|
|
2003
11.02 |
Aldri har vi starta så tidleg på fiskesesongen,
men det nydelege veret og fleire plussgrader lokka oss ut for å prøve sjøauren. Vi
satsa på fjøra på badestranda i Ørsta, men høg fjøre gjorde at vi i staden prøvde
ved nausta på sørsida av badestranda. Her fikk Inge årets første sjøaure, ein liten
blank ein som fikk livet tilbake. Raud kropp og kvit marabou vinge var det som skulle til,
ej prøvde sluk, men ingen ting. |
15.02 |
Petter hadde fått blod på tann, og mens Inge
låg heime sjuk, var vi i Ørsta og fikk 2 sjøaurar kvar, mine to var små, mens Petter
fikk ein på ca 600g i tillegg til ein mindre, alle vart satt ut igjen. Det var veldig
mykje sjøaure å sjå som hoppa, i stor grad mindre fisk, men også ein og annan større
sjøaure, den hoppa heile badestranda til endes. Nydeleg ver! |
23.02 |
Dagen før var Inge og Petter i Ørsta mens
ej var sjuk, men måtte prøve inn igjen sjølv om dei ikkje fikk noko dagen før. Veret
var også i dag aldeles nydeleg, men fisken var veldig stasjonær og veldig lite
bitevillig, truleg fordi vanntemperaturen går ned på grunn av kaldare netter. |
01.03 |
Igjen er det venta stor fjøre å Inge og
Petter har plukka med seg Ole Jakob på veien. Vi starta ute i fjorden, men her var det
veldig dødt, når fjøra kom ned flytta vi til badestranda. Her var det litt meir liv enn
forrige helg, men ikkje noko voldsomt. Petter var bort i ein fisk, mens vi andre måtte
nøye oss med hvirvler etter fisk som snudde før den nådde fluga. Veret var igjen
nydeleg og vi reiste til Sæbø og overnatta. |
02.03 |
Litt mindre pigge stilte vi opp for å prøve på
fjøra om kvelden. Dei andre stilte med fluge, mens ej prøvde dupp og makrell. Petter
fikk fisk allereie på første kastet, rett nok ein liten ein, men det var allereie betre
enn i går. Ei stund seinare fikk Inge ein fisk på ca.700g, denne var i bra hold og vart
årets første som enda i frysaren. Etter kvart som skyminga kom begynte dei å bite på
makrellen min, og før det var mørkt hadde ej fått 3 mindre sjøaurar, alle vart satt ut
igjen. Ein kald trekk gjorde det litt utriveleg i skyminga, men fram til då hadde dagen
vore nydeleg. Den vesle snøen som er i fjellet har minka for kvar helg, så om det skal
verte laksesesong i år så må vi få snø snart. |
08.03 |
Igjen var det helg med høg fjøre som gjorde
at vi måtte satse lenger ute i fjorden. Vi prøvde ved berga i enden av Sørheimsvika,
men her var vinden for frisk så vi gav oss raskt. På vei innover såg Inge og Petter ein
fisk som hoppa i Selbervika, så vi stoppa der for å sjå. Inge og Petter for ned og
fiska, mens ej skifta og tok ein del bilder, det verka heilt dødt, men plutseleg hoppa
ein diger fisk på ca 3kg to gongar. Men til tross for iherdig fisking av alle tre i ein
god time, blant anna på hoppande fisk, så var det ingen ting å kjenne. Truleg var det
oppdrettsfisk blanda med vill fisk som gikk her. Som sagt var det litt vind, men overskya,
elles bra. Inge og Petter prøvde både fluge og sluk, ej brukte fluge. |
16.03 |
Denne helga var det årsmøte i M&R NJFF
så ej var der på laurdag, mens Inge og Petter var i Ørsta. Det enda med at Petter fikk
2 og Inge fikk 6 fiskar, Inge tok med to av dei, mens resten vart satt tilbake. Søndag
var vi tidleg ferdig i Ålesund på årsmøtet, så ej var komen i Ørsta klokka
1415. Då hadde Petter og Inge allereie fiska ein god time ute på nordsida av fjorden, og
dei var klar på badestranda idet ej kom. På grunn av hard motvind brukte vi makrell og
dupp. Petter fikk straks ein liten og ej var ikkje langt etter med ein liten. Etter kvart
drog vi fisk med jevne mellomrom, og når kvelden var omme så hadde Inge tatt 3 fiskar
på 1740g, 1725g, 600g, pluss at han hadde satt tilbake 2. Petter var argast og hadde til
slutt 5 fiskar på 1725g, 1425g, 1125g, 940g, 900g, i tillegg til å ha satt tilbake 3. Ej
nøydde meg med å ta ein feit og flott fisk på 700g, mens ej satta tilbake 4 fiskar, 3
små og ein rundt kiloet. På bildet ser vi min fisk nærmast Inge, deretter dei 3 som
Inge fikk og Petter har sine 5 nærmast seg sjølv. Eit par av Petter sine fiskar var litt
skrinne, men eller var fisken i bra hold. |
18.03 |
Tirsdag var det fullmåne og fjøre i
skyminga, så då var karane på plass på badestranda i Ørsta igjen, denne gongen sammen
med ca 10 andre fiskarar som hadde hørt rykta og møtt opp. Inge og Petter hadde allereie
fiska ein god time før eg dukka opp, og mens eg gjorde meg klar så fikk Inge ein fisk.
Ej gikk ned egna på med makrell og kasta ut, etter eit halvt minutt sat det på fisk.
Denne vart berga etter ein frisk kamp, noko som skyldtes at den var kroka midt mellom
spjørene. Etter dette var det dødt, det var litt hopping i skyminga ellers roleg. Fisken
min var 1000g, men Inge gav vekk sin før han fikk ei eksakt vekt, men vekta var nok ca
den samme, då hans var litt lenger, men skrinnare. |
26.03 |
Før flugebittinga var ej og Inge i Aspevika.
Inge kom ein time før meg og landa midt oppi det, det enda med at han fikk ein, hadde
etter 9-10 fiskar, mens minst 40 fiskar følgde etter sluken hans. Når ej kom hadde
vinden friska på mykje og alt var heilt dødt. |
30.03 |
Ej og Inge var i Ørsta, tidleg på dag var
markane kvite, men utover dagen tina det meste og veret vart etter kvart bra. Vi rekna med
at fisken var slakk i kulda så vi satsa på Selbervika der vi tdlegare hadde sett nokre
oppdrettarar. Men det var heilt dødt. Etter fleire timar såg vi ein fisk hoppe så vi
flytta dit den var oppe. Etter ei stund hoppa det fisk der vi tidlegare hadde stått, så
vi gikk tilbake dit. Ikkje lenge etter beit det med Inge, landinga gikk rask til tross for
lang fisk. Det viste seg å vere ein stor aure på 2 slunkne kilo, det var ikkje lenge sia
den hadde forlatt elva, så sommarvekta låg heilt sikkert på over 3kg. Seinare var det
dødt. |
04.04 |
Petter og Inge var i går i Ørsta, mens eg var
på Dimnarevy, og fikk 7 flotte fiskar med eit snitt på 1kg. I tillegg sleit dei på 3 og
sette ut igjen ein. Så med god tru reiste Inge, Ole Jakob og Petter inn i Ørsta på
17.55 ferja. Dei fiska med sluk og fluge til ej kom innover på 20.20 ferja, utan at dei
hadde fått noko. Dei hadde vore borti nokre fiskar og sett mykje. Når ej kom låg
snøbygene i kø ute i fjorden med frisk vind. Dei andre var kalde og søkte ly, mens ej
tok med slukstang egna med dupp og makrell. Allereie på eit av første kasta beit ein
liten fisk som vart satt ut igjen. Ikkje lenge etter var eg bortpå ein fisk til.
Motvinden var no så kraftig at eg fikk duppen berre nokre få meter ut, det var også så
skymt at duppen var umulig å sjå. Etter kvart vart veret skikkeleg grisete, men
plutseleg nappa det, ej slo til og ein fin fisk hoppa intenst mellom brota, landinga gikk
greitt og vekta viste 770g. Ikkje lenge etterpå gav eg meg då det var veldig surt. |
05.04 |
Det vart ikkje fisking på morgonen, så var
vi i Ålesund på messe for å prøve nye stenger. Dette var spennende så vi var seine
innover igjen, men klokka 20.00 var vi i gang igjen. Først var det dødt, men etter ei
stund fikk Petter ein feit og fin aure på ca.500 gram. Etter dette var det dødt igjen,
ej fraus i den kalde nordavinden med snøbyger og skulle til å gå på land å varme meg
då noko var bort i makrellen. Derfor vart ej ståande litt til, men kulda vart etter
kvart påtrengende, då forsvant duppen. Ej slo til og straks raste det av snella, snella
hylte og fisken gjorde sjølaust. Fisken raste avgårde så snella hylte. Etter kvart kom
ej meg på land og fisken kom etter kvart nærmare. Ved siden av meg var ei djup renne og
etter kvart fikk eg den inn her, det verka som den spakna, men idet den kom sigande fram
på grunna vakna den til liv igjen og raste 20 meter ut igjen. Sakte, men sikkert kom den
inn igjen, men denne gangen på andre sida av meg, her var det meir langgrunt med
tarekvaster så ej var smått skjeptisk. Etter kvart fikk ej rygga den nærmare og Petter
vart kommandert ut for å berge. Fisken var no slakk og gav etter kvart opp og til slutt
kunne Petter plukke den opp og bere den på land. Etter 10 minutts kamp med nerver i
høgspenn på grunn av tynn sene(0,25) og liten krok (#8) var det lykkelige karer som
kunne beundre fisken som seinare visste seg å vege 3020 gram. Ei stund seinar fikk Inge
ein fisk på samme størrelse som den Petter fikk, litt lenger, men ikkje like feit.
Petter fikk også 2 torskar, den eine av dei tok både krok, bly og duppen og vart landa
med duppen på tvers i kjeften. No var det etter kvart godt skymt, Petter og Inge prøvde
litt til mens ej gav meg, dei kjente ingen ting. |
06.04 |
Starta på badestranda i Ørsta i 09-tida, ein
del fisk som var oppe, men langt ute. Vi hadde vanskeleg med å nå ut, og derfor vart det
ikkje meir enn kvar sin, alle små. Min var ca 300g, Inge sin ca 300g og Petter sin ca
150g. Seinare prøvde vi i Sørheimsvika, her var det ein del fisk, men den hadde stor
fart og var derfor vanskeleg å lure. Inge greidde i lure på ein liten ein på ca 400g.
Veret var klart med sol, stille og kaldt 2-3 grader. Alle fiskane vart satt ut igjen. |
11.04 |
Ole Jakob tok laust tidleg og var komen til
Smøla i tretida. Når vi kom i fiskinga i sjutida hadde han fått 2 fiskar, ein på
kiloet og ein på 0,4kg, begge vart satt ut igjen. Etterpå fikk han ein til på ca.0.8kg
som vart med heim. Ej var borti 2 fiskar på fluge, men dei hang ikkje, Atle var også
borti 2 på sluk. Petter brukte makrell og fikk fleire, han hadde med 5 fiskar heim på
1.3kg, 1.0kg, 0.9kg, 0.7kg og 0.6kg. Veret var flott, men med ein kraftig austleg trekk,
på det sterkaste kuling. |
12.04 |
Var i Anskotet, Petter fikk tidleg ein på
0.6kg på makrell utanpå smalaste strekket, på neset på bildet, som forresten er tatt i
2002. Etter eit par, tre resultatlause timar snubla Ole Jakob, nede til venstre på bildet
og fylde vadebuksa med sjø, så vi pakka sammen og gav oss. Atle vart igjen og var like
etterpå bort i 5-6 fiskar innafor smalaste sundet, utan at dei hang på heilt inn. På
kvelden var vi i Fuglevågen, Ej fikk ein på 0.7kg, mens Petter fikk ein på 0.5kg begge
på makrell. Både Petter, Ole Jakob og ej var bort i fleire fiskar, vi satte også ut
igjen nokre mindre fiskar. Nok ein dag med godt ver, litt stillare |
13.04 |
Ej og Petter var i Hopen og prøvde i sjøen,
etter lang tid med frysing fikk til slutt Petter ein i framkant på ca 0.9kg. Etter ei
stund til såg eg ein fisk som var oppi, ej hivde bort og like etter tok ein fisk, men
denne var liten og vart satt ut igjen. Ej kasta ut igjen og like etter satt den igjen ein
fin fisk på 1.2kg. Deretter kom Petter å hivde ut og straks sat den hos han også, ein
fin fisk til på 0.9kg. Så ringde Inge mens duppen låg og duva, vi snakka og plutseleg
røska det i stanga, Ej slo til og den sat, telefonen vart lagt på ei berghylle mens
fisken vart kjørt, dette var ein nydeleg blank feit fisk på 1.45kg. Etter dette var det
Petter sin tur igjen, og dette vart dagens største på 1.53kg. No dukka heile gjengen opp
og fisken tok pause. Inge kom også direkte ifrå bryllaup i Kristiansund, han hadde vore
edru under bryllaupet, la seg tidleg å var på tur allereie i 8-tida, det var faktisk
berre så vidt han ikkje reiste i går etter middagen. Han var sjølvsagt ivrig, men den
siste fisken vi fikk her tok ei stund seinare, dette var ein fin ein på 1.25kg tatt i
samme området av meg. Etter middagen gjekk eg og Petter på Lisjevatnet i
Hopenvassdraget. Petter gjekk heilt fram i enden, her var stillare enn på midten der eg
var, han var borti nokre fiska, men berga berre ein på 0.7kg. Etter eit par tre timar
møttes vi i nedre enden, her fikk Petter ein fisk til på 0,7kg, mens ej fikk ein på
0.8kg. Det stod mykje fisk i vatnet, men dei var konsentrert om endane, midt på var det
dødt. Inge og Atle var på nederste Fulgvågsvatnet, dei var også bort i ein del fisk,
men det vart ingen fangst.
I skyminga kjørte vi i Roksvågen her var det ingen ting å sjå, så vi berre
fortsatte. Vi fiska i straumen til Vedvågvika, her såg eg eit flott vak på brekket i
hølen, men det var ingen ting å kjenne. Petter for som ein mink innover fjøra og
prøvde i straumen som danna seg inne på vågen, men det vart kun mort. No var det ganske
mørkt, men vi kjørte om Fuglevågen for å sjå kor det gikk med Inge og Atle. Det
visste seg at dei hadde tatt kveld, det var eg også innstilt på, men Petter ville prøve
ein time i mørkna, så eg sette han av i Fuglevågen og plukka han opp ein time seinare
kl.23. Det vart ingen fangst på han, Inge fikk ein nydeleg flott fisk på 1.54kg på
fluge, Arild ein på 0.8kg på makrell. |
14.04 |
Denne morgenen er Petter usikker kvar vi vil
prøve, etter lange diskusjoner ender vi i Fuglevågen, Petter prøver på sørsida, mens
ej, Atle og Inge stasjonerer på neset. Veret er nydeleg så det vert lite fisking og mest
soling. Etter kvart som floa trekker seg tilbake dukkar blåskjella opp og vi nyttar høve
til å koke oss ei panne med skjell. Til høgre ser vi Inge i ferd med å plukke
blåskjell i elveosen. Fisket kan best beskrivast med ordet Dødt, alt for flott ver til
å fiske på dagtid så seint. Etter ein rolig ettermiddag med flugekasteopplæring for
Petter og Atle var det brensnut til middag. Etter dette hadde det gått for lenge utan at
Inge og Petter hadde hatt krok i vatnet, panikken tok dei og dei hadde ikkje tid til å
koke seg kaffi før dei drog på dør. Lisjevatnet var målet, men fisket stod ikkje i
forhold til forventningane, det vart ingen fangst. Ej, Atle, Arild og sonen for i
Fuglevågen, no var det heilt havblikk så vi sat oppe på høgda og hadde indianerfiske
der vi prøvde å sjå fisk kartlegg bevegelse for så å stille oss opp å fiske på den.
Tanken var nok bra, men fisken gikk stort sett midt etter vågen, men plutseleg var det
oppe fisk utfor neset og vi samla oss her, men den einaste som fikk fisk var Erling
Andreas som tok ein fin 1/2 kilos på dupp. Det var nokre fiskar som rota rundt i området
ei stund, men dei lot seg ikkje lure. Prisen som dagens mest stressa gikk til Arild, på
grunn av panikken han skapte rundt fangsten, berginga og det å egne på igjen for sonen.
Men dei var ikkje langt bak i kåringa Inge og Petter heller, som ringde fortvila ifrå
Lisjevatnet og lurte på om ikkje vi kunne komme med kaffi til dei. |
15.04 |
Så var det på tide å ta farvel med denne
paddeflate øya lengst ute i Norskehavet for denne gong. Som vi ser på bildet så
hadde 20 vindmøller kome opp i løpet av det året det hadde gått sidan sist vi var her,
og no var tida inne for å overlate stimane med sjøaure til dei fastboande for enno eit
år. Sjølvsagt gjaldt dette ikkje Inge og Petter som ikkje greidde å rive seg lause, men
som måtte ha seg eit par dagar til. Dette vart to dagar med intensivt fiske i steikande
sol og lite vind, med veldig labert utbytte i forhold til innsatsen som vart nedlagt, Inge
var den einaste som fikk fisk og fangsten vart Bollvatnet 1, Fuglevågen 2, Anskotet 1,
alle brune og ca 0,7kg, i tillegg til ein blank på Hopen på 1kg. Dagen etter dei reiste
fikk Odd 20 fiskar i området utanfor Storstraumen. |
18.04 |
Ej prøvde eit par timar i Nordfjorden ved
Naustdal utanfor verftet, men det var veldig kraftig motvind, så kun duppfiske var mulig.
ej fikk ein liten ein på makrell. Nydeleg ver, 20°C, men sterk kuling og 1/2 meter
bølger. |
20.04 |
Ej, Inge og Petter var i Naustdal å prøvde
utanpå verftet, det var fine forhold og vi såg ein del mindre fisk, men dei var for
langt ifrå land. Den kom nærmare land når det skymast, men då kom ein båt for å
laste tømmer og denne laga eit infernalsk bråk. Så vi gav oss her då det vart heilt
dødt. På vei opp igjen stoppa vi for å prøvde inne imot sentrum då vi såg mange
plogar gå langs vegen, men det verka være berre mort for det fikk vi masse av. |
16.05 |
Inge reiste innover i 3-tida og stoppa i Ørsta
for å sjå etter sjøauren. Han såg nokre få og bestemte seg for å prøve. Når ej kom
innover i 1/2-6-tida så hadde han fiska ifrå stanga til røret utan å kjenne noko på
fluga. Mens vi stod der var det oppe nokre fiskar heilt innunder land så vi bestemte oss
for å prøve sluken ei stund. Hoppinga tok seg no opp og dei neste par timane var det
konstant fisk i lufta, og ikkje småfisk, men stor sett fisk mellom 1 og 3kg. Ej var bort
i ein og hadde på ein eit lite øyeblikk, elles ville dei ikkje røre sluken. Etter kvart
kom floa og vi måtte rekke butikken, så vi gav opp. |
18.05 |
På vei heim igjen stoppa vi i Ørsta igjen
for å sjå om sjøauren var like ivrig i dag. Det var den ikkje, men han var der og viste
seg ved å vake i staden for å hoppe. Inge var bort i mange fiskar og etter ei stund var
det fast fisk, men dette var ein Horngjel på ca.40cm, i kjent stil kroka i ryggen. Inge
fortsatte å vere bort i fisk og etter ei stund var det fast fisk igjen, no var det rette
sorten og etter ein kort kamp kunne han håve ein flott sjøaure på 1,2kg. Inge fortsatt
også vidare å vere i kontakt med fisk utan at det vart fleire fiskar på han. Ej fikk
til slutt fisk, men det var berre ein mort. Etter ei lita pause bytta vi plass og no var
det eg som var bort i fisk, men berre 2 stk og ingen av kan seiast å ha vore faste. Ikkje
lenge etter var floa så høg at vi gav oss. Det var ein god time til neste ferje så vi
stoppa på Sætre og kikka, men innunder land såg vi ingen ting anna enn smolt og
småfisk, så vi fann det ikkje verdt å prøve her. Utpå såg vi fleire fiskar som var
oppe, kanskje var ein del av det laks, dei første er nok på plass på gytegrunnene
allereie, Ørstaelva åpna tidlegare tross alt 1.mai, og alltid med ny fisk på elva. |
01.06 |
00-24 Nor Eidselva |
Årets lakseåpning falt på ein søndag, det er meldt om bra
fiske ifrå dei elvane som åpna 15.mai så trua var på topp. På grunn av veldig stor
etterspørsel vart vi for seine til å bestille kort nede i elva, og vart derfor nødt til
å klare oss med kort på Nor. Petter var på Averøya, mens ej og Inge var først på
slektstemne før vi rende oss innover. Vi prøvde berre ein time rett etter start til det
vart for mørkt, og eit par timar etter at lyset kom igjen, til klokka 05, det var veldig
dødt så det vart aldri til at vi prøvde oss på ettermiddagen. Inge fikk ein liten
brunaure på vel 30cm og var borti eit par til, men altså ingen ting som gjorde det verdt
å fortsette i timesvis. Vi såg ingen som var oppi nede på demninga. Veret var nydeleg
med over 20°C, sol og stille. Om natta var elva 6°C, på søndag ettermiddag hadde den
kome opp i 8°C. Fiske var labert på natta, men tok seg opp utover etter kvart som
temperaturen steig, og når kvelden var omme var det tatt 9 laksar, dei fleste mellom 9 og
11kg, pluss eit par oppdrettsregnbogeaurar. Dette er ei standard åpning, hverken god
eller spesielt dårleg, kanskje heller positiv med tanke på at elva var lav for årstida.
Det gode veret gjorde også at den var veldig klar, noko som også gjer det vanskeleg då
du må vere veldig forsiktig for å lure laksen. |
06.06 |
00-12 Stokkenes Eidselva |
Sia åpninga traff dårleg med fridagar, så vart det til at
vi tok fri på fredag for å prøve å dempe lakselysta. Ej starta på Stokkenes, mens
Petter var på Moen og Inge var på Bjørlo. Trua var på topp etter rapport ifrå Henrik
om ein flott laks på 10kg tatt i Frisørane tidlegare på dagen, men natta foregikk roleg
og utan at noko var borti fisk, men utpå morgonen såg Inge ein fisk som stod heilt inne
på grunna ved Sanden. Etter to kast var det fast fisk, men ikkje i fisken, men i eit bly
som nokon hadde slitt ifrå seg på fisken. Inge prøvde å vere forsiktig og kjørte
fisken roleg på strekket i ein halv time, då var laksen lei og bestemte seg for å teste
fiskaren. Den snudde på hælen og sette unna, det gikk som det måtte gå, plastblyet
rivna, laksen var fri og Inge sat att med berre lakseskjelven. Nestemann ut var meg,
etter å ha fiska Svingen på natta og Åbrekk fleire gongar på morgonen gikk turen
oppover igjen til Mastehølen. Her prøvde eg først nedi djupaste hola utan at der var
noko å kjenne. Etter dette gikk ej over til å fiske på bortsida og etter berre nokre
få kast var det noko som plukka, først som ein liten aure og ej holdt igjen tilslaget,
men ein augeblink seinare tok den skikkeleg og ej slo til det eg var kar om. Fisken trekte
først unna, men bremsa var stramma for storlaks så dette slo den ifrå seg og tok ei
runde bakpå og kom fram og stilte seg like under meg. Ej holdt på å ta av håv,
makkepøs, hatt og fiskevest for å gjere meg klar for å klatre i muren for å berge
fisken då stanga rette seg opp og fisken var borte vekk.
Så var det Inge som igjen var i fisk, dette også på Sanden. Denne såg han ikkje,
men han fikk til gjengjeld kjenne den, for den snudde tvert rett etter tilslaget og raste
gjennom heile hølen, for å hindre den i å gå utfor brekket slakka Inge fullt opp ved
hjelp av Syncro-snella og fisken snudde. Den kom fram igjen og Inge kunne legge press på
igjen, men det einaste dette førte til var at fisken igjen satte unna. Inge prøvde igjen
å slakke opp, men fisken stoppa ikkje denne gongen, den fortsatte derimot ufortrødent
vidare imot brekke og no var gode råd dyre. Full stramming på bremsa samt to tommelar
på spolen vart oppskrifta, og merkeleg nok greidde han å stoppe fisken i siste lita, men
berre for ein augneblink, laksen slo med sporden og seig over kanten. Her hadde ikkje Inge
sjanse til å følge etter aleine så det var berre å holde igjen, og det gikk som det
måtte gå, 0.48-sena ifrå Snekkenes sitt rike sortement måtte gi tapt for overmakta. Og
laksen vant igjen.
Ej prøvde
ein gong til i Åbrekkhølen, litt i frisørane og ved Moses, før ej gav Mastehølen ein
siste sjanse, men det var dødt over alt så ej pakka sammen og satsa på litt søvn i
staden. Men mitt siste forsøk i Frisørane hadde truleg jaga opp ein fisk som stod i det
mørkast djupet, for mens ej holdt på å pakke sammen så kom mine medfiskarar ifrå
Bergen med ein flott laks på 10,0kg tatt i Svingen ikkje lenge etter at ej fiska
Frisørane siste gongen. Fiskarane vart med opp på vogna for å få frosset laksen før
heimreisa, så hadde vi i alle fall ein flott fisk å vise fram om det ikkje var nokon av
oss som hadde fått den. Petter kjente ingenting for heile kortet, Inge var heller ikkje
borti noko meir og ej hadde alt gitt meg. Derfor vart det soling i nydeleg ver med 20+ og
strålande solskinn i staden. Storleiken på min fisk veit ej ikkje, Inge meinte begge
hans var fram under 15kg, kanskje var det samme fisken? |
06.06 |
12-24 Stokkenes Eidselva |
På kvelden var ej ned igjen for å prøve nokre timar, men
det var ingen ting å kjenne. Ej fiska berre fremre del då det var folk på nedre heile
tida. Fisket vart delt i to av ei kraftig regnbyge, midt under denne kom Kåre med kamera
og filma, og like etter kom Alfred Flåm. Han kunne fortelle at han tidlegare i veka hadde
mist ein stor laks like over holmen på grunn av tre og greiner som hang utover elva.
Fisken hadde han hatt inne til klepping 3 gongar, men på grunn av trea så mangla han
siste centimeterane for å nå den. Han anslo vekta til mellom 15 og 17kg, og han veit kva
han snakkar om! |
07.06 |
02-14 Moen Eidselva |
Ej såg ikkje fram til to nattkort aleine på Moen viss det
fortsatte å vere like dødt som Petter framstilte det. I det ej holdt på å gjere meg
klar kom Jofred Eimhjellen for å fiske han også, så hadde eg i alle fall hjelp om det
mot formodning skulle skje noko. Ej var først klar og gikk i Moahølen først. Etter
berre nokre få kast med fluga var noko bortpå og nappa i. Eit par kast seinare gikk
stanga i nesten full bue...for så å rette seg opp igjen, dette verka lovande. Fiska over
resten av hølen utan å kjenne noko meir, og bytte derfor til makk. Og straks hang det
ein Honndalsaure på 27-28cm på kroken, denne vart satt tilbake og fisket fortsatte.
Heilt bakpå slo det til som om det var ein skikkeleg storlaks som hogg, men etter 5
sekund med usikkerhet vart det klart att dette var enno ein Honndalsaure, litt større enn
den forrige, men skrinn så den fikk livet igjen. Etter ein kaffi kom Eimhjellen ifrå
fremst hølen, men der var det heilt dødt, så mens han fiska Moahølen så gikk ej
nedover, for å skremme framover fisk spøka vi om. Her var det heilt slik ej såg det,
men når ej kom fram igjen var Eimhjellen på hugget, for han hadde vore bortpå ein fisk
og fått den til å hoppe, ein blank og flott laks på mellom 5 og 7 kg. Men for å gjere
ei lang historie kort så fikk ej rensa kroken ein gong av eit eller anna, så fikk ej ein
Honndøl til i fremste og det var det, Eimhjellen inkludert. Inge var på Staten utan å
kjenne noko, han såg vel 20 storlaksar på Osbrua tidleg om morgonen, nokre av desse gikk
for Hans Eimhjellen, sonen til Jofred miste ein på sluk foran Malakoff. Det vart også
mist ein fisk til på sluk litt seinare. Petter var på Stokkenes, men også her var det
heilt dødt. |
08.06 |
02-14 Moen Eidselva |
Mine timar på Moen kan ej veldig raskt oppsummere: Gjesp!
Ikkje eit hogg, ikkje liv av noko slag, trur ikkje det gikk 20 makk på dei 6-7 timane ej
holdt ut. Men derimot skjedde det virkeleg lenger nede i elva, der Inge, Petter og Ole
Jakob fiska på Stokkenes. Det starta med Petter som i halv 5-tida fikk hogg i Myrahølen,
han måtte sette hardt imot hardt for å hindre laksen i å gå nedover og greidde til
slutt å snu den, men no ville den framover og Petter slapp den framover for å trøytte
den, men til slutt var den komen heilt fram og Petter måtte til å sette hardt imot hardt
for å hindre fisken å gå inn imot brygga og røttene som ligg uti hølen i framkant.
Så viss du kan forestille deg ein liten tynn skrott på kne i vatnet, med begge tommelene
på ambassadeuren for å stoppe fisken så har du Petter i denne fasa av kampen. Etter
denne kampen stilna fisken av og ikkje lenge etter kunne han dra laksen fram på ei tue og
gripe tak i gjellane på fisken og dra den opp på sikker grunn. No hadde Petter krampe i
begge låra og såg mørkt på å bere fisken ein kilometer fram til dei andre, men
lykkeleg med ny pers på 11,3kg ,0,1kg betre enn sin forrige rekord som faktisk var
forrige storlaks Petter fikk, på samme sone 7 år tidlegare.
No fikk
Inge blod på tann og satte avgarde for å gjere Petter opp igjen, og ikkje lenge etter
hadde også han på fisk, denne gongen i Åbrekkhølen. Han hadde sjekka ifrå treet etter
første overfarta, men då var her tomt så han gikk i Myrahølen, og då han kom opp
igjen såg han fisken då han stoppa ved spiontreet, og som sagt så tok den på eit av
dei første kasta. Fisken var lydig og snill, vart i kjent stil kjørt knallhardt, og låg
etter ein kort kamp stranda ved grua. No vart det mykje kaffi og lite fisking og etter
kvart fikk dei lokka meg ned for å ta bilde og vege fiskane. Mens ej fiska over fremste
og kjørte nedover hadde Petter opplæring av ein gut på12-13år om korleis han skulle
fiske og korleis han skulle rigge utstyret. Og det enda som det måtte gå, på fjerde
kastet hogg det i, fisken gjorde eit hopp og begynte å sige nedover. Petter gav meir
instrukser og fikk stramma bremsa, men denne vart nok dradd åt litt vel for når fisken
hoppa i Frisørane så sleit den av hovedsena, men gutten fikk sitt livs opplevelse og
berre dagar seinare tok han sin første pjakk på samme plass.
Når ej
kom ned med ny kaffi, vekt og fotografiapperat så vart det slått fast at også Inge
hadde blitt skikkeleg laksefiskar med sin første storlaks, 7,2kg, ny pers med 0,7kg.
Etter kvart kom Ole Jakob opp igjen ifrå Åbrekkhølen med beskjed om at her var kome ny
fisk, og dermed strauk Inge og Petter unna elva for å prøve å få fleire. Ej reiste
fram igjen og var akkurat komen inn i bua når Inge ringer heilt i øskjelokk, den var
ikkje eit gram under 17kg, i alle fall 15kg, då var han beskjeden meinte han. Fisken
ville nedover eit par gongar, men Inge hadde ingen planar om å slippe den dit og etter
14-15 minutt kunne Petter løfte fisken inn på sikker grunn mens fiskaren jubla uhemma.
Petter var nestemann å prøve, og jaggu slo det på igjen, samme størrelse som den Inge
nettopp hadde fått, men denne for etter ei lita stund. Vekta vart tatt hos Henrik
over frokostkaffi i hagen til 13,5kg noko som dei ikkje hadde tru på, men det vart nok
bekrefta av vekta mi når dei kom fram igjen på vogna. Her vart det sjølvsagt stor
oppstandelse med masse fotografering og mange gratulasjonar. Ole Jakob vart igjen å
prøvde ei stund til |
09.06 |
02-14 Bjørlo Eidselva |
Ej og Inge hadde god tru på at fisken som i går var på
Stokkenes no var komen på Bjørlo, men om den var så var den i alle fall ikkje særlig
villig til å bite. Vi såg ein fisk i 9-tida på Sanden, men denne vart skremt av oss og
stakk før vi fikk fiska på den. Vi såg også ein laks på Fossekanten i 12-tida, men
då var Petter igang med middagen så vi tromma ikkje så lenge på denne før vi gav oss.
Petter og Ole Jakob var på Stokkenes, Petter hadde etter den fisken han hadde på i går,
men den vart ikkje skikkeleg fast, Ole Jakob hadde på ein kilos aure ei lita stund,
ellers var det dødt også her. Truleg på grunn av veret som no hadde dreia på nord. |
14.06 |
02-14 Bjørlo Eidselva |
Inge reiste innover rett etter jobb, og hadde prøvd heile
kvelden på Stokkenes utan at det hadde gitt resultat. Vinden hadde dreia på nord og
temperaturen er på vei ned, men det positive er at det regnar innimellom. Ej og Inge
prøvde heile natta og morgonen i nedre del av sona uten at vi såg anna enn ein mindre
fisk som Inge var så vidt borti. Petter var på Moen, mens Bjørn av på Stokkenes, også
her var dødt. Det vart tatt to fiskar lenger framme på Bjørlo av samme mann, den
største viste seg å vere årets største fisk hittill på 15,7kg. Fisken vart tatt i
Nyledet og fiskaren måtte legge på svøm for å følge fisken nedover, dette holdt på
å gå riktig galt. Så oppfordringa må verte at utleigar og grunneigarlag må ta seg i
nakken og få rydda så folk slepp sette livet til før det vert rydda. |
15.06 |
00-12 Stokkenes Eidselva |
Meninga var å prøve ei av dei mindre elva som alle åpna i
dag, men det kalde været og minkande elvar gjorde at trua var laber og derfor vart det
kort på Stokkenes i staden, sammen med Bjørn. Været hadde klarna opp så det vart ei
natt med temperaturar ned imot frysepunktet. Ej starta 00 med å fiske i Mastehølen, var
borti ein fisk, men den virka veldig finspist så å lure makken innfor leppa var umulig
før mørkret kom sigande. Prøvde deretter fluga i Svingen før ej gikk nedover til
Åbrekkhølen. Her møtte ej Alfred Flåm og svigersonen, dei hadde heller ikkje fått
noko sjølv om dei hadde vore der sia klokka 14. Ej gikk over ein gong med fluge, var
borti fisk framme i kilen, men det var truleg berre småfisk. Like etter kom skodda
drivande nedover elva og hadde trua vore dårleg før så vart den ikkje betre no. Flåm
pakka sammen og tok kveld mens ej gikk fram igjen for å drikke kaffi. Etterpå prøvde ej
Svingen med makk før ej pakka sammen og gikk fram i Mastehølen igjen for å prøve. No
kom Bjørn og gikk direkte i Åbrekkhølen. Ej kjente ingen ting i Mastehølen og gikk via
bilen etter Bjørn til Åbrekkhølen. Når ej kom dit ned var Bjørn vekk og ej gikk raskt
over hølen uten å kjenne noko. No kom Bjørn opp igjen ifrå Myrahølen og kunne melde
om ein stor laks som hoppa samt nokre småaurar oppunder land. Vi gikk eit par gangar over
hølen utan resultat, men Bjørn var borti eit kvart eit par gongar. Ej prøvde lettare
vegn framme i kilen etter aurar, Flåm hadde sett aure her på 2-3kg tidlegare på
kvelden, men for min del enda det med ein aure på 0,51kg, 38,5cm lang, grillmat. Etter
dette gikk ej i Myrahølen, her var det no heilt dødt med unntak for småaurane. Når ej
kom fram igjen hadde Bjørn greidd å knekke stanga, og sjølv om ej tilbaud han å låne
ifrå mitt rikholdige utvalg så takka han nei og pakka sammen og tok kveld. Etter dette
fiska ej nokre gongar til over hølen og strekket før ej gikk framover, prøvde Svingen,
Frisørane og Moses før ej avslutta i Mastehølen, utan at noko tok etter. Inge var på
Moen, her var det dødt, Petter og Ole Jakob var i Austefjorden, her var det over 20 mann
som til sammen tok opp ein liten laks på vel 3kg pluss nokre aurar nede ved berget.
Rapportane ifrå Pappa i Bondalselva og Frantz i Ørstaelva gikk i samme leia, kun eit par
fiskar og nokre få aurar. Kilselva var stor og fin, det var nokre laksar i osen, men
veldig lite vart tatt også her. |
19.06 |
18-24 Ose Ørstaelva |
Det var flott regnver og elvane var stigande, bestemte meg
derfor for ein kveldstur til Ørsta. Etter desinfisering av utstyret var ej klar for
ilddåp av min nye Loop Greyline #6. Og det åpna lovande med ei Heggeli #6 i enden, etter
berre nokre få korte kast oppå brekket hogg det skikkeleg i, men dessverre vart det
ikkje hengande. Var også såvidt bortpå ein fisk lenger bakpå. Flytta deretter ned i
det lange rennet og seinare ned i neste, prøvde no ei T&L #6, hadde berre eit lite
nøkk i denne og bytta derfor til eit Blue Charm #8 når ej etterpå gikk fram til røret
og fiska strekket der. Her var det også resultatløst, ingen ting å kjenne. Knytte
derfor på igjen den ej hadde flest hogg på, Heggeli #6 og gikk ned å fiska oppe på
brekket igjen, men denne gongen var det heilt dødt. Mens ej fiska over her vart det tatt
ein fisk nede i andre hølen og i det ej avslutta bakpå brekket så hogg det på med
samme mann igjen. Ej hadde egentleg gitt meg for å rekke nest siste ferja, men stoppa opp
for å sjå fisken verte landa. I det fisket vart dradd på land hoppa ein pjakk til i
hølen og ej bestemte meg for å gå raskt over i håp om å berge turen. Ej hadde akkurat
starta då det var fast fisk heilt bakpå hølen over, ein fin aure på knappe kiloet. Ej
kjende ingen ting og sula opp og stressa av garde for å rekke nest siste ferja, men slik
skulle det ikkje gå, for etter 3km stoppa Audi'n og Viking måtte påkallast. Heldigvis var Mamma og
Pappa på Sæbø, så dei kom og henta meg så ej fikk ei seng å sove i. Klokka vart halv
2 før det vart soving så når klokka ringde 0545 så var ej noko slakk. Fikk låne bilen
deira på jobb og fikk ordna leigebil til helga slik at ej ikkje gikk glipp av korta som
var betilte på Eid. Historien vart avslutta med middag på Sæbø og at dei kjørte meg
ut i Ørsta for å hente ein knall oransje VW Caddy. |
20.06 |
12-24 Stokkenes Eidselva |
Petter skulle ha frihelg hadde han funne ut, mens ej og Inge
fikk kort berre halve helga på grunn av stor pågang, rykta om stor fisk i starten har
tydeleg gått, og dermed har masse folk booka kort. Men trur nok dei fleste reiser skuffa
heim. Når det gjeld fisket så var Inge komen i elva klokka 1730, mens ej var klar klokka
1800. Inge starta med å fiske Svingen og vidare ned i Frisørane med makk, men gikk opp
igjen i Svingen då det hoppa ein fin fisk bakpå hølen. Han og Tore såg fisken og
fikk derfor fiske direkte på den og like etter stoppa snøret, Inge letta stanga for å
få det til å gli vidare noko som resluterte i to mothogg i andre enden, men ikkje noko
meir. Ej stoppa i Mastehølen når ej kom ned, gjengen på andre sida satt og åt og drakk
med høg stemning så hølen hadde fått kvile ei lita stund. Allereie på andre kastet
hogg det i og ej slo til, fast fisk, men berre eit par sekund. Likevel var det nok til at
det vart lagt merke til på andre sida og stemninga sank eit lite hakk. Neste kastet var
det fast fisk igjen, ein liten aure på ca.7hg, som vart greitt berga, karane på andre
sida som hadde vore oppe og følgt med satte seg ned igjen og åt vidare, enno eit hakk
stillare. Fisken var hengt opp i eit tre, som her er plenty av, og ny makk vart satt på.
No følgde dei med på andre sida og då ej slo til på ny fisk vart det heilt stille på
andre sida, fisken raste unna, men fikk ikkje ein millimeter sene og det enda derfor med
å følgje radiusen på sena, noko som enda i eit hopp. Fisken som var ein aure på samme
størrelse som den ej fikk, slo seg av i hoppet, men 3 fiskar på på 4 kast synes ej var
ei svær åpning av kortet. Fiska ei stund til, men kjende berre så vidt litt pirking av
og til. Fisken seig etter kvart bakover og viste seg ved å hoppe, det var meir aure i
samme kaliber, men den var ikkje mulig å lure. Etter kvart møttes vi i Svingen for
kaffi. Tore gikk ned i Åbrekkhølen og kika i spiontreet, han kom opp igjen og kunne
melde om 4 fiskar utfor treet. Derfor pakka vi sammen og tok med greiene vår dit ned.
Det stod no att to fiskar, og ej starta fisket på dei. Starta litt foran, og i det ej kom
ned til dei så kunne Tore melde om at den eine følgde etter heilt inn på grunna, men ej
kjendte ikkje noko. Ej rigga ei stang med tynnare vegn for å prøve i kilen etter fleire
småaurar til middag, og mens ej prøvde der framme gikk Inge over sjølve hølen. Og ikkje lenge etter
hang det fisk, eg slapp stanga og sprang nedover for å hjelpe til. Inge var alt klar for
landing og ej rakk akkurat ned for å taile den, vekt viste 4,3kg, meteren viste 74cm ein
flott fisk, landa på eit halvt minutt i kjent Inge-stil, "full tightar ingen
slakke". Inge var opp i treet og kikka og no stod det igjen berre ein fisk. Ej gikk
fram igjen og fiska vidare nedover, ein pjakk var oppe like nedfor prydbuska og etter
nokre kast tok den. Den hang på så lenge ej fikk letta på den, så kom kroken. Ej gikk
utover kvelden fleire runder nede i sjølve hølen, og var bort i fisk to gongar, men uten
at det gav resultat. Vi prøvde i Myrahølen, men her stod folk på sona nedfor å hammra,
samtidig som ein flugefiskar gikk på andre sida, så her vart det ikkje fisk. Gikk fram
igjen i Åbrekk, her var fisken no vekk og ingen ting nappa. Prøvde i Kilen etter meir
middag, fikk ein 5hg aure så vi hadde nok til alle. Vi avslutta med å fiske Svingen,
Frisørane og Mastehølen, men uten resultat. |
21.06 |
02-14 Bjørlo Eidselva |
Ej drøya fisket til 0500, var då ned på sanden og kikka,
men såg ikkje noko, fiska også over her i dei områda det var vanskeleg å sjå, fikk
ein liten aure bakpå, men den vart slept fri grunna minstemålet. Snakka her med Relling
ifrå Tropebua Zoo, som hadde gått her heile natta utan å sjå eller kjenne liv. Ej for
fram i fremste delen og fiska Svarthølen og Skulehushølen utan å kjenne liv. Etter ei
stund kom Relling og prøvde Svarthølen før han kom ned til meg i Skulehushølen, her
vod han seg bort og prøvde innløpet og etter ei lita stund hang det ein laks. Etter ein
fight på knappe 10 minutt kunne ej håve ein flott fisk på ca 4,5kg for han, og
lykkelegare fiskar skal du leite lenge etter. Fisken tok ei lita Rifling Hitch tube fiska
med enhånds stang. Ej fiska over begge hølane igjen, før han gikk for å få kjerringa
på hundeshow, etter det fiska ej strekket nedover og avslutta i Granhølen. Ej gikk dalen
opp igjen til bilen. Inge fiska på Stokkenes og greidde nygge seg ein flott aure på ca
1,4kg, av den korte og lubne typen. Fisken tok i Åbrekkhølen og var landa på 15 sekund,
i kjent stil.
Inge fortsatte å fiske på Alsaker etter nokre timar søvn, men her var det heilt
dødt. Det vart landa ein pjakk før han kom nedover, samt at det vart observert ein pjakk
til seinare. Petter og Ole Jakob prøvde i Åheimselva ifrå klokka 18 og utover morgonen,
Ole Jakob fikk ein laks på 2,9kg i Krikhølen klokka 3 på morgenen. |
24.06 |
18-24 Ose Ørstaelva |
Skulle plukke opp bilen igjen, hadde med Pappa innover og
svinga han over til Sæbø. Inge hadde vore på sykehuset i Ålesund og slo lag innover.
Han reiste på ferja før meg og kunne melde om ein stor stim med fisk foran brua, mellom
50 og 100 fiskar, allereie før ej var komen inn. Vi stoppa i Ørsta og fikk oss middag
då pappa også skulle rett i elva. Etter å ha droppa av han var det full fart over
fjellet igjen og fram på Ose, Inge hadde allereie tatt eit overblikk samt snakka med dei
som avslutta fisket klokka 18, og kunne melde om at det ikkje stod igjen fisk. Vi gikk
derfor nedover til butikken for å prøve fluga der mens det fortsatt var litt drag. Her
hoppa det ein del fisk både foran og bak, men den ville ikkje ta fluga. Etter kvart kom
floa og vi trekt framover, her var det stort sett rolig, men av og til var det fisk oppe
og spratt, mest pjakk, utan at den viste den minste interesse for flugene våre. Var
bortpå ein mindre aure heilt bakpå på brekket på første overfaringa, ellers dødt.
Klokka 9 ringde pappa som hadde gitt seg, han hadde fått seg ein pjakk i Helgehølen 1
på Rise, Bondalselva. Vi gikk og trava uten at det tok veldig av, før det begynte å
skymast og floa trekte seg tilbake, då kom fisken sigande fram, og ifrå 2230 til 2310
når vi måtte gi oss for å rekke siste ferja var sona full av fisk som hoppa og blinkte
i alle hølar. Eg stod å halvsov framme på brekket då ein guttunge banna stygt i hølen
nedfor fordi han satte fast for 15. gang, eg kvakk til og trur ej nykka litt i stanga,
akkurat samtidig vart det ei skikkeleg gryte der fluga mi låg. Fisken tok fluga og ej
stramma opp, men ej fikk ikkje skikkeleg kontakt før fluga kom, truleg tok den berre i
den litt lange etterslengen. I det ej trog inn snøret igjen for å legge ut igjen neste
kast hoppa fisken ifrå meg og bort i elva igjen, ein flott pjakk på 1,5-2kg. Kort tid
etter måtte vi som sagt avslutte. |
28.06 |
02-14 Moen Eidseva |
Det var med litt forventning ej troppa opp på Moen etter
rapporter om 30kg's fisk observert på Bjørlo, sjølv om ej tok vektanslaget med ei stor
klype salt, så var det i alle fall stor fisk på gong. Men nok ein gong måtte ej sjå i
augene at fru Fortuna hadde svikta meg, ej stod på til klokka var 1400, utan å kunne sei
at ej var bort i anna enn mindre aurar. Inge og Petter var på Stokkenes, og sjølvsagt
var det mannen med det gode auge til fru Fortuna som igjen var frampå. Både Inge og Petter
var bortpå fleire fiskar på natta og morgenen, men i hovedsak var det mindre aurar, men
Inge fikk ein på 1,1kg til slutt i Åbrekkhølen, mens Petter var framme på sona. Litt
seinare var Petter i Myrahølen å fiska då det kom sigande nokre aurar, han fiska på
dei og fikk eit par mindre, men der var større fisk også som hoppa. Så når han ikkje
kjente noko av dei der, så gikk han fram til tredjesteinen på strekket for å ta dei
der. Men det viste seg at der hadde dei gått forbi, for idet Petter gikk ut der så hoppa
det ein fisk i Åbrekkhølen der Inge stod. Han gikk ut og gjorde berre nokre få kast
før den hang, fisken var sprek, men etter nokre minutt var den klar og vart landa ved
siden av prydbuska på neset. Fisken viste seg å vere ein flott aure på 3,6kg. Det gikk
nokre laksar litt seinare, men desse ville ikkje ha makken deira, dei trudde også ar det
hadde gått laks på natta. Veret var som vi ser på bildet nydeleg, elva har no gått
mykje ned og er heilt klystallklar, temperaturen på elva var 10°C på natta. |
29.06 |
02-14 Alsaker Eidselva |
Ej og Ole Jakob var på Alsaker, mens Inge og Petter var på
Moen. Inge og Petter hadde god tru etter at Eimhjellen var oppom å fortalte om kamp med
laks i Krutsjshov på fredagskvelden. Kampen enda med at fisken gikk rundt ein stein, idet
snøret slitna etter ei stund fikk han igjen ei vase med sene rundt kroksettet på ein
Devon, mens sjølve slukkroppen var borte, forklar det den som kan. Men det skulle vise
seg at det var fritt for fisk og dei gav seg tidleg. Ole Jakob gav seg også tidleg, mens
ej hang med heilt ut. Ole Jakob såg ein fisk hoppe i Fåhølen, mens ej såg nokre fiskar
på fossekanten. Ej såg også eit par fiskar stå i svingen foran Fåhølen, men ej fikk
to kast på dei før dei gikk. Ej fikk 4-5 småaurar på 500g, nokre på Sanden og ein på
fossekanten det var alt. Ikkje heilt dødt, men fisken verka veldig sky og vanskeleg.
Bortsett ifrå Ole Jakob som gikk med fluga, så var der 2 mann ifrå 0300 til 0630 som
kun fiska nedfor fossen, ellers var ej åleine. Så når ej då ikkje greidde å få fisk
så var det ekstremt vanskeleg, dette til tross for nokre tyngre skyer med lummer vind og
nokre få regndråpar framme i dalen. Inge og Petter prøvde på Ose i Ørsta på vei
heim, her gav skyene skybrudd og stigande elv, men til tross for at fisken gikk ivrig på
elva så tok den ikkje. |
04.07 |
20-23 Nederste Austefjorden |
Ej og Bjørn stoppa i Austefjorden, det virka dødt så vi
bestemte oss for å prøve ved berget, men mens vi stod på bana og gjorde oss klar var
det fleire fiskar oppe og hoppa, samt at fleire blenkte borti hølen ved bana. Ej gikk
derfor bort dit med fluge, mens Bjørn gikk ned til berget. Ej var ikkje bort i noko, men
så hoppa det ein fisk på over 2kg bakpå hølen, ej la fluga rett foran der han landa og
bang, men den stramma berre opp og så var den vekk. Bjørn fikk to mindre aurar, men vart
forstyrra av mykje folk på berget. Etter at han kom fram igjen såg vi mykje fisk som
ploga rundt i hølen, men den ville ikkje ta. |
05.07 |
00-12 Stokkenes Eidselva |
Inge og Petter hadde fiska kvelden, klokka 21 reiste dei fram
igjen på vogna i forbannelse, fordi sona stod stappfull med fisk, men var umulig å få
til å ta. Etter middag reiste dei ned igjen, men resultatet vart det samme, ingen fisk.
Utover natta fortsatte det på samme måten, vi såg stim på stim gå forbi, men ikkje
tale om å lure dei til å ta. Det hadde kome rapportar om oppgang på 2-300 fisk
pr.døgn, men dette kortet åleine gikk det heilt sikkert 300 fisk, utan at vi fikk noko
som var noko å skrive heim om. Det var denne natta fiskekonkurranse, og ein av
deltakarane hadde målt elva til 16°C, noko som var ein god del over det ej trudde. Under
fiskekonkurransen vart det landa berre ein haug mindre aurar. |
06.07 |
00-12 Stokkenes Eidselva |
På grunn av varmen i
vatnet vart det denne natta til at vi konsentrerte oss mykje meir om dei straumsterke
områda. Dette gav raskt resultat då ej tidleg miste ein flott aure på Ledet på fluge.
Inge og Petter konsentrerte seg om området mellom Åbrekk og Myrahølen, mens ej var
framme, Petter fikk eit par mindre aurar, mens Inge lunnja for første gong i år. Ole
Jakob fiska Moen, men gav seg tidleg då der var heilt dødt. Han kom nedom meg idet ej
var i ferd med å avslutte, men før ej gikk opp igjen skulle ej ta litt bilder til
heimesida. Mens ej holdt på såg ej nokre fiskar kome fram, ej avslutta raskt
filmseksjonen og fant fram stanga. Sidan ej såg fisk både i Frisørane og foran Moses
så beslutta ej at Svingen vart for nær og at Ledet var passe. I det ej hadde fiska ei
lita stund bak steinane i hølen, såg ej ein fisk vere oppi nede i renna bort under trea
på andre sida. Ej fortsatte å fiske bak steinane og ikkje lenge etter tok fisken, dette
var ein grei fisk på marken og ikkje lenge etter kunne ej drage min første fisk på over
1kg, ein fin aure på 1,1kg, fram på grusen. Etter dette vart det rolig, Petter hadde
mista ein stor aure på strekket, ellers dødt. |
12.07 |
02-14 Alsaker Eidselva |
Inge hadde starta tidlegare med eit kort på Alsaker, det enda med dei to
mindre aurane på bildet, ein på 850g og ein på 1030g, begge i Fåhølen, framme i
innløpet på makk. I det ej og Petter starta hadde alt roet seg og Inge hadde ikkje sett
fisk på fleire timar. Petter prøvde nedre, mens ej gikk framover, ei stund etter at det
lysna møttes ej og Inge i buda for kaffi. Då hadde han vore på fossekanten og kjent
fisk, men kun på første kastet. Etter kaffien gikk ej ned, og på både andre og tredje
kastet var ej bort i fisk, men så vart det dødt. Etterpå var Petter innom fossekanten
og prøvde utan å kjenne noko før Inge igjen gikk ned, ganske raskt var det fast fisk og
Inge kunne bekrefte at det var stor fisk. Ej sprang ned med håven, men fisken ville
framover så idet den vel var framkomen i Fåhølen følgde vi etter den opp. Fisken var
veldig seig og Inge kjempa lenge, vi hadde den ca 10 ganger halvveis inn i håven, men
fisken nekta plent, sjølv med buken i været nekta den. Til slutt la den blankesida til
og Inge kunne dra den fram på land slik at ej kunne ta den rundt sporden og bere den på
land. Etter dette vart det stille igjen, det gikk fisk, spesielt aure, men den var
usedvanlig vanskeleg å kome på talefot med, men Petter nogg seg ein bakpå Bruce på
810g. |
13.07 |
02-14 Alsaker Eidselva |
Igjen starta natta utan at nokon kjente fisk i det heile
tatt, men det var tatt ein pjakk på 2,5kg og ein aure på 3,5kg tidlegare på natta.
Etter mykje frustrasjon møttes vi i buda for kaffi, Petter kunne melde om mykje fisk på
vei, og han og Inge hadde fått kvar sin, Petter i Bruce og Inge i Veihølen. Ej bestemte
meg for å prøve mark framme og gikk fram på fremst for å prøve, ej synes ej såg eit
par fisk stå i landbakken bortunder rota, men ej kjende ingen ting så ej gav meg. På
vei ned igjen la ej merke til ein grå flekk heilt bakpå brekket, på max ein halv meter
djup, derfor slo ej ifrå meg tanken på fisk, for om det var fisk så var den diger og
den står ikkje så grunt. Men i det ej kom ned på sida så såg ej straks at jaudå
dette var fisk, og ingen liten fisk heller som sagt. Ej lista meg fram igjen og fiska på
den, men for å gjere ei lang historie kort igjen, så styrte den fint unna kvar gong og
var heilt uinteressert. Til slutt var den komen fram utfor der ej stod og derfor gikk ej
rundt og fram om igjen. No oppdaga ej to store laksar til som sakte seig framover utan at
ej rakk tak i å fiske på dei. Ej fiska meg nedover igjen utan å kjenne noko eller å
sjå noko, avslutta derfor, men igjen oppdaga ej fisken bakpå brekket, prøvde nokre få
kast til før ej gav opp. Utover morgenen kom det enorme mengder med fisk og heile sona
stod full, spesielt med aure, men fisken var umulig, det vart tatt eit par aurar blant
anna ein av meg på Sanden, men i frohold til fiskemengda var det dødt. På slutten
bestemte Inge og Petter seg for å skape litt røre i fisken og gikk runda med sluk, Inge
var fram og kikka etter laksane på fremste og han talte 7stk i den hølen. Vidare nedover
såg dei ein diger fisk under trea foran brua ned på øya på Bjørlo, mens dei
bombarderte denne med store slukar kroka Inge ein annan fisk i ryggen. Fisken rasa
framover og hoppa 3 gongar før den sette unna, etter litt kjøring fikk han den innunder
land og Petter kunne konstatere at det var ein oppdrettar, men karane hadde ikkje klepp
så fisken rasa ut igjen og greidde å kome seg laus. Dei fant han igjen og prøvde å
kroken den for å få den ut av elva, men den stod slik til at det ikkje let seg gjere. |
14.07 |
14-02 Bjørlo Eidselva |
Sjølv om vi hadde vore nedanfor Måløyhytta og kikka og
sett masse fisk, så hadde ej bestemt meg for å satse på fremste delen, og gikk straks
over Svarthølen, Skulehushølen og strekket med fluga utan å kjenne noko. Det var oppe
nokre fiskar borti Skulehushølen, så ej tok derfor marken og prøvde, men her var det
ikkje mulig å kjenne noko til tross for rein krok kvar gong. Gikk derfor ned mellom
steinane i utløpet for å prøve, etter kvart var ej komen ned under steinen midt uti og
idet sena gikk rundt denne steinen banna ej, men det vart ikkje til at ej sveiva inn, men
lot det gå mens ej stod å tenkte på heilt andre ting. BANG sa det, stanga føyk ut av
handa mi og fleire meter bort i elva, stanga landa og snøret raste av snella før stanga
igjen gjorde eit byks to meter til. Mens ej hoppa etter såg ej for meg eit bilde nede på
strekket med fisken dansande nedover med stanga i vilden sky etter. Men slakken hadde
fått fisken til å bremse på litt og ej greidde å få tak i handtaket, fikk opp stanga
mens snøret igjen rasa ut, men til tross for at fisken måtte ha kome langt i veg så
gikk snøret mitt rett ut rundt steinen. FAEN! Ej starta å vasse utover for å få laus
snøret, men til tross for at ej fylte vadestøvlane greidde ej ikkje å løyse det. Var
no komen ut til djuprenna og tok derfor ikkje sjansen på vidare vading, prøvde meg
derfor nedover for å kome nærmare steinen, men idet ej var komen nesten ned så vart det
slakke i andre enden, ej stramma opp og fikk to tunge dunk i svar og så slakna det igjen.
Ej sveiva, men forstod snart kva som hadde skjedd, og ganske riktig kom snøret igjen,
slitt litt foran kroken. Gikk litt til med marken, men det vart raskt mørkt og marken
vart bytta med fluga igjen. Det vart tatt ein aure på vel 2kg i Svarthølen ifrå andre
sida, men ellers var det dødt. Heilt på slutten var det oppe nokre fiskar igjen borte i
skulehushølen og ei på andre sida var bort i ein av dei. Bestemte meg derfor for å
prøve her heilt til slutt, i det klokka var 2 beit det, men den stramma berre opp før
den slapp. Petter var på Hildenes utan nokon suksess, han var bortpå eit par fiskar,
ellers rolig. Klokka var halv ni før vi starta noko som var seint nok. |
15.07 |
14-02 Alsaker Eidselva |
Vi hadde bestemt å starte tidlegare i dag, men mange
pratesjuke på campingen hindra oss ifrå det, og vi vart faktisk ein halv time seinare
nedover. Når i tillegg nokre ungar ødela første timen med fisking, så vart det ikkje
så mykje tid igjen. Fiska Fåhølen, siste strekket på Sanden og Fossekanten mens ungene
holdt på, så det var ingen stor overrasking at fisken ikkje beit. Ole Jakob dukka opp
når ej var på vei ned på fossekanten, og etter å ha fiska der gikk vi ned i bua ved
fossen. Etter eit par kaffikoppar synes ej vi måtte ta ein liten innsats til før tida
var ute, tok derfor flugestanga og fiska strekket ifrå fossen og nedover, men det var
dødt til ej kom ned til storsteinen. Her sysnes ej at ej hørte ein fisk hoppe, og idet
vi kom nedom steinen var det oppe ein fisk bakpå, ej starta og gjere meg klar idet der
var oppe ein fisk til. Ej fikk summa meg og kasta ut snøret. Første kastet vart for
kort, men andre vart bra, og ikkje lenge etter tok ein fisk. Ej begynte å ta inn slakke
på snella og fikk nesten kontakt med fisken på snella før den slapp. Ej drog inn
snøret og der var noko bortpå igjen, men kva det var og ikkje det veit ej ikkje for det
slepte like fort. Etter dette fiska ej Vaskeplassen utan å kjenne noko. Petter fortsatte
med kort på Moen, mens ej gikk til køys. Om morgonen stod ej opp og henta han i elva,
han hadde då fått 4 aurar, 2 på 0,8kg og 2 på eit 1/2kg. |
16.07 |
16-23 Sone 1 Strandaelva |
Enno ein ulideleg varm dag med temperaturer langt opp på
30-talet, og vi hadde bestemt oss for å prøve på Stranda. Atle Storvik hadde ordna kort
og vi kjørte tidsnok for å rekke å hente dei. Vi var Ole Jakob og Petter i tillegg til
meg sjølv, mens Atle hadde med Asbjørn Løvøy. Vi fordelte oss på begge sider, ej
fiska ilag med Atle og Asbjørn på sone 1, mens Petter og Ole Jakob fiska Ous. Ej
konsentrerte meg om flomålet då dei andre var lenger framme, her var det ein god del
aure som var oppe, men det var umulig å få fiske på den, flytta eg meg to meter så
seig dei to meter, og til slutt var vi komne heilt ned på enden. gikk derfor fram i bua
for å kompensere for vesketapet i varmen. Atle hadde dukka opp før og no kom også
Asbjørn, dei fiska også over, spesielt rett utfor bua der det stod nokre fiskar, men det
vart ikkje fisk på dei heller. Etter at dei gikk framover så stilte ej meg opp og fiska
framme i hølen, her hoppa etter kvart mykje fisk, både laks, pjakk og aure, men uansett
kva ej baud dei så takka dei nei. Heller ikkje Ole Jakob som fiska på sørsida kjende
noko. |
17.07 |
02-09 Sone 8 Strandaelva |
Etter grilling og eit par øl kom det ei regnbyge så vi sov ein time før
kortet starta, no fiska ej på sone 8 sammen med Petter, mens Ole Jakob, Atle og Asbjørn
fiska sone 3. Ej starta under brua og fiska meg nedover heilt ned i grensa utan å verken
sjå eller merke noko. I det ej sat nede ved nederste hølen kom Atle og Ole Jakob oppover
på andre sida, og Ole Jakob bar på fisk, ein pjakk på 1,55kg. Det visste seg at han
hadde fått den i denne hølen med det samme han starta, og i tillegg hadde han slitt på
ein fisk til lenger nede, knuten røyk, fisken var samme size som den han hadde fått. Dei
såg også fisk bakpå brekket så ej stilte meg opp for å prøve, det samme gjorde Atle,
men til tross for iherdige forsøk så tok den ikkje. Ole Jakob hadde gått fram i neste
høl og ej fylgde etter, han hadde oppdaga ein fisk uti her også, og mens ej stod her så
oppdaga ej ein til. Seinare oppdaga eg i alle fall 2 fiskar til, så fisk mangla det ikkje
på, men den ville ikkje ta. Etter ei stund kom Petter også, han hadde sove bort det
meste, men han hadde vore litt framover utan å sjå eller kjenne noko. Ej fortsatte
framover og fiska Dregehølen, men det var dødt. I det ej var ferdig ropte Atle oppe
ifrå bilane at det var kaffi, så når då Petter også kom opp igjen så slutta vi av.
Ole Jakob var bort på brua og kikka ned i Dregebruhølen og her stod 3 fiskar, men vi
orka ikkje rigge oss til igjen for å prøve på dei. Bildet viser Ole Jakob når han kom
med fisken for frysing. |
18.07 |
02-14 Bjørlo Eidselva |
Inge starta ferien ein dag på forskudd, og ville direkte i elva, sidan
Petter hadde reist heim igjen, så fikk ej meg også eit kort. Ej starta med å fiske
innløpet til Skulehushølen, mens Inge fiska strekket nedover ifrå samme høl. Ej kjende
ingen ting, mens Inge var bort i eit par fiska. Derfor prøvde ej strekket mens Inge gikk
fram i Svarthølen. Ej var bort i fisk tre gongar, to var berre små dunk, mens det
første var slik at ej fikk stramma opp snøret før den for. I det ej kom fram igjen fikk
Inge ein aure i utløpet av Skulehushølen. Vi bytta fluger og redskap å prøvde litt
forskjellig, blant anna prøvde ej makken i Svarthølen, og her fikk ej ein fisk identisk
til den Inge fikk. Min var 600g mens Inge sin var 610g. No prøvde Inge strekket igjen og
nesten med det samme gikk ein stor fisk etter fluga, den laga skikkeleg grøvl, men i det
Inge fikk stramma opp så slapp den. Etter dette roa ting seg, men det gikk litt fisk
innimellom, men stor sett berre mindre aurar. Vi fikk nokre av dei, men alle vart satt
tilbake. |
19.07 |
14-02 Alsaker Eidselva |
Ej hadde fått magesjau etter ein tvilsom middag så ej
drøya det til etter at Tour de France var vel i mål før ej tok laust. Inge som fiska
Bjørlo igjen hadde fiska eit par timar alt utan å kjenne noko. Ej starta med å tømme
kaboffa før ej gikk på Fossekanten utan at her var noko å kjenne, men ej møtte ein kar
som hadde mist ein fisk på kiloet under fossen. Ej gikk ned i bua i Bruce for å
kosentrere meg om nedre del som ej hadde mest tru på. Ej sette meg ned for å få ned
igjen temperaturen, mens ej sat her såg ej ein fisk rett utfor bua, så ej røyste meg
for å prøve. I det ej gikk etter stanga kom Stig Brautaset nedanifrå, han hadde fått
set 2 pjakkar i Veihølen, ein blank og ein brun, begge langt bakpå. Han såg også
fisken og ej gikk ned for å prøve på den, men ej kjende ingen ting. Fiska meg nedover,
nesten heilt ned i grensa utan å kjenne noko. Gikk deretter fram igjen og fiska over
brekket på Bruce, vaskeplassen og sjølve Bruce igjen utan å kjenne hogg. No følte ej
meg ikkje i slag, vinden hadde auka veldig på, så ej pakka sammen og reiste fram igjen.
Inge hadde hatt på 2 fiskar, ein i 1 minutt og ein i 2 minutt utan at han fikk dei på
land. Han såg ikkje fisk gå. |
21.07 |
02-14 Moen Eidselva |
Etter å ha vore heime og feira Mathias sin 1-årsdag var det
rett i elva, kvelden hadde gitt torever og ein del regn så trua var bra. Inge hadde vore
på Alsaker på kvelden og fått seg ein oppdrettar på 57cm og 1,3kg, rykt etter midten,
i tillegg hadde han fått bløyta i regnet. På Moen var vi bort i nokre mindre aura og vi
såg ein pjakk og nokre aurar hoppe, ellers var det dødt. Ej var bort i noko stort heilt
bake på brekket to gongar, men den lurte meg. Vi såg ein stor aure stå her litt før,
så kanskje var det denne. |
27.07 |
18-24 Sone 1, 2, 3 Strynelva |
Det har vore ei slakk tid på fiskefronten, veret har vore
litt mindre varmt, men til tross for litt regn kvar kveld har det ikkje hjelpt på
fiskeriet. På Sæbø fikk Pappa 2 pjakk og 2 aurar den 23, Inge fiska kveld 23. og natt
24. på Stokkenes, natta sammen med Bjørn, utan at dei kjende liv eller såg noko. Mens
dei var nedanfor kom Teo igjen med ein pjakk på 1,5kg som han hadde fått på
badestranda. 26. kjørte ej Inge til Stryn der han skulle fiske sammen med Karsten
Slettestøl, kortet starta ved midnatt, men Inge ville ikkje innover før godt etter
middag. Då hadde Karsten fått 3 fiskar, og like etter fikk han ein til, to fine aurar og
ein smålaks og ein pjakk. Inge fikk ikkje anna enn småaure. På søndag ringde Inge og
sa at Karsten ville gi seg, så om ej ville hente Inge så skulle ej få fiske ut kortet,
så klokka 18 var ej innkomen. Fiska tre timar ifrå land utan å kjenne liv, sjølv om vi
såg fisk passere, derfor tok vi båten og rodde med fluge i staden. Nesten med det samme
tok ein aure fluga mi, fisken, ein brunaure på ca.600g vart greitt berga. Etter dette var
det rolig heilt til halv tolv då Inge hadde eit hugg på fluga, mi visste seg å vere
full med drit, noko som var veldig synd, for det gikk ein del fisk då i skyminga, og då
spesielt etter at vi hadde gitt oss med båten. Vi fiska på dei til kortet var ferdig,
men ingenting å kjenne. |
29.07 |
00-12 Stokkenes Eidselva |
No nærma Orkla-turen seg, men vi måtte prøve oss eit par
kort til før vi reiste ut igjen og pakka. Etter ei veke med dårlege forhold og praktisk
talt null oppgang, var no floa på natta noko som skulle bety at ein del fisk nok torde å
gå på elva. Vi valgte derfor nedre del og Stokkenes, for å møte fisken fersk på elva.
Ej starta på Ledet, og var straks bort i fisk, først slo ein fisk borti mellom trea,
litt foran steinane. Lenger nede, i bakevja bak største steinen, tok ein fisk fluga, og
stod i ro og holdt den. Bakevja gjorde at det gikk litt tid før ej oppdaga at der var
fisk, så ej fikk ikkje noko godt tilslag. Fisken hang på eit lite halvminutt før den
utan vidare slapp fluga. Det vart mykje springing til og frå bua mellom kraftige
regnbyger det meste av natta, mens morgenen vart betre. Inge gikk ned i Åbrekkhølen
etter det lysna, og kom etter eit par timar opp igjen med ein lang og skrinn pjakk på
55cm og 1,22kg, og sjølvsagt fikk han den på steinen sin. Etter ei kaffipause, gikk ej
framover for å prøve, mens Inge gikk ned igjen i Åbrekkhølen. I det han kom ned her
oppdaga han eit flak med mindre sjøaure som stod midt framme i hølen. Første gongen han
gikk over fikk han ikkje noko, men andre gongen tok ein aure på 0,7kg. Ej starta i
Mastehølen, såg her fisk, men kjente berre småfisk, såg mykje fisk framme i hølane
foran og gikk derfor fram hit. Etter å ha nika ei stund tok endeleg ein fisk skikkeleg,
fisken kjempa lenge, men vart berga utan store problem.Fisken viste seg å likne den Inge fikk, men
var ein cm kortare, 54cm 1.23kg. Satte seinare fast, i det ej rykte laust så hang det
plutselig på ein fisk. Fisken gikk djupt og bestemt, men følgde greitt etter framover
imot meg. Idet fisken var på høgde med meg, snudde den og gikk litt unna straumen. Igjen
kom den fram imot meg, men plutselig kom kroken fykande og fisken var vekk. Kva det var og
kvar den var kroka aner ej ikkje, kanskje var den stor, eller kanskje var den fast ein
annan plass enn kjeften. Var også borti eit par fiskar til, utan at nokon av dei hengde
seg på. |
30.07 |
02-14 Moen Eidselva |
Siste kortet før avreise til Orkla vart på Moen. Vi for ned
tidleg, allereie kvart over 1 kjørte vi. Vi møtte eine av dei som fiska her før oss, og
han kunne fortelle at både han og han andre som hadde vore der hadde fått 4 fiskar, alle
aurar mellom 0,7-1kg. Inge starta framme, mens ej starta i Moahølen, Inge var bort i
masse fisk, mens ej kjende ingen ting. Etter kaffi fiska Inge Moahølen utan hogg, mens ej
tok ein kopp til. Etterpå for Inge nedover, mens ej for fram i fremste. Inge kjende ikkje
fisk, mens ej var bort i eit par fiskar. Ej fiska i Moahølen når Inge kom fram igjen, og
når ej var ferdig så prøvde han her også. Ej gikk fram igjen i fremste og denne gongen
var fisken interessert også i mine fluger. Ej snudde på fleire fine fiskar, men det var
umulig å få dei faste. Etter kvart fant ej ut at fart var det fisken ville ha, så idet
ej kom bakpå og ein fin fisk rulla av to gongar, bestemte eg meg for å gi full fart. Ej
kasta rett tvers, menda nedover og drog raskt inn snøret, og denne gongen tok auren min
lille #12 "Peter Ross" i den harde straumen, heilt utruleg at den klarer å sjå
fluga. Auren rulla litt rundt bakpå før den kom sigande framover, fisken spakna raskt og
var snart klar for håving. I det ej bøyde meg ned for å håve, miste ej håven og denne
for siglande unna elva. Fisken var no spak, så ej letta hodet ut av vatnet og starta hoppinga ifrå
stein til stein for å kome inn på fast grunn, noko som gikk heilt greitt. Fisken var
1,2kg, ein nydeleg blank og feit fisk. Håven fant ej igjen flytande litt lenger nede og
straks var ej i fiskinga igjen. Og snart hang neste fisk, på samme metode, men denne
greidde å lure seg av etter eit lite minutt, fisken var av samme kaliber. Ej gikk ned
igjen og drakk kaffi, mens Inge igjen fiska Moahølen, denne gongen var han bort i ein
fisk heilt bakpå, men utan at fisken vart fast. Han gikk nedover igjen mens ej gikk fram
i Khrusjtsjov. Allereie på første kastet tok ein fin fisk, fisken rulla som besatt midt
i straumen og etter eit halvt minutt virka strategien, var borti ein fisk til, men denne
vart ikkje fast. Gikk vidare fram i fremste og her hadde ej på ein bakpå hølen, og ein
bake i renna på andre sida, men fluga sat ikkje skikkeleg og begge rulla seg av etter
ganske kort tid. Prøvde kjapt makken i fremste, men denne var fisken ikkje interesert i.
Inge hadde prøvd Moahølen igjen, og denne gongen var her fisk, ein flott aure mellom 3
og 4kg. Fisken satte fart unna og Inge kunne berre følge etter. Fisken hoppa fleire
gongar og rulla heile tida og idet den var komen nesten ned i svingen ved bua på andre
sida, så kom kroken. Etter dette stilna det av truleg fordi sola etter kvart vart sterk
ned i elva, og det lille vi kjente var på fluge. |
02.08 |
12-12 Ramloan Orkla |
Så var tida komen for årets langtur, også i år til ei ny
elv, folke-elva Orkla. Sia det vart ein sein tur så satsa vi på å fiske langt framme,
på Ramloan vald, eit av dei nederste valda i Rennebu. Korta og overnatting var bestilt god tid
i forveien ifrå 02.08, vi starta heimanifrå på fredag 01.08 og tenkte stoppe ein kveld
i Driva, men når vi kom dit og fisket ikkje hadde vore så sprekt i det siste, så fikk
vi ordna med at vi kunne få huset ved Orkla allereie kvelden før, og turen gikk derfor
vidare til Orkla's bredder. Etter å ha drukke turen skikkeleg inn var gutta tidleg oppe
og fikk desinfisert utstyret på Lien's, ej og Petter brukte anledningen til å stikke
nedom valdet for ein liten inspeksjon, og kunne melde tilbake til karane om fine
flugestrekk, men lita elv. Utstyret vart rask rigga, og gutta gjorde seg klare, Atle og
Asbjørn var først i elva, og hadde allereie starta å fiske når vi andre kom oss ned.
Alle konsentrerte seg om øvre halvdel, mens ej gikk nedover og fiska stryket foran bua.
Ikkje lenge etter at ej starta, hoppa første fiskane på bortsida av straumen, og dette
var fisk ifrå 2-6kg. Ej hadde starta med ei #8 T&L, men denne viste ikkje fisken
interesse for, så ej skifta til ei #8 "Silver Doctor" som ej hadde lest skulle
vere bra på lita og klar elv. Men nokon umiddelbar suksess var ikkje den heller, men i
det ej var komen ned til ei lita bukt så endra det seg. Ej hadde stått ei stund og fiska
og skulle til å gå rundt vika for å fortsette nedover, ej kasta snøret over straumen
og snudde meg og starta gå inn imot land. Men etter to steg var det noko som røska i
stanga, FISK, ej letta stanga og fikk vagla meg inn på sikker grunn. Fisken gikk djupt og
resolutt og hadde fleire utras, godt hjelpt av den harde straumen. Etter ei stund tagna
den litt, før den var opp og gjorde eit lite hopp, så ej fikk sjå at det var ein flott
pjakk som hadde tatt fluga. No kom Asbjørn til som hadde stått i hølen foran å fiska,
og ej utstyrte han med håven min. Fisken var no gåen og var stadig meir samarbeidsvillig
når det kom til å la meg hale den inn imot land. Asbjørn stilte seg opp med håven og i det
fisken la blanksida til og kom sigande gikk han ut for å ta den, men fisken var ikkje
klar og raste ut i elva igjen. Neste gang den kom sigande var litt unna Asbjørn som
strekte seg etter fisken og fikk den halvveis inn i håven, i det han letta håven sprella
fisken og kom seg ut av håven igjen. Fisken kom rask sigande inn ein tredje gong, denne
gang i andre enden av vika, Asbjørn, ivrig etter å rette opp tabba vassa raskt imot
fisken, trakka forkjært på ein stein og holdt på å gå på nasa så spruten stod.
Heldigvis var fisken no nesten dø, så Asbjørn fikk beskjed om å roe seg ned så skulle
dette gå bra. For allereie tidleg i kampen hadde ej blinka meg ut ein fin plass å dra
fisken inn mellom to steinar og dette var plassen ej no sikta meg inn på. Fisken låg no
med blanksida opp og lot seg greitt styre inn mellom steinane, og ej holdt den der mens
Asbjørn kom til og taila den enkelt. Fisken var sølvblank og virkeleg eit
prakteksemplar, vekta kunne vore noko meir, men som ein start var 58cm og 1,80kg greitt.
Etter kvart dukka Ole Jakob opp, han hadde nettopp snakka med Syrstad-brødrene som hadde
vore nedom.
Etter dette vart det mykje snakking, kaffi og avslapping for min del, men ej tok ei
overfaring til av strekket ej fikk fisken på før vi for fram igjen på huset og åt
middag, men hverken ej eller nokon av dei andre, som alle var veldig ivrige i tenesten,
kjende noko meir.
På kvelden var vi på plass i elva igjen, ej var fortsatt godt fornøgd med dagen og
lot dei andre få starte før ej etter kvart gikk fram og fann meg ein ledig plass. Ej
fiska heile strekket ifrå fremste parkeringa og heilt ned til neset nedanfor bua. Første
timen var det rolig, men så fikk Inge ein aure på 47cm og 1,09kg på neset nedfor bua.
Etter dette var det så stille at Atle og Asbjørn bestemte seg for å ta kveld, mens vi
andre fortsatte. Etter kvart var ej kom ned på neset der Inge fikk fisken, klokka var no
23:40 og ein fin aure tok fluga mi, ei #12 "Butcher". Fisken rulla rundt og tok
ut eit lite utras, ej stramma litt opp og fisken snudde og rasa rett imot land, inn mellom
fleire store steinar. Så vart den gåande inne mellom steinane og rote og ej venta på
eit skikkeleg utras, men fisken lot seg dra framover og var no rett utanfor meg. Fisken
bikka over og ej fikk det travelt med å leite fram håven, denne måtte vere mykje mindre
enn det ej trudde. men fisken snudde og raste ut igjen, men berre nokre få meter, og det
var siste sprell, for fisken kom inn med blanksida opp, ej letta hovudet ut av vatnet,
gikk ned på kne og håva fisken greitt, og størrelsen var omtrent som ej trudde 53cm og
1,44kg. Etter å ha hengt opp fisken så gikk ej ned igjen og fortsatte der ej hadde fått
fisken, og etter 10 minutt var det fisk bort i igjen, ej letta stanga raskt...fast fisk.
Denne var det meir futt i og den starta med å rulle rundt eit halvt minutt med det samme
den merka den var fast, fisken gikk etter dette hissig rundt og hadde fleire fine utras og
hopp. Men fisken var litt mindre og kom etter kvart nærmare, faktisk fort veldig nær og
i det den oppdaga dette så begynte den å rulle igjen, og holdt på nesten like lenge som
tidlegare. Men etter dette var den ferdig og berre litt motvillig lot den seg dra inn i
håven, og i løpet av 15 minutt hadde ej fått to flotte aura, den siste 49cm og 1,16kg.
Gutta hadde no oppdaga at det skjedde eit kvart nede på neset der i mørkret, og etter
kvart dukka dei opp ein etter ein. Ej var komen så langt ned som det var vits i å fiske
når siste fisken tok, så ej satte meg ned på ein stein for å nyte kvelden. Men like
etter hadde Inge på fisk og ej var bort å håva den til han, fisken enno ein aure var
41cm og 700g. Han fiska seg ned til enden før vi gikk opp i bua og drakk kaffi. Etter ein
rask kopp var gutta tilbake i elva, mens ej tok verden med ro. I det lyset begynte så
vidt å kome igjen, så pass at vi kunne skimte endring imot dag, så tok ej med meg
håven for å sjå til karane om dei hadde fått fisk. I det ej kom ned på neset så beit
det hos Ole Jakob og ein liten aure på 40cm og 620g vart greitt håva av meg. Etter å ha
fått igjen håven gikk ej ned til Petter som stod nokre meter lenger nede, og jaggu beit
det hos han også. Etter ein kort kamp kunne ej håve auren som var 39cm og 540g. Etter
dette gikk ej vidare ned til Inge som var nede på nederste, ved den store steinen. Like
etter at ej kjem ned får Inge på ein fisk, fisken er liten og vert dratt fram på den
flate fine sandbanken som er her nede. Lengda var 40cm og fisken vog 580g. Det var nesten
lyst i det ej gikk framover igjen, framme hos Ole Jakob og Petter var Ole Jakob komen
heilt ned, mens Petter hadde starta framme igjen. Ej og Ole Jakob satte oss ned for å
slappe av, mens Petter fortsatt hadde trua å stod på, og det lønte seg, for like etter
beit ein flott aure på. Den hadde lite å stille opp med imot Petter og hans kraftige
tohands-stang, og vart ganske kjapt kjørt og tatt inn, og igjen var ej frampå å håva
fisken, ein nydeleg aure på 54cm og 1,72kg.
Vi satsa på
kaffi igjen, og mens gutta satsa på ei ykt til så pakka ej sammen og tok til på
heimveien. Utfor huset la ej ut fiskane for fotografering, Dei tre nærmast kniven var det
Petter som fikk, dei to neste er mine, mens inge fikk dei to neste, den siste fikk Ole
Jakob. I det ej var komen godt i gang med sprettinga så dukka Inge og Ole Jakob opp, og
Inge hjalp til med siste rest av arbeidet. Petter hadde fått trua plutseleg og sjølv om
dei andre sa dei for, så fikk dei aldri noko svar på om han skulle vere med opp igjen,
han trudde vel kaskje ikkje dei ville fare utan han, men det gjorde dei og han måtte gå
opp igjen. I det vi var nesten ferdig stod Atle og Asbjørn opp, noko lange i maska
oppdaga dei kva dei hadde gått glipp av, men mens vi gikk til køys så gikk dei i elva.
Dei fire minste vart lagt i kjøleskapet for å verte middag neste dag, mens resten gikk i
frysaren. Petter dukka opp etter at Atle og Asbjørn hadde reist, men før vi andre hadde
gått til køys.
Som sagt for gutta i elva når vi andre gikk til køys, men i det vi stod opp igjen
rundt middag kom karane igjen like fiskelause som då dei reiste, ikkje eit napp. |
03.08 |
12-12 Ramloan Orkla |
Etter middag med påfølgende middagskvild var det nok ei
kveldsykt i elva, gamlekarane hadde bestemt seg for at i natt skulle dei ikkje gå glipp
av moroa, mens ej gav klar beskjed om at ej tok kveld når det hadde blitt skikkeleg mørkt om ingen
hadde fått noko eller vi hadde sett mykje fisk. Rett nok fikk Inge ein fisk, ganske
tidleg på kveld, men dette var ein mindre aure, 41cm og 780g, og ej hadde ikkje reist
heilt hit opp for å fiske mindre aure enn det som er snittet heime, så ej holdt mitt
løfte og tok tidleg kveld. Inge var enig og ikkje lenge etter sat vi alle med ei kald ei
i neven og kosa oss innomhus. Bildet er tatt i nedre gapahuk og viser ifrå venstre Petter
Gjerde, Inge Arthur Refsnes, Atle Storvik og Asbjørn Løvøy. Ole Jakob Takset var
opptatt med flugebading når bilde vart tatt. |
04.08 |
12-12 Ramloan Orkla |
Karane tok lærdom ifrå i går og sov lenge. Etter ein betre frokost og
litt avslapping bestemte vi oss for at vi måtte nedom Bjørsetdammen for å kikke, og i
samme rennet tok vi turen oppom Løkken for å shoppe litt fiskeutstyr og meir mat. Etter
ein liten omvei på vei tilbake var svoltne, så det vart middag før vi returnerte til
elva. Her var det dødt heile kvelden, og natta. Atle og Asbjørn gav seg i skyminga, mens
ej holdt ut eit par timar til. Inge og Ole Jakob kom ikkje lende etter. Petter han valgte
å verte igjen for å prøve morgenmondet. Neste morgen var vi oppe i nitida, vi åt oss
ein god frokost før vi reiste i elva for å prøve lykken igjen. Her fant vi Petter i
full vigør med makken, men dette hadde også gitt resultat i form av ein flott pjakk på
59cm og 1840g, fisken var litt farga og hadde fått lang snute, men fisken var i godt
hold. Etter eit par timar skein det opp og vi tok ei pause. |
05.08 |
12-12 Ramloan Orkla |
I kveldinga var vi tilbake og no hadde ej også bestemt meg
for å prøve makken etter litt regn siste døgnet, elva hadde gått opp litt som følge
av dette, men til tross for ein del regn vaks elva berre knappe 10cm. Inge prøvde også
makken, og mens ej starta ved fremste parkeringa så starta han der Petter fikk fisken
sin, som forresten var samme plass som ej fikk min. Ej hadde berre tatt nokre få kast
når ej såg stanga til Inge stod i bue. Ej sveiva opp og sprang ned for å hjelpe til.
Inge stod fortsatt ute på steinane når ej kom ned. Han vagla seg inn og gav meg håven.
Fisken gikk no framover og inn mellom steinane som han nettopp hadde stått på. Vi var
enige om at han skulle prøve å få fisken ned dit både ej og Petter landa våre fiskar,
men bremsa var litt hardt stramma så når fisken prøvde å komme seg ut i elva igjen,
så greidde han ikkje å dra av snella og vart derfor liggande meir eller mindre oppe på
ein stein. Og då skjedde det som måtte skje, fisken sprella og dermed kom kroken. Trur
nok sjølv Inge med sin imponerande storlaks-rekke fikk skjelven når hans første
Orkla-pjakk hang på. Ej gikk fram igjen og fortsatte fisket nedover, ej var bort i eit
par fiskar på vei ned imot bua, men ingen av dei vart faste. I det ej kom ned til bua var
Karl Olav Mærk komen nedom ein tur, så vi vart sittande og prate i fleire timar. I
skyminga gikk ej ei ny runde med fluga, men igjen var det dødt. Ej var så vidt bort i to
fiskar der nede som vi fiska godt første natta, men fiskane var veldig finspiste og vart
ikkje faste. Så derfor trekte vi oss tidleg tilbake til varmen. Nestemorgen var det ingen
som orka stå
opp tidleg å prøve litt, så vi starta på oppryddinga og vaskinga. Når vi var ferdige
var klokka 12 og vi kjørte oppom Ola Mærk for å få oss ein dusj, for den tørre
sommaren hadde tørka ut brønnen vår, så vi hadde ikkje hatt vatn på kroppen på ei
veke. Det var dårleg at dette ikkje vart tatt tak i og ordna opp i, spesielt etter at
vannpumpa også røyk og vi var heilt utan vatn. Ellers var Retøya ein fin plass¨å ha
som fiskehytte, litt gjørmete vart veien etter eit par kraftige regnskyll, men det er eit
greiit problem både å leve med og å rette på.
Noko som ikkje er så greitt å rette på er reguleringsreglene i elva, dei dagane vi
var der hadde vi regn alle dagar, ikkje veldig mykje, men nok til at sideelvane som ikkje
er regulert gikk mykje opp, mens hovudelva gikk ned. Dette må det gjøres noko med. Kjem
det mykje regn må dette gjenspeiles til ei viss grad i elva også. Det kan ikkje vere
slik at kraftselskapa slepp ut mindre ifrå sine demninger når vannmengda som renn
ukontrollert ned i elva overfor Bjørsetdammen aukar. Dette medførte at vi kunne krysse
elva fleire plassar utan å væte taska, og då får vi ikkje bevegelse i fisken. Noko vi
skulle fått om reglane vart følgt. truleg kom det nok vatn ifrå himmelen til at det
burde vert slept ein lokkeflaum også. Truleg er dette grunnen til at kraftselskapa
fusker, for dei veit at om målingene viser at regnet gir veksande elv så kan dei verte
pålagt å kjøre ein lokkeflaum.
Mens vi var her var vannføringa over dammen nede i 14m³, mens den ei veke seinare var
726m³, så kva som var verst, å ha for lite vatn eller å treffe ein storflaum som den
som kom veka etter kan vel diskuteres. Ingen kan spå om framtida, men eit regelverk er
eit regelverk som må følges, så la oss håpe dette vert tatt tak i så vi slepp slike
problem i framtida. |
06.08 |
18-13 Sone1 Driva |
Så skulle vi endeleg få prøve nedre del av Driva, Atle og
Asbjørn hadde reist heim, mens Petter ikkje fiska av prinsippielle grunnar, utan at ej
fikk vite heilt kva prinippet hans var. Dessverre fikk vi ikkje prøve makken som vi lenge
har drømt om, og heller ikkje var kludden komen inn, men nokre fiskar såg vi. Det vart
tatt ein fisk rett framfor meg, og ein rett foran brua, samt ein lenger nede på andre
sida utpå morgonen. Ej var bort i ein fisk like etter at fisken vart tatt foran meg, men
det var også alt. På morgenen kom floa og regnet, så vi pakka sammen og tok kveld. Tru
om fisken visste kva som var i vente når den venta med å gå opp? For litt over ei veke
seinare passerte Driva 1000m³/s, noko som går under ein 50års flom. Etter at elva gikk
ned tok fisket seg veldig opp og det vart ei flott avslutning. |
16.08 |
02-14 Hildenes Eidselva |
Forrige helg, rett etter vi kom ifrå Orkla og Driva, vart
det til at vi var heime, veret var nydelig flott med 30°C om dagen og tropenatt. Og
derfor såg vi ikkje noko poeng i å reise å fiske laks i tørre elvar, vi var heller
heime i festa litt. Men midt i veka starta det altså å regne i Trøndelag, og etter
kvart kom regnet sørover og vi fikk absolutt vår del også. Så derfor måtte vi prøve
denne helga, men sia det var nordvestlig vind så hadde ikkje Eidselva fått samme
mengdene som elvane nord om fjella. Men elva hadde gått opp 35cm fram til fredag morgen,
og var då fortsatt stigande, fargen var godt brun utan at det var moldsuppe. Vi var
tidleg i veka usikre på om det ville komme regn, så vi bestilte kort veldig seint, og
måtte derfor fordele oss utover der det var ledig. Begge hadde lyst på kortet på
Staten, men sia Inge hadde vore på Hildenes før og ej aldri, så vart det til at Inge
fikk Staten. Ej starta 05:00 med fluga utfor bua, før det var skikkeleg lyst, og fiska
meg heile veien ned til holmen utan å kjenne liv. Tok derfor marken og gikk framover. Ej
synes elva var så klar at ej prøvde utan raudt på, ej var bort i fisk både i
Måløyhølen og i hølen ved kraftlinja. Framme i fremste hølen satte ej fast og sleit,
så når ej knytte opp igjen så var det med raud gummi. Ej fiska meg bakover i hølen,
før ej avslutta heilt oppunder land på andre sida. Vegna landa berre cm ifrå bredde,
men ej tenkte det får berre gå så ej ikkje skremmer fisk unødig. Midt bakpå stoppa
vegna, fast, ej letta stanga sveiva inn slakken mens ej senka stanga igjen, løfta den så
igjen for å ta inn resten av slakken. Plutselig såg ej ein flott laks legge blanksida
til, merkeleg tenkte ej, for den retta seg veldig seint opp igjen??den måtte vere fast i
noko...mitt snøre sjølvsagt. Ej drog til og fikk raskt svar, fisken var fast. Fisken
stod heilt stille, sikkert eit minutt før den seig ein meter fram, og stoppa igjen. Etter
enno eit minutt i ro seig fisken enno ein meter fram, før den sakte lot seg dra imot meg,
men berre ein halv meter før den seig bort igjen. Ej hadde brukt tida fisken stod i ro
til å planlegge kvar og korleis fisken kunne landast, men fant det veldig vanskeleg, men
ein ting var sikkert, nedover ville ej ikkje ha den, så ej drog på bremsa eit par knepp
til. Sakte seig fisken framover med lange stopp innimellom, stoppa vart etter kvart
kortare og fisken kom sigande imot meg. Igjen seig den bort igjen, stoppalitt før den
seig sakte framover... og då løysna kroken. I det ej skulle dra av snella for å sjekke
kroken, så greidde ej ikkje det utan å vikle det rundt handa, og dette hadde fisken
dradd av, så press hadde den fått. Størrelsen? Aner ikkje, den såg ikkje så stor ut,
men måten den oppførte seg på tyder på ein stor fisk, men truleg mellom 6 og 10kg.
Etter
å ha fiska over fremste hølen ein gong til, så fortsatte ej nedover, det var fleire
små fine makkehølar nedover, men ej kjende ikkje fisk i dei. I det ej kom ned til
høgspentlinja, så hadde ej kome til at fisken måtte gå på andre sida, og derfor
starta ej fisket heilt bort på grunna. Like etter at vegna hadde landa var det litt
smånapping, før det tok seg opp, og ej slo til, fast fisk. Fisken rulla rundt ein gong
og seig bakpå, her stilte den seg opp og ej la press på den, og fisken kom sakte
sigande, samtidig som den skar over imot andre sida. Når den rulla rundt var ej sikker
på at det var ein aure, no gikk den som ein pjakk, rolig og i rette linjer. etter kvart
fikk ej den over på rette sida av straumen, og til slutt heilt fram til meg. den gjorde
eit par korte utras før den gav opp og vart neir samarbeidsvillig. fisken vart dradd fram
på graset og visste å vere ein flott aure som først antatt, på 51cm og 1500g. Ej fiska
også Måløyhølen på vei nedover, utan å kjenne noko.
Når ej kom ned i bua igjen snakka ej med Inge, han hadde fått fisk allereie på 3dje
kastet om morgonen, på ei #4 dobbelkroka "Green Highlander" like overfor brua.
Og fram til klokka var 7 når ej snakka med han, så hadde han fått 2 fiskar til, to
pjakkar på fluge og ein pjakk på makk.
Ej fortsatte med makk, først framme ved holmen, og seinare heile veien ned til holmen
ved nedre grense, utan at ej kjende liv. Igjen snakka ej med Inge og no hadde han nettopp
landa ein utruleg aure, tatt på makk, på første kastet foran brua. Ej prøvde
både makk i hølane og fluga på nederste strekket igjen, i håp om ny fisk, men sona var
tom for fisk, og litt før 12 gav ej meg for å kjøpe gave til Margareth, samt å hente
fiskekorta før stengetid.
Etter å ha vore fram igjen og skifta kle, kjørte ej innom Inge på veien, og han
kunne fortelle om enno ein pjakk tatt på fluge. Den totale fangsten hans var som
følgjer: Laks 62cm, 2150g, Laks 56cm 1400g, Oppdrettslaks 60cm 1925g, Laks 61cm 1900g,
Aure 63,5cm 3030g. |
17.08 |
02-14 Staten Eidselva |
Etter gårdagen hadde vi god tru på at det skulle verte
fisk, men det skulle vise seg å verte heilt dødt. Ej brukte natta til fluge, men månen
hang stor og klar på himmelen, noko som har vist seg å vere dårlege greier. Etter at
det lysna bytte ej på makk og fluge, men ej verken fekk eller kjende fisk. Ej var nedover
rundt fjøra, i det ej kom ned i Malakoff hoppa to flotte pjakkar, men ej vart truleg for
sein, for det virka som dei hadde stor fart framover, noko meir såg ej ikkje av dei. Det
vart observert ein liten laks som hoppa ved brua mens ej var frammafor, men den beit ikkje
med meg. Det kom ein kar å fiska utpå morgonen, han fikk eit knippe mindre aurar, ikkje
alle heilt lovlige, pluss ein liten og skikkeleg skrinn pjakk, alt nedanfor Malakoff. Inge
var på Bjørlo, også der heilt dødt. |
22.08 |
14-02 Alsaker Eidselva |
Etter enno ei våt veke hadde elva gått opp ca. 15cm i
forhold til forrige helg, elva var fortsatt ganske brun, men fin for både fluge og makk.
Vi starta fisket ca klokka 18, og det første vi såg var ein gjeng fiskarar i bua ved
Fåhølen. Inge gikk framover og stoppa i bua for å snakke med dei mens ej stoppa på
Fossekanten. Inge så til karane, som var godt drukne, at dei måtte følge med meg nedpå
Fossekanten for det kom ikkje til å gå lenge før ej hadde på fisk. Alle lo høgt, for
dei hadde fiska heile sona i dagesvis utan hogg. Inge fortsatte fram i svingen foran, mens
karane i bua pakka sammen og kom nedover imot meg. Ej såg ein fisk blenke heilt bortunder
trea på andre sida og kasta bort der, satte skikkeleg fast og sleit. Så ej stod og
knytte opp når dei kom ned til meg og lurte på om ej fikk fisk. Vi får sjå sa ej og
kasta uti, ...bang og fast fisk. Den gikk sakte oppstrøms nokre meter, før den gjorde
eit byks rett unna, ej anslo fisken til ca 4kg, den var ganske brun såg ej. Sakte fikk
den nokre få meter til, før den bråsnudde og sette unna i full fart. Den prøvde å snu
på fossekanten, men bikka over kanten. Ej slakka opp bremsa litt, jaga unna 4 fulle
fiskarar, gav dei kjeft fordi stengrene deira stod i veien for meg før ej følgde etter
ned fossen. Her var det veldig sleipt så ej tok det heilt piano, men fikk raskt inn line
når ej kom ned bratta. Plutselig vart det heilt dødt og sena gikk rett inn under ein
stor stein. Heldigvis var den innunder land slik at eg vod berre over ei lita grunn elv
på innsida av elva for å kome ut. Ej strekte meg så langt ut ej klarte, men greidde
ikkje å løse sena. Ej sveiva meg heilt inntil der det var fast og stakk stanga bort og
ned i elva og no kom det. Ej letta stanga og forventa at snøret skulle lette seg uto
nedstrøms, men i staden forsvant det rett inn mellom beina mine, og no kjente ej at der
fortsatt var liv i andre enden. Ej vassa nedover elva til ej kom til ei lita bru som ej
måtte forsere, fisken hadde no vakna til live igjen og fortsatte nedover. Etter litt ball
kom ej meg ned på andre sida av brua, herfrå var det greitt å følge, men det hadde ej
ikkje lyst til, så ej stramma opp bremsa litt, fisken snudde og kom lydig mot straumen.
Idet den kom inn i bakevja der ej stod, bikka den over og då oppdaga eg kva som hadde
skjedd, for ut av vatnet kom ein litt slitt spor med ein krok i først. Akkurat no kom
Inge springande, og han fikk æra av å håve fisken, som visste seg å vere ein
oppdrettar på 4,15kg. I det vi sat i bua kunne Inge fortelle at han hadde sett to
fiskar framme i svingen, og like etter såg ej ein fisk som blenkte på andre sida. Vi
bestemte oss derfor for å satse resten av kvelden framme på Sanden. Første overfaringa,
like etter OJ gav ikkje resultat, men på neste kroka ej fisk. Den gjorde ikkje spesielt
mykje motstand og idet den kom sigande framover såg den liten ut. Eg bestemt meg derfor
for berre å dra den opp på sanden, men det var den ikkje heilt enig med meg i, så den
stritta heftig imot. I staden for å gi etter så fortsatte ej, fisken rulla seg i
overflata og visste seg å ikkje vere ein liten aure som først antatt, men ein fin pjakk
på eit par kilo. Men sidan den no var komen snart heilt inn så holdt ej presset. Fisken
prøvde vri seg ut igjen, men fikk problem, måtte gi seg og bikka over. Akkurat då
løsna kroken og fisken var fri.
Like etter stoppa snøret til Inge,som kom like bak meg, han trudde det var fast og
sveiva inn slakken og lettar stanga for å løyse snøret, men i den enden er det liv.
Inge har lært av min feil og køyrer fisken litt roligare, og kan dermed lande ein flott
pjakk på 1,5kg. Vi trudde att dette skulle verte ei brakfiskeri, men etter dette kom
regnet og når det gav seg så var det nesten mørkt. Vi prøvde ei stund til, men utan
resultat. |
23.08 |
02-14 Bjørlo Eidselva |
Vi hadde god tru igjen etter ei våt natt,
rett nok gikk nattfisket i vasken på grunn av det, men i lysninga letta det, og før det
var skikkeleg lyst så var vi i fiskinga. Vi starta framme i området rundt
Skulehushølen, men det var dødt...heilt dødt. I det sola kom opp klarna det opp, og
ikkje berre litt, ikkje ei sky var det igjen på himmelen ein time seinare. Vi bevega oss
nedover, fiska Pinå, Reitehølen, Leirhølen og Ny-Ledet. Her gav ej opp og gikk opp i
bilen igjen, mens Inge og Ole Jakob fiska Hjellehølen og Forbygninga også. Ole Jakob
snudde her og gav seg, mens Inge fortsatte nedover. Ej var ned til Måløyhytta og kikka
etter Inge, men såg ikkje noko av han, tenkte han hadde følge med Ole Jakob, så ej for
ned på nederste. Ej satsa på Sanden, ej tok med stanga, men ej gikk i lavesko og
solbriller. På veien fram såg ej ikkje fisk, men tenkte ej fikk fiske over når ej
først hadde tatt med stanga. I det ej kom ned til djupaste hola så beit ein fisk. Fisken
rulla rundt og avslørte raskt at han var ein aure, han la seg på straumen og gav
skikkeleg kamp. Så pass at ej var sikker på at det var ein skikkeleg aure, men etter
kvart kom den sigande framover og gav seg kjapt, fisken vart håva og vog berre 750g. Like
etter kom Inge gåande, han hadde vore bort i to fiskar i fremste hølen på Alsaker, men
lenger framme hadde han ikkje kjent noko. Ej oppdaga ein flott pjakk bakpå Sanden, men
fikk berre eit par kast på den før den forsvant. Vi fiska begge over eit par gongar før
vi gav opp. Ej gikk først ned imot bilen, mens Inge som stod heilt framme ved
djuphola.kasta ut snøret mens han gikk ned imot bilen. Og i tråd med resten av sesongen,
mens ej var komen ned til bilen, så ropte Inge at han hadde fisk og trengte hjelp. Ej tok
med håv og sprang fram, men i det ej kom fram så miste han fisken, ein fin pjakk. Etter
dette gav vi oss, det vart ei spennande avslutning, men totalt sett utruleg dødt. |
24.08 |
02-14 Alsaker Eidselva |
Etter enno ei våt natt var vi på plass før det var
skikkeleg lyst, faktisk ganske mørkt. Inge starta nede i Vaskeplassen, mens ej satsa på
området foran djuphola og Sanden. Ej var bort i to fiskar, men om det var noko skikkeleg
tvilar ej på. Inge kjende ikkje noko nedanfor og gikk heilt fram i fremste. Her fikk Inge
på ein pjakk på fluga før det var skikkeleg lyst, landinga gikk greitt og vekta viste
1,5kg. Etter dette verken såg eller kjende vi liv før siste halvtimen då ein liten stim
kom opp fossen, vi fiska på dei og etter dei, Inge var bort i ein i svingen foran
Fåhølen, men ellers var dei som sunket i jorden. Til tross for årets største fisk for
min del, så var det ei skuffande helg, med tanke på kor flott elva var, både når det
gjeld vannstand og farge, og når i sesongen vi er. |
29.08 |
12-24 Stokkenes Eidselva |
Ej strekte helga litt og tok fri denne siste fredagen i
sesongen, hadde planar om å fiske i Austefjorden på torsdagskvelden, men veien var
stengt på grunn av ras, så det vart reist direkte inn til Eid, men ej prøvde ikkje å
få kort då ej var trøtt og foretrakk å lade opp til helga. Var tidleg oppe for å
gjere meg klar og klokka 11 reiste ej nedover. Stoppa i Åbrekkhølen og kikka, her stod
to pjakkar som ej såg, utan at ej gikk ut på kanten. Stoppa på brua og vart ståande å
prate til klokka var halv 1. Så stakk ej og fikk ordna kort og rundt 1 var ej på plass i
elva. Fiska først Mastehølen der det dagen før var tatt ein laks på 5,4kg, men
resultatløst. Noko det også var i Hegresvingen, på Ledet, i Svingen og i Frisørhola.
Etter denne labre starten bestemte ej meg for å prøve nedre del, og gikk ned i Åbrekk,
men her stod ein Nederlender med fluge, så ej rigga tynnare vegn og gikk fram i kilen og
fiska meg nedover bak flugefiskaren. Denne gav seg når han nærma seg trea, mens ej
sjølvsagt fortsatte, kanskje stod fiskane ej såg tidlegare fortsatt på samme plass. Var
derfor veldig spent i det det lette marktacklet første gangen nærma seg plassen, og der
var det noko, først forsiktig...så skikkeleg og ej slo til...slakt snøre...veldig slakt
snøre. Plutselig gikk det opp for meg, for ej hadde sett på Firelina når ej rigga
stanga at den var slitt. Ej hadde tidlegare satt skikkeleg fast og dradd skikkeleg hardt
utan at det slitna og no falt den av utan belastning, noko som for så vidt ikkje er nytt
for meg når den er skikkeleg oppflisa. Dermed må ej knyte eit nytt tackle, no sjekkar ej
Firelina, finn den slitt, men ok og knyter direkte på enden. Ingen av dei andre merka
noko så det er berre for meg å kaste ut igjen på samme plass, i håp om at fisken tar
igjen. første kaste er litt kort og går umerka hen, men det neste er perfekt og igjen er
det fisk bortpå. Denne gangen også ganske forsiktig, men hissigare enn i stad...og igjen
tar den skikkeleg og ej slår til...slakt snøre...veldig slakt snøre... FOR EIN
FORDERVELEG IDIOT!! Samme idiotfeil igjen. I forbannelse riv ej av 20-30 meter og er inne
på perfekt Fireline.
Ingen oppdaga noko denne gongen heller og dermed får ej knyte opp nytt tackle og kasta
ut igjen på samme plass. Første kastet er dødt, andre kastet er dødt, igjen les ej
skriften i det stille over kor stor idiot det går an å vere. Tredje kastet går... og
der er noko bortpå, meir forsiktig denne gongen (enkelte lærer av sine feil)...og der
tar den skikkeleg og ej slår til...no held snøret og den heng på. Fisken raser ut nokre
meter, ruller rundt i overflata, raser framover og gjer ei skikkeleg kolbøtte, dette er
aure og den er fin, mellom 2 og 3kg. Fisken går ned, drar ut litt snøre, før den sig
framover. Ej går føre å leier den oppover å vekk ifrå brekket...men det går berre
eit par skritt, så tverrvender fisken i overflata og raser skrått unna. Hører ville hyl
ifrå nederlenderene, men ser ingen grunn til å ta nokon notis av det, for fisken i enden
er tydelig forbanna etter behandlinga den har fått. Igjen går den opp å hoppar, noko
må gjøres ellers vil den komme seg løs. Ej bestemmer meg for å slakke bremsa slik at
den får litt meir styring i håp om at det vil roe den. Triv ned etter bremsa...men i det
samme rullar fisken seg i overflata igjen, stanga rettar seg opp og fisken er vekk, og
enno ein gong gir ej meg sjølv det glatte lag for dei to flausene som ej gjorde. Men utad
sveivar ej sakte inn snøret, trer på ein ny mark og kastar ut igjen...og kastar...og
kastar...og kastar.og kastar, for slik kan resten av helga raskt oppsummerast for min del,
masse kast, men veldig lite respons.
Inge hadde som vanleg litt meir flaks. Ej kom fram igjen etter å ha fiska heile
strekket utan kontakt, etter å ha snakka litt med han gikk ej fram på Ledet mens han
gikk ned i Åbrekk. Der nede stor Nederlenderen, no spikra der ej miste fiskene mine, så
Inge gikk fram om prydbuska, tok to kast og hadde fast fisk. Berginga gikk fint og etter
å ha fiska ned til Nederlenderen som ikkje ville flytte seg, så pakka han sammen og gikk
opp igjen. Stakkaren som stod igjen såg ikkje veldig happy ut sa han. Etter dette for vi
fram igjen å laga middag.
Når vi kom ned igjen hadde ingen vegn klar for Mastehølen, så vi gikk rett i
Svingen. Inge starta her mens ej gikk fram på Ledet igjen. Når ej kom ned igjen så hang
der enda ein pjakk, Inge hadde fast fisk allereie på andre kastet, og han hadde også
vore bort i fleire fiskar. Etter dette var det heilt dødt. Vi hold på fleire timar i
mørket, men det var berre eit par fiskar som passerte. Inge var bort i eit par aurar, men
dei ville ikkje henge på heilt inn. Og dermed enda Inge opp med to pjakkar første
døgnet, 2,1kg og 2,05kg. |
30.08 |
00-12 Stokkenes Eidselva |
Etter nokre få timar i halmen var vi igjen på plass mens
det fortsatt var mørkt. Inge fikk raskt ein aure på 1,04kg, framme ved prydbuska,
sjølvsagt etter at ej hadde gått over først. Etter dett var det rolig og ingen ting å
sjå ifrå treet, så ej gikk fram på fremste. Her møtte ej to jenter ifrå Syvde som
var her å fiska, men det var også stort sett det som var å fortelle om det. Like etter
dei hadde gikk, fikk ej ein aure på ca 0,6kg, som ej sette ut igjen. No var det langt på
dag, så vi pakka sammen og gav oss. |
30.08 |
12-24 Stokkenes Eidselva |
Når vi hadde fått oss nokre timar på øye, returnerte vi
sjølv om vi hadde lita tru etter det vi hadde sett denne helga. Og våre antagelser
visste seg å stemme, det var veldig dødt, men Inge fikk ein liten aure på fluge, 550g,
etter at det var blitt mørkt. |
31.08 |
00-12 Stokkenes Eidselva |
Sindre kom innover og fiska ilag med oss dette kortet, men vi
kan kjapt sammenfatte våre innsatser denne morgenen, heilt dødt! Vi såg nokre
støfiskar i Åbrekk, men sjølv ikkje Inge fikk dei til å bite, til tross for at han
ikkje var ut av hølen for heile kortet. |
31.08 |
12-24 Stokkenes Eidselva |
Det hadde vore så dødt at det vart ikkje til at vi for i
elva igjen, det kom eit par mindre regnbyger, men heilt sikkert ikkje nok til å påvirke
vannstanden. Det var bitande kaldt med kun 8°C på vogna klokka 1900. Inge tok med all
fisken sin, det vart nesten heilt fullt i bagasjerommet på hans gamle Volvo. Han skal
operere kneet på torsdag, så det var siste sjanse for han i år. |
13.09 |
12-24 Sone 3 Strynelva |
Elva hadde no gått ned ein god del, ca ein halv meter mindre
enn i juli når vi var her. Fisket hadde i det siste vært dårleg, med liten oppgang.
Dette var første gang ej fiska på sone 3, og det var flo når ej starta så det var litt
vanskeleg å orientere seg. Dette vart etter kvart betre, men då vart det også mykje
meir klart at om det gikk fisk så var det på andre sida. Det viste seg også då at
dette, slik elva var er ei rein makk og sluk sone, men på så lita elv så var det
vanskeleg å kome bort på andre sida med dei blymengder som elva tillot, så derfor vart
det til at det meste vart konsentrert om dei to nederst hølane, sia det ikkje var
motfiske så var dette greitt. Såg ikkje ein einaste fisk hoppe, det vart tatt to
fiskar i sona nedanfor, men begge var så små at dei vart løfta opp på muren etter
sena. Ej var bort i eit par fiskar bakpå fremste av dei to hølane, og til slutt, rett
før det vart mørkt greidde ej å huke på den eine, men den viste seg å vere berre
akkurat minstemålet. Den vart tatt med tilbake til vogna og steikt til kvelds. Dette er
ikkje ei sone ej kjem til å vere ein ivrig gjest på, skal vere bra på veldig stor elv
seier dei, og ej trur nok at det går an å få her litt fisk, men ikkje mi type sone. |
14.09 |
00-12 Sone 4 Strynelva |
Starta i lysninga med fluga i nederst fiskbare høl, ved bua,
begynte framme utan å kjenne noko, midtdelen var litt vanskeleg å fiske, men bakpå
hadde ej etter fisk allereie på første kastet. På neste kastet var det ein fisk som
hoppa etter fluga, og ein som var etter innunder land, på neste kastet var det også
etter fisk innunder land, men trur ikkje nokon av dei var skikkeleg fisk. Vart no ei
regnbyge, så etter eit kort opphold i bua, så prøvde ej makken, men det gav småkrede
framme og midt i hølen og ein sjøaure på 20cm bakpå. Prøvde ny fluge, men no var det
berre småkrede å kjenne, så etter neste regnbyge og litt mislykka jaging av kyr, så
gikk ej framover med fluga. Starta heilt framme, her var åpe og flott, men kjende kun ein
mindre fisk bakpå. Bytta til ei mindre fluge å starta å speykaste meg nedover langs
skogen. Heile veien gikk straumen innanfor kastehold og heile strekket kan berre
beskrivast som krem, men dessverre mangla det ein viktig ting, fisken. Var bort i ein fisk
som kanskje var litt størrelse på, rett over for minkfarmen, men greidde ikkje å huke
den på, var ellers bort i fleire fiskar på heile strekket, men meinar alt var mindre
fisk. I det ej var komen ned igjen til bua løyste det skikkeleg med regnet, så ej lurte
meg ut ein gong mellom to byger å prøvde fluga i hølen, men det var dødt, og no kom
også floa, så ej pakka sammen og tusla meg opp i bilen igjen. Dette var ei sone som det
fristar å besøke igjen, men trur ikkje elva kan vere veldig mykje større enn i dag om
her skal vere fiskbart heile veien. Dermed er vel årets sesong med fiske etter anadrome
fiskar i elv over også for meg, no vert det 8 månader til neste sesong startar, håpar
tida går fort. |
26.09 |
Det var tid for å pakke sammen vogn og telt for
sesongen, og gode meldingar tydde bra. Vi hadde tatt med garn for å prøve røya, men
masse regn spesielt på torsdag, men også utover fredag gjorde det utrivelig å vere ute
så vi avventa. Elva hadde gått opp til det høgste ho hadde vore sia siste helga i mai i
2001, i alle fall som ej hadde sett. I skyminga kom Magne innom mellom to byger og vi fikk
ordna båt og løyve, og når då regnet gav seg også så la vi ut idet det var mørkt
for å sette garna, vi brukte ca 50m tau og kom nok sikkert omtrent like djupt med
ytterste enden, for vi satte garna i to lenker, ei med 3 garn og den andre med 4 garn. Den
eine ifrå brygga, mens den andre satte vi utfor fabrikken. |
27.09 |
Laurdag var ej tidleg oppe, mens dei andre
låg frampå etter nokre få drammar utpå kvelden i går. Deretter var det ned til Eid
for å handle mat og øl, samt levere inn dei siste fangstoppgavene. Bildet er tatt på
vei fram igjen, elva hadde ikkje gått nevneverdig ned etter at det hadde letta, så den
var fortsatt flott. Det er denne størrelsen vi bør ha minst eit par gongar i løpet av
ein sesong, etter at vårflommen har trekt seg tilbake. Vi såg fleire fiskar på brua,
den største rundt 2 kg, stod berre 3 meter ifrå land på nedsida av brua på ein halv
meter vatn. Men no var det ikkje mulig å sjå noko på djupare vatn. Dette tyder på at
det går opp fisk utover heile hausten, både laks og aure. På vei fram igjen
stoppa vi hos Henrik og Kåre for ein hyggeleg prat. Vel framme igjen la ej og Inge ut
for å berge på land storfangsten, men det skulle vise seg at vi vart skuffa, vi fikk så
vidt nok til middag for oss tre, men det var berre så vidt. Alle fiskane vi fikk var
under 27cm, men røyene vi fikk var av ypperste kvalitet, skikkeleg raude og flotte.
Derfor satte vi ut igjen med håp om betre lykke neste natt. Det var ikkje stor
forskjell på dei to setene, men fordi Arne og Oddvar også ville ha ut garn, så vart
begge lenkene våre satt ifrå brygga. No satte vi ut med berre nokre meters tau ifrå
land, då det ikkje var noko å få på djupet i dag. Etter at vi hadde gjort opp fisken,
vart det vask av vogn, stekt røye til middag og etter kvart masse pils ++ |
28.09 |
I går vart Inge Eidamester i Bacardi og Cola, og
var for å seie det mildt prega av det. Guten låg til klokka var fem når ej svinga
sammen ein middag som han prøvde seg på. Ej og Bjørn var tidleg oppe og var
overraskande pigge til tross for at vi nok tok andre og tredjeplass i konkurransen til
Inge. Klokka 12 la vi ut for å dra garna. Det såg veldig svart ut også i dag, men eit
par fiskar redda litt ære, totalt vart det ikkje meir enn i går, ca ein middag til 4,
men to av fiskane, ein gjelaure og ei røye, begge på ca ein 1/2kg var flotte fiskar.
Arne og Oddvar var heldigare og fikk 6-7 fiskar, dei største framunder 1kg. Mens vi venta
på at telte skulle tørke opp etter frostnatta kokte ej altså middag, og fikk Inge på
beina igjen. Etter det plukka vi sammen sesongen, og kjørte vogna innomhus. Dette var
gjort når klokka var kvart på 7. Ej kjørte direkte til ferja, mens Inge måtte nedom
Eid for å plukke opp Visa kortet sitt. Truleg var det Eid for i år, for min del ein
sesong ej raskt vil gløyme, mens Inge nok vil huske den lenge. |
11.10 |
Inge ringde fredagskveden og lurte på om vi
skulle ta ein tur på fjellet og fiske aure i elva foran Sædalsvatnet. Sia det var bra
størrelse på elvane, regn i lufta og håp om betring på laurdag takka ej ja. Petter
vart også med og vi troppa opp i Sædalen klokka 11. På vei ut såg ej ein flokk på
mellom 50-60 orrfuglar. I det vi tok laust over vatnet var det nokre lette små regnbyger
i lufta, med litt vind så det gikk raskt å krysse vatnet med vinden i ryggen. Det starta
å regne omtrent med det samme vi satte fot på land, og før vi hadde fått knytt opp så
regna det bra. Fisken beit med det samme og det virka vere bra med fisk på elva, men alle
var komt for langt inn imot gytinga. Ej gikk heilt ned i osen for å prøve å få nokre
som ikkje var så langt komt, men no åpna alle sluser seg, og ej krøp sammen inne i
ponchoen mens regn, hagl og sludd, sammen med frisk vind gjorde det virkeleg utrivelig.
Det holdt ikkje på så lenge før det gav seg, men berre minutt seinare hølja det ned
igjen. No sprang ej fram, over elva og i ly for verste vinden bak ein kolle, men etter
dette vart det berre korte turar fram mellom bygene. Været vart skikkeleg fyse, fisken
beit heile tida, men triveleg var det ikkje. Vi var alle gjennom våte, og etter kvart
rann det elvar over alt i fjellsidene rundt, hovedelva steig også raskt, faktisk veldig
raskt, og når klokka var 15.00 var det nesten slik at vi hadde problem med å krysse der
vi tidlegare ikkje hadde problem. Det som var litt spesielt var at det gikk fisk heile
tida, mykje fisk, slik at du kunne stå i samme hølen heile tida og berre ta imot dei
etter kvart som dei kom. Vi fikk nokre fiskar som bikka 30cm, men mesteparten låg mellom
25 og 30cm. Nokre få var brukande til matfisk, men vi tok ikkje med oss fisk ned igjen.
Turen ut igjen var røff i den veldig friske vinden, men etter litt bakking ved klubben
løya det og vi kunne krysse over til holmen før neste byge kom. Båten vart pakka vekk
for sesongen og gjort vinterklar. På vei heim stod det fortsatt igjen 23 orrfugl der den
stor flokken stod når ej kom. Vert det meir fiske no så vert det etter sjøauren
framunder jul. |
23.11 |
Vi har heile året sagt at vi skulle prøve
sjøauren før jul, og i dag var dagen då dette skulle prøves. Veret var skikkeleg
flott, med blå himmel, solskinn, sørlig bris, men kaldt med antydning til frostrøyk. Vi
satsa på Ørsta for første turen, og reiste innover på 12-ferja slik at vi hadde nokre
timar å sondere terrenget på før det mørkna. Vi stoppa ikkje på nordsida då her var
ein del vind og ikkje mulig å sjå om fisk var oppe. Då var det betre forhold for
sondering på badestranda, og allereie etter 3 minutt hoppa dei første to fiskane. Men
det vart med det, og vi kjørte derfor utover på sørsida og kika. I Selbervika såg vi
småfisk som vart jaga, men vi såg ikkje fisk som var oppe. Vidare kika vi i
Solheimsvika, men også her var det rolig, men til slutt såg vi ein fisk som var oppi,
men dette var ikkje nok til at vi fikk såpass tru at vi leitte fram stengene. Så derfor
gikk turen innover igjen og til nausta på sørsida av badestranda, her var dødt, men i
det vi skulle fare var der oppe ein fisk så vi stod ei stund til, men det var denne eine
fisken som var oppe eit par gongar til, ellers var her dødt. Det stod to garn på fløyt
like innanfor desse nausta, heilt tydeleg satt for å fiske aure. Så kjørte vi oss ei
runde fram til elva før vi igjen kika på badestranda, og no var det meir liv her. Det gikk fleire stimar
med fisk og ploga, og vi såg fleire fiskar hoppe, så vi fikk trua og tok fram stengrene.
Vi satsa på fluge, men det skulle vise seg svært vanskeleg å lure dei til å bite, vi
fiska lenge nesten direkte opp i ein stim med fisk, men uansett kva vi frista den med så
ville den ikkje. Dette var rett nedfor Rema 1000, og etter kvart trekte vi nærmare
meieriet, utan at fisken var meir villig her. Ej greidde å kroke på tre fiskar, men alle
var små lyrmortar, og det var truleg fleire av desse vi var borti og ikkje sjøaurar.
Dette frista til gjentaking, men det var litt rart at fisken ikkje ville bite, men vi såg
masse småfisk langs land alle plassar så trur ikkje den svelt og kanskje var veret litt
for fint. |
21.12 |
Etter å ha jobba dag og natt i det siste,
med 76,5t siste uka og 40t siste to døgn, og opp tidleg for å kjøpe alle årets
julegaver på lørdag, så måtte ej ha ei god dose friskluft og avslapping, og då vart
det sjølvsagt ein sjøauretur heilt inne i jula. Veret var flott, men det var kaldt og
meldt aukande vind utover dagen. Fjøra stemte bra med dei få lyse timane slik at den var
i skymingen. Tok 12 ferja innover og var komen inn ein halv time seinare. Stod ei stund å
følgde med om det var fisk i aktivitet, men såg berre eit par som hoppa, alle i retning
Meieriet. Kjørte difor bort dit, pakka på meg alt eg hadde av klær og skred til verket.
Starta med ein halv time med fluge, utan at ej kjente noko. Periodevis var det nesten
stille, før det auka på igjen, men sakte men sikkert auka vinden på og gjorde at ej
bytta til dupp og makrell. Enno ein halvtime gikk med nokre fisk som hoppa, men ikkje noko
som ville bite. Så i løpet av 10 minutt så fikk ej to fiskar, ein brukbar feit på
0,7kg og ein noko lenger, men med samme vekt som vart satt tilbake. Så var det lenge
dødt, før ein av dei som bor i området kom nedom for å slå av ein prat. Ej lot duppen
ligge ute mens vi stod å prata, og plutseleg nøkka det i stanga. Dette skulle vise seg
å vere ein stor fisk, men den var veldig skrinn og vart derfor satt tilbake. Matchvekta
var nok rundt 2kg, men no var den 1,2-1,3kg. Etter dette avslutta ej med ein mindre fisk
til som vart satt tilbake. No hadde det mørkna og det var så kaldt, at ej fant ut at ej
skulle la fisken få juleferie. Men 4 fiskar og masse friskluft var ein flott måte å
avslutte årets sesong på. |
|