej venta heilt til snøret var nesten innunder
steinen før ej letta stanga. Fast fisk som straks rulla i overflata og
la seg på straumen, ein fin aure. Ej visste at ej ville få problem om
den fortsatte unna, så derfor gav ej den slakke, og straks kom den
sigande fram igjen med god klaring til steinen. Ej la igjen press på
fisken, men den var ikkje villig å gli inn i stilla foran steinen, men
vart med framover. Når den var komen fram til 2dre steinen så var det
greitt å passere under skummet ifrå denne, men med ein gong fisken var
komen inn i landstraumen så begynte den å rulle igjen. Såg dette var ein
flott fisk på 2-2,5kg og begynte å sjå etter kvar det var best å lande
den. Då kom pappa akkurat mens ej holdt på å ta av håven. Fisken rulla
igjen og ej måtte slakke bremsa for å spare festet, dermed roa fisken
seg igjen, og ej kunne ta av meg håven, og så kom kroken og ej las litt
ifrå skriften i høgt. Fiska meg vidare nedover, og i hølen foran
Storesteinen så tok ein aure til så spruten stod, denne var også fin,
men noko mindre enn den forrige, ca.2kg. Fisken vart greitt med framover
imot meg, rulla nokre runder foran meg, før den satte inn eit utras
framover elva. Etter 5-6m stoppa den bak ein stein, og like etter var
det tomt for krefter og ej kunne dra den imot meg og ei fin stille å
lande den i. Men midt mellom oss var to mindre steinar som ej ikkje
oppdaga fordi dei var under vatn. Sjølvsagt dreiv fisken rett ned på
desse, og med fast grunn til å sparke ifrå med så kom den seg av kroken.
Då var det for 3dje gang i dag høgtlesing ifrå skriften. Fiska vidare
ned rundt Storesteinen før ej returnerte til Fossekanten. Her var det
dødt, men når ej fiska bakpå etter aure så var der noko å plukka. Ej slo
til og fisken rasa over over imot varmtvannstanken, svinga ned og for
over kanten nærmast før ej hadde fått opp stanga. Dermed var det ned
fossen, og ei heilt grei berging like under fossen. Auren var 50cm lang og
vog 1,26kg. Etter dette fiska vi heilt ifrå Fåhølen til Bruce, men det
var dødt no. |
11.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Ej og pappa hadde håpt å gjenta
suksessen ifrå i går, men så enkelt er det ikkje i Eidselva nei. Vi
fiska heile sona til endes to ganger, pluss litt her og der, men ikkje
såg vi eller kjende vi liv, med unntak for ein liten svart laks som
spratt på Fossekanten. Skuffande... |
13.07 |
Eidselva Moen
02-14 |
Ej hadde håpt å få være aleine,
men ej fikk lag utan at det gjorde noko. Vi fiska med fluge dei første
par timane, men det var heilt dødt. Første turen fram i fremste hølen
beit det først ein fin aure bak på grunna på andre sida, rett foran
steinane på brekket. Fisken snudde og raste over elva og bang i voren,
så kom den villig med framover kanalen. Men plutselig slo den seg vrang
og hoppa over største steinen på enden av muren. No vart den litt meir
samarbeidsvillig og ej trudde den ville la seg håve, men den kjørte seg
framover og derfor så drog ej den berre opp på grusen. Denne var 1,35kg.
Ej fiska meg nedover renna, og midt nedi beit ein til aure, denne var
tverr og ville nødig over grunna, men etter litt overtaling så kom den.
Den vart då leia fram om voren og håva i bukta. Denne var skikkelig
flott, og vog flotte 1,9kg.
Utover morgenen var det veldig dødt, men i halv sjutida fiska ej
Krutsjov. Plutselig var noko bortpå, og ej slo til. Sena hang litt fast
og fisken stod heilt inne i bakken, men etter litt fikk ej kontakt og
kunne begynne å dra på. Fisken vart greitt med, men stoppa ved ein stein
og hengde sena rundt denne, men etter litt kom den sigande fram uten at
sena sat fast. Ej gav litt slakke å dermed seig fisken bort og bak og
var klar steinen. Ej fikk no fisken inn imot land og gjorde meg klar til
berging, men fisken raste ut eit par ganger og virka ikkje veldig klar.
Enno ein gang
kom fisken inn, ej gjorde meg klar, men så raste den ut og gjorde ei
skikkelig saltomortale og stilte seg på utsida av nokre steiner. Igjen
gav ej den litt slakke og fisken seig unna og ej kunne lure den nedover
til Moahølen. No var fisken ferdig, og etter kun kort tid så kunne ej
dra den fram på grusen.
Fortsatte utover formiddagen, men det letta opp og då vart det dødt. |
14.07 |
Eidselva Bjørlo
02-14 |
Ej hadde vorte
dårlig i magen, men prøvde meg på fremste Bjørlo. Det gikk bra å komme
seg ned. Fiska med fluge i starten, men fikk ikkje prøve Utfallebakkane
først, men han som gjorde det hadde med 2 fine fiskar på ca.2kg når han
kom fram igjen ifrå Granhølen. Men han vada nedover og fiska seg heile
veien, så då var det sjølvsagt dødt her resten av morgenen. Ej hadde på
ein fisk ei lita stund midt i Kastehølen, men den datt av etter eit
halvt minutt. Ej fiska ukonsentrert og vart ikkje betre, så når sola
vart hard og alt var dødt så pakka ej sammen og for fram igjen. Inge
fiska Alsaker og fikk to aurar på 0,96 og 1,25kg, begge tok han
sjølvsagt på Fossekanten. Det var like dødt der nede, men han såg eit
par fiskar i bakevja på fossen. |
16.07 |
Eidselva Nordnes
02-14 |
Etter å ha feira
Atle sin 50års dag på laurdag, så fiska vi på kvar sin side heilt
framme, Inge på Moen og ej på Nordnes. Vi starta med fluge, ej kjende
ikkje liv, og det var samme hos Inge, men når han fiska framme med meg
så fikk han ein aure på 1,16kg. Vi fortsatte utover morgenen og
formiddagen, men det var veldig dødt, vi verken såg eller kjende noko
som er verdt å rapportere så mykje om. |
17.07 |
Eidselva Moen
02-14 |
Ole Jakob var
komen innover og skulle prøve lykka på Bjørlo, mens ej og Inge var på
Moen. Fluga gav som siste tida lite for oss, og vi gikk derfor over til
makk når det lysna. Ole Jakob fortsatte og litt utpå morgenen kom det
melding om at han hadde fått seg ein flott laks i Forbyggninga. Laksen
vart vegd til 5,53kg. Litt seinare var Inge nedanfor, og her kroka han
ein fin fisk på makken. Fisken tok ved gjerdet og raste heilt ned på
brekket heile 3 ganger, men etter ein heftig kamp på 20min så kunne han
lande den. Fisken var 5,22kg og var full av små lus og større lus med
eggledere, så denne karen hadde hatt det travelt.
Vi fiska utover morgenen og formiddagen, og var bort i nokre fiskar,
men dei ville ikkje ta skikkelig. Ole Jakob fiska med makk ifrå ca kl.12
og kunne etter kort tid rapportere om ein aure på 1,4kg tatt mellom
Hjellehølen og Forbygginga. |
19.07 |
Eidselva Alsaker
02-14 |
Sindre var på Moen og Inge var
på Nordnes 18.07, dei såg nokre få fiskar hoppe, og Inge hadde på ein
svart kilo's aure på fluga, men den slapp. Trua var god etter regn og
brun elv i går, fortsatt litt farge også i natt, men tydelig ikkje nok.
Vi var på plass 02.00 og Inge, Ole Jakob og ej fiska med fluge til det
var godt lyst. Inge hadde på ein mindre fisk i Vaskeplassen, 1kgs aure
eller pjakk, men den slapp ganske kjapt. Og det var alt vi kjente. Sammen
med Sindre så
fiska vi med makk til klokka var 13, men med unntak av at Inge hadde eit
napp på Fossekanten så var det nesten heilt dødt. Det stod ein laks på
fossen heile morgenen, og det kom og gikk nokre få mindre fisker, men
ikkje mange. |
20.07 |
Eidselva Alsaker
02-14 |
Ole Jakob hadde mista trua, og
Sindre hadde reist heim, og med Inge på Bjørlo, så vart ej aleine på
Alsaker. Det var no klarna opp og dermed vart det riktig kaldt på
morgenen, faktisk målte ej berre 5,8°C i 05-tida. Og sia elva holdt 13,7
så vart det disig. Derfor var klokka 04.30 før ej var komen i elva.
Starta med å fiske Fossekanten, og fikk fisk på dei to første kasta, men
det var berre 2stk aurar på 300g. Men dessverre stoppa det etter dei to
første kasta. Såg ein fisk på ca.2kg i bakevja. Ej gikk fram og starta
heilt framme og fiska meg nedover. Det var stille sjølv om ej fiska
hølane etter kvart som sola kom ned på vatnet. Men på Sanden var noko
bortpå, men det tok ikkje skikelig. Neste kastet plukka det hissigare,
og etter at fisken fikk litt slakke fikk den tilslaget. Og dermed spratt
det ein rund aure til værs eit par gongar. Fisken var ikkje veldig stor,
og derfor fikk ej taua den framover imot hola og landa uten vidare
knussel. Fisken var rund og fin, og hadde ei vekt på 960g. På neste
kasta var ej bort i ein fisk til, men denne var meir forsiktig og ej
greidde ikkje å få den fast.
Ej fiska meg nedover heilt til Storesteinen før ej var bort i ein
fisk til, denne plukka heilt bakpå brekket, men her var mykje stein som
gjorde det vanskelig å kjenne om den hadde tatt skikkelig, og derfor
venta ej med tilslaget. Blyet hekta seg fast og ej måtte stramme opp for
å løyse, men når ej lot det fortsette nedover renna så var fisken der
igjen, men også her var det vanskelig å kjenne skikkelig om den hadde
tatt skikkelig, men til slutt prøvde ej å slå til, men fisken vart ikkje
fast. Kroken pluss dei tre makkane på sena var vekk, så det var nok like
før den vart fast. Gikk så fram å fiska Fossekanten ein gong til, med
kun ein halvkilo's som resultat. |
25.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
21.07 fiska Bjørn natta på
Stokkenes, men med motfiskara som hadde med seg lampe i elva og som stod
på haudet til fisken så var det vanskelig, go han kjende ikkje liv.
23.07 fiska Inge Bjørlo og Bjørn fiska Alsaker. Bjørn såg eit par 10kgs
lakser på Fossekanten, men alt han fikk var ein rar skapning på 45cm og
5-600g. Fisken var heilt blank, uten ein einaste prikk, men dessverre
kasta han fisken ut igjen. Inge var bort i ein fisk på eit par kilo på
Pina, men han fikk den ikkje skikkelig fast. På formiddagen fiska han
Forbygginga, han såg fisk kome fram heile tida og han drog mange mindre
aurar bakpå brekket, og til slutt var det ein skikkelig fisk som tok.
Auren vog 1450g. Etter dette var han bort i fleire fiskar og miste 3stk,
blant anna ein aure på 4-5kg.
Vi hadde i dag
god tru på Alsaker, og hadde samla oss alle der, Bjørn, Inge, Ole Jakob
og ej. Vi starta med fluga kl.02, men bortsett ifrå at Inge mista ein
kilosfisk i Vaskeplassen, så var det heilt dødt. Men vi hadde god tru på
makken, og det starta med fisk. Ej starta i fremste hølen, og heilt
bakpå var noko bortpå å plukka. Ej fikk gitt den litt slakke, og når ej
slo til så hang den. Kjøringa gikk uten problem og ej fikk håva den.
Fisken var nok ein sjøaure som hadde stått veldig lenge i elva, kanskje
også over vinteren. Vekta var 660g. Fisken vart dumpa då den var heilt
kvit i kjøttet.
Vi fortsatte med makken utover formiddagen, men det var heilt dødt. Vi
fiska til og med heilt ned i grensa uten at noko beit. Inge såg ein fisk
som skaut fram når han fiska mellom Bruce og Veihølen. Vi såg ellers
ikkje fisk nokon plass på sona. |
27.07 |
Eidselva Staten
02-14 |
25.07 var ej og Inge på kveldstur på vatnet, men etter 4 timer og 5
steikefisk så gav vi opp. Vi fiska både med konvoy, wobbler
brisling.
Ej leitte fram
lettestanga og fikk være aleine. Det hadde vore ein del fisk på brua i
det siste, men denne morgenen var dei vekk. På fluga var ej bort i to
fisker, ein foran brua og ein i renna nedanfor brua, men dei hang ikkje.
På makken var det ikkje mykje betre, men når ej var komen ned om brua og
tatt eit par kast og var på vei ned i renna så hoppa det ein fisk
framunder brua på Skipenessida, først trudde ej det var nokon som datt
ned ifrå brua, men kom til at det måtte være ein diger fisk. Seinare
fikk ej vite at det hadde stått ein laks på 15+ der borte kvelden før,
og det var nok denne som tok laust.
Ej fiska meg ned i Malakoff uten
at det var noko skikkelig å kjenne eller sjå, og når det også var tomt
på brua når ej kom fram igjen, så la ej stengrene på taket og kjørte ned
for å sjekke på nedre bru. Inge kom også ifrå Nornes, mens Petter som
var tilbake ifrå Finnmark fiska Bjørlo. På nedre bru var det tomt, og
det samme var det når ej var å kikka ifrå høgda foran Jektehola. Når ej
kom fram igjen på brua så hadde Inge funne ein fisk i renna foran brua,
men når ej fiska på den så ville den ikkje ta. Når ej no var i gang
igjen så fiska ej også renna nedanfor, og no var her plutselig fisk. Det
virka som den stod foran holmen og seig fram i renna med jevne
mellomrom. Fikk først ej ein liten aure på 710g, så hadde ej på ein fisk
på 1,5-2kg, sikkert ein pjakk, men den ville ikkje sitte på heilt inn.
Etter kvart seig fisken fram til brua, men ein gong når dei var nede i
renna igjen så beit ein liten til, men denne datt også av. Etter dette
vart det dødt, så når klokka var 13.30 så gav ej opp. |
28.07 |
Eidselva Moen
14-02 |
Det regna heile kvelden, natta,
morgenen og formiddagen, så elva spratt opp 40-50cm og vart heilt svart.
Ej var ned å sjekka utvalget i kort og fant eit medlemskort på Moen som
var ledig, men dette hadde også andre oppdaga og dermed vart det
trekning, som ej vant. Starta kl.17.30 og fiska til midnatt, men det
var ikkje eit napp å kjenne. Det var opplett første timen, men så åpna
alle sluser seg igjen, og det rant av himmelen heile kvelden. Han ej
fiska sammen med såg ein laks hoppe i fremste hølen ellers var det
totalt dødt. Petter fiska Stokkenes, han rota av ein fin aure som tok
ved 3dje steinen på strekket. |
29.07 |
Eidselva Stokkenes 02-14 |
Ej og Bjørn
fiska Stokkenes mens Inge fiska Staten og Petter Alsaker. Det var veldig
mykje vind og vanskelig. Ej såg nokre fiskar komme gjennom Åbrekk og ej
fikk fiska på dei i innløpet, dei var bortpå å plukka, men ville ikkje
ta skikkelig. Etter ei stund stakk dei vidare. Ej kjende ikkje meir og
stakk fram igjen for å skite og koke kaffi, og vente på at det skulle
spakne litt. Inge fikk ein liten pjakk på 1,06kg i renna nedanfor brua,
men det var veldig vanskelig her nede også i vinden. Petter gav seg
samtidig, og vi for fram igjen etter å ha snakka med Inge på brua. Eit
par timer seinare stakk vi nedover igjen, ej fiska Myrahølen og
Mastehølen, såg fisk i Mastehølen, men kjente ikkje noko. Petter hadde
derimot meir flaks, for han hekta på ein laks i nederste hølen på
Sanden. Han ropte over seg når han kom fram til Bjørn igjen om ein
storlaks, ei kjempe, men Bjørn meinte den var max 5kg, men Petter nekta,
den var mykje større. Så då vart vekta henta fram og vekta bestemt til
4,14kg. |
30.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Inge var på
Stokkenes, mens ej var sammen med Bjørn. Vi fiska sona til endes, men
det var veldig dødt. Ej fikk ei lita krede på 0,71kg under fossen, og så
såg ej ein fisk som var opp i nedanfor Storesteinen. Såg eit par fiskar
på fossen, men desse stod rolig heile kortet. Inge fikk ein laks på
3,2kg i Hildehola. Den var tverkete og ville ikkje nedover til Åbrekk
der den kunne bergast, men etter ei stund fikk Inge lokka den ned. Og
med desse fiskane har vi bikka 150kg i totalfangst fordelt på 42 fiskar. |
01.08 |
Eidselva Vatnet
19-23 |
31.07 Inge var på Moen
og fikk ein aure på 1,17kg i Moahølen på fluge. Han var også bort i
fleire fiskar på fluga, men dei tok ikkje skikkelig. Han var bort i 2
fisker på makken, ein i renna og ein i Krutsjov.
Ej hadde kort på Moen, men ej greidde ikkje å motivere meg, så Bjørn
fikk kortet i staden. Han mista ein kilos aure i Moahølen, men ellers
var det veldig dødt. Han fiska sammen med grunneigaren, og han hadde på
ein stor svart laks framme, men han miste den.
Vi var ned å
handla litt etter middag, og bestemte oss for å droppe elva og heller ta
ein tur på vatnet. Når vi kom fram igjen så var Atle alt komen ut på
vatnet, og når vi sat og åt så kom Atle glisande opp ifrå båten med ein
stor fisk i hendene. Fisken var ein flott fisk, trulig ein vassaure,
79cm lang og 5500g. Fisken hadde tatt på oter midt på vatnet mens han
holdt på å krysse over. Han trudde kanskje det hadde vore på ein til,
men han visste ikkje sikkert. Oterlina slitna midt i kampen, men enden
hengde seg på sluken så han slapp å hente fjøla for å berge fisken.
Oterlina var ei stor vase i bunnen av båten, så han var veldig heldig
som berga fisken.
Når ej og Inge kom oss avgårde så var det berre mindre fisk som ville
bite, og vi fikk 3stk mellom 250 og 400g. pluss eit par mindre som vi
satte ut igjen. Etter 3,5t så gav vi opp. |
02.08 |
Eidselva Vatnet
11-13 |
Neste morgen
ville vi ut igjen, men igjen vart Atle først. Været var brukbart på
morgenen, men når vi gjorde oss klar så friska det på, og når vi kom
bortpå så åpna himmelen seg og det storma og hølja ned nesten heile
tida. Atle var igjen den heldige og huka på ein stor sjøaure på oteren.
Fisken var ganske mørk, men i godt hold. Lengda var 67cm og vog 2860g.
Han hadde vore bort i ein fisk til, men denne vart ikkje fast. Vi var
bort i ein liten fisk med det samme, men den falt av. Vi såg fleire
fisker som hoppa og vi fiska over fleire av dei, men vi greidde ikkje å
få nokon av dei faste. Det var ein fisk til så vidt bortpå, men den
nøkka berre i sena og vart aldri fast. På vei tilbake til brygga beit
det på ein liten, men den var så liten at ej ikkje orka ta den inn før
når vi pakka sammen og tok sikte på varmen i forteltet, dyvåte
alle mann. |
02.08 |
Eidselva Vatnet
21-23 |
Vi grilla halve 5,5kg-fisken
til Atle til middag. Fisken var ikkje knallraud, men aldeles nydelig
god, og alle mann vart stappmette. Etter dette rigla vi oss til igjen og
la ut med godt mot, men straks kom regnet og det hølja ned i dei 2
timane vi var ute før vi søkte ly. Vi hadde då fått 2stk småkrede, og
som vanlig ikkje kjent noko av dei større. |
04.08 |
Eidselva Moen
02-14 |
Det hadde vore opplett nokre
timer, men det skulle tjukne til igjen utpå natta. Vi satsa på at det
ikkje starta før etter det lysna og stilte opp litt etter 02.00, ej på
Moen og Inge på Bjørlo. Fiska med fluga heilt til det lysna, men det var
dødt, først i det det lysna begynte småfisken å plukke etter, men ikkje
noko større. Betre vart det ikkje med makken, fiska over sona fleire
ganger, men enten så var det dødt eller så plukka småkredene.
Då var det betre
nede hos Inge, han såg mykje fisk på fremste Bjørlo. Det starta med at
han miste ein på fluge i utløpet på Kastehølen, så litt seinare fikk han
ein fin aure nederst på utfallebakkane på makk, før ein fisk følgde
etter makken når han sveiva inn, og tok, men den falt av fort. Auren han
fikk var 60cm og vog 2500g. Han fikk seinare ein liten som hadde svelt
makken heilt, denne vog 590g. |
05.08 |
Strynelva N-Kirkeide 12-24 |
Vi sov lenge og vart derfor litt seine, men like etter kl.14 var vi i
gang. Vi starta med fluge, ej fremst i Basehølen og Inge ved Bjørka i
Cut Bushes, men ingen av oss kjende noko. I det ej hadde gitt meg og
gått ned til Inge så oppdaga vi ein fisk som kom sigande opp langs land.
Inge lurte seg fram og fikk eit kast på den uten at det hjalp.
Når vi så
starta med makken så gikk Inge heilt fram, mens ej starta ved
parkeringa. Ej starta i framkant på djuphola og fiska meg bakover, og
når ej var komen bak i bakken så var noko bortpå å plukka og ej gav
slakke før ej slo til. Fisken sat, men kjentes ikkje stor ut, men like
etter blenkte den og ej såg det var ein bra fisk. Fisken var hard og
seig, og den var opp eit par gangar å hoppa, men etter 4-5 minutt så
måtte den gi seg, og ej kunne dra ein flott aure fram på grusen. Auren
var 60cm lang og vog 2600g. Ej fiska meg vidare nedover Nausthølen til
grensa, men her nede er elva rolig og ej kjende ikkje større fisk. Inge
fiska heile sona,og var komen ned til meg når ej var komen heilt ned.
Etter ein kaffi gikk ej heilt fram til Basehølen med makken, mens
Inge starta ved Bjørka i Cut Bushes. Ej starta med korte kast og fiska
meg bortover, men det var dødt heilt til ej var komen nesten bort til
land, der beit det, fisken fikk litt slakke før ej slo til og fisken sat.
Fisken var hard og ville gjerne nedover, men den kom aldri lenger ned
enn til nedenfor trea før ej fikk taua den fram igjen. Etter 10 minutts
kamp var fisken slakk og ej la meg på stanga og fikk dratt den fram på
graset. Laksen var 80cm og vog 4,71kg. Når ej var komen ned imot bjørka
så stoppa 3 personer på andre sida, dei peika og glante nedover imot
Inge som no var komen til svingen foran parkeringa. Ej såg berre capsen
hans, og visste ikkje at han hadde fisk på, men ein stor fisk på 8-10kg
hadde tatt makken hans. Fisken var oppe og rulla seg i overflata og
vifta med sporden, så Inge kom til at det måtte være ein diger aure.
Fisken stakk ned i djupet og stilte seg opp før kroken løysna. Inge kom
fram til meg og henta bilnøklane, og mens ej fiska meg nedover, gikk
Inge å tente grillen. Når ej var komen ned der ej fikk første fisken var
det noko rart i enden, det kjentes ikkje ut som fisk, meir som grov
stein som blyet hompa over, men sia det ikkje stemte heilt så gav ej
slakke og slo til. Fisk igjen! Fisken gikk raskt til værs og viste at
den var ein fin aure. Fisken var hissigare enn den forrige og hoppa
fleire ganger, men den tagna minst like fort, sjølv om den virka større.
Men når ej skulle dra den frampå så vart den mindre samarbeidsvillig,
men på fjerde eller femte forsøk så kom den. Fisken ein flott aure på
67cm og 3220g.
Etter
pølser så gikk Inge heilt fram igjen, mens ej fiska over der han miste
fisken, men her var det dødt, så ej gikk framover imot bjørka. Her møtte
ej Inge som kom med ein fisk, ein fin aure tatt heilt bort på andre sida
i Basehølen, like bak der laksen min tok, og der laksen bruker ta. Auren
var 45cm lang og vog 2170g. Inge knakk stangtuppen når han skulle lande
fisken.
Etter dette mørkna det fort, ej prøvde makken heilt framme og ved
parkeringa, mens Inge fiska heile lengda med fluga utan at vi kjende
noko meir.
|
06.08 |
Strynelva M-Kirkeide 00-12 |
Sia Inge knakk
stanga så måtte vi ut igjen, men klokka 04 stod vi opp igjen, og like
over 05 var vi i gang med fisket. Inge fiska Oteren mens ej starta i
Kirkehølen, begge med fluge, men ingen kjente liv. Etter ein kaffi sa ej
til Inge at ej skulle ta dei han hadde gått forbi. Ej starta heilt
framme og fiska meg nedover. Like foran buska var noko bortpå og plukka,
ej gav slakke, og slo til. Fisken hang og stilte seg opp så ej trudde
det måtte være laks. Men etter ei lita stund begynte den å vrikke på
seg, men den var veldig blank så ej trudde det var ein pjakk. Men når ej
fikk den inn på hold så såg ej at det var ein aure på ca.2kg. Ej fant
ein plass der det kunne la seg gjere å få håva den.
Fisken gav seg
etter kvart og kom med blanksida inn, men den livna til igjen før den
var i håven og stakk ut igjen, det samme skjedde to ganger til, og
tredje gangen rulla den seg i overflata, gapte og spytta ut kroken. Ej
fiska meg vidare nedover, og når ej var komen ned om buska så var noko
bortpå å plukka. Ej slo til, men kroken kom igjen uten makk. Kasta ut
igjen og igjen var noko der, ej gav slakke og prøvde igjen. No sat den!
Fisken kom rett over elva og inn til land, ej taua den framover og
fisken skjena ut i elva. Plutselig gav fisken seg og ej måtte raskt
begynne å sjå etter landingsplass, fant ein grei plass, men før ej fikk
av meg håven og kom meg ned, så kom fisken opp på steinene. Fisken slo
kolbøtte og stakk ut igjen, men no var ej komen på plass og kunne enkelt
dra fisken tilbake og håve den. Auren var 47cm og 1250g.
Fortsatte vidare nedover, men det var dødt både bak på Oteren og i
Laksegarden. Men mellom Laksegard og Kirkehølen ligg det mykje stein, og
mellom desse, utanfor nederste spissen på holmen så beit ein aure når
snøret hang rett unna. Ej gav slakke og fisken hang, men fisken hadde
nok kroka seg sjølv ytterst i leppa sjølv, for den hang på berre i 5
sekund før den slapp. Etter dette vart det sol og varmt, og bittet
forsvant som dugg for sola, og ingen kjente noko meir. |
09.08 |
Strynelva Ø.Kirkeide 00-12 |
07.08 fiska
Sindre på Alsaker, det starta med at han hadde på ein fin fisk på
Sanden, men dessverre falt den av. Han hadde på ein fisk til på fossen,
men han satte fast sena i treet og fikk det ikkje laust før han hadde
mista fisken. Etter dette fikk han på ein fisk til på fossen, denne
ville meir framover, og var ganske gåen før den seig inn på bakevja.
Sindre kom seg ned, men sleit med å håve sjølv, så det enda med at han
drog fisken fram på og kasta seg over den. Laksen vog 6,5kg og var 84cm
lang, den var ganske brun, men i skikkelig flott hold. Han såg også
nokre mindre aurar på Fossekanten som stod heilt innpå. Han såg også fin
laks hoppe i svingen foran Fåhølen. 07.08 på kvelden var Inge og Bjørn
på vatnet med oter, mens ej var i Stryn og besøkte DJ. Det hadde vore
bra aktivitet før på dag, og på kvelden beit det i eit sett. Dessverre
var det kun mindre fisk som beit. Dei fikk ein aure på knappe 30cm, det
var alt som var verdt å ta med heim. Men i skyminga, i det dei var på
vei utover midt etter vatnet, så beit det på ein fisk.
Bjørn trudde ikkje fisken var så veldig stor, men etter kvart så ville fisken ned og karane forstod at det var ein større fisk. Bjørn kjørte fisken greitt og
når Inge trådde til med håven, så var fangsten berga. Fisken var ein
sjøaure på 1800g. Det vart litt vase under håvinga, når motoren stoppa
etter at Inge hadde komt bort i luftinga på tanken med håven, men ikkje
verre enn at etter litt fomling i mørket så var karane klare til å
fortsette. Men det var heilt dødt etter at det vart mørkt
08.08 fiska Sindre igjen på Alsaker, mens han var aleine i går, så
var det fullt denne natta. Han fikk dermed ikkje prøve først alle
plasser slik som morgenen før, men likevel så fant han ein fisk heilt
bakpå Sanden. Laksen tok veldig forsiktig, men han fikk inn eit godt
tilslag og fisken sat. Laksen seig berre sakte framover og stilte seg
opp nede i djupet. Sindre kjørte laksen forsiktig, men med bra press.
Fisken seig berre sakte framover. Etter 10 minutter var den komen fram i
renna nedanfor hola, og då kom kroken. Sindre var sjølvsagt deppa, men
slik er det...dei største mister ein alltid. Resten av kortet var det
rolig.
08.08 var Inge ein tur på vatnet, men til tross for god bris og etter
kvart pøsregn så var det heilt aldeles dødt, truleg fordi det har vore
maurklekking nokre dager, som no stoppa opp når regnet kom.
Vi starta like etter midnatt, men oppdaga straks at elva hadde gått
opp mykje, faktisk ifrå 62-87 kubikk. Vi fiska eit par timer uten å
kjenne noko, så vi tente i staden grillen og grilla oss litt mat. Når
det begynte å lysne så vidt fortsatte vi med fluga, men med like dårlig
resultat. Og ikkje var det mykje sprekare med makken, men første gangen
Inge fiska Oteren så var det fisk bortpå. Han fikk fisken fast, og
fisken raste unna elva. Fisken stoppa ved buska, og Inge kunne begynne å
lure fisken framover, men halveis framme kom berre kroken. Etter dette
fiska vi hardt til klokka var 11, men det var heilt dødt. Inge hørte ein
fisk hoppe, og såg ringene, men ikkje veit han kor stor den var og ikkje
ville den bite. Bjørn fiska Alsaker og Sindre Moen, Sindre fikk to
mindre aurar på 240g og 360g, mens Bjørn lunnja. |
10.08 |
Eidselva Staten
02-14 |
Ej he vanligvis avslutta ferien
med bra suksess på Staten før, men det he oftast vore på mindre elv. No
var elva fin, men til tross for bra med fisk på brua så hadde fisket
vore elendig. Ej starta kl.04 med fluga, og fiska meg heilt ned til
Malakoff, med kun ein ca.500g aure foran holmen som vart satt tilbake.
Ej såg fisk stå nedanfor brua og starta der med makken, og på første
kastet beit det. Fisken var sikkert den minste som stod der, men den vog
560g o vart med heim. Etter dette vart det heilt dødt, sjølv om det
ikkje fantes småkrede nokon plass. Inge fiska Bjørlo, men han fikk
småkrede alle plasser han prøvde og allereie kl.09 gav han seg, og ej
lot meg lokke med, noko som sikkert var lurt.
Vi brukte dagen til å rydde og stelle, og utpå kvelden reiste vi
heim. Vi hadde no kome opp i knappe 190kg totalt, ikkje så veldig langt
bak fjoråret til tross for det elendige bittet. |
18.08 |
Eidselva Bjørlo
02-14 |
17.08 hadde Inge kveldskort på
Staten, mens ej var i 35års selskap med Margareth. Elva hadde vokse
mykje og vaks mykje mens han fiska, og var på topp berre 10cm ifrå
toppen på øverste steinen foran Skipenesbrua. Han såg mykje fisk som
gikk, men elva var full av rusk og rask, slik at makkefiske var
vanskelig. Det var vanskelig å vade nok til å bruke fluga også, men i
Malakoff kom han seg ut, her fikk han ein pjakk og miste ein. Pjakken
var 62cm og 2400g, og vart ikkje festa på film sia ej hadde lagt meg.
Vi sov til
klokka 05, og var komne i elva i 06-tida. Ej starta på Dynga og fiska
meg nedover, ved Hellja fikk ej først ein smolt som var sjuk, tok med
denne for undersøkelse hos Veterinær. Like etter var noko bortpå såvidt,
men den slapp så ej ikkje fikk inn eit tilslag. Men like etter var det
noko som ikkje stemte, så ej løfta stanga, og der hang det fisk på.
Dette var heilt bakpå, så ej måtte holde godt igjen for at den ikkje
skulle komme seg rundt hjørnet eller utfor brekket, men fisken var ikkje
større enn at dette gikk greitt. Etter litt renning og hopping kunne ej
håve ein liten pjakk. Fiska vidare ned til Sanden, men det var heilt
dødt. Gikk så fram og fiska meg ifrå Måløyhytta og framover til linja,
men her var det også dødt. Så gikk ej over høgda og fram til Ny-Ledet. Her var to mann
som akkurat gikk nedover, ej var bort i noko heilt på andre sida,men ej
greidde ikkje å få det fast. Bakpå hølen var det berre småkrede.
Ej rekna med at dei andre karane hadde gått rett i Hjellehølen, så ej
starta ved Linja foran Hjellehølen. Denne var flott å fiske no, men ej
kjende ikkje fisk. Minst ein av karane fiska i Hjellehølen, så ej gikk
ned å fiska ifrå øya nedanfor. I det ej hadde fiska over her og vada meg
tilbake på fastlandet foran Forbygginga, så la ej merke til noko som låg
rundt ein stein som likna eit flugesnøre. Tanken slo meg tvert om dette
kunne være mitt snøre, som ej sleit på ein stor laks i Hammarhølen
01.08.2004. Ej kikka ned på vasa etter skyteline, og då såg ej det,
falma, men raud
skyteline med løkke surra med bittetråd, akkurat på den måten som ej
gjer det, det var ikkje tvil om at dette var mitt snøre. Så ej plukka
det opp og tok det med for å studere det meir. Men laksen var sjølvsagt
vekk.
Ej
fortsatte med å fiske Forbygginga, men bortsett ifrå eit par småkrede så
var det dødt. Gikk deretter fram og fiska raskt over Hjellehølen, men
denne var nok for uroa. Fiska så over Skaugum før ej gav meg.
Inge fiska Moen, han fikk ein liten aure på 900g på fluga tidlig, men
så vart det heilt dødt. Så like før ej gav meg så hadde han på 2 fiskar
i renna ved Kvien-skiltet, men begge glapp for han. Så fiska han seg
nedover til Gjerdet, her var noko bortpå som han slo til på. Fast fisk.
Han fikk i starten ikkje skikkelig press på fisken sia den kom etter inn
imot han,så seig den ned og inn bak voren og stilte seg opp der. Inge
hadde fortsatt lite press, men tenkte det var best å auke det når fisken
begynte å sige litt bakover. Men til meir press Inge la på fisken til
større fart satte den unna elv. Fisken gikk langs land nedover med
haudet først. Fisken gjorde eit hopp nede på flata og viste Inge at han
var ein laks på 8-10kg. Men han berre fortsatte og Inge holdt til slutt
på spolen alt han klarte, mens bremsa var knallhardt stramma. Likevel
fortsatte fisken, og til slutt for den nedfor kanten. Og då falt den av.
Etter dette var det småkrede over alt, så han gav seg litt etter meg.
På
kvelden var Inge på Staten, allereie tidlig var han bort i ein fisk
foran brua, og berre 5 kast etterpå fikk han ein laks på fluga i renna
foran brua, laksen var heile 77cm lang, men den vog berre 3,38kg. Han
hadde også på ein fisk til i Malakoff på makken, men denne ville
ikkje være med heim. Han såg ikkje fisk som gikk på elva, slik som dagen
før. Det klarna etter kvart opp og vart veldig kaldt og dødt i elva, så
han gav seg alt kl.21.30.
|
19.08 |
Eidselva Bjørlo
02-14 |
Neste morgen var klokka 06 når
vi starta, ej starta med Dynga og gikk vidare til Hallja. Til å begynne
med var det dødt, men ein gang snøret hang bakpå brekket så var det ein
fisk som tok skikkelig. Ej hadde stanga høgt, og denne gikk heilt ned
før ej fikk summa meg å slå til. Snøret rasa av snella når ej slo til,
så kroken var godt i fisken, men når stanga kom opp igjen, så var fisken
borte vekk. Ej fortsatte nedover til Øyrane der ej prøvde fluga, det
var dødt nedover, så ej vart lei og stod å kikka inn i skogen når det
plutselig hogg i andre enden. Ej tok eit skikkelig tørrfluge-tilslag, og
det var sjølvsagt det siste ej såg av den fisken. Prøvde med makk også,
men då var det dødt. Fiska deretter Sanden og svingen foran Fåhølen med
fluga, og Fåhølen med Fossekanten med makken. Men her var det dødt.
Gikk så fram og fiska over Øyrane og Hellja med makk igjen, men det
var dødt. Kjørte så fram på fremste og fiska ifrå Svarthølen og rundt
heile neset til Granhølen, men det var ikkje liv. No var klokka 13.30 og
det hadde begynt å hølje ned så ej kjørte fram igjen.
Inge fiska også i dag Moen, men no var elva for stor, og han kjente
ikkje liv. |
31.08 |
Eidselva Bjørlo
14-24 |
23.08 på kvelden, og 24.08 på
morgenen fiska Sindre på Alsaker. 24.08 på kvelden kom Ståle og Tore
innover og fiska sammen med han, då og på morgenen 25.08. Dei fikk med
ei oppgave, få ein fisk over 2,62kg slik at vi bikka 200kg samla vekt.
Ingen kjente
liv før siste kortet, då Tore fikk på ein stor laks i Hola på Sanden.
Fisken snudde og rasa nedover, Tore hadde litt slakk bremse så fisken
gikk fort og Tore måtte begynne å springe etter. Når den gikk over
brekket på Sanden så var den heilt borte ved kviteskummet, og her hekta
sena seg fast i noko. Fisken berre fortsatte og Tore greidde ikkje å
løyse sena, dermed måtte han sette hardt imot hardt før fisken tømte
heile snella. Fisken berre fortsatte og plutselig var det slakt i enden.
Tore sveiva inn, og det visste seg at kroken forsatt var på plass, så
den hadde rivna ut.
Ej tok laust og trudde ej skulle rekke 13-ferja,
men vart akkurat for sein, så klokka var 17 før ej var komen i elva.
Starta framme og fiska først Svarthølen, men verken der eller i
Kastehølen kjende ej liv. Endre fiska fleire ganger over Utfallebakkane,
men det var dødt. Vi prøvde etter kvart fluga og meir makk, men når
klokka var 20 så pakka vi sammen, Endre skulle gi seg og ej ville prøve
nede. Men mens vi stod å snakka med Magne og sonen så hoppa det ein
pjakk i Kastehølen. Ej tok av meg pikkpakket og starta med makken i
innløpet på Kastehølen, men det var dødt så ej fiska meg vidare nedover
hølen. Bakpå utløpet var noko bortpå å plukka, men det var veldig
forsiktig. Ej makka med det fleire kast, men det tok ikkje skikkelig. Så
satte ej fast og måtte stramme opp for å løyse.
Dette gav sikkert litt
betre kontakt, og igjen var noko bortpå. Miste kontakta og tenkte at det
kanskje var fordi ein fisk hadde tatt, så ej slo til, og kjende noko
svarte i enden. Fisken vart kjørt forsiktig då ej frykta den satt laust,
men etter 2-3 minutt og eit utras så kunne ej dra ein fin pjakk fram på
grusen. Fisken var lang og slank, men blank og med lus. Lengda var 69cm
og vekta var 2,32kg. Fortsatte å fiske utløpet og fortsatt var det fisk
å plukka, men etter ei stund fikk ej ei blenkje så om det var kun desse
eller også andre ting som plukka det får ej aldri vite. Fiska over
Utfallebakkane med makk før det vart heilt mørkt, då tok ej fluga og
fiska inn- og utløpet av Kastehølen, men det var dødt. No kom skodda og
månen, og dårligare forhold finnes ikkje, så ej pakka sammen og avslutta
årets Eidselvsesong, 300g ifrå 200kg. Inge avslutta på Alsaker, han var bort i ein aure
på 7-8 hekto, det var alt han såg og kjente. |
01.09 |
Strynelva Sone 5
18-06 |
Vi tok laust tidlig fordi vi
måtte hente korta før kl.15, så vi kjørte inn og prata med Ole Jakob,
Erik og Jo som fiska i Oldenelva. OJ hadde tatt over plassen etter Svein
Tore som ikkje kunne fare, i tillegg var Ragnar, ein kompis av Svein
Tore der. Dei hadde ikkje fått noko då, men søndag fikk Erik ein aure på
knappe 2kg. Fjøra var akkurat komt lavt nok ned når vi kom der og
starta. Ej var klar så ej var først ute, og starta ved naustet foran
Mørebrekket og fiska meg nedover. Men her var berre småfisk, så ej
flytta raskt nedover og kom akkurat ned igjen til Mørebrekket når Inge
var klar og gikk nedover. Elva var veldig lita og klar, men ej tenkte
det var no verdt eit forsøk. På første kastet såg ej plutselig ein stor
fisk bukte seg, og ej kjente at ej var i kontakt med den. Ej gav slakke
for at den skulle ta makken skikkelig, og då roa den seg. Ej holdt igjen
for å kjenne om den plukka enno og det gjorde den, og ej slo til.
Ingenting. Ej sveiva inn og der var ingen krok. Forbanna reiv ej av
0.22-sena som hadde stått på sia ej var på Staten sist i ferien og la på
0.30-sene. Klar igjen kasta ej ut, men tenkte at sjansen min var tapt.
Langt bakpå, rett før ej skulle til å begynne å sveive inn igjen var
noko bortpå igjen. Ej gav slakke og det fortsatte å plukke så ej slo
til. Fast fisk. Fisken rulla litt i overflata, og ej begynte å gå
nedover for å finne ein plass å lande den. men fisken roa seg og begynte
etter kvart å gå framover. Men etter 10-12 meter så kom kroken.
No var ej i alle fall sikker på at mine sjanser var gjorde her, men
ej gikk no fram igjen. Neste kastet var det dødt, men så på det fjerde
kastet her så plukka det igjen. Ej gav den slakke, og kjente at den tok
det og slo til. Fisken rulla rundt nede i djupet og var fast. Denne
fisken vart kjørt ifrå neset ved steinen, og etter kvart som den vart
meir villig til å følge med på mine instruker så då flytta ej innover
til slipen inne i kråa. Etter ein ikkje alt for lang kamp så låg ein
flott aure på land. Lengda var 54,5cm og vekta var 1,77kg, og vart som
fisken som gjorde at vi bikka 200kg feira med ei pils og ein cognac.
Etter dette
gikk ej nedover der ej møtte Inge på vei framover. Han hadde vore borti
ein fisk med det samme han starta, mens lenger nedover var det enten for
lita elv eller småkrede. Når ej var komen nesten ned til huset kom Inge
glisende nedover. Han hadde gått heilt fram til hengebrua, og alt på 3-4
kastet hadde ein fisk tatt. Fisken gikk lenge å rota i djupet nedfor
brygga, men til slutt gikk den unna elva, noko som gjorde at Inge fikk
ein sjanse til å komme seg inn på land. Fisken var seig, men måtte til
slutt gi tapt. Lengda var 63cm og vekta var 3,11kg, ein skikkelig flott
fisk. Etter å ha snakka med Inge fortsatte ej litt nedover, fikk ein
blenkje og var bort i eit par til, men kjende ikkje skikkelig fisk. Men
når ej var komen ned om huset og hadde bestemt meg for å gå opp igjen,
så var ein flott fisk oppe midt på øya, men sjølv om ej fiska lenge på
den så beit den ikkje. Mens Inge fiska Mørebrekket så gikk ej fram til
Hengebrua og prøvde, men her var dødt. Ej såg Inge flytta framover til
treet og prøvde der, og det var visst fordi han såg ein kilosfisk som
var opp å rulla seg. Men han kjente ikkje noko av den eller noko anna.
Når ej kom ned igjen gikk ej ned på neset å starta med fluga, men det
var dødt. No var det begynt å verte ganske mørkt, så vi pakka etter
kvart sammen og tok kvelden. |
02.09 |
Strynelva Sone 5
06-18 |
Neste morgen var vi på plass i
halv 7 tida, ej var klar og gikk ned i bua, og starta på Mørebrekket,
mens Inge gikk fram på brygga ved Hengebrua. Vi fiska lenge uten at
nokon kjende noko, og ej var i ferd med å gi opp. Ej tok nokre få skritt
nærmare steinen, og fikk derfor makken litt lenger bort. Samtidig slakka
ej litt på for å klare å holde botnen, og i det ej var komen godt bakpå
så var noko bortpå. Ej gav slakke, og kjente etter om den var der igjen,
og det var den, så ej letta stanga. Fisken rulla tungt i overflata og
visste at den var ein flott fisk. Ej var redd den ville gå utfor
brekket, men i staden rusa den vekk ifrå meg og bort i renna. Ej frykta
den ville gå unna og at ej måtte følge den rundt svingen på lang line,
men etter litt pumping og overtaling så kom den sakte sigande framover.
Ej var livredd for at den skulle hekte sena rundt ein av alle steinane
på ryggen mellom oss, men etter eit par minutt og eit par utras seinare
så seig den over ryggen og fram i hølen. Fisken gikk som ein laks, men
ej var nesten sikker på at det var aure etter oppførselen når den tok,
og sjølv om den var seig så kom den etter litt over på mi side. Ej
pressa den inn i kråa, men det likte den ikkje og gjorde eit byks. Den
var skikkelig kubben og no var ej enno meir sikker på at det var aure,
og like etter la den seg på sida og all tvil var fjerna. Men sjølv om
den la seg på sida, så var den ikkje ferdig. Den bytta på å stange
djupt, og å velte seg i overflata, den gjorde også eit byks til, men
etter kvart vart det mindre djupt og meir på sida. No kom ej til at det
var på tide å gå ned i støda for å prøve å håve fisken. Fisken var seig
og stritta imot, men etter kvart seig den inn imot håven, men akkurat i
det den glei over kanten med sporden vrei den seg rundt og svinga haudet
over kanten så ej turte ikkje lette håven. Etter dette vart den mindre
samarbeidsvillig, og ville ikkje nær håven.
Ej såg at kroken
sat berre i leppa, så ej var meir forsiktig, men etter kvart slakna
fisken og ej gjorde meg klar for å lande den. Håven ville den ikkje nær,
så den la ej vekk. Men til slutt gav den seg og ej kunne dra den fram på
leira, å bære den inn på trygg grunn. Fisken var 69cm og vog flotte
3600g. Det var mykje roligare denne dagen enn i går kveld, og etter
kvart vart vi leie. Vi hadde no fiska brekket mange ganger, så ej
bestemte meg for å vade ut nedanfor og fiske svingen. Inge tenkte at ej
kanskje ville skremme fram fisk når ej fiska på dei, så han stod på
brekket å fiska. Ej starta langt framme, men satte fast på dei to første
kasta så ej måtte gi opp å fiske heilt framme. Men det gikk greitt
lenger nedover, og ej fiska rundt svingen uten å kjenne noko. Når ej kom
ned imot enden så oppdaga ej at Inge hadde på fisk. Han kjørte fisken
lenge ifrå muren, så ej forstod det var ein fin fisk, men til slutt drog
han den på land. Fisken hans var 63cm og vog 2800g.
Ej fiska meg vidare, og like etter var noko bortpå å plukka. Det tok
skikkelig og ej var sikker på at fisken satt, men når ej slo til så var
der ikkje noko. Ej var no komen så langt ned så ej kunne, så ej vassa
meg på land og fikk vite at Inge hadde sett fisken være oppe før den tok
heilt borte i renna. Vi bytta no plass, men Inge greidde ikkje skremme
fram fisk. Derimot fant han ein fisk i framkanten på djuphola bak i
svingen, kanskje den ej hadde vore bortpå litt lenger bak. Fisken tok og
drog tungt som dei to andre fiskane han hadde fått, men dessverre så
slapp den etter ikkje så lenge. No kom floa, og Inge måtte etterkvart
rømme på land. No flytta vi fram til Hengebrua og også her var Inge bort
i eit par fiskar, men han slo av kroken på begge to av ein eller annen
grunn. Etter dette gav vi oss og reiste ut igjen. No var vi oppe i
akkurat under 211kg, og håpet om ein ny rekord var innen rekkevidde, det
som hadde vore så fjernt gjennom heile sesongen. |
07.09 |
Driva
Gjøra Elv 18-24 |
05.09 for Inge opp i Driva, men
han var så sein at han venta med å fiske sia han ikkje var kjend på sona
Gravem der han fikk kort. 06.09 fiska han strekket ifrå fremste Hjelle
og ned om Bjørbekk bru, foran brua i Djupet fikk han ein flott laks på
5,6kg. Utpå formiddagen vart det regn og vind så han bestemte seg for å
gi seg, men han gikk oppom Bjørbekk brua og fikk sjå 3 fiskar nedanfor,
så derfor måtte han prøve på desse. Ein av fiskane var etter og drog i
fluga, men den vart dessverre ikkje fast.
06.09 kvelden fiska Inge Gjøra. Han kasta vekk ein del tid framme ved
fossen, så han fikk litt lite ut av kvelden, men han fikk i alle fall
gjort seg kjent, og sett at dei tok ein laks på andre sida av Molgflønet
der han avslutta. 07.09 fiska han meir på rette sida på Næse, men det
var dødt. Men like før kortet var omme tok ein aure fluga heilt inne på
stilla nedanfor neset på Næse. Auren var 1,2kg og gjorde at vi no mangla
kun 1,3kg på ny rekord. Ej kjørte oppover i tidenes regnvær, det
spruta elver ut over alt, og verste plassene flaut det 5-10cm vatn over
alt. Men etter Ørskogfjellet vart været lettere, og i det ej nærma meg
Gjøra så letta det opp. Ej kom oppover like etter kl.17 og rakk berre så
vidt å pakke ut og hoppe i klærne mens Inge stod å trippa etter å komme
i gang. Vi starta med Molgflønet der vi møtte Frank Strifeldt som også
var å avslutta sesongene. Vi fortsatte med å fiske foran og nedanfor
Gjøra bru, men som dei andre kveldane var det veldig dødt. Vi avslutta
med ei kjapp overfaring av Nisjafløne på vei til hytta igjen. |
08.09 |
Driva
Gjøra Elv 00-13 |
Vi skulle opp
04.30, men klokka til Inge ringde ikkje, så vi stod opp først kl.07, men
det verka tidlig nok, for ikkje var nokon andre oppe, og ikkje var
fisken heller vaken, trur ej. Vi starta med å fiska Næse, men her var
det dødt. Så vi satsa nede igjen og ej fiska Nisjafløne, mens Inge gikk
fram i Haukåhølen, ej fikk ein brunaure på knappe halvkiloet som fikk
friheten tilbake. Etter kvart gikk også ej hit fram, mens Inge då gikk
fram på Grytsanden. Inge trudde han såg ein fisk bakpå Haukåhølen, men
ellers var det dødt. Vi avslutta med å fiske Nisjafløne ein siste gang.
No var vi to på nordsida, mens Strifeldt & co var 4 mann på andre sida.
Dei dreiv mest kastetrening, mens vi i det minste prøvde. Og det lønte
seg, for ti på kl.13 så beit det på ein aure med Inge. Fisken gav seg
raskt, og ej kunne håve fisken som gjorde at vi passerte fjoråret.
Fisken vog 2,27kg. |
08.09 |
Driva
Gjøra Elv 18-24 |
Vi var ei runde å kikka for å
sjå om vi skulle prøve lenger nede, men sideelva som kjem ned ved
campingen gjorde at elva nedanfor samløpet var så stor at vi ikkje fant
at den var fiskande, så dermed vart det Gjøra igjen. Vi starta kl.18 med
Nisjafløne, mens Inge tok Haukåhølen og Grytsanden. Men vi fikk begge
besøk, så vi flytta vidare, men det var folk over alt så vi enda opp på
Husflønet. Her var det langt å fiske seg ned til Gjørafossen, så det var
nesten mørkt når vi kom ned dit, like fiskelause som når vi starta. Når
vi kom ned til Nisjafløne så var her folk, så vi gav oss, spesielt sia
det hadde tjukna til og blitt litt småregn. |
09.09 |
Driva
Gjøra Elv 00-13 |
Neste morgen kom vi oss opp, og
var i elva like før kl.06. Vi starta i Nisjafløne, men med unntak av ein
ny brunaure av samme kaliber som sist på meg, så var det dødt. Vi flytta
til Molgflønet, og deretter til Næse, men bortsett ifrå masse Lemen,
Fossekall og Laksand så såg vi ikkje liv i elva. Etter kvart kom sola og
vi hadde god tru, men der var ikkje fisken enig. Vi avslutta med
Nisjafløne samt at Inge hadde ein kjapp tur i Haukåhølen, men det var
svart. Til slutt var klokka der og sesongen 2007 var til endes. Det
hadde vore ei kald helg, så det var greitt no å overlate elva til dei
fastboande nedi der, mens vi kunne trekke innomhus til forberedende
aktiviteter foran neste sesong, som ikkje er langt unna.... |
29.09 |
Eidselva Vatnet |
Mens ej var heime på krabbefest, var Inge innafor å tok ned teltet.
Sindre kom innover å hjalp han på laurdag formiddagen. Utover dagen
skulle det vise seg å verte ei skikkelig klekking, og etter at Sindre
hadde reist heim så stakk Inge på vatnet. Heile vatnet kokte av fisk, og
han meinte han såg meir fisk hoppe denne dagen enn totalt på vatnet og i
elva i heile livet. Fleire fiskar hoppa nesten opp i båten, og han såg
fisk på 5-6kg som vaka berre ein meter ifrå båten når han passerte. Men
det var veldig stille, så Inge kjørte rundt å jakta på den grela som
var. Og i dei to kraftigaste råsene så fikk han to fiskar.
Ein liten på ca
500g, før ein større fisk tok på fjerde forsøket sitt. Den rykte vinda
ut av hendene til Inge, første ein gong, men straks han fikk plukka den
opp og kom i kontakt med fisken igjen, så raste den avsted og vinda enda
i vatnet igjen. Dette skjedde enno ein gong før Inge etter kvart fikk
overtaket. Men fisken var seig og ville ikkje nærme båten, men etter ca.
40 minutts kamp kunne han håve ein nydelig aure på 4600g. Fisken såg ut
som ein vassaure, og Magne kunne bekrefte at det trulig dreier seg om
det. |
06.10 |
Eidselva Vatnet |
Ej hadde feber og hadde ein
begynnende forkjølelse, men vi tok ein kjapp tur med slukstanga. Vi
prøvde i området ifrå badestranda og ut på første neset med sluk, før vi
bytta til makk og prøvde litt ved flåten. Vi fikk nokre småkrede på
makken, men ellers var det ingenting å kjenne. Vi såg nokre fiskar
hoppe, men ingen innenfor kastehold mens vi var i nærheten. |
|