|
|
2005
28.01 |
Etter mykje møkkavær i måneder,
så måtte vi berre avsted, snøen låg djup og værutsiktene var ikkje
perfekte, men må ein så må ein. Sia det hadde vore lite fisking og
jobbing kvar helg siste månadene, så satsa vi på ei heil helg innafor.
Tidleg mørkt er det på denne tida av året, så sjølv om vi tok laust rett
etter jobb, så vart årets første tur etter auren starta med fiske i
mørket, på Ørsta badestrand. Her var det havblikk, lett yr og veldig
dødt. |
29.01 |
Når vi kom over til Sæbø så var
det 50cm snø på campingen, men etter kun kort tid så var det varmt og
godt i vogna. Morgen etter var det fortsatt grått og regn og masse
spennende idrett på tv, så fisket vart skuva på, men litt etter middag
tok vi oss ein tur bort i Hustadvika. Det var opplett innimellom, slik
at vi holdt ut til det vart mørkt, sjølv om det nok berre var 2,5-3t.
Såg litt fisk nedanfor fabrikken, men langs stranda vår var det dødt. Søndag
hadde vi planer om å prøve på vei utover igjen, men det var øsende regn,
snøen hadde endra seg til 5cm sørpe som flaut på 10cm vatn. Dermed vart
det lite fisking denne helga, men ej kom i alle fall litt vekk ifrå
jobb. |
19.02 |
No hadde det igjen vore tre
hektiske veker, med 70t veke og masse helga-jobbing. Heller ikkje denne
fredagen kom ej klar, men i alle fall så rakk vi siste ferja innover. Vi
var tidlig oppe, men somla til etter 9 før vi kom oss av gårde. Prøvde Hustadvika
fram til middag, men det var heilt dødt. På vei opp igjen enda det med
full frieksos, men i alle fall så kom ej meg heilt opp til vogna. Vi
hadde oss ei kort økt på kvelden også, men her var fortsatt like dødt. |
20.02 |
På vei ut igjen på søndag så
stoppa vi å prøvde på badestranda i Ørsta, uten at det var nokon større
suksess enn turene før i år. Såg kun eit par fiskar, men berre på langt
hold. Når skal været snu? |
26.02 |
Igjen vart det seint innover,
vinteren var tilbake, så det vart ikkje fiske på fredag, men derimot opp
tidlig på laurdag og over til Ørsta for å få meir gass til kamina. Dette
måtte sjølvsagt kombineres med ein fisketur, og vi enda opp på Sætre,
ute i Ørstafjorden. Dette skulle faktisk vise seg å verte årets første
tur med fangst, om to aurer på 25-30cm kan kalles fangst. Været var
heilt nydelig, med solskinn, havblikk og så vidt over 0°C. Såg ein del
fisk, men mykje is skapte ein del problem. Litt før middag, når sola kom
høgt på himmelen, så stilna det av med vaking, og vi slutta av å reiste
over til Sæbø igjen |
26.02 |
Vart sittende å glane på
fjernsynet utover ettermiddagen, men i kveldinga vart det ein tur nedom fabrikken
i Hustadvika. Her var det bikkje-kaldt og nesten heilt dødt, og med
nesten så vil det seie ei krede på 15cm som dreiv å hoppa. Tilbake i
vogna kunne vi konstatere -7°C, og med ein frisk vind så forstod vi
kvifor det var så kaldt. |
27.02 |
På vei heim så stoppa vi å
prøvde i Ørsta, på badestranda. Men som ellers i år så var det dødt. |
12.03 |
Endelig så hadde det starta å
vårast, nokre grader på pluss, solskinn og stilla lokka meg ein tur med
fluga inn i Straumane. Fiska heile strekket ut på fjørende sjø, men
hverken såg eller kjende liv. Inge og OJ var i Kristiansund på
Fylkesårsmøte i NJFF, så det var derfor det vart jobbing og ikkje meir
fisking denne helga. |
23.03 |
Kjørte rundt heile Ørstafjorden for å finne
fisk, men såg lite, så vi satsa på fjøra på badestranda, men her var
lite fisk å sjå og enno mindre å få. Etter at floa kom fram vart vi
stående å snakke med Tobben og Frode. Dei kunne fortelle at forrige uke
hadde dei fått ein del fisk på badestranda, då hadde dei også sett ein
god del børstemakk, men siste dagene hadde det vore dødt her. Vi stoppa
ute på Sætre og prøvde ved den lille havna ein time før vi tok kveld.
Såg fisk, men fikk kun pale og mort. |
24.03 |
For innover like etter middag, fiska stort
sett på Sætre, ved berget og utover til nausta. Såg mykje fisk hoppe,
mest små, men også nokre få større. Vi fikk to mindre aurer kvar i løpet
av ei heil ettermiddag, noko som var veldig skuffende. Prøvde siste
timen på badestranda, såg eit par fiskar hoppe, men etter kvart så var
det heilt dødt, og iskaldt, så når det vart skymt så pakka vi sammen. |
25.03 |
Når vi først var i fiskemodus så satsa vi
på å stå opp tidlig for å utforske Nordfjord på leit etter sjøauren. Vi
tok første ferja innover kl.08.00. Vi stoppa på badestranda i Ørsta, men
her var som ellers i år dødt. Turen gikk derifrå vidare til Eid, der vi
hadde håpt å sjå første laksen på elva, men elva var fortsatt veldig
lita, så om det var fisk på elva så gjemte den seg godt. Vi kjørte
bortom badeplassen for å sjå etter aure, men her var berre eit par
mindre fiskar opp å viste seg. Derfor satsa vi på å prøve nordsida av
fjorden. Her fiska vi ein liten time uten å sjå fisk i det heile, men ej
fikk til slutt ein liten aure. Vi prøvde deretter ved verftet, der vi
såg eit par fiskar, men fikk ingen. Kjørte videre utover til Stårheim,
vi stoppa eit par plassar å kikka, men vi såg ikkje fisk. Derfor
bestemte vi oss for å prøve lenger inne i fjorden, og første målet var
Stryn, der vi prøvde badestranda. Her såg vi ein del fisk som vaka, men
den store var ikkje lett å lure, mens den mindre beit villig. Så når vi
pakka sammen og reiste til Loen så kunne vi bokføre 3 små aurer på meg,
og 4 små på Inge. I Loen prøvde vi på nordsida, men einaste fangsten
her var ei hyse på meg. Derfor gikk turen videre til Olden, med nokre
stopp på veien for å kikke. Såg ein plass på austsida at det var oppe
fisk, så vi stoppa der å prøvde, men det gav ikkje resultat. Stoppa på
vika mellom Loen og Olden på vei tilbake då vi såg fisk hoppe her, men
bite det ville den ikkje. På Stryn hadde det dukka opp masse folk på
badestranda så vi kjørte videre direkte til Eid der vi avslutta der vi
starta, uten å få noko. |
26.03 |
Låg over på Sæbø, og det var derfor
naturlig å kikke her først. Rundt middag sjekka vi Hustadvika, men her
var dødt, så vi prøvde oss på Hustadneset. Her såg vi småfisk sprette så
vi måtte sjekke ut kva det var som jaga i den, men dessverre visste det
seg å vere pale, så vi fora godt opp ein lokal katt, før vi fortsatte
leitinga på nordsida. Her var eit par mindre vak, men desse var så små
at vi kom til at det måtte være mort. Kjørte så over til Ørsta etter å
ha sjekka ut dei vanvittige gravearbeida i Bondalselva. Her kikka vi
først på badestranda, men her var det dødt. Var så avgårde å kjøpte ny
stang til Inge, før vi kjørte ut til Sætre på nordsida for å prøve. Her
fiska vi strekket der veien går heilt nede ved sjøen, såg ein del fisk
hoppe, men ej fikk kun ein liten aure.
Fortsatte så ut på Lianeset for å prøve, til og med her var det heilt
havblikk, men her var i alle fall litt strøm. Såg kun eit par mindre
fiskar hoppe, det var alt. Men vi fikk grilla oss nokre pølser så vi var
klare til å fortsette leitinga.
Turen gikk no tilbake til badestranda for å sjekke, men her var
fortsatt dødt, så vi kjørte utover på sørsida. Her stod vi lenge uten å
sjå fisk, men rett før vi gav opp, hoppa ein diger aure heilt i ytre
enden av vika. Vi kjørte oss ut dit og starta fisket, men fisken var som
sunket i havet. Etter kvart såg vi fleire fiskar som hoppa og vaka noko
lenger inne. Vi flytta dit, og fisken fortsatte å vise seg. Etter ei
lita stund var noko bortpå og leika med duppen min, og etter mykje
makking så fikk ej fisken fast, men dessverre var det ikkje nokon av dei
større, men ein liten aure på 3-350g. Etter dette plukka det borti både
med Inge og meg, men det vart ikkje meir her. Prøvde også eit par
plassar til i området der vi såg fisk som var oppe, men uten at vi
klarte lure nokon av desse til hogg. Når skal fisket snu når det ikkje
vart når været har snudd. |
28.03 |
Inge såg
fortsatt ei mulighet for at alt skulle snu seg for oss i påska, og
svaret hans var Austefjorden, der hadde vi ikkje prøvd så det måtte vere
der fisken beit. Men vi starta i Ørsta på Sætre, her såg vi nokre fiska,
og ej greidde huke på ein av dei, men den var berre knappe halvekiloet,
så derfor så vart den satt tilbake. Prøvde ei stund her og inne ved
havna, uten at det gav meir resultat. Neste plass vi prøvde var i
Sørestranda, men etter å ha fiska ei god stund uten kjenning, så
bestemte vi oss for å prøve noko anna., og dermed kjørte vi innover imot
Austefjorden. Her prøvde vi på brygga utanfor osen, men vi verken såg
eller kjende fisk. Vi kjørte oss ein tur utover på sørsida og kikka i
buktene der, men ingen ting å sjå, anna enn midt bortpå fjorden.
Derfor vart det til at vi kjørte tilbake til Ørsta og Sørestranda,
først og fremst for å hente kniven. Såg ingen ting, men prøvde likevel
litt ved avkjørselen midt på, uten at vi fikk fisk. Såg mykje røyk
akkurat på utsida av Lianeset, men tenkte ikkje så mykje over det, det
er tross alt bråtebrenningstid. Kjørte så rundt og ut til Sætre igjen.
Såg nokre fiskar som var opp ved havna, så vi bestemte oss for å prøve
med sluken på desse. Mens vi gjorde oss klare, så passerte brannbilene
på vei utover. Ej fikk ein liten på eit av dei første kasta, men til
tross for at vi såg mykje fisk, så vart det med denne. Såg kun mindre
fisk, så det må vere ein god årgang i kjømda. Etter dette pakka vi
sammen. Røyken visste seg å stamme ifrå ein mindre skogbrann.
Dermed vart påska ein nedtur fiskemessig når vi skulle prøve noko
anna enn Smøla. Derfor var det nedslående og få rapporter ifrå Petter
som var der, og som fiska veldig godt. Onsdagen fikk han ein på 1,1kg og
2 steikefisker i Fuglevågen, Skjærtorsdag fikk han 3 fiskar i Fuglevågen,
1kg, 1,2kg og ein skikkelig flott fisk på 3,1kg. Seinare på dag fikk han
ein i Anskotet på 1,1kg. På fredag fikk ein kompis av han ein på 1,7kg i
Hopen, og laurdag fikk samme mann ein til på 1,7kg og ein på 0,7kg, mens
Petter fikk 3 på 1,1kg, 1,3kg og ein på 1,7kg. Søndag fikk Odd 3 fiskar,
ein på 2kg, ein på 0,8kg og ein på 0,7kg. Fiskene vart ikkje vegde på
skikkelig vekt, dei fleste vektene er anslåtte vekter ut ifrå lengda,
slik at dei vil ikkje verte førte på rekordlista anna enn som ein note,
så Petter ta å kjøp deg ei skikkelig vekt! |
02.04 |
Såg ikkje fisk nokon plass, så
vi enda i Sørestranda der vi visste at det skulle vere bra fisk, her var
vinden frisk, så det vart sluk som vart våpenet. Vi såg fisk med ein
gong, og etter nokre få kast sette Inge i eit hyl, ein diger fisk hadde
følgt sluken heilt inn, men uten å ta. Like etter hogg det med meg,
heilt inne i taren, dessverre var det ikkje den stor, men ein mindre
fisk. Den var over minstemålet, truleg årets største for min del , men
den var skrinn og full av lus, så den fikk igjen friheten. Etter dette
var det dødt, så vi bestemte oss for å kikke litt rundt. I Selbervika
såg vi fisk som vaka, så vi stoppa her å prøvde ei stund, vi såg meir
fisk, men det einaste vi fikk var småtorsk. Etter dette gjorde vi oss
klar til nattfiske på badestranda, dette vart ein langtekkelig seanse,
med ein liten torsk som einaste resultat. Så derfor gav vi oss når
klokka var snart 2 og kjørte over til Sæbø for å sove nokre timar. |
03.04 |
Vi låg godt frampå før vi tok
laust, var å kikka på Sæbø, men her var det heilt dødt, så vi kjørte
over imot Ørsta, men igjen måtte vi stoppe for å sjå på ødelegginga av
Bondalselva. For å seie det kort, så forstår ikkje vi kva i alle dager
dei driv med, reinhekla vanvidd. I Ørsta prøvde vi på badestranda igjen,
veret var nydelig og det var fleire fiskere som prøvde lykka. Vi prøvde
først ved stanga og etter det eit hakk imot Rema uten at vi kjente fisk.
Dei andre gav seg etter kvart, like fiskelause som oss. Vi såg nokre
fiskar hoppe, spesielt langt sør, men etter kvart også nokre rundt oss.
Etter dette flytta vi ut i Sørestranda, her var litt vind, så også i dag
var det sluk som var våpenet. Vi såg ingen ting, og kjente heller ingen
ting, så etter ei stund gav vi oss og reiste heim. |
10.04 |
Vi satt søndag og såg på sykkel
før vi reiste innover. Løpet drog ut, så vi vart ganske seine innover,
men kveldene er etterkvart lange så fisking vart det. Vi kom inn litt
før full fjøre, vi stasjonerte på Rema og prøvde utanfor der først med
makrell, men det var både kaldt og dødt, så etter kvart så gikk vi over
til sluk. Allereie på første kastet var det noko bortpå langt ute, synes
det var noko merkelig og etter kvart så vart det klart at fisken hang
på, og då det kom ei lita blank fiskeside glidene så var konklusjonen
småaure. Men etter kvart som den kom nærmere så stemte ikkje bildet
heilt, og når den kom inn så visste det seg å vere ei lita sild, krøka
fint framme i hovudet. Tviler vel på at ho hadde tatt etter sluken så
det var nok eit lykketreff som gjorde at ho vart fast. Etter dette beit
det ivrig, men det var kun mort og pale som ville ta, så derfor pakka vi
sammen og satsa på neste ferje heim. |
31.04 |
Forrige helg var vi avgårde å
satte opp vogna og forteltet, men vi kom oss aldri avgårde å fiske, men
denne helga måtte vi prøve. Forrige helg var både Bjørn og Petter innom,
mens denne helga var det berre ej og Inge. Atle og Bente Storvik hadde
også innover vogna forrige helg og denne helga ville dei vere med oss å
prøve auren. Vi starta på badestranda i Stryn der vi såg nokre fiskar,
mens berre ein beit med meg, den var liten, knappe 30cm og fikk derfor
leve videre. Herifrå gikk turen til Loen der vi prøvde like før
tunnelen imot Olden, Ej fikk ein i samme kaliber som den første, og så
fikk ej ei småhyse. Bortsett ifrå dette så var det heilt dødt her.
Så gikk turen til Olden, her såg vi nokre fiska, men dei virka heilt
uinteresserte i det vi serverte dei, og ikkje var dei særlig store
heller, så vi hadde egentlig gitt oss då ein flott fisk hoppa litt
lenger ute ved land. Vi satte oss i bilen og seig utover imot der fisken
hadde hoppa. Dette visste seg være eit fint lite nes, brådjupt og med
god straum. Vi fiska ei stund uten å kjenne eller sjå det heilt store,
men plutselig vaka ein diger fisk langt utpå. Like etter var den oppe to
gongar til. Inge kom springande og kasta på den med sluk, fleire gongar
landa den midt i områden fisken hadde vore oppe, men den ville ikkje
bite. Ej prøvde makrellen og fikk det til å drive bort imot området der,
men då var den trulig skremt langt avgårde for beit gjorde den ikkje.
Atle hadde prøvd ved badestranda på Olden-sida av tunnelen, han hadde
sett fisk, men kjente ikkje noko. |
06.05 |
Grodås var målet for fisket
denne kvelden, rapportene vi fikk når vi kom inn var at dei fiska bra på
vatnet så vi hadde eit lite håp, til tross for snøbygene som jaga langs
fjellsidene og la snø berre eit par hundre meter over oss. Fluge var det
naturlige valget i elveosen i sentrum. Vi starta nedanfor brua, og etter
ikkje så veldig lenge så fikk Inge ei fin krede på vel 30 cm framme ved
brua. Atle var også bortpå ein fisk heil nede, mens ej ikkje kjente
hugg. Etter kaffi bestemte ej og Inge å prøve oss framme i elva foran
brua. Her var veldig igjengrodd, men vi lurte oss mellom trea og fikk
spey'a såpass at vi dekte elva, uten at det gav noko resultat. Vi
fortsatte nedover når vi kom ned om brua, og like etter var ej bortpå
ein fisk, men den vart ikkje fast så derfor vart det meir kaffi. Atle
som hadde fortsatt nede hadde mista ein fisk heilt nede på fluge, mens
sluken ikkje hadde gitt hugg.
Atle gikk fram for å ta fisken min, mens ej gikk heile ned, men no
hadde vinden snudd og det var beinkaldt. Atle greidde kroke fisken, men
den hang berre ei lita stund før den slapp. No var vi leie og kalde, så
vi bestemte at det var tid for å komme seg ut igjen på vogna å finne seg
noko godt å varme seg på. Kreda til Inge vart brest, og smakte
fortreffelig, men det var godt vi hadde ein pizza å spe på med, viss
ikkje hadde vi måtta lagt oss svoltne. |
07.05 |
No hadde vi fått
innover Asbjørn Løvøy, så for at han også skulle få prøve litt, så vart
det ein snartur i Osvika her på Eid. Vi såg mange fiskar som hoppa, og
mykje fisk som vaka, men det var veldig stille og vanskelig, så ingen
vart overraska over at vi ikkje fikk noko. Men positivt at vi såg så
pass med fisk, blant anna såg Inge fleire fiskar på 3-4kg langt ute, men
dei nekta å bite på med han, og for oss andre var det like greitt.
Dermed måtte vi ty til backup-planen for fellesmiddagen, gryterett.
Sjølvsagt ein nedtur kontra fersk sjøaure, men likevel godt etter ein
frisk kveld ute med stanga. |
21.05 |
Vi måtte ha oss ein
kort luftetur, sjølv om det var litt surt og kaldt. Vi stoppa først ved
utosen av Maragjølselva, ej og Inge prøve fluga, mens Atle prøvde
sluken. Ej var så vidt bortpå ein fisk, det var alt. Så kjørte vi fram
til Grodås for å fiske i elva. Denne hadde gått mykje opp sia sist, og
var godt brun. Det stod 3 mann å fiska allereie, men desse gav seg like
etter vi kom. Atle fiska nedanfor brua med sluk, mens ej prøvde like
framom, og Inge forsvant langt framover. Vinden var skikkelig frisk og
skapte store problem for #6 stenger, skikkelig kaldt var det også, så
etter ein times tid så pakka vi sammen og reiste heim, uten fangst. |
03.06 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Etter 8½ måneds venting var
dagen endelig komen igjen, Årets laksesesong var igang. Med rekordstore
mengde snø i fjella etter ein veldig kald vår er utsiktene veldig
lovende, meldingene ifrå 15.mai-elvane er gode, og med ei åpning i
Eidselva på det jevne så var det med stor tru vi troppa opp for å starte
sesongen på Alsaker. Vi hadde hatt fri fredagen for å vere spenna
klare når tida var der for å starte, så vi var tidlig oppe for å sjekke
bruene rundt floa på morgenen, etter det var det korthenting og handling
av helgens nødvendigheter, før vi kjørte fram og fikk stengene på
panseret og iførte oss laksefiskebunaden.
På slaget var vi klare, Inge var først og starta i Fåhølen, mens ej
prøvde Fossekanten. Etter nokre minutter med store forhåpninger og
brusende Adrenalin måtte vi innsjå at det ikkje var enklare i år enn
andre år. Vi fortsatt nedover, Inge var borti ein aure ved storesteinen,
og det stod fleire mindre aurer i Bruce, uten at nokon av dei vart faste
og ville verte middag. Etter kvart dukka Atle og Asbjørn opp, uten at
det hjalp på fangsten i første omgang. Asbjørn gikk som vanlig berre med
fluge, mens Atle starta med makk/gulp og gul jigg, heretter kalla "Gulp
Melonas".
Været hadde slått om, med 16-17°C og vårlige tendenser i lufta, mens
vatnet hadde nådd respektable 9,7°C. Men i sjutida kom regnet, og då
datt også temperaturen 3-4°C i lufta. Sia det ikkje var det beste været
for fiske og fiskaren, så tende vi grillen og breste oss litt mat. Vi
andre var litt avventende når Atle tok flugestanga for første gong og
strauk framover, men når Asbjørn såg ein fiske skyte fram og hoppe rett
utfor buda så var vi raskt på føttene og gjorde oss klare.
Eg sikta
nedover, og var komen nesten ned til fossen når ej møtte Ole Jacob og
Andre Knotten som skulle fiske Stokkenes. Mens vi stod å prate så vart
det plutselig ein voldsom jolm framme ved bua, slik at vi måtte sjå kva
som var i gjære, og jaggu der såg vi Atle kome gåande med ein flott
fisk. Han hadde vore framme på Sanden og fiska framkant på hola, eller
fiska var vel sterkt sagt, på 3dje flugekastet i sesongen huka han
på laksen. Fisken hadde rota litt rundt i hola før den sette unna elva,
men litt nedpå var fisken ferdig og kunne kleppes greitt av Atle sjølv.
Vekta visste 6,6kg.
Vi snakka med folk som hadde fiska heile veka, og dei kunne fortelle
at dei visste om ein fisk på makk, og resten var på fluge og sluk, mest
fluge, så derfor gikk heile gjengen over på fluga, men uten at det hjalp
nevneverdig på fangsten for oss andre. Atle gav seg først, men når
klokka bikka midnatt så pakka vi andre også sammen og tok kveld, med håp
om betre lykke neste dag |
04.06 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Sia elva var så stor og kun
laks er på elva, så sov vi heile natta, men klokka 08.30 var vi atter på
plass. Elva hadde stagnert 5 cm over startnivået dagen før. Vi fiska
stort sett berre med fluge, sia forholda var ganske så like slik dei var
dagen før. Vi prøvde både oppover og nedover, men ingen verken såg eller
kjende fisk. |
04.06 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Ut på ettermiddagen såg Inge
ein fisk som kom opp fossen, denne stilte seg opp langt inne på bakevja
å heiv etter pusten tydelig gåen etter turen opp elva. Det kunne ikkje
berre vere fossen som sprenge fisken slik, den hadde kome langt
nedanifrå, kanskje rett ifrå sjøen. Seinare såg han også ein fisk hoppe
i Vaskeplassen etter at den nesten hadde rent seg på land, så det er
tydelig at den har det travelt framover elva. Vi hadde felles middag i
elva, planen var ute bak Fåhølen, men rett etter vi tende grillen så
åpna alle himmelens sluser seg, og vi måtte søke nødhavn i bua, men det
var koselig nok det. Etter middagen gikk vi ei runde til med fluga, men
ingen merka noko. |
05.06 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Denne morgenen var Inge i somlemodus, først måtte vi vente på han på
campingen, så når vi kom ned til bilen så vart han stående å somle, så
derfor så tok ej og Asbjørn stengene våre og gikk. Slik at når ej var
ferdig rigga, så kom Inge diltende. Derfor gikk ej først på Fossekanten
for å prøve, med lovnad til gutta om at om 5 minutt så måtte dei kome å
hjelpe meg med berging. Og som troll i ord så gikk det ca 5 minutt så
var det fisk bortpå å nappa lett, ej slo til og fikk eit tungt drag til
svar, fast fisk. Fisken vart stående i straumen å stange ei stund før
den kasta seg rundt med kurs for fossen. Ej sette tommelen på spolen og
holdt igjen det ej turde, fisken svinga rundt og med nød å neppe så
fikk ej snudd den. Men fisken kom no rett imot meg og inn i bakevja,
fisken virra først litt rundt før den begynte å rulle i bakevja. Kroken
sat fint i munnviken, men likevel likte ej dårlig rullinga, så når den
ikkje stoppa med hard kjøring så slakka ej litt på for å roe den, og det
hjalp, men då gikk den heilt oppunder berget og drog sena langs berget,
men etter nokre nervepirrende sekund kom den ut i straumen igjen. No seig den framover og ej
fikk fin stramming på den bakifrå, flott tenkte ej, no he ej kontrollen,
men som alltid under laksefiske så er det ein farlig følelse. Fisken
gikk framover, men skjena over imot andre landet, plutselig kom ej på at
der var eit tre ute i elva som Inge hadde gjort meg oppmerksom på.
Fisken hadde nettopp dette i tankene, så når den dreia av nedover imot
treet måtte ej igjen sette tommelen på spolen og legge meg på stanga.
Fisken stritta imot mens den raskt nærma seg treet. Ej såg at dette
kunne gå med litt flaks, men det ville være på håret. Fisken deisa med
breisida inn i fremste greina og ej la meg på troda for å få den over på
min side, men alt fisken trengte gjere var å slå krøll på seg og dermed
hang den med kroppen på feil side. Alle midler vart sjølvsagt utprøvd,
stramme, slakke, pumpe konstant press og varierende press osv. men
ingenting hjalp fisken hang fast og snurra i strømmen. Sjølvsagt gikk
det som det måtte gå, knuten rauk og årets først laks var fri.
Etter å ha fått knytt opp igjen og roa nervene med ein kaffikopp, så
gikk turen framover. Trua var lita for meir fisk, men det var for tidlig
å gi seg. Ej hadde god tru i fremste,
men der stod Inge så derfor vart
det Sanden. Ej stod her å fiska då Inge like etter kom nedover.
Plutselig var det noko som nappa forsiktig i snøret, og eit raskt
tilslag fortalte om liv i andre enden av snøret. Fisken vart kjørt heilt
greitt, uten å ta unødige sjanser og var landa etter 3 minutters kamp
ved å dra den fram på marka foran bua, Dermed var årets første berga, ein
fin laks på 4,06kg. Etter dette var alt stille og rolig resten av kortet. |
10.06 |
Eidselva Øvre Roti 14-02 |
Så skulle vi
endelig prøve Øvre Roti, lenge hadde vi gått på Stokkenes og sett bort
på ei fint rydda sone med full tilgang til alle dei gode fiskeplassene
som ikkje vi fikk fiske. Inge hadde fiska her ein gong i fjor, så han
var kjentmann, mens ej og Asbjørn var læregutter. Allereie før ej var
innkomen hadde Inge fått fisk ved "Steinen hans Kåre", men heldigvis var
det ein oppdretter på 5,2kg. Ej prøvde fortvilt å få bilde av han med
fisken, men sia det var ein oppdretter var dette det nærmeste ej kom,
bilde av fisken med ein skuffa Inge i bakgrunnen. I bakgrunnen ser vi
også Asbjørn Løvøy. Resten av kortet foregikk i full stillhet på
fiskefronten. Alt skulle vise seg ikkje å vere så rosenrødt på denne sia
heller, her var ein del skog og buskas som godt kunne vore rydda vekk,
men sona er tross alt ei av dei klart best stelte i elva. |
11.06 |
Eidselva Øvre Roti 02-14 |
Neste morgen hadde vi igjen god
tru, og ikkje lenge etter at vi starta beit det på hos Inge igjen, denne
gangen i hølen foran steinen der han fikk oppdretteren. Fisken var
raskt oppe og rulla seg i overflata, så Inge kjørte den hardere for å
roe den, men dette førte berre til at fisken begynte å hoppe. Etter
nokre minutt gikk det som det måtte gå, fisken greidde å komme seg av
kroken. Fisken var truleg ein flott sjøaure på 5-6kg. Etter dette var
det ingen ting å kjenne og ingen ting å sjå, så dermed så vart det ikkje
ein einaste skikkelig fisk på oss, men vi hadde lært oss ei ny sone, og
dette hadde vore eit artig besøk. Atle var på Moen, uten å kjenne liv. |
11.06 |
Eidselva Staten 14-02 |
Neste ykt var vi spredde meir
utover, ej var på Staten, Inge var på Moen, mens Asbjørn var på Bjørlo.
Ingen av oss verken såg eller kjende noko nokon av plassene. Elva var
fortsatt stor, men ikkje verre enn at ej greitt kunne fiske med fluge
utfor buda kun med lårvadere. |
12.06 |
Eidselva Moen 14-02 |
Neste prøvelse var Moen, no
sammen med Atle, mens Inge og Asbjørn fiska Staten, som kortet før var
det akkurat like dødt begge plasser. Vi holdt ikkje på så veldig lenge
utover formiddagen, tålmodigheita var noko tynnslitt etter ei heil helg
uten å kjenne hogg. |
17.06 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Dette var helga vi hadde blinka
ut som den store på Alsaker, er litt usikker på kvifor, truleg hadde det
noko med månen å gjere, men noko stort funn skulle det ikkje vise seg å
være. Vi hadde fått med oss Ole Jakob. Under lunsjen på jobb starta
rapportene ifrå Svein Tore å tikke inn om storfiske på Åheim, og på vei
innover når klokka var 17 så hadde han fylt kvota på 5 fisker, på like
mange timer. Han hadde då fått 3 lakser på mellom 3 og 4kg, ein pjakk
rett under 3kg og ein pjakk på 1,5kg. Ej starta kvelden med å fiske
foran hola på Sanden, først hadde ej gått over med fluge uten å kjenne
liv av noko slag. Så tok ej makken for å prøve på samme plassen, ej
kasta bort å lot snøret svinge inn i bakken. I det snøret hang rett ned
kom eit skikkelig drag i snøret, sjølvsagt hadde ej ikkje laus bøyle
slik at slakke var uaktuelt, dermed var tilslag alternativet. Ej drog
til, fisken drog voldsomt imot, stanga gikk i full bue før ho retta seg
like raskt ut igjen. I det eg sveiva inn såg eg grunnen til at stanga
ikkje fortsatt stod i bue. Trulig hadde kroken vore godt nok inne i
kjeften til at eit tilslag hadde gjort susen, men den hadde nok truffet
bein slik at den ikkje gikk inn, men derimot vart rette nesten heile ut.
Surt, men enno ein liten lærdom rikere, ha bøylen i fri når du fisker
rett unna, slik at du kan gi slakke om det skulle nappe til i andre
enden. |
18.06 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Neste kort vart enno mindre
givende, ej fikk ein aure på ca 35cm rett under fossen, som ej satte
tilbake, ellers var det heilt dødt med alle mann. Såg heller ikkje fisk
i bakevja på Fossekanten, noko som tyder på at det ikkje var for mange
fisker i området. |
18.06 |
Eidselva Langeland 14-02 |
Vanligvis er det
vanskelig å få kort på Langeland på stor og tidlig elv, men no lyktes vi
endelig. Inge starta med fluga i Vereidehølen, mens ej starta framme med
makk. Ej fiska meg rundt heile neset uten å kjenne hugg, og derfor
bestemte ej meg for å prøve nedanfor. Men Inge kom meg i forkjøpet, og i
det ej kom så langt at ej såg han, så holdt han på å henge opp ein flott aure
på 3,95kg, tatt ved steinen hans Kåre. Etter dette prøvde vi alt alle
plasser, men uten å kjenne hogg. Som vanlig var det ein heil gjeng på
Øvre Roti, blant anna eit kvinnfolk med til tider forholdsvis lite klær på
kroppen. Vi gav oss ved midnatt, etter å ha prøvd Clearing med årets
første makketjuv som resultat. Her var ganske gjengrodd, men har seinare
blitt rydda. |
19.06 |
Eidselva Stokkenes 00-12 |
Etter ein
snartur på brua, starta ej i Myrahølen, mens Inge prøvde Åbrekk. Ej fikk
ein aure på 0,5kg her, ellers kjende ej ikkje fisk. Ej var stuptrøtt og
reiste derfor fram igjen for å sove eit par timar. I det ej stod opp
igjen kl.5 så kom det melding ifrå Inge om at han hadde fått ein 7kg
laks. Når ej kom ned såg ej fort at dette var ein aldri så liten
overdrivelse, og vekta på 5.88kg verifiserte det. Etter dette fiska vi
heile morgenen i Åbrekkhølen, med korte avbrekk framover og nedover i
Myrahølen. Mot slutten av kortet var vi begge i Myrahølen igjen, og
igjen nappa det med meg. Fisken virka noko større enn den ej fikk på
natta her, men i det den kom nærmere så spratt kroken og fisken var
vekk. Dermed vart det med den eine lille på meg og ein laks på Inge.
Fisken vart tatt ved favorittsteinen hans, utanfor spiontreet i
Åbrekkhølen. |
21.06 |
Ørstaelva Ose
18-24 |
Åpninga i småelvane hadde vore
god, med bra fiske og flott vannstand, men det var stort sett kun laks
og mindre av den vanlige pjakken. Så vi satte avgårde med flugestanga
for å prøve å overliste ein av Ørstingene, men sammen med alle dei andre
som fiska så gikk vi skuffa heim. Vi såg nokre laksar og litt pjakk som
hoppa, men å kome på talefot med dei, nei det gikk ikkje. |
24.06 |
Eidselva Bjørlo
14-02 |
No hadde varmen
komt og elva hadde steget ein god del. Ej hadde lyst å fiske framme og
valgte derfor Bjørlo, mens Inge dermed måtte fiske Staten. Men fordi
elva var så stor så konsentrerte ej meg om nedre deler av sona, då her
tåles meir vatn før ho vert for stor. Fiska ivrig heile kvelden uten å
kjenne eller sjå liv. Inge fikk seg ein pjuskete pjakk på 1,54 kg rett
nedanfor Skipenesbrua, og ein flott aure på 3,0 kg oppå brekket nedanpå
Skipenesbrua. |
25.06 |
Eidselva Øvre Roti 12-24 |
Denne turen på Øvre Roti var
det Ole Jakob vi hadde med. Elva hadde som sagt steget mykje, og
samtidig hadde temperaturen falle til ca 7°C. Det stod mykje fisk på
bruene, og rapportene fortalte om stor oppgang, men for å gjere ei lang
historie kort så var alt dødt. Inge hadde på ein mindre fisk foran
Hegresvingen og såg samtidig nokre fiskar hoppe heilt framme i
Hegresvingen, men de var også alt vi hadde av kontakt. Vi sat heile
natta å prata med Ole Ludvigsen som kom nedom for å sjå på brotfisket
som uteblei. |
26.06 |
Eidselva Øvre Roti 00-12 |
Vi håpte at
morgenen skulle være meir innbringende, men det skulle vise seg at det
satt langt inne. Sona vart tråla opp og ned uten at vi verken såg eller
kjende fisk. Ole Jakob gav opp i 8-tida, mens vi, og då spesielt Inge
ville prøve litt til. Når klokka hadde bikka 11, så fant også vi ut at
vi nok hadde det betre i køya framme i vogna enn her nede. Så vi pakka
sammen og fiska oss opp imot bilene. Vi ville også prøve området rundt
"Steinen hans Kåre", ej var først fram der og starta framme, og når Inge
kom så var ej komen så langt ned at han starta foran meg. Men ej var
mest lysten på å kome meg til køys, så ej jaga han ned for å ta sjølve
steinen, noko ej sjølvsagt kom til å angre på, for han gikk ned, tok 2-3
kast og dermed sat det fisk på. Inge fiska no med lettestanga, men han
sprang fram og fikk taua fisken med seg framover og dermed gikk landinga
greitt. Fisken var ein fin aure på akkurat 2.0kg. |
29.06 |
Ørstaelva Ose
18-24 |
Ny midtveketur, endelig hadde
vi ein smak av sommer, og vi kunne fiske i t-skjorte. Det vart tatt ein
pjakk på 2kg i nederste hølen på fluge ganske tidlig, og det skulle vise
seg å verte den einaste som vart tatt på dette kortet. Vi såg nokre få
fiskar som hoppa, men generelt dødt. |
01.07 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Igjen hadde vi fått berre eit
døgn på Alsaker, i tillegg var vi seine innover så vi kom oss ikkje i
elva før klokka var over 18, men sia det var solskinn og 25°C så trur ej
ikkje det gjorde så mykje. Kvelden foregikk stort sett i stillhet, uten
dei store hendingene. |
02.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Nattfisket var som vanlig uten
det minste resultat, ej hadde eit lite drag i fluga på Sanden det var
alt, trulig ei småkrede. Etter ein kaffikopp i lysninga gikk turen ned
på fossen for å prøve her. I starten var det dødt, men plutselig nøkka
det til. Tilslaget vart gjort i.h.t. fossekantstandarden og fisken sat.
Fisken var ganske rolig og stod stort sett i straumen og inne på
bakevja. Inge kom etter kvart springende til, og i og med at den var så
rolig, så bestemte vi oss for å ta den med håv på utsida av gjerdet på
berget. Inge ville ha den inn på bakevja for så at ej slakka den ut
igjen til han som stod på neset. Planen var god og ej var enig i at det
var måten å gjere det på. Fisken raste litt rundt og plutselig var den
på utsida av Inge, og her rende den seg opp på berget. Det er ikkje noko
uvanlig og heller ikkje dramatisk, men Inge såg dette som ei flott
anledning til å skifte plan. Han kylte håven ned i vatnet i eit forsøk
på å kome under fisken. Og det gikk det, men strømmen hadde tatt nettet
på håven slik at dette hadde no vikla seg inn i kroken. Så når då fisken
ramla ut av håven til Inge mens kroken var fast i nettet så var det
krise. Inge rota febrilsk rundt fisken og fikk nærmast skrapa fisken
oppover
berget, og med hender og føtter fikk han den så langt at han fikk lagt
seg oppå den. Når no fisken var i sikkert grep så fikk han lempa den opp
i håven. Men sia fisken var fast i nettet så vart fisken nærmast
liggande oppå håven, så når han lempa den over på innsida, så ramla
fisken ut av håven. Ej kasta meg over fisken, men fisken fisken sklei
under gjerdet og ned igjen imot Inge. Han prøvde sparke den opp igjen,
men fisken glei unna og for kvar takling Inge satte inn så kom fisken
litt nærmere elva igjen. Men til slutt fikk han stoppa den og kasta seg
over den. I det han løfta fisken over gjerdet igjen oppdaga vi at kroken
fortsatt sat i fisken, så dermed prøvde Inge å dra stanga også under
gjerde samtidig. Etter kvart fikk ej løyst ut snella og Inge kunne igjen
sende fisken over gjerdet og ned i min ventende håv. Men snøret var
fortsatt fast i fisken, og dermed plutslig fast i nettet igjen,
slik at igjen måtte fisken opp for å løyse. Etter litt sprelling og styr
kunne vi sleppe den ned i sikkerheten i bunnen av nettet og puste letta
ut etter å ha sikra laksen på 6,34kg. No var det kaffi på meg, men først passa ej på å jage Inge ned å
prøve. Og merkelig nok så var han ikkje tung å be heller. Og som vanlig
så gikk det ikkje lenge før det hogg til igjen, og igjen var det laks.
Ej treiv håven og begynte springe rundt Fåhølen og ned imot Fossen. I
det ej kom ned så var Inge vekk, så ej snudde og fortsatte ned om
fossen. I det ej kom ned hørte ej Inge rope for å jaga ein kar som stod
på brygga og fiska.
Karen pakka seg
vekk, mens Inge overtok plassen hans. Fisken ville nedover, men Inge
nekta han etter kun få meter, og drog han inn på bakevja. Ej gjorde meg
klar til å håve og etter eit par mindre utras så kjørte den seg på land
med hjelp av Inge og ej var der straks og bikka laksen på 8,18kg opp i
håven. I tillegg til dette fikk Inge ein liten aure på 0.78kg, i
Bruce, og godt utpå formiddagen fikk han også ein pjakk på 1,85kg
framme i hola på sanden. |
02.07 |
Eidselva Nedre Roti 12-24 |
Været var nydelig, så vi sov
lenge før vi for i elva, men kl.22 kom vi oss avgårde. Først var vi
innom brua. Der kunne dei melde at det hadde gått mykje fisk, og dei vi
snakka med hadde tatt 2 laks og 2 pjakk på Staten. Vi for derfor fram
med godt mot foran natta. Etter ei overfaring med fluga, uten napp, kom
Hilde for å hente oss ned i Hildehola der dei hadde fest. Vi var ikkje
vanskelige å be sia det var ganske så skymt allereie. |
03.07 |
Eidselva Nedre Roti 00-12 |
Klokka 3 greidde vi rive oss
lause og kom oss i fiskinga. Allereie på andre eller tredje kastet, rett
utfor bua, hogg det på med meg, fisken rulla rundt og rista på seg og
vekk var den. Ej fiska meg vidare nedover, og når ej kom ned til nest
nederste buska og fiska under siste buska så beit det igjen. Ej gav
slakke og slo til, fast fisk, fisken kom raskt opp i overflata og slo
kraftig med sporden og rulla rundt, og vekk var den. No hadde det vorte
heilt lyst og sola begynte å trykke. Fisken vart dermed forferdelig
forsiktig i det klare vatnet og gjorde det umulig å kjenne at dei var
der å smakte på makken. Klokka 11.30 skya det endelig til, og då vart
straks fisken meir hissig. Inge var borti eit par fiskar og ej var også
bortpå å snudde på eit par stykker rett før klokka var 12, men fikk dei
ikkje faste. Sona var fin å fiske, spesielt med tanke på at fisken går
heilt oppunder land meir eller mindre heile sona. |
09.07 |
Eidselva Staten
02-14 |
Forholda når vi starta kl.2 var
gode, klart, men med lakseskodde i fjella. Ej starta framme mens Inge
starta foran brua. Allereie på 4-5 kastet hogg det med han på fluga,
fisken var fin og måtte kjøres hardt for ikkje å sette unna. På grunn av
overgrodd bare måtte fisken håvast ute i den harde straumen, dette
skapte ein del bry, men gikk bra.
Fisken var ein laks på 4,34kg. Skodda tjukna til og etter kvart kom den
heilt ned på marka. Vi bytta på å fiske foran brua, men det virka som om
kvar gong Inge prøvde så kom det fisk, for det hoppa og nappa støtt,
mens når ej fiska så var alt dødt. Inge miste mange fiskar, men greidde
til slutt å få fast ein til, ein pjakk på 2,07kg. Det stod ein god del
fisk nedanfor brua, men desse var umulige å få til å ta, heilt til Inge
greidde kroke ein av dei på makk, ein liten pjakk på 1,33kg. Kva så
med meg, jau når ingen ville prøve fluga mi så måtte ej true i dei makk.
Det var ein god del fisk å kjenne, men den var forferdelig forsiktig.
Men til slutt greidde ej lure på ein ved hesten. Fisken, ein laks på
mellom 3 og 4 var skikkelig hard og gav ein god fight. Men etter kvart
tagna den og ej kunne begynne å sjå etter landingsplass, men den gang
ei, her gikk straumen knallhardt heilt inn til land så her måtte fisken
vere bort i død om ej skulle klare det aleine. Så etter mange lange
minutt der fisken vart sløvere og sløvere og ej meir å meir fortvila
over at ej ikkje kom innpå den med håven, så åpna den kjeften ein siste
gong og spytta kroken ut. Fisken var no så gåen at den berre heilt sakte
glei tilbake i djupet.
Ej tenkte at fisken no hadde rota rundt så lenge uti hølen at om her
var fleire så var nok også dei irriterte og i hugget. Men egentlig håpte
ej det ikkje var fleire, for etter 15 minutts kjøring så var handleddet
sårt. men allereie første kastet hinta om meir fisk for det nappa ivrig
i djupet. Nytt kast og bang, fast fisk. Mens den første heile tida ville
unna elva og fleire gonger måtte pumpes fram igjen, så var denne meir
medgjerlig. Den ville vere foran meg og helst djupt nede noko som passa
meg betre, det som ikkje var like greitt var at den hoppa fleire gonger,
men det gikk bra, og fisken tagna raskere enn den andre. Men etter eit
par mislykka forsøk på håving så åpna også denne kjeften og spytta ut
kroken. Så i løpet av ein halv time hadde ej kjørt fisk i 25 minutt, og
mista 2 fiskar på 3-4kg. mildt sagt ergerlig. Tok med eit par småaurer,
som var skada, til middag, desse var
0,43kg og 0,32kg. |
10.07 |
Eidselva Staten
02-14 |
Dagen etter var vi igjen på
plass på Staten, været hadde endra seg noko. Skodda låg høgare og letta
ikkje som dagen før. Vi fiska mykje etter samme mønster som dagen før,
men det var mykje roligare i dag enn i går. Vi fiska mykje i fremre
delen, men etter kvart så trekte floa seg tilbake, og då prøvde vi oss
nedover. Inge vod uti, mens ej fiska ifrå breidda. Nedanfor holmen fiska
Inge heilt framme, mens ej prøvde meg i hola like nedanfor. Allereie på
andre kastet mitt hogg det i, og ej slo til å kjende fisken hang på.
Fisken gikk borte i hola ei stund før den satte unna, men ej stod rolig, då
ej av prinsipp ikkje følger ein laks uten at ej må. Fisken gikk 30m
nedover før den svinga rundt og lot seg pumpe sakte oppover imot meg
igjen. Laksen kom no også noko nærmare, men det er ganske grunt på sida
av hola så den snudde snart bort igjen i renna langs det andre landet.
Men neste gong
kom den over og inn på det litt djupare vatnet utanfor meg. Her vart den
stående å gå fram og bak, ut og inn mens den tagna litt for kvar gong,
og etter eit kvarters kamp så kunne Inge håve ein laks på 4,70kg for
meg. Inge hadde hatt stortru etter gårsdagens storfangst og fortsatt no
nedover i god tru om at det skulle løsne etter dei første miserable
timane i dag. Ej fikk hengt opp fisken, knytt opp igjen å hengte meg på
Inge nedover imot Malakoff. Her var ej bort i ein fisk i fremre del, men
denne lurte meg. Inge riste på hovudet og lurte på kva han gjorde galt,
og verre vart det då ej like etter slo til etter at noko hadde rota
borti makken min, og stanga gikk i bue. Denne fisken var også seig, men
mindre, slik at ikkje lenge etter kunne Inge igjen håve fisk til meg,
ein flott pjakk på 2,37kg. Etter dette roa ting seg ned igjen og til
tross for iherdig fisking så var det ikkje meir å kjenne. |
16.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Igjen skjedde det utenkelige,
nattfisket vart ødelagt av uvettig vading. Eg starta framme foran hola
med fluga og var heilt aleine. I det eg fiska framkant på hola kom ein
kar ut av buda med hodelykt på, vod seg heilt ut på kanten av hola, og
begynte å fiske med ca.100g bly midt på svarte natta, men det var
kanskje derfor han brukte hodelykt? I det eg sveiva opp og fortsatte å
fiske nedanfor mannen så gikk han å sette seg igjen. Det samme gjentok
seg kvar gong eg eller Inge kom hit å fiska. I det det lysna tok eg
makken å gikk fram, no fiska eg raskt foran hola for å hindre at
vedkommende rakk ut. Han oppdaga meg seint, reiste seg, men såg at eg
hadde lurt han så han fant noko anna å styre med. Eg var ikkje
interessert i å fiske i hola, for der var nok alt vettskremt, så eg
flytta raskt vidare. No gikk karen nedover, men sonen kom ut bak meg og
fiska hola. Etter ei lita stund sleit han og akkurat idet han var komen
i bua så beit det med meg. Ej kjørte fisken og landa den der ej stod
uten at det vart oppdaga, ein fin pjakk på 1,44kg. Ej gikk etter dette
ned igjen, idet faren kom opp igjen, sjølvsagt uten å oppdage at ej
hadde fått fisk. Sindre hadde holdt på å gjere seg klar, men tok ein
kaffi til før ej jaga han ned på fossen. Og ikkje lenge etter stod
stanga i spenn. Nyleg hjerteoperert som han var så tenkte eg at eg måtte
vere raskt på plass å hjelpe om nødvendig, så derfor sprang eg det eg
var god for rundt og ned på fossen, men der var ingen Sindre, fisken
hadde gått utfor fossen. Eg snudde rundt og sprang ned til buda under fossen, men
heller ikkje her såg eg han, men brått rasla det i krattet og fram kom
han, fortsatt med stanga i fin bue. Fisken var no spak, så berginga gikk
greitt, og hjertet gikk fortsatt, men ikkje på laksen som vog 4,06kg.
Etter ein ny kopp kaffi, så var det min tur å prøve fossen. Og som så
mange ganger før, er det tatt ein, så vert det gjerne fleire. Fisken
oppførte seg bra og rota mykje inne på bakevja, einaste dramatikken var
når den gikk under berget, men med litt mindre press så skaut den fram i
straumen. Til slutt virka den så spak at ej tok sjansen på å gå ned til
bakevja å kjøre fisken herifrå, og etter ei lita stund kunne ej dra
laksen på 4,05kg fram på grusen.
Etter dette fiska vi framme igjen,
Inge starta i fremste, mens ej satsa på Sanden, og mens ej holdt på her
så kom Inge med ein flott pjakk på 2,57kg.
Når vi så kom
ned for ei ny kaffipause, så gikk det ikkje lenge før Inge var komen på
favorittplassen. Og etter litt trumfing så sat det fisk på. Ej la på
sprang og rakk akkurat å sjå at Inge måtte følge ned fossen, så eg
sprang rundt og ned til buda, men Inge hadde stoppa opp og stod å kjørte
fisken i hølen under fossen. Men fisken svinga raskt rundt og hang fint
etter sporden og Inge kunne dra den inn slik at ej fikk håva den. Straks
såg vi at dette var ein av dei tamme fjøslaksane. Med vekt på 4,94kg var
det eit under at den vart berga, for den hang berre etter ytterste
fliken på sporden når den vart håva. Til sist avslutta Inge med ein ein
flott pjakk på 1,83kg tatt heilt bakpå Svadet nedanfor fossen, og sette
dermed punktum for ein flott start på årets ferie. |
17.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Vi hadde god tru
etter suksessen forrige natt, men det skulle vise seg å verte ei rolig
natt. Inge fikk ein fin laks på 4,00kg på Fossekanten på morgenen, men
det var stort sett det vi såg av laks denne dagen. Utpå formiddagen var
vi borti fleire aurar nedanfor fossen, vi fikk fleire mindre fisker som
vart satt tilbake, men til slutt kroka Inge ein aure på 0,9kg
heilt bak på brekket på Svadet. |
18.07 |
Eidselva Moen 02-14 |
Ej og Sindre fiska her, mens Inge fiska
Nordnes. Natta igjennom var det heilt stille, vi hverken så eller kjent
fisk. Utpå morgenen var Sindre borti fisk i fremste hølen, men han
greidde ikkje å få dei faste. Inge fiska i samme hølen, han fikk fisk,
men berre mindre fisker. Etter kvart gav Inge opp og sat mest i skuggen
å såg på mens ej og Sindre kasta klærne og fiska med godt mot. Eg sat å
såg på mens Sindre fortvila over napp uten resultat. Til slutt sleit
Sindre snøret, og eg gikk ut for å prøve. Ganske raskt fant eg fisken
bakpå, og på andre forsøket hang den. Etter ein kort fight kunne eg håve
ein nydelig aure på 1540g. Etter dette var vi bort i flere fisker, men
dei hang berre eit kort øyeblikk. Etter kvart vart sola for hard ned i
hølen og ting roa seg. |
19.07 |
Eidselva Stokkenes 02-14 |
Etter ei lang periode der vi
ikkje hadde sett fisk stoppe i Åbrekk, så viste no fisken tegn til igjen
å ville stoppe opp her, og dermed så bestemte vi oss for å prøve denne
erverdige sona for vår del. Det låg an til at vi skulle få være aleine
også, så trua var god. Og allereie på første overfaringa med makk, etter
nattfiske med fluge, så beit det med meg. Fisken var ein bra fisk, ein
skikkelig fin pjakk, berginga gikk greitt og mens 2,98kg laks rann tom
for blod, drakk vi kaffi for å roe hølen. Inge starta først på neste
runde, med meg bak. I det Inge var komen ned til trea og eg var komen
midt ned i hølen beit det igjen. Denne gongen var det ein litt større
fisk, heilt sikkert ein laks. Kampen var hard, men ikkje så veldig
dramatisk og etter 5 minutt kunne ej dra laksen på 3,69kg fram på
sanden. Etter dette vart det lenger mellom nappa, men heile tida var vi
i fisk, noko som resulterte i to aurar for meg på 1,03kg og 0,58kg.
Etter dette var det rolig lenge, samme fiskene stod i hølen, men viste
ingen interesse for det vi bød fram. Til slutt satte ej på ein liten
kleppesluk mens Inge var i spiontreet. Første kastet følgde ein fisk
etter, mens på andre kastet hang den. Fighten vart kort og udramatisk,
men gav ein fin pjakk på 1,59kg. Inge var no rettelig irritert på at han
ikkje lykkast, men han nekta å gi seg, og satte på ein liten rød
gummibit for å terge ekstra, og brått hogg det til. Fisken var stor, men
oppførte seg rolig og fint så vi hadde faktisk begynt å planlegge landing
når fisken rasa ut og over på andre sida, så rasa den nedover, stoppa
litt og rasa videre og videre og videre. Til slutt var fisken langt
nedanfor 3dje steinen og heilt utenfor kontroll for Inge. Men han kom
nedover etter fisken som til slutt stoppa. Eg var komen ned til 3dje
steinen og ropte opp at einaste sjansen var å rygge fisken opp igjen,
dette hadde funka før og håpet var at det igjen ville funke.
Sakte, men
sikkert kom fisken sigende, stadig vekk stoppa den, men kreftene hadde
tydeligvis skranta så dermed greidde den ikkje å rase unna igjen. Fisken
søkte no inn på grunna, men passa heile tida på å vere akkurat utenfor
hold for håven min. Eg hadde den nesten nedi eit par gonger, men den
seig unna. Til slutt var fisken komen heilt fram til spiontreet, men den
ville ikkje lenger, og vart stående i rippelet rett utfor treet. Eg vod
ut mens Inge la litt meir sidepress. Eg såg godt kroken, som sat på
utsida av kjeften på fisken, som sikkert vog mellom 8 og 9 kg, plutselig
løysna festet og fisken kunne sakte sige
bort igjen i djupet. Litt surt etter ein slik heftig kamp, men det vart
like lang laksekjøring på Inge som på meg til sammen på alle fiskene,
lærerikt var det også, så Inge deppa ikkje mykje etter tapet. Etter
dette vart det ikkje fleire fiskar som vart faste. |
20.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Vi hadde sett lite fisk gå
natta før på Stokkenes, så vi hadde lita tru, men at det skulle verte så
heilsvart var egentlig utenkelig, men tydeligvis ikkje umulig. Ej miste
ein aure på ca 0,7kg på fossekanten, fordi ej prøvde lempe den over
gjerde. Kvifor i all verden gjorde ej det?? Jau Inge orka ikkje gå rundt
gjerdet å håve fisken, så derfor vart det prøvd å lempe. Dette var den
einaste fisken vi hadde fast i andre enden av snøret. Vi såg to fisker
hoppe på Fossekanten, og ein som blenkte i Bruce, ellers virka sona død. |
22.07 |
Eidselva Kvien 02-14 |
Inge fiska Stokkenes natt til
21., mens eg kvilte meg ut til selskap med Mathias i Sandvika. Kokte
kaffi til Inge på morgenen og tok med ned for å sjekke fangsten. Han
hadde god tru etter min storfangst 2 dager før, og når eg kom ned så
hang det 3 aurar i treet, og seinere fikk han enno ein aure. Vekt var
0,6kg, 0,9kg, 1,26kg og 1,92kg, ein flott fangst altså. Etter
bursdagsfeiringa barst det rett inn igjen til Eid for å fiske Kvien på
natta. Sjølvsagt måtte ej stoppe på brua for å sjekke oppgangen. Her var
det kun ein laks og den raste rundt tydelig skremt. Mens ej stod der å
prata med Einar Sivertsen kom plutselig ein stor plog til syne bakpå
brekket, og like etter stakk eit rundt lite hode opp, kobben var tilbake
i elva. Kobben dukka raskt og kom som skutt framover elva langs botnen.
Den var så vidt opp å trekte pusten på brekket ved hesten, før den
fortsatte i samme farta. Ej kasta meg på telefonen til Rune Rindal og
Endre Hjelle for å mobilisere jaktlaget
som siste dagane hadde jakta på dyret.
I løpet av 3 minutt var dei
første på plass, og eit kvarter etter var elva bemanna med jegere ifrå
Vereidehølen og ned. Sjølv fulgte eg med jaktleder Hilde og storskytter
Egil Dahl då dei posterte i Åbrekkhølen. Sikker skuddsektor vart
definert, ein franskmann måtte jages ut av denne, men det gikk bra. Rett
etter at han var komen ut av sektoren dukka eit forskremt hode opp, Dahl
sikta, men skuddet traff ikkje skikkelig, men nok til at kobben rulla
over på sida og flaut med ryggen i været nedover elva. Eit nytt skudd
gikk, denne gongen rett ned i ryggen på dyret, som raskt forsvant. Eit
søk vart satt igang nedover elva, men ingen såg igjen kobben. Plutselig
kom det melding om at kobben var observert i full fart nedover ved
Hesten. Vi
kasta oss i bilen og kjørte ned på Osbrua. Her hadde posten ikkje sett
noko av kobben, så no var den mellom bruene. Plutselig dukke hodet opp
igjen frampå for så å dukke igjen. Like etter kunne vi sjå kobben i full
fart under brua på vei til havs, no med eit stort sår på ryggen. Det
vart løyst eit skot til imot den når den var komen ut på fjorden, men
skjebnen av det skotet eller kobben forble ukjent. Søk vart satt igang
med båt, men ingen såg tegn etter kobben, så truleg vart den enten treft
siste gongen, eller så drukna/blødde den ihjel.
Klokka vart no midnatt, så eg trekte opp for å forberede nattens
fiske. Sat ei stund hos Bente å viste jaktbilder før karane våkna og vi
kunne stikke i elva. Natta starta på verst mulige måte for meg, då eg
trakka litt feil slik at ein stein bikka litt på seg under avfisking av
Moahølen. Ikkje det at det normalt skulle få store konsekvenser, men når
det korrigerende steget enda på utsida av muren eg stod på så enda det
med at eg plutselig hadde vatn midt opp på låra. Heller ikkje det så
galt med vadestøvler på, men når eg samtidig hadde mista flugestanga og
måtte vasse etter denne på enno djupere vatn, så vart eg ganske våt.
Heldigvis hadde eg byte i bilen, så etter ikkje mange minutt var eg
tilbake i elva. Resten av natta gikk greitt, men fisken glimra med sitt
fråvær. Men Einar Sivertsen hadde tidligere i veka fiska godt på Moen,
så vi viste her skulle vere aure i området, og når vi kom ned på flata
var eg borti fisk. Mange forsøk seinare, og fleire napp seinare tok
endelig fisken, ein fin aure på 2-2,5kg. Fisken hoppa og raste rundt,
men virka skikkelig fast. Så sette den unna elva uten at ej greidde
stoppe den. Inge som hadde vadebukse fikk stanga for å følge den ut i
elva rundt nokre tre mens eg sprang skogen for å kunne håve om den rende
seg på land, men Inge vart stående på steinen og dermed for sena inn i
trea og fisken kunne greitt slite seg av kroken. Hadde breidda vore
rydda så hadde nok fighten kunne fått eit noko anna utfall. Etter dette
var det heilt stilt. |
24.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Som vanlig var natta rolig, ingen ivrig fisk som ville smake på fluga.
Heller ikkje Fossekanten ville gi ifrå seg fisk i lysninga og utover
morgenen.
Etter kvart
prøvde ej makken framme på Sanden. I det ej kom midt nedpå var det fisk
bortpå og ej slo til, fast fisk. Trudde først det var ein pjakk, men
fisken var seig og viste seg å vere større enn først antatt. Fisken oppførte
seg fint, men det var ein heftig fight med mellomstanga og haspel. Fisken
seig sakte nedover og trua med å sleppe seg utfor brekket, men ej fikk
rygga den opp igjen. Enno ein gang var den heilt bakpå brekket, men ej
greidde stoppe den, og sakte kom den sigande fram igjen. No var fisken
snart ferdig, men det lette utstyret gjorde at den var seig å få fram på
grusen, men etter eit par forsøk kunne ej dra fisken på land. Laksen
viste seg å vere 3,6kg. Utpå morgenen kom det melding om at
Sandvikarane ville ta seg ein tur å hente litt fisk, så vi gav oss i
middagstida og kjørte fram for å møte dei. Sjølvsagt måtte vi då få
festa Dina og Mathias på bildet |
25.07 |
Eidselva Stokenes 02-14 |
Vi håpte fisken
hadde dukka opp igjen etter at selen no hadde måttet late livet. Og fisk
var her, det stod mange store aurar i hølen, men dei var umulig å komme
på talefot med. Utpå morgenen bestemte ej meg for å prøve trikset til
Inge, ifrå sist vi var her ilag, ein liten ring rød gummimakk. Straks
tok ein fisk, og etter ein kort kamp kunne vi berge ein flott aure på
1,12kg. Etter dette prøvde vi alt, men uten at vi klarte å lure nokon av
dei større aurene som stod bakpå. Det virka også som om oppgangen hadde
stoppa opp, det einaste livet vi såg av fisk som kanskje gikk, var eit
par fiskar som var oppi på svartaste natta. Når vi kom fram igjen kom DJ
og Beate innom ein tur, dei fikk med seg fisken inn igjen til Stryn. |
26.07 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Så skulle vi
endelig prøve Bjørlo igjen, vi visste at det hadde vore fiska bra her
tidlig, men etter kvart hadde det stoppa opp litt, men vi hadde likevel
god tru, og håpet var spesielt stort om å endelig få skikkelig fisk på
fluge her framme. Derfor fiska vi heile natta og til lenge etter det var
lyst med fluge, men uten at det var noko som tok skikkelig. Til slutt
kraup ej til korset og prøvde makken ned Utfallebakkane, ej var borti
fisk, men det var ikkje mulig å få fisken fast. Gikk deretter fram for å
prøve Svarthølen, men resultatet var det samme her, ingen fangst. I det
ej kom ned igjen, slo ej opp ein kaffikopp og gikk for å sjå etter Inge,
men han kom meg i møte med ein fin aure på 2,75kg tatt i fremre del av
Utfallebakkene på makk. Inge hadde sett ein stor fisk til hoppe bakpå
når han hadde landa fisken, men denne hadde ikkje tatt. Men derfor vart
vi i området når her var fisk. Litt etter var det Inge som gikk først
nedover med makken, mens ej kom bak. I det han var komen ned i Granhølen,
tok ein fisk på bortsida av straumen. Denne satte unna i eit vilt utras
50 meter nedover elva før Inge fikk stoppa den. No var ej komen til for
å håve, men fisken var enno langt nede på strekket, men Inge fikk sakte
men sikkert rygga den tilbake opp i Granhølen. Her gikk ej skikkelig på
trynet i det ej skulle håve fisken og slo kneet noko så jævlig på ein
kvass stein, fisken seig ut igjen, men var no ferdig og Inge drog den
rett inn igjen. Ej karra meg på føttene, fikk rota auren på 3,99kg opp i håven,
og etter jamringa så var nok Inge litt i tvil om kven han skulle kakke
først, fisken eller meg. Sola var no komen godt ned i elva, så videre
fiske var dødt. Ny pers for Inge, men fortsatt ikkje over 4kg. |
28.07 |
Eidselva Moen 02-14 |
Igjen skulle ej prøve meg etter dei store på Moen,
Inge var på Bjørlo, mens Bjørn fiska på Alsaker. Bjørn fikk ein flott
aure på 1,64kg på Sanden før det var lyst, mens på Moen var det veldig
stille, fikk nokre mindre aurar, tok den største av dei, ein fisk på
0,75kg for å samle til ein middag, Inge fikk også ein liten aure på
0,7kg i Utfallebakkane, mens Bjørn fikk ein middagsaure på 0,57kg på
Fossekanten. Då det virka dødt i fremre del så gikk ej nedover for å
prøve. Ej fiska meg heile veien nedover uten å kjenne fisk, ved gjerdet
så glei ej og reiv opp heile baksida av bukselåret. Nede på flata var ej
borti fisk, men den var forsiktig. Fiska rundt i renna uten å kjenne
noko før eitkvart holdt igjen makken mens det var litt småkredenapping.
Ej slo til og kunne raskt konstatere at dette ikkje var småkrede. Etter
ei æresrunde i renna satte fisken unna så det kvein. Ej letta stanga og
håpte den ville stoppe bakpå brekket, men fisken fortsatte ned og ej
måtte begynne å følge etter. Fisken hadde no 50m forsprang, men i det
minste hadde den stoppa. Fikk den noko fram mens ej gikk den i møte, men
etter berre nokre få meter så kom kroken og fisken var fri. Gikk no
fram igjen, snakka med han andre som fiska her sammen med sonen, dei
hadde fått ein pjakk på ca.1,5kg. Sa ej hadde vore i fisk nede så dei
fiska seg nedover. Ej gikk fram i fremste og fiska meg nedover til
Moahølen. Midt bak i hølen tok ein fisk, denne var opp og laga ein diger
grøvl på overflata for så å stikke rett på djupet for å stille seg opp.
Denne var diger var konklusjonen når fisken vart stående rolig på botnen
med fullt press. Etter kvart seig den framover djuprenna, nesten heilt
fram før den skar av opp imot straumen og fram imot Krutchsjov, akkurat
der storlaksen går tidligare på sesongen. Ej visste her var steinete, så
ej fant det tryggast å stå igjen i Moahølen for å ha press rett bakifrå,
men når den var komen nesten opp i Krutchsjov så kjente ej av sena gikk
rundt ein stein, mens fisken berre fortsatte. Ej gikk oppover og nedover
i håp om å klare å løyse det, men nei. Fisken hadde no stoppa og ej
klare dra den litt tilbake. Håpte fisken ville komme ned igjen og dermed
løyse sena sjølv, men sena stoppa og fisken stoppa. Fisken kunne no gå
framover og ej kunne dra den tilbake, men ikkje noko anna skjedde.
Ringde då Inge for å høre om ej var så heldig at han var på vei oppover,
men han hadde nettopp landa ein laks på 4,5kg i Hjellehølen på fluge, så
han hadde ingen planer om å gi seg, og forresten så hadde han snakka med
Bjørn og han hadde akkurat landa ein laks på 5,75kg på Fossekanten, så
begge ville fortsette ei stund til. No kom han andre fiskeren nedanifrå
med ein aure på ca 2kg, og sammen gikk vi fram på øya for å finne ein
måte å få løyst fisken, men alt virka håplaust. Tempen var fin både
i elva og lufta, ej var alt kliss våt, så ej bestemte meg for å vade ut
å sjå om ej kunne løyse sena. Medfiskaren leitte opp ein passande stav
til meg og dermed kunne ej vade meg utover i straumen på dei glatte
steinene. Elva var ikkje så veldig djup, men nådde meg til slutt godt
opp på låra. Plutselig løysna sena og fisken seig nedover imot Moahølen,
ej såg fisken og kunne slå fast at størrelsen ikkje var som først trudd,
men det var ein fin fisk, spesielt når det visste seg å vere ein aure.
Fisken var nesten død, så berginga av auren på 3,11 gikk heilt greitt.
Alle 3 pluss medfiskaren min fikk altså fisk omtrent heilt samtidig
etter ei natt nesten uten eit napp, og det klokka 10 på formiddagen i
solsteiken. |
29.07 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Etter eit par bra dager på
Bjørlo håpa vi på ny god tur, men det skulle vise seg at det meste var
gjort her. Vi var bort i fisk på Utfallebakkane, men vi måtte ned i
Granhølen før vi fikk fisk. Her fikk ej ein aure på 700g på innsida av
straumen på Bjørlo-sida. Vi fiska framme heile tida, men greidde ikkje å
lure fleire fiskar. Elva har no vorte vel lita, så regn hadde gjort seg. |
31.07 01.08 |
Eidselva Hjelle
16-16 |
Så var turen
komen til Hjelle. Vi hadde hatt avskjedsfest for Markus og Dirk kvelden
før, mens Ole Jakob fiska Bjørlo. Det enda forresten med at han fikk ein
pjakk på 1,5kg i svingen foran Fåhølen. På Hjelle var været fint så vi
venta til sola lavna før vi for i elva. Sia elva var så lav så vart det
mest flugefiske. Ej mista ganske tidlig ein fisk foran muren øverst på
Pina, ikkje alt for stor, sikkert ein aure. I skyminga fiska vi Pina,
Inge og Atle hadde fiska over og sat no å slappa av. Ej kom bakerst, og
i det eg stod utanfor dei å fiska så beit det med meg, fisken virka
større enn den forrige, men det var ingen kjempe. Etter ca. 20 sekund
kom fluga uten forvarsel. Like etter var også Inge borti ein fisk på
samme plassen, men denne datt enno raskere av. På mørkaste sov eg eit
par timer i bilen, mens Inge holdt på. Dette resulterte i at han greidde
å nike seg ein brunaure på 900g foran muren fremst på Pina. Etter dette
fiska han seg heilt ned i Ny-Ledet, men kjente ikkje noko meir. Utover
morgenen fiska vi i området her uten å sjå eller kjenne noko meir. |
01.08 02.08 |
Eidselva Hjelle
16-16 |
Ettermiddagen fiska vi i området rundt Hammarhølen, vi fiska og utforska
områda mellom Hammaren og Bjørkahølen. Her er det ein fin høl, men denne
hører visst til motsatt side, dette fordi det er dei som eig holmane i
dette området. Utpå kvelden flytta vi nedover til området rundt
Skulehushølen, og fiska der heile natta. Vi såg nokre fiskar, og var
bortpå eit par, men vi fikk dei ikkje faste. Utpå morgenen pakka vi
sammen og gav oss for denne natta. Neste dag var Atle tidlig i elva,
mens vi venta og laga oss middag. Vi snakka med Pappa dagen før, og han
anbefalte å prøve spinner oppstrøms. Dette vart diskutert med Atle og
det var dette han prøvde i Hammaren etter først å ha fiska over med
annen sluk. På første kastet fram langs berget følgde ein mindre fisk
etter, men den snudde før den tok.
Atle kasta fram igjen for å prøve på fisken igjen, og no hogg det på
borte i djupet. Fisken oppførte seg fint, og etter kvart såg han at
fisken var betydelig større enn den som følgde etter sist. Han kjempa
med ei lita og lånt stang, men fisken var rolig og etter ein spennende
kamp kunne han kleppe laksen. No var skjelven så hard at meir fisking
var uaktuelt, så derfor så kom han fram igjen for veging og filming.
Vekta viste 9,17kg og filmgliset var umulig å verte kvitt. |
02.08 03.08 |
Eidselva Hjelle
16-16 |
Etter dette
måtte vi sjølvsagt prøve Hammaren, men no var alt dødt. Seinare på
kvelden prøvde vi området rundt Skulehushølen igjen, men no var det
rolig her. Natta vart tilbrakt i Hammarhølen, vi såg nokre få fiskar,
men det virka som dei fleste var svarte. Utpå natta vart eg trøtt og
kald så særlig effektiv fiska ikkje ej, men Inge hadde trua og stod på.
På det mørkaste var det oppe fisk i hølen, og plutselig var det ein fisk
som tok fluga hans. Fisken verka bra stor, så vi forberedte oss på ein
god kamp. Men etter 3-4 minutt med rolig kamp så vart snøret plutselig
slakt. Inge sveiva inn, og der var ingen fluge, fortommen hadde slitna
utan forvarsel. No fikk vi fornya tru, men lyset kom og dermed så døde
alt vekk igjen. Vi gav oss ganske tidlig, for å kunne prøve litt før
kortet var ute. Inge var ein tur nedover til Hjellehølen og Forbyggninga
fram imot kl.16, mens eg holdt meg rolig. Han kjente ikkje fisk. |
04.08 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Vi hadde
planlagt Trøndelagstur, men først måtte vi prøve Alsaker igjen. Natta
gav ikkje fisk, men utpå morgenen fikk eg ein aure på 0,72kg framme på
Sanden. På neste overfaring kom Ole Jakob bak meg med sluken, og i det
eg var komen ned på Sanden så kom eit hyl ifrå Ole Jakob som stod i
hola. Fast fisk! Eg satte ifrå meg stanga og leita fram håven. Straks
såg eg at noko ikkje stemte, oppdrett sa eg til OJ, men neste gang vi
fikk eit glimt så såg sporden fin ut, og dermed så håpa vi på storaure.
Men neste gang var eg ikkje i tvil, dette var ein fjøsfisk. Men fisken
kjempa godt og OJ kosa seg, men etter kvart slakna fisken og eg kunne
håve fisken forholdsvis greitt. Som vi allereie hadde konstatert så var
det ein oppdrettar, men vekta var flott med 6,8kg. Seinare på morgenen
mens eg og Ole Jakob sat i bua og tok ein kaffi, så kom Inge nedanifrå
med ein fin pjakk på 1,72kg. Utover formiddagen verka alt heilt dødt,
men heilt på slutten var Inge fram i fremste hølen. Her visste det seg
at det stod masse fisk heilt borte på Bjørlosida, langt bak på hølen.
Inge fiska på dei, men dei ville ikkje ta det Inge hadde å by. No kom
regnet når vi endelig hadde bestemt oss for å reise. Inge booka kort til
Bjørn og Sindre før vi pakka sammen og kjørte heimover i skikkelig
regnvær. |
05.08 06.08 |
Driva Blindjohøl 18-13 |
Etter å ha grave makk og sove ei natt heime, så var vi igjen på tur, no
i retning Gaula i Trøndelag der vi skal møte Atle, som er på AquaNor.
Men først skulle vi ha oss nokre døgn i Driva, der dei hadde fiska godt
tidligare på sesongen. Men no hadde elva gått mykje ned slik at forholda
var litt vanskelig, men på samme tid så gjorde det det lettare å komme
til. Vi fikk oss hytte på Furu camping, men her hadde dei ikkje kort til
oss, så vi måtte ned på Trædal for å få oss kort. Ukjente som vi var i
området vi hadde blinka oss ut, så vart det bingo når det gjaldt sone,
men BlindJohølen skulle vise seg å vere ei fin sone.
På kvelden rigga vi oss til
og gjorde oss klare, men vinden tok seg opp
og det vart storm som gjorde at vi heller la oss og stod tidlig opp. I
lysninga tok vi laust, vi måtte leite litt, men fant etter kvart sona,
som viste seg å vere flott. Vi starta på rekke og rad i den lange hølen,
med Inge først. I det han kom heilt bakpå hølen, der det vart meir stein
og bakevjer, så hogg det i. Fisken var seig og kampen vart hard for å
hindre den å gå ut av hølen, men etter kvart fikk Inge rygga den godt
opp i hølen og eg kunne konstatere at det i alle fall ikkje var villlaks,
men var det kludd eller oppdrett. Berginga gikk heilt greitt og som
bilda viser, så var det den sorten som Inge helst ikkje vil vise fram.
Oppdrettaren viste seg å vege 4,2kg.
Etter dette var vi ivrige i fiskinga, ej og Inge gikk kun med fluge,
mens Ole Jakob også prøvde sluken. Vi såg kun ein fisk som hoppa, ikkje
lenge etter at Inge hadde landa fisken sin, ellers var alt rolig. Til
slutt var tida ute, og vi måtte gi oss. Vi gikk litt rundt for å gjere
oss meir kjente, noko som skulle vise seg å vere lurt. Vi inspiserte
spesielt området rundt Lisjehølen som vi skulle fiske dagen etter.
Bildet til
høgre er tatt like ved bua rett foran BlindJohølen, og viser elva fram
imot Lisjehølen, som starter ca der det lyse feltet i baren er, midt i
bildet. Legg spesielt merke til felta med bar grus i baren heilt til
høgre for kvelden skulle gi store forandringer. Til venstre ser vi også
ein stor grusbanke som stakk godt opp av elva. Like etter at vi var
tilbake på hytta så friska vinden på igjen og det begynte å regne
skikkelig.
|
06.08 07.08 |
Driva Lisjhølen 18-13 |
Vi sov ei stund midt på dag for å hente oss igjen til kveldens fiske,
men som i går så kom drittværet, med storm og regn. Så vi sat inne og
venta, men kvelden gikk uten bedring, så vi enda opp med å legge oss med
håp om værskifte.
Og neste morgen
var været brukbart igjen, og det bar i elva. Vi var litt misfornøgde
dagen før då hølen var veldig rolig, men no var den perfekt. Som vi ser
på bildet til høgre, som er samme motiv som dagen før, tatt ganske
nøyaktig eit døgn seinare, så har elva stige med nesten ein meter. Vi
såg nokre få fiskar hoppe, men ingen av dei ville ta. Elva var veldig
grumsete, og sia ho steig litt heile tida, så vart det ikkje betre. Må
være enorme mengder tonn sand som flyttes ein slik dag. |
09.08 |
Gaula Saugen 12-24 |
Vi var litt i tvil om vi skulle ta nye kort, spesielt sia elva var så
stor, og tvilen auka meir når samme været kom for tredje dag på rad.
Asbjørn var no på vei innover, men rapporter tilsa at det ikkje var
nokon vits å prøve, og som bildet til høgre viser så var det lurt. Dette
bildet er tatt morgenen etter, 08.08, og viser Driva i flom. På bildet
ser vi fremste del av Lisjehølen og fram elva, på det høgste gikk elva
med 600m3/s. Midt på bildet var dagene før ei
stor øy med 5m høge tre, denne var no vekk.
Her ser vi synet som møtte oss når vi kom til Orkla, vi hadde håp om
mindre elv og eit døgns fiske før vi skulle møte Atle, men som bildet
viser, så var alle slusene på Bjørsetdammen åpne og elva gikk i flom.
Dermed tok vi turen over fjellet til Gaula og fikk inspisert sona, samt
gjort oss litt kjent.
Etter ei lang natts søvn så stilte karene klare på sona, ut ifrå
befaringa dagen før så visste vi at vi måtte satse på fisk på vandring,
for her var ingen naturlige standplasser, kanskje med unntak for heilt
framme ved berget der det var ein kvileplass, men denne er best fiska med
makk. Vi var derfor litt mismodige, men elva var i flom og håpet var at
det ville komme litt fisk. Inge var første mann med kontakt, men det var
kun ein aure på 0,50kg, etter dette var det dødt resten av kvelden. Atle
kom nedover igjen ifrå messa og åt sodd sammen med oss.
Bjørn og Sindre fiska natta på Alsaker, og det enda med at Bjørn fikk
ein aure på 3,32kg, skikkelig bra!
|
10.08 |
Gaula Saugen 00-24 |
Vi starta dagen
med reint flugefiske, sjølvsagt med unntak av sluk-Ole, men fisken
glimra med sitt fråvær. Derfor ville ej prøve makken på kveldsøkta.
Første gangen ej hadde med makken fram på berget gikk det ikkje lenge
før ej var borti fisk. På kastet etter tok den skikkelig, og ej slo til.
Fisken stritta imot, men til tross for stor elv til å hjelpe seg, så
hadde den ingen ting å stille opp med. Den som meiner at laks er laks
har ikkje fiska ei vestlandselv, laksen der er dobbelt så sprek som
dette. Til tross for at pjakken vog fine 1,68kg, så den vart berga på eit
minutt, og det på mellomstanga. Etter ei pause med meir flugefiske så
tok ej makken igjen. Og i løpet av få minutt kunne eg notere meg for ein
sjøaure på 0,79kg. På fluga var det ingen som kjente fisk, ga derfor
beskjed om at ej gikk fram på berget å henta ein fisk til med makken. Og
igjen, på eit av første kasta, så tok ein fisk skikkelig, men dessverre
sov eg, så når tilslaget kom så var det for seint. Etter dette var det
dødt, for alle sammen. Fiskane vart fortært til middag, og var alldeles
nydelig. Bjørn og Sindre fiska natta på Alsaker med stor suksess,
Sindre fikk to pjakkar på 1,1kg og 1,8kg, mens Bjørn fikk ein flott
pjakk på 2,88kg og ein fin aure på 1,8kg. |
11.08 |
Gaula Saugen 00-24 |
Igjen hadde
regnet sendt elva i flom, og dermed så skulle forholda vere på topp på
denne sida av elva, men elva virka ganske død. Utover dagen falt elva,
og då kom også fisken, men då gikk den i hovedsak på andre sida av elva.
Der tok dei fleire fiskar, mens vi lunnja. Derfor vart det ikkje laks
denne dagen, men burger til middag. Bjørn og Sindre fiska
natta på Alsaker, men vart også dei fiskelause. |
12.08 |
Gaula Saugen 00-12 |
Vi hadde vorte
ganske motlause, og når elva då var flomstor på morgenen igjen, så fiska
vi ikkje dei siste timane. Vi snakka om å prøve på vei heimover, men
flommen hindra dette, så derfor vart der frihelg.. Måtte ta med eit
bilde av gjengen, her ser vi f.v. Ole Jakob, Asbjørn, Torgrim, Inge og
Atle.
Sindre fiska på Moen, men det enda med bomtur. |
26.08 |
Eidselva Hildenes 14-02 |
Mens ej var heime å feira 40års
dag hos Idar, så fiska Inge 19.08 Kvien på
kvelden, 20.08 fiska Inge Kvien på morgenen, 21.08 fiska Inge Kvien på
morgenen. Men siste helga på Eid så var ej tilbake. Elva hadde no fått
nokre vanndråper, men var fortsatt lita, så derfor håpte ej at Hildenes
skulle kunne gi fangst, men den gang ei, alt var heilt dødt, både her og
hos Inge som fiska Staten. |
27.08 |
Eidselva Staten
02-14 |
Etter at Inge
hadde fiska her før meg, og ikkje kjent hugg, så var ej ikkje veldig
optimistisk. Men ej såg fleire fiskar og slo av sena på 3 fiskar,
fortvilande, men lite å gjere noko med, anna enn sjølvsagt å kaste
spolen med sene. Inge fiska Langeland, heller ikkje her mykje fisk, men
han fikk ein litt skrinn pjakk på
1,57kg. Fisken tok ved den store steinen, på Roti, på nedre del av sona. |
27.08 |
Eidselva Kvien
14-02 |
Vi fiska ifrå sola lavna og til
etter det vart godt mørkt. Det hadde blitt rydda endelig, så no var her
fint å fiske. Såg folk som fiska i forbudsona framme i fossen, men hadde
ikkje med telefon slik at vi fikk meldt ifrå. Inge såg ein laks hoppe
framme i Hammaren, men det var det nærmeste vi kom fisk denne kvelden. |
28.08 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Vi avslutta i
Eidselva der vi starta, og som resten av året så var det ganske dødt
her. Såg kun nokre få fiskar. Ej greidde til slutt å nike meg ein flott
pjakk på 1,80kg i hølen oppe på fossekanten. Bortsett ifrå dette var det
lite å kjenne langs elva. Heller ikkje i år kom det ny aure på elva i
slutten av sesongen, slik det gjorde nokre år på slutten av 90-talet.
Totalt eit middels år på Eid, det klare vatnet gjorde fisket vanskelig
store deler av sesongen. |
03.09 |
Strynelva Sone 1&5 00-24 |
Det hadde ikkje vorte Strynetur
på oss før i sommar, så vi såg fram til endelig å prøve denne flotte
elva. Vi brukte fredagskvelden til å oppsummere årets sesong for å
hjelpe gutta på Eid litt med statestikkføring. Dette gav at vi karane på
vogna, sammen med Atle, OJ og Svein Tore sine fiskar på Eid kom opp i
knappe 185kg, dermed oppstod 200kg som eit sesong-mål for dei to siste
fiskehelgene. Håpet var sjølvsagt å treffe borti det slik av vi i løpet
av denne helga hadde klart det, men avslutninga på Stryn siste åra gav
oss ikkje mykje håp. Vi fikk oss ikkje kort lenger framme i år, så
derfor vart det nede i flopåvirka område. Vi starta med fiske på sone 5
i lysninga. Vi hadde ikkje fiska nettopp denne sona før, så vi starta
heilt framme ved hengebrua, men det kunne vi spart oss for her var det
vanskelig. Men lenger nedover var ok, i alle fall med makk. Utover
morgenen plukka Inge to aurar rundt nedkanten av holmen. Vi var borti
fleire fiskar, men dei var veldig forsiktige og umulig å få faste. På
formiddagen prøvde vi også på sona 1, uten at vi fikk noko der. Vi var
ut igjen på vogna å laga oss middag og fikk stelt fisken. På kvelden var
vi igjen på plass på sone 5, igjen var vi bort i fleire fiskar, men vi
lyktes ikkje i motsetning til dei på andre sia som fikk ein fin pjakk.
På kvelden når floa gjorde det vanskelig på sone 5 så flytta vi fram på
sone 1. Her nogg vi oss ein sjøaure til, ein fin fisk på 0,96kg tok
fluga til Inge mens ej stod for roinga. Seinare på kvelden hadde ej ein
fisk på samme størrelse oppunder båten, men denne kom seg unna med livet
i behold. Dei to andre fiskane Inge fikk vog 0,65kg og 0,95kg. |
04.09 |
Strynelva Sone 1&4 00-12 |
Korta på sone 1 vart ikkje brukte anna enn nokre minutt rundt midnatt,
før vi kjørte ut igjen for å sove eit par timar. Vi var også denne dagen
på plass i lysninga, og no skulle vi fiske på favorittsona mi her nede.
Det var stille første timene, men etter kvart begynte floa å virke inn
på hølen nedanfor
og dette virka
sette litt meir fart i fisken. Vi var etter kvart borti ein og annen
fisken, men dei var veldig forsiktige, men eg nogg meg eit par mindre
fiskar på 0,57kg og 0,73kg. Inge prøvde seg framover og då brukte ej
tida godt og huka ein flott aure. Fisken ville nedover, men det var
ikkje ej interessert i og kjempa imot. Til slutt fikk ej fisken på gli
og fikk den godt opp i hølen. Fisken var seig, men til slutt fikk ej
overtaket, og kunne etter nokre minutt lande ein flott storprikket aure
på 2,3kg. Inge såg det var fisk på gong så han kom straks nedover igjen.
Han såg straks ein stor aure hoppe, men denne ville ikkje ta. Men like
etter kroka han ein aure på
0,68kg. No var floa komen langt fram og alt stilna av igjen. Snakka med
eit par karer som hadde vore her torsdagen før og då gikk store stimer
med storaure, synd vi ikkje hadde kort lenger framme, men ej var tross
alt fornøgd. No var totalen oppe i 191,19kg så 8,81kg var målet for
neste helg. |
09.09 10.09 |
Driva Bjørbekk 18-13 |
Vi huska tilbake på fjoråret då
vi fiska på den flotte Hjelle-sona, det var ein flott tur, men vi måtte
overgå dei 6,75kg som vi fikk i fjor med vel 2kg. OJ enda i
sjukesenga, så ej og Inge måtte klare oss sjølve. Vi kom opp til klokka
var 18 og var raske med å få på oss for å kome igang med jakta på dei
8,81kiloa vi hadde satt oss føre. Vi hadde bestemt oss for å starte
heilt framme imot Hjelle, men her var folk, så vi satsa på å fiske
omtrent midt på. Og endelig såg fru Fortuna til å smile til oss, for
mens vi rigga stenger, så hoppa ein fin fisk på 4-5kg rett ut forbi oss.
Vi hivde oss rundt å fikk uti flugene. Hølen var nydelig flott med fint
jevnt drag, framme i innløpet til hølen var ein del stein, mens bakover
verka det som botnen var jevnere. Vi fiska hølen til endes 2 gonger før
det vart mørkt, uten at vi kjende eller såg noko meir. Fisken hadde
visst berre holdt oss for narr. På veien ned igjen kom også regnet,
skulle vi få ødelagt turen slik som sist, eller skulle det verte gode
forhold.
Etter ei kald
natt for meg, som hadde gløymt igjen soveposen heime, så vart vi møtt av
nysnø langt ned i fjella rundt oss. Men som bildet viser, så var været
aldeles nydelig. No såg vi ikkje folk i fremste hølene, så vi starta
her, Inge fiska fremste, mens ej fiska hølen nedenfor. Innløpet gav
ikkje fisk, men når hølen flata ut og vart djupare, så var det ein aure
som lot seg friste. Det var ikkje ein stor kludd, så auren på 1,00kg var
ingen kamp med 2-handstang. Håpet var at dette skulle vise vei for
korleis vi skulle klare målet vårt, men det vart med denne fisken her
til tross for ivrig kasting i fleire timar.
Vi snakka med han som hadde fiska her dagen før, og som hadde starta
her klokka 4, og no hadde prøvd litt lenger nede, men han hadde verken
sett eller kjent fisk. Vi snakka også med ein som hadde fiska her heile
veka, og auren min var den første fisken han hadde sett. Vi hadde derfor
veldig dårlig tru, men når vi kom ned til brua for å fiske der, så bar
dei rundt på ein fisk på ca. 10kg på andre sida, og då var trua tilbake.
Vi fiska her, men her var det vanskelig, så mens Inge fortsatte nedover,
så sjekka ej på brua. Nedanfor stod ein fin fisk, så her var meir fisk.
Vi fiska oss heile veien nedover til hølen der vi var dagen før, vi såg
eit par fiskar, og hadde eit par forsiktige drag, men ingen som lot seg
friste skikkelig. Når vi kom fram igjen sjekka vi brua og her var no
fisketomt, så det var tydelig at fisken var i bevegelse. No var første døgnet over, og vi hadde berre komt
eit kilo nærmare målet vårt på 8,81kg. Vi måtte håpe på siste døgnet. |
10.09 11.09 |
Driva Bjørbekk 18-13 |
Så var det siste kortet for i
år, og skulle vi klare målet vårt? Det ville i så fall seie at vi måtte
få 7,81kg fisk i løpet av sesongens 19 siste timer. Det kunne sjølvsagt
gjøres enkelt med å få ein stor fisk, men så var det det då... Vi
hadde stoppa på stålbrua på vei ned igjen etter formiddagsøkta og sett
eit par fiskar stå her, og når vi no kom fram igjen så var fiskene vekk.
Vi tenkte at vi kanskje skulle prøve å leite etter desse fiskene, men
området vi hadde fiska på formiddagen frista ikkje så mykje, her var
noko grunt, så vi trudde ikkje dette var standplassar.
Derfor satsa vi i området ned imot nedre grense. Her var det
skikkelig flott å fiske, med utsikt langt nedover som gjorde at vi følte
vi hadde god kontroll på om det kom fisk. Vi var trottige og stod på med
minimalt med pauser. Jevnt og trutt var det også fisk oppe, ikkje dei
store, men vi kunne gjerne fordele dei 7,81kg på 6-7 fisker vi om det
var det. I skyminga kom det nokre større fiskar som var oppi, men dei
nekta plent å slå etter fluga. Etter kvart kom mørket og det vart
bikkjekaldt. Vi hadde planlagt nattfiske og prøvde å få igang eit bål,
men her var lite tørt trevirke, så vi gav etter kvart opp det prosjektet
og satsa på søvn og heller tidlig morgenfiske i staden. No var det berre
ein morgen og formiddag igjen av årets sesong og håpet om å klare vårt
lille mål verka fjernt.
No hadde vi fiska omtrent kontinuerlig mens det var lyst med unntak
av fredninga midt på dag. Ej hadde fiska med 20m lang klump, RIO Midspey,
heile tida, så armene var etter kvart forholdsvis lange. Dette er tungt
for ei kontor-rotte, men det var berre å stå på, for vi hadde nokre kilo
med fisk vi måtte ordne.
Siste morgenøkta starta vi framme igjen, men samme kor ivrige vi enn
var så verken kjente eller såg vi liv. Vi flytta ned til brua og hølen
som hadde gitt storlaks på andre sida dagen før. Men til tross for
iherdig fisking, mest av Inge for ej følte det som om hendene rakk heilt
ned til marka, så nekta fisken å samarbeide.
Klokka var no 11 og vi hadde nesten gitt opp, men vi tenkte vi måtte
stoppe på stålbrua igjen for å sjå om her var fisk no. Men vi såg ikkje
fisk, likevel bestemte vi oss for å prøve å fiske her, mest for å gjere
oss kjente under og foran brua. Vi trudde vi skulle ha problem å fiske
nedanfor brua, men det viste seg å vere enkelt å nå bort, men ej var som
sagt heilt ferdig i hendene så det vart ein del plasking, så om her stod
fisk, så hadde ej skremt dei lenge før ej fikk fluga over fisken. Inge
han gikk i staden fram i hølen foran for å fiske denne. Sia han var
ukjent starta han litt langt framme, slik at når ej kom fram så måtte ej
sette meg å vente litt, før ej kunne følge etter han nedover hølen. I
det han var komen på høgde med meg, så hogg det inne på grunna idet han
holdt på å dra inn. Fisken var rolig og sløv, så vi trudde ikkje den var
så stor, men etter kvart fikk vi sett den, og såg at det var ein fin
fisk, men raskt vart det også klart at det var ein oppdretter. Berginga
gikk heilt greitt og dermed så var vi 4,56kg nærmare målet vårt.
Vi anslo at vi no var ca. 3,5kg unna målet, og dermed virka det
plutselig å vere innenfor rekkevidde. Så med fornya tru så satte eg
igang øverst i hølen, og mens ej fiska meg nedover så var det oppe eit
par mindre fiskar heilt bortunder andre landet, men dei snusa ikkje på
fluga mi. Inge som kom bak meg kjente heller ikkje fisk, og fortsatte
derfor videre nedover for der ej gav meg. Godt nedpå var der oppe fisk,
men dei ville ikkje bite på hos Inge. Men han fortsatte nedover og brått
stod stanga i full bue. Men berre for nokre få sekund, så kom fluga og
eit vræl ifrå Inge. Så nær var vi 200kg.
Ej hadde starta på ny tur, og no livna det enno meir til i hølen, det
var oppe fleire fiskar og bakpå hølen så drog ein fisk godt i fluga mi.
Ej letta stanga, men då vart det slakk line igjen. Pokker, det var
sjanse nummer 2 og no hadde vi sløsa vekk begge. Hadde ej gitt slakke i
staden for å lette stanga...
Så kom Inge fram igjen og fulgte i mine spor, men denne gongen ville
ikkje fisken. No var klokka 12.30 og sia det no hadde roa seg i hølen,
så hadde vi begynt å miste trua. Men når vi sat å prata så hoppa ein fin
fisk heilt framme i innløpet. Ej vassa ut og fiska innløpet til hølen
nøye, i det ej var ferdig her og hadde starta nedover så var ein diger
fisk oppe og rulla seg i overflata. Ej fiska meg ned imot og prøvde alt,
men til inga nytte, fisken nekta å ta fluga, så ej fiska ut hølen og gav
opp. No var det 10 minutt igjen. Inge grov lengst ned i
flugeboksa, og fant den største og kvitaste fluga han hadde. Denne satte
han på og vassa ut i innløpet. 2 minutt seinare, 8 minutt før
laksesesongen var over tok ein fisk fluga hans. Han var syndig klar over
kva det kunne bety for 200kg grensa, så han slo til som ein ekte
tørrfluge-fantast. Fisken vart fast og vi pusta letta, no var
spørsmålet, var fisken 3,5kg slik at vi kunne feire 200kg? Ja, kven veit
for etter 20 sekund så kom fluga i retur, og begge satte i eit hyl, så
nær...
Men Inge er ikkje den som gir opp når det er 7 minutt fisketid igjen
på eit kort, og 3 kast seinare så kom ein fisk opp og tok fluga. No
hadde vi gitt opp så Inge var roligere denne gongen og gav slakke, og
dermed fikk fisken dei ekstra sekunda til å snu ned før tilslaget kom.
Med 6 minutt igjen hadde vi fått ein siste sjanse. Fisken rulla i
overflata og verka stor, definitivt stor nok, kanskje også diger meinte
eg, men han som styrte stanga kunne berolige meg med at den var fin, men
ikkje noko meir. Denne var langt friskere enn den forrige han fikk, og
Inge måtte til å kjøre fisken skikkelig for å berge den. Men ein tur
fram gjennom innløpstryket tok verste luven av fisken, og etter 4
minutts kamp kunne vi håve fisken, ein flott laks på 5,34kg. No visste
vi at vi var over den magiske grensa vi hadde satt oss. Om vi fiska også
dei siste 2 minutta, ja klart det, ej hadde sjølv rota nederst i
flugeboksa, så då måtte det prøvast. Resultat? Masse mislykka kast og
berre rot,
hendene
mine hadde gjort sitt for denne helga. Det var godt ej ikkje måtte bære
fiskane opp igjen i bilen, for løftehøgda mi var nok minimal. Men ej
greidde då å løfte kameraet og feste Inge til filmen, og denne gongen
fikk ej lov å filme han med ein oppdrettar også. Dermed kunne vi
returnere til campingen med årsbeste både for denne sona og for
campingen, ikkje dårlig.
Det er nok eit par lekser å lære her, sjølvsagt aldri gi opp, men
også at 20m klump er greitt i kortere perioder, men alt for tungt for
intensivt fiske i dagesvis, i alle fall for ei kontor-rotte.
Endelig resultat enda dermed på 202,09kg. No har eg seinare funne ein
fisk som mangla i listene, ein aure, faktisk ein brunaure ifrå Eid på
900g (02.08.06) slik at dette seinare vart justert opp til 202,99kg, men
det endra ingen av forutsetningene for denne siste turen. |
29.12 |
Var å prøve i
straumene ved bruene ned på Mjølstadneset, men hverken ej, Inge eller
Atle såg eller kjente sikker fisk på silda. Men det var vel som venta
når ein stor kobbe låg å rulla seg inne på bassenget. |
|