STARTSIDE
FISKEDAGBOK
 

2006

14.01 Årets første tur kombinerte vi med ein tur til Eid for å sjekke elveforbygginger, og om høstens flommer hadde gjort skade på elva. Vi var spesielt spente på forbygginga nedanfor Malakoff, men denne var ikkje påbegynt enno. Det dei derimot hadde gjort var å starte forbygging av elva ifrå Osbrua og nedover. Bakgrunnen for dette er ukjent då elva ikkje graver eller representerer nokon fare her, men trulig er det utviding av parkeringsplass som er temaet. Ellers såg vi ingen endringer i elva til tross for at vannføringa var opp i 73m3 i november.

I Nordfjord var det mykje regn og vått, så sia det var sørlig vind så satsa vi på mindre nedbør nord om fjella, noko som stemte bra, i alle fall var det opplett når vi kom til Ørsta. Vi kika først i Selbervika og utover imot Solheim, men sia det var dødt her så kjørte vi inn på badestranda, og her såg vi straks fisk som hoppa, så derfor bestemte vi oss for å prøve her. Ej og Inge rigga dupp og makrell, mens Ole Jakob rigga sluk. Klokka var allereie 16 slik at duppene såg vi ikkje, men ein god strøm hjalp godt til med å holde lina stram slik at vi kjente når fisken var bortpå. Eg var førstemann ut, men fisken var ein torsk, like etter var det Ole Jakob som fikk napp, og dette var rette sorten, men størrelsen var ca.600g, slik at den fikk friheten tilbake. Utover nappa det jevnt og trutt, men det var mest torsk, og kun ein aure til vart landa, det var Inge som fikk ein fisk på knappe 35cm. Inge miste seinare ein litt større fisk på ca.1kg. Slutta av kl.19 og då var sluttresultatet 2 torsk og ein pale på meg, Inge kunne notere 1 aure, 2 torsk og ein pale, mens OJ enda med ein aure, ein torsk og ein pale.

28.01 Reiste innover i går kveld til Sæbø, starta derfor med å sjekke ut korleis det var her, men svaret kom raskt, for her stod eit langt garn på fløyt midt inne i godområdet for auren. Kikka derfor lenger ute imot Hustadneset, såg fisk som spratt, men trur det var berre pale, det var i alle fall det vi fikk.

Reiste så over til Ørsta der vi først sjekka ut Sørheimsvika. Fiska litt med oter, men dette var mislykka. Såg kun ein fisk hoppe. Kjørte over på nordsida, her var det meir liv, men fisken var veldig små så vi gav oss å prøvde på badestranda istaden. Her såg vi ein del fisk, særlig ifrå stanga og imot osen. Inge fikk ein torsk på fluge, ellers var det heilt dødt. Prøvde også nattfiske til klokka var 18.30 uten resultat.

29.01 Sjekka igjen ut på Sæbø først, men her såg vi ikkje fisk som var oppe, så det vart ikkje prøvd her. Kjørte deretter inn til Eid, kikka i Osvika, men her var det dødt, så vi kjørte ut å prøvde på Stårheim. Såg ein bitte liten sjøaure som stod å hoppa like ved land, det var alt. Sjekka så ved verftet, var også ned om Lidl og i Osvika og gløste, men her var det også dødt. Kjørte over til Ørsta igjen og prøvde eit par timar i mørket på badestranda, såg også idag litt fisk, og vi fikk kun eit par mortar. Det var regnbyger, disig og stille, skikkelig døvær altså, og det er ikkje godt aurevær.
11.02 Vi prøvde Ørsta igjen på ettermiddagsfjøra, eg med sild, Inge med reke og Ole Jakob med sluk. Det var bitande kald vind, men ellers gode forhold. Starta rundt stanga, men her var dødt. Såg ein del fisk som hoppa lenger sør, så etter kvart flytta vi dit. Inge traff akkurat og hadde duppen midt i stimen ein heil time mens fiskene hoppa rundt han. Til slutt var det ein fisk som tok med han, men denne var berre såvidt over målet, så den fikk friheten tilbake. Etter dette gav OJ seg, mens vi holdt på ei stund til, men det var heilt dødt.
18.02 Etter OL-hopprennet for vi ifrå Sæbø til Ørsta for å prøve auren på badestranda, det var lett snø og disige forhold, men ganske stille, slik at forholda var ikkje så verst. Vi såg ein del små vak i skinnet frå gatelysa, samt nokre veldig få som var noko større. Inge fikk ein mort, det var alt.
19.02 Var ikkje i seng før 00:30, men som ivrige aurefiskere så stod vi opp igjen kl.6 for å friste auren. Vi venta til lysninga og prøvde ved fabrikken på Sæbø, fram til herrestafetten kl.09:30. Vi såg fisk som jaga i noko langt utpå, samt nokre få hopp litt nærmare oss, men generelt var det veldig dødt. Været var grått med litt lett snø i lufta, men det klarna opp etter kvart, som bildet viser, og vart skikkelig flott vær, men samtidig så falt temperaturen når det klarna opp, så det var friskt og godt. Dei fiskane vi såg virka være meir i farta her enn dei vi har sett i Ørstafjorden, trulig har dette med vanntemperaturen å gjere.

På turen utover igjen stoppa vi i Ørsta for å sjå om sola hadde gjort noko med den sløve fisken. Først stoppa vi på Rema for å sjekke ut badestranda, men her var alt heilt rolig, vi såg ikkje liv. Kjørte deretter utover til Sætre. Her stoppa vi ved neset ved "Fast redskap"-skiltet, men dette som vanligvis er ein sikker plass verka heilt død. Kjørte derfor utover til der veien går heilt nede ved sjøen, og stoppa på avkjørsla i inste enden. Her var det også nesten dødt, vi såg ein fisk nedfor moloen, men denne var liten. Men vi såg også ringer fleire gonger heilt ute i enden, uten at vi kunne bestemme kva det var. Kjørte derfor ut for å sjå om det kunne vere større fisk. Vi stod der akkurat i det sola forsvant bak Helgehornet. Ganske raskt hoppa det ein liten pinne, og etter ei stund til enno ein. Vi hadde no nesten gitt opp å finne fin fisk, då ein diger fisk plutselig rulla rundt i overflata rett utanfor land. Då fikk karane fart på seg, og stengrene som låg med gammalt agn bak i bilen vart tatt på direkten og tvert servert for fisken. No livna det raskt til, og i løpet av kort tid var det oppe fleire fiskar i alle størrelser, ifrå 25cm til 3-4kg, dei største muligens oppdrett, men ikkje sikkert. Inge fikk første fisken, men den var kun 30cm. Etter kvart var han borti 3-4 fiskar utan å greie å få dei faste, litt ivrig eller litt sein i tilslaget. Vanskelig å sei noko om størrelse, men i alle fall ein var nærmere kiloet. Til slutt kom også eg på bana og kunne dra opp ein liten aure på 25cm. No var det lenger mellom vaka, tempen hadde falt mange grader så når eg fikk ein liten pale så tok vi ei vurdering, og konkluderte med at sofaen frista meir enn fleire minusgrader, så derfor pakka vi sammen og reiste heim, etter årets første positive opplevelse.

18.03 Etter to lange dager på organisasjonskurs hos Ørsta JFF så ville vi prøve auren. Været var surt og nordvesten med regn og yr piska imot oss når vi sjekka ved Rema. Nei skulle vi prøve måtte vi finne ei lun vik på nordsida. Slo lag med Sindre og Torbjørn ut til den store lomma på nyeveien. Vi holdt på ein time med kun mort som resultat. Ej og Inge prøvde lodde som vi fikk med Sindre, mens dei prøvde sluken.
19.03 For til Sæbø og overnatta, på veien heim fiska vi 2,5t ute der nyeveien går heilt nede. Været var som i går nordlig, med kuling i bygene, som i dag bestod av snø. Vi såg 3 fiskar hoppe, alle var det fin størrelse på og dei virka skikkelig godt i hold, men bite ville dei ikkje.
01.04 Forrige helg var vi på Sæbø, Inge fiska på Sætre på vei innover, men kjente ikkje fisk. Han såg nokre fiskar. Laurdagen gikk med til å måke fram vogna ifrå dei 70-80cm med snø som hadde kome siste veka. Og søndagen for vi på messe i Ålesund for å sjå om der var noko spennande, det var der, kjøpte ei Shimano Technium og ei Backwinder Seatrout. Inge var også innafor både mandag og tirsdag, han såg masse, men fikk berre to små på tirsdagen.

No hadde vi tatt turen til Ørsta der vi starta ut på Sætre med sluken, her fikk ej ein aure på ca 30cm, denne hadde sporden av ei 12-15cm lang sild stikkande ut av kjeften, men likavel tok den. Såg llitt fisk lenger innover og flytta dit, men her stod vi å fiska rett igjennom stimen kast etter kast, men den nekta. Såg ikkje større fisk her.

Flytta seinare innom nausta, på neset der hoppa ein stor fisk eit par gongar, men hverken den eller nokon av dei mindre som stod der ville prøve seg på sluken. og derfor flytta vi inn på badestranda. Her var veldig dødt, såg nokre få fiskar i osen, og ein fisk ca midt på stranda, det var alt. Vi prøvde så vidt agnet ute på Sætre igjen fordi Inge såg ein storing hoppe, men no vart det fort kaldt og vi gav opp og for heim.

08.04 Endelig var Palmehelga koma, turen til Smøla var tilbake på planen, men kun Petter ville være med. Ej kom meg ikkje klar på jobb før klokka var halv fem, slik at fisket fredagen gikk i vasken. Petter reiste derimot tidlig oppover og prøvde heile kvelden i Fuglevågen, men uten at han fikk fisk, men han såg eit par hoppe.

Men laurdag morgen kl.0830 var vi på vei ned igjen i Fuglevågen. Her var ein kar allereie i sving ganske langt framme ved osen så vi prøvde litt lenger ute imot berget. Isen låg på heile vågen, men ifrå neset, og ut til holmen var der ei åpen råk som vi kunne fiske i. Vi var borti ein del mort, men etter ein god time så forsvant plutselig duppen til Petter. Han slo til og fisken satt. Det vart etter ei kort stund fastslått at dette var ein Regnbue, men den var blank og fin. Kampen varte ei god stund, men etter kvart måtte den gi seg og eg kunne håve fisken som var knappe 2kg. Etter dette såg vi ein fisk til som var oppe å rulla seg, men ingen fikk noko meir.

No hadde fjøra gjort det ganske grunt, så vi pakka etter kvart sammen og kjørte i Anskotet, men her var folk så då prøvde vi Hopen i staden. Vi fiska her ein time, men vi hadde ikkje føling med fisk. Det kom to karer litt etter oss, og dei fikk ein fisk på 1,5kg litt etter at vi gav oss.

På kvelden var vi igjen i Fuglevågen. Vi såg nokre fiskar, men etter at sola gikk ned så vart det heilt dødt og pistrande kaldt. Ej avslutta med å få ein mini-torsk det var alt. Så bar det heim til kokt regnbue og øl.

09.04 Etter øl og Cognac til 03.30 så vart klokka 9 før vi stod opp, så klokka var 10.30 før vi var på plass i Hopen. Ej satsa bakpå, men Petter prøvde litt lenger framme. Allereie på første kastet så forsvant duppen min og når tilslaget kom så var det ingen tvil, fast fisk. Fisken var roleg og slapp, så konklusjonen var småfisk. Men så var den oppe å rulla og då vart størrelsesanslaget endra, men i neste rulling vart også arten endra for då kom der opp ei blank side med ei rosa stripe midt på, ny regnbue. Kampen var kort og ikkje spesielt heftig, før ej kunne håve fisken på ca.2,5kg. Seinare såg vi ein fisk hoppe, men vi kjente ikkje noko meir fisk. Nordvesten var bitande kald, så etter eit par timar så pakka vi sammen og tok pause. Etter mat og middagskvild pakka vi sammen og skreiv oss ut av Moldstad. Vi var ein tur vest på Brennskaget og kika, her var mykje fugl, men det var så lenge til floa, så vi gav opp å vente og reiste heim.
12.04 Med så sein påske så hadde vi håp om å kunne fått ut vogna, men der inne låg fortsatt 10cm med snø. Men han hadde måka, så vi fikk oss ei hytte slik at vi fikk starta campingsesongen. Vi starta innover rundt middag, slik at vi var komne i hus tids nok til å få skvisa inn ein liten fisketur på kvelden. Vi starta med å sjekke bruene og Myrahølen for fisk, og vi fant ein fisk i Myrahølen. Så kjørte vi oss ut til stranda utanfor verftet, ikkje plassen der vi har hatt best erfaringer, men vi har som oftast sett fisk. Så også no, vi såg nokre fiskar hoppe, Inge hadde også etter ein del mindre, og ein hang også på ei lita stund, men det vart ikkje tellande resultat. Vi prøvde også heilt oppe i bukta, og her hadde Inge etter ein skikkelig aure, men den tok ikkje.

Etterpå flytta vi til Stårheim, der vi prøvde ved det raude verkstedet, men her var det mindre aktivitet, men det skyldast nok at her var minst 4 oterer som låg å rota i området. Eg hadde inn på 3 meter ifrå meg før Inge skremte dei. Vi kjøre så vidt bortom Osvika på heimveien, men no hadde det vorte så mørkt og kaldt at vi avslutta for dagen.

13.04 Vi hadde fortsatt samme gråværet, men det var litt betre innimellom. Vi var blant anna ned i Åbrekk og kikka, og her såg Inge 6 nygådde laksar, men elva var så lita at dei stakk av når dei vart oppdaga. Etter dette kjørte vi til Sæbø og fikk oss juleribbe, før vi kjørte vi Nordangsdalen og til Stryn. Her prøvde vi å fiske på badestranda, og som dagen før hadde Inge etter ein del mindre fiskar, han fikk også ein, ellers var det dødt. Men plutselig hogg det i med Inge, han håpte på skikkelig fisk, men opp kom eit flatt lite hovud med ein sluk på tvers i kjeften, ein Oter. Kven som vart mest skremt er uvisst, men det var i alle fall oteren som prøvde å komme seg unna. Etter eit 50m langt utras, løysna heldigvis sluken, for å sloss med ein illsint oter vil eg tru er omtrent som å sloss med ei sirkelsag.

Etter at verste sjokket hadde lagt seg fortsatte vi innover til Loen og Olden, men ingen av plassene såg vi liv. Vi kasta nokre få kast i Olden, men det var ingenting å kjenne. No kom regn og sluddbygene igjen, så vi pakka sammen og kjørte imot Eid. På veien kjørte vi nyeveien til Lote, sikkert fint i godt vær, men i sludd og snø var veien litt for smal og det var litt for bratt rett i fjorden, uten sikring, for min smak.

Dagen etter spaserte vi Alsaker, det første vi såg var ein fisk i Bruce. Så midt i andre telefonen dukka enda ein laks opp nede i hølen. Deretter fortsatte vi framover, her såg vi blant anna at elva hadde runne på innsida av Fossekanten. Fortsatte deretter fram til fremste, der hadde dei rydda skog, så her var trua minimal, men så feil kan ein ta. Først oppdaga vi ein litt baki, så oppdaga vi ein litt lenger framme og denne var diger, før vi oppdaga enno ein ved sia av denne. 3 flotte laksar i denne hølen, og 5 på sona, som vi såg. Seinare på dag såg vi også ein på brua, så totalt har vi i påska sett 13 fiskar, truleg minst 11 nygådde. Elva målte 5°C,

22.04 Var ein liten svipp i Straumane sammen med Inge, men var så frisk med vinden at det var vanskelig med fluga, det var også grunnen til at vi ikkje melde oss på sjøaurekonkurransen. Og det var vel like greitt, for 80cm trur ej vi hadde slitt med å slå. Ej fikk ein pale, det var alt.
07.05 1.mai helga var vi inn å satte på plass vogna og fikk opp teltet, det var endelig vår i luften, men vi kom oss aldri avsted å prøve auren. Var nokre turer i elva og kikka, såg ein laks søndag i Bruce det var alt. Fisken var vekk mandag, så det var tydlegvis bevegelse i fisken.

Helga etter var vi igjen innafor, no var sommaren komen, med vel 20°C og nydelig vær. Elva hadde gått mykje opp og var farga, så vi såg ikkje fisk denne helga. Laurdagen var vi ut til Stårheim å prøvde sjøauren i sjøen, det enda med at eg fikk ein fisk på knappe 35cm, og miste ein mindre. Bente fikk to mortar, mens Inge og Atle lonnja.

17.05 Var innafor for å prøve sjøauren, men det vart fotballkamp 16. og ingenting på 17. Men ej stoppa 10 minutt i Ørsta på vei heim, men det resulterte kun i 3 lyrar. Eg såg heller ikkje fisk, men Inge fiska seg ut fjorden ifrå Eid. På Stårheim var det masse smolt i sjøen, han fikk eit par før han gav opp å få større fisk. Han flytta lenger ut og her var fisken større, han såg masse fisk hoppe, men fikk ingen av dei.
20.05 Atle ville fram til Grodås å sjå om det var lov å fiske i elva. Det var ikkje satt opp noko om endring av reglane, og der var ein å fiska når vi kom, så vi løyste fiskekort og prøvde flugestengrene. Inge fikk første heilt nede på enden, men denne var så liten at han satte den tilbake. Så var det hos Atle det beit, denne var litt større, så den var med heim. Så var det min tur å få fisk, min var eit par cm mindre enn Atle sin, men vi tok den med heim. Atle gav seg litt etter, mens ej og Inge fortsatte ei stund til. Inge fikk ein liten fisk til, men denne vart satt tilbake.

Vi sjekka bruene fleire gonger i løpet av helga, men først på vei heim såg Inge fisk der, 2 laksar. Vi var fram på Alsaker å rydda på Fossekanten og framme i Fåhølen etter flommen, ellers fjerna vi greiner og tre som låg i stiene langs elva.

01.06 Eidselva Alsaker 00-02 Himmelspretten gjorde at vi hadde langhelg, i alle fall ej og Bjørn, og denne helga vart brukt til å gjere alle dei siste forberedelsene før sesongen starter onsdag kveld. Vi vakta bruene både morgen og kveld for å sjekke oppgangen, men her var det tomt. Derimot så var det ny fisk i Åbrekk kvar morgen, så det gikk tydlegvis fisk, men den lave vannstanden og det klare vatnet gjorde nok at det meste av fisk gikk i ly av mørket. Men etter ein tur på Expedisjonen på laurdag var vi tidleg oppe, og sjølvsagt måtte vi etter kvart ned å sjekke på bruene. Og hvilket syn som møtte oss, ein stim på ca.40 fisker ringa rundt nedanfor Osbrua, det var mykje vind å vanskelig å sjå, men fiskane var fleire gongar opp å slo og vist oss at dei låg på mellom 4 og 7 kg. Vi sto her ein halv time og beundra synet og gledde oss til det heile startar. Seinare på kvelden kom det melding om ein ny stim på 30 fisk, desse var mellom 10-20kg, og då gikk ikkje akkurat feberen ned!!

Siste dagane har det vore kald nordlig vind, med små regnbyger og berre 6-8 grader, så forholda er ikkje ideelle, men det er meldt dreiing til sørvest kuling og regn, så vi håper idet vi er på vei innover, med snø langt ned i fjella. Rapportene seier fisken har begynt å gå på elva, så det høres i alle fall lovande ut.

Allereie rundt kl.22 inntok vi vadebuksene og sette nasen i retning Alsaker, besetninga første dagen var Inge, Atle Storvik, Asbjørn Løvøy, Bjørn, Petter og eg. Petter skulle komme utpå dagen, men klokka vart 21 på kvelden før han dukka opp, og då sov han til neste morgen. Alle unntatt Bjørn starta med fluge, til tross for nattefrost og elvedis. Asbjørn var førstemann i kontakt med fisk då noko lugga borti nede ved Storesteinen. Neste kjenning var det også Asbjørn som hadde, og dette var på Sanden der han hadde på ein fisk eit lite sekund på fluga. Inge vant trekninga om å være først på Fossekanten, men her var det dødt. Ej fiska meg nedover, og var også bort i fisken ved Storesteinen, men dette var på marken. På vei fram igjen møtte ej Asbjørn som viste fram stangringene sine som var heilt tette av is.

Inge gikk framover med makken sammen med Bjørn, og på Sanden beit ein laks. Denne oppførte seg eksemplarisk og Inge kunne greitt berge årets første laks på 5480g og 80cm lengde. Utover morgenen var alt rolig igjen, men noko utpå morgenen så beit det på hos Bjørn i Fåhølen, men fisken hang på berre i ca.10 sekund før den slapp. Resten av formiddagen var alt rolig igjen.

Vi sov ei stund midt på dag, og når vi vakna igjen så hadde det trekt over eit slør og sola var borte, noko vi tok som eit godt tegn. Men etter timer med resultatløst fiske, så bestemte ej meg for å fiske heile veien ifrå Fossen og heilt ned i grensa. I det ej stod i Vaskeplassen såg ej Petter kjøre ned til Eid, dermed var vi fulltallige. Nedanfor måtte ej sloss med meg vei for å komme fram, men det førte kun til kontakt med ein liten Honndalsaure som ej satte tilbake.

Mens ej sloss meg vei gjennom skog og kratt så prøvde Bjørn fiskelykka på Fossekanten, og brått beit ein fisk på marken hans, men etter eit halvt minutts fight så slapp også denne fisken. Men Bjørn fortsatte å fiske Fossekanten og like etter hang ein ny fisk på kroken. Fisken tok ei lita runde før den satte utfor fossen med Bjørn like bak. Inge hadde fått med seg det som skjedde ifrå buda og kom springende for å hjelpe. Han såg Bjørn måtte ned fossen og sprang direkte ned til buda under fossen. Bjørn kom omtrent samtidig og fisken var alt i ferd med å tagne. Så etter ein kort kamp her kunne dei berge fisken som viste seg å være ein kjempediger superfeit sjøaure på 7110g og 82cm, noko som gir ein K-faktor på 1,29 imponerande på ein så stor fisk. Dette er den klart største sjøauren blant gutta, imponerende av Bjørn. Resten av kvelden var alt rolig igjen, så når klokka runda midnatt så pakka vi sammen og tok kvelden. Framme på campingen var det filming mellom regnbygene som no var komne som meldingene tilsa, så vi la oss med forventning om morgenen.

02.06 Eidselva Alsaker 02-02 Klokka 0400 vakna vi til vellyden av skikkelig regn på taket. Bygene stod i kø, men skodda holdt seg unna. Ej var først på fossekanten og fiska grundig og vel bortfor neset, men fisk som ville ta stod her ikkje. Når ej sjekka bakevja etterpå såg ej 2 fiskar, nei var det kanskje 3? Mens ej stod å studerte på det korrekte antallet hang marken min nedpå overflata, og når ej såg at denne vart dradd ned i ein hvirvel slakka eg etter for å få makken ned til fisken. Men makken gikk rett ned go ikkje imot fiskane, men det gjorde ikkje noko for ein av laksene skaut fram, slukte makken, vrei rundt på hovudet før ej gav tilslag. Fisken vart sjølvsagt rådvill og rota rundt i bakevja heilt til Bjørn hadde rukke å kome ned ifrå buda, og sikkert 5 minutt til, ja faktisk så lenge at vi forberedte håving ifrå berget, men då skaut den fram i straumen og med fullt strekk i snøret kjempa den seg heilt fram på brekket av Fåhølen der den gjorde eit lite hopp. Men turen fram hadde tatt på og sakte kunne ej tau den ned igjen og inn på bakevja. Igjen vurdert vi å håve ifrå berget, men fisken var tverr og derfor bestemte vi oss for å prøve å gå ned nedanfor berget. Først berre Bjørn mens ej drog fisken fram på grusen, men etter eit par mislykka forsøk så klatra også ej ned. Fisken var usannsynlig seig og nekta å bikke over på sida, men holdt seg oppe å kjempa tappert. Først etter ca 15 minutt fikk vi lov å dra den fram i fjøra der Bjørn kunne sikre fangsten med håven. Laksen vog flotte 6410g og var samme lengda som Bjørn sin sjøaure, 82cm.

Første utpå formiddagen var vi igjen i kontakt med fisk, denne gongen fiska Bjørn først over foran Kastarhølen, men sleit slik at Inge tok over. Etter 50 kast gav han opp og gikk nedover og overlot plassen til Petter. Han tok 2 kast og bang der satt det fisk på. Han ropa på Inge for å få hjelp med han, men han var komen for langt til å høre Petter sine etter kvart desperate rop. Fisken seig bakpå grunna, Petter gikk ned om for å prøve å få den mote straumen igjen, men den vart med ned i hola på Sanden og 3 ganger måtte Petter hente den fram igjen ifrå brekket. Fisken gikk også fram igjen i Kastarhølen, men Petter taua den ned igjen og kunne etter ei stund dra fisken fram på grusen. Og det var ein ganske oppjaga fiskar som kunne dra fisken etter seg ned i buda der vi andre satt. Laksen vog flotte 10300g og var 102cm lang.

Vi fiska ei runde og samlast i bua og etter ein kaffi gikk Bjørn på Fossekanten. Ej var på vei nedover bak Fåhølen når plutselig Bjørn ropte at han hadde på fisk. Inge, som fiska Fåhølen heilt bakpå, sprang ned, mens ej tok det eit lite hakk roligere. Fisken tok ei runde oppe på fossen før den tverrsnudde og satte utfor fossen. I det samme smalt stanga til Bjørn rett av 20cm over korken, og stanga rasa nedover sena imot fisken. Bjørn følgde sjølvsagt etter med stumpen til værs, slik at når ej kom ned til hølen under fossen så stod han der å prøvde å samle seg med stumpen til værs. Vi visste ikkje om fisken var på eller om det var fast borti elva, men uansett så kunne vi ikkje fortsette å jobbe rett ifrå snella, så Bjørn var kommandert nedover elva for å få elva til å dra den andre delen av stanga oppover sena igjen slik at vi kunne nå den. etter litt kunne ej vasse ut å plukke tak i enden slik at vi kunne begynne å jobbe med det som måtte være i andre enden. Ej fikk i jobb å kjøre stanga, mens Bjørn kjørte snella. Var fisken på, så stod den langt borte på andre sida. Ganske raskt vart det klar at om fisken var på så hadde den kilt fast blyet mellom eit par steinar. Ej stramma for å finne ut kva som var status i andre enden, men då smalt det igjen og stanga var plutselig i enno ein bit. denne delen overtok Inge og no var det 3 mann på ei stang og eit snøre. Vi kjente ikkje liv, så vi beslutta å legge full kreft i tilfelle blyet var fast med fisken i. Til slutt slitna det og det vart klart at fisken var long gone. Dermed kunne vi slukøra returnere til Bua der Bjørn måtte leite fram gamlestanga etter å ha mista sin tredje fisk.

På ettermiddagen reiste Bjørn tidlig ned for han skulle gi seg å rekke ferja ut igjen. Når vi kom ned litt seinare, så hadde han ikkje kjent fisk. Det var forholdsvis rolig heile kvelden, men etter at Bjørn hadde gitt seg, og mens ej fiska Fåhølen og Petter stod i bua så ropa Inge, ej satte frå meg stanga mens Petter passerte meg på vei med håven, men før vi var halvveis så hadde fisken slept kroken. Truleg ein aure på 2-3kg konkluderte Inge med. Ellers var det ingen ting å kjenne, men 5 mista fisker og 4 fiska i frysen må seiast å være bra, berre vi klarte å holde denne trenden med 2 fiskar i døgnet, men vi måtte slutte å miste så mykje fisk.

03.06 Eidselva Alsaker 02-02 Neste morgen var vi igjen oppe klokka 04.00, Sindre var komen og tatt over for Bjørn. Litt før 05 var vi i elva med store forhåpninger, som vanlig. Ej starta framme i fremste og fiska raskt over der uten resultat, før ej flytta ned i Kastarhølen. Det var i innløpet her Petter tok den store dagen før, så eg håpte ein ny fisk hadde tatt plassen hans. Ej kasta ut på den hotteste plassen, letta stanga høgt og lot blyet hoppe nedover. Ej stod å såg opp på stanga og tenkte at skulle det skje noko så var det no, då skulle stanga begynne å bøye seg nå, då skulle ej gi slakke gjennom å senke stanga, for så å slå hardt til. Og samtidig som ej tenkte dette så skjedde nettopp dette. Stanga stod krokbøygd og vitna om at fisken hadde tatt.

Fisken rota ei stund rundt nede i djupet på hølen, men etter3-4 minutt så seig den bakover og stilte seg opp rett utfor buda. Her stod eg å holdt den i vel 5 minutt, men fisken stod bom stille til tross for godt press. Ej vart etter kvart bekymra for at fisken hadde gått seg fast, og prøvde å dra til litt ekstra for å sjekke. Laksen han svarte med å begynne å sige framover igjen. Når fisken kom fram i Kastarhølen igjen så gikk den rundt nede på djupet berre å stanga. Enno hadde ej ikkje sett noko av fisken, og no hadde vi kappast i 15 minutt. Konklusjonen vart at dette måtte være ein stor fisk, så ej trengte kanskje hjelp underveis og derfor tok ej fram telefonen og ringde Inge som sat i buda ved Fåhølen og drakk kaffi. Fisken seig etter kvart ned igjen utfor buda og stilte seg opp. No såg vi skuggen av fisken borti, men det var umulig å seie noko om størrelse enno. Fisken stod rolig så lenge at Sindre trudde ikkje det kunne være fisk på, det måtte være fast. Ej prøvde å endre angrepsvinkel fleire ganger, og når ej kom bak fisken så seig den unna og bort i renna. Ej kjende blyet hoppe over steinene når fisken seig framover imot hola igjen for tredje gong. Plutselig hekta blyet seg fast, no var det kritisk! Ej sprang ut i elva mens ej nøkka i stanga for å løyse, og til slutt kom det. Snøret stramma seg opp og kontakta var gjenoppretta. Fisken seig fram i hola og ej følgde etter. No begynte fiske å tagne, og ej greidde å lette den ifrå botnen slik at svivelen kom over vatn. Fisken tok nokre runder, til slutt hadde ej den rett nedfor meg, dette likte den dårlig og gjorde eit utras og hoppa bort i hølen. Så gikk den over på andre sida og etter kvart jobba den seg ned igjen til strekket utfor buda. No var det gått 35 minutt, og ej trudde kampen snart var over, men fisken han spikra seg fast og vart stående. No hjalp ingen ting, ikkje press forfra, ifrå sida eller bakifrå. Ej fikk eit par meter som han straks tok igjen. Fleire gongar var fisken heilt bort på kanten av renna, men med forrige episode i minne så gjorde ej alt for å hindre den å nå dit. Ej prøvde fleire gonger å leie fisken fram i Kastarhølen, men den seig heller imot meg inntil den kom for grunt og så seig den unna. 10 minutt gikk, 20 minutt og 30 minutt, det var utrulig kor seig denne fisken var. Til slutt var den lei og etter å ha blitt dratt inn på grunt vatn, så satte den unna meg og over elva, og no nådde den djuprenna. Straks kjente ej at Firelinen huka seg fast, men heldigvis var blyet laust. Fisken gikk no unna elva mens Firelinen gikk i vatnet på samme plass. Ej sprang ut i elva og vassa meg nesten heilt ut til kanten før snøret løysna. Fisken var no komen godt bak i hola og seig unna elva jevnt og trutt. Frykta at den ville gå utfor brekket, så eg holdt litt ekstra igjen for å stoppa fisken, og det lykkast. eg tenkte at press ifrå sida eller bakifrå ville få den fram igjen, men straks den ikkje fikk henge i sena så seig den nedover elva, så det vart ein stillingskrig der eg prøvde dra den fram, mens den hang tungt i enden og berre styrte. Eg fikk dradd den fram nokre meter, men då la den seg litt på tvers og seig bakpå igjen. Etter totalt 1t20m så kom ei skikkelig regnbyge, og overflata vart heilt grå i det kraftige regnet. No vart plutselig fisken meir medgjørlig og eg fikk den greitt med på gåtur framover. Fisken følgde heilt fram til Kastarhølen, men når den såg det djupare vatnet så nekta den meir og snudde ned igjen. Fisken seig bort igjen dit han stod så lenge tidligare, men no greidde den ikkje å holde seg her, så den vart med inn på grunna når ej stramma for så å snu ut igjen. Tredje gongen den gikk ifrå meg greidde den ikkje dra av snella og svinga derfor unna elva og heilt inn på grunna. Inge vart gjort oppmerksom på at no var den straks klar, slik at han kunne prøve å håve den. Fisken seig unna eit par gongar før ej kunne dra den fram imot grusen og Inge kunne prøve seg med håven. Fisken seig unna når han hadde håven midt fram på fisken, men no bikka den over på sida for første gong og Inge kunne ta den i sporden. Fisken sprella så Inge miste taket, men Inge stoppa den med håven, tok tak i sporden igjen og skuva den fint ned i håven.

ENDELIG!! Klokka 05.40 beit den, og 1 time 25 minutt seinare, klokka 07.05 var fisken komt på land. Vi var spente på vekta, kunne den være 12kg lurte Inge? Vi hadde ikkje vekt, men målebandet visste 101cm og dermed vart anslaget korrigert ned til 10kg på bakgrunn av Petter sin fisk på 102cm i går. Inge tok over plassen å fiska over, for vi hadde sett 3 fiskar som var oppe mens ej kjørte fisk, medan ej gikk ned i buda med fisken. Etter strabasene var ej svett og varm, men etter 1 time i buda fraus ej. Så ej gikk fram og fiska over Kastarhølen og Sanden, men ingen fisk å kjenne og ikkje fikk ej varmen i meg, så vi vart enige om å reise fram igjen å sove litt før vi skulle i bryllaup til Frank Tore og Anett. Når vi kom fram igjen så var det veging og måling, og min nye lakserekord vart 11000g, fordelt på 101cm.

Karane som var igjen fiska heile kvelden, men dei verken såg eller kjende fisk i det heile. Heller ikkje på Fossekanten var det fisk å sjå for heile kvelden. Temperaturen i lufta og elva falt raskt så det virka som det meste stoppa opp.

04.06 Eidselva Alsaker 02-02 05.30 var ej ferdig med feiringa av Brudeparet, og kunne sovne fornøgd både med tanke på Frank Tore og Anett og min nye rekordlaks. Imens trakka gutta elvebredda på Alsaker med samme resultat som kvelden før, totalt dødt.

I det vi kom inn igjen i 14-tida, stoppa vi på brua for å sjekke oppgangen av fisk, og drmed så fikk vi med oss ei lakseberging av ein 5kg rett foran brua. Her stod bra med fisk, både foran og nedfor brua så dette såg lyst ut, men det var bikkjekaldt. Når vi kom fram på vogna igjen, så var karane akkurat oppe, og kunne kjapt oppsummere det siste døgnet, heilt totalt dødt. Vi fortalte om fisken som stod ved brua, og den som vart landa på Staten, men karane hadde dårlig tru på at fisken gikk på elva. Like etter kom Atle opp igjen ifrå elva, og ikkje lenge etter kom Bente ned å lurte på om ho fikk låne vekt og lakseplast, fordi Atle hadde fått fisk. Petter tvilte sterkt, men når vi kom opp på kanten og fikk sett fisken, så måtte han gi seg, fisken den var ekte. Vekta kom til nytte og visste 4810g, mens lengda var 77cm. Atle tok laksen på ein av dei oransje wobblerane som han hadde slik tru på. Når han tok den på Sanden, så var nok fisken på sona også når dei andre var der.

På kvelden var det f ortsatt dødt, ej konsentrerte meg om nedre del, men her var rett å slett ingen ting. Det klarna opp utover kvelden og ej forstod at nattefrosten ville være tilbake, så ej vart med Asbjørn fram igjen mens Inge og Petter hadde gira opp kvarandre til å fortsett natta igjennom.

05.06 Eidselva Alsaker 02-02 Klokka 03.00 stod ej opp for å rekke morrabettet. Når ej kom ned så kunne karane overraska konstatere at det hadde frosset på. Det var vel knappast ei bombe med 4-5°C på dagtid og så klarna det opp på kvelden. Det hadde vore dødt heile natta, og meir liv vart det ikkje utover morgenen, så vi reiste fram igjen i 8-tida og la oss, å satsa i staden på ettermiddagen og kvelden med varmare vær og vatn.

Vi var ein kjapp tur ned midt på dag, rundt dei tidene når dei fikk fisk dagen før, men også no var det dødt, så det vart middag, pakking og heimsending av Petter før vi tok resten av kvelden i elva igjen. Vi holdt på til 20.30, men då gav vi opp, for vi hadde ikkje verken sett eller kjent liv. Asbjørn skulle være over til neste dag så han fortsatt, mens vi vende nasen heimover. Asbjørn kjente ikkje noko meir utover kvelden.

09.06 Eidselva Staten 14-02 Det var fest på jobb denne kvelden, og mange stussa over at ej heller ville til Eid på fiskeri, men dei som er bitt av samme basill reknar ej med he full forståelse. Det var flo 22.30, så Staten burde være rette plassen på denne vannstanden. Ej satsa på strekket nedanfor før floa kom fram, mens Inge fiska foran brua med fluga. Ingen av oss kjente fisk i det akvarie-klare vatnet, så når vi møttest på brua og snakka med Tor Hide som hadde fiska Hildenes, så var vi enige i at det einaste som kunne hjelpe var kaffi. Etter kaffien gikk Inge ut igjen foran brua mens ej gikk fram til Hesten for å hente ein laks som ej sa. Klokka var ca.22.30 og floa var på sitt høgste, som ikkje var så veldig høgt. Ej fiska meg nedover og etter kvart kom Inge fram for å prate. Plutselig nappa det i djupet, ej slo til, men det var ingen ting. Neste kast stoppa snøret i djupet, ej slo til, men kom til at det var fast og slo til igjen, men då livna det til, fast fisk! Kjøring gikk greitt, laksen rulla ein del på seg og var vanskelig å få opp i håven, men etter eit kvarters tid så var fisken trygt berga opp i håven. Vekta visste 4950g og lengda var 77cm, ein flott fisk.

Etter dette prøvde vi fluge og makk både foran og nedanfor brua, men alt var dødt. på det mørkaste fiska ej foran brua, mens Inge fiska renna nedanfor. Allereie på andre kastet hans tok ein fisk fluga hans og satte unna for fullt. Han fikk stoppa den på brekket, men fisken var rabiat og rulla i overflata, hoppa og raste rundt i hølen. Konklusjonen var klar dette var ein diger aure på mellom 5 og 7kg, men dessverre etter eit par minutts intens kamp så takka den for seg. Vi fiska heilt ut, men kjente ikkje meir.

10.06 Eidselva Stokkenes 02-14 Nattfisket på Stokkenes på denne tida burde gi kontakt, og Inge fikk mange fiskar i Åbrekk, men alle var støpt i samme form, 30cm lang. Aurane var fulle av lus, så det var ikkje bra. Ej fiska framme, og var borti ein fisk ved Øya, men det var også det einaste ej kjente. Inge og Ole Jakob kjende heller ikkje noko meir, og etter at sola var komen godt ned i elva så gav vi oss.
10.06 Eidselva Langeland 14-02 Med god varme og plenty sol så drøya vi det lenge med å reise i elva, men etter Sveriges åpningskamp i VM så tok vi laust. Ej starta framme med Ledet med makk og fiska meg nedover. Stod i fremste del av Vereidehølen når sola gikk bak fjellet, og i det samme var ein fisk opp å slo med sporen midt borte i hølen. Fiska innløpet vidare og plutselig nappa det, men det var berre ein liten sjøaure, knappe 25cm og full med lus, ikkje bra. Fiska meg rundt neset og ned imot brekket når ein fiskar til dukka opp og ankra opp heilt ute på neset. Ej fiska meg nedover heilt ned imot grensa, var bort i eit par fiskar, men størrelse og type er uklart. Nede ved storesteinen på Rotisida tok ein fisk skikkelig, men den vart ikkje fast. Gikk fram igjen og tenkte at no måtte ej få slippe til i Vereidehølen, men når ej kom fram så stod fortsatt karen der. Tok med flugestanga for å prøve fremste delen, når ej kom over så tenkte ej at ej skulle stikke å høyre om han hadde kjent noko, men han kunne melde om at det var heilt dødt. Ej sjekka framover kvar ej skulle starte, men når han pakka sammen og flytta nedover så satsa ej på å fiske Vereidehølen og gløyme strekket foran. Fiska to ganger over hølen med fluga, men kjente ikkje hogg, så ej bestemte meg for å avslutte og stikke nedom Inge på Staten for å sjekke om det kunne verte noko på Stokkenes denne morgenen. Inge hadde sett masse fisk hoppe, men ingen hadde kjent noko.
11.06 Eidselva Stokkenes 02-14 Gløymde nøklane i bildøra, så ej måtte snu opp igjen og miste eit minutt, og dermed kom ej bak Ole Jakob på Åbrekk. Venta til han var nesten ferdig før ej starta for å få litt avstand. Når han var ferdig kom han bort til meg, gikk rundt meg å bråka og trakka og marma og taut så ej holdt på å værte sprø. Var der fisk som ikkje var skremt av flugekastinga hans så greidde han i alle fall å skremme dei no. Så fantastisk var og forsiktig som fisken er her under slike forhold, så er komplett lyd-disiplin einaste alternativet for å få fisk. Satte meg ned å venta for å få prøve her aleine, men så dukka Tor Aasen opp. Han begynte å klatre i spiontreet og beordra slukfiske i hølen, så då gikk ej der i frå. Gikk rett fram i Mastehølen for å prøve der, men der stod jaggu OJ å fiska med makkevegn og wobbler. Oppdaga også at makkapøsa hang igjen i Åbrekk, så ej tenkte fiske Hegresvingen for så å gå ned å hente makken. Men igjen kom Ole Jakob etter og dreiv å kasta fram rundt snøret mitt med wobbler, og når han då kom heilt fram så sveiva ej opp å gikk.

Kom på at ej hadde Gulp i fiskeveska, og sia OJ sa han hadde sett fisk som var oppe i Mastehølen, så tenkte ej at det måtte prøves. Var straks bort i fisk, og etter kvart vart det ofte, men ikkje tale om noko meir enn eit par dunk i snøret. Så gikk OJ nedover for å fiske Åbrekk med sluk, og då fikk ej han til å ta med makken fram igjen. I mellomtida kom Tor og han også fikk prøve, og samme historia var det med han, fisken var borti, men ikkje noko meir. Etter kvart kom OJ fram igjen og ej fikk prøve med makk, men etter at ej plukka av Gulp'en så var det betydelig mindre fisk å kjenne. Og etter kvart var det dødt, og då gav ej opp og reiste fram igjen for å sove litt før 7års selskapet til Dina. Om det var fisk som plukka eller om det var berre at vi dunka dei i sida med blyet får vi aldri vite. Inge fiska Langeland, såg to fiskar som seig inn i Vereidehølen, og så fikk han ein liten sjøaure heilt nede der ej også var bort noko. Ellers så drog han mange småaurar som dagen før.

16.06 Eidselva Bjørlo 14-02 Vi kom oss i elva til klokka var 20, elva var uforandra på 20-23m3, men det var regn i vente i helga, så trua var bra, sjølv om Asbjørn hadde fiska eit par døgn allereie uten resultat. Like etter at vi starta miste dei ein på Hjelle i Granhølen, men vi kjende lite, ej var bort i ein fisk i Svarthølen, men det var berre ein gang og ikkje meir. På mørkaste gikk vi nedover å fiska Pina og Reitehølen, når vi kom fram igjen på Pina berga dei akkurat ein på Hjelle på 6-8kg, mens vi slukøra måtte tusle oss fram igjen uten fisk.
17.06 Eidselva Bjørlo 02-14 Vi tende grillen og lunka nokre pølser, mens grillen vart varm fiska ej utløpet av Kastehølen, mens Inge fiska innløpet. Ej satte fast og skremte eventuelle fisker i fremste del, men fikk fiska bakre del. Inge derimot fikk fiska heile innløpet, og langt bakpå, inne i stilla og i det han holdt på å dra inn, så hogg det. Inge letta stanga og fikk tre tunge rykk til svar, og så kom fluga. Etter pølsene gikk ej bort for å fiske innløpet, på første kastet lot ej fluga drive langt inn i stilla på kort line. I det ej var klar til å lette snøret i eit nytt kast kom hugget. Ej hoppa høgt og gjorde eit skikkelig tørrfluge-tilslag, og dermed var fisken vekk. Etter dette fiska vi til 05.30 då vi for på brua og såg ein god del stor fisk på nederste. Så reiste vi fram å fiska området frå Måløyhytta til Hjellehølen, ej fikk eit på mindre aurer, ellers dødt.
17.06 Eidselva Øvre Roti 12-12 Så var turen komen for å prøve Øvre Roti, været var gråere, så vi var på plass i elva når klokka var 17. Når vi var på vei ned til bua, kom ein traktor å leverte ved, så vi frykta at det skulle dukke opp ein bøling for å holde ein av dei velkjente festane her. Og ikkje lenge etter at vi var komne dukka det opp to mann med plastvesker med øl, og fiskestang. Vi fiska heile sona, Atle hadde på ein fisk ved Grinda på Wobbler, men den klarte dessverre å komme seg av kroken. Etter kvart dukka enno ein kar opp, men denne berre med drikke.

Litt før 21 satt vi å drakk kaffi, mens dei andre gikk over Mastehølen med sluk. 10 minutt etterpå gikk ej ned for å prøve der med makk. Asbjørn kom like etter, slik at dei andre stod ved bua og preika når ein fisk var bortpå makken, men fisken var forsiktig og ej fikk ikkje inn eit tilslag. Ej kasta ut igjen, og fisken var igjen bortpå og plukka, og no fikk ej tatt eit tilslag, og fisken satt. Etter eit par minutt med kjøring, oppdaga karane meg og kom til for å bisne. Fisken bød på ein seig, men rolig kamp, med kun eit hopp i løpet av dei 10 minutta vi holdt på. Inge var som vanlig villig til å bistå, og håva fisken og ein haug med stein fremst på Auregrunna. Dermed kunne ej kakke min fjerde laks for året, året då forholdet i antall fisker mellom meg og Inge totalt er snudd på hovudet. Vekta viste dagen etter flotte 5,34kg.

Ei stund seinare dukka Pål opp og gikk raskt over Svarthølen og Mastehølen, han hadde god tru, men det vart ein aure på 6-7hg på Auregrunna. Utpå kvelden kom regnet og det regna heile natta. Vi prøvde mest fluga på natta, Inge var bort i ein fisk i innløpet på Mastehølen, det var alt. På morgenen var vi opp i treet og såg at det stod masse fisk i Mastehølen, men vi prøvde alt utover formiddagen, men vi var ikkje i stand til å få dei til å bite. Dermed vart fisken min den einaste denne dagen.

23.06 Driva Lillehølen 18-13 Vi har lenge snakka om ein tur til Driva for å prøve kludden med makk, men kvar gong vi har vore der har det vore etter at det er makkeforbud. Fisket starta bra ved jonsok i fjor, så vi satsa på jonsokhelga på Furu Camping med fiske i Furu elv.

Jonsokafta hadde vi Lillehølen, sammen med to mann ifrå Løten, det vart litt mange mann, men ikkje for trangt. Dei var godt i gang når vi kom, Inge, Asbjørn og Ole Jakob gikk fram i enden med fluga, mens ej satsa på makken då vinden var for hard for fluge. Ej starta bak dei to andre for å fiske meg bak imot brekket. Dei avslutta etter kvart uten å kjenne fisk, mens ej fiska meg nedover. Ikkje lenge etter at sistemann hadde gått beit det med meg, det var dessverre ingen stor feit kludd som eg hadde håpt på, men likevel ein flott aure. Etter dette fortsatte ej nedover, og ikkje lenge etter beit ein ny aure, fisken lot seg villig lede fram dit den forrige vart berga, og motvillig vart den slippsatt på ei flott sandstrand. Var bort i fleire fiskar, men det vart med desse to på meg. Inge derimot greidde huke på ein ikkje lenge etter, med samme forløp for berginga som for mine to. Mine fiskar vog 1360g og 1240g, mens Inge sin fisk vog 910g. Vi fortsatte utover kvelden og natta, men det var dødt, så vi tok kveld klokka 02.00.

Klokka 06.00, etter 3 timer i halmen, purra Inge oss til ny innsats. Vi var ivrige, og forholda var flotte, men sjølv om vi fiska heilt ut så vart det ingen kontakt å få med skikkelig fisk. Men der var ikkje heilt fritt for fisk, for utpå morgenen så fikk dei ein laks på ca 4kg aller fremst på nordsida av Rønningen, og det på andre kastet, nasefiske går det under.

24.06 Driva Rønningen 18-13 Og nasefisket var ikkje ferdig med det, Inge starta fisket på Rønningen med ei stor Sunray Shadow, noko ingen hadde tru på då den lyste opp i det klare vatnet. Og betre vart det ikkje når Ole Jakob gikk på bredden heile veien nedover der Inge skulle fiske, men laksen beit altså på. Inge leida fisken fram i Lillehølen og kunne greitt berge fisken, ein flott villlaks på 4,82kg og 78cm.

Etter dette var det dødt på fluge, men når ej kom fram i bua igjen så var det oppe fisk på brekket og ej serverte han marken, og like etter tok den, men auren ville unna og når ej prøvde holde den igjen så løysna kroken. Resten av kvelden var det dødt.

Neste morgen starta alt på samme måte, totalt dødt, men utpå formiddagen mista karen vi fiska sammen med ein laks på andre sida av elva under berging fordi han ikkje ville leie den fram i hølen, men prøvde berge den på brekket. Resten av dagen blåste vekk, så vi pakka sammen og reiste heim.

01.07 Eidselva Staten 02-14 Då var det endelig ferie på meg, 3 veker med kun laksefiske, det einaste som topper det er 4 veker med laksefiske. Og vi starta med å fiske Staten der sona var full av sjøaure. Uansett kvar vi fiska så beit det på, men dessverre så var det sjeldan dei vi kasta på som beit, men som oftast dei som var 3 hakk mindre. Det stod større fisk både foran brua og nede i renna nedanfor, men desse ville ikkje ta. Ej plukka med meg 3 fiskar her nedanifrå, desse vog 0,69kg, 0,84kg og 1,13kg.

Inge var litt heldigere, han starta med å ta 2 små på 0,54kg og 0,74kg, før han tok ein flott aure på 2,42kg i renna nedanfor brua. Rett før vi skulle gi oss, fikk han ein aure på 1,64kg i Malakoff.

Ellers så hadde ej på ein litt større fisk i Malakoff, men denne slapp etter berre ei kort stund.

02.07 Eidselva Stokkenes 02-14 Etter gårsdagen på Staten rekna vi med at vi ville verte like ille plaga av småauren her, men der skulle det vise seg at vi tok feil, vi fiska på nokre få fiskar som gikk like etter at vi var komne fram ifrå Åbrekk der vi fiska på natta, og så såg vi ein stim komme fram i Frisørhola godt utpå morgenen. Ifrå den første ferden beit ein aure på 0,5kg seg til døde på kroken min, mens Inge plukka ein på 1,05kg i Svingen ifrå den siste stimen.

Utpå formiddagen beit det på ein større laks med Inge i Mastehølen, fisken var 3 ganger bak på Auregrunna og etter eit kvarter hadde ikkje Inge sett noko av fisken, men så plutselig berre kom kroken. Like etter skulle ej fiske Ledet, det enda med at torva på baren svikta og ej gikk på tryne i elva 1,5m lavere. Merkelig nok gikk alt bra, litt våt, men djupta var berre 15cm så det vart ikkje så galt.

Rett før slutt fiska ej Mastehølen då det beit ein laks på 4-5kg, men etter 3 minutt så berre kom kroken også på denne fisken.

03.07 Eidselva Moen  02-14 Så starta ferien på rett, og ej skulle prøve dei store på Moen. Fiska natta med fluge, men som før i år så var det omtrent heilt dødt. Utover morgenen fikk ej 3 mindre aurer bakpå Moahølen og i hølen nedanfor, desse var 0,71kg, 0,97kg og 1,35kg. Med makken fortsatte ej med samme dimensjonene på sena som dagen før, 0,30mm, som utpå formiddagen skulle verte satt på alvorlig prøve. Ej fiska meg nedover, og ved gjerde beit det på ein laks. Fisken gikk rolig fram og bakover i renna før den greitt kom over straumen og innover imot meg. Fisken virker rolig og kjøringa går greitt. Fisken stiller seg opp rett utfor meg, men plutselig snur den rundt og raser vekk ifrå meg. Bremsa er ganske hardt stramma slik at stanga går heilt ned så fisken drar snøre rett av snella, så gikk den opp i eit luftig hopp og landa på sena. Dermed så gav sena etter med eit høgt smell og fisken var fri.

Seinare fiska ej fremste hølen, og her fikk ej ein flott aure på 1,51kg

04.07 Eidselva Alsaker 02-14 Pappa kom innover i det ej var ferdig på Moen i går, han fiska Alsaker aleine på kvelden etter at ej hadde vist han litt rundt, men med 3 hånds-stang så er det rimelig vanskelig i denne elva. Så om natta så rigga ej ei sluktrode til han slik at han ikkje skulle verte heilt ødelagt, men han var å kjøpte seg ny sene på snella si og då kjøpte han 0,60mm, noko som ikkje kunne fungere på snella hans, så det vart litt plaging, men han fikk seg til slutt ein aure på 0,66kg i Vaskeplassen, like etter at ej hadde fått ein på 0,97kg. Før dette, på morgenen så fikk ej ein aure på 1,22kg på Sanden, men det var ganske dødt her. Såg ein fin fisk på fossen, men her ville det ikkje bite, men når ej kom ned om fossen så beit det på ein fisk rett foran første steinen. Fisken rulla rundt nede i vatnet og slapp seg bakover, og ej kom til at dette måtte være ein liten aure. Men med det presset ej hadde på den så synes ej det var rart den ikkje kom opp, eller at ej såg den blenkje nede i vatnet, og når den stilte seg opp i kanten på straumen bak steinen så forstod ej at dette var ein større fisk. Fisken seig imot meg, men snudde og seig sakte unna uten at ej kunne stanse den. når den då seig inn i bakevja for steinen så tenkte ej at derover kjem du deg ikkje, det er du ikkje stor nok til, men samme kor ej holdt igjen så gikk den rett over uten å mukke, og ej måtte revurdere mine anslag på størrelse igjen, denne var diger. Ej viste der var litt stein på andre sida, så ej pressa den hardt for å få den opp, men dette førte til at den kom farlig nær steinen den no snart hadde tatt ei full runde rundt. Dermed måtte ej gi den litt slakke for at den skulle gå litt ut ifrå, og det fungerte utmerket, og når sena mi var klar steinen så stramma ej opp igjen. Men den ekstra slakka hadde fisken nytta godt, for ikkje hadde den berre gått langt bort om den store steinen, men den hadde også gått rundt ein annen stein. Fisken den fortsatte ufortrødent videre oppover elva, mens sena mi gikk imot samme hjørnet på steinen, dette kunne ikkje gå bra lenge og det gjorde det heller ikkje, fisken sleit 0,38mm-sena uten å mukke, og ej fikk berre enden igjen. Snakka så med ein som fiska like nedanfor, og dei hadde tatt ein aure på 3,1kg og ein laks på eit par kilo til, alt på strekket ifrå fossen og ned. men samme kva vi prøvde, så vart det med desse fiskane.
05.07 Eidselva Moen  02-14 Ej hadde planlagt å ta det med ro i starten på ferien etter alt stresset siste tida, men pappa var fiskesjuk og ville fiske meir, så vi fikk eit kort på Moen til han. Ej var med som kjentmann og kleppar, var tenkt berre å vise han rundt eit par timar for så å legge meg, men det vart til at ej holdt det gående heile kortet sammen med han. Han enda opp med å få 3 aurar i Moahølen og hølen nedanfor, desse vog 0,36kg, 1,03kg og 1,04kg. Utpå formiddagen fiska vi oss nedover til flata, her var han borti fisk eit par gongar, men han fikk dei ikkje faste. Så skulle ej få prøve dei, ej starta framme i hølen igjen, fiska meg systematisk igjennom, men kjente ikkje fisk der han hadde vore i dei. Ej fortsatte bak imot brekket, og heilt bakpå var der fisk bortpå, ej slo til, men det einaste som skjedde var at ein aure på ca. 4kg gikk til værs. Så nær, men dog så fjern. Vi såg fleire store fiskar blenkje bort på andre sida, men dei ville ikkje smake på det vi baud fram.
06.07 Eidselva Nornes  02-14 Så var ej aleine igjen og tenkte ej ville prøve Nornes sia der var ein del aktivitet på Moen dagen før, men her stod så mykje småaure at det var nesten umulig å fiske her. Fluga på natta gav eit par små ellers ingen ting. I lysninga fiska ej over stryket, her tok ein laks på bortsida av ein stein. Ej prøvde å kjøre fisken, men det var vanskelig. Etter kvart seig den litt fram og no fikk ej kontakt med den, men etter berre ca. 1 minutt så seig den tilbake bak steinen. Her stod den å stanga ei stund før den greidde å slite av 0,38mm-sena mi. Etter dette var det kun dei små å kjenne, ej tok med 3 av aurane som hadde slukt agnet for langt bak i halsen, desse vog 0,58kg, 0,58kg og 0,72kg.
07.07 Eidselva Moen  02-14 Så kom Sindre innover for å prøve auren. Ej starta med nattfiske, mens han venta til lysninga. Som vanlig var det ei rolig natt, Sindre skulle få besøk ifrå Danmark på søndagen, og då ville han gi dei fersk aure, derfor plukka han med seg det meste av fisk over minstemålet, mens ej satte tilbake det meste. Han konsentrerte seg om å fiske framme, og hadde dradd eit par når ej kom fram dit. Ej starta framme i stryket og fiska meg nedover, og når han sleit, så hadde ej bakre del åpen. Like utforbi der han hadde stått hogg det i, fisken  rulla litt å viste at det var ein aure. Fisken oppførte seg fint, slapp seg bakpå eit par gongar, men ikkje slik at det var fare på ferde. Det meste av tida gikk den rolig berre å stanga, og ej begynte å lure på om det kunne være ein laks like vel. Fisken slakna ganske raskt, men ej prøvde få den inn i den gamle kanalen så var den frisk nok til å snu ut igjen. Den gikk så framover langs land, og eit par gongar måtte ej gi slakke for at den skulle sige litt ut forbi steinene. Men denne turen tok på og ej følte at no nærma det seg landing, men fisken snudde når ej prøvde den inn mellom steinane, og det den satte unna, men måtte svinge inn imot land igjen når den ikkje greidde dra av snella. Og igjen måtte ej gi litt slakke i det den passerte ein stein, men når den då stoppa, så følgde den etter og denne gongen vart den med inn i kanalen, ej var forberedt på eit utras, så ej slakka bremsen litt, men fisken gjorde berre ei rulling før den la sida til og ej kunne fastslå at det var ein aure. No sette ej fart på fisken, holdt hode over vannet og dro den rett i håven som Sindre stod klar med. Det vart sjølvsagt ikkje så godt mottatt at ej kom å tok fisken til Sindre, men det er kvar sin gong Sindre! Vekta når vi kom fram igjen på campingen viste 4170g fordelt på 71cm. I tillegg til denne hadde ej med ein fisk til, ein mindre aure på 1010g.

Sindre fortsatte å konsentrere seg mykje om fremste hølen og plukka fleire fiskar, men det vart ingen større. Ej fiska heile sona, men det var stort sett rolig, sjølvsagt med unntak for mange mindre aurar som fikk fortsette si reise. Sindre sine fiskar vog 390g, 410g, 450g, 540g, 540g, 580g, 600g, 620g, 990g

08.07 Eidselva Bjørlo  02-14 Inge starta helga med å fiske Alsaker fredagskvelden mens ej og Sindre sov, det enda med ein laks på 3,55kg på fossekanten i skyminga, og ein laks på fluga på natta i Kastarhølen, denne vog 5,0kg.

På natta starta vi framme, men det var veldig stille, vi såg eit par fiskar, og ej fikk ein aure på 0,77kg, men det var alt. Utpå morgenen traska vi oss nedover uten at vi såg fisk i det heile. Etter kvart fiska ej Ny-Ledet og her kom ein fisk opp å slo etter makken min som låg i overflata og nesten stripa, men dessverre så vart den ikkje fast. Ej fiska meg ned i Forbygginga, fikk ein liten aure i Hjellehølen, ellers dødt. Like etter at ej kom fram i Ny-Ledet igjen så fikk Inge på fisk på makken heilt bakpå. Inge fikk den med fram og kjøringa og berginga gikk heilt flott. Pjakken på 2,06kg hadde mistenkelig mange prikker, men kroppen var perfekt, men likevel kan dette være ein mulig oppdretter.

På bilda ser vi fisken til Inge til høgre, mens vi ser ein standard pjakk til venstre. Bildet av Inge sin fisk var litt blodig og dårlig, men vi ser tydelig forskjellene. Fisken til Inge hadde heller ikkje den metalliske glansen som pjakken vanligvis har. Ryggfinnen og sporden var litt flisete, men sporden var ikkje slitt som på ein standard oppdretter. Skjellprøve er levert, så der finn dei nok ut kva slags fisk dette var.

Øverste bildet viser alle fiskene denne natta.

09.07 Eidselva Moen  02-14 Når ej kom ned til kraftverket så møtte ej Hans Eimhjellen som hadde fått 2 laksar på sluk, den eine hadde vore i kontakt med kobbe og hadde bitemerker og sår etter dette. Når vi såg på den andre så kom ein klassisk kommentar ifrå Hans: "Eg kleppa den rett ved der den beit, så den er noko stygt kleppa".

Ej starta framme, og før ej var ferdig så kom Inge og starta i Moahølen der han straks såg ein laks hoppe, men alt han fikk var ein liten aure. Inge hadde fiska kvelden på Bjørlo uten at det vart fisk. Ej prøvde Khrusjtsjov først med fluge, så med makk. Mens ej fiska Khrusjtsjov med makk så beit det med Inge og han kunne ei stund etter berge ein fin aure på 1,84kg, samtidig fikk ej ein på 0,76kg. Så gikk ej fram å fiska fremste hølen, her stod ein kar å fiska på Nornes, men etter å ha kikka litt på han og såg at han berre dorga bakpå hølen så starta ej framme og tenkte at om ej fiska seint så ville vi flytte oss likt nedover og problem ville unngåes. Men han flytta seg veldig seint slik at vi etter kvart kom nær, men plutselig så beit det hos meg i renna på bortsida av straumen. Fisken hoppa med ein gong og viste at han var ein laks på ca.6kg som hadde stått ei stund. Ej hadde forrige fisk her i friskt minne, så ej ville ha fisken bakpå og vekk ifrå alle steinene i fremste delen. Ej leia fisken bakover og fisken fulgte villig etter, den oppførte seg etter det eksemplarisk og gikk berre rundt her og gjorde kun eit hopp. Etter kvart seig den bakover imot utløpet, ej stramma bremsen for å stoppe den, men den var for tung og ej måtte slippe den utfor. Ej la på sprang mens ej holdt stanga høgt for å hindre at sena hekta seg opp på holmen, midt på voren måtte ej ned på innsida då voren vart for ustabil og glatt. Mens ej gikk nedover vart nok presset for lite, for fisken den var heilt borte på andre sida når den gikk utfor brekket på hølen foran samløpet. Her gikk den rundt ein stein, ej sprang for å prøve å løyse mens ej slakka opp bremsen, men ej fikk ikkje løyst sena før den hadde greidd å slite seg laus ifrå kroken.

Etter dette var det kaffi før vi fortsatte fisket. Utover formiddagen fikk Inge nokre mindre aurar, mens ej fikk 2 fiskar på ein tur nedover. Utover dagen roa ting seg ned og vi fikk ingen fisker som var verdt å ta siste timene.

Dei to siste fiskene mine var 0,93kg og 0,96kg, mens Inge sine andre fiskar var 0,59kg, 0,63kg og 0,70kg.

10.07 Eidselva Alsaker 02-14 Så var ej aleine igjen og hadde satsa på Alsaker. Starta i mørket klokka 02.00 og fiska heile strekket ifrå Øyrane og rundt heile Sanden, eit par dunk bort i fluga var alt ej kjende. I lysninga vart Fossekanten okkupert av to mann, og når dei etter ein time var bort i ein fisk, så kom ej til at der var sjansene for no gått, og derfor gikk ej framover. Starta i Øyrane, var bort i nokre smolt før snøret stoppa noko lenger bak, ej trudde det var fast og letta forsiktig. Kjente då at ej drog makken ut av kjeften på noko større. Fiska ei stund til i området og plutselig kjente ej noko større som forsiktig plukka i bakevja. Ej gav slakke og slo til og fisken sat, den rulla seg i overflata og såg bra stor ut, men like etter hoppa den og visste at den ikkje var større enn ein pjakk. Fisken vart berga og ej kunne starte på nytt. Fiska raskt bak dit ej hadde fått fisken før ej fiska grundigere bakover. Til slutt var det noko som plukka igjen, ej gav den god tid før ej slo til, og ein aure gikk til værs, ej synes den såg liten ut, så ej lempa den på land, men då såg ej at den nok var kiloet. Ej hadde god tru og når det så hoppa fisk foran meg, så sprang ej fram og fiska heile kilen, men til tross for stadige regnbyger og gode forhold, så nekta fisken. Ej fiska heilt ned til bua der ej stoppa for kaffi før ej prøvde Fossekanten. Første kastet hogg det i, men fisken slapp og gikk til værs og viste at den var ein pjakk. Etter dette fiska ej sona til endes 2 ganger, men verken såg eller kjente fisk. Dei andre hadde fått minst ein fisk, sikkert på fossen der den eine av dei dreiv med ståsnørefiske på Fossekanten, det lengste ej såg han stå der var 30min. Det hølja ned i 2 timer på morgene før det vart klart og solskinn, elva vaks 4cm. Vekta på pjakken min var 1,70kg, mens auren var 0,98kg
12.07 Eidselva Nornes 02-14 Fiska raskt over ein gong med fluga, men elva er for lita her for fluge no, for mykje stein og bakevjer. Starta tidleg med makk, men første overfaring gav ikkje resultat, neste gongen hengde sena seg opp rundt ein stein. Då tok det ein fisk, denne drog ut 5-6 meter med sene, rulla rundt i overflata og var vekk. Fisken var sikkert ikkje veldig stor, sikkert ein aure på 2-3kg. Etter dette var det veldig stille, såg eller kjente ingen ny fisk i hølen, og heller ikkje ville dei fastboande ta etter det eg hadde å by fram.
13.07 Eidselva Moen  02-14 Så skulle ej prøve Moen igjen, starta med fluga, fiska først fremste med stor fluge, så Moahølen og så nede på flata, prøvde så ei lita fluge, først i Moahølen, så i fremste, men uten resultat. Satte til slutt fast i ei vegn ej sleit vekk dagen før, og akkurat i det ej var komen på land så var ein fisk oppi og slo med sporden. Ej gikk frampå igjen og fiska over ein gong til, og når ej var komen bak der fisken viste seg så beit den og ej kunne lande ein liten aure på 890g. Så prøvde ej makken, først i Moahølen, men her var dødt, så prøvde ej framme. Fiska heile veien, men kjende ikkje noko, når ej var komen bakpå så drog det i og ej slo til. Fisken kom rett opp og rulla rundt, heilt klart ein aure, og ikkje liten heller. Fisken fortsatte og rulle og var no komen langt bak imot renna ned langs mitt land. Ej ville ikkje ha den nedover der, så ej holdt igjen det ej tørte og jaggu stoppa den. Fisken kom no sigande framover, men når den var komen fram imot straumen så la den seg på straumen igjen og rulla ned igjen. Igjen greidde ej holde den, og den kom fram igjenEj 0,53kg, 0,70kg og 0,89 på fluge Rekte kroken på ein diger aure.
14.07 Eidselva Alsaker  14-02 Ej hadde booka inn meg og Inge på Alsaker denne fredagen, Inge skulle jobbe vanlig tid, så ej tok meg ein tur ned for å prøve allereie klokka14 sia det var bit-tid etter Villmarksliv. Og bit var det, etter nokre kast på Fossekanten beit det på ein laks, fisken oppførte seg fint og roligt og etter ei stund kunne ej trakke meg ned bratta og håve ein fin laks på 3,17kg. Fiska over framme, og prøvde Fossekantene ein gong til, men det var ikkje fleire som ville ta. Når klokka var 17 så kjørte ej fram igjen og laga middag til Inge kom litt før 18.

Etter maten så hivde ej meg i bilen for å prøve igjen, Inge måtte rigge seg til slik at ej hadde akkurat starta på Fossekanten når han for framover. Akkurat i det han hadde forsvunne ut av syne, hogg det med meg. Ej kjende at denne var større, men den oppførte seg fint, den tok ein kort tur framover, men slapp seg etter kvart ned igjen, og etter det vart den stående med nasa nedover rett utfor berget til den tagna. Den rota då litt rundt i bakevja før den var klar for landing inne på bukta. Vekta var 5,63kg.

Etter å ha fått hengt den opp og knytt opp igjen, så prøvde ej igjen, og ikkje lenge etter beit det igjen. Denne oppførte seg omtrent heilt identisk med den første, men var litt seigare når den rota rundt i bakevja, men etter ei stund kunne ej håve også denne. Denne var kortare enn den første, men mykje rundere, litt seinare på kveld stod Inge å studerte fiskane og då kom vi til at denne kanskje var ein oppdrettar, Vekta på denne var 5,74kg.

No sende ej melding til Inge, og ikkje lenge etter var han komen der. Ej fiska meg nedover, mens han fikk prøve Fossekanten, og ikkje veldig lenge etter at ej gikk, så fikk han seg ein laks. Også denne var rolig, og vart landa i bukta inne i bakevja. Vekta på denne var 4,27kg. Når ej kom opp igjen så stod Inge fortsatt her, men han hadde ikkje kjent fisk. Han gav seg og sa at ej måtte prøve nokre kast, men ej trengte berre eit kast før det hogg igjen, denne gangen var det ein pjakk, som etter eit par hopp tagna slik at Inge kunne håve den ute på berget. Pjakken var liten, berre 1,22kg.

Etter ein kaffi gikk Inge framover igjen, mens ej tok fluga og gikk fram i fremst litt seinare. Ej visste at der var to mann no på Sanden, så derfor gikk ej ned igjen etter å ha prøvd fremste, og like etter kom Inge med ein laks på 3,82kg som han hadde fått på Sanden. Han andre, ein kar ifrå Hyen, hadde like etter fått ein laks på knappe 5kg på spinner. Og til slutt hadde Inge fått ein aure på 750g. Resten av kvelden var det heilt dødt uansett kvar vi prøvde. Så når skodda la seg på markene så pakka vi sammen og tok kvelden.

15.07 Eidselva Alsaker  14-02 Inge var på Stokkenes nokre få timar utover natta, men der var det heilt dødt.

Vi var nedanfor å handla i det fine været, men 14.30 var vi tilbake på campingen og ej hivde meg rundt å for nedover. Inge vart igjen framme, mens ej for i shorts. Ej hadde planer om å fiske berre Fossekanten, og etter ei lita stund såg ej ein aure som blenkte fleire gangar heilt framme, ej kasta fram og når snøret passerte der ej såg fiskane og det nappa så slo ej til. Jaggu tok den raskt auren tenkte ej, men i det ej stramma opp, så skaut fisken fram og gikk til himmels og viste at den verken var ein aure eller ein liten fisk. Fisken var sprek og rende rundt og hoppa fleire ganger, men ej greidde å holde den oppe på fossen. Når den tagna gikk ej ned for å berge fisken, og då fikk ej ein mistanke om kva dette var. Fisken var seig, men til slutt fikk ej losa den inn i håven og kunne bære ein fin oppdrettar på 3,71kg på land. Fisken var den klaraste oppdrettaren vi har fått i elva i år, og når ej kom fram igjen så vart den filetert og fortært sammen med Inge, Atle og Bente, Asbjørn, Johnny og Inger Frøystad.

Klokka 20.30 var middagen ferdig og vi kunne reise i elva, men det kunne vi spart oss. Ej hadde eit napp på Fossekanten det var alt vi var borti bortsett ifrå småaurar. Inge tok den største han fikk, som var 0,70kg. Klokka 01.00 gav vi oss, ej for på brua, mens Inge reiste fram på Moen.

16.07 Eidselva Alsaker  02-14 Ej kjente ikkje liv av betydning, samme fiskane stod på fossen klokka 08.30 som klokka 15.00, noko som betydde null oppgang og dermed så miste ej motet og gav Inge beskjed om at ej satsa på frokost, og han var enig.

Inge var på Moen, karen han fiska sammen med fikk ein aure på 3,5kg på fluge i Moahølen, mens Inge fikk to aurar på 0,75kg og 1,27kg tidlig på morgenen. Så fikk han ein laks i Khrutsjov på 4,67kg litt etter 06.00. Fisken kjørte seg tom her framme og var omtrent død når den gikk ut av hølen. Etter nokre krumspring, rulling over eit par steinar og eit par mindre problem, så kunne Inge håve fisken. Etter dette var det dødt til han gav seg samtidig med meg.

17.07 Eidselva Bjørlo  02-14 Så var det mandag og ej var aleine i elva igjen, Bjørn hadde kome innover i går kveld, men han fiska ikkje. Fiska natta med fluge, men kjende ikkje fisk sjølv om ej fiska fleire gongar både Svarthølen, Innløpet i Kastehølen og Utfallebakkane. I lysninga prøvde ej makken, og starta heilt framme. Etter berre å ha fiska nokre få meter så var det noko borti, trudde det var småkrede, men prøvde eit kas til. Igjen var det borti, men også no kjentes det ut som småkrede. Rart, tenkte ej, at her skulle stå småfisk, i så hard straum. Prøvde derfor enno ein gong, og no drog det plutselig skikkelig i. Ej slo til, fast fisk, og tydelig ein fin fisk, for fisken seig sakte framover nede i djupet. Fisken gikk fint og stanga, og ej var alt begynt å sjå etter landingsplass, men den gang ei, for plutselig snudde den rundt og raste over straumen og langt bort på grunna. Her snudde den og raste i enno større fart framover, mens ej sveiva som ein tulling for å holde stram line. Fisken seig no inn i straumen igjen, før den bråsnudde og rasa unna elva og over imot andre sida. Ej hadde problem med å henge med, men det gikk. Ej ville prøve å holde fisken her framme, men fisken skjena tilbake over elva når ej stramma litt til, og dermed så kom den inn i straumen på innsida av storesteinen og då måtte ej gi slakke så den for ned i hølen bak steinen. Her gikk den å rota litt til ej var komen ned og fikk sidepress på den. Då snudde den rundt og rasa over straumen og langt bak på hølen. Ej greidde til slutt å stoppe den, men den ville ikkje være med på planen min om å lure den fram igjen. Det vart ein seig kamp, men etter kvart kom den på gli, og ej fikk nokre meter på den. Etter kvart fikk ej jobba den heilt fram igjen, men fisken var veldig seig. Den kjempa og hadde fleire mindre utras, men til slutt spakna den og ej kunne dra ein feit og flott laks på 5,40kg fram på grusen. Hadde dermed god tru for ein stordag, men like etter kom det spådde regnet. Og det skulle værte vått, veldig vått. Hadde eit håp om at det skulle gi gode forhold, men det vart nesten heilt dødt. Var borti ein fisk på Utfallebakkanje, men merkelig nok så vart den ikkje fast.

Fiska framme heile morgenen,  men utpå formiddagen så fiska ej meg nedover til Pinå og Reitehølen, men det var like dødt her, sjølv om det hadde letta opp. Gikk fram igjen og prøvde fluga på Utfallebakkanje og igjen var ej bort i ein fisk, men heller ikkje no vart den fast. Fiska deretter over framme med makk, men der var ingenting som ville bite. Klokka 14 gav ej meg.

18.07 Eidselva Alsaker  02-14 Sia det ikkje har vore noko å kjenne på natta, så drøya vi det litt. Ej starta med fluge på fremste delen, men det var heilt dødt. Bjørn starta på Fossekanten, og gikk etterpå framover. Ej prøvde også Fossekanten, før ej fiska meg nedover, men her var ingenting å kjenne. Når ej kom fram på Fossen igjen så hang det fisk framme i bua, Bjørn hadde fått fisk, ein flott pjakk på 2,78kg hadde bite fram på Sanden. Og like etter hadde han hatt på ein laks på rundt 5kg nede i hola på Sanden, men denne slapp etter nokre minutt. Etter å ha fiska Fossekanten så gikk ej fram i bua, og like etter kom Bjørn med enno ein fisk, ein aure på 0,80kg.

Vi fortsatte å fiske, og etter kvart forsvant dei fleste av fiskane som stod på Fossekanten, slik at vi hadde godt håp om at vi skulle finne den igjen lenger framme, men utpå morgenen kom sola og vi hadde nesten gitt opp. Ej hadde fiska meg rundt heile Sanden uten å sjå eller kjenne noko. Når ej var komen ned i Kilen i enden av Sanden så kom Bjørn, han ville ha eit siste forsøk framme før han gav seg. Han lurte på om ej visste kvar fisken stod i denne hølen, nei ej hadde vore bort i fisk framme, og så skal det være bra bakpå, men det einaste ej hadde berga her var ein aure på vel 1kg. Men mens vi stod å snakka så var noko borti med meg og ribba kroken heilt. Bjørn gikk og ej fortsatte å fiske meg bakover, og i det ej var komen heilt bakpå så stoppa vegna opp. Ej letta snøret for å løyse det, men kjente straks at det ikkje var botnen som holdt igjen snøret. Ej slo til og fisken var fast. Fisken kom raskt fram i hølen og vart gående i bakevja, ej letta fisken enkelt og den var oppi overflata og slo. Ein liten pjakk var konklusjonen, ej såg etter ein fin plass å lande og såg at akkurat på neset var det flatt og fint, smalt var det så den måtte være samarbeidsvillig, men ein så liten fisk kunne ikkje skape mykje bry, men for sikkerhets skuld så tok ej fram håven. Akkurat då snudde fisken og raste bak på brekket, merkelig, kunne den vere litt større, kanskje ein fisk som den Bjørn fikk? Ej prøvde lokke fisken fram igjen, men den la seg på straumen og svinga inn i renna ut av hølen. Jaja får berge den lenger nede, og det skulle være greitt for no hang fisken rett unna med blankesida opp. Plutselig retta fisken seg opp og rasa vidare nedover, ej hadde min fulle hyre med å styre den unna alle steinane, og når det gikk bra så slakna fisken heilt igjen, blanksida kom og ej gav den litt fart for å styre den inn på land, men igjen retta den seg opp å raste over elva og bort i straumen langs land, her la den seg på straumen og svinga rundt unna elva. Ej pumpa og sveiva det ej var god for for å unngå at den enda rundt bakerste steinen, noko som gikk flott, men no kom den inn i renna langs land igjen og ej begynte å miste meter igjen. Ej såg med gru på om den skulle klare å kome seg så langt at ej måtte til å følge den videre, men heldigvis så svinga den inn i roligere vatn og ej fikk meter igjen. No kom den opp stilla langs land, den bikka over og ej kunne dra den fram på den fine sandstranda, men då vakna fisken igjen og rulla rundt, sprella og kom seg ut i elva igjen og raste heilt over igjen. Jau den var nok ein laks, men ikkje veldig stor. Fisken stoppa opp og ej kunne pumpe den tilbake, denne gongen meir med blankesida opp enn ryggen. Igjen retta den seg opp, men no var den spak og den bikka raskt over på sida igjen. Ej vassa meg uti og fikk fisken mellom meg og land, ej drog med stanga og skuva med håven, og til slutt låg den trygt i håven, betydelig større enn alle anslaga mine, den var lang, men ikkje så veldig feit, men det var ein flott fisk på 4,60kg.

Etter dette gikk ej fram til Bjørn og forkynte at no veit ej i alle fall om ein plass der fisken står i den hølen. Han fortsatte rundt neset, mens ej tok kaffi og prøvde Fossekanten før ej gav opp. Like etter kom Bjørn og vi var enige om at det fikk være nok.

19.07 Eidselva Staten  14-02 Været vart flott, så vi stod over ei natt med fisking, men ej fikk eit innfall om å prøve Staten. Det hoppa fisk foran brua med det samme vi starta, men dei ville ikkje ta. Vidare utover heile kvelden hoppa der ein del fisk foran brua, men det var pjakk på ca.1kg, og sia vi ikkje såg liv andre plassar så kom vi til at dette måtte være samme fiskane som stod her og hoppa. det stod 2 personar nedanfor brua og fiska med dupp heile kvelden, slik at ej fikk fiska renna berre eit par gongar, såg ein fin fisk eine gongen, men det var einaste fisken også bortsett ifrå dei foran brua. Ej holdt på til 01.30 og fikk prøve renna med flua til slutt, men då var det dødt. Hadde trudd Hesten skulle berge meg, men her var berre småkrede.
20.07 Eidselva Nornes 02-14 Etter litt døsing og mat så for ej ned på Nornes i lysninga, mens Bjørn ville prøve Alsaker. Min morgen på Nornes kan oppsummeres ganske raskt, dødt og stille, verken såg eller var i kontakt med skikkelig fisk.

På Alsaker derimot såg Bjørn mange pjakkar og også større fisk, faktisk eit par laksar på i alle fall 8-10kg. Så det måtte ha gått fisk dagen før når vi fiska Staten, og det ganske mykje fisk også. Bjørn enda opp med å få ein pjakk på 1,93kg i Fåhølen.

21.07 Eidselva Moen   02-14 Etter fleire dagers venting på å få sleppe til på Moen, så skulle vi til slutt få prøve oss. Det hadde vore landa laks på 11,0kg her før i veka, så vi hadde godt håp. Ej starta på natta med fluga, men som vanlig var det rolig, men fikk ikkje noko før det var lyst, då beit det ein liten aure i Moahølen på 0,72kg. Når ej starta med makken, så var Bjørn allereie godt i gang i fremste. Ej prøvde i Khrutsjov, og langt bakpå hengde det seg opp, men samtidig synes ej det var fisk borti, så ej slo til. Først var alt rolig, men så kjente ej liv. Fisken stod å stura ei stund, før den seig framover, ej trudde kanskje den var stor, men etter kvart så kom den lett imot meg, og ej kjende at den ikkje var diger. I det fisken kom ut av hølen og inn på litt grunnare vatn hørte ej Bjørn rope, ej snudde meg og såg Bjørn velte bakover imellom trea med bøyd stang. Ej måtte konsentrere meg om min fisk, men den ordna egentlig greitt opp sjølv, for den raste ut og hoppa eit skikkelig saltohopp, og vekk var den. Dermed kunne ej kaste troda inn i skogen og håve til Bjørn.

Bjørn hadde sloss litt med karen på Nornes, men når han sleit så fikk Bjørn gjere det slik han ville, og bang der sat han. Fisken raste fram i hølen, heilt fram i stryket der den vart stående å stange litt, men etter kvart snudde den og kom nedover igjen. Bjørn håpte på å holde fisken i hølen, men fisken ville unna elv og kom seg ut av hølen på bortsida av øya. Fisken hadde tagna litt og gikk heilt inne på grunna nedover. Nede imot samløpet så gikk den rundt ein stein, fisken vart hengende og etter ei stund vart det heilt dødt. Bjørn trudde at fisken var vekk og gikk framover for å løyse, men fisken hang på, å hjalp til, og sammen greidde dei å løyse sena igjen. Dermed fortsatte ferda unna elva, ned imot Khrutsjov der ej stod å tok imot dei etter kvart. Fisken som var fast like ved spjøyra på venstre sida, var ein flott aure på heile 3,89kg, akkurat for liten til å komme inn på rekordlista. Fisken sat forresten så godt at vi måtte klippe sena, så Bjørn hadde ikkje trengt vore så forsiktig som han var.

Ej fortsatte i Khrutsjov, mens Bjørn gikk fram i fremste igjen, her hadde han på ein aure til, denne noko mindre, rundt 2kg trudde Bjørn, men denne greidde å komme seg laus etter ei stund. Så var ej fram å fiska fremste hølen, fiska heile strekket og var så vidt borti ein fisk langt framme, men den vart ikkje fast. Når ej kom bakover imot bakre del, så var det noko som plukka. Ej var på nippet til å slå til når ej kjende blyet huke og det vart dødt, ej letta forsiktig og kjende at fisken var der igjen. Ej slo til, men no hadde fisken spytta det ut for ej kjende ikkje noko, men fisken kjipte seg og kom opp å rulla, og viste fram ein diger blank buk, sikkert ein aure på 7-10kg.

Vi fiska vidare utover morgenen, men etter at sola kom så tagna det, men Khrutsjov låg fortsatt delvis i skygge, så ej ville prøve her før ej gav meg. Stod å fiska der når plutslig snøret raste av snella, ej slo til, stanga gikk ned i bue, men retta seg like fort opp igjen. Kva i alle dager var dette, fisken måtte være fast allereie før ej slo til?? Ej sveiva inn og fikk svaret, kroken var retta ut ein del og inne på spissen av kroken stod 3 lakseskjell. Ikkje alle kan være like heldige, men samtidig ville det vært for galt om vi hadde hatt med to rykte fiskar fram igjen. Ej skulle ut igjen i selskap til Mathias, så vi gav oss ganske tidlig og for fram igjen for å sove litt før ej satte meg i bilen.

22.07 Eidselva Moen   02-14 På kvelden, mens ej var i barneselskap, var Inge på Alsaker å prøvde, og gjorde det bra. Han fikk 3 fiskar, ein aure på 1180g og ein pjakk på 1200g på Sanden, og ein pjakk på 1510g i Fåhølen.

Så håpte vi på like mykje liv på Moen som dagen før, men før oss fiska ein ivrig slukfiskar, slik at her var alt som levde vettskremt når vi kom her. Og når det då ikkje kjem ny fisk så vert det dødt.

23.07 Eidselva Bjørlo  02-14 Inge var på Hildenes laurdagskvelden, men her var det lite å kjenne, men han såg nokre laksar, men det einaste som beit var ein aure på 820g. Asbjørn var samtidig på Alsaker, og kunne skilte med ein aure på 820g foran hola på Sanden og ein pjakk på 1180g i svingen nedanfor Storesteinen.

På natta var det i elva igjen, og no på Bjørlo. Vi var litt seint ute etter pakking og frysing for Asbjørn, så vi kom ned i Kastehølen akkurat før klokka var 2. Her stod Markus og Dirk og holdt på å avslutte, dei hadde verken sett eller kjent noko av betydning, så vi såg ikkje så veldig lyst på natta og morgenen. Men rett etter at ej starta i innløpet på Kastehølen så hoppa første laksen, og utover morgenen så var det mange fiskar som var oppe og viste seg. Men fluga nekta den plent å nase etter, sjølv om vi serverte dei alle varianter og størrelser. Når vi starta med makken så var Inge førstemann fram i Svarthølen, her satte han fast og etter å ha løft og slått til 4 gangar for å løyse, så livna det til i andre enden. Fisken var skikkelig seig og kampen vart lang, men fisken hadde slukt kroken langt bak i halsen, så han hadde aldri mista laksen som viste seg å være 4,86kg, Inge sin tredje største for året.

Utover morgenen såg vi fisk heilt opp i 10kg hoppe, men samme kva vi prøvde så kom vi ikkje på talefot med dei. Etter kvart gav vi opp, Inge gikk først, mens ej gav meg nokre minutt etter.

28.07 Eidselva Langeland 14-02 Ej var i Oslo og kom direkte innover ifrå Vigra, via Sykkylven og Stranda, mens Inge starta heima i 14.tida. Når ej kom i elva rundt kl.22 så hadde Inge akkurat sett eit par fine fiskar bakpå Vereidehølen, men han hadde ikkje kjent noko verken av desse eller av noko anna. Seinare såg vi nokre mindre aurar og ein diger laks på ++10kg hoppe. Ej var borti ein fisk på fluge på nedre del, men den vart ikkje fast.
29.07 Eidselva Stokkenes 02-14 Vi gav oss litt før slik at vi var klar 02.00 på Stokkenes, men som vanlig med årets nattfiske så var det fånyttes. Ikkje såg vi fisk og enno mindre kjende vi. Ej fiska meg ned til Åbrekk i 06-tida for å sjå om der var fisk på vei, mens Inge pakka sammen. I Åbrekk kom det pjakk, ej fikk fiska på den i framkant, men den tok ikkje. Gikk etter dei, men rakk dei ikkje i Hildehola, og hadde ein følelse av at ej knappast klarte følge dei vidare også, så ej pakka sammen og gikk fram i Mastehølen, men hit hadde dei tydligvis ikkje komt for her var det fullt av småkreder. Men sola steika og det var så varmt at ej kom til at det var lurast berre å stikke å sove litt før det vart for varmt også i vogna, sjansane her tok ej for minimale.
30.07 Eidselva Bjørlo  02-14 Inge fiska sjølsagt kveldskortet denne laurdagen også, han såg fleire pjakkar hoppe på Pina, og han greidde også å få ein av dei til å bite, ein pjakk på 1620g.

Nattfisket var som vanlig, null og nix, heller ikkje lysninga når vi starta med makk gav fisk, så vi såg litt mørkt på det, men det hoppa ein og annen aure for liksom å holde motet oppe. Samtidig så la han igjen med skodde, nesten ned til elva, slik at vi fikk strekt morgenen. Utpå morgenen så fiska ej Svarthølen igjen, og denne gangen så fiska ej heile veien ned til Kastehølen, akkurat i det ej kom ned der det flata ut igjen så hogg det i, ej slo til og fisken raste unna elva, ut i Kastehølen og heilt bort til land på andre sida. Ej trudde ikkje fisken var så stor, men etter kvart som den rasa ut så begynte ej å lure, men når ej fikk stramma bremsa så fikk ej raskt overtaket på fisken som no hadde brent verste kruttet, og etter 4-5min. så kunne ej lande ein fin aure på 1420g.

Etter dette var det rolig igjen ei stund, bortsett ifrå at det var nokre laksar som hadde vakna til å starta hoppe i Kastehølen. Ej fiska fleire ganger på dei, men enda berre opp med ein brunfarga aure, som hadde stått ei stund i elva, på 630g.

Samtidig var Inge i Svarthølen, der dorging fikk ein lett farga pjakk på 1710g til å ta. Fisken var seig, men kjøringa gikk greit og det samme gjorde landinga. Skodda som kom akkurat i lysninga trakk etter kvart oppover, og når klokka var mellom 9 og 10 så skein sola så pass igjennom at alt dødt hen og småkreda tok over, og dermed så gav vi oss.

11.08 Eidselva Bjørlo  14-02 På ettermiddagen søndag kom Bjørn innover, men Inge hadde gløymt å booke kort, så han måtte vente til mandag kveld før han fikk prøve på Alsaker (31/7). Det enda med at han fikk fisk, sjølvsagt, ein pjakk på 1,37kg på Fossekanten.

Mandag for også Pappa innover, og sammen med Bjørn så fiska dei morgenen på Bjørlo (1/8), men her var rett å slett ingenting.

Samme var det morgenen etter når dei prøvde Alsaker (2/8), her var det heller ikkje noko verken å kjenne eller noko nevneverdig å sjå. Utpå dagen reiste dei heim, etter å ha satt igjen masse fiskeutstyr i teltet og ikkje minst satt igjen makken i sola. Dermed var det inga godlukt som møtte meg når ej fredagen kom innover. Men uansett så hadde vi  ikkje planer om å fiske denne helga, så det var verst for Inge som starta ferien uten makk. Men det ordna seg litt etter kvart med hjelp ifrå Atle, Danskane og Sindre.

Så var det helg, men ej hadde minimal tru, og derfor hadde ej ikkje booka kort. Ej var ned på brua når ej kom inn i 19-tida for å sjekke på floa. Fisk var her ikkje, men ej sjekka tempen og fikk bekrefta det ej trudde, 21,3°C, og dermed så vurdert vi ikkje kort ein gang. Laurdag kom Inge innover og vi var til Stryn å booka for veka, til Inge som begynte på ferien no, og for kommende helg. Men Inge hadde stoppa på vei innover og booka kort på Hildenes søndag kveld (6/8). Det kom regn og var overskya, men Inge fikk ingenting.

Inge hadde også kort på Moen mandags morgen (7/8). Han fikk eit par mindre aurar på fluga når han kom ned etter det var lyst, så fikk han ein pjakk på 1,85kg og ein aure på 950g heilt nede på flata. Og utover morgenen fikk han eit par mindre aurar til, småaurene hans var 350g, 360g, 480g og 500g. Det var mykje fisk oppe, men det var stort sett svarte støingar.

Sindre hadde også tatt ein tur innover, han skal fiske sammen med Inge heile veka på Stryn, men først måtte han prøve Alsaker mandagskvelden (7/8), men her var ingenting.

Inge og Sindre skulle altså prøve Stryn heile veka, og starta med tirsdagsmorgenen (8/8) på Sone 5. Det var veldig dødt på morgenen, men utpå morgenen fikk Sindre ein liten pjakk på 1400g, etter kvart kom floa og då stilna det. Inge hadde etter ein aure på 1,5-2kg, men den tok ikkje.

Sia dei sov og ikkje fiska på natta, så var dei i elva heile dagen, også kvelden var det sone 5 dei fiska, men var det dødt på morgenen, så var det enno dårligere på kvelden (8/8). Ingen av dei fikk noko og ikkje såg dei noko særlig med fisk heller.

Så etter eit døgns kvile, så skulle Inge og Sindre prøve sone 6 på Stryn. Tidlig torsdag morgen 10/8, før det vart lyst starta Inge med fluga, men heller ikkje dette hjalp. Utpå formiddagen fikk Inge 2 småaurar, begge på 870g, og begge på makken.

Inge rodde Sindre ei stund fram på Sone 1 etter at dei var ferdig på sone 6, men her var ikkje noko verken å sjå eller kjenne.

Inge hadde god tru når han og Sindre fredag morgen (11/8) skulle fiske Sone 4 på Stryn, men det var dødt lenge, men utpå formiddagen så fant Inge to aurar, ein på 0,78 framme ved revefarmen, og ein på 1,20 i hølen nedanpå revefarmen. Seinare fikk Sindre ein aure på 0,91 i hølen ved bua.

Så var helga komt og ej skulle prøve Bjørlo, fineværet gjorde at ej venta til kl.20 før ej for i elva, fiska strekket ifrå Ny-Ledet til Forbygginga, men alt var stille. Det var ein gong snøre stoppa og kroken kom opp rein, men om det var fisk er ej ikkje sikker på. Gav meg når det mørka for å sove litt før Stryn.

12.08 Stryn Sone 5 00-12 Ej hadde skrive opp at vi skulle være på sone 5 både laurdag og søndag, men ej visste at vi hadde eit kort på sone 5 og eit på sone 6, så ej spurte Inge fleire gongar kvar vi skulle være, og svaret var det samme kvar gang, sone 5 i dag og sone 6 i morgen.

Vi kom inn å starta i lysninga, floa var på vei ned og det var akkurat fiskbart. Såg to fiskar hoppe, men fikk dei ikkje til å ta. Ej vart igjen framme når Inge etterkvart følgde floa nedover, ej var bort i ein fisk, mens Inge fikk ein mindre i hølen ved holmen som han satte ut igjen, og så fikk han ein aure på 1310g mens han sveiva inn makken i nederste hølen. etter at Inge kom fram igjen, var ej bort i ein fisk utfor bua, men den vart ikkje fast. Så fiska vi oss nedover, og i det ej var komen ned til første naustet, så tok ein aure makken, denne var 1050g. Etter dette fikk vi nokre mindre som vart satt ut igjen, men utover formiddagen stilna det av og på slutten var vi ikkje bort i meir.

13.08 Stryn Sone 5 00-12 Vi starta på sone 6 i lysninga, men etter ein god time så dukka ein kar opp og lurte på om vi fiska på rett plass, for han hadde kort her. Inge som var skråsikker både i går og i dag når ej spurte igjen kvar vi skulle fiske, måtte opp i bilen for å sjekke kortet.  Og etter nokre minutt kom han ned igjen og sa han  hadde bomma, vi skulle visst være på sone 5. Men ej visste vi hadde eit kort på kvar side, så ej lurte på om han hadde rota i går også då? Og det måtte han innrømme at vi hadde vore på feil side heile helga. Vi skal nok passe på å minne han på dette ofte!!

Når vi kom over på andre sia så hadde han starta på andre sida, og ikkje lenge etter beit ein fisk, men den såg ikkje veldig stor ut når han fikk den opp. Ej var borti ein fisk utfor bua like etter, men ej stod å sov, og når ej endelig slo til så vart fisken ikkje fast. Nokre minutt seinare så beit det igjen på andre sida, og no var det ein litt større fisk, ca.1,5kg vil ej tru. Ej vassa meg litt ut og fiska rundt svingen, ej fikk ein aure på 6-7hg, men sia ej hadde vada så langt ut så satte ej den ut igjen. Inge hadde fiska heile veien ned, men kom opp igjen uten at han hadde kjent liv.

Etter kaffi så gikk ej framover for å prøve litt lenger framme i hølen. I det ej starta så la ej merke til at karane på sone 4 stod bøyd over noko, så reiste den eine seg og henta ein stor stein som han slo fleire gangar hardt imot det dei stod rundt, og ikkje lenge etter løfta dei ein stor fisk på ca.10kg. Inge kom etter kvart etter, og gikk heilt fram på brygga, og mens ej ikkje kjende liv ute i hølen, så fikk Inge ein aure på 0,77kg når han kom ned dit ej hadde stått. Etter dette fiska vi oss heilt ned, ej var bort i ein fisk heilt bakpå hølen nedfor neset idet snøret svinga raskt over straumen, men den vart ikkje fast. Ellers var det dødt.

18.08 Driva Inge hadde igjen bestilt kort på Stryn og hadde invitert med Asbjørn Løvøy innover. Når ej såg på kortet søndag så stod det start 12.00, mens Inge hardnakka påstod at han hadde kort på midtre Kirkeide på morgen (14/8) ifrå midnatt, så det spørs om det vært kluss også no eller om Inge har rett i sine påstander denne gongen.

Asbjørn måtte være heime og passe bikkjene til Atle som hadde løpetid, slik at Inge fiska her aleine. Han miste 2 pjakkar på ca.1kg og ca 3kg, begge på fluge i Oteren, han såg ein fisk hoppe på morgenen, ellers var det veldig dødt.

På kvelden 14/8 flytta han opp på øvre Kirkeeide, men her var det enno mindre liv. Dei som tok over etter han på Midtre fikk ein liten fisk på ca.1kg.

Inge måtte prøve Nornes eit kort, men hadde få godord etterpå, elva var alt for lita. Men fisk fikk han, ca 20 stykk mellom 0,3kg og 0,5kg, alle vart satt ut igjen.

Inge for inn til Stryn på kvelden for å sjå på sona før natt fisket, han skulle fiske Nedre Kirkeide på morgenen 17/8. Men utpå natta kom regnet, slik at nattfiske med fluge vart det ikkje noko av, men i lysninga starta han med makk. Han hadde på ein fin fisk på 6-8kg i fremste hølen, men etter nokre minutt så slapp den. Ellers var det rolig.

På ettermiddagen 17/8 så starta Inge på Hjelle, han fiska heile kvelden, dei hadde tatt ein laks i fremste hølen ifrå Kvien-sida, og der stod 3 laksa til, men ellers var det heilt dødt.

Den 18/8 orka han ikkje å stå opp, men han fiska ei stund med spinner midt på dag uten resultat. På kvelden fiska han igjen, no fikk han ein liten aure på 0,71kg, han var bort i ein til, men denne slapp. Morgenen etter orka han ikkje å stå opp igjen.

Asbjørn tok laust først, mens ej og Ole Jakob tok 12.30-ferja, Petter kom ifrå Kristiansund og møtte oss når vi var komne til Sunndalsøra. Etter å ha handla og ete middag, kjørte vi framover og sikta oss inn på vår faste camping der vi også har fått kort på Bjørbekk, men når vi kom hit så var campingplassen dyrka opp med korn, og dermed lagt ned. Dermed visste vi ikkje kvar vi skulle leite, men vi kjørte framover for å finne både husrom og fiske, og det fant vi på Vollan Camping. Vi bestemte oss for å prøve sona Gjøra, då denne såg grei ut, og vi såg også fisk framme på Gjøra bru. Ej og Ole Jakob starta heilt framme ved grensa på sørsida, og fiska ned Molgflønet, og då var det mørkt. OJ var kanskje bort i ein fisk, men han var ikkje sikker. Dei andre hadde fiska nedanfor Gjøra bru, men dei hadde ikkje kjent noko.

19.08 Driva Vi starta i 5-tida med å fiske Molgflønet og hølen nedanpå ifrå nordsida, vi kjende eller såg ikkje liv før Ole Jakob, utpå formiddagen, plutselig ropte, han hadde på ein fisk. Fisken som tok langt bak på Molgflønet var ikkje av dei sprekaste, og etter eit par minutt kunne ej håve ein fin sjøaure på 1,36kg for han. Fisken hadde stått lenge i elva, men var i bra hold. Vi stod på til klokka var nesten 13 uten at vi kjente noko meir.

På kvelden fiska vi strekket foran Gjøra Bru, mens Petter fiska ifrå grensa og ned til strekket. Strekket var flott og vi såg ein fisk hoppe rett foran brua, men vi merka ikkje noko før vi skulle til å gi oss. Då var det kanskje ein fisk som slo etter fluga til Ole Jakob, men vi veit ikkje for det var så mørkt at vi såg berre eit kvitt strek omtrent der flugesnøret slutta.

20.08 Driva Morgenen etter orka vi ikkje å stå opp, men vi tok oss ein time i elva etter at vi hadde rydda og vaska hytta, men no hadde elva gått ned ein god del så alt var dødt. Hadde litt tru for det var regndråper i lufta, men det hjalp ikkje.
28.08 Åheim Løvold 18-24 Etter barnedåpen med Ståle reiste Inge oppover til Driva, men han vart stoppa og måtte jobbe mandag og tirsdag, men tirsdag kveld 22/8 var han på plass i Kiklingbrekkhølen. Han fiska til det var godt mørkt, men kjende ikkje liv. Morgenen etter forsov han seg, men han var i elva nokre timar uten at det gav tellande resultat.

På kvelden 23/8, starta Inge opp igjen med fiske i Kiklingbrekkhølen, no fiska han heile kvelden og heile natta til 06, han såg nokre fisk på sona nedanfor, men kjende ikkje liv sjølv.

Den 24/8 var han ei runde å sonderte, både framme og på nedre delen, men Inge enda opp med å fiske Blindjohølen. Utpå kvelden såg han 2 laksar hoppe bakpå, og når han kom bak dit så hogg det i. Fisken var spak og rolig og når han landa den så såg han kvifor, oppdrettar på 2,81kg, spordløs og fæl. Etter dette var det rolig, morgenen etter såg han ein kludd inne i bakevja på motsatt side, og det var alt. Etter eit krigsråd så sikta han seg inn på Stryn heller enn å være i Driva lenger.

På Stryn viste seg å være fullt heile helga, vi vurderte fiske på vatnet i Stryn, men det vart aldri tatt laust, så derfor vart det ei fiskefri helg.

Inge plukka opp eit rykte på søndag om torden og sprutregn på Åheim i helga, og dermed så kjørte ej den veien heim. Og her hadde dei åpna elva igjen, og det var fleire fiskere i elva. Snakka med ein, men det hadde ikkje vore noko storgreier, sjølv om elva dagen før var fin. No hadde ho gått ned, men var fortsatt godt fiskende.

Dermed så ringde Inge og booka kort, til seg sjølv på dagen 12-18, og til meg på kvelden. Han kunne rapportere om at det meste av fisken fortsatt stod igjen nedanfor brua, minst 1000 fiskar meinte han. Inge fiska på Thue-sida og miste 2 fiskar tidleg på fluge i Gushølen, men etter det var det heilt dødt, sjølv om han stort sett var der aleine.

Ej møtte han ved brua der han stod å såg på all fisken som stod der å vaka, men han hadde ikkje prøvd i den hølen. Ej starta fram ved der motbakken over fjellet starter, og fiska meg heile veien ned til brua i fleire etapper, men bortsett ifrå eit par mindre sjøaurer på 15-20cm så kjente ej ikkje fisk. Ej avslutta med å prøve bakpå hølen nedanpå brua i skyminga, men ej kjende ikkje fisk.

01.09 Stryn N.Kirkeide 12-00

Inge fiska onsdagsmorgenen 30/8 på Sone 2 på Stryn, han var bort i ein fisk med fluga, men når han då gikk over på makk så knakk stanga. Dermed vart det fluge resten av kortet, uten å kjenne meir.

Dagen etter, 31/8, siste fiskedagen i dei fleste elvar, fiska han på Sone 4 på Stryn, det var veldig dødt heile kvelden, men til slutt fikk han ein flott aure på  2,73kg på makk utanfor buda ved nederste hølen. I skyminga hadde han på ein fisk til heilt bak på den nederste hølen, men den slapp raskt. Det vart sett mykje fisk på sone 2 denne kvelden.

Inge starta fredag morgen på nedre Kirkeide på Stryn, han såg nokre fiskar, til dels store, men dei ville ikkje bite på med han. Han snakka med Ole Ludviksen som fiska sona foran, og han plukka fisk jevnt utover ettermiddagen, 6stk hadde han fått før ej kom innover i 20-tida, aure 1-2kg, fleire rett foran grensa som Inge hadde håva til han. Men etter at eg kom så stilna alt av, såg ein fisk hoppe heilt bort ved land utfor bjørka. I det det mørkna hadde Inge på ein aure i nederste hølen, men den slapp før den kom innunder land. Sia det var så stille så satsa vi på å sove natta for heller å fiske heile dagen i morgen.

02.09 Stryn M.Kirkeide 00-12 Vi var på plass like etter at det begynte å lysna, Inge starta framme i Oteren, mens ej fiska meg ifrå Kirkehølen og nedover. Første timane var det heilt dødt med meg, mens Inge vart bort i ein fisk midt framme i Oteren, ein fin fisk også meinte han. Det var rart det var så dødt, for det skulle være fine forhold, med litt små regnbyger i lufta. Etter å ha møttes utfor hytta til ein kaffi, så bytta vi plass, men framme i Oteren var det like dødt, men bakpå Laksegard var det noko bortpå å plukka, først ein gong, så enno ein gong, men begge gangane kom den seg klar, men tredje gangen så var eg den luraste, og etter ein kort og heftig fight, så kunne ej dra ein fin liten aure fram på grusen. Vekta viste 750g når vi kom til Eid utpå kvelden.

I det ej kom over kanten, så kom Ole søvnrusken ut av hytta, og utover formiddagen vart det mange gode råd og gode historier, men av og til prøvde vi makken også. Men det var ingen ting å kjenne eller å sjå.

02.09 Stryn M.Kirkeide 12-24 Så utover kvelden var ej bort i ein fisk midt framme i Oteren, og på siste overfarta like før det mørkna så fikk ej den fast, men den visste seg å være liten, berre 530g. Men eg hadde 2 fiskar med heim, og ej hadde brutt 90kgs grensa for sesongen, så ej var ganske godt nøgd.
03.09 Stryn Ø.Kirkeide 00-12 I lysninga var vi på plass til det siste kortet denne sesongen, og allereie på andre kastet tok det fisk med begge to. Inge fikk ein i fremste hølen på 1,34kg, mens ej fikk ein på 0,92kg utanfor benken i Ny-kirkehølen. Seinare fant vi mange fisker bak på Hollywood, eg fikk 2 stk, begge på 0,52kg. Vi var bort i fleire aurar bakpå der, men vi fikk dei ikkje fast.
14.10 Eidselva Vi hadde blitt lova å få være med på prøvefisket, og sia ej var i Las Vegas på ferie i september, så vart det mid-oktober før vi kom oss avsted.

Ej og Inge hadde gått oss ein tur og funne ein oppdrettar ved storsteinen på Alsaker. Vi stakk innom Endre for å fortelle han om dette og levere inn nokre fangstoppgaver som vi fant i kassa i Bruce. Han var opptatt med å skifte tak, så han hadde ikkje tid å være med å prøve å få den ut av elva, men han ringde rundt og fikk til slutt Henning Langeland til å fiske sammen med oss. Inge starta og fikk straks på fisk på spinneren, denne var ganske liten og brun, og slapp når den kom inn på grunna. Litt seinare drog han sluken over der oppdrettaren sto, og straks kom den etter. Fisken tok etter sluken to ganger, men den vart ikkje fast. Nokre ganger til kom den etter, men den tok ikkje etter sluken fleire ganger. Vi fiska oss vidare oppover, Fossekanten, Fåhølen, Øyrane og Sanden, vi såg ein liten fisk hoppe langt bak på Øyrane, men vi kjente ikkje fisk nokon plass. Vi såg ein fisk på Fossekanten.

09.12 Etter ein mild haust, har snøen siste dagen dukka opp i toppene igjen. Ej og Inge tok ein snartur til Ørsta for å prøve sjøauren, til tross for enkelte regnbyger. Vi prøvde både på nordsida og sørsida, og kika fleire plasser, men det var heilt dødt alle plasser. Vi verken såg eller kjente fisk nokon plass. Etter kvart vart det tett mellom regnbygene så vi gav oss når det begynte å skymes.

 

 

OPPSUMMERING 2006

No virker det som om det er anna kvart år å være bestemann, 2004 var mitt år, 2005 tok Inge hevn, og i år knuste ej han på alt. Las over måla ej satte meg i oppsummeringa i 2005 og siterer: Målet for neste år må vere å gjere ein jevnere juni, samt å komme over Inge i totalfangst igjen. Og så må vi klare ny aure-rekord, og hadde det ikkje vore flott med ein laks over 10kg med?

Juni starta med å ta nesten alle måla første veka, Bjørn starta med å sette ein fantastisk aure-rekord på 7,11kg, før ej greidde tosifra med ein laks på 11kg etter ein kamp på 1t25m. Ej fikk også ein laks til på 6,5kg, mens Inge som fikk den første hadde berre nr.4 på lista bak mine to og Petter sin flotte på 10,3kg. Og jevnare juni vart det definitivt, med fisk kvar helg i juni.

Juli starta med ei miserabel veke, der ej mista laks og storaure kvar einaste dag, men generelt vart det ein flott ferie, der ej blant anna satte ny pers på sjøaure i Eidselva, med ein fin fisk på 4,2kg. Etter dette vart det tørke og dårlige forhold til gagns, synd for Inge at han hadde ferie i denne perioda, men han fiska stort sett i Stryn og der var forholda bra i varmen. September vart amputert når Petter feira 40års dag siste laksehelga.

Sjølv om Inge hadde 71 halvdøgnskort imot mine 59, så enda det 93-79 i antall kg, fordel meg. Totalen på vogna, som vi i fjor sleit over 200kg, fikk vi i år opp i 219kg.

Sjøauresesongen på våren oppsummerer vi også i år raskt, katastrofe. Ikkje ein einaste skikkelig fisk som var verdt å ta med heim, det til tross for 16 turar, deriblant Smøla som gav 2 oppdrettarar jevnt fordelt på Petter og meg som var der. Dessverre var det full vinter der i påska, slik at forholda var veldig vanskelige.

Årets opptur var heilt klart åpninga, mens årets nedtur var første ferieveka når ej dagstøtt miste og sleit på stor fisk. Årets laksefisker må nesten verte ej sjølv med 8 laksar på opp til 11kg, fulgt av Petter med sin på 10,3kg som gir han følgende rekke i Eidselva på fisk over 3kg, 10,3kg-11,2kg-11,3kg, mannen får ikkje mellomlaks. Årets hengelippe var igjen Inge som hadde ein elendig ferie. Årets skuffelse var igjen flugefisket som var elendig heile sesongen, og vårfisket etter auren. Årets totale antall, 47-45 seier til til meg, 39-34 seier også i Eidselva.

Målet for neste år må vere å holde meg over Inge i totalfangst igjen, sjølv om han nok vil være heldigare med ferien neste år. Rekna også ut fisk og kilo pr. kort som er rettare sia Inge har ein del meir kort enn meg, og her skal ej ligge foran. Og så må ej klare å sette ny aure-rekord. Med årets gode mellomlaksår så skulle sjansene være store for å kunne sette ny pers på laksen neste sesong, og helst over Inge sin rekord sjølvsagt. Bør også ha eit mål om over 50 fisk totalt, og 100kg i totalfangst. Samla bør vi klare 250kg om ikkje vi får ein ny tørkesommer.

 

 

Til Toppen

 

Send meg e-mail

 

Sida sist oppdatert :

06.07.2010