|
|
2004
10.01 |
Etter den flotte avslutninga på forrige sesong visste vi at
det går an å få fisk også på denne tida av året, og vi satsa derfor på å starte
året rekordtidleg. Vermeldinga var ideel med sørlig bris og høge temperaturer. Det var
kjølig på morgonen, men før vi var på plass i Ørsta så hadde temperaturen steget til
8-9°C. Vinden var ganske frisk, så vi satsa på å finne oss ei skjerma vik der vi både
kunne kose oss og kanskje fyre bål og koke oss ein kaffikjele. Men det skulle vise seg
vanskeleg, for vinden friska på utover ettermiddagen, best var det i Selbervika der vi
kunne fiske, men anna aktivitet var utelukka. Ein fisk hoppa nesten med det samme vi
starta, men til tross for tre iherdige fiskarar, så var det smått med napp, men til
slutt gikk duppen min under og ej kroka ein mindre aure. Det gikk greitt å berge den,
fisken var ca 35cm og vart satt tilbake. Vi hadde planer om å prøve oss på noko nytt,
nattfiske på badestranda rundt fjøra, men når vi stoppa for å inspisere så var fjøra
for høg for fiske, samt at vinden var så frisk at det ikkje frista. Derfor kjørte vi
over til Sæbø for å overnatte på foreldra mine sin campingvogn, og kanskje var
forholda betre der for nattfiske.
På vei over fjellet bles det friskt, så
Inge som kjørte først hadde nesten slått frå seg å kikke etter om det var forhold,
men sia kvelden var ung så svinga han av bort imot vår favorittplass. Og forholda visste
seg å vere bra, nesten stille, så vi gikk ned for å sjå nærmare. Vi hørte raskt
plask og vasping utan at vi heilt forstod kvar det kom ifrå, men plutseleg oppdaga vi i
skinnet ifrå hotellet ei våde med fisk som raskt seig ut langs land, heilt oppe i
steinane. Då fikk karane fart på seg og ikkje lenge etter var vi komne i fiskinga, men
det skulle vise seg at det ikkje var enkelt å få fisk, til tross for at vi hørte fisk
hoppe. Men etter ein times tid fikk Petter napp, og jubelen stod i taket når han berga
ein flott aure på 1,2kg. Etter dette vart det mange mort, før ej kroka ein aure, etter
fleire forsøk på å strande seg sjølv oppe i ein vår, gikk berginga greitt, og også
denne fisken var i overraskande godt hold, og vekta stoppa på 1,0kg. Etter dette var det
kun mort som beit, så vi tok kveld ei erfaring rikare. |
11.01 |
Vi hadde bestemt oss for å stå opp tidleg neste morgen for
å prøve i grålysninga, men håpet om å kome seg opp var lite klokka halv 3 når vi la
oss. Til tross for dette var ej oppe halv 7 å pissa, og kunne melde til Inge som var klar
for fisking, at ute var det storm og pøsregn, men når vi stod opp klokka 10 var det
tørt, rolig og 9-10°C ute. Rett nok kom eit og anna vindkast som røska godt i vogn, men
ellers var det flott, så vi åt frokost, kokte på ei kaffikanne og kjørte bort i
stranda. Her var forholda bra, men rett etter at vi hadde starta kom regnet med mykje
vind, men mellom bygene prøvde vi litt, og Petter fikk seg ein fisk på 0,8kg. Denne
hadde sår og arr etter tidlegare angrep av lakselus og var igjen hardt angrepet av
smålus, og vart derfor avliva. Vi andre to kjente ikkje liv, og etter ca 2,5 timar fant
vi ut at vi skulle ta ei pause, få i oss noko varmt, få igjen varmen og pakke, slik at
vi kunne prøve igjen i skyminga. Men til tross for at vi trossa regn og kuling i fleire
timar, var det ingen av oss som kjente liv etter pausa |
17.01 |
Vermeldinga til denne helga lov gode forhold på laurdag, mens
søndag skulle verte våtare. Derfor satsa vi på laurdagen, til tross for at det var
kaldt.
Fjøra
var halv 1, så vi tok ferja 11.10 for å rekke denne. Når vi kom inn i Ørsta visste
gradestokken -6°C, men vi håpa på at det skulle verte mildare, slik det var lova. Så
vi pakka på oss og vod oss ut ved meieriet. Det er noko som heiter nasefiske, og det er
når du ender midt oppi det, og det kan du trygt sei vi gjorde, for ej fikk fisk på
første kastet og Petter på andre kastet, og før eit kvarter var gått hadde ej fått to
fiskar til, alle fiskane gikk i stimar for mange fiskar hang etter den som til ei kvar tid
var fast. Alle var mindre fiskar på under kiloet, den Petter fikk var feit, mens mine var
skrinne, alle vart satt tilbake. Inge som lonnja forrige helg, og heller ikkje denne helga
verka ha sin sedvanlige flaks, vart rastlaus og begynte å endre tacklet sitt. dette
hjalp, og ikkje lenge etter kunne han lande ein fin aure på ca 1,3kg. Like etter beit det
igjen med meg, men dette var enno ein mindre fisk. Etter dette var vi bort i nokre få
fiskar, men utan at vi klarte å få dei faste. Til slutt kom floa og vi måtte trekke oss
tilbake, og greit var det, for det var veldig kaldt.
Men enno var det høgst av dag og vi kunne
ikkje gi oss, så vi sikta oss inn på sola som skein lenger ute i fjorden, og håpa den
hadde litt varme å gi. Når vi kom ut der låg isen fortsatt langs land, så vi parkerte
i utkanten. Det var godt å få varme seg, men når det hoppa fisk så var karane straks
på beina og fiska. Det gikk fleire timar, med bålbrenning og kaffidrikking før det
endeleg beit noko, og ej var den heldige. Fisken gav heftig motstand rundt iskanten, men
måtte til slutt gi tapt, og vart håva av Petter. Trua som hadde vorte laber, steig no
raskt, og i løpet av neste halvtimen var eg bort i tre fiskar til utan at dei vart kroka.
Petter var også bortpå fisk utan at dei vart faste. No var det mørkt, men i rette
retninga kunne vi fortsatt skimte duppane imot skinnet ifrå den litt lysare vesthimmelen.
Etter ei
stund begynte duppen til Inge å oppføre seg merkeleg, den skjena rundt på overflata,
men gikk ikkje under. På instruksjoner ifrå meg og Petter slo han til og fisken sat. Ut
ifrå oppførselen vart det gjetta på mort, men neida dette var aure, og like etter håva
ej ein fin fisk på vel eit kilo. Etter dette prøvde vi litt nattfiske, men plutseleg la
isen seg og ej og Petter pakka sammen. Vi starta bilane og stilte lysa imot leirplassen
for å rydde opp. Inge som fortsatt hadde duppen ute fortsatte no når han hadde fått
lys, og ikkje lenge etterpå forsvant duppen. Inge leita no fram eit av sine kjente
tilslag der stangspissen på 12" tar i bakken bak om ikkje enden er fast i noko, og
det var den ikkje no. Dette gjentok seg nokre gongar, og til slutt klarte ikkje Petter
halde seg og leita fram stanga igjen, mens ej sette meg i bilen og prioriterte varme. Dei
var bort i eit par fiskar til, men konkluderte med at det truleg var mort og slutta av. Vi
bestemte oss så for å prøve å finne eit godt opplyst område der vi kanskje kunne
klare å sjå duppane, men det beste vi fant var meieriet. Vi frykta for at det kanskje
var for grunt med den lave floa denne helga, men det måtte prøvast. Frostrøyken steig
tett ifrå sjøen og vart blåst friskt utover fjorden, så trua var ikkje på topp, men
etter at vi hadde fått to mort etter 10 minutt var trua bra. Vi fortsatte ein times tid
utan resultat, og då frøs vi slik at vi bestemte oss for å ta kveld, klokka var no 19.
Men likevel var vi kjempefornøgde med 8 fiskar på ein dag då temperaturen var -6°C. |
24.01 |
Eg starta dagen med handling av meir flugebitte materiell, etterfulgt av
familiebesøk med tante og onkel ifrå USA i Ålesund. Men klokka 18 var eg komen ombord i
ferja på vei til Ørsta for å finne Inge og Petter som hadde reist innover i 14-tida. I
det eg kom inn var fjøra på det lavaste, så eg hivde på meg klærne og kom meg ned på
badestranda til dei to andre. Forholda hadde vore flotte heile kvelden, men fisken hadde
vore veldig forsiktig og vanskeleg å lure. Inge hadde fått 2 fiskar ein på 1,65kg som
han tok og ein på 0,8kg som vart sett tilbake. Fisket var tregt etter at eg kom på plass
og med unntak av ein mista aure, eit par småtorsk og nokre mort, så vart det ingen ting
på meg. Betre var det ikkje med Petter som hadde omtrent samme statestikken for heile
kvelden. Etter å ha rota vekk tobakken, som vi sprang rundt på stranda og leita etter
før floa kom, så gav Petter seg først, berre for å finne igjen tobakken inne i
vadebuksa. Floa kom veldig fort, og ikkje lenge etter måtte eg trekke meg tilbake for å
unngå fulle støvler. Inge drøya det ei stund til og vart belønna med ein aure på ca
1kg som vart satt tilbake. No var klokka halv elleve, så vi kjørte over til Sæbø for
å campere over natta. |
25.01 |
Allereie klokka 7 var vi komne bort i stranda på Sæbø, men
vinden hadde friska godt på så vi satsa på å finne oss ein lunare plass i Ørtsa i
staden. Forholda var ikkje spesielt rolige her heller, men sia vinden var bakifrå så
satsa vi på badestranda rundt fjøra. Fisken hadde no vakna skikkeleg til liv og allereie
etter eit kvarter hadde Petter på første fisken, denne tok så det suste etter og kjempa
som ein helt til siste slutt, noko som skulle vert gjennomgangsmelodien for heile
morgenen. I det Petter hadde håva og avliva sin fisk på 1kg, så tok det hos meg, like
brutalt, og mens Petter kom med håven, så sloss eg med fisken. Landingen gikk bra, og
ein fin fisk på ca1,2kg vart satt tilbake. Like etter var det Inge som hadde på fisk,
men denne greidde å komme seg laus etter ei stund. Men ikkje lenge etter hadde han fisk
igjen, denne var veldig gjenstridig, men etter ein lang kamp så landa han fisken på
1,85kg. Fisken var ganske skrinn med k-faktor like under 0,8. Mens han var på land med
fangsten så beit det igjen hos meg, dette var ein mindre fisk på ca.0,6kg som vart satt
tilbake. Like etter at Inge var på plass igjen flytta eg meg over til han då her var
noko grunnare. Ting roa seg litt no, men etter eit kvarter så tok det igjen med meg.
Denne virka større enn dei foregåande og kjempa tappert, men måtte til slutt gi opp.
Denne så bra ut, så eg bar den inn på land for nærmare inspeksjon, noko som medførte
at den vart med heim. Fisken var 1,55kg og med k-faktor på vel 0,9 så var denne flott.
Like etter at eg var tilbake nappa det hos Inge, men fisken hang berre nokre sekund før
den slapp. Inge stoppa opp, og igjen var fisken frampå med akkurat samme forløp, men
når den prøvde for 3dje gong så vart den fast og Inge kunne ikkje lenge etter sette
tilbake ein fisk på 1kg. No var det Inge som var på hugget og like etter hadde han igjen
fisk, denne var større og hadde svalt kroken, slik at denne blødde kraftig og vart
derfor avliva, denne var 1,7kg, men med k-faktor på berre 0,73, det samme som Petter sin
på 1 kg. Mens Inge var på land fikk først Petter ein flott fisk på 0,8kg, mens eg
følgde opp med ein på rundt 1kg, begge vart satt tilbake. Etter dette kom floa raskt,
faktisk litt for raskt, slik at eg fylte støvlene, mens Petter fylte jakkelommene der
tobakken han var så redd for dagen før fikk seg eit bad. Vi var no kaffitørste, så
vi sette ut på leit etter ei roleg vik der vi kunne fyre oss eit bål og koke på kjelen.
Det nærmast vi kom å få det stilt var i Selbervika, og her holdt vi til utover dagen
mens floa nådde toppen og snudde tilbake. Det var roleg på formiddagen med berre eit par
mindre fisk oppi, men etter at floa snudde så hoppa det av og til betraktleg større fisk
midt utpå vika. Vi prøvde oss ifrå alle hold, men eit lite dunk bortpå under ei
innsveiving hos meg var alt vi kjente her, og i det det begynte å li imot skyminga pakka
vi sammen her for å finne betre forhold andre plassar.
Vi kjørte no over på nordsida av fjorden, eg stoppa på to avkjørsler og såg ein
fisk på kvar plass vere oppi, før eg leitte opp Inge og Petter og vi bestemte oss for
plass. I det vi parkerte hoppa det fisk rett foran oss og før eg fikk opp døra var Inge
og Petter komne i fiskinga. Det skulle vise seg at vi traff midt oppi det, med fisk som hoppa rundt oss
over alt, men den var umulig å få lurt til å ta, men til slutt fikk eg lurt på ein
liten ein på vel 30cm som vart satt tilbake. Fisken som vi såg her virka feitare, men
mindre enn andre plassar rundt fjorden, men vi fikk for få for å få bekrefta dette.
Derfor bør dette vere målet neste tur, å avdekke om det her er feitare fisk som står
enn ellers rundt i fjordbassenget. Sia mine støvlar var fulle med vatn, så var det
utenkeleg for meg å fortsette med ei ykt til på stranda, og heller ikkje Inge og Petter
var gira, så derfor trekte vi ut imot ferjekaia og på heimvei. 14 sjøaurar på ein
kveld og ein dag i Januar var langt over alle forventningar og det berre beviser at det
finnes ikkje gode nok unnskyldningar for å sitte heime å sture, sjølv midtvinters. |
07.02 |
Værmeldingene hadde lova flott vær til helga, så fiske var
igjen planlagt, og når ej stod opp på laurdag og fann været strålande, så var det
berre å koke på kaffikanna og kome seg avgårde. Klokka 13 hadde vi handla litt og var
komne i fiskinga på nordsida av Ørstafjorden. Straks vi parkerte såg vi fisk hoppe, men
første par timane passerte utan eit einaste napp på nokon av oss 4, som var Inge,
Petter, OJ og meg sjølv. Fisk såg vi heile tida som hoppa og vaka, men straumen var
veldig sterk utover, og sammen med stille og sol, gjorde at fisken var vàr og forsiktig.
Men til slutt var det ein som plukka forsiktig bort i sildefileten min, men både første
og andre forsøk på å kroke den mislykkast, men som alle veit så er alle gode ting tre,
å dermed kunne eg berge dagens første, ein fin aure på 0,6kg, som vart satt tilbake.
Noko seinare plukka det også borti med Inge, krokinga gikk bra, men fisken visste seg å
vere liten, berre 25cm og vart straks satt tilbake. Seinare miste Petter ein mindre fisk
på fluge, men til tross for at både agn og fluge vart dradd rett igjennom stimar og
forbi enkeltfiskar, så var det ikkje tale om å lure fleire til å bite. I det mørkret
kom sigande, flytta vi inn på badestranda. Her var det også fisk som hoppa, men bortsett
ifrå ein mort, ein mista mort og eit skikkeleg røsk i fluga, så var det dødt hos meg.
Petter og Inge fiska med sild, men det var like dødt for dei. Ei stund etter at det vart
mørkt fikk Petter ein flott torsk på vel 3kg, mens Inge fikk ein noko mindre. Eg og Inge
gikk på land, mens Petter fortsatte ei stund til, og drog 2 mindre torskar til.
Sidan det berre var torsk å få her kjørte vi over til Sæbø for å overnatte. Etter
å ha satt på varme i vogna prøvde vi oss i fjæra på Sæbø. Eg og Inge drog berre
mort, men Petter greidde å kroke ein fin aure på ca 1kg. Fisken var full av gytemoden
lus, noko vi også såg på fisk her tidlegare i år. Dette er ikkje bra! |
08.02 |
Værmeldingane var dårligare for denne dagen, men med det
gode været i går, så valgte vi å overnatte. Men allereie rundt midnatt hadde været
snudd og det var snø i lufta. Men morgonen etter var været brukbart, og etter frokost og
ei lang vurdering, så reiste vi for å prøve. Første stopp var Sæbø-fjæra, sidan det
var her vi var, men her var vinden frisk, så vi bestemte oss for å sjekke ut Ørsta.
Når vi kom hit var det blikk stille på nordsida, så vi kledde oss om og prøvde stanga.
Petter miste raskt ein mindre fisk, men til tross for at vi såg mykje fisk hoppe, så var
den ikkje villig til å bite. Etter kvart vart været betraktleg verre, og etter ein god
halv time så gav vi oss og tok kveld, noko som passa bra for været vart etter kvart
grisete, med snø og frisk vind ifrå nordvest. |
14.02 |
Inge hadde meldt forfall på grunn av jobb, så eg og Petter avtalte å ta
rotta på han. Været var kjempeflott, likevel kom vi oss seint avgårde, men halv 2 var
vi i fiskinga ute på nordsida av Ørstafjorden. Vi såg straks fisk heilt inne ved taren
og kasta oss over stengene. Ej starta med fluge, mens Petter prøvde makrell, men fisken
var ikkje villig. Etter kvart trekte fisken lenger ut og ej også bytta til makrell.
Fisken seig sakte innover imot neset som vi ser Petter står på her. Her var Petter bort
i fisk 2 gongar og eg ein, men etter kvart seig fisken vidare. Vi hengde oss på og fulgte
fisken 300m lenger innover, før fisken snudde. I det fisken snudde hadde eg på ein eit
augeblink. Fisken fikk no opp farta utover og det som hadde tatt 3 timar innover var gjort
på eit kvarter andre veien. Til slutt var fisken komen ut til nausta og etter det slutta
den å vise seg. Derfor sette vi oss ned for ein kaffi og for å følge med på kvar
fisken vart av. Plutseleg landa ein skarv 100m utfor nausta, denne dukka raskt og
plutseleg koka heile området av fisk som rømte i panikk. Og plutselig kom plogar langs
land med fisk som ville unna, dette førte til at det vart fisk spredd utover igjen, og
ikkje lenge etter beit det med meg, men fisken var berre vel 30cm og vart dermed satt
tilbake. Det samme vart fisken som var av samme størrelse som tok ei stund seinare. Dette
var akkurat i skyminga, og vi drøya det til det var skikkeleg mørkt, men så dårleg som
det hadde vore så valgte vi å ikkje strekke det lenger enn dette, og reiste heim. |
20.02 |
Inge og Petter var innafor i går, dei hadde god tru sia
fjøra var i skyminga og det er nymåne i dag, men det verka dødt sa dei. Været var
rolig, med havblikk, så fisken var forsiktig. Dei fikk kvar sin fisk, Inge ein flott
gjelfisk på 775g, mens Petter fikk ein med eit stort bitemerke på 900g. Inge sin fisk
var garnskadd og heilt tom magesekk, mens Petter sin hadde ete masse tanglopper og marflo. Ej
hadde derfor ikkje kjempetru når ej la innover, men tenkte det skulle bli godt med litt
friskluft. Det var litt vind i det ej kom inn ca klokka 16.30, ej fikk meg ei pølse før
ej hoppa i vadarane. No hadde det spakna til ein fin fluebris imot, men straks etter
stilna det heilt. Såg nokre fiskar hoppe, eller var det dødt. Fiska kun med fluge mens
det var lyst, til ca 18.45, utan å kjenne noko. Prøvde ein lys marflo-imitasjon, Montana
Red og ei kvit marabou-fluge. Prøvde så ein time med dupp, fikk ein småtorsk på
første kastet, men etter det var det dødt. Det er meldt snø så vi får sjå om det
vert noko meir denne helga. |
07.03 |
Petter og Inge var innafor i Ørsta å prøvde i går, utan
nevneverdig hell, Inge fikk ein liten aure på ca 0,6kg og miste ein. Men dei såg ein del
brukbar fisk, så trua var på plass når vi la ut på tur etter Bolsekvelden med
kveitebrøda dagen før. Når vi kom inn var det havblikk med lette snøbyger i fjella,
men ellers stort sett klart, litt vind kom kvar gong ei sky seig over himmelen over oss.
Det verka
veldig dødt når vi starta, men etter ei lita stund såg vi første fiskane vere opp i og
vake, dermed vaks trua og vi gjorde oss klare. Vi parkerte ved Rema og hadde trestamma
midt på stranda som base, Petter var først klar og gikk litt bortover imot stanga, mens
ej gikk rett ned og Inge prøvde borte rundt røret. Det var lite straum og duppen dreiv
veldig seint utan vind å frakte seg, men etter kvart hadde den drive ifrå eine sida av
meg til den andre, og no hadde den nesten strekt snøret heilt ut. Eit lite vinddrag hadde
no dukka opp og gjorde det vanskelig å klare å sjå duppen godt, plutselig synes ej det
var litt liv i duppen. Så vart det dødt igjen før duppen sakte starta sige avgarde i
motsatt retning. Duppen bikka på seg fleire gongar, forsvant nesten, men dukka alltid opp
igjen, men til slutt så såg det ut som at fisken hadde tatt skikkeleg og ej slo til.
Fisken var sprek, men ikkje altfor stor så kampen vart fort avgjort til min fordel.
Planen var, sia fisken var berre 0,6kg å sette den tilbake, men den blødde kraftig etter
å ha slukt agnet, og dermed vart den middag. Fisken var blank og feit. Allereie på
neste kastet var det reprise av forrige forløp, men denne gongen var ikkje fisken
skikkelig fast og etter eit par viltre hopp kom kroken. Storleiken var omtrent det samme
som den første. Utover var det oppe fleire fiskar rundt meg, men det var umulig å lure
dei til å snuse etter. Så etter ei lita kaffipause så tok Inge fluga og gikk for å
prøve på ein fisk som var oppe der eg hadde fiska. No var det ein fin trekk, men det
hjalp ikkje, fisken nekta. Så stilna det igjen, så eg tok agnet når ej gikk å prøvde
igjen litt lenger nord. Like etter såg vi Petter fikk ein fisk like på nordsida av
stanga, denne var ganske lik den ej hadde fått. Ej såg no ein fisk hoppe fleire gongar
rett bortfor meg, og bestemte meg for å la duppen drive imot den mens ej følgde etter,
men 10 meter før stoppa duppen og nekta drive lenger. Derfor sula ej opp og gikk siste
stykket og kasta rett i vaket, og ikkje lenge etter var det liv i duppen. Ej slo til og
ein fisk i samme kaliber som dei andre vart berga, denne var satt tilbake.
No vart det kaldt så ej bestemte meg for å gå bort å sjå til Petter og Inge som
begge holdt til på bortsida av stanga. Petter kunne fortelle at han hadde mist 4 før han
fikk den eine, men at det i det siste hadde vore dødt. Men etter kvart som vi prata livna
det til igjen, og fisk hoppa hissig, spesielt rundt Inge. Derfor gikk ej bort for å
spørre kvifor han ikkje fikk noko, for det må stikkast når ein kan. Etter ein kort prat
var det oppe ein fisk mellom han og stanga, og tøff som eg var så sa ej at her skulle ej
vise han. Ej kasta uti og ikkje lenge etter var det liv i duppen, men den ville ikkje
forsvinne. Likevel tok ej sjansen og slo til. BANG! Fast fisk... nei dødt, dette måtte
vere botn.
Ej stramma opp og då kom eit kraftig svar tilbake etterfølgt av eit tungt
drag. Ej justerte bremsa så hardt ej turte og starta kjøringa mens fisken stod ganske
rolig å dunka imot. Fisken var diger, men var den ikkje litt rolig for å vere ein
aure...og ikkje var den opp i overflata å viste seg heller, men no var den no stor då.
Plutselig drog den ut på eit par korte rolige utras, før ej fikk eit par meter igjen.
Så rasa den ut 15-20 meter i eit langt utras, gav meg ein meter eller to og rasa ut 10
til. No var ej sikker på at når den ikkje hadde vist seg i desse utrasa så måtte det
vere torsk, og ganske riktig, når den igjen var pumpa tilbake til grunna så kom ryggen
uto og avslørte 3 finnar. Fisken var no peist og etter ein lite minutt til så kunne ej
dra den fram på grusen. Fisken viste seg å vere diger, med eit imponerande magemål, og
ei vekt på 6-7kg. Fisken vart delt slik at ej hadde til middag og så fikk Inge med seg
resten heim til Sindre. Etter dette fikk ej ein mindre lyr før det vart heilt mørkt. |
10.03 |
Petter har denne veka passa katten til Jann, slik at han har
hatt seg ei stund kvar kveld på badestranda etter auren. Mandag vart det ikkje fisk, men
i går lurte han ein, og satte samtidig ny pers for sjøaure, både når vi snakker sjø
og elv, 2,65 kg. Samtidig klatrer han opp på 2.plass på rekordlista for sjøaure i sjø
blant oss gutta. Fisken var ein flott hannfisk i godt hold. Veret var klart og stille, så
fisken var veldig forsiktig. I dag var det derimot meir skyer og litt meir trekk, men
på vei inn stilna det heilt av, og etter kvart klarna det også opp. Temperaturen var bra
mens det var overskya, men datt raskt når det klarna opp. Det hoppa nokre fiskar med det
samme så trua var god, men etter ein halv time utan eit vindpust, utan straum og utan
fisk i overflata hadde trua minka. Det var oppe nokre fiskar heilt sør på vika, så Inge
gikk dit, mens Petter gikk andre veien og enda midt oppe i ein stim. Han hadde etter eit
par fiskar, men ingen av dei vart faste. Eg tenkte at eg måtte flytte, så ej sveiva
sakte inn. Plutselig synes eg det var noko som var bortpå og nuppa,
så eg stoppa
opp, men ingenting skjedde, og derfor sveiva ej inn også dei siste 8-9 meterene. No kom
eit lite drag i lufta, så ej vart ståande å lure på om ej burde la vere å flytte og i
staden nytte vinden her ej stod. Mens ej stod der å funderte så rulla plutselig ein fisk
seg i overflata berre 5-6 meter foran meg, det hadde altså vore fisk etter på vei inn.
Men etter å ha kasta ut og lokka enno ei stund til så gav ej opp, den var tydlegvis
ikkje veldig interessert. Inge var no komen bort til Petter og eg fulgte etter, og etter
berre eit par minutt i prat med han så hoppa ein fin fisk like utfor land, så ej kasta
ut. Petter hadde etter kvart blitt lei av å fiske på desse fiskane som ikkje ville bite
og flytta vidare bortover. Inge gav også opp og bestemte seg for å slå følge, men mens
han sviva inn slo det seg på ein fisk. Fisken var sprek, men måtte etter kvart gi seg
for overmakta. Fisken var ein blank og flott aure på knappe kiloet. Etter dette flytta
Inge og Petter bort imot stanga, mens ej vart igjen i området, men her hadde fisken til
Inge tydligvis skremt det meste for det var siste auren ej såg denne kvelden. Petter og
Inge såg nokre lenger bort, men fikk ingen. Dei gikk etter kvart opp å drakk kaffi, mens
ej vart igjen å prøvde ei stund til, men ej fikk kun pale. |
21.03 |
Både torsdag kveld og fredag morgen prøvde Petter seg, utan
at det vart noko av det blanke slaget. Laurdag var Arild Kirkenes i Aspevikvatnet og
prøvde, her fikk han tre sjøaurar på 1,6kg, 1,4kg og 0,9kg, alt på 7 kast med sluk.
Inge var i Ørsta på søndag, mens ej og Petter var i Molde, men etter at vi kom heim
reiste Petter innover og fiska eit par timar sammen med Inge. Dei fikk ikkje noko, men
Petter sleit to gongar på fisk, truleg den samme. Men om dette var aure visste han ikkje,
fordi han slo av sena i tilslaget, noko som er forståelig med 0,25-sene, full stramming
på snella, kraftig laksestang og kort lengde ute (3m ifølge Inge). Første dagane var
veret flott, mens søndag var det delvis skya, ein god bris og heile 9°C klokka 21. |
23.03 |
Tirsdag var vi innover i Ørsta for å prøve auren ein siste
gong på badestranda før påske. Petter og Inge for innover først, mens ej var å klipte
meg. Dei hadde stoppa ute i fjæra, mens ej sjekka ut badestranda. Her inne var det ikkje
liv å sjå, så derfor så vart det ikkje prøvd her. Når ej kom ut til dei andre, så
kom dei akkurat opp igjen for å hente flugestengrene. Dei hadde sett mykje fisk, men den
var så nær land at dupp var vanskelig. Vi holdt på ei stund mens vi følgde fisken
utover, til slutt fikk ej ein fisk på ca 25cm, litt usikker på om det var ein regnbue
eller ein vanlig aure, fordi den var småprikket og hadde prikker på finner, men ellers
så såg den ut som ein vanlig aure. Ikkje lenge etter gav vi oss. |
26.03 |
Ej og Inge tenkte å prøve i Ørsta, men her var det tjukt
regn når vi kom inn. Derfor kjørte vi over til Sæbø for å sjekke der. Her var det
betre med regnet, men ikkje heilt opplett. Derimot såg vi fisk, og bestemte oss for å
prøve, men fisk vart det ikkje på oss. Etter at vi gav oss reiste vi bort i vogna og
overnatta. |
27.03 |
Morgenen etter var vi tidleg oppe for å få med fjøra, vi
prøvde nedfor fabrikken ved elveosen, men vi såg berre ein fisk, så når sluddbygene
kom, så gav vi oss og tok pause. Var bort igjen litt seinare og prøvde i fjæra, men med
samme resultat. Litt seinare for vi til Eid for å henta eine gassflaska på vogna, her
inne var vinden for frisk til at vi fann det verdt å prøve, men i Straumshavn var
forholda betre, så vi prøvde litt her. Nordavinden tok ikkje særlig her, men derimot
tjukna det til med snøbyger. Vi såg eit par fiskar, men når det nappa med oss, så var
det berre lyr å få. Derfor gav vi oss og reiste heim for å gjere oss klare til messa i
morgen der vi skal bitte fluger. Vi stoppa i Ørsta på vei heim, vi sat i bilen å fiska
for nordavinden og snøbygene gikk tett. Ej hadde eit par napp, det var alt. |
02.04 |
Petter somla når vi skulle reise, slik at
han og Inge kom seint utover, mens ej og Ole Jacob var tidlegare på plass. Vi flytta inn
på forsøksgården, før vi starta i Fuglevågen, det var rolig til å begynne med, men
etter kvart starta det med nokre små vak, og når mørket seig på så kom fisken for
fullt. Det koka over alt, fisken ploga rundt heilt inne på grunna, men ikkje tale om å
få den til å ta. Når det vart skikkelig mørkt så gav vi oss, men Petter vart igjen
sammen med Odd og fiska med makrell. Odd kom innom rundt midnatt, mens Petter dukka opp
etter kvart. Petter hadde greidd å få to mindre fisker, den eine satte han ut igjen. Odd
fikk ein på rundt kiloet, som vi ser Petter her står og held på. Varmt og fint vær. |
03.04 |
Morgenen var nydelig med solskinn og nydelig temperatur. Ej og
Ole Jacob prøvde Fuglevågen, mens Petter og Inge prøvde Hopen. Dei såg ein fisk hoppe
på utsida av skjæret og det var alt. Ole Jacob fikk ein mindre fisk i første hølen,
ellers var det dødt. Vi kjørte på Jøabrua og prøvde der, utan resultat, mens Inge og
Petter reiste i Fuglevågen og prøvde på sørsida, og også her var det dødt. 15-18°C,
solskinn og nydelig vær. På kvelden var vi alle i Fuglevågen, vi var borti eit par
fiskar på fluge, men kun ein mindre fisk på Ole Jacob var fasiten. Petter vart også i
kveld igjen, dette enda med to fiskar på 5-600g samt ein mindre som vart satt tilbake. |
04.04 |
Søndag formiddag for ej og Ole Jacob i
Hopen, mens Inge og Petter ville prøve brunauren i Røkkvasstjønna. Til å begynne med
var det rolig i Hopen, men etter at dei hadde gitt seg på andre sida så hoppa det ein
aure i fremre del, samt at fisk var oppe og vaka i samme området. Ole Jacob fiska etter
dei med fluge, men fisken ville ikkje ta. Ej hadde kasta ut makrellen, og Ole Jacob tok
over å passe stanga mens ej tok fluga og gikk fram å prøvde der fisken hadde vore oppe.
Fisken tok ikkje, så ej satte meg ned. Etter kvart kom Ole Jacob framover og kasta ut
makrellen midt utpå før han overlet ansvaret til meg. Like etter forsvant duppen og ej
slo til og etter ein frisk kamp kunne Ole Jacob berge ein flott sjøaure. No vart det
hektisk, for det vaka fisk innpå bassenget litt lenger bakpå. Og fisken beit ivrig, og
raskt drog eg to fiskar til. Så kasta eg ut igjen og overlet stanga til Ole Jacob, og
mens ej tasta på telefonen forsvant duppen. Ole Jacob vart jaga på føttene etter
tilslaget og kunne kjøre ein fin aure. Etter kvart var eg ferdig å taste og kunne bistå
med håving av dagens største. Etter dette vart det heilt stille, så vi trekte nedover
imot neset, men det var like dødt her, så vi bestemte oss for å flytte plass. Akkurat
då hoppa ein aure på utsida av skjæret, så vi stoppa og prøvde litt til foran
skjæret, men vi såg ikkje noko meir så vi satte oss i bilen på leit etter andre
hot-spots. Vi stoppa og kika på Brennskaget, men vi såg ikkje fisk, så vi fortsatte
sørover. Vi såg nokre små vak så vi stoppa og prøvde, men truleg var det berre mort,
så etter nokre få kast så pakka vi sammen og satsa på middag i staden. Varmt, men
overskya. Inge og Petter gav seg raskt på Røkkvasstjønna då vinden var altfor frisk,
og ikkje minst vart dei oppilna av våre rapporter om fisk, så dei satsa på Fuglevågen.
Her var det heilt dødt, så etter nokre timar gav dei seg og flytta ut til Anskotet. Her
såg dei fisk, men dei fikk den ikkje til å bite.
På kvelden var vi i Fuglevågen, men her var det heilt dødt, så vi pakka sammen og
tok kveld når det vart mørkt. |
05.04 |
Utpå formiddagen kjørte vi i Fuglevågen,
vinden hadde
dreia til sørvest og stod no friskt rett inn vågen. Vi prøvde oss først på neset, men
vinden var for frisk. Inge og Petter hadde gått utover på nordsida, og i det vi begynte
å gå rundt osen fikk Inge ein fisk. Like etter fikk han enno ein fisk, og like før eg
var komen ut til dei, fikk Petter ein fisk. Like etter at eg var komen dit fikk Petter
enno ein fisk. Så vart det rolig ei stund, før eg fikk ein noko lenger inne. Etter dette
vart det heilt dødt, vi prøvde rundt om i området, men ingen var i kontakt med fisk.
Etter kvart tjukna det til og det begynte å regne. Vinden vart no veldig frisk, så vi
pakka sammen og gav oss. Inge sine fiskar vog 0,9 kg og 0,65 kg, Petter sine fiskar vog
0,68 kg og 0,91 kg, mens min var 0,99 kg. Fiskane var litt skrinne, med unntak av min, men
dei var veldig raude og fine. |
06.04 |
Veret hadde snudd heilt om neste morgen, Petter og Ole Jacob
sov frampå, så ej og Inge bresa frokost og kom oss avgarde. Fuglevågen var målet etter
gårsdagens oppløftande fiske. I det vi kom ned så visste det seg at isen låg over
heile vågen, med ei åpen råk utfor osen og bort på neset. sjøen låg speilblank og
sola skein ifrå ein skyfri himmel, hadde derfor lita tru, men etter ei kort stund tok det
fisk på med meg, men tilslaget mislukkast og fisken kom seg laus. Ikkje lenge etter var
det fisk bortpå igjen, men heller ikkje no vart den fast. Ej hadde enno eit napp før
Inge greidde huke på ein i sitt første napp.
Det gikk greit å berge fisken, som var ca.
600g. Etter dette vart det rolig, sola kom skikkelig opp og isen dreiv sakte utover og
forsvant. Sola varma veldig og etter ei stund var det berre å kaste gensar, og etter
kvart også feltskjorta. Vi såg store stimar med mort som rolig bevega seg rundt,
tydlegvis utan å verte jaga på av annen fisk. Vi gikk etter kvart utover på nordsida,
der aktiviteten var størst. Her var det heilt nydelig, og vi måtte hive støvlene mens
vi sat å følgde med duppane som hadde tatt ferie. Inge prøvde litt nærmare osen igjen,
og eg stod å følgde med han. I det han kom ut igjen starta ej søket etter duppen min,
men den var ikkje å sjå. Der er den sa Inge og peika rett foran meg, men eg såg ingen
dupp. Nei, under vatn, sa han. eg sprang ned til stanga og fikk stramma opp, og etter ein
kort kamp kunne Inge håve ein fin aure på ca 500g. Etter dette vart det rolig, og etter
ein time til i sola, fant vi ut at vi skulle dra tilbake å lage middag. Petter og Ole
Jacob hadde prøvd Kongensvatnet, Petter fikk ein liten på ca 25cm, mens Ole Jacob
lunnja. |
12.04 |
Etter ei påske med snø og kaldt vær, var det fint vær
siste dagen, og derfor vart det ein tur til Ørsta. Starta på badestranda, men her kom
sola akkurat idet ej starta, og dermed stoppa vakinga og fisken vart sky. Hadde ikkje eit
einaste napp. Prøvde også litt på berget i enden av Sørheimstranda, men her var det
også dødt. No hadde det skya over og vinden hadde auka på igjen. |
24.04 |
Ej og Inge var på Eid og fikk på plass vogna. Været var
vått og misserabelt, men laurdagen satsa vi på betre forhold i indre strøk, i Stryn,
Loen og Olden. Der var det mindre regn, men samme tunge skydekket, og med skodde heilt ned
på vatnet, skikkelig dauvær, utan eit vindpust. Etter å ha sett Liverpool slå Man U
på Johans, sette vi kurs for badestranda. Her såg vi straks fisk vake, og dermed så
måtte vi prøve. Og allereie på andre kastet tok ein mindre fisk fluga mi, fisken som
var ca 25cm vart satt tilbake. Etter dette såg vi mykje fisk, stort sett mindre fisk, men
med eit par unnatak på 3-5kg. Men å få den til å bite var umulig. Etter kvart flytta
vi til Loen, her såg vi også fisk, men den ville ikkje ta. Når vi kom til Olden, såg
vi ein fisk hoppe, og etter å ha stoppa såg vi at det var ein stim som gikk langs land.
Inge kasta sluken godt forbi og drog sluken igjennom stimen, og dermed så vart det også
ein fisk på han. Ein mindre fisk på ca 30cm, som også vart satt tilbake. Vi såg ein
fisk til hoppe, inne ved osen, men denne fiska vi ikkje etter, men derimot returnerte vi
til badestranda i Stryn. Her var det fortsatt fisk, men den var ikkje meir villig denne
gongen. |
14.05 |
Så var tida inne for å få opp teltet på vogna på Eid. Men i det vi var
komne nesten fram til vogna kom Inge på at han hadde gløymt igjen nøkkelen heime. Men
vi fikk lokka Petter innover med bilen til Inge, og i mellomtida så prøvde vi sjøauren
i Os-stranda. Vi såg nokre få fiskar, men aldri der vi var. Derimot var det fisk som
plukka bort i makrellen vår, og når ej endelig fikk det fast, så visste det seg at det
var ein horngjel. Fisken var ganske stor, og vart tatt med heim. Var borti fleire fiskar,
truleg av samme sorten alt ihop, men dei hang berre ei kort stund før dei slapp. Vi gav
oss når det vart for mørkt for å sjå duppen. Fisken vart kokt til frokost, og var
veldig god. |
01.06 |
Eidselva Stokkenes 00-24 |
Opptakten til årets lakseåpning var ikkje spesielt lystig,
med kaldt vær og få rapporter om fisk i dei elvane som åpna 15.mai. Men det var
rapportert
at allereie 6.April hadde dei filma 6 laksar i Malakoff, og etter det hadde dei jevnt og
trutt sett fisk gå på elva. Vi hadde sjølvsagt også følgt med på bruene når vi var
innafor både 17.mai helga og himmelspretthelga då det såg slik ut på campingplassen
vår. Men vi hadde ikkje sett fisk, ikkje før siste morgenen, då såg vi to laks og ein
mindre fisk på Osbrua. På kvelden såg vi enno to laksar der nede, samt at ein diger
fisk var oppe og rulla i hola foran brua. Også på Skipenesbrua såg dei 3-4 fisk denne
kvelden, så trua var bra til tross for raskt minkande elv og så krystallklart vatn
som ej aldri he sett før. Etter
temperatur-måling av vatnet til 10°C så steig denne enno eit hakk. Ej opna med å fiske
Frisørhola, og allereie på andre kastet hoppa det fisk, men dessverre var dette 10m
foran meg, så truleg hadde eg skremt den på første kastet. Etter å fiska nedover til
og med Moses, så fiska ej Ledet , men heilt dødt. No hadde alla samla seg i Svingen og
ej bestemte meg derfor for å søke unna og ned i Åbrekk. Etter ein time her så kom det
beskjed ifrå Petter at Einar Sivertsen hadde fått laksen som ej hadde skremt før på
natta, 7kg visste vekta på denne. Enno litt seinare var Inge på tråden, han hadde fått
vore førstemann på Fossekanten, og dermed vart det fisk.
Han trudde han skulle klare å halde den
oppå, men måtte til slutt gi tapt. I det fisken gikk over kanten huka sena i bergnasa
så Inge måtte gi full slakke og springe ut på nasa for å løyse sena, godt elva ikkje
var større! Etter kvart kom han seg ned og i det han igjen fikk sidepress på fisken, så
raste den videre nedover, men Inge satte begge tommlene på spolen i kjent stil og stoppa
fisken 30 m bakfor buda. Herifrå vart laksen pumpa fram igjen, men då var den også tom
når den kom fram, dermed kunne ivrige medhjelpere håve laksen som vog heile 11,3kg. Noko
som skulle vise seg å verte største fisken denne natta. Noko seinare gikk ej fram
igjen, då det nedanfor var heilt dødt, og etter kvart kom også fleire nedover. I det ej
kom fram i Svingen ser ej at dei nettopp har landa fisk i Frisørhola, Roger Korsnes hadde
fått den på heilt bakpå, på spinner. Fisken var hakket større enn den til Einar og
vekta stoppa på 9,5kg. Etter dette var det heilt dødt, det vart rett før ej gav meg
tatt ein ½ kilos sjøaure i Mastehølen. Etter middag hadde Inge og
Petter også kort på Stokkenes. Vi var borti eit par mindre sjøaurar på
kvelden framme i
kilen i Åbrekk. Inge tok med ein av dei i håp om å få nok til eit mål,
men den gong ei. Ellers var det heilt dødt, vi verken såg eller kjende
fisk. Trur totalen for heile elva første døgnet enda
på 6 fiskar. Petter vart igjen på vogna for å fiske på Nor, mens ej og
Inge reiste heim på siste ferja. |
04.06 |
Eidselva Stokkenes 12-24 |
Elva hadde no minka drastisk, og var ho klar på åpninga
så var ho om mulig enno klarare no. Petter vart igjen etter åpninga for å fiske
på Nor, men han fikk ikkje anna enn steike-fisk. Atle og Asbjørn hadde
komt innover torsdag, og fiska Stokkenes torsdags kvelden og natt til
fredag, men utan å kjenne eller sjå liv. Dei hadde etter dei var ferdige
campert hos Petter i vogna, og når ej kom innover så hadde dei ordna
middag. Når klokka nærma seg 18 så seig vi nedover. Ej, Inge og Petter
fiska Stokkenes, mens Asbjørn var på Staten og Atle var på Hildenes. Vi
møttes på Stokkenes igjen når klokka bikka 22 og alle var einige om at
det var dødt, Asbjørn hadde eit drag heilt framme på Staten, og Inge var
såvidt bort i ein fisk, men ingen greidde kroke noko. Atle for fram på
Nor, mens Asbjørn gav seg. Vi andre holdt ut, utan at det hjalp. |
05.06 |
Eidselva Stokkenes 00-24 |
Vi hadde håp om at ting skulle skje i dei mørkaste
timane når forholda var slik dei var, derfor pendla vi mellom Myrahølen
og Åbrekk for å vere der når fisken kom, men denne glimra med sitt
fråvær. Det er ikkje umulig at det gikk fisk, men vi var i alle fall
ikkje i kontakt med noko. og utpå morgonen var det tre sløkte karer som
returnerte til køya på campingvogna.
Men etter nokre timar søvn var trua igjen på plass og karane satte igjen
kursen imot elva. Atle og Asbjørn var reist heim utan tellande resultat.
Noko det heller ikkje skulle verte på oss utover kvelden. Vi anser oss
som lommekjente, Inge og ej alle plasser, Petter dei fleste plasser, men
etter å ha fiska alle kjende og ukjende hull og mellom alle steinar utan
å kjenne eller sjå liv, så var trua fallande. |
06.06 |
Eidselva Stokkenes 00-12 |
Når det hadde blitt skikkelig lyst, og vi hadde hamra
sona til endes fleire gongar, så gav ej og Petter opp, Petter sov litt i
hengekøya, mens ej sov litt i bua. Inge greidde sjølvsagt ikkje å gi seg
og måtte gå over ein gong til, men sjølvsagt var det like dødt no. Ei
forferdelig traurig helg med utrulig klart vatn og alt for godt vær. |
11.06 |
Eidselva Stokkenes 12-24 |
Petter greidde å holde seg heime i nesten eit døgn før
han måtte inn igjen, han fiska på Nor første dagane, men prøvde på
Stokkenes på torsdag uten at det gav fangst som er verdt nevne. Men
torsdagen og fredag formiddag kom det litt regn, slik at elva steig opp
til vel nivået i åpninga og fikk flott farge. Petter hadde invitert
nedover ein kompis, og gitt han sitt kort første døgnet, men sia ej vart
sein innover etter feiring av bursdagen til Dina, så fikk Petter
kveldskortet mitt. Petter og kompisen starta fiske ved middag, etter
kvart kom også Inge og fiska sammen med dei. Ej kom innover i
ellevetida, då hadde elva klarna ein del, men hadde fortsatt fin farge. |
12.06 |
Eidselva Stokkenes 00-24 |
Litt over midnatt var ej komen i elva. Karane hadde
enno ikkje kjent fisk, men alle hadde god tru på natta. Vi hadde benka
oss for natta i Åbrekk, og ej og Inge bytta på å fiske over hølen med
jamne mellomrom. Alt virka heilt dødt før Inge gikk ut når klokka var
blitt halv fire med makken, ej tenkte at om der stod fisk i hølen som
vart skremt så kunne det vere ein sjanse i framkant av hølen og tok med
flugestanga ein tur.
Men ej hadde
berre så vidt fått ut snøret før ej såg Inge presentere eit av sine
berømte tilslag, og komme ryggende bakover med stanga i spenn, Ej sveiva
inn snøret og sprang ned for å bistå. Fisken fulgte villig etter Inge
framover, og no såg vi den klart nede i vatnet som no hadde blitt heilt
klart igjen. Fisken var ikkje spesielt stor og vart raskt taua opp på
grusøyra med meg som vakt bak. Fisken ein flott mellomlaks viste seg å
vere 4,15kg og 75cm lang. No fikk vi litt meir tru på at det gikk an å
få fisk, men etter nokre timar med ivrig jakt og speiding gav vi opp
utan å ha sett meir liv. Vi var tilbake i elva utpå kvelden for å
passe floa utpå natta, men heile kvelden gikk uten at vi såg eller
kjende liv. |
13.06 |
Eidselva Stokkenes 00-12 |
Vi hadde god tru på natta og morgenen etter gårsdagens fangst. I det det
lysna nok til at vi såg å fiske med makk, så var ej borti ein fisk og
like etter så var denne oppe og rulla seg rett tvert på meg. Men fisken
berre fortsatte for full fart framover uten at vi såg noko meir av den.
Inge satsa på
makken heile morgenen, men ej prøvde fluga. Plutselig slo Inge til
igjen, men denne gongen var det berre ein steikefisk på 300g. Petter
satsa på Myrahølen og han fikk fisk også, for like etter kom han opp
igjen med 3 fisker. Det såg veldig inponerande ut på litt avstand, men
han klaga på lang lei på at den største var ein skinnmager oppdrettar.
Vi på fisken og på kvarandre, men ingen kunne vere uenig i at dette
ikkje var noko til fisk. Ej stussa litt for den likna ikkje på typiske
oppdrettere, men ej studerte den ikkje noko nærmare. Men dei to andre
var fine fiskar, spesielt den største som var 870g, mens den minste var
400g. Vi fortsatte nokre timar til, blant anna var ej ned i Myrahølen,
her var ej borti eit par fiskar, men dei ville ikkje henge på. Så når
sola var komen skikkelig opp og du kunne telle antall småstein ute i
elva, så pakka ej sammen og reiste opp igjen. Petter og Inge holdt på
ei lita stund til, og når dei kom opp igjen så sa Petter at ej måtte
kome å sjå på fisken hans, for han meinte det måtte vere ein stor aure
og ikkje ein oppdrettar, og ej sa at det hadde slått meg, men ej hadde
ikkje studert den så nøye. Og no starta ein grunding undersøkelse som
konkluderte med at dette var ein storaure, Petter sin stor draum å få
kjempe med, det var virkelig synd at når han først skulle få på ein av
dei så var det ein vrakfisk. Dei vitale måla var 81cm, men berre
ynkelige 3200g. I sine glansdager var nok denne hofisken nærmare doble
vekta av det han faktisk var. Og kva kunne vere grunnen til at fisken
var så skrinn, etter å ha diskutert det med diverse så har vi konkludert
med at det må vere snakk om ein veldig gammel fisk, det er i alle fall
det skjellprøver av liknande fisker har vist. Og dette var faktisk ikkje
den einaste av denne typen, Inge trakka nesten på ein på Staten, han såg
seinare ein til på nederste brua, og det vart tatt ein liknande
fisk på Moen.
Her er nokre typiske tegn på at det er ein sjøaure vi har med å gjere:
Mange flekker nedenfor sidelinjen
Dette ser vi tydelig på bildet, men dette er ikkje
eit eintydig tegn for
også ein del oppdrettsfisk har ganske mange prikker under sidelinja. Villaks har kun unntaksvis ein og annen
prikk under sidelinja. Villaksen er også oftast meir sølvblank.
Øvre kjevebein rekker forbi øyet
Dette er eit absolutt tegn, sjølv om dette kan vere litt flytande,
spesielt om det har vert ein mix mellom laks og sjøaure, men her er det
heilt tydelig. Sporden
Her finnes det to ganske klare tegn, først har sjøauren bred halerot,
dvs. at den er kraftigere rett foran sjølva sporden. Dette er ikkje så
tydelig her sia fisken i seg sjølv er veldig skrinn. Det andre er at
sporden er nesten heilt rett i bakkant, dette er heilt tydelig på dette
bildet. |
15.06 |
Gaula Støren JFF 04-24 |
Ej hadde ei veke ferie til gode og denne
hadde vore planlagt for eit besøk til Trøndelag. Men ej måtte ein tur på
jobb på mandagen, men rett etter jobb så bar det nordover sammen med
Asbjørn Løvøy. Det hadde ikkje vore noko bra åpning i trøndelagselvane,
men Gaula var den som hadde vist best resultat. Vi var komne opp når
klokka var halv elleve, så vi bestemte oss for å vente til det lysna før
vi starta. Asbjørn hadde klokketru på ein godstein framme under brua der
han tok to fiskar i fjor når han og Atle var her, men for å komme hit så
måtte ein vasse ut på ei øy. Heldigvis var elva så lita at vi kom oss
ut, men til tross for gode forhold med regn i lufta så beit det ikkje på
noko, og ikkje såg vi fisk heller. Etter nokre timar var svoltne og gikk
for å ete og sove nokre timar, trudde ej. Heile 1 time vart ej innvilga,
etter 5 netter med berre eit par timar i snitt så synes ej dette var
noko knapt, men Asbjørn masa han ville fram igjen til det forgjettede
land som øya etter kvart fikk navnet som, spesielt etter at elva no
hadde gått opp slik at vi ikkje greidde krysse over til øya. Etter denne
middagsøkta, hadde vi oss også ei kveldsøkt uten at dette gav resultat i
det heile. |
16.06 |
Gaula Støren JFF 00-24 |
Neste morgen fortsatte på samme måten,
elva hadde no gått opp enno eit hakk og fiske framme var vanskelig. Så
midt på dag så tok vi oss ein tur nedover for å finne andre plassar å
fiske, vi prøvde heilt framme i stryket framfor nederste brua, men her
var elva for stor, og mens vi var der så synes ej elva vaks veldig fort,
og etter å ha tatt meg eit merke så fikk ej dette bekrefta. Noko som
også vart bekrefta av alle trea som etter kvart kom drivande ned elva.
Elva var no heilt brun med 10cm sikt, så vi pakka sammen og tok middag.
På kvelden var vi igjen fram å sjekka det forgjettede land, men denne
gongen med bil og no var heile øya under vatn, vi kjørte derfor ned i
veihølen for å sjekke kor stor elva var, og her gikk elva heilt opp til
skogen, dette burde vere bra for denne hølen, så vi bestemte oss for å
prøve her. Vi gikk heile hølen heilt framma og heilt ned til Svarthølen
med fluge, sammen med 4-5 andre uten at vi kjende liv nokon av oss. |
17.06 |
Gaula Støren JFF 00-24 |
Siste dagen
hadde veret letta, og elva hadde gått ned med ein meter, men fortsatt
var elva for stor til ei morgenykt på det forgjettede land, men vi holdt
oss i fremste delen uten at det gav resultat. Midt på dag hadde elva
gått ned med enno ein halv meter, men fortsatt kom ikkje Asbjørn seg ut
på sitt forgjettede land. Men på kvelden hadde elva gått såpass ned at
med litt stuntvading så gikk det bra for han å vade over. Ej kom meg
ikkje over, så ej konsentrerte meg om strekket mellom øya og flugesona,
og etter ei stund så hogg det på makken bakpå flata. Fisken gjorde god
motstand med det samme, med følgde deretter med inn slik at ej ikkje
hadde noko forhold til kor stor den var, men når den kom heilt inn så
såg eg den og då var det berre å taue på land. Ein nydelig sjøaure på
1,1kg. Vi gav oss klokka 22.30 |
18.06 |
Gaula Støren JFF 00-04 |
Vi skulka nattøkta i og med at vi ikkje
hadde sett ein einaste fisk hoppe på 3 dager og heller ikkje hadde det
blitt tatt meir enn eit par fiskar. Vi steikte auren til frokost, før vi
pakka sammen. Vi hadde snakka om å prøve andre plassar, men
fangstrapportane indikerte ikkje noko storfiske nokon plass, men vi
kjørte fjellet over til Løkken Verk og vidare ned for å kikke i Orkla.
Men vi var ganske gåen, ej etter ei vike med lite søvn og Asbjørn etter
fleire harde fiskedager, så han hadde mest lyst heim, så etter å ha fått
oss mat så satte vi kursen heim. Ej kunne sjølvsagt ikkje sitte heime,
så etter at Asbjørn var vel heime så kjørte ej til Eid via siste ferja
på Eiksund, god timing. Her inne var Inge og Tore, Inge hadde kort på
Nyttingnes heile helga, men Tore berre ferierte. Ej var gla for ei lang
natts søvn. |
19.06 |
Eidselva Nornes 12-24 |
Når ej først var på Eid så måtte ej prøve å fiske, og stakk derfor
ned på Intersport for å sjekke kva som var ledig. Og her hadde ho kort
på ei ny sone, Nornes. Ej spurte kvar denne sona gikk og fikk vite at
den var motsatt side av Moen, noko meir visste ho ikkje, anna enn at
sona var godt merka. Så ej satsa på å starte i Moahølen, og fiske meg
nedover til ej fann skiltet. Ej fiska med fluge, og sona var ypperlig
til dette. Skiltet fant ej midt nede i
Hammarhølen, men etter å ha fiska
over denne så var det middag så ej avslutta.
Etter middag satsa ej på å fiske meg framover til skiltet i framkant,
men foran Moahølen var det berre jungel og hengemyr, så ej kom meg aldri
fram til noko skilt. Resten av kortet satsa ej i Hammarhølen utan at ej
hverken såg eller kjende fisk. Sona var som sagt veldig fin, men elva
var kanskje litt stor?
Det som i ettertid visste seg var at ej aldri hadde fiska på Nornes,
sona ligg på motsatt side av Moen, men dekker kun fremste hølen, den
einaste ej ikkje fiska. Men det er vel slikt som skjer, no veit ej i
alle fall dette og kan rette opp guiden min.
Inge var som sagt på Nøttingnes, eller Øvre Roti, som visst er det
korrekte navnet. Han såg ein del fisk og laurdag kveld fikk han ein
flott laks på 5kg i Mastehølen,
på makk.
Petter hadde
igjen reist til Averøya for å jobbe, og var denne helga i Surna, noko
som enda med at han fikk ein flott laks på 6,5kg på makk. Laksen hadde
stått nokre dager i elva og Petter hadde sett den før på kvelden. Om
natta, på det mørkaste prøvde han på han, og etter å ha vore borti han
eit par gongar, så tok han skikkelig.
|
24.06 |
Gaula Støren JFF 22-24 |
Fellestur for HSJFF, ikkje alt for stort
oppmøte, men kremen var til stede. Atle hadde ærende i Trondheim, så han
tok laust på onsdag, så Asbjørn og Andre hivde seg med han, sjølv om
planen var å starte på torsdag. Dermed så kjørte ej åleine oppover etter
at resten trekte seg i siste liten. Kunne dermed kjøre jevnt og det gikk
radig unna, og ej var oppkomen før klokka var 21. Mens ej rigga meg til
så dukka karane opp, ein etter ein, alle like slukøra. Men dette gir
sjølvsagt berre meir pågangsmot for ein ihuga fiskar som ikkje sjølv har
prøvd. Atle hadde sett mykje fisk hoppe i hølen nedanfor jernbanebrua,
men ingen fikk noko av den. Like før midnatt var vi på plass framme ved
brua og det forgjettede land. |
25.06 |
Gaula Støren JFF 00-24 |
Etter å ha gått over her framme og ikkje
kjent eller sett fisk så trekte vi nedover. Forrige gang vi var her
trudde vi at hølen nedanfor brua var stengd på samme måten som for 2 år
sidan, og derfor hadde vi ikkje prøvd her. Men den oppvakte Atle hadde
observert folk fiske både foran og nedanfor brua, og hadde sjekka det
opp og funne ut at det var berre det eine året at den hølen var ute som
eksklusiv sone. Så vi trakka oss ned og kikka. På veien kom vi i snakk
med to karer på vei til Stordalselva som stoppa her for å fiske litt om
natta. Dei ville ha råd om kvar dei skulle prøve, men sia vi ikkje hadde
fiska hølen før så var vi like grøne som dei. Vi starta fisket og på eit
av første kasta var noko bortpå makken min, men etter tilslaget var
snøret fortsatt ikkje i heilspenn. Karane som vi møtte kom like etter
igjen, denne gang klar for kamp med laksen. Mens vi fiska eit par timar
i området, så sat dei å såg på, drakk og åt pølser. Når det var begynt å
lysne så ville vi nedover til veihølen å prøve, så vi sa hadebra til
karane som ikkje hadde veta snøret enno og trakka oss rundt og opp på
brua. I det vi såg ned i hølen igjen så såg vi eine karen reise seg for
å prøve. Om det var første eller om det var andre kastet fikk ej ikkje
med meg, men tilslaget kom i alle fall og fisken hang på. Dermed vart vi
stående på brua ein halv time, før han måtte følge fisken litt nedover.
Då trakka vi oss ned på campingen og bivåna resten av kampen derifrå.
Berginga gikk greitt, for fisken var død, noko som ikkje var betre å
vente etter 45 minutts kamp. Fisken var ein flott blankfisk på rundt
10kg, og dermed var trua på plass igjen. Asbjørn takka av, mens ej og
Atle trakka oss ned i veihølen. Ej såg ein fisk nede ved den store
steinen i det ej starta og håpte på å få nygått fisk rett i fangenet,
men den gang ei. Når ej hadde fiska meg heilt nedom steinen så var ej
lei, Atle var drittlei etter masse plage og klokka hadde blitt 6 så
derfor så tok vi kveld og gikk og la oss.
Når vi stod opp igjen så kom etter kvart karane igjen etter ei
formiddagsøkt, men like fiskelause som vi var etter vår nattøkt. Fisken
hadde vore klart mest aktiv mellom 19 og 20 dagen før, så når klokka var
17 så var vi igjen på plass i Bruhølen for å prøve. Det var rolig i
starten, men så var det etter kvart mykje fisk oppe og hilste på oss,
men uansett kva vi lokka og lurte så ville dei ikkje bite. Vi kom etter
kvart i snakk med eit par karer ifrå Trysil, og når det då starta regne
i 21-tida så søkte vi opp i gapahuken for å styrke oss på ein Akevitt og
eit par øl. Men regnet det berre fortsatte, så rundt midnatt så måtte ej
over elva for å bunkre meir drikke. |
26.06 |
Gaula Støren JFF 00-24 |
Vel tilbake i bua hadde karane trossa regnet og den raskt veksande elva
og starta fiske igjen. Men dette varte ikkje lenge, og like etter var vi
kun ein mann i manko. Då vart det berre meir på oss andre då. Når det
tok til å lysne så tok vi oss sammen og drog over med fluga ein gong
til. Elva hadde no dobla si vannføring og var knappast fiskbar.Vi pakka
derfor raskt sammen og gikk bortom campingen for litt søvn, men først
måtte vi avslutte med ei lita øl til å sove på. Utpå formiddagen stod
vi opp igjen, men elva var fortsatt flomstor så vi bestemte oss for å ta
ein sightseeing framover Gauldalen for å gjere oss kjende til evt. fiske
seinare på sesongen.
Etter middag var vi igjen i elva, prøvde foran, men her var det
fortsatt dødt, så vi gikk ned om brua igjen. Her såg vi ein del fisk,
men dei var ikkje lettare å få i dag. Dei andre forlenga ikkje korta
sine og gav seg rundt klokka 22, mens ej fortsatt hadde eit døgn igjen
og fortsatte. Ej bestemte meg for å prøve inne i bakevja når karane
gikk, og ikkje lenge etter at dei hadde forlatt brua så beit det på.
Fisken raste ut mot senter av bakevja og hoppa, så ej såg at det var ein
mindre laks.
Bak meg kom ein
godt skjenkt kar og ville dele sine gode råd og gjerne hjelpe med både
klepping og håv, for dette var ein diger fisk meinte han. Ej fikk roa
han ned og takka for tilbudet, men hjelp det trengte ej ikkje. Han
meinte at ej måtte følge den fram under brua for å berge den der, men
etter å ha sett fleire fiska blitt mista der dagen før så ville ej ikkje
dit, men mot straumen til dit hovedstraumen traff land og danna eit
rolig område. Fisken tagna raskt og fulgte villig etter, den hadde vel
ikkje så mykje valg heller, men den greidde gå rundt ein stein nedi der,
men etter litt roting, så var fisken på sporet igjen. I det vi var komne
ned til stilla så var fisken rolig, den prøvde eit siste lite utras, men
måtte gi tapt og vart kjapt dratt på land og slått i hjel. Folk stimla
til og kika på den blanke fisken, og kommenterte kor raskt fisken vart
landa, det var tydelig kvar dei hadde gått sin lakseskule, det var ikkje
i ei bratt og igjengrodd Vestlandselv i alle fall. Laksen vog 5,8 kg.
Karane hadde etter kvart fått av seg vadestøvlane og var ute og gikk
tur. Ej såg dei stå på brua lenge før dei kom trakkande ned til meg.
Etter å ha snakka ei heil stund oppdaga dei plutselig fisken som hang
heilt åpent ved sia av bua, og lurte på kven det var som hadde fått den
mens dei kika seg rundt etter aktuelle kandidater. Ej måtte krype til
korset og fortelle dei at det nok var ej som stod for den fisken, og då
datt gjeipen på karane som ikkje hadde forlenga korta sine. |
27.06 |
Gaula Støren JFF 00-24 |
Ej fortsatte å fiske utover natta, alle gikk etter kvart å la seg og
klokka 1 var ej heilt åleine på heile det strekket som ej såg. Det var
heile tida oppe fisk ute i bakevja, og når klokka var rundt halv to så
beit det igjen. Fisken tok skikkelig og ej fikk inn eit skikkelig
tilslag, og var heilt sikker på at denne skulle bli min. Fisken gikk
rett til værs etter at den merka at den var fast og viste seg som ein
fisk litt større enn den ej hadde fått. No stod ej lenger inne på
bakevja og måtte forsere masse stor stein og tre om ej ville lande
fisken på samme plass som sist, og sia ej var ganske sikker på at den
sat godt så tok ej sjansen på å lande den inne på bakevja. Ej fulgte
etter fisken som raste unna straumen rundt bakevja. Fisken var skikkelig
bandhard og fikk nokre få meter, men hadde begynt å spakne når ej var
klar til å gå ned for å finne ein grei plass å lande. I det ej tok
første steget ned i skråninga så bikka fisken over og då kom kroken utan
noko forvarsel. Ein danske som plutselig hadde dukka opp vart veldig
deppa når fisken for, mens ej allereie hadde berga turen så for meg var
det ikkje så viktig. Ej fiska ei stund til, men viste at det vart ein
lang tur ned igjen, så noko over 2 så pakka ej sammen og tok kveld.
Neste morgen
fikk endelig Atle gjort sitt ærend mens vi andre rydda og vaska hytta.
Jo og Knut stakk innom ein tur på vei fram i Gauldalen for å bygge
hytte. Atle skulle ha med seg ein hund og denne var forsenka, så ej
fiska ein halv time til nedanfor brua mens vi venta, men utan resultat.
Asbjørn sat på på heimvegen der vi mellom anna stoppa for eit stormåltid
på Dovrefjell og vi stoppa i Rauma og bisna på dei flotte flugestryka
der. |
29.06 |
Ørsta Ose
18-24 |
Inge fiska her på vei innover til Eid i
helga, fisk fikk han også, etter 5 minutt beit det ein pjakk på fluga
hans. Derfor tenkte vi at her kanskje var nokre fiskar på gang, og
bestemte oss for å ta ein midtukestur etter jobb, sidan det ikkje låg an
til fisking i helga. Inge hadde stengene rigga og var raskt på vei fram
i elva, mens ej vart ståande å prate med Frode, mens ej rigga opp
utstyret. Frode hadde egentlig ikkje tid til å fiske for han skulle
hente nokon, men når dei ikkje tok telefonen når han ringde, så tok han
med flugestanga å ville prøve ei stund. Inge hadde starta heilt framme
på flata når vi trakka oss framover til bua, der ej satte meg ned for å
sette på ei fluge, mens Frode gikk bort å starta i det lange stryket.
Han hadde akkurat fått ut snøret når telefonen ringde, det var på tide å
reise, men han gjorde nokre få kast til og dermed greidde han huke på
ein pjakk. Dette var den første han hadde fått på fluge etter å ha mista
fleire. Han reiste mens ej og Inge fortsatte aleine utover kvelden, det
vart etterkvart flo, men det kom aldri fisk lenger fram enn til
parkeringa. Vi fiska kvelden ut, men vi såg ikkje fisk så langt framme
at der var nok straum til å fiske, før etter at vi hadde pakka sammen
for å rekke siste ferja over fjorden igjen. |
02.07 |
Stranda Sone 1 16-23 |
Denne helga var det 20-års jubileum i
HSJFF med Familiedag på laurdag og krabbefest på kvelden, men formann
Atle hadde fått fristande rapporter ifrå sine kontakter på Stranda så vi
bestemte oss for å ta ein rask tur inn for å sjekke ut rykta. Forholda
var brukbare, kaldt med snø i fjella, men med godt med regn og veksande
elv. Vi konsentrerte oss stort sett om osen, for her stod det ein del
fisk, mens det var lite å sjå framover på sona. Det var fredelig i
starten, men Ekornes hadde grillfest like bak bua, så utover kvelden
vart det mykje leven rundt oss. Når det gjeld fisket så var dette dødt,
men det skjedde i alle fall ein ting nemlig at stanga mi rauk. Det var
tredje gangen ej brukte stanga, mi nye Guideline XTS #8. Etter å ha
fiska over hølen, så drakk ej kaffi mens stanga stod ved bua. Når det så
var min tur igjen så tok ej stanga og gikk oppover imot innløpet. Nokon
spurte meg om noko så ej snudde meg og svarte, for så å snu meg igjen og
gå videre. Plutselig endra balansen seg i stanga og ej kikka opp på
stangtuppen, då ser ej tre bitar av stanga komme raslende nedover lina.
Stanga hadde rett og slett eksploder i lause lufta. Men sjølvsagt hadde
ej stenger i reserve og kunne fortsette uten lange oppholdet. Stanga
vart levert inn, og etter vel ei veke så var stanga tilbake, med ny
tupp, og dermed var ferien berga. |
03.07 |
Stranda Sone 1 02-09 |
Etter å ha sove eit par timar og litt frokost, så var vi klare igjen.
Været hadde letta og elva var minkande. Ej starta nede med fluga mens
det enno var litt skymt, før ej tok makken og vart med Atle fram under
verket.
Her vart det
tatt ein mindre aure på andre sia, men vi kjente ingen ting. Vi fiska
oss nedover, og akkurat der elva deler seg for holmen foran Laksehølen
så beit det på med meg. Fisken rulla rundt og oppførte seg som ein aure,
men det var ein fin fisk. Fisken ville nedover, men ej hadde vegn til å
holde igjen så ej kika meg rundt for å finne ein plass å lande den. Det
virka best i hølen nedanfor, så den fikk gå 3-4m ned i denne hølen, men
så var det berre å holde igjen. Fisken roa seg og etter ei stund kunne
ej håve den. Etter dette var det rolig, men heilt på slutten så beit det
på ein laks på fluga til Inge nede i osen. Fisken rota rundt eit minutts
tid før den slepte fluga utan forvarsel. |
09.07 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Endelig så slapp vi til på Alsaker, det
vil sei Inge hadde fått eit kort her, men sia Sindre også ville prøve så
fikk han to kort til dei på Moen, og då fikk ej kortet på Alsaker slik
at ej fikk fiske sammen med Markus og kompisen hans Dirk. Ej starta på
fossekanten og var borti fisk, men den vart ikkje hengande. Etter kvart
jobba ej meg framover og på Sanden beit det på først ein fisk og så ein
til, før Markus dukka opp etter å ha spist middag. Vi fiska sammen med
fluge utover kvelden og Markus hadde på ein fisk eit øyeblikk, men den
slapp. Fiskane mine var to aurar på 800g og 1750g. På Moen var det heilt
dødt, så karane hadde gitt seg tidlig for å koke meir kaffi til natta på
Alsaker. Det var heller ikkje noko meir å kjenne her nede etter at det
vart mørkt. |
10.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Vi fortsatte med fluga utover natta, men i
lysninga så gikk ej over til makk og utover morgenen så fikk ej to
fiskar framme på Sanden. Inge hadde fiska framme sammen med meg, mens
Sindre fiska fossekanten, men ingen av dei fikk fisk.
Men når Inge kom
ned på fossekanten så fikk han seg ein aure på bortsia på 1150g. Etter
ei runde nedover så gikk ej igjen fram, Sindre hadde vore der å prøvd,
men han rømte på grunn av mykje yngel. Ej fiska over, og fikk ein aure
var i kontakt med fleire, og var ikkje i kontakt med yngel. Etter at ej
kom ned igjen så gikk Sindre fram, men med samme resultat som sist,
berre yngel. Ej konsentrerte meg om nedre del igjen og var bortpå fisk,
men utan at ej greidde kroke dei. Nok ein gong gikk ej fram for å prøve
og igjen greidde ej huke på ein fisk, og no gav Sindre seg over, han
hadde aldri sett liknande. Han gikk der å fiska og fikk yngel, mens ej
fiska samtidig og fikk masse fisk. Inge var også litt fortvila over å
ikkje få meir. Mine fiskar var 540g, 1180g, 1920g og 1770g. Den største
av dei er faktisk ny pers for Eidselva for min del, trur ej. |
11.07 |
Eidselva Moen 02-14 |
Sindre reiste heim etter at vi var
ferdige, men Bjørn var komen innover og skulle fiske denne natta. Vi
hadde to kort på Moen og eit på Bjørlo, ej hadde ikkje fiska Moen og
ville prøve til tross for dødt hav når Inge og Sindre var der. Og Bjørn
ville også prøve her og dermed vart det Inge på Bjørlo. Ej starta med
fluge framme på natta og såg ein laks hoppe innunder land på min side,
men å få den eller andre til å ta etter fluga var umulig. Ej fortsatte i
Moahølen uten at det var det minste hjelp i det. Etter å ha prøvde
framme igjen så var det lyst nok til makken og når ej kom ned så hadde
Bjørn starta i Moahølen. Ej fant meg ein kaffi, og kikka på Bjørn.
Plutselig slo han til og fisken hang. Ej fant fram håven, men fisken
følgde lydig etter fram i hølen og vart etter ein kort kamp dratt fram
på grusen. Vekta viste 1370g. Han fiska hølen ut og deretter var det
kaffi. Så tok ej Moahølen med makk, mens han gikk fram i fremste. Etter
ei stund såg ej aktivitet der framme og ein blank fisk, han hadde fått
ein til, men denne var mindre, 770g. Men i tillegg så hadde han mista
ein større aure. Vi sende no melding til inge for å høre om der nede
også var fisk, men vi fikk ikkje svar, så vi gikk for å prøve igjen.
Bjørn gikk fram i fremste igjen, mens ej fiska meg framover via
Krutsjchov og hølen i delinga. Bjørn hadde vore bort i fisk, men ikkje
fått noko. Ej venta til han var ferdig framme i hølen, før ej fiska
renna ut av hølen. Og her stod det fisk og raskt såg vi at det var ein
flott aure. Fisken ville ned, men roa seg etter kvart og ej hadde håp om
at den ville følge med fram i hølen. Men etter nokre meter snudde den og
rasa nedover, og dermed måtte ej kjøre fisken på 40m line, mens fisken
sakte rota seg nedover elva. Vi jobba oss nedover for å møte fisken når
elva samla seg igjen, men fisken var omtrent død før den kom dit og
dermed gikk det greitt å få den over straumen og inn for håving av
Bjørn. Fisken var nydelig og feit, og heilt perfekt, med ei vekt på
2300g så var det ny pers for andre dag på rad.
Når vi no kom
ned i bua så ringde Inge og vi kunne fortelle om bra fiske. Han hadde
ikkje hatt eit einaste napp, men likevel hadde han fått ein storaure.
Han hadde fiska heilt bakpå Utfallebakkane, men det var heilt dødt. Men
plutselig så huka fisken seg på og rasa nedover utan at Inge rakk å
gjere tilslag. Han fikk stoppa den heilt bakpå Granhølen og kunne kjøre
den her. Fisken gikk etter kvart fram om vorren og dermed kunne Inge
lett dra den fram på den fine sandstranda som er der. Fisken vog 3700g.
Ingen var bort meir etter dette, men alle var godt fornøgde med dette
kortet og også resten av helga. Snittet på fisken for heile helga
var på imponerande 1,57kg, noko som er veldig bra på så mange fiskar. |
16.07 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Endelig fikk ej ferie, planen var at Inge slutta til vanlig tid, kjørte
direkte innover for å hente korta, men litt før lunsj ringde han om at han hadde rørt
rundt med ein diger fastnøkkel i kjeften og knust litt inventar der inn, så han måtte
innom tannlegen for jigging og ville derfor ikkje rekke inn for å hente korta. Derfor
måtte ej tromme sammen gutta og få overlevert det nødvendigste i all hast og komme meg
avgårde. Vel inne laga ej middag og gjorde meg klar, slik at når Inge kom så var det
berre å ete og så komme seg i elva. Elva hadde gått mykje ned sia forrige helg, men var
fortsatt brukbar på denne sona. Fiska stort sett foran fossen, mens Inge var mest
nedanfor, men det var like vanskelig begge plasser, lite å sjå og ingenting å få. Dei
andre som fiska der gav seg rundt klokka 22, mens når klokka var vel 23 så tok vi oss ei
pause for å lage bål og grille pølser. Vi starta på igjen rundt klokka 01, men det var
fortsatt dødt. |
17.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Ej holdt til framme vidare utover morgonen, ej var sløkt etter siste
vekers stress og sov derfor litt innimellom.
Ej såg eit par fiskar hoppe, men det var
alt, det var ikkje mulig å lure dei til å bite. Inge gikk nedover ei stund etter at det
lysna og la seg i bua for å sove litt. Når klokka nærma seg 7, så gikk ej nedover
igjen. I det ej såg at Inge hadde stått opp og gått ned på fossekanten, så slo han
til og stanga stod i bue. Ej satte opp farta for å kunne bistå han, men plutselig ser ej
han lette stanga og springe nedover, fisken hadde gått utfor fossen. Ej sprang ned på
baksida, men i det ej kom ned så hadde Inge fått fisken på land, ein fin aure på
1,42kg. Etter kaffi så gikk Inge videre nedover, mens ej gikk framover igjen. Etter ein
times tid kom Inge fram igjen og kunne fortelle om at han hadde fått ein aure på 0,99kg.
Etter dette var det dødt, ej fiska veldig ueffektivt då ej var veldig trøtt og sliten,
og sov også siste timen mens Inge stod på. |
18.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Mens vi var aleine forrige natt, så var det fullt hus denne natta, vi var
komne ned til klokka var der og tenkte prøve på Sanden først. I det vi kom fram stod
der allereie ein kar midt i elva foran hola, ganske nøyaktig der fisken bruker ta. I det
ej kom fram på strekket og gikk ut så la ej merke til ein kar som kom vadende midt etter
elva i hølen over. Det skulle seinare vise seg at han hadde vada ifrå øvre grense,
langs muren heile veien gjennom fremste hølen, midt etter elva nedover flata før han
gikk i land heil framme på strekket. Og slike folk er overraska over at dei ikkje kjenner
fisk i Eidselva??? Men nok om uvettig vading og tilbake til fisket, ej og Inge holdt oss
på land og fiska oss rundt svingen utan at vi kjente anna enn yngel. Etter å ha fiska
over ein gong så satte vi oss ned i bua, og mens vi sat der så merka vi oss enno ein
ting som ofte gjer at folk ikkje får fisk, trakking langs elva. Det var jevn trafikk opp
og ned, sjølvsagt på utsida av trea, på grusen. Dette lager masse støy og uroer
fisken, spesielt i heilt rolige parti som dette er, og dette fører til at fisken som
normalt står veldig grunt her på natta, ikkje stopper, men sig vidare fram til roligere
og djupere deler av elva der den ikkje er like enkel å ta på floge. Det regna no hissig,
så vi venta av situasjonen til det letta, og vi fiska over med makk før vi gikk nedover
igjen, sjølvsagt var her fisketomt. Vi sat i bua og drakk kaffi mens regnet hølja ned og
lo av alle som stod på fossekanten og fiska på turistlaksene inne på bakevja. Rett nok
var laksen diger, men innpå der tar den berre ikkje. Etter kvart letta det og Inge gikk
ned i vaskeplassen, mens ej fiska Fåhølen, var borti ein fisk, men den sat ikkje. Sleit
seinare vekk kroken og gikk derfor å satte meg igjen. Prata litt med ein kar som etterpå
fiska Fåhølen, og etter ei stund hang det på ein flott aure med han. Fisken var stri og
hissig, men etter kvart dovna den og kom nærmare, men etter eit siste langt utras så kom
kroken. etter ein kopp til med kaffi, så starta ej framme ved fossen og fiska meg
nedover.
Nede
på enden av strekket Svadet så hogg det til med meg, og etter ein frisk fight kunne ej
dra ein flott pjakk fram på ei lita grusør, Inge lo av minipjakken min, men trur
augemålet hans svikta denne morgenen, for fisken vog 1,83kg når vi vog den nokre timar
seinare. Ej var borti ein fisk til nede bak storsteinen, men denne ville ikkje henge på.
Snakka med Inge bakpå Bruce, han hadde vore nedover, men utan å kjenne hugg. Her stod
nokre fiskar, og Inge sa seinare at han hadde vore i kontakt med ein av dei, men fisken
greidde å lure Inge. Ej gikk framover igjen, og la merke til at vadekamaratene og
bakevjefiskarane pakka sammen og gav opp. Ej stoppa derfor på fossekanten for å prøve
her, var borti fleire fiskar og til slutt fikk ej ein til å henge heilt bakpå brekket.
Fisken rulla rundt og ville nedover fossen, så ej satte meg imot for å holde den igjen,
men idet fisken runda brekket så kom kroken. Fisken var enten ein pjakk eller ein bra
aure. Etter kaffi gikk ej framover og fiska for første gong fremstehølen, det enda med
eit kjempehugg og ribba krok, til tross for at den digre makken var tredd langt oppetter
sena. Fiska vidare nedover, og etter kvart dukka også Inge opp, han hadde også fiska
fossekanten og fått ein aure på 0,99kg. Men Sanden var tom for fisk også nede i hola
var det tomt. Snakka seinare med han som miste fisken i Fåhølen, og han kunne fortelle
om ein kjempefisk han hadde sett i hola her før på morgonen, var det denne ej var borti
i fremste hølen? Bjørn fiska Moen, han miste ein mindre fisk, men ellers var det heilt
dødt. Han gav seg før klokka var ni, mens vi holdt ut til klokka var godt over 13. |
19.07 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Det vart seint før vi kom oss til sengs, så Bjørn som hadde sove godt på
formiddagen, tok på seg ansvaret for å lage middag klar til vi stod opp rundt midnatt.
Ej vakna og hørte to karer snorke mens det ute var mørkt, her måtte Bjørn ha svikta i
sitt virke. Klokka var halv 2 så ej fikk purra Inge og vi hivde oss i matlaginga. Klokka
3 var vi komne i elva, ej var først ute, for Inge hadde lagt igjen røykelsen og måtte
derfor fram igjen for å plukke opp denne. Ej starta i Utfallebakkane og var komen
midtveis når Inge dukka opp. Ej kjende ikkje noko på resten av strekket heller. Inge
starta framme og fiska seg heile veien rundt neset. Nede på strekket fikk han på ein
liten pjakk, ej hadde tatt kaffipause og hørte han rope, så ej gikk ned og fant han med
stanga i bue. fisken vart kjørt og berga greitt og vekta stoppa på 1,29kg, Etter dette
fikk ej eit par mindre aurar på fluge, før Inge fikk ein aure heilt bakpå
Utfallebakkane på makk, denne var 1270g. Vi fiska i området heile morgonen, og såg
mykje fisk alle plasser, og tydligvis gikk det fisk for yngel var vi ikkje borti nokon
plass. Inge prøvde til og med med dupp i skulehushølen, men ikkje eingong då tok
yngelen. Ej fikk ein fisk på halvekiloet på makk uti der, men det var alt vi kjente
også, den vart satt ut igjen. Ej var borti fleire fiskar i Svarthølen tidleg på
morgonen på makk, og seinare var ej så vidt borti ein til, men dei ville ikkje ta
skikkelig. Klokka halv to gikk ej fram igjen, og starta framme. I det ej kom bak der ej
hadde vore borti fiskane så var det noko bortpå å plukka, men så forsiktig at ej ikkje
turde slo til. Så hengde blyet seg fast og ej måtte lette det videre, tenkte det var den
sjansen, men så var der noko igjen, det nappa ikkje skikkelig, men kjente noko var
bortpå, så ej slo til og fisken hang på. Fisken raste ut og gjorde eit høgt hopp,
fisken stod i bue og såg fin ut, og når den så raste heilt bak på brekket så hadde eg
tru på ny aurepers for elva. Fisken kom greitt fram igjen, men rota seg langt inn på
grunna og ej kunne sjå at den ikkje var så stor som ej håpte. Fisken gikk seg på land
eit par gongar før ej fikk den fram i hølen igjen og kunne drage den fram på sanden.
Auren vog 1420g og var i riktig godt hold. |
20.07 |
Eidselva Staten 02-14 |
Vi hadde problem med å finne inspirasjon til ei ny natt med lite napp,
men tenkte vi kunne prøve Staten viss der var ledig, og det var der. Vi starta med fluge
på natta, men det var heilt dødt. Såg ein del fisk rundt brua i lysninga, og prøvde
derfor makken, først nedanfor brua og etter ikkje mange kast så tol ein fin fisk. Etter
å ha lagt denne i bilen gikk ej ned og starta igjen, men no var det dødt mens det hoppa
fisk framfor brua. Ej gikk fram dit og fikk raskt enno ein fin fisk. No kom Inge og fiska
nedanfor brua, mens ej stod under brua og fiska foran, dette fordi det regna. Etter at det
lysna gikk Inge ned i renna, mens ej fortsatte foran brua. Etter ei lita stund fikk ej ein
litt mindre fisk foran brua. Inge fiska seg nedover etter å ha sett eit par laksar hoppe
i Malakoff, mens ej prøvde i renna. Når Inge kom fram igjen så fikk ej ein fisk til
her. No var det kaffi, før ej gikk fram å starta i Veihølen her var det dødt så ej
flytta ned til foran brua, men også her var dødt. Etter meir kaffi bestemte vi oss for
å fiske oss nedover, Inge starta med fluga foran brua, mens ej starta i renna. Inge fikk
seg ein vilter pjakk, mens ej ikkje kjende hugg. Inge tok så makken og kom ned renna
etter meg, og sammen fortsatte vi ned til Malakoff og vidare nedover. Inge var bort
ein fisk i hola nedanfor Malakoff, men ellers var det heilt dødt. Når vi kom ned så vi
såg brua, så såg vi ein fiskar, men han gav seg akkurat. Været var no flott og vi
kasta klærne før vi gikk fram igjen. Vel framme prøvde ej nedanfor brua då der stod
nokre fiskar, men fiskane gikk ned igjen i renna når ej starta å fiske på dei. Etter
meir kaffi fiska ingen foran brua, mens ej prøvde i renna. Etter ei stund fikk ej ein
fisk til, ein mindre aure. Etter å ha landa denne kom også Inge nedover, og sammen stod
vi å fiska i renna. Ej fikk to aurar til og var borti ein større fisk som ej mista, før
Inge greidde å hekte på ein fin aure. Etter dette fikk ej enno ein til før tida var ute
og vi måtte gi oss. Inge sin pjakk vog 1,28kg, mens auren hans vog 1,35kg, mine aurar vog
750g, 830g, 1020g, 1080g, 1150g, 1380g, 1520g og 1540g. Ein bra dag i gode forhold. |
23.07 |
Eidselva Staten 02-14 |
Inge var 21. på Bjørlo, mens ej hadde fri og var ut igjen i
2års-selskap til Mathias. Det var stort sett småkreder over alt sa han, men han greidde
nike seg ein liten aure på 990g i Forbygninga. Vi hadde forrige tur i minnet når vi
igjen stilte opp på Staten, men det skulle vise seg å ikkje verte like innbringende
denne gangen. Vi fiska sammen med to karer ifrå Jølster, den eine veldig pratsalig, mens
den andre var den stille typen, men dei sov ifrå lysninga og til godt utpå formiddagen,
så vi fikk styre oss ganske fritt. I motsetning til sist så hadde vi motfiske av 3
karer, så når 7 mann i staden for 2 fiska på samme fisken så vart det nok litt for
mykje liv. Etter ei stille natt uten å sjå eller kjenne noko så prøvde ej makken
nedanfor brua, og etter berre nokre få kast så tok ein fin aure. Kjøring og landing
gikk greitt, og vekta viste 940g. Etter dette vart det mykje hamring i området, men det
vart mist ein større fisk ifrå andre sida. Inge var fram om brua ein tur og greidde
nygge seg ein pjakk. Ej kom akkurat fram når fisken tok, og hjalp til med håving. Fisken
vog 1,20kg. Etter dette var det dødt, men det vart tatt ein aure ifrå andre sida på ca
1,5kg. |
24.07 |
Eidselva Moen 02-14 |
Sindre kom innover for å prøve, og Inge ordna kort til han på Moen. Ein
av oss skulle vere sammen med han mens den andre skulle på Bjørlo. Ej vart den som vart
på Moen mens Inge fiska sammen med Ole Jacob på Bjørlo. Ej starta i Moahølen med
fluge, mens Sindre venta av til det vart lysare. Moahølen var rolig, så ej flytta opp i
øverste, her var ej bort i to fiskar på ei stor tube, men dei ville ikkje henge. Bytta
til svart muddler, og seinare til #10 Butcher og tilbake til første tuba, utan at fisken
var etter. Når ej kom ned igjen i bua så stod Sindre og fiska i Moahølen, og han sa han
såg fisk heile tida, men at den ikkje ville ta. Ej fiska også over både med fluge og
makk, men utan hogg. Men etter kvart som det vart lyst så såg vi at det var mindre
brunkreder som var oppi og slo med sporden i overflata, det var tydeligvis ei klekking på
gong for heile hølen kokte av mindre fisk. Etter å ha fiska Moahølen gikk ej fram i
Krutsjchov og fiska her før ej fiska meg vidare fram i fremste der Sindre stod å fiska.
Han hadde fått ein mindre aure, og mista to så ej satte meg ned og prata. Etter ei stund
fikk han på ein ny fisk og etter ein kort kamp kunne ej håve fisken for han, ein
7-hektos aure. Han måtte no ha seg ein røyk og lot derfor meg fiske. Etter ikkje veldig
mange kasta så hogg det på fisk, denne kom fram langs land og gjorde eit hopp rett
utanfor meg og dermed var den laus. Ej fortsatte å fiske og etter kun få kast så hogg
det på igjen, fisken vart kjørt og enda opp inne i avløpskanalen der ej håva den
sjølv, ein nydelig fisk på 2440g. No var det Sindre sin tur igjen mens ej knytte opp
igjen vegna. Og det vart ikkje lange oppholdet for snart hadde han på fisk igjen, denne
var noko større enn dei foregåande, men berginga gikk greitt, og igjen var det min tur.
Etter kun få kast var det igjen fisk på, og denne gangen var det noko stort. Fisken gikk
tungt i vatnet og gjorde eit par korte tunge utras før kroken plutselig kom. Ej kasta ut
igjen, og etter nokre kast så beit det igjen, og igjen var ej sikker på at det var laks,
for fisken rasa rundt i hølen i lange hissige utras, men så hoppa den og viste seg som
ein fin pjakk. Fisken styra på vel og lenge, men måtte til slutt gi tapt og glei sakte
inn i hoven min. Igjen var det Sindre sin tur, men etter nokre minutt med blant anna eit
skikkelig giganthugg, så måtte han knyte opp igjen og ej fikk prøve, men også ej sleit
og derfor bestemte vi oss for å gi hølen litt fri mens vi drakk kaffi. Etter kaffipausa
prøvde ej enno ein gong Moahølen, denne gongen var ej bort i ein fisk ein gong, emn
ikkje noko meir. Sindre hadde lagt igjen skrinet med krok og bly, så ej tok dette i lomma
og fiska meg oppover imot han som stod i fremste hølen igjen. Han hadde fått ein
7-hektos aure, og mens ej fiska renna ut av hølen så fikk han ein knute og måtte knyte
opp igjen. Ej var fram med skrinet hans og gikk ut for å fiske. Han sa han hadde sett
fisk hoppe nede i renna i det han oppdaga knuten, og når ej etter kun nokre få kast fikk
på fisk, så banna han for han synes han var uheldig. Etter at ej hadde berga fisken, ein
aure på 1360g så gikk han ut for å prøve igjen. I det ej var ferdig å knyte opp igjen
så hoppa ein aure framme i hardaste strømmen på vår side og ej bestemte meg for å
prøve fluga. Ej hadde fiska meg akkurat bak til der fisken hoppa då Sindre igjen stod
med stanga i bue. Ej sula opp og gikk ned til han og fisken viste seg raskt å vere ein
større fisk. Etter nokre korte utras i hardaste strømmen så kom fisken over på vår
side, og etter ikkje lange stunda så kom den gliende heilt inn. Men når ej nærma meg
så snudde den ut igjen og gikk heilt over strømmen, men etterkvart kom den tilbake over
strømmen og inn imot meg. Fisken vart no liggende og rote utfor der ej stod for å håve,
men når ej nærma meg så seig fisken unna.
Sindre kjørte fisken etter alle
kunstens regler, også når fisken etter kvart rota seg inn i steinane nedanfor, han gav
fisken litt mindre drag og dermed så fant den sjølv vegen ut. Til slutt slakna den og
lot meg gjere eit par forsøk på den, men ej var ikkje lysten på å hove den forfra og
når ej fikk hoven midt fram på sida så seig den berre unna. Til slutt låg fisken med
hodet inn imot ein stein og ej såg min sjanse, ej tredde håven inn bakifrå, men igjen
reagerte fisken når ej kom midt fram på sida, den bråsnudde og satte full fart tilbake
imot elva igjen, men dessverre så var håven min akkurat der så den gikk rett i garnet
og ej var lynrask med å lette håven. Sindre var mildt sagt kjempefornøgd, noko han
også hadde god grunn til å vere, for fisken ein flott hannaure var heile 4860g. Etter
dette fiska ej ei stund til, men kampen hadde tydlig vis uroa hølen, men ej var borti ein
fisk heilt bakpå hølen, men denne slo seg raskt av. Mens ej holdt på her ei stund til,
så gikk Sindre ned for å fiske seg nedover ifrå Moahølen. Men når ej noko seinare kom
ned så stod han i Moahølen, han hadde gitt opp strekket etter å ha slitt 3 gonger på 3
kast. Etter enno ei kaffipause så gikk ej nedover, mens Sindre igjen gikk fram i fremste.
Det var
dødt nedover, men i det ej var komen ned på flata så hogg det kraftig til. Ej slo til,
men fikk ein opptygd makk i retur. Etter enno to kast der ej fikk igjen rein krok så
nekta fisken å bite meir. I det ej kom opp igjen kom også Sindre, også denne gongen med
fisk, men berre ein liten aure som hadde blitt dødlig skadd under fiske. Etter dette
dukka Inge opp og fikk med seg at ej hadde eit lite hogg på fluga i Moahølen, truleg var
det ein yngel. Vi prøvde igjen framme, og ej mista ein bra fisk bake i renna etter ikkje
å ha fått skikkelig tilslag på den. Den totale rekka av fisk vart dermed 6 aurar for
Sindre 4860g, 1610g, 740g, 760g, + 2x300g, mens ej fikk to aurar på 2440g og 1360g, og
ein pjakk på 1980g (heilt til venstre på bildet). Inge hadde ikkje vore i kontakt med
noko i det heile tatt, mens Ole Jacob fikk ein pjakk i svingen foran Fåhølen i 11-tida,
vekta på denne var ca.1,8kg. |
25.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Etter nokre timar med søvn og mykje spøking og morro rundt den nye
rekordfisken til sindre så var det ein revansjesugen Inge som stilte i elva. Det har
gnege han at Bjørn har hatt den største sjøauren av oss i denne elva, men no hadde
faren knust alle rekorder. Han prøvde å trøste seg med at han har klart flest storaurar
i denne elva, men det var nok å nevne vekt for å jekke han ned igjen. Inge gikk ned i
Vaskeplassen, mens ej ville starte framme på Sanden. Når ej kom fram dit så stod det to
karer å gjorde seg klar. Dei såg ikkje klare ut, så ej gikk heilt fram på rennet for
å starte. I det ej var komen nesten ned i djuphola så såg ej dei to karane kome
trakkande ifrå bua, gikk heilt ut på kanten og pælma uti eit søkke som garantert laga
krater i botnen. På eit av første kasta var dei sikkert bort i ein laks med sena, for
fisken spratt høgt til værs. Ej fiska meg ned imot hola, men karane flytta seg ikkje,
så ej måtte bryte av og gå rundt dei. Når ej var komen i gang nedanfor då fann dei
på at dei ville flytte på seg. Inge hadde no kome, og også han starta framme og fiska
seg nedover. Når han var komen så langt ned at han fiska midt i hola så vakna karane
igjen og storma ut på kanten av hola og slengde gigablyet sitt over snøret til Inge. Han
ville ikkje gi seg og fiska vidare for å vise dei kvar han hadde snøret sitt, men han
fikk ingen respons og måtte til slutt gå rundt dei. Like etter at han hadde starta på
igjen nedanfor, så gikk karane tilbake til bua. Vi kjende ikkje fisk på denne første
overfarta, men på andre overfarta så miste ej ein fisk etter nokre sekund nede på
Sanden. Inge prøvde nede i kilen ved holmen på Bjørlo, mens ej fiska Sanden med makk.
Ej fikk på ein aure nede i djupaste på Sanden, fisken rasa ned på brekket og litt rundt
i hølen, men berginga gikk greitt, og alt skjedde sjølvsagt utan at karane framme i bua
oppdaga noko. Fisken vog 1230g. Ej fiska ut, mens Inge drog over ein gong til med fluga,
og så fiska vi over kilen ein gong til før vi gav oss for å få oss ein kaffiskvett.
Sindre møtte vi på vei framover, men gav beskjed at det var lite vits å gå fram dit,
for vi hadde fiska hardt alle plasser der karane ikkje hadde dundra med gigablyet sitt.
Derfor vart han med ned igjen for ein kaffi. Etter at vi hadde fortalt om korleis karane
hadde oppført seg framanfor på hans favorittplass, så for han framover for å ta
affære, mens Inge gikk på sin favorittplass, Fossekanten og ej fiska Fåhølen før ej
fiska meg vidare nedover. Nede på Svadet, ved firkantsteinen så hogg det skikkelig, ej
slo til, men fikk igjen ein rein krok. Enno to gonger skjedde det samme før det var
slutt. Ej fortsatte nedover til enden av Svadet, der ej fikk pjakk for nokre dager sidan,
men her hadde elva minka så mykje at i stilla der ej fikk fisken ikkje lenger var mulig
å få tacklet til å gå. Fiska derfor lenger borti straumen, og synes det var fisk
bortpå, ej letta stanga utan å slå til og snudde på ein fisk. Pokker! Ej kasta fram i
igjen og etter nokre kast så var der definitivt fisk bortpå og ej slo til. Fisken var
tung når den gikk ute i straumen, og når den la seg på straumen og ville nedover så
måtte ej sleppe den nokre meter, men ej viste fisken var større og ville ikkje gi for
mykje så ej kjørte den så hardt ej turde med 0.30-sene og snart var fisken oppi og
viste fram rygg og spord. Endelig verka det som at ej hadde greidd å få skikkelig fast
ein laks eller ein storaure. Ej fulgte etter ned i denne hølen som han hadde tatt i
framkant av, for å finne ein mulig landingsplass.Fisken rota rundt nede i hølen, men var
ikkje så veldig interessert i å gå i hardaste straumen og den var heller ikkje veldig
interessert i å gå lenger nedover, så etter eit par minutt så hadde den tagna og ej
leitte fram håven. Trudde ikkje den var så stor at ej trengde løyse ut nettet på
håven, så ej bøygde meg ned og fikk etter kvart fisken inn imot håven. Første gongen
hadde ej den oppe i nettet, men fisken vart for stor, og den sprala seg ut igjen og gikk
tilbake ut, mens den andre gongen så vrei den seg unna utan å stikke ut igjen. Ej
fortsatte å dra den fram på grusen og følgde på med håven bakifrå, men når fisken
kom fram på grusen så oppdaga den håven igjen og sprala seg utav denne. Ej kasta håven
treiv etter fisken samtidig som ej brukte føttene for å få fisken opp på land, men
fisken sprala seg uti igjen og rasa ut i straumen igjen.
No hadde ej bestemt meg for å berre dra
den frampå, noko som gikk heilt greitt, og ej kunne ta den i sporden å bære den opp på
land. Fisken var heilt ferdig og gjorde ikkje anstøt i det heile. Ej slo ihjel fisken og
holdt den sikkert, mens ej fann igjen håven, løyste ut nettet og la fisken oppi før ej
klatra opp den høge skråninga bak. Etter å ha bløgga den og stroppa den gikk ej opp
igjen til bua i Fåhølen. Her satt Inge og drakk kaffi, og vart sjølvsagt lang i maska,
men han prøvde trøste seg med at fisken ikkje var meir enn vel 3kg, mens ej mente at den
var 4kg. Den endelige vekta enda på 3920g. Inge hadde fått ein aure på 780g, sjølvsagt
på Fossekanten. På fossekanten stod no eine gigably-karen å fiska på turistlaksane
med eit om mulig enno større bly, Sindre hadde gått opp å stilt seg 5 meter ifrå han
oppe i hola og begynt å gjere seg klar og då hadde han funne ut at han ville flytte på
seg. Inge fikk vite kvar ej hadde fått fisken og at ej hadde vore borti fleire fiskar
der, så han strauk kjapt ned for å prøve. Sindre kom no ned igjen og stod å kikka på
han på fossekanten mens han sette ifrå seg utstyret. Vi preika ei stund før han kom for
å sette seg og først no oppdaga han fisken som hang på knaggen. Og straks han fikk vite
kven som hadde fått den så synes han synd på Inge og lurte på korleis dette skulle
gå. Etter ei stund gav karen på Fossekanten seg og flytta til Fåhølen før han
fortsatte fram igjen, utan å sjå på oss som fortsatt sat i bua. Inge kom etter kvart
opp igjen fiskelaus og gikk direkte på favorittplassen, Fossekanten. Etter nokre minutt
så slo han til og det hang på fisk, ej tok håven og sprang rundt og kom akkurat tidsnok
til å håve fisken for Inge, ein flott aure på 1720g. Sindre var seinare fram på Sanden
og fikk ein lang slåp av ein aure på 60cm og 1480g. Rett før kortet var slutt hadde ej
meg ei runde framover og godt nede på Sanden hogg det i. Fisken, ein flott aure på rundt
2kg rulla heftig rundt ute i blanka før den til slutt greidde slå seg av, og for andre
gong hadde ej mist fleire enn ej hadde fått på land. |
26.07 |
Eidselva Staten 02-14 |
Så var vi igjen åleine på Staten, men til tross for det så var ikkje
trua på topp. Det var litt jevnt regn det meste av natta og morgenen,
men elva var
likevel heilt klar. Alt verka rolig, ikkje ein fisk å sjå hoppe eller kjenne for heile
natta. Vi såg fisk nedanfor brua når det lysna, men desse var ikkje interresert i noko
av det vi baud dei. Vi prøvde fleire gongar framme, foran brua, nedanfor brua, nede i
renna og nedover i Malakoff, men utan resultat. Litt før fjøra greidde Inge å nygge seg
ein liten fisk nede i renna nedanfor brua. Når vi kika nærmare på den, så viste det
seg å vere ein pjakk, og det med ei vekt på ynkelige 730g. Vi var borti slike små
pjakkar for nokre år sidan i Austefjorden og i Ørsta, men hadde
aldri
sett dette her i Eidselva. Etter dette fikk ej ein halvkilos aure samme plassen som
vart satt tilbake, denne var stygt garnskadd og hadde store sår i halerota etter garnet.
Vi gav oss når klokka vel hadde bikka halv elleve og all tru var borte |
28.07 |
Gjengedal Ommedal 21-09 |
Vi hadde planlagt tur til Nausta, og når Atle hadde fått ein hundekompis
som kunne ordne kort til oss, så var vi ikkje seine å be med. Karen som skulle ordne
kort var på vei heim ifrå ferie i Danmark, så han hadde ikkje fått på plass eit
opplegg når vi tok laust. Han fikk heller ikkje tak i karen som hadde dei mest attraktive
korta til oss, så vi stoppa i Ommedalselva for å fiske der. Elva var lita og klar, men
vi hadde tru til natta. Atle og Asbjørn kjørte framover elva, mens Ej, Inge og Ole Jacob
trakka oss opp ifrå osen for å fiske oss ned igjen. Når vi var komne nokre hølar
oppover bestemte ej meg for å prøve, så ej stoppa og drog opp støvlane, mens dei andre
fortsatte, og akkurat då hoppa det ein fisk bakpå hølen, så dermed måtte ej også
litt lenger opp for å kunne fiske på denne. Inge gikk først og fikk ein fisk til å
stige etter fluga og pirke så vidt bortpå, men den ville ikkje ta skikkelig. Vi fiska
oss heilt ned i osen, utan at nokon var i kontakt med meir fisk. Vi fiska her til klokka
var 1 når det var nattefreding til 3, ej sov ein time, men var oppe igjen for å prøve i
osen klokka 3. Ej satte tilbake ein aure på eit halvt kilo, det var alt. Vi såg ein god
del fisk her ifrå det var godt mørkt og fram til det var skikkelig lyst ellers var det
heilt dødt. Det vart lite fangst, men elva frista til nye besøk, men då må det vere
litt meir vatn. |
30.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Morgenen etter fortsatte vi til Naustdal, men etter nokre timar her måtte
vi berre innsjå at det ikkje vart fisking her, for alle dei fiskbare strekka var fulle av
fiskarar. Vi bestemte oss derfor for å kjøre til Eid for å sove og eventuelt fortsette
til Stranda neste morgen. Men på veien snakka vi innover dit, og der var det dårlig
fiskeri, så når G-sport fortsatt var åpen når vi kom til Eid klokka 18.30 så fikk vi
oss kort ifrå natta av. Dermed var det fram på vogna og gjere seg klar og så til sengs
for å hente igjen nokre timar. Når klokka var vel 2 så var vi komne i elva. Her var det
allereie 3 mann til i gang, noko som til sammen gav 8 mann, to for mange, noko som viste
seg å skyldast ein feil på G-sport. Dei 8 var den lengste av danskane, Aasmo og ein
kompis ifrå Hareid, Ole Jacob, Atle, Asbjørn, Inge og ej. Atle miste ein fisk foran hola
på Sanden på natta, eller var det heilt dødt på fluga. Inge fikk ein aure på
fossekanten ei stund etter at det vart lyst akkurat i det ej passerte på vei fram igjen,
så ej fikk æra av å håve auren på 1150g. Ej fikk ein aure på 970g i Vaskeplassen, og
så fikk ej ein liten aure på 400g framme på Sanden. Det vart nok litt for mykje støy
med så mange fiskere på så lita elv, sjølv om ikkje alle var like ivrige i fiskinga. |
31.07 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Vi prøvde å fordele oss utover, men det var fullt dei fleste attraktive
plasser, men vi fikk Atle opp på Hjelle, og her fikk han ein aure på ca.800g.
Svein Tore hadde
komt innover, og hadde fiska her sia klokka var 22, han hadde konsentrert seg om Sanden,
men hadde også fiska fremste hølen. Når vi kom så gikk han fram dit igjen og etter ei
stund så kom han ned igjen med ein lett farga pjakk på 2,2kg, men det var også alt vi
kjente på fluge mens det var mørkt, fisken tok ei stor Sunray Shadow. Inge var den som
starta fangsten på makk, med ein pjakk inne på bakevja på fossekanten. Ej fulgte opp
litt seinare med ein pjakk på 1260g nede foran Storesteinen, mens Asbjørn fikk ein aure
på 620g i innløpet til Vaskeplassen. Inge fortsatte med enno ein pjakk i bakevja på
Fossekanten. Pjakkane hans vog 1660g og 1420g. Totalt 4 pjakkar og ein aure må vere
veldig bra under rådande forhold med lita elv og sol. |
01.08 |
Eidselva Hildenes 02-14 |
Ej håpte at pjakken hadde begynt å stoppe på Hildenes, slik den ofte
gjer når elva går ned, men ej var borti eit par fiskar på makk og det var alt.
Ej såg kun ein
aure på ca 30cm som hoppa. Inge fiska Nornes for første gong, og hadde klokketru, men
det vart ikkje det heilt store. Han drog ein del mindre aurar, men fikk ikkje dei store.
Ein laks på 6,2kg vart tatt ifrå Moen. Fiskane til Inge vog 450g, 770g, 880g og 980g.
Asbjørn fiska Hjelle, mens Atle fiska Bjørlo. Asbjørn fikk ein liten aure på ca.400g,
mens Atle lunnja. Vi gav oss tidlig, Atle og Asbjørn reiste tidleg heim, mens ej og Inge
la oss for å vere klar til Hjelle på kvelden. |
01.08 |
Eidselva Hjelle 16-16 |
Vi reiste ikkje i elva før klokka var 21 på grunn av strålande og varmt
vær. Vi starta i området Skulehushølen, Inge fiska her og nedover, mens ej prøvde
framover. Ej prøvde Svarthølen og Bjørkehølen med fluge utan at ej kjende fisk,
prøvde derfor makken i samme hølane og fikk allereie på eit av første kasta ein pjakk
i Svarthølen, fisken rende rundt i hølen som ein større fisk, men gav seg veldig raskt,
noko som ikkje var rart når vekta viste berre 870g. Inge kom etter kvart oppover igjen,
han hadde hatt eit skikkelig hugg på Pinå på makk, det var alt. Det vart etter kvart
mørkt. Ej prøvde utløpet av Skulehushølen med ei Montana, vi såg ein fisk som var
oppi heilt bakpå, men den ville ikkje ta. Ej fortsatte å fiske mens Inge gikk opp i
bilen for å hente meir klær, og rett etter han hadde gått, så beit det. Fisken var
stri og ej holdt på til Inge kom ned igjen, men då var også fisken klar for landing.
Fisken var ikkje veldig stor, men grunnen til at den var så stri var at den var fast like
bak hodet oppe på ryggen, vekta var 970g. Vi kjørte fram igjen og sov ein time før vi
prøvde Hammarhølen. Vi fiska både denne og Berget med fluge før det vart skikkelig
lyst utan at det gav resultat. Vi prøvde også makk, noko som resulterte i ein aure på
meg på 550g i Hammarhølen. Det kom no ein tysker som fiska over hølane mens vi tok oss
ein kaffi. Ej ville prøve med tynn sene og liten krok bakpå før vi flytta plass, men
tyskeren fikk ein fin aure på makk i Hammarhølen og vart ståande ei stund å fiske der.
Derfor tok ej flugestanga og gikk ned for å fiske innløpet i hølen etter ein av alle
småpjakkane som hadde hoppe der, mens han gjorde seg ferdig. Etter kun få kast drog det
tungt i fluga og ej letta stanga, fast fisk!
Fisken var tung og det vart fort klart at
dette var ein laks. Fisken stod rolig og drog tungt i lina, fisken seig sakte bakover med
godt press. Plutselig snudde fisken og gikk unna, før den snudde tvert og gikk fram på
skrå. Dette gav ei stor bukt nede i vatnet mens fisken rasa framover og gikk til værs og
viste seg å være ein flott fisk. Men akkurat i det fisken landa og bukta var komen
nesten ut av vatnet, så retta stanga seg ut og vi vart ståande å sjå på ein
skyteklump og 10m skyteline forsvinne ned i djupet bak laksen. Skytelina hadde slitna rett
av. Ej ropte til Inge at han måtte kaste uti for å hekte på enden igjen, men før vi
fikk summa oss så var lina vekk for lenge sia. Vi gikk i eit par timar og kika ned i
denne og dei nærliggande hølane, samtidig som vi drog sluken over botnen, men vi såg
aldri meir noko av snøret eller laksen. Når klokka var vel 9 så gav vi opp, og prøvde
å fiske bakpå Hammarhølen med makk, og i løpet av dei neste to timane så drog vi 5
fine fiskar, ej fikk ein flott aure på 1720g og ein sidbuka pjakk på 2020g, denne hadde
stått ei stund i elva og hadde fått litt farge. Inge fikk tre aurar, på 470g, 970g og
1480g, den største av dei var muligens ein brunaure, for denne hadde veldig få prikkar
og var lys brun over det heile, samtidig som den såg ut slik som Honndalsauren gjer. |
04.08 |
Eidselva Moen 02-14 |
Trua var bra etter litt lett regn på kvelden, det hadde
letta opp og temperaturen var flott. Starta med fluga mens det var mørkt, hadde to hogg i
fremste og eit i Moahølen, men ingenting vart fast. Første overfarta med mark gav nokre
hugg, men med like dårlig resultat som på fluga. Prøvde igjen fluga med resultat at ej
skremte ein fisk til værs i Krutchsjov. Tok litt seinare makken og prøvde framme igjen,
her beit det på ein liten aure, som gav ein frisk fight til tross for at den vog berre
900g. Etter dette gikk ej over heile sona igjen, men kun brunkreder, så ej gav opp når
klokka nærma seg 11. Bjørn og Inge var på Bjørlo utan at det var noko å få der. |
06.08 |
Eidselva Bjørlo 02-14 |
Mens Inge var på Moen var ej og Bjørn på
Bjørlo. Ej for ned og fiska natta, mens Bjørn kom i lysninga, vi fiska
framme rundt skulehushølen uten at nokon av oss var i kontakt med fisk.
Etter kvart flytta vi nedover til Pinå og Reitehølen. Her såg vi ein
diger sjøaure, plus fleire andre fisker, men ingen av dei ville bite.
Bjørn gikk etter kvart fram igjen på fremste, mens ej vart igjen i
området ei stund til før ej tok skogen opp igjen. Såg ein flott hjort
inne i skogen. Bjørn hadde ikkje noko meir nytt, og Inge hadde gitt seg
tidlig på Moen for der var det heilt dødt. |
07.08 |
Eidselva Moen 02-14 |
Varmen hadde for alvor slått til, og det
vart fisking i t-skjorte heile natta. Elvetemperaturen hadde gått opp,
men fortsatt var det litt fisk på elva. Såg nokre fiska hoppe på natta,
og var bortpå eit par, men dei tok ikkje skikkelig. Var borti ein del
fisk fleire plassar, men det einaste ej fikk var store brunkreder, ja
faktisk opp imot 8hg. Det var utrulig feit og flott fisk, men alle vart
satt tilbake. Hadde god tru og stod på til varmen vart uutholdlig uten
at fisken ville bite. |
09.08 |
Stryn Nedre Kirkeeide 00-12 |
Varmen gav oss godt håp om at fisket
skulle bli bra når vi no skulle prøve Stryneelva. Elva var stor og fin,
men ikkje så veldig grå. Sia vi hadde tru på auren
så stilte vi klare på natta, men vi var ukjende og fikk derfor lite
utbytte av dei mørke timane. Den første timen gikk greit, men så vart
det verre på grunn av mørket og etter kvart la skoddedisen seg over
dalen, og vi trekte inn i bilen. Vi starta på igjen i lysninga, men
først godt utpå morgenen fikk ej første fisken, ein flott aure på 770g i
Kirkehølen. Litt seinare utpå formiddagen var det Inge sin tur, og han
kroka ein flott aure på 1300g i Oteren. På slutten av økta var vi framme
i Oteren igjen, ej hadde slitt fleire gongar og sist no, ganske langt
framme i Oteren. Mens ej sat å knytte opp og preika med Inge, så kom
Alfred Flåm for å forhøyre seg, han skulle fiske neste kort. Vi vart
ståande å prate lenge, og fikk vite at han blant anna hadde fått ein
sjøaure på 13,2kg før i sesongen, i ei elv noko lenger sør på
vestlandet, men også laks på 17-18kg her i Stryn som han hadde måtte
satt tilbake. Men den eine fisken han hadde lov å ta var også ein flott
fisk på 15,4kg. Som sagt så hadde ej slitt mange gongar og no var det
berre ca. 20m sene igjen, så kvart kast enda med at det stoppa i knuten
på snella. Men sia klokka var 10 minutt på 12 og kortet straks var slutt
så prøvde ej igjen. Ej fiska meg raskt nedover Oteren, men etter 10m så
skjedde det utenkelige. Ej hadde kasta ut, stoppa kastet med 3 tørn
igjen på snella, og tatt in eit par tørn for å vere på den "sikre sida".
Men akkurat då hogg det i, ej slo til og det var fast fisk. Ej la på
sprang nedover mens ej sveiva vilt for å få mest mulig sene inn på
spolen, noko ej lykkast godt med. Ej hadde no reint sidepress på fisken
som sakte kom sigende inn imot land og fram imot meg. Fisken stilte seg
opp rett nedfor meg og viste seg å vere ein fin fisk på 3-4kg. Men i det
ej begynte å bli sikker på at dette kunne gå, så kom kroken i retur og
fisken var fri. Dette var surt, men ein klar inspirasjon for neste natts
fiskeri. |
10.08 |
Stryn Nedre Kirkeeide 00-12 |
På grunn av varmen vart det lite soving,
så vi utsatte nattfisket med begrunning i at forholda nok var like som i
går, men i alle tilfelle så var vi på plass ein times tid før det vart
lyst, uten at det hjalp på fisket.
Men like etter
at det vart lyst fikk Inge ein aure på 1360g i oteren. Mens vi tok
første kaffipausa, kom sola opp og den sammen med den tjukke skodda gav
oss ein flott soloppgang. Etter dette var det ny runde på valdet, med
det resultat at Inge fikk ein pjakk på 2090g i Kirekhølen, mens ej ikkje
kjende liv. No gikk ej framover for å prøve Oteren, fiska heile veien og
prøvde alle lureplassene Alfred fortalte om dagen før, og til slutt var
det berre brekket igjen. Ej synes fleire gongar at det var fisk bortpå,
og makken var borte også, men ej kunne ikkje seie sikkert når dette var.
Men til slutt så var definitivt noko bortpå og ej slo til. Fisken stanga
tungt i djupet, og starta sige sakte framover. Fisken auka farta og
raste resolutt og kraftfullt framover. Laks det var det ingen tvil om på
måten den oppførte seg. Ej følgde fisken framover før den snudde og rasa
unna, og ej måtte halde skikkelig igjen for å hindre den i å komme for
langt bakpå, slik at den kunne komme seg over brekket. Inge var på vei
fram når fisken beit og kunne no bistå med berginga av fisken, ikkje ein
stor laks, men derimot ein flott aure på 1810g. Grunnen til at den gikk
som ein laks var nok at draget i elva var så hardt, samt at snøret låg
i stor bukt over brekket når fisken tok, slik at fisken fikk godt drag
bakifrå. Etter dette var det dødt, og etter å ha pakka sammen så reiste
vi tilbake til Eid og gjorde det samme. Trua var heilt borte med ein
temperatur i Eidselva på 21,8°, og vi hadde ingen tru på at den skulle
gå ned med dei meldingane som var for resten av ferien. Noko som seinare
har visst seg å vere feil, ein frisk vind sendte elva ned på 14° over
natta helga etter, med godt fiske som resultat, så feil kan ein ta. |
20.08 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
Inge var heime og gifta vekk broren,
Ståle, så ej var innafor aleine. Hadde håpt på å få kort framme i elva,
men måtte starte på Alsaker. Elva hadde minka, og var vel det som går
under knøtt-lita, men fortsatt mangla det mykje før ho var på nivået
ifrå i fjor. Det hadde blitt tatt litt fisk, spesielt fin aure på natta.
Det var litt regn i lufta, så trua var bra. Var litt sein nede, men det
var greitt for då hadde halvparten av dei andre gitt seg alt. Ej fiska
heilt framme først, og rett etter at ej hadde starta så opna alle sluser
seg. Etter at det gav seg så fant eg ein fisk bakpå, men til tross for
alle triks så ville den ikkje bite. Litt seinare fikk dei ein på andre
sida, men ej kjente ikkje liv. Når ej litt seinare gikk nedover så var
alle andre også reiste heim. Ej fiska heile kvelden og utover natta, men
ej kjente ikkje liv for heile kvelden. |
21.08 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Var tilbake i elva i grålysninga, men det
var ikkje meir liv no på morgenen enn på kvelden. Fiska framover til
middag, men det var vanskelig med så lite vatn. Det var ikkje drag til
fluga og makk var nesten umulig alle plassar. Det var gråvær og nordlig
bris, og langt ifrå nokon storvarme, ca 10°C på dagen. Var innom Nordnes
å kikka før natta, såg då at det var tatt nokre fiskar på andre sida, så
ej hadde god tru. |
22.08 |
Eidselva Nornes 02-14 |
Starta mens det fortsatt var mørkt, var
bort i eit par fiskar, men dei ville ikkje ha flugene ej baud dei. Og
stort betre var det ikkje med makk, men også her var ej borti fisk.
Været var no skikkelig kaldt, med temperaturer heilt ned imot null. På
Hareid var det visst -1,5°, og når Inge og co gav seg i bryllaupet så
sludda det over Leikongeidet. Var heller ikkje i slag, men ej holdt ut.
Såg nokre fiskar hoppe på slutten, men dei beit ikkje. |
27.08 |
Fetvassd. Sone1 03-10 |
Vi hadde lenge snakka om at vi skulle
prøve denne elvestubben, og no var turen komen. Inge reiste inn etter
jobb, mens ej var på Sula på ungdomscampen til Sula JFF. Han hadde ikkje
kjent liv på kvelden, og ikkje hadde han sett all verden heller. Vi sov
til klokka var ca 5 før vi starta. Det var nokre fiskar å sjå som hoppa,
men mykje av det var svart støfisk. Ej fiska på utosen i vatnet i
lysninga, og det gikk nokre mindre fiskar akkurat då, men kun ein mindre
aure på 25cm ville ta. Elva var veldig lita og klar så vi hadde smått
med tru, men eg var borti ein fisk litt nedanfor storsteinen, kanskje
ein av to pjakkar som for og gikk opp og ned der. Vi gav opp når klokka
var 9, og etter å ha pakka sammen og handla så møtte vi Ole Jacob som
kom inn og skulle fortsette utover dagen. Vi kjørte til Stranda, men her
var elva lita så vi fortsatte til Eid. |
28.08 |
Eidselva Alsaker 14-02 |
I det vi kom over i Honndalen så møtte vi
regnet, som mot normalt stod som ein vegg imot oss. Ej svippa innom
Stryn for å hente korta til siste helga, mens Inge kjørte til Eid for å
ordne oss kort der. Så var siste helga i Eidselva komen, det hadde regna
litt i veka, så elva hadde gått opp 10cm, og ho var enno stigande, så
trua var på topp. Vi for ned på brua for å kikke, og her fant vi Rune og
Endre i full fisking, og forstod med ein gong at her var noko på gang.
Og ganske riktig så hadde dei sett mykje fisk på brua i det siste, i dag
heile 20 laksar, alle mellom 6-12kg. No stod det att rundt 8 fisk, som
dei prøvde dei med fluge å sluk. Fisken slo etter på sluken heile tida,
men den ville ikkje ta, og når klokka var 14 så måtte dei gi seg like
fiskelause. Vi kjørte fram igjen og åt middag før vi for i elva. Ej
fiska fremste del, men kjente ikkje liv, Inge sprang sona til endes med
samme resultat, sjølv om det vart tatt nokre fiskar på andre sida. Det
regna litt jevnt og trutt, så vi hadde lita tru på nattfiske, men prøvde
litt utover utan at det gav noko resultat. Så vi gav oss når klokka var
23. |
29.08 |
Eidselva Alsaker 02-14 |
Morgenen etter var vi på plass i det det
lysna, fortsatt var det regn i lufta, og elva steig sakte opp, men
utover morgenen stoppa ho opp. Ej starta igjen framme på Sanden, mens
Inge prøvde framme. Etter å ha gått over med floge så prøvde ej makk,
mens Inge gikk ned for å prøve i kilen på enden av Sanden, og ikkje
lenge etter kom han opp igjen med ein flott pjakk på 2100g. Ej fiska meg
rundt og ned til enden av Sanden, mens Inge gikk på fossekanten og
nedover. Vi møttes seinare like fiskelause for ein god kopp kaffi og
rådslagning. Dette enda med at vi prøvde framme igjen, noko som
sjølvsagt var ein kjempebommert, og ein innlysande ein også når vi viste
at fisk var på vei. Men vi slutta i alle fall av sesongen med å kikke på
Fossekanten for å finne bakevja full av storlaks, som vi kunne fiska på
nedanfor. Bittert, men ein lærdom til neste gong. Takk for ein fin
Eidasesong! |
03.09 |
Driva Hjelle 18-24 |
No var sesongen dei fleste plasser over, men vi hadde tidlig bestemt oss
for å prøve Driva etter at fisket var stengt
i våre nærområder. Vi var ikkje kjende, men Petter hadde vore på Romfo
eit par turer, så han hadde satt seg ned å ringt rundt i Sunndalen for å
finne ein bra plass. Han fann ein plass, men levna oss lite håp om flott
flugefiske. Sona var på feil hand, det var bratt ned til ein steinete
elvebarde og sona var heilt overgrodd av skog. Derfor hadde til og med
Ole Jakob gått til innkjøp av slukstang. Petter var først på plass, og
det kom begeistra meldingar ifrå han, dette likna ikkje på hans
forestillinger, som vi ser på bildet. Vi kom litt seinare og kunne
konstatere at betre enn dette kunne det umulig bli. Vi pakka raskt ut og
fikk fiskeutstyret klart. Vi visste ikkje kvar vi skulle starte, så
Petter og Terje starta heilt framme, ej og Ole Jakob starta på midten,
mens Inge starta mellom oss. Petter var bortpå ein fisk med det samme,
ellers var det dødt. Mørket kom raskt og etter kvart enda vi alle opp i
nedeste hølen, som var den klart enklaste for nattfiske. Vi hadde sett
fram til nattfiske, og vart derfor skuffa når vinden auka på og ødela
alle muligheter for flugefiske. Dermed vart det Cognac og pils i det
flotte stabburet i staden. |
04.09 |
Driva Hjelle 00-24 |
Like etter at det var lyst var vi gang igjen. Vi starta spredt over
heile sona, eg starta på nedre halvdel. Men første overfart gav ikkje
napp. Etter ein kaffikopp gikk ej fram og starta bak Inge som hadde kome
bak meg. Rett etter at ej hadde starta så tok ein fisk med Inge like
nedanfor hengebrua. Fisken var sprek, men vart greitt håva av Petter
etter 5 minutts kamp. Fisken var ikkje ein aure, som vi hadde kome for,
men ein blank og fin pjakk på 1,2kg. Etter eit par resultatlause timar
til gikk alle bortsett ifrå Inge for å få oss frokost, Inge hadde gått
framover og vart derfor igjen. Etter at vi hadde ete bestemte eg meg for
å prøve fremste delen for første gong. Ej starta heilt framunder stryket
for å fiske meg igjennom hølen, først starta eg med ei Phatakorva, men
etter ei kort stund hoppa ein fisk rett foran lina, denne ville han
tydeligvis ikkje ha. Sola var no på plass, noko som gav eit imponerende
grønt skjær i både vatn og luft, ej knytte derfor på ei av våre
spesialfluger i grønn utførelse. Ein annen kar dukka opp på andre sida
og starta vade ut like ovenpå meg. I det ej var komen ned til der fisken
hoppa, så starta karen på andre sida å dra snøre av snella. Akkurat då
stramma snøret mitt seg og ej letta stanga, fast fisk! Fisken gikk djupt
og stanga, men var eit par gongar opp og rulla seg.
Ej
hadde godt håp om ein storaure, men vart skuffa då den rulla seg rett
foran meg, ein middels pjakk. Men fisken stakk igjen djup ned og stanga
tungt i den harde straumen, den var merkelig sprek for å vere ein liten
pjakk. Fisken rasa ut og over på den andre sida av elva, ej var no på
utkikk etter ein fin landingsplass og fant ei fin strand 15m lenger
nede, men her var nokre store steiner, så ej satsa på å håve på utsida
av desse for å hindre at fisken gikk rundt ein stein og sleit snøret.
Fisken var no spakere og ej kunne konstatere at fisken var betydelig
større enn mitt første anslag. Etter eit par neste-forsøk så kunne ej
håve fisken, ein flott laks på 4,55kg, årets første laks på fluge. Ej
fortsatte å fiske, men etterkvart vart det meir vind, gav meg derfor når
klokka var vel 12.30, sia elva er stengt ifrå kl.13. Når ej kom ned
igjen vart det sjølvsagt stor ståhei, med akevitt og bildetaking. Inge
hadde gitt seg utpå formiddagen, men før det hadde han rukke å få ein
pjakk til, like nedanfor der ej fikk laksen, dette var ein fisk som
hadde stått litt i elva og fått eit lite brunskjær, vekta var 1,0kg.
Begge Inge sine fiskar tok samme spesialfluga, men i blå utførelse.
Utover kvelden spakna vinden, men fisket var labert, vi verken såg eller
kjente fisk for heile kvelden. Men vi skulda på det klare flotte været
og vinden, å håpte på at natta ville bære frukter. Alt virka heilt krem
når det mørkna og trua var på topp. Etter kvart la vi merke til at det
skjedde ting lenger nede i elva, uten at vi greidde å definere det, men
vi antok at det var lys ifrå hus og biler sammen med vind som gjorde at
ting såg ut til bevege seg. men i det eg var komen heilt ned på enden av
hølen så kom fenomenet nærmare og det gikk opp for meg kva det var som
skjedde. Det var månen som glei mellom fjella og kasta lys og skygger
ned i elva. No klatra månen over kanten og plutselig var det lyst som om
dagen, i alle fall neste. Månen er ein aurefisker sin værste fiende, og
når då vinden plutselig ruska i trea rundt oss miste vi all tru. Det kom
sigende nokre skyer, så vi venta ei lita stund til, men vinden berre
friska på og gjorde fiske umulig, sjølv om månen til tider var skjult.
Derfor pakka vi sammen og satsa på morgenen igjen. |
05.09 |
Driva Hjelle 00-13 |
Ej
hadde på klokka til før det var lyst, men no var vinden skikkelig frisk,
det røska godt i Stabburet så ej utsatte det ei stund til. Været var
uforandra både etter første og andre timen, men når klokka var vel 8, så
hadde det roa seg og vi stod opp for å prøve ei stund, det hadde tross
alt vore morgenen som gav fangst dagen før. Været var heilt flott og ej
starta framme der lykken hadde smilt dagen før. Men etter fleire
overfarter, først åleine, så sammen med Petter så flytta vi nedover i
det vinden hadde tatt seg betraktelig opp igjen. Vi prøvde oss på nedre
del der Inge og Terje hadde holdt til uten lykke, Inge hadde hatt etter
ein skikkelig stor fisk på samme sted som han fikk sin første fisk.
Fisken hadde komt sakte opp bak fluga, sjekka ut denne, for så å senke
seg ned igjen uten å ta etter skikkelig. Etter kvart vart vinden så
frisk at fisket var heilt umulig, sjølv med to-hånds og synkeline. Så vi
gav til slutt opp og pakka sammen. No vart vi invitert på kaffi med
sjølfolket, med eplekake og is, og etter ein hyggelig time med dei så
var det omvisning på gården med snikkerboda og alle dei digre
hjortegevira som eit høgdepunkt. No var tida komen for å pakke resten og
ta farvel det hyggelige vertskapet, og forhåpentligvis kjem vi tilbake
neste år. |
11.09 |
Stryn Øvre Kirkeeide 00-12 |
Vi hadde bestemt oss for å avslutte
sesongen på Stryn, med ei flott helg og helst ein del fine sjøaurer. Vi
hadde fått oss kort på Øvre Kirkeeide denne gongen. Då vi var lite
kjende og været var grått med regn i lufta, så bestemte vi oss for ikkje
å starte for tidlig, men heller starte i lysninga. Vi stod opp tidleg og
kom oss innover, så det var fortsatt mørkt når vi starta å gjere oss
klare. Men det lysna i det vi var klare, men skodda låg tjukt heilt ned
til elva. Inge starta fremst på sona, mens ej starta i neste høl. På
veien ned var vi bort i fleire fiskar, men uten at nokon av dei vart
faste. Vi fiska heile morgenen, med både fluge og makk, og vi var borti
eit par fiskar til, men dei ville ikkje henge på. Flåm fiska midtre
sona, uten at vi såg han hadde meir flaks enn oss, men no såg vi ikkje
anna enn Oteren ifrå der vi var. |
11.09 |
Stryn Øvre Kirkeeide 12-24 |
Ettermiddagen gikk også med, og vi hadde
godt håp ettersom været vart betre, med opplett og mindre skodde. Men
dette medførte også at elva minka og klarna, så kvelden vart ein
prøvelse i tålmodighet. Men der er vi eksperter så vi holdt ut. Det var
litt liv like før det mørkna, vi såg både mindre og større fisk hoppe,
men dei nekta å ta, uansett kva vi gjorde. Etter kvart vart det igjen
mørkt, regnet og skodda kom igjen, så vi gav oss ei stund etter at det
mørkna og all aktivitet hadde stoppa opp. |
12.09 |
Stryn Øvre Kirkeeide 00-12 |
Morgenen etter var vi igjen på plass i
lysning, med gårsdagen i friskt minne, håpte vi på at fisken ville ta
betre i dag. Men den forholdsvis høge aktiviteten vi såg morgenen før
glimra stort med sitt fravær. Inge fikk ein aure på eit halv kilo heilt
bakpå brekket på Nykirkehølen, men bortsett ifrå det var det heilt dødt.
Heller såg vi ikkje Flom få noko på midtre. Elva hadde klarna mykje,
og minka raskt, noko som trulig var bakgrunnen for at oppgangen hadde
stoppa opp. Trulig var vi eit par-tre dager for seine, og at fisken gikk
opp når elva var større før i veka. Men ein flott avslutning på ein
innholdsrik, men merkelig sesong. |
25.09 |
Så var tida komen for å pakke
sammen vogna, vermeldingene lova ikkje bra og fredagen var også særs
våt, noko bildet ifrå Kile tydelig viser. Men på Eid var som
vanlig været lettere, så vi fikk satt ut garna fredags kvelden. Vi satte
ei lenke ifrå brygga og rett ut, mens den andre stod parallelt 100m
lenger inne. Laurdag var været mykje betre, men det var også einaste
trøsta, garna var på det nærmaste tomme, kun 7 fiskar, der alle var
under 250g. Men under draging av det innerste såg vi ein stor fisk hoppe
10m ifrå båten, så garna vart satt tilbake på samme plassene. Første
natta tømte vi ikkje fløytene (flaskene) for luft, så garna stod nok
litt høgt og i store buer, men andre natta stod dei nok på botnen. |
26.09 |
I fjor vart Inge Eidamester i
Bacardi og Cola, så han var forsiktig i år, men Ole Jacob slo til og
vart årets klare vinnar, så vi såg lite av han før vi hadde dradd garna.
Dei viste seg og vere litt meir fisk i, rundt 40 fiskar, i hovedsak røye
vart resultatet. Eit par var over 250g, men berre så vidt. Vi burde nok
hatt litt høgare garn, 1,5m vert knapt i eit vatn på 514m. Men så vart
det ikkje så mykje å sprette då. |
10.10 |
Vi satsa på å starte
sjøauresesonegen rekordtidlig, vi hadde aldri kikka så tidlig og var
derfor usikre på om det var fisk å sjå og få når dei fleste burde vere å
gyte. Vi satsa på Ørsta, og tok laust på 13-ferja. Første timene var det
skarp sol, men vi såg fisk på Sætre og midt borte i fjorden. Vi satsa på
rekognosering først, men etter kvart måtte vi prøve litt i Sørheimsvika.
Her var det heilt dødt lenge, men plutselig hoppa ein fin fisk berre 15m
ifrå oss, men bite det ville den ikkje. Vi satsa på sluk då vatnet enno
var varmt og fisken truleg holdt god fart. Etter kvart flytta vi
plass, vi hadde håp om badestranda, men fjøra kom ikkje langt nok ned
til at det var vits å prøve her, så vi kjørte ut på Sætre og fiska
strekket der veien går heilt nede i sjøkanten.
Her hadde vi
etter kvar sin fisk, før vi såg nokre fiskar hoppe. Og ikkje lenge etter
slo det etter med meg, men den vart ikkje fast på første, men på neste
kast tok den. Fisken var berre 22-23cm, men det var ein aure. Like etter
fikk også Inge ein, denne var litt større, men ikkje meir enn 10cm
lenger, så den gikk ut igjen den også.
Etter kvart flytta vi innom nausta på Sætre, her batt eg opp ein dupp
og egna med lyr som Inge hadde fått på sørsida. Så var det kaffi ved
berget, mens Inge gikk ut på vårane for å prøve sluken. Og raskt var det
fisk, først ein makrell, før ein større fisk beit så det smalt. Denne
rasa rundt først sideveis, og etterpå rett imot han. Inge sveiva som
besatt, men fisken berre fortsatte og Inge kunne springe fisken direkte
på land. Dette visste seg å vere ein nydelig sjøaure på 1,2kg, feit og
sølvblank gjelfisk.
Etter dette såg vi nokre fiskar hoppe, og vi var borti eindel fisk,
men truleg var ein god del av det småsei. Vi gav oss rundt 19.15 for då
hadde det kome ein iskald trekk inne ifrå fjella, men været ellers var
like nydelig som heile dagen. |
11.12 |
Etter masse jobbing greidde ej
skvise inn ein liten svipp til Ørsta for å prøve auren. Inge og Ole
Jacob slo seg også med, til tross for dårlige meldinger, var været
ganske bra. Ej og Inge starta på Sætre der veien går heilt nede ved
sjøen, mens Ole Jacob for på shopping. Vi såg nokre fiskar hoppe, og eit
par gongar slo det etter sluken min, men dei vart ikkje faste. Det vart
no heilt stille, så sluk var nok ikkje det rette, men vi hadde ikkje
anna så vi fortsatte, og etterkvart kom vinden tilbake. Vi flytta
deretter lenger inn og no kom OJ også. Vi såg fisk hoppe og gjorde oss
klare, men i det vi starta fisket kom ei regnbyge med masse vind. Så vi
søkte ly bak eit naust til det gav seg, men verken før eller etter byga
fikk vi fisk, ej hadde etter noko blankt, men om det var mort eller aure
veit ej ikkje, den bomma uansett på sluken. Fjøra hadde no komt lavt nok
til at badestranda var aktuell så vi satte kursen dit.
Her parkerte vi bak Meieriet og trakka oss ned til stanga. Ej fikk
raskt på ein fisk, denne var frisk, men skuffelsen var stor når den kom
inn og viste seg vere ein Sei. Noko seinere vart det ein pale til på
meg, mens dei andre to ikkje kjente hogg. Det mørkna fort no, så etter
ei lita stund så gav vi oss. Og det akkurat i tide, for no åpna alle
sluser seg og regnet hølja ned. |
|